–
Det rause museet
2
Det rause museet Prosjektplan for Vinje-senteret Eit dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting og journalistikk
Nynorsk kultursentrum Ă˜rsta 2016
3
© 2016 Nynorsk kultursentrum Stoff frå dette dokumentet kan brukast fritt med vanleg kjeldetilvising. Prosjekt- og produktidear i dokumentet kan berre brukast etter skriftleg godkjenning frå Nynorsk kultursentrum Prosjektplanen er laga med tilskot frå Vinje kommune og Norsk kulturråd Omslag: Ingvild Mork Illustrasjon: Perspektivskisse frå Hille & Strandskogen februar 2016 Sats og formgiving: Nynorsk kultursentrum Trykk og innbinding: AIT Bjerch AS Publisert på Vinjesenteret.no 29.2.2016 og prenta i 200 eksemplar Sist oppdatert 28.2.2016 ISBN 978-82-92602-24-9
4
Hertingen ser dei siste solstrålane bli borte, og tar vegen fatt, vestover myra. Vegen smalnar av heile tida, og går stadig brattare oppover, i lange slyngar frå den eine dalsida til den andre. Stadig nye horisontar dukkar opp, med toppar som han stadig tar for det siste leitet, men som berre opnar for eit fritt utsyn til ein endå høgare nut. Han går heile kvelden, søv nokre timar midt i mørkaste natta, og går heile neste dag, drikk grønt snøvatn og raspar tuene han går framom for blåbær og gule molter. Då han seint på kvelden endeleg er framme på det siste leitet og ser landskapet blåna vestover på den andre sida, legg Hertingen merke til noko han aldri har oppdaga før. Det har mørkna, og det har blitt vanskeleg å finna stien og vanskeleg å sjå kor han skal setja føtene, og ikkje så sjeldan må Hertingen ned på både olbogar og kne. Men då Hertingen omsider er framme, og når han ser opp, merkar han at nattehimmelen ikkje står spent ein eller annan stad høgt over hovudet hans, at den ikkje er noko blått sirkustelt eller himmeltelt, og heller ikkje nokon uoppnåeleg sjuande himmel eller ei gjennomsiktig glasklokke som stengjer Hertingen og alle andre menneske inne som fluger på ein grøn ost. Stjernene over han er nok fjerne, men ikkje uoppnåelege. Kjartan Fløgstad: Fyr og flamme, Oslo 1980
5
6
Innhald Forord 1 Vinje-senteret på 12 minutt 2 Bakgrunn 3 Internasjonale perspektiv 4 Immateriell kulturarv og verdsarv 5 Minnepolitiske perspektiv 6 Journalistiske perspektiv 7 Litterære perspektiv 8 Inngangar til skriftkultur 9 Vinje som litterært landskap 10 Folkeliv og reiseliv i ein fjellregion 11 Etablerte miljø og institusjonar 12 Nynorsk kultursentrum 13 Visjon 14 Innhald og institusjonsnamn 15 Mål og målgrupper 16 Samlingsforvaltning, forsking og dokumentasjon 17 Utstillingar og formidling 18 Arrangement og elevprogram 19 Litteraturdagane i Vinje 20 Resepsjon, butikk og kafé 21 Digitale tenester 22 Vinje-fondet 23 Samfunnsaktør: språk, litteratur, presse 24 Inkludering og samarbeid 25 Kommunikasjonsstrategi 26 Organisasjon, tilsette og drift 27 Lokalisering 28 Omfang og romprogram 29 Skisseprosjekt 30 Framdrift: kalender for fleire år 31 Kalkylar, budsjett og finansiering 32 Overtakings- og driftsavtale 33 Kulturelle, økonomiske og andre ringverknader 34 Risikovurdering 35 Etterord
9 11 18 24 27 32 41 56 66 77 81 88 98 102 104 108 115 127 133 141 147 152 157 159 165 170 175 183 190 195 204 208 226 230 234 238
Vedlegg 1 Intensjonsavtale 13. februar 2014 2 Informasjons- og drøftingsmøte 2014–2016 3 Innspel på idédugnad på Vinjar 11. april 2015 4 Biografiar i utval 5 Nynorsk kultursentrum 1993–2015
241 243 253 255 258 274
7
6 Bibliografiar i utval 7 Rekneskap Litteraturdagane i Vinje 2009–2015 8 Planteikningar Vinje skule og Vinjar samfunnshus 9 Framlegg til overtakings- og driftsavtale 2016–2020 Kart Vest-Telemark
276 284 286 292 300
Kort sagt Astrid Versto, norsk ambassadør til Kroatia Liv Ramskjær, generalsekretær Norges Museumsforbund Jørund A. Ruud, rådsmedlem frå Telemark fylkeskommune Guri Vesaas, Vinje/Oslo Ragnvald Christenson, Edland Tor Eivind Erikstein, sokneprest i Tokke og Vinje Øystein A. Vangsnes, rådsordførar Nynorsk kultursentrum Sigmund Løvåsen, leiar Den norske Forfatterforening Agnes Ravatn, forfattar Stein Aam, ordførar Ørsta kommune Randi S. Øgrey, adm. direktør Mediebedriftenes Landsforening Aud Margit Groven, styreleiar Litteraturdagane i Vinje Anita Estensen, leiar Litteraturnettverket Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær Norsk Redaktørforening Kjersti Rorgemoen, forfattar Rune Hetland, generalsekretær Landslaget for lokalaviser Ivar Myklebust Longvastøl, dagleg leiar Nynorsk avissenter Hans Petter Thorbjørnsen, ordførar Ulvik herad Aasmund Nordstoga og Ingvild Lilletvedt Nordstoga, Plassen Arne Vinje, ordførar Vinje kommune 2003–2015
23 40 55 80 87 97 101 107 114 126 140 146 151 156 164 169 174 182 189 237
8
Forord
Tresnitt av Terje Grøstad på smussomslaget til A.O. Vinje: Dølen, band IV, Oslo 1973.
– Vinje-senteret skal bli eit senter det ikkje finst maken til! sa ordførar Arne Vinje i møte med Kulturdepartementet i Oslo 24. november 2014. – Eg vil gjere det eg kan for at Vinje-senteret kan bli realisert i denne kommunestyreperioden, sa ordførar Jon Rikard Kleven då Kulturdepartementet var på synfaring i Vinje 22. november 2015. Denne prosjektplanen prøver å svare på begge ønska. Dokumentet er alt i eitt: forprosjektrapport, fagleg utgreiing, langtidsplan, framdriftsplan, romprogram, skisseprosjekt, investeringskalkylar, fleirårig driftsbudsjett og risikoanalyse.
For den som ikkje veit kva hamn han skal til, er ingen vind gunstig, skreiv filosofen Seneca den yngre for snart 2000 år sidan.1 Museumsdirektør Roger Erlandsen minte om dette i eit foredrag her om året der han skisserte fire fasar i norsk museumsutvikling.2 Tidlege norske museum var for universelle å rekne, medan nye museum utover på 1900-talet samla seg om sine eigne tradisjonar og blei eit verkemiddel for å ta vare på den historiske dimensjonen i samfunnet. I ein tredje fase frå 2000 blei museums-Noreg omorganisert, men museumstenkinga endra seg lite. No går musea inn i ein fjerde fase der dei sjølve må finne ut kvar dei skal og korleis dei skal kome dit. Dermed er tida omme for det som ein gong var godt nok. Kulturinstitusjonane er i eit tidsskifte der enkle notat og summariske prosjektriss kjem til kort. Form og innhald må skrivast fram og formast til ein heilskap som viser korleis ein vil utvikle si eiga samfunnsrolle. Gjennom kritiske perspektiv og historisk-vitskapleg tenking kjem nye spørsmål til orde utan kjende svar. Mange setningar må til for å skape ein sterk institusjon. Seneca: Moralske brev til Lucilius, omsett frå latin i utval av Eiliv Skard, Klassiske bokverk 25, Oslo 1941, s. 77. Roger Erlandsen: «Museums-Norge 4.0», foredrag på samling i Virke-nettverket for museumsdirektørar i Kirkenes 9.10.2013. 1 2
9
Vinje-senteret er tenkt ut frå denne forståinga av det nye museumsparadigmet. Noko tradisjonelt forprosjekt har aldri vore gjennomført for Vinje-senteret. Difor inneheld denne prosjektplanen det stoffet ein elles ville vente å finne i ein slik rapport. Det ville likevel ikkje ha vore nok. Difor har vi sett nøye på erfaringar både vi og andre har gjort, kombinert med nødvendig fagkunnskap og utvida med nye tankar og tiltak. Innhaldet fyller forma meir enn forma styrer innhaldet. Arbeidet tok til med innhald, fagperspektiv og publikumstilbod, ikkje med bygningar og økonomi. Korleis drifta bør organiserast, kor mykje plass som trengst og kva det må koste, er i denne planen ein konsekvens av fagleg innhald, ambisjonsnivå og publikumstilbod. Sidene er mange, ideane er fleire. Prosjektplanen viser ei retning og inneheld klare prioriteringar, men er ikkje ein festning ingen skal få bryte gjennom. Svært mange emne kunne ha vore drøfta og omtalte meir utførleg, men då kunne den prosessen som no skal halde fram, lett stivne. Det har likevel vore viktig å gi ei utførleg framstilling av ein del sentrale emne som sjeldan blir omtalte i slike samanhengar – som immateriell kulturarv, minnepolitikk og skriftkultur. Planen er tenkt i Telemark, snakka om mange stader i landet og skriven på Sunnmøre. Svært mange aktørar og interessentar har vore kontakta, og møta blei mange. Nær sagt for kvart møte blei prosjektet vanskelegare og tydelegare ved at meir måtte tenkjast på og avklarast. I Nynorsk kultursentrum har tilsette, leiing, styre og råd vore involverte i utviklinga av Vinje-senteret. Prosjektet har vore drøfta på stabsmøte og stabseminar, i mange møte i leiargruppa, fleire rådsmøte, og i alle styremøta sidan 2013. Prosjektplanen er ikkje vedteken eller godkjend i styret. I vidare drøftingar og forhandlingar møtest dermed også partane på like fot. Med dette meiner Nynorsk kultursentrum at vi har oppfylt dei føresetnadene som er formulerte i intensjonsavtalen med Vinje kommune frå 2014. Arbeidet er blitt gjennomført i ein open prosess, og vi har halde det vi lova dei mange om vi møtte frå og med hausten 2014. Då sa vi at alle interesserte skulle få høve til å lese eit framlegg til prosjektplan før arbeidet blei avslutta. Det fekk dei. Viljen i Vinje til å få til dette har vore overveldande. Frå svært ulike miljø har interessa og entusiasmen vore stor. Politisk leiing og administrasjon i Vinje kommune har stilt opp på ein måte som har gjort inntrykk. Sentrale institusjonar som Litteraturdagane i Vinje og Vest-Telemark Museum har teke sjenerøst imot oss. Den same positive og konstruktive gløden har vi møtt andre stader i Vest-Telemark og i Telemark fylkeskommune. Kulturdepartementet og stortingsrepresentantar har lytta og stilt spørsmål som trong svar. Til dei mange tilsette og frivillige i institusjonar og organisasjonar og bedrifter som har brukt tid på oss: all verdas takk. Summa summarum er det mentale grunnlaget for Vinje-senteret endå meir solid enn det var for Hauge-senteret og ikkje minst for Aasen-tunet. Vi takkar for den tilliten alle har vist oss og for alt som så raust er blitt delt med oss.
Ivar Aasen-tunet, 26. februar 2016
Ottar Grepstad
10
1
Vinje-senteret på 12 minutt
Ikon for Vinje-senteret med V-en i signaturen til A.O. Vinje. Formgivar: Per Finne
Vinje-senteret for dikting og journalistikk skal vere det rause museet som gir publikum meir enn dei ventar og meir enn dei betaler for. Senteret skal dokumentere saksfelt ingen andre museum dekkjer: perspektiv på romanar og noveller i diktinga, forteljingar om journalistikk på måtar som ingen har gjort før. Med blikk for det lokale skal Vinje-senteret bli eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter på internasjonalt nivå om dikting og journalistikk. Grunnlaget er nynorsk skriftkultur, og Vinje-senteret skal arbeide med dikting og journalistikk på både nynorsk og bokmål. Senteret blir ei avdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasentunet og Hauge-senteret og dermed ein del av det største litterære museet i Noreg og det einaste språkmuseet i Norden. Litteraturdagane i Vinje ønskjer å bli del av Vinje-senteret, og samarbeid med aktørar som Liv i Vinje og Vest-Telemark Museum blir avtalefesta. Vinje-senteret får minst fire fulle stillingar og to deltidsstillingar for avløysarar og omvisarar. Senteret disponerer nær 700 m2 i ombygde Vinje skule og bruker Vinjar samfunnshus saman med lokale aktørar. Eit skisseprosjekt frå arkitektane Hille & Strandskogen styrkjer det som er og legg til noko nytt som gjer dette til ein god møteplass for fastbuande og gir tilreisande lyst til å stoppe. Vinje-senteret blir eit alternativ til den mentale sentraliseringa i vår tid. Truleg vil det koste inntil 24,0 millionar eks. mva å byggje Vinje-senteret. Då er 25 prosent uføresette kostnader rekna med. Basisutstillinga vil truleg koste 6,1 millionar, og Vinjar samfunnshus bør utbetrast for 1,0 millionar. Driftsbudsjetta for år 1–4 aukar frå 2,6 millionar til 6,0 millionar ved full drift. Alt dette må finansierast ved eit klassisk norsk spleiselag. Dei siste åra har Vinje kommune satsa 3,6 millionar i tiltak som byggjer opp under Vinje-senteret. Dagleg leiar blir tilsett så snart finansiering frå kommune, fylkeskommune og stat gjer det mogleg. Vinje-senteret opna nettstaden Vinjesenteret.no 29. februar 2016. 11
1.1 Fagleg grunnlag Vinje kommune tok i 2011 kontakt med Nynorsk kultursentrum om å utvikle eit litterært senter i Vinje. Ein omfattande intensjonsavtale blei godkjend vinteren 2014 og la grunnlaget for eit utviklingsprosjekt i regi av Nynorsk kultursentrum på oppdrag frå Vinje kommune. Denne prosjektplanen avsluttar utviklingsprosjektet og har vore drøfta i ein meir open prosess enn andre har invitert til før. Svært mange og ulike aktørar har vore involverte, og 76 informasjons- eller drøftingsmøte med over 300 deltakarar har vore haldne i Telemark, Drammen, Oslo, Sogndal og på Sunnmøre. Nesten alle litterære museum rundt om i verda handlar om ein forfattar eller ei gruppe av forfattarar, og museum for presse eller journalistikk handlar mest om teknologi og institusjonar. Dei musea Nynorsk kultursentrum driv, skil seg ut med sin høgare himmel – nynorsk skriftkultur for Aasen-tunet, lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser for Hauge-senteret. Det gir medarbeidarane meir å spele på og publikum meir å oppleve. Nynorsk kultursentrum følgjer det internasjonale etiske regelverket som er fastsett for museum. UNESCO vedtok i 2003 konvensjonen om vern av immateriell kulturarv, som mellom anna gjeld munnleg tradisjon og handboren kunnskap. I 2015 fekk dei industrihistoriske kulturminna på Rjukan og Notodden verdsarvstatus, med vasspegelen i Møsvatn som oppsluttande verdi i Vinje. Den verdsarvstatusen skal mellom anna tene til å byggje identitet. Vinje kommune er svært rik på kulturminne, og 1243 enkeltminne er automatisk freda. Eit av dei er Vinjestoga. Den beste måten å verne kultur på er å bruke den, og der er brei politisk emje om at Vinje også i framtida skal assosierast med kultur, natur og tradisjon. Moderne museum lever i samtida, aktiviserer gjester og brukarar og lagar forteljingar som berre dei kan formidle slik dei gjer. Minnepolitikk er å bruke fortida til å fremje interesser eller verdiar i samtida, og pregar den minnekulturen som finst i eit samfunn. Museum er basisinstitusjonar i den norske minnekulturen. Der er berre to små pressemuseum og eit senter for avisteikning i Noreg. Litterære museum er det fleire av, men dei fleste er små i omfang og har svært få tilsette. Minnepolitisk er 200-årsjubileet for A.O. Vinje i 2018 eit av dei viktigaste kulturjubilea fram mot 2020. Som diktinga blei journalistikken til i møtet mellom det munnlege og det skriftlege. Historia om norsk presse tek til på 1600-talet, men forteljinga om moderne norsk journalistikk opnar med A.O. Vinje i 1850-åra. Journalistikken har endra seg meir enn det ståande uttrykket «den fjerde statsmakt» gir inntrykk av, og denne historia er enno ikkje fortald. Medieforskarane arbeider mest med samtida, mediebransjen mest med framtida. Der er ingen nasjonal institusjon som på uavhengig grunnlag dokumenterer og formidlar samtida i lys av fortida no når den redigerte røynda er under press. Norsk litteraturhistorie er ei fleirspråkleg forteljing. Det tok til med skriving og dikting på norrønt i mellomalderen og heldt fram som skrifter på dansk fram mot 1800-talet. Etter kvart tok det norske over og enda i ein språkdelt norsk kultur med to skriftlinjer – nynorsk og bokmål. Frå Vinje har det kome uvanleg mange diktarar på nasjonalt og internasjonalt nivå dei siste 150 åra, alle på nynorsk. Den forteljinga er enno ikkje skriven. Det er heller ikkje det skiftande samspelet mellom dikting og journalistikk. Når tale blir skrift, og skriftspråk blir utvikla vidare med institusjonar og regelverk, oppstår skriftkulturar. Den lese- og skrivekunna som prega Øvre Telemark i tidlegare hundreår, gjorde at folk visste ein del om kva som blei tenkt og skrive andre stader. Denne skriftkulturen styrkte den munnlege tradisjonskunsten, som på si side påverka diktinga. «Ytringsfridom skal det vere», heiter det i Grunnlova no. Den fridomen er under press både i tale og
12
skrift, også i eit språkdelt samfunn som Noreg. For den som skriv, er det sjeldan likegyldig kva språk han eller ho får bruke og kvar det kan brukast. 1.2 Vinje i Telemark og verda Kraftkommunen Vinje er ein kulturell kraftstasjon, ein forfattarkommune av dei sjeldne og blei kåra til Noregs kulturkommune i 2009. Midtbø og Vinjestoga er minnestader etter A.O. Vinje, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas, husa etter Rikard Berge står, medan spora er færre etter slike som Aslaug Vaa. Dei geografiske spora etter samtidsforfattarar blir først synlege om lenge. Vest-Telemark er ein av fire regionar i Telemark og har ein fleirkjernestruktur. Med 14 100 innbyggjarar er dette den minste regionen i fylket, og i regionen er Vinje størst med 3700 innbyggjarar. Gjennom Fjellnettverket og andre fellestiltak er kommunen aktiv på mange arenaer. Rauland, Åmot og Edland er dei tre bygdesentra i kommunen. Grenda Vinje ligg ved E134, som blir verande ein hovudveg mellom aust og vest, men dei fleste overnattingsplassane ligg minst 30 minutt unna. Det ville gjort seg med nye, varige tilbod i den regionale opplevingsøkonomien. Telemark fylkeskommune framhevar dei sterke kulturtradisjonane i kulturplanen sin. Vest-Telemark Museum er eit veldrive regionmuseum med mange oppgåver også i Vinje. Der er fleire gode litteraturfestivalar i fylket og mange andre aktuelle samarbeidspartnarar, frå folkeakademi og handverkslag til sokneråd, og institusjonar og foreiningar i grendene Edland, Åmot og Rauland. Laget Liv i Vinje står i ei særstilling med sitt vellykka arbeid for å skape liv i bygda. Institutt for folkekultur på Rauland og forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark er to andre sentrale aktørar. 1.3 Vinje-senteret – det rause museet Stiftinga Nynorsk kultursentrum blei skipa i 1993 og har 24 stiftarar frå heile landet. Konsernet med 18 fast tilsette eig og driv det største litteraturmuseet i Noreg, det einaste senteret for lyrikk i mange former i Noreg, det einaste språkmuseet i Norden, det eldste språkmuseet i verda og det einaste redigerte leksikonet på nynorsk. Våren 2016 var ni nettstader i drift. Kvar dag bruker fleire tusen menneske tenester frå denne institusjonen. Stiftinga er gjeldfri og har gjennomført alle større investeringsprosjekt innanfor budsjett. Nynorsk kultursentrum blei kåra til Årets museum 2015 «som en uvanlig levende, ambisiøs og systematisk formidler og forvalter av immateriell kulturarv». Nynorsk kultursentrum skal arbeide for nynorsk skriftkultur. Styret har vedteke Visjon og strategi 2016–2019, som gjeld for alle delar av verksemda. Eit av dei seks hovudmåla for perioden er å etablere Vinje-senteret som ny driftsavdeling. Visjonen for Nynorsk kultursentrum er «Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst», og institusjonen arbeider etter verdiane open, modig og overraskande. Dette skal vere det rause museet som gir gjestene meir enn dei ventar og meir enn dei betaler for. Det har kome mange ønske om kva Vinje-senteret bør arbeide med. Senteret skal gjere noko andre ikkje alt gjer, og medarbeidarane må ha den kunnskapen som trengst for desse oppgåvene. Difor bør Vinje-senteret konsentrere verksemda si om dikting og journalistikk – romanar og noveller i diktinga og alle former for journalistikk med utgangspunkt i den skriftlege. Med nynorsk skriftkultur som grunnlag bør senteret dekkje begge dei to norske skriftspråka. Moderne kommunikasjon krev korte, tydelege institusjonsnamn som gir meining for mange. Vinje-senteret er eit slikt namn, med den engelske nemninga Vinje Centre for Journalism and Literature.
13
Vinje-senteret skal bli eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter på internasjonalt nivå om dikting og journalistikk på norsk. Prioriterte målgrupper bør vere elevar og lærarar, fastbuande i Vest-Telemark, bok- og avislesarar, journalistar og andre i bokbransjen og mediebransjen. Folketalsgrunnlaget tilseier at 2900 gjester i året med full drift er realistisk. Gjester ved Litteraturdagane i Vinje kjem i tillegg. Med digitale tenester kan senteret ha nærare 20 000 brukarar og gjester årleg. Vinje-senteret blir ein ekstra grunn til å bu i Vinje, stoppe der og bli verande der lenger. 1.4 Innhald for gjester og brukarar For alle museum er samlingane arbeidsgrunnlaget. Samlingsforvaltning handlar om å samle inn, bevare, dokumentere, registrere og gjere tilgjengeleg. Erik Gjestvangs store boksamling på bort imot 300 hyllemeter med svært mykje av norsk dikting gjennom fleire hundre år blir hjernen i samlingane, og Vinje-senteret kjem til å ha lite av tradisjonelle museumsgjenstandar. Mediebransjen har tradisjonelt vore best på munnlege arkiv, og innsamling av munnlege minne blir difor viktig. Dette blir kombinert med kunnskap og forteljingar om profilerte diktarar, redaktørar og journalistar. For arbeidet med journalistikk blir det oppretta eit fagråd ved Vinje-senteret. Nynorsk kultursentrum driv utoverretta og har utforma strategiar for formidling generelt og utstillingar spesielt, der omvisinga er eit grunngrep. Grunntanken om utstillingar er at «vi er analoge der vi kan, og digitale der vi må». Personifisering og andre journalistiske grep vil bli brukte i formidlinga ved Vinje-senteret. Innhaldet blir mest tilpassa norske gjester, men Vinje-senteret skal også ha tilbod for framandspråklege, og basisutstillinga blir teksta på nynorsk og engelsk. I samarbeid med Høgskolen Sørøst-Norge vil Nynorsk kultursentrum tilby studentar i Rauland å vere Vinje-ambassadørar. Ei eiga utstillingsgruppe lagar plan for basisutstillinga i Vinje-senteret. Vinje-senteret skal leite fram det spesielle og det typiske, det uventa og det eineståande, og ikkje ta snarvegen til det openberre. Regelmessige arrangement tilpassa den lokale veke- og årsrytmen og tilbod som alt finst, blir ein viktig del av verksemda i Vinje-senteret. Slike arrangement kan leggjast til fleire stader. Å utvikle nye elevprogram om dikting og journalistikk for Den kulturelle skulesekken er ei prioritert oppgåve frå første arbeidsdag. Senteret skal utforme sine eigne programformat med dei nye røystene og dei prislønte forfattarane og journalistane: dei beste. Vinje-senteret bør vere ein av dei fem viktigaste aktørane i 200-årsjubieet for A.O Vinje i 2018. Litteraturdagane i Vinje er den eldste litteraturfestivalen i Telemark og har vore arrangert i august–september sidan 2001. Dette er ein lågbudsjettfestival med høg kvalitet, og det beste i dette må førast vidare. Festivalen er eigd av eit medlemslag og årsmøtet i laget gav 24.1.2016 styret fullmakt til å forhandle med Nynorsk kultur-sentrum om at festivalen blir ein del av Vinje-senteret. Ulvik poesifestival har med stort hell vore ein del av Haugesenteret sidan 2014. Ei slik løysing vil styrkje både senteret og festivalen og føreset ein avtale mellom Litteraturdagane i Vinje og Nynorsk kultursentrum. Digitale tenester inkluderer nettstader og sosiale medium. Nynorsk kultursentrum har satsa mykje på slike tenester like sidan Aasen-tunet blei opna i 2000. Våren 2016 dreiv institusjonen det digitale oppslagsverket Allkunne og åtte andre nettstader og var med det truleg det einaste museet i Noreg med fleire nettstader enn museum. Publikum kunne då velje mellom meir enn 35 000 tekstdokument på desse nettstadene. Nettstaden Vinjesenteret.no blei opna med publisering av Prosjektplan for Vinje-senteret og ymse bakgrunnsstoff måndag 29.2.2016.
14
Vinje-fondet er ei årleg løyving over statsbudsjettet for å styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk og medverke til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar. I åra 2010–2015 er det løyvt 3,6 millionar til 13 prosjekt, fleire av dei i Telemark. Midlar frå Vinje-fondet var ein nødvendig føresetnad for at Nynorsk avissenter kunne etablerast i Førde. Nynorsk kultursentrum forvaltar ordninga på oppdrag frå Kulturdepartementet, og det praktiske arbeidet med støtteordninga blir lagd til Vinje-senteret. Som ei avdeling i Nynorsk kultursentrum blir Vinje-senteret ein samfunnsaktør innanfor språk, dikting og journalistikk. Vinje-senteret skal vere med og gjere det lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar på Austlandet. Med støtte i solid dokumentasjon skal senteret fremje pressepolitiske tiltak som styrkjer uavhengig journalistikk generelt og journalistikk på nynorsk spesielt, og litteraturpolitiske tiltak som fremjar prosakunst på nynorsk og bokmål. Det inneber at Vinje-senteret kan kome til å målbere omstridde meiningar. Vinje-senteret må ta imot gjestene i ein open og innbydande resepsjon. Senteret treng ein butikk som er ein del av det samla tilbodet og som kan gi inntekter. Butikken bør vere noko av det første gjestene møter og det siste dei reiser frå. Nynorsk kultursentrum driv då fire butikkar, og det gir mange driftsfordelar i alt frå kompetanse til innkjøp. Nynorsk kultursentrum er eit av få museum i Norden som har satsa på nettbutikk, og Handlenett.no blir felles for alle tre avdelingane. Eit serveringstilbod må der vere, løyst i samarbeid med lokale aktørar som Vinje Gardsmat og Mjonøy. 1.5 Samarbeid og kommunikasjon Vinje-senteret blir til etter eit lokalt initiativ, er ønskt lokalt og byggjer på eit sterkt lokalt engasjement. Det tek med seg det som finst, forbetrar det som alt er og gir meir og nytt innhald i kulturlivet. Arbeidet med prosjektplanen har vore møtt med interesse, entusiasme og uvanleg stor grad av semje. Gjennom inkluderande samarbeid skal heile Vinje eige i Vinjesenteret, og ingen andre prosjekt kjem i klemme på grunn av den nye institusjonen. Nynorsk kultursentrum har teke initiativ til ein samarbeidsavtale med Vest-Telemark Museum, og nødvendige avtalar mellom Telemark fylkeskommune og Vinje kommune er i arbeid. Vinje-senteret følgjer grunntanken i Nynorsk kultursentrum om at ingen prosjekt er avslutta før dei er formidla og gjort kjende for andre. Krava til universell utforming og klarspråk blir følgde og administrasjonsspråket er nynorsk. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok profilprogram for Vinje-senteret 25.2.2016 med V-en i signaturen til A.O. Vinje som motiv. Vinje-senteret gir ut meldingsbladet Dølen til husstandane i Vest-Telemark to gonger i året. Tilkomsten til Vinje-senteret må vere godt skilta frå aust og vest, og arbeidet med å skrive staden inn i reisehandbøker tek til no. 1.6 Organisering, lokalisering og romprogram Vinje-senteret blir ei avdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet frå 2000 og Hauge-senteret frå 2011. Vinje-senteret skal ha heilårsdrift og kan få inntil seks arbeidsplassar – fire fulle stillingar og to deltidstilsette som avløysarar og omvisarar. Røynsla frå oppbygginga av Hauge-senteret i Ulvik 2011–2015 gjeld også for Vinje-senteret: Den faglege nærleiken er større enn den geografiske avstanden. Medarbeidarane i Vinje-senteret får 18 kollegaer i dei andre avdelingane som alle arbeider med språk og litteratur. Alle etablerte driftssystem og rutinar i Nynorsk kultursentrum gjer det lett å etablere drifta i Vinje. Vinje-sente-
15
ret gjer Nynorsk kultursentrum til det einaste norske museet med driftsavdelingar i to landsdelar og tre fylke. Mellom Ulvik og Vinje tek bilturen mindre enn tre timar, mellom Ulvik og Ørsta seks timar. Det blir lett å kome til Vinje-senteret, og det skal vere lett å bli verande der. Vinje-senteret blir lagt til Vinje skule like ved E134 eit kvarter frå kommunesenteret Åmot og midt mellom Bergen og Oslo. Hovudetasjen i Vinje skule frå 1973 blir bygd om for Vinje-senteret. Underetasjen kan då disponerast til næringshage og andre føremål. Vinjar samfunnshus frå 1959, teikna av Arnstein Arneberg, fargesett av Henrik Sørensen og bygd på dugnad, ligg vegg i vegg med Vinje skule og blir sambruk for større arrangement. Utanfor er der alt parkeringsplass for 50 bilar, og det er god offentleg økonomi å bruke om att bygningar og anlegg som alt finst. Vinje-senteret treng om lag 550 m2 utanom korridorar og fellesområde med Vinjar. Av det går 300 m2 til utstilling og formidling, 90 m2 til publikumsområde og vel 110 m2 til tilsette og drift. Dette er lite målt mot nybygg for norske museum, men vesentleg meir enn Hauge-senteret i Ulvik, den billigaste nasjonale kulturinstitusjonen som er blitt opna på lang tid. Vinje-senteret blir likevel eit av dei største litterære musea i Noreg. Det kan måle seg med Hauge-senteret i tal tilsette, men vil disponere eit mykje større areal. Berre Aasen-tunet i Ørsta og Hamsunsenteret på Hamarøy har fleire fast tilsette. 1.7 Skisseprosjekt, kalkylar og budsjett Vinje-senteret får ei dempa, men tydeleg form og utnyttar plassen godt. Det er ein institusjon med mange funksjonar som inneber ein komplisert konstruksjon. Skisseprosjektet styrkjer det som er, legg til noko nytt i form og innhald og framhevar dei store verdiane i kulturlandskapet i området. Vinje skule blir bygd om med ein nybygd kontorfløy, mellombygningen til Vinjar samfunnshus blir riven og erstatta med eit moderne bygg i glas, som saman med ny utøvargarderobe i underetasjen tilfører Vinjar samfunnshus nye kvalitetar og oppfyller krava til universelt tilgjenge. 2000 år kulturhistorie blir meir synleg og tilgjengeleg for publikum, og området ned mot Vinjevatnet blir ein god stad å vere, ikkje minst for småbarnsfamiliar. Vinje-senteret blir på 696 m2 BTA medrekna nye fellesområde med Vinjar, som dessutan får 50 m2 BTA ny utøvargarderobe i underetasjen. Vinje-senteret må realiserast gjennom eit klassisk norsk spleiselag i samsvar med dei hevdvunne fordelingsreglane for offentlege tilskot frå stat, fylke og kommune. Investeringskalkylane for skisseprosjektet er uvanleg detaljert og byggjer på gjeldande retningslinjer og eit stort erfaringsmateriale. Der er usikre faktorar som kan slå begge vegar. Driftsbudsjetta følgjer budsjettprinsippa i Nynorsk kultursentrum om nøkterne inntekter og realistiske kostnader. Truleg vil det koste inntil 24,0 millionar 2016-kroner eks. mva å byggje Vinje-senteret. Då er 4,8 millionar eller 25 prosent i uføresette kostnader rekna med. Vida-re vil basisutstillinga koste om lag 6,1 millionar. Vinjar samfunnshus bør utbetrast for 1,0 millionar for å dekkje dei behova som ligg føre. Nybygg for museum dei siste åra har kosta frå 27 000 til 41 000 per m2, og om-byggingar frå 20 000 og oppover til 52 900. Ut frå skisseprosjektet for nybygg og om-bygging vil Vinje-senteret koste inntil 34 500 per m2 BTA. Driftsbudsjetta for år 1–4 aukar frå 2,6 millionar til 6,0 millionar ved full drift. Til og med 2015 hadde Vinje kommune brukt om lag 3,6 millionar på grunn-lags- og utviklingsarbeid som kjem Vinje-senteret til gode.
16
Vinje kommune eig Vinjestoga, Vinje skule og Vinjar samfunnshus. Å etablere Vinjesenteret endrar ikkje noko på dette. I tråd med intensjonsavtalen frå 2014 gjer Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum ein overtakings- og driftsavtale på grunnlag av denne prosjektplanen, som inneheld framlegg til ein slik avtale. Framlegget inneber at Nynorsk kultursentrum kan ta over driftsansvaret for Vinje-senteret frå og med 1.9.2016 og Vinjestoga frå og med 1.1.2018. 1.8 Framdrift, ringverknader og risikoar Prosjektplanen blei lagd fram 29.2.2016. Same dagen opna Vinje-senteret det første publikumstilbodet med nettstaden Vinjesenteret.no. Under føresetnad av at nødvendig og langsiktig finansiering kjem på plass i tide, kan dagleg leiar ta til våren 2017, og våren 2018 kan då fire medarbeidarar vere på plass. I alle høve kan Vinje-senteret tilby eit eige program på 200-årsdagen for A.O. Vinje 6.4.2018. Det tek tid å utvikle slike institusjonar, men går det berre åtte–ni år frå den første ideen til eit komplett publikumstilbod er på plass, er det svært kort tid. Ein kalender for år 1–4 etter 2016 er utarbeidd. Ein kulturinstitusjon er viktig og gjer seg viktig i kraft av seg sjølv. Det følgjer av den eigenverdien kultur har. Vinje-senteret vil styrkje og fornye Vinje som litterært landskap og gi publikum fleire tilbod enn dei som alt finst. Senteret gir også vesentlege økonomiske ringverknader i form av varige arbeidsplassar. Røynslene frå Aasen-tunet og Hauge-senteret viser at det tek tid før ringverknadene frå ein slik kulturinstitusjon slår inn. Alt året etter at Hauge-senteret kom i full drift, hadde likevel institusjonen gitt Ulvik 12 nye innbyggjarar. Ein god tommelfingerregel er at om lag 70 prosent av lønsmidlane går inn i lokaløkonomien. Å vurdere risiko er å vurdere både kva som skal til for å nå planlagde mål og kva som kan hindre dette. Sju slike faktorar er identifiserte, men det kan også gå betre enn ein ventar. Ideen om Vinje-senteret er blitt møtt med stor entusiasme og vilje til resultat på ulike nivå. Ein bør både rekne med at noko skjer seg og at det kan bli uro i etableringsfasen. Røynsler frå oppbygginga av andre museum dei siste åra vil bli brukte, særleg frå Haugesenteret som blei bygt opp 2011–2014. Vinje-senteret er betre forankra enn noko anna prosjekt Nynorsk kultursentrum har arbeidd med. Prosjektplanen er omfattande fordi eit moderne museum er ein kompleks organisasjon med svært mange og ulike oppgåver som skal løysast. Det faglege og organiatoriske ambisjonsnivået er høgt, men det gjer også at mangt er gjennomtenkt lenge før det skal gjerast. Tradisjon og modernitet Denne prosjektplanen formar eit høgt fagleg ambisjonsnivå for Vinje-senteret. Ingen sa imot då dette ambisjonsnivået blei presentert i minste detalj i drøftingsframlegget i januar 2016. Skisseprosjektet frå dei framståande arkitektane Hille & Strandskogen byggjer vidare på dette faglege ambisjonsnivået. Med sine mange funksjonar og oppgåver blir Vinje-senteret komplekst å byggje når gjenbruk er ein viktig føresetnad. Dette er ombygging, nybygg og tilbygg i eitt. I tillegg kan ein no heve bruksstandarden for Vinjar samfunnshus, i si tid skapt av ein av dei fremste norske arkitektane på 1900-talet, i levande bruk i dag. Slik ser møtet mellom kulturvern og moderne museumsdrift ut, i innhald, form og kroner. Og likevel: Vinje-senteret blir ein av dei minste nye nasjonale kulturinstitusjonane i Noreg. Det blir også ein av dei rimelegaste. Vinje-senteret blir det det gjer.
17
2
Bakgrunn
Ivar Aasen-tunet er hovudarenaen for Nynorsk kultursentrum. Foto: Ivar Aasen-tunet
Vinje kommune tok i 2011 kontakt med Nynorsk kultursentrum om å utvikle eit litterært senter i Vinje. Ein omfattande intensjonsavtale blei godkjend vinteren 2014 og la grunnlaget for eit utviklingsprosjekt i regi av Nynorsk kultursentrum på oppdrag frå Vinje kommune. Denne prosjektplanen avsluttar utviklingsprosjektet og har vore drøfta i ein meir open prosess enn andre har invitert til før. Svært mange og ulike aktørar har vore involverte, og 76 informasjons- eller drøftingsmøte med over 300 deltakarar har vore haldne i Telemark, Drammen, Oslo, Sogndal og på Sunnmøre.
2.1 Ein idé tek form Vinje-senteret er ein langtidsverknad av Språkåret 2013 og Hauge-senteret i Ulvik. I åra 2006–2008 var det ein del kontakt mellom Vinje kommune, Litteraturdagane i Vinje og Nynorsk kultursentrum om 100-årsjubileet for Halldis Moren Vesaas i 2007. Som ein del av dette laga Ivar Aasen-tunet temautstillinga Halldis i livet om Halldis Moren Vesaas til jubileet. Nynorsk kultursentrum var i 2009 også med i eit ope og konstruktivt utviklings- og fornyingsarbeid for Litteraturdagane i Vinje.
18
I 2010 blei det kjent at Nynorsk kultursentrum frå 1.1.2011 hadde teke på seg å etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Hausten 2010 tok kulturavdelinga i Vinje kommune kontakt om mogleg samarbeid om større prosjekt som kommunen arbeidde med. Vinje kommune inviterte Nynorsk kultursentrum til eit første møte om samarbeid på Vinjar samfunnshus 23.2.2011. Då var det også på det reine at Nynorsk kultursentrum på oppdrag frå regjeringa Stoltenberg førebudde Språkåret 2013. På Vinjar drøfta representantar for oppvekst- og kulturutvalet og administrasjonen i Vinje kommune, Vest-Telemark Museum og Nynorsk kultursentrum «ulike former for samarbeid», som det heitte i møteinvitasjonen. Det handla om vidare utvikling av arbeidet med Vinjestoga, barndomsheimen til A.O. Vinje, og litteraturarrangement i kommunen. Ein av møtedeltakarane var Arne Vinje, ordførar i Vinje 2003–2015, ein annan var utvalsleiar Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje kommune frå hausten 2015. Styret i Nynorsk kuotursentrum blei første gongen orientert 23.3.2011. Møtet vinteren 2011 blei følgt opp gjennom kontakt, samtalar og nye møte. Ordet Vinje-senter blei første gongen papirfesta av Vinje kommune i innkallinga til eit møte om Vinje litteraturpark i Seljord 18.10.2011. Vinteren 2012 vedtok Vinje kommune Kommunedelplan for kultur i Vinje kommune 2012–2021. Vinje-senteret var eit sentralt element i den planen. Senteret var også eit berande element i arbeidet med Vinje litteraturlandskap, der også prosjektet Ord–Bru stod sentralt. Eit samla planutkast om Vinje litteraturlandskap låg føre 20.8.2013, men kommunen valde å konsentrere det heile om Vinje-senteret. Styret i Nynorsk kultursentrum blei orientert om saka og utviklinga i arbeidet på fleire møte i 2011 og 2012 og drøfta spørsmålet meir inngåande første gongen 25.2.2013. Der presiserte styret dei prinsippa som blei etablert då spørsmålet kom i 2010 om å ta på seg ansvaret for å utvikle og drive Hauge-senteret i Ulvik: Nynorsk kultursentrum går berre inn i prosjekt andre stader i landet etter lokale initiativ som ønskjer samarbeid, tek ikkje på seg nye oppgåver som kan svekkje drifta av etablerte tilbod, og seier nei til prosjekt som kan representere konflikt med andre museum. Fagleg har det vore viktig at utviding gjennom nye tiltak til saman dekkjer eit vidt litterært felt og ikkje blir avgrensa til skjønnlitteratur, og dette nye tiltaket har ein tydeleg språkleg dimensjon. Til og med 2009 var Nynorsk kultursentrum mykje lik Ivar Aasen-tunet. Frå 2011 dreiv institusjonen verksemd i to fylke, og med Vinje-senteret vil Nynorsk kultursentrum vere etablert i tre fylke. Dette stiller nye krav til organisasjonen. Frå og med 2011 har Nynorsk kultursentrum vore organisert som eit konsern. Styret har konstatert at styret har den kompetansen som trengst for utvikling av konsernet. Administrativt treng nok institusjonen meir kapasitet for å handtere denne utviklinga. 2.2 Intensjonsavtale Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum forhandla i 2013 fram ein intensjonsavtale om Vinje-senteret. Nynorsk kultursentrum presenterte eit første forslag 11.6.2013, og det låg føre tilrådd framlegg frå møte 19.11.2013. Styret i Nynorsk kultursentrum godkjende samrøystes framlegget 6.12.2013. Oppvekstutvalet i Vinje kommune tilrådde samrøystes avtalen i møte primo februar. Vinje kommunestyre godkjende avtalen i møte 13.2.2014 med 22 røyster mot 1 røyst (vedlegg 1). Intensjonsavtalen blei presentert på ope møte i Vinje 4.4.2014.
19
Telemark fylkeskommune sa på møte 4.4.2014 at dei ønskjer å vere avtalepart i intensjonsavtalen. 2.3 Styringsgruppe Avtalepartane hadde eit første møte i Aasen-tunet 21.8.2014. Der vedtok dei å opprette ei prosjektgruppe som føresett i intensjonsavtalen. Partane var samde om at Vinje kommune leier arbeidet i prosjektgruppa og har det samla ansvaret til anna er avtalt gjennom ein overtakingsavtale, medan Nynorsk kultursentrum skulle ha sekretærfunksjonen. Vinje kommune oppnemnde tre medlemer og Nynorsk kultursentrum to medlemer til gruppa: Rådmann Jan Myrekrok (leiar), ordførar Arne Vinje, kultursjef Signe Marie Kittelsaa, direktør Ottar Grepstad (Nynorsk kultursentrum), dagleg leiar Gaute Øvereng (Nynorsk kultursentrum / Ivar Aasen-tunet) og rådgivar Line Ruud Ørslien (Telemark fylkeskommune, observatør). Prosjektgruppa skulle leie arbeidet med å etablere grunnlaget for prosjektplanen. Gruppa stod fritt til å engasjere enkeltpersonar etter behov til avgrensa og definerte utgreiingsoppgåver. 2.4 Utviklingsprosjekt Partane vedtok i møte 21.8.2014 og 23.11.2014 rammene for eit utviklingsprosjekt for Vinjesenteret. Det var semje om at prosjektet skulle munne ut i eit operativt og erfaringsbasert dokument innanfor det tidsrommet intensjonsavtalen dekkjer. Nynorsk kultursentrum tok på seg å leie eit slikt utviklingsprosjekt gjennom direktøren. I møte 23.11.2014 godkjende partane eit budsjett på inntil 525 000 kroner for utviklingsprosjektet. Dette var avhengig av noko ekstern finansiering. Norsk kulturråd løyvde 75 000 kroner til prosjektet, medan 321 000 kroner blei dekt av Vinje kommune. Det endelege budsjettet for utviklingsprosjektet blei dermed redusert til 396 000 kroner. Kostnader til skisseprosjekt måtte kome i tillegg. For å få mest mogleg ut av midlane blei midlane overførte til Nynorsk kultursentrum som prosjektstøtte. Ved fakturering måtte Nynorsk kultursentrum ha lagt til 25 prosent mva, og det hadde redusert det faktiske prosjektbudsjettet med nær 100 000 kroner. Utviklingsprosjektet er gjennomført innanfor det reduserte budsjettet på 396 000 kroner. Avslutta prosjektrekneskap 2015 er lagd fram i tabell 1. Tabell 1. Prosjektrekneskap utviklingsprosjekt 2015 Inntekter Norsk kulturråd Vinje kommune Sum inntekter
75 000 321 000 396 000
Kostnader Løn og sosiale avgifter Honorar konsulentar m.m. Drift Reiser og møte Anna Sum kostnader
196 925 95 469 1 621 74 130 1 784 369 929
Overført til bruk i 2016
26 071
20
Summen som er til overs, går inn i arbeidet med skisseprosjektet, utvikling av nettstaden Vinjesenteret.no og produksjon av prosjektplanen. 2.5 Synfaringar Rådet i Nynorsk kultursentrum hadde møte i Vinje 10.4.2015 og fekk då synfaring både i bygningane og i kommunen. Styret i Nynorsk kultursentrum hadde seminar og styremøte i Vinje 18.–19.6.2015 med tilsvarande orientering og synfaring. Avdelingsdirektør Stein Sægrov og rådgivar Natalia Ryan frå Kulturdepartementet var på synfaring i Vinje 22.10.2015. 2.6 Stiftarar i Nynorsk kultursentrum Vinje kommune vedtok i 2014 å bli stiftar i Nynorsk kultursentrum. Etter positiv tilråding frå fylkesrådmannen vedtok hovudutvalet for kultur i Telemark fylkeskommune 18.9.2014 at også Telemark fylkeskommune skulle bli stiftar. Representantar for stiftarane møtest til vanleg to gonger i året. Vinje kommune var første gongen representert i rådsmøte 22.9.2014, Telemark fylkeskommune 10.4.2015. 2.7 Oppbygging mot opning Frå og med 2013 har Nynorsk kultursentrum og Vinje kommune samarbeidd om årleg markering av fødedagen til A.O. Vinje, som er 6.4. Dette blei gjort for å byggje opp interessa for Vinje-senteret, skape høve til å utvikle ny kunnskap og etablere dialog med sentrale brukarmiljø. Gjennom ein del foredrag og andre innslag har desse arrangementa vore både folkemøte og seminar som har gitt nyttig bakgrunnskunnskap til arbeidet med Vinje-senteret: Bjørn Bø: Journalistiske historier Ottar Grepstad: Vinje, Dølen, Aasen – tre sider av same målsak Stein Versto: Femti nye røyster. Vinnarane av Tarjei Vesaas’ debutantpris 1964– Olav Vesaas: A.O. Vinje – ein språkmann på leiting Olav Vesaas: Halldis og Tarjei om A.O. Vinje Lista blir utvida med liknande arrangement i 2016 og 2017. 2.8 Kommunikasjon Nynorsk kultursentrum og Vinje kommune presenterte intensjonsavtalen på eit ope møte i Vinje 4.4.2014. Frå då av har allmenta vore halden informert om arbeidet med Vinje-senteret. Partane sende ut ei felles pressemelding om Vinje-senteret 15.9.2014 med overskrifta «Arbeidet med Vinje-senteret i Vinje er i gang». Utdrag: «– Vinje kommune meiner alvor når vi no set i gang arbeidet for å skape eit Vinje-senter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald. Med Nynorsk kultursentrum har vi fått den samarbeidsparten vi ønskte, seier ordførar Arne Vinje. – No har vi opna Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, og responsen frå publikum overveldar oss. Alle røynslene frå dette arbeidet kjem Vinje-senteret til gode, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.» I kommunikasjonsarbeidet har dette vore bodskapen: Vi bruker eksisterande bygning for å skape nytt innhald Å bruke eksisterande bygning er kostnadseffektivt, berre det blir gjort rett Dei tre hovudforfattarane i prosjektet har brei litterær appell til svært ulike grupper
21
Erfaringane er der – vi treng ikkje vente og sjå korleis det først går med Hauge-senteret Vi hentar inn relevante erfaringar og leitar etter problem vi skal unngå Vinje-senteret blir ein kulturell og sosial møteplass Nynorsk kultursentrum laga ein kortversjon av prosjektet på ei A4-side som blei brukt i ulike høve frå hausten 2014, jamleg oppdatert. Frå og med denne prosjektplanen tener samandraget i kapittel 1 same funksjonen. Frå hausten 2014 sende Nynorsk kultursentrum med ujamne mellomrom ut det digitale meldingsbladet Nytt om Vinje-senteret. To nummer blei sende ut i 2014, to i 2015. 2.9 Open og inkluderande prosess Arbeidet med denne prosjektplanen har vore prega av ein meir open og inkluderande prosess enn tilsvarande plandokument for liknande prosjekt. Det vanlege er at eit forprosjekt blir presentert når det er ferdig, eller at ein prosjektplan blir lagd fram når arbeidet er avslutta. I arbeidet med Vinje-senteret har svært mange aktørar, institusjonar, personar fått høve til å gi innspel undervegs. Frå hausten 2014 til vinteren 2016 blei det gjennomført over 70 møte med lokale og sentrale organisasjonar, institusjonar, offentleg forvaltning, private verksemder og representantar for follevalde organ. Om lag 300 personar har vore med på desse møta. Komplett møteliste ligg føre (vedlegg 2). I tillegg til møta med organiserte miljø, organisasjonar og institusjonar blei det gjennomført ein idédugnad på Vinjar i april 2015. Dette var ein del av markeringa av 197-årsdagen til A.O. Vinje. Om lag 50 personar var med, og dei gav svært mange innspel med tydelege meldingar, i skiftande retningar (vedlegg 3). Prosjektplanen er heilt på linje med dei overordna synspunkta som kom fram på dugnaden. Fleire stader i planen blir synspunkta refererte og kommenterte, andre stader er dei nemnde utan særskild tilvising til dugnaden. Styret og alle tilsette i Nynorsk kultursentrum drøfta ein førebels versjon i desember 2015 og januar 2016. 2.10 Drøftingsframlegg Eit drøftingsframlegg på 263 sider blei sendt ut for merknader og innspel 21.1.2016. Fristen for merknader var 11.2.2016. Her kunne kven som helst kommentere kva som helst. Dette inkluderte representantane for dei 24 stiftarane som utgjer rådet i Nynorsk kultursentrum. I drøftingsframlegget var investeringskalkylane og driftsbudsjetta i kapittel 31 ikkje med. Det blei gjort slik av to grunnar. Den eine var at i ein plan med komplette budsjettframlegg risikerte ein at merksemda blei retta mot økonomien, og at dei mange andre viktige spørsmåla ikkje fekk den vekta som trengst. Den andre grunnen var at arbeidet med skisseprosjekt frå arkitektane ikkje hadde kome så langt at det var grunnlag for noko påliteleg reknestykke. Nynorsk kultursentrum legg aldri fram fakta- eller talgrunnlag som ikkje er kvalitetssikra og påliteleg. Drøftingsframlegget blei presentert på årsmøtet i Litteraturdagane i Vinje 24.1.2016, på eit ope folkemøte på Vinjar 25.1.2016 og på eit informasjonsmøte for Vinje kommunestyre 25.1.2016. Nynorsk kultursentrum sende også ut pressemelding om saka. På nettstadene Aasentunet.no og Haugesenteret.no var både heile drøftingsframlegget og ein kortversjon tilgjengelege.
22
2.11 Innspel til drøftingsframlegget Presentasjonen på dei tre møta utløyste ein del spørsmål som fekk sine svar der og då. På informasjonsmøtet for kommunestyret reiste ein representant innvendingar mot å leggje Vinjesenteret til Vinje skule, og ein annan la vekt på kostnadene. Ein innsendar på Facebook tok til orde for at Vinje-senteret burde leggjast til Akademiet i Rauland. Den endelege prosjektplanen inneheld eit nytt kapittel om lokalisering. Utanom munnlege heiarop kom det inn fem skriftlege merknader: Liv i Vinje v/styret, Vinje Vinjarlaget v/tyret, Vinje Tone S. Garnes, Vinje Olav Nordstoga, Vinje Anne Romtveit, Vinje Ingen hadde overordna kritiske merknader til innhald, profil, storleik eller organisering. Liv i Vinje minte om behovet for universelt tilgjenge til både hovudetasje og underetasje på Vinjar, og streka under at det framleis må vere garderobe for utøvarar ved arrangement på Vinjar. Også Vinjarlaget og Anne Romtveit la vekt på at der er gode garderobar for arrangement på Vinjar. Dette er følgt opp i kapittel 29.9. Tone S. Garnes tok særleg opp fleire sider av emnet språkleg mangfald, knytt til immateriell kulturarv og ytringsfridom, og skisserte fleire moglege vandreturar i regi av Vinjesenteret. Dette er følgt opp i kapittel 15.9 og 18.5. Olav Nordstoga tok særleg opp namnet på institusjonen. Dette er følgt opp i kapittel 14.4. «Me ser positivt på dette prosjektet og synes det er bra at ein kan få til ny aktivitet i dette bygget», skreiv Vinjarlaget.3 Liv i Vinje var også positive: «Me er svært glade for at de arbeider vidare med Vinje-senteret, då dette er noko av det største som har hendt bygda på mange år.»4
Vinje kan få eit museum som ikkje finst nokon annan stad. Det er i dette suksessen ligg. Å dyrke det eineståande. Ha noko som skil seg ut. Noko som skapar merksemd. Identiteten blir knytt til menneska som er representerte der, men den kan bli så mykje meir. Eg vil oppleva forteljinga om forteljinga innan dikting og journalistikk. Korleis hente fram og utvikle det gode skriftlege uttrykket? Om framtida til papiravisene, om pressefridom under press og grensa mellom journalistikk og reklame. Vinje-senteret må gje oss opplevingar og gjera oss klokare. Då blir museet både raust og levande. Astrid Versto, norsk ambassadør til Kroatia 3 4
Brev frå styret i Vinjarlaget til Nynorsk kultursentrum 9.2.2016. Brev frå styret i Liv i Vinje til Nynorsk kultursentrum 1.2.2016.
23
3
Internasjonale perspektiv
Ullstein-huset i Berlin. Foto: Becker & Knies
Nesten alle litterære museum rundt om i verda handlar om ein forfattar eller ei gruppe av forfattarar, og museum for presse eller journalistikk handlar mest om teknologi og institusjonar. Dei musea Nynorsk kultursentrum driv, skil seg ut med sin høgare himmel – nynorsk skriftkultur for Aasen-tunet, lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser for Hauge-senteret. Det gir medarbeidarane meir å spele på og publikum meir å oppleve. Nynorsk kultursentrum følgjer det internasjonale etiske regelverket som er fastsett for museum.
3.1 Museum for dikting og journalistikk Der er mange litterære museum i andre land, men det dominerande fellestrekket ser ut til å vere at dei handlar om éin person, éin institusjon, éin periode. At det er slik, kan ha med tradisjon og økonomi å gjere, men det kan også forklarast med at iallfall for dei store språkkulturane er kvar forfattar stor nok i seg sjølv. Dei musea Nynorsk kultursentrum driv, skil seg ut med sin høgare himmel – nynorsk skriftkultur for Aasen-tunet, lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser for Hauge-senteret.
24
Fernando Pessoa frå Lisboa er ein av dei mest folkekjære poetane i Portugal og ein bypoet for Lisboa. Casa Fernando Pessoa er eit lite museum over fire små etasjar der alt handlar om hans liv og verk, med skrivemaskinen hans plassert i ein krok bak ei dør. Der er mange Goethe Haus i Tyskland, og gjestene får lite meir enn historia om liv og verk. Jamføring med andre litterære tradisjonar og språklege skriftkulturar er ikkje relevant eller nødvendig. Mårbacka i Sverige var heimstaden til Selma Lagerlöf og er no eit senter for denne forfattarskapen. Det gigantiske pressemuseet Newseum opna i nye, store lokale i Washington D.C. 11.4.2008 med mottoet «There’s more to every story». Eigaren er Freedom Forum, skipa i 1991. Museet fyller seks etasjar og 23 200 m2. Ved sida av arrangement og utstillingar er der eit eige Newseum Institute som særleg arbeider med ytrings-, presse- og religionsfridom. På nettstaden er Journalists Memorial eit av innslaga med informasjon om journalistar som fall på post – 2270 var registrerte i februar 2016.5 Etter planen opnar American Writers Museum i Chicago mars 2017 med mål om minst 120 000 betalande gjester i året.6 Investeringane fram til opning er budsjetterte til 56 millionar NOK og årlege inntekter til 11 millionar. Målet er å skaffe minst 86 millionar innan utgangen av 2016. Etter nettstaden å døme blir dette eit museum som dekkjer eit vidt litterært felt, rett nok avgrensa til USA. Museet vil ”engage the public in celebrating American writers and exploring their influence on our history, our identity, our culture, and our daily lives”. Dei ønskjer å inspirere gjestene sine til å oppdage eller oppdage på ny kjærleiken til lesing og skriving. På nettstaden viser dei til 51 nettstader for museum om enkeltforfattarar i USA. Også i Tyskland er der museumsplanar. I Berlin har det i lengre tid vore arbeidd med å etablere Deutsches Pressemuseum i ein del av hovudbygningen til mediekonsernet Ullstein. „Ein Museum, das die Pressetradition Berlins als Hauptstadt zum Mittelpunkt hat und von diesem Kern aus die nationale Pressegeschichte spiegelt und darstellt, fehlt bislang in der deutschen Kulturlandschaft. Allgemeiner ansetzende Medien-, Zeitungs- oder Kommunikationsmuseen können diese Lücke nicht füllen. Ein nicht nur deutschlandweit, sondern auch in Europa, einmaliges Museumsprojekt“, heiter det på nettstaden om prosjektet.7 Det tyske pressemuseet skal skildre utviklinga av pressa frå 1870-åra til i dag: “Im Zentrum steht die Rolle und der Wert von Journalismus als sogenannte ‘Vierte Gewalt‘ und der Rohstoff des Journalismus - die Nachricht und ihre Entstehungsbedingungen.“ I første omgang skal museet disponere inntil 1000 m2 til utstilling. Oppdatert informasjon etter 2013 er vanskeleg å finne. Tidlegare på 2000-talet blei det arbeidd med å etablere Deutsches Pressemuseum Hamburg. 3.2 International Council of Museums (ICOM) Den internasjonale museumsorganisasjonen blei skipa i 1946. Organisasjonen har 28 000 medlemer i 137 land og er delt inn i 30 internasjonale komitear og 115 fagkomitear. Nynorsk kultursentrum er med i to: Norsk ICOM International Committee for Literary Museums (ICLM) ICOM har generalkonferanse kvart tredje år, neste gong i Milano 2016. Der er Nynorsk kultursentrum representert. http://www.newseum.org/exhibits/online/journalists-memorial/, lesedato 25.2.2016. American Writers Museum: Visitor experience & Business plan, http://americanwritersmuseum.org/, lesedato 5.12.2015 og 13.2.2016. 7 http://www.dpmu.de/Pressemuseum/Willkommen.html, lesedato 23.11.2015. 5 6
25
“ICLM's principal aim is to develop activities such as research, publishing, exhibition and education for literary historical/biographical museums and composers' museums. Its members receive one newsletter per year and have the opportunity to participate in annual conferences and in the activities of a number of working groups”. ICLM hadde i 2014 161 individuelle medlemer og nokre institusjonsmedlemer.8 Som avdeling i Nynorsk kultursentrum blir Vinje-senteret integrert i dette internasjonale arbeidet. 3.3 ICOMs etiske regelverk ICOM vedtok eit museumsetisk regelverk i 1970, sist revidert i 2004. Som medlem i ICOM har Nynorsk kultursentrum forplikta seg til å følgje regelverket. Styret drøftar regelverket ein gong kvart fjerde år, neste gong i 2016, og alle fast tilsette skal ha kopi av regelverket på arbeidsplassen sin. Særleg viktig er kapittel 2, der desse prinsippa blir slått fast: Museer har plikt til å anskaffe, bevare og utvikle samlinger som bidrar til å sikre samfunnets naturarv, kulturarv og vitenskaplige arv. Disse samlingene utgjør et viktig felles kulturgode som har en spesiell juridisk status og internasjonalt rettsvern. I dette samfunnsansvaret ligger forvalteroppgaver som inkluderer aktsomhetsplikt, langsiktig vern, dokumentasjon, tilgjengelighet og avhending under ansvar. Som ein institusjon med både arkiv, bibliotek og museum legg Nynorsk kultursentrum regelverket til grunn for alle desse delane av verksemda og dermed for rutinane for innsamling, registrering og katalogisering, utlån og deponi, avhending og kassasjon. I 2016 tek styret sikte på å vedta eit eige etisk regelverk for Nynorsk kultursentrum som går vidare enn det felles internasjonale. Arbeidet med dette tok til på stabsseminaret for alle tilsette i januar 2016. 3.4 International network of language museums Nynorsk kultursentrum publiserte vinteren 2015 eit første oversyn over språkmuseum verda rundt. Dokumentasjonen femner om 59 museum.9 Dette arbeidet blir grunnlaget for International network of language museum. Hausten 2015 inviterte Nynorsk kultursentrum alle musea til å bli med i dette nettverket. Samarbeidet blir bygd på digital kontakt, men ei første samling blir arrangert under den internasjonale museumskongressen i Milano juli 2016. I februar 2016 hadde 11 museum i 11 land i tre verdsdelar meldt seg inn i nettverket. Fleire kan kome til. 3.5 Litterære museum i Norden Nettverket «Litterære museer i Norden» blei skipa i 1998 og har om lag 50 medlemsinstitusjonar – litterære museum, komponistmuseum, litterære selskap. Nettverket har samlingar om lag kvart tredje år. Etter planen er neste samling i Sverige i august 2016. Mellom samlingane er det lite aktivitet i dette nettverket.
8 9
President Galina Alekseeva i ICLM i e-post 22.5.2014. Ottar Grepstad (ed): A world of languages and written culture, Ørsta 2015, www.aasentunet.no. useums.
26
4
Immateriell kulturarv og verdsarv
Olea Crøger i møte med ein tradisjonsberar. Skulptur ved Heddal stavkyrkje. Foto: Jan Ove Kvande
UNESCO vedtok i 2003 konvensjonen om vern av immateriell kulturarv, som mellom anna gjeld munnleg tradisjon og handboren kunnskap. I 2015 fekk dei industrihistoriske kulturminna på Rjukan og Notodden verdsarvstatus, med vasspegelen i Møsvatn som oppsluttande verdi i Vinje. Den verdsarvstatusen skal mellom anna tene til å byggje identitet. Vinje kommune er svært rik på kulturminne, og 1243 enkeltminne er automatisk freda. Eit av dei er Vinjestoga. Den beste måten å verne kultur på er å bruke den, og der er brei politisk emje om at Vinje også i framtida skal assosierast med kultur, natur og tradisjon.
4.1 Immateriell kulturarv Kulturarv er meir enn bygningar og dokument. Språk, utøvande kunst, dans, sosiale skikkar, ritual, tradisjonelt handverk og praktiske ferdigheiter knytte til naturen er òg ein del av vår kulturelle arv. Immateriell kulturarv har på grunn av sin eigenart vore etter måten usynleg i forhold til den materielle. For mange er immateriell kulturarv ei kjelde til identitet med forankring i historia. Filosofi, verdiar og tenkjemåtar blir overførte gjennom munnlege tradisjonar, språk og andre former for ikkje-materiell kommunikasjon, og utgjer eit fundament for den fellesskapen samfunn er. Her passar det å sitere Knut Jonassen frå Standard Norge på Språkdagen 2014:
27
«Språk er den viktigaste infrastrukturen i eit samfunn.» Nokre av tradisjonane, kunnskapane og uttrykka er i ferd med å gå tapt, medan andre har gode vilkår for å bli vidareførte. UNESCO vedtok i 2003 ein internasjonal konvensjon om immateriell kulturarv. Der er emnet definert slik: «Immateriell kulturarv betyr praksis, framstillinger, uttrykk, kunnskap, ferdigheter – samt tilhørende instrumenter, gjenstander, kulturgjenstander og kulturelle rom – som samfunn, grupper, og i noen tilfeller, enkeltpersoner anerkjenner som en del av sin kulturarv. Denne immaterielle kulturarven, som er overført fra generasjon til generasjon, blir stadig gjenskapt av samfunn og grupper i forhold til deres miljø, i samspill med naturen og med historien og gir dem en følelse av identitet og kontinuitet, noe som fremmer respekt for kulturelt mangfold og menneskelig kreativitet. I forbindelse med denne konvensjonen tas kun i betraktning immateriell kulturarv som er forenlig med de eksisterende internasjonale menneskerettighetsinstrumentene og med kravene om gjensidig respekt mellom samfunn, grupper og enkeltpersoner samt en bærekraftig utvikling.» Artikkel 1 i konvensjonen trekkjer fram desse føremåla: verne den immaterielle kulturarven sikre respekt for den immaterielle kulturarven til samfunn, grupper og,enkeltpersoner auke kunnskap og forståing lokalt, nasjonalt og internasjonalt om kva den immaterielle kulturarven har å seie, og syte for gjensidig godtaking av dette syte for internasjonalt samarbeid og bistand I artikkel 2 er fem temaområde nærmare omtalte: Munnlege tradisjonar og uttrykk, under dette språk som eit uttrykksmiddel for immateriell kultur Utøvande kunst Sosiale skikkar, ritual og høgtidsfestar Kunnskap og praksis som gjeld naturen og universet Tradisjonelt handverk Noreg ratifiserte UNESCO-konvensjonen i 2007. Som eit juridisk dokument på overnasjonalt nivå pålegg konvensjonen det norske samfunnet store forpliktingar for vern av immateriell kulturarv. Kjerneverksemda til Nynorsk kultursentrum ligg innanfor nemninga immateriell kulturarv. I Visjon og strategi 2016-2019 er det i samband med samfunnsoppdraget omtalt slik: «Språk er den nødvendige føresetnaden for all litteratur, frå sakprosa til lyrikk, og litteraturen pregar språket. Den nynorske grunntanken om kort avstand mellom tale og skrift inneber at språk kan demokratisere samfunn. Vi vil bruke kunnskap om språk og litteratur i fortid og samtid til å endre framtida slik at fleire blir og blir verande nynorskbrukarar.» Som det største litteraturmuseet i Noreg, landets einaste senter for lyrikk i mange former i Noreg, det einaste språkmuseet i Norden og det eldste språkmuseet i verda forvaltar Nynorsk kultursentrum både skriftlege og munnlege tradisjonar og litteratur som kulturbærande uttrykksmiddel. Inkludert Allkunne som det einaste redigerte leksikonet på nynorsk når Nynorsk kultursentrum breitt ut til fleire tusen brukarar dagleg. Skriftspråk og talemål bind oss saman og skil oss, gjennom tradisjonelle medium, digitale medium, litteratur frå lyrikk til bruksgrafikk. Her kan vi utforske nye bruksområde for talt og skrive språk. Kulturrådet sette i 2015 av to millionar til prosjektbasert arbeid med immateriell kulturarv. Målet er å stimulere til prosjekt som styrkjer arbeidet med vern og vidareføring av
28
immateriell kulturarv i Noreg både lokalt, regionalt og nasjonalt og samtidsorienterte prosjekt som utforskar og reflekterer over tradisjonar, tradering og det immaterielle som fenomen i ein samfunnskontekst. Institusjonar i Det nasjonale museumsnettverket må samarbeide med aktørar i det frie kulturvernet og/eller profesjonelle kunstnarar for å kvalifisere til støtte. Nynorsk kultursentrum sette i 2015 i gang eit meir systematisk arbeid med immateriell kulturarv. Rådet la grunnlaget for dette arbeidet med ei første drøfting av saka hausten 2015. I tidsrommet 2016–2019 vil Nynorsk kultursentrum konkretisere aktuelle prosjekt og problemstillingar som kan styrkje arbeidet med vern og vidareføring av immateriell kulturarv både lokalt, regionalt og nasjonalt. Samtidsorienterte prosjekt som utforskar og reflekterer over språklege tradisjonar, tradering og litterære fenomen i ein samfunnskontekst, er særs aktuelle. 4.2 Verdas dokumentarv Nokre manuskript av Ivar Aasen blei vinteren 2012 lagde inn i det som blir kalla Noregs dokumentarv. Dette er eit register over ein del av dei viktigaste dokumenta i norsk historie, næringsliv, kulturliv og anna samfunnsverksemd. Registret er ei nasjonal utgåve av UNESCO sitt Verdsminne-program (Memory of the World). Dette skal tene til å verne og gjere tilgjengeleg dokumentarven i verda og ta form som menneskja sitt kollektive minne. Dokument er handfaste, ikkje immaterielle, men i røynda er det to sider av same sak. I begge tilfella handlar det om måtar å sikre det kollektive minnet på. Der språk står på saklista, melder raskt spørsmålet om dokument seg – for dei språka som har ein skriftspråktradisjon. Arbeidet med Vinje-senteret har aktualisert eit spørsmål: Er der dokument frå norsk mediehistorie som er så unike at dei bør bli ein del av dokumentarven i verda? 4.3 Vatn i verdsarven Den 4.7.2015 gav UNESCO verdsarvstatus til Notodden og Rjukan med sine industrihistorier. Då var det gått seks år sidan Noreg presenterte dei to byane som kandidat til verdsarvstatus for sine industrihistoriske kulturminne. Det lokale forvaltningsansvaret ligg hos kommunane Tinn, Notodden og Vinje. For Vinje sin del utgjer vasspegelen i Møsvatn det som blir kalla ein oppsluttande verdi til RjukanNotodden som verdsarv. Konsesjonane til å regulere Tokke-Vinje-vassdraget blei gitt 1956– 1964 og sju kraftstasjonar blei bygde i 1960- og 1970-åra. Desse produserer no om lag 4,5 TWh, nok til å forsyne 250 000 husstandar med straum. Inntektene frå denne vasskrafta gjer at Vinje kommune har mykje høgare inntekt per innbyggjar enn gjennomsnittskommunen i Noreg.10 Riksantikvaren skriv at «verdensarvstatus innebærer ikke en ny form for vern, men gir et ekstra kvalitetsstempel til området og en eksklusiv internasjonal status. En plass på listen betyr at det må foretas lokale verdivalg innen fremtidig areal- og ressursbruk. Det er viktig å unngå en utvikling som ødelegger kulturverdiene samt ha en forvaltningsplan som viser hvordan en vil ta vare på arven. En verdensarvstatus er noe et sted eller område skal ha gjort seg fortjent til å oppnå. Lokalsamfunnet må derfor vise tydelig oppslutning om, og vilje til å påta seg å beskytte og videreføre de verdiene som verdenssamfunnet mener er fremragende og universelle. Det 10
Kulturminneplan for Vinje kommune, versjon 1.0, Vinje 2013, s. 38.
