1 minute read
Nasjonale prosjekt/friluftsliv
from Årsmelding 2020
by 4H Norge
I 2020 vart det gjennomført ein rekke tiltak som fremma friluftslivet i 4H.
For å bidra til lokal aktivitet vart heftet «Turmiks»* – eit knippe med oppskriftskort, aktivitetskort og kunnskapskort – sendt til alle 4H-klubbane for å skape lokal aktivitet. Turmiks
Advertisement
Målet for det nasjonale friluftsprosjektet Oppdag!, var å skape aktive nærmiljø. Eit av tiltaka var å gjennomføre ideverkstad utemat, og gjennom desse, samle inn bilete og oppskrifter til ei aktivitetsbok. Resultatet vart «Turmiks», eit knippe med oppskriftskort, aktivitetskort og kunnskapskort, som vart sendt til alle 4H-klubbar. Turmiks skal bidra til å skape aktive nærmiljø i og rundt 4H-klubbane.
Leik og lær i naturen
Målet med prosjektet var å inspirere born og unge til å bruke av naturen i nærområdet. Dei viktigaste tiltaka var:
1. Aktivitetshefte for kløvermedlemmar
«Bli kjend med skogen»-heftet inneheld lågterskelaktivitetar, og vart sendt til alle kløvermedlemmar (born i alderen 4–9 år).
«Bli kjent med skogen» vart godt motteke av våre yngste medlemmar og deira føresette.
Alumnane var spente og full av forventning før dei drog ut på RIB-turen.
Rjupa 4H besøkte ein klatrepark og fekk utfolde seg mellom trea, på sin luftige aktivitetsdag.
2. Friluftsliv for alumnar
Under aktivitetshelga til Norske 4H-alumnar vart det gjennomført RIB-tur med havørnsafari og middag på steinaldervis i ein gamme ved Saltstraumen i Bodø. Det var også ideverkstad om korleis friluftsliv kan bli ein meir aktiv del av alumnane sin kvardag.
Foto: Emma Bodman
Foto: Monika Swigon
3. Aktivitetsdagar
Gjennom lokale aktivitetsdagar har 4H-klubbar, 4H-fylke og 4H-gardar stått for friluftsleik og læring i heile landet med varierte aktivitetar. Til saman vart det gjennomført 52 arrangement rundt om i Noreg, med til saman 2 429 deltakarar. Det vart brukt om lag 1 500 dugnadstimar.
Prosjektet er støtta med prosjektmiddel frå Kulturdepartementet og Miljødirektoratet.
Foto: Rjupa 4H