2 minute read
Grunder
Janne Havneraas - Grunder
1. Kva utdanning tok du etter ungdomsskulen?
Etter ungdomsskulen starta eg på Sotra Vidaregåande på allmenne, økonomiske og administrative fag. Etter første året gjekk turen vidare til Bergen Handelsgymnas der eg valde spansk og reiseliv som valfag. Så fulgte tre år i Sogndal på reiselivsstudium med fokus på drift og marknadsføring. Seinare har eg tatt påfyll av både prosjektleiing, berekraftige strategiar og innovasjoner, og grøn marknadsføring frå BI. I Tillegg er eg sertifisert digital marknadsførar frå Digital Marketing Insitute.
2. Kvifor valde du å starte for deg sjølv?
Eg valde å starta for meg sjølv etter 17 år på marknadssida i finansverda fordi eg ønska å realisera ein tanke om "marketing for hire". Det betyr å vera marknadsføringshjelp til bedrifter som ikkje har ein stor etablert avdeling for dette sjølv. Det er eit stort behov i SMB-bransjen. Bedriftene treng ein å samarbeide med både innan marknadsføring, annonsering, grafisk design, sosiale medier og innhaldsproduksjon.
3. Korleis trivs du i Gründerparken Vest?
I Grunderparken er vi godt ivaretatt og eg har kollegaer på alle kantar. Etter eit år på heimekontor var det godt å få eit sosialt fellesskap, og energi frå andre nystarta selskap og nokon etablerte. Vi heier på kvarandre og spelar kvarandre gode.
4. Kor ser du bedrifta di om tre til fem år?
Då håpar eg at vi er fleire på laget og kanskje har etablert eit lokalt marknadsføringsbyrå som kan levere tenester til det unike næringslivet her i Øygarden.