ZOOM No2 - 2014

Page 1

N 2 G R AT I S M A G A S IN MED F O K U S PÅ SUNNHORDL AND

KLAR FOR NY T T VM I KOKEKUNST:

ØRJAN kvesser kniven

BENTE SOLDAL I ROSENDAL

Best på bok NCE MARITIME CLEANTECH

Ekspertar på miljøteknologi Det er haust: Finn fram kajakken!


FrontaHallen

Værbestandig Arealutnytting Prisgunstig Kort byggetid

TM

Kombinasjonsbygg i stål med stor fleksibilitet FrontaHallen er et bygningskonsept med høy grad av fleksibel tilpasning for næringsliv og industri. Bygningskonseptet gir kvalitet, rasjonell konstruksjonsprosess og reduserte kostnader. Fronta Bygg har i mange år levert brukervennlige og fleksible stålhaller til næringsliv og industri. Vi ivaretar ulike ønsker og behov og kan ut fra dette i stor grad skreddersy våre haller for enhver oppdragsgivers virksomhet. Mer plass og arkitektonisk tilpassing FrontaHallen kan leveres med galvaniserte bæreelementer i stål, og bygges med en slank og fleksibel konstruksjon, som gir bedre arealutnyttelse. Våre haller bygges av prefabrikerte veggelementer i lettmetall, spesialbehandlet for robuste værforhold, og med stor fleksibilitet når det gjelder montering og utforming. Dermed kan hallene arkitektonisk tilpasses terreng og omkringliggende bygninger.

Lagerhall under prosjektering for kunde ved Skipavika Næringspark i Gulen kommune.

Reduksjon av byggetid og kostnader Våre stålbygg kan leveres i et stort utvalg utførelser, fra små uisolerte lagerhaller, til sammensatte produksjons- og logistikkbygninger. Stålet kan leveres brannklassifisert. Fronta Bygg sørger for en trygg og sikker prosess fra planlegging til oppføring av ferdig bygg, som totalt sett reduserer betydelig tid og kostnader for våre oppdragsgivere.

Kontakt oss for en vurdering av dine planer - det kan lønne seg!

En del av

gruppen

2

Vi leverer over hele Norge. For mer informasjon og referanser: www.frontagruppen.no

AVD. ØST

Dag Randem Tlf. 953 05 714

AVD. VEST

Arve Nielsen Tlf. 913 04 282


TRYGGLEIK FOR FRAMTIDA Med snart hundre år som pionér innan utvikling og produksjon av maritime evakueringssystem er Harding eit selskap og namn med stolte tradisjonar. Saman med den norske shipping- og offshorenæringa har me utvikla løysingar som tilfredstiller eitt av verdas strengaste regelverk for tryggleik til havs. Harding Safety AS har nær 1000 dyktige tilsette og bransjens største servicenettverk. Innovasjon og produktutvikling vil vera viktige satsingsområde for Harding også i åra som kjem, – der me saman jobbar med eitt mål for auge: Å heva tryggleiken til havs.

Sjå Harding-filmen “The Diver”.

www.harding.no

Harding Safety AS, Seimsvegen 116, 5472 Seimsfoss, Norway

Tel. +47 53 48 36 00

harding@harding.no

3


moderne og pulserande region Ein

Zoom er eit gratismagasin med fokus på sunnhordlandsregionen og alt den har å tilby av vill og vakker natur, fantastiske buforhold, variert og aktivt næringsliv, kultur- og fritidsaktivtetar, og ikkje minst spennande enkeltpersonar og organisasjonar. Me vil visa at sunnhordlendingane har grunn til å vera stolte av regionen sin. Målet er å framheva Sunnhordland som ein region det er attraktivt å bu i, besøka og driva næring i. God lesnad!

Redaksjonelt ansvarleg Anne Birgitte Stenberg annebirgitte@zpirit.no

Fotograf Rune Skjærvold rune@zpirit.no

Utgjevar: Zpirit AS Opplag: 40 000 Framsidefoto: Rune Skjærvold Med atterhald om evt. trykkfeil

4

Art director Barbara Schymura barbara@zpirit.no

Journalist Iver Bunes iver@zpirit.no


Innhald Foto: beiwind

Tips oss! Har du tips om personar, verksemder, aktivitetar og opplevingar i Sunnhordland som me bør skriva om?

06

Best

10

Den

kulinariske toppidrettsutøvaren

18

Finn

fram kajakken, det er haust!

22

Hamskiftet

26

15

år med kunst og kommers

32

Vil

visa verda

34

Ser

lys i den mørke tunnelen

38

Vil

bli del av eit nytt profesjonsuniversitet

42

Glimt

46

Kvinnherads

52

Skaut

blink med reklamesatsinga

54

Saman

for ei grønare skipsnæring

58

Frå

64

Arne Torgets

på bok

Rubbestadneset

Fitjar-laksen

frå festivalsommaren maritime tryggleiksgigant

playboy til familiefar blikk på

Sunnhordland

06

10

18

26

46

58

Send gjerne ein epost til annebirgitte@zpirit.no.

5


Rosendal Bokhandel

Best på

b

ok

Med bokutsal i Skålagato og ulike litteraturtilstellingar vil Bente Soldal inspirera sambygdingar og turistar til å lesa meir. Slikt blir ein årets bokhandlar av. { tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

I vår tildelte Bokhandlerforeningen og Den Norske Forleggerforeningen Gullbokenprisen og heiderstittelen «Årets bokhandel 2014» til Rosendal Bokhandel. Den gjæve utmerkinga vart vunnen i tøff konkurranse med Sagene Bok og Papir og Eldorado bokhandel i Oslo. Sistnemnde er den største bokhandelen i Nord-Europa. – Å kunna smykka seg med ein slik tittel er sjølvsagt veldig stas. Samstundes føler eg at dette vel så mykje er ei utmerking til alle dei andre distriktsbokhandlane rundt om i landet, smiler Bente Soldal. Rosendølen er eigar, dagleg leiar og einaste fulltidstilsette i Rosendal Bokhandel - og no altså årets bokhandlar i Noreg.

kontakt med forlaga no som Rosendal Bokhandel er blitt meir kjent i bokbransjen? spør Soldal.

Der vert nye bøker presentert, og folk får møta aktuelle forfattarar.

I butikken i Skålagato sel ho det meste relatert til bøker og papir. Nokre koffertar og andre reiseeffektar har også funne plass på golvet. Men det er boka som står i høgsetet. Det er litteraturen og lesinga Bente brenn for.

– Arrangementa er sjølvsagt marknadsføring av bokhandelen, men samtidig ønskjer eg å vera ein kulturformidlar i lokalsamfunnet. Eg meiner det er viktig at også me som bur her ute på landsbygda møter forfattarane og får innblikk i deira tankar om bøkene dei skriv, meiner bokhandlaren – som ikkje er framand for å invitera forfattarane ho får til bygda heim på eit glas raudvin ved kjøkenbenken.

– Startar du med Donald kan du enda opp med Hemingway

– Med Rosendal Bokhandel prøver eg å skapa ein plass som inspirerer folk til å lesa og forstå viktigheita av å kunna slappa av med ei god bok. Eg har høyrt born seia at «mamma er galen fordi eg berre les Donald, for ho vil at eg skal lesa ei skikkeleg bok.» Slike utsegn gjer meg trist. For meg er det viktigast at folk les, for ein stad må me jo byrja. Og startar du med Donald, kan du jo enda opp med Hemingway, seier Soldal.

Ho meiner prisen er eit teikn på at jobben ho gjer blir lagt merke til og verdsett.

Hentar forfattarar til bygda

– Utmerkinga betyr først og fremst mykje positiv merksemd for bokhandelen, noko som er kjekt for meg personleg. Samstundes trur eg kundane mine og bygda Rosendal tykte dette var kjekt. Prisar som dette betyr noko for alle næringsdrivande, uansett kva bransje me er i. Og kven veit, kanskje det blir endå enklare for meg å få endå betre

Ho ønskjer, og opplever også i stor grad, at sambygdingar og turistar stikk innom berre for å få tips om bøker eller diskutera litteratur. Dette er samtalar ho set pris på, sjølv om dei ikkje alltid gjev klingande mynt i kassen. For å fremja boksalet og leselysta, arrangerer Soldal også ulike litteraturtilstellingar gjennom året – anten på turisthotellet borti gata eller i eige butikklokale.

6

Trassa lese- og skrivevanskar At det var i litteraturen og bøkene ho skulle finna yrket og hovudinteressa si, var ikkje heilt opplagt. Verken for ho sjølv eller dei rundt. – Med lese- og skrivevanskar har eg kanskje ikkje dei beste føresetnadene, og eg trur ikkje mange lærarar ville trudd eg skulle hamna på denne hylla i livet. Rettskriving er framleis ikkje mi sterke side, men bøker har eg alltid trivst med. Det skuldast kanskje at eg blei lest mykje til i barndomen, og hadde grei tilgang til litteratur. Eg opplevde at det gjekk fint an å lesa bøker med dysleksi – så lenge eg gjorde det i mitt tempo. Og då eg som skulejente hadde min første assistentjobb i bokhandel, vakna den djupe interessa for litteraturen for alvor.


– Med Rosendal Bokhandel prøver eg å skapa ein plass som inspirerer folk til å lesa og forstå viktigheita av å kunna slappa av med ei god bok. 7


Rosendal Bokhandel

– Bente har skapt ein super bokhandel. Her får eg alltid god service, skryt Gro Tryti Guddal (t.h).

Etter det har eg trent veldig mykje på å bli raskare og betre i lesing, og i dag har eg ikkje vanskar med dette. No ligg eg på rundt 60 bøker i året, fortel 51-åringen – som opphavleg er frå Omvikdalen litt sør for Rosendal. – Kva er det ved litteraturen som fengjer deg slik? – Bøkene gjev meg styrke i kvardagen, samstundes som eg held meg oppdatert på fagfeltet og hobbyen min. Mens andre går lange turar i fjellet, får eg styrke og overskot når eg slengjer meg på sofaen med ei god bok. Men eg kjem meg ut av og til eg òg, ler bokhandlaren. Sjølv dykkar ho ned i dei fleste litteratursjangrane, men vedgår at skjønnlitteratur og krim ligg hjarta nærast.

Står støtt på eigne bein Soldal synest ho er heldig som får jobba med hovudinteressa si og ha så mange trivelege kundar som kjem igjen gong etter gong. Rosendal Bokhandel etablerte ho i 2000, då den tidlegare bokhandelen stengde. Med seg inn i nyetableringa hadde ho erfaring som medarbeidar i tre bokhandlar i Kvinnherad og Bergen.

– Korleis er det å driva ein liten, uavhengig bokhandel ute på landet?

Bentes boktips: Treng du litteraturtips for lange og mørke haustkveldar? Her er tre anbefalingar frå årets bokhandlar:

«Skyggegutten» av Carl-Johan Vallgren «Svøm med dem som drukner» av Lars Mytting «Marmor» av Toril Brekke

– Om me ser på statistikken for norske bokhandlar er eg vel heilt i nedre grense for å overleva. Likevel har drifta gått bra frå dag ein, og eg har ei grei løn. Me har hatt ein liten vekst heilt sidan eg starta, men så har me også alltid hatt ei nøktern drift. Forutan meg sjølv, har eg berre ein tilsett i 30 prosent stilling. I tillegg er eg gift med siviløkonom som tek rekneskapen. Dette gjer at eg har føresetnadene for å klara meg. Men mykje jobb er det. Skal du driva eit så lite føretak ute i distriktet, anten det er bokhandel eller noko anna, trur eg du må ha ei glødande interesse for det du held på med. Du kan iallfall ikkje berre telja timar og sikta mot 37,5 timars veke. Å vera uavhengig av dei store kjedene er viktig for Bente Soldal. Både for å kunna vera fri til å velja eige sortiment fullt ut, men også av omsyn til litteraturens kår på bygdene. – Eg synest dei mange distriktsbokhandlane gjer ein god jobb med å få litteraturen ut til det norske folk, og meiner me har ein viktig funksjon i utkantNoreg. Me skal ikkje lenger enn til Odda for å finna ein småby som no står utan ein einaste bokhandel, og det er trist. Somme tek til orde for at det er for mange bokhandlar i landet. Kanskje det, men er det verkeleg naudsynt med fem ganske like kjedebokhandlar i ei og same handlegate i ein middels stor by? Eg veit berre at det definitivt er behov for ein bokhandel i Rosendal!

8


VI HOLDER SUNNHORDLAND FLYVENDE RUTER, TIDER OG BOOKING PÅ WWW.DAT.DK


Foto: Impuls

Klar for nytt VM i kokekunst

k toppidrettsutøvaren Den

ulinariske

Etter mange år borte frå Austevoll tek den prisløna kokken Ørjan Johannesen med seg familien og flyttar heim igjen til sommaren. Han skal berre nett bli verdsmeister først. { tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

27. til 29. januar går den individuelle verdsmeisterskapen i kokekunst, Bocuse d’Or, av stabelen i Lyon i Frankrike. Ørjan Johannesen (29) er Noregs gullhåp i den prestisjetunge tevlinga, slik han også var i førre VM i 2013. Den gong enda austevollingen på femteplass, eit resultat som framleis svir godt i bakhovudet på den ambisiøse kokken. – Med eitt EM-gull, ein EM-bronse og ein femteplass i VM frå før, seier målsettinga seg sjølv: Eg går for VM-siger, fastslår Ørjan, med eit blikk som tydeleg fortel at karen meiner alvor. Zoom møter han i barndomsheimen Bekkjarvik Gjestgiveri i slutten av september. Foreldra Asta og Øystein har eigd og drive det historiske hotellet sidan 1982. Tvillingbroren Arnt er sjef på kjøkenet. Ørjan er berre heimom på helgetur. Normalt pleier det innebera at også han tek sin tørn ved grytene. Denne gongen skal han berre slappa av. På kjøkenet vrimlar det nemleg av landslagskokkar. Både junior- og seniorlandslaget har valt gjestgiveriet som arena for gjennomkøyringar fram mot lag-VM i kokekunst. Saman med 180 lokale gjester skal Ørjan nyta resultata av treningsøktene. – Det er veldig kjekt at lokalbefolkninga i Austevoll veit å kosa seg med god mat når sjansen byr seg. Utan støtta frå lokalsamfunnet hadde det vore vanskeleg å driva gjestgiveriet. Dei får hjula til å gå rundt, saman med tilreisande frå bergensområdet og Sunnhordland, fortel Ørjan.

10

Fire år i konkurransebobla Dei siste fire åra har 29-åringen levd i ei konkurranseboble. Alt har handla om å kvalifisera og førebu seg til EM og VM. Etter tredjeplassen i EM i mai i år, er det no fullt fokus på det som skal skje i Lyon. Med seg har Ørjan assistenten Jimmy Øien og trenar Odd Ivar Solvold. Sistnemnde er ein rutinert ringrev i kokkemiljøet som sjølv har bronse frå Bocuse d’Or og har trent både Geir Skeie og Charles Tjessem fram til VM-gull. Trioen har lagt oppkøyringa til Sandefjord. Eit forretningslokale i sentrum husar treningslokalet, eit tre gonger seks meter stort kjøken som er identisk med det som møter Ørjan og assistenten i Lyon. – Skulle eg gjera det bra, er det i høgste grad eit resultat av laginnsats. At det då berre er eg som vert feira og framheva er eigentleg ganske urettferdig for Jimmy. Han gjer trass alt halve jobben, påpeikar Ørjan i det assistenten, eller commisen som det heiter i kokkekrinsar, kjem inn og slår seg ned saman med oss i den gamle og ærverdige stova i gjestgiveriet. – Eg får vera med på ei fantastisk reise ved å assistera Ørjan. Deltakinga i VM vil opna mange moglegheiter også for meg, smiler Jimmy Øien. I VM skal Ørjan og Jimmy laga éin kjøtrett og éin fiskerett. Desse skal serverast eit internasjonalt domarpanel beståande av grunnleggjaren av kokketevlinga, Paul Bocuse, og 13 andre kritiske meisterkokkar. Saman med trenaren har


– Med eitt EM-gull, ein EM-bronse og ein femteplass i VM frå før, seier målsettinga seg sjølv: Eg går for VM-siger.

11


Klar for nytt VM i kokekunst

1.

dei laga strategiar og planar. Idear til profileringsmateriell og utforminga av serveringsfata er drøfta. Framover mot jul handlar det om å utvikla og raffinera vinnaroppskriftene. I september fekk dei veta at perlehøne skal vera hovudråvara i kjøtretten. Hovudingrediensen i fiskeretten får dei først veta i desember.

2.

er ganske enkelt at eg vil bli verdas beste kokk. Eg har eit stort konkurranseinstinkt, og kan ikkje fordra å tapa. Samstundes er eg ein god tapar. Eg har sjølvinnsikt på kva som er mine styrkar og veikskapar, og ser kjapt kva eg sjølv har gjort feil eller kva andre har gjort betre enn meg, filosoferer austevollingen.

– Er nok litt cowboy – For å skapa identitet må me finna dei gode norske råvarene og tillagingsmetodane som både passar hovudingrediensane og speglar matkulturen og historia vår. Denne utprøvinga tek tid, for me blir aldri heilt fornøgde og finn stadig nye måtar å utvikla rettane på. Men på eitt eller anna tidspunkt må seia «stopp, dette går me for». Då er det berre å begynna å perfeksjonera smakar og terpa på teknikk og presentasjon. Om og om igjen. Før VM i 2013 hadde eg 30 gjennomkøyringar der eg laga menyen frå A til Å, minnest Ørjan, som er første nordmann som deltek i Bocuse d’Or for andre gong.