29
skal rapporteres jevnlig til UNESCO om tilstand og utvikling av disse verdiene.» Det er eit vedteke hovudmål, heiter det i den strategiske planen for kultur i Telemark fylkeskommune, at «verdensarvstatus skal være grunnlag for næringsutvikling, samfunnsutvikling, identitetsbygging og gode levekår».11 I Noreg er ti stader ein del av verdsarven i UNESCO. I heile verda er det om lag 900 slike stader. Status som verdsarv er gitt for all tid. Kommunane Tinn, Notodden og Vinje har skipa eit interimstyre for verdsarvprosjektet. Vinje kommune er i gang med sin del av det strategiske og praktiske arbeidet med å følgje opp verdsarvforpliktingane. Det er også fylkeskommunen. Som ein del av Norsk industriarbeidermuseum på Rjukan blir Lysbuen industri- og kunstmuseum etablert på Tinfos. Alexander Ytterborg tok 1.2.2016 til som verdsarvkoordinator, fullt ut finansiert av Riksantikvaren. Museet på Rjukan får ansvaret for to verdsarvsenter som er under oppbygging på Notodden og i Rjukan. «Hele Telemark vil dra nytte av denne verdensarvstatusen, og mine forhåpninger er at kulturformidlingen blir løftet opp i en nasjonal elitedivisjon», skreiv fylkeskultursjef Geir Berge Nordtveit ved utgangen av 2015.12 4.4 Kulturminne: ein bit av Vinje Kulturminneplan for Vinje kommune datert 10.10.2013 inneheld mykje. I innleiinga blir det slått fast at Vinje kommune er kopla til tradisjon, kultur og kunst: «Framfor alt er Vinje kjend for diktarane, musikarane og skulptørane sine, for den eldre bygningsmassen med loft og but attende frå mellomalder, og for det levande tradisjonshandverket».13 Det er brei politisk semje om at Vinje også i framtida skal assosierast med kultur, natur og tradisjon, heiter det i planen. Førhistoria til fjellkommunen Vinje er dominert av spor etter reinsfangst og jernvinne. Vinje kommune har svært mange registrerte kulturminne. I Riksantikvarens offisielle database Askeladden er det registrert 1486 lokalitetar med 1632 enkeltminne, og 1705 bygningar i hovudsak eldre enn 1850, er merka med koden raud. Vernestatus er gradert i 12 nivå. Heile 1079 lokalitetar med 1243 enkeltminne – sju av ti – er automatisk freda, 75 enkeltminne er vedtaksfreda eller forskriftsfreda (mellom dei Vinjestoga), og 139 enkeltminne har uavklara status. Databasen inkluderer også 170 enkeltminne som er fjerna, som ikkje lenger er freda, eller som enno ikkje er freda. Vinje kommune har også mange immaterielle kulturminne: «Der er ein sterk og levande forteljartradisjon i Vinje kommune».14 Skal dette halde fram, må ein verne om både forteljaren, forteljinga og naturformasjonar som ofte er viktige i desse forteljingane. Vinje kommune ønskjer difor å få vurdert kva som manglar i dei arkiva og samlingane som alt finst, og eventuelt setje i gang systematisk innsamling og dokumentasjon før det er for seint, det vil seie før kjeldene har gått bort. Det som blei kalla ei brei verdiskaping basert på kultur- og naturarv, blir framheva i planen. Denne verdiskapinga kan delast i fire: miljømessig, kulturell, sosial og økonomisk. Den kulturelle verdiskapinga handlar om å «auke kunnskap og medvit om lokal kultur- og
Telemark fylkeskommune: Strategi for kultur og kulturarv 2014–2025, s. 10. Fylkeskultursjef Geir Berge Nordtveit i e-post 22.12.2015. 13 Kulturminneplan for Vinje kommune, versjon 2.0, Vinje 2013, s. 8. 14 Same stad, s. 13. 11 12
30
naturarv, særpreg, tradisjonar, historieforteljing og symbol som grunnlag for utvikling og formidling av identitet og byrgskap knytt til staden».15 Gjennom kulturminneplanen har Vinje kommune prioritert kulturminne ut frå fire kriterium: tilgjenge frå bilveg, hovudferdselsårer og senter, informasjonsbehov, og variasjon i type og alder. Dette har resultert i sju prioriterte kulturmiljø. Eit av desse er grenda Vinje. Mange vil ha med seg ein handfast minne heim – ein bit av Vinje, som det treffande blir kalla i kulturminneplanen. Verdien ligg særleg i at tilbodet kan knytast til kunnskap, informasjon og oppleving. Hordaland, Buskerud og Telemark fylkeskommunar hadde ved inngangen til 2016 i arbeid ein kulturminneplan for Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområde Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell. Det blei halde folkemøte om saka hausten 2015 i Ullensvang, Vinje og på Geilo. I Vinje er det funne far etter folk gjennom meir enn 4000 år, mellom anna fleire gravstader. Grenda Vinje er ein slik minnestad med to gravhaugar frå eldre jernalder, om lag 2000 år gamle. Desse ligg like vest for Vinjar samfunnshus. Ned mot Vinjevatnet er det også mange andre kulturminne, til dømes kokegroper. 4.5 Kulturvern gjennom bruk I Noreg står om lag 6900 freda bygningar.16 Dei fleste av desse er freda av kunst- og arkitekturhistoriske grunnar. I Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste om kulturminnepolitikken ville regjeringa «sikre vern av underrepresenterte kulturminner som har nasjonal verdi». Stortinget handsama meldinga sommaren 2013. Komiteen la då mellom anna vekt på at «alle kulturminner og kulturmiljøer inngår som elementer i samfunnets kollektive hukommelse», og medlemene frå Høgre og Framstegspartiet peika på at «man øker sjansen for å ta vare på et bredt spekter av kulturminner, dersom disse er i aktiv bruk og fyller en funksjon».17 Riksantikvaren har dei siste åra utvikla ein ny fredingspolitikk og legg no meir vekt på å frede bygningar også ut frå den historiske bruksverdien. No handlar det ikkje minst om bygningar som blei forma for fellesskap og demokrati. På ei liste med ti prioriterte grupper er fellesskapsstadene nr. 5: grunnskular på bygdene, bedehus og andre forsamlingshus, rådhus og historiske stader. Av slike finst det om lag 40 000, mellom dei 5300 forsamlingshus, 850 ungdomshus, 3600 bedehus, 5200 skulehus. Dels vil det handle om å bevare gjennom bruk, dels om å bevare eit representativt utval. Dei fleste blei bygde før 1940, og for desse husa er bruken viktigare enn estetikken. Mange hus er rivne; ein reknar med at 36 prosent av alle skulehus er borte. Til no er eitt skulehus, tre bedehus og to ungdomshus freda.
Same stad, s. 24. Framstillinga byggjer på notat frå seminaret «Motkulturens kulturminner», arrangert av Riksantikvarens utviklingsnett i Stavanger 23.4.2015. 17 Innst. 499 S (2012–2013), s. 5–6. 15 16
31
5
Minnepolitiske perspektiv
Pressemuseet Fjeld-Ljom, Røros. Foto: www.fjeld-ljom.no
Moderne museum lever i samtida, aktiviserer gjester og brukarar og lagar forteljingar som berre dei kan formidle slik dei gjer. Minnepolitikk er å bruke fortida til å fremje interesser eller verdiar i samtida, og pregar den minnekulturen som finst i eit samfunn. Museum er basisinstitusjonar i den norske minnekulturen. Der er berre to små pressemuseum og eit senter for avisteikning i Noreg. Litterære museum er det fleire av, men dei fleste er små i omfang og har svært få tilsette. Minnepolitisk er 200-årsjubileet for A.O. Vinje i 2018 eit av dei viktigaste kulturjubilea fram mot 2020.
5.1 Minnepolitikk som strategi Minnepolitikk er bruk av fortida til å fremje interesser eller verdiar i samtida. Dette har vore ein del av vestleg kultur like sidan antikken. I den klassiske retorikken var forfedrane ein grunnleggjande kategori. Å vere på parti med fortida var ein nødvendig føresetnad for å ha makt over framtida. Dette har prega den politiske talekunsten i fleire tusen år. Minnepolitikk har såleis med mykje meir å gjere enn runde år og jubileum. Til langt
32
ut på 1800-talet arrangerte ein festar til minnet om forfedrane. Det var til ein slik fest i 1868 at A-.O. Vinje skreiv «At far min kunde gjera».18 Historisk er der ei ubroten linje mellom demokrati og minnepolitikk like frå det antikke Hellas. Den klassiske retorikken var ein viktig del av grunnlaget for samfunnsorganiseringa. Det gjaldt å ha forfedrane – formødrene kom mykje seinare – på si side ved å vise eigen samanheng til deira tankar, gjerningar og resultat. Den dag i dag er dette eit politisk grunnargument i den offentlege ordskiftet, tydelegare i nokre samfunn enn i andre. Difor kan eit kritisk arbeid om minnepolitikk seie noko om fortidas rolle i eit moderne samfunn. I artikkelen «Kunsten å jubilere» i Nytt norsk tidsskrift 2006 viser Olaf Aagedal og Ånund Brottveit korleis nasjonale kulturjubileum får følgjer for det dei kallar minnekulturen i samfunnet. Den danske historikaren Anette Warring har i studien Historie, magt og identitet (2003) brukt ordet «minnepolitikk» om danske grunnlovsjubileum. Omgrep treng ei utdjuping og presisering gjennom museumsteori, retorikk og museumsempiri. Kunsten å jubilere handlar om tolking og vurdering av fortida. Det gjeld å ha definisjonsmakt over fortida. Jubileum har alltid ein del offisielle, representative talar og innslag, men jubileum opnar som regel også for at fleire grupper og miljø kan gripe noko av den definisjonsmakta. Minnepolitikk blir ført heile tida, men er mest styrt og målretta i nasjonale (eller lokale) jubileum. Slike jubileum er med og syner korleis samfunn endrar seg og kva det er viktig å ta vare på. Ei organisert gruppe kan drive ein effektiv minnepolitikk som er med og styrkjer den opplevde fellesskapen deira. Der er «alltid» eit jubileum. Det siste tiåret har store jubileum vore markerte for fleire forfattarar innanfor Litteraturnettverket. Musea arbeidde også mykje med både Språkåret, Stemmerettsjubileet og Grunnlovsjubileet. I eit språkhistorisk perspektiv er 500-årsjubileet for reformasjonen i 2017 svært interessant. Litteraturhistorisk er det 100-årsjubileum i 2018 for båe André Bjerke og Hans Børli, og 200-årsjubileum for A.O. Vinje. Studiar i musea som minnepolitiske institusjonar må inkludere både kjønnspolitiske og språkpolitiske perspektiv. Dette handlar både om individuelle posisjonar, ideologiske normer, sosiale maktfaktorar og institusjonelle rammevilkår. Korleis kan ein minnepolitikk verke utskiljande eller integrerande? På kva måte speglar musea ein rådande minnepolitikk, og korleis opnar dei nye utvegar? Litterære museum arbeider i skjeringspunktet mellom tilblivings- og resepsjonshistorie. Den samlingsorienterte verksemda gir andre inngangar til liv og verk enn dei som pregar allmenne litteraturhistoriske framstillingar. Formidlingsarbeidet sorterer liv og verk på fagleg forsvarleg vis, og musea legg ofte mykje vekt på den rolla dei ulike forfattarane har hatt som dei fortel om. Slik tolkar musea resepsjonshistoria samstundes som dei utvidar den med nye resepsjonar. Både litterære og andre museum arbeider mykje med opphavsmytar: Korleis kunne visse forteljingar som i dag er så fagleg misvisande, festne seg slik dei gjorde og bli oppfatta som gyldige jamvel i dag? Minnepolitisk representerer den utflytta og den tilbakeflytta forfattaren ei påminning om at kunstnarheimen langt på veg er ein romantisk myte. Forfattarar bur som regel mange stader gjennom forfattarskapen sin, og dei vel ulike strategiar. A.O. Vinje ordla seg ganske kritisk om Vinje-bygda og hadde lite å gjere med heimbygda etter at han flytta derifrå i 1840åra. Truleg var han i Vinje siste gongen i 1864, i jordferda til faren.19
18
19
A.O Vinje: «Fedraminne», Dølen 2.2.1868. Olav Vesaas: «A.O. Vinje – ein språkmann på leiting», foredrag på 195-årsdagen for A.O. Vinje i Vinjar 6.4.2013.
33
Fleire museum har arbeidd med større bibliografiske prosjekt. Utførlege bibliografiar inneheld eit kulturseismografisk avtrykk av samtida og viser korleis interessa for ein kunstnarskap eller forfattarskap har skifta over tid, ofte også kva som har utløyst slike endringar. 5.2 Telemark i norsk minnekultur Då den dansknorske embetsstanden og byborgarskapet oppdaga Noreg, gjorde det noko med Telemark. I den urbant utforma nasjonalromantikken var alt som blei oppfatta som norsk, tillagd ein ny kulturell og sosial status. Det var mykje Telemark i det norske, skriv litteraturforskaren Olav Solberg i Telemarks historie.20 Det var det også i det som historikarane seinare kalla den norske nasjonsbygginga på 1800-talet og langt ut på 1900-talet. Som ny nasjonalstat, førebels i union med Sverige, trong Noreg etter 1814 si eiga historie og dermed ein eigen minnekultur. Iallfall trong dei styrande og eigande makter ei slik historie. På folkemunne levde historier som i sum kunne utgjere ein del av ei slik historie, men denne blei først ordna, redigert og skriftfesta på 1800-talet. Denne skriftfestinga stadfesta Telemark som eit av fleire sentrum i norsk minnekultur. Telemark blei også eit merkenamn utanfor landegrensene, først i skiidretten, seinare også i kunst- og litteraturhistoria, med tungvassaksjonane også i krigshistoria. Bygdekulturane i nord og vest møtte etter kvart industrialiseringa i sør og aust. Det har gitt Telemark eit preg av tradisjon og modernitet som ikkje er særmerkt for dette fylket, men som har fått si særmerkte form her. Å stå i ein tradisjon innebar ikkje å stivne i møtet med det moderne. Difor er minnekulturen i Telemark også prega av modernisering. Ein Tarjei Vesaas visste alt om kvar han kom frå, men ville vere midt i tida og la språket tole samtida i trygg visse om at tradisjonen var sterk nok. Ein sterk minnekultur kan vere ein føresetnad for modernisering og demokratisering. Å vere trygg på sitt eige gjer det mogleg å tenkje nytt. Difor handlar minnekultur også om politikk. Nettopp i telemarksbygder med den sterkaste minnekulturen røysta særleg mange for republikk i 1905. Heile 82 prosent i Rauland og 75 prosent i Vinje ville ha republikk, mot 31 prosent i Skien og 24 prosent i Porsgrunn.21 For Noreg sett under eitt var støtta til republikk sterkast i dei indre fjord- og fjellbygdene.22 Frå 1869 til han døydde i 1902 dikta Elias Blix godt over 200 salmar og songar. Som så mange andre stader stod det kring 1900 strid i Vinje om salmane hans skulle takast i bruk eller ikkje. Kvinnene blei nekta å ta del i avgjerda, og striden førte til at Vinje Kvenderøysterettslag blei skipa med Gunnbjørg Vinje (fødd 1853) som den første leiaren.23 I 1886 hadde ho saman med sambygdingen Olav Løk vunne andrepremien i ein konkurranse Vestmannalaget hadde lyst ut om beste læreboka på nynorsk. No dreiv ho fram både kvinnesak og republikk. Kvinnene hadde i prinsippet alt frå 1892 røysterett ved lokale avgjerder om opplæringsspråk i skulen, men i 1905 hadde dei ikkje noko dei skulle ha sagt. Dei sa det likevel. Over heile landet samla kvinneforeiningar inn 300 000 røyster for at unionen med Sverige
20
Olav Solberg: «Telemark i det norske», i Nils Ivar Agrøy og Ellen Schrumpf (red.): Telemarks historie, band 2, Bergen 2014, s. 239. 21 Nils Ivar Agrøy; «Fra passivitet til radikalisme», i Nils Ivar Agrøy og Ellen Schrumpf (red.): Telemarks historie, band 2, Bergen 2014, s. 191. 22 Jostein Nerbøvik: Norsk historie 1870–1905, Oslo 1996, s. 232. 23 Eli Bjørhusdal: Målkvinner før 1900, Volda 2001, s. 134.
34
skulle oppløysast. Ved den offisielle folkerøystinga røysta 368 000 menn over 25 år. 2000 underskrifter frå kvinner blei samla inn i Øvre Telemark, og desse stilte Vest-Telemark Museum ut sommaren 2013.24 Språk høyrer ein minnekultur til. Arbeidet med denne prosjektplanen har stadfesta kor sterke band vinbyggjer har til språket sitt. Ein av fleire krokar å henge det sjølvbiletet på, finn ein i det portrettet A.O. Vinje skreiv om diktaren og stortingsmannen Tormod Knutsson Borgejordet frå Kviteseid i 1868.25 Vinje avslutta portrettet med eit kollektivt språkportrett av samtida der han først og fremst heidra den språkmeistringa han møtte så mange stader: «Eg kjenner enno mange yngre Skulemeistrar der uppe fraa Thelemork med gode Diktargaavor – eg heve sagt, at eg skulde forsyne heile Skandinavien med Poeter derifraa – desse skulde spegla seg i ‘n Thormod og dikta i sit Modersmaal. Eg kjenner ingen Maken hans, det er sannt, og Tanken der heime var, at Liken hans hadde der ikke funnis i dei sidste Mannsaldrar.» Den vesle samlinga Blandede Rimerier frå 1846 var det einaste Borgejordet sette på trykk av dikt, men mange av dei levde på folkemunne. I dag er han lite anna enn eit namn for dei lokalkjende. Slik kan ein minnekultur skifte. 5.2 Litterære museum i Noreg Nynorsk kultursentrum oppretta i 2008 Litteraturnettverket som eit nasjonalt nettverk for litterære museum. Målet for nettverket er å «utvikle aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar som legg vekt på kritisk refleksjon og skapande innsikt, og som gjennom samarbeid styrkjer språkets, litteraturens og musikkens plass i Noreg».26 Til og med 2014 leidde Nynorsk kultursentrum nettverket, og frå 2015 tok Aust Agder museum og arkiv v/Grimstad bys museer over leiaransvaret. 14 museum og organisasjonar er med i nettverket. Nynorsk kultursentrum / Aasen-tunet og Hauge-senteret Akershusmuseet / Asker museum Aust Agder museum og arkiv / Grimstad bys museer Anno museum / Aukrustsenteret, Bjørgan prestegård, Rendalen bygdemuseum, Oppistun Børli, Sagstua, Kvinnemuseet Helgeland Museum / Petter Dass-museet Jærmuseet / Garborgsenteret Kunstmuseene i Bergen / Edvard Grieg Museum Lillehammer museum / Dikterhjemmene Emma og Olav Duuns hjem Nordlandsmuseet / Hamsunsenteret Norsk Folkemuseum / Ibsen-museet Olav Duun Stiftinga Ryfylkemuseet Telemark Museum / Henrik Ibsen museum Der er fleire litterære museum enn desse, men dei musea som er med i Litteraturnettverket, forvaltar liv og verk etter 20 forfattarar og komponistar: Randi Berdal Hagen: «Heidrar to sterke kvinner», Vest-Telemark Blad 13.6.2013. «Thormod Knutsen Borgejordet», Dølen 11.10.1868. 26 Plattform for Litteraturnettverket vedteken 16.2.2008, stadfesta 4.2.2011, sitert frå Arbeidsplan for Litteraturnettverket 2011–2014, s. 14. 24 25
35
Petter Dass (1646–1707) Ole Bull (1810–1880) Ivar Aasen (1813–1896) Henrik Ibsen (1828–1906) Bjørnstjerne Bjørnson (1832–1910) Edvard Grieg (1843–1907) Arne Garborg (1851–1924) Jakob Breda Bull (1853–1930) Ivar Mortensson Egnund (1857–1934) Knut Hamsun (1859–1951) Rasmus Løland (1861–1907) Hulda Garborg (1862–1934) Dagny Juel (1867–1901) Olav Duun (1876–1939) Sigrid Undset (1882–1949) Sigurd Hoel (1890–1960) Harald Sæverud (1897–1992) Olav H. Hauge (1908–1994) Hans Børli (1918–1989) Kjell Aukrust (1920–2002) Berre Aasen-tunet og Hauge-senteret er meir enn reine personmuseum. Ingen av musea arbeider med journalistikk som definert emne, heller ikkje samspelet mellom dikting og journalistikk 5.3 Pressemuseum i Noreg Der er to små pressemuseum i Noreg. Begge legg mest vekt på den teknologiske sida av historia, og begge er knytte til kvar si avishistorie. I tillegg er der eit hus med ei særskild historie, og eit museum for biletkunst, i dette tilfellet avisteikninga. Rundt om på norske museum vil det finnast fragment av historia om presse og om journalistikk. Det eine pressemuseet held til i ein bygning på Røros som var avishus for Fjell-Ljom frå 1891 til avisa gjekk inn i 1979; i 1993 var avisa i gang att. Det var John Solheim som tok til orde for å skipe eit slikt museum, og Pressemuseet Fjeld-Ljom blei opna 14.11.1986. Her finst det einaste komplette, gamaldagse avistrykkjeriet i Norden, og dette er heile tida driftsklart slik at ein kan vise korleis aviser blei trykte før i tida. Noko komplett museum er det likevel ikkje blitt enno. På nettstaden skriv museet at det står på økonomien og då først og fremst offentlege tilskot.27 Det andre ligg i Volda og heiter Sivert Aarflot-museet. Dette er eit personmuseum om kulturentreprenøren Sivert Aarflot, ein av fleire føresetnader for arbeidet til Ivar Aasen og ein del av tidleg skriftkultur på Nordvestlandet. I 1809 opna Aarflot det første trykkjeriet på landsbygda i Noreg; frå før fanst det då trykkjeri i dei fire stiftsbyane Trondheim, Kristiania, Kristiansand og Bergen. Året etter gav han ut først nummeret av Landboe-bladet for Menigmand, eit bondeblad som blei forløparen til lokalavisa Møre i Volda. I 1959 blei museet opna, og som på Røros er den avishistoria museet fortel, mest knytt til det trykkjetekniske. Museet ligg tre km frå Aasen-tunet, er ei avdeling av Sunnmøre Museum og har deponert Sivert Aarflot-arkivet i Aasen-tunet. 27
www.fjeld-ljom.no/om_museet.html, lesedato 17.11.2015.
36
På Tynset ligg Fedraheimsstua som ein del av Tynset bygdemuseum i Anno Museum. Nynorskavisa Fedraheimen blei utgitt 1877–1891, og i dette lokalet blei avisa redigert dei åra Tynset var redaksjonsadressa frå 1888. Huset er frå 1700-talet. I Drøbak har eldsjeler arbeidd for å få til eit pressemuseum. Frå før ligg Avistegnernes Hus der, og tanken har vore å skape eit større og breiare miljø. Det arbeidet er lagt bort. Avistegnernes Hus blei opna i 1999 som eit senter for teikning og ytringsfridom. Museet er ei avdeling i Akershusmuseet og tek mål av seg til å vere eit kompetansesenter for avisteikning som kunstform, eit varig forum for norske avisteiknarar, eit varig forum for kunstnaren Fredrik Stabel og Norsk Dusteforbund, og å formidle kunnskap om avisteikning som kunstform. Som ein del av dette arbeidet er Drøbak friby for forfølgde avisteiknarar (sjå kapittel 8.7). Frå 2003 til 2012 dreiv NRK sitt eige NRK Opplevelsesssenter om meir enn 70 års NRKhistorie. Opplevingssenteret disponerte 450 m2 i ein glasbygning som var 15 m brei og 9 m høg. Gjestene var etter kvart for få til at NRK kunne prioritere å drive dette tilbodet vidare. 5.4 Litterære jubileum og markeringar Vinje forvaltar ei kulturhistorie som gjer at kommunen og innbyggjarane har vore involverte i fleire store forfattarjubileum. A.O. Vinje 100 år 1918: Hundreårsjubileet blei markert mange stader i landet. Arrangement er dokumenterte iallfall på desse 15 stadene: Bergen, Bø i Telemark, Fana, Gran, Hamar, Haugesund, Kristiansand, Notodden, Oslo, Skien, Sogndal, Stavanger, Trondheim, Vinje og Volda.28 A.O. Vinje 150 år 1968: Den 6.4. var palmelaurdag dette året. Jubileet blei feira frå april til september med dokumenterte arrangement i Bergen, Eidsbugarden, Gran, Hjerkinn, Oslo, Skien, og to dagar til ende i Vinje. Ein statue av Dyre Vaa blei avduka på Sogn i Oslo, ein byste av Ståle Kyllingstad blei avduka på Eidsbugarden, og det blei lagt ned blomar ved Vinje-statuen i Skien.29 Til dette jubileet trykte særleg Syn og Segn og Norsk Tidend ei rekkje artiklar og oppslag, Noregs Boklag gav ut Dikt av A.O. Vinje, Olav Midttun redigerte boka A.O. Vinje: Brev, NRK sende fleire radioprogram om Vinje og kringkasta den store minnefesten i Universitetsaulaen i Oslo 6.4.1968. Tarjei Vesaas 100 år 1997: Vinje kommune tok initiativ til å skipe ein nasjonal komité der både Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Gyldendal Norsk Forlag var med. Hovudmarkeringa var eit fire dagar langt arrangement i Vinje, og i Oslo sette Det Norske Teatret opp Fuglane. Jubileet blei prega av mange utgivingar som enno står seg godt. Olav Vesaas gav ut biografien Løynde land – ei bok om Tarjei Vesaas på Cappelen (i 1995) og samlinga Tarjei i tale på Det Norske Samlaget, det same forlaget gav ut Tarjei Vesaas’ beste, Dag og Tid gav ut temaavis om jubilanten, som tingingsverk for Vinje Songlag tonesette Geirr Lystrup eit tjuetals dikt i Ør og levande, Plassen Produksjon gav ut cd-en Løynde eldars land med songaren Aasmund Nordstoga, Leif Mæhle redigerte diktutvalet Lev vår draum. Ver alltid like ny, Posten gav ut frimerke, og jubileet prega Jol i Telemark det året. Halldis Moren Vesaas 100 år 2007: Vinje kommune tok på ny initiativ til å skipe ein nasjonal komité der både H. Aschehoug & Co., Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Oslo kommune og Trysil kommune var med. Kulturdepartementet ytte 250 000 kroner i støtte. Hovudmarkeringa var under Litteraturdagane i Vinje i september; Vinje kommune hadde 28 29
Den 17de Mai 8.4.1918. Norsk Tidend 5.4.1968, 6.5.1968 og 18.5.1968.
37
invitert festivalen til å bli med i den kommunale feiringa. To andre tyngdepunkt var Oslo oktober og Trysil i november. NRK sende eit dokumentarprogram, Aschehoug gav samla dikt i praktutgåve, Guri Vesaas redigert utvalet 100 dikt, Aschehoug gav ut biografien Å vera i livet av Olav Vesaas, Det Norske Teatret laga framsyninga Nei eg får aldri nok, Nynorsk kultursentrum laga temautstillinga Halldis i livet, Posten laga frimerke, og der var ymse aktivitetar gjennom Den kulturelle skulesekken, bibliotek, kulturskular og frivillige organisasjonar. Trysil kommune kosta ein byste av henne som no står i kommunen, Vinje kommune kosta eit eksemplar av same bysten på Det Norske Teatret, dessutan ein statue av henne utanfor kommunehuset i Åmot, A.O. Vinje 200 år 2018: Vinje kommune tok vinteren 2014 initiativ til å markere 200årsjubileet i eigen regi. Kommunen etablerte ei formell ramme for jubileet ved å opprette to ulike komitear, ein nasjonal og ein regional. Ordførar og kultursjef frå Vinje sit i begge komiteane. I den nasjonale komiteen er desse representerte: Nynorsk kultursentrum, Nasjonalbiblioteket, Norsk Journalistlag, Noregs Mållag, Det Norske Samlaget, Det norske Teatret, Telemark fylkeskommune og Olav Vesaas. I den regionale komiteen er desse med: Telemark fylkeskommune, Teater Ibsen, Kulturnettverket i Telemark, Folkeakademiet og Telemark fylkesbibliotek, Aasmund Nordstoga som grunneigar av Pladsen. Komiteane har hatt årlege fellesmøte i tillegg til eigne møte, og er gjennom fellesmøta haldne orienterte om arbeidet med Vinje-senteret. Årleg er der nye litterære jubileum. Berre i 2018 er det to aktuelle institusjonsjubileum. Det Norske Samlaget rundar 150 år 24.3., og hausten 2018 fyller Den norske Forfatterforening 125 år. 5.5 Journalistiske jubileum Pressa når inn i kvardagen til nær sagt alle innbyggjarane i landet. Likevel blir pressehistoriske og journalistiske jubileum så godt som aldri feira med anna enn jubileumsutgåver og bedrifts- eller bransjeinterne markeringar. Forlaga, teatera og plateselskapa feirar forfattarane, skodespelarane og artistane; pressa feirar institusjonane. Internt er det nok annleis, men den offentlege minnekulturen i pressa er knytt til utgivarane og bedriftene. Det biografiske registeret Pressefolk blei laga sju gonger mellom 1950 og 1997 og gir ein peikepinn om kor mange tusen journalistar og redaktørar som har arbeidd i norsk presse over tid. Frå om lag 500 omtalte journalistar og redaktørar i 1950 auka det til om lag 5000 i 1997.30 I desse samlingane var berre dålevande redaksjonelle medarbeidarar med. Wikipedia Bokmål og Wikipedia Nynorsk har eigne lister over norske journalistar som er sorterte på ulike vis. Dei tre største er «norske journalister» (365), «NRK-journalister» (377) og «norske radiojournalister» (75).31 Mange figurerer på meir enn ei liste, og der er ingen eintydige kriterium for utvalet som er gjort. Redaksjonen i det nynorske oppslagsverket Allkunne har bygt opp ein database med nøkkelinformasjon om profilerte personar. Dette er aktørar som har vore særleg viktige språk- eller kulturhistorisk innanfor sine arbeidsfelt. Dei delane som handlar om aviser, publisistar, redaktørar og journalistar er skilt ut og utvida til eit redaktør og journalistregister i arbeidet med denne prosjektplanen. Grunnlaget for utvidinga har vore Wikipedia-listene,
30 31
Nils E. Øy (red.): Pressefolk 1997, Fredrikstad 1998, s. 5. Wikipedia Nynorsk og Wikipedia Bokmål, lesedato 30.12.2015.
38
verket Norsk presses historie (2010) og andre oversynsverk. Den 12.2.2016 inneheldt dette oversynet 759 institusjonar og personar. Mange av dei viktigaste var med, men heilt sikkert mangla også ein del personar. 608 personar er med i dokumentasjonen. 76 prosent av dei er menn, 24 prosent kvinner. 28 prosent er rekna som nynorskbrukarar, 27 prosent som tospråklege, og 45 prosent er bokmålsbrukarar. På kvar sin måte viser dette at utvalet er redigert og prioritert. Sett under eitt har kvinner utgjort ein mykje lågare del av dei redaksjonelle medarbeidarane enn 24 prosent, og bokmålsbrukarane har vore mange fleire enn 45 prosent. Minnekulturen i pressa gjer alle dei som skriv, snakkar eller redigerer underordna den institusjonen dei arbeider i. Det er fort gjort å overvurdere enkeltpersonar og kor viktige dei har vore, særleg i så gjennomorganiserte samfunn som det norske, men enkeltpersonane må heller ikkje undervurderast. Minnepolitisk står både medieverksemdene og mediehistorikarane utan noka gjennomtenkt forståing av kor viktige enkeltpersonane har vore, og kven av dei som har vore særleg viktige. Difor er uttrykk som «journalistiske jubileum» nærmast for ei sølvmotseiing å rekne. Nokre svært få personar går utanpå dette. Ein av dei er nettopp A.O. Vinje. Det kan vere fleire grunnar til dette. Ei årsak kan vere at han blir feira som diktar, og då vil det vere uråd å oversjå essayisten og journalisten Vinje, men der står han også støtt på eigne bein. I 2011 var det 150 år sidan den journalistiske og essayistiske reiseskildringa Ferdaminne fraa Sumaren 1860 kom ut. Det blei markert med både ei ny bok om dette verket, og eit tv-program av Olav Høgetveit i NRK. Ei anna årsak kan vere dei jubilea som målrørsla og lokalsamfunnet i Vest-Telemark har initiert og gjennomført fram gjennom tidene. Begge delar har vore med og gjort Vinje minnepolitisk viktig. Om det er noko i dette, vil det seie at han som i lærebøker gjerne blir omtalt som den første moderne journalisten i Noreg, dels er blitt feira som diktar, dels av miljø utanfor mediebransjen. 5.6 Museum Ved utgangen av 2014 var 66 museum med i det som blir kalla Det nasjonale museumsnettverket. Til saman har desse truleg om lag 700 avdelingar. Museum er viktige institusjonelle språkbrukarar. Mange av musea er blitt til etter initiativ frå eller i samarbeid med ungdomslag, mållag, historielag og andre miljø der nynorsk har vore mykje brukt. Det viser att i museumsdrifta den dag i dag. Kvart femte museum hadde i 2014 nynorsk som administrasjonsspråk.32 Størst av desse var Jærmuseet. Dette museet passerte 200 000 gjester på eitt år i 2011 og hadde nær 225 000 gjester i 2013. Nest størst var Sunnmøre Museum med 70 000 gjester. Det største statstilskotet gjekk til Musea i Sogn og Fjordane. På dei fem åra 2010–2014 auka tilskotet frå 21 til 30 millionar. I det same tidsrommet fall gjestetalet frå 99 000 til 60 000 (tabell 2). Felles for musea med nynorsk som administrasjonsspråk er at dei ligg i nesten alle delar av det som ein gong var kjerneområdet for nynorskbrukarar – Gudbrandsdalen, Valdres, Vest-Telemark og heile Vestlandet. Hallingdal og Trøndelag er utan slike museum (sjå kapittel 5.6).
32
Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Ørsta 2015, kap. 19.
39
Tabell 2. Statstilskot og gjester museum med nynorsk administrasjonsspråk 2010
2011
2012
2013
2014
Statstilskot 1000 kr, alle nynorskmuseum Gudbrandsdalsmusea Valdresmusea Vest-Telemark Museum Nynorsk kultursentrum
101 994 2 478 7 650 3 887 10 929
112 706 119 976 3 255 3 356 7 887 8 132 4 607 4 750 12 268 14 468
125 637 4 156 9 300 5 750 16 865
133 835 4 301 9 626 5 951 17 455
Gjester, alle nynorskmuseum Gudbrandsdalsmusea Valdresmusea Vest-Telemark Museum Nynorsk kultursentrum
675082 31 034 32 314 56 327 16 690
746653 39 989 38 673 58 511 21 414
697730 42 058 41 417 41 144 30 743
747825 43 485 43 352 36 855 29 679
713472 48 205 37 889 50 318 21 854
I museumspolitikken har der aldri vore nokon samanheng mellom gjestetal og offentlege tilskot. Musea har ulike inntektsstrukturar, men nesten alle får offentlege driftstilskot frå både stat, fylke og kommunar. Eit av unntaka er Aasen-tunet, og difor skil Nynorsk kultursentrum seg ut i tabell 2. Der er statstilskot og gjestetal dokumenterte for dei musea på Austlandet som bruker nynorsk. Stortinget vedtok i 1995 at alle ordinære offentlege driftstilskot til Aasen-tunet skal kome frå staten. Den gongen var det enno slik at museum med særskilde nasjonale oppgåver skulle finansierast frå det offentlege på denne måten. Ei anna avdeling i Nynorsk kultursentrum, Hauge-senteret, får derimot driftstilskot frå både stat, fylke og kommune. Dei tre nynorske regionmusea på Austlandet er med og integrerer den språklege kulturarven i den samla minnepolitikken både gjennom det museumsfaglege arbeidet og ved at dei bruker nynorsk i administrasjon, kommunikasjon og formidling. Slik gjer dei sitt til at nynorsk skriftkultur blir verande vevd inn i kvardagen både lokalt og nasjonalt.
Vinje-senterets fokus på diktning og journalistikk er særlig viktig i en tid der pressefriheten er truet og journalister mister livet i terrorangrep. A.O. Vinjes rolle i utviklingen av norsk journalistikk er et godt bakteppe for bevisstgjøring om forholdet mellom pressens form og innhold og endringer i dens uttrykk og virkemidler, både historisk og i dag. Det vil bidra til økt evne til kildekritikk, kritisk tenkning om journalistenes kunnskaper, agenda og en bredere diskusjon av pressens makt. Liv Ramskjær, generalsekretær Norges Museumsforbund
40
6
Journalistiske perspektiv
Postkort frå 1980-åra, teikna av John Skarprud. Kjelde: Lokalhistoriewiki.no
Som diktinga blei journalistikken til i møtet mellom det munnlege og det skriftlege. Historia om norsk presse tek til på 1600-talet, men forteljinga om moderne norsk journalistikk opnar med A.O. Vinje i 1850-åra. Journalistikken har endra seg meir enn det ståande uttrykket «den fjerde statsmakt» gir inntrykk av, og denne historia er enno ikkje fortald. Medieforskarane arbeider mest med samtida, mediebransjen mest med framtida. Der er ingen nasjonal institusjon som på uavhengig grunnlag dokumenterer og formidlar samtida i lys av fortida no når den redigerte røynda er under press.
6.1 Den allmenne, skrivne journalistikken Framstillinga nedanfor er konsentrert om den skrivne journalistikken, analog så vel som digital. Eit senter med fire årsverk kan ikkje dekkje både aviser, blad, radio og tv like godt. Plassert i Vinje vil det vere fysisk langt til journalistutdanningane og forskingsmiljøa i mellom anna Volda, Bergen og Oslo, men som i Ulvik gjeld det å gjere den faglege avstanden mindre enn den geografiske avstanden. Med skriven journalistikk som grunnlag vil der vere mange inngangar også til munnleg journalistikk i radio og tv. Her må det leggjast til at mange journalistar over tid har skifta mellom ulike aviser som arbeidsplass, og at ein del journalistar i radio og tv har hatt si første tid som journalistar
41
i aviser. Difor vil mange forfattarskapar til journalistar vere umoglege å avgrense til skrift eller tale. Framstillinga er avgrensa til allmenn presse. Fagpressa er difor ikkje nemnd. 6.2 Utgivingar Avisene har vore det viktigaste domenet i utviklinga og vedlikehaldet av skriftkulturane i Noreg.33 Frå 1858 har over 170 aviser vore redigerte på nynorsk, medan noko slikt som 1800 har vore redigerte på bokmål. 235 aviser med eit samla opplag på vel 2,1 millionar eksemplar blei gitt ut i 2014, og då er kommersielle gratisaviser ikkje rekna med. Det kom ut 34 slike aviser i 2012 med eit samla opplag på 1,2 millionar eksemplar.34 167 eller 71 prosent av alle avisene i 2014 var formelt redigerte på bokmål, 66 (28 prosent) heilt eller delvis på nynorsk, ei avis kom ut på samisk og ei på kvensk og norsk. Reelt var dei fleste avisene språkblanda. I prinsippet kunne det stå noko på nynorsk i nesten alle avisene som var redigerte på bokmål, og tilsvarande kunne det stå noko på bokmål i alle avisene som var redigerte på nynorsk. Det formelle redaksjonsspråket seier difor ikkje alt om avisene si rolle i den språkdelte norske kulturen. Alt i 1880 var 119 aviser i drift over heile landet. Berre ei av dei, Fedraheimen, var redigert på landsmål. Det samla talet på aviser har vore ganske stabilt sidan 1930-åra, og det er nynorskavisene som er blitt fleire, frå 35 i 1939 til 66 i 2014. I det same tidsrommet gjekk talet på bokmålsaviser ned frå 251 til 167. Aviser kjem ut, aviser går inn. Desse nettotala skjuler store utskiftingar. Mellom 1950 og 2014 blei heile 219 nye bokmålsaviser sette i gang. Flest nye aviser kom til mellom 1970 og 1990. Også innanfor det nynorske var det mange utskiftingar med 77 nye aviser mellom 1950 og 2014. Dei fleste nynorskavisene var ganske unge. To tredelar av dei avisene som kom ut i 2014, var skipa i 1970 eller seinare. For kvart tiår blei som regel utvalet av nynorskaviser større. Etter femti år med aviser på landsmål var det enno i 1909 færre enn ti å velje mellom for lesarane. Hundre år etter Vinjes Dølen hadde nynorsk avisutgiving stabilisert seg kring 35 titlar, og med mange nye avistiltak frå 1970-åra utgjorde nynorsk presse kring 60 aviser tidleg på 2000-talet. Dette gav ein geografisk spreidd og nokså mangslungen redaksjonell kompetanse i vidare utvikling av den nynorske skriftkulturen. Dei tre største avisfylka i 2014 var Hordaland med 28, Oslo med 21 og Møre og Romsdal med 20 aviser. Av dei 46 reine nynorskavisene kom 15 ut i Hordaland, 12 i Møre og Romsdal og åtte i Sogn og Fjordane. Nordland var utgivarstad for 19 bokmålsaviser, Oslo 18 og Sør-Trøndelag 14. Samla sett var nynorskavisene mykje meir spreidde geografisk i 2014 enn for hundre år sidan. Nynorskredigerte aviser kom ut på meir enn 50 stader i ti fylke, mot utgivingar i tre fylke i 1900. I Telemark kom det i 2014 ut ti aviser på ni utgivingsstader. To av desse avisene var redigerte på nynorsk – Bø Blad (Bø) og Vest-Telemark Blad (Kviteseid) – dei andre på bokmål.35 Drangedalsposten (Drangedal) blei i ein periode redigert som ei tospråkleg avis og Te-
Framstillinga byggjer på Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Ørsta 2015, s. 318 ff. Sigurd Høst: Avisåret 2012, Volda 2013, s. 6. 35 Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no, tabell 15.2.19. 33 34
42
len (Notodden) hadde iallfall tidlegare ein del stoff på nynorsk. Frå 1945 til 1958 kom den nynorske vekeavisa Telemark Tidend ut før den blei to sider i Varden, seinare i Telemarksavisa.36 Historia om Vest-Telemark Blad er godt dokumentert.37 Likeins er ein del materiale etter Radio Rauland arkivert (sjå kapittel 11.12). 6.3 Opplag Bokmål pregar dei store avisene, nynorsk pregar dei små. Utover på 2000-talet mista Osloavisene det etablerte hegemoniet sitt målt i opplag, men dei største tok det att i digital bruk. Frå 2005 stupte det samla avisopplaget. I 2014 kom det ut 235 aviser med eit samla opplag på nær 2,2 millionar eksemplar. I 1997 var der nesten like mange aviser, 227, men det samla opplaget var då vel tre millionar eksemplar. Enno i 2004 var det samla opplaget like stort for dei 230 avisene som då kom ut. I 2008 var fallet der; på fire år var 200 000 eksemplar blitt borte. Det skulle bli verre. Alt i 2010 var nye 200 000 eksemplar ute av historia og det samla opplaget redusert til 2,6 millionar. Nedgangen var mindre for aviser redigerte på nynorsk eller begge språka, fram til 2008. For desse minka opplaget med fire prosent mellom 1997 og 2008. Struktur, ikkje språk, var grunnen til desse skilnadene. Frå 1990 til 2008 auka lokale fådagarsaviser opplaget mest. Konkurransen frå Internett hadde til då hatt meir å seie for dei store avisene enn for dei små, og meir for riksavisene enn for lokalavisene. I tida etter 2008 slo den digitale røynda også inn i dei fleste fådagarsavisene, nynorsk så vel som bokmål. I takt med denne utviklinga la avisutgivarane meir og meir vekt på lesartal både på papir og i digitale format. Desse opplysningane bygde på visse føresetnader, var meir stipulerte og dermed ikkje så pålitelege som dei notorialstadfesta opplagstala. Vel så viktig er det at den dokumentasjonen som finst, er svært mangelfull. Databasen Medienorge.uib.no har publisert lesartal frå og med 1996 som er henta frå TNS Gallup. For 2014 dekte den dokumentasjonen berre 128 av 235 aviser. Over 100 aviser mangla, og blant dei svært mange nynorskaviser, medan 110 av 167 bokmålsaviser var med. Av dette kan ingen påliteleg og relevant tabell lagast. Eiga summering av lesartala for 2014 fortel at dei 128 nettavisene hadde 7,4 millionar daglege lesarar. Av dette stod VG og Dagbladet for 3,2 millionar.38 Dei to osloavisene hadde dermed 43 prosent av dei dokumenterte nettlesarane. Dei to avisene dominerte mykje meir på Internett enn på papir, der dei med eit samla opplag på 212 000 eksemplar stod for ti prosent av avisopplaget. Hadde alle nettavisene vore med, ville dominansen for dei to avisene truleg vore berre litt mindre. For bokmålsavisene minka opplaget med vel 800 000 eksemplar frå 2,7 millionar i 1997 til 1,9 millionar i 2014. Tre firedelar av denne reduksjonen skriv seg frå lokal- og riksaviser utgitt i Oslo. Resten av nedgangen fordelte seg ganske likt utover landet, men i Nordland var reduksjonen ekstra stor. I midten av 1960-åra hadde dei reine nynorskavisene eit samla opplag kring 120 000 eksemplar, men reknemåten i det tilfellet er ukjend og talet må difor skrivast inn i kapitlet for fragmenterte kuriosa.39 Eit første oversyn over opplag for nynorskavisene i nyare tid blei Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg, Oslo 2010, s. 153. Bjørn Bø: «Vest-Telemark Blad», i Bjørn Bø ofl.: Tre aviser i Bygde-Norge, Oslo 1974, s. 74–117, og Knut Espelid ofl. (red).) På humpete vegar i 40 år, Kviteseid [2013]. 38 Medienorge: «Lesertall for norske nettaviser», medienorge.uib.no, lesedato 6.8.2015. 39 Berge Furre ofl.: Målreising 1967, Oslo 1967, s. 56. 36 37
43
Medlemsaviser i Landslaget for lokalaviser 2015. Illustrasjon: Landslaget for lokalaviser
publisert i Nynorsk faktabok 1998. D책 blei dei reine nynorskavisene trykte i 255 000 eksemplar; i 2014 hadde dei auka til 315 000 eksemplar.
44
Dette oversynet er jamleg blitt oppdatert. Opplagstoppen blei nådd i 1992 med 358 000 eksemplar. Skilnadene fylka imellom var ganske stor, alt etter kva som kom til av nye aviser i tidsrommet. Berre éi nynorskavis er riksavis, nokre få er lokale dagsaviser, og dei aller fleste lokale fådagarsaviser. For dei avisene som var redigerte på nynorsk, fall det samla opplaget frå 193 000 eksemplar til 176 000. Nedgangen var mindre for dei språkblanda avisene, frå 145 000 til 139 000 eksemplar. Rekna i prosent av alle norske aviser styrkte derimot nynorskavisene posisjonen. Dei reine nynorskavisene stod for 6,3 prosent av samla opplag i 1996 og auka til 8,1 prosent i 2014, og dei språkblanda avisene auka sin marknadsdel frå 4,9 prosent i 1996 til 6,4 i 2014. Alt i alt var dette ein auke frå 11,2 prosent i 1996 til 14,5 prosent i 2014. Dei største nynorskavisene i 2000 var også størst i 2014, men rekkjefølgja endra seg noko. Firda var desidert størst i 2000, men avstanden til avis nr. 2 skrumpa kraftig inn, og i 2014 var Dag og Tid på veg til å bli den største nynorskavisa. Det same skjedde for dei språkblanda avisene. Sunnmørsposten var suverent størst tidleg på 2000-talet, men i 2014 hadde avstanden til Vårt Land på 2. plass skrumpa frå nær 9000 eksemplar til vel 3000. I det første tiåret på 2000-talet peika opplagspila oppover for mange av avisene på denne lista, etter det berre for to – Dag og Tid og Klassekampen. Dei ti avisene som blir gitt ut i Telemark, hadde i 2014 eit samla opplag på 85 554 eksemplar.40 Dei to Skiens-avisene Varden og Telemarksavisa stod for 40 prosent av opplaget, og dei to nynorskavisene utgjorde åtte prosent. 6.4 Nynorskpresse Historia om nynorskpressa kan forteljast i fire kapittel. Det tok til med ei språkleg og journalistisk etablering frå 1858, heldt fram med ei språkleg utskiljing frå 1904, gjekk over i ei redaksjonell og publisistisk integrering frå 1945, og blei frå 1972 prega av ei språkleg og journalistisk allminneleggjering.41 Mange tusen bøker var trykte på dansk då dei første nynorskskriftene kom kring 1850, og avislesarane hadde i fleire tiår hatt sine norskdanske dagsaviser då A. O. Vinje gav ut første nummeret av Dølen i 1858. Det tok tid før dette eine bladet blei til mange. Då Ivar Aasen døydde i 1896, var det blitt skipa åtte aviser redigerte på landsmål. Frå 1858 til 2014 kom som nemnt minst 170 slike aviser i gang. Halvparten av desse, 80 i talet, blei etablerte før 1945, med tiåra 1920–39 som den store tida for landsmålspressa. Over halvparten av alle nynorskavisene før 1945 blei skipa i det intense tiåret. 1800-talet igjennom var mest alle avisene i vest redigerte og skrivne på dansknorsk. Utover på 1900-talet blei fleire aviser tospråklege, og svært mange er i dag eittspråkleg nynorske – som oftast med ganske låge opplagstal. Dag og Tid var i 2015 den nynorske riksavisa som har vore lengst i drift. Den 17de Mai heldt det gåande i 42 år mellom 1894 og 1935, men i 2015 fullførte Dag og Tid sin 53. årgang. Journalistisk blei avisa raskt viktig, men økonomisk var vilkåra marginale i fleire tiår etter dei første prøvenummera i 1962. Utover på 2000-talet blei drifta stabil, opplaget voks kvart år, og inntektene auka. Med marknadsinntekter på nær 19 millionar i 2014 var det berre Det Norske Teatret (53 millionar) og Det Norske Samlaget (35 millionar) av nynorskinstitusjonane som hadde større marknadsinntekter.
40 41
Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no, tabell 15.2.19. Dette er dei fire hovudbolkane i Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg, Oslo 2010.
45
Som språkleg motvekt til NTB har Nynorsk Pressekontor (NPK) spelt ei viktig rolle sidan skipinga i 1969. Frå 2007 blei drifta av NPK integrert i NTB, men med eige driftsstyre for NPK. Dette gav nye utvegar for NPK, som produserte nesten tre gonger så mange saker i 2014 som i 2010, medan samla inntekter auka mykje mindre. Den pressa medieøkonomien gjorde at talet på kundar gjekk noko ned i det same tidsrommet, men dei som brukte NPK, fekk altså svært mykje meir å velje mellom. Den geografiske spreiinga av Dag og Tid og Syn og Segn i 2004 og 2012 viser at begge publikasjonane har om lag 40 prosent av tingarane sine i Oslo eller Hordaland. I 2004 hadde Dag og Tid 48 prosent av tingarane sine på Austlandet og 32 prosent på Vestlandet, medan Syn og Segn hadde 39 prosent på Austlandet og 40 prosent på Vestlandet. Dette endra seg lite til 2012. For begge publikasjonane var altså utbreiinga på Austlandet mykje støre enn bruken av nynorsk i denne landsdelen skulle tilseie; i 2005 brukte mindre enn 4 prosent av innbyggjarane på Austlandet nynorsk. Det er sannsynleg at både avisa og tidsskriftet har ein del tingarar som til vanleg bruker bokmål, særleg Dag og Tid. For 2010 ligg det føre redaksjonelle nøkkeltal for nynorskavisene, presentert i årstale nr. 10 om tilstanden for nynorsk skriftkultur.42 Det året arbeidde 726 personar i dei 59 avisene som formelt var redigerte på nynorsk. Størst var Firda med 64 tilsette, minst var Samningen med tre. Berre fem aviser hadde meir enn 30 tilsette, og over halvparten hadde færre enn ti. Miljø med mindre enn 10–12 personar blir før eller seinare for spinkle. Der ligg nivået for kritisk masse. Som andre nynorskinstitusjonar er altså mange nynorskaviser i minste laget. Sett under eitt utgjorde derimot nynorskpressa eit mykje større miljø for språkproduksjon enn NRK. Gjennom eit heilt år publiserte desse avisene dermed ei tekstmengd på nynorsk som ville fylle godt over 2100 bøker. Kring 2010 kom det årleg ut vel 500 bøker på nynorsk. Lokalavisene er ikkje små. Dei er større enn alle andre, språkleg sett. Iallfall i 2010 gav Firda lesarane sine om lag 2000 heile avissider nynorsk, Sunnmørsposten 1000 og Bergens Tidende 800 sider. Utanfor offentleg forvaltning var dagsavisa Firda den største produsenten av nynorsk tekst. Etter 2010 har dei fleste medieverksemdene redusert talet på redaksjonelle medarbeidarar, men NRK har auka. I 2015 publiserte nok dei fleste avisene mindre stoff på papir enn i 2010. Omfanget av denne digitale stoffproduksjonen var ukjent. 6.5 Nokre linjer i norsk journalistikk Dei første pressepublikasjonane kom ut som handskrifter frå 1660, men det som blei skrive, må reknast som forformer til journalistikken.43 Eit postvesen tok form, trykkjeri blei etablerte også i Noreg, og etter kvart kunne skrifter trykkjast og spreiast på nye måtar. Ei borgarleg offentlegheit var under utvikling, og førestillingar om «Den Almeene Røst», «Den offentlige Stemme» og «Publikums Røst» breidde seg. Føretak blei etablerte, og skrivemåtar blir utvikla som etter kvart kan reknast som journalistiske. Med unntak av nokre få år kring 1770 er der ingen trykkjefridom før langt ut på 1800talet. I Grunnlova heiter det i 1814 at «Trykkefrihed bør finde sted», men lenge var dette meir ein tendens enn ein etablert struktur for meiningsdanning. A.O. Vinje kom i trøbbel då han i 1860-åra prøvde å kombinere rollene som offentleg tilsett og uavhengig journalist. Ottar Grepstad: Draumen om målet, Oslo 2012, s. 332 f. Framstillinga byggjer på Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie 1660-2010, band I–III, Oslo 2010, og Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg, Oslo 2010. 42 43
46
Lenge var det eit uklart skilje mellom dikting og journalistikk i avisene. Fablar og føljetongar blei med tida til prosa og vidare til tydelege journalistiske sjangrar. Frå 1860-åra bleiintervjuet etablert som form, likeins referatet eller saksframstillinga. Journalistikk på nynorsk og bokmål blei integrerte delar av den moderniseringa og demokratiseringa som no forma det nye Noreg. Utover på 1800-talet blir pressa ei næring med kapitalinteresse og arbeidsplassar. Den første publikasjonen som kan reknast som avis, blei stifta i 1767, og språket var dansk-norsk. Nær hundre år seinare set A.O. Vinje i gang Dølen frå 1858. Då var det gått ni år sidan Ivar Aasen hadde fått på trykk den første teksten på nynorsk i ei avis, Morgenbladet. I 1860 kom det ut 52 aviser i Noreg – ei på nynorsk, resten på dansk-norsk. Fram mot 1930-åra auka talet på aviser til 289 – 251 på bokmål, 36 på nynorsk, 3 på nordsamisk. Frå då av minka talet på bokmålsaviser, medan det kom til mange fleire nynorskaviser. I 2014 kom det ut 66 nynorskaviser, 167 bokmålsaviser og 2 samiske. Dei siste 50 åra har det kvart år kome ut 220–230 aviser i Noreg. Pressa var éin føresetnad for demokratiseringa, politiske parti ein annan. Mellom desse samfunnsaktørane oppstod det tette band, og alt frå 1880-åra var ei partipresse i emning. Det kom til å prege Noreg og styre journalistikken i nær 100 år, fram til 1970-åra. Frå slutten av 1800-talet var den journalistikken Vinje var så tidleg ute med, ein avgjerande faktor i utviklinga av avisene som massemedium. Sjangrane blei meir spesialiserte, det dansk-norske språket meir munnleg – det skulle ikkje mykje til – og skrivemåten fornorska. Å vere journalist blei ein profesjon, og ei første journalistutdanning kom i gang frå 1920 – på nynorsk. Avisene var ein mannsbastion til langt ut i andre halvdel av 1900-talet. Det fekk sitt å seie for journalistiske prioriteringar og synsvinklar. Då kvinnene endeleg fekk gjere seg gjeldande, endra journalistikken karakter og retning, i ei tid då også andre rammevilkår gjorde sitt til slike endringar. Den tyske okkupasjonen 1940–1945 var ei brutal påminning om kva ytringsfridom handlar om og svekte arbeidarpressa kraftig. Difor var der mange journalistiske seinverknader av okkupasjonen, og ein demokratisk fundert framvekst av den nynorske skriftkulturen stoppa opp. Frå 1930-åra var der både skriftleg og munnleg journalistikk. Med NRK blei mange journalistiske sjangrar også munnlege. Det forsterka over tid behovet for ei meir munnleg form og gav nynorsk journalistikk utbreiing i først ein, så fleire riksdekkjande kanalar. Då partipressesystemet blei avvikla, ekspanderte denne radio- og tv-journalistikken. Den uavhengige framstillinga blei forsterka som norm. Mange av dei journalistiske nyvinningane blei utvikla i laussalspressa, og samstundes som digitale format tok form, blei meir og meir av pressa knytt til mediekonsern som over tid reduserte den journalistiske variasjonen, nett slik jamt fleire tv-kanalar ikkje auka dette mangfaldet. Eigarane og redaktørane meiner der er eit mangfald, men situasjonen er likevel blitt slik at regjeringa Solberg i 2015 oppnemnde eit offentleg utval under leiing av Knut Olav Åmås som våren 2017 skal leggje fram ei offentleg utgreiing om korleis mediemangfald kan sikrast og stimulerast. Med utviklinga av radio- og fjernsynsjournalistikk fekk journalistane fleire arenaer å velje mellom. Lenge ser det ut til at der likevel var nokre klare skilje. Avisjournalistane skifta oftare arbeidsplass enn radio- og fjernsynsjournalistane. Den som var tilsett i NRK, blei gjerne verande i NRK – til kommersielle radio- og tv-stasjonar blei etablerte frå 1980-åra. Utover på 2000-talet var dei fleste av desse skilja brotne ned.
47
Endringane kan delvis lesast av i talet på organiserte journalistar. Norsk journalistlag har tradisjonelt hatt ein svært høg organisasjonsprosent. Ved utgangen av 2015 hadde laget 8982 medlemer, mot 9522 i toppåret 2010, 8525 i 2001 og 5602 i 1991 og 3367 i 1981.44 Den sterke veksten fram mot 2010 vitnar om mange nye redaksjonelle arbeidsplassar i radio, tv og presse, ein mediebransje som lenge gjorde gode pengar, og om ei auka profesjonalisering. 44 prosent av medlemene var kvinner, mot 13 prosent i 1960, og 3900 eller 43 prosent av medlemene heldt til i Oslo. Kvar femte medlem arbeidde i NRK. I større grad enn før går journalistar inn og ut av yrket og ulike roller, og difor er det uråd å seie kor mange informasjonsmedarbeidarar der er blant desse medlemene.45 Det som tok til i stramme, formelle former, var blitt ein arena for jamt meir uformell presentasjon og formidling. I mylderet av digitale røyster på sjølvstyr var den redigerte røynda på ny under press. 6.6 Handskrivne blad Mange av dei første bodstikkene og nyheitsblada som blei spreidde i Noreg på 1600-talet, var handskrivne. Journalistikken byggjer såleis på tradisjonen for handskrift. I dette ligg ein skjult samanheng mellom bygdeliv og journalistikk som ingen til no har undersøkt eller formidla. Døme: Då A.O. Vinje runda 50 år i 1868, sat 18-åringen Marius Hægstad i Trøndelag og laga det handskrivne bladet Maalguten. Hægstad blei seinare redaktør i fleire aviser.46 Det handskrivne lagsbladet har ei lang historie særleg i ungdomslaga. Saman med foredrag og samtalar tente dei handskrivne lagsblada til å halde evna til ordlegging i hevd samstundes som talemålet blei integrert i fleire og meir formelle samanhengar. På sin måte reduserte dette avstanden mellom talemåls- og skriftkultur. Lagsblada vitnar også om at i slike formelle, men likevel uoffisielle samanhengar har denne avstanden vore liten lenge. Gjennom lagsblada blei vegen til offentleg ytring kortare, på sitt eige språk, og ingen veit kor mange journalistar det kom ut av dette. I første halvdel av 1900-talet var det fire fråhaldslag i Seljord, og desse hadde saman eit handskrive blad.47 Ungdomslaget Dølelaget på Edland hadde eit slikt handskrive blad i mange tiår. Dette er teke vare på i komplett form.48 Vinje ungdomslag hadde også eit slikt blad, Hakkespetta, der ein Tarjei Vesaas skreiv mykje. Handskriftsamlinga ved Nasjonalbiblioteket har bladet i mikrofilm-kopi.49 Slike blad finst det nok mange av i Telemark, som i andre delar av landet. 6.7 Sideblikk på A.O. Vinje «Eg er bladmann», sa Andreas Hompland i festtalen under Litteraturdagane i Vinje 2014. «A newspaper-man. Ein papirmann frå den forrige generasjon. Altså ein sjølbedragar. Mi tid er
Norsk journalistlag: «Medlemsstatistikk», nj.no, lesedato 16.1.2016. Dagleg leiar Torbjørn Brenna, Norsk journalistlag, i samtale 18.1.2016. 46 Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg, Oslo 2010, s. 40. 47 Øyvind T. Gulliksen: «Tradisjon og forandring», i Olav Rovde og Ingvar Skobba (red.): Telemarks historie, band 3, Bergen 2014, s. 247. 48 Ragnvald Christenson i samtale 26.11.2015. 49 Juan Gutiérrez-Maupomé i e-post 18.1.2016. 44 45
48
snart ute, og eg er i grunnen fornøyd med det. For eg meiner eg har vore med i papirets gullalder» sa Hompland. Utdrag frå originalmanuskriptet:50 «Vinje var alltid opplagt til protest mot gjengse oppfatningar. Han ville både irritera og vekka til ettertanke. Han var ertelysten inn i det taktlause. Han hadde respekt for det verdifulle i det ervde, men han snerta stadig etter fortidsdyrkinga som ville kvila i seg sjøl. I første nummer av Dølen skreiv Vinje om ‘grasroti’, ‘denne friske grasrot’. Men han var også kritisk til den same grasrota. ‘Herkemugen’ var like lite eigna til å styra land og rike, som den einestyrande kongen og den sjølgode eliten. Døletrua var ikkje bare skeptisk, ironisk og kritisk, men også ein trassig idealisme med strenge krav til heilskap og samanheng. Vinje let seg ikkje blåsa med dei populære vindane. Demokratisk styre og demokratisk medvit måtte kvila på folkelig danning. […] Journalistikk og dikting høyrer i hop i det narrative. Men skil seg i forholdet mellom fakta og fiksjon. Diktinga møter sine grenser i det journalistiske formatet. Og omvendt. Det kan bli narraktig å prøva å smelta dei to saman. Skriving kan vera mangesysleri i ulike sjangrar og format. I den nynorske tradisjonen sjølsagt Vinje, Garborg og Tor Jonsson. Journalistar har ofte drøymt om å bli diktarar. Og noen klarer det. I Dagblad-huset levde den tradisjonen i veggane. I mi tid: Gunnar Larsen. Axel Kielland. Johan Borgen. Arne Skouen. Odd Winger. Simen Skjønsberg. Denne draumen har bleikna. Om dagens journalistar har ambisjonar om å gje ut bøker, er det helst reportasjebøker eller annan sakprosa. Eller krim og nøkkelromanar frå pressemiljø - gjerne i kombinasjon. Elles er det meir rekningssvarande å skriva andres bøker. Vera ghost writer, eller altså spøkelses-skrivar. Men den hemmelige journalist-draumen er ikkje å bli bokskrivar eller diktar, men å syna seg fram som programleiar. Gjerne med eige einmannsforetak, eit frittståande og trulaust produksjonsfirma. Det heiter ikkje lenger programsekretærar, ikkje i NRK heller. Den andre utvegen som mange drøymer om i motlause stunder, er å få ein godt betalt jobb i PR-bransjen eller som senior informasjonskonsulent for eit privat firma, interesseorganisasjon eller offentlig etat. Før det er for seint. Saksekrisa i informasjonssamfunnet er når det blir fleire informatørar enn journalistar. Og me er der snart. I grunnen synest eg det er greitt at journalistar ikkje vil bli diktarar. Og at dei to regimenta blir haldne frå kvarandre. I all fall når journalistane driv journalistikk og diktarane diktar. Det er faktisk to ulike fag og to ulike måtar å forhalda seg til røyndomen og orda på. Men unntaka kan vera vakre. ‘En dikter i kjensgjerninger’, kalla H.O. Christophersen biografien om sosiologen Eilert Sundt. Freistinga er der alltid. Også den som lever av - og eventuelt for - å fanga ein flik av røyndomen med ord, kan bli fanga av orda. Både sin eigne og andres.» Det er skrive både korte og lange portrett og studiar i A.O. Vinjes liv og verk. Mange isflak på Vinjevatn har bråna sidan sist nokon skreiv utførleg og fornyande om dikta til Vinje, medan der er fleire moderne studiar i reiseskildringane, essayistikken og journalistikken hans. Reidar Djupedal, Jon Haarberg, Kjersti Rorgemoen, Jon Sæverud og Sveinung
Andras Hompland: «Diktarar som journalistar - og omvendt», festtale Litteraturdagane i Vinje, Edland samfunnshus 30.8.2014. Utdrag trykt med løyve frå forfattaren. 50
49
Time er berre nokre av dei som dei siste 50 åra har skrive sentrale studiar i denne forfattarskapen, saman med biografien av Olav Vesaas. 6.8 Ingebjørg Jore frå Rauland og andre kvinner i journalistikken Reidun Kvaale gav i 1986 ut oversynsverket Kvinner i norsk presse gjennom 150 år. Den historia tek til med Birgitte Kihle, fødd 1762, og held fram med Marie Colban, fødd 1814. Seinare blei det fleire, men det tok lang tid før dei blei mange. Mediebransjen har vore prega meir og lenger av menn enn mange andre bransjar. Til langt ut i andre halvdel av 1900-talet var difor journalistikken dominert av menn. I 1930 var 30 prosent av kvinnene yrkesaktive, men i avisene var berre fem prosent av dei redaksjonelle medarbeidarane kvinner, og enno i 1970 var berre 14 prosent av journalistane kvinner.51 Døgnrytme, organisering av arbeidet og inngrodde strukturar gjorde at det tok tid før mange kvinner gjorde seg gjeldande som journalistar, og endå lenger tid før dei tok over makt og mynde som redaktørar. Det kan sjå ut til at NRK gav meir rom for kvinner i redaksjonane sine enn avishusa gjorde i det meste av 1900-talet. Ei av dei tidlege kvinnene i norsk presse kom frå Rauland. Arne Garborg sette i gang vekeavisa Fedraheimen i 1877, og avisa blei redigert av minst 12 personar. I denne redaksjonen gjorde ei av dei første profilerte målkvinnene seg gjeldande, som journalist og redaksjonssekretær.52 I boka av Kvaale kom denne kvinna ikkje med. Ingebjørg Jore (* 7.7.1863 Rauland, † 1957 USA) kom frå garden Berge i Haddlandsgrend. Mora var Gunhild Bjørnsdotter Gardsjord, faren var ordførar Aanund Gjore. Der i garden stod Holbergs epistlar i bokhylla. Ein av dei andre sentrale i Fedraheimen, Ivar Mortensson-Egnund, var jamleg i Rauland, og gjennom kontakt med han kom Jore inn i redaksjonen i bladet. I folketeljinga frå 1885 er der eit skjult spor av dette. Jore budde då i Møllergade 15 og er oppført som Ekspeditrise. I same huset budde bladstyrar Mortensson-Egnund – ho i første etasje, han i andre.53 I denne folketeljinga står Ingebjørg Jore oppført med fødselsåret 1862, men i klokkarboka for Rauland er ho skriven inn i manntalet 7.7.1863.54 Ho hadde fleire lesarbrev og dikt i Fedraheimen 1883–85, signerte «Ingebjørg» eller «-bjørg», og forteljinga «Ragnhild Slettevoll» i 1883-årgangen. Jore var medarbeidar i avisa stad mellom 1885 og 1888, i periodar som redaksjonssekretær, blant anna medan Arne Garborg var i Paris hausten og vinteren 1885–86. Ho var med og skreiv føljetongen «Ein Selle» i bladet frå 18. november 1885 til 3. november 1886 og skal ha hjelpt Mortensson-Egnund med fleire andre føljetongar. Då han gav ut «Ein Selle» i bokform under tittelen Ein fri-kar i 1905, gav han ut forteljinga som si åleine. Mortensson-Egnund ville moderere Fedraheimen. Difor passa det han dårleg at bladet vinteren 1886 prenta ”Anarkist-Song” av Arne Garborg. Så kjølig blei det mellom dei to at Mortensson-Egnund fekk Jore til å gå imellom og skrive forsoningsbrev til Garborg. I 1887
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg, Oslo 2010, s. 228 f. Framstillinga byggjer på Ottar Grepstad: Viljen til språk, Oslo 2006, s. 141, og Avisene som utvida Noreg, Oslo 2010, s. 49, Eli Bjørhusdal: Målkvinner før 1900, Volda 2001, s. 132 f., Rikard Berge: Vinje og Rauland, band IV; Stavanger 1975, s. 225, dessutan www.soge.kviteseid.no, lesedato 2.1.2016. Tekstar av Jore er trykte opp i heftet Ingebjørg Jore (1863–1957) med innleiing av Åsta Østmoe Kostveit, [Dalen 2013]. 53 Folketelling 1885 for 0301 Kristiania kjøpstad, Digitalarkivet.no, lesedato 2.1.2016. Den nynorske nemninga bladstyrar» er brukt i registreringa. 54 Klokkerbok Rauland nr. 2 (1849–1935), s. 24, Digitalarkivet.no, lesedato 2.1.2016. 51 52
50
var ho med og samla inn pengar frå Rauland til Vinje-stytta, ein bauta over Aasmund Olavsson Vinje. Ho må ha vore den første kvinna med redaksjonell makt i ei landsmålsavis. Ingebjørg Jore sydde eit reint flagg til skyttarlagsfest i Rauland 17. mai 1884 og tok i 1888 til orde for at Noreg burde bli republikk. Som mange andre telemarkingar emigrerte ho til USA i 1892, der ho fem år seinare gifta seg med Arthur Goodspeed, tok etternamnet hans og fekk tre born. Jore var huslærar for borna sine og skreiv i Decorah-Posten. Kring 1900 hadde avisa 37 000 abonnentar og var med det den nest største avisa redigert på dansknorsk eller nynorsk. 6.9 Journalistiske problemstillingar i utval Miljøet rundt Vinje-senteret vil utvikle eigne perspektiv og tankegangar som i neste omgang blir til dokumentasjon, formidling og forteljing. Utgangspunktet blir det kritiske. Vinje-senteret skal sjå på forholdet melom form og innhald i pressa og på sitt uavhengige grunnlag vurdere både utøvinga av det journalistiske faget og journalistens kunnskapar. Problemstillingane nedanfor er berre ein inngang til samtida. Er journalistikken blitt betre dei siste 50 åra? Både utgivarar, redaktørar og journalistar vil nok svare ja på det spørsmålet. Fleire forteljeformer står no til rådvelde, det er blitt mykje lettare å nå tak i mange fleire typar kjelder og arbeide grundigare med saker. Det er nok dekning for å seie at iallfall dei første store kutta i den redaksjonelle staben hadde få uheldige verknader for journalistikken eller for publikum. No nærmar derimot mange verksemder seg det minste nivået for kritisk masse i den redaksjonelle staben. Det er vanskeleg å drive journalistisk innovasjon når så mykje står på spel økonomisk. Kva særkjenner journalistens sjølvforståing? Mediebransjen er ikkje tungt prega av akademiske innslag. Framleis anar ein idealet om det å gå trappene og arbeide seg opp og fram. Eit anna ideal er den objektive framstillinga, med fare for å forveksle det uavhengige med det objektive. Korleis desse to ideala viser att i praksis, er spørsmål det tek tid å svare på. Korleis er forholdet mellom lesaren og journalisten? Det er lesarane journalistikken er til for. Å vite nokolunde sikkert kva lesarane les og kva dei ønskjer å lese, er ny kunnskap; før 1970-åra visste redaktørane og journalistane knapt meir om dette enn tilfeldige tilbakemeldingar frå lesarar og vener. Interessant nok tok den systematiske kunnskapen om lesarane til å breie seg på den tida då partipressa blei oppløyst. I dette ligg ei sterk vending frå avsendar til mottakar. Tittelen på den nyaste offentlege utgreiinga om mediestøtte er i så måte treffande: «Lett å komme til orde, vanskelig å bli hørt».55 Kor viktige bør journalistane gjerast i medie- og pressehistoria? I litteraturvitskapen har det danna seg eit (uheldig) skilje mellom bokhistorie og teksthistorie. I ei vanleg litteraturhistorie dominerer forfattarane og forfattarskapane. Slik er det ikkje i medie- og pressehistoriske framstillingar. Der dominerer utgivarane, mediehusa, verksemdene. Redaktørane blir ofte framheva, journalistane sjeldan. Dei journalistiske skilnadene som måtte vere der innanfor ei avis eller ein kringkastar, blir dermed underkommuniserte. Den norske avishistoria, kringkastingshistoria og mediehistoria er skriven, men ikkje historia om norsk journalistikk. Då kan enkeltpersonane gjerast like viktige som dei er i litteraturhistoria. Har meininga erstatta referatet og saksframstillinga? Å skilje mellom referat og kommentar er eit redaksjonelt prinsipp som står sterkare no enn for ein del tiår sidan. Samstundes ser det ut til at kommentarane til det som skjer blir fleire, medan skildringane av det som skjer,
55
NOU 2010:14 Lett å komme til orde, vanskelig å bli hørt – en moderne mediestøtte.
