1 minute read
365
by 4H Norge
Siste halvår var det stort fokus på å produsere videoar til SOME for å vise fram mangfaldet i 4H;
- Gardsaktivitetar: ein generell video som viser riding, stell, fôring og kos med dyr, i tillegg til ein kortare videosnutt som viser to jenter som kosar med høner for å illustrere nære augeblikk som kan oppstå mellom barn og dyr.
Advertisement
- Friluftsliv: den flotte brevandringsturen til Haugabreen i Jølster.
- Landsleir i Breim: Ein video om all den morosame aktiviteten som skjer på leir og ein video om 4H-sporten volleyball.
- Prosjektarbeid: ein video om haustfest, der 4H-arane fekk vist fram sine prosjekt og ein videosnutt der sentralstyret overraskar klubben Freidig 4H på sin haustfest på 60-årsfeiringa til klubben.
- Medlemskap: ein video i intervjuformat, der 4H-arane blir spurt om kvifor dei er med i 4H. Det blei mange artige og ulike svar – men nokon svar går igjen som fellesnemnar; dei er med for å møte nye vener, for det sosiale og fine samhaldet, og all den morosame aktiviteten.
Frivilligheit: det ble laga ein video som viste fram dei nominerte til 4H Norges frivilligheitspris 2022.