Pappa for første gong Han tippar laget vil leggja ned minst 1000 treningstimar gjennom hausten og vinteren. Det er faktisk berre halve treningsmengda Ørjan hadde før VM i 2013. – Tidlegare i år blei eg pappa til ei skjønn lita jente, Leah Mirabelle, så treningsøktene blir ikkje like langdryge som sist. Det trur eg faktisk er bra, for no er eg meir konsentrert og effektiv den tida eg er på trening – samtidig som eg får kopla ut konkurransekjøret resten av døgnet. Å koma heim til vetlejenta og sambuaren min gir masse ny energi som eg tar med meg på trening neste dag. Heldigvis har Leah Mirabelle vore snill og sove godt om nettene så langt, smiler Ørjan, som stortrivst i papparolla. Austevollingen vedgår at han var vonbroten etter den skuffande femteplassen i VM i 2013. Trøystepremie for beste fiskerett var ikkje det han hadde brukt to år av livet på å kvalifisera seg for og trena til. – Berre to veker etter heimkomsten til Noreg var eg klar til å prøva igjen. Grunnen

12

– Kva er du dårleg på då? – Det er nok først og fremst struktur. Eg er litt cowboy av og til. Engasjementet og kreativiteten har lett for å bobla over, og då gir eg meg i kast med nye idear til ein rett framfor å fullføra det eg har starta på. Me er litt like på dette området Jimmy og eg, men gjennom treninga har me heldigvis greidd å øva inn gode og meir strukturerte arbeidsmetodar, fortel Ørjan. – Korleis er det å delta i VM? – Det er som å stå i ein trykkokar. Det er veldig varmt i konkurranselokalet og lydnivået er vanvittig høgt. Å jobba fem timar under slike forhold er utruleg slitsamt. For å førebu oss best mogleg trenar me derfor med støyen frå fotball-VM i Sør-Afrika, inkludert den irriterande vuvuzelaen, rungande på høgtalarane. Me planlegg også å bruka intercom i konkurransen, så me kan snakka normalt saman utan å måtta gå heilt oppi kvarandre. For dei som følgjer VM, kan den hektiske aktiviteten i kjøkena opplevast som kaotisk. Men Ørjan forsikrar at han og assistenten har full kontroll på maten. – Eg er aldri redd for at kjøt eller fisk skal bli for mykje steikt eller kokt. Det skjer ganske enkelt ikkje. Men me kan kutta oss, ting kan deisa i bakken, og ein omn kan slutta å virka. Då taper me tid. Gjennom treninga prøver me å førebu oss på alle slike overraskingar, forklarer Ørjan.

Vaks opp i kjøkenet Med ein oppvekst i andre etasje i gjestgiveriet i Bekkjarvik låg det nok litt i korta at han skulle enda opp som kokk.


Foto: Bekkjarvik Gjestgiveri

1. – Eg får vera med på ei fantastisk reise ved å assistera Ørjan. Deltakinga i VM vil opna mange moglegheiter også for meg, smiler Jimmy Øien (t.h). Han er Ørjans høgre hand på kjøkenet i førebuingane og sjølve VM-konkurransen. 3. Kniven er kvessa: Dei siste fire åra har 29-åringen levd i ei konkurranseboble. Alt har handla om å kvalifisera og førebu seg til EM og VM. 3.

2., 4. Bekkjarvik Gjestgiveri har havet og historia i ryggen.

4.

– Mamma og pappa tok seg av alle sider av hotelldrifta, og jobba heile tida. Skulle eg og tvillingbror min sjå noko til dei, måtte me vera i kjøkenet. Der starta me med å skrella poteter saman med besten og besto, og me stod i oppvasken. Så mykje oppvask blei det kanskje ikkje, det var nok helst mest spruting og søl i starten, ler meisterkokken. Då han byrja på kokkelinja på Fiskerifagskulen i Austevoll, oppdaga ungguten at han allereie kunne mykje meir enn medelevane. Mens andre knapt hadde sett eit heilt slakt, var det for Ørjan ei smal sak å partera ein heil hjort. Denne meistringskjensla auka interessa for faget ytterlegare – og sidan har interessa og kunnskapen vakse i takt med kvarandre. Yrkeskarriera starta han som lærling på hotell Neptun i Bergen. Deretter var han kjøkensjef i restauranten til Odd Ivar Solvold i Sandefjord i fem år, og assisterte Geir Skeie i kokke-EM i 2009. Året etter meldte han overgang til Gastronomisk Institutt i Stavanger. Sidan 2011 har livet utelukkande dreidd seg om konkurransar.

Vil setja Austevoll på matkartet Uansett utfall, med VM i Lyon overstått er planen til Ørjan å returnera til grytene i Bekkjarvik Gjestgiveri og busetja seg i Austevoll saman med Leah Mirabelle og sambuaren Cecilie Andreassen – som han møtte i Sandefjord for fire år sidan. – Eg ser fram til å koma heim igjen, og gler meg til å bidra til å gjera gjestgiveriet og Austevoll meir kjent. Det hadde vore kjekt om me greidde å trekkja til oss endå fleire tilreisande på grunn av maten me serverer. Målet mitt er å gjera gjestgiveriet til ein attraktiv arbeidsplass for dyktige kokkar, der me utdannar nye kokke- og servitørlærlingar, fortel Ørjan.

Bekkjarvik Gjestgiveri Bekkjarvik Gjestgiveri har havet og historia i ryggen. Gjestgiveriet blei bygd på 1600-talet, i kjølvatnet av kong Christian Quart sitt vedtak om at det skulle reisast gjestgivarhus for kvar halve eller heile dagsreise i skipsleia. Sidan har serverings- og overnattingsstaden vore eit midtpunkt for aktivitetane i Bekkjarvik. Frå 1982 og fram til i dag har gjestgiveriet vore eigd og drive av Øystein og Asta Johannessen. Dei har utvikla staden til å bli eitt av kystens mest spanande reisemål for turistar, kurs/ konferansar og private feiringar, og kan i dag tilby 40 rom og plass til 180 restaurantgjester. I 2009 vart gjestgiveriet handplukka av Innovasjon Norge som ein særeigen og kvalitetssikra konferansestad i Noreg. I 2012 vart gjestgiveriet i Bekkjarvik også ein del av hotellkjeda De historiske hotel & spisesteder.

Han gler seg også til å få koka for vanlege gjester igjen, og ikkje berre domarar.

13


Klar for nytt VM i kokekunst

Slik lagar du mat som Ørjan Midt i VM-førebuingane lanserte Ørjan i oktober si første kokebok, som han har kalla «Min mat». Oppskriftene speglar oppveksten hans i Austevoll og reisene han har vore på. Kokken deler velvillig tre av oppskriftene sine med Zoom-lesarane, så her er det duka for gode smaksopplevingar:

– Maten me lagar i konkurransar har ingen ting med normal mat å gjera. Det er matkunst. Detaljert finspikkeri. Eit show. Slikt driv me ikkje med i gjestgiveriet. Der er det ordentleg mat som gjeld. Einaste fellesnemnaren med konkurransematen er at begge deler skal smaka fantastisk. VM-deltakaren vedgår at han kan velja og vraka blant jobbar i kjente topprestaurantar. Kvifor vil han då attende til bygdelivet ute i havgapet?

Ørjans merittliste:

Gull i Norgescupen for lærlingar (2005) Gull i NM i kokkekunst (2010) Årets kokk i 2011

Foto: Impuls

Bronse i Norgescupen for lærlingar (2004)

Femteplass i Bocuse d’Or (VM) (2013) Bronse i Bocuse d’Or Europe (2014)

Foto: Impuls

Gull i Bocuse d’Or Europe (EM) (2012)

– Fordi det er endå meir spennande og givande å skapa ein kjent topprestaurant enn å jobba i ein. Her i Bekkjarvik kan eg laga maten eg har lyst til og bidra til å utvikla staden vidare. Me kokkar er kreative sjeler, så å få skapa noko eige er det kjekkaste – sjølv om Austevoll ikkje akkurat er New York. Eg slappar dessutan mykje betre av her ute enn i ein storby, seier Ørjan.

– Fjordland har redda mang ein dag Kokken synest Austevoll og sunnhordlandsregionen har mykje å by på i form av gode råvarer, og nemner sjømat, villsau, ostar, safter og mostar frå lokale produsentar som nokre få eksempel. – Problemet for meg som kokk er at det kan vera vanskeleg å få fatt i godsakene, grunna utfordringar knytt til logistikk og strenge omsettingsreglar. Fisken må eg til dømes kjøpa frå leverandørar i Bergen. Det hadde vore mykje kjekkare å kunna henta fisk direkte frå ein lokal fiskar og fortelja gjestene at det dei har på fatet sumde i sjøen for nokre timar sidan. Då kunne me bygd opp ein større identitet rundt dei fantastiske råvarene me har i området. – Har du ein eigen matfilosofi? – Eg har vel det, men har aldri sett ord på han. Enkelheit er eit viktig stikkord. Du skal kjenna kva du et. Råvarene skal spela hovudrolla, svarar kokken, som jamleg kjem inn i stovene til det norske folk med mattips i fjernsynsreklamar for daglegvarekjeda som er hovudsponsor for dei norske Bocuse d’Or-kokkane. – Kva et du sjølv på ein vanleg kvardag? – Det same som alle andre. Einaste forskjellen er vel at eg som kokk gjerne har fagkunnskapane som kan gjera kvardagsmaten litt betre på smak. Men me har ferdigtaco på fredagen me og, om du lurer på det. Derimot et eg ikkje pizza grandiosa. Det slutta eg med i læretida, då eg sovna frå ein «grandis» eg hadde sett i omnen etter ein fest. Då eg vakna neste morgon med brannvesenet på døra, var den epoken over, flirer Ørjan. – Hender det at du går matlei? – Absolutt. Når eg har stått 10-15 timar på kjøkenet i ein restaurant eller på trening, er eg ikkje spesielt gira på å halda fram når eg kjem heim. Då blir det gjerne takeaway, om ikkje sambuaren har tromma saman noko. Fjordland har også redda mang ein dag for meg og, vedgår 29-åringen.

14


Klar for nytt VM i kokekunst

Denne fiskesuppen har vi hatt på menyen i over tretti år. Det blir ramaskrik på gjestgiveriet om vi ikke har fiskesuppen på menyen en dag. Mange av gjestene våre tar ferga hit, ofte fra Bergen, bare for å spise fiskesuppe. Suppen jevnes med lys roux, en blanding av mel og smør, som gir god smak og konsistens.

FISKESUPPE BEKKJARVIK 70 g smør 70 g mel 1 l fiskekraft 3 dl fløte 2 dl crème fraîche 400 g fisk, for eksempel sei, laks og brosme 100 g kokte reker ½ kg blåskjell 2-4 ss eddik 7 % 2 ss smør 1 gulrot 1 purreløk Grønn karse 4 ss olivenolje Smelt smør i en kjele og tilsett mel. Rør godt og spe inn varm fiskekraft under konstant omrøring så det ikke blir klumper. La småkoke i cirka 10–15 minutter. Rør sammen fløte og crème fraîche. Tilsett fløte-blandingen under omrøring. Smak til med salt og eddik. Fiskebitene kuttes i terninger á 2 x 2 cm, og grønn-sakene i tynne strimler. Fiskebitene, blåskjellene og grønnsakene trekkes i den varme suppen de siste ti minuttene før servering. Reker tilsettes rett før servering og olivenolje dryppes over hver ferdig anrettet tallerken. Toppes med karse.

Foto: Impuls

Foto: Impuls

Foto: Impuls

OPPSKRIFTER

Herlige Besto stod alltid og kjevlet ut lefser når vi kom på besøk. Hver dag klokka fire ble det servert søte, lefser og kaffe. Det var stas. Dette er tradisjonsmat, ikke bare i min familie. Arkeologiske utgravinger i Bergen viser nemlig at folk her har brukt kjevle og antakelig bakt lefser siden 1400-tallet.

Søt, frisk, luftig og syrlig dessert i én og samme form. Jeg kan ikke be om mer. Denne desserten krever at du er pinlig nøyaktig når du måler opp ingrediensene, ellers risikerer du å lage muffin i stedet for sufflé. Tilbered den i lave former. Har du ikke det, kan du bruke lave, rette kaffekopper.

BESTOS LEFSE

SUFFLÉ MED PASJONSFRUKT

1 stor kopp smeltet smør 1 stor kopp sirup 1 stor kopp sukker 1 l kefir 1 l sur skummet melk 3 kg hvetemel ½ kg rugmel 2 ss hjortetakksalt 2 egg Bland sammen det tørre i en bolle og lag en grop i midten av melet. Visp sammen kulturmelk, sirup, rømme og egg. Hell det i midten og bland sammen. Lag en fin deig med hendene. Kjevle deigen tynn. Stek den i takke på begge sider til de er gylne. Legg dem på et tørt sted. Når du skal servere lefsene, bløter du dem i rennende kaldt vann på begge sider og legger de så på et fuktig klede over og under. Da blir lefsene myke nok til å kunne smøres og brettes.

200 g pasjonsfruktjuice 10 g maisenna 300 g eggehvite 125 g sukker Mål opp pasjonsfruktjuice og maisenna, og ha det i en kjele. Kok opp under jevn omrøring. Når massen begynner å bli varm, vil blandingen tykne. Da er det viktig å røre ekstra godt, så massen ikke svir seg. Ta kjelen av platen. Hell massen over i bolle og legg plastfilm ned på selve pureen. Legger du plastfilmen på toppen av bollen, oppstår det kondens og væske, og det gir et uheldig resultat. La massen temperere seg på benken. Pisk eggehvite på lav hastighet i en kjøkkenmaskin. Tilsett sukkeret litt etter litt. Stopp når massen er stiv. Rør pasjonfruktkremen glatt og vend forsiktig inn eggehviten. Smør formene med smør og strø sukker innvendig. Snu formen og rist av overflødig sukker.

Smør lefsa med et tynt lag smør. Brett den så til et rektangel. Deretter bretter du inn enda en gang på hver side til endene møtes på midten. Klipp av de avrundede endene.

Fyll formen med sufflémassen og stryk av overflødig masse på toppen. Dra fingeren langs kanten av formen slik at suffléen ikke setter seg fast under steking. Stek suffléen i 180 grader i 7–10 minutter.

TIPS: 1 kopp tilsvarer ca 2 dl.

Dryss over melis etter steking. Suffléen blir deilig sammen med pasjonsfruktsirup.

15


Medlem av

Noregs største og einaste landsdekkande glasmeisterkjede

www.glasbygg.no

, n e t k i s

t u ! t t y e k r N e v k rek ikkje

e og kresn am n e d r å få f ra a for d n e g e m g nte er erfarin nna prese ten lpar o g t n s la u utan utsik av å k e har erket en. M g er stolte leg å nyta eint og v r k a k p e r jø Glas te k mog eit r erk o beviss t gjer r det srekkv et gir design e innan gla t som gje . Rekkverk ré designe hus. t k n jer det sis lelaus varia ertikale lin kk. Det dis som gamle y v y r ø e t e il ny k ut ein s rstyrrand alistis like godt t fo im n in a m t u r k, passa inavis skand rekkverket s at gla

Me har også døgnservice på glass-tenester: Tlf: 48 16 03 02

Du finn oss på Vabakkjen. Ta kontakt for ein uforpliktande prat! Tlf: 53 40 10 10 - www.glasbygg.no 16

Totalleverandør innan bygg- og handverkartenester


SAMMEN REALISERER VI DIN HUSDRØM! www.mesterhus.no

DET BESTE FRA 2 VERDENER Kvalitetsmøbler fra markedslederen. Lokal leverandør med kunnskap og forankring. Kinnarps leverer interiørløsninger til kontor, skole og helse. Høy kvalitet og lav miljøpåvirkning kjennetegner hele kjeden – fra råmateriale til ferdige løsninger for arbeidsplassen. SAMMEN Vikse er en lokal leverandør av “alt til kontoret”, med fokus på service og oppfølging.

REALISERER VI DIN HUSDRØM!

Kinnarps AS Tlf 67 16 71 00 www.kinnarps.no - Vikse AS Tlf 53 42 81 00 www.vikseas.no

SAMMEN

STØRRE PLASS? www.mesterhus.no REALISERER VI

DIN HUSDRØM!

www.mesterhus.no

Annonse Kinnarps og Vikse v2 120626.indd 1

29.09.2014 16:06:08

Mesterhus er et trygt valg SAMAN MEN REALISERER SAMMEN familier som barns ME for små HUSDRAUMEN DIN! ERER VI større plass ogVI trengerREALISERER SDRØM! DIN HUSDRØM! smarte, romslige løsninger. www.mesterhus.no

terhus.no

www.mesterhus.no

Ta kontakt for en hyggelig husprat!

STØRRE PLASS?

STØRRE PLASS?

STØRRE PLASS?

Tlf.: 53 45 73 00 www.engevik-tislevoll.no

Mesterhus er et trygt valg Mesterhus for småbarnsfamilier som er et trygt valg forog småbarnsfamilier som trenger større plass Mesterhus er eit trygt val for småbarnsfamiliar som trenger større plass og treng større plass og smarte, romslege løysingar. smarte, romslige løsninger. smarte, romslige løsninger.

Ta kontakt for en hyggelig husprat!

Ta kontakt for ein hyggeleg husprat! Ta kontakt for en hyggelig husprat!

Tlf.: 53 45 73 00 www.engevik-tislevoll.no

Tlf.: 53 45 73 00 www.engevik-tislevoll.no

17


Padling i Sunnhordland

kajakken, Finn fram

det er haust!

Sjølv om kvelden kjem raskare på og vêret er meir lunefullt, kan ein kajakktur i sunnhordlandsskjergarden by på herlege naturopplevingar – også i den mørke årstida. { tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

18


19


Padling i Sunnhordland

Så lenge du har basiskunnskapane og utstyret som trengst, er padling ein heilårsaktivitet.

Fleire og fleire oppdagar at padling gir fantastiske moglegheiter for mosjon, friluftsliv og naturopplevingar, og for kajakkpadlarane er sunnhordlandsskjergarden eit eldorado. Regionen byr på eit utal padleruter å velja blant, i eit kystmiljø som inneheld alt frå ope hav til fjordlandskap og fantastiske øyrike med tronge sund og grunne viker. Her er det berre å koma seg ut. At kalenderen viser haust og vinter, treng nemleg ikkje vera noko hindring. Sjå solnedgangen i varmen frå bålet – Så lenge du har basiskunnskapane og utstyret som trengst, er padling ein heilårsaktivitet. Faktisk er det nesten finare å padla om hausten og vinteren enn elles i året: Sjøvatnet er klårare, slik at du ser meir av livet nede på botnen når du padlar i grunne farvatn eller langs land. Færre båtar på

fjorden aukar roen og stillheita samanlikna med «travlare» årstider. Når mørkret sig på, kan du nyta det fantastiske synet av stjernehimmelen og månen som speglar seg i stille sjø. Kortare dagar gjer det også lettare å oppleva både solnedgang, stjernehimmel og ein eventuell fullmåne på ein og same kveldstur, smiler Geir Ingolf Strand, padleentusiast og leiar for dei rundt 90 medlemene i Sunnhordland Padleklubb. Fitjarbuen meiner padling er ein flott måte å få noko positivt ut av den mørke årstida, og oppfordrar fleire padlarar til å gi kajakken ein sjanse også om hausten og vinteren. – Å padla åleine gir flotte opplevingar, men får du med deg nokre vener utpå blir padleturen også ein veldig fin sosial aktivitet. Med forbodet mot

bålbrenning oppheva for vinterhalvåret, ligg dessutan alt til rette for at du kan finna deg ein holme eller ei lun vik og nyta solnedgangen saman med varmen, kosen og kanskje litt varm mat frå bålet, framhevar Strand.

