1 minute read
Digital audiens og beskyttarskap
from Årsmelding 2020
by 4H Norge
Ein føler seg heilt konge, og smiler som ein konge, når ein får vera med på 4H-aktivitet med Bjerke 4H og i tillegg får ligga i ei eige hengekøye.
Advertisement
Den digitale audiensen gav ein enorm inspirasjon og motivasjon til å jobbe vidare med viktige tema i 4H, sa styreleiar Siri Myhre etter møtet med H.K.H. Kronprins Haakon. Styreleiar Siri Myhre, styremedlem Martin Holmen og vikarierende generalsekretær Randi Versto Kaasa var med på den digitale audiensen med Kronprinsen.
Digital audiens med H.K.H. Kronprinsen
I juni var 4H Norge på digital audiens hjå vår høge beskyttar, H.K.K Kronprins Haakon. Viktige tema vart teke opp, mellom anna likeverd og inkludering. I 4H er det rom for alle, uansett alder, interesser og kor du kjem frå. Kronprinsen hadde forstått at inkludering og likeverd ligg i 4H sitt DNA, og påpeikte kor flinke 4H er til å jobbe med det å være saman om ulikheit.
Styreleiar Siri Myhre, styremedlem Martin Holmen og vikarierende generalsekretær Randi Versto Kaasa var med på den digitale audiensen. 4H var fyrst invitert til audiens på slottet, men grunna koronapandemien vart det i staden ein digital audiens – helt i tråd med tida vi var inne i.
Forlenga beskyttarskap
4H Norge fekk i 2020 den gledelege nyheita frå Det kongelege hoff, om at H.K.H. Kronprins Haakon forlengjer sitt beskyttarskap for 4H fram til 2025. Dette er ei stor anerkjenning for det viktige arbeidet 4H gjer for born og unge over heile landet.