51
blir færre. Meiningar er ei billigare form for journalistikk enn kritisk saksutgreiing. Uredigerte digitale format formidlar mykje meining, og i sosiale medium er det særleg meiningane som blir delte. Der verserer også mykje informasjon som ikkje er redigert og vurdert, eller lesaren veit ikkje kva som er gjort. Lesarane veit gjerne meir om sakene enn før, men veit ikkje alltid kvar dei kan finne pålitelege referat. Den redigerte røynda er altså under press. Står den kritiske journalistikken sterkare enn for 50 år sidan? Dei mange nedskjeringane og innstrammingane i pressa kunne tilseie at det er blitt tronge rammer for å drive kritisk journalistikk. Framleis blir prisar delte ut kvart år til god, undersøkande journalistikk, og den kritiske avstanden til makt og mynde er truleg større no enn i 1960-åra. Di mindre redaksjonane no blir, di mindre blir det att av den kritiske tenkinga. Kva skil journalistikk på nynorsk frå journalistikk på bokmål? Kanskje lite, kanskje mykje – emnet har aldri vore undersøkt. Det er dei kapitalsterke og store mediehusa som har tradisjon for å bruke bokmål, medan mykje av journalistikken på nynorsk står i små lokalaviser. Dette kan gjere noko med både skrivemåtar og perspektiv. Ein jamførande studie av reportasjar i lokalaviser på bokmål og nynorsk kunne gi meir presise svar. Er journalistikken blitt meir retorisk? Utanom nyheitsintervjuet blir reportasjen meir dominerande, og utviklinga av digitale format har flytta skiljet mellom relevans og kuriosa. Det kan sjå ut til at det å skape stemning er blitt eit vesentleg trekk ved mykje av den nyare journalistikken med rekonstruksjon av kjensler i gjerningsstunda og meir portrett av aktørar. Kva motmakt ligg i lokalavisa eller nynorskavisa? Så godt som alle nynorskaviser er lokalaviser. Ein kritisk journalistikk på nynorsk blir dermed avhengig av at også lokalaviser gir rom for slik journalistikk. Motmakta kan liggje i både stoffval, synsvinkel og skrivemåte. Det er ganske lett å sjå at ei riksavis som Dag og Tid ser verda og Noreg frå fleire stader enn ei avis som Morgenbladet gjer. Er der slike skilnader i det heile mellom lokalaviser på nynorsk og bokmål? Der er iallfall eit skilje mellom store og små aviser. Dei små lokalavisene driv i stor grad ein journalistikk som framhevar visse verdiar i lokalsamfunna og fungerer integrerande og samanbindande i desse samfunna. Dei store region- og riksavisene har ein annan funksjon. Kor ulike er dei journalistiske sjangrane? Sportsjournalistikk og underhaldningsjournalistikk gjer meir av seg i dei tradisjonelle formata. Det bør undersøkjast kor kritiske desse formene for journalistikk er. Korleis har den journalistiske rolla endra seg? A.O. Vinje levde i ei brytingstid, blanda roller og skapte strid. Han var diktar i journalistikken og journalist i diktinga, har journalisten Bjørn Bø sagt.56 Med tida blei referat og meining skilde, men kor gjennomgripande har dette vore? Journalistikken var i ei anna fagleg låm mot slutten av 1900-talet enn kring 1860. Korleis er den journalistiske rolla blitt på 2000-talet? Den er iallfall under press. Grensa mellom journalistikk, informasjon og reklame er utfordra og i ein del tilfelle uklar. Fleire journalistar går inn og ut av yrket eller arbeider i skiftande prosentar. Tek kjeldene over for journalistane? Mediehusa skjer ned i både redaksjonane og andre delar av verksemdene, og færre journalistar skal produsere meir stoff i fleire format. Den journalistiske kvardagen er blitt meir krevjande med fleire fristar gjennom arbeidsdagen enn den eine som gjaldt før. Det blir viktig å ha færre fast tilsette, og dette har opna for innhaldsleveransebyrå. Desse rekrutterer gjerne frilansarar og fritek medieutgivarane for personalansvar og forpliktingar. Ein kan rekne med at denne marknaden er størst for saker som krev lite arbeidstid og er lette å selje inn. Her kan avstanden til kjelda bli for kort. «Alle har 56
Bjørn Bø i foredrag på 197-årsdagen for A.O. Vinje i Vinjar 11.4.2015.
52
en historie å fortelle», skriv Mediamenn, som er eit slikt byrå: «I en verden der kampen om oppmerksomhet er tøffere enn noensinne, vet vi at fremtiden tilhører merkevarer som klarer å levere engasjerende innhold på målgruppenes egne premisser. Derfor planlegger, lager og drifter vi magasiner, nettsider, blogger og sosiale mediekanaler for våre kunder.»57 Kjeldestyrt informasjon kan nå effektivt ut, kjeldekritisk journalistikk blir ein meirkostnad. Korleis påverkar innhaldsmarknadsføring journalistikken og det redaksjonelle sjølvstendet? Omgrepet innhaldsmarknadsføring er nytt og verken godt eller presist. Det handlar om noko som er reklame, men ser ut som journalistikk og kan gjerne kallast reklamejournalistikk. I det meste av 1900-talet var pressa partipolitisk prega og til dels styrt. Frå 1970-åra slitna bandet mellom parti og presse, men etter nokre få tiår er reklamejournalistikken no på veg inn og kan få noko av den same funksjonen som partilojaliteten hadde. Mediehusa leitar etter nye måtar å skape inntekter på. Mange journalistar kjem i klemme når dei før lunsj skriv ei redaksjonell sak for avisa og etter lunsj ei marknadsføringssak for tilleggssidene. Både journalistar og lesarar kan oppleve dette som utydeleg, og det er det som poenget med denne måten å presentere stoff på. Ein bruker verkemiddel frå journalistikken fordi ein veit at desse fungerer. Innhaldsmarknadsføringa dreg vekslar på og låner av tilliten til journalistikken, som i sin tur risikerer å miste noko av den tilliten. Det store fleirtalet av lesarar vil neppe reagere før det eventuelt er for seint. Er der krisepunkt i medieutviklinga i nyare tid? Innhaldsmarknadsføringa kan forståast som eit krisepunkt, der etablerte normer og verdiar blir sette under press. At der er ei grunnleggjande spenning mellom økonomi og innhald, er ikkje noko nytt, men lite er gjort av studiar i korleis dette forholdet var tidlegare. Den journalistikken som no blir kalla innhaldsmarknadsføring, oppfyller verken mål eller ideal i overordna journalistiske dokument som Vær varsam-plakaten og Redaktørplakaten, men grensa mellom sjølvstendig og betalt journalistikk blir alt kryssa systematisk utan at det vekkjer allmenn uro eller nokon grundig presseetisk debatt. Utviklinga på dette feltet gjorde at Norsk Redaktørforening hausten 2015 la fram ei rettleiing med ti gode råd for å skilje mellom journalistikk og reklame.58 Nokre grensesteinar blei sette ned då Pressens Faglige Utvalg i januar 2016 konkluderte med at eit VG-samarbeid med Rema 1000 var brot på god presseskikk.59 Korleis påverkar nye eigarstrukturar og publiseringsformer redaktørrolla? Redaktøransvaret ligg fast og blir sterkt verna av Norsk Redaktørforening, men det er eit meir ope spørsmål korleis redaktørar kan halde på posisjonen sin i konsern der andre styrer annonsestraumen, delvis også grafisk formgiving. Det kan nok hende at redaktørrolla er vel så utsett i mindre publikasjonar og i fagpressa. Kva er dei journalistiske vendepunkta? Det vil vere interessant å finne ut når journalistikken endra karakter, og kva det var som gjorde det. A.O. Vinje representerer sjølv eit slikt vendepunkt, og det var nok som journalist han var mest original og epokegjerande. Han kryssa sjangergrenser slik mange journalistar og nokre forfattarar også gjer anno 2016. Inn i dette kjem den litterære og essayistiske journalistikken. 6.10 Samfunnsrolle med den redigerte røynda under press Samfunnsrolla drøftar mediebransjen nær sagt heile tida i våre dagar. Å ha ein dagsordenfunksjon er ein del av den samfunnsrolla. Sjølvforståinga i mediebransjen er at evna til å setje Mediamenn.no, lesedato 18.1.2016. Norsk Redaktørforening: «Slik skiller du journalistikk og reklame», nored.no, lesedato 19.1.2016. 59 PFU-sak nr. 311/15, handsama 21.1.2016, presse.no, lesedato 7.2.2016. 57 58
53
dagsorden er svekt av di sosiale medium de facto har fått ein slik funksjon. Då mediebransjen for alvor tok til å snakke om samfunnsoppdraget, var rammevilkåra for dette oppdraget alt i endring. Kva skjedde med den politiske journalistikken? Faktainformasjonen skrumpar eller blir meir styrt av kjeldene og deira mange direktekanalar i den digitale kvardagen, og meiningsjournalistikken veks. Før kommunikasjonsformer som telegrafen tok form frå midten av 1800-talet, var der mykje meiningar i avisene, og no florerer meiningane på ny. Dei fleste er strengt tatt ganske samde, men snakkar i munnen på kvarandre, og der er få institusjonelle rammer som fremjar meiningsskilnader. I staden blir meiningar endra i takt, og der meiningane over tid blir like, blir det også trongare kår for kritikk og Vinjes tvisyn. A.O. Vinje vil vere eit godt prisme og utgangspunkt for å forstå og vurdere moderne journalistikk og medieutviklinga på 2000-talet. Han ville opne og demokratisere samfunnet, dermed også journalistikken, men han kravde også danning. Han kritiserte råskap og kunnskapsløyse der han såg slikt, og han godtok ikkje at ein gjekk kunnskapslaus inn i ordskifta. Nettdebattane og kommentarfelta på 2000-talet kan lesast i lyset frå dei krava Vinje stilte, og dei kan nok også forståast som ein konsekvens av ei einsformig meiningsdanning og ein knugande meiningsfellesskap. Partipressa søkte skilnader og konflikt. Då partipressa dominerte, var avisene i seg sjølve aktørar som kritiserte kvarandre, polemiserte mot kvarandre, diskuterte med kvarandre, følgde kvarandre kritisk. Med eit fåtal mediekonsern og avishus og ei journalistisk utvikling i retning av mykje godt dei same meiningane, har kollegialiteten teke over for kritikken. Mykje av den same lojaliteten kollegaer imellom som ein ser i etatar som politiet og helsevesenet, pregar no også mediebransjen. Eit journalistisk grunnspørsmål anno 2016 er å sikre grunnlaget for redaktørstyrte medium med uavhengige, kritiske former. Det handlar om rammevilkåra for redigert formidling i ei tid der kven som helst kan publisere kva som helst. Det redaksjonelle sjølvstendet er avhengig av at verdiskapinga går til redaktørskapte publikasjonar. Dette rører ved kva slags samfunnsoppdrag pressa og dermed journalisten har. Lenge omtalte pressa seg som den fjerde statsmakta, men det uttrykket høyrer ein i dag sjeldan utanfor festtalane. I seinare år har jamt fleire snakka om eit samfunnsoppdrag, men det er uklart kva ein då siktar til. I den nyaste utgreiinga om norsk mediepolitikk frå 2010 er ordet berre å finne i eit sitat og i ein fotnote. Norsk Journalistlag viste til samfunnsoppdraget i ei høyringsfråsegn som utvalet siterte frå: «Redaksjonell kvalitet er en vanskelig målbar størrelse, et vesentlig kriterium er i hvilken grad mediene ivaretar samfunnsoppdraget. Tid og ressurser er avgjørende innsatsfaktorer, og støtteordningene har bidratt til å gi mediene romsligere rammer enn det markedsøkonomien gir.»60 Det kan nok vere stor skilnad mellom kva samfunnsoppdrag pressa faktisk har utført, kva oppdrag pressa sjølv meiner den har utført og kvar ein meiner det oppdraget kom frå. Mediebransjen spør etter framtidsretta og stabile rammevilkår i den spenninga som er mellom sentraldrivne konsern og lokale medium. Dei digitale formata har ført til at den verdiskapinga slett ikkje alltid skjer der kostnaden ligg. Talsfolka for den redigerte røynda vil sjå ein motsetnad til store delar av blogginga, der mykje er mest å rekne som tekstreklame eller sjølvframstilling. Mange bloggarar vil på si
60
NOU 2010:14 Lett å komme til orde, vanskelig å bli hørt – en moderne mediestøtte, Oslo 2014, s. 91.
54
side sjå eit behov for sjølvstende frå den institusjonaliserte og kommersialiserte journalistikken. Difor er der også ein tendens til at journalistar bryt ut frå etablerte medium og etablerer eigne, journalistiske bloggar. Dei digitale formata kan representere ei demokratisering i journalistikken. Med digital publisering tok kontakten mellom redaksjon og lesarar ei ny vending og blei både breiare og djupare. Kommentarfeltet oppstod som eit nytt format. Det er liten grunn til å tvile på at dei som dominerer kommentarfelta, er andre enn dei klassisk lesarbrevskribentane. I dette ligg ei sosial og kulturell demokratisering av skriftkulturen som til tider kan gi ubehagelege utslag. Den frie intellektuelle har vore ein viktig aktør i journalistikken. Kanskje er det her A.O. Vinje er det viktige føredømet. Vilkåra for denne delen av journalistikken er stramma inn. Store mediehus distanserer seg ikkje frå slik journalistikk, men stramme økonomiske rammer får følgjer. Tillit og openheit er det ordet aktørane sjølve bruker mest når dei i arbeidet med prosjektplanen er blitt spurde om kva som no står på spel. Redaktørforeining og journalistlag er nok ikkje samde om alt, heller ikkje om publisistiske strategiar, men dei står saman om å verne den redaktørstyrte publikasjonen. Å fortelje lesarane og aktørane i sosiale medium om dei publisistiske regelverka som gjeld og kvifor dei er viktige, er blitt viktigare enn før. Når driftsgrunnlaget er truga, gjeld det å verne om tilliten og den uavhengige posisjonen andsynes eigarar og annonsørar. Dette er strengt teke det einaste som skil den redigerte pressa frå mykje av det som elles blir skrive og publisert. Då melder spørsmålet seg kor vellykka konserndanningane i norsk mediebransje har vore. Konsernuavhengige aviser som Hallingdølen vinn like gjerne prisar som konserneigde aviser av typen Kvinnheringen. Kva eigarstrukturar og finansieringsmodellar har å seie for journalistikken og dermed for lesarane, er eit emne som fortener undersøkingar, dokumentasjon, formidling og debatt. Emnet kan bli ekstra interessant viss ein maktar å jamføre med andre land og skriftkulturar.
Journalistikken er i enorm endring. Samfunnskritikken skrantar, varesalet aukar. Sosiale medium kan demokratisere samfunnsdebatten, men også sende oss saman med likesinna inn i lukka forum. Alt slikt og mykje meir bør Vinjesenteret lyfte fram og dokumentere. A.O. Vinje var ein epokegjerande reportasjejournalist som skildra, kommenterte, risa, roste, meinte. Eit senter knytt til hans namn får nok å tenkje på. Journalistikk og kritikk, forsking og analysar i vid meining vil høve godt under dette taket og i denne kommunen. Jørund A. Ruud, rådsmedlem frå Telemark fylkeskommune i Nynorsk kultursentrum
55
7
Litterære perspektiv
Plassen i Vinje. Ukjend kunstnar, utan tidfesting.
Norsk litteraturhistorie er ei fleirspråkleg forteljing. Det tok til med skriving og dikting på norrønt i mellomalderen og heldt fram som skrifter på dansk fram mot 1800-talet. Etter kvart tok det norske over og enda i ein språkdelt norsk kultur med to skriftlinjer – nynorsk og bokmål. Frå Vinje har det kome uvanleg mange diktarar på nasjonalt og internasjonalt nivå dei siste 150 åra, alle på nynorsk. Den forteljinga er enno ikkje skriven. Det er heller ikkje det skiftande samspelet mellom dikting og journalistikk.
7.1 Utgivingar Åtte av ti bøker frå norske utgivarar er på norsk, og fleire utgitte bøker er på engelsk enn på nynorsk.61 Frå og med 1800 hadde det ved utgangen av 2014 kome ut over 415 000 bøker og småskrifter i Noreg. For heile dette tidsrommet var 6,8 prosent på nynorsk og 81,8 prosent på dansknorsk eller bokmål. Over 11 prosent var på andre språk. Tekstproduksjonen i bokform på norsk har vore enorm. 3200 bøker i tiåret 1900–1909 var i 1950-åra blitt til 24 000 og i åra 2000 – 2009 heile 61 000. Aldri har det kome fleire trykte bøker i Noreg enn då den digitale tidsalderen tok til på 2000-talet. Kvart år kjem det no ut om lag 9500 bøker. Om lag 16 prosent av desse er på engelsk. Av dei norske bøkene er godt over 600 eller 8–9 prosent på nynorsk. Det vil seie at det kjem ut over dobbelt så mange bøker på engelsk som på nynorsk, og på fleire emneområde er bokmål under kraftig press frå engelsk. På dei samiske språka blir det gitt ut 40–70 bøker i året. 61
Framstillinga byggjer på Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Ørsta 2015, s. 344 ff,
56
Saman med dei få samiskspråklege avisene inneber dette at samisk skriftkultur truleg er farleg nær nivået for kritisk masse. I absolutte tal kom det ut 235 bøker på nynorsk i tiåret 1900–1909. I tiåret 2000–2009 hadde dette auka til 4300 bøker. For bøker på bokmål har auken vore endå litt større rekna i prosent, frå 2900 til 56 000 i absolutte tal. Like frå tidleg på 1900-talet har dermed nynorsk bokutgiving utgjort 7–9 prosent av alle bøker utgitt i Noreg. Berre i tiåret 1920–29 svinga prosentdelen over 10. Det norske forlagssystemet blei først sterkt i andre halvdel av 1800-talet. Rekna tilbake til 1800 har forlag i Noreg fram til i dag gitt ut fleire bøker på engelsk enn på nynorsk. På samisk er det kome ut nær 1200 bøker i alt. Det er ikkje meir enn to års utgiving på nynorsk. Iallfall frå 1990 har ein aukande del bøker vore på engelsk, men i absolutte tal er det bøker på bokmål som har auka mest. Det samla talet på utgivingar frå norske forlag har auka frå 5400 i 1990 til 6500 i 2000 og 8900 i 2010. Det kom såleis ut 80 prosent fleire bøker i 2014 enn 25 år tidlegare. Tala inkluderer småtrykk under 48 sider, og dermed er mellom anna dei mange små barnebøkene rekna med. I tillegg kjem alle bøkene av forfattarar busette i Noreg som blei gitt ut i København før Gyldendal Norsk Forlag klipte over dette danske hegemoniet i 1920-åra. Det interessante er at nynorsk bokutgiving stod like sterkt for hundre år sidan som i dag. I åra 1900–1909 kom det ut om lag 3300 bøker i Noreg. Av desse var 89 prosent på bokmål og sju prosent på nynorsk. I tiåret 2000–2009 kom det ut 70 000 bøker her til lands. Då var framleis sju prosent av bøkene på nynorsk. Det som hadde endra seg, var forholdet mellom bokmål og engelsk. Frå første til siste tiår på 1900-talet fall bokmålsprosenten i norsk bokutgiving frå 89 til 82, medan bøker på engelsk steig frå to til ni prosent. No gir norske forlag i alle fasongar ut dobbelt så mange bøker på engelsk som på nynorsk kvart år. Presset frå engelsk har hatt lite å seie for nynorsk bokutgiving, men mykje for bokmål. Tre av fire bøker er norske originalverk. Kvart år kjem det såleis ut om lag 2500 omsette bøker. Ein database i Unesco viser som venta at engelsk er det dominerande originalspråket for bøker omsette til nynorsk eller bokmål. I tidsrommet 1979–2014 utgjorde engelske bøker tre av ti bøker omsette til nynorsk og to av tre bøker omsette til bokmål. Tidleg på 1900-talet etablerte særleg Det Norske Samlaget ein tradisjon for å omsetje bøker til nynorsk frå ei lang rekkje språk. Den tradisjonen var enno ikkje broten på 2000-talet. Eit påliteleg oversyn frå tiåret 1946–1955 viser at åtte prosent av dei skjønnlitterære bøkene for vaksne var på nynorsk, 22 prosent av barne- og ungdomsbøkene og 11 prosent av sakprosaen. Etter eit skjønnlitterært hopp på den nynorske prosentstigen i perioden 1966– 1985 stabiliserte skjønnlitteratur på nynorsk seg kring åtte prosent fram mot 2008. Også sakprosa på nynorsk blei liggjande på dette nivået. Fordelinga mellom skjønnlitteratur og sakprosa er altså svært lik for bokmål og nynorsk. Innanfor desse to hovudsjangrane er derimot skilnadene mange. Med visse atterhald kan denne utviklinga studerast år for år mellom 1966 og 1996. Då viser det seg at år om anna utgjorde prosa nesten halvparten av alle skjønnlitterære bøker på nynorsk. Innanfor skjønnlitteraturen sett under eitt var lyrikken lenge det nynorske tyngdepunktet. Skiljet mellom song og dikt har ikkje til alle tider vore så skarpt som i vår tid, og songen har like sidan Ivar Aasens tid vore ein viktig kanal for nynorskbrukarane. I 1920-åra var kvar fjerde lyrikkbok nynorsk, medan kvar tredje lyrikkbok dei seinare tiåra har vore på nynorsk. Også denne analysen treng eit sikrare fundament for å kunne bli ståande.
57
Telemark er eit område med ein heller svak forlagstradisjon. Der er fleire forlag som har spesialisert seg på regional litteratur, som Norgesforlaget i Porsgrunn, men ingen som når langt ut over fylkesgrensene. 7.2 Barnelitteratur med stor og liten valfridom På bokmarknaden er skilnaden størst mellom nynorsk og bokmål i barne- og ungdomslitteraturen – ikkje i kvalitet men i kvantitet. Å ha valfridom dreiar seg om å kunne velje mellom dei mange og like, ikkje berre mellom dei få og gode. Alle bøker utgitt i Noreg frå og med 1956 kan sorterast etter emne og sjanger. Skjønnlitterære barnebøker utgjer ein større del av den samla barneboklitteraturen på nynorsk enn på bokmål. Likevel er det skjønnlitteratur på bokmål som dominerer, som ei kontorblokk ved sida av ein funkisvilla. Born som voks opp på 1950-talet, fekk i gjennomsnitt 15 nye skjønnlitterære bøker å velje mellom i året. Dei som lærte å lese tidleg på 2000-talet, kunne gle seg over 27 nye bøker i året. Det er mogleg at dette kan seiast å vere over nivået for kritisk masse. Iallfall viss kvaliteten blir rekna med. Når dei tilsvarande tala for bokmålslesarane blant borna dukkar opp, hopar atterhalda seg opp i ein kø som endar i ein grunnleggjande tvil. Dei som voks opp i 1950-åra, fekk over 160 nye skjønnlitterære bøker på bokmål kvart einaste år. Femti år seinare kunne dei velje mellom noko slikt som 450 titlar i året, mot godt under 100 for nynorsklesarane.62 Bokmålslesaren kan i prinsippet finne fram ei flunkande ny bok kvar einaste dag. Nynorsklesaren kan gjere det same kvar fjortande dag. Bokmålslesaren har eit større tilbod enn kvar enkelt kan fordøye. Nynorsklesaren får aldri nok av sitt eige og må søkje til sin gode nabo, til bokmålet. Det som skulle vere valfridom, enda i fråvær. Fram til 1970-åra måtte så godt som alle born i nynorskmiljø lære seg å lese ved hjelp av bøker og blad på bokmål. Dei fleste av dei lærte å lese på bokmål før dei hadde noko å lese på nynorsk. Ikkje på noko tidspunkt i det moderne norske mediesamfunnet har nynorskbrukarane hatt tilgang på heile breidda av lesestoff. Frå 1960-åra kilte den nye aldersgruppa tenåringane seg inn mellom born og vaksne og var ingen av delane. Desse sosiale og kulturelle mekanismane verka like mykje på nynorskbrukarar som bokmålsbrukarar, men fråværet av lesestoff gjorde at nynorskbrukarane fann lite att av sitt i den nye ungdomskulturen. Mange unge nynorskbrukarar har knapt hatt noko val, langt mindre nokon valfridom. Frå og med 2010 kom det ut 1600–1800 barne- og ungdomsbøker i Noreg. Om lag 94 prosent av desse var på norsk – 80 prosent bokmål, 14 prosent nynorsk. Dei som ville lese nynorsk, kunne velje mellom godt og vel 200 nye bøker i året. Dei som ville lese på bokmål, måtte finne fram mellom 1500 nye bøker kvart år. 7.3 Skjønnlitterære debutantar på nynorsk Det finst ingen dokumentasjon av skjønnlitterære debutantar på bokmål. Derimot er dette gjort for nynorsk.63
62 63
Data frå Bokbasen om bøker utgitt i 2014 som var i sal 2015, spesialkøyring 27.8.2015. Ottar Grepstad: Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt, Ørsta 2015.
58
Over tid har fire av ti nynorskforfattarar debutert med lyrikk, men utover i mange forfattarskapar blir prosaen meir dominerande. Korleis bokmålsforfattarane debuterer og eventuelt endrar seg, har aldri vore undersøkt. I alt debuterte 1262 forfattarar på nynorsk mellom 1843 og 2014. 521 av debutbøkene var lyrikk, altså 40 prosent. 396 eller 32 prosent debuterte med skjønnlitterær prosa, og 190 eller 15 prosent gjorde det med ei barne- eller ungdomsbok. Meir uventa er det at ein av ti forfattarar debuterte med skodespel. Bak det talet ligg den sterke tradisjonen for amatørteater i ungdomslagsrørsla fram mot 1950-åra, som skapte etterspurnad etter nye skodespel på nynorsk eller dialekt. Lyrikk var den mest populære sjangeren hos debutantane mellom 1910 og 1930 og mellom 1940 og 1980, medan barnebøkene gjorde seg sterkt gjeldande frå 1970åra og framover. På prosa debuterte særleg mange mellom 1910 og 1950 og på 2000-talet. Uventa få debuterte på dialekt – berre 55 av 1262 forfattarar. Det var heller ikkje mange fleire som gjorde det fram mot vår eiga tid enn i dei første tiåra. Det har vore vanleg å sjå på den nynorske skriftkulturen som ein stad for menn. Den skjønnlitterære debutantlista seier noko anna. Kvar fjerde debutant var ei kvinne, og frå 25 prosent kvinner i 1950-åra auka dette til godt over 50 prosent utover på 2000-talet. Alt i 1958 var det for første gong fleire kvinner enn menn blant debutantane. Det Norske Samlaget er det forlaget som har fått fram flest debutantar. På lista over dei ti største debutantforlaga ligg Noregs Boklag og Olaf Norlis forlag på ein delt andreplass. Gyldendal og Aschehoug ligg på 4. og 5. plass, men skil seg frå dei andre ved at dei har hatt ein jamn tilvekst av debutantar gjennom det meste av 1900-talet. Alle dei andre forlaga har dominert i periodar. Frå 1960-åra har Samlaget heile tida vore forlaget med flest nynorskdebutantar. Før den tid skifta ulike forlag på å dominere kvar sine tiår. I 1910-åra var Erik Gunleiksons forlag i Risør størst, og i 1950-åra var det Marius Evjebergs forlag på Bøstad i Vesterålen som fekk fram flest debutantar. Også her gjorde den regionale krafta seg gjeldande i utviklinga av den nynorske skriftkulturen. Den nynorske skjønnlitteraturen utgjorde ein aukande del av norsk skjønnlitteratur i tida før Norsk kulturråd blei skipa i 1965. I 1918 var 98 prosent av skjønnliterære originalverk på nynorsk – i 1963 heile 30 prosent. Kva rolle forlag i Telemark har spelt for skjønnlitterære debutantar på bokmål, er ukjent. Mellom 1843 og 2014 debuterte 1263 forfattarar på nynorsk eller dialekt. Fem forlag i Skien, Kongsberg og Notodden gav ut debutverka til 18 av desse. Tre av utgivarane var aviser – Teledølen på Notodden (6), Norig (Skien (5) og Kongsberg Dagblad (1). Dei to andre utgivarane var Erik St. Nilssen i Skien (5) og H.J. Bruns Bogtrykkeri på Notodden (1). Ingen av dei forfattarane frå Vinje eller Telemark som er framheva i denne prosjektplanen, debuterte på forlag i Telemark. 7.4 Nokre linjer i norsk litteraturhistorie Norsk litteraturhistorie er ei fleirspråkleg forteljing. Det tek til med skriving og dikting på norrønt i mellomalderen, held fram som skrifter på dansk fram mot 1800-talet, etter kvart med mange norske innslag, og ei munnleg dikting og tradering på dialekt i like lang tid før den språkdelte norske kulturen får to skriftlinjer – nynorsk og bokmål. Etter 1814 var diktinga i Noreg eittspråkleg berre i om lag 50 år. Frå og med bøker som Symra av Ivar Aasen i 1863 og Diktsamling av A.O. Vinje i 1864 var to litterære skriftkulturar under utvikling. Heile tida var der dikting på dialekt, men denne blei tradert og der-
59
med formidla på andre måtar enn den trykte diktinga. Når anonym dikting og tradisjonsdikting kom på trykk, var det som kollektive uttrykk for det som blei kalla folkedikting, ikkje som individuelt skapte verk. I meir formelle former, til dømes som enkeltbøker, har dikting på dialekt gjort lite av seg utanfor songlyrikken. Prosaen har nok heile tida vore meir språkleg normert enn lyrikken. Der er ulike språklege tyngdepunkt innanfor den norske litteraturen. I norsk skjønnlitteratur dominerer prosa meir i bokmål enn i nynorsk, medan lyrikk og drama har gjort meir av seg på nynorsk. Det forteljande diktet, eposet, er ei av grunnformene i verdslitteraturen. Etter kvart som skriftkulturane blei meir dominerande, glei mykje av denne diktinga truleg over i den moderne romanen, som tok form frå 1700-talet. Lenge var der også vage skilje mellom epos og historisk framstilling. Der har vore ei rørsle i retning av kortare dikt i norsk litteratur det siste hundreåret, men utover på 2000-talet er det poetar som har dikta seg inn i den klassiske eposforma, i ubunden form. Enno då Petter Dass levde, rådde det klassiske litteratursynet grunnen. Det vil seie at ein ikkje skilde skarpt mellom dikt og sanning, sakprosa og fiksjon. Frå slutten av 1700-talet blei romantikken den dominerande åndsretninga for kunst, og med den kom eit skilje mellom skjønnlitteratur og sakprosa som gjer seg sterkt gjeldande den dag i dag. Retorisk sett er det éin litteratur, med ulike konvensjonar for kva som høvde seg å bruke av retoriske eller litterære verkemiddel frå sjanger til sjanger. Også innanfor sjangrar kunne dette synet endre seg over tid. A.O. Vinje representerer to litterære vendepunkt: ein moderne journalistikk tek form, og med eit nytt syn på naturen endrar også diktinga karakter. Dei fjella han atter såg og som var så vakre, hadde tidlegare vore rekna som stygge og trugande av di det var det kontinentale, milde landskapet som var norma for det vakre i naturen. Stilistisk er der endelaust mange skilnader mellom forfattarar uavhengig av om dei skriv nynorsk eller bokmål. Historisk er der likevel ein tendens til at det munnlege frå den traderte diktinga på dialekt står nynorsk litteratur nærmare, medan skriftleg tradisjon har gjort seg meir gjeldande på bokmål. Diktinga er blitt publisert på svært mange måtar. Der går éi linje frå det upretensiøse skillingstrykket til visesamlinga og den gjennomkomponerte diktsamlinga, og ei anna linje frå embetsmannsskrifter til den frie kunstnaren som diktar sine forteljingar, lange og korte. Organisert og profesjonell forlagsverksemd tok først form utover på 1800-talet og blei dels utvikla frå avisutgiving, dels frå bokhandlar. Det munnlege har vore der heile tida, meir eller mindre formande for diktinga. Det digitale er ein svært ny faktor dei to siste tiåra i ei tusenårlang litteraturhistorie. Formidlingsformene har førebels endra seg meir enn skrivemåtane. 7.5 Tradisjonsdikting I dag er det den skrivne litteraturen som nyt høgast status i samfunnet. I mellomalderen og jamvel lenger inn mot vår tid var det den munnlege diktinga som hadde denne posisjonen. Den munnlege diktinga var allment mest utbreidd, medan skriving gjaldt for nokre få sjangrar. Iallfall til langt ut på 1700-talet var skrift ei sak for dei få, for menn. Salmediktaren Dorothe Engelbretsdatter på 1600-talet hadde få medsøstrer som dreiv med slikt. Derimot var den munnlege diktinga ikkje berre tilgjengeleg for kvinnene, men også ein arena dei delvis kunne prege. Difor er der mange kvinneperspektiv i tradisjonsdiktinga.
60
Det som blei verande munnleg, måtte hugsast og overførast munnleg til andre, til neste generasjon. Denne prosessen blir kalla tradering. Det som skulle hugsast, måtte ha ei form som letta minnet. Rim eller melodigang var nødvendige føresetnader, likeins ganske faste forteljemønster. Gjennom tradering blei etter kvart det beste av munnleg dikting til tradisjonsdikting, eller folkedikting. Frå andre halvdel av 1900-talet kunne skriftfesting av slik dikting utvidast med lydfestingar. Kvar tekstane eller tonane kom frå, var ofte usikkert. Hugsa ein feil, eller ønskte ein å endre noko, oppstod det variantar. Begge delar har vore med og auka variasjonen i tradisjonsdiktinga, som altså er samansett av dikting og omdikting. På den andre sida var det langt frå alt som hadde same sosiale status, og det kunne avgrense traderinga. «Når telemarkingane var gode til å fortelja eventyr, syngje viser og spela hardingfele, var det fyrst og fremst fordi interessa for slike kunstformer stod sterkt hos dei, skriv litteraturforskaren Olav Solberg.64 Han framhevar at tradisjonsdiktinga i stor grad byggjer på dikting frå mellomalderen. Tradisjonsdiktet over dei alle, «Draumkvedet», har sitt grunnlag i eit visjonsdikt som blei omsett frå latin til norrønt på 1200-talet. Songane og forteljingane blei fortalde frå mann til mann, kvinne til kvinne, generasjon til generasjon, av mange slags menneske, men dei fleste var fattigfolk, husmenn, tenestefolk, innerstar. Dette var i stor grad ein kulturtradisjon utanfor urbane miljø og pengeøkonomien. Berre av balladesongarar er det registrert nærmare 450 i telemarksbygdene. I arbeidet med å dokumentere og skriftfeste tradisjonsdiktinga har menn dominert. Dei har som oftast vore heilt avhengige av kvinner som kunne hjelpe dei. Presten M.B. Landstad med oppvekst i Vinje og Seljord trong den eit år yngre prestedottera Olea Crøger frå Heddal for å gi ut den skilsetjande samlinga Norske Folkeviser i 1853. Crøger fekk med tida ei stilling hos Landstad, og i boka hans er ein tredel av visene frå ei samling som Crøger hadde gjort ferdig i 1842, men aldri fekk gitt ut.65 Crøger tok truleg til å samle viser i 1840, i ei tid då det var alt anna enn sjølvsagt for kvinner å gå inn i offentlege roller.66 Landstad døydde i 1880, og året etter blei Rikard Berge fødd på Rauland. Han var ein av dei store tradisjonssamlarane, femnde vidt og tok med seg alt han kom over. Alt i alt finst det om lag 2000 oppskrifter av eventyr frå Telemark. Heile 800 av dei stod Rikard Berge for. Den dag i dag er kvinner sentrale i dokumentasjon og formidling. Då NRK arrangerte ei kåring av den beste kortfilmen i 2014, vann Aaslaug Vaa og Anders Øvergaard Filmpolitiets Kortfilmpris med filmen Sing Lingeling om tradisjonsmusikktradisjonar i Telemark.67 Filmen fortel om fem små jenter som lærer å kvede av Agnes Buen Garnås. Aaslaug Vaa hadde i 2015 ferdig den 90 minutt lange filmen Kvar song si soge, der noko finansiering enno stod att. Her utvidar ho forteljinga si om kvedekunstnarane gjennom eit portrett av kvedarane langs Møsvatn og dermed den vasspegelen som no er ein del av verdsarven (sjå kapittel 4.3).
64
Olav Solberg: «Telemark i det norske», i Nils Ivar Agrøy og Ellen Schrumpf (red.): Telemarks historie, band 2, Bergen 2014, s. 240. Dei vidare avsnitta byggjer i stor grad på kapitlet hans. 65 Ole Solberg, same staden, s. 243 f. 66 Sigurd Aa. Aarnes: «’Prestedatteren Jomfru Olea Crøger’», i Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen (red.): Norsk litteraturhistorie. Sakprosa fra 1750 til 1995, band I, Oslo 1998, s. 209. 67 http://p3.no/filmpolitiet/2014/06/kortfilmpris-vant-vi-er-det-sant, publisert 16.6.2014, lesedato 12.12.2015.
61
7.6 Diktarar frå Vinje og vidare omkring Dei tradisjonane for skrift som festna seg i Vest-Telemark på 1700 og 1800-.talet, blei til ny dikte- og skrivekunst. Grunnlaget var tradisjonsdikting av ukjent opphav, som «Draumkvedet». Ut av desse tradisjonane voks det fram ei dikting som gjorde Vinje til ein meir litterær kommune enn dei fleste i landet. Tradisjonssongen glei over i moderne songlyrikk, og forteljekunsten blei til prosakunst. Namnerekkja er formidabel: A.O. Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas, Stein Versto, Odd Nordstoga, Kjersti Rorgemoen, Erlend Kaasa, Ingebjørg Bratland. Ein kan nok finne slike klynger av forfattarar på andre mindre stader og regionar også. Det spesielle er at dei alle saman høyrer heime på den nasjonale og/eller internasjonale scena. Allkunne har publisert biografiar om desse (vedlegg 4). Der går ei 150 år lang linje frå Vinje til Versto som syner noko av det som skjer når ein litterær tradisjon tek form. Tarjei Vesaas debuterte som talar nettopp i Vinjestoga, og han las ofte dikt av han på ungdomslagsmøte. Det var i journalistikken han viste det største repertoaret, meinte Halldis Moren Vesaas. Eg trur Tarjei Vesaas kjende at A.O. Vinje hadde rydda veg for han, men han skreiv aldri noko om det, konstaterer Olav Vesaas.68 Og Vesaas rydda veg for andre. Stein Versto las så godt som heile forfattarskapen hans på nokre månader då han var i 17-årsalderen.69 A.O. Vinje tok til i sakprosaen, utvida skriftfeltet sitt til lyrikk då han i 1858 sette i gang Dølen som den første avisa på nynorsk, og var som ein av få like god poet som journalist. Aslaug Vaa debuterte først som poet då ho var 45 år gamal, gav ut sju samlingar dikt, som ho kalla poetisk tenking, der mange dikt no er blant dei norske klassikarane. Som Vinje tok Tarjei Vesaas med seg all sin tradisjon inn i diktinga, men heldt folklorismen på ein diktararms avstand, blei ein av dei store prosaforteljarane og skapte verk som no er omsette til 35 språk. Halldis Moren Vesaas skreiv eigne dikt og gjendikta dramatikk og annan verdskunst til nynorsk, og var Diktardronninga då ho gjekk bort i 1995. Stein Versto tok steget inn i litteraturhistoria med noveller og når i dag lengst ut som songlyrikar for Odd Nordstoga. Han har på si side også skrive historie med tekstar og melodiar som raskt kom på folkemunne. Erlend Kaasa har så langt profilert seg som romanforfattar, og songartisten Ingebjørg H. Bratland båe diktar til eigne melodiar og gjendiktar andre, som då ho i 2015 gav Bob Dylan nytt liv i Noreg med «For at eg elskar deg». Særleg i skjønnlitteraturen driv mange vekselbruk mellom dikting og gjendikting. Ein av dei er Juan Gutiérrez-Maupomé frå Mexico, no busett på Eidsborg. Med mange års røynsle frå museum, festivalar og anna kulturarbeid i Mexico flytta han like til Vest-Telemark og har seinare omsett verk av både Henrik Ibsen og Tarjei Vesaas til spansk. Alle desse og fleire til har dikta i dei fleste sjangrane, og dei har gjort det på nynorsk. Der ligg ei spenning mellom tradisjon og modernitet i denne diktekunsten. Diktinga handlar om dei store spørsmåla i livet og om det viktige ved livet i kvardagen, vilkåra for menneskeleg utfalding, bygdesamfunnet slik det var og bysamfunnet slik det er. Kring 1900 var Askerkretsen kring Hulda og Arne Garborg eit av dei fremste litterære miljøa i Noreg. I 1970-åra tok eit omgrep som Sunnhordlands-diktarar form. Å snakke om ei Vinje-dikting gir derimot lita meining. Der var aldri mange om gongen i Vinje som dikta på øvste bokhylle, men der har støtt vore nokon som gjorde det.
68 69
Olav Vesaas: «Halldis og Tarjei om A.O. Vinje», foredrag i Vinjar 5.4.2014. Stein Versto: «Debutantprisen 50 år», foredrag i Vinjar 6.4.2014.
62
Utanfor grensene i sør og aust har der vore mange gode diktarar i Vest-Telemark. Blant desse er John Lie, Haakon Lie, Jon Norstog, Ingebjørg Kasin Sandsdalen, Halvor Sandsdalen, Guro Sandsdalen og Jørund Telnes. Sentrale samtidsforfattarar er Helga Flatland, Arvid Torgeir Lie, Geirr Lystrup og Karin Moe. Telemarksportalen er utvikla av Telemark fylkesbibliotek og inneheld kort biografisk og bibliografisk informasjon om 128 skjønnlitterære forfattarar frå eller med sterk tilknyting til Telemark.70 Oversynet er ikkje a jour, men gir ein god inngang til telemarkdiktinga. Det kan vere fort gjort å oversjå litterære kuriosa, som at salmediktaren Trygve Bjerkrheim tysdag 16.5.1950 sat ein stad i Kviteseid sentrum og dikta «Han tek ikkje glansen av livet». Dagen før hadde han vitja Signe Edland som låg for døden i Vinje. Førstelinja i salmen skriv seg frå henne, siste dagen ho levde.71 Relevant er det også at Ingebjørg Mælandsmo frå Heddal med lærargjerning på Notodden dikta om livet til tradisjonssamlaren Olea Crøger, som også voks opp i Heddal, i ein romanserie på fem band mellom 1958 og 1970. Slik blir skiljet mellom munnleg og skriftleg, tradisjon og modernitet, kryssa. Det blir det også hos filologen og namnegranskaren Eivind Vågslid frå Edland. Gjennom mange tiår var han ein av dei som samla, ordna og rydda i norske stadnamn, ofte med tolkingar som skilde seg frå det som gjekk for å vere etablert kunnskap.72 7.7 Litterære problemstillingar i utval For norsk skjønnlitteratur er den statlege delen av forfattarøkonomien blitt endå viktigare utover på 2000-talet. Dei litteraturpolitiske verkemidla ligg ganske fast, men er nok ikkje sjølvskrivne. For skjønnlitterære forfattarar gir innkjøpsordningane i Kulturrådet no betre og meir føreseielege vilkår enn før. Bokbransjen er prega av sterkare kjedemakt på bokhandelsida og større press på inntening på forlagssida. Desse endringane tener ikkje til å fremje mangfald og variasjon og kan sjåast som ein parallell til det reduserte mangfaldet i avisbransjen (sjå kapittel 6.9). Norsk essayistikk står utsett til. Dette har aldri vore nokon dominerande sjanger, men det er ein sjanger som veg tungt i kvalitet og refleksjon. Først frå 1990-åra kom offentleg støtte til utgiving av slike bøker inn i ordna former. Frå 2005 etablerte Kulturrådet ei ny støtteordning for innkjøp av sakprosa, og med den har essayistikken etter kvart mista sine få privilegium i bokøkonomien (sjå kapittel 8.6). Ei anna kritisk endring er endra rammevilkår for litteraturjournalistikk og litteraturkritikk. I jakta etter nye inntekter og nødvendige driftsresultat reduserer mediehusa talet på journalistar og andre medarbeidarar. Vinteren 2016 avvikla Bergens Tidende stillinga som kulturredaktør, og store aviser som VG har skore til dels kraftig ned på omfanget av litteraturkritikk. Der avislesarane før kunne kome til å kome over bokmeldingar dei elles ikkje ville sett, må boklesarane no i større grad oppsøkje litteraturkritikken i aviser som Morgenbladet, Klasekampen og ymse litteraturtidsskrift. Den litterære offentlegheita blir fragmentert og spesialisert. På plussida veg det tungt at opplesingar og forfattarmøte er blitt ei vanleg arrangementsform i kultur-Noreg. Desse arrangementa er populære, og dei får fleire forfattarar fram i lyset, tydeleg, enn bokhandlane og biblioteka kunne gjere med sine vanlege verkemiddel. www.telemarksportalen.no, lesedato 2.1.2016. Arne Prøis: I regnbuens glans, Oslo 1991, s. 150. 72 Jf. Einar Økland: «Samtale med Eivind Vågslid», Nå igjen, Oslo 1982, s. 78 ff. 70 71
63
Med ei meir profesjonalisert presse blei det særleg frå 1980-åra viktigare for forfattarar å handtere intervjusituasjonen. Å kunne framføre tekstane sine godt er blitt ein del av kvardagen for dei som no etablerer seg som skjønnlitterære forfattarar. Det vil ikkje seie at alle trivest like godt i den utoverretta rolla. Ein kan nok lykkast og bli sett som god forfattar sjølv om ein ikkje meistrar medie- og arrangementssituasjonane, men nålauget blir trongt viss litteraturkritikken skrumpar inn. Det kastar mindre av seg å vere skjønnlitterær forfattar no enn før. Medianinntekta for ein skjønnlitterær forfattar fall frå 164 000 kroner i 2006 til 120 000 i 2013.73 Berre justert for prisveksten utgjer denne reduksjonen 36 prosent. Trass i dette kjem det jamt nye skjønnlitterære forfattarar, og mange fleire no enn før. Ved inngangen til 2016 hadde Den norske Forfatterforening 634 medlemer. Av dei budde 247 eller 39 prosent i Oslo. Det vil seie at konsentrasjonen av journalistar og skjønnlitterære forfattarar i Oslo er nesten like stor (sjå kapittel 6.5). I 1970 hadde foreininga 345 medlemer. Dette auka med 150 til 495 medlemer i 2000, og nye 134 fram til 2015. Viktige rekrutteringsstader er forfattarstudia i Tromsø, Bergen og Bø, delvis også Göteborg. Gjennomsnittsalderen for skjønnlitterære debutantar ligg derimot ganske stabilt kring 35 år. Dette er noko av bakgrunnen for å skissere problemstillingane nedanfor som ein inngang til samtida. Korleis stiller diktarane seg til sakprosa? Mykje av den rimfrie diktinga har mange ting til felles med ulike former for sakprosa, og der er setningar i mang ein sakprosatekst som kunne omformast til frie dikt. Ein del poetar skriv gjerne essay, men sjeldan skjønnlitterær prosa. Så kva er det med sakprosaen? Kva skjer når modernisme blir allemannseige? På Diktkammeret.no er det frå og med 2001 publisert titusenvis av dikt, og så godt som alle er rimfrie. Modernisme er mykje meir enn ein måte å skrive dikt på, men når modernismen er blitt ei standardform, kan då nye tenkje- og skrivemåtar opne seg? Sett under eitt dominerer dikt i bunden form mindre enn før, men det har danna seg eit skilje mellom dikt i frie former på trykk og dikt i bunden form i song. Kvar skil dikting på nynorsk og bokmål lag i det litterære? Der er to norske litterære tradisjonar, bokmål og nynorsk, med ulike publiseringsmønster og sjangerprofilar, som nemnt ovanfor. Kor likt og ulikt to prosadiktarar skriv på bokmål og nynorsk, utover det individuelle, har knapt vore undersøkt – heller ikkje i journalistikken (sjå kapittel 6.9). Har digitale format endra skjønnlitteraturen mindre enn journalistikken? Å skrive for digitale format stiller andre krav enn å skrive for publisering på papir. No blir dei digitale formata styrande for mest all journalistikk, men gjer dette noko med diktet og romanen? Det ser iallfall ut til at avismediet er meir svekt enn bokmediet. Er autentisiteten under press? Den litterære samtidsdokumentasjonen, iallfall den som gjeld den skapande og formande prosessen, kan på kort tid bli mangelfull. Med ikt er det handskrivne eller maskinskrivne manuskriptet i ferd med å bli rein historie. Digitale manuskript er no standarden. Likevel finst det enno interessante handskrifter, og der er forfattarar som framleis har notatboka med seg nært sagt over alt. Innsynet i skriveprosessen blir likevel avgrensa og meir avhengig av kva forfattaren sjølv fortel. I den grad litteraturen blir til mellom notatbøkene og bloggane, må litterære museum vere obs på dette varierte skriverommet. Og kva då med den sms-en som blei til ei setning i ein roman? 73
Leiar Sigmund Løvåsen i Den norske Forfatterforening i møte 18.1.2016 og e-post 19.1.2016 og 20.1.2016.
64
Korleis kan ein unngå den biografiske fella?Museumsgjenstandar kan brukast til å presisere, modifisere og nyansere forholdet mellom liv og verk. I dette ligg også ei mogleg biografisk felle der kunstnarens liv blir gjort viktigare enn ønskjeleg i formidlinga og tolkinga av det kunstnaren skapte og utretta. Dette skil seg likevel etter kva type litteratur det dreiar seg om. I dokumentasjonen av skjønnlitterære forfattarar trengst mindre liv og meir verk, medan dokumentasjonen av sakprosaforfattarar gjerne kan få meir liv og mindre verk. Blir forfattarstadene borte? Forfattarlivet har endra seg. Med det endrar også posisjonen seg for diktarbustaden, forfattarhuset, skrivehytta. Knut Hamsun reiste mange stader for å skrive. Det gjer også svært mange av forfattarane i dag. Faglitterære forfattarar har gjerne studieopphald ved lærestader i utlandet. Skjønnlitterære forfattarar arbeider også i meir tidstypiske former, og der blir bustadhuset gjerne mindre viktig. Diktarheimen kan altså få ein lågare status enn tilfellet er med Alstahaug, Aulestad, Arbins gate, Knudaheio, Kolbotnen, Labråten, Nørholm, Bjerkebekk. Samstundes er stader framleis relevante når spørsmål om identitet melder seg, språkleg, kulturelt m.m. Kva slags forfattarstader som bør vernast for ettertida, er ein diskusjon ingen har opna til no. Er all litteraturhistorie ei resepsjonshistorie? Materialgrunnlaget for resepsjonshistoriske arbeid er særleg kritikk, meldingar og alle typar dokumentasjon av korleis litterære tekstar er blitt brukte. Når Jakob Sande i ei novelle fortel at det blir sunge ei vise av Petter Dass, er det ein relevant dokumentasjon på linje med at Ivar Kleiven i Vågå fortel om kva plass religiøs litteratur hadde i dagleglivet. I røynda er all skriving av litteraturhistorie også ei resepsjonshistorie. Det andre har tolka, tenkt og skrive før, påverkar den neste som skal skrive. Dette inneber at bibliografi og resepsjon er to former for same sak, særleg viss bibliografien ikkje blir avgrensa til det bokhistoriske. Korleis har vilkåra for frie, kritiske røyster endra seg? Dei forfattarane som er nemnde i intensjonsavtalen, var alle nye, uredde og sjølvstendige røyster. Kva særkjenner ein skriftkultur som får tilsig av slike? Kva rolle kan dokumentarromanen spele i den digitale tida? Den undersøkjande journalistikken gav alt tidleg verk som Ten days that shook the world (1919) av John Reed om den russiske revolusjonen og har lenge prega grenselandet mellom dikting og journalistikk. Klassikaren In Cold Blood (1969) av Truman Capote var ikkje lenger fullt så klassisk då kjeldebruken blei undersøkt. Romanen Kappløpet (1974) av Kåre Holt om Sørpol-ekspedisjonane 1910– 1911 utløyste eit ordskifte der vitskapen utførte sin grensekontroll. Eit seinare hovudverk er Bokhandleren i Kabul (2002) av Åsne Seierstad. Med den amerikanske nyjournalistikken, friare journalistiske reportasjeformer og eit mylder av digitale tenester er kjeldebruken blitt meir subjektiv, samstundes som krava til ryddig kjeldebruk har auka i takt med at digitale kjelder gjer det lettare å leite seg lenger inn i stoffet. Det endrar også dei litterære rammevilkåra for ein del forfattarar.
65
8
Inngangar til skriftkultur
Rikard Berge i arbeid, truleg mellom 1915 og 1930. Foto: Ukjend / Bjerkebæk
Når tale blir skrift, og skriftspråk blir utvikla vidare med institusjonar og regelverk, oppstår skriftkulturar. Den lese- og skrivekunna som prega Øvre Telemark i tidlegare hundreår, gjorde at folk visste ein del om kva som blei tenkt og skrive andre stader. Denne skriftkulturen styrkte den munnlege tradisjonskunsten, som på si side påverka diktinga. «Ytringsfridom skal det vere», heiter det i Grunnlova no. Den fridomen er under press både i tale og skrift, også i eit språkdelt samfunn som Noreg. For den som skriv, er det sjeldan likegyldig kva språk han eller ho får bruke og kvar det kan brukast.
8.1 Litteratur i eit skriftkulturelt perspektiv Mange språk og dermed mange kulturar er ikkje skriftfesta og er dermed munnlege kulturar fullt ut. Derimot er knapt noko samfunn reint skriftkulturelt. Som omgrep flest er heller ikkje skriftkultur noko eintydig fenomen. Minst tre tydingar og bruksmåtar skil seg ut. Skriftkultur kan vere eit allment uttrykk for den samla bruken av skrift, slik Peter Stein skriv om emnet i Schriftkultur (2006). Dette er nok blitt den vanlegaste bruksmåten.
66
Tekstforskaren Arne Apelseth framhevar heller den sosiale praksis som følgjer av at kvardagen blir tekstleggjord. I sitt historiske perspektiv knyter han difor skriftkultur mest til «det litterære livet mellom folk flest».74 Eitt viktig opphav til den tekstleggjeringa finn han i protestantisk masselitteratur. Eit anna er i utviklinga av sivil administrasjon på 1600- og 1700-talet, som gjerne erstatta etablerte munnlege tradisjonar. Ein tredje posisjon er formulert av språkforskaren Lars S. Vikør. Med hans perspektiv blir skriftkultur ein samfunnsformasjon, ei vidareutvikling av skriftspråk, knytt til eit gitt utviklingsstadium i bruken av det språket. Slik sett er skriftkultur noko anna og noko meir enn det som har med lese- og skrivekunne å gjere. Ein skriftkultur, sa Vikør i eit foredrag i 1996, «omfattar heile den infrastrukturen som denne litteraturen utfaldar seg i», og der nemnde Vikør særskilt opplæringssystem, publiserings- og distribusjonsapparat, bruks- og resepsjonsmønster.75 Slik sett er skriftkultur eit institusjonelt fenomen. Til ein skriftkultur i denne tydinga høyrer nok også immaterielle faktorar som kjensler og subjektivitet, førestillingar om fellesskapar og identitetar. I denne prosjektplanen er denne tredje forståinga lagd til grunn. Det er den som gjer det nødvendig å rekne bokmål og nynorsk som to norske språk, ikkje to målformer av eitt språk. Spørsmålet er korleis ein skriftkultur blir utvikla frå eit skriftspråk. Utbygginga av det norske museumssystemet tok til i eit tidsrom prega av eit romantisk kunstsyn. Dette etablerte etter kvart eit skarpt skilje, også hierarkisk, mellom skjønnlitteratur og sakprosa. Difor har vi ein del litterære museum knytt til skjønnlitterære forfattarar eller forfattarar som markerte seg tungt i begge desse typane litteratur, medan minne etter sakprosaforfattarar i beste fall blir knytte til det allmennhistoriske. Å halde oppe eit slikt skilje i dag, og med det melde store delar av den norske skriftkulturen ut av litteraturen, er meiningslaust. Derimot er det legitimt å meine at nokre typar tekstar er meir verdfulle enn andre av litterære grunnar. Vi arbeider med saker som kan gjelde publisert eller upublisert skjønnlitteratur og sakprosa, og brukstekstar av alle slag. 8.2 Skriftkultur i Øvre Telemark Vest-Telemark var eit av dei områda i landet der norsk skriftspråk var lengst i bruk før dansk tok heilt over som forvaltningsspråk i Noreg. Det siste brevet på norsk blei skrive i Seljord i 1584.76 Dette var eit jordskiftebrev, signerte av to lagrettemenner. Skrift og tekst nådde ut til lekfolk: Også der viser Telemark att i historia. I meir enn 40 år har språk- og litteraturforskaren Jostein Fet, ein gong lektor ved Bø landsgymnas, leita fram den skriftfesta kvardagen til allmugen, folk flest.77 Han kallar dei bønder, men det er allmugen han skriv om, fattig og rik. Dei mange skifteprotokollane har han supplert med eigne undersøkingar og mentale manntal som ein del prestar skreiv, såkalla sjeleregister. Der fekk han stadfesta ein mistanke som tidleg hadde meldt seg: Der var mange fleire bøker rundt om i heimane enn dei som var nemnde i skifteprotokollane.
Arne Apelseth: Den låge danninga. Skriftmeistring, diskursintegrering og skriftlege deltakingsformer 1760–1840, Bergen 2004, s. 9. 75 Sitert etter Ottar Grepstad: Det nynorske blikket, Oslo 2002, s. 23. 76 Olav Solberg: «Telemark i det norske», i Nils Ivar Agrøy og Ellen Schrumpf (red.): Telemarks historie, band 2, Bergen 2014, s. 239. 77 Framstillinga byggjer på Ottar Grepstad: «Over alle tindar av ord», forord i Jostein Fet: Den gløymde litteraturen, Oslo 2015, s. 11 ff. 74
67
Fet registrerte boksamlingar, studerte enkeltforfattarar, las enkeltskrifter nøye. Slik blei tre slektskrøniker frå Bjørkedalen på Sunnmøre 1614–1876 viktige i eit nytt perspektiv, som bitar i mosaikken skrivekunne. Liknande uttrykk for sterk skrifttradisjon er Rygnestadboka i Valle i Setesdal med innskrifter 1587–1630 og Røldalsboka med innskrifter frå 1609. Då Vinje kyrkje blei riven i 1796, fann ein ei lita bok i koret. Dette var ei notisbok av det slaget studentar gjerne brukte, papiret var frå om lag 1480. Som i mange andre bøker med innskrifter var det mange som hadde skrive også i denne. Det er ei bok med mange råd, ikkje minst besverjingar og annan trolldomskunst. Ingen veit når og korleis boka kom til Vinje. Ei sannsynleg forklaring er at ein prest i Vinje hadde samla inn dette stoffet som student i utlandet.78 I Fets store forteljing heng lese- og skrivekunne saman. Ymse miljø brukte tidleg skrifta i dei mest ulike samanhengar. Skriftene er for mange og variasjonen for stor til at dette kan reduserast til lesande og skrivande storbønder. Folk skreiv på det dei hadde for hand, og det var sjeldan blanke ark. Merkelege teikn rissa inn på ein husvegg, magiske formlar på klutepapir, bodord på steinheller, rim på ølbollar, slektsminne i margen på boksider, soldatbrev og dagbøker side om side med visjonsdikt og kjærleiksviser. Jostein Fet endra kunnskapen om Noreg. Han skapte eit paradigmeskifte og avdekte den gamle kunnskapen som ubrukeleg. Før han tenkte sitt, var det vanleg å meine at folk flest var analfabetar før det blei bestemt i 1739 at alle skulle konfirmerast – og den som skulle konfirmerast, måtte kunne lese. På 1800-talet såg ein gjerne på embetsstanden som eit aristokrati for danning, og så seint som i 1982 blei det skrive om «allmuens sløvhet og likegyldighet overfor opplysning og skole» på 1800-talet. Den makta som låg i skriftkunna, fekk mykje å seie for utviklinga av eit demokratisk samfunn på 1800-talet. Gamle tolkingar av 1700-talet måtte skrivast om, nasjonalromantikken falma, og grunnlaget for historia om nasjonsbygginga på 1800-talet slo sprekkar. Ringverknadene stoppar ikkje der. Arveskifte og andre juridiske dokument kan fortelje mykje om kvardagen i norsk historie. Det gjeld også kva posisjon skriftkultur hadde i tidlegare tider. Jostein Fet undersøkte frå 1977 til 1989 over 16 000 slike skifteprotokollar mellom 1690 og 1840 i Øvre Telemark, på Sunnmøre og i andre delar av landet.79 Ein kan altså trygt gå ut frå at der var fleire bøker rundt om enn det som kom fram av skifta. Det var ikkje alt ein rekna som verdig for slik bokføring. Dei regionale skilnadene var også store. Fet fann bøker i sju prosent av skifta i Øvre Telemark, og i tre prosent av skifta på Sunnmøre. Kor stor del av innehavarane som var sjølveigande bønder, eller kor stor bruttoformuen var, var to forklaringar, men faktorar som kommunikasjonar, innslag av religiøs kultur og utbreiing av lesekunne var like viktige årsaker. Den folkelege litterære tradisjonen levde side om side med den religiøse lese- og songkulturen i alle dei områda som blei undersøkte, men Fet ser det slik at den klassiske folkediktinga spela ei viktigare kulturell rolle i Øvre Telemark enn på Sunnmøre, i Romsdal og på Nordmøre. Fram mot 1735 auka realformuen kraftig i Øvre Telemark før den fall utover i hundreåret. Kjøpekrafta auka, og den blei mellom anna brukt til å kjøpe mykje meir bøker enn før, så mange at det var i gjennomsnitt mange fleire bøker per skifte i Øvre Telemark enn i andre regionar i 1730- og 1740-åra. Elisabeth Aronsen: «Skrift på vegg og skinn», i Øystein Rian (red.): Telemarks historie, band 1, Bergen 2014, s. 227 f. og 230. 79 Jostein Fet: Lesande bønder, Oslo 1995, særleg s. 114–140. 78
68
Denne auken i talet på bøker tok jamvel til før dei økonomisk gode tidene under Den store norske krigen 1700–1720. Jostein Fet finn den viktigaste forklaringa i at Øvre Telemark tidlegare enn andre regionar fekk meir kontakt med bykulturen i Søraust-Noreg og med det tradisjonen for at bøker var verdfulle. Både sosialt og kulturelt var Øvre Telemark og Sunnmøre mykje ulike. Vestpå var fisket livsgrunnlaget, og for sunnmøringane må tilværet ha fortona seg som eit usikkert vågespel, skriv Fet. På fleire område var telene meir prega av store overskot og odling av mangt eit (kunst)handverk. I dette låg også klare skilnader i den religiøse kulturen. Der var mange fleire biblar austanfor enn vestanfor fjella, og mange fleire religiøse småbøker og songbøker vestanfor enn austanfor. Etter 1800 slo økonomisk nedgang sterkt inn på Nordmøre og i Øvre Telemark. Det viste straks att i mengda av bøker i skifteprotokollane. På Sunnmøre var dei sosiale skilnadene mindre, og der fekk slike økonomiske svingingar mindre å seie. For heile perioden 1690–1839 var det i gjennomsnitt 10 bøker per skifte på Sunnmøre, mot sju bøker per skifte i Øvre Telemark. Ut av alt dette er det kulturhistoriske poenget at dei mange skriftene i arveskifta vitnar om kor utbreidd lesekunna var, i Øvre Telemark så vel som på Sunnmøre. Det var som ein skriftfest for det munnlege. Her fann Ivar Aasen og tok med seg visjonsdiktet «Draumkvedet», som også Nils Sveinungsson frå Rauland traderte, i dette landskapet sanka Olea Crøger mykje av det som seinare er bitt knytt til M.B. Landstad, likeins Rikard Berge frå Rauland, ein av dei store tradisjonsforskarane i nordisk kulturhistorie, og som Øystein Kostveit skriv, ein kresen stilist (sjå kapittel 7.5).80 All skrifta og alle skriftene på 1600- og 1700-talet gjorde noko med folk. Dei visste meir om kva som blei tenkt og skrive andre stader i verda. Fets studiar viser kva skrift gjer med folk, kva folk bruker skrift til når dei bestemmer sjølve, og korleis dei prøvde å skrive dansk på sin måte. Folk flest kunne lese på 1700-talet, og dei snakka dei dialektane som var blitt forma alt før reformasjonen på 1500-talet. Lesestoffet var med få unntak på dansk. Det vil seie at nordmenn var tospråklege. Dei snakka eit språk og las eit anna. Den forståinga hadde følgjer for måten ein analyserte fortida på, korleis meiningsdanning blei forma og makt var fordelt. Lese- og skriveføre bondesøner som Hans Nielsen Hauge og Ivar Aasen blei for unntak å rekne. No blei det lett å sjå at utbreidd lese- og skrivekunne var ein nødvendig føresetnad for det dei to og mange andre utretta. Di meir sentral skrifta var i samfunnet, di meir interessant blei den for dei som ikkje måtte meistre denne kunsten. Dei fleste kunne lese, men las gjerne tekstar om att og om att. Andre høyrde tekstar bli lesne eller attfortalde. Slik nådde skrifta endå vidare ut. 8.3 Nynorsk og bokmål på Austlandet «Dølen. Smidja der det nynorske skriftspråket vart til», noterte Olav H. Hauge i dagboka si 29.6.1970.81 Første band av ei faksimileutgåve av bladet hadde kome ut den våren, Hauge las seg gjennom det heile denne sommaren og oppdaga at Vinje var endå meir enn ein diktar. Historia oppsummert i ei setning er presis nok. Likevel treng utsegna eit tillegg, for Vinje var tospråkleg. Diktsamling frå 1864 inneheld 117 dikt, 80 på nynorsk og 37 på dansknorsk.82
Øystein Kostveit: Rauland i Telemark, Oslo 1994, s. 41. Jf. også Arne Vinje: Kult og yrkje, Vinje 1996, a. 121. Olav H. Hauge: Dagbok 1924–1994, band III, Oslo 2000, s. 580. 82 Olav Vesaas: «A.O. Vinje – ein språkmann på leiting», foredrag på 195-årsdagen for A.O. Vinje i Vinjar 6.4.1013. 80 81
69
Den språkege variasjonen er stor i Noreg. Store er også skilnadene i språkleg status. Nordmenn er i skiftande språklege fleirtal og mindretal. Bokmål er mest brukt over heile landet, og nynorskbrukarane er framleis mange på Vestlandet, i indre strøk på Sørlandet og i det vestlege dalføra på Austlandet. Ideen om det nynorske blei realisert på ulikt vis frå fylke til fylke: Dei første bøkene kom ut i Hordaland. Dei første blada blei utgitt i Oslo og Hordaland. Det første mållaget blei skipa i Oslo og det første ungdomslaget i Oppland. Kyrkjelydar i Telemark var dei første som brukte nynorske salmar i kyrkja. Dei første skulekrinsane med nynorsk opplæringsmål kom i Aust-Agder, Hordaland, Møre og Romsdal. Kyrkjesokn i Nord-Trøndelag og Hordaland var dei første som innførte nynorsk liturgi. Den første kaffistova blei opna i Oslo. Det første nynorske teatret blei skipa i Oslo, med utgangspunkt i teatermiljø i Akershus. Kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane var dei første som vedtok nynorsk som tenestemål. Grunnlaget for den nynorske skriftkulturen blei altså lagt i heile ni fylke. No finst nynorskbrukarane i alle fylka, truleg også i alle kommunar. Ein av tre nynorskbrukarar bur ikkje på Vestlandet, men det er der dei er mest konsentrerte og mange stader utgjer dominerande fleirtal. Ni av ti nynorskelevar i grunnskulen bur på Vestlandet, og tre av fire i nynorskkommunar. Kommunane og kyrkjelydane har vore viktige, stabiliserande faktorar i den språkdelte norske kulturen. Den norske kyrkja held oppe ein viss bruk av nynorsk også i Trøndelag, og på Austlandet kjem det ut fleire nynorskaviser no enn kring 1900. Eit stort utval av meir enn 1300 folkerøystingar om liturgispråk i kyrkja mellom 1892 og 1954 er sortert etter landsdel. Det store fleirtalet av desse røystingane blei haldne på Vestlandet, men noko uventa var ja til nynorskprosenten vesentleg høgare på Austlandet. Dei viser at den lokaldemokratiske forankringa av norsk språkpolitikk har vore viktig for at den nynorske skriftkulturen skulle bli riksdekkjande. Folkerøystingane om opplæringsspråk i skulen frå og med 1965 viser ein annan uventa tendens. I heile tidsrommet 1965–2014 var det berre på Austlandet at eit fleirtal av folkerøystingane enda i ja til nynorsk. Kva ungdom over heile landet meiner om nynorsk, har berre vore kartlagt éin gong, i 1996. I vestlandsfylka nord for Rogaland var eit fleirtal av tenåringane positive til nynorsk, på Austlandet og i Nord-Noreg berre 20 prosent. I seinare tiår har bruken av nynorsk i skular på Austlandet vore nokså stabil; 12 prosent av nynorskelevane budde på Austlandet i 1910, mot 10 prosent i 2008. Kring 1970 gjekk om lag 30 prosent av dei nynorske artianarane på skular på Vestlandet, men i 2012 gjorde berre 23 prosent dette. På Austlandet var det nøyaktig like mange nynorskelevar i avgangsklassane i 2015 som i 1968. Etter kommunesamanslåingane frå 1964 forsvann det nynorske tenestemålet ut av dei fleste lokalsamfunna på Sørlandet, og ei negativ utvikling i Trøndelag og Nord-Noreg skaut då fart. På Austlandet var den store endringa at mange bokmålskommunar blei erstatta med nøytrale kommunar, i den grad det hadde noko å seie i praksis. Nynorskkommunane var i 2015 fordelte på ti fylke, dei nøytrale kommunane fanst i 17 fylke, medan bokmålskommunane låg i 15 fylke. Berre Sogn og Fjordane var utan så vel
70
nøytrale kommunar som bokmålskommunar, medan berre Vestfold var utan nøytrale kommunar og nynorskkommunar. På Vestlandet hadde Hordaland flest nynorskkommunar (30), på Austlandet Telemark (8) og på Sørlandet Aust-Agder (4). Dette hadde endra seg lite sidan 2000. Ved inngangen til ein mogleg ny kommunestruktur var der eit firedelt mønster i 2015: nynorskkommunar dominerte på Vestlandet, bokmålskommunar på Austlandet og nøytrale kommunar i Trøndelag, og der var ein balanse mellom bokmålskommunar og nøytrale kommunar i Nord-Noreg. Hausten 2013 likte ein av tre godt eller svært godt at Noreg blir eit meir fleirspråkleg samfunn, like mange verken likte eller mislikte det, og ein av tre likte det litt eller svært dårleg. Også her var det fleire som tok stilling no enn året før, og dei som gjorde det, fordelte seg ganske likt mellom for og mot. Kvinner var meir positive enn menn, unge meir positive enn eldre, folk med høgare utdanning meir positive enn dei med mindre utdanning, det same gjaldt for høg inntekt, og folk på Austlandet var dei mest positive – men folk i Oslo dei mest negative. Telemark er tospråkleg i skrift – dei fleste innbyggjarane skriv bokmål, men i VestTelemark dominerer nynorsk. Denne språkdelte tradisjonen gjer at Telemark fylkeskommune bruker nynorsk som administrasjonsspråk i politiske dokument og saksførelegg. Initiativ til å bruke nynorsk kom tidleg, men nynorsktilhengjarane organiserte seg først i Telelaget, seinare Telemark mållag i 1908. Då var nynorsk alt opplæringsspråk i seks kommunar, mellom dei Vinje og Rauland. Ideen om samnorsk stod tidlegare sterkt i fylket, og Landslaget for språklig samling hadde i sine gode dagar mange medlemer frå Telemark. Sommaren 2015 gjorde Vest-Telemark Blad noko lokalaviser sjeldan gjer. Journalist Geir Ufs oppsøkte alle dei seks kommunane i Vest-Telemark og laga ein reportasjeserie som svar på spørsmålet: «Korleis står det eigentleg til med nynorskbruken i Vest-Telemark?»83 I kvar kommune var ein profilert nynorskbrukar kartlesar og kommentator. Ein slik reportasjeserie vil aldri vere representativ, men kan likevel vere informativ og fortel noko om det skjer under den formelle overflata. Avisa fann mange verksemder som brukte nynorsk, som Jakob Tveit AS (Nissedal), Sporten Fyresdal med oppslag av typen «Livans makk på boks», Gullsmed Aabø (Kviteseid), Haukeli næringslag (Vinje), Seljord elektriske og Alt i Eitt (Tokke). Ein rask sjekk av nettstadene til kommunane viste at dei jamt over var konsekvente i bruken av nynorsk. Dei seks vegførarane var alle godt vaksne, og dei ordla seg skarpt om språkleg identitet. «Det er ikkje det at eg ikkje kan fordra bokmål, men det er ikkje mitt språk – og det tek for stor plass», sa Borgny Slettemoen Tøfte i Seljord. Tydelege var også mange av dei næringsdrivande. Då Fristadsenteret i Vinje skulle nyopne, ville eigarane lage ei tilbodsavis på nynorsk i 15 000 eksemplar. Det var ikkje berre berre. «Så tok me ein runde med alle tre kjedane me har om å få ei avis der me kunne redigere og skrive inn teksta sjølve på nynorsk.» Statens vegvesen var ein raud tråd i serien, eller rettare sagt rød. I kvar einaste kommune dokumenterte avisa korleis denne etaten braut mållova i sin språklege skiltpolitikk. Andre brot stod Posten og Sykehuset Telemark for. Kva som hadde vore gjort for å rydde opp i dette, seier artikkelserien lite om. «Kommunal skilting blir ståande i årevis. Blir det
Geir Ufs: «Nynorskkommunen», serie i Vest-Telemark Blad om Nissedal (4.7.2015), Fyresdal (11.7.2015), Kviteseid (18.8.2015), Vinje (25.7.2015), Seljord (1.8.2015), Tokke (8.8.2015). 83
71
slurva vil folk tenkje at det er slik det skal vere skrive», oppsummerer Einar Søreide i Kviteseid: «Det er ikkje fleire bokstavar i nynorsk enn i bokmål, så det treng ikkje bli meirkostnad.» 8.4 Særmerkte kjeldetypar I eit forvaltningsperspektiv kan vi altså trekkje nokre sirklar rundt den litterære teksten, avskrifter og utgåver. Kva desse sirklane skal romme, er avhengig av historisk kontekst og individuelle særdrag hos dei aktuelle forfattarane. I større grad enn andre museum arbeider dei litterære musea med desse særmerkte gjenstandstypane: Trykte skrifter Arkivalia: manuskript, brev Bruksgrafikk (bokomslag, plakatar, reklame m.m.) Lydopptak av forfattarar (truleg lite som ikkje finst i NRK eller Nasjonalbiblioteket) Pliktavleveringa fører til at i prinsippet alt trykt materiale av typen bøker blir samla i Nasjonalbiblioteket. Det som finst av unika i musea, vil mest vere eldre skrifter og signerte skrifter. For digitalt publisert materiale skal også Nasjonalbiblioteket ha alt, i prinsippet. Kor tilgjengeleg dette materialet er, er ei anna sak. Temasamlingar av publiserte skrifter vil difor framleis vere relevant samlingsforvaltning for mange litterære museum. Det er relevant å ha tilgjengeleg for publikum Sigrid Undsets eller Ivar Aasens boksamling. Likeins er det svært relevant å kunne vise ei stor samling av utgåver av skriftene til Petter Dass eller Knut Hamsun. Stoff frå aviser og periodika i form av intervju og reportasjar blir berre i liten grad fanga opp og gjort tilgjengeleg for eit allment publikum. Den kommersielle databasen Retriever (Schibsted) dekkjer jamt fleire aviser, og digitalisering av VG i søkbart pdf-format er i arbeid. Avisartikkelen som objekt, ”original”, blir her borte. Å vise eit avisklipp er noko heilt anna enn å vise eit tekstutdrag som løpande tekst på A4-papir. 8.5 Ulike forståingsformer og lesemåtar Medieforsking handlar mest om økonomi og institusjonar og minst om tekstar, medan litteraturforskinga handlar mest om tekstar og minst om økonomi og institusjonar. I litteraturvitskapen er der ein sterk tradisjon for å lese verk og forfattarskapar i ein litterær og historisk samanheng. Det inneber jamføring med andre verk av same forfattar, andre forfattarskapar, på ulike språk. I medievitskapen blir tekstar sjeldan lesne på same måten. Dei journalistiske tekstane blir dels lesne ut frå samanhengen, og dels ut frå publikasjonen dei stod i, men ordet forfattarskap blir knapt brukt om journalistar. Både den individuelle journalisten og miljø av journalistar kan forståast betre viss ein også går inn i tekstane på denne måten. Presis kunnskap om utgåver av tekstar er ein nødvendig føresetnad i arbeidet med litteraturhistorie, anten det gjeld skjønnlitteratur eller sakprosa. I seinare år har fleire store tekstkritiske utgåver vore i arbeid, som Henrik Ibsens skrifter og Ludvig Holbergs skrifter. Den kunnskap litterære museum har på området, blir i liten grad utnytta. Litterære museum og bibliotek har mykje den same kompetansen på eitt punkt: kjennskap til enkelttekstar. Både bibliotek og museum får mange spørsmål frå publikum om kvar ei verselinje skriv seg frå, når ein bestemt tekst blei publisert, kva som er korrekt versjon, m.m. Å praktisere edisjonsfilologiske prinsipp blir her ei viktig oppgåve også for museum, til dømes at det er forfattarens første eller siste versjon som gjeld. Grunnlaget for slik
72
kunnskap er systematisk utarbeidde bibliografiar om forfattarskapar. Nynorsk kultursentrum gav i 2013 ut Bibliografi over Ivar Aasens publiserte skrifter. I studiet av litteratur i alle sine former er tekst og kontekst så å seie to ytterpunkt. For skjønnlitteratur gir det meining å sjå bort frå konteksten, men det gjeld ikkje for arbeid med sakprosa, anten det handlar om journalistikk, historiske framstillingar eller handbøker. Medlemene samlar og forvaltar både litterære og ikkje-litterære gjenstandar frå personars liv og institusjonars gjerning, bygningar medrekna. Desse er knytte til landskap som har sine geografiske skilnader, på same måten som musea arbeider mykje med å handtere gjenstandane i lys av kulturelle og sosiale skilnader. I dette ligg ei historisk forståing av tekstar og hendingar. Skriftkulturar kan representere modernisering og demokratiserring. Ein A.O. Vinje var oppteken av det moderne, symbolisert med jernbanen som den store nyvinninga på hans tid, og ein Tarjei Vesaas følgde nøye med på moderne teknologi, symbolisert med dei store kraftutbyggingane i den tida han skapte som mest. Det er likevel ikkje opplagt at skrift = demokratisering eller modernisering. 8.6 Essayistisk skrift mellom dikting og journalistikk Essayistikken omfattar essay, epistlar, skisser og kåseri.84 Få litterære sjangrar er meir skriftlege enn denne; skrifttradisjon må seiast å vere ein føresetnad for å skrive essayistisk. Ikkje i nokon sakprosasjanger er spenninga mellom sak og prosa, form og innhald, meir finjustert enn her. Liksom pamfletten skriv essayet seg frå tida etter reformasjonen. Essayisten verken misjonerer eller agiterer slik pamflettskribenten gjer. Pamfletten er sak, essayet er prosa. I den dansknorske skriftkulturen innførte Ludvig Holberg essayet med sine Moralske Tanker (1744). Aasmund Olavsson Vinje gjorde det same i nynorsk skriftkultur gjennom Dølen eit drygt hundreår seinare. Essayet kan vere formelt som vitskapsprosa eller personleg som romanen. I det formelle essayet dominerer den saksretta argumentasjonen, mens den subjektive sjølvrefleksjonen pregar det personlege essayet. Her driv forfattaren si søkjande utprøving av eit synspunkt, ei erfaring eller ein teori, forma som ein tenkt eller skjult samtale med lesaren der forfattaren byggjer vidare på lesarens kunnskapar og erfaringar. Essayisten står like fritt som forskaren er bunden av vitskapsprosaens lovverk. Essayet har fantasien felles med diktekunsten og omgrepa felles med vitskapsprosaen. Det formelle essayet nærmar seg den vitskaplege artikkelen. Det personlege essayet glir over mot epistel, skisse og kåseri. Også som epistelskrivar var Ludvig Holberg tidleg ute, med fem band Epistler (1748-54). Epistelen har ei profan fortid i klassiske argumenterande tekstar og ei sakral fortid i Bibelens heilage epistlar. I overgangen frå mellomalder til renessanse var epistelsjangeren viktig for humanistane. I brevs form blei dei største faglege spørsmål drøfta; den som kunne skrive slike brev, kunne også sitt fag. Med utviklinga av privatbrevet blei epistelen meir subjektiv og uhøgtidleg. I dag står det opne brevet, skrive av ein framståande og respektert person til ein makthavar, epistelen nær. Det gjer også kåseriet, med sitt grunnlag i fransk 1800-tal. Det er salongversjonen av det personlege essayet, skapt i ein kombinasjon av biografisk framstilling og resonnerande kulturkommentarar. Dette var ein skriftsjanger for avisa som med tida er blitt omforma til ein munnleg sjanger for framvising av ordkunst og uhøgtidlege kommentarar. Det moderne kåseriet er meir innretta på å byggje opp under etablerte haldningar enn å utvikle ny innsikt 84
Framstillinga byggjer delvis på Ottar Grepstad: Det litterære skattkammer, Oslo 1997, s. 228–245.