Hauststormane er for vidarekomne Fitjarbuen har padla i sju år. Sjølv synest han det kan vera nydeleg å ta seg fram over spegelblank sjø, uansett årstid. Men han stortrivst også i den andre enden av skalaen. – Eg synest hauststormane er veldig spennande, og likar å padla i grov brottsjø som gjer det mogleg å surfa og leika seg i bølgjene, fortel Strand, før han kjapt poengterer at brottsjøpadling er ein aktivitet for vidarekomne padlarar – ikkje for nybyrjarar!

Her er det berre å koma seg ut. At kalenderen viser haust og vinter, treng nemleg ikkje vera noko hindring.

Sunnhordland Padleklubb Skipa i 2006 Har vel 90 medlemer, dei aller fleste frå Fitjar, Bømlo og Stord. Arrangerer årleg ei rekke ulike padlekurs for alt frå nybyrjarar til vidarekomne. Klubben har fem eigne instruktørar. Inviterer gjennom året medlemene til felles padleturar i ulike delar av Sunnhordland. Driv ein eigen blogg: http://sunnpadling.blogspot.no/

20


Foto: Geir Ingolf Strand

For erfarne og vidarekomne padlarar gir hauststormane moglegheiter for leik i brottsjøen.

Geir Ingolfs tips og råd for padling i den mørke årstida: Kjenn dine eigne grenser. Kjem du deg opp igjen i kajakken om du skulle hamna i sjøen? Er du nybyrjar, ta eit padlekurs. Vinterpadling er padling i tørrdrakt. Hugs refleksar på årer, kajakk og deg sjølv. Bruk gjerne klede i spreke og godt synlege fargar. Ta med deg ekstra ullklede i ein vasstett pose. Dei kan koma godt med om du blir våt og kald. Ha lett tilgjengeleg ein liten mat- eller sjokoladebit som kan gi deg rask energi tilførsle. Du går raskare tom for energi i kjøleg vêr, og energibe hovet kan koma brått på. Ha gjerne to termosar med deg: Ein til varm drikke, og ein til varmt vatn du kan tøma i hanskane for å tina opp kalde fingrar.

21


Olvondo Industries

Hamskiftet på Rubbestadneset – Kundane har trudd på oss. No må me visa oss tilliten verdig, seier Tore Kallevåg, direktør i Olvondo Industries på Rubbestadneset. Etter halvanna års omstilling er den tidlegare gir- og propellfabrikken til Wärtsilä rusta for dei første store leveransane til olje- og gassindustrien. { tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Seinhaustes 2012 la ei ekstra mørk sky seg over Rubbestadneset på Bømlo. På eit allmøte får tilsette i Wärtsilä den tunge beskjeden om at konsernet har vedteke å leggja ned den tradisjonsrike gir- og propellfabrikken. Produksjonen skal flyttast til Kina og Italia. – Eg hugsar eg spurte meg sjølv om eg kunne vera med på å leggja ned 110 års lokal industrihistorie og mange viktige arbeidsplassar. Svaret var «Ikkje pokker!», minnest Tore Kallevåg, administrerande direktør i Olvondo Industries og tidlegare direktør for gir- og propellfabrikken til Wärtsilä.

Snudde fortviling til optimisme Han og fire andre i fabrikkleiinga vende seg til Wärtsilä med eit tilbod om å overta fabrikkfasilitetane. Etter berre nokre timar fekk dei positivt svar, og forhandlingane om detaljar starta. 6. desember 2012 stod knoppskytinga på

22

eigne bein under namnet Olvondo Industries. Med seg frå Wärtsilä hadde verksemda 86 tilsette og ein avtale om å halda fram produksjonen av gir og propellar det komande året. – For oss var det heilt avgjerande at dei tilsette i fabrikken blei med inn i det nye selskapet. Sjølve maskinparken var verdt null og niks dersom me ikkje også fekk med oss kompetansen til dei mange dyktige medarbeidarane. Heldigvis slutta dei opp om planane våre, og me opplevde at fortvilinga over nedleggingsvarselet raskt blei snudd til positivitet, optimisme og engasjement. At dei aller fleste tilsette i år også har kjøpt aksjar og blitt medeigarar i Olvondo, seier mykje om tilliten og viljen deira til å lukkast, meiner Kallevåg.

Dreiar frå skip til offshoreinstallasjonar Strategien til det nye selskapet er å dreia hovud-


1.

2.

1. Mykje undervassutstyr som skal ned i djupet treng eit ekstra sveiselag, såkalla cladding. Dette har no blitt eitt av satsingsområda til Olvondo. 2. – Me ønskjer ganske enkelt å bli gode på å produsera det tøffaste av det tøffe, og mekanisk utstyr som skal fungera på store havdjup ligg definitivt i den kategorien, seier adm. dir. Tore Kallevåg. 3. Steinar Haldorsen, teamleiar for maskinering, opererer den nye femaksa maskineringsstasjonen.

Olvondo i korte trekk

3.

Olvondo Industries har stor kompetanse på samanstilling av produkt, og tek seg av heile prosessen frå innkjøp av råmateriale til testing av den ferdige leveransen. Verksemda blei etablert i 2012 etter ei overtaking av gir- og propellfabrikken til Wärtsilä. Dei tilsette har lang erfaring med oppdrag for skipsindustrien, og satsar no inn mot olje- og gassnæringa. Olvondo har i dag 100 tilsette og 8.000 kvadratmeter med moderne produksjonsfasilitetar i fabrikken på Rubbestadneset. I 2013 hadde selskapet 97 millionar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på 16,8 millionar.

aktiviteten vekk frå dei tradisjonsrike maritime leveransane. No er det i olje- og gassindustrien Olvondo skal finna dei viktigaste kundane, og hovudfokuset er retta mot nisjemarknaden for undervassutstyr (subsea).

Olvondo. Med jamn og god arbeidsflyt heime ved kaikanten, farta direktøren og dei andre seljarane rundt til dei store oljeserviceselskapa for å selja inn nykomaren. Resultata let ikkje venta på seg.

– Me ønskjer ganske enkelt å bli gode på å produsera det tøffaste av det tøffe, og mekanisk utstyr som skal fungera på store havdjup ligg definitivt i den kategorien. Marknaden for subseautstyr er inne i ein enorm vekst, og har ein tidshorisont på heile 30 til 50 år. Her på Bømlo sit me midt i matfatet for denne type produksjonsaktivitet. Sidan subseaprodukt er omfatta av enormt strenge krav til kvalitet, og det ofte er snakk om unike einskildprodukt, trur me også det skal ein del til før kundane set mykje av produksjonen ut til lågkostland, forklarer Kallevåg.

– Den solide kompetansehistoria me har her på Rubbestadneset har verkeleg promotert Olvondo, godt hjelpt av sunnhordlendingar i oljebransjen som har framsnakka oss. Kundane stoler på at produkt herfrå verkar, og me har fått eit fotfeste i marknaden med større og mindre leveransar til oljeservicekundar som Aker Solutions, One Subsea, Kværner, Aibel og Rosenberg Worley Parsons, fortel Kallevåg.

Stigerøyr til Åsta Hansteen

Gjennom 2013 sikra gir- og propellproduksjonen for Wärtsilä eit godt fundament for hamskiftet i

Produksjonen av rundt 150 stigerøyr («risere») til Aker Solutions er det første verkelege gromprosjektet. Stigerøyra, som er eit nyutvikla

Aker-produkt, skal føra gass mellom brønnhovudet på 1300 meters djup og opp til Åsta Hansteenplattformen i samband med servicearbeid. – Me har bygd ein eigen fabrikk inne i fabrikken der me skal tilverka stigerøyra. Produksjonen startar seinhaustes og vil gå for fullt fram mot sommaren 2015. Etter eit tett og godt samarbeid med Aker Solutions er me veldig glade for at me no er klare med vårt første «ekte» Olvondoprodukt, smiler direktøren. Han framhevar også såkalla påleggssveising («cladding»), eit ekstra sveiselag som mykje subseautstyr blir påført for å takla tøffe påkjenningar, som eit anna satsingsområde med stort potensiale. I løpet av november vil Olvondo vera kvalifisert til å utføra slike jobbar, og verksemda har allereie investert tungt i topp moderne sveiserobotar og kompetanseheving.

23


Olvondo Industries Gjennom 2013 sikra gir- og propellproduksjon for Wärtsilä eit godt fundament for Olvondo Industries.

Kor kjem det spesielle namnet frå?

– I ferd med å slå ut i full blom – Korleis oppsummerer du status for ham­skiftet i Olvondo når me no er over halvvegs i det første verkelege omstillingsåret? – Eg vil seia at knoppskytinga vår er i ferd med å slå ut i full blom. Me er på full fart inn i subseamarknaden, med to-tre store kundar me verkeleg har fått eit tett og godt samarbeid med. I tillegg har me ein stor bukett kundar som me utfører mindre jobbar for. Frå å vera 86 tilsette ved oppstarten har me runda 100 personar. Veksten har særleg kome på ingeniørsida, og det gjer at me no kan tilby komplette produkt – og ikkje berre maskineringsjobbar. Investeringar for rundt 30 millionar i avansert maskinerings- og sveiseutstyr, kombinert med satsinga på kompetanseheving, har også løfta bedrifta fleire hakk, seier Kallevåg, og legg til: – Me har bygd eit fundament, og kundane gir oss tillit. No må me visa at me er til å stola på gjennom å levera kvalitet til rett tid. Det er det beste innsalet for framtidig vekst.

Støttespelar i lokalsamfunnet Samfunnsansvaret som dei fem fabrikkleiarane kjende på då dei tok initiativet til vidare drift av fabrikken har Olvondo bore med seg vidare. – Me kjenner framleis ansvar for lokalsamfunnet, så for oss er det viktig å støtta lokal idrett, kultur og anna frivillig arbeid. Saman med bedriftene rundt oss har me også vore pådrivarar for å berga den mekaniske linja på yrkesskulen. I fellesskap gjekk bedriftene til elevar, foreldre og lærarar med bodskapen om at industrien ikkje er død. Resultatet blei eit oppsving frå berre nokre få elevar til ei fullsett mekanikarlinje. Bedriftene har sidan følgt opp med å tilby lærlingplassar, og så langt i år har Olvondo teke inn to nye lærlingar. Ungdomane er framtida, og sjølv om delar av industrien opplever nedgangstider kan me ikkje la vera å hjelpa dei unge opp og fram, meiner Kallevåg.

24

Olvondo-namnet er henta frå ei lita øy i havgapet vest av Bømlo. Selskapsnamnet symboliserer den røffe og tøffe bømlaidentiteten, og symmetrien i namnet speglar også symmetrien og presisjonen i mange av produkta som Olvondo samanstiller. Øya Olvondo er kjent som ein god fiskeplass, og er i dag eit verna fuglereservat.


peugeot.no

ÅRETS BIL 2014

NÅ SOM STASJONSVOGN

VI MENN

KLIKK.NO

SEPT. 2014

PEUGEOT 308 SW

05.09.2014

VI MENN KLIKK.NO KOMPLETT OG GODT UTSTYRT BIL MED: VI MENN SEPT. 2014

KLIKK.NO 05.09.2014

Eksklusiv Peugeot DAB+ og SEPT. 2014 i-Cockpit • Touchscreen, 05.09.2014 navigasjon • Panorama glasstak • Cruise control og Hill assist • 2-sone aut. klima • Ryggekamera • Sportsseter ACTIVE 110 HK MED ACTIVE PACK Startleie: 50.000,- inkl. mva KAMPANJERENTE KOMPLETT OG GODT UTSTYRT BIL MED: • 16” aluminiumsfelger • Vinterhjul Totalt: 126.020,- over 3 år KOMPLETT OG GODT UTSTYRT BIL MED:DAB+ og Eksklusiv Peugeot i-Cockpit • Touchscreen, KUN PR/MND STORT BAGASJEROM PÅ• 610 LITER DAB+ og Kjøpspris kr. 291.500,Eksklusiv i-Cockpit Touchscreen, navigasjonPeugeot • Panorama glasstak • Cruise control og Hill navigasjon • Panorama glasstak • Cruise control og Hill Startleie: 50.000,- inkl. mva assist • 2-sone aut. klima • Ryggekamera • Sportsseter ACTIVE 110 HK MED ACTIVE PACK *Privatleasing 3 år/45.000km. Etabl.geb. 4.200,- er inkludert i totalt over 3 år. Alle beløp oppgitt er inkl mva. Forutsetter finansiering gjennom Bertel O. Steen Finans AS.KAMPANJERENTE Startleie: 50.000,-over inkl.3Gjelder mva • 2-sone klima • Ryggekamera • Sportsseter ACTIVE 110 HK ACTIVE PACK •assist 16” aluminiumsfelger • Vinterhjul Kampanjerente 1.95MED % gjelder også ved lån, forutsatt min. 10 % egenkapital. utslipp blandet aut. kjøring: 109 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring: 0,47 KAMPANJERENTE l/mil. Totalt: 126.020,år i 2014. CO2 • 16” aluminiumsfelger Vinterhjul Forbehold om trykkfeil. Bildet er ill.foto og utstyr kan avvike. Totalt: 126.020,- over 3 år KUN PR/MND STORT BAGASJEROM•PÅ 610 LITER

PEUGEOT 308 1.995,-* PEUGEOT 308 SW SW 1.995 * kr. 291.500,1.995,,-* PR/MND Kjøpspris Kjøpspris kr. 291.500,NYE PEUGEOT 108 FINN DIN STIL NYE PEUGEOT 108 FINN DIN STIL KUN

STORT BAGASJEROM PÅ 610 LITER

*Privatleasing 3 år/45.000km. Etabl.geb. 4.200,- er inkludert i totalt over 3 år. Alle beløp oppgitt er inkl mva. Forutsetter finansiering gjennom Bertel O. Steen Finans AS. Kampanjerente31.95 % gjelder Etabl.geb. også ved lån, forutsatt min. 10 i%totalt egenkapital. i 2014. CO2 er utslipp blandet kjøring: 109 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring: 0,47 *Privatleasing år/45.000km. 4.200,er inkludert over 3 år.Gjelder Alle beløp oppgitt inkl mva. Forutsetter finansiering gjennom Bertel O. Steen Finans AS.l/mil. Forbehold om trykkfeil. Bildet også er ill.foto og utstyr kanmin. avvike. Kampanjerente 1.95 % gjelder ved lån, forutsatt 10 % egenkapital. Gjelder i 2014. CO2 utslipp blandet kjøring: 109 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring: 0,47 l/mil. Forbehold om trykkfeil. Bildet er ill.foto og utstyr kan avvike.

• KOMBI ELLER CABRIOLET • 7 FORSKJELLIGE DESIGN Priser er inkl. frakt og leveringsomkostninger levert Drammen. CO2 utslipp fra 85 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring fra 0,32 l/mil.Bilder er illustrasjonsfoto og utstyr kan avvike. Forbehold om trykkfeil. Importør Bertel O. Steen AS.

NYE PEUGEOT 308 SW • 108 Priser er inkl. frakt og leveringsomkostninger levert Drammen. CO2 utslipp fra 85 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring fra 0,32 l/mil.Bilder er illustrasjonsfoto og utstyr kan avvike. Forbehold om trykkfeil. Importør Bertel O. Steen AS.

FRA ELLER KR. 129.900,• KOMBI CABRIOLET • 7 FORSKJELLIGE DESIGN FRA KR. 129.900,-

NYE PEUGEOT 308 SW • 108 NYE PEUGEOT 308 SW • 108 Industrigt 24 • 5537 Haugesund Tlf: 52 70 06 50 • Fax: 52 70 06 59

Heiane, 5406 5406 Stord Stord Heiane, Tlf.: 53 40 40 40 • Fax.: 53 40 40 41

Heiane 31 • 5406 Stord Tlf: 53 40 40 40 • Fax: 53 40 2540 41


1.

2.

3.

4.

1. Måleri av Viggo Johansen. 2. Fra opning av utstilling “Nye sting i gamal duk – gamle ord vert nye dikt”. 3. Keramikk av Elisabeth Lunnan. 4. Måleri av Ilona Sawicka. 5.+6. Keramikk av Ole Martin Skaug.

26


Galleri Giga

15 år

med kunst og kommers I år er det 15 år sidan Oddrun Helvik gjorde kunsten til levebrød med opninga av Galleri Giga på Stord. – I vår travle kvardag i eit teknologisk og industrielt samfunn er det viktig at me fòrar sjela, seier den energiske galleristen. { tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Med

berre 10 kvadratmeter butikkog utstillingslokale var det ikkje store plassen Helvik hadde å boltra seg på då ho i 1999 opna galleriet med det lett ironiske namnet Giga i eit kjellarlokale i Borggata på Leirvik.

skulle bli ein stad i Sunnhordland som folk søkte til for å oppleva kunst, og at eg skulle bli ein viktig regional aktør innan det feltet, seier Helvik.

– Første separatutstillinga bestod av berre to bilete signert Åse Ljones, så det har vore ei fantastisk reise å koma dit me er i dag, reflekterer galleristen og jubilanten.

– Ja, men eg kan ikkje seia at eg komen i mål. Då kunne eg jo berre pakka saman og gått heim. Det ville vore kjedeleg, ler 58-åringen og held engasjert fram på utpust:

God mottaking

– Eg føler Galleri Giga har blitt teke veldig godt imot av både stordsamfunnet og regionen rundt, heilt frå Bergen til Haugesund. Eg opplever at både publikum, kundar og ikkje minst kunstnarane snakkar positivt om oss. I mitt hovud er Giga blitt ein viktig arena for kunstnarane i regionen. Det ser eg på søknadsmassen frå lokale og regionale kunstnarar som ønskjer å ha utstilling her. Etter kvart har me endåtil nådd ut nasjonalt, og er blitt ein utstillingsarena også for etablerte norske kunstnarnamn, fortel Helvik.

