1 minute read
Innsiktsarbeid
by 4H Norge
Hausten 2022 gjennomførte 4H Norge eit omfattande innsiktsarbeid, eksternt og internt. Vi knytte til oss innsikt- og analysebyrået Opinion for å gjennomføre eksterne undersøkingar. Målet med undersøkingane var å avdekke barn og unge sine interesser og fritid –og finne ut kva 4H kan gjere for å få fleire medlemmar. Dei interne undersøkingane vart gjennomført som spørjeundersøkingar blant medlemmar, plakettmottakarar, klubbrådgjevarar og utmeldte medlemmar. Desse undersøkingane blei gjennomført av sekretariatet. Undersøkingane viste mellom anna at:
• Hovudgrunnane til at medlemmane er med, er at dei (1) vil være saman med vener, (2) delta på aktivitetar i klubben og (3) lære noko nytt.
Advertisement
• Hovudgrunnane til at medlemmar sluttar, er at dei syns 4H er kjedeleg og/eller vener sluttar.
• Rekruttering av nye medlemmar skjer hovudsakleg via personlege relasjonar og direkte førespurnad.
• Ein stor overvekt av medlemmane er busett på bygda. Mange av medlemmane bur på gard eller småbruk og har eigne dyr.
• Aktivitetar som medlemmane oppgir som attraktive er matlaging, friluftsliv, gardsbesøk, aktivitetar med dyr m.m.
Opinion fann ut at:
• Føresette kjenner best til 4H.
• 4H passar barnas interesser best, særskilt på dyr/ gardsliv og fiske.
• 4H må være synleg i dei rette kanalane.
• Trening og idrett tek mykje tid.
• Dei unge ønsker ikkje å bli overorganisert.
• Kompleks språkbruk skapar avstand til målgruppa.
• Rekrutteringa til 4H må starte tidleg.
• 4H verkar kanskje for generell.
• Plassering av klubbar må ikkje undervurderast og digitale tilbod bør vurderast.
Opinion ga oss følgjande råd:
• Kjennskapen til 4H må aukes. Det er veldig mange i målgruppa som ikkje kjenner 4H. Kunnskapen om kva 4H er må aukast.
• Tydeleggjere kven 4H skal være for.
• Tydeleggjere kva skal 4H være. 4H må ha ein tydeleg profil som dei unge forstår.
Desse råda skal organisasjonen jobbe videre med for å bli større, smartare og synlegare.