73
og få nokon til å endre meining. Tydelegast er kåseriet i etterkrigstida, då kåseriet på sett og vis vandra frå radio til avis og tilbake til radio. Der essayet er kritisk, er skissa impresjonistisk. Skissa ber i seg trekk frå både reiseskildringa, anekdoten, sjølvbiografien og ikkje minst frå prosadiktet. Det gjennomgåande temaet er natur. Slik blir skissa ei repetisjonsøving på idyllens område. Utan farne tiders idyll og pastorale, heller ingen skisser. Vanskelegast å klassifisere er den aforistiske kortprosaen, som omfattar maksimen, sentensen, aforismen, fragmentet og ordtaket. Dette er sakprosaens poesi. Vel er den kortfatta, men den rommar mange typar tekstelement – både argumenterande, forteljande og rettleiande. Historisk dreiar det seg om tekstar som er blitt omfunksjonerte og med tida blitt til ein eigen sjanger, i grenselandet mellom poesien og prosaen, mellom sak og fiksjon. Slike kortformer plasserer seg også i skjeringspunktet mellom det skrift og tale. Sjangeren avisportrett høyrer meiningsavisa til. Iallfall frå 1830-åra stod slike personomtalar på trykk i norske aviser, som utførlege, poengterte biografiar tilpassa avisformatet. Illustreret Nyhedsblad gjorde meir enn å sleppe til illustrasjonar. Her skulle det skrivast «med den største Simpelhed og Forstaaelighed», som Vinje-venen Paul BottenHansen formulerte det i programartikkelen i 1851. Hans eige bidrag til dette var å etablere ein ny sjanger, forfattarportrettet, i norsk sakprosa. Med førebilete frå fransk presse orienterte han på denne måten litteraturkritikken mot forfattarane, mot personane. Ein populær sjanger på trykk I andre halvdel av 1700-talet var dialogen. Den blei brukt til å drøfte innfløkte emne, slik den hadde vore brukt sidan den greske antikken. Det var med ein slik dialog Ivar Aasen i 1849 publiserte den alle første artikkelen som nokon gong var blitt skriven på nynorsk. Frå desse dialogiske formene blei intervjuet utvikla. Det fenomenet blei introdusert i ei amerikansk avis i 1836. I norsk presse var det ikkje vanleg før 1890-åra. Portrettet og intervjuet møttest i portrettintervjuet. Den første og store journalisten bak slike var Christian Krohg (1852–1925) i Verdens Gang frå 1890-åra og frametter. Sjølv om fotografiet no var blitt meir vanleg i avisene, tok altså forfattarar opp konkurransen og prøvde ut kva prosaen kunne strekkjast til. Krohg var biletkunstnar, og med kunstnarens skarpe, men distanserte blikk forma han verbale bilete som er blitt føredøme for seinare journalistar. Det gode portrettintervjuet er kunstprosa i avisformat. På sine hundre år har sjangeren endra seg lite, med det unntaket at mange portrettintervju i mellomkrigstida var vel så infame og utleverande som det som no kjem på prent. Det spesielle med det biografiske portrettet var at hovudpersonen enno kunne vere i live, og jo alltid var det når det gjaldt portrettintervju. Etter som sjangrane festna seg, var det heller ikkje opplagt at omtalen var særskilt eller gjennomgåande vennleg. På begge desse punkta skil portrettet og portrettintervjuet seg radikalt frå tidlegare tiders biografiske framstillingar i kortform. Med element frå både resonnerande og forteljande skrivemåtar blei litteraturkritikken utvikla frå midten av 1800-talet. I utgangspunktet var slike vurderingar av kunst og kulturelle uttrykk tett knytt til den offentlegheita som tok form, og som etter ganske kort tid innebar at slik kritikk blei eit viktig stoffområde iallfall i ein del aviser. Bokmeldingar og andre former for litteraturkritikk om skjønnlitteratur fekk større plass då bokutgivingane og avissidene var færre og utdanningsnivået var relativt lågt enn i nyare tid. Utover på 2000talet må denne typen kommentarjournalistikk vike for skrivemåtar med vidare nedslagsfelt.
74
Essayistikken og kritikken kjem inn under det som gjerne blir kalla kunstprosa. I etterkrigstida blei dette omgrepet gjort meir allment, identifisert med bestemte litterære kvalitetar mi ikkje-fiktive framstillingar. I fiksjonsprosa av typen romanar og noveller gjeld den norma at lesaren trur på forteljaren – til teksten eventuelt signaliserer at forteljaren er upåliteleg. Ein slik skrivar er i prinsippet utenkjeleg i dei aller fleste sakprosasjangrane. Berre i fiksjonens grenseland mot kunstprosaen har ein slik skrivar gyldig pass. Nokon påliteleg skrivar var A.O. Vinje ikkje, lommekjend som han var i dette grenselandet mellom dikting og journalistikk. Som andre kunstprosa-sjangrar blir essayet til i spenninga mellom ein estetiserande og argumenterande skrivemåte. Det prøvande og leikande ved sjangeren inneber at estetiseringa kan gå i svært ulike retningar. Forfattaren kan lage glitrande elegante setningar som skaper ein retorisk harmoni, eller rufsete skeptiske setningar som legg motsetningane opne. Men ved at konklusjonen ikkje er ein nødvendig føresetnad i essayet slik den er det i vitskapsprosaen, kan også argumentasjonsmåten bere i seg klare estetiske kvalitetar. Det gode essayet er merkt av språkleg fantasi og tankesprang som viser utenkte samanhengar. Mens det personlege essayet glir over mot kåseri og epistel, vil det formelle essayet nærme seg den vitskaplege artikkelen. Essayet har fantasien felles med diktekunsten og omgrepa felles med vitskapsprosaen. Dette gjer at essayet ofte er staden for refleksjonar om språk og tekst, om det å skrive, om skrifta si makt. I norsk essayistikk ser dette trekket ut til å vere tydelegast i nynorske skrifter. Grunnen ligg i dagen. Det nynorske skriftspråket skulle frå dag ein vere talemålsnært og såkalla folkeleg. Desse to konvensjonane festna seg fort, og blei sterke. Så sterke blei dei at mang ein nynorsk essayist også etter A.O. Vinje har måtta ta stilling til desse normene i sin essayistiske praksis. 8.7 Ytringsfridom i skrift – på eige språk Kor farleg er det å vere journalist eller diktar? Terroråtak av skiftande karakter, frå drapet på Hitoshi Igarashi, ein av dei som omsette Sataniske vers av Salman Rushdie i 1991 og attentatet mot forleggjaren William Nygaard i 1093, til massakren i Charlie Hebdo-redaksjonen i 2015, har påverka mediebransjen og dei som arbeider der. Årleg mistar mange journalistar livet, og slik har det vore lenge, men det er mindre farefullt å vere forfattar. For dei som lever vidare, har det snike seg inn ei uvisse som gjer noko med ein. Skriv ein annleis om nokre emne enn for 10 og 25 år sidan? Er det noko ein helst ikkje skriv om? Blir saker stoppa før dei blir publiserte? Forfattaren Salman Rushdie tok i 1991 initiativet til ordninga Friby. Ordninga går ut på at ein forfattar eller journalist får bu inntil to år på ein fristad, som regel i ein by. Frå 2006 har dette arbeidet vore samordna i International Cities of Refuge Network. Nettverket femnde i januar 2016 om meir enn 50 fribyar i mange land, og 140 personar hadde fått eit vern gjennom denne ordninga.85 12 norske byar var då med i fribynettverket – to av dei var Skien og Bø i Telemark. Ytringsfridomen står sterkt i Noreg og har vore nokolunde allment akseptert frå midten av 1800-talet. Det grunnleggjande dokumentet om dette i nyare tid er NOU 1999: 27 «Ytringsfrihed bør finde Sted». Forslag til ny Grunnlov § 100, frå eit offentleg utval under leiing av Francis Sejersted. Utvalet gjekk svært grundig inn i saka, men tematiserte ikkje det språklege perspektivet. Det er relevant i eit språkdelt samfunn som Noreg, som i svært mange 85
icorn.org, lesedato 20.1.2016.
75
andre land. For den som skriv, er det sjeldan likegyldig kva språk vedkomande får lov til å bruke. I Noreg er denne saka blitt sett på spissen i spørsmålet om bruk av nynorsk og bokmål i pressa, men det er også relevant for bokbransjen. Det er ei kjend sak at forlag overtalar forfattarar eller krev av dei at dei skriv på bokmål sjølv om førstespråket deira er nynorsk, men dette blir som regel mindre synleg enn at nynorskbrukande journalistar skriv bokmål i pressa. Interesseorganisasjonane for redaktørar og for journalistar har halde fast ved at dette er eit spørsmål om redaktørplakaten, og at språk er ein del av det ein redaktør tek stilling til og svarar for. I eit samfunn med jamt meir språkblanda kvardag kan innhaldet i dei avgjerdene bli sett på nye prøver. Kva rett lesarane har til å møte meir enn eit språk, elle berre eit språk, har i liten grad vore drøfta. Internasjonalt står ytringsfridomen utsett til i svært mange samfunn og samanhengar. I januar 2016 la Utanriksdepartementet fram ein strategi for ytringsfridom og uavhengige medium i utanriks- og utviklingspolitikken.86 Der heiter det at berre 14 prosent av alle i verda lever i land med full pressefridom. Departementet ville konsentrere arbeidet om tre område: uavhengige medium, vern av dei som ytrar seg, og auka tilgjenge til informasjon. På same tid la Fritt Ord fram rapporten Ytringsfrihetens grenser.87 Rapporten handla mest om religion og innvandring, og forfattarane bygde mellom anna på spørjeundersøkingar seinsommaren 2015, jamført med materiale frå 2012. På desse åra slutta fleire opp om ytringsfridomen, samstundes som fleire var meir tolerante overfor kritiske og nedsetjande ytringar. Tendensen er interessant og kan lesast som ein parallell til undersøkingar som Nynorsk kultursentrum gjorde i arbeidet med Språkåret 2013. Då viste det seg at mange fleire var positive til det aukande språklege mangfaldet i Noreg hausten 2013 enn året før.88 Haldningar og meiningar kan skifte ganske brått. Folkevandringa frå Midtausten og Afrika til Europa utover i 2015 sett raskt spor etter seg i det norske meiningslandskapet. 8.6 Museum for kvardagen, i kvardagen Litteratur er ein hjørnestein i alle skriftkulturar. Det er eit framtidsretta perspektiv å forstå både skjønnlitteratur og sakprosa som litteratur, slik ein også gjorde for fleire tusen år sidan. Språk er mykje meir enn eit kommunikasjonsmiddel. Språk er eit historisk, sosialt og kulturelt fenomen som aldri berre kan bestemmast reint språkleg. Difor er nynorsk og bokmål to norske språk, ikkje to målformer. Språklege skilnader som ikkje får sosialt negative følgjer, er eit gode. Språkleg variasjon gir fleire tankegangar og forståingsmåtar om liv og kvardag. Det typiske samfunnet på jord er eit samfunn med meir enn eit språk. Språk er som nemnt den viktigaste infrastrukturen i samfunnet. Språk formar kvardagen for alle, og eit museum som arbeider med språk, litteratur og skriftkultur, blir difor eit kvardagsmuseum.89
Utanriksdepartementet: Ytringsfrihet!, Oslo 2016. Kari Steen-Johnsen, Audun Fladmoe og Arnfinn H. Midtbøen: Ytringsfrihetens grenser. Sosiale normer og politisk toleranse, Oslo 2016, frittord.no, lesedato 7.2.2016. 88 Nynorsk kultursentrum: Så lenge der er språk, kjem det år. Språkåret 2013. Årsraoport 2011–2014, Ørsta 2014, s. 10 f. 89 Ordet «kvardagsmuseum» er henta frå Øystein Hide: «Museum mellom publikum og akademia», foredrag på stabsseminar i Nynorsk kultursentrum i Ulvik 21.1.2015. 86 87
76
9
Vinje som litterært landskap
Midtbø, bustaden til Tarjei og Halldis Moren Vesaas frå 1934. Foto: Signe Marie Kittelsaa
Kraftkommunen Vinje er ein kulturell kraftstasjon, ein forfattarkommune av dei sjeldne og blei kåra til Noregs kulturkommune i 2009. Midtbø og Vinjestoga er minnestader etter A.O. Vinje, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas, husa etter Rikard Berge står, medan spora er færre etter slike som Aslaug Vaa. Dei geografiske spora etter samtidsforfattarar blir først synlege om lenge.
9.1 Vinje: ein kulturell kraftstasjon Vinje kommune er ein fjellkommune i Vest-Telemark med om lag 3700 innbyggjarar. Ordet kulturkommune sit laust mange stader i landet, men Vinje kommune kan trygt bruke nemninga om seg sjølv. Kraftkommunen Vinje er ein kulturell kraftstasjon. I 2009 kåra Norsk kulturforum Vinje kommune til Noregs kulturkommune. Den heideren grunngav juryen slik:90 «Årets vinner har rike kunst- og kulturtradisjoner. Kommunen er preget av sterk bevissthet om egen kulturell identitet, noe som skaper trygghet og gode utviklingsmuligheter for åpenhet, mangfold og kreativitet. Politisk forankring og systematisk satsning på kunst og kultur har bidratt til utvikling av et kulturliv som er nyskapende, involverende og inkluderende. Gjennom sine plandokumenter gir kommunen uttrykk for at kultursatsingen er et strategisk grep for å holde fast på det særpregete som gir tilknytning og skaper identitet. Kultursatsingen hos årets vinner springer ut fra vidtfavnende, ambisiøse og 90
E-post frå Monica Faye i Norsk kulturforum 12.1.2016.
77
strategiske tanker. Men stor gjennomføringskraft og jordnær innstilling hos kommunens kulturarbeidere og innbyggere, resulterer i tilpassede arenaer, spennende samarbeidsprosjekter, mange og gode tiltak, variert aktivitet og store opplevelser.» På 2000-talet har visjonen for Vinje kommune vore «Vinje utfordrar framtida». I verdigrunnlaget heiter det at Vinje er «eit livskraftig og moderne samfunn tufta på kultur, tradisjonar og utvikling av eigne ressursar» som vil «vidareføre dei rike kulturverdiane og tradisjonane i Vinje og ynskje nye kulturar velkomen».91 Før som no ønskjer Vinje å bli identifisert med kultur, natur og tradisjon, og med stor konsekvens set kommunen kultur føre natur i slike overordna formuleringar. Ein treng ikkje å vere lenge i Vinje for å merke ei kulturell stoltheit som er mykje meir enn ein talemåte. Historisk og like inn i samtida er dette ein forfattarkommune av dei sjeldne. Musikk står sterkt både som tradisjon og samtidskunst, biletkunst meir som tradisjon. Drengestoga i prestegarden var frå 1844 det første opne folkebiblioteket i området med ei boksamling som fekk plass i eit dobbelskap. Dette var bøker etter Nils Sveinungsson, ein av mange profilerte prestar i Vinje.92 Seinare kom slike som Jakob K. Kornbrekke, Halfdan Wexelsen Freihov, Agnar Sandvik, Sigmund Lystrup. Folk bur sør i kommunen, med Arabygdi nord for innsjøen Tokke og Møstrond sør for Møsvatnet som to ytterpunkt mot Hardangervidda i nord. Kommunen har eitt administrativt tyngdepunkt og er delt i mange grender. Tre av desse skil seg ut i kulturhistoria: Edland, Vinje, Rauland. Åmot søraust i kommunen er administrativt sentrum og trafikknutepunkt, nyleg utstyrt med ladestasjon for el-bilar, og her ligg det regionale kulturhuset Vinjehuset som blei opna i 1985. Edland i vest er porten over Haukelifjell. På kunstnarsida er Torgeir Augundsson, Myllarguten, den fremste i historia om Edland. Han gifta seg med ei husmannsdotter frå Edland og budde mellom anna der. Ein annan blei dikta inn i historia av A.O. Vinje. Olav Olson, Storegut, voks opp på Nordigard Edland, og diktsyklusen Storegut har gjort han udøyande. Vinje grend strekkjer seg ut over 25 små kilometer med eit sentrum nær vestenden av Vinjevatnet. Her er Vinje kyrkje frå 1796 med gravene til Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas, her ligg Midtbø og diktarhytta Juvstøyl, Vinjestoga, Vinjar samfunnshus frå 1959, og Vinje biletgalleri frå 1991 med verk av både Henrik Sørensen og Harald Kihle. Grendene Vinje og Smørklepp utgjer Vinje kulturområde, ei satsing for å prøve ut verknadene av ulike kulturtiltak i eit avgrensa område. På strekninga Vinje – Åmot passerer ein Tveito-grenda, der forfattaren Stein Versto er fødd. Vegen vidare mot Rauland passerer Øyfjell, der forfattaren Kjersti Rorgemoen kjem frå; ho bur no i Tokke. Rauland var fødestaden til Aslaug Vaa, Rikard Berge og biletkunstnaren Knut Skinnarland, og biletkunstnaren Dyre Vaa slekta derifrå. Dyre Vaa-samlingane og Knut Skinnarland museum ligg her som avdelingar under Vest-Telemark Museum. På Rauland opna Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Norsk Folkehøgskulelag i 1973 Raulands Folkehøgskule og Akademi med Helge Ytrehus som første rektor. Dette skulle bli eit bygdeuniversitet på nynorsk. Frå 2016 er det ei fagavdeling under Høgskolen i Sørøst-Norge, i kombinasjon med ei overnattingsverksemd eigd av Vinje kommune. 91 92
Vinje kommune: Kommuneplan 2007–2019. Arne Vinje: Kult og kyrkje, Vinje 196, s. 122.
78
På Øyfjell står eigedomen etter Rikard Berge, både den gamle stova og det han bygde på. Den svære boksamlinga etter han blei i si tid delt i tre – ein del til Telemark museum, ein del til Vinje kommune, og ein del til familien.93 Dei litterære stadene i Vinje er knytte til både dikting og journalistikk, og innanfor dikting til alle dei tre hovudsjangrane prosa, lyrikk og drama. 9.2 Midtbø Tarjei Vesaas var fødd på garden Vesås. I 1930 kjøpte han garden Midtbø i Særensgrend lenger nede ved Vinjevatnet av onkelen – kunstnaren og kulturhistorikaren Øystein Vesaas. Fire år seinare gifta Tarjei seg med Halldis Moren, og paret flytta inn på Midtbø våren 1934. Midtbø er i privat eige, og i 2012 tok Olav og Guri Vesaas kontakt med kommunen om framtida for diktarheimen. Sommaren 2016 opnar Vesaas-familien Midtbø for publikum kvar dag 12.00–17.00 i tida 25.5.–7.8., med faste omvisingar kl. 13.00 og 15.00. Å dokumentere nokre slike omvisingar med lyd- og videoopptak blir viktig, slik det var med opptak av omvisingar i det gamle Aasen-museet ved dåverande museumsstyrar Jens Kåre Engeset. 9.3 Vinjestoga A.O. Vinje var fødd på Uppistog Vinje. Familien flytta til husmannsplassen Evja då han var seks år gamal, og denne staden er seinare blitt heitande Plassen. Der står Vinjestoga, bygd i 1824, året då dei busette seg der. Vinjestoga er ein typisk husmannsplass. Inventaret er det originale, med unntak av eit skrivebord som Vinje brukte i Kristiania. Norsk kulturarv har tildelt Vinjestoga Olavsrosa, kvalitetsmerket for «berekraftig bruk av den nasjonale kulturarven». Garden er i privat eige, og Vinje kommune eig sjølve huset. Det var Bondeungdomslaget i Oslo og Ungdomslaget Samhold i Vinje som i si tid eigde og forvalta Vinjestoga. Den 19.6.1904 tok Vinje kommune over bygningen. Overtakinga blei markert med folketog frå Vinje kyrkje til Vinjestoga. Her har ein teke imot gjester sidan 1912. Driftsansvaret for Vinjestoga ligg no hos Vest-Telemark Museum og er regulert i ein avtale som går ut 31.12.2017. Bygningen er vedtaksfreda. Taket er bra, jord må fjernast betre i bakkant av bygningen, og golvet bør etter kvart utbetrast. Huset har berre plass til små puljar, og det har ikkje vore og er ikkje noko mål at flest mogleg vitjar huset slik at bygningen blir sliten ned. 9.4 Stader etter Aslaug Vaa Ho var fødd på fjellgarden Kvomma eller Nystog vest i Raulandsgrend. Faren Tor Vaa kjøpte garden og bygde den om til Trudvang Hotell i 1890-åra, men drifta gjekk dårleg.94 Familien flytta til Kviteseid då ho var tre eller fire år gamal. Der blei ho storesøster til Dyre Vaa. Frå Kviteseid gjekk vegen til Kristiania, som var hovudstaden hennar inn imellom fleire korte og lange opphald i Paris, London, Afrika. Vaa var i mange år gift med Ola Raknes, han som på årsmøtet i Det Norske Samlaget i 1927 tok til orde for å lage ei vitskapleg ordbok for nynorsk. Før ho tok til å gi ut diktsamlingar, skreiv ho mykje i den nynorske vekeavisa Den 17de Mai der ho i fleire år også var utanriksredaktør. Dessutan omsette ho mykje for blad, forlag og teater. Forteljinga om journalisten Aslaug Vaa er eit uskrive kapittel. 93 94
Ordførar Jon Rikard Kleven i e-post 20.12.2015. Birger Kjellingtveit i e-post til Signe Marie Kittelsaa 3.12.2015.
79
9.5 Litterære minnesmerke i Vinje I Vinje er det mange minnesmerke utandørs. Øystein Kostveit talde opp 26 i 2005, og seinare er det blitt fleire.95 Seks av dei er litterære og skriv seg frå tida 1894–2016 (tabell 3). Tabell 3. Utvalde minnesmerke i Vinje Kunstnar Knut Skinnarland Tone Thiis Schjetne Merete Sejersted Bødtker Matthias Skeibrok Knut Skinnarland Kjell Grette Christensen
Motiv Rikard Berge Tarjei Vesaas Halldis Moren Vesaas A.O. Vinje A.O. Vinje Storegut
Stad Raulandsakademiet Kommunehuset i Åmot Kommunehuset i Åmot Vinjar Vinjar Edland
Avduka 1981 1986 2007 1894 1976 2016
9.6 Juvstøyl Juvstøyl (Djuvstøyl, Gjuvstøyl) ligg andsynes Midtbø på sørsida av Vinjevatnet. Dette er ein gamal støyl frå tida etter reformasjonen. Der er registrert noko som kan vere ein åkerrein like nedanfor setervollen. På støylen står i dag ei enkel hytte, eit vedskjul med utedo og tre tufter i stein. Dette var hytta til Tarjei Vesaas og er med det ein legendarisk stad i norsk kulturhistorie. Han sette i stand selet på støylen i 1940 og skreiv romanen Kimen der same året.96 Seinare har andre vore der for å dikte. I 2014 stod hytta ferdig restaurert etter eit utbetringsarbeid i regi av Åmot skule.
Kan Vinje-senteret også bli senter for nynorsk-opprusting? Nynorsk skjønnlitteratur blomstrar mirakuløst. Men elles får vi daglege prov på elende både i medvit og praksis hos lek og lærd. Opplyste folk veit ikkje forskjell på nynorsk og dialekt, universitets- som kommunetilsette feilskriv utan skam, og korleis skal barn med nynorsk opplæringsmål bli heime i språket sitt når fleirtalet ser det på trykk berre i (keisame) lærebøker, og NRK barne-TV får målpris for å fylle opp nynorskprosenten med dialekt? Det trengst eit innlandsk kraftsenter til å utvikle systematiske opprustingstiltak for heile landet! Guri Vesaas, Vinje/Oslo
95 96
Øystein Kostveit: På sokkel og vegg. Utskulptur i barne Rauland og Vinje, Rauland 2005. Olav Vesaas: Løynde land, Oslo 1995, s. 202 f.
80
10
Folkeliv og reiseliv i ein fjellregion
Dei administrative regionane i Telemark (Vest-Telemark blå), Kongsberg (raud), Midt-Telemark (oransje) og Grenland (grøn), med næringsregionen Vestmar (lilla). Illustrasjon: Wikipedia
Vest-Telemark er ein av fire regionar i Telemark og har ein fleirkjernestruktur. Med 14 100 innbyggjarar er dette den minste regionen i fylket, og i regionen er Vinje størst med 3700 innbyggjarar. Gjennom Fjellnettverket og andre fellestiltak er kommunen aktiv på mange arenaer. Rauland, Åmot og Edland er dei tre bygdesentra i kommunen. Grenda Vinje ligg ved E134, som blir verande ein hovudveg mellom aust og vest, men dei fleste overnattingsplassane ligg minst 30 minutt unna. Det ville gjort seg med nye, varige tilbod i den regionale opplevingsøkonomien.
10.1 Telemark og Vest-Telemark I 2015 budde godt og vel 170 000 menneske i 18 kommunar i Telemark. Fylket er delt i fire regionar – Grenland, Kongsberg, Midt-Telemark og Vest-Telemark. Over halvparten av innbyggjarane var å finne i Bamble, Skien og Porsgrunn. Jamført med resten av Austlandet har folkeveksten vore låg i Telemark i seinare tid. Få arbeidsplassar har kome til i seinare år, og ein fryktar mangel på kvalifisert arbeidskraft.97 Dei seks kommunane Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje utgjer regionen Vest-Telemark. I desse kommunane budde det i 2015 14 100 menneske, mot 14 700 i 2001. Rekna i folketal er dette ein liten region, men i flatevidd er den størst i fylket. Dei to største kommunane var Vinje med 3700 innbyggjarar og Fyresdal med 3000. Ein geografisk språkmerknad: Vestanfor blir telemarkingane den dag i dag kalla austmenner, og telemarkingane kalla lenge folk i vest for nordlendingar. Dette finn vi i dag att i
97
Telemark fylkeskommune: Regional plan for samordna areal og transport for Telemark 2015-25, vedteken i fylkestinget 10.12.2014, s. 7.
81
namn som Austmannlia i Røldal. Nordlandet strekte seg like frå Sogn og Fjordane til Ryfylke, og den som hadde vore der, hadde reist nordafjells. Regionen Vest-Telemark er utan byar og merkar særleg presset frå Bø. I staden for å utvikle eitt sentrum har Vest-Telemarktinget vedteke å arbeide for ein region med ein fleirkjernestruktur. Dette omtalar Telemark fylkeskommune slik i areal og transportplan 2015– 2025:98 «Regionen Vest-Telemark har spreidd busetnad og store avstandar. Sentera har ulike fortrinn og oppgåver. Samla gir dei eit godt tilbod til fastbuande, hyttefolk og besøkande. Regionen har ein fleirkjernestruktur, vedtatt i senterstrukturplan for Telemark 2004. Det vil seie ein senterstruktur der ein spreier funksjonar, sysselsetting og ulike fagmiljø på ulike sentra for å kunne oppretthalde tenestefunksjonar og aktivitet i ulike område, og styrke lokale fortrinn til eit regionalt godt tilbod samla sett.» Uventa mange i Vest-Telemark pendlar eller har pendla til arbeidsplassar i Nordsjøen. Det historiske linja i dette sambandet med Vestlandet er interessant, men anno 2016 har det meir å seie at vanskane i oljeindustrien dermed også har fått ringverknader i VestTelemark. Av regionane i fylket er det likevel Vest-Telemark som no står seg best. Når årskulla av tenåringane for tida er mindre, slår det sterkast ut i byområda, og det får ringverknader innover og oppover i fylket. I Vest-Telemarkrådet sit ordførarar og rådmenn frå dei seks kommunane. Dette rådet med 12 medlemer har regelmessige møte. I Vest-Telemarktinget er også varaordførarar og opposisjonsleiaren frå kvar kommune med, og dette tinget med 24 medlemer møtest to gonger i rådet, som regel i april og november. 10.2 Byregionprogrammet Byregionprogrammet i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet er eit utviklingsprogram for byregionar som skal auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland for å styrkje den regionale vekstkrafta. 37 byregionar med til saman 213 kommunar var ved inngangen til 2016 i gang med fase to av programmet. Vest-Telemark arbeider med å utvikle samspelet mellom næringshagar, næringsliv, kommunar og regionen. I ein søknad til Byregionprogrammet heiter det:99 «Samfunnsanalysa for Vest-Telemark tydeleggjer manglande samspel mellom kommunane, låg bustadsattraktivitet samt få nyetableringar som dei primære flaskehalsane for utvikling i regionen. Prosjektet skal møte desse utfordringane ved å bidra til utvikling av ein robust fleirkjernestruktur i Vest-Telemark med utgangspunkt i framveksten av regionens næringshagar i tilknytta kommunar. Samspelet mellom næringshagar, næringsliv, kommunar og region står sentralt i utviklinga mellom omland og sentrumsstruktur.» Eit av måla for prosjektet i Vest-Telemark er å utvikle «solide kompetansemiljø som kan representere spisskompetanse på respektive fagfelt til beste for heile regionen for å auke det økonomiske samspelet mellom næringsmiljøa».
Telemark fylkeskommune: Regional plan for samordna areal og transport for Telemark 2015-25, vedteken i fylkestinget 10.12.2014, s. 24. 99 Sitert etter Stein Magne Os: «Attraktiv nærings- og kompetansestruktur», distriktssenteret.no, lesedato 28.11.2015. 98
82
10.3 Fjellnettverket Fjellnettverket blei skipa i 2007 og er eit samarbeidsorgan mellom fylkeskommunar, regionråd og kommunar i den sørnorske fjellheimen.100 I 2015 var fire fylkeskommunar, fem regionale einingar og sju kommunar med. Mellom desse var Vinje kommune og Telemark fylkeskommune. Fjellnettverket er eit politisk nettverk, ikkje ein sjølvstendig juridisk person, og «arbeider for levande og livskraftige bygder i fjellområda», heiter det i føremålsparagrafen i dei vedtektene som blei fastsette i 2014: «Fjellnettverket er pådrivar for ein politikk som sikrar at ressursar og verdiar i fjellområda gjev grunnlag for utvikling og trivnad i fjellbygdene. Fjellnettverket arbeider gjennom å vera ein aktiv deltakar og leverandør i regionalpolitiske diskusjonar å formidle kunnskap om fjellområda å delta aktivt i internasjonalt samarbeid setja i verk eigne prosjekt og tiltak» Kommunal- og regionaldepartementet, no Kommunal- og moderniseringsdepartementet, sette i 2013 i gang eit arbeid for å styrkje grunnlaget for næringsutvikling og verdiskaping i fjellområda, kalla «Verdiskaping og næringsutvikling i fjellområdene». Dette tiltaket skal vare i fem år og tene til å byggje opp kompetanse, nettverk, entreprenørskap og innovasjon i næringslivet på tvers av fylkesgrensene i fjellområda. Det blei løyvt 10 millionar i tilskot til fylkeskommunane i 2013 og i 2014, og det er Oppland fylkeskommune som forvaltar midlane. Innanfor reiseliv blir fleire tiltaksområde framheva i handlingsplanen for fjellregionsamarbeidet: 1. Bruk og vern, næringsutvikling i og rundt verneområde 2. Tenestetilbod i hyttekommunar 3. Fellesgodefinansiering /infrastruktur 4. Organisering av reiselivet i Fjell-Noreg 10.4 Opplevingsøkonomi og reiseliv Reiselivsnæringa skaper årleg verdiar for nærmare 70 milliardar, har nesten 140 000 tilsette og står for fem prosent av verdiskapinga i norsk næringsliv.101 Næringa tek seg av folk på reise, men også fastbuande som kjøper opplevingar, overnatting, servering og transport der dei bur. Reiselivet kan gjerne delast i fem bransjar: overnatting, servering, transport, opplevingar og formidling. Nær halvparten av verdiskapinga skriv seg frå transportbransjen, medan opplevingar og kulturtenester utgjer 11 prosent. For dei som reiser, er likevel sjeldan reisa målet i seg sjølv, men å oppleve, erfare, lære noko dit dei kjem eller der dei alt er. Kulturdelen av opplevingsindustrien femner om mykje, frå scenekunst og musikk via museum og galleri til bibliotek og andre kulturarenaer. Den nesten-klassiske definisjonen av opplevingsøkonomi frå ei amerikansk lærebok er denne:102 «Opplevingar er noko minneverdig som engasjerer oss på ein personleg måte.» I Fjellnettverket.no, lesedato 20.11.2015. Framstillinga byggjer særleg på Endre Kildal Iversen ofl.: Verdiskapingsanalyse av reiselivsnæringen i Norge – utvikling og fremtidspotensial, Oslo 2014. 102 Avsnittet er eit samandrag av eit foredrag professor Arvid Flagestad ved Noregs handelshøgskule heldt på museumslandsmøtet i Loen 6.9.2007. 100 101
83
vår tid er opplevingar blitt ei ny drivkraft i økonomien, og dette kan dreie seg om det meste, frå design og arkitektur til kulturuttrykk av ymse slag. Dermed blir det viktigare å kunne produsere og formidle opplevingar som sjølvstendige attraksjonar, og opplevingane blir eit kreativt element i differensieringa mellom produkt og oppbygging av merkevarer. For gjestens opplevingar er personalet og dei andre gjestene viktige: Hald blikket i tre sekund, var det gamle slagordet til Janne Carlsson i SAS. Museumsopplevingar er sette saman av det autentiske, bygningane og den møteplassen slike stader er. Motto: Opplevingar er ein fantastisk medspelar i verdiskapinga. Sjølvforståinga i næringa er at natur- og kulturbaserte gode er kjernen i reiselivet. Reisemålsselskapa og andre som marknadsfører dei samla tilboda i eit område eller heile Noreg, har tradisjon for å vere sterke på natur og ganske svake på kultur. Dette gjeld både kunnskap og kapasitet. Når sjølvforståinga er at det er naturdelen av opplevingsindustrien som veks mest, blir det langt på veg eit sjølvoppfyllande resultat av det ein prioriterte. Klimaproblema i verda gjer at reiselivsnæringa møter ei usikker framtid der mange etablerte mønster må endrast om det skal vere mogleg å nå globale og nasjonale klimamål. Natur skiftar med årstidene. Musea og mange andre kulturtiltak er heilårsføretak. Det varierer frå område til område kva overnattingsbedrifter legg mest vekt på. På Sunnmøre går det mest i natur, i Hardanger legg mange vekt på å gi meir enn naturopplevingar. 10.5 Turistgrendene Rauland og Haukeli Dei to store turistområda i Vinje er fjellområda Haukeli og Rauland. Innanfor turismen kan dermed Vinje verke som tre kommunar. Rauland ligg eit par mil nord for kommunesenteret Åmot og blir gjerne marknadsført som fjellandsbyen ved foten av Hardangervidda. Det blir sagt at innbyggjartalet i Rauland stig mot 20 000 i vinterferien og påska. I dette området blir det bygt hytter i stor mengd og stor fart, og det gjer Rauland til eit viktig næringsområde i kommunen. Haukeli er krysset der tre himmelretningar møtest: nordover frå Kristiansand gjennom Setesdal, austover frå Haugesund, vestover frå Oslo. I dette aude landskapet var Botn skysstasjon eit landemerke frå 1864. Statens vegdirektorat tok i 1860-åra initiativ til å få sett opp fjellstova Haukeliseter. Etter kvart blei dette eit populært hytteområde. Ålmannvegen over fjellet var lite anna enn ein varda veg, ein slepe, men i 1890 var vegen gjennom Vinje over fjellet ferdig. Heilårsveg over Haukeli har det vore sidan 1968. Pilegrimsvegen over fjellet mellom aust og vest formar ei historisk sterk linje mellom Røldal og Vest-Telemark gjennom Edland. Røldalsmarknaden har truleg ei historie frå førkristen tid og varte ved til kongen sette offisielt strek i 1809.103 Langs ålmannvegen over fjellet var det valfart truleg frå seint på 1200-talet til langt ut på 1800-talet.104 Målet var krusifikset i Røldal stavkyrkje, truleg bygd på 1200-talet. Krusifikset skal vere frå 1300-talet. Det heitte seg at krusifikset sveitta ved jonsok, som i den gamle, julianske kalenderen var 6. juli, og at desse dropane var lækjande. Dette gjorde at berre Nidaros blei vitja av fleire pilegrimar enn Røldal fram mot reformasjonen, og berre i Røldal heldt pilegrimsvandringane fram etterpå. Frå og med 2003 har det vore arrangert årlege pilegrimsvandringar midtsommars frå Seljord via Edland til Røldal. Sidan 2001 har det vore arbeidd for å få til eit pilegrimssenter i Røldal, og det ligg føre eit vinnarutkast etter ein stor konkurranse med om lag 30 forslag.
103 104
Tore Vassdal: Over Haukeli –. Fortellinger langs veien, Larvik 2001, s. 247. Una Høydal (red.): Fann eg dei stigar - . Pilegrimsvegen frå Vest-Telemark til Røldal, Dalen 2007, s. 24 ff.
84
10.6 Reisemålselskap Dei reisemålselskapa i Vinje, Rauland Turist og Reisemål Haukelifjell, bruker begge bokmål. Då Nynorsk kultursentrum melde seg inn i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre i 2003, varsla institusjonen at administrasjonsspråk i selskapet ville bli tema. Alle dei 17 sunnmørskommunane er med i selskapet, og av desse bruker 16 nynorsk. Nynorsk kultursentrum fekk støtte for initiativet sitt, og etter mange år er det venta at årsmøtet i selskapet i april 2016 vedtek at Destinasjon Ålesund og Sunnmøre skal bruke nynorsk. 10.7 Turistar og gjestedøgn Vest-Telemark er ein svakare reiselivsmarknad enn Hardanger, og dei norske gjestene dominerer heilt. I framstillinga nedanfor er Vest-Telemark og Vinje jamført med Hardanger og Ulvik (figur 1).105 Det samla biletet er ei næring som kunne hatt det betre. Reiselivsverksemdene i Vest-Telemark hadde 221 000 gjestedøgn januar–september 2015, mot 219 000 i same perioden året før. Av dette stod hotella for 52 000 gjestedøgn og campingplassar og hyttegrender for 169 000 gjestedøgn. Eit av fire gjestedøgn var på hotell. I januar–september 2015 hadde reiselivsverksemdene i Hardanger 372 000 gjestedøgn, mot 341 000 i same perioden i 2014. Hotella stod for 235 000 gjestedøgn og campingplassar og hyttegrender hadde 137 000 gjestedøgn. Godt og vel seks av ti gjestedøgn i Hardanger var på hotell. Figur 1. Gjestedøgn hotell Vest-Telemark og Hardanger 2000–2015
Vinje
Vest-Telemark
Ulvik
Hardanger
Vinje hadde 87 000 gjestedøgn januar–september 2015, Ulvik 64 000. I Vinje budde fem av ti på hotell, medan alle registrerte gjestedøgn i Ulvik var på hotell. 105
Statistikknett Reiseliv, www.statistikknett.no, lesedato 20.11.2015.
85
Norske gjester stod for 84 prosent av gjestedøgna i Vest-Telemark. Dei tre største gruppene av utanlandske gjester var 9700 danskar, 8900 tyskarar og 6100 nederlendarar, som til saman utgjorde sju av ti utanlandske gjester. Blant hotellgjestene var derimot sveitsarar ei større gruppe enn både svenskar og nederlendarar. Norske gjester stod for berre 55 prosent av gjestedøgna i Hardanger. Dei tre største gruppene av utanlandske turistar var tyskarar, nederlendarar og kinesarar, som utgjorde mindre enn fem av ti utanlandske gjester. Blant hotellgjestene dominerer tyskarar og gjester frå Asia. Kurs- og konferansemarknaden er ganske liten i Vest-Telemark. Dei ni første månadene i 2015 kom 5700 eller 11 prosent av gjestedøgna på hotell frå denne marknaden. I Hardanger kom 11 600 eller fem prosent av gjestedøgna på hotell frå kurs- og konferansemarknaden. Kvart år står mange hotellsenger tome i Vest-Telemark. 68 prosent av sengene er ikkje i bruk. Å etablere tilbod som kan vere med og skape vekst vil altså vere ein pluss. Med unntak av vinterferien og påska er det godt med plass. Ledige senger er det også mange av i Hardanger; 62 prosent var ubrukte. Hardangerbrua blei opna 17.8.2013. Denne har endra trafikkmønsteret mindre enn ein rekna med, og trafikken over brua er lågare enn ein hadde rekna med. 10.8 Serverings- og overnattingsstader Der er mange hytteutleigarar og fleire campingplassar, og særleg i sommarsesongen er desse aktuelle for gjester som treng overnatting. Lista nedanfor inneheld eit utval av overnattingsstader. Dei fleste ligg to–tre mil frå Vinje-grenda (tabell 4). Nærast ligg Mjonøy. Dette er ei samling gamle tømmerhus, dei fleste frå Vinje, og nokre av dei skriv seg frå mellomalderen. Bygningane blei flytta hit frå 1959, og no er dei turisthytter med kiosk og bakeri. Mjonøy har også status som pilegrimsherberge. Med støtte frå Vinje kommune kjøpte Vinje Handverkslag i 1986 Mjonøy for å gjere det til eit handverksog kultursenter (sjå kapittel 11.10). Per 2015 var dette tilbodet ope seks veker i sommarsesongen, elles etter avtale. Tabell 4. Avstandar og kapasitet utvalde overnattingsstader 2015
Mjonøy kultursenter, Mjonøy Groven Camping og hyttegrend, Åmot Haukeli Hotell, Edland Raulandsakademiet, Rauland Dalen Hotel, Dalen Rauland Høgfjellshotell, Rauland Morgedal Hotel, Morgedal
Km 2 13 26 31 35 39 44
Rom
20 42 101 70
Hytter Senger 13 20 1 47 95 90 41 360 1 136
Norsk kulturarv har tildelt både Dalen Hotel og Mjonøy Olavsrosa, kvalitetsmerket for «berekraftig bruk av den nasjonale kulturarven». 10.9 Bussruter og trafikkmønster Haukeliekspressen mellom Haugesund/Bergen og Oslo går tre gonger dagleg måndag–fredag og søndag, og to gonger laurdag. Reisetida frå Oslo eller Bergen til Åmot er 4 timar, frå Haugesund 4 timar og 45 minutt.
86
For el-bilar er det ladestasjon i Åmot. Det gjer det lite aktuelt å få installert ein slik ladestasjon ved Vinjar. Statens vegvesen har trafikkteljingar langs E134 på to stader i Telemark. Trafikken blir tald i Seljord og ved Vågsli-tunellen.106 I Seljord er det med trafikk til og frå nedre Telemark, og ved Vågsli-tunellen på Haukelifjell er trafikk til og frå Setesdal med. Dette gjer at teljingane viser høgare tal for trafikken på E134 enn det som gjeld for trafikken gjennom Vinje-grenda (tabell 5). Tabell 5. Trafikkfordeling i Vest-Telemark 2014
Årsdøgn Januar April Juli September Desember
Seljord 3804 2788 3663 5467 4820 3031
Vågsli 1436 581 1643 3146 1684 743 (2013)
Med unntak av juli var månadstrafikken forbi E134 i Seljord godt over dobbelt så stor som ved Vågsli. Tala for åra 2007–2014 viser små endringar – årsdøgntrafikken forbi Seljord var på 3631 bilar i 2007 mot 3864 i 2014, og frå 1341 bilar årsdøgntrafikk ved Vågsli i 2007, mot 1436 i 2014. Tungtrafikken utgjorde heile tida om lag 15 prosent av alle bilane forbi Seljord og 21 prosent ved Vågsli. Statens vegvesen la i januar 2015 fram ei utgreiing om stamvegane mellom vest og aust. Dei to prioriterte traseane var E134 over Haukeli og rv 52 over Hemsedal. I 2012 gjekk 27 prosent av trafikken mellom vest og aust over Haukeli og 24 prosent over Hemsedal.107 I desember 2015 bestemte regjeringa Solberg at E134 skal vere hovudstamvegen mellom aust og vest. Med tilkopling til direktelinje mellom Bergen og Odda, meiner Statens vegvesen at trafikken over E134 kan bli firedobla. Det endelege valet er ikkje teke (sjå kapittel 27.2).
Bygdane her i Vest-Telemark har i uminnelege tider vore ein smeltedigel mellom aust og vest. Det har gjeve Noreg ei makelaus tradisjonsdikting som enno lever på folkemunne, diktarar og journalistar som har formidla livet sett herifrå, og det har gjeve verda forfattarar som Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. Denne diktinga fortel historiar me ikkje kan vere utan om kvifor det bur folk her, og korleis dette folket er. Det vonar eg Vinje-senteret hjelper oss med å forstå. Då trengst eit bibliotek med alle bøkene som er skrivne frå og om Rauland og Åmot og Edland/Haukeli og alle grendene imellom. Ragnvald Christenson, Edland
106 107
Statens vegvesen: Trafikktelling, Telemark, data for åra 2007–2015. Aftenposten 21.1.2015.
87
11
Etablerte miljø og institusjonar
Måndagsmiddag på Vinjar. Foto: Petter Melsom, NRK
Telemark fylkeskommune framhevar dei sterke kulturtradisjonane i kulturplanen sin. Vest-Telemark Museum er eit veldrive regionmuseum med mange oppgåver også i Vinje. Der er fleire gode litteraturfestivalar i fylket og mange andre aktuelle samarbeidspartnarar, frå folkeakademi og handverkslag til sokneråd, og institusjonar og foreiningar i grendene Edland, Åmot og Rauland. Laget Liv i Vinje står i ei særstilling med sitt vellykka arbeid for å skape liv i bygda. Institutt for folkekultur på Rauland og forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark er to andre sentrale aktørar.
11.1 Telemark fylkeskommune Telemark fylkeskommune har vedteke Strategi for kultur og kulturarv 2014–2025. Alt i innleiingsavsnittet blir det framheva at dette er eit fylke som «identifiserer seg med sterke kulturtradisjoner fra kyst til fjell». Byggjeskikk og handverk blir nemnt, likeins folkemusikk og dialektar, men noko uventa manglar litteraturen. Den sida av saka kjem sterkare att utover i kapitla om verdsarv, Telemarkskanalen, kultur, kulturarv og Telemarksbiblioteket. Telemark fylkeskommune ønskjer at det skal kome 10 prosent fleire gjester til dei attraksjonane langs kanalen som kan målast, og at ein skal «utvikle kulturopplevelser med særpreg». Ein ser på seg sjølv som eit festivalfylke og konstaterer at betalande gjester ved musea i fylket utgjorde berre 70 prosent av landsgjennomsnittet i 2012. Fylkeskommunen legg vekt på å auke kompetansen i ulike nettverk og hos kulturarrangørane. Eit spesifikt tiltak som blir nemnt, er å etablere nettverk for regionale kulturhus, festivalar og litteratur. I planen blir 200-årsjubileet for A.O Vinje i 2018 framheva, og det er nødvendig å «etablere et bredt partnerskap for å gi litteraturformidlingen i Telemark et løft».
88
Telemarksbiblioteket var tidlegare eit interkommunalt samarbeid mellom fylkeskommunen og Nome kommune og utgjorde to tredelar av Nome folkebibliotek. I desember 2015 vedtok fylkestinget å flytte Telemarksbiblioteket til Skien. Telemark fylkeskommune slår fast at «Telemarksbiblioteket skal være pådriver for å videreutvikle bibliotekene til attraktive litterære og kulturelle møteplasser». Ein ønskjer også å stimulere til meir samarbeid mellom biblioteka og eksterne aktørar i lokalsamfunna, altså andre institusjonar enn biblioteka. 11.2 Telemarksarkivet og Telemarkskilder Telemark fylkeskommune etablerte i juni 2015 Telemarksarkivet i samarbeid med det tre musea i fylket og Statsarkivet på Kongsberg. Det inneber ei fast ordning for privatarkiv i Telemark. Målet er 6–7 arkivarstillingar i 2017. Nettstaden Telemarkskilder blei opna hausten 2014 og inneheldt ved utgangen av 2015 bort imot 200 000 dokumentsider med historisk og aktuelt stoff, som store mengder handskrifter etter Rikard Berge, den gamle lokalavisa Skiensposten og ymse kjeldemateriale frå alle kommunane i fylket. Prosjektet har vore i gang sidan 2009 og blir drive i regi av Høgskolen i Telemark. 11.3 Telemark kulturnettverk Dette er ein paraplyorganisasjon for det organiserte kunst- og kulturlivet i Telemark. Telemark kulturnettverk er ein open og inkluderande nettverksorganisasjon og ein regional møteplass for kulturaktørane i fylket, og nettverket omfattar både offentlege institusjonar og frivillige organisasjonar / regionale lag, amatørar og profesjonelle miljø. Her kan mange vere med, og kommunar blir direkte medlemer gjennom musikk- eller kulturskulen. Den viktigaste oppgåva for nettverket har vore å utvikle fellesorgan i kommunane med breiare plattform enn berre musikk og få til eit tett samarbeid med dei kommunale musikk- og kulturskulane. Telemark kulturnettverk tilbyd mellom anna kurs, informasjon om støtteordningar, kontakt med andre aktørar på ulike kunst- og kulturfelt, og arenaer for utvikling. Det langsiktige målet har vore å samle alle kunstuttrykka på kulturområdet i ein felles paraplyorganisasjon. 11.4 Telemark Museum Telemark Museum er det største museet i fylket. Med om lag 30 tilsette og anlegg i fem kommunar dekkjer museet dei nedre delane av Telemark. Fagleg inkluderer verksemda både forfattarskap (Henrik Ibsen), biletkunst (Theodor Kittelsen) og allmenn kultur- og sosialhistorie. Verksemda er delt i dei fire fagavdelingane Samfunnsminnet, Møtestedet, Bygningsvernet og Administrasjon med kvar sin avdelingsleiar. Samlingane er svære. Telemark Museum forvaltar 125 bygningar, 152 000 gjenstandar, 2,4 millionar fotografi, om lag 1500 hyllemeter privatarkiv og store boksamlingar. Museet har publisert mykje i Digitalt Museum og Arkivportalen og har mellom anna digitalisert store mengder skrifter av Rikard Berge. Her samarbeider Telemark Museum med Høgskolen i Telemark gjennom Telemarkskilder. Visjonen for museet er «et bærekraftig, aktuelt og utviklingsorientert museum». «Arv og attraksjon» er tittelen på strategiplanen 2015–2022.108 Arven er dei verdiane museet forval-
108
Telemark Museum: Arv og attraksjon. Strategisk plan 2015–2022.
89
tar, og det desse verdiane har å seie for publikum, gjer dei til ein attraksjon. Telemark Museum har i fleire år arbeidd for å få ein ny hovudbygning på Brekke i Skien som kan gi dei rammevilkåra som trengst og som set dei i stand til å drive året rundt. 11.5 Vest-Telemark Museum Stiftinga Vest-Telemark Museum blei skipa i 2002 og «skal sikre eit stabilt og mangfaldig kunst- og kulturtilbod med vekt på kunstnarleg og fagleg kvalitet, og at materiell og immateriell kulturarv frå fortid og samtid vert bevart og gjort tilgjengeleg for ettertid».109 Dette regionmuseet har eit styre og lokale museumsstyre, og eit representantskap med utsendingar frå dei lokale museumsstyra. Ved inngangen til 2016 hadde museet 16 fast tilsette. Hovudkontoret ligg på Eidsborg i Tokke, og museet forvalta i 2016 ti anlegg i fire av dei seks kommunane i Vest-Telemark. Halvparten av anlegga ligg i Vinje. Tokke: Vest-Telemark Museum Eidsborg, Åmdals Verk gruver Kviteseid: Norsk Skieventyr i Morgedal, Kviteseid bygdetun Vinje: Rauland kunstmuseum, Vinje biletgalleri, Øyfjell bygdemuseum, Vinjestoga, Myllarheimen Fyresdal: Fyresdal bygdemuseum Anlegga på Eidsborg og i Morgedal er opne heile året. Dei store og eineståande samlingane inkluderer den eldste profane trebygningen i Noreg, Stålekleivloftet (Vindlausloftet) frå 1167. Alt i alt forvalta Vest-Telemark Museum i 2016 heile 83 antikvariske eller verneverdige bygningar. Hovudanlegget på Eidsborg ligg ein god halvtime frå Åmot. Eit nybygg blei opna i 2012, og museet har gode magasinrom med 3000 m ledig hylleplass. Vest-Telemark Museum blei kåra til Årets museum 2012. 11.6 Høgskolen Sørøst-Norge Telemark distriktshøgskole blei opna i 1970. Frå 1.1.2016 var høgskulen ein del av Høgskolen Sørøst-Norge saman med Høgskolen i Vestfold og Høgskolen i Buskerud. Den nye høgskulen får ein desentralisert struktur med åtte institusjonar spreidde utover eit stort område. For Vinje-senteret vil særleg fire fagmiljø ved denne store høgskulen ha interesse: Institutt for folkekultur, Rauland Forfattarstudium, Bø Kulturstudium, Bø Norskstudium, Bø og Notodden Institutt for folkekultur med om lag 100 studentar og 20 tilsette held til ved det som frå 1973 var Akademiet i Rauland (sjå kapittel 9.1). Instituttet gir masterutdanning i utøvande tradisjonsmusikk og tradisjonsbasert design og handverk i tre, metall og tekstil. Sidan 2005 har om lag 100 studentar teke denne graden. Instituttet er ei av dei mest internasjonale underavdelingane ved høgskulen. Høgskolen Sørøst-Noreg tilbyd norskstudium med ulike profilar i Bø og på Notodden, og har dessutan eit sterkt norskfagleg prega pedagogikkmiljø i Tønsberg. Der er også eit interessant kulturstudium i Bø. Forfattarutdanninga blir omtalt i kapittel 11.16.
109
Årsmelding for Vest-Telemark Museum 2014, s. 3.
90
11.7 Stemne og festivalar Stemnetradisjonen i Noreg er gamal, blei utvikla vidare av ungdomslag frå slutten av 1800talet og har dei siste 50 åra gått gradvis over til festivalar. Festspillene i Bergen frå 1953 er ein av dei eldste, moderne festivalane, med Moldejazz frå 1961 som eit anna tyngdepunkt. Den store endringa kom frå 1990-åra. På mindre enn 20 år blei fleire hundre festivalar etablerte, mest innanfor ulike musikksjangrar, og færrast tverrkunstnarlege. I 2008 var det registrert 822 festivalar og historiske spel av ulike slag, og tre av fire kommunar hadde minst ein festival. Truleg var der ganske mange fleire.110 I 2009 var det registrert om lag 140 spel som anten blei sette opp årleg, minst ein gong etter 2005, eller som var nye. Frå Spelet om Heilag-Olav i 1954 og fram til utgangen av 2008 hadde minst 373 spel vore i drift.111 Kanskje er Noreg det landet i Europa som har flest festivalar i høve til folketalet. Fire av ti festivalar hadde berre lokale eller mest lokale utøvarar på programmet, medan vel halvparten av festivalane hadde program der minst halvparten av utøvarane var tilreisande.112 Festivalane er blitt viktigare inntektskjelder for musikkartistar etter kvart som inntektene frå platesal og strøymetenester har skrumpa inn, og festivalane er blitt viktigare arenaer for forfattarar. Med mange festivalar har konkurransen om dei sikre inntektene hardna til, likeins konkurransen om publikum. Difor er det mykje vanskelegare å etablere ein ny festival anno 2016 enn det var i 1996. Endå verre er det å utvikle nye sogespel, då desse tiltaka er blitt svært kapitalkrevjande og dermed også meir risikofylte. Dei fleste festivalane er baserte på eit lokalt publikum og tufta på lokalt engasjement. Dei festivalane som klarer å halde på det lokale engasjementet, har ein god sjanse til å overleve. Den lokale forankringa kan mellom anna vise seg gjennom at ein festival har lett tilgang på frivillige. Samstundes må ein festival med ambisjonar også posisjonere seg nasjonalt ved å vere ein sentral arena på sitt felt, setje dagsorden, vere eit føredøme eller på andre måtar bli eit referansepunkt. Eit første oversyn over slike kulturtiltak med nynorsk som administrasjonsspråk inneheld 53 festivalar og 17 sogespel anno 2015.113 28 av dei heldt til i Hordaland, 20 i Sogn og Fjordane. Felles for festivalane med nynorsk som administrasjonsspråk er at dei ligg i nesten alle delar av det som ein gong var kjerneområdet for nynorskbrukarar – Gudbrandsdalen, Valdres, Vest-Telemark og heile Vestlandet. Slik er det også med dei musea som bruker nynorsk (sjå kapittel 5.6). Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda frå 1992 er tidstypisk for tilblivinga, men utypisk i sjangerbreidda si. Ulvik poesifestival frå 2000 og Litteraturdagane i Vinje frå 2001 er tidstypiske i både tilbliving og sjangeravgrensing. Alt i alt blir det årleg arrangert om lag 80 festivalar og sogespel i Telemark. Mange av desse har ei årelang historie. Eit lite utval er omtalt nedanfor. Litteraturdagane i Vinje har vore arrangert sidan 2001. Festivalen blir utførleg omtalt i kapittel 19. Frå og med 2008 har Institutt for folkekultur i Rauland kvart år arrangert Rauland internasjonale vinterfestival i første halvdel av februar med vekt på verkstader i tradisjonskunst av mange slag. Festivalen er ei vidareutvikling av den tradisjonsrike Vinterkappleiken som studentane har arrangert gjennom mange år.
Olaf Aagedal ofl.: Lokal kulturliv i endring, Oslo 2008, s. 201. Solveig Nessa: Utviklinga av historiske spel i Noreg, masteroppgåve, Universitetet i Stavanger 2009, s. 4 f. 112 Olaf Aagedal ofl., same staden, s. 203. 113 Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Ørsta 2015, tabell 19.3.4. 110 111
91
På Kanten – den norske filosofifestivalen i Kragerø har vore arrangert sidan 2007 og blir avvikla primo juni kvart år. Festivalen ønskjer å auke interessa for og kunnskapen om filosofi, vitskap og kunst i vid tyding. I det ligg å fremje djupare refleksjon om viktige samfunnsspørsmål og etiske spørsmål i det offentlige og private rom og bli ein interessant, tverrfagleg møtestad for allmenta og fagmiljø. Eit anna viktig mål er å skape positivitet og kreativitet i lokalsamfunnet. Festivalen held til i Kragerø med arenaer i byen og skjergarden, på kanten mellom hav og fastland. Temaet for 2016 er Flukt. Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival som har vore arrangert i Bø kvart år sidan 1990. Festivalen går over fire dagar i august, men har også arrangement resten av året. Grunnlaget er norsk tradisjonsmusikk, med innslag av utanlandske artistar, i veksling mellom tradisjonell framføring og kombinasjonar av gamalt og nytt. Programmet inneheld også kurs og foredrag. Mellom 4000 og 6500 gjestar festivalen, som er basert på frivillig innsats. Bøker i Bø har vore arrangert årleg sidan 2012 som eit samarbeid mellom Bø kommune og Forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark. Dette er ein liten og kompakt festival som ikkje har noko tema kvart år, men som legg vekt på forfattarskapane og tekstane. Festivalen blir arrangert i månadsskiftet april–mai. Herbjørnsruddagene på Notodden har vore arrangert sidan 2013 som ein årleg festival. Utgangspunktet var å markere 70-årsdagen til forfattaren Hans Herbjørnsrud to dagar 13.– 14.9.2013.114 Dette er blitt eit årvisst arrangement med undertittelen «Noveller på Notodden». Alt første året kom det inn 30 noveller i ei skrivetevling for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule i Telemark. I 2015 blei festivalen arrangert i mars med to tema: «Noveller i endring?» og «Tor Uvens kortprosa». Festivalen blir arrangert tidleg i april 2016, og då handlar det om Jon Fosses forfattarskap.115 Dyrsku’n i Seljord har vore arrangert fast sidan 1866 med ei tilstelling også i 1856 og blir no avvikla andre helga i september.116 Festivalen feirar 150 år jubileum 9.–11.9.2016. Det tok til som ei kvegutstilling som med tida blei utvida med hesteutstilling og ulike kulturtilbod. Hit kjem folk frå det meste av Sør-Noreg medio september kvart år. Dette har vore ein marknad for kjøp og sal av husdyr, og ein arena for overføring av kunnskap og immateriell kulturarv. I 2015 hadde festivalen 88 000 gjester på tre dagar. Det blir sagt at den samla økonomiske ringverknaden av Dyrsku’n kan utgjere 500 millionar. I dag er det bygt opp ein effektiv infrastruktur som blir brukt av fleire festivalar. Countryfestivalen i Seljord har vore arrangert på Dyrskuplassen sidan 1999 og blir arrangert årleg i slutten av juli. Dette er blitt den største countryfestivalen i Norden, og arrangementet har 18 års aldersgrense. Samla gjestetal nærmar seg 500 000. Seljordfestvalen har vore arrangert sidan 2001 og blir avvikla primo juli kvart år. Dette tok til som ein dansebandfestival, og namnet var Dansebandfestivalen i Seljord, som i 2007 blei endra til Seljordfestivalen. Danseband er framleis grunnlaget men festivalen utvidar repertoaret etter behov. 17 000 gjesta festivalen i 2014.117 Treungenfestival i Nissedal har vore arrangert i Treungen sidan 2003. Dei første åra var det konsertar over to dagar, og i seinare år er festivalen blitt utvida til tre dagar den første helga i august. Frå 1700 gjester første året har festivalen no om lag 12 000. I 2008 blei festiva-
https://herbjornsruddagene.wordpress.com, lesedato 12.12.2015. Telemarksavisa 28.10.2015. 116 Alfred Bolstad: Frå kvægudstilling til folkefest, Seljord 1993. 117 VG 30.6.2015. 114 115
92
len organisert som eit aksjeselskap. Dette selskapet leiger inn tenester frå verksemder og frivillige lag og organisasjonar. Per i dag arbeider ingen dugnad direkte for arrangøren. Fem minutt frå hovudarenaen Sommarsletta blitt eit campingområde med plass til om lag 750 bueiningar. I Telemark har der vore heller få historiske spel. Seljordspelet frå 1961 var det nest eldste lokalhistoriske spelet i landet, men blei lagt ned i 2012. Gruppa Åmli Verk sette opp fleire spel, i Tokke i 1980-åra og tidleg 1990-tal, og Presten Landstad og Jomfru Crøger av Edvard Hoem blei sett opp i Seljord i 2005 og 2006. Der har vore fleire slike enkeltoppsetjingar. Idear til nye historiske spel kjem jamleg. I Vinje tok Ragnvald Christenson saman med andre i 2006 initiativet til Spelet om Myllarguten på ei Myllargut-scene i Arabygdi, men arbeidet har stoppa opp.118 Ved inngangen til 2016 blei det arbeidd med å etablere eit nytt sogespel i Seljord, tufta på skodespelet Bygmester Solness av Henrik Ibsen og ei segn om Skåne Bringsås som Ibsen kan ha brukt.119 Etableringskostnadene blir høge, marknaden for sogespel har vore stor, men flatar ut, og slike kulturtilbod opererer i stor grad på den same marknaden for opplevingar. Dei mest vellykka sogespela har brukt lang tid på å finne posisjonane dei no har, det er blitt mykje vanskelegare å etablere nye, og det som ein gong var idealistiske prosjekt borne fram av frivillige, er blitt profesjonelle driftsorganisasjonar. Litteraturdagane i Vinje, Dyrsku’n, Bøker i Bø, Telemarkfestivalen og Treungenfestival bruker nynorsk som administrasjonsspråk, og Herbjørnsruddagene er tospråkleg. 11.8 Hardangervidda nasjonalparksenter Hardangervidda nasjonalparksenter opna 14.8.2013 og rår over 600 m2 på Skinnarbu i Tinn kommune oppe på fjellet mellom Rauland og Rjukan, like ved grensa til Vinje. Dette er eit statleg autorisert nasjonalparksenter for Hardangervidda nasjonalpark og deler lokale med Norsk Villreinsenter Sør. Senteret har bokmål som administrasjonsspråk. Basisutstillinga handlar om natur og villrein gjennom mange tusen år. Utstillinga med mange interaktive stasjonar er delt i seks: eit første møte, villreinens biologi og økologi, historia om villreinen, problema for villreinen i dag, forvaltning og forsking, og ei avdeling til ettertanke. Vidare tilbyd senteret seks filmvisingar og eit godt utstyrt naturlaboratorium for skuleklassar og studentar. 11.9 Liv i Vinje Dette er eit uvanleg døme på dugnad og fellesskap anno 2016. Grenda Vinje er ikkje lenger noko sentrum i Vinje eller i Vest-Telemark, og den som køyrer fort nok langs E134, vil knapt tenkje på dette som ei grend. I denne grenda er det liv. Frå 2010 har fleire grendelag samarbeidd gjennom Liv i Vinje, som har «auka trivsel og livskvalitet for folk i Vinje som hovudmål», heiter det i vedtektene. Det som sette det heile i gang, var at grendebutikken Bøgrend Handel blei lagd ned i februar 2008. Dei som ønskte å halde liv i bygda, måtte gjere noko og samla seg til samarbeid. Alt 5.3.2008 var det folkemøte. «Og folka strøymde til, det rykte til i grasrota, me vil liva hera, ikkje daude på rot!! Me skreiv oss på lister, ville køyre traktor og sjaue, drive med musikk, kor og dans, bruke dei felles husa våre, ja me ville litt av kvart, trimme og ikkje 118 119
Søknad frå interimstyret for «Spelet om Myllarguten» til Vinje kommune 13.2.2006. Prosjektskildring av Ibsenspelet i Seljord, udatert, frå Dag Aanderaa 28.1.2016.