Ho tek imot Zoom i dagens gallerilokale i Osen, der Helvik og kunsten har halde hus sidan 2000. Her har ho og dei to medarbeidarane Nina Rud og Cecilie Rønhovde 104 kvadratmeter med utstillingslokale, galleributikk og lager til rådvelde. – Kva fekk deg til å satsa på galleridrift? – Det var på ingen måte nokon langvarig draum som eg endeleg fekk realisert, slik ein del trur. Men etter å ha gått «ørten» husflidskular, jobba som aktivitør i psykiatrien, studert kunsthistorie og teke lærarutdanning med hovudvekt på forming i vaksen alder, hadde livet dreidd meg meir og meir i retning av kunsten og kunstformidlinga. Eg bestemte meg for å skapa min eigen arbeidsplass innanfor dette feltet. Strategien var at galleriet

– Har du lukkast?

5.

– Prøver du å forstå? – Kvifor er det så viktig for deg å formidla kunst? – Fordi eg ønskjer at andre skal få oppleva ein dimensjon i livet som eg meiner er viktig. Uff, no høyrest eg ut som ein visjonær… Det eg meiner er at i ein travel kvardag med jobb og alle gjeremål me skal rekka, treng me også å oppleva ting som gjer liva våre rikare og som set spørsmålsteikn ved sjølve livet. Me må fóra sjela! Det kan me gjera gjennom kulturopplevingar, anten det er kunst, musikk, litteratur, dans, opera eller teater. Det gjeld berre å finna sin sjanger. Kunsten er mi greie. Opera er eg derimot ikkje så begeistra for, ler Helvik. Ho er klar på at alle ikkje kan lika og forstå alt, ei heller kunsten. Men 58-åringen er oppteken av at folk skal møta kunsten med eit mest mogleg ope sinn. – Saksofonist Ole Jakob Hystad har eit godt svar i møte med folk som seier dei ikkje forstår jazzmusikk. Han spør: ”Prøver du å forstå? Øver du deg på det?”. Dei same spørsmåla stiller eg ofte til personar som seier dei ikkje skjønar seg på kunst: ”Prøver du?” Ser du på kunstverk og slår kjapt fast at ”dette er ikkje kunst, dette forstår eg ikkje”, eller prøver du å sjå om kunstverka faktisk kan seia deg noko, om dei symboliserer noko?

27


Galleri Giga 7.

Butikken ber heile galleriet

Pussar opp kvar tredje veke

Drifta av Galleri Giga er tredelt og femner om utstillingar, galleributikk, og utsmykkingsoppdrag. Galleriet har dei siste åra omsett for ein stad mellom fem og seks millionar i året. Helvik reknar med å hamna i dette leiet i år også – noko ho meiner er veldig bra for eit regionalt galleri. At 2013 vart aller første året som viste ein liten minus på 40.000 i rekneskapen, som følgje av færre utsmykkingsoppdrag, mistar ho ikkje nattesøvnen av.

Galleriet har i alle år presentert 14 til 16 utstillingar per år. Det er i meste laget, men Helvik slit med å seia nei til kunstnarar som vil visa seg fram i Osen. All jobben med å rigga om og pussa opp utstillingslokalet kvar tredje veke, tek ho med eit smil.

– I realiteten er det galleributikken som driftar heile galleriet. Utan den ville eg gått konk. Som privatgalleri får eg ikkje noko offentleg støtte, og ikkje vil eg ha det heller. Galleri Giga skal vera ei kulturbasert næring der eg klarer meg sjølv. Det har vore målet i alle desse åra, seier Helvik. Ho vedgår samstundes at koplinga mellom kunst og kommers er tung å svelgja for enkelte. Sjølv meiner ho dei to går hand i hanske, og er så freidig at ho like godt har kalla årets juleutstilling for «Bursdag og kommers i 15 år».

– Fasen der eg saman med kunstnaren jobbar fram eit «nytt» utstillingslokale, og me saman leitar etter uttrykket som presenterer kunstverka på best mogleg vis, er ei viktig motivasjonskjelde for meg. I denne fasen er også eg ein skapande utøvar, seier Helvik, som kvart år formidlar kunstopplevingar til barnehagar, skuleklassar og studentgrupper som vitjar galleriet. 8.

– Dei yngste er så hjarteleg velkomne! Mange foreldre uroar seg for at borna skal knusa og øydeleggja. Det skjer aldri. Det er me som jobbar her som knuser ting, humrar jubilanten.

– Først og fremst ein jobb – Du framstår alltid så energisk og entusiastisk, blir du aldri lei av galleridrifta?

6.

– Kommers er eit negativt ord som kulturen helst ikkje vil bli forbunde med. Det rår ei oppfatning av at kunstformidling basert på løyvingar frå stat, fylke og kulturråd er meir stovereint og meir verd. Pengar som kjem direkte frå forbrukar gir mindre prestisje. Som kommersiell næringsdrivande og kunstformidlar irriterer det meg. Ja, eg tener pengar på å driva med kunst, og ja, galleriet har vore god butikk. Men det er jo inntektene frå kunstsalet som gjer at eg til dømes kan ha separatutstillingar med unge og ukjente kunstnarar. Dei lagar gjerne kunstkonsept som absolutt ingen har behov for å kjøpa, men som mange har utbytte av å sjå og oppleva, poengterer Helvik, og legg til at dei tre som jobbar i galleriet kanskje er dei som oftast seier «ikkje tenk på om du har veggplass eller kroner i lommeboka, berre sjå, opplev og gå igjen» til folk som er innom Giga.

– Joda, stundom er eg sylta lei. Det blir ein jo i alle jobbar. Og det er først og fremst ein jobb dette her! Eg blir småkvalm når folk snakkar om at Galleri Giga er babyen min. Eg har både barn og barnebarn, og skil klart mellom det som er jobb og det som er verkeleg viktig i livet, poengterer galleristen.

Kva så med vegen vidare for Galleri Giga?

9.

– Det er jo alltid kjekt å snu steinar og utvikla seg vidare, og draumen er å tilsetja ein eigen dedikert kunstformidlar som berre har ansvar for separatutstillingane. Samstundes nærmar eg meg 60 år, og må jo snart byrja tenkja på pensjon. Kva skal eg gjera då? Skal eg selja? Leggja ned? Uff nei, nedlegging høyrest fælt ut. Eg vel å gå på vidare, to år om gongen, seier Helvik. 7. Frå opning av utstilling “There ain`t no cure for love”. 8. Keramikk av Lindform. 9. Måleri av Viggo Johansen.

– Treng fleire kulturbaserte næringar Etter å ha drive kulturbasert næringsverksemd i 15 år, skulle Oddrun Helvik gjerne sett at fleire satsa som ho. – Noreg treng fleire bein å stå på enn oljenæringa, og kulturbaserte næringar gir inntekter til samfunnet når dei blir drivne profesjonelt. Dette har dei oppdaga i Bergen, der dei gjer kva dei kan for å utvida næringsfloraen med festivalar, konsertar og ein blømande kunstscene, seier 58-åringen. Helvik meiner det er lett for sunnhordlendingane å sjå verdien av å fornya industriverksemda i regionen. Men kva med dei kulturbaserte næringane, spør ho. – Skal me få nye og utfyllande næringar som speglar alle fasettar

28

i samfunnet, er det dei kulturbaserte næringane som verkeleg haltar. Det er alt for få gründerar som startar frå grunnen av. Me skulle hatt ei regional inkubatorverksemd for kulturbaserte næringar – slik sunnhordlandsindustrien allereie har, meiner Helvik. Sjølv er ho styreleiar i Fanari AS, eit selskap som vart skipa for å synleggjera og styrka dei kreative næringane i Sunnhordland. I dag er aktiviteten i selskapet låg grunna vanskeleg økonomi. – Dersom ikkje politikar og næringsliv ikkje ser nytta av ein slik arena, er mi uro at all kunnskapen og erfaringa me har samla i Fanari skal gå tapt.


VELKOMMEN TIL MOTEHUSET AMFI STORD

40 BUTIKKAR

Tasty

Sele ur

1 TIME GRATIS PARKERING

Gåva som gir moglegheiter! Kan brukast i over 5000 butikkar på nærare 100 kjøpesentre og 50 hotell

dittgavekort.no kjøper du på

!Solid eller på www.dittgavekort.no Der kan du også få kjøpt gåvekort med ulik design. AMFI STORD - MØTEPLASSEN OPE MÅNDAG-FREDAG 10-20 (MENY 9-21) · LAURDAG 10-18 (MENY 9-19) AMFI.NO/STORD

29


Annonse

Eit lag i verdsklasse

Edvard Grieg. Ivar Aasen. Gina Krog. Oseberg C. Hebron. Saman utgjer desse namna ei imponerande liste over bustadkvarter me har i arbeid.

bustadkvarter. Den unike, tverrfaglege kompetansen vår dekkjer alt frå teikning av dei aller første skissene til overlevering av nøkkelferdige bustadkvarter som kan løftast rett på plattformdekket ute i havet, samt modifisering og vedlikehald offshore.

Når dei store oljeselskapa vil utrusta installasjonane sine med topp moderne offshorehotell i aluminium, er det Apply Leirvik dei vender seg til. Slik har det vore sidan me gjekk inn i denne marknaden i 1974.

Samhandling

Me har eit godt verftsanlegg i sjøkanten like utanfor Leirvik sentrum. Me har ein god maskinpark og moderne verktøy. Men det er ikkje anlegga og kontora våre som gjer at me gong på gong hevdar oss i tøff internasjonal konkurranse.

Apply LQ One

Nei, grunnlaget for suksessen er alle dei dyktige medarbeidarane som utgjer det me

30

Laget består av ein god miks av unge, framstormande talent og godt vaksne ringrevar med erfaring, ro og overblikk. Denne fordelinga prøver me å oppretthalda når me heile tida jaktar forsterkingar som kan bidra til å løfta oss endå eit hakk.

kallar Apply LQ One - laget vårt. Spelarstallen på dette vinnarlaget består i dag av rundt 350 tilsette med erfaring og kunnskap innan alle fagdisiplinane som trengst for å utvikla og byggja verdas beste

I alle prosjekta våre er taktikken å samhandla best mogleg på tvers av dei ulike lagdelane, å spela kvarandre gode. Me er no i gang med å ta i bruk nye arbeidsmetodar som skal gjera denne samhandlinga endå betre. Det må til om me skal vinna også i framtida. Og det skal me!


Annonse

Apply Leirvik er verdas leiande leverandør av bustadkvarter til offshoreindustrien. Det kan me takka laget med 350 dyktige medarbeidarar for!

Visste du at: Apply Leirvik har levert 35 store bustadkvarter til oljeinstallasjonar i inn- og utland. Apply Leirvik har levert 80% av bustadkvartera på norsk sokkel. Apply Leirvik er hovudkontor for Applykonsernets forretningsområde Living Quarters and Helidecks (LQ & HD), ei internasjonalt satsing som består av selskapa Apply Leirvik, Apply Emtunga (Sverige), Aluminium Offshore (Singapore) og Apply Leirvik International (Singapore).

Satsar på Stord Apply-konsernet vedtok i 2013 å investera i eit nytt og meir tidsriktig kontorbygg på Stord. I februar 2015 står det fem etasjar høge og 4.000 kvadratmeter store nybygget klart til innflytting for Apply Leirvik og Stord-avdelinga til søsterselskapet Apply Rig & Modules. Lokala rommar mellom anna 255 kontorplasser, minglesonar og eigen møteromsfløy. - Det flotte kontorbygget viser at Apply satsar på Stord. Kontora vil gi oss mange glade menneske i effektivt samspel, og gjer oss vonleg endå meir attraktive for nye medarbeidarar, seier Apply Leirvik-direktør Lars Solberg.

31


Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter

Fitjar-laksen Vil visa verda

I fjor opna Engesund Fiskeoppdrett sitt eige, flytande visningssenter. No rundar dei snart to tusen vitjingar på anlegget i Fitjarøyane. { tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Det har i grunnen gått over all forventning, seier Lisa Instefjord Gilje.

Visningsverten viser til gode tal sidan opninga i januar i fjor. – I fjor hadde me 950 besøkjande, i år ligg me an til det same. Innhaldsrikt I tillegg til å få sjå korleis fiskeoppdrettet blir drifta, får dei besøkjande høve til å følgja oppdrettshistoria frå byrjinga og fram til i dag. – Me har laga til eit slags museum i kjellaren. I dei ulike romma viser me korleis oppdrettsnæringa var før, og meir inngåande korleis me driv i dag, held Lisa fram. Dei har og byrja med matservering. – Me set ut smolt på mellom 90-150 gram. Fisken brukar om lag halvanna år på å veksa seg opp til rundt fem kilo i merdane våre. Når me har denne fantastiske råvara tilgjengeleg, tenkte me at me måtte få til å laga mat og. Me fekk hjelp frå ein kokk til å setja i saman ulike oppskrifter, fortel visningsverten. Kven som helst kan ta turen utom visningssenteret, og gjennom året kjem alt frå skuleklassar til bedrifter. Den travlaste perioden er mellom april og september.

32

Naudsynt – Visningssenteret var veldig viktig for at me kunne halda fram veksten vår, seier Svein Eivind Gilje, dagleg leiar ved Engesund Fiskeoppdrett. Han tok over roret på familieverksemda i 2009. Tre år seinare blei Lisa, som no er kona, tilsett som visningsvert. Saman med visningssenteret kom også ein ny konsesjon på 750 tonn fisk. – Det er veldig få som driv med dette her til lands. Me såg det som ein fin måte å auka vår eigen produksjon, samstundes som me får sjansen til å visa folk korleis oppdrettsnæringa er, forklarer Lisa. Viktige støttespelarar Sjølv om ekteparet ikkje et laks kvar dag, trivst dei så godt på jobben at dei like godt gifta seg der i fjor sommar.

Ikkje berre er det bryllaupsdagen, det er også bursdagen til Svein Eivind. I år blei faktisk sonen vår Lars Eivind døypt på den dagen óg. Det heile er litt tilfeldig, men no ligg iallfall alt til rette for at nett den dagen blir hugsa, smiler Lisa. Sterk historie Familieverksemda i Fitjarøyane blei grunnlagt av morfaren til Svein Eivind, Lars Kleppe, i 1964. Sjølv om Svein Eivind så godt som vaks opp på fiskeoppdrettet, hadde han aldri tankar om å ta over drifta då han var liten. – Nei, det var vel ikkje nett det eg drøymte om. Eg jobba mykje på mellom anna brønnbåtar, fortel fitjarbuen. Men då moglegheita plutseleg dukka opp i 2009, valde han likevel å ta over roret på verksemda i Fitjarøyane. – Det var noko med utfordringa. Den freista.

– Ein blir ikkje lei laks. Det er ei fantastisk råvare, smiler Lisa. – Ein blir ikkje lei Lisa, heller. Utan ho hadde eg ikkje klart dette, seier Svein Eivind. 10. august i fjor inviterte dei over 60 gjester til bryllaupsfeiring i det nye visningssenteret. – 10. august har blitt ein viktig dato i familien.

Sidan Svein Eivind tok over drifta, har mykje skjedd på det vesle oppdrettet. I 2013 opna som nemnt visningssenteret, og talet på konsesjonar à 750 tonn fisk er allereie dobla. Dei er no åtte tilsette fordelt på seks lokasjonar. I tillegg har dei fått tilsegn på søknaden om ein tredje konsesjon.


SJÅ DEN NYE KATALOGEN til Noregs største bustadbyggjar!

1.

SJÅ DEN NYE KATALOGEN til Noregs største bustadbyggjar!

2.

Bestill

3.

en på katalog tne.no a lv a .v w ww

SJÅ DEN NYE KATALOGEN

Me vil inspirere deg til å realisere din eigen husdraum.

til Noregs største bustadbyggjar! 1. Kven som helst kan besøka visningssenteret, og gjennom året kjem alt frå skuleklassar til bedrifter. (Foto: Engesund Fiskeoppdrett)

Bestill

2. Svein Eivind Gilje og Lisa Instefjord Gilje ønskjer å gi folk eit innblikk i laksen og oppdrettsnæringa. på en katalog tne.no alva www.v

3. Ida Helen Hvitsand lagar dei lekraste smaksprøvar av råvara som sym i merda like utanfor.

Med vår trygge og oversiktlege byggeprosess som «grunnmur», kan du bruke tida på alle dei spanande detaljane som din! Me vil inspirere deg til å realisere din skapar eigen heimen husdraum. Med vår trygge og oversiktlege byggeprosess som «grunnmur», kan du bruke tida på alle dei spanande detaljane som skapar heimen din!

Ringvegen 12 12 54125412 Stord Stord Tlf. 53 40Tlf. 20 70 Ringvegen 53

www.valvatne.no

www.valvatne.no 40 20 70

33


Sunnhordlandskonferansen 2014 Foto: Harald Pettersen/Statoil

Ser lys

i den mørke tunnelen – Me er nede i ein bølgjedal no, men mykje tyder på at marknaden vil ta seg opp igjen på sikt, var bodskapen Harris Utne frå analyseselskapet Rystad Energy serverte leverandørane til oljeindustrien under årets Sunnhordlandskonferanse. { tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Pessimisme og dommedagsprofetiar har den siste tida prega medieomtalen av den norske oljeindustrien og leverandørindustrien, med oppslag som ofte handlar om reduserte investeringar og kutt i kostnader og tal på tilsette. – Me kjenner oss att i dette biletet, men meiner samstundes situasjonen ikkje er så ille som andre vil ha det til. Det er naturlege, strukturelle årsaker til variasjonen. Og etter nedgang nokre år, har me stor tru på at marknaden vil ta seg opp igjen og veksa vidare, sa Harris Utne, partnar i Rystad Energy, til dei like over 100 representantane frå leverandørindustrien som deltok på Sunnhordlandskonferansen på Stord i september.

Johan Sverdrup blir viktig Utne peika på at nedkjølinga i olje­ service­ marknaden har fleire årsaker. Den viktigaste er den kraftige auken i olje- og gassproduksjonen frå skiferfelt i USA dei to-tre siste åra, som har fløymd inn i marknaden og pressa prisane ned. Ein annan viktig årsak er ein auke i kostnadene til oljeselskapa. Dette har ført til lågare lønsemd for oljeselskapa, og no prioriterer dei å styrka kontantstraumen, kutta kostnader og effektivisera.

