
1 minute read
Næringsprisen 2022 Kattnakken AS
ved Silje Vatne Ersland
Næringsprisen 2022 er tildelt Kattnakken AS ved Silje Vatne Ersland med føljande grunngjeving;
Advertisement
Silje Vatne Ersland har gjennom sitt design av Kattnakken regnklede skapt ei sterk merkevare og eit lite kleseventyr på Stord.
Silje er eit strålande eksempel på ein gründer med fast tru på eigen idé - ho er modig og har bygd Kattnakken stein på stein. Verksemda har vakse raskt og er mellom anna kåra til Gaselleverksemd fire år på rad.
Kattnakken sine vasstette regnklede for born, kor designet kvart år har eigne tema, gjer det til ein fryd å vera ute i skikkeleg vestlandsvêr.
Kvalitet og berekraft er særs viktig for Silje, og hos Kattnakken kan du no også kjøpe brukte regnklede.

12. mai 8. september
29. september