93
minst eta middag, kvar måndag ville me eta middag, og det i hop med mange ja, fleire og fleire», heiter det i den første årsmeldinga.120 Me æ slyheldige! Detta må me nytte godt, og kjenne `kos besøkelsestid, skreiv Anne T. Romtveit i 2010. Vinje kommune løyvde 375 000 kroner over tre år som ein tenkte å bruke på ei prosjektleiarstilling på deltid, og med andre tilskot og eigne marknadsinntekter kom samla inntekter opp i nær 900 000 kroner. Undervegs blei arbeidet omorganisert. Ei rekkje tiltak blei gjennomførte, det meste på dugnad. Ein sluttrapport for perioden 2010–2012 framhevar det langsiktige målet: «Auke folketalet og sikre beste skule- og fritidstilbod for ungane i Vinje skulekrins. Arbeide for at Vinje skal vera ein attraktiv stad å bu, arbeide og oppleve.»121 Det første tok til alt våren 2008. Den 23.3.2008 møttest 50 til felles måndagsmiddag i underetasjen på Vinjar. Dette blei ein tradisjon der og då og var det enno ved inngangen til 2016. Frå september til juni arrangerer grendelaget fellesmiddag i grendehuset Vinjar kvar måndag kl. 16.30. I ein turnus på seks veker byter bygdefolk på å lage til maten. Ein tilfeldig måndag i oktober 2015 sat over 60 til bords, med eit aldersspenn frå to til 92. På desse åra har det truleg vore gjennomført om lag 250 slike fellesmiddagar med til saman godt over 10 000 gjester. Møtestaden og haldepunktet var grendehuset Vinjar. Kjøkkenet var alt renovert, og i 2009 blei matsalen fornya, nye toalett blei sette inn, likeins nye vindauge i veggen mot E 135, og i salen kom eit nytt ventilasjonsanlegg. Dette miljøet arrangerer kvart år Påfonndagen. Namnet er henta frå noko A.O. Vinje skreiv i Dølen i 1867: «Folk maa eingong um Aaret vera galne og slaa seg lause og snu up ned paa alle Ting. Dette Aalvor og denne Klokskap er ikki til aa halda ut heile Aaret ikring»122 Den karnevalistiske ideen har i Vinje enda i ein eigen dag, der ein frå 2012 også har delt ut Påfonnprisen. Prisen skal premiere nyskaping innanfor gamle Vinje skulekrins. Prismottakarane skal bidra til positiv omtale for området, auke trivnaden og aktiviteten i området. Prisen kan givast til både lag og organisasjonar, og den første prisvinnaren var Vinje slakteri. Ut av dette miljøet kom også festivalen Bøgrend Autofest i 2010. Bakgrunnen var at bensinstasjonen i Bøgrend, nedlagd ti år tidegare, skulle setjast. På to månader tromma entusiastar saman eit program som med hjelp frå 30 frivillige trekte 696 gjester til den nedlagde bensinstasjonen.123 Der stod Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland for første gong på same scena. Året etter var det dobbelt så mange frivillige og dobbelt så mange gjester, og festivalen heldt fram i 2012 før arrangørane tok pause «på ubestemt tid».124 I 2010 arrangerte Liv i Vinje konkurranse om ein ny song som hylla Vinje. Ingebjørg Bratland vann med «Heim te Vinje». Den plata blei seld i minst 1500 eksemplar. 11.10 Vinjeutstillinga Vinjeutstillinga er no eigd av Vinje Handverkslag, som også eig eit stort gamalt hus i Bøgrend som blir brukt til møte og verkstad, med seks temakveldar i året.
Liv i Vinje: Årsforteling for 2009, Vinje 2010. Liv i Vinje. Bygdemobilisering i Vinje skulekrins, sluttrapport, [Kviteseid 2013]. 122 A.O. Vinje: «Karneval», Dølen 17.3.1867. 123 Rapport Bøgrend Autofest 2010, livivinje,no, lesedato 5.12.2015. 124 Liv i Vinje. Bygdemobilisering i Vinje skule, s. 10. 120 121
94
Vinjar samfunnshus var i drift frå 1960. Den første sommaren hadde Telemark Ungdomslag stemne på Vinjar med utstilling av kunsthandverk og husflid.125 Det sette Henrik Sørensen på ideen om ei sommarutstilling av kunst. Han var sjølv den første som stilte ut, året etter. Knut Nordstoga gjorde utstillinga årviss, og seinare var dei der, både Harald Kihle, Sigmund Lystrup, Dagfin Werenskiold, Øystein Vesaas, og så mange fleire. Utstillinga har vore arrangert kvart år unnateke det året då Vinje skule blei bygd, og i åra 1987–2005 heldt utstillinga hus på Mjonøy. Det var då Vinje Handverkslag tok over utstillinga. Dette var den første sommarutstillinga i fylket; no er der mange. Frå om lag 8000 gjester i ein tidlegare fase har utstillinga dei siste åra hatt 1200–1500 gjester. Utstillinga er open kvar dag, og som regel arbeider to vakter på skift i seks veker. Netto inntekt kvart år har vore inntil 50 000. Ei utstillingsnemnd på fire personar inviterer kvart år om lag 30 kunstnarar, og kvar utstilling har eit tema – i 2013 knytt til Språkåret og Stemmerettsjubileet, i 2014 til Grunnlovsjubileet og Prøysen-jubileet under tittelen «Med blanke ark», i 2015 «Ut» og i 2016 «Skifte». 11.11 Andre kunstinstitusjonar Henrik Sørensen blei sterkt knytt til Vinje etter at han første gongen kom dit sommaren 1927.126 Vinje biletgalleri er teikna av Bjart Mohr, og i bygningen er det brukt steinar frå gamle grunnmurar i distriktet. Bygningen blei kosta av Sven Oluf Sørensen, son til Henrik Sørensen, og stod ferdig i 1991. Sørensen gav bygningen og ei stor kunstsamling vederlagsfritt til Vinje kommune, som så skulle stå for drifta. Galleriet inneheld om lag 40 verk av Henrik Sørensen og 25 av Harald Kihle. Rauland Kunstmuseum rommar særleg mange verk av bilethoggarane Dyre Vaa og Knut Skinnarland. Dyre Vaa-samlingane inneheld eit breitt spekter av verka hans, og Skinnarland-samlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland, dessutan ein kopi av atelieret hans i Rauland. Museet inneheld også verk av andre kunstnarar. Der er eller har vore tre andre større sommarutstillingar av biletkunst i Vinje. Fleire nøkkelpersonar har vore med i fleire tiår, og der er vanskar med rekruttering av yngre frivillige. Det manglar ei heilskapleg kunstformidling i regionen. Raulandsutstillinga har vore meir prega av samtidskunst, gjekk konkurs for ei tid sidan, men kjem truleg attende i ny form. Haukeliutstillinga på Edland er mest prega av brukskunst. I nabokommunen er Seljordsutstillinga, med samtidsprofil. 11.12 Vinje lokalhistoriske arkiv Arkivet har tørre lagringsrom i Raulandsakademiet. Boksamlinga etter folkehøgskulemannen Aslak Torjusson utgjer om lag 16 hyllemeter, medan den delen av Rikard Berge-samlinga som er her, utgjer om lag 24 hyllemeter. Dette er registrert i Micromarc og utgjer om lag 4000 band. Resten av Berge-samlinga er i Telemark Museum i Skien. Arkivet inneheld også 2 hyllemeter arkivalia etter Dyre Vaa, opptak frå Radio Rauland, ei gamal fotosamling og ymse saksarkiv. Og ikkje minst den siste fela til Myllarguten. Etter Turid Taksdal er der ei samling på 25 hyllemeter, mest nyare tidsskrift. Om lag 900 titlar frå Erik Gjestvangs boksamling er mellomlagra her. Når Vinje-senteret blir etablert, vil dei fleste av titlane bli førte attende til Vinje (sjå kapittel 16.7). Bjørg Krossbakken: «Soga om samfunnshuset og kunstutstillinga», Vinjeutstillinga 20 år 1960 – 1980, programavis [Vinje 1980]. 126 Tore Vassdal: Over Haukeli –. Fortellinger langs veien, Larvik 2001, s. 211. 125
95
11.13 Folkeakademiet i Vinje Folkeakademiet i Vinje blei stifta i oktober 1954 og er eit lag under Folkeakademienes Landsforbund, stifta i 1885 som ein kultur- og opplysningsorganisasjon. Folkeakademiet i Vinje er eit aktivt lag med om lag 100 medlemer og 60–80 tilskipingar i året for mange ulike målgrupper frå barn til eldre på institusjon. I Vinje er det to aktive folkeakademi, Rauland og Vinje. Dei to laga samarbeider om å ta imot turnear frå prosjektet Krafttak for song og frå regionen (Folkeakademiet TeVeBu med hovudkontor i Drammen). Folkeakademiet i Vinje samarbeider med biblioteket, barnehagane, grunnskulane og helseinstitusjonar. I tillegg til eigne tilskipingar har dei mellom anna støtta Vinjehuset, Vinjeutstillinga, Vinjedagen og Litteraturdagane i Vinje med program. Vinjedagen er eit samarbeid med Vinje næringslag om eit årleg arrangement i Åmot i august. 11.14 Vinje og Nesland kyrkjesokn Fleire kyrkjelydar i Vest-Telemark har spelt ei viktig kulturhistorisk rolle, ikkje minst i utbreiinga av nynorsk som kyrkjespråk. Arne Vinje fortel om motsetnadene då Vinje kyrkjelyd i 1899 skulle røyste for eller mot å ta i bruk Blix-salmane i kyrkja. Kvinnene hadde røysterett, men fekk ikkje bruke den retten i Vinje, men det blei ja likevel.127 Då Nynorsk Salmebok låg føre i 1925, nytta Nesland kyrkjelyd høvet til å ta boka i bruk ein månad før statsråden hadde gitt sitt ja. Kyrkjegardane er sentrale minnestader, og både Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas er gravlagde i Vinje. Der har vore prestar som også har vore kunstnarar, som Sigmund Lystrup, og i prestegardane har nye kunstnarar vakse opp, som Geirr Lystrup, Ruth Wilhelmine Meyer og Arve Moen Bergset. Salmetradisjonen lever, til dømes i regi av Vinje songlag og Sondre Bratland, og det er nok Ellen Nordstoga og Odd Nordstoga å takke at Elias Blix-salmen «Upp gledjest alle» blei ein slager i 2009. Kyrkjelydane søndagane er ganske små, men skilnadene mellom grendene er store. I 2010 var om lag 1800 med på gudstenester, men i 2014 hadde dette minka til 850.128 Kvart år blir 10–15 born døypte, om lag like mange konfirmerte, og like mange jordfesta. 11.15 Journalistiske fagmiljø Fleire høgskular tilbyd utdanning i journalistikk. Tilboda ved Høgskolen i Oslo og Akershus og ved Høgskulen i Volda er truleg dei to fremste. Norsk journalisthøgskole blei opna i Oslo i 1965 og blei seinare ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus. Tilbodet i Volda har eksistert sidan 1971. Institutt for Journalistikk i Fredrikstad er eit kurs- og kompetansesenter som blei etablert i 1975 av Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening og Mediebedriftenes Landsforening (MBL). Instituttet har ti faste medarbeidarar. Målet er heve kvaliteten på norsk journalistikk gjennom kurs og anna kunnskapsutvikling. Kurs blir haldne både i Fredrikstad og andre stader. NRK Nynorsk mediesenter blei etablert i Førde i 2004 og er eigd av NRK. Til og med 2015 hadde senteret utdanna 115 journalistar for NRK og andre medieverksemder på halvårige journalistkurs.
127 128
Arne Vinje: Kult og kyrkje, Vinje 1996, s. 138. NSD Kirkedatabase, lesedato 28.11.2015.
96
Ein parallell for avisbransjen er Nynorsk avissenter. Dette blei etablert i Førde i 2013 av Avishuset Firda og involverer no både Mediebedriftenes Landsforening og Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Til og med 2015 hadde Nynorsk avissenter utdanna 20 praktikantar på halvårige journalistkurs. 11.16 Forfattarutdanningar Der er fleire tilbod om utdanning i det å vere skjønnlitterær forfattar. Dei viktigaste studietilboda er i Bø, Bergen, Tromsø og Oslo. Forfattarstudiet i Bø har vore i drift sidan 1982 som eit samarbeidstiltak mellom Den norske Forfatterforening og Høgskolen i Telemark. Det eittårige studiet dekkjer skjønnlitterær skriving, og sjølv om det med åra ar kome til fleire slike utdanningar, er studiet i Bø framleis det fremste. Studiet inneheld både teoretisk undervisning og praktisk skriveverkstad og har lenge hatt 15 studentplassar, dei siste åra auka til 16. Kvart år søkjer om lag 150 personar frå heile landet, og ein av tre studentar debuterer seinare som forfattarar. Mange går også inn i ulike roller i litterære miljø, forlag, tidsskrift.129 Forfattarstudiet i Bø er eit tilbod til dei som enno ikkje har debutert litterært, eller som nettopp har det, eller som har skrive lenge. Det gir breitt samansette kull. I tillegg til krav om generell studiekompetanse må søkjarane sende inn tekstprøver som dokumenterer evne til skjønnlitterær framstilling. Skrivekunstakademiet i Hordaland held til i Bergen, blei skipa i 1985 og blir finansiert av Hordaland fylkeskommune. Akademiet gir undervisning i skjønnlitterær skriving og dei ulike skjønnlitterære sjangrane, og hovudvekta ligg på praktisk skriving. Der er også eit påbyggingsstudium. Forfattarstudiet i Tromsø har vore eit fast studietilbod sidan 1995, med påbyggingsstudium som fast tilbod annakvart år sidan 2007. Studiet er no ein del av UiT – Noregs arktiske universitet. Norsk barnebokinstitutt i Oslo har sidan 2006 drive ei toårig forfattarutdanning for dei som vil skrive for born og unge. Der er det 12 studieplassar.
Der fortid møter notid. Der eg møter deg. Der mine sanningar møter dine sanningar. Der, for mitt vedkommande, mine heilage skrifter møter dine og andre sine heilage skrifter. Nye, for meg spanande møte. Når eg vågar å lytte i alt dette, kan desse møta føre til ny kunnskap, med von for den gode framtida i seg. Nett slik eg ser for meg at Vinje-senteret skal være. Der det vi veit, tradisjon, vedtekne haldningar og sanningar, går i møte med det som er nytt og ukjend. Uprøvd. At ein frå denne staden må våge dei samtalane kor ein er viljug til å lytte, ta ei utfordring, våge å utfordre. Ja, eg er sikker på at det kan komme mykje god visdom, kunnskap og nye fellesskap utav slikt. Tor Eivind Erikstein, sokneprest i Tokke og Vinje
129
Leiar Rune Christiansen ved forfattarstudiet i samtale 18.1.2016.
97
12
Nynorsk kultursentrum
Då Hauge-senteret opna 4.9.2014. Foto: Hauge-senteret
Stiftinga Nynorsk kultursentrum blei skipa i 1993 og har 24 stiftarar frå heile landet. Konsernet med 18 fast tilsette eig og driv det største litteraturmuseet i Noreg, det einaste senteret for lyrikk i mange former i Noreg, det einaste språkmuseet i Norden, det eldste språkmuseet i verda og det einaste redigerte leksikonet på nynorsk. Våren 2016 var ni nettstader i drift. Kvar dag bruker fleire tusen menneske tenester frå denne institusjonen. Stiftinga er gjeldfri og har gjennomført alle større investeringsprosjekt innanfor budsjett. Nynorsk kultursentrum blei kåra til Årets museum 2015 «som en uvanlig levende, ambisiøs og systematisk formidler og forvalter av immateriell kulturarv».
12.1 Føremål og utvikling Stiftinga blei skipa i 1993 og er «ei ideell stifting med hovudføremål å arbeide for nynorsk skriftkultur. Stiftinga skal kunne eige og drive språklege og litterære dokumentasjons- og opplevingssenter, festivalar, digitale tenester og forretningstiltak som er med og oppfyller dette føremålet», som det heiter i § 1 i vedtektene. Blant dei 24 stiftarane frå heile landet er Vinje kommune og Telemark fylkeskommune. I 2015 hadde Nynorsk kultursentrum 18 fast tilsette ved driftsavdelingar i Ørsta og Ulvik. Kvart år er mellom 150 og 225 personar formelt knytte til verksemda.
98
Nynorsk kultursentrum blei stifta for å etablere og drive Aasen-tunet. Seinare har institusjonen lagt stein på stein og teke på seg nye oppgåver når tida har vore inne for det. No er stiftinga eit konsern med to museum, to festivalar og ni nettstader i porteføljen våren 2016: Driftsavdelingane Administrasjonen, Ivar Aasen-tunet og Olav H. Hauge-senteret Allkunne AS Nettstadene Aasentunet.no, Haugesenteret.no, Tunkatten.no, Festspela.no, Poesifestivalen.no, Handlenett.no, Allkunne.no, Vinjesenteret.no og Diktkammeret.no Kontoar på Facebook, Twitter og Instagram Festivalane Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival I tillegg forvaltar institusjonen den statlege støtteordninga Vinje-fondet. Nynorsk kultursentrum eig og forvaltar fem bygningar. Dette er nok det einaste museet i Noreg med fleire nettstader enn bygningar. Med Vinje-senteret blir Nynorsk kultursentrum breiare, større, meir samansett. Dette involverer finansiering og samarbeid med eitt departement, tre fylkeskommunar og fire kommunar. Det einaste andre museet med avdelingar i fleire fylke er Norsk Folkemuseum (Oslo og Eidsvoll). Namnet «Nynorsk kultursentrum» markerer politisk at Noreg er ein stat med fleire sentrum og eit samfunn med fleire tyngdepunkt, der det nynorske er eit av desse. Nynorsk kultursentrum er den tredje største nynorskinstitusjonen, etter Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget. Driftsavdelingar fleire stader og store gjennomførte prosjekt har gitt impulsar og respons frå mange hald og har utvida nedslagsfeltet vårt. Vi er organiserte slik at det etter måten er lett å integrere nye einingar i drifta. 12.2 Oppnådde resultat Nynorsk kultursentrum har endra seg mykje sidan 1993, og resultata viser verksemd på svært mange område (vedlegg 5). Forvaltning: Vi eig fem bygningar og eit 30 mål stort uteområde i Aasen-tunet. Dette kulturlandskapet er sterkt knytt til den nynorske kulturhistoria og byd på ein autentisitet som gjer inntrykk på mange. Vi har fleire av dei viktigaste samlingane av skrifter frå nynorsk kulturhistorie og tre unike boksamlingar etter Ivar Aasen, Olav H. Hauge og Reidar Djupedal. Forsking og dokumentasjon: Vi har fått fram mykje ny kunnskap om bruken av nynorsk og om nynorsk skriftkultur generelt, til dels i internasjonale jamførande perspektiv, og gjort nynorsk skriftkultur til ein av dei best dokumenterte. Den dokumentasjonen vi utviklar, blir brukt av jamt fleire. Formidling: Gjestene og brukarane er jamt over godt nøgde med tilboda våre. Bokmålsbrukarane har like gode opplevingar som nynorskbrukarane hos oss, men det er ikkje sikkert dei opplever det same. Kvart år gir vi publikumstilbod mange stader i landet i form av kulturprogram, skulesekkturnear eller utstillingar. Ein vesentleg større del av gjestene våre er born og unge enn hos museum flest. Den kunnskapen og dei erfaringane dette har gitt oss, vil vi utvikle vidare. Både for Aasen-tunet og Hauge-senteret er Den kulturelle skulesekken ei hovudscene. Vi er ein av få kulturinstitusjonar som driv eigne festivalar. Dei nynorske festspela er ein tverrkunstnarleg og sjangerkryssande festival med litterært og språkleg tyngdepunkt, og er no den største nynorskfestivalen. Ulvik poesifestival står alt sterkt både lokalt og nasjonalt.
99
Fornying: Skriftkulturen bind oss saman – skriftspråk, talemål, alle typar litteratur frå lyrikk til bruksgrafikk. Innanfor ein tydeleg fellesskap har driftsavdelingane og tiltaka kvar sine tyngdepunkt og særmerke, med systematisk utveksling av røynsler og fornyingsimpulsar. Vi har gjort mykje for å tenkje fram ein ny, framtidsretta argumentasjon for nynorskens plass i landet. Aktør: Både formelt med 24 stiftarar og gjennom ein brei praksis er Nynorsk kultursentrum ein nasjonal institusjon. Fagleg, økonomisk og praktisk er det krevjande å drive ein nasjonal institusjon utanfor hovudstaden. Som aktør har vi etablert ein posisjon med vesentleg definisjonsmakt. Styresmaktene sentralt og lokalt har tillit til oss og ser på oss som ein konstruktiv, kritisk og løysingsretta institusjon som driv sjølvstendig og svært utoverretta. Det blir respektert og verdsett at vi er ein politisk aktør som både utøver press og stiller kompetanse til rådvelde. Den nynorske skriftkulturen er 150 år gamal og byggjer på ein tusenårslang skrifttradisjon. Eit mindretal av all verdas språk kan vise til noko liknande. Å forstå denne tradisjonen, og vere med og utvikle denne skriftkulturen vidare, er den lange oppgåva for oss. 12.3 Økonomisk situasjon Nynorsk kultursentrum har ein trygg økonomi. Institusjonen har vakse steg for steg og teke på seg nye oppgåver når tida har vore inne. Med stram økonomistyring over tid hadde Nynorsk kultursentrum ved utgangen av 2015 ein fri eigenkapital på nær 3,4 millionar. I tillegg var det sett av 300 000 kroner til eit vedlikehaldsfond som blei oppretta i 2014. Styret vedtok i 2015 at den frie eigenkapitalen bør utgjere minst 4 millionar ved utgangen av 2017. Institusjonen er gjeldfri, og alle større investeringsprosjekt har vore gjennomførte innanfor budsjett. Stortinget vedtok i 1995 at alle ordinære offentlege driftstilskot til Aasen-tunet skal kome frå Kulturdepartementet. I dag får ingen museum ei slik ordning. For Hauge-senteret kjem såleis dei offentlege tilskota frå både stat, fylkeskommune og vertskommune. Jamt over utgjer dei offentlege tilskota om lag 75 prosent av alle inntekter. I realverdi auka offentlege tilskot med 320 prosent frå 2000 til 2014. Marknadsinntektene auka med 452 prosent i det same tidsrommet. For kvar ekstra krone i offentlege tilskot har såleis Nynorsk kultursentrum skaffa ei krone sjølv. Nynorsk kultursentrum bruker Voldaregnskap som ekstern rekneskapsførar, og revisor er Hovden & Vatne statsautoriserte revisorar. 12.4 Medlem i Det nasjonale museumsnettverket Alle museum med driftsmidlar frå Kulturdepartementet er med i Det nasjonale museumsnettverket. Dette er lite anna enn ei administrativ inndeling i statsbudsjettet, men med ujamne mellomrom kjem det informasjon og førespurnader til dei musea som er innanfor. 12.5 Årets museum 2015 Nynorsk kultursentrum blei i 2015 kåra til Årets museum. Frå og med 1997 har 17 andre museum fått denne prisen. Det er ein uavhengig jury oppnemnd av Norges Museumsforbund som kårar vinnaren, og juryen grunngav valet av Nynorsk kultursentrum slik: «Nynorsk kultursentrum, med Ivar Aasen-tunet i Ørsta som hovedarena, er en pioner. Nasjonalt og internasjonalt står språk- og litteraturmuseet fram som en uvanlig levende,
100
ambisiøs og systematisk formidler og forvalter av immateriell kulturarv. Museet gir det nynorske språket og litteraturen vitalitet og relevans – blant annet gjennom utstillinger, de årlige nynorske festspela og poesifestivalen i Ulvik annethvert år. I disse dager meisler museet ut nye former for samarbeid både ved å knytte de norske litteraturmuseene sammen, og ved å bygge et globalt nettverk av språkmuseer. Det drives et omfattende arbeid med å samle og formidle språkarven digitalt, blant annet i form av oppslagsverket Allkunne. Nynorsk kultursentrum har inntatt en viktig rolle i dagsaktuelle språkpolitiske debatter. Samtidig evner de å utvide sitt nedslagsfelt: I fjor åpnet det nye Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, og nå arbeides det med å opprette et nytt Vinje-senter i Telemark. Dette viser at vi har å gjøre med et museum med en bemerkelsesverdig offensiv og framtidsrettet strategi.» Arbeidet med Vinje-senteret var altså ein del av grunngivinga. Nynorsk kultursentrum vil profilere posisjonen som Årets museum 2015 i tre år, mest det første året fram til neste kåring hausten 2016. 12.6 Best in Heritage 2016 European Heritage Association har kvart år sidan 2001 arrangert ein internasjonal konferanse om kulturarv i Dubrovnik i Kroatia. Konferansen samlar godt over 100 deltakarar frå meir enn 30 land og blir arrangert i samarbeid med ICOM. Konferansen blir avslutta med at ein kårar «Best in Heritage», og det er konferansedeltakarane som røystar fram vinnaren. Inntil 28 institusjonar frå heile verda blir inviterte til å presentere seg, og Nynorsk kultursentrum har takka ja til å vere ein av desse under konferansen 22.–24.9.2016.
Det har vorte skrive verdslitteratur i Vinje, og verdslitteratur har komme til Noreg via Vinje. Staden har ein viktig plass i soga om bygginga av den nynorske skriftkulturen og forvaltninga av sentrale sider ved den immaterielle kulturarven vår. Eg håpar at Vinje-senteret får fram dette i både breidde og djupn. Øystein A. Vangsnes, rådsordførar Nynorsk kultursentrum
101
13
Visjon
Jon Fosse ved si eiga utsegn i basisutstillinga i Aasen-tunet. Foto: Aasen-tunet
Nynorsk kultursentrum skal arbeide for nynorsk skriftkultur. Styret har vedteke Visjon og strategi 2016–2019, som gjeld for alle delar av verksemda. Eit av dei seks hovudmåla for perioden er å etablere Vinje-senteret som ny driftsavdeling. Visjonen for Nynorsk kultursentrum er «Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst», og institusjonen arbeider etter verdiane open, modig og overraskande. Dette skal vere det rause museet som gir gjestene meir enn dei ventar og meir enn dei betaler for.
13.1 Visjon: Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst Vi vil eit samfunn der det er sjølvsagt å vere og bli verande nynorskbrukar, og der nynorsk kan brukast i alle situasjonar, også i alle former for litteratur. 13.2 Føremålsparagraf Stiftinga Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting med hovudføremål å arbeide for nynorsk skriftkultur. Stiftinga skal kunne eige og drive språklege og litterære dokumentasjonsog opplevingssenter, festivalar, digitale tenester og forretningstiltak som er med og oppfyller dette føremålet.
102
13.3 Verdiar: open, modig, overraskande Verdiane viser kven vi er, kva vi vil vere og kva som pregar det daglege arbeidet vårt: Vi utfordrar fordomar om norsk språkpolitikk og om delar av samtidslitteraturen, vi vil overraske ved å sjå etter nye løysingar på gamle spørsmål, og vi skal vere til å stole på. 13.4 Samfunnsoppdrag Samfunnsoppdraget er: Kunnskap og opplevingar som gjer det lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar. Driftsgrunnlaget vårt er å vere den viktigaste formidlaren av nynorsk identitet og sjølvtillit. Det vi gjer undervegs til visjonen, skal vere med og auke den allmenne toleransen og respekten for nynorskbrukarane. Dei som høyrer på oss, skal kjenne seg att i det vi seier, men også kunne bli overraska. Språk er den nødvendige føresetnaden for all litteratur, frå sakprosa til lyrikk, og litteraturen pregar språket. Den nynorske grunntanken om kort avstand mellom tale og skrift inneber at språk kan demokratisere samfunn. Vi vil bruke kunnskap om språk og litteratur i fortid og samtid til å endre framtida slik at fleire blir og blir verande nynorskbrukarar. 13.5 Det rause museet Museumsdrift er grunnlaget for den breie verksemda vår. Nynorsk kultursentrum ønskjer å vere det rause museet som gir publikum og gjester meir enn dei ventar. Alle digitale tenester er gratis, på festivalar og arrangement skal det vere eit variert utval av arrangement som er gratis, og alle som vitjar oss, skal få enkle faglege tilbod som er utanom inngangsbilletten. 13.6 Konsekvensar for Vinje-senteret Desse momenta utgjer den strategiske ramma for Vinje-senteret som ei avdeling i Nynorsk kultursentrum. Dei store linjene ligg fast alt før institusjonen er etablert. Kvar gong desse momenta blir drøfta frå no av, blir Vinje-senteret ein del av den drøftinga. Med oppbygginga av Vinje-senteret konkretiserer Nynorsk kultursentrum for første gong ideen om det rause museet. 13.7 Ei utviding av arbeidsfeltet Vinje-senteret tilfører noko meir enn det Nynorsk kultursentrum alt gjer. Aasen-tunet dekkjer heile det nynorske feltet. Hauge-senteret dekkjer all lyrikk på nynorsk og bokmål, og andre språk. Vinje-senteret blir det første norske museet som dekkjer dikting på både nynorsk og bokmål, og norsk journalistikk på begge dei norske språka. Begge delar er Vinje og Vest-Telemark eit godt og historisk relevant utgangspunkt for. Både litteratur- og pressefeltet treng ein uavhengig aktør som Nynorsk kultursentrum. 13.8 Langtidsplan Visjon og strategi 2016–2019 blir drøfta neste gong i heile organisasjonen i 2017 og revidert i 2019.
103
14
Innhald og institusjonsnamn
Vinje skule og Vinjar med A.O Vinje på sokkel. Foto: Ottar M. Skare
Det har kome mange ønske om kva Vinje-senteret bør arbeide med. Senteret skal gjere noko andre ikkje alt gjer, og medarbeidarane må ha den kunnskapen som trengst for desse oppgåvene. Difor bør Vinje-senteret konsentrere verksemda si om dikting og journalistikk – romanar og noveller i diktinga og alle former for journalistikk med utgangspunkt i den skriftlege. Med nynorsk skriftkultur som grunnlag bør senteret dekkje begge dei to norske skriftspråka. Moderne kommunikasjon krev korte, tydelege institusjonsnamn som gir meining for mange. Vinje-senteret er eit slikt namn, med den engelske nemninga Vinje Centre for Journalism and Literature.
14.1 Prioriterte oppgåver Ingen kulturinstitusjonar kan gjere alt. Det gjeld å gjere noko som ikkje alt blir gjort eller kan gjerast betre av andre, og det gjeld å skilje seg ut med tydelege og motiverte arbeidsoppgåver. I det ligg å forme ein skarp profil. I den vedtekne intensjonsavtalen om Vinje-senteret er undertittelen «dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald». Fleire avgrensingar har vore vurderte i møte med aktørar og meiningsdannarar. Éin tanke som melde seg ganske raskt, var å velje bort «språkleg mangfald» som eiga oppgåve. Dette ligg i mandatet for Aasen-tunet, som er ein større institusjon enn Vinje-senteret kan bli, og ein liten stab må konsentrere seg om det ein kan nok om til å lykkast. Å arbeide med språkleg mangfald ville krevje språkfagleg kompetanse i staben. Den må gjerne vere der, men som ein bonus til det ein eller har og treng.
104
I rådet i Nynorsk kultursentrum stilte ein seg spørsmålet om også dikting og journalistikk var for vidt. Ein kunne avgrense dette ved å konsentrere journalistikken om det essayistiske og kommenterande, eller kunstprosa som denne delen av sakprosaen godt kan kallast. Eit så generelt ord som «journalistikk» viser til både skriftleg, munnleg og visuell journalistikk. Senteret må her vise i praksis kva ein avgrensar seg til. På idédugnaden på Vinjar våren 2015 kom det mange klare meldingar om at Vinjesenteret må bli noko nytt, eit levande kultursenter som skaper arbeidsplassar, eit folkeleg og utoverretta senter. Dette har meir med arbeidsmåtar å gjere enn med fagleg prioritering, og det heng nok også saman med ei utbreidd oppfatning av kva museum er som har til dels lite å gjere med det museum faktisk er anno 2016. Prosjektplanen svarar på dette med å presentere ein institusjon med arrangement gjennom året i og utanfor Vinje-senteret, utstillingar med forteljingar ingen har laga før, tilbod for elevar på ulike steg og utdanningsnivå, bibliotek med ei unik boksamling, nettstad med mykje nytt stoff, butikk med eigenutvikla varer, og eit lite, men dynamisk fagmiljø i staben. På Vinjar kom det også fram mange ønske om oppgåver Vinje-senteret burde løyse. Mange av desse var kytte til kulturarv og tradisjonskunst. Mykje av dette er oppgåver som nok er ein del av porteføljen til Vest-Telemark Museum. Skiljet mellom forteljekunst, dikting og journalistikk er alt anna enn skarpt. Tradisjonane lever i dette området, men det som blir oppfatta som gamal kultur, er nok i liten grad eit referansepunkt for tenåringane og dermed skuleelevane. Framlegget er at dette skal vere eit senter for dikting og journalistikk. Det er også grunnen til at kapittel 4–8 har fått den forma dei har. 14.2 Høgare himmel: dikting og journalistikk Der andre lagar personmuseum, strekkjer Nynorsk kultursentrum ein høgare himmel over livsverka – nynorsk skriftkultur i Ivar Aasen-tunet, lyrikk i alle former i Olav H. Hauge-senteret. Det same kan altså gjerast i Vinje-senteret, der stikkorda er dikting og journalistikk. Dette gir publikum eit betre tilbod, og det gir dei tilsette meir innhaldsrike arbeidsdagar. Denne prosjektplanen er tufta på det klassiske litteraturomgrepet, ikkje det romantiske. Det vil seie at institusjonen arbeider med både skjønnlitteratur og sakprosa. Det krev meir, men gir også betre høve til å utvikle nye perspektiv. Dei forfattarane som Vinje-senteret skal arbeide særleg mykje med, var sentrale i ulike sjangrar, uttrykksformer og periodar: journalistikk, lyrikk, skjønnlitterær prosa, essayistikk, gjendikting, omsetjing. Dikting og journalistikk er ein god fagleg møteplass. Det gir fleire inngangar til å forstå diktinga, og det set journalistikken i eit anna lys. Vinje-senteret bør konsentrere seg om prosa, og det gjer ingen av dei litterære musea som er knytte til enkeltforfattarar. Hauge-senteret tek seg av lyrikk i mange former, Aasen-tunet den nynorske skriftkulturen, og då kan Vinjesenteret spesialisere seg på skjønnlitterær prosa på begge dei to norske språka generelt og nynorsk spesielt. Det er å arbeide med språkleg mangfald i praksis (sjå kapittel 7.7). Forteljingar om norsk journalistikk finst i bokform, men er eit ikkje-tema ved museum utanfor vår eigen portefølje. Etter at journalistikken frå 1970-åra blei teken ut av det partipolitiske grepet, er journalistikken no inne i si nye store endring som følgje av den digitale samtida (sjå kapittel 6.9 og 6.10). Desse to knaggane gir også gode feste for samarbeid med Hauge-senteret (lyrikk) og Aasen-tunet (språk).
105
Eit tredje haldepunkt er det munnlege i det skriftlege. Diktekunsten har mykje frå den tidlegare munnlege diktinga, ikkje minst måten å fortelje ei historie på, og det munnlege intervjuet har vore ei av grunnformene i journalistikken. Redaksjonen i Norsk Litterær Årbok tek kvart år med ei oppsummering av fjoråret innanfor lyrikk og/eller romanar. Desse artiklane dekkjer tida frå og med 2002. For eitt år, 2013, blir også sakprosaen omtalt, men elles går det i dikting. Nokon tilsvarande krønike for sakprosa eller journalistikk blir ikkje laga. Sigurd Høst gir kvart år ut publikasjonen Avisåret, men denne handlar om verksemder, publiseringsformer, økonomi og opplag. Aasen-tunet arbeider med alt på nynorsk og dialekt, Hauge-senteret og Vinje-senteret med både nynorsk og bokmål, men med eit tyngdepunkt i det nynorske. Dette krev at medarbeidarane ved Vinje-senteret er trygge i det nynorske, og at Nynorsk kultursentrum som eigar held godt fast i sin eigen føremålsparagraf og visjon. 14.3 Krav til gode institusjonsnamn Moderne kommunikasjon og profilering tilseier at institusjonsnamn er blitt viktigare enn før. Ideelt sett bør ei rekkje krav oppfyllast: Kort og tydeleg Lett å seie, lett å hugse Seie noko viktig om verksemda til institusjonen Ikkje skape forveksling med annan institusjon Stå i stil med andre institusjonsnamn i Nynorsk kultursentrum Berre etter 2000 er institusjonar som Hamsunsenteret, Garborgsenteret og Hauge-senteret etablerte. Under arbeidet med Vinje-senteret har spørsmålet vore stilt om alt må heite senter. Kunne gamle ord som sete kome til nytte? Det kunne dei nok, og det same gjeld ord som tun, medan det i dette tilfellet ville vere feil å kalle det heim. Nemninga museum blir framleis brukt, som i Petter Dass-museet. Når det kjem til stykke, er nok senter den beste nemninga for den nye institusjonen. 14.4 Norsk namn Namnet Vinje-senteret kom tidleg i bruk. Då var utgangspunktet først og fremst A.O. Vinje, og målet var 200-årsdagen hans i 2018. Seinare har fleire forfattarar kome til, og Vinje-senteret kan kome til å få ei sentral rolle fleire litterære stader i Vinje. Då kan tilknytinga til A.O. Vinje bli mindre viktig. På den andre sida er det han som ber i seg både dikting og journalistikk. Difor gir namnet ei tydeleg og likevel open tyding, med positive assosiasjonar. Nemningane Ivar Aasen-tunet og Olav H. Hauge-senteret er lange. Nynorsk kultursentrum går meir og meir over til å bruke kortformene Aasen-tunet og Hauge-senteret. Det heng saman med behovet for korte, enkle namn. Under idédugnaden på Vinjar i april 2015 kom namnet Blåmannsenteret opp (vedlegg 3). Det er eit kort og tydeleg namn, men det peikar eintydig mot éin forfattar og ein song, medan senteret skal arbeide mest med prosa og med mange forfattarar. Som merknad til drøftingsframlegget skreiv Olav Nordstoga at han helst såg eit anna hovudnamn på institusjonen enn Vinje-senteret, men nemnde ingen alternativ.130 Difor er det ei klar tilråding i denne prosjektplanen at den nye institusjonen berre blir kalla Vinje-senteret. Namnet vekkjer assosiasjonar til både person og stad. 130
Olav Nordstoga i e-post 10.2.2016.
106
14.5 Engelsk namn Styret i Nynorsk kultursentrum har fastsett desse namna på engelsk: Centre for Norwegian language and Literature Ivar Aasen Centre Olav H. Hauge Centre Norwegian Festival of Language and Arts Norwegian Poetry Festival Det er styret som også skal fastsetje engelsk namn for Vinje-senteret. Aktuelle framlegg er desse: Vinje Centre for Journalism and Literature Vinje Literary Festival Her bør ein likevel vurdere om merkenamnet Telemark står så sterkt utanfor landegrensene at det bør vise att på ein eller annan måte.
Forfattarforeininga er urolege for litteraturkritikkens kår og rom i det nye medielandskapet. Når Vinje-senteret skal vere eit senter for dikting og journalistikk, ser vi det som naturleg at det blir via plass til kritikken og den offentlege samtalen om litteratur. Essayistikken har ein rik tradisjon i Noreg, mellom anna i Vinjes forfattarskap. I dag ser vi dessverre at essayutgjevingar ramlar mellom fleire stolar når det gjeld støtteordningar og distribusjon. Som sjanger i veke- og dagspresse er den også under press. Essayistikken bør derfor vere prioritert i Vinjesenterets arbeid. Sigmund Løvåsen, leiar Den norske Forfatterforening
107
15
Mål og målgrupper
Odd Nordstoga på språkfest i Åmot skule 2013. Foto: Andreas Soltvedt, Varden
Vinje-senteret skal bli eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter på internasjonalt nivå om dikting og journalistikk på norsk. Prioriterte målgrupper bør vere elevar og lærarar, fastbuande i Vest-Telemark, bok- og avislesarar, journalistar og andre i bokbransjen og mediebransjen. Folketalsgrunnlaget tilseier at 2900 gjester i året med full drift er realistisk. Gjester ved Litteraturdagane i Vinje kjem i tillegg. Med digitale tenester kan senteret ha nærare 20 000 brukarar og gjester årleg. Vinje-senteret blir ein ekstra grunn til å bu i Vinje, stoppe der og bli verande der lenger.
15.1 Mål Vinje-senteret skal bli eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter på internasjonalt nivå om dikting og journalistikk på nynorsk og bokmål. 15.2 Målgrupper Vinje-senteret skal ha særleg interesse for desse prioriterte målgruppene: Elevar og lærarar i grunnskule og vidaregåande skule Kultur- og litteraturinteresserte vaksne (35+) og turistar frå inn- og utland som søkjer meiningsfulle opplevingar Fastbuande i Vest-Telemark
108
Journalistar og andre tilsette i bokbransjen og mediebransjen Seminardeltakarar (spesielt i offentleg sektor), turoperatørar og brukarar av hotell- og opplevingspakkar Tilrettelagde kurstilbod for studentar, skrivekunstakademi, lærarar, journalistar, senioruniversitet, lesegrupper Å kunne prioritere målgrupper og nå ut til dei er ein nødvendig føresetnad for å lykkast. Denne prosjektplanen dokumenterer informasjon om faktisk bruk av ulike tilbod og tenester, og ut av det blir det forma ein strategi for å nå dei prioriterte målgruppene. Vinje-senteret skal gi publikum tilbod som ikkje alt finst. 15.3 Budsjetterte gjestetal Etter opninga vil utstillinga og Vinje-senteret ha nyheitsinteresse både lokalt og nasjonalt. Førebels er det grunn til å tru at minst 2900 gjester er realistisk for det første heile driftsåret. Gjester ved Litteraturdagane i Vinje kjem i tillegg (sjå kapittel 19.5). Røynslene frå Aasen-tunet og Hauge-senteret tilseier at dei digitale tenestene bør ha fem gonger så mange brukarar som det er gjester ved arrangement og utstillingar (sjå kapittel 21.6). Summen av dette er at Vinje-senteret årleg kan ha nærmare 20 000 gjester og brukarar (tabell 6). Tabell 6. Budsjett gjester Vinje-senteret første ordinære driftsår
Skuleelevar Grupper Enkeltbillettar utstilling Enkeltbillettar arrangement I alt
Gjester 500 300 1300 800 2900
Nettstad Unike brukarar 15 000
Senteret vil få mykje merksemd det første driftsåret. Det gjeld å få innbyggjarar i regionen til å kome tilbake. Erfaringar frå andre museum viser at besøket minkar med om lag 50 prosent frå år 1 til år 2 eller år 3. Ein må difor stadig fornye og marknadsføre senteret når det gjeld program, innhald og tilbod til dei ulike målgruppene. Her vil tilbodet av enkeltarrangement vere utslagsgivande. Innan tre år vil der vere eit godt skuletilbod som også inkluderer produksjonar for Den kulturelle skulesekken, det siste i nært samarbeid med Aasen-tunet og Hauge-senteret. Til og med våren 2016 har skulesekkproduksjonar frå Aasen-tunet og Hauge-senteret vore viste i sju fylke: Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Telemark, Akershus, Oppland. Kulturpolitisk er det ønskjeleg at Vinje-senteret skal få flest mogleg til å reise til Vinje og Vinje-senteret. Klimapolitisk ser måla heilt annleis ut. Der sit den kortreiste gjesten i høgsetet (sjå kapittel 10.4). Der er ingen store kurs- og konferansehotell i regionen med mange gjester gjennom heile året, og statistikken for gjestedøgn viser at der er mange ledige senger samla sett (sjå kapittel 10.7 og 10.8). Gjester til Vinje-senteret kan fylle ein del av desse. Vel åtte av ti gjester i Vest-Telemark er norskspråklege, men basistilboda i Vinje-senteret bør likevel vere teksta på både nynorsk og engelsk. I juni 2016 drøftar styret i Nynorsk kultursentrum meir inngåande utviklingstrekk og mønster i gjestetala for institusjonen 2010–2015.
109
15.4 Vest-Telemark Dei seks kommunane Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje utgjer regionen Vest-Telemark. I desse kommunane budde det i 2015 14 100 menneske, mot 14 700 i 2001. Dei to største kommunane var Vinje med 3700 innbyggjarar og Fyresdal med 3000. Alle kommunane i Vest-Telemark har nynorsk som tenestemål og administrasjonsspråk. Med 14 400 innbyggjarar i Vest-Telemark er det regionale nedslagsfeltet for Vinje-senteret mykje mindre enn for Hauge-senteret i Hardanger og Aasen-tunet på Sunnmøre. I Hardanger og Voss budde det i 2015 37 300 personar, og nær fire av ti budde i Voss kommune. På Søre Sunnmøre budde det i 2015 47 800 menneske. Styringsgruppa for Vinje-senteret konkluderte 21.8.2014 med at arbeid med eventuell kommunesamanslåing gjer det viktig å forme tydelege og forpliktande avtalar. Vinje-senteret passar svært godt inn i arbeidet med det statlege byregionprogrammet (sjå kapittel 10.2). I arbeidet til Fjellnettverket kan Vinje-senteret bli eit nytt kollektivt fellesgode for dei som held til i fjellregionen (sjå kapittel 10.3). 15.5 Innbyggjarprofil Ein viktig demografisk tendens på 2000-talet har vore at jamt fleire bur åleine i Vest-Telemark, og at det er blitt færre par med born. I fylkeskommunale plandokument blir Vinje, Seljord og Kviteseid definerte som besøkskommunar, medan Tokke, Fyresdal og Nissedal blir definerte som allround-kommunar.131 439 innvandrarar budde i Vest-Telemark i 2001, og i 2015 var der 1148.132 Utan innvandrarane ville dermed folketalet ha lege langt ned mot 13 000 i 2015. Av 3852 innbyggjarar i Vinje i 2001 var 142 innvandrarar. Fram mot 2015 endra dette seg kraftig. Då var det 331 innvandrarar blant dei 3689 innbyggjarane i Vinje, og to av tre innvandrarar hadde vestleg bakgrunn, mot halvparten i 2001. Den same fordelinga gjorde seg gjeldande for Vest-Telemark sett under eitt, medan 44 prosent av alle innvandrarane hadde vestleg bakgrunn i 2015. Tabell 7. Prognose folketalsutvikling 2015–2040
Vest-Telemark Vinje
2015 14 191 3 723
Låg 13 508 3 878
Middels 14 932 4 291
Høg 17 014 4 890
Folketalsprognosar er alltid usikre, og med den nye folkevandringa gjennom Europa i 2015 og 2016 blir sjølv nye prognosar raskt forelda. På grunnlag av dei faktorane som var kjende ved inngangen til 2015, sette Statistisk sentralbyrå opp tre moglege utviklingslinjer for folketalet i 2040 – låg, middels og høg vekst (tabell 7). Låg folketalsvekst vil for Vinje vere 4 prosent, middels vekst vil vere 15 prosent. For regionen Vest-Telemark er låg folketalsutvikling ein nedgang på fire prosent, medan middels utvikling gir ein folketalsvekst på fem prosent. For begge desse utviklingslinjene styrkjer Vinje stillinga si i regionen.
131
Telemark fylkeskommune: Regional plan for samordna areal og transport for Telemark 2015-25, vedteken i fykestinget 10.12.2014, s. 30. 132 Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Ørsta 2015, tabell 4.2.3 og 4.2.5.
110
I vurdering av publikumsgrunnlag og gjestetal bør ein leggje til grunn at folketalet vil auke lite dei neste to tiåra. Det høyrer likevel med at eit endå sterkare kulturliv vil vere ein fordel for Vinje kommune og innbyggjarane i Vest-Telemark. Kulturpolitikaren Svein Harberg har framheva at kultur er verdiskaping i den absolutte tydinga av ordet. Han trur at kulturlivet blir ei av dei fire–fem næringane som får mest å seie for kvar folk vil bu og leve.133 15.6 Barnehagar I Vinje er der fire barnehagar med plass til i alt om lag 220 born i alderen 1–6 år. Barnehagane ligg i dei fire hovudgrendene i kommunen (tabell 8). Tabell 8. Tal barnehageplassar i Vinje 2015 Rauland barnehage Åmot barnehage Vinje barnehage Edland barnehage
72 56 36 54
15.7 Grunnskular I skuleåret 2015–16 hadde grunnskulane i Telemark 19 800 elevar (tabell 9). 1600 av desse gjekk i grunnskular i Vest-Telemark. Det var 100 færre enn 20 år tidlegare; då hadde Telemark 16 900 grunnskuleelevar. Det vil seie at 10 prosent av grunnskuleelevane i Telemark gjekk på skular i Vest-Telemark hausten 2015, mot 8 prosent tjue år tidlegare. Tabell 9. Grunnskuleelevar i Vest-Telemark etter førstespråk 1995–2015 1995-96 NN
2005-06
BM
NN
2015-16
BM
NN
BM
Prosent NN 1995- 2006- 201596 06 16
Fyresdal
133
1
212
7
158
15
99
97
Kviteseid
278
8
297
17
224
19
97
95
Nissedal
177
1
189
12
134
21
99
94
Seljord
340
9
297
25
293
41
97
92
Tokke
242
8
300
9
238
17
97
97
Vinje
483
7
509
18
409
20
99
97
88 1456
133
98
95
3509 13401 3255 18368 1885 17943 0,3 55,4 0,5 77,2 0,7 % Vest-Telemark 47,1
21
15
Vest-Telemark
1653
34 1804
Telemark
91 92 86 88 93 95 92 10
Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem
I Vest-Telemark hadde 92 prosent av elevane nynorsk som førstespråk hausten 2015, mot 98 prosent i 1995. For fylket sett under eitt minka nynorskelevane frå 10 prosent i 1995 til 8 prosent i 2015. I absolutte tal var nedgangen likevel berre bort imot 200 elevar. Regionen
133
Leiar Svein Harberg i familie- og kulturkomiteen i Stortinget i debattmøte i Aasen-tunet 4.2.2016.
111
blei språkpolitisk mykje viktigare i fylket på desse to tiåra. Hausten 1995 var under halvparten av alle nynorskelevane i Telemark å finne i Vest-Telemark. Hausten 2015 gjekk derimot tre av fire nynorskelevar i fylket på grunnskular i Vest-Telemark. Skuleåret 2015–16 hadde vel 76 000 grunnskulelelevar i Noreg eller 12 prosent nynorsk som førstespråk. Berre tre prosent av alle nynorskelevane i Noreg var altså å finne i Vest-Telemark. Nynorskelevane i Telemark utgjorde 28 prosent av alle grunnskulelevar med nynorsk som førstespråk på Austlandet.134 Tabell 10. Elevar og tilsette i grunnskulen i Vinje 2015-16
Rauland skule Åmot skule Øyfjell oppvekstsenter Edland skule
Elevar Barne- og ungdomsskule 138 Barne- og ungdomsskule 168 Barnehage og skule 1.–7. steg 39 Barne- og ungdomsskule 84
Tilsette 29 40 20
Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem
Frå og med 2013 har Vinje fire grunnskular, mot åtte tjue år tidlegare. I skuleåret 2015–16 hadde desse godt og vel 400 elevar og 75 lærarar (tabell 10). Dei to store skulane var Åmot med 168 elevar og Rauland med 138. Tjue år tidlegare hadde dei to skulane høvesvis 176 og 138 elevar. Sentraliseringa av skulane har altså balansert nedgangen i elevtalet. 15.8 Vidaregåande skule Våren 2015 tok nær 50 000 elevar i Noreg eksamen i studieførebuande fag eller allmenn påbygging. 3200 eller 6,4 prosent av desse hadde nynorsk som førstespråk. Våren 2015 tok nær 2700 elevar eksamen i vg3 eller allmenn påbygging ved dei 13 skuleeiningane i Telemark (tabell 11). 123 av elevane, eller 5 prosent, hadde nynorsk som førstespråk. Nesten halvparten av desse nynorskelevane gjekk ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen. Der ligg altså berebjelken for bruken av nynorsk i vidaregåande skule i Telemark. Ved alle andre skular dominerte bokmålsbrukarane, men kvar fjerde elev ved Bø vidaregåande skule brukte nynorsk. Desse tala inneber at mange elevar skiftar frå nynorsk til bokmål når dei tek vidaregåande skule. Denne lekkasjen er større enn i nynorskområde som Sunnmøre og Sogn og Fjordane. Resultatet er at over halvparten av nynorskelevane ved vidaregåande skular i Telemark er i klare mindretal i skulemiljøa sine. Tabell 11. Avgangselevar i vidaregåande skular i Telemark 2015
Vest-Telemark vidaregåande skule Kvitsund vidaregåande skule Bø vidaregåande skule Andre Sum
NN 53 26 26 18 123
Tokke Kviteseid Bø
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
134
Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Ørsta 2015, tabell 8.1.15.
112
BM 36 75 177 2282 2570
Sum 89 101 203 2300 2693
% NN 60 26 13 1 5
15.9 Språkmøte Ulike skriftspråk og ulike talespråk møtest heile tida både hos den enkelte, i lokalsamfunn og i større fellesskapar. Gjennom slike språkmøte blir det tydeleg korleis språkleg variasjon er knytt tett til sosiale, kulturelle, psykologiske og politiske rammevilkår. I Vest-Telemark som elles i Noreg møter innvandraren og flyktningen etnisk norske. Innflytta bokmålsbrukarar møter det andre norske språket i turistgrender som Rauland. Dei yngre bruker språket annleis enn dei eldre. I 2012 og 2013 dokumenterte Vinje kommune at innbyggjarane brukte godt over 20 135 språk. Vinteren 2016 kunne lista utvidast til 31 språk:136 nynorsk, bokmål, samisk, norsk teiknspråk, amerikansk-engelsk, arabisk, bilen, bosnisk, dansk, engelsk, filippinsk, finsk, fransk, færøysk, ghamdi, islandsk, kikuyu, latvisk, litauisk, polsk, portugisisk, russisk, sabo, serbisk, somalisk, spansk, svensk, swahili, tigrinja, tsjekkisk og tysk. I dette ligg språkmøte og eit språkleg mangfald som har tilført kommunen ny tradisjon og endå fleire tenkjemåtar. Der er eit særleg band mellom Somalia i Aust-Afrika og Vinje i Vest-Telemark. Dei første somaliarane kom til Vinje i 1988 og har seinare gjennomført fleire imponerande tiltak. Somaliarane i Vinje har bygt fleire grunnskular og ungdomsskulen Blåmann med støtte frå Vinje kommune i regionen Somaliland nord i Somalia, der dei fleste somaliarane i Vinje kjem frå.137 Eit anna handfast uttrykk er boka Song, leik og eventyr i Somalia (2001) frå Vinje kulturskule med tekstar på somalisk og nynorsk, trykt i to opplag. Vinje kommune fekk ein pris frå Amnesty Norge i 2008 for «sin mangeårige og vellykkede innsats for å integrere flyktninger». Det arbeidet for integrering og språkleg mangfald har kommunen halde fram med. Den nye flyktningvandringa frå Afrika og Midtausten vil på ulike måtar vise att også i Vest-Telemark og gi nye språkmøte. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet la opp til at kommunane berre i 2016 måtte hyse minst 80 000 nye flyktningar.138 For vertskommunane for Nynorsk kultursentrum var tala som vist i tabell 12. Tabell 12. Flyktningar til vertskommunar 2014–2017
Ørsta Volda Ulvik Vinje
2014 19 31 12 6
2015 15 40 10 12
2016 40 40 13 14
2017 45 45 23 25
15.10 Det rause museet Dei som vitjar eit av musea i Nynorsk kultursentrum eller bruker ei av dei digitale tenestene, skal få det dei ventar og betaler for, dei skal få noko meir enn dei hadde venta, og dei skal også få noko dei ikkje må betale for. Vinje-senteret skal vere det rause museet og vil bli profilert som det. I dette ligg at alle gjester skal få tilgjenge til noko av det samla faglege innhaldet i Vinje-senteret utan at dei betaler for det. Dette kan vere gratis film, ein flik av ei utstilling ute i publikumsområdet med resepsjon og butikk, og nokre arrangement skal vere gratis. Alle gjester får tilbod om omvising, i sommarsesongen som regel på faste klokkeslett. Alle tilbod frå Vinje-senteret på Internett vil vere gratis tilgjengelege for alle. Notat frå rektor Knut Krossbakken 11.7.2012 og frå kulturkonsulent Tone Svalastog Garnes 3.6.2013. Skulesjef Rune Sudbø i e-post 11.2.2016. 137 Tone Svalastog Garnes i e-post 10.2.2016 138 Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, imdi.no, lesedato 28.11.2015. 135 136
113
Kultur kostar, og kultur skal koste. Kulturtilbod skal vere prisa slik at alle har råd til å vere med på noko av dette. Difor vil billettprisar for arrangement variere frå null til marknadspris. Å vere det rause museet inneber også ei positiv vertskapsrolle. Vertskap er kunsten å få folk til å kjenne seg velkomne. Sørvis er noko ein gir; vertskap er noko ein er. Museet skal vere lett å finne, både i landskapet og i den digitale verda, publikum skal få lyst til å kome, og dei skal få lyst til å kome att. Dei må få det gode førsteinntrykket når dei kjem, og dei skal merke ei positiv og open innstilling, og det vertskapet dei møter, skal spegle det museet er og det museet gjer.
Min første tanke: Det er uhyre viktig å få fram den leikne og fandenivoldske A.O. Vinje på eit slikt senter. Han som kjennest så frisk og moderne at ein nesten ikkje trur sine eigne auge. I norsk humorhistorie er han ein av hovudpersonane. Dermed bør senteret ikkje berre «fri» til elevar og journalistar, men òg til dei som kunne tenke seg å besøke eit Harald Eia-museum (sjølv om det vel berre blir færre og færre av sistnemnde gruppe). Eg gler meg! Agnes Ravatn, forfattar
114
16
Samlingsforvaltning, forsking og dokumentasjon
Utklipp frå Dagbladet 28.10.1950. Faksimile: Nynorsk kultursentrum
For alle museum er samlingane arbeidsgrunnlaget. Samlingsforvaltning handlar om å samle inn, bevare, dokumentere, registrere og gjere tilgjengeleg. Erik Gjestvangs store boksamling på bort imot 300 hyllemeter med svært mykje av norsk dikting gjennom fleire hundre år blir hjernen i samlingane, og Vinje-senteret kjem å ha lite av tradisjonelle museumsgjenstandar. Mediebransjen har tradisjonelt vore best på munnlege arkiv, og innsamling av munnlege minne blir difor viktig. Dette blir kombinert med kunnskap og forteljingar om profilerte diktarar, redaktørar og journalistar. For arbeidet med journalistikk blir det oppretta eit fagråd ved Vinje-senteret.
16.1 Strategi for samlingsforvaltning Ei systematisk, fagleg gjennomtenkt og utoverretta samlingsforvaltning blir grunnlaget for heile verksemda ved Vinje-senteret. Grunnlaget er ICOMs museumsetiske regelverk. Samlingsforvaltning handlar om å samle inn, bevare, dokumentere, registrere og gjere tilgjengeleg. Dette krev system og plan, og ei god samlingsforvaltning blir bygd opp
115
gjennom samlingsplanar, oversikt over samlingane, digitale verktøy og tilgjengeleggjering av samlingane. Som ei avdeling i Nynorsk kultursentrum blir Vinje-senteret integrert i dei systema som alt er etablerte. Trykte og digitale skrifter utgjer meir enn 95 prosent av gjenstandssamlingane i Nynorsk kultursentrum. Det meste av den prioriterte delen av desse samlingane er registrert. Samlingane av kulturhistoriske og kunsthistoriske gjenstandar er handterlege. Derimot er der store mengder digitale foto, og det står att å avklare kor mange av desse som skal takast inn i samlingane. Nynorsk kultursentrum fører ein restriktiv tilvekstpolitikk. Det har aldri vore aktuelt å gjere Aasen-tunet til Det nynorske nasjonalbiblioteket eller Det nynorske arkivet, eller Hauge-senteret til Det norske lyrikkbiblioteket eller Vinje-senteret til Det norske pressearkivet. Som forvaltar av eit kulturelt tyngdepunkt i Noreg har Nynorsk kultursentrum likevel eit stort ansvar for å samle inn, ta vare på og dokumentere nynorsk kulturhistorie. Med Hauge-senteret og Vinje-senteret følgjer ansvar for å byggje opp dei samlingane som trengst for å gjere kulturfagleg godt arbeid og nå dei måla som blir sette. 16.2 Forsking og dokumentasjon Arbeidet i Nynorsk kultursentrum skal vere basert på kunnskap, røynsle, dokumentasjon og forsking. Institusjonen driv kunnskapsbasert formidling av analysar, forståing og informasjon som blir utvikla gjennom forsking og dokumentasjon om språk og litteratur, både i eigen regi og frå andre. Nynorsk kultursentrum legg til grunn sin eigen definisjon av slik verksemd: «Dokumentasjon kan forståast som systematisk og kjeldekritisk bearbeiding av informasjon frå eigne samlingar eller innanfor dei emna ein abm-institusjon konsentrerer seg om. Denne bearbeidinga kan omfatte omtale, fagleg beskriving og analyse.» Dokumentasjon omfattar dermed også systematisk arbeid med immaterielle data, til dømes statistikk eller analysar. I eit slikt perspektiv blir skiljet mellom dokumentasjon og forsking lite skarpt. Eit museum som arbeider med dokumentasjon vil bruke forskarens metodar, legg gjerne meir vekt på empiri enn teori og presenterer sjeldan materialet sitt i forskarens sjangrar, som avhandlingar eller vitskaplege artiklar. Det Vinje-senteret dokumenterer, skal helst kunne brukast til noko, anten av tilsette eller av utanforståande. Den kunnskapen senteret utviklar og formidlar, skal i størst mogleg grad vere relevant for andre, dekkje politisk definerte behov eller vere meiningsendrande i sin karakter. Neppe noko anna museum i Noreg har arbeidd meir med skriftkultur etter 2000 enn Nynorsk kultursentrum. 16.3 Forskings- og kunnskapsbasert drift Museum skal byggje drifta si på kunnskap og forsking. Norsk museumsforsking er svakt utvikla og avgrensar seg til enkeltstudiar med nokså liten overføringsverdi. Skilnader i samfunnsorganisering og publikumsgrunnlag gjer det også vanskeleg å omforme internasjonal museumsforsking til strategi og handling i Noreg. Som dei kunnskapsverksemdene museum er, må ein då sjølve drive eit kritisk vurderingsarbeid. Det dreiar seg om den gode, gamle erfaringssirkelen – idé, budsjett, avgjerd, gjennomføring og resultatvurdering. Nynorsk kultursentrum har brukt denne på ulike emne like sidan 2000.
116
Vinje-senteret blir utvikla og bygt opp parallelt med eit større og eit mindre forskingsprosjekt om museum. Det vesle prosjektet er «Museum som minnepolitiske aktørar». Ottar Grepstad frå Nynorsk kultursentrum leier prosjektet, som involverer 12–14 litterære museum i Noreg. Dette er eit gjensidig forpliktande og tverrfagleg dokumentasjons- og forskingsprosjekt om museum som minnepolitiske aktørar gjennom refleksjon over fortidas rolle i eit moderne demokrati. Prosjektet skal ha ein praktisk bruksverdi. Ingen vitskaplege prosjekt kan på vitskapleg grunnlag åleine vurdere eller gi råd om framtida. Det vitskapsteoretiske skiljet mellom er og bør må stå fast. «Museum som minnepolitiske aktørar» vil setje dei litterære musea i stand til å vurdere kritisk og systematisk eiga verksemd saman med andre. Som minnepolitiske aktørar må og vil musea bruke den kunnskapen som blir utvikla i dette prosjektet som ein del av sitt eige grunnlag for deltaking i komande markeringar. Den kunnskapen er relevant for fleire enn dei litterære musea. Budsjettramma er 650 000 kroner. Arbeidet tok til i oktober 2015 og blir avslutta våren 2018. Etter planen endar prosjektet i ei bok, men det blir også lagt til rette for publisering av stoff undervegs. Det store prosjektet er «Transforming Author Museums». Målet er å undersøkje praksis ved norske forfattarmuseum ut frå historiske perspektiv og samtida og få fram nye tolkingar av forfattarmuseum som stader for overføring av kunnskap og produksjon av kultur. Ein vil undersøkje korleis og kvifor visse forfattarar og forfattarskapar er blitt kulturarv. Også dette skal leggjast opp som eit tverrfagleg prosjekt, med fire delprosjekt: Liv og skrift i forfattarmuseum, omforming av formidlingsstader i forfattarmuseum, kulturell og didaktisk relevans i utstillingspraksis ved museum for nynorske forfattarar, og undersøking av gjester ved forfattarmuseum. 13 forskarar er med under leiing av Ulrike Spring ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Arbeidet skal resultere i ei bok, fleire artiklar, seminar og debattmøte. Prosjektet er truleg først i gang for fullt fram mot årsskiftet 2016/17. Storleiken er ikkje den einaste skilnaden. Alle deltakarane i «Transforming Author Museums» er forskarar av profesjon, medan nesten alle deltakarane i det vesle prosjektet arbeider med mange oppgåver i museum. Så godt som alle forskarane i det store prosjektet står på utsida av den norske museumskvardagen, men i det vesle prosjektet er alle innanfor. Det store prosjektet er normativt og skal konkludere med råd der det vesle prosjektet held seg strengt til å forstå det som er og det som er blitt gjort. Arbeidet med å byggje opp Vinje-senteret vil dra vekslar på begge prosjekta så langt det er mogleg. Vinje-senteret bør koplast til samtidsorienterte prosjekt for immateriell kulturarv, slik at den nye institusjonen for dikting og journalistikk blir ein sentral aktør på det ganske vide feltet som dette er (sjå kapittel 4.1). Prosjektet kjem ikkje på nokon måte i konflikt med det verdsarvprosjektet Vinje er ein del av frå 2015 (sjå kapittel 4.3). Journalistikken blir ei av dei lange linjene i verksemda til Vinje-senteret. Historia om norsk presse tek til på 1600-talet, men forteljinga om moderne norsk journalistikk tek til med A.O. Vinje i 1850-åra. Historia om prosadikting på norsk er endå lenger. Alt i alt skal Vinjesenteret dokumentere og formidle ei historie som ikkje er avslutta.
117
16.4 Nynorsk litteraturhistorie Nynorsk kultursentrum tok offentleg til orde for eit slikt verk gjennom direktørens årstale nr. 9 om tilstanden for nynorsk skriftkultur i 2009 som ein konsekvens av det synet at bokmål og nynorsk er to norske språk med kvar sine sjølvstendige og samanfiltra kulturhistorier. I avhandlinga Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010 frå 2010 viste Ottar Grepstad at nynorskpressa har andre tyngdepunkt, brot og endringstrekk enn bokmålspressa. Forståinga av nynorsk skriftkultur kjem til kort om vi held fast ved dei tradisjonelle inndelingane i kulturlivet. I ei norsk litteraturhistorie blir den nynorske tradisjonen lesen i det skimrande lyset frå den dominerande bokmålstradisjonen. Det same gjeld både norsk pressehistorie og norsk kringkastingshistorie. Dei som utvikla ei presse på landsmål, gjorde det ved å skilje seg ut, og først då dei hadde greidd det, hadde dei styrke til å bli integrerte. Fleirtalet forstår meir av mindretalet når mindretalet blir synleg på sine eigne premissar. Det har vist seg nødvendig å skrive ei nynorsk pressehistorie for at ei allmenn norsk pressehistorie kan bli meir heildekkjande. På same måten trengst det ei nynorsk litteraturhistorie. Vendepunkta i utviklinga av nynorskavisene var til dels andre, kom på andre tidspunkt og prega andre delar av landet enn dei tilsvarande vendepunkta i utviklinga av bokmålsavisene. Det same gjeld for teknologiske endringar og finansieringsformer, ja, heile tildrivet var eit anna. Lesarens kulturhistorie er noko heilt anna enn utgivarens eller forfattarens. Det ein har trudd gjaldt alle, gjaldt helst nokre få, kanskje ein god del, av og til mange. Der har ikkje vore ei samla offentlegheit med fleire såkalla deloffentlegheiter. Det vi kallar norsk kultur, litteratur, presse, er alt saman summen av slike deloffentlegheiter med vekslande dominans og styrke. For å forstå det norske hegemoniet må vi altså grave djupare i variasjonane og skilnadene. Først då kan den eventuelle valfridomen på norsk kome til syne. Frå 1980-åra og fram til i dag er det gitt ut mange bøker og skrifter som svarar ja på det spørsmålet. Ei slik historie er alt skriven for to sjangrar og format – presse og lyrikk. I boka si om linjer i nynorsk lyrikk Frå gamle fjell til magma (2004) byggjer Jan Inge Sørbø på ein føresetnad om at der er noko litterært felles innanfor den nynorske lyrikken som er noko meir enn institusjonelle samanhengar. Terje Aarset impliserer samanhengar i Den nynorske songskatten (2009). Den institusjonelle sida er på si side det overordna perspektivet på den nynorske pressehistoria i Avisene som utvida Noreg (2010). Likeins vil ein finne dette i Bjørn Kvalsvik Nicolaysen og Bjarte Birkelands bok Folkemål og danning (1986), om nynorske lærebøker 1867–1915. Denne boka kom til i eit bergensmiljø som gav boka med den myndige tittelen Det nynorske skriftlivet av Idar Stegane (1987). Herifrå kom også essayet «Det nynorske essayet frå a til Aa» (1982), sist prenta i Retorikk på norsk (1988), og nettopp det nynorske essayet har fleire skrive om seinare. I tidlegare tider var der mange referansar til det spesifikt nynorske. Det blei publisert eigne artiklar med samlemeldingar av nynorske bøker, og det blei skrive fleire kortare, samla framstillingar. Ei av dei nyare framstillingane like frå Ivar Aasens tid er av Leif Mæhle, som i 1977 heldt foredraget «Den nynorske litteraturen – ein nynorsk litteratur?»139 Dei to norske skriftkulturane har vore innvovne i kvarandre, men også i strid og motsetnad til kvarandre. Resepsjonshistoria er ganske så eintydig – Aasen og Vinje blei lesne heilt ulikt av nynorsk- og bokmålsfolk, jf. Bibliografi over skrifter om Ivar Aasen (2014) og Jon 139
Leif Mæhle: «Den nynorske litteraturen – ein nynorsk litteratur?», Mål og makt nr,. 2 1981, s. 20–30.