34

I Rystad Energy meiner dei denne situasjonen vil halda seg nokre år, før marknaden tek seg opp igjen i 2016 eller 2017. På sikt vil nemleg ikkje tilførsla av ny fossil energi frå USA vera nok til å dekka etterspurnaden etter energi, og det vil trengast ny produksjon også offshore framover mot 2020. – Me ser no at vedlikehaldsmarknaden går noko ned, men me anslår ein vekst etter nedgangen fordi me trur det vil koma eit etterslep på vedlikehald. Nye felt og plattformer vert sett i produksjon, og dei må til sjuande og sist haldast ved like. Marknaden for modifikasjonsoppdrag vil gå noko ned i 2015, men også her meiner me oppdraga vil auka på igjen utover i tid. Det finst modifikasjonsprosjekt på norsk sokkel som må og bør gjerast, samt at det er ein del nye felt som skal knytast opp mot eksisterande felt – og dette vil krevja modifikasjonar, sa Utne. Når det gjeld bygging av nye plattformer, konstaterte konsulenten at Noreg har surfa på ei bølgje av mange utbyggingar dei siste åra. Når den bølgja no er i ferd med å leggja seg, vil det bli ein periode med utbygging av færre felt på norsk sokkel fram mot 2020.

– Johan Sverdrup-feltet blir derfor veldig viktig for leverandørindustrien. Der skal det byggjast mange plattformer, poengterte Utne.

– Norske verft er konkurransedyktige Han henta også fram fjorårets analyse, der Rystad Energy vurderte prisnivået på norsk leverandørindustri samanlikna med utanlandske konkurrentar. Analysen viste at norske verft er konkurransedyktige dersom ein tek omsyn til kostnadsoverskridingane ein har sett på prosjekt som vert utført i utlandet. Analyseselskapet jobbar no med å oppdatera rapporten, men Utne trur det har skjedd lite nytt som kan rokka ved konklusjonen. – Dataene våre seier oss at det er lurt å bygga i Noreg når me tek med heile rekneskapen. I tillegg har me også dei samfunnsmessige implikasjonane ved å byggja i Noreg, der verfta er viktige for å byggja og vedlikehalda kompetanse i eit lengre perspektiv, framheva Harris Utne.


1.

2.

1: Apply Leirvik har trimma omstillingsmuskelen for å gjera bustadmodulane sine endå meir konkurransedyktige. Gjennom ulike forbetringar har verksemda greidd å redusera timebruken med heile 16 prosent frå 2011 til 2014, opplyste driftsdirektør Kjell Arne Halleraker. 2: Atle Tranøy, konserntillitsvald i Aker og leiar i Fellesforbundet i Sunnhordland, framheva samhandling mellom fagmiljøa som viktigaste fortrinnet til norsk leverandørindustri i tevlinga mot asiatiske konkurrentar.

“Dataene våre seier oss at det er lurt å bygga i Noreg når me tek med heile rekneskapen.” Harris Utne, Rystad Energy

35


Foto / tekst: Zpirit.no

Annonse ANNONSE

Ein bank for

framtida SpareBank 1 SR-Bank har dei siste åra hatt ei sterk utvikling på Sørvestlandet.

- I tillegg til å alltid ha konkurransedyktige vilkår, handlar det om å tilpassa våre løysingar til kvar enkelt kunde, seier banksjef Kjell Ivar Bruvik og senior bedriftsrådgjevar Kåre Ertsland.

Med ei solid bankhistorie har Sparebank 1 SR-bank vore ein støttande finansaktør for næringslivet på Sørvestlandet i 175 år. Med Rogaland og epokar med sildefiske og jordbruk som utgangspunkt, har banken etterkvart ekspandert nordover som støttespelar for mellom anna vasskraft, oppdrett, industri og tenesteytande næring. og oljealderen.

Senior bedriftsrådgjevar Kåre Ertsland og banksjef Kjell Ivar Bruvik

- Me opererer i Noregs mest verdiskapande landsdel og skal vera ein bank til hjelp for kundane våre, seier Kjell Ivar Bruvik. Han leier bankens satsing mot små og mellomstore bedrifter i Hordaland, og kan mellom anna visa til ei formidabel utvikling i Bergen. Her starta SpareBank 1 SR-Bank frå null i 2006, og har i dag 1600 bedriftskundar og 6 milliardar i utlånsportefølje. Tek ein med privatkundar og shipping er utlånsporteføljen nær 20 milliardar. Kundeforståing - Forutan å vera landets nest største norsk-eigde bank med leiande kompetanse og kapitalmarknadsmiljø, skuldast nok den positive utviklinga at me er opptekne av å vera løysingsorienterte - og at me på same måte som næringslivet rundt oss har gründerånd og vil vidare. - Me har muligheten til å vera stor og lokal på ein gong, framhevar Bruvik. I nye og framtidstilpassa lokale på Stord fortel senior bedriftsrådgjevar Kåre Ertsland kor viktig det er å skapa den gode møteplassen mellom bank og kunde. - Hordaland og Sunnhordland er eit satsingsområde for banken. Det handlar i hovudsak om å sjå og forstå totalbildet for våre kundar, slik at dei kan utnytta og tena på våre svært gode ressursar. For det har SpareBank 1 SRBank, særleg for aktørar her i området!

36

Med fokus på kundane. Fra v. Kjersti R. Bråtun, Vibeke Skåle, Gjermund Vik, Kjell Ivar Bruvik, Kåre Ertsland

PRO-Skolen

Nettbank Mobil Bedrift

PRO-skolen er eit tilbod for små og mellomstore bedrifter. Her lærer du om sunn forretningsdrift saman med andre som er opptekne av å lukkast. PRO-skolen er et samarbeid med BI.

Har du eiga bedrift? Ta i bruk Noregs første mobilbank for bedrifter og få tilgang til banken uansett kvar du er.


Me har blitt

Næringsklynga Maritime CleanTech West blei nyleg utnemnt til Norwegian Centre of Expertise (NCE). NCE-programmet rettar seg mot dei mest vekstkraftige og dynamiske næringsmiljøa i Norge. Samarbeid på tvers av verksemder og kompetanseinstitusjonar fører til meir innovasjon og auka konkurranseevne. Klynga består av 31 partnarar som alle er leiande innanfor sine ulike fag- og kompetanseområde. Som klynge skal me lansera nye løysingar for maritim sektor som reduserer energiforbruket og miljø- og klimaskadelige utslepp til luft og sjø.

NCE Maritime CleanTech har som visjon å bli ei verdsleiande klynge innan reine, maritime løysingar!

www.maritimecleantech.no KLYNGEPARTNARAR:

37


Høgskolen Stord/Haugesund

Vil bli del av eit nytt

profesjonsuniversitet Kunnskapsministeren ønskjer færre høgskular og universitet. Dermed må HSH-direktør Tage Båtsvik ut på friarferd for å finna fusjonspartnarar for Høgskolen Stord/Haugesund. – Målet vårt er å byggja en ny og solid utdanningsinstitusjon som kan utvikla og styrka regionen inn i framtida, seier Båtsvik. { tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Når Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) i år feirar 175 år med lærarutdanning og 20-årsjubileum for HSH som institusjon, skjer det samstundes med at skulen bur seg på store endringar som truleg betyr slutten på tilværet som eigen høgskule. Våren 2015 skal regjeringa nemleg leggja fram ei stortingsmelding om ny struktur i universitets- og høgskulesektoren. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ønskjer færre institusjonar, og har gjeve HSH klar melding om at skulen må sjå seg rundt etter partnarar å slå seg saman med.

styrka og utvikla regionen, oppnå meir robuste fagmiljø og styrka tilbodet til studentane. Me går derfor inn i fusjonssamtalar med ei positiv haldning, seier Tage Båtsvik. Han skildrar HSH anno 2014 som ein høgskule i fint driv.

– På bakgrunn av den beskjeden har høgskulestyret vedteke at me skal jobba for å fusjonera HSH inn i et nytt og solid profesjonsuniversitet på Vestlandet. I første omgang startar me sonderingar med tanke på ei samanslåing med Universitetet i Stavanger, fortel høgskuledirektør Tage Båtsvik.

– Me opplever vekst, både i tal på studentar og i forskingsaktiviteten vår. HSH har dyktige og engasjerte tilsette, og haustar gode tilbakemeldingar frå samfunnet rundt oss på at me er flinke til å justera studietilbodet etter kvart som behova i regionen endrar seg. Om lag 75 prosent av studentane våre kjem i dag frå Haugalandet og Sunnhordland, og HSH er i dag eit klart førsteval for majoriteten av studentar frå denne regionen som tek høgare utdanning. Det er me glade for og stolte av, fortel høgskuledirektøren.

Går til verks med positiv haldning

Forskar meir

Direktøren ser lyst på utsiktene til å bli del av eit større universitet.

Stordabuen meiner viktigaste oppgåva til HSH er å vera ein verdifull ressurs for Haugalandet og Sunnhordland innan utdanning, forsking, innovasjon og kunnskapsdeling, og framhevar at høgskulen har eit uttalt mål om at aktiviteten på desse områda skal ha ei særskilt betyding for nyskapinga og verdiskapinga i regionen.

– Statsråden har sagt at det ikkje er talet på studiestader ein er ute etter å redusera, men talet på skular. Derfor føler me ikkje at utdanningstilboda våre er truga. Me meiner bestemt at det er viktig for regionen Haugaland og Sunnhordland at det finst tilbod om høgare utdanning på Stord og i Haugesund. Herfrå leverer me kompetanse og utdanning innan område som er viktige for både næringsliv, kommunar og helseføretak. Ei eventuell samanslåing til eit framtidig profesjonsuniversitet er ein god moglegheit for å

38

– HSH er først og fremst kjent som ein utdanningsinstitusjon, men me har i seinare år auka forskingsaktiviteten vår kraftig. Både kommunar, helsevesen og næringsliv har høve til å dra nytte av forskarane våre, og det er i den gode


– Å rekruttera førstekompetanse er ei av hovudutfordringane til ein mellomstor høgskule som HSH, fortel Tage Båtsvik. Som HSH-direktør har han ansvaret for den daglege administrasjonen og støtteapparatet rundt fagmiljøa på høgskulen.

Høgskulen i korte trekk:

“ ... eit framtidig profesjonsuniversitet er ein god moglegheit for å styrka og utvikla regionen, oppnå meir robuste fagmiljø og styrka tilbodet til studentane ... “

HSH er ein regional høgskule med om lag 3200 studentar og 300 tilsette fordelt på studiestader på Stord og i Haugesund. Skulen tilbyr grunnutdanningar på bachelor- og masternivå og eit breitt utval av etter- og vidareutdanningar. I tillegg gjennomfører HSH kvart år fleire forskings- og utviklingsprosjekt.

HSH kan i dag tilby følgjande studium: Lærarutdanning Musikkutdanning Ingeniørutdanning Nautikkutdanning

koplinga mellom praksisfeltet og forskings- og utviklingsmiljø at det skjer nyskaping. Eitt døme på dette er ingeniørmiljøet vårt i Haugesund, med dyktige folk innan mikrobiologi. Saman med reiarlaget Knutsen OAS har dei forska på korleis ein kan redusera bakteriespreiinga frå ballastvatn. Saman har dei gjort fleire interessante funn, som kan bidra til å redusera dette miljøproblemet i skipsfarten, framhevar Båtsvik. Å vera ein mellomstor høgskule har også sine utfordringar. Direktøren framhevar rekruttering av såkalla førstekompetanse, i form av professorar, førsteamanuensisar, førstelektorar og dosentar, som den største.

Sjukepleiarutdanning

Økonomisk og administrativ utdanning

Ulike årsstudium og etter- og vidareutdanningar

Mastergradutdanningar: – IKT i læring – Klinisk helse- og omsorgsvitenskap – Kreative fag og læreprosessar – Teknisk tryggleik

HSH vart skipa 1. august 1994, då Statens sikkerhetshøgskole, Haugesund Sjukepleierhøgskole, Stord Lærarhøgskule og Stord Sjukepleiarhøgskule slo seg saman. Historia strekkjer seg likevel heilt attende til 1839, då Stord Seminar byrja utdanna lærarar på Tyse prestegard.

– I konkurranse med større fagmiljø i Bergen og Stavanger er det ikkje like lett for oss å få tak i førstekompetanse. Derfor bruker me mykje ressursar på å få våre eigne folk opp på dette nivået, Utviklinga er positiv, men dette vil alltid vera ei utfordring, konstaterer Båtsvik. Som direktør er han ein av to toppleiarar i HSH. Den andre er rektor Liv Reidun Grimstvedt. – Rektor har ansvar for den faglege delen av verksemda. Eg har ansvaret for den daglege administrasjonen og støtteapparatet rundt fagmiljøa. Me to jobbar tett saman, forklarer stordabuen - som prøver å fordela arbeidsveka si nokolunde likt mellom administrasjonssetet på Stord og høgskulebygget i Haugesund sentrum.

39


Høgskolen Stord/Haugesund Fram til jul kombinerer Tage Båtsvik jobb og pappaperm heime med vetle Vebjørn (1) og tvillingsøstera Vera.

Kjærleiken lokka han heim Båtsvik byrja som HSH-direktør for tre år sida. Då hadde samfunnsvitaren jobba 12 år i Oslo, dei fleste av dei i kommunalavdelinga i kommunal- og regionaldepartementet. Men det var ikkje HSHjobben som fekk han til å orientera seg attende mot Stord. – Nei, det var nok først og fremst kjærleiken, vedgår Båtsvik, som møtte kona Margunn då han var heimom på juleferie i 2010. At det no er samanslåing og omstilling som står øvst på jobbagendaen framover, høver i grunnen godt. Dette har 44-åringen god erfaring med, både frå yrkeslivet og i seinare tid også på privaten. I departementet og som konsulent i Asplan Viak jobba han mykje med kommunesamanslåingar. På heimebane har han på fire år gått frå å vera ein fri og frank storbygut til å bli ein gift mann «på landet» med dottera Marta (2,5) og tvillingane Vera og Vemund (1). – Det var med blanda kjensler eg reiste frå Oslo. Eg tenkte på det som «min» by, med gode vener og aktivitetar eg ville sakna. Vel heime på Stord har

eg ikkje hatt tid til å sakna så mykje. Det blei litt travlare på heimebane enn me hadde planlagt, ler småbarnspappaen, og legg til at med små born er det godt å bu på Stord – med kort veg til familie og det meste andre ein treng i kvardagen.

Meiner tida er mogen for færre kommunar Også i kommune-Noreg er samanslåing ei aktuell problemstilling Med Båtsvik sin bakgrunn frå departementet, der han har jobba med kommunestrukturspørsmålet under statsrådar med ulike politiske ståstader, kan ikkje Zoom dy seg for å spørja om kva han tenkjer om framtidas kommunestruktur i Sunnhordland. – Her skal eg kanskje vera litt forsiktig… Men svaret er jo at eg meiner tida er overmogen for færre og større kommunar. Håpet mitt er at iallfall Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes snakkar godt saman om desse spørsmåla og er konstruktive i tilnærminga si. På same måte som me no gjer i HSH, meiner eg det er viktig at kommunane fokuserer på moglegheiter framfor truslar. Så gjeld det berre å få alle kommunane inn i ein slik modus då, svarar Båtsvik med eit lurt smil.

Viddene ligger åpne - ut døra å spenne skiene på - det er tid for å gå på tur. Å nyte følelsen av kram snø under bena, vissheten om at i sekken er varm kakao og sjokolade belønningen som skal nytes i neste pause. - Det er følelsen av det gode liv. I Berge Sag skal vi møte deg der du er. Med vår kunnskap, erfaring og fleksibilitet skal vi sørge for at godfølelsen varer fra du tar kontakt, til du sitter i kosestolen med en god bok i hånda. - På din helt egen hytte.

Velkommen til oss - vi gleder oss til å møte deg!

Kontakt Jarle Troland - tlf 982 29 316 - jarlet@bergesag.no

www.bergesag.no 40


Eit smart kort fullt av fordelar  Kreditt inntil 40 000, Ingen rente eller gebyr

første månad  Del opp betalinga utan rente i 4 eller 12 månader  Det kostar ingenting!

Du kan søka om Bosch Car Service-kortet raskt og enkelt i vår butikk. Velg ønska kredittbeløp, så er du klar for å handla! Kristian Løvland, dagleg leiar

SAGVÅG

L

9

E3

Me utfører  Service  EU-kontroll  Reparasjon av alle bilmerker  sal av dekk og bildelar

ST AV AN

GE R

E3

9

Stord Bilteknikk

IK

V EIR

Stord Bilteknikk A/S Meatjønnvegen 32 Heiane, 5412 Stord Telefon: 53 40 32 00 www.stordbilteknikk.no

Tekst og foto: Silje Huglen Tillung

41


Sunnhordlandsfestivalar 2014

1.

Sommarfesten Sommaren er festivaltid i Sunnhordland, og rundt om i by og bygd har fleire festivalar vakse seg større og sterkare dei siste åra. Me har samla nokre fotoglimt frå årets festival- og musikalsesong. Ta ein kikk, og begynn å gle deg til neste år!

Fot

o: A

tle

Hel

lan

d

Festidalen (1), Tysnesfest (2), Skånevik Bluesfestival (3), West side story, Bømlo Teater (4), Fitjarfestivalen (5).

42


l Ry dla

jeti

o: K

Fot

nd

2. 3.

4. 5.

43


Annonse

DU SAKNAR HAN IKKJE FØR HAN ER BORTE Tar du det for gitt at det er straum i stikkontakten til ei kvar tid? I SKL jobbar me knallhardt for at du framleis skal kunna vera sikker i den trua. Me varmar opp dusjvatnet, skrur på komfyren, oppvaskemaskina, vaskemaskina og tørketrommelen, sjekkar Facebook på pc-ar og nettbrett medan me gløttar på TV, og i tillegg står gjerne elbilen til lading. Først når straumen brått blir borte, tenkjer me over kor viktig han er for oss.

44

– Topp leveringstryggleik har førsteprioritet hos oss. Faktisk har me i SKL eit mål om at me skal levera straum til forbrukarane i meir enn 99,99 prosent av døgnet, fortel Karl Næs, som er divisjonsleiar i nettselskapet til energikonsernet SKL.