118
Haarbergs studie Vinje på vrangen (1985). Det kan også hende at ein forfattar som Agnes Ravatn blir lesen litt ulikt i så måte; hennar nynorskgenerasjon og kvinner les tekstane hennar annleis enn frognerdamene, det er no iallfall ein hypotese. Pressehistoria viser heilt eintydig at det er to historier med ulike opp- og nedturar. Korleis dette ville sjå ut for skjønnlitteratur og sakprosa allment, veit ein først når emnet er undersøkt. Eitt reknestykke gir som resultat at journalistikken står for 80 prosent av all nynorsk tekst, og bøker 20 prosent, men då er forvaltningsprosa og brukslyrikk ikkje rekna med. For bøker utgjer sakprosa truleg to tredelar av alle skrifter, skjønnlitteratur altså ein tredel. Eit anna reknestykke viser at mellom 1850 og 2015 kom tre av ti bøker på nynorsk ut fram til 1968 – året då Det Norske Samlaget runda 100 år. Sju av ti bøker kom altså ut i det mykje kortare tidsrommet 1968–2014. I absolutte tal blir skilnaden mykje større: Om lag 8000 titlar før 1968, vel 20 000 titlar etter 1968. Det ser ut til at sakprosaen blei jamt meir dominerande. Fire av ti bøker mellom 1850 og 1968 var sakprosa, mot to av tre i tida etterpå. Dette seier lite om kva skrifter som var viktige, men det seier mykje om korleis ein skriftkultur blei bygd ut i både breidd og tyngd på godt og vel 150 år. Til 150-årsjubileet sitt i 2018 gir Det Norske Samlaget ut ei nynorsk litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø. Som ein del av grunnlaget for ei slik historie gav Nynorsk kultursentrum i 2015 ut dokumentasjonen Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt 1843–2014. Tilsette i Nynorsk kultursentrum har utvikla mykje kunnskap som har ein direkte nytteverdi for Vinje-senteret. Til og med 2015 var dette noko av det som gjort: Halldis i livet. Temautstilling om Halldis Moren Vesaas, 2007 Sitatbank om Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas til arbeidet med temautstillinga i 2007 Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010, Oslo 2010, med nytt stoff om Dølen Bibliografiar om A.O. Vinje, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas Historisk materiale i Arkiv for norsk målreising i Ivar Aasen-tunet Skrifter av Reidar Djupedal om A.O. Vinje i Djupedal-arkivet Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Ørsta 2015, med mykje originalutvikla statistisk dokumentasjon om presse og litteratur Biografiske artiklar om ei rekkje personar som er relevante for arbeidet i Vinje-senteret Eit museum må utvikle eigne analysar og lage sine eigne forteljingar for å vere interessante og relevante. Slikt tek tid. Prosjektplanen gir ein del døme på det Vinje-senteret vil ha å fortelje. 16.5 Vinje-senteret mellom dikting og journalistikk Dikting og journalistikk blir den høgare himmelen over Vinje-senteret. Forholdet mellom dikting og journalistikk har endra seg over tid. Mange av dei første sentrale diktarane på nynorsk var også dei første sentrale journalistane, som A.O. Vinje og Arne Garborg. Ein diktar som Arne Garborg skipa eller var med og skipa fleire aviser, som Lærerstandens Avis, Fedraheimen, Den 17de Mai. Han var journalist i lenger tid enn han var diktar. Rasmus Steinsvik var eitt med avisa Den17de Mai frå 1894 til han døydde i 1913, men i spaltene gjorde også kona Marta Steinsvik svært mykje av seg. Bjørnstjerne Bjørnson og mange med han var diktarar og journalistar i eitt, som i ein heilskap. Utover på 1900-talet var der etter kvart eit tydelegare skilje mellom desse. Spaltisten, den litterære kommentatoren, ein svært godt betalt medarbeidar i mange aviser. Skribentar som Nils Kjær kunne leve godt på ganske få tekstar. Så lenge den realistiske romanen
119
var ei norm, var svolten etter røynda felles for journalisten og diktaren. Å utforske verda kunne gi relevant grunnstoff for diktinga. Med den modernistiske litteraturen endra dette seg. Der er lite journalistikk å finne hos ein modernist som Tarjei Vesaas, men mykje hos ein Johan Borgen. Det oppstod skepsis, avstand og kritikk frå diktarane mot journalistikken. To skarpe døme på det er Georg Johannesen og Einar Økland, og Det 7. klima av Kjartan Fløgstad er framleis ein av dei få, store romanane om mediesamfunnet og språk i eit slikt samfunn. Historia om forholdet mellom dikting og journalistikk er nok meir nyansert enn summen av dei få setningane ovanfor. Dette er ei historie som verken er tenkt eller skriven enno. Det ser ut til at litteraturhistorikarane har undervurdert journalistikken hos diktarane, og at pressehistorikarane har undervurdert diktinga hos journalistane. Arne Garborg kan på ny nemnast, her som eit paradedøme på at diktaren skyggjer for journalisten. Kva har journalistikken tilført diktinga i ein forfattarskap, og kva har diktinga tilført journalistikken? Historia om norsk journalistikk er ikkje skriven. Der er mange enkeltstudiar i avishistorie, kringkastingshistorie og mediehistorie, og ein del oversynsverk, men begge delar manglar for historia om norsk journalistikk. Medieforskarane på 2000-talet har konsentrert seg om den digitale samtida, og det er slik forsking det er lettast å få finansiert. I dette ligg også at lite blir gjort for å forstå samtida i lyset frå fortida, eller å dra vekslar på det som er gjort før. Der trengst analysar av det offentlege ordskiftet etter partipressa, og det trengst omgrep for denne perioden i journalistikken. Forholdet mellom diktar og journalist ventar på å bli studert. Ein annan kvit flekk på kartet er det kritiske blikket på mektige frivillige og humanitøre organisasjonar og deira strategiar og funksjonar i det offentlege ordskiftet. Eit tredje punkt er den førebudde og regisserte debatten, der kommunikasjonsavdelingar og -firma legg premissar, finpussar strategiar og skriv innlegg og formuleringar. Slike og andre kritiske perspektiv må formulerast utanfrå, og dei må formidlast av uavhengige aktørar. Her kan og bør Vinje-senteret ta ei rolle som ingen andre institusjonar har teke til no, i tett kontakt med kritiske, akademiske miljø. På Stalheim Hotell på Voss har Skjervheim-seminaret vore arrangert kvart år sidan 1996. Dette seminaret blei skipa i 1995 som ei grein av Laurdagsakademiet på Voss i samarbeid med Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Jamt over samlar seminaret kring 200 deltakarar med ulik bakgrunn. På same måten, men på eige grunnlag, kan Vinje-senteret stimulere til utvikling av kunnskap som trengst og empiriske studiar som manglar. Senteret kan bli ein open arena for dei ubehagelege spørsmåla om journalistikk, samfunnskritikk og meiningsdanning. I dag gjer ingen annan uavhengig kulturinstitusjon dette. Vinje-senteret kan på denne måten fargeleggje kvite flekkar, samarbeide med forskingsmiljø om å utvikle kunnskap som trengst, og formidle denne både til fagmiljø, bransje og allmenta, det vil seie lesarane, lyttarane, sjåarane. I dei framstillingane som finst av journalistikk, dominerer sjanger, publikasjon og redaktør. Journalisten som skribent og aktør blir som regel borte. Dei såkalla gullpennane på riksmålssida, frå Nils Kjær til Arne Hestenes, har fått merksemd, ofte kanskje meir som diktarar enn som journalistar. Korleis tenkte og prega aktørar som Tor Fuglevik radio- eller tvjournalistikken over tid? Profilerte nynorskjournalistar som Per Øyvind Heradstveit og Hans Aarnes er til no ganske knapt omtalte. Å skrive ei større samling biografiske artiklar om journalistar og redaktørar er ei stor og nødvendig oppgåve i seg sjølv. Det er ei oppgåve Vinjesenteret kan ta på seg å leie arbeidet med. Dette vil gjere det lettare for publikum å sjå nye samanhengar og skilnader mellom journalistikk og dikting.
120
16.6 Prioriterte forfattarar og journalistar Nynorsk kultursentrum arbeider med eit klassisk litteraturomgrep og arbeider såleis med både skjønnlitteratur og sakprosa. Kva forfattarar bør Nynorsk kultursentrum prioritere å ha mest mogleg komplette samlingar av, primært førsteutgåver, bortsett frå Ivar Aasen? Råd og styre drøfta dette ved fleire høve i 2013 og 2014. Litterær og/eller fagleg kvalitet bør vere grunnlaget. Fagleg posisjon, verknadshistorie og posisjon blant eit breitt publikum høyrer med. Lista bør dekkje ulike litterære og ideologiske posisjonar, forfattarar for born og for vaksne (få har skrive berre for ei av gruppene), lyrikk og prosa. Kvinner er det få å velje mellom før langt ut på 1900-talet. Det er også relevant å ta omsyn til kva tilsvarande institusjonar samlar på av andre forfattarar. Der er svaret diverre enkelt: Knapt nokon samlar på nokon av dei aktuelle forfattarane. Det oppdraget Stortinget har gitt Nynorsk kultursentrum, er å arbeide med nynorsk skriftkultur. Det tilseier at institusjonen så langt råd er sikrar at samlingane inneheld alle enkeltbøker og enkeltskrifter av dei forfattarane ein prioriterer. To kategoriarar forfattarar er prioriterte: Grunnsteinar, knytte til driftsavdelingane Festspeldiktarar 1994– Både originalverk på norsk og omsette verk bør inkluderast. I praksis konsentrerer Nynorsk kultursentrum seg om pionertida 1850–1900 og samtida frå og med om lag 1990. Vidare vil ein skilje mellom dei forfattarane ein prioriterer i form av førsteutgåver, og dei forfattarane ein vil ha gode bruksbibliotek for. Den prioriterte lista nedanfor inneheld 30 namn (ein forfattar er med begge stader) – 13 kvinner og 17 menn. Grunnsteinar Ivar Aasen (1813–1896) A.O. Vinje (1818–1870) Aslaug Vaa (1889–1965) Tarjei Vesaas (1899–1970) Halldis Moren Vesaas (1907–1995) Olav H. Hauge (1908–1994) Reidar Djupedal (1921–1989) Festspeldiktarar 1994– 1994 Kjartan Fløgstad (1944–) 1995 Halldis Moren Vesaas (1997–1995) 1996 Paal-Helge Haugen (1945–) 1997 Ragnar Hovland (1952–) 1998 Jon Fosse (1959–) 1999 Åse-Marie Nesse (1934–2001) 2000 Rune Belsvik (1956–) 2001 Brit Bildøen (1962–) 2002 Einar Økland (1940–) 2003 Marie Takvam (1926–2008) 2004 Frode Grytten (1960–) 2005 Edvard Hoem (1949–) 2006 Olaug Nilssen (1977–) 2007 Erna Osland (1951–)
121
2008 2009 2010 2011 2012 2013
2014 2015 2016
Lars Amund Vaage (1952–) Tove Bakke (1954–) Rønnaug Kleiva (1951–) Bjørn Sortland (1968–) Arne Moslåtten (1948–) Lars Petter Sveen (1981–) Guri Sørumgård Botheim (1978–) Sigrid Sørumgård Botheim (1985–) Agnes Ravatn (1983–) Gunnhild Øyehaug (1975–) Ruth Lillegraven (1978–) Styret i Nynorsk kultursentrum drøftar innkjøp av forfattarar i prioriterte sjangrar i
2016. Som nemnt ovanfor er det i arbeidet med denne prosjektplanen utarbeidd eit selektivt utval av profilerte redaktørar og journalistar i presse, radio og tv (sjå kapittel 5.5.). Dette vil bli utvida og bearbeidd som grunnlag for ei meir systematisk vurdering av kven som har vore dei viktige aktørane. Eit slikt arbeid føreset nærkontakt med medieforskarmiljø og mediebransjen. 16.7 Erik Gjestvangs boksamling Erik Gjestvang frå Skien busette seg med familien i Vinje hausten 2014 etter 36 år som lektor i gymnas og vidaregåande skular, først og fremst i Skien, Sandefjord og Larvik. I tillegg til eit breitt engasjement i kunst og kultur har han over lang tid bygt opp ei svært god boksamling. Vinje kommune skreiv i 2014 avtale med han om å ta over samlinga. Der heiter det at samlinga «skal inngå i Vinje-senteret frå den tid det er etablert». Nynorsk kultursentrum blei rådspurd av Vinje kommune i arbeidet med avtalen. Samlinga blei mellombels lagra i bibliotekrommet på Vinje skule. Alt i alt utgjer samlinga nær 300 hyllemeter. Samlinga er forsikra gjennom den forsikringsavtalen Vinje kommune har. Den prioriterte delen av samlinga blei registrert i Micromarc i 2015 og 2016.140 Samlinga etter Olav H. Hauge er registrert i det same systemet. All norsk litteratur i Gjestvangsamlinga er registrert, uavhengig av om bøkene finst i andre bibliotek i regionen. Ein har også lagt vekt på tysk og skandinavisk litteratur, og det meste av litteratur på andre språk, berre unnateke underhaldningslitteratur. Vidare har ein prioritert bøker om språk, lokalhistorie og samfunn, utdanning og humaniora, publisert i Noreg, Skandinavia og Tyskland. Etter eit visst skjøn har ein også registrert andre bøker som kan vere av interesse. Juan Gutiérrez-Maupomé hadde ved utgangen av 2015 registrert 8133 titlar pakka i 199 øskjer i Vinje skule, og 290 titlar lagra i Vinje lokalhistorisk arkiv på Rauland.141 Det stod att å registrere om lag 600 titlar. Av noko slikt som 9000 prioriterte titlar blir 900 definerte som særleg verdfulle. Dette er i all hovudsak bøker utgitt før 1905. I eit eige notat har han dokumentert prinsipp og metode, som at inntil to eksemplar av kvar tittel er registrert, og at alle registrerte titlar er merka med strekkode. Gjestvang-samlinga inneheld skrifter av dei fleste norske forfattarane frå 1600-talet til om lag 2000. Den eldste boka er frå 1607. Hovuddelen av samlinga er norsk litteratur, kunst 140 141
Juan Gutiérrez-Maupomé: «Erik Gjestvangs boksamling», notat 29.11.2015. Juan Gutiérrez-Maupomé i e-post 13.1.2016.
122
og historie. Der er bøker på både dansk, dansknorsk, riksmål, bokmål, nynorsk, latin, tysk, engelsk, svensk, dansk og noko fransk. Tysk litteratur er godt representert på både norsk og tysk, frå Johann Wolfgang von Goethe til Peter Handke. Dei største skandinaviske forfattarane er der, men litteratur frå andre land enn Tyskland og dei skandinaviske er det lite av. Gjestvang-samlinga inneheld svært mykje bøker om kunst, og om språk, der riksmål og tysk er best representert. Den lokalhistoriske delen er innhaldsrik; her er mange bøker om Telemark. Der er svært mange førsteutgåver og spesialutgåver av verk frå forfattarar som Ibsen, Bjørnson, Welhaven, Vinje, Aasen, Knudsen, Hamsun, Undset. Samlinga inneheld også ein god del småskrifter og talar, og ei god samling av biblar og salmebøker. Bøker av nyare forfattarar som Jon Fosse er det derimot lite av, likeins barnelitteratur og journalistikk. Bøkene vil vere allment tilgjengeleg for publikum i Vinje-senteret, men ikkje for heimlån. Særs verdfulle skrifter frå tida før 1905 må lagrast separat på brannsikker stad med fukt- og temperaturkontroll. Desse vil bli handsama som museumsgjenstandar og dermed berre vere tilgjengeleg for tilsette og for forskarar etter avtale med Vinje-senteret. Nynorsk kultursentrum skal ikkje byggje opp noko nynorsk nasjonalbibliotek, men har om lag 55 000 bøker og skrifter i samlingane sine. Gjestvang-samlinga åleine representerer ein auke på om lag 20 prosent. Å ha tilgang til ei slik samling vil vere svært verdfullt i det daglege arbeidet i Vinjesenteret. 16.8 Gjenstandssamling Vinje-senteret kjem til å ha få gjenstandar etter dei fire basisdiktarane Vinje, Vesaas, Vesaas og Vaa. Spørsmålet om å overta gjenstandar etter andre forfattarar vil truleg kome med tida. Nynorsk kultursentrum kjøpte i 2015 førsteutgåvene av dei sju diktsamlingane Aslaug Vaa gav ut. I ei av bøkene låg eit klipp frå Dagbladet med eit dikt som Vaa hadde skrive til 50-årsjubileet for Studentmållaget i Oslo hausten 1950. Opningslinjene er identiske med diktet «Bygdi mi» som stod på trykk i Magasinet For Alle 6.9.1941. Dette tok Leif Mæhle med i ei innhaldsrik samling med etterlatne dikt i 1999. Jubileumsdiktet frå 1950 står ikkje der og er heller ikkje med i Dikt i samling. Toralv Maurstad framførte diktet som prolog under 50årsfesten i Universitetsaulaen laurdag 28.10.1950. Same dagen stod det på trykk på side 7 i Dagbladet. To år seinare blei diktet trykt i 50-årsskriftet for Studentmållaget i Oslo.142 Anton Aure-samlinga i Ivar Aasen-tunet inneheld 2200 innbundne avisårgangar som utgjer 42 hyllemeter à 65 cm. Det Norske Samlaget eig samlinga som er registrert og langtidsdeponert i Ivar Aasen-tunet. Å flytte denne samlinga til Vinje-senteret ville lang på veg vere ein journalistisk parallell til Gjestvang-samlinga av bøker. Dessutan ville dette frigjere plass til den delen av Aure-samlinga som enno ikkje er overført til Aasen-tunet. Tre avgrensa bibliografiar er alt utarbeidde av Nynorsk kultursentrum (vedlegg 6). For perioden 1990–2013 er det registrert 38 innførslar om A.O Vinje, 26 om Halldis Moren Vesaas og 158 om Tarjei Vesaas. 16.9 Arkiv Nasjonalbiblioteket har lite etter A.O. Vinje og store mengder brev og manuskript etter Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. Alt som har med Vinje og Tarjei Vesaas å gjere, er registrert i databasen Hanske. For Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa er det meste registrert same Aslaug Vaa: ‘Og ordet var …’ Etterlatne dikt. Ved Leif Mæhle, Oslo 1999, s. 36 og 154, og Studentmållaget 50 år, Oslo 1952, s. 19 f. og 234 ff. 142
123
staden. Dei treffa ein får opp der, refererer til enkeltdokument, til dels også samlingar av fleire mindre dokument.143 Etter Vinje ligg det 22 originalbrev og 103 kopiar i handskriftsamlinga i Nasjonalbiblioteket. Både brev til og frå er med, og dei er detaljregistrerte. For Tarjei Vesaas er det 950 innførslar i databasen Hanske. Dette inkluderer brev til og frå forfattaren, og alle breva er detaljregistrerte. For Halldis Moren Vesaas er der 733 innførslar; dei fleste er brev. Hausten 2015 arbeidde Nasjonalbiblioteket med å ordne eit privatarkiv etter Halldis Moren Vesaas og familie. Ved årsskiftet var det uråd å seie kor mykje av det uordna arkivet som blir detaljregistrert til slutt, og når dette arbeidet er ferdig. For Aslaug Vaa har Hanske 538 innførslar. Til denne prosjektplanen har det ikkje vore mogleg å utarbeide nokon påliteleg dokumentasjon av kva som finst av stoff etter journalistar og redaktørar. Hanske er ein omfattande database, og den har sine inkonsekvensar og manglar. Likevel er det svært mykje å finne der. Når Nasjonalbiblioteket katalogiserer på eitt bestemt namn, ligg namnet inne som «arkivskapar» på øvste nivå, altså på Brevsamling- (berre brev), eller Ms.fol./Ms.4, Ms.8-nivå (inneheld heile arkiv, eller einskilde dokument). Liste over enkeltdokument – brev og anna – kjem lenger nede i katalogen. Det kan liggje avskrifter, kopiar o.l. saman med originaldokument på ulike nivå i arkiva. 16.10 Språksamlingar Forfattarskapane til Vesaas og Vinje, Vaa og Vesaas er rikt representerte i Norsk Ordbok. Signaturane deira dukkar opp som kjelder til definisjonar, og tekststrengar dukkar fram som litterære døme på bruken av enkeltord. På http://no2014.uio.no/perl/ordbok/no2014.cgi kan ein fordjupe seg i enorme mengder av digitaliserte språksamlingar. Tekstar av Vesaas, Vesaas og Vinje har dessutan ein sentral plass i det som blir kalla Det nynorske tekstkorpuset. Her kan ein til dømes søkje opp tekstsekvensar som viser den vesttelemålsfarga setningsbygnaden hos Tarjei Vesaas eller få eit nytt blikk på Vinjes framlegg til norske avløysarord. Alt dette og meir til ligg fritt tilgjengeleg. 16.11 Innsamling av munnlege minne Avisfolk skriv mykje, men arkiverer lite utanom det som blir publisert. For det meste av medieforskinga er mangel på slike kjernearkiv eit stort problem. Det problemet skal ikkje Vinjesenteret løyse. Derimot bør Vinje-senteret over tid samle inn munnlege minne frå nøkkelpersonar innanfor norsk journalistikk gjennom strukturerte intervju der tyngda ligg på journalistikken. Det same vil vere aktuelt for prosaforfattarar. 16.12 Frå situasjonsanalyse til nye forteljingar Nynorsk kultursentrum har det siste tiåret utvikla ein god del ny kunnskap om språk, litteratur, pressehistorie, bokhistorie og kulturhistorie. Historiske og sosiologiske analysar blir saman med innhaldsanalyse seinare i år supplert med oppdatert og utvida statistisk dokumentasjon om bøker og presse. Inn i dette arbeidet har ein med seg røynslene og kunnskapen frå Aasen-tunet og Hauge-senteret.
143
Forskingsbibliotekar Rebecca Boxler Ødegaard, Nasjonalbiblioteket i e-post 17.11.2015.
124
Dei røynslene vitnar om at det tek tid å utvikle nye, gode forteljingar. Å ta verdiane sine på alvor og vere modige og overraske vil seie at ein ikkje nøyer seg med å fortelje det som alt er kjent eller det som publikum måtte vente. Samstundes skal det utviklast lokale og regionale alliansar og pirre den fagleg nyfikna så vel som behovet for kunstnarleg og fagleg kvalitet. Det inneber å hekte seg på etablerte tilbod og funksjonar og supplere med nye som ikkje riv grunnlaget bort for dei mange kulturtilboda i regionen. Vinje-senteret må ha meir og anna å tilby enn det publikum alt får gjennom det regionale kulturhuset Vinjehuset i Åmot. 16.13 Nordiske prosjekt Vinje-senteret bør tidleg sjå seg om etter moglege nordiske prosjekt. Der er iallfall to aktuelle finansieringskjelder. Nordisk kulturfond i København kan støtte prosjekt som involverer minst to andre nordiske land eller sjølvstendeområde. Prosjekta må ha «et kunstnerisk eller kulturelt indhold» og vere forankra i relevante miljø i nordiske land. Lista over prosjekt som fekk støtte i 2015 tyder på at det vil vere mest relevant å søkje om støtte til festival eller større arrangementsrekkjer. Kulturkontakt Nord under Nordisk ministerråd med sete i Helsingfors forvaltar også midlar til kunst- og kulturprosjekt. Desse er meir styrte av program enn midlane frå Nordisk kulturfond. 16.14 EU-programmet Kreativt Europa Kreativt Europa er EU-programmet for dei kulturelle og kreative sektorane med eit budsjett på 1,46 milliardar euro i perioden 2014-2020. Programmet støttar prosjekt som får ein meirverdi ved at dei blir gjennomførte innanfor ei europeisk ramme. Dette gir norske aktørar innanfor tv, film, kunst og kultur høve til å samarbeide internasjonalt og til å nå ut til eit større europeisk publikum. Kreativt Europa har eit delprogram for kunst og kultur og eitt for tv, film og spel. Kulturrådet har ansvaret for å informere og rettleie norske aktørar om programmet for kunst og kultur, medan Norsk filminstitutt informerer og rettleiar om programmet for tv, film og spel. Frå dette programmet er det mogleg å få støtte til internasjonale samarbeidsprosjekt mellom kulturelle og kreative aktørar, omsetjing og promotering av europeisk litteratur, europeiske nettverk som styrkjer evna til å arbeide internasjonalt, og til plattformer med kulturelle aktørar som fremjar nye kunstnarar og stimulerer europeisk programmering av kulturelle og kunstnarlege verdiar. 16.15 Fagråd for journalistikk Gjennom si eiga drift og ulike nettverk har Nynorsk kultursentrum gode inngangar til litteraturfaglege miljø. Det burde difor ikkje vere nødvendig å organisere noko formelt, rådgivande forum for arbeidet med dikting i Vinje-senteret. For den journalistiske delen av prosjektet er det annleis. Nynorsk kultursentrum vil vurdere å oppnemne eit journalistisk fagråd for Vinje-senteret. Kjernen i mandatet bør vere å gi faglege råd om dokumentasjon og formidling av historia om norsk journalistikk i eit internasjonalt perspektiv. Fagrådet bør ha inntil fem medlemer.
125
16.16 Dokumentasjonsgruppe Avdelingane i Nynorsk kultursentrum samarbeider i dag om samlingsforvaltning, forsking og dokumentasjon gjennom ei eiga programgruppe som har eit svært vidt arbeidsfelt (sjå kapittel 26.14). Med Vinje-senteret på plass kan det vere aktuelt å dele gruppa i to, slik at ei ny gruppe tek seg av arbeidet med samlingsforvaltning, forsking og dokumentasjon. Prinsippet er at ingen leier meir enn ei fellesgruppe, og blir programgruppa delt, vil det vere aktuelt at leiaren for Vinje-senteret leier den nye dokumentasjonsgruppa. Med Vinje-senteret som ny avdeling kan Nynorsk kultursentrum på dette punktet altså få organisert arbeidet sitt betre. 16.17 Langtidsplanar Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok Sikrings- og bevaringsplan nr. 4 2015–2018 på styremøte i februar 2015. Planen blir revidert i 2017. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok Samlings- og dokumentasjonsplan nr. 4 2015– 2018 på styremøte i desember 2015. Planen blir revidert i 2018. I denne planen blir samlingspolitikken også for Vinje-senteret fastsett.
Nynorsk kultursentrum er i dag ein garantist for at rotfest norsk språk er i utvikling på nye stader og med nye arenaer for dokumentasjon, formidling og opplevingar i ein heilskap. Med Aasen-tunet, Hauge-senteret og snart Vinjesenteret har nynorsk språk og skriftkultur fått eit endå breiare fotfeste. Dette skaper framtidsvon også for nasjonal dokumentasjon, formidling og journalistikk – i beste samkvem med dei lokale kreftene i Vinje kommune. Eit slikt senter kan også sikre nasjonale og internasjonale verdiar frå starten av. Stein Aam, ordførar Ørsta kommune
126
17
Utstillingar og formidling
Eit kull frå NRK Nynorsk mediesenter i Førde vitjar Aasen-tunet. Foto: Randi Indrebø NRK
Nynorsk kultursentrum driv utoverretta og har utforma strategiar for formidling generelt og utstillingar spesielt, der omvisinga er eit grunngrep. Grunntanken om utstillingar er at «vi er analoge der vi kan, og digitale der vi må». Personifisering og andre journalistiske grep vil bli brukte i formidlinga ved Vinje-senteret. Innhaldet blir mest tilpassa norske gjester, men Vinje-senteret skal også ha tilbod for framandspråklege, og basisutstillinga blir teksta på nynorsk og engelsk. I samarbeid med Høgskolen Sørøst-Norge vil Nynorsk kultursentrum tilby studentar i Rauland å vere Vinje-ambassadørar. Ei eiga utstillingsgruppe lagar plan for basisutstillinga i Vinje-senteret.
17.1 Strategi for formidling I St.meld. nr. 22 (1999–2000) heiter det at «musea bør medverka til å stø opp under sentrale verdiar som samfunnet vårt byggjer på, at dei bør auka folks attrå etter kunnskap, og at dei bør fremja toleranse overfor kulturelle skilnadar». I same meldinga blir det streka under at «museene skal gi både kunnskap og opplevelse. De skal være tilgjengelige for alle og være
127
relevante og aktuelle samfunnsinstitusjoner som fremmer kritisk refleksjon og skapende innsikt». Ei aktiv formidling blir såleis viktig både i eit demokratiperspektiv og i eit allment kulturperspektiv. Det krev aktiv tilrettelegging og ulike strategiar for å nå ulike målgrupper. St.meld. nr. 49 (2008–2009) har fire hovudmål for vidare utvikling av museumssektoren, og eit av desse måla er eit formidlingsmål. «Museene skal nå publikum med kunnskap og opplevelse og være tilgjengelig for alle. Det innebærer målrettet tilrettelegging for ulike grupper og aktuell formidling som fremmer kritisk refleksjon og skapende innsikt.» Den som skal formidle noko, må vite mykje meir enn det som blir sagt og skrive. Mest mogleg av formidlinga skal byggje på eigenutvikla kunnskap slik at institusjonen kan gi publikum andre forteljingar og opplevingar enn dei får andre stader og gjennom massemedium. Nynorsk kultursentrum driv dette formidlingsarbeidet på mange måtar: Basisutstillingar og temautstillingar Formidlarar og omvisarar som møter gjestene og gir dei munnlege forteljingar Arrangement for eit allment publikum og gjennom Den kulturelle skulesekken Digitale tenester med utfyllande informasjon og eigne opplevingar Vareutval i butikkar, i Aasen-tunet også menyen i kafeen Foredrag og kåseri på ulike typar arrangement Deltaking på eksterne arrangement og i presse og kringkasting Artiklar og bøker Nynorsk kultursentrum arbeider ut frå den grunntanken at ingen prosjekt er avslutta før dei er formidla og gjorde kjende for andre. Det inneber at alle tilsette er med i formidlingsarbeidet. Nøkkelpersonane i dette arbeidet er formidlarane. Kvar avdeling i Nynorsk kultursentrum har ein eigen formidlar som har omvisingar som ei av hovudoppgåvene sine. Omvising er den fremste og mest vanleg formidlingsforma i Nynorsk kultursentrum. Omvisaren skal møte publikum profesjonelt, vere sørvisinnstilt, imøtekomande, venleg og ta alle gjester på alvor. Når haldningane er sett fram som viktige, er det ikkje mindre viktig at omvisaren er på innsida av det stoffet han eller ho formidlar. Difor må omvisaren vite mykje meir enn det som blir fortalt. Så langt råd er prøver omvisaren å skape dialog med gjestene for å engasjere, involvere og aktivisere dei. Ulike grupper har ulike føresetnader for å samtale, ut frå kva dei er vane med og kva dei veit om emnet. Skuleelevar er vane med å svare på spørsmål som ein del av læringsprosessen. Nokre vaksengrupper kan mykje og ventar eit høgt fagleg nivå, og desse kan vere mindre interesserte i pedagogiske spørsmål. Dei ulike gjestene har ulik kunnskap og ulike forventningar, og det er opp til omvisaren å finne kva nivå og form som passar for den aktuelle omvisinga. På tvers av dette vil det vere nokre grunnelement i forteljinga som går att. Dei som arbeider i resepsjon, butikk og/eller kafé, er førstelinja i verksemda. Det er desse publikum som regel møter først. Desse medarbeidarane er i liten grad med i utviklinga av det kulturfaglege innhaldet, men skal få den opplæringa dei treng for å vere den gode førstelinja. Alle omvisarar får intern grunnopplæring i formidling, undervisning i dei emna den aktuelle avdelinga arbeider særleg mykje med, nødvendig bakgrunnsmateriale, dessutan tilleggslitteratur som det blir venta at dei set seg inn i. Alt dette har gjort sitt til at omvisarane i Nynorsk kultursentrum har kunna gjere godt arbeid like frå opninga av Aasen-tunet i 2000.
128
Likevel vil det støtt kome spørsmål ingen kan svare på der og då. I slike tilfelle får gjestene tilbod om tilbakemelding på e-post eller anna oppfølging, gjerne også tips om relevant litteratur i butikken. Mangt blir gjort innanfor medieforsking, men formidlinga skrantar. Det har ført til at mykje av kunnskapen i beste fall blir verande i mediebransjen. Vinje-senteret skal drive forskings- og kunnskapsbasert og kan gjerast til ein institusjon som aukar samfunnsverdien av dei summane som blir satsa på medieforsking. 17.2 Strategi for basisutstillingar Lag ei utstilling som aktiviserer gjestene, unngå statiske montrar og store mengder skrift på vegg eller andre flater! Det var meldinga på eit av møta i arbeidet med prosjektplanen hausten 2014. Utstillingsstrategien til Nynorsk kultursentrum blei seinast formulert i den utstillingsplanen for Hauge-senteret som styret vedtok i september 2013. Før det hadde Aasentunet laga ein tilsvarande omfattande plan for fornyinga av basisutstillinga der. I destillert form kan strategien samlast i 21 punkt: 1. Høgare himmel: Utstillingane skal gjennom perspektiv og kontekst formidle stoffet slik at vi utvidar forståinga av dei emna vi tek opp, og slik at vi står fritt til å gå inn i dei kulturfaglege kjerneoppgåvene på ulike måtar. 2. Universelt tilgjengelege: Utstillingane skal vere tilgjengelege for alle både fysisk, grafisk og auditivt. Her vil vi følgje ei strengare norm enn den som gjeld allment i offentleg forvaltning. 3. Lys og fargar: Utstillingane skal vere fargerike og prega av den bruken av naturlys og kunstig lys som er innanfor dei tekniske krava til god samlingsforvaltning. 4. Analoge der vi kan, digitale der vi må: Det skal vere mest mogleg å ta på, minst mogleg berre å lese eller sjå på. Publikum skal få bruke fleire sansar – ta på, føle, lytte, sjå, gjerne også lukte. Difor bruker vi mest mogleg fysiske og taktile verkemiddel. 5. Samspel med digitale tenester: Den utførlege dokumentasjonen høver best for Internett, medan den fortetta formidlinga høyrer heime i utstilliga. 6. Utstilling i barnehøgd: Alle skal finne noko nytt gjennom leik og utforsking. Dei minste barna bør finne sitt eige rom. Her som elles bruker vi gjerne humor i formidlinga. 7. Interaktive tilbod for born, unge og vaksne: Gjennom eigen aktivitet skal gjestene kunne oppdage eller finne ut noko meir enn det som er synleg ved første augekast. Vi ønskjer å invitere til å gå på oppdagarferd med sjanse til å bli overraska. 8. Den unike gjenstanden: Så langt råd er, vil vi framheve den gjenstanden som meir enn noko anna gjer det særleg interessant å kome til musea våre. 9. Tekstar på nynorsk og engelsk: Utstillingane skal vere tospråklege, anten med parallelltekstar i utstillinga eller med tekstar som blir delte ut til framandspråklege gjester. På alle trykkskjermar bør det vere mogleg å velje språk. Alle tekstar på engelsk skal ha nødvendig kulturell og historisk kontekst. 10. Korte tekstar og godt språk: Alle utstillingstekstar skal vere korte. Der det er mogleg, lagar vi to tekstnivå – den korte, poengterte ingressen og den utdjupande framstillinga. Det viktigaste skal kome først. Tekstane skal ha god språkføring og vere korrekt skrivne. 11. Tydeleg struktur: Utstillingane skal vere tydeleg redigerte med bolktitlar eller anna løysing som gjer det lett å få oversyn over struktur og inndeling. 12. Større endringar om lag kvart tiande år: Utstillingane skal ikkje opplevast forelda om fem år.
129
13. Fleksible løysingar: Utstillingane skal vere aktuelle og levande i samtida utan at det krev for mykje arbeid og pengar. Det skal vere mogleg å skifte ut fysiske element og halde utstillinga à jour. Det som endrar seg fortast, formidlar vi mest mogleg via flatskjermar og på nettstad. 14. Jamførande perspektiv og kontekst: Utstillingane skal vere fagleg oppdaterte og på høgd med si samtid i tenking om formidling i kontekst. 15. Ingen romantiserande rekonstruksjon: Vi formidlar fortida med dagens blikk og nødvendig kontekst, men rekonstruerer ikkje noko som er over. 16. Eineståande i sitt innhald: Utstillingane skal skilje oss ut i form og innhald. Publikum skal få kjensla av at dei må til musea våre for å oppleve noko dei ikkje får andre stader. 17. Eigne forteljingar: Gjennom utstillingane formar og formidlar vi våre eigne forteljingar om emna. 18. Omvising er eit standardtilbod: Utstillingane skal kunne opplevast på eiga hand med stort utbytte, men vi tilbyd omvising. 19. Opne og breitt tilgjengelege: Utstillingane skal opne feltet for dei som ikkje er på innsida av stoffet, til dømes nynorsk for bokmålsbrukarar og lyrikk for fleire enn lyrikkvenene. 20. Undring som resultat: Vi formidlar stoffet på ulike måtar og held verken sak eller personar fast i eitt bilete. 21. Det rause museet: Musea våre skal formast slik at gjester får visse faglege tilbod utan å betale inngangsbillett, gjerne også eit element frå basisutstillingane. Utstillingsstrategien ovanfor blir grunnlaget for arbeidet med formidling gjennom utstillingar i Vinje-senteret og blir utdjupa i prosjektplanen for senteret. Basisutstillingane våre skal vere visuelt ulike og tilpassa stad og emne, men grunngrepa våre skal kunne kjennast att. Samspelet og skilnadene mellom dikting og journalistikk kan omformast til praksis i formidlingsarbeidet i Vinje-senteret. Ved å bruke journalistiske metodar og sjangrar i formidlinga vil Vinje-senteret skilje seg frå det andre museum gjer, og senteret tematiserer dermed på fleire måtar si eiga oppgåve. Vil ein satse på dette, må der vere journalistisk kompetanse i staben (sjå kapittel 26.9). 17.3 Temautstilling i Vinjestoga Det er aktuelt å lage ei temautstilling om A.O. Vinje som blir plassert i svalgangen i Vinjestoga. Å fortelje om Vinje i Vinjestoga er noko heilt anna enn å fortelje om liv og verk og samanheng og verknader i ei bok, eit foredrag eller i basisutstillinga borte i Vinje-senteret. Det autentiske trumfar alt. Det kan og bør temautstillinga ta omsyn til. Dette kan gjerast i samarbeid med Vest-Telemark Museum. 17.4 Mandat og samansetjing utstillingsgruppe Styret i Nynorsk kultursentrum fastset utstillingsplanen for Vinje-senteret. Ei eiga utstillingsgruppe oppnemnd av styret utformar eit komplett framlegg til utstillingsplan som i si endelege form er styrande for anbodsprosessen. Utstillingsgruppa skal skape eit solid grunnlag for utviklinga av basisutstilling og andre formidlingstilbod ved Vinje-senteret og sikre kontinuitet og nært samarbeid med til-
130
sette. Det vil vere særleg relevant å dra vekslar på røynslene med fornyinga av basisutstillinga i Aasen-tunet 2013–2014, den nye basisutstillinga i Hauge-senteret 2014, og dei 31 temautstillingane som er laga i Aasen-tunet i perioden 2000–2015. Gruppa arbeider særleg med desse oppgåvene: 1. Plan for basisutstilling og eventuelle temautstillingar 2. Følgje opp og ta stilling til kulturfaglege, litteraturfaglege og språkfaglege drøftingar i fagrådet 3. Digital formidling av dikting og journalistikk 4. Strategi for å nå og engasjere ulike målgrupper gjennom utstillingane 5. Samspel mellom basisutstilling og andre tilbod tilpassa dei ulike målgruppene Arbeidet blir tilpassa dei rammene som følgjer av Visjon og strategi 2016–2019 og årlege driftsbudsjett for Nynorsk kultursentrum. Utstillingsgruppa bør ha inntil fem medlemer og til saman forvalte nødvendig kompetanse: Dikting Journalistikk Lokale og internasjonale perspektiv Analoge og digitale formidlingsformer Erfaring med utvikling av større utstillingar i inn- eller utland Omarbeiding av omfattande kunnskapsstoff til prioriterte målgrupper Leiaren i utstillingsgruppa må vere tilsett i Nynorsk kultursentrum. 17.5 Vandre- eller nettutstilling: Lyden av skrift I ein kvardag full av visuelle inntrykk vil vi ta eitt steg tilbake og gi øyret ein ny sjanse. Vi vil lage ei utstilling der røystene til forfattarane – skjønnlitterære så vel som faglitterære – er det viktige. NRK har mange opptak, men det kan finnast litt i andre samlingar også. Skilnader og likskapar i opplesing og framføring, og utviklinga av forfattaren som ein sceneartist blir to sider av dette, lydboka frå seinare år ei tredje. Prosjektet kan utvidast til samspelet mellom tekst og musikk. 17.6 Rundturar med journalistisk omvising Saman med Vest-Telemark Museum kunne Vinje-senteret utvikle rundturar for gjester i regionen. Programmet burde då inkludere besøk hos kunstnarar som bur i regionen, og desse kunstnarane gir så ein presentasjon av sitt felt for gjestene. På denne måten får ein over tid brukt mykje av det samla kunst- og kulturmiljøet i regionen. Både i dette og andre tilbod kunne Vinje-senteret spesialisere seg på omvisingar med ein journalistisk vri. På den måten bruker Vinje-senteret den tradisjonen senteret skal formidle, på ein heilt ny måte. Forteljinga er eit felles trekk mellom omvisinga og mykje av journalistikken, men den journalistiske omvisinga inneber å skape noko heilt nytt. 17.7 Vinje-ambassadørar og andre tilbod for utanlandske turistar Studietilbodet ved Raulands-avdelinga av Høgskulen i Sørøst-Norge har fanga interesse hos ein del studentar frå USA, særleg slike som har ein norsk-amerikansk bakgrunn. I si tid var det ganske mange som vandra ut frå Telemark til USA. I dette ligg eit mogleg grunnlag for å utvikle særmerkte tilbod for utanlandske turistar. Ein Amerika-pakke med dikting, tradisjonskunst og historie kunne lagast for norskamerikanske turistar på visitt i heimlandet. Dette bør då gjerast i samarbeid med mellom andre Vest-Telemark Museum.
131
Ved å utvikle eit målretta samarbeid med studiestaden Rauland kunne Vinje-senteret etablere ei enkel ordning med merkelappen Vinje-ambassadør. Dei som får den tittelen, har gått gjennom eit samarbeid om kunnskap og formidling i regi av Vinje-senteret. Tanken er at desse kan bli gode talsfolk for både institusjonen, kommunen og regionen i ettertid, og at ein følgjer dei opp gjennom regelmessig kontakt. 17.8 Utebibliotek Aasen-tunet opna i 2009 eit utebibliotek for born og småbarnsfamiliar på høgda ovanfor tunet. Det sjølvbetente biblioteket er ope i sommarferien kvart år. Alle som kjem dit, kan finne seg ei bok, setje seg ned og lese og så leggje boka tilbake igjen før dei går vidare etter å ha skrive seg inn i gjesteboka på staden. I samarbeid med dei lokale folkebiblioteka blei liknande utebibliotek etablerte i sju andre kommunar på Sunnmøre sommaren 2015. Tilbodet blei raskt svært populært og mykje brukt; om lag 2000 skreiv seg inn i gjestebøkene. Eit slikt tilbod kan Vinje-senteret etablere i dei seks kommunane i Vest-Telemark. 17.9 Publisering Å publisere foredrag, artiklar og mindre skrifter må vere ein integrert del av dokumentasjons- og formidlingsarbeidet ved Vinje-senteret. Over tid vil tilsette og tilknytte medarbeidarar utvikle mykje ny kunnskap og med det nye analysar, resonnement, forteljingar. I tillegg til å bruke eigne nettstader vil det stundom vere aktuelt med større utgivingar. Nynorsk kultursentrum overlèt med få unntak all slik publisering til etablerte forlag for å sikre at bøkene blir spreidde nasjonalt. Likeins kan ein samarbeide med etablerte publikasjonar om tekstar i mindre format, som tidsskrift og magasin. Vinje-senteret kan til dømes samarbeide med Journalisten, medlemsbladet i Norsk journalistlag, om ein artikkelserie med biografiske og litterære portrett av profilerte journalistar og redaktørar. Likeins kan Vinje-senteret utvikle samarbeid med Pressehistorisk tidsskrift og blad som Prosa (utgitt av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening) og Forfatteren (utgitt av Den norske Forfatterforening). 17.10 Langtidsplan Styret i Nynorsk kultursentrum vedtek Utstillings- og formidlingsplan nr. 5 2014–2020 i september 2016. Den utstillings- og formidlingsstrategien som er presentert ovanfor, vil vere grunnlaget for den nye langtidsplanen.
132
18
Arrangement og elevprogram
Lurivar – ein formidlar av språk- og leseglede i Den kulturelle skulesekken. Foto: Aasen-tunet
Vinje-senteret skal leite fram det spesielle og det typiske, det uventa og det eineståande, og ikkje ta snarvegen til det openberre. Regelmessige arrangement tilpassa den lokale veke- og årsrytmen og tilbod som alt finst, blir ein viktig del av verksemda i Vinje-senteret. Slike arrangement kan leggjast til fleire stader. Å utvikle nye elevprogram om dikting og journalistikk for Den kulturelle skulesekken er ei prioritert oppgåve frå første arbeidsdag. Senteret skal utforme sine eigne programformat med dei nye røystene og dei prislønte forfattarane og journalistane: dei beste. Vinje-senteret bør vere ein av dei fem viktigaste aktørane i 200-årsjubieet for A.O Vinje i 2018.
18.1 Strategi for kulturprogram Kulturprogrammet har vore viktig for å få publikum til musea og generere inntekter i Nynorsk kultursentrum. Styret vedtek ny langtidsplan for kulturprogrammet i juni 2016. I eit internt drøftingsnotat til arbeidet med planen blir den overordna programprofilen omtalt slik: «Å lage eit kulturprogram som er ope, modig og overraskande, krev at vi tek nokre sjansar i programinnhaldet. Vi må altså klare å setje saman kulturprogram som folk ikkje hadde venta seg og kople utøvarar som for publikum er uventa. På same tid krev forretningsideen at programmet held høg kvalitet fagleg og kunstnarleg.» I notatet blir det peika på fleire faktorar som også vil vere sentrale for Vinje-senteret:
133
«Vi har lagt vekt på å spele på lag med det lokale kulturlivet både på Sunnmøre og i Ulvik. Det var frå opninga av viktig for Aasen-tunet å styre unna marknaden til lokale lag og foreiningar. Dette har vi funne ei god form på, men konkurransen frå andre kulturarrangørar er blitt sterkare dei siste åra. Aasen-tunet er no den leiande arrangøren av litterære arrangement i sin region, og Hauge-senteret tok raskt same posisjonen i sitt nærområde. Også i Ulvik har det vore eit mål å spele på lag med det lokale organisasjons- og kulturlivet, og vi har samarbeidd med fleire aktørar. Både Aasen-tunet og Hauge-senteret skil seg frå andre kulturtilbod ved at vi leverer unike og eigenproduserte arrangement. Skulesekk-produksjonane har gjennom fleire år gitt Nynorsk kultursentrum ein posisjon i ulike deler av landet. Produksjonane har utmerka seg gjennom kvalitet og nyskaping, og skil seg frå andre skulesekk-tilbod ved at dei handlar om språk. Kulturarrangementa gir også auka kunnskap om litteratur, språk, musikalske utrykk og lyrikk i mange former i eigen organisasjon. Erfaringsutveksling mellom avdelingane vil styrkje arrangørkompetansen i organisasjonen. Kulturprogrammet skal femne vidt i uttrykk og sjanger. Nokre av dei spørsmåla som då melder seg, er desse: Satsing på innhald og gi scener til nye røyster mot satsing på profilerte namn. Ta eigarskap til internasjonale dagar som morsmålsdagen og poesidagen Markeringar og jubileum som vi engasjerer oss i, skal vere relevante for visjonen og strategien vår Arbeide med programplanlegginga slik at vi utnytter kompetansen i den samla staben best mogleg på tvers av avdelingsgrensene Vi skal vere leiande i kvar vår region på litterære arrangement, og dei som set språk og poesi inn i eit større perspektiv.» Mykje av dette handlar om det som kan kallast dynamisk formidling. Minst av alt må ein fryse fast ei oppfatning av kven som er viktigast eller best i ein litterær adelskalender. Frå og med 2000 har dermed Aasen-tunet presentert minst 50 forfattarar i større eller mindre format i basisutstillinga, og kulturprogrammet har dekt store delar av det litterære feltet i fortid og samtid. Dei nynorske festspela har frå og med 1994 hatt ein årleg festspeldiktar. Haugesenteret går inn på sine arbeidsområde med same strategien. Denne strategien med å vere tett på både samtidslitteraturen og dei historiske skriftene, fører vi vidare i begge driftsavdelingane. Det er inn i ei slik tenking Vinje-senteret blir organisert. 18.2 Publikumstilbod frå vinteren 2016 Vinje-senteret blir bygt opp gradvis og opnar nettstaden Vinjesenteret.no alt måndag 29. februar 2016. Om mogleg bør senteret alt frå vinteren 2017 gjennomføre eit avgrensa kulturprogram og supplere dette med eit utval temautstillingar frå Aasen-tunet og andre institusjonar. Dei beste ambassadørane for eit museum og ein formidlingsstad som Hauge-senteret er gjester som har hatt positive opplevingar. Vinje-senteret skal difor invitere ulike publikums- og aldersgrupper i regionen til forskjellige kulturarrangement. Då gjeld det å treffe rett målgruppe med dei ulike arrangementa, og samstundes presentere Vinje-senteret slik at dei får lyst å kome tilbake, anbefale og ta med gjester til Vest-Telemark. Vinje-senteret må utvikle eit kulturprogram som treff den lokale årsrytmen og vekerytmen. Kvar stad har sine dagar som passar betre til slike aktivitetar enn andre. For
134
Hauge-senteret i Ulvik har det vist seg at laurdag ettermiddag er eit godt tidspunkt. For Aasen-tunet i Ørsta er onsdag kveld og søndag ettermiddag betre. I Vinje kunne ein tenkje seg faste arrangement første laurdagen i kvar månad, eller på den dagen som måtte passe betre til slikt. Arrangement genererer besøk, sal i butikken, sal i kafeen når der er ein sik, og fungerer også til å marknadsføre institusjonen. Eit godt kulturprogram med tilbod gjennom året held oppe merksemda og markerer at det jamleg er noko nytt å oppleve. Vinje-senteret har det til felles med Aasen-tunet at det ligg utanfor byar og tettstader. Her stikk ein sjeldan innom utan å ha ein grunn til det. Hauge-senteret ligg derimot i Ulvik sentrum med dei fordelane det gir. Difor har kulturprogrammet hatt mykje å seie for den samla drifta av Aasen-tunet, og Vinje-senteret vil vere avhengig av eit slikt tilbod. Ved arrangement bør der vere eit serveringstilbod (sjå kapittel 20.11). 18.3 Den kulturelle skulesekken Den kulturelle skulesekken blir ein viktig arena for Vinje-senteret, slik tilfellet alt er for Aasen-tunet og Hauge-senteret. Frå og med 2004 har dei to avdelingane utvikla til saman sju ulike elevprogram. Til og med utgangen av 2015 var desse viste gjennom meir enn 1500 framsyningar for over 46 000 elevar og lærarar i seks fylke. Ved årsskiftet 2015/16 var to nye produksjonar i arbeid. Det låg då føre avtalar om framsyningar av ulike skulesekkproduksjonar i Telemark, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Til vanleg blir framsyningsplan for neste skuleår fastlagd i mars/april. Dette inneber at Vinje-senteret kan dra vekslar på mange års røynsle med Den kulturelle skulesekken innanfor eigen organisasjon. Fylkeskommunane og kommunane vurderer ganske ulikt kva dei ønskjer av program i regi av Den kulturelle skulesekken. For Vinje-senteret vil det vere relevant å utvikle tilbod for ulike alderssteg i grunnskulen, og for norsk, historie og media- og kommunikasjon i vidaregåande skule. I dette utviklingsarbeidet bør Vinje-senteret dra vekslar på den kompetansen og dei ressursane Seanse rår over. Seanse er eit kompetansesenter ved Høgskulen i Volda som særleg støttar produksjon av kunst for og med born og unge. Sidan 2004 har Seanse stått for meir enn hundre produksjonar i ulike sjangrar og format. 18.4 Andre tilbod for elevar og lærarar Jamført med Hardanger er skulestrukturen i Vest-Telemark ganske desentralisert, og jamt over er budsjettrammene for skulane slik at transport til elevprogram i Vinje-senteret kan bli ein vanskeleg utgiftspost for skulane. Av dette følgjer at også Vinje-senteret må planleggje for oppsøkjande verksemd i tillegg til elevprogram i senteret. Vinje-senteret skal vere med og gi elevane den lokale kulturarven inn i ryggmargen. Det inneber eit tilbod ut over det som blir dekt gjennom Den kulturelle skulesekken. Til Aasen-tunet kjem kvart år alle elevane i 3., 6. og 10. steget ved grunnskulane i Ørsta og Volda. Dermed blir Aasen-tunet med sitt blikk på verda ein del av kvardagen til alle som veks opp i desse to kommunane. Noko slikt bør også Vinje-senteret prøve å få til for alle elevane i heile Vinje kommune. At grunnlaget er godt, kjem til uttrykk ved at alle elevane ved Åmot skule les skuleåret 2013/14 les Det store spelet på 7. steg og Is-slottet på 9. steg. Å gjere dei store forfattarskapane Vinje-senteret skal forvalte til noko som er viktig for tenåringane i området, er i seg sjølv ei stor oppgåve. Her vil kombinasjonen av dikting og journalistikk vere ein styrke.
135
Frå første stund må Vinje-senteret etablere eit godt samarbeid med barnehagar, grunnskular og vidaregåande skule. Lærarar og skuleleiarar bør inviterast til årlege idémøte i Vinje-senteret, gjerne også til kurs, slik at Vinje-senteret kan prioritere tiltak og tilbod som skulane gjerne vil ha. Dette gjeld også tilbod som kal lagast for Den kulturelle skulesekken. Det vil vere for mykje å utvikle programtilbod for kvart einaste alderssteg, men tilboda bør i det minste vere tilpassa visse alderssteg, i vidaregåande skule også ulike studieretningar. Slike program kan strekkje seg frå samarbeid om barnekunstutstilling til mediedag i skulen. Iallfall for vidaregåande skule er det aktuelt med program som varer inntil fire timar, eller blir tilpassa slik at skulane får ein heil skuledag i senteret inkludert reise til og frå. Her gjeld det å vere godt kjend med årsrytmen i dei ulike skuleslaga og forstå kva som er interessant for skulane. Eit første varsel om tilbod for neste skuleår bør ut til dei vidaregåande skulane i april med oppfølging i form av eit komplett program i juni. Det same bør gjerast for grunnskulen, tilpassa deira årsrytme. Nokre av programtilboda til skulane bør inkludere språklege perspektiv. Dialektane i Vest-Telemark er under press ved at eit meir standard austlandsk talemål breier seg. Her kan Vinje-senteret på vise vilkår utgjere ei motvekt. Ei eldsjel som Magne Aasbrenn tek kvart år med elevar frå Østfold til Rauland; dette er også noko for Vinje-senteret. Litteraturdagane i Vinje har nokre år hatt eit godt samarbeid med skular om elevprogram i eller utanfor Den kulturelle skulesekken. Dette bør setjast inn i faste og forpliktande former. Festivalen kjem tidleg i skuleåret, og difor må denne delen av programmet vere ekstra tidleg klart slik at skulane får den tida til førebuing som dei treng. 18.5 Programformat Vinje-senteret skal utvikle sine eigne programformat som blir eit særmerke for institusjonen, men kan også ta opp i seg format som ein veit fungerer godt. Lista nedanfor er alt anna enn uttømande: Litterært tingingsverk (kortprosa: novelle, essay, reiseskildring) Spørjetimen Storsnakk Vinje-foredraget (annakvart år) Vesaas-foredraget (annakvart år) Prøvetimen: om essayistikk Musikkmøte Språkvandring (namn i naturen) Kunnskapsnytt: nyheitsbulletinar frå litteraturforskinga Vinterfesten i februar kvart år, eller når det er mest stabil vinter (Vinterspillene på Lillehammer er truleg avvikla, blei arrangerte i februar kvart år frå 1991) Vinje-senteret kan lage arrangement der ein hentar inn dei beste i journalistikken. Prisen Årets lokalavis blir delt ut av Landslaget for lokalaviser kvart år i april, og redaktøren i vinnaravisa kunne vere eit innslag på eit høveleg tidspunkt kvart år, gjerne til Litteraturdagane. Likeins kunne Vinje-senteret lage arrangement med vinnaren av SKUP-prisen, prisen for framifrå undersøkjande journalistikk. Programposten Journalisten møter diktaren finst ingen stad no. Det kan Vinje-senteret gjere noko med. Det handlar ikkje om eit forfattarintervju, men om at to skrivande personar i heilt ulike sjangrar møtest til ein samtale om dei emna dei har arbeidd med.
136
Når Vinje ligg der Vinje ligg, Åmot ligg 267 km aust for Bergen og 211 km vest for Oslo, kunne Vinje-senteret vere rette staden for Aust-vest-seminaret. Dette kunne vere ein møteplass mellom kultursosiologar, historikarar, språkvitarar og litteraturvitarar. Journalistikk for born er eit svakt utvikla område i norsk presse. Vinje-senteret kan rette merksemda mot det som faktisk finst og stimulere til utvikling av betre tilbod for dei aller yngste og komande lesarane. Det ville også seie at ein tok opp sakprosa for born meir allment. I reiselitteraturen møtest journalisten og diktaren, like frå A.O. Vinje fram til i dag, i norsk litteratur så vel som i andre lands litteratur. Dei nynorske festspela er den einaste litteraturfestivalen med festivaldiktar. Det er ikkje eit mål at mange festivalar skal gjere det same, men for Litteraturdagane i Vinje kunne ein tenkje seg at programmet blei utvida med journalstikk og då ligg tanken nær å ha ein festivaljournalist. Ordet kan verke rart, men grepet ville tene til å framheve eit skrivemiljø som publikum her kan få møte på ein heilt annan måte enn til vanleg. Vinje-senteret må utvikle pakketilbod saman med reiselivet og andre opplevingsarrangørar i regionen. Telemarkkanalen gir ei spektakulær båtreise frå Skien til Dalen, 45 minutt unna Vinje-senteret. Vinje-senteret kan arrangere ei årleg litterær kanalreise i samarbeid med Telemarkkanalen og Vest-Telemark Museum. Slike reiser har vore gjorde før, men med Vinje-senteret i drift kan dette bli ei årleg storhending. Kanalreisa kan gå over i ei litterær vandring frå Dalen til Vinje-senteret. Kulturhistoria og landskapet i området inviterer til å bruke vandring som litterær formidlingsform. Pilegrimsvandring er alt etablert, og der kan gjerast liknande fotturar langs merka og varda vegar og stiar. Slike turar kan koplast direkte til A.O. Vinje, men kan også knytast til journalistikk og prosa av andre. Den 7.12.2015 blei den første radiokinoen arrangert i Noreg. I eit lokale i Oslo blei to podkastar kringkasta for dei som var til stades i salen. Initiativtakaren til Oslo Radiobio, Peter Daatland, sa det slik: «Det er noe som skjer når man har en intim opplevelse alene inne i et rom med mange andre.»144 Radiokino er alt blitt ein suksess i Danmark. Vinje-senteret kan arrangere radiokino med noko attåt, der radioprogram blir supplerte med eigne introduksjonar og tilleggsstoff. Der er eit landskap å bruke. Ein Vinje-kviss ute i naturen ligg snublande nær. Journalistikk og skjønnlitterær prosa er grunnlaget for Vinje-senteret og dermed også for det samla kulturprogrammet. Her bør det også vere rom for tradisjonsdiktinga, særleg i prosaform. 18.6 Programnamn Nokre få, faste programpostar treng gode titlar som er med og posisjonerer dei i marknaden. Der er nok å ta av. Telemagi: nye talent Vinjesvingen Teleskopet Telehiv Teleløysinga Tvisynet
144
Aftenposten 7.12.2015.
137
18.7 Arenaer Det er gorrviktig at Vinje-senteret har noko å seie for fleire lokalt enn dei som bur i Vinjegrenda. Det gjer dei tilsette gjennom det kulturfaglege innhaldet og ved val av arenaer. Vinjar blir den viktigaste arenaen for arrangement i regi av Vinje-senteret, men over tid skal også scener i andre delar av kommunen – og utanfor kommunen – brukast. 18.8 Vinje-seminaret Der er fleire institusjonar som tilbyd utdanning og etterutdanning i det å skrive og det å drive journalistikk (sjå kapittel 11.15 og 11.16). Vinje-senteret skal ikkje gå inn på denne marknaden. Derimot kan og bør Vinje-senteret stå for det årlege eller toårlege Vinje-seminaret om journalistikk. 18.9 Programpostar med dei beste Når prisar er delte ut, har prisvinnarane det med å forsvinne ut av merksemda att. Litteraturdagane i Vinje har etablert ein fin tradisjon med å presentere den årlege vinnaren av Tarjei Vesaas’ debutantpris. Dette kan Vinje-senteret utvikle vidare på sitt område slik at prisvinnarar ikkje blir borte, men får møte publikum på fleire arenaer. Vinje-senteret kan konsentrere seg om journalistikk på dette punktet. Kvart år blir det delt ut fleire journalistprisar. Narvesenprisen gjaldt lenge som den fremste av desse, delt ut mellom 1954 og 1990. Nokre av dei viktigaste og mest interessante for Vinje-senteret no er: Ikarospriset (svensk) Stora journalistpriset (svensk) Årets redaktör (svensk) Den store journalistprisen (norsk) SKUP-prisen (norsk) Kulturdepartementets pris for nynorskjournalistar Nynorsk redaktørpris Samisk journalistpris (nordisk) Internasjonal Reporters Journalistpris (norsk) Pulitzer-prisen (amerikansk) Kvart år bør Vinje-senteret i samarbeid med medieorganisasjonar invitere utvalde prisvinnarar til eit eller fleire arrangement. 18.10 Fribyforfattarar og -journalistar Forfattaren Salman Rushdie tok i 1993 initiativ til å opprette såkalla fribyar, og den første blei etablert året etter. Dette er byar som tek på seg å vere vertskap for ein forfølgd diktar, journalist eller annan type forfattar i inntil to år. Dei fleste fribyane er knytte til den internasjonale organisasjonen International Cities of Refuge Network (ICORN), som organiserer ordninga og godkjenner forfattarane. I Noreg står Norsk P.E.N. for arbeidet med å samordne desse tiltaka med ein eigen koordinator. For Vinje-senteret kan det vere særleg interessant med forfattarar i grenselandet mellom dikting og journalistikk, eller som arbeider med begge delar. Det vil krevje noko ekstra av Vinje kommune å gå inn i ei slik ordning, og Vinje-senteret må vurdere om dette er det beste tiltaket på feltet. Det manglar diverre ikkje på diktarar og journalistar som treng slik hjelp på ein trygg stad.
138
18.12 A.O. Vinje 200 år i 2018 Vinje kommune leier både det lokale, regionale og najonale arbeidet med 200-årsjubileet for A.O. Vinje i 2018 (sjå kapittel 5.4). Hovuddagen er fredag 6.4.2018. Mål, trategi og hovudlinjer i jubileet blir fastlagde etter at prosjektplanen er lagd fram. Uavhengig av framdrifta for byggjeprosjekt og etablering bør Vinje-senteret vere ein av dei fem viktigaste aktørane i dette jubileet. Kva senteret gjer i 2018, blir samordna med jubileumskomiteane og med markeringar i regi av Aasen-tunet og Hauge-senteret. Ved inngangen til 2016 var ein del programidear i arbeid, som desse: Blomar ved bauta 6.4.: Vinje, Oslo, Gran på Hdeland Vinje-senteret presenterer seg gjennom eige program på 200-årsdagen 6.4.2018 I Vinjes fotefar til London og Edinburgh sommaren 2018 Turné med programmet Dei tre første – Aasen, Vinje, Blix Ein hippie frå Telemark – Gisle Straumes monolog frå 1983, biletlagt og med tekstførelegg, eller bruke tv-opptak frå NRK Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie (blir lansert våren 2018) Ung og sjølvstendig – eit program om A.O. Vinje for Den kulturelle skulesekken Bibliografi over skrifter om A.O. Vinje, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket Vnje-seminaret om språk, dikting og ournalistikk, første gongen 2018 Dei store reporterane – frå A.O. Vinje til Ryszard Kapuscinski Debattserie om journalistikk anno 2018 Nettstaden Vinjesenteret.no vil publisere mykje bakgrunnsstoff både før og under jubilee. Kva rolle nettstaden skal ha offisielt, blir avklara seinare (sjå kapittel 21.10). Noko av det viktigaste med slike jubieum, er det som skjer etter nat dei formelt er avslutta. Vinje-senteret blir i seg sjølv den mest handfaste etterbruken for jubileet og ein aktør om alt i utgangspunkt har likt arbeid som ei av oppgåvene sine. 18.13 Andre jubileum og markeringar Der er alltid eit jubileum. Som nemnt ovanfor, har merksemda vore stor for skjønnlitterære jubileum og lita for journalistiske jubileum (sjå kapittel 5.4 og 5.5). Vinje-senteret kan rette på denne ubalansen i norsk minnekultur ved å bruke merkedagar og nøkkeldatoar i kulturprogram og andre tenester. Det handlar ikkje om jubileum i seg sjølv, men å bruke slike høve til å framheve noko, gjere noko viktigare, lage nye forteljingar. Gjennom kvart driftsår kan Vinje-senteret med fordel gjere noko særskilt ut av nokre datoar som i sum dekkjer arbeidsfeltet for senteret: 6.4. A.O. Vinje fødd 1818 7.7. Ingebjørg Jore fødd 1863 20.8. Tarjei Vesaas fødd 1897 10.10. Den norske avisdagen: dagen då Vinje gav ut første nummeret av Dølen 18.11. Halldis Moren Vesaas fødd 1907 Med eit slikt grep profilerer senteret både kvinner og menn, rikspresse og lokalpresse, personar og institusjonar, Rauland og Vinje. Kan Vinje-senteret etablere ein årleg dag for å markere, profilere og gjerne feire norsk journalistikk, ville det vere ein pluss. Eit alternativ til 10.10. kan vere 13.11., datoen då Vest-Telemark Blad kom ut med det første nummeret sitt i 1973. Over tid blir det mange enkeltjubileum Vinje-senteret kan markere eller bruke. Runde år kan brukast minnepolitisk på mange måtar: Aktualisere relevant kunnskap
139
Fortelje nytt om personar og hendingar Fremje eller styrkje overordna interesser Skape merksemd om institusjonen Nynorsk kultursentrum har som sin strategi å vere førstevalet for slike markeringar på dei områda institusjonen arbeider. Omsynet til heilskapen avgjer kor mange slike jubileum og markeringar ein kan og bør involvere seg i. Alt i 2022 ventar to slike høve: Tarjei Vesaas 125 år (20.8.) og Odd Nordstoga 50 år (10.12.). Der var eit jubileum som glapp i 2014: Aslaug Vaa 125 år. Med Vinje-senteret i drift blir det få slike gleppar i framtida. Og i 2030 fyller brått Ingebjørg H. Bratland 40 år. Frå dag til dag kan Vinjesenteret.no markere slike runde år, med særleg vekt på det andre snakkar lite om: journalistikken (sjå kapittel 21.7). 18.14 Skrivestove Juvstøyl ligg godt til rette for å bli skrivestove att, slik staden var til tider så lenge Tarjei Vesaas levde (sjå kapittel 9.6). Der er mange slike skrivestader rundt om, og både skjønnlitterære og faglitterære forfattarar har tilgjenge til slike i både inn- og utland. Etterspurnaden er avgrensa. Nettopp Juvstøyl er nok ein stad mytisk nok til å fange interesse. Det bør likevel renast nøye på forvaltning og drift før ein utviklar og etablerer eit slikt tilbod. 18.15 Programgruppe Avdelingane i Nynorsk kultursentrum samarbeider om kulturprogrammet gjennom ei programgruppe. Dagleg leiar Hauge-senteret leier gruppa, der også desse er med: dagleg leiar Aasen-tunet, programansvarleg Aasen-tunet, formidlar Aasen-tunet og formidlar Haugesenteret. Minst ein medarbeidar frå Vinje-senteret blir med i gruppa. Programgruppa arbeider særleg med kulturprogram, festivalprogram, skulesekkprogram, utstillingar, samlingsforvaltning, forsking og dokumentasjon. 18.16 Langtidsplan Styret i Nynorsk kultursentrum vedtek ein første felles Langtidsplan kulturprogram 2016–2019 på styremøtet i juni 2016. Denne dekkjer kulturprogrammet i Aasen-tunet og Hauge-senteret og blir supplert med tillegg om Vinje-senteret i 2017. Plan blir neste gong revidert i 2019.
Mediebedriftenes Landsforening har sidan 1970-talet bidrege med mediefag på timeplanen i skulen. 100 000 elevar brukar Avis i Skolen kvart år. Satsinga gjev rom for kritisk tenking gjennom bruk av aviser på nett og papir, og her deltek mange av mediehusa i landet. I 2016 kjem nye digitale historier som viser nye roller i journalistikken, gjev innføring om personvern, kjeldekritikk og opphavsrett. Vi håpar Vinje-senteret vil ta ei rolle også inn mot dei unge mediebrukarane. Randi S. Øgrey, adm. direktør Mediebedriftenes Landsforening
140
19
Litteraturdagane i Vinje
Litteraturdagane i Vinje, på Vinjar 2014. Foto: Anne Vesaas, Litteraturdagane i Vinje
Litteraturdagane i Vinje er den eldste litteraturfestivalen i Telemark og har vore arrangert i august–september sidan 2001. Dette er ein lågbudsjettfestival med høg kvalitet, og det beste i dette må førast vidare. Festivalen er eigd av eit medlemslag og årsmøtet i laget gav 24.1.2016 styret fullmakt til å forhandle med Nynorsk kultursentrum om at festivalen blir ein del av Vinje-senteret. Ulvik poesifestival har med stort hell vore ein del av Hauge-senteret sidan 2014. Ei slik løysing vil styrkje både senteret og festivalen og føreset ein avtale mellom Litteraturdagane i Vinje og Nynorsk kultursentrum.