Annonse

– SKL Nett skal vera blant dei best drivne selskapa i landet med omsyn til påliteleg straumforsyning. Faktisk har styret sagt at god leveringstryggleik skal prioriterast framfor økonomisk utbyte. Det er eit spenstig vedtak, supplerer Asbjørn Tverdal, administrerande direktør i SKL Nett. Det er eit stort regionalt ansvar som kviler på skuldrene til Næs, Tverdal og resten av kollegaene. Dei skal sørgja for at alt frå dei store «motorvegane» til dei små, enkle «kjerrevegane» i straumnettet er i god stand rundt om på Stord, i sunnhordlandskommunane og delar av Haugalandet. Statistikken for 2013 viser til dømes at SKL hadde ei oppetid på 99,996 % i regionalnettet i distriktet. Slike resultat kjem ikkje av seg sjølv. Grundige risikoanalysar, kartlegging av flaskehalsar, utskifting av gamalt utstyr og jamleg vedlikehald ligg til grunn. Som eit ledd i dette kontinuerlege utbetringsarbeidet planlegg SKL Nett å rusta opp sentral- og regionalnetta for 378 millionar kroner dei neste fem åra.

I distribusjonsnettet på Stord skal det årleg investerast 92 millionar kroner i same periode. For innbyggjarane i Sunnhordland er kanskje arbeidet med å fjerna luftlinjer og flytta straumleidningane ned i bakken som er dei mest synlege prova på utbetringane i nettet. Dei siste fem åra er om lag 70 kilometer med luftlinjer lagt i bakken, noko som mellom anna reduserer sjansane for straumbrot som følgje av hardt vestlandsvêr. Stord Transformatorstasjon på Litlabø er eit viktig knutepunkt for straumforsyninga til kommunane i ytre delar av Sunnhordland, og blir no oppgradert for at anlegget skal bli endå meir driftssikkert. Prislapp: Om lag 50 millionar kroner. – Opprustinga på Litlabø vert gjort fordi gamalt utstyr må erstattast med nytt, men også for at me skal kunna møta ein forventa auke i straumforbruket på Stord og i regionen elles, forklarer Karl Næs.

NO BLIR OGSÅ STRAUMEN SMART Du har sikkert ein smarttelefon. Og kanskje eit smart-tv? No skal også straumforsyninga di bli smart. Innan 1. januar 2019 skal nemleg alle straumkundar i Noreg få ein ny, automatisk straummålar i bustaden sin. Dette nye automatiske måle- og styringssystemet (AMS), som Energi Norge har døypt «smart straum», vil ha tre hovudfunksjonar: Det gir kundane betre styring med forbruket sitt, det gir samfunnet betre leveringstryggleik, og på sikt vil me også hausta klimagevinstar ved at me bruker energien vår meir effektivt. – Med automatisk straummålar vil kundane sleppa å lesa av målaren sin. Informasjonen vil gå automatisk til

kraftleverandøren via nettselskapet. Samstundes får kunden tilgang på informasjon som gjer det enklare å følgja opp eigen straumbruk.

effektiv drift av straumnettet. Lågare behov for investeringar og vedlikehald i nettet vil igjen koma kundane til gode gjennom lågare nettleige.

Målesystemet vil også, på usjenerande vis for forbrukar, kunna sørgja for at dei mest straumkrevjande artiklane ikkje står på samstundes. Målet er å få eit betre fordelt straumforbruk i kvar husstand innanfor den tida straum normalt vert brukt. Det er altså ikkje meininga å tvinga forbrukarane til å styra straumbruken til nattetid, slik mange tydelegvis lurer på og er uroa for, forklarer Karl Næs i SKL Nett.

Han anslår at investeringskostnaden for SKL i samband med installering av dei nye målarane vil liggja på 3-4.000 kroner per husstand. For husstandar med eit gjennomsnittleg forbruk vil dette isolert sett innebera ein auke i nettleiga på vel eitt øre per kilowattime – noko som vil tilsvara om lag 200kroner årleg. Me meinar dette er ei investering som kundane på sikt vil få att gjennom meir effektiv nettdrift og betre tenestetilbod.

– Eit jamnare og meir fleksibelt forbruk, der me i større grad unngår dei store forbrukstoppane, vil i sum gje oss ei betre utnytting av kraftsystemet og meir

– SKL vil installera AMS hos nettkundane i perioden 2016 til 2019, opplyser Næs.

www.skl.as 45


Flaggskipet til Harding, stuplivbåten FF 1200, har gjennomført teststup frå over 65 meters høgde.


Harding Safety

Kvinnherads maritime

TRYGGLEIKSGIGANT I 2013 vart kvinnheradsbedriftene Schat-Harding og Noreq slegne saman til Harding Safety AS. Med over 1000 tilsette, det største globale servicenettverket i bransjen og 28 kontor og servicestasjonar i 16 land, tek selskapet mål av seg å bli verdas leiande leverandør av maritime livredningssystem. { tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD/HARDING }

Det «nye» Harding ber med seg lange tradisjonar. I tett på hundre år har verksemda vore ein pådrivar i utviklinga og produksjonen av maritime evakueringssystem for skipsfarten og olje- og gassindustrien. I dag utviklar og leverer selskapet livbåtar, redningsbåtar, davitar, krokar og servicetenester til kundar i inn- og utland. Leiinga og to av produksjonsanlegga til denne globale storsatsinga ligg i Kvinnherad, med hovudkontor og noko produksjon på Seimsfoss og ein topp moderne livbåtfabrikk i Ølve. Her sysselset Harding i dag om lag 260 personar. I august i år kunne selskapet feira at leiinga, ingeniørmiljøet og alt Hardings historie strekkjer seg attende til 1928.

administrativt personell i Noreg var samla under eitt tak i det utvida og nyoppussa hovudkontoret på Seim.

– Pilene peikar oppover – Ved å sameina den samla kompetansen og leveringskrafta som fanst i Schat-Harding og Noreq i ei større og sterkare eining, kan Harding Safety i dag tilby både nye og eksisterande kundar eit breiare spekter av utstyr og tenester, seier direktør Styrk Bekkenes. – Korleis er dagens marknad for livbåtar og anna redningsutstyr?

I Ølve har Harding eit topp moderne produksjonsanlegg for livbåtar.

47


Harding Safety

Harding har eit verdsomspennande servicenettverk med over 30 stasjonar og meir enn 200 serviceingeniørar.

Kristian Nedrevåg og ingeniørkollegaene på Seimsfoss jaktar stadig på nye og betre livbåtløysingar.

– Jamt over bra. Pilene peikar oppover, og me har budsjettert med vekst. Fordelen vår som eit globalt selskap med kontor i 16 land er at me alltid er i kontakt med marknadssegment som er aktive dersom andre er mindre aktive. I tillegg til sal av nytt utstyr tilbyr me også servicetenester og oppussing av eksisterande system, noko som gjev Harding fleire bein å stå på, supplerer marknadssjef Bjørn Sturle Hillestad.

FF 1200 – sjølve flaggskipet Kvar for seg stod Schat-Harding og Noreq bak utviklinga av ei rekke produkt som bidrog til auka tryggleik til sjøs. «Storebror» Schat-Harding jobba til dømes tett med den norske offshoreindustrien gjennom heile oljealderen, og utvikla stadig nye løysingar som tilfredsstilte eitt av verdas strengaste offshoreregelverk. Siste generasjonen stuplivbåt – FF 1200 – er eit godt døme på resultatet av eit slikt utviklingsløp. Båttypen, som no vert vidareført som sjølve flaggskipet blant Harding-produkta, var den første til å oppfylla dei aller siste tryggleiksskrava for norsk sokkel. FF 1200 har faktisk gjennomført teststup frå over 65 meters høgde.

Harding leverer davitar med løftekapasitet heilt opp i 23 tonn.

– Livbåtdavitane såg stort sett like ut heilt frå tidlig 1900-tall og fram til midt på 2000-tallet. Sidan davitane ofte er utsett for tøffe miljøpåverknader i form av sjøsprøyt, is, vind og vær, meinte me det var på tide å tenkja nytt. Me utvikla derfor ein lukka davit som beskyttar dei viktigaste komponentane ved at vinsjen og anna teknisk utstyr er plassert inne i sjølve davitstrukturen. Det aukar både påliteligheita og levetida til davitane. Kontinuerleg vidareutvikling gjer at Harding i dag kan tilby 45 ulike variantar av lukka davitar. Den største løftar heile 23 tonn, fortel Alf Eidsvik, teknisk direktør i Harding.

– Me er godt i gang med å etablera ein felles

bedriftskultur – eitt Harding – på tvers av våre mange ulike miljø og lokasjonar verda rundt, seier direktør Styrk Bekkenes.

– FF 1200 gir passasjerane ein slags «flying start» på ei evakuering. Passasjerane om bord vert utsette for minimalt med krefter under sjølve stupet, og livbåten bevegar seg raskt vekk frå offshoreinstallasjonen eller skipet han skal evakuera frå, forklarer Arild Lokøy, produktsjef i Harding. Han legg til at FF 1200-livbåten allereie er utplassert på plattformer som Eldfisk, Valhall, Visund og FPSO Skarv.

Suksess med lukka davitar Med oppstart i 2006 hadde Noreq langt kortare fartstid i bransjen, men rakk på få år å lansera fleire nyskapande produkt. Selskapet hadde eit sterkt fokus på davitar, som er kransystema som lårar og heiser livbåtar. Ein eigenutvikla serie med kompakte, lukka davitar for lårelivbåter slo spesielt godt an. I dag er over 800 slike davitsystem installert på norske og utanlandske fartøy og offshoreinstallasjonar.

48

– Skal liggja i forkant For Harding er det viktig å vidareføra dei to tradisjonane for nyskaping. – Utvikling av nye og eksisterande produkt har høg prioritet, og hovudmålet vårt er framleis å bidra til auka tryggleik til sjøs. Harding skal liggja i forkant av den teknologiske

utviklinga, fastslår Eidsvik og Lokøy. Korleis vart så Schat-Harding og Noreq til ei felles satsing? Som medeigar og dagleg leiar i Noreq, var Styrk Bekkenes ei sentral drivkraft bak storsatsinga. Harding-direktøren spolar tilbake til hausten 2012. – Den internasjonale marknaden for maritimt livredningsutstyr er svært fragmentert og prega av mange små tilbydarar. I Noreq opplevde me at kundane våre etterspurte større aktørar. Me såg at dersom Noreq skulle veksa ytterlegare og bli en stor og viktig leverandør, måtte me styrkja oss saman med ein partnar. Både industrielle og rent finansielle aktørar ble vurdert, før me fann partnaren i det norske investeringsfondet Herkules Capital. I tillegg til finansielle musklar, har fondet industriell kompetanse og god forståing av bransjen vår, seier Bekkenes.

Byggjer eitt Harding Noreq og Herkules såg raskt at «sambygdingane» i Schat-Harding ville passa godt saman med Noreq. Medan Schat-Harding hadde verdas største


Harding Safety

Visste du at … … «Harding Safety» var namnet på den aller første lukka livbåten som blei godkjent av norske myndigheiter til bruk på eit fartøy under norsk flagg? … Harding i dag har 28 kontor verda rundt, og at talet aukar stadig? … over 900 personar frå meir enn 40 nasjonalitetar jobbar i Harding på verdsbasis? … det største passasjerskipet med livredningsutstyr frå Harding om bord er «Oasis of the Seas» - det største cruiseskipet som nokon gong er bygt? … Harding i 1976 lanserte verdas første frittfall-livbåt laga av fiberglas? … Harding har levert over 2000 livbåtar til den inter nasjonale cruiseindustrien? … Harding har produksjon av livredningsutstyr på sju lokasjonar i Europa, Asia og USA? … Harding har det største servicenettverket i sin bransje, med over 200 serviceoperatørar stasjonert på 30 ulike stader?

Harding-direktør Styrk Bekkenes saman med kvalitetsinspektør Bjarte Lunde om bord i ein FF 1200 som er under bygging.

49


Harding Safety

Populær promofilm

servicenettverk og ein sterk posisjon som leverandør til offshorekundar på den norske kontinentalsokkelen, hadde Noreq en sterk posisjon i dei globale marknadane for offshoreskip og handelsfartøy. Vinteren 2013 vart det innleia samtalar med Schat-Harding-eigaren Umoe, som like etter la selskapet ut for sal. 8. juli i fjor kjøpte Herkules både Noreq og Schat-Harding, og samla begge selskapa i det nye Harding Safety AS. – Sidan den tid har det vore full trykk på å sameina det beste frå begge selskap, og me er godt i gang med å etablera ein felles bedriftskultur – eitt Harding – på tvers av våre mange ulike miljø og lokasjonar verda rundt, seier Bekkenes.

Realising the world’s most demanding and amazing projects. 50

Seinsommaren 2014 lanserte Harding sin nye reklamefilm «The Diver», med amatørskodespelarar frå sunnhordlands-kommunane i hovudrollene. Filmen har sidan den tid blitt vist på riksdekkande fjernsyn, og har i skrivande stund like oppunder 150.000 visningar på Youtube.


Foto: Eivind Oliver Landa

- 29. MAI 2015 -

TOUR DES FJORDS KJEM TIL STORD! Tusen takk til alle som har gjort det mogleg!

Stord Hotell

G-Sport Stord

SY K K E L & S P O R T

51


– Eg opplevde at reklamebyråa ofte møtte kundane med løysingar som byråa sjølve var meste tente med, eller fann mest interessant å jobba med. Dagleg leiar, Oddvar Hårde “Sunnhordlandsfilmen”, som Zpirit produserte for Samarbeidsrådet for Sunnhordland, vann reklameprisen Gullsild i 2013. I år er reklamebyrået nominert for prisen med profileringsfilmen “Stuparen” for Harding Safety. Frå venstre Eva S. Strand (Zpirit), Anne S. Lønne (Samarbeidsrådet for Sunnhordland), Oddvar Hårde (Zpirit), Steinar Hårde (Zpirit) og regissør Simeon Frohm (Zpirit).

52


Annonse

Skaut blink med reklamesatsinga

Fem år etter den spede starten i eit kaldt og trekkfullt kjellarlokale har Zpirit reklamebyrå på Stord vakse til ei verksemd med ti tilsette og ein brei portefølje av norske og internasjonale kundar { tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Etter å ha gått svanger med ideen om å starta eige reklamebyrå i fleire år, fann Oddvar Hårde i 2009 tida inne for å setja planane ut i live. I kjellaren i Borggata 19 på Stord såg Zpirit dagens lys.

Kjøleg start, varm mottaking – Somme har kanskje ei oppfatning av reklameverda som ein glamorøs bransje. Oppstarten vår midt under finanskrisa var iallfall langt frå luksuriøs. Vinterstid måtte me stengja av to kontor, då trekken under dørstokken gav minusgrader inne i det gamle bygget, ler Oddvar Hårde. Reklamegründeren har over 20 års fartstid i reklamebyrå og marknadsavdelingar i ulike selskap. Erfaringane han hadde gjort seg som både reklametilbydar og -kunde danna grunnlaget for det nye Zpirit-konseptet. – Eg opplevde at reklamebyråa ofte møtte kundane med løysingar som byråa sjølve var meste tente med, eller fann mest interessant å jobba med. Lysta til å gjera store og spennande prosjekt skugga lett for dei enkle, rimelege og langt meir effektive løysingane. Med Zpirit ville eg skapa ei motvekt til denne haldninga. Vårt konsept har heile tida vore at me skal jakta på framgang og gode, målbare resultat for kundane våre – utan å sløsa med ressursane deira, fortel Hårde.

Ti tilsette År for år og jobb for jobb har kundelista og reklamebyrået vakse seg større. I dag har Zpirit 11 tilsette, fordelt på hovudkontoret i Leirvik og eit lite avdelingskontor i Haugesund. Ei god og mangfaldig kundeliste genererer varierande oppdrag, som spenner frå strategiarbeid til utforming av enkle trykksaker, utvikling og produksjon av nettsider, digitale kommunikasjonsverktøy, reklame- og profileringsfilmar, samt store messestandar. Wärtsilä er eitt av dei siste tilskota på kundelista, etter signeringa av ein byråavtale med Zpirit. – Å bli vald til å gjera godt eksponerte oppdrag for store kundar er sjølvsagt stas, men hos oss er alle kundar like viktige - uansett storleik. Måten me jobbar på er at me navigerer i jungelen av moglegheiter som kundane i dag har for å formidla bodskapane sine. Deretter vel me dei løysingane som gjev best effekt i høve målsettingane og budsjetta til kundane, forklarer Hårde, og gir eit konkret døme: –Me laga for nokre år sidan ein kampanje for ein liten produsent av maritimt utstyr på Austlandet. Kampanjen kosta under 100.000 kroner, men resulterte raskt i at kunden fekk produktførespurnader for over 250 millionar kroner.

– Med Zoom ønskjer Zpirit å løfta fram alt det positive Sunnhordland har å by på. Me tener totalt sett ikkje pengar på magasinet, snarare tvert imot, men me meiner magasinet er viktig for å byggja stoltheit og engasjement for regionen, seier Hårde.

Trur på vidare vekst – Kva er du mest stolt av etter dei fem første Zpiritåra? – At me har lukkast med å skapa eit lokalt forankra reklamebyrå som er attraktivt for store og små kundar, og at byrået har blitt ein trygg og saltande kjekk plass å jobba for dei erfarne, dyktige og engasjerte medarbeidarane våre. – Kor går ferda vidare? – Me skal halda fram med å vera eit byrå som fokuserer på resultat for kundane våre. Eg ser for meg at Zpirit vil få fleire avdelingskontor i framtida, men me skal me ikkje veksa berre for å veksa. Me må ha kundegrunnlaget og dei rette medarbeidarane før me satsar nye stader. Fokuset ligg på å gjera gode jobbar, så får me ekspandera som resultat av det, avsluttar Oddvar Hårde.

Vil løfta fram regionen Reklamebyrået merka tidleg at ryktet om det nye firmaet spreidde seg lokalt. Det gav verksemda ein god kundemasse ut av startblokka. – Gjennom nettverket vårt fekk me også gjera godt synlege oppdrag for nasjonale og internasjonale kundar allereie i oppstartsfasen. Me jobba til dømes for kjente merkevarer som Plumbo og Toro, og fekk tidleg ein kranfabrikk i Italia som kunde. Skikkeleg eksotisk, minnest reklamemannen med eit smil.