19.1 Bakgrunn Festivalane kjem gjerne før institusjonane. Dei nynorske festspela blei skipa i 1992 som ein del av arbeidet med å få til Ivar Aasen-tunet. I åra som følgde, var det eit argument at Aasentunet måtte byggjast for at festivalen kunne ha ein fast arena. Ulvik poesifestival kom til frå 2000 og blei forma av det same miljøet som utvikla ideen om Hauge-senteret. Aasen-tunet blei opna i 2000, Hauge-senteret i 2014. Festivalar er meir allment omtalte i kapittel 11.6. Litteraturdagane i Vinje er den eldste litteraturfestivalen i Telemark og har vore arrangert i august–september sidan 2001. Storegutprisen for god bruk av nynorsk har vore delt
141
ut sidan 2002. Festivalen blir arrangert av medlemsorganisasjonen Litteraturdagane i Vinje, som i 2015 hadde 52 medlemer. Det tok til med ei sjølvoppnemnd nemnd som i 2001 laga arrangement om diktarane i Vinje. Etter kvart blei dette formalisert som ein medlemsorganisasjon. Frå 2007 kom kommunen formelt inn i arbeidet og stilte mellom anna med sekretariatfunksjon. To viktige nyvinningar i programmet frå det året var Vesaas-foredrag og program med vinnaren av Tarjei Vesaas’ debutantpris. Eit eige programråd blei etablert, og der var Odd Nordstoga, Ingrid Storholmen, Stein Versto og Olav Vesaas med i 2015. Arrangementa har særleg vore spreidde på fire–fem stader langs aksen Edland – Vinjar – Åmot. Festivalen er heilt avhengig av dugnadsinnsats og har eit bra grunnlag av frivillige medarbeidarar, 29 i talet i 2014. 19.2 Økonomisk utvikling Litteraturdagane i Vinje er ein lågbudsjettfestival. Samla inntekter har auka frå 192 000 i 2009 til 319 000 i 2015 (vedlegg 7). Festivalen har fått årlege tilskot frå Kulturrådet, og desse har variert frå 60 000 til 116 000 i perioden. År om anna har det kome fylkeskommunale tilskot, og Vinje kommune har gitt tilskot på 25 000–60 000 kroner. Der var ingen sponsorinntekter i dei nemnde åra. Billettinntektene utgjer frå 71 000 til 225 000, men ligg som regel kring 100 000. I eit vanleg år har billettinntektene utgjort om lag 30 prosent av inntektene. Dei to største utgiftspostane er utøvarhonorar og marknadsføring. Det første er som venta, men reisekostnader for utøvarar har vore svært låge. Til vanleg utgjer marknadsføring om lag 30 prosent av kostnadene, og det er uvanleg mykje for ein lågbudsjettfestival, der den sida av saka ofte blir forsømd. Der er mykje ubetalt arbeidstid, og rekneskapen inkluderer ikkje den kommunale eigeninnsatsen; om lag 10 prosent av løna til kultursjefen dekkjer sekretariatfunksjonen. Utover den prosentsatsen har også kultursjefen arbeidd på dugnad for festivalen. I nominelle kroner gav festivalen i åra 2009–2015 eit samla overskot på 96 000 kroner før kommunale lønskostnader er rekna med. Årlege, små overskot dei fleste åra vitnar om god økonomistyring. For dei fleste festivalar vil resultatet svinge noko frå år til år, men Litteraturdagane i Vinje har etablert ei driftsform og ein profil som har redusert risikoen. I dette ligg ein fare for mangel på dynamikk. Inntektene er for låge til at festivalen kan drive systematisk utvikling og fornying. Programmet har variert frå år til år, og i 2014 satsa ein mykje på nokre større konsertar – med hell. Då auka samstundes risikoen, med dei vanskane det kan representere i ein organisasjon tufta på årelang frivillig innsats. Vinje kommune har dekt funksjonen sekretariat – nokre år også meir enn det. Når den summen blir lagd til, blir det faktiske årsresultatet i 2014 eit underskot på godt og vel 100 000 kroner. Litteraturdagane i Vinje hadde ved utgangen av 2015 ein eigenkapital på 123 000 kroner. Utan realstøtta frå Vinje kommune ville laget truleg hatt eit akkumulert underskot på minst 500 000 kroner og dermed vore konkurs for mange år sidan. 19.3 Programprofil og gjester Litteraturdagane i Vinje er ein klassisk litteraturfestival der forfattarar dominerer programmet, og konsertar er eit tillegg. Frå å vere ein festival konsentrert om Vinje-diktarane er dette blitt ein festival med eit ganske variert litterært program, der Vesaas & Vesaas er tråden som bind det saman.
142
Arrangørane har heile tida søkt etter kvalitet. I søknaden til Norsk kulturråd om støtte i 2015 heiter det: «Me ynskjer å formidle god litteratur til eit breitt publikum. Me set fokus på våre eigne diktarar gjennom tidene, men er kvart år opne for å ta inn kjende og mindre kjende nålevande forfattarar. Me er små og publikum kjem tett på forfattaren. Dei fleste forfattarane og forelesarane blir i Vinje gjennom heile festivalen.» Arrangementa er få og massive (tabell 13). I 2012 og 2013 var det åtte arrangement, i 2014 sju. Der andre festivalar ville ha laga enkeltarrangement på ein time eller så, har Litteraturdagane i Vinje satsa på programbolkar som nærmar seg tre–fire timars seminar. Det gav berre 220 registrerte gjester i 2012 og 350 i 2014. Denne programforma gjorde også at arrangementa jamt over må reknast som dyre. Tabell 13. Arrangement og gjester Litteraturdagane i Vinje 2009–2014 2009
2010
2011
2012
2013
2014
Arrangement
8
8
7
Barn og unge
1
0
0
Gjester
220
300
350
Barn og unge
100
10
20
Selde billettar
100
250
275
Festivalpass
30
50
75
Med enkle grep kan gjestetalet mangedoblast frå nivået i 2012 ved at ein tel gjester på enkeltdelane av kvar programbolk og opnar for billettsal til enkeltarrangement innanfor kvar programbolk. Dette ville dessutan dempe det preget av massivitet som no særkjenner Litteraturdagane i Vinje. Det har vore ein styrke at alle kan vere med på alt fordi arrangementa ikkje overlappar kvarandre. Arrangørane tykkjer bygdefolk bruker festivalen for lite, men festivalen får ein del tilreisande gjester særleg frå Oslo- og Bergens-områda. Det er tydeleg at festivalen er blitt eit fast reisemål for ein del gjester. Programprofilen er vaksen. Det har vore få tilbod for born og unge, men det blir arrangert skulebesøk. Det ser ikkje ut til at desse er rekna med i arrangements- eller gjestetal. Festivalen har etablert ein ganske fast prismodell med festspelpass og programbolkar. Prisane er høge som enkeltsummar, men inkluderer gjerne fleire arrangement, dessutan mat, så det er ein billig festival for gjestene. Frå 2009 til 2015 har prisane auka moderat, som vist i tabell 14. Tabell 14. Billettprisar 2009 og 2015
Festival fredag–søndag Fredag formiddag Fredag ettermiddag Fredag, Vinjar Fredag kveld, Vinjehuset Laurdag Festkveld laurdag Søndag
2009 1200 / 1000 medlem 200 300
400 350 300
143
2015 1500 / 1200 medlem
500 200 500 400 300
I eit år som 2009 fekk lærarar i Vinje tilbod om å kjøpe seminarpakke fredag formiddag–laurdag for 500 kroner. 19.4 Kontinuitet og fornying Nynorsk kultursentrum blei i 2009 brukt som rådgivar i arbeidet med å utvikle vidare Litteraturdagane i Vinje. Då ønskte festivalen fornying, og dei fekk nokre råd som er blitt følgde. Dette tidlege samarbeidet gjer at Nynorsk kultursentrum kjenner ganske godt til denne festivalen. Litteraturdagane i Vinje har til liks med Ulvik poesifestival gjort godt fagleg arbeid og bygt opp eit publikumsgrunnlag og ein fagtradisjon som vil kome Vinje-senteret til gode. Hovudlinjene i den programprofilen som er forma, bør førast vidare og treng ikkje endrast sjølv om Vinje-senteret kjem til. Rammevilkåra for festivalen endrar seg i alle høve når Vinjesenteret er i drift fordi det då er jamlege arrangement om litteratur gjennom året. Dette vil stille større krav til arbeidet med festivalen, men kan også gi meir stabil drift, slik resultatet har vore for Dei nynorske festspela og Ulvik poesifesival. Festivalen manglar ein mingleplass etter siste arrangement om kveldane. Vinje-senteret kan vere ein slik stad eit stykke på veg, men for tilreisande som bur spreidd, dekkjer ikkje dette alt. Til å vere ein lågbudsjettfestival bruker altså Litteraturdagane i Vinje gledeleg mykje pengar på marknadsføring. Mediedekninga står ikkje i stil med den satsinga. Gjennom databasen Retriever er det mogleg å kartleggje kor mange gonger personar, institusjonar, hendingar har vore omtalte i norske massemedium.145 Litteraturdagane blei omtalte berre 13 gonger i 2015, og omfanget har vore på dette nivået etter 2010. Same året blei Bjørnsonfestivalen omtalt 231 gonger, Dei nynorske festspela 211 gonger og Norsk litteraturfestival 201 gonger. Lågbudsjettfestivalar som Falturiltu og Nynorske litteraturdagar blei omtalte dobbelt så mykje som festivalen i Vinje. 19.5 Tre modellar for organisering og drift Litteraturdagane i Vinje kan drivast vidare på minst tre måtar; nedlegging bør ikkje vere eit fjerde alternativ. Dei tre modellane kan skisserast slik: 1 Vidareføring av dagens modell med Vinje kommune som sekretariat 2 Vidareføring av dagens modell med Vinje-senteret som sekretariat 3 Integrert som budsjettavdeling i Vinje-senteret Ein fjerde modell ville vere at medlemslaget sjølv stod for alt praktisk arbeid. Det ville krevje ei ulønt 20 prosent-stilling. Modell 1 er ei fleksibel ordning for etablering av ein festival. Korkje Vinje kommune eller styret i Litteraturdagane i Vinje ser på dette som ein aktuell modell å føre vidare. Ein slik driftsmodell tek tid frå anna kulturarbeid i kommunen og gjer rolla til kommunen uklar. Der er heller ingen formell avtale mellom partane om slik drift. Løysinga er klassisk for ein festival som er under oppbygging og som har avgrensa økonomiske rammer. Ordninga sikrar nødvendig stabilitet, men kan hindre utvikling. Modell 2 er same løysinga, men med ein annan aktør. Dette ville innebere at både program, organisering og økonomi ligg hos Litteraturdagane. Dei prioriteringane Vinje-senteret gjer, vil påverke arbeidet utan at Litteraturdagane kan styre dei avgjerdene, og omvendt. Litteraturdagane kan ikkje styre sekretariatsfunksjonen, men kan ønskje korleis den 145
Søk i Retriever 2.1.2016 for heile året 2015.
144
bør utførast. Ei slik løysing inneber ein klar risiko for slitasje, uvisse og ugreie og måtte føresetje at Nynorsk kultursentrum sjølv skulle koste ein del av drifta. Modell 3 er ei løysing som er velprøvd andre stader og som gir klare avgjerds- og ansvarslinjer. Ansvar for program, organisering og økonomi ligg hos Vinje-senteret, og festivalen kan på ein heilt annan måte enn før utviklast i samspel med andre festvalar og innanfor eit større fagmiljø. Løysinga inneber at festivalen får ein sterkare og meir stabil organisasjon der ikkje det meste står og fell med frivillig innsats. Denne løysinga inviterer til å utforme ryddige og avtalefesta overgangsordningar. Då Aasen-tunet opna i 2000, ønskte styret i Dei nynorske festspela at festivalen skulle bli ein del av Aasen-tunet. Då Hauge-senteret opna i 2014, ønskte både festivaleigaren Ulvik herad og styret for festivalen at Ulvik poesifestival skulle bli ein del av Hauge-senteret. I begge tilfella er festivalane eigne budsjettavdelingar. Desse omorganiseringane har vore svært vellykka både for gjestene, utøvarane og institusjonane. I røynda inneber det at den samla kompetansen og kapasiteten Nynorsk kultursentrum rår over, kjem dei to festivalane til gode året rundt. Ei slik løysing vil tilføre festivalen i Vinje meir ressursar til organisering, programutvikling, marknadsføring og gjennomføring, men vil som før vere avhengig av at mange frivillige er med. Slik reglane for offentleg støtte er no, får ikkje Nynorsk kultursentrum midlar frå Kulturrådet eller andre til å drive Litteraturdagane i Vinje. Saman med andre aktørar og interesseorganisasjonar vil institusjonen arbeide for å endre dette. Så lenge regelen er slik, må Nynorsk kultursentrum overføre ein sum av statstilskotet til Litteraturdagane i Vinje, slik ein alt gjer med Ulvik poesifestival. Denne summen bør vere større enn gjennomsnittsløyvinga frå Kulturrådet til Litteraturdagane i åra 2013–2015. Alt i alt er det gode grunnar for å velje modell 3 og gjere Litteraturdagane i Vinje til ein del av Vinje-senteret. 19.6 Avtale med Litteraturdagane i Vinje Årsmøtet i Litteraturdagane i Vinje drøfta 24.1.2016 korleis festivalen bør drivast vidare. I protokollen frå årsmøtet heiter det: «Årsmøtet var svært positive og går inn for alt. 3 der LiV blir integrert som eigen budsjettavdeling i Vinje-senteret, med ansvar for program, organisering og økonomi. Styret var gjeve fullmakt til å arbeide vidare med samarbeidsavtale og til å trekkje eventuelle andre inn i dette arbeidet.» Utgangspunktet er det beste når begge partane ønskjer same løysinga. For at Litteraturdagane skal bli ei budsjettavdeling i Vinje-senteret, må Nynorsk kultursentrum og laget Litteraturdagane i Vinje gjere ein samarbeids- eller overtakingsavtale. Denne bør truleg vere tidsavgrensa til fire år, og då bør det gjerast ein endeleg avtale. Nynorsk kultursentrum legg vekt på å kome medlemslaget i møte for ei god løysing. Særleg i ein overgangsfase er det viktig at medlemslaget er involvert i det faglege innhaldsarbeidet. Vidare må avtalen sikre at verdfull kunnskap blir overført og brukt vidare, leggje grunnlaget for vidare godt frivillig arbeid, slå fast kva fordelar medlemer i laget skal ha under festivalane og korleis dei får høve til å vere med i sosiale samanhengar og evalueringsarbeid. Litteraturdagane i Vinje har bygt opp eit verdfullt nettverk av frivillige som formar eit godt lokalt engasjement. Det engasjementet treng festivalen også i framtida. Medlemslaget bør halde fram med å forvalte og dele ut Storegutprisen. Årsmøtet i laget oppnemner den nemnda som avgjer prisvinnaren og det er ønskjeleg at nemnda blir utvida med ein medlem frå Vinje-senteret.
145
Med den framdriftsplanen som blir skissert i denne prosjektplanen, kan foreininga overlate driftsansvaret for Litteraturdagane til Nynorsk kultursentrum frå og med 2018. Gjennom den nemnde avtalen blir det avklara korleis Vinje-senteret og foreininga samarbeider både før og etter 2018. 19.7 Programråd Den kompetansen som er bygd opp i arbeidet med Litteraturdagane i Vinje, vil vere verdfull for den vidare drifta. Difor ønskjer Nynorsk kultursentrum å opprette eit programråd for festivalen etter mønster av programrådet for Ulvik poesifestival. I programrådet bør det vere inntil fem medlemer, og særleg i overgangsfasen bør to av dei kome frå det eksisterande festivalmiljøet. Denne organiseringa føreset at avtalen mellom Litteraturdagane i Vinje og Nynorsk kultursentrum kjem på plass. 19.8 Langtidsplan Med Vinje-senteret kjem arbeidet med langtidsplanlegging for Litteraturdagane i Vinje inn i nye, faste former. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok Langtidsplan festivalar nr. 1 2016–2019 på styremøte i juni 2016. Det har vore fleire tidlegare langtidsplanar for Dei nynorske festspela, men den nye planen dekkjer både Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival. Planen vil bli utvida med tillegg om Litteraturdagane i Vinje når planen skal reviderast i 2018. Alt i 2016 vil likevel arbeidet med planen ta omsyn til at Nynorsk kultursentrum om få år som den einaste i landet kan sitje med ansvaret for tre språk- og litteraturfestivalar.
Hurra! Planane om eit Vinje-senter er det mest positive som har skjedd i Vinje på lang tid. Framlegget i prosjektplanen skildrar på ein meisterleg måte korleis dette kan bli ein stad som ivaretek tradisjonane, vidareutviklar og tenker nytt innanfor dikting og journalistikk. Kultur er viktig i Vinje, òg som ein samfunnsaktør, det er difor svært positivt at kommunen ser potensialet og stør senteret. Gode kulturtilbod og opplevingar vil kunne utløyse nye verksemder og nye arbeidsplassar. Aud Margit Groven, styreleiar Litteraturdagane i Vinje
146
20
Resepsjon, butikk og kafé
Frå butikken i Hauge-senteret. Foto: Hauge-senteret
Vinje-senteret må ta imot gjestene i ein open og innbydande resepsjon. Senteret treng ein butikk som er ein del av det samla tilbodet og som kan gi inntekter. Butikken bør vere noko av det første gjestene møter og det siste dei reiser frå. Nynorsk kultursentrum driv då fire butikkar, og det gir mange driftsfordelar i alt frå kompetanse til innkjøp. Nynorsk kultursentrum er eit av få museum i Norden som har satsa på nettbutikk, og Handlenett.no blir felles for alle tre avdelingane. Eit serveringstilbod må der vere, løyst i samarbeid med lokale aktørar som Vinje Gardsmat og Mjonøy.
20.1 Publikumsmottak Museumsbutikken i Vinje-senteret blir viktig for det samla publikumstilbodet. Butikken gjer det enklare for fleire å oppsøkje senteret. Ein god museumsbutikk gir også eigeninntekter. Resepsjon og butikk må vere ei eining og blir betent av éin person som også handterer billettsal og informasjon om utstillingane og andre publikumstilbod. Det varierer mykje frå museum til museum i inn- og utland kor godt basisutstilling og butikk heng saman I Vinje-senteret skal publikumsområdet vere fagleg og estetisk integrert med basisutstillinga, og det skal vere eit utstillingselement eller to i resepsjonsområdet, og som dermed er gratis tilgjengelege for publikum.
147
20.2 Oppslagstavle og brosjyrehylle Ute i inngangspartiet eller inne i resepsjonen skal det vere ei oppslagstavle for plakatar m.m. Det må vere plass til ei romsleg brosjyrehylle i resepsjonen der vi kan setje fram brosjyrar for andre museum m.m. 20.3 Ein fjerde butikk i Nynorsk kultursentrum Ein butikk i Vinje-senteret blir den fjerde butikken i Nynorsk kultursentrum Ved utgangen av 2015 har Nynorsk kultursentrum drive butikkar i 16 år. Museumsbutikkane er ein viktig del av tilbodet til gjestene i Aasen-tunet og Hauge-senteret. Gjennom Handlenett.no prøver ein i tillegg å nå ut til ein stadig veksande nettmarknad. Med positive driftsresultat gir dei tre butikkane viktige bidrag til likviditet og marknadsinntekter. Frå og med 2014 har Nynorsk kultursentrum to museumsbutikkar i vanleg drift og ein felles nettbutikk. Butikken i Aasen-tunet har vore i drift frå opninga sommaren 2000, medan butikken i Hauge-senteret opna i september 2014. Nettbutikken blei etablert alt i 2006 som ein integrert del av Aasentunet.no. I 2013 blei den skild ut med domenet Handlenett.no. Ein tydeleg tendens er samspel mellom fysisk butikk og nettbutikk, også kalla omnikanal eller multikanalkonsept: Kundane orienterer seg i nettbutikk før dei kjøper i fysisk butikk og omvendt. Butikk og nettbutikk smeltar meir saman slik at kunden kan tinge varer i nettbutikk og få levert i fysisk butikk, eller bedrifta gir tilgang til nettbutikken i fysisk butikk for å gi kunden eit større vareutval. Truleg er dette mest relevant for større, landsdekkjande kjeder, men medarbeidarane i Nynorsk kultursentrum følgjer nøye med på utvikling og endringar. Det er også ut til at kundane orienterer seg mot nettbutikkar dei kjenner ein slektskap eller ei tilhøyrsle til. Sal på mobil aukar, og det er venta at netthandel via mobil vil auke monaleg. I 2014 selde butikkane i Nynorsk kultursentrum for 1,4 millionar. 16 prosent av omsetninga kom frå nettbutikken Handlenett.no. Bøker stod for 43 prosent av omsetninga, og utgjorde ein større del av salet i Hauge-senteret (65 prosent) enn i Aasen-tunet (38 prosent). Til å drive desse butikkane brukte Nynorsk kultursentrum i 2015 berre litt over eitt årsverk. Over tid er det blitt for lite. 20.4 Strategi for butikkdrift Butikkane i Nynorsk kultursentrum skal drive med størst mogleg overskot innanfor dei fysiske og tekniske rammene som gjeld, og det er eit mål at nettbutikken står for 30 prosent av omsetninga i 2019. Butikkane skal vere ein integrert del av det samla publikumstilbodet. Dei gjer felles innkjøp så langt det er føremålstenleg og prøver på den måten å oppnå betre rabattar. Vareutvalet skal samsvare med Visjon og strategi, og språk og litteratur skal ha ein stor plass. Kvar butikk profilerer bestseljarane frå dei andre butikkane med unntak for varer som konkurrerer med kvarandre. Gjennom vareutval, kundekontakt og fagleg smart kommersialisering skal butikkane byggje opp under det samla formidlingstilbodet. Butikkane samarbeider med museum og andre butikkeigarar om produktutvikling. Alt skal vere kvalitet. Det vil seie at butikkeigaren stiller høge krav til varene når det gjeld estetikk, funksjon, levetid, slitestyrke, relevans for kjerneverksemda og at produksjonen stettar grunnleggjande krav til etikk, miljø og samfunnsansar. Butikkane skal skilje seg ut frå andre museumsbutikkar ved å reindyrke det unike og vekse på det grunnlaget. Der skal vere eit jamt veksande tilbod av eigenutvikla varer som i
148
hovudsak berre er til sals i butikkane til Nynorsk kultursentrum Eigenproduserte varer blir kombinerte med innkjøp av andre varer som passar inn i profilen. 20.5 Butikken i Vinje-senteret Butikken i Vinje-senteret kan bli ei viktig kjelde til eigeninntekter, men representerer også ein høg fast kostnad som krev at drifta blir organisert effektivt. Ein god museumsbutikk som er integrert i den samla drifta, blir også eit verdfullt tillegg i publikumstilbodet og gjer at mange blir verande lenger enn tenkt. Der er få bokhandlar i Vest-Telemark, men ein del gåvebutikkar. Vareutvalet i butikken må tilpassast denne merknaden. Å etablere eit vareutval med nokre storseljarar over tid, vil ta fleire år. Publikumsgrunnlag og lokalisering gjer det meir relevant å jamføre med Hauge-senteret enn med Aasen-tunet når drifta skal planleggjast. Å drive butikken blir ei av dei prioriterte oppgåvene for salssekretæren. 20.6 Nettbutikk Nettbutikken Handlenett.no blir driven frå Aasen-tunet som ein fellesfunksjon for Vinje-senteret, Hauge-senteret og Aasen-tunet. Med fornying sommaren 2013 blei nettbutikken meir brukarvenleg med betre varepresentasjonar, betre oversikt for brukarane og med betalingsløysing også for kredittkort. Betaling med kort er standard, men skular og andre offentlege og private instansar kan velje faktura når dei stadfestar ordren. Grunnlaget for god nettbutikkdrift er gode og mange kundeadresser. Ved inngangen til 2016 var det få norske museum som hadde sin eigen nettbutikk, og nesten alle hadde svært enkle løysingar Det same gjeld for dei andre nordiske landa.146 Velrenommerte museum som MoMA i New York og Louvre i Paris har nettbutikkar, likeins Norsk Teknisk Museum og Nationalmuseet i både Sverige og Danmark, men mange museum som er mykje større enn Nynorsk kultursentrum, manglar dette tilbodet. Det har vore krevjande å utvikle ei teknisk plattform med god publikumssørvis og god betalingsløysing, men dette er historie når Vinje-senteret kjem i drift. 20.7 Butikkinnreiing Innreiinga må vere fleksibel, helst med modular på hjul, og minst mogleg fastmontert på vegg eller golv. Berre på den måten blir det lett å endre oppsett og utforming utan store meirkostnader. Innreiinga skal gi ein ryddig og oversiktleg butikk, også når der er mange kundar inne, og ha eit tydeleg skilje mellom utstilling og lager. Med ei fleksibel innreiing kan ein skifte på å stille ut varer i ulike storleikar, og alle får god plass. Området ned mot golvet bør brukast til lager, ikkje eksponering. Innreiinga må vere slik at det er lett å eksponere bøker på tilbod, spesialtilbod, «Boktilbod i august» m.m. Lagerplassen blir avgrensa. Difor er det ønskjeleg med ei butikkinnreiing som også delvis fungerer som lagerplass. Butikkane i både Aasen-tunet og Hauge-senteret justerer innreiinga si i 2016. Røynslene frå dette kjem Vinje-senteret til gode. 146
Kartlegging utført av salssekretær Stina Aasen Lødemel, Ivar Aasen-tunet, sist oppdatert 24.9.2015.
149
20.8 Innkjøp og vareutval Med butikk på plass i Vinje-senteret driv Nynorsk kultursentrum tre vanlege butikkar og ein nettbutikk. Det inviterer til meir bruk av felles innkjøp for å få betre rabattar. Nynorsk kultursentrum arbeider gjennom heile året med vareutval til butikkane. Nye idear blir prøvde, gamle kan bli foredla. Butikken i Vinje-senteret må ha eit relevant vareutval. Dette utvalet må vere breitt nok til at mange finn fødselsdagsgåver, jubileumsgåver m.m., og det bør variere med sesongane. Som regel ligg bestseljarane i det lågare prissjiktet. Kjernen i vareutvalet må henge saman med tyngdepunkta i basisutstillinga. Bøker av dei prioriterte forfattarane Publikasjonar som gjeld dikting, presse og journalistikk Eigenutvikla varer som ein berre får i denne butikken, til dømes Vinje-staven Varer frå Aasen-tunet og Hauge-senteret Eit rimeleg utval av kvalitetsvarer for born Bruksvarer som ikkje også blir laga av alle andre Varer det er verdt å gøyme på Varer som gjer at ein tek med litt av opplevinga heim Varer med tilknyting til staden ein var på Butikkane i Aasen-tunet og Hauge-senteret har etablert gode kundeforhold til fleire vareprodusentar. Desse kontaktane står også til rådvelde for Vinje-senteret. Varer det går lite av, blir normalt tekne ut av tilbodet gjennom eit avsluttande sal med gode prisar. Ein intern rapport frå ein studietur til museumsbutikkar i Stockholm og Odense i mars 2014 inneheld mange nye vareidear. 20.9 Varer til 2018 eller seinare Utviklinga av Vinje-senteret gjer det relevant å samarbeide med forlag om å få fram særskilde bøker som kan lagerførast i lang tid, som desse: Tarjei Vesaas’ beste Halldis Moren Vesaas’ beste Vinje-sitat for kvar dag Vinje-staven Kosedyret Blåmann i saueull Det Norske Samlaget sette i 2015 i gang arbeidet med å utvikle ei nynorsk litteraturhistorie. Etter planen blir denne utgitt til 150-årsjubileet for forlaget 24.3.2018, få veker før 200-årsdagen til A.O. Vinje. 20.10 Impulsar Vinje-senteret blir representert i salsgruppa i Nynorsk kultursentrum. Det vil i seg sjølv gi mange impulsar. Reiser til salsmesser og anna blir samordna i konsernet, til dømes til gåveog interiørmessa på Lillestrøm. 20.11 Kafétilbod Ved alle arrangement i Vinje-senteret bør det vere ei eller anna form for servering. Den skjerma kroken inn mot hovudinngangen for Vinje-senteret inviterer til å bli utekafé. Inne er det god plass i underetasjen på Vinjar, der det alt ligg eit godt og ganske nytt storkjøkken.
150
Det springande punktet er om ei enkel form for kafédrift i Vinje-senteret kan dekkje sine eigne kostnader. Folketalsgrunnlaget tilseier at det ikkje er mogleg, og då skal heller ikkje Vinje-senteret bruke tid og pengar på dette. For sommarsesongen kan Vinje-senteret gjere avtale med bakeri og anna næringsverksemd på Mjonøy. For vinterhalvåret kan tilsvarande avtale gjerast med bedrifter av typen Vinje Gardsmat i Bøgrend. Med ei slik løysing vil Vinje-senteret vere med og sikre grunnlaget for etablert næringsverksemd i Vinje. Der er også mange produsentar av lokal gardsmat i regionen som kan nyte godt av dette. 20.12 Salsgruppe Avdelingane i Nynorsk kultursentrum samarbeider gjennom ei salsgruppe om drift av butikkar og kafé. Dagleg leiar Aasen-tunet leier gruppa, der desse også er med: dagleg leiar Hauge-senteret, kommunikasjonsrådgivar, salssekretær Aasen-tunet og salssekretær Haugesenteret. Minst ein medarbeidar blir med frå Vinje-senteret. Gruppa har jamlege møte og arbeider særleg med nye tilbod, vareutvikling, marknadsføring, profilering og reisemålsutvikling. 20.13 Langtidsplanar Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok Langtidsplan for butikkar nr. 5 2016–2019 på styremøtet i desember 2015. Denne planen blir seinare supplert med eit tillegg om butikken i Vinjesenteret. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok Langtidsplan kafé nr. 4 2014–2016 på styremøte i februar 2014. Denne planen blir revidert i 2017, og spørsmålet om serveringstilbod i Vinjesenteret kan bli nærmare utgreidd til då.
Tekst er tanke gjennom språk. Mens den skjønnlitterære teksten språkliggjør det fiktive, reflekterer journalistikken over det faktiske. Diktere av fiksjon er blitt dyrket fordi de lager mulige universer for oss, men sjeldent har vi sett at journalistikken er blitt gitt samme oppmerksomhet. Usynlighet betyr ikke at det er uviktig. Tekstene som gir ord til vår virkelighet og utvider vår horisont, berører oss like mye. Vinje-senteret er derfor en viktig sjeldenhet som ønskes velkommen. Anita Estensen, leiar Litteraturnettverket 0 151
21
Digitale tenester
Nettstaden Vinjesenteret.no opna med denne framsida 29.2.2016.
Digitale tenester inkluderer nettstader og sosiale medium. Nynorsk kultursentrum har satsa mykje på slike tenester like sidan Aasen-tunet blei opna i 2000. Våren 2016 dreiv institusjonen det digitale oppslagsverket Allkunne og åtte andre nettstader og var med det truleg det einaste museet i Noreg med fleire nettstader enn museum. Publikum kunne då velje mellom meir enn 35 000 tekstdokument på desse nettstadene. Nettstaden Vinjesenteret.no blei opna med publisering av Prosjektplan for Vinje-senteret og ymse bakgrunnsstoff måndag 29.2.2016.
152
21.1 Strategi for digitale tenester Digitale tenester inkluderer nettstader og sosiale medium. Nynorsk kultursentrum ønskjer å vere ein institusjon med digital spisskompetanse i museums-Noreg. Digitale tenester blir brukte til å publisere ny kunnskap, nettutstillingar, informere om tiltak og tilbod, og til å nå ut til prioriterte målgrupper i og utanfor nærområdet. Nettstadene og etter kvart sosiale medium har vore ein svært viktig del av publikumstilbodet frå Nynorsk kultursentrum sidan våren 2000. Med ni nettstader og svært mykje innhald er Nynorsk kultursentrum utan tvil det litteraturmuseet i Noreg som har det største og breiaste tilbodet av språk og litteratur frå fortid og samtid. Jamført med talet på årsverk, gjester eller inntekter har nok institusjonen også ei av dei mest utbygde digitale tenestene blant norske museum. Nettstadene skal vise at nynorsk skriftkultur er eit aktivt og levande språk og gjere nynorskbrukarar stolte av språket sitt, gi skuleelevar ei positiv nynorsk oppleving med lett tilgang på lettleste og relevante tekstar og oppgåver som eignar seg i undervising, og dokumentere historisk viktige element i nynorsk skriftkultur. Nynorsk kultursentrum har nettstadene som ei digital grunnstamme, som sosiale medium leier inn til. Strategien er å vere der brukarane er og vere opne for at dette kan endre seg i framtida. Nettstadene blei omlagde til ny teknisk plattform og med ny grafisk profil i 2013. Allkunne.no gjorde det same i 2015. På nettstadene blir det publisert både nytt, opphavsverna materiale og stoff som har falle i det fri. I 2018 vil det seie tekstar av forfattarar som døydde før utgangen av 1947, og i 2020 alle som døydde før utgangen av 1951. 21.2 Digital nynorsk skriftkultur Med Vinje-senteret får Vest-Telemark og Vinje ein ny, aktiv digital tekstprodusent som fremjar bruken av nynorsk digitalt. Det vil skape eit større miljø, og det trengst i eit område der nynorsk som førstespråk er under press i grunnskulen. Saman med andre aktørar i regionen vil Vinje-senteret gjennom Nynorsk kultursentrum arbeide for å løyse tekniske og redaksjonelle hindringar for meir bruk av nynorsk i digitale tenester. I så måte kan det vere særleg viktig å løyse parallellordsøk, slik at ein får like gode treff om ein søkjer på nynorsk som på bokmål i Google og andre søkjemotorar. Nynorsk kultursentrum leier arbeidet i Nynorsk Forum, og der gjekk ei arbeidsgruppe i 2015 i gang med å sjå etter løysingar på dette problemet. Gjort på denne måten kan Vinje-senteret altså vere med og gjere det lettare for andre å bruke nynorsk i digitale tenester. 21.3 Domenenamn Styringsgruppa vedtok 21.8.2014 at Nynorsk kultursentrum kjøper relevante domenenamn. Det blei gjort kort tid etter, og Nynorsk kultursentrum eig domenenamna Vinjesenteret.no og Litteraturdagane.no. På denne måten blir det ingen vanskar med at aktuelle namn må kjøpast frå private domeneforvaltarar. 21.4 Vinjesenteret.no Nettstaden blei opna med publisering av denne prosjektplanen 29.2.2016. Etter kvart vil ymse historisk stoff og bakgrunnsmateriale bli publisert.
153
Når nettstaden no er i drift, blir det viktig at det jamleg kjem nytt stoff. Fram til den første medarbeidaren er på plass i Vinje-senteret, må dette gjerast frå administrasjonen i Nynorsk kultursentrum. I det vidare arbeidet med Vinje-senteret vil nettstaden også bli brukt til å få inn synspunkt frå publikum. Den funksjonen er på plass alt når prosjektplanen blir publisert. 21.5 Litteraturdagane.no Tidlegare har ikkje Litteraturdagane i Vinje hatt eigen nettstad, men ei nettside under Rauland Turist med adressa litteraturdaganeivinje.no. Ein avtale med Nynorsk kultursentrum vil gi ei betre profilering av festivalen i dei digitale formata. 21.6 Brukarar og følgjarar Då Aasen-tunet opna i 2000, var det eit mål å ha ti gonger fleire brukarar på Internett enn gjester i tunet. Målet blei nådd, men forholdet mellom vanlege gjester og digitale brukarar har skifta med åra. I 2015 hadde Aasen-tunet nesten ni gonger fleire brukarar på Internett enn gjester ved arrangement og utstillingar, medan Hauge-senteret hadde fem gonger fleire brukarar på Internett enn gjester. Eit rimeleg mål for Vinje-senteret i det første fulle driftsåret med komplett tilbod bør vere å ha fem gonger så mange brukarar på Internett som gjester ved arrangement og utstillingar. Dette er talfesta i kapittel 15.3. Det digitale brukarmålet føreset at Vinjesenteret.no blir ein nettstad med mykje innhald ut over standardinformasjon om arrangement, utstillingar og andre tilbod og aktivitetar. 21.7 Struktur og innhald Alle skal få sitt. Ved utgangen av 2015 kunne publikum velje mellom meir enn 35 000 tekstdokument på dei sju nettstadene til Nynorsk kultursentrum. Vinjesenteret.no skal vere ein nettstad der det ofte blir publisert nytt stoff. Viktige stofftypar vil vere: Nytt frå Vinje-senteret Stoff frå andre delar av Nynorsk kultursentrum Historisk dokumentasjon Eldre artiklar og tekstar som bør vere allment tilgjengelege, til dømes Dølen komplett, gjerne i ei interaktiv utgåve Nyskrivne tekstar Kuriosa Digitale tenester er eit effektivt verkemiddel i arbeidet med å dekkje eit vidare felt enn Vinje. Der må vere ein del stoff som nettstaden er åleine om. To av mange moglege prosjekt er presenterte summarisk nedanfor. Vinje-kalenderen fortel historia om norsk journalistikk dag for dag, og som kvar dag presenterer ein redaktør eller journalist på grunnlag av det redaktør- og journalistregisteret som er utarbeidd til prosjektplanen (sjå kapittel 5.5). Ein annan inngang kan vere utsegner av A.O. Vinje knytt til kvar dag gjennom året, slik Hauge-senteret alt har for Olav H. Hauge og Aasen-tunet med Ivar Aasen. I alle høve må Vinje-senteret utvikle og formidle stoff om prosadiktarar, redaktørar og journalistar, som nemnt i kapittel 16.5. Debutant-intervjua kunne vere eit anna digitalt tilbod. Nynorsk kultursentrum publiserte i 2015 ein dokumentasjon av skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt 1843–
154
2014. Det arbeidet avdekte ei kjelde som ingen til no har brukt systematisk, langt mindre gjort systematisk tilgjengeleg. Eit av få punkt i ein forfattarskap som er lik for alle, er debutboka. Det varierer kor mykje debutantar blir intervjua, og dei varierer nok også kor relevante desse intervjua er for forståinga av forfattarskapen retrospektivt. Likevel er der noko særskilt når nye røyster tek ordet og skal svare for seg. I 1968 trykte minst ni aviser intervju med debutanten Kjartan Fløgstad. Noko av det han der sa, har ein høyrt lite til seinare, medan andre moment er utgangspunktet for linjer som framleis er sterke i forfattarskapen. I første omgang kunne ein leite fram slike debutant-intervju med vinnarane av Tarjei Vesaas’ debutantpris. Vinjesenteret.no skal samarbeide med andre nettstader, unngå dobbeltarbeid innanfor digitalisering og auke bruken av digitalt materiale. Dette gjeld særleg Nasjonalbiblioteket, Aasentunet.no og Haugesenteret.no. For stoff om Telemark bør Vinje-senteret samarbeide med prosjektet og nettstaden Telemarkskilder i regi av Høgskolen i Telemark (sjå kapittel 11.2). Nynorsk kultursentrum har utforma interne retningslinjer for sosiale medium for å hindre rollekonfliktar og uønskte situasjonar. 21.8 Allkunne.no Allkunne er det einaste allmenne, redigerte oppslagsverket på nynorsk og har vore i drift sidan 2008. Dette dotterselskapet i Nynorsk kultursentrum har to tilsette og ein ekstern, tverrfagleg redaksjon med fem medlemer. Dette er det einaste norske leksikonet som honorerer alt publisert stoff. Ved utgangen av 2015 hadde Allkunne publisert 21 500 artiklar. I tillegg til mange originalartiklar har Allkunne overteke to leksikon – Caplex frå Cappelen og Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane frå NRK. Allkunne samarbeider med ei rekkje kulturinstitusjonar og forlag som NRK, Nasjonalbiblioteket, Universitetsforlaget, Det Norske Samlaget, museum og arkiv. Allkunne har gjort avtale med Universitetsforlaget om eksklusiv rett til å publisere avisbiografiar frå verket Norsk presses historie 1660–2010 (2010). Desse omtalane av 375 aviser dekkjer heile landet og heile den norske pressehistoria. I 2015 blei Allkunne godkjend som digitalt hjelpemiddel til eksamen i vidaregåande skule. I mengda av artiklar er der mange biografiske artiklar knytte til nynorsk kulturhistorie, skjønnlitteratur og journalistikk. Vinje-senteret kan fritt bruke artiklane i Allkunne i arbeidet sitt. Vinje-senteret kan også samarbeide med Allkunne om å få skrive bestemte artiklar for Allkunne si rekning. Biografiske artiklar om ein del sentrale forfattarar, songlyrikarar og journalistar frå Vinje ligg alt føre (utval i vedlegg 4). 21.9 Sosiale medium Frå før har avdelingar og dotterselskap i Nynorsk kultursentrum 12 kontoar på Facebook, Twitter og Instagram. Ved utgangen av 2015 hadde verksemda til saman 14 100 følgjarar på desse kontoane. For Vinje-senteret blir det oppretta nye kontoar. Litteraturdagane har alt ein konto på Facebook med knapt 500 følgjarar.
155
21.10 A.O. Vinje 200 år i 2018 Som nemnttidlegare bør Vinje-senteret vere ein av dei fem viktigaste aktørane i Vinje-jubileet i 2018 (jå kapittel 5.4 og 18.12). Det vil seie at Vinjesenteret.no bør vere eit digitalt haldepunkt både før, under og etter jubileet. Dette kan vere nettstaden for all oppdatert informasjon om jubileet med bakgrunnsmateriale, dokument, jubielumskalender m.m. På den måten vil både publikum og lokale arangørar vite kvar alt er å finne. I alle høve blir det publisert mykje bakgrunsstoff i tida fram mot 200-årsdagen 6.4.2018. 21.11 Nettredaksjon Avdelingane i Nynorsk kultursentrum samarbeider om digitale tenester i ein nettredaksjon. Direktøren er ansvarleg redaktør, med unntak av Allkunne.no, der dagleg leiar er ansvarleg redaktør. Kommunikasjonsrådgivaren leier nettredaksjonen der desse også er med: dokumentasjonsleiar Aasen-tunet, bibliotekar Aasen-tunet, dokumentasjonsansvarleg Hauge-senteret, formidlar Hauge-senteret. Minst ein medarbeidar blir med frå Vinje-senteret. Nettredaksjonen har jamlege møte og arbeider med utvikling, nye tenester og tilbod, vedlikehald og marknadsføring. Den faglege kapasiteten til innhaldsproduksjon for nettstadene er jamt over for liten. Nye tilbod må difor til dels utviklast ved kjøp av tenester eller ved utviding gjennom nye avdelingar. 21.12 Langtidsplan Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok Langtidsplan digitale tenester nr. 5 2014–2018 på styremøte i juni 2014. Tillegg om digitale tenester ved Hauge-senteret blir handsama i 2017. Plan blir revidert neste gong i 2018.
Skal Vinje-senteret styrkje nynorsk journalistikk, må ein ikkje berre hegne om det som har vore og frykte utviklinga. Eit av dei største problema i mediebransjen i dag er evna bransjen har til å snakke ned seg sjølv. Vi skal sjølvsagt kritisere, diskutere og peike på problem, men vi må aldri gløyme å leite etter dei gode eksempla, sjå kva som gjer at nokon lykkast. At digitaliseringa kan gjere journalistikken betre. Og at nokon leiker seg levedyktig. Fyrst då lever ein opp til namnet. Det rause museet. Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær Norsk Redaktørforening
156
22
Vinje-fondet
Journalistpraktikantar frå Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk medieseter på veg fram i Førde, som blei Årets nynorskkommune 2015. Foto: NRK Nynorsk mediesenter
Vinje-fondet er ei årleg løyving over statsbudsjettet for å styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk og medverke til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar. I åra 2010–2015 er det løyvt 3,6 millionar til 13 prosjekt, fleire av dei i Telemark. Midlar frå Vinje-fondet var ein nødvendig føresetnad for at Nynorsk avissenter kunne etablerast i Førde. Nynorsk kultursentrum forvaltar ordninga på oppdrag frå Kulturdepartementet, og det praktiske arbeidet med støtteordninga blir lagd til Vinje-senteret.
22.1 Mål og strategi Vinje-fondet skal styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk, og medverke til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar. Fondet skal forvaltast og brukast uavhengig av dei andre prioriteringane som blir gjorde i dei årlege statsbudsjetta. Fondet skal gjere det lettare å vere nynorskbrukar, vere med og gjere nynorsk til eit sjølvsagt språk i alle typar medium, og stimulere utgivarar og redaktørar til å engasjere og
157
tilsetje fleire nynorskbrukarar i ulike media. Prosjekt i skriftlege medium blir prioriterte, med jamstilling mellom papirmedium og digitale format. 22.2 Organisering Kulturdepartementet gav i 2010 Nynorsk kultursentrum i oppdrag å forvalte Vinje-fondet, som er ei årleg løyving over statsbudsjettet. Det ligg føre detaljerte retningslinjer for støtteordninga. Midlar blir lyste ut kvart år. Administrasjonen i Nynorsk kultursentrum legg til rette arbeidet med søknadene og gir ei tilråding til eit fagråd oppnemnt av styret. Dette fagrådet vurderer søknadene og gir si innstilling til styret, som gjer endelege vedtak. Seinast når Vinje-senteret har kome i full drift, vil alt liggje godt til rette for at Vinjefondet blir administrert frå Vinje-senteret. Det vil gi Vinje-senteret ei formell aktørrolle, og den kompetansen Vinje-senteret rår over, vil bli brukt på beste vis. Ved å forvalte Vinje-fondet får Vinje-senteret ei vidare kontaktflate med viktige delar av den norske mediebransjen. 22.3 Løyvde midlar 2010–2015 Nynorsk kultursentrum har fått midlar til Vinje-fondet frå og med 2009. Løyvinga for dei to første åra blei disponert under eitt i 2010. Til og med 2015 har Vinje-fondet løyvt 3,6 millionar til 13 ulike prosjekt, og til saman 22 søknader med ein samla søknadssum på 7,1 millionar har vore vurderte. Tabell 15 viser kva prosjekt som har fått støtte. Tabell 15. Støtte frå Vinje-fondet 2010–2015
2010
2011
2012 2013 2014 2015
Framtida.no Mediehuset Sunnhordland Telemarksavisa Øy-Blikk Nynorsk Pressekontor Landslaget for lokalaviser Firda Media Bømlo-Nytt Firda Media Framtida.no Firda Media Vest-Telemark Blad Framtida.no: forskingsjournalistikk Mellom bakkar og berg Språkutvikling i redaksjonar
Kroner 200 000 200 000 375 000 100 000 70 000 300 000 400 000 200 000 300 000 225 000 300 000 470 000 230 000 80 000 50 000
Nynorsk avissenter blei etablert med vesentleg støtte frå Vinje-fondet og er frå og med 2015 på statsbudsjettet. 22.4 Vinje-stipendet Det bør vurderast om midlar frå Vinje-fondet kan nyttast til eit årleg stipend på til dømes 75 000 til eit prosjekt innanfor underhaldningsjournalistikk og andre område der nynorsk blir lite brukt i dag. Dette krev endra retningslinjer for fondet.
158
23
Samfunnsaktør: språk, presse, litteratur
Journalisten Åsulv Edland. Foto: NRK
Som ei avdeling i Nynorsk kultursentrum blir Vinje-senteret ein samfunnsaktør innanfor språk, dikting og journalistikk. Vinje-senteret skal vere med og gjere det lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar på Austlandet. Med støtte i solid dokumentasjon skal senteret fremje pressepolitiske tiltak som styrkjer uavhengig journalistikk generelt og journalistikk på nynorsk spesielt, og litteraturpolitiske tiltak som fremjar prosakunst på nynorsk og bokmål. Det inneber at Vinje-senteret kan kome til å målbere omstridde meiningar.
23.1 Rolla som samfunnsaktør Respekt er eit nøkkelord, sa dåverande assisterande rådmann Tor Eivind Erikstein på det første møtet mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum vinteren 2011. Å vere samfunnsaktør er å byggje opp ein slik respekt, og i tilfellet Vinje-senteret skape respekt for det grunnlaget verksemda byggjer på. I Visjon og strategi 2016–2019 heiter det: «Nynorsk kultursentrum skal vere den institusjonen alle vender seg til som ønskjer informasjon og dokumentasjon av nynorsk språk og skriftkultur, nytenking om språk- og kulturpolitiske strategiar eller ein kompetent og effektiv samarbeidspartnar. Dei forventningane og behova vi møter, gjer det nødvendig å arbeide slik at vi kan tilfredsstille dei auka krava til kvalitet på tenestene og tilboda våre som følgjer av dette. Vi spelar ei sjølvstendig og kritisk rolle overfor styresmaktene. I dette ligg at vi er ein aktør i den norske offentlegheita både nasjonalt, regionalt og lokalt. Kritisk og konstruktivt er vi med og styrkjer den nynorske skriftkulturens plass i det norske samfunnet.
159
I planperioden bruker vi meir tid på kommunale og fylkeskommunale instansar, og vi systematiserer samarbeidet med desse. Vi skal vere tilgjengelege, synlege, til nytte og løyse problem for både publikum og styresmakter. Difor ønskjer vi også å vere sentrale og respekterte deltakarar i lokalsamfunna for verksemdene våre. Det skal vere ei god investering både for stat, fylke, kommunar, private bedrifter og frivillige organisasjonar å satse på oss. Vi skal vere ein av dei mest aktive og utoverretta kulturinstitusjonane i Noreg. Vi deltek aktivt i dei nettverka vi er med i, og vi prøver å vere synlege i ulike forum og møte både lokalt og nasjonalt. Språkleg toleranse og dialog med mange land og kulturar skal prege verksemda vår, frå arrangement og utstillingar til dokumentasjon og publikumstenester.» Vinje-senteret skal altså kunne vere ein aktør. Få bransjeuavhengige kulturinstitusjonar har i dag fagleg tyngd eller legitimitet til å drøfte rammevilkår for norsk skjønnlitterær prosa, for ikkje å snakke om dei følgjene allmenn pressepolitikk har for journalistikken, altså form og innhald i pressa. Nynorsk kultursentrum har innanfor sitt felt gitt fleire omfattande høyringsfråsegner om både bokpolitikk og pressepolitikk dei siste åra. Idédugnaden på Vinjar i april 2015 framheva denne aktørrolla. Ei av gruppene sa det slik: «Det er viktig at senteret utfordrar og tek opp dagsaktuelle problemstillingar som gjeld nynorsk, litteratur, kultur, samfunnsutvikling, innvandring.» Ei anna sa det slik: «Ver språkmotivator, men ikkje vaktbikkje eller moralist.» Frå ei tredje gruppe kom meldinga om at Vinje-senteret må arbeide for at nynorsk journalistutdanning har gode vilkår. Alt dette heng godt saman med andre meldingar frå den same dugnaden om at dette må bli eit levande kultursenter. 23.2 Prinsippet nynorsk Like sidan 1885 har offisiell norsk politikk vore språkleg jamstelling mellom bokmål og nynorsk. Det viktigaste staten har gjort, er å etablere formelle rammevilkår i form av lover og ein eigen språkpraksis som legitimerte ein nynorsk skriftkultur. Den som vil forklare tilstanden for nynorsk skriftkultur i Noreg, kan ikkje oversjå staten. Stortinget slutta seg våren 2009 til alle hovudlinjene i den heilskaplege språkpolitikken som var forma i språkmeldinga frå 2008. Likeins har eit breitt stortingsfleirtal ved fleire høve, til dømes i 2004 og i 2009, slått fast at det trengst ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur, og at dette krev ei positiv favorisering av nynorsktiltak. I handsaminga av språkmeldinga Mål og meining våren 2009 slo Stortinget fast prinsippet nynorsk. Det inneber at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast der norsk språk blir tematisert, og at det må grunngivast viss ein meiner det ikkje er relevant. Dette prinsippet har inga regjering brukt systematisk i åra etterpå, men Kulturrådet følgde det ganske konsekvent då dei i 2014 og 2015 gjekk gjennom og reviderte støtteordningane sine for litteratur. Nynorsk kultursentrum vil halde fast ved prinsippet nynorsk. 23.3 Nynorsk på Austlandet Vinje er ikkje eit tilfeldig namn i norsk kulturhistorie, og Vinje-senteret blir ein sentral institusjon i eit nynorsk kjerneområde. I den hundreårserklæringa som Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum la fram på 200-årsdagen for Ivar Aasen i 2013, heiter det: § 11 Styrk dei sterke nynorskområda. Nynorskbrukarane bur over heile landet. Utviklinga i dei nynorske kjerneområda legg grunnlaget for nynorsk som landsgyldig og jamstilt språk om femti år. Som eit nasjonalt, offisielt språk må nynorsk vere svært
160
mykje brukt i fleire delar av landet. Vi prioriterer å styrkje nynorsk i dei områda der nynorsk alt er mykje brukt, og dei områda der bruken av nynorsk er under særleg press. Vekst må til for at nynorsken skal vere der folk er og ha tett kontakt med det lokale; di fleire som eig i det nynorske lokalt, di sterkare står denne tradisjonen. Der er fleire tyngdepunkt for nynorsk på Austlandet. Historisk gjaldt dette delar av Østerdalen, det meste av Gudbrandsdalen, Valdres, øvre del av Hallingdal og store delar av Telemark. Dette har endra seg. No handlar det aller meste om Ottadalen, øvre del av Valdres, minkande delar av Hallingdal og Vest-Telemark. I Oslo ligg både forlag, teater, avis og organisasjonar som bruker og fremjar nynorsk, men ingen stad på Austlandet ligg ein allmenn, nasjonal kulturinstitusjon med eit slikt føremål for heile året. Vinje-senteret blir altså den første institusjonen av denne typen. Vinje-senteret kan særleg spele ei rolle på desse områda: Utvikle elevprogram på nynorsk i Den kulturelle skulesekken Motivere, inspirere og styrkje arbeidet med nynorsk i nynorskkommunane Utvikle systematisk samarbeid med lokale mållag og på den måten vitalisere desse Vere eit samlingspunkt for nynorskbrukande miljø i næringsliv og organisasjonsliv 23.4 Pressepolitiske moment Vinje-senteret blir ein uavhengig institusjon og ikkje eit talerøyr for spesifikke, bransjepolitiske interesser i pressepolitikken. Merksemda blir retta mot språklege og journalistiske utviklingstrekk og konsekvensar av politiske tiltak for språk og journalistikk. Nynorsk kultursentrum har ved fleire høve arbeidd med pressepolitiske spørsmål. Våren 2011 laga institusjonen ei omfattande høyringsfråsegn om NOU 2010:14, ei utgreiing frå eit mediestøtteutval. Både i 2014 og 2015 skreiv Nynorsk kultursentrum høyringsfråsegner om støtteordninga for vekepresse, i 2014 også om NRK-plakaten. Det vil seie at medarbeidarane alt har arbeidd med den typen spørsmål som Vinje-senteret vil aktualisere. I høyringsfråsegna om mediestøtteutvalet peika Nynorsk kultursentrum på at eitt av dei sterke argumenta avisbransjen aldri har brukt, er at avisene er viktige språkprodusentar. Truleg produserer ingen bransje i privat sektor meir tekst på norsk enn avisbransjen. Dette fekk ikkje utvalet fram. Avisene er ein hjørnestein i norsk skriftkultur og ein nødvendig føresetnad for at Noreg over tid har utvikla eit svært solid fundament for både bokmål og nynorsk. For den kunstnarlege og intellektuelle utviklinga har utan tvil bokmediet vore det viktigaste også i nynorsk skriftkultur. I større grad enn for bokmål har derimot utbreiinga av nynorsk vore avhengig av pressa. Nynorskpressa har vore den mest utbreidde skriftstaden for nynorsk og det vanlegaste lesestoffet for store brukargrupper. Pressa er eit viktigare medium for nynorsk skriftkultur enn for bokmålskulturen fordi så mange av avisene er redigerte på nynorsk og ein liten del av bøkene er skrivne på nynorsk. Difor framheva Nynorsk kultursentrum at «å lausrive media, ytringsfridom og demokrati frå det språket som trengst for å ytre seg, er å fjerne nokre av dei viktigaste argumenta som gjeld for mediepolitikken. Når utvalet konstruerer ei røynd der språk og media ikkje har noko med kvarandre å gjere, kan ikkje utvalet få tak i den rolla ein skriftkultur har i demokratiet, og det grev grunnen under ideen om ein heilskapleg språkpolitikk.» Nynorsk kultursentrum sende sommaren 2014 høyringsfråsegn om framlegget til ny NRK-plakat. Der argumenterte institusjonen for at lyttarane og sjåarane får meir språkleg mangfald frå denne institusjonen enn nær sagt nokon annan allmennkringkastar i verda er i
161
stand til å gi, og mykje meir enn frå private mediekonsern. NRK-plakaten bør førast vidare om lag som i dag og på same detaljnivå, men at den bør utvidast språkpolitisk. Dei formelle språkkrava til NRK bør vere så høge at det skal noko til å nå dei, i møtet mellom ytringsfridom, mangfald og kvalitet. NRK bør framleis ha eit breitt mandat som allmennkringkastar og vere til stades med stor tyngd på alle medieplattformer. Difor bør NRK-plakaten også ha språkkrav til digitale tenester. Pressepolitikk kan ikkje skjermast eller skiljast frå språkpolitikk. NRK er den fremste av alle språkinstitusjonar i mediebransjen. Både i radio, tv og i digitale format har dei etablert nynorsk som eit vanleg språk, dei er den einaste medieinstitusjonen med eigen språksjef, og dei driv språkrøkt for både bokmål og nynorsk. Kva eit distriktskontor som NRK Telemark gjer i praksis, verkar inn på den allmenne posisjonen for nynorskbrukarane i og utanfor pressa. Å fremje bruk av nynorsk i journalistikken krev målretta tiltak over tid og som varer. Det ligg eit samarbeid og ventar for Vinje-senteret. 23.5 Litteraturpolitiske innspel Nynorsk kultursentrum har over tid arbeidd mykje med litteraturpolitiske spørsmål. Som for pressepolitikken har kunnskapsgrunnlaget ofte vore dokumentasjon og forsking som Nynorsk kultursentrum sjølv har utvikla, først og fremst det materialet som i 2015 blei samla til Språkfakta 2015. I 2012 sende Nynorsk kultursentrum høyringsfråsegn om to rapportar om språk- og litteraturpolitiske verkemiddel i bokbransjen. Der peika institusjonen på at dei europeiske landa fører svært ulike politikkar overfor sine mange språk og skriftkulturar. Generelt var interessa i utgreiingane stor for skilnadene mellom store og små aktørar på bokmarknaden, og liten for skilnadene mellom små og store språk. Dermed kom ikkje relevant informasjon fram om bokpolitiske skilnader som følgjer av skiljet mellom spansk kastiljansk og spansk katalansk, eller vilkåra for bøker på walisisk på den engelske bokmarknaden. Generelle tiltak som innkjøpsordningane for litteratur har verka positivt generelt og vore mest stimulerande for bokmålslitteraturen. Det trengst større og meir målretta støtteordningar for nynorsk litteratur enn dei som finst i dag for at følgjene skal bli store nok. Konklusjonen i høyringsfråsegna var at ingen av desse utgreiingane «gir den dokumentasjonen og analysen som trengst for at språkpolitikk skal bli integrert i litteraturpolitikken». Det er nettopp dette Vinje-senteret vil ha gode føresetnader for å arbeide i djupna med. 23.6 Historisk forståing av samtida Presset på finansiering og omstilling er så stort at mediebransjen meir enn før er retta inn mot samtid og framtid. Fortida har dei færraste råd til å ta seg til med. Det forsterkar behovet for eit Vinje-senter som lever i samtida og inkluderer fortida i denne. Det vil vere minnepolitikk i praksis: å bruke fortida til å fremje prosakunst og journalistikk i samtida. Både i bok- og avisbransjen er der aktørar som arbeider med slike koplingar mellom fortid og samtid. Der er jamvel fleire å nakke med og samarbeide med enn dei som kom med i prosjektplanen. Norsk Pressehistorisk Forening arbeider aktivt og systematisk med utvikling og formidling av pressehistorie og gir ut Pressehistorisk Tidskrift. Nummer 24 kom ut hausten 2015, og alle nummer frå og med 2010 er fritt tilgjengelege på Internett.
162
Avis i Skolen har vore drive som eit årvisst prosjekt av Mediebedriftenes Landsforening. I veke 44, kalla Avisveka, arbeider skular over heile landet med aviser og andre informasjonsmedium. Hausten 2015 var 90 000 elevar på 4., 6. og 9. steget med på dette. Noko av materiellet er på nynorsk eller bokmål, men viktige dokument er berre på bokmål. Norsk PEN er ein sjølvskriven aktør i spørsmål som gjeld ytringsfridom, sensur og overgrep mot pressa. Nordiske mediedager i Bergen blei arrangert første gongen i 1988 og er under skiftande namn blitt eit årvisst innslag medio mai med svært brei deltaking. Dette er eit samansett arrangement over fleire dagar, og ein av dei er Ung, ein heildagskonferanse for elevar i vidaregåande skule. Tilsvarande organiserte miljø og interesse er det få av i bokbransjen. Norsk biografisk selskap blei stifta i 2001 som eit fagforum for dei som skriv, publiserer og skriv om biografiar. Norsk kritikerlag tek vare på interessene og perspektiva til mellom anna litteraturkritikarane, og som andre interesseorganisasjonar innanfor skriftkultur drøftar dei større tema på seminar og i andre samanhengar. Publikasjonar som Prosa og Journalisten er andre sentrale arenaer. Det kan også Medier24.com bli, i drift frå 2014. Sjølv om det handlar mykje om økonomi for tida, er journalistikk grunnlaget også for ein interesseorganisasjon som Mediebedriftenes Landsforening.147 Mange avisutgivarar og mediehus publiserer årlege sjølvmeldingar om den redaksjonelle og økonomiske drifta. Dette stoffet kan vere ei relevant informasjonskjelde for hovudtrekk i journalistikken. Somme større aktørar publiserer meir ambisiøse dokument. Eit døme er Stiftelsen Tinius, som jamleg sender ut nyheitsbrev om viktige utviklingstrekk i publisistikk og journalistikk. Forlagsbransjen er utan slik publisistisk aktivitet 23.7 Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret Vinje-senteret skal arbeide med dikting og journalistikk på både nynorsk og bokmål. Fundamentet er heile tida det nynorske blikket. Til 200-årsdagen for Ivar Aasen 5.8.2013 la Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum fram erklæringa «Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret». Frå denne erklæringa er det henta ut ti bodord for nynorsk i det 21. hundreåret: 1 Hald oppe Noreg som ein stat med to jamstilte norske språk. 2 Bruk konsekvent prinsippet nynorsk. 3 Driv språkvern i praksis gjennom ei ny og utvida språklov. 4 Gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk. 5 Gjer nynorsk til eit språk også for innvandrarar. 6 Utvid den lokale offentlege språkpolitikken. 7 Hald oppe skulen som arena for språkleg jamstilling. 8 Bruk nynorsk i tenking og forsking. 9 Gjer digitale tenester på nynorsk sjølvsagde. 10 Meir nynorsk i fritidsindustri, underhaldning og idrett. To perspektiv blir overordna i arbeidet, heiter det i Visjon og strategi 2016–2019. «Vi vil dele den norske røynsla med andre. Nordmenn er meir interesserte i språkspørsmål enn dei fleste. Gjennom språkstrid og andre motsetnader utvikla nordmenn på 1900-talet ein tradisjon for å dempe eller løyse kulturelle konfliktar utan bruk av vald. Denne norske
147
Direktør Randi S. Øgrey Mediebedriftenes Landsforening, i møte 18.1.2016.
163
røynsla er verdifull i dagens internasjonale samfunn og noko vi ønskjer å formidle til andre samfunn og statar. Vi vil dokumentere og drøfte kvifor mange nynorskbrukarar blir verande nynorskbrukarar. I årstale nr. 4 i 2004 la vi fram den første systematiske dokumentasjonen av det vi kalla den språklege lekkasjen og som elles gjerne blir drøfta som språkskifte. Denne sida av saka er etter kvart ganske godt kartlagd. Derimot har knapt nokon studert dei mekanismane og faktorane som gjer at mange nynorskbrukarar faktisk blir verande nynorskbrukarar. Denne kunnskapen er nødvendig for at ein heilskapleg språkpolitikk for nynorsk skriftkultur skal kunne verke.» 23.8 Nynorske scener Det følgjer ansvar med den posisjonen Nynorsk kultursentrum har no. Institusjonen prøver alltid å stille opp når nokon spør om råd eller vil høyre kva røynsler ein har gjort på ulike område. Ein del av dette arbeidet er å leie arbeidet i Nynorsk Forum, eit samarbeidsorgan for nynorskinstitusjonar. Ivar Aasen-tunet inviterte i 2015 til ei første samling kalla Nynorske scener. I desember 2015 møtte eit mindre tal representantar for nynorskbrukande festivalar og kulturinstitusjonar for å utveksle erfaringar og drøfte kva som trengst av samarbeid. Planen er å følgje opp med ei ny samling annakvart år, neste gong i 2017.
Det finst eit overskot etter A.O. Vinje sin språklege aksjonisme og etter den store vesaaske humanismen. Arven bør brukast og ikkje låsast inn i monter. Tomme hus bør brukast. Vinje-senteret bør ha flate steinar til å sitje på, men ikkje til å kvile for lenge på. Vinje-senteret bør invitere dei beste til bygda og riste liv i det nynorske medvitet i Vest-Telemark. Kjersti Rorgemoen, forfattar
164
24
Inkludering og samarbeid
Hovudbygningen til Vest-Telemark Museum på Eidsborg i Tokke. Foto: Vest-Telemark Museum
Vinje-senteret blir til etter eit lokalt initiativ, er ønskt lokalt og byggjer på eit sterkt lokalt engasjement. Det tek med seg det som finst, forbetrar det som alt er og gir meir og nytt innhald i kulturlivet. Arbeidet med prosjektplanen har vore møtt med interesse, entusiasme og uvanleg stor grad av semje. Gjennom inkluderande samarbeid skal heile Vinje eige i Vinje-senteret, og ingen andre prosjekt kjem i klemme på grunn av den nye institusjonen. Nynorsk kultursentrum har teke initiativ til ein samarbeidsavtale med Vest-Telemark Museum, og nødvendige avtalar mellom Telemark fylkeskommune og Vinje kommune er i arbeid.
24.1 Å samle ein delt kommune Vinje-senteret blir til etter eit lokalt initiativ, er eit tiltak som er ønskt lokalt og som byggjer på eit sterkt lokalt engasjement. Det er eit prosjekt som byggjer på det som finst og forbetrar det som alt er, og det vil samstundes skilje seg frå andre institusjonar. Det vil seie at Vinjesenteret blir eit tiltak for meir og nytt innhald i kulturlivet, og at det er med og byggjer opp om det lokale kulturlivet. Vedtaket om intensjonsavtalen i Vinje kommunestyre vinteren 2014 er eit solid grunnlag for det vidare arbeidet. Vinje-senteret skal i si verksemd dekkje heile kommunen. I si tid fungerte Vinje songlag ganske samlande; det kan også Vinje-senteret gjere. På same
165
måten som Aasen-tunet har arrangement utanfor tunet, kan også Vinje-senteret ha arrangement utanfor senteret. I samtalar under arbeidet med prosjektplanen kom ulike synspunkt til uttrykk om kor sterk grendestriden i røynda er i kommunen. Både frå Edland og Rauland blei det vist til at desse grendene må involverast, men fleire meinte at skilja mellom grendene er svakare enn før. Nynorsk kultursentrum er ein konsekvent tilhengjar av målretta samarbeid mellom institusjonar. Institusjonen involverer seg der ein kan spele ei reell rolle og ha ein viss styringsrett, og ønskjer å vere ein offensiv initiativtakar, påliteleg premissleverandør og konstruktiv problemløysar. Arbeidet med prosjektplanen har avdekt at den mentale avstanden innanfor kommunen nok er større enn den geografiske. Vinje-senteret skal i si verksemd dekkje heile kommunen og setje spor etter seg både langs E134 og riksveg 37. Fleire frivillige miljø arbeider systematisk og målretta, og arbeidet med Vinje-senteret vil ta omsyn til dette. Det har danna seg eit «tomrom» på strekninga Åmot – Edland, og difor er Vinje-senteret kjærkome nettopp her. Vinje-senteret må utformast og drivast slik at det har ein stoppeffekt som gjer at mange ikkje berre køyrer rett forbi. Bygningar og anlegg må invitere publikum inn, verksemda ved senteret må gjere senteret profilert blant mange andre publikumstilbod og aktørar i kulturlivet, og der må vere tilbod og funksjonar som gjer at mange blir lenger enn dei først hadde tenkt. Verksemda ved Vinje-senteret skal tilpassast lokale og frivillige tilbod og ikkje ta marknad eller faste arrangementsdatoar frå desse, til dømes i førjulssesongen. Vinje kommune organiserer eit kulturårshjul med årleg møte, men det varierer kor godt dei frivillige sjølve følgjer opp dette. 24.2 Inkludering som strategi Heile Vinje skal eige i Vinje-senteret. Prosjektet står støtt lokalt og har til no ikkje utløyst konfliktar. Skulle nokon ha blitt oversedde, vil det bli følgt opp i tida etter at prosjektplanen er lagd fram. Det omfattande arbeidet med å involvere flest mogleg miljø og aktørar har ført til at Vinje-senteret som prosjekt er betre fundert lokalt enn både Aasen-tunet og Hauge-senteret var i si tid. Alle som har vore kontakta, har vist stor tillit til Nynorsk kultursentrum som eigar og drivar av Vinje-senteret. Denne eigarskapen blei forsterka då 50 personar var med på idédugnad om Vinje-senteret våren 2015. 24.3 Telemark fylkeskommune Telemark fylkeskommune føreset at ein kommuneavtale med Vinje kommune kjem på plass. Dette er ein rammeavtale som femner vidt, men som då også vil inkludere Vinje-senteret. Partane arbeidde med saka utover i 2015. Når kommuneavtalen er vedteken, ønskjer Telemark fylkeskommune å gjere ein intensjonsavtale med Vinje kommune om Vinje-senteret. Det kan også vere ønskjeleg med ein samarbeidsavtale melom Telemark fylkeskommune, Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum om Vinje-senteret. 24.4 Vinje kommune Gjennom intensjonsavtalen har Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum føresett ein overtakingsavtale. Denne avtalen skulle dekkje tidsrommet frå og med hausten 2015 og ut 2016.
166
Tida har gått, og det har no meir for seg å gjere ein overtakings- og driftsavtale. Framlegg til slik avtale er formulert i kapittel 27. 24.5 Vest-Telemark Museum Leiinga i Vest-Telemark Museum har frå første stund vore positive til ideen om Vinje-senteret og til at dette kan bli ein del av Nynorsk kultursentrum. Ei slik haldning er alt anna enn sjølvsagd. Nynorsk kultursentrum og Vest-Telemark Museum får eit hopehav som opnar for samarbeid og gjer det ønskjeleg med klare avtalar. Difor har Nynorsk kultursentrum teke initiativ til ein samarbeidsavtale med Vest-Telemark Museum. Dei to musea er samde om å få til ein slik avtale, og styra i dei to institusjonane drøfta ei første skisse til avtale 25.2.2016. Avtalen vil tene til å klargjere oppgåve- og arbeidsdeling mellom Vest-Telemark Museum og Nynorsk kultursentrum, kva dei vil samarbeide om, og korleis dei vil samarbeide. Avtalen blir tidsavgrensa, slik at ein ny avtale kan justerast i tråd med utviklinga i dei to institusjonane. Med ein slik avtale markerer Vest-Telemark Museum og Nynorsk kultursentrum at Vinje-senteret er med og utvidar det museumsfaglege miljøet og aukar publikumstilbodet i Vest-Telemark, og kan vere til beste for begge partar. 24.6 L/L Vinjar Det er dette aksjeselskapet som står bak Vinjar samfunnshus. L/L Vinjar eig ein god del kunstverk, men det er no Vinje kommune som eig og forvaltar bygningen. Det kan likevel vere aktuelt å få til ein samarbeidsavtale mellom Vinje-senteret og L/L Vinjar som tener til å ta vare på godt naboskap. 24.7 Liv i Vinje Alt i 2011 laga Liv i Vinje ein plan for ein næringshage i grenda. Det målet er ikkje nådd, men med Vinje-senteret på plass i Vinje skule vil laget ha kome eit stort steg nærmare all den tid det då blir etablert eit fast miljø i grenda. 24.8 Reisemålselskap Gjennom Vinje-senteret ønskjer Nynorsk kultursentrum å vere medlem i dei to reisemålselskapa i Vinje. Ved innmelding kjem Nynorsk kultursentrum til å gjere merksam på at institusjonen vil arbeide for at selskapa går over til å profilere natur og kultur på nynorsk. Institusjonen vil hjelpe til i arbeidet med å utvikle nødvendige synonymord for søk på bokmål og nynorsk, slik andre reisemålselskap alt har. 24.9 Andre sentrale samarbeidspartar Når Høgskolen Sørøst-Norge er i drift, blir det ei viktig oppgåve å utvikle og formalisere samarbeid mellom Vinje-senteret og aktuelle fagmiljø. Eit kulturfagleg samarbeid mellom Vinje-senteret og Hardangervidda nasjonalparksenter kan handle om naturjournalistikk. Vegen er kort til samarbeid med Den norske Turistforening, som A.O. Vinje var med og skipa i 1868. Landstad-senteret i Seljord arbeidar med å ta vare på, vidareutvikle og aktualisere arven etter presten, salmediktaren og folkeminnesamlaren M.B. Landstad. Også dette er ein interessant samarbeidspart for Vinje-senteret.