Regionen Sunnhordland er viktig for Hårde og Zpirit. – Ja, eg brenn litt ekstra for denne regionen. Mange verksemder sit på gode konsept og løysingar, og det finst mykje god gründer- og entreprenørskap. Men generelt vil eg seia at det ofte skortar på evne og vilje til å kommersialisera og ta ideane eit hakk vidare – noko som kunne auka verdiskapinga, innteninga og utviklinga i regionen ytterlegare. Magasinet du held i hendene no er eitt konkret resultat av det sterke engasjementet for regionen.

Zpirit reklamebyrå har på få år auka antal kundar, omsetning og tilsette. Selskapet er i år kåra til Gasellebedrift av Dagens Næringsliv.

53


NCE Maritime CleanTech

Vil bli verdsleiande på miljøteknologi:

Saman for ei grønare skipsnæring I næringsklynga NCE Maritime CleanTech samarbeider fleire sunnhordlandsverksemder om å utvikla banebrytande miljøteknologi til bruk i skipsfarten. Batteridrivne ferjer, flytande bybanar, ei ny og grøn løysing for framtidas godstransport langs norskekysten, snøggbåtar med hydrogen på tanken er nokre av nyvinningane det vert jobba med. { tekst IVER BUNES }

På sjølvaste kvinnedagen i 2011 slo åtte kløktige sunnhordlendingar frå like mange bedrifter hovuda saman for å byggja opp og vidareutvikla ei næringsklynge som skal styrkja konkurransekrafta til den maritime næringa i regionen. Satsinga fekk namnet Maritime CleanTech West, som seinare er endra til NCE Maritime CleanTech. Som namnet indikerer fokuserer klynga på å utvikla og demonstrera ny miljøteknologi til bruk i norsk og internasjonal skipsfart. I dag femner klynga om 31 medlemsbedrifter mellom Boknafjorden og Bergen. Bedriftene speglar heile verdikjeda i næringa, frå skipsdesign til verft, utstyrsleverandørar, reiarlag, klasseselskap og forskingsmiljø. Sidan det vert jobba med elektrifisering av maritim sektor, deltek også kraftselskapet SKL i samarbeidet.

Vann fornybarpris – Fokuset til NCE Maritime Clean Tech er å få fram nye produkt og løysingar som gjer at skip brukar mindre energi og slepp ut mindre forureining til sjøen og lufta. Måten me jobbar på er at me legg til rette for samarbeid mellom medlemsbedriftene i konkrete utviklingsprosjekt, der me også koplar dei på relevante forskings- og kompetansemiljø. Vidare arbeider me med å henta inn offentleg delfinansiering til prosjekta, noko som er viktig for å avlasta risikoen for verksemdene som deltek i utviklingsarbeida, fortel Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech. Næringsklynga har sidan 2011 jobba med ei rekke spennande prosjekt (sjå døme side 58), og samarbeidet ber allereie frukter. På Fornybarkonferansen i Bergen i juni i år vann NCE Maritime CleanTech Spir-prisen for Urban Water Shuttle, ein slags flytande «bybane» som skal drivast med ein

54

kombinasjon av brenselceller og batteri – heilt utan utslepp. – Spir-prisen har betydd mykje for oss. Den gir oss litt ekstra midlar, men viktigast er nok all den positive merksemda den har skapt rundt prosjektet og næringsklynga. Det har vore veldig interesse for fartøyet etter lanseringa, og me er i dag i diskusjon med kommunar på Austlandet og aktørar i Hordaland om å realisera konseptet. Sidan Urban Water Shuttle like godt kan brukast på Manhattan og i Singapore, har fartøyet absolutt potensial til å bli eit grønt eksporteventyr med base på Vestlandet, seier Økland.

som handlar om å få til eit samarbeid mellom dei nordiske landa for meir klimavenleg og miljøvenleg skipsfart.

Fremjar businessen og miljøet Miljøteknologi er eit område der utviklinga går veldig raskt for tida. – Eit tydeleg døme på dette er bruken av batteri om bord i fartøy. For to-tre år sidan var dette heilt nytt og ukjent. I dag vert batteri nytta som eit ekstra energilager i mange ulike typar fartøy, og bidreg til redusert bruk av fossilt drivstoff, forklarer Økland. – Miljø eller business, kva er viktigaste drivaren for samarbeidet i klynga?

Gjennom nålauga Berre dagar etter pristildelinga kom nyhendet om at næringsklynga er tildelt status som nasjonalt ekspertsenter for maritim miljøteknologi (Norwegian Centre of Expertise – NCE) av Innovasjon Norge, Forskningsrådet og Siva.

– Begge deler er viktige for oss. Det ligg absolutt eit sterkt miljøengasjement i botn, men hovudføremålet til NCE Maritime CleanTech er å styrkja konkurransekrafta til den maritime næringa her vest, poengterer Økland.

– Me var gjennom ei knalltøff kvalifisering, der ekspertar frå Noreg, EU og USA vurderte søknaden vår. Etter denne grundige gjennomgangen kan me verkeleg slå oss på brystet og slå fast at me er NCE-statusen verdig. Næringsklynga har no fått eit kvalitetsstempel som me må utnytta for alt det er verdt. I praksis betyr NCE-statusen både at me er sikra rundt fem millionar kroner årleg frå programmet til vidareutvikling av klynga dei neste ti åra. Som ekspertsenter er det også me som no blir spurt til råds når politikarar og andre avgjerdstakarar i inn- og utland som ønskjer innspel om maritim miljøteknologi. Det har me allereie merka effekten av, fortel Økland. Ho legg til at NCE Maritime CleanTech mellom anna deltek i eit islandsk prosjekt, finansiert av Nordisk råd,

Klyngeleiaren seier både teori og praktisk forsking viser at bedrifter som samarbeider seg imellom, og opp mot forskingsmiljø, er meir nyskapande, konkurransedyktige, og skaper fleire arbeidsplassar ein dei som jobbar åleine. Dette er ei viktig årsak til at dei norske styresmaktene satsar på utvikling av næringsklynger som NCE Maritime CleanTech. – Fordelane ved å jobba saman, er spesielt tydelege innan utvikling av ny miljøteknologi. For å driva fram etterspurnad etter nye låg- og nullutsleppsløysingar, trengst det nemleg politiske vedtak som både stimulerer og pressar fram etterspurnaden etter grøn teknologi. Gjennom samarbeid kan me i fellesskap påverka desse vedtaka, seier Økland.


NCE Maritime CleanTech

Medlemsverksemdene: Anel AS

North Sea Container Line

Apply Rig & Modules

North Sea Shipping

Bergen Group

Oma Baatbyggeri

Bertel O. Steen Teknikk

Polytec

CMR Prototech

Scanelec

DG Marine

Servogear

DNV GL

Simsea

Eidesvik

SKL

Fjellstrand

Solstad Offshore

Future Solutions

Staalesen Solutions

Hordaland Maritime Miljøselskap

Tooltech

Høgskolen Stord/Haugesund

Universitetet i Bergen

Haakonsvern orlogsstasjon

Wave propulsion

Kværner

Wärtsilä

LMG Marin

Østensjø Rederi

Mecmar

Skal opp i den internasjonale meisterligaen – Ein del av medlemsbedriftene konkurrerer til dagleg så fillene fyk for å sikra sin del av marknaden. Kva betyr det for samarbeidsklimaet? – Det er jo nettopp denne konkurransesituasjonen som driv utviklinga i klynga, ved at medlemene stadig søkjer å forbetra seg og deler eit felles ønskje om å liggja i forkant av teknologiutviklinga. Og sjølv om ein konkurrerer med naboen, er det alltid noko ein kan samarbeida om utan å avsløra sensitive forretningsløyndomar. Sjenerøsitet, ærlegdom og ei viss openheit er viktige grunnverdiar for klyngesamarbeidet, svarar Økland. Ho legg til at kvar einskild bedrift sjølv vel kva konkrete prosjekt dei vil involvera seg i, og at det for kvart prosjekt blir laga ryddige avtalar som regulerer deltakarane sine rettigheiter og plikter. Om me gløttar til fotballen, kan me seia at NCE Maritime CleanTech i år rykte opp til den norske eliteserien med statusen som nasjonalt ekspertsenter. Men ambisjonane strekkjer seg lengre enn det. Hege Økland vil opp i meisterligaen og sikra næringsklynga status som Global Centre of Expertice som er det nyaste og øvste nivået i klyngeprogrammet. – Me har ein spenstig visjon om at me skal bli eit verdsleiande miljø for energieffektive og reine maritime løysingar. Mange av medlemsbedriftene våre er allereie verdsleiande på sine felt, og konkurrerer i «verdsmeisterskapen» kvar einaste dag. Som klynge har me likevel eit stykke veg å gå før me kan kalla oss verdsleiande. Men innan ti år skal me ha oppfylt denne visjonen, spår Økland.

Næringsklynga NCE Maritime Cleantech vann Spir-prisen for Urban Water Shuttle – ein slags flytande «bybane» som kan løysa det aukande transportbehovet i verdas byar. (Designbeskytta NCE Maritime CleanTech)

55


NCE Maritime CleanTech 1. Den maritime klynga blei i sommar tildelt status som Norwegian Centre of Expertice (NCE). Frå venstre: Hege Økland (Maritime CleanTech), Monica Mæland (Næringsminister), Nina Broch Mathisen (Innovasjon Norge Hordaland), Nils Aadland (Maritime CleanTech) og Rita Brokstad (Innovasjon Norge).

3.

2. Det komande året skal «Folgefonn» i størst mogleg grad trafikkera sambandet Jektevik-Nord-Huglo-Hodnanes som heilelektrisk ferje driven med fornybar energi. (Foto: Samferdselsfoto)

1. 2.

3. Vegard Laukhamar (CMR Prototech) (t.v). Petter Martens (ServoGear), Are Gråthen (Elkem), Brian Hannafious (Polytech), Arne Jakobsen (North Sea Container Line), Dr. Dietmar Brand (North Sea Container Line) og Thomas Angell Bergh (Østensjø rederi) i utviklingsmøte for framtidas kystfartøy. (Foto: Sveinung Åkra)

Spenstige løysingar Her er fire av dei spennande fellesprosjekta NCE Maritime CleanTech er involvert i:

Urban Water Shuttle:

«Folgefonn»:

Ein slags flytande «bybane» som kan bli framtidas kollektivtransport til sjøs. Eit energieffektivt, hurtiggåande fartøy med

kapasitet til mellom 100 og 200 passasjerar. Framdrifta er basert på dei siste hybridteknologiane, og ved å kombinera brenselcelle og batteri vil fartøyet ha null utslepp av miljøskadelege stoff.

Byggjemateriale er aluminium, eit energieffektivt materiale med låge vedlikehaldskostnader. Fartøyet er designa av EkerSandvik. Frå NCE Maritime CleanTech-klynga bidreg SKL, Apply, Servogear, Fjellstrand, Wärtsilä, SKL, CMR Prototech og Polytec.

Framtidas kystfartøy

Demonstrasjonsprosjekt som skal gjera bilferja «Folgefonn» til ei nullutsleppsferje. Norled-ferja frå 1998 trafikkerer normalt sambandet mellom Stord, Huglo og Tysnes.

Med midlar frå Norsk Designråd har NCE Maritime CleanTech utvikla eit ny og miljøvenleg løysing for den framtidige godstransporten langs norskekysten. Konseptet får offentleg lansering i november.

Den dieselelektriske ferja er i haust utstyrt med ei

hybrid framdriftsløysing, som kombinerer batteridrift med dei eksisterande forbrenningsmotorane om bord. I november startar ein eittårig testfase der ferja i størst mogleg grad skal trafikkera sambandet som ei rein el-ferje. Batteriet får påfyll av fornybar straum kvar gong ferja legg til ved kai på Jektevik og Hodnaneset . Når ferja ligg i ro på Huglo om natta, vert batteriet lada heilt opp. Ved behov kan dei originale dieselmotorane om bord trø til og sørgja for både framdrift og lading.

I korte trekk består det nye konseptet av eit

stort moderskip og fleire mindre dotterfartøy. Moderskipet skal med stabil, moderat og drivstoffsparande fart trafikkera ei fast rute mellom to hamner nord og sør på norskekysten. Undervegs vert moderskipet møtt på faste punkt av fleire mindre, hurtigare dotterfartøy. Desse lastar av og på gods i rom sjø, før dei returnerer til større og mindre hamner langs heile kyststrekninga.

Konseptet byr på fleire fordelar som er viktige Teknologien som vert demonstrert på Folgefonn kan revolusjonera framdriftssystema i fartøy for kortare strekningar, kystnære område eller innsjøar.

Frå NCE Maritime CleanTech-klynga deltek Wärtsilä (prosjekteigar), Fjellstrand, Mecmar, Apply TB, Servogear, Norled og SKL.

for godseigarar: Konkurransedyktige fraktevilkår, pålitelegheit, mindre avhengig av infrastruktur i hamn, samt fleksibilitet til å koma inn med gods til hamner som større fartøy i dag ikkje kan vitja.

Frå NCE Maritime CleanTech -klynga deltek ei rekke bedrifter og forskingsmiljø i ulike brukar- og ekspertgrupper.

Hydrogendrift på “Hardangerfjordekspressen” NCE Maritime CleanTech er i ein tidleg fase av eit prosjekt som har som mål å få testa ut hydrogen som drivstoff på snøgg båten “Hardangerfjordekspressen”, som går mellom Rosendal og Bergen. I tillegg ser ein på bruk av hydrogen i andre fartøyskonsept. Med hydrogen på tanken vil einaste utsleppet frå skips motorane vera reint vatn.

56

Reiarlaget Rødne Fjord Cruise er positivt innstilt til prøveprosjektet, men mykje nybrottsarbeid står att før testperioden kan finna stad. CMR Prototech ved Vegard Laukhammer er prosjektleiar og koordinerer dei ulike hydrogenprosjekta i NCE Maritime CleanTech klynga. I tillegg deltek medlemsverksemdene Wave Propulsion, Eidesvik, SKL og Wärtsilä.


Næringsknutepunktet i Sunnhordland

HEIANE VEST 147.000 m SOLGT 83.000 m2 LEDIG! 2

Heiane Vest er lokalisert med god eksponering og tilkomst til E39 på Stord. Området er sentralt plassert i forhold til gjennomgangstrafikken mellom Bergen og Stavanger, og lokaltrafikken mellom Stord, Kvinnherad, Bømlo, Fitjar og Haugesundsregionen. -

Sentralt langs E39 Over 2 millioner passerende kjøretøy pr. år Over 130 bedrifter og 2000 arbeidsplasser Eneste ledige næringsareal i Stord Kommune Ta kontakt:

Magne J. Mikkelson Tlf. 454 02 889

Heiane - Stord

www.frontagruppen.no

ME HAR FLYTTA TIL

HEIANE VEST!

VELKOMEN TIL VÅRT NYBYGG V/MEATJØNNSVEGEN 48 PÅ STORD! TOOLS er Noregs leiande leverandør av verktøy, maskiner, personleg verneutstyr og industrielt forbruksmateriell. Med over 700 kompetente rådgjevarar gjer me våre kundars drift ENKLARE, SIKRARE og MEIR LØNNSOM.

www.tools.no

57


Tekst og foto: Silje Huglen Tillung

58


Thor Hermansen

familiefar Frå playboy til

– Kva har skjedd, BB-Thor?

{ tekst SILJE HUGLEN TILLUNG · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Lenge har det vore stille frå 2000-talets store partyprins. Kva har eigentleg skjedd med rikskjendisen frå Stord?

er framleis ikkje koffein som renn gjennom blodårene hans. - Du kan seia at det var ein godt betalt jobb.

Lat oss starta med ei lynrask innføring i Thor Hermansens liv: eldst i ein søskenflokk på tre, trakka han sine barndoms sko i trygge Aslaksvikjo på Stord. 16 år gammal flytta han i penthouse-leilegheit på toppen av Dampbakeriet på Leirvik, og livet vart ein samanhengande fest. Han jobba som dørvakt på fleire utestadar – og tok festen med heim etter stengetid. Thor utdanna seg til tømrar, og innreidde den 80m2 store leilegheita med plysjpynta hjarteutskjeringar. Då han vart 18 år bygde han seg eit hus i Aslaksvikjo, og på denne tida var det fotball og tømring som opptok tida hans: - Det var den gongen eg var snill gut, flirer han.

Lasse Hellstrøm ringde Då Thor runda 20, hadde han gått lei av tømrarbransjen, og byrja i staden som seljar innan nettverksmarknadsføring. Raskt bygde han opp ei bedrift på nær 1000 menneske, før han og ein kompis valde å satsa på sal av brannredningsstegar. Etter ymse hell fann han vegen tilbake til tømraryrket og byrja i eit entreprenørfirma på Leirvik. Etter ein månads tid ringde Lasse Hellstrøm frå TVNorge. Om han kunne bli med i Big Brother, dåtidas store tv-farsott? Det vart starten på det som skulle snu livet til Thor på hovudet – og her starta også familiebiletet å krakelera.

Og jobbavtalen var som følgjer: Eit to vekers opphald i det omstridde huset på Fornebu, der han kunne velja éi av to roller før han gjekk inn: anten kunne han vera den største dritsekken Noreg hadde sett, eller så kunne han prøva å leggja ned alle damene i huset. - Men det var berre sakkosekker der, så valet var enkelt, flirer han på BBThors vis. Sjølv trur han folk som kjende han frå før forstod at han spela ei rolle, men nektar ikkje for at det var eit sjokk for familien. Besto, Haldis Onarheim, stilte opp på riksdekkjande fjernsyn og fortalde at ho skulle stå klar med teppebankaren når han kom ut. Det heile Noreg trudde var ekte, var eit reint spel for galleriet: Thor vart heile tida mata med informasjon om kva dei andre deltakarane sa om han, og sådde splid deretter. Og då han etter avtalte to veker vart stemt ut av huset med 99,3% av sjåarstemmene, sette han ny rekord – og ei ny epoke i livet hans tok til.

– Når eg er stressa set

eg meg berre ned og spelar. Det er heilt himmelsk.

Fekk klekkeleg betalt Påsken 2003 sette Thor Hermansen seg på flyet til Oslo. Avtalen med TVNorge var spikra, og summen han skulle få for ”jobben” var blitt så høg at han klarte ikkje motstå freistinga. Thor lener seg over bordet, nippar til kakaoen sin på ein bortgøymd kafé på Askøy. No nærar han seg 40, men det

Kometkarriere Etter dei fjorten dagane i Big Brother-huset tok livet til Thor fullstendig av. Då han kom heim, låg det eit brev frå firmaet han var tilsett i om oppseiing på grunnlag av at dei ikkje støtta kvinnesynet hans på tv. Det var huskestove og dei riksdekkjande avisene mana til krig med feite bokstavar. Eit skup. Sjølv tenkte Thor at det var fair enough, og ville ikkje vera tilsett i eit firma som ikkje ville ha han. Dei neste åra fekk han derimot si fulle hyre med å reisa land og strand rundt på bar-opningar og andre tilstellingar, både i Noreg og resten av Skandinavia.

59


Thor Hermansen

Big Brother “Flere tusen nordmenn har sjekkesyken. Thor Hermansen (27) ble med i Big Brother for å få enda flere damer til sengs.” Dagbladet, 18.05.2003

Han budde praktisk tala i kofferten sin, og fortel at i løpet av ein månad kunne det henda at han var heime i huset sitt i Aslaksvikjo berre eit par dagar. Livet var blitt ein dans på roser – og sladderblada betalte høge summar for saftige oppslag. – Dei kunne betala mellom 5.000 og 25.000 kroner for eit oppslag, alt ettersom. Og når ein var omtala nærast kvar veke, utgjer det jo litt…, innrømmer Thor og fortel at det hender han framleis vert gjenkjend på gata. Eit par år levde han rett og slett av å berre vera Thor Hermansen – mannen heile Noreg elska å hata.

Rør & Handverk Service er ein kvalitetsleverandør av produkt og tenester til privat- og proffkundar innan felta sanitær, ventilasjon, gass, varme og beslag.

Byggje- og oppussingsprosjekt i samband med våtrom er ei viktig og langsiktig investering for dei aller fleste av oss. Difor ligg vårt overordna fokus på varige løysingar og skikkeleg utført arbeid.

Rør & Handverk Service AS Tlf 534 14 434 - post@rhs.as Heiane 2, Postboks 1290 - 5406 Stord www.rhs.no 60


Thor Hermansen

Partyprins i Bergen Då ting roa seg, stod han der. Med tomme hender og utan skikkeleg jobb. Han hadde elska livet og teke ting som dei kom. Så ein kveld fekk han ein telefon. Eit par karar han kjende lurte på om han kunne treffa dei. Dei hadde eit jobbtilbod – og vips, så var heile styringa av Music Pub i Bergen lagt i Thor sine hender. Dei hadde ståltru på at Thor hadde det som skulle til for å få puben opp og gå igjen med alle sine partytriks og verdfulle kontaktar. Avtalen var gullkanta: Thor fekk ein to-etasjes penthouse-leilegheit midt i sentrum, god løn og fekk mat og drikka nærast gratis heile døgnet. – Eg tok utfordringa på strak arm, seier Thor og fortel om metodane han brukte for å skapa blest om puben. Han kledde dei tilsette opp i bunny- og mannleg stripparkostyme, han investerte i ordentleg utstyr og laga karaoketysdag, og inviterte gjester til trubadurkveld om onsdagane. Han fekk dei beste folka, dei flottaste jentene – og mjølka kontaktane sine. Mellom anna fekk han Helene Rask sine glamourjenter til å promotera. Thor var blitt heile Bergen sin partyprins – og livet var atter ein gong ein evig fest – heilt til puben skifta eigarar.

Vart sviken Etter dette sendte Thor inn ein søknad til Bricks Sales & Marketing. Han vart innkalla til intervju, og herfrå går den karrieren oppover: eventyrleg suksess med Ice breidband. – Du har hatt det lett? Jobbane har nærast funne deg? Thor smiler, kremtar litt før han seier på storda-dialekt med bergensk aksent: – Ja, eg har vel kanskje det. Nye glansdagar tok til: ein Hummer som firmabil hotell midt i Bergen sentrum som heimstad i eit halvt år. Alt var storarta – heilt til han vart dolka i ryggen av sine eigne. – Eg fekk tilbod om å kjøpa meg inn når bedrifta vart aksjeselskap. Eg gjekk i banken og tok opp lån, vart medeigar. Like etterpå vart bedrifta slått konkurs og sjefen hadde stukke av. – Eg vart rett og slett rævkøyrd, fortel han. Men Thor har sterk vilje. Han beit tenna saman og stifta Sales Man saman med ein partner. Sidan skifta dei namn til OnlineGroup AS, ei bedrift som dreiv med sal og marknadsføring. Han åtte 33%, og kontakta nokre kompisar og fortalde om ein forretningsidé. HMS123 såg dagens lys og dei selde som hakka møkk: eit HMS-kurs som ein tidlegare måtte ta over tre dagar kunne ein no bruka tre timar på å ta på internett – når ein ville. Sidan han sat på opsjonar i selskapet, starta han Norsk HMS-senter, men også her vart han lurt.

Businessmann i Lyoness – Då er me komne til nyare dato, seier Thor. Mannen som har sjarmert så mange damer i sen(g)k kostar usynlege støv frå den rosa skjorta, fiklar med snusboksen. Utanfor susar den travle Askøy-trafikken. Himmelen har sprukke

opp og dusjar oss med kjølige haustsolstrålar. Han stikk ein peikefinger opp i lufta for å demonstrera: – Eg tenkte, kva vil eg bli no? Så for tre års tid sidan sette eg meg på skulebenken. Det enda med at eg tok kranførarsertifikat og førarkort klasse C. Kranførarkarrieren og turnusjobbinga synte seg å vera kortvarig. Tilfeldigheiter og eit finmaska nettverk førte han igjen på nye eventyr, og i dag er han Regional Manager i Lyoness Norway. Ein ekte businessmann med seine kveldar og mykje reising. – Nordmenn flest er kjende med korleis Trumf og Coop-korta fungerer. Lyoness er same prinsippet, berre at du får mellom 10-15% tilbake når du handlar, og det gjeld innan utruleg mange ulike bransjar, til dømes klede og restaurantar, fortel Thor. Lyoness er store på verdsbasis med over fire millionar medlemer – men Noreg har til no vore upløgd mark. No skal Thor vera med å bygga opp eit stort nettverk av butikkar i Noreg, og introdusera cashback-systemet for nordmenn. – Det er det som er kjekt, å vera med å bygga noko frå scratch. Så kan eg fortelja barnebarna mine ein vakker dag at eg har vore med å bygd det opp, smiler han med glimt i auga.

Familiefar For han har altså slått seg til ro. Og det måtte ei uvillig dame til for å trollbinde han. – Ho avviste meg, veit du. Og då gjekk det ein jævel i meg, ler han. No er det altså skjedd, det få hadde trudd skulle skje: han har slått seg til ro, busett seg på Askøy med utsikt over Askøy-brua. Urokråka, villfuglen, playboyen er blitt seriøs familiefar og set Leana (4 ½) og sonen på ti månadar høgast. – Eg trur eg er ein snill og veldig god familiefar. Eg set ungane øvst, men har måtta jobba litt med tolmodet mitt, seier han. Frå før har han ei dotter på ni år. Ho bur hos han tredjekvar helg. Ei skår i tilværet er familiebiletet som slo sprekker då han tok skrittet inn i mediehysteriet og vart nasjonal dritsekk i 2003. Storesystera kutta all kontakt med han, og no skulle han ynskja at dei kunne oppta kontakten på ny – for onkelborna hans si skuld.

Angrar ikkje Livet har teke nokre finurlege vendingar for Thor Hermansen, men no sit han altså her. Ein vakker haustdag, reflekterer over det siste decenniet. Dei ville tilstandane, damene, valdtektsanklaga, fengselsdommen, strippeturneen, sjikanen. Han har lært medan han har gått, innrømmer at han har vore heldig – og at det har vore vilt. Kva framtida bringer, veit han ikkje – kanskje tek han familien med seg ut i verda når Lyoness-marknaden i Noreg er etablert. USA freistar. Han angrar uansett ingenting på det han har opplevd så langt i livet. - Eller jo. Eg angrar på at eg vart med i Bricks Sales & Marketing, avsluttar han.

61


www.los-elektro.no

Totalleverandør av elektrotekniske tjenester

Vi har flerfaglig kompetanse og håndterer utfordringer innen ulike områder: Maritim Olje- og gass Bygg og anlegg Privat

One-Stop Ship Services

www.los-marine.no Med dypvannskaier, dokk og slipp, utfører vi alt av service-arbeid på fartøyer innen de fleste kategorier: Offshore Fiskeri Oppdrett Olje- og gasstankere Stykkgodsfrakt Ferjer

FÅR DINE PROSJEKTER TRYGT I HAVN 62


Vi søker fosterhjem! Vi søker fosterhjem!

Noen barn har blitt flinke til å skjule bekymringer og utrygghet. Bare de som lærer dem å kjenne kan se forbi et tappert ansikt. Vi mener at alle fortjener voksne Noenser barnmer har nøye blitt flinke å skjule bekymringer og både utrygghet. Bare som lærer som etter.til Våre fosterhjem møter gleder ogde utfordringer. dem å kjenne kan se forbi tappert ansikt. mener at alle og fortjener voksne Vi møter dem sammen medetdeg og sørger forVitett oppfølging veiledning. som ser mer nøye etter. Våre fosterhjem møter både gleder og utfordringer. Vi møter dem sammen med deg og sørger for tett oppfølging og veiledning.

Ønsker du mer info? Ring oss! 952 17 572 kirkenssosialtjeneste.no/solstrand Ønsker du mer info? Ring oss! 952 17 572 kirkenssosialtjeneste.no/solstrand

Solstrand Barnevernsenter Solstrand Barnevernsenter

63


Arne Torgets blikk på Sunnhordland

Blikk på Sunnhordland Sunnhordland er perla i Noregs land Der industrien blømer i mest kvar ei strand. Framleis har Sunnhordland ordreboka full Med å produsera utstyr som pumpar opp det svarte gull. Det er spanande korleis framtida vil bli For verdas fremste region for maritim teknologi. Det blir spanande å fylgja i åra som kjem Harding som er verdas leiande leverandør av livredningssystem. Kven har vel ikkje fått med seg «Stuparen» frå Zpirit si hand? Jammen har me mykje av å vera kry av i Sunnhordland. Det er små suksessar i hopetal Bente Soldal har Noregs beste bokhandel i Rosendal. Til Oddrun Helvik i Galleri Giga valfartar folk i flokk Og Ørjan Johannesen i Austevoll kan bli verdas beste kokk! Harris Utne i Rystad Energy trur at nedgangen i leverandørindustrien vil snu Og Olvondo Industries på Rubbestadneset har fått kundane til å tru. Dette er fakta i magasinet du no har på bordet Dei små suksessane er like viktige som dei store. Det er godt det er nokon som skapar og trur Her på den flotte staden me bur! Sunnhordland 22. oktober 2014

Arne Torget

64


I spissen for næringsutvikling i Sunnhordland - Norge sin mest innovative

og spanande industriregion

VÅR LIDENSKAP ER Å BEGEISTRa! Den kjensla du sit att med når du har hatt ei god oppleving er den kjensla me vil gje deg. Me har eit breitt utval av opplevingar, frå små selskap til store kick-off ar rangement f or store verksemder. Ikkje ei oppleving er f or lita, ikkje ei f or stor.

www.glaf ot.no

NYHET! HYTTEPAKKEN

Entreprenørskap i fokus Inkubator og etablerarrettleiing Medlemsarena og industrinettverk Kompetansebygging Konsulenttenester Ungt Entreprenørskap - UE

www.atheno.no

Har du fritidsbustad i Kvinnherad? Vi tilbyr no hyttepakken frå kr 586,- pr mnd. Tilbodet inkluderer internett, tv og telefoni. Etablering kr 2.950,-. Les meir om våre produkt og tenester på heimesida vår www.kband.no Vikjo 7, 5464 Dimmelsvik Telefon: 53 47 56 40 • post@kband.no www.kband.no

65


Foto: Zpirit.no

Annonse ANNONSE

- Me hjelper deg med den perfekte kjøkenløysinga Erich Halbmayr, avdelingsleiar i XL-BYGG VALVATNE

Erich Halbmayr. avdelingsleiar

Kjøken I 2. Etg hos XL-BYGG VALVATNE finn du ei stor og inspirerande utstilling av kjøken, bad og garderobe med gjennomgåande høg kvalitet.

"Klappet og klart" - Me ynskjer å tilby ei komplett løysing for dei som ikkje har tid, lyst eller kunnskap til å gjere jobben sjølv, seier Thomas Angel Langli. Det kan vere alt i frå å sette inn ei dør til å renovere heile huset. Thomas er sjølv utdanna byggmeister og tek rolla som byggjeleiar i prosjekta.

- Me hjelper kunden med å finne kjøkenløysinga som passer den einskilde perfekt, seier Erich Halbmayr, leiar på avdelinga.

Jobben startar nesten alltid med ei befaring og eit skriftleg prisoverslag. Før oppstart tar han veldig ofte eit møte med kunde og utførande tømrar for å sikre at alle er einige om kva som skal gjerast. Det er viktig at kunden føler seg trygg på at jobben blir utført til rett tid og på ein fagmessig god måte.

Saman med fire andre kjøkentilsette har han hatt eit travelt år. - I veldig mange tilfeller tilbyr me ei komplett renoveringsløysing der me ser på heile kjøkenrommet i ein heilskap som passer kunden sine behov. Dette har slått veldig godt an, fortel Halbmayr.

Byggjevarer XL-BYGG VALVATNE tilbyr eit vidt spekter av byggjevarer til private- og proffesjonelle kundar i heile Sunnhordland. Eigen lastebil og sjåfør sørgjer for effektiv logistikk.

Opningstider: Mandag - fredag: Laurdag:

07.00 - 16.30 09.00 - 14.00

Ringveien 12 - 5406 Stord Telefon: 53 40 20 60 - post@valvatne.no

66

Thomas Angel Langli står klar til å hjelpa deg med prosjekta dine.

- Me har moglegheit til å spesialtilpasse utkøyringa frå kunde til kunde, seier proffansvarleg Vidar Sætrevik. I nokon tilfeller er det mest hensiktsmessig å levere varer rett i frå fabrikk til byggjeplass, medan andre kundar set pris på at me kan lage til varer på ein henger til avtalt tid.


OKTAN Stord

– Den gode møteplassen! Stord Hotell er eit moderne kurs- og konferansehotell som ligg sentralt til i vakre Sunnhordland. Me har lang erfaring med ulike typar arrangement. Me skreddarsyr din konferanse, og hjelper deg med planlegginga både før og under arrangementet. Hos oss er du alltid i trygge hender! Hos oss finn du symjebasseng, sauna og solarium, samt nytt treningsrom som sjølvsagt er tilgjengeleg for deg som er gjest hos oss.

Konferansepakke

Dagpakke

Pris frå 1795 kr per person midtveke Pris frå 1495 kr per person weekend

Pris frå 545 kr per person

• 10 flotte kurs- og konferanselokale i ulike storleikar • Fleksible løysningar for alt frå to til 280 deltakarar • 161 hotellrom med varierande storleikar og standard • Eit kreativt og spanande kjøkken • Serviceinnstilte og hyggelege ansatte I våre kurs- og konferansepakkar er alltid kaffi, te og frukt tilgjengeleg for alle deltakarar. Kontakt oss for meir informasjon om dei ulike pakkane.

ring 53 40 25 00 www.stord-hotel.no

Effektiv og trygg samarbeidspartner økonomitjenester Effektiv ogEffektiv trygg samarbeidspartner og trygg samarbeidspartner inneninnen økonomitjenester innen økonomitjenester

Har du høye Er dumed i gang med et firma,et firma, Er du i gang Er du å etablere i gangå etablere med et firma, å etablere hareller dufor behov regnskapsbistand i din eksisterende virksomhet? eller hareller du behov har regnskapsbistand du for behov for regnskapsbistand i din eksisterende i din virksomhet? eksisterende virksomhet? regnskapskostnader? finner rette for din degbedrift. og deg din bedrift. Vi finnerViden rette Viden finner løsningen denløsningen rette for deg løsningen og for og din bedrift. Ta kontakt med oss, vi finner den rette løsningen for deg og din bedrift.

IreneEgil

Irene AnnaIrene Lisa Anna Lisa Else Anna Lisa

Else

Håkon Else

Håkon Javier Håkon

Javier Karina Javier

Karina Lovise Karina

Lovise

Lovise Foto: Geir Remme

Egil

Foto: Geir Remme

Egil

Regnskapsføring • Remittering • Scanning bilag av • Fakturering • Lønn ••Onlineføring • Årsoppgjør Regnskapsføring Regnskapsføring • Remittering • Scanning • Remittering av bilag • Scanning •av Fakturering bilag • Lønn • Fakturering • Onlineføring Lønn• Årsoppgjør • Onlineføring • Årsoppgjør Økonomisk rådgiving • Utleie regnskapsfører • Styrearbeid Økonomisk rådgiving Økonomisk • Utleierådgiving av regnskapsfører •avUtleie av• regnskapsfører Styrearbeid • Styrearbeid AS | Lonavegen 1, 5460 |HUSNES | 22 tlf.:60 53 |48 22 53 60 | fax.: 22 53 61 48 | post@sumarum.no Sumarum Sumarum AS | Lonavegen Sumarum 1, AS 5460 | Lonavegen HUSNES 1,tlf.: 5460 53 48 HUSNES | fax.: tlf.: 53 48 48 22 22 60 6153|48fax.: post@sumarum.no 22 61 | post@sumarum.no

67


Strategisk kommunikasjon • Ide & Design • Profilering • Web & Digitale media • Foto • Filmproduksjon • 3D visualisering • Trykksaker • Messeprofilering

RESULTAT – UTAN Å SLØSA Zpirit er eit reklamebyrå som først og fremst fokuserer på å oppnå tydelege resultat for våre oppdragsgjevarar.

eller å vinna prisar. Det viktigaste er å oppnå høg marknadsføringseffekt ut frå det budsjettet og dei ressursane kundane våre faktisk har til rådvelde.

– så effektivt som mogleg.

Derfor startar me alltid med den gode samtalen, der me saman med kunden vurderer utgangspunktet og effekten me ønskjer å oppnå.

Vår erfaring er at ressursar brukt til marknadsføring ofte kan nyttast langt betre. For oss handlar ikkje jobbkvardagen om storleiken på reklameoppdraget

Telefon 41 53 40 70

– før me kliner til med idear og løysingar!

post@zpirit.no

www.zpirit.no



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.