167
Vinje-senteret skal konsentrere arbeidet sitt om dikting og journalistikk og vil ikkje ha eit fagmiljø som også har kompetanse på nasjonalt nivå om biletkunst eller musikk. Vinjeutstillinga i regi av Vinje Handverkslag har vore eit stort dugnadsarbeid, men det kan hende at 2016-utstillinga blir den siste i si noverande form. Inneber det eit tomrom på Vinjar i sommarsesongen, må Vinje-senteret vere med og fylle det. Både Aasen-tunet og Hauge-senteret samarbeider med dei lokale sokneråda og prestane. Det same vil Vinje-senteret gjere. Folkeakademiet i Vinje ønskjer å vere ein sentral samarbeidspartnar for Vinje-senteret, og vil nok bli det. Alt under arbeidet med prosjektplanen kom eit første initiativ til mogleg samarbeid om den journalistiske sida av saka. Vest-Telemark Blad har eit heilt redaksjonsinventar på lager etter ein flaum som råka avisa våren 2015, og avisleiinga drøftar gjerne samarbeid med Vinje-senteret, uavhengig av det vanlege journalistiske arbeidet.148 24.10 Stiftarane i Nynorsk kultursentrum Som avdeling i Nynorsk kultursentrum blir Vinje-senteret knytt direkte til dei 24 stiftarane som står bak. Stiftarane dekkjer heile landet og spenner frå fylkeskommunar og kommunar til høgskular, universitet, kulturinstitusjonar og målrørsle. Det gir ryggdekning i gitte situasjonar, og nettverk i arbeidet med større enkeltsaker. Dette kom Hauge-senteret til gode i utviklinga av den avdelinga 2011–2014. 24.11 Venelag Tradisjonen med venelag og forfattarselskap står sterkt i Sverige og Danmark, men ikkje i Noreg. Nynorsk kultursentrum utarbeidde i 2010 eit oversyn over 27 norske forfattarselskap. Litteraturdagane i Vinje er ei medlemsforeining, men elles finst det ingen venelag for dei prioriterte forfattarane i Vinje-senteret. Det einaste forfattarselskapet som indirekte er knytt til verksemda i Nynorsk kultursentrum, er Venelaget Olav H. Hauge, som blei skipa i 1999. Føremålet er å fremje interessa for Olav H. Hauge si dikting. Venelag kan ha ei viktig rolle når noko skal etablerast, eller når den lokale eller faglege forankringa må styrkjast i ein vanskeleg situasjn. Derimot har det nok vist seg at slike foreiningar vil ha vanskar med å fungere dynamisk når den aktuelle kulturinstitusjonen ønskjer å gjere endringar som blir oppfatta som viktige eller avgjerande. Då blir desse miljøa meir konserverande enn intensjonen nok var at dei skulle vere. Dei funksjonane venelag kan fylle, bør i tilfellet Vinje-senteret løysast på andre måtar enn ved å etablere ein slik organisasjon. 24.12 Å prioritere Vinje-senteret Det var ei stor oppgåve for Ørsta og Volda kommunar å yte sitt då Aasen-tunet skulle byggjast og etablerast. Slik var det også for Ulvik herad då ideen om Hauge-senteret blei realisert. Vinje kommune vil stå overfor det same med Vinje-senteret. Vinje-senteret skal aldri bli gaukungen som trengjer alt anna til sides, men skal prosjektet lykkast, må mange instansar og miljø prioritere denne oppgåva. Det kan føre til at nokon får merke at arbeidet med nokre andre større prosjekt stoppar opp. I ein region og ein kommune med sterke kulturkrefter vil der alltid vere uløyste oppgåver og nye idear. Eldsjeler treng Vinje-senteret mange av. 148
Redaksjonsleiar Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad, i e-post 26.1.2016.
168
Prosess er og blir nøkkelordet. Ting må gjerast i rett rekkjefølgje, mange må involverast på rette måten, retninga må vere eintydig når først ein del val er tekne. Nynorsk kultursentrum rådde tidleg frå å kombinere Vinje-senteret med ei løysing av andre store og spennande planar i kommunen. Ein slik institusjon vil ikkje ha fagleg truverde til å handtere både dikting, journalistikk, biletkunst og musikk. Det gjeld å vere god på det ein skal vere god på. Risikoen aukar viss eit prosjekt femner for vidt. Å drive festival er kulturell risikosport, men Vinje-senteret vil ha dei føresetnadene som rrengst for å drive og utvikle vidare Litteraturdagane i Vinje. Derimot vil det vere uråd å ha noka rolle i utviklinga av ein idé som «Spelet om Myllarguten» (sjå kapittel 11.7). Når Vinje-senteret er trygt etablert om nokre år, kan tida vere inne for nye, større tilbod, og gjennom Vinje-senteret vil det også dukke opp nye idear. Før ein er komen dit, må alle gode krefter dra i same lei for å lykkast. Det er altså ikkje slik at Vinje-senteret tømer miljø og forvaltning for krefter og pengar over tid, men etableringsfasen krev sine tydelege prioriteringar. Den viljen til prioritering har vore eit av dei sterkaste argumenta når nye institusjonar skal formast.
Landslaget for lokalaviser organiserer over 100 aviser med eit opplag på om lag 330 000 eksemplar. Ein stor del av desse avisene blir redigerte på nynorsk, og laget ser på seg sjølv som ein viktig nynorskorganisasjon. Personen A.O. Vinje er eit førebilete for mange journalistar, både reint språkleg og som ein pioner innanfor meiningsjournalistikken. Umiddelbart er det difor lett å bli entusiastisk når det er snakk om eit eige Vinje-senter. Vi tenkjer at senteret kan koma til nytte for lokalavisene innanfor kurs og opplæring. Rune Hetland, generalsekretær Landslaget for lokalaviser
169
25
Kommunikasjonsstrategi
Ingebjørg H. Bratand, songlyrikar og songar. Foto: Atle Richter Schie
Vinje-senteret følgjer grunntanken i Nynorsk kultursentrum om at ingen prosjekt er avslutta før dei er formidla og gjort kjende for andre. Krava til universell utforming og klarspråk blir følgde og administrasjonsspråket er nynorsk. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok profilprogram for Vinje-senteret 25.2.2016 med V-en i signaturen til A.O. Vinje som motiv. Vinje-senteret gir ut meldingsbladet Dølen til husstandane i Vest-Telemark to gonger i året. Tilkomsten til Vinje-senteret må vere godt skilta frå aust og vest, og arbeidet med å skrive staden inn i reisehandbøker tek til no.
25.1 Meiroffentlegheit Sidan 2004 har Nynorsk kultursentrum praktisert meiroffentlegheit, blant anna med offentleg tilgjengeleg postjournal og offentleggjering av vedtaksprotokollar frå styre og råd. Denne
170
prosjektplanen konkretiserer kva meiroffentlegheit kan vere i praksis ved at mange interne strategiar og vurderingar blir lagde fram. 25.2 Årsmelding og årsrapport Gjennom årsmelding frå styret og årsrapport frå administrasjonen blir alle sider av verksemda dokumentert grundig og detaljert kvart år. Frå og med 2015 blir Vinje-senteret omtalt i eit eige kapittel i dokumentet. Årsmeldinga blir publisert på nettstaden. 25.3 Kommunikasjonsstrategi Grunntanken i Nynorsk kultursentrum er at ingen prosjekt er avslutta før dei er formidla. Institusjonen har like sidan opninga av Aasen-tunet i 2000 følgt ein kommunikasjonsstrategi som i Visjon og strategi 2016–2019 er omtalt slik: «Eigne perspektiv: At vi jamleg kjem med nye initiativ og utspel, aukar sjansen for at dei perspektiva vi legg vekt på, også kan prege dekninga av enkeltsaker. Offensiv informasjonspolitikk: Vi gjennomfører mange og målretta offentlege utspel, med pressemeldingar, deltaking i offentlege ordskifte eller ved å vise att på viktige arrangement (seminar, konferansar, festivalar, landsmøte m.m.). Vere tilgjengeleg: Publikum som tek kontakt, enten ved personleg frammøte eller ved kontakt pr. nett, telefon eller brev, skal handsamast venleg, få god informasjon og rask tilbakemelding. Tydeleg profil: Å arbeide for nynorsk skriftkultur er eit prosjekt som er omstridd og som ikkje alle sluttar seg til, verken lokalt eller nasjonalt. Nynorsk kultursentrum skal likevel halde ein tydeleg profil og ha den grunngitte meinings mot. Negative nyheiter eller konfliktar: Vi er opne og ærlege frå første dag, og supplerer aktivt eventuelle dårlege saker med tilleggsstoff om andre saker. Gode opplevingar. Den beste marknadsføringa vi kan få er frå nøgde kundar. Det blir difor vektlagt mykje at tilboda våre held høg kvalitet og at publikum får best mogleg sørvis.» 25.4 Klarspråk og universell utforming Universell utforming er vellukka når ein attraktiv utsjånad er enkel i bruk for menneske med ulike funksjonsevner. Vi følgjer retningslinjene for klarspråk og forskrift av 1.7.2013 om universell utforming. I trykt materiell og på nettstader skal utforminga vere innbydande, det skal vere god kontrast mellom tekst og bakgrunn, mest mogleg bruk av store og små bokstavar, færrast mogleg forkortingar og ein bodskap som er lett å forstå. På nettstadene skal navigasjonen vere logisk og effektiv, og det skal vere få element i rørsle. 25.5 Profilering av bygningar For dei som kjem austfrå langs E134, er endeveggen på Vinjar godt synleg fleire hundre meter unna på ei bein vegstrekning. Det gjer det særleg viktig å dekorere denne veggen på ein slik måte at den er med og gir folk lyst til å stoppe. For dei som kjem vestfrå, skjuler no eit skogholt med gravhaugar Vinjar til ein er like ved. Vinje kommune avtalte i januar 2016 hogst i området med grunneigaren (sjå kapittel 27.6). Då blir anlegget godt synleg i tide også for dei som kjem vestfrå.
171
25.6 Skilting Statens vegvesen treng god tid til å vurdere skilting langs vegane. Praksis er også noko ulik frå region til region. Det må vere god skilting til Vinje-senteret både frå aust og vest. I samråd med Vinje kommune vil Nynorsk kultursentrum lage eit framlegg til prioritert skiltplan langs E134. Søknad blir send så snart endeleg tidspunkt for opning er fastsett. 25.7 Profilprogram Styret vedtok i 2011 eit profilprogram for Nynorsk kultursentrum og supplerte dette seinare med ein samla fargepalett slik at profilprogrammet kunne vere fleksibelt nok til å tole tilvekst av fleire einingar. I Nynorsk kultursentrum skal kvar avdeling ha ein hovudfarge og ein støttefarge. Figur 2 viser fargepaletten og ikona for dei ulike delane av konsernet Nynorsk kultursentrum. Kvar avdeling i Nynorsk kultursentrum har sitt eige ikon, i form identisk med det som no er app-ikon på smarttelefonar. I dette ikonet skal det vere ein bokstav eller anna motiv som seier noko vesentleg om avdelinga. Motivet for Aasen-tunet er profilen på storveggen på hovudbygningen av Sverre Fehn, og motivet for Hauge-senteret er H-en frå ein signatur av Olav H. Hauge. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok palett og ikon for Vinje-senteret på møte 25.2.2016. For Vinje-senteret blei ulike motiv vurderte før det endelege valet fall på å bruke V-en frå signaturen til A.O. Vinje. Den er frå om lag 1860, men ser ut som eit element frå 2016. Litteraturdagane i Vinje har ein etablert logo. Blir festivalen integrert i Vinje-senteret, vil det vere ganske lett å føre motivet vidare i stilisert form innanfor det samla profilprogrammet. 25.8 Slagord Kvar avdeling i Nynorsk kultursentrum har sitt eige slagord. Desse er: Aasen-tunet: Målet for alle Hauge-senteret: Store opplevingar på små flater Allkunne: Levande leksikon Eit tilsvarande slagord vil bli utvikla for Vinje-senteret. 25.9 Meldingsbladet Dølen Kvar avdeling i Nynorsk kultursentrum lagar sitt eige meldingsblad. Aasen-tunet har gitt ut Symra frå 1999, Hauge-senteret Onen frå 2011. Desse blada har kome uy to gonger i året og er blitt spreidde i høvesvis 16 400 og 16 700 eksemplar. Frå og med 2016 blei publikasjonane utvida i format og innhald. Eit tilsvarande meldingsblad for Vinje-senteret kan gjerne heite Dølen. I tillegg til å spreie det som istikk i Vest-Telemark Blad og Bø Blad bør det spreiast via turistkontor, bibliotek og ymse institusjonar i Vest-Telemark, og dessutan sendast til utvalde adresser elles. Eit sannsynleg opplag vil vere 12 000. Første nummer kan bli utgitt alt i 2016.
172
Figur 2. Fargepalett og ikon i Nynorsk kultursentrum Hovudfarge til venstre, støttefarge til høgre
173
25.10 Publikumsbrosjyre Nynorsk kultursentrum har laga eigne brosjyrar for Aasen-tunet og for Hauge-senteret. Malen er lik, innhaldet er ulikt. Ein slik brosjyre vil også bli laga for Vinje-senteret til dette er i drift med eit komplett tilbod. I mellomtida blir det laga enklare løysingar. Både brosjyren og Dølen og eventuelle andre publikasjonar vil Vinje-senteret spreie til faste adresser, vonleg også få lagt ut i serverings- og overnattingsbedrifter, og stader der folk møtest og ferdast. 25.11 Reisehandbøker og reiseplanleggjarar Arbeidet med å skrive Vinje-senteret inn i reisehandbøker tek til våen 2016, både trykte og digitale. Det same gjeld for digitale tenester som gir informasjon om stader ein kjem til på reise. 25.12 Administrasjonsspråk og redaksjonsspråk Administrasjonsspråket i Nynorsk kultursentrum er nynorsk, dermed også for Vinje-senteret. I basisutstillinga presenterer vi stoffet på nynorsk og engelsk. På alle trykkskjermar bør det vere mogleg å velje språk. Alle tekstar blir omsette til engelsk og får nødvendig kulturell og historisk kontekst. Alt redaksjonelt stoff av tilsette ved Vinje-senteret blir skrive på nynorsk. Alle tekstar skal ha god språkføring og vere korrekt skrivne. 25.13 Språkleg husnorm Alt som blir skrive frå tilsette i Nynorsk kultursentrum, skal vere på nynorsk med best mogleg språkføring. Nynorsk kultursentrum har si språklege husnorm innanfor rettskrivinga for nynorsk. Direktøren fastset husnorma, og denne vil bli oppdatert i 2016. Til denne husnorma høyrer det med eit utval av ord som blir mykje brukte, og der det er gjort val mellom valfrie former. 25.14 Kommunikasjonsplan Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok Kommunikasjonsplan nr. 9 2016–2019 i desember 2015. Denne planen får eit eige tillegg seinare om Vinje-senteret. Planen blir revidert i 2019.
Eg ønskjer at Vinje-senteret samlar unge og ambisiøse journalistar, forfattarar, bloggarar ..., som skal inspirere, styrke og syne kvarandre og oss andre at nynorsk duger i ei digital tid. Ivar Myklebust Longvastøl, dagleg leiar Nynorsk avissenter
174
26
Organisasjon, tilsette og drift
Vinje-hovudet ved Eidsbugarden. Foto: Vinjerock
Vinje-senteret blir ei avdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet frå 2000 og Hauge-senteret frå 2011. Vinje-senteret skal ha heilårsdrift og kan få inntil seks arbeidsplassar – fire fulle stillingar og to deltidstilsette som avløysarar og omvisarar. Røynsla frå oppbygginga av Hauge-senteret i Ulvik 2011–2015 gjeld også for Vinjesenteret: Den faglege nærleiken er større enn den geografiske avstanden. Medarbeidarane i Vinje-senteret får 18 kollegaer i dei andre avdelingane som alle arbeider med språk og litteratur. Alle etablerte driftssystem og rutinar i Nynorsk kultursentrum gjer det lett å etablere drifta i Vinje. Vinje-senteret gjer Nynorsk kultursentrum til det einaste norske museet med driftsavdelingar i to landsdelar og tre fylke. Mellom Ulvik og Vinje tek bilturen mindre enn tre timar, mellom Ulvik og Ørsta seks timar. 26.1 Fagleg nærleik større enn geografisk avstand Med to avdelingar i full drift fekk fleire medarbeidarar i Nynorsk kultursentrum ein kollega i ei anna avdeling. Kvar avdeling har sin profil og sin identitet, men den faglege fellesskapen er stor. Alt då intensjonsavtalen om Hauge-senteret var signert i 2010, sa Nynorsk kultursentrum at den faglege nærleiken er større enn den geografiske avstanden. Den gongen var det mest ein påstand. Ved utgangen av 2015 kunne ein konstatere at det var full dekning for påstanden.
175
Slik vil det også vere for Vinje-senteret. Som ei avdeling i Nynorsk kultursentrum blir Vinje-senteret knytt direkte til Det nasjonale museumsnettverket (sjå kapittel 12.4). Likeins blir Vinje-senteret med i Litteraturnettverket (sjå kapittel 5.2). 26.2 Føresetnader frå Nynorsk kultursentrum Nynorsk kultursentrum tek ikkje på seg nye oppgåver som kan svekkje drifta av etablerte tilbod. I samtalane under arbeidet med prosjektplanen har dette vore framheva: Tenk stort – det er lettare å redusere store planar enn å blåse opp små idear Det må vere eit sterkt lokalt ønske om at vi tek ansvar for etablering og/eller drift Det som finst av lokal eigarskap og lokalt engasjement, må bli med vidare Tilknyting til Nynorsk kultursentrum har ein inngangsbillett i kroner Verksemda må liggje trygt innanfor føremålsparagrafen vår Vi må ha den kompetansen og kapasiteten som trengst Der vi går inn, går vi tungt inn Hald ut – dette tek tid I alle relevante samanhengar har det vore streka under at styret har siste ordet i slike saker. 26.3 Arbeidsform I Visjon og strategi 2016–2019 for Nynorsk kultursentrum heiter det: «Vi vil ta med oss vidare det beste av det vi alt har oppnådd og etablert av arbeidsformer. Vi legg særleg vekt på å utnytte den samla kompetansen best mogleg. Arbeidsforma vår er prega av ni overordna grep. Raust og inkluderande arbeidsmiljø: Nye medarbeidarar blir tekne godt imot, og omgangstonen er uformell og respektfull. Kvar medarbeidar er avhengig av at kollegaene lykkast med sine oppgåver. Ros kan formidlast på alle vis, medan kritikk berre blir formidla personleg til den det gjeld. Opne og involverande prosessar: Alle har noko å seie, og alle skal få høve til å seie sitt. Så langt råd er byggjer difor avgjerder i større saker på deltaking nedanfrå innanfor tydelege rammer. Arbeidsgrupper på tvers av avdelingane. Vi drøftar og løyser både kultur- og driftsfaglege spørsmål gjennom systematisk samarbeid mellom kollegaer i ulike avdelingar. Konstruktiv og grunngitt motstand. Vi støttar kvarandre, men yter også motstand ved å stille dei spørsmåla og gi dei vurderingane som kan gi best resultat. Klare avgjerdslinjer: Gjennom stillingsomtalar som blir vurderte kvart år, syter vi for at avgjerdsmynde og oppgåvefordeling er kjend for alle. Stillingsomtalane klargjer kjerneoppgåver, sikrar arbeidsdeling og samarbeid, gir retning for eigenutviklinga, og dei endrar seg i takt med endringar i verksemda. Oppdaterte rutinar: Vi utviklar vidare etablerte og skriftfesta rutinar, og vi arbeider meir systematisk med informasjon om og opplæring i desse rutinane. God og systematisk interninformasjon: Fleire medarbeidarar og lokalitetar har auka behovet for interninformasjon. Utoverretta i all vår gjerning: Ingen viktige prosjekt er avslutta før vi har informert om dei og formidla stoffet til andre. Systematisk resultatvurdering. Alle større prosjekt blir evaluerte fagleg og økonomisk, likeins kvar driftssesong og festival. Konklusjonane ligg til grunn for vidare idéutvikling.
176
Strategiske grunnkrav til innhald og drift: Visjonen «Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst» står fast Institusjonen går berre inn i nye prosjekt som ein blir invitert til å vere med på Nye avdelingar eller tiltak skal ikkje gå ut over eller svekkje etablert drift Avdelingane skal ha tydelege, eigne profilar Den samla kompetansen i konsernet skal utnyttast til beste for avdelingane Alle avdelingane skal arbeide under ein høgare himmel enn det eit personmuseum gir Kvar avdeling skal ha eit stort nok fagmiljø til å vidareutvikle eiga drift
26.4 Økonomistyring Nynorsk kultursentrum har like sidan 2000 følgt to prinsipp i alt budsjettarbeid: nøkterne inntekter og realistiske kostnader. Alle fast tilsette er involverte i arbeidet med dei årlege drifts- og investeringsbudsjetta, og med rekneskapsrapportane gjennom året. For å sikre god økonomistyring har Administrasjonen ei særleg oppgåve som talknusar og rådgivar for heile institusjonen. 26.5 Langtidsplanar Nynorsk kultursentrum har utvikla og reviderer regelmessig 11 langtidsplanar som styringsdokument for verksemda. Det inneber at oppgåvene til kvar medarbeidar er forankra i minst éin langtidsplan. Langtidsplanane konkretiserer Visjon og strategi, og Visjon og strategi endrar langtidsplanane. Alle planane blir drøfta og godkjende av styret, dei fleste med tre års mellomrom. Kvart år i perioden 2016–2019 blir fire langtidsplanar reviderte. Kvar langtidsplan er omtalt under det kapitlet langtidsplanen er aktuell for. 26.6 Fast eigedom Vinje kommune bør bli ståande som eigar av Vinje skule og Vinjestoga, og Vinjar blir verande eit andelslag. 26.7 Driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum Vinje-senteret blir organisert som driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet og Hauge-senteret. Dagleg leiar blir medlem av leiargruppa i konsernet. Styret i Nynorsk kultursentrum er det øvste organet, og direktøren rapporterer til styret. Eit stilisert organisasjonskart er sett opp i figur 3. Det blir ikkje oppretta noko lokalt eigarstyre, venelag eller liknande. Då musea blei slått saman til større einingar frå 2000, skipa mange lokale eigarstyre, i mange tilfelle for å dempe moglege lokale konfliktar, og ofte for å ta vare på den lokale eigarskapen som alt fanst. Nokre museum har også partsrepresentasjon i styra sine. Nynorsk kultursentrum har valt annleis. Styret er fullt ut sett saman ut frå kompetanse, ikkje representasjon, og det blei ikkje oppretta noko eigarstyre då Hauge-senteret blei etablert. Kvar driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum skal ha sin tydelege profil innanfor heilskapen, både fagleg og visuelt.
177
Figur 3. Konsernstruktur Nynorsk kultursentrum
26.8 Drift heile året Vinje-senteret skal ha faste opningstider og bør planleggjast for heilårsdrift. I Nynorsk kultursentrum inneber det faste opningstider seks dagar i veka, måndag–fredag og søndag, i sommarsesongen alle dagar. Klokkesletta blir til ein viss grad tilpassa lokale tidsrytmar, men blir også styrt av avtaleverk. Over tid kan det vere føremålstenleg å redusere opningstidene i delar av lågsesongen. 26.9 4–5 fulle stillingar Vinje-senteret må passere nivået for minste kritiske masse, som i dette tilfellet inneber å ha eit fagmiljø som er stort nok til å handtere oppgåvene og til å utvikle seg sjølv. Etter mønster frå Hauge-senteret bør Vinje-senteret ha desse stillingane: Dagleg leiar Dokumentasjonsansvarleg Formidlar Salssekretær Alle desse vil ha kollegaer i alle andre driftsavdelingar. Vinje-senteret bør som nemnt bruke journalistiske metodar og sjangrar i formidlingsarbeidet sitt (sjå kapittel 17.2). Det føreset at formidlaren primært har journalistisk bakgrunn og kompetanse, medan ein til vanleg vil etterspørje didaktisk kompetanse i den stillinga. Ein slik stillingsprofil vil vere ein fin pluss til resten av staben i Nynorsk kultursentrum. Ein av medarbeidarane bør ha litteraturfagleg bakgrunn frå arbeid med prosa. Med fire heiltidsstillingar som minste kritiske masse må oppgåvene avgrensast i praksis. Denne prosjektplanen peikar nok forbi det ein realistisk kan vente av ein stab på fire fast tilsette, men dei skal kunne bevege seg innanfor dei rammene som er sette med denne planen. Med Vinje-senteret som avdeling i Nynorsk kultursentrum får medarbeidarane 18 kollegaer ved avdelingane i Ørsta og Ulvik som alle arbeider med språk og litteratur. Ingen museum i Noreg kan tilby noko liknande.
178
26.10 Kultur- og driftsfaglege konsekvensar internt Med Vinje-senteret på plass har Nynorsk kultursentrum som det einaste museet i Noreg driftsavdelingar i tre fylke og to landsdelar. Det forsterkar Nynorsk kultursentrum som ein nasjonal institusjon. Ein ny avdeling vil gjere konsernet større og vil tilføre Nynorsk kultursentrum endå meir kunnskap, erfaring, kompetanse. Det kan også gjere det mogleg å profesjonalisere fleire funksjonar. Nettopp Vinje-forfattarane bind dei tre driftsavdelingane saman og utvidar tidslinja for arbeidet. Gjester som kjem til eit av musea, kan få lyst til å vitje dei andre. Då Nynorsk kultursentrum skulle utvikle Hauge-senteret, la dei tilsette stor vekt på at dei ikkje ville miste den fellesskapen og den bedriftskulturen som var blitt forma over mange år. Det same la dei tilsette vekt på då prosjektplanen blei drøfta på eit internt seminar i januar 2016. Den fellesskapen og den delekulturen som no pregar det daglege arbeidet, må førast vidare og gjerne styrkjast. Det kan hende at den same profilen for Nynorsk kultursentrum blir meir uklar med ei tredje driftsavdeling av di Aasen-tunet arbeider med ein heil skriftkultur, Hauge-senteret og Vinje-senteret med sjangrar innanfor dei to norske skriftkulturane. Eit større konsern må arbeide meir med interninformasjon og felles forståingsformer. Dette vil også seie at Nynorsk kultursentrum undervegs må vurdere arbeidsfordelinga mellom medarbeidarar og mange stillingsprofilar. Institusjonen har ein storleik som inneber at ein enno må leve med delte stillingar og funksjonar. Særleg kommunikasjonsarbeid, administrative oppgåver og arbeid med Den kulturelle skulesekken er område der institusjonen treng meir ressursar og kanskje ei anna organisering. Med Vinje-senteret som ny driftsavdeling må Nynorsk kultursentrum styrkje fellesfunksjonen, særleg ikt og kommunikasjon. Tre timar reisetid seg imellom gjer driftsavdelingane i Ulvik og Vinje til naboar i konsernet. Dette vil bli utnytta i det daglege arbeidet til fordel for tilsette ved begge avdelingane. Per 2016 har Nynorsk kultursentrum ein medarbeidar med hovudfag i litteratur (direktøren) og to med mastergrad i språk. Med Vinje-senteret treng konsernet meir litteraturfagleg og mediefagleg kompetanse. Å etablere og integrere ei ny avdeling i ein eksisterande organisasjon kostar tid og pengar. Mange administrative system skal byggjast om og tilpassast den nye organisasjonen som då tek form. Delar av dette arbeidet tek Nynorsk kultursentrum sikte på å gjennomføre i 2016 (så kapittel 30.1). 26.11 Rammevilkår for tilsette Nynorsk kultursentrum skriv arbeidsavtale med alle tilsette ved Vinje-senteret og svarar for all løn m.m. til desse. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og har med avtaleparten Forskarforbundet tariffavtale og særavtale om lokalt arbeidsreglement som utdjupar Landsoverenskomst for museer 2015–2018. Alle tilsette er medlemer i Statens pensjonskasse som inkluderer avtalefesta pensjon, og verksemda har både ulykkesforsikring og gruppelivsforsikring. Det ligg føre stillingsomtalar for alle stillingane i avdelingane. Desse går medarbeidar og overordna gjennom kvart år som ein del av medarbeidarsamtalen. Omtalar av nye stillingar blir utforma i samråd med medarbeidarane.
179
26.12 Stillingsprofil dagleg leiar Stillingsprofilen for dagleg leiar markerer retning og mål. Dette er den første medarbeidaren som skal tilsetjast, og den tilsetjinga avgjer direktøren i Nynorsk kultursentrum. Den som blir dagleg leiar, skal så sjølv tilsetje medarbeidarar i dei andre stillingane. Utlysingsteksten blir dermed også ei marknadsføring av den nye arbeidsplassen. Teksten nedanfor byggjer på den utlysinga som førte til at Geir S. Netland blei tilsett som dagleg leiar ved Hauge-senteret. Dette er eit framlegg som vil bli drøfta nøye i leiargruppa før utlysing. Vil du byggje opp ein ny nasjonal kulturinstitusjon frå grunnen av? Frå kontor i Vinje leier du arbeidet med å utvikle Vinje-senteret i retning av eit dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting og journalistikk. Her får du brukt alt du kan om kunst og strategi, økonomi og administrasjon, planlegging og utoverretta verksemd. I tett samspel med arbeidsfellesskapen i Nynorsk kultursentrum utviklar du fagmiljø, varierte publikumstilbod og driftssystem ved senteret innanfor dei rammene og retningslinjene som er gitt av styre og direktør. Dei viktigaste oppgåvene er å tilsetje medarbeidarar, leie arbeidet med utstillingsplan, og utvikle og gjennomføre ein strategisk plan for tida fram til opning. Du får personal- og budsjettansvar, rapporterer til direktøren og er med i leiargruppa for Nynorsk kultursentrum. Vi ser for oss ein inkluderande og offensiv leiar som vinn tillit lokalt og i litteraturfaglege miljø i inn- og utland. Røynsle frå prosjekt- eller personalleiing er nødvendig, bakgrunn frå museum eller annan kulturinstitusjon er ønskjeleg, god kjennskap til litteratur og/eller journalistikk må til, og du kjem lengst med hovudfag eller mastergrad. Alle nye medarbeidarar går gjennom eit grundig introduksjonsprogram. Hos oss nyttar alle nynorsk skriftleg. Stillinga krev stø språkføring på nynorsk og god kjennskap til eitt framandspråk. Nynorsk kultursentrum er medlem i Virke. Vi tilbyd ein positiv bedriftskultur og engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, afp-ordning, gruppelivsforsikring og løn etter avtale. Fleire opplysningar får du på tlf. 70 04 75 70 hos direktør Ottar Grepstad (mobil 906 16 727). Grip sjansen: Send søknad med cv og attestar seinast fredag 12. august til admin@aasentunet.no. 26.13 Fellesfunksjonar Avdelinga Administrasjonen i Nynorsk kultursentrum dekkjer ei rekkje fellesfunksjonar for heile konsernet. Dette sikrar effektiv og samordna drift med lågare kostnad enn om kvar eining skulle dekkje alt sjølv. Fellesfunksjonane i Nynorsk kultursentrum er mange: Personalforvaltning Avtaleverk Administrative rutinar Driftsfunksjonar Kommunikasjon Styre og råd Rekneskap Revisjon Talknusing
180
Strategisk utvikling Nettverkbygging nasjonalt Utgreiingar Det blir ført eigen avdelingsrekneskap for Vinje-senteret, og revisjon av denne rekneskapen er ein del av den samla revisjonen for konsernet. Rekneskapsførar per 2016 er Voldaregnskap AS i Volda. Nynorsk kultursentrum skal ha statsautorisert revisor, og vald revisor er Hovden & Vatne statsautoriserte revisorar AS i Ørsta. Felles ikt-system blir levert av Tussa IKT i Ørsta. 26.14 Leiargruppe og fellesgrupper Nynorsk kultursentrum har oppretta fleire formelle grupper som arbeider systematisk med definerte oppgåver. I desse gruppene skal Vinje-senteret vere representert: Leiargruppe: dagleg leiar Nettredaksjon: formidlar Eventuell dokumentasjonsgruppe: dagleg leiar Programgruppe: formidlar Salsgruppe: salssekretær 26.15 Internkommunikasjon I reisetid er det seks timar mellom Ørsta og Vinje via Gardermoen, seks timar mellom Ulvik og Ørsta, og tre timar mellom Vinje og Ulvik. Fleire museum har like store interne reiseavstandar. Nynorsk kultursentrum har sidan 2011 brukt videomøte systematisk og har gode røynsler med dette formatet. Dette vil bli den vanlegaste møteforma mellom Vinje. Ulvik og Ørsta. Det er viktig at medarbeidarane kjenner kvarandre personleg, og alle tilsette møtest minst to gonger i året, til årsavslutning i desember og stabsseminar i januar. Stabsseminaret i januar 2017 blir lagt til Vinje. 26.16 Teknisk drift Krava til teknisk drift i ei verksemd som Vinje-senteret er høge og føreset påliteleg og til tider rask problemløysing. Vinje-senteret blir leigetakar hos Vinje kommune, og funksjonen driftsansvarleg må løysast gjennom samarbeid med teknisk etat i kommunen. 26.17 HMT-plan Nynorsk kultursentrum blei omorganisert i 2011. Etter ein grundig intern prosess fastsette direktøren Helse, miljø og tryggleik: HMT-plan 2013–2014 vinteren 2013. Samstundes etablerte direktøren eit internkontrollutval som følgjer opp denne planen. I dette utvalet sit direktør, verneombod og styremedlem vald av dei tilsette. Funksjonstida for den første HMT-planen blei utvida til 2015. Etter ein kort revisjonsprosess fastsette direktøren HMT-planen for perioden 2016–2017 i desember 2015. Når den første arbeidsplassen er oppretta i Vinje-senteret, blir den nye avdelinga integrert i HMT-planen.
181
26.18 Administrativ handbok Like sidan 2000 har Nynorsk kultursentrum forma interne rutinar og samla desse i Administrativ handbok. Dette sikrar personuavhengig kunnskap, betre arbeidsmåtar og effektiv drift. Rutinane er jamleg blitt oppdaterte, men dette arbeidet er blitt forseinka etter omorganiseringa frå 2011. Difor er dette ei av dei prioriterte oppgåvene i 2016. Alle rutinane vil gjelde for Vinje-senteret også, men ikkje alle er like relevante. I revisjonsarbeidet blir det teke omsyn til Vinje-senteret, men alt kan ikkje tenkast ut på førehand. Når drifta er komen i gang, vil leiinga vurdere kva rutinar som bør justerast som følgje av den nye avdelinga.
Då Ulvik herad sette i gang Olav H. Hauge-prosjektet på slutten av 1990-talet, var målet å få etablert ulike arenaer og organisasjonar som kunne stå for formidling av Hauge sin diktekunst. Etter målretta planlegging og mange konkrete tiltak opna Hauge-senteret dørene i september 2014. Det har gjeve fire heile stillingar med høg fagleg kompetanse, og me har fått ny bruk av det gamle heradshuset som eit kulturhus. Utan samarbeidet med Nynorsk kultursentrum ville senteret ikkje sett dagens ljos. Så langt har denne konsolideringa på alle måtar svart til forventningane me hadde. Hans Petter Thorbjørnsen, ordførar Ulvik herad
182
27
Lokalisering
Christian Skredsvig: Vinjes barndomshjem Plassen i Telemark, 1887. Nasjonalgalleriet
Det blir lett å kome til Vinje-senteret, og det skal vere lett å bli verande der. Vinjesenteret blir lagt til Vinje skule like ved E134 eit kvarter frå kommunesenteret Åmot og midt mellom Bergen og Oslo. Hovudetasjen i Vinje skule frå 1973 blir bygd om for Vinje-senteret. Underetasjen kan då disponerast til næringshage og andre føremål. Vinjar samfunnshus frå 1959, teikna av Arnstein Arneberg, fargesett av Henrik Sørensen og bygd på dugnad, ligg vegg i vegg med Vinje skule og blir sambruk for større arrangement. Utanfor er der alt parkeringsplass for 50 bilar, og det er god offentleg økonomi å bruke om att bygningar og anlegg som alt finst.
27.1 Bakgrunn Då Vinje kommune lanserte og formulerte ideen om eit Vinje-senter i kommunedelplanen for kultur i 2012, var lokalisering eit ope spørsmål. Alt året etter blei Vinje skule lagd ned, og staden blei då raskt aktuell for Vinje-senteret. Dette viser att i den intensjonsavtalen som Vinje
183
kommunestyre vedtok i 2014. Sjølve avtalen er kort, og mange sider av saka er utdjupa i eit langt vedlegg. I dette vedlegget heiter det i punkt 8: Partane er samde om at Vinje-senteret må ha ei føremålstenleg lokalisering. Det ligg alt føre eit framlegg om å leggje Vinje-senteret til Vinje skule og Vinjar. Same kva løysinga blir, føreset partane at bygning skal formast eller setjast i stand i samsvar med moderne krav til arkiv og museum. Nynorsk kultursentrum hjelper til med å skaffe nødvendige fagfolk til dei vurderingane dette inneber. Nynorsk kultursentrum legg til grunn at Vinje-senteret blir lokalisert til bygning eigd av Vinje kommune og difor ikkje må ta på seg eit eigaransvar for bygningar og anlegg. Partane deler ein intensjon om at Vinjestoga blir integrert i Vinje-senteret. Spørsmålet om lokalisering var framme då kommunestyret drøfta og godkjende denne avtalen. Drøftinga enda med eit todelt vedtak. Med 22 røyster mot 1 røyst slutta Vinje kommune seg til intensjonsavtalen med Nynorsk kultursentrum. Vidare vedtok kommunestyret samrøystes: Vinje kommune inviterer Liv i Vinje og andre lag og organisasjonar, som har interesse for etterbruk av Vinje skule, til eit samarbeidsmøte før ein jobbar vidare med eit litteratursenter. Med den formuleringa peika eit samrøystes kommunestyre eintydig på Vinje skule som staden for eit eventuelt Vinje-senter. Samarbeidsmøtet blei halde i Åmot 4.4.2014 med brei deltaking. Mange konsekvensar av det å leggje senteret til Vinje skule blei kommenterte og drøfta, men ingen tok til orde for alternativ til Vinje skule. Etter dette var lokalisering ikkje noko tema i møte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum. I minst eit av dei mange møta Nynorsk kultursentrum hadde med lokale aktørar hausten 2014, blei derimot spørsmålet kommentert, utan at handfaste alternativ var framme. Nynorsk kultursentrum sende frå hausten 2014 ut fleire meldingsbrev til mange ulike mottakarar om arbeidet med Vinje-senteret. Der gjekk det klart fram at Vinje skule kom til å vere staden for Vinje-senteret. Då Nynorsk kultursentrum tok til på arbeidet med prosjektplanen, var berre nokre få faktorar fastlagde. Dei viktigaste var at Vinje-senteret skulle bli ei avdeling i Nynorsk kultursentrum, senteret skulle vere ope heile året, og Vinje-senteret skulle lokaliserast til Vinje skule. Å leggje Vinje-senteret til Vinje skule og på den måten også auke bruken av Vinjar samfunnshus er å verne desse bygningane gjennom bruk (sjå kapittel 4.5). 27.2 Kultursentrum og allfarvegar Nynorsk kultursentrum blei oppretta som Ivar Aasen-stiftinga i 1993 og skifta namn til Nynorsk kultursentrum fem år seinare. I det låg ei klar kulturpolitisk melding om at Noreg er eit samfunn med meir enn eitt sentrum. Den tankegangen har prega verksemda ved institusjonen heile tida. Hovudarenaen for Nynorsk kultursentrum er Ivar Aasen-tunet, oppretta av Stortinget i 1995 som nasjonal kulturinstitusjon. I 2018 har stiftinga 25 års røynsle med sentrum og avstand. Nynorsk kultursentrum er ein av svært få nasjonale institusjonar som verken ligg i ein by eller ein bygdeby, men som held til fleire kilometer unna tettbygde område. Det kostar meir å drive ein slik institusjon enn ein som ligg i ein storby, men det gir også eit større strategisk handlingsrom av di det er meir uavhengig av etablerte og kanskje fastlåste tankemønster.
184
Ideen om Vinje-senteret og arbeidet med denne prosjektplanen er blitt teke godt imot. Det vesle av skepsis som har vore fanga opp, har kome frå leiinga i interesseorganisasjonar for mediebransjen i hovudstaden. I eit par møte har meldinga vore at «jo, men Vinje ligg langt utanfor allfarveg». Ser ein etter, ligg nok det meste utanfor allfarveg. Sjølv dei største hovudtrafikkårene står for ein mindre del av trafikken. Det er med ordet allfarveg som med ordet allmenn – dei fleste interessene representerer mindretal. Kulturpolitisk kan ein gjere fleire stader til sentrum. Framlegget om E134 som prioritert stamveg inneheld ei mogleg omlegging som gjer at E134 blir lagd over Rauland og ikkje lenger går gjennom Åmot og forbi Vinje-grenda (sjå kapittel 10.9). Det ville innebere at gjester i bil austanfrå eller vestanfrå må svinge av og truleg køyre om lag 20 km ekstra for å kome til Vinje-senteret. Om dette blir den endelege løysinga, var uvisst ved inngangen til 2016, og like uvisst er det når det blir sett trafikk på ein slik trasé. Utgreiinga frå Statens vegvesen er eit forarbeid til Nasjonal transportplan 2018–2027. Vinje-senteret vil i det minste vere trygt etablert og i full drift lenge før vegen eventuelt blir lagd om. Då er det også lettare å profilere staden i det nye trafikkbiletet. Skulle traseen bli lagd om, er det betre å halde til ved ein avkøyrsel frå hovudstamvegen enn å liggje i eit ingenmannsland. Fysiske rammevilkår påverkar det ein kan gjere. Vinje-senteret ligg lenger unna tettbygde strøk enn Hauge-senteret. Som Aasen-tunet ligg Vinje-senteret utanfor kommunesentera, men som Aasen-tunet ligg det tett ved ein europaveg. Denne blir verande eit av to heilårssamband mellom Bergen og Oslo. Fagmiljøet i mellom anna norsk ved Høgskolen i Telemark ligg halvannan time unna. Haukeliekspressen bruker 5 ¼ time frå Bergen til Vinjar og 4 timar frå Oslo til Åmot; verre er det ikkje. Vinje-senteret blir forma for å vere med og etablere meir kunnskap og kompetanse utanfor hovudstaden. Det blir gjort ved å plassere det nasjonale i det lokale og sjå det lokale i det nasjonale. Sikkert er det likevel at kulturinstitusjonar av typen Vinje-senteret må formast og profilerast slik at dei får forbifarande til å stoppe. Denne stoppeffekten er summen av arkitektur, visuelle og estetiske element, allmennkunnskap om senteret og kor godt senteret profilerer seg i massemedium og sosiale medium. Det gjeld å kome på folkemunne. Samstundes må det vere lett å kome dit og lett å bli verande. Same kor gode dei faglege publikumstilboda er, hjelper det lite viss der ikkje er lett å parkere eller kome dit med offentlege transportmiddel, eller viss det er dårlege publikumsfasilitetar. For mange står toalett øvst på lista når dei er framme. 27.3 Stader med minneverdi Busetnadsmønster, trafikkmønster, funksjonalitet og stadutvikling er faktorar som går att når bygningar og anlegg skal plasserast. Dei faktorane skal ikkje neglisjerast når kulturinstitusjonar med minnepolitiske funksjonar skal plasserast heller, men då er det meir som tel. Autentisitet er det viktigaste. Eit anna ord for det same kan vere minneverdi, all den tid alle museum mellom anna handlar om minnepolitikk (sjå kapittel 5.1). Stader som har spelt ei historisk rolle (Stiklestad), som har vore heimstad (Troldhaugen), som alt lenge har utgjort eit reisemål (Aasen-tunet) – slikt tilfører besøksmålet ein minneverdi som er unødvendig for ein skulebygning, eit hotell eller eit kulturhus. Bustad, skrivestad, biografi er med og legitimerer senteret som reisemål for gjestene. Denne autentisiteten opnar for særmerkte
185
forteljingar som ikkje ville gi same meining andre stader. Historia om staden er såleis ein minnepolitisk faktor som er med og gjer ein ny institusjon viktig. Denne autentisiteten kan hentast ut sjølv om institusjonen ikkje blir bygd vegg-i-vegg med dei historiske minna. Hauge-senteret held til i det gamle rådhuset i Ulvik sentrum, eit par kilometer nedanfor Rossvoll, der Olav H. Hauge budde i over 50 år, og kyrkjegarden der han er jordfesta. Det viktige er at Hauge-senteret ligg i Ulvik og så nær Rossvoll at publikum lett kan kome til utgangspunktet. Eit Hauge-senter på Voss, 45 km unna, ville ha vore noko heilt anna. Det same gjeld for Aasen-tunet. Då ideen om nybygg tok form i 1990, var det sjølvsagt at det skulle plasserast i det tunet Ivar Aasen kom frå, og der det hadde vore museum sidan 1898. Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda, no Høgskulen i Volda, ligg sju km unna. Høgskulen var i beit for meir plass, og leiinga arbeidde aktivt for at det nye museet skulle plasserast på campus i Volda. Saka blei sett på spissen då nokre aktørar tok til orde for å leggje det nye museet til Oslo, med mindre høgskulen gav seg. Det avslutta diskusjonen. Plasseringa kunne løyse husproblemet for høgskulen, men ville tømt Aasen-tunet for autentisitet. Å byggje Aasen-tunet sentrumsnært ville gitt museet fleire stikk innom-gjester, særleg i kafeen, men grunnlinja i historia om hovudpersonen ville ha blitt skoren over. Den minneverdien som ligg i det autentiske, kan truleg aldri kompenserast med løysingar som måtte vere meir praktiske og funksjonelle. Berre i større byar kan slike kulturinstitusjonar brukast som verkemiddel i stadutviklinga. Kvar operaen skulle plasserast i Oslo eller Grieghallen i Bergen, kunne ikkje og måtte ikkje grunngivast minnepolitisk. Det står fast at det autentiske i dette prosjektet ligg i Vinje, at det var Vinje kommune som tok initiativet, og at det er svært ulike miljø i Vinje som saman med Vinje kommune har gjort det mogleg å ta den store ideen over til området for realisering og gjennomføring. Vidare lokalt samhald vil styrkje ideen og lette alt som skal gjerast for at Vinje-senteret ein dag kan opne dørene med eit komplett publikumstilbod. 27.4 Vinje skule Før Rauland og Vinje blei éin kommune i 1964, var Bøgrend kommunesenteret i gamle Vinje kommune. Ein av elevane på Kosa-skulen i Bøgrend heitte Tarjei Vesaas. Kosa-skulen og Smørklepp skule lenger vest blei frå 1973 slått saman til Vinje skule med nybygg i Vinjegrenda. Denne skulen ligg berre eit par hundre meter frå Plassen der A.O. Vinje voks opp, på andre sida av riksvegen vestover. Vinje skule er teikna av Gunnar Sandvik og var barneskule til og med våren 2013. Planteikningar for skulen har vore tilgjengelege i arbeidet med prosjektplanen (vedlegg 8). 27.5 Vinjar samfunnshus Trioen Aslak Juvland, Aslak Myran og Knut Nordstoga tok initiativet til å reise Vinjar samfunnshus.149 Så seier soga at Henrik Sørensen bad venen Arnstein Arneberg om å teikne huset. Det gjorde Arneberg i 1956–57.150 Den endelaust lange lista over verka hans inneheld både Oslo rådhus og Lille Tøyen hageby i Oslo (saman med Magnus Poulsson), Skaugum, Volda kyrkje, og innreiinga i salen til Tryggingsrådet til Sameinte nasjonar i New York. Framstillinga byggjer på Bjørg Krossbakken: «Soga om samfunnshuset og kunstutstillinga», Vinjeutstillinga 20 år 1960–1980, programavis [Vinje 1980]. 150 Morten Ole Munch: Arnstein Arneberg, Oslo 2006, s. 440. 149
186
Arneberg fekk ikkje noko honorar, og lokal kronerulling og mange dugnadstimar måtte til for å få reist bygningen. Sørensen følgde nøye med undervegs. Kunstnarvenen hans, Harald Kihle, hadde hovudansvaret for fargar og interiør. Sørensen støtta han i det han gjorde og var bestemt på at det ikkje skulle bli det han kalla kaffistovefargar. På Smørklepp, der Sørensen heldt hus, samla det seg ein kunstnarkoloni, og Henrik Sørensen ville at kvar av dei skulle gi kvart sitt kunstverk til nybygget. Det var det mange som gjorde. Vinjar blei opna 30.12.1959 med ei svart stripe oppe under taket som blei kalla «Livets sørgebånd». Bygningen var i kvitpussa mur som seinare blei kledd med panel. Der er ein solid tradisjon for 17. mai-feiring, julekonsert og juletrefest tredjedag på Vinjar. Sjølv om skulen er lagd ned, har desse feiringane halde fram i beste velgåande. Det har også andre sosiale fellestiltak i Vinje-grenda (sjå kapittel 11.9). Grendelaget Liv i Vinje bruker Vinjar fire–fem gonger i året, utanom faste måndagsmiddagar frå september til juni. Det går greitt å servere over 100 personar i underetasjen. Der er difor også noko utleige til private familiearrangement av typen bryllaup. Vinjeutstillinga har tradisjonelt disponert både over- og underetasjen i Vinjar 15.6.– 15.8. Utstillinga plar romme målarkunst og skulpturar oppe, mindre ting nede. I arbeidet med prosjektplanen var det fleire som varsla ønske om å kunne bruke Vinjar. Det er Vinje kommune som administrerer utleige, handterer vedlikehald og reinhald, og syter for straum. Etter at skulen blei lagd ned, ser det ut til at det er blitt noko uklare grenser for kven som gjer kva. Planteikningar for Vinjar har vore tilgjengelege i arbeidet med prosjektplanen (vedlegg 8). 27.6 Uteområdet Der er ferdig parkeringsplass for om lag 50 bilar. I Vinjar er det døgnope toalett med tilgjenge utanfrå. Med enkle midlar kan dette omformast og integrerast i drifta av Vinje-senteret ved at eit breitt utval bøker blir plassert der, og vips, velkomen til det einaste litteraturtoalettet i landet. Som nemnt i kapittel 4 ligg to gravhaugar frå eldre jernalder like ved Vinjar og Vinje skule. Drifta av Vinje-senteret kjem ikkje i konflikt med desse, men vil gjere at fleire får vite om dei. I dag ligg gravhaugane i eit skogholt som gjer dei usynlege frå vegen. Skogholtet med gravhaugane ligg på privat grunn eigd av Tarjei Romtveit Thoresen. Då Vinje skule blei bygd, opna Vinje kommune terrenget rundt den eine gravhaugen. Vinje kommune avtalte i januar 2016 hogst i området med grunneigaren, om lag 20 meter frå vegen og innover. Det er også ønskjeleg at skogen blir tynna på sørsida av E134 i svingen før ein kjem ut på flata der Vinje-senteret ligg. For å kome frå Vinje-senteret til Vinjestoga eller omvendt, må gjestene gå langs og krysse E134 på ei bein, lang strekning med høg fart. Her kjem det til å gå både barnehageborn, lett gangføre folk og eldre menneske med vekslande ganglag. Då Vinje skule blei lagd ned, la kommunen førebels til sides tanken om å byggje gangveg langs hovudvegen. For å sikre trygg ferdsel for alle er det nødvendig med skilta overgang, helst også gangveg. 27.7 Teknisk vurdering I samband med drøftinga av intensjonsavtalen i Vinje kommunestyre la ein vekt på at det måtte avklarast om bygningar og anlegg heldt mål i utgangspunktet. Det var difor viktig å
187
gjennomføre ei teknisk synfaring, og Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum var samde om at denne synfaringa burde gjerast av uavhengige faginstansar. Etter avtale med Vinje kommune gjennomførte difor arkitekt Henrik Hille frå arkitektfirmaet Hille & Strandskogen i Oslo og byggteknisk konsulent Ottar M. Skare frå Per Mulvik AS i Volda teknisk synfaring 16.6.2015. Representantar frå Vinje kommune var til stades. Heile bygningsmassen blei gjennomgått innvendig og utvendig og det var i tillegg sett på uteområda. Synfaringa var i det vesentlege basert på visuelle registreringar, ikkje destruktiv kontroll, og supplerte med måltaking. Det blei gjennomført ei rekkje målingar med piggelektrodar gjennom golvbelegg for å avdekkje fukttilstanden mot grunnen. Desse målingane er ikkje vitskaplege, men byggjer på lang erfaring frå skade- og tilstandsvurdering. I tillegg blei det teke mange foto for støtte i seinare planlegging. Ut frå alderen på bygningane fekk den byggtekniske konsulenten eit generelt godt inntrykk av bygningsmassen. Mellombygningen mellom Vinje skule og Vinjar krev tiltak. Der var det støvkondensering (dårleg isolert mot loftet), litt muselort på loftet (sett gjennom luka) og fuktproblem mot grunnen. Det har vore ein lekkasje i overgangen mellom Vinjar og mellombygningen, og der ser det ut til at taket har fått seg ein svai, men utan samanbrot i konstruksjonen. Dette kan ha kome med takras frå Vinjar, men det einaste konkrete konsulenten fann, var at takflata var noko deformert over punktet der det har vore lekkasje. Det tyder på beslagskader i takovergangen mot Vinjar. På taket over Vinje skule var der nokre knuste taksteinar. Desse kan truleg erstattast om det blir aktuelt å halde på taket slik det er i dag. Veggene blei ikkje undersøkte for skader i skjulte konstruksjonar utover det som kunne registrerast visuelt og utan å opne konstruksjonane. Ein fann saltutslag i toalettavdelinga i underetasjen på Vinje skule, og det kan kome frå avgrensa kapillært oppsug gjennom fundamenta, utan målbar spreiing til golvbelegga. Stikkmålingar gjennom golvbelegga i underetasjen på Vinje skule (Protimeter MMS med piggelektrodar) tyder på tørre golv i skuledelen. I Vinjar var det noko fukt som tyder på at fuktsperra mot grunnen er for knapp. Det kan sjå ut til at det er lagt på ein tynn flytsparkel med ein slags fuktsperrefunksjon under nye golvbelegg i trappegangen, matsalen og i kjøkkenet. Det ser ut til å vere varierande resultat med vekslande tørt og punktvis fukt. I møterommet mot trappegangen er det gamalt golvbelegg med synlege blærer og noko fukt. I det andre møteromet er det ikkje synlege blærer, men punktvis noko høgt fuktnivå under gamalt golvbelegg. I «lageret» i garderoben/trappegangen var det gamalt golvbelegg og markert fuktutslag. Fuktutslaga byrjar i mellombygningen (på dei to trappetrinna mot «Forming» i Vinjar). Ut frå si røynsle tolkar Skare dette til at dreneringa ikkje er spesielt dårleg, men at det er tvilsam fuktsperre som ein har prøvt å utbetre med ymse primer/tynnstøyp. Det er ikkje direkte vått, men fukt som kan vere tvilsam med tanke på mogleg muggvekst i limsjiktet, med dei konsekvensar det kan ha for innemiljøet. Noka spesiell «kjellarlukt» kjende han likevel ikkje. Gjenpussing under vindauga viser at kjellarglasa i Vinjar har vore heva. Det heng nok saman med problem med vassinntrenging ved snøsmelting langs veggen. Dette kan også vere ei mogleg forklaring på noko av det som er av fukt innvendig. Historikken for dette er ukjend. Dei tekniske installasjonane (sanitæranlegg, ventilasjon og elektrotekniske installasjonar) er av varierande alder og modernitet. Ein kan ikkje rekne med at Vinje skule stettar dei krava brukar eller styresmakter har i dag. Det blei informert om fleire tilfelle av groptæring i
188
sirkulasjonsleidningen (jf. slangeklemme på eit vassrøyr i toalettavdelinga nede), og det vil vere uforsvarleg å leggje ned store kostnadar i modernisering utan å oppgradere røyrnettet. I alle fall må dette vurderast nøye. I størst mogleg grad bør Vinjar haldast utanfor det byggjeprosjektet Vinje-senteret vil representere. Det blir raskt ein dårleg kost/nytte-verdi av tiltaka i den bygningen, særleg underetasjen (drenering, fukt- og kondensisolering, hovudombygging etc.), om ein går lenger enn til rein oppussing.
Me gler oss til å få ein ny granne! Ein nyfiken granne. Ein formidlande granne. Ein grundig granne. Ein inkluderande granne. Ein sosial granne. Ein raus granne. Ein morosam granne. Ein utfordrande granne. Ein granne som ikkje er vanskeleg å bjode på kaffi. Ein granne som blir verande og som skaper arbeid og liv rundt seg. Me ynskjer den nye grannen vår hjarteleg velkomen! Aasmund Nordstoga og Ingvild Lilletvedt Nordstoga, Plassen
189
28
Omfang og romprogram
Salen i Vinjar samfunnshus, teikna av Arnstein Arneberg, fargesett av Harald Kihle. Foto: Ottar M. Skare
Vinje-senteret treng om lag 550 m2 utanom korridorar og fellesområde med Vinjar. Av det går 300 m2 til utstilling og formidling, 90 m2 til publikumsområde og vel 110 m2 til tilsette og drift. Dette er lite målt mot nybygg for norske museum, men vesentleg meir enn Hauge-senteret i Ulvik, den billigaste nasjonale kulturinstitusjonen som er blitt opna på lang tid. Vinje-senteret blir likevel eit av dei største litterære musea i Noreg. Det kan måle seg med Hauge-senteret i tal tilsette, men vil disponere eit mykje større areal. Berre Aasen-tunet i Ørsta og Hamsunsenteret på Hamarøy har fleire fast tilsette. 28.1 Omfang Denne prosjektplanen føreset at Vinje-senteret disponerer om lag 550 m2 i Vinje skule og mellombygningen til Vinjar. Det inneber at senteret blir blant dei mindre i landet. Tabell 16 viser nøkkeltal for ein del nyare museum:151 Typiske storleikar er frå 1200 m2 og oppover.
Nasjonalt Garborgsenter: Prosjektplan. Godkjent av styringsgruppa 30.10.2006; KF Petter Dass Eiendom: Søknad ombidrag til utvikling av Petter Dass-museets utstillinger og formidlingskonsept 30.11.2006; Nordland fylkeskommune: Hamsunsenteret på Hamarøy. Utstillingskonsept 30.11.2008; informasjon frå leiarane ved ei rekkje institusjonar. 151
190
Omfanget er likevel stort nok til at det vil vere mogleg å lage eit moderne, dynamisk, interaktivt og levande Vinje-senter for dikting og journalistikk. Tabell 16. Nøkkeltal for nyare museum i Noreg
Aasen-tunet Petter Dass-museet Hamsunsenteret Garborgsenteret Vest-Telemark Museum DuVerden Sjøfartsmuseum og Vitensenter Hauge-senteret Prøysenhuset Sjøfartsmuseet Aust-Agder Romsdalsmuseet Norges Olympiske Museum Norsk reiselivsmuseum Nordkappmuseet
Ørsta Alstahaug Hamarøy Bryne Tokke Porsgrunn Ulvik Ringsaker Grimstad Molde Lillehammer Balestrand Hammerfest
Opna 2000 2008 2010 2011 2012 2013 2014 2014 2015 2016 2016 2016 2016
Areal m2 1590 1350 1471 800 2800 2000 300 1000 800 3500 650 1800 1200
Utstilling 350 450 500 500 500 1500 149 330 176 285 650 470 580
28.2 Romprogram Framlegget til romprogram byggjer på erfaringstal frå andre museum, mellom andre Aasentunet og Hauge-senteret. Romprogrammet inneber at Vinje-senteret disponerer om lag 550 m2. Av dette går vel 300 m2 til utstilling og formidling, 90 m2 til publikumsområde og vel 110 m2 til tilsette og drift. I tillegg kjem korridorar og fellesområde med Vinjar. Romprogrammet er sett opp i tabell 17 og kommentert nedanfor. Nødvendige gangareal er ikkje spesifiserte, og det er ønskjeleg at desse er mest mogleg plasseffektive. 28.3 Uteområde Det meste er på plass, men det bør vere to flaggstenger i kvar ende av området for å gjere det mogleg å vekkje merksemd med vimplar for senteret. Det må også leggjast til rette for ei uteservering nær inngangen til Vinje-senteret. Ei større oppgåve er om det kan lagast ein gangveg med merka overgang på E134 for alle som skal til og frå Vinjestoga (sjå kapittel 27.6). 28.4 Universelt tilgjenge Alle delar av Vinje-senteret skal vere tilgjengelege for rørslehemma og dei krava som gjeld for universelt tilgjenge. Dette stiller nye krav til hovudinngang Vinje-senteret, eventuelt også hovudinngang Vinjar og til utforming av overgangen mellom Vinje-senteret og Vinjar. 28.5 Resepsjon, butikk og kafé Publikumområde: Dette er staden der publikum først møter Vinje-senteret, og dette området må vere innbydande og funksjonelt. Planløysinga må vere slik at ein medarbeidar kan betene både resepsjon, butikk og kafé, men også ha ein arbeidsplass som er skjerma. Dette gir kostnadseffektiv drift. Publikumsgarderobe: Desse fasilitetane må vere tilpassa typiske behov for den verksemda Vinje-senteret er dimensjonert for.
191
Tabell 17. Rombehov Vinje-senteret Funksjon
Kvm
Samlingsforvaltning, utstillingar og formidling
315,0
Basisutstilling
180,0
Bibliotek m/inntil 350 hm (kan vere integrert i basisutstillinga)
50,0
Rom for temautstillingar og vandreutstillingar
25,0
Rom for filmvising m.m. 30 personar
50,0
Lite gjenstandsmagasin (utan vassrøyr)
10,0
Publikumsområde og garderobe
92,0
Resepsjon + butikk (1 arbeidsplass)
50,0
Garderobe klede
10,0
2 WC publikum, 1 HC WC
20,0
Garderobe og 2 WC tilsette
12,0
Drift
117,0
Kontor dagleg leiar m/møtebord
15,0
3 cellekontor
27,0
Møte- og pauserom 10 personar m/kjøkkenkrok og flatskjerm
20,0
Rom kopimaskin, skrivar, skannar, pakkedisk, post
10,0
Lager butikk, rekvisita
15,0
Teknisk rom, ikt m.m.
10,0
Søppelrom
4,0
Reiskapsrom snøbrøytar og grasklippar
8,0
Vaskerom
8,0
Klimaanlegg Loft Gangareal og fellesområde Vinjar Uspesifisert Ikkje prioritert eller anna løysing Produksjonskjøkken (underetasje Vinjar) Matvarelager (underetasje Vinjar) Garderobe, WC og dusj utøvarar (underetasje Vinjar) Sum
35,0 549,0
28.6 Samlingsforvaltning, utstillingar og formidling Basisutstilling: Dette er den viktigaste faglege møteplassen mellom publikum og tilsette. Planløysinga må vere slik at den fysiske utforminga av utstillinga ikkje er låst på førehand. Det er ein fordel om utstillinga er delt inn i fleire rom, gjerne med skiftande lysforhold.
192
Rom for temautstillingar: Der må vere eit eige rom for temautstillingar, og det er ønskjeleg at dette er plassert nær inngangen til basisutstillinga. Bibliotek: Vinje-senteret må ha eit bibliotek med plass til vesentlege delar av Gjestvang-boksamlinga, inntil 150 hyllemeter. Det skal ikkje vere nokon utlånsfunksjon i dette biblioteket, men det må vere høve til å sitje der og arbeide. Difor er det bra om dette kan skjermast noko frå resten av utstillingsområdet. Møte- og filmrom: Der må vere eit rom med god plass til om lag 30 personar, gjerne litt skjerma frå hovuddelen av utstillinga, utforma slik at golv og vegger toler litt handarbeid av ymse slag. Dette rommet må kunne brukast til formidling til grupper og skuleklassar, og til filmvising og krev såleis blending. Gjenstandsmagasin: Vinje-senteret treng berre eit lite gjenstandsmagasin. Det rommet må vere utan vassrøyr (sjå kapittel 28.13). 28.7 Drift Arbeidsplassar: Vinje-senteret treng plass til fem tilsette i form av lyse, gode cellekontor. Minste kritiske masse er fire heilårsarbeidsplassar (sjå kapittel 26.9), men utan eit ekstra kontor vil senteret miste vesentleg fleksibilitet ved arbeid med tidsavgrensa prosjekt og eventuell vekst i framtida. Kontoret for dagleg leiar skal vere større enn dei andre og gi rom til eit møtebord for små møte. Møterom: Der må vere eit pause- og møterom for dei tilsette, utstyrt med linjer for videomøte. Lager: Det trengst eit tørt, mørkt og kjølig rom for varelager til butikken. Rekvisita kan også gjerne lagrast her. Teknisk rom: Dei ikt-systema som trengst for drifta, blir drivne med eksterne tenester og dermed med datatenarar utanfor huset. Noko eige teknisk rom for dette er såleis ikkje nødvendig, men på høveleg stad må ulike rack kunne plasserast inkludert styringssystem for basisutstillinga. Vaskerom: For reinhaldarane må der vere eit lite vaskerom der dei kan oppbevare utstyr. Rommet bør ha plass til vaskemaskin og må ha sluk. Søppel og reiskapar: Det må finnast praktiske løysingar for dette. 28.8 Ikkje nødvendig eller prioritert Kjøkkenet i underetasjen på Vinjar dekkjer dei behova Vinje-senteret har for si enkle servering, sjølv om det blir eit stykke frå kjøkkenet opp og ut til uteserveringa. Noko eige rom for matvarelager trengst av same grunn ikkje. 28.9 Lys, fukt, temperatur Alle vindaugsflater i utstillingsdelen skal vere utstyrte med uv-filter. Vinje-senteret må ha eit sonedelt klimaanlegg som gjer det mogleg å tilpasse fukt og temperatur i ulike delar av bygningen. Dette anlegget kan installerast på loftet over hovudetasjen, der det alt er eit klimaanlegg. Ulike gjenstandar krev ulik temperatur og luftfukt. Hovudregelen er at temperaturen i magasin skal vere 16-18 grader, medan luftfukta skal vere 40–55 prosent. Av omsyn til publikum skal temperaturen i utstillingar vere 18–20 grader og luftfukta 40–55 prosent. Nokre gjenstandar, som glas og keramikk, skal ha annan luftråme. Det same gjeld fotografi, som skal oppbevarast kjølig og tørt: maksimum 5–8 grader og 40 prosent luftfukt.
193
28.10 Breiband og telefoni Nynorsk kultursentrum har eit felles ikt-system med eksterne datatenarar, levert frå Tussa IKT i Ørsta. Dette blir også Vinje-senteret kopla til. Det gir stabil og sikker drift, men føreset gode breibandlinjer til Vinje skule. Aasen-tunet har 50 MB linje, og det same er ønskjeleg for Vinje-senteret. Dekningskartet for Netcom viser at dei vinteren 2016 hadde 4G-dekning i området. Dette skal gi 10–50 Mb og kan i teorien gi større fart enn fastlinje. Hauge-senteret bruker ip-telefoni, og røynslene er etter kvart såpass gode at dette kan vere ei god telefoniløysing også for Vinje-senteret. 28.11 Klart skilje i Vinje skule Vinje skule blei nedlagd frå og med skuleåret 2013/14. Då forsvann åtte arbeidsplassar i Vinje-grenda. Liv i Vinje har mål om å kunne få på plass minst like mange. Også Vinje kommune ønskjer at delar av Vinje skule skal kunne disponerast av andre. Romprogrammet byggjer på ein grunntanke om at Vinje-senteret disponerer heile 1. etasje i Vinje skule, biblioteket medrekna, og mellombygningen mellom Vinjar og Vinje skule. Dermed oppfyller planen ønsker frå grenda og kommunen. Ved å lage eit slikt skilje mellom dei to etasjane i skulebygningen blir det enkelt å sortere drift. 28.12 Funksjonar for Vinjar Det må vere universelt tilgjenge til Vinjar. Å drive vidare utleige av Vinjar utan slikt tilgjenge samsvarar dårleg med lov om universelt tilgjenge. Dette behovet kan løysast ved at ein integrerer dette i resepsjonsdelen for Vinje-senteret, med tilkomst inn i salen framme ved scena. Likeins må det då vere trappeheis i den trappa som er der no frå hovudetasjen og ned i underetasjen på Vinjar. Ved tilstellingar på Vinjar trengst det utøvargarderobar for menn og kvinner. Det bør vere plass til 12 personar. Denne garderobeløysinga erstattar dagens løysing, som ikkje er tilfredsstillande. Styra i både Liv i Vinje og Vinjarlaget har i fråsegner om Vinje-senteret framheva behovet for ei garderobeløysing.152 Det same har Anne Romtveit gjort.153 28.13 Eksternt gjenstandsmagasin Vinje-senteret treng tilgjenge til eit gjenstandsmagasin som tilfredsstiller gjeldande krav til lys, fukt, temperatur. Der er truleg to moglege løysingar, begge mindre enn ein time unna. Den eine løysinga er Vinje lokalhistoriske arkiv på Rauland, som disponerer sikre rom i fjellet under Raulandsakademiet. Den andre løysinga er Vest-Telemark Museum, som disponerer eit stort og moderne gjenstandsmagasin frå 2012 i hovudbygningen på Eidsborg i Tokke. Eidsborg representerer nok den fagleg beste løysinga av di magasinet der tilfredsstiller dei krava som gjeld no. 28.14 Langtidsplan Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok Sikring- og bevaringsplan nr. 5 2015–2018 i februar 2015. Denne planen får eit eige tillegg om Vinje-senteret når dokumentet blir revidert i 2018.
152 153
Styret i Liv i Vinje i brev 1.2.2016 og styret i L/L Vinjar 9.2.2016. Anne Romtveit i e-post 11.2.2016.
194
29
Skisseprosjekt
Ei tid var, og ei anna blir. Foto og perspektivskisse: Hille & Strandskogen, februar 2016
Vinje-senteret får ei dempa, men tydeleg form og utnyttar plassen godt. Det er ein institusjon med mange funksjonar som inneber ein komplisert konstruksjon. Skisseprosjektet styrkjer det som er, legg til noko nytt i form og innhald og framhevar dei store verdiane i kulturlandskapet i området. Vinje skule blir bygd om med ein nybygd kontorfløy, mellombygningen til Vinjar samfunnshus blir riven og erstatta med eit moderne bygg i glas, som saman med ny utøvargarderobe i underetasjen tilfører Vinjar samfunnshus nye kvalitetar og oppfyller krava til universelt tilgjenge. 2000 år kulturhistorie blir meir synleg og tilgjengeleg for publikum, og området ned mot Vinjevatnet blir ein god stad å vere, ikkje minst for småbarnsfamiliar. Vinje-senteret blir på 696 m2 BTA medrekna nye fellesområde med Vinjar, som dessutan får 50 m2 BTA ny utøvargarderobe i underetasjen. 195
196
197
198
29.1 Prosess Arkitektfirmaet Hille & Strandskogen har laga eit skisseprosjekt for Vinje-senteret. Grunnlaget for denne skissa er romprogrammet i kapittel 27.6, som arkitektane fekk 14.12.2015 og som var med i drøftingsframlegget til prosjektplan. Arkitektane presenterte ei første laus skisse 22.1.2016 som leiargruppa i Nynorsk kultursentrum drøfta og gav sine merknader til. Leiinga i Vinje kommune fekk ei første orientering i e-post 2.2.2016. Det gav eit par viktige, uformelle tilbakemeldingar som raskt blei tekne inn i det vidare arbeidet. Fram til 16.2.2016 arbeidde arkitektane med desse justeringane og endringane, og skisseprosjektet blei avslutta kort tid etter det møtet. Byggteknisk konsulent gjekk då i gang med avsluttande reknestykke, som låg føre 22.2.2016 (sjå kapittel 31.8–3110). Neste fase i arbeidet vil vere å konkretisere dette i eit forprosjekt som også inneheld meir detaljerte tekniske løysingar og meir spesifiserte kostnader. Eit slikt forprosjekt kan Hille & Strandskogen leggje fram i mai 2016. 29.2 Overordna merknader Skisseprosjektet for Vinje-senteret forbetrar det som er, tilfører det nye verdiar og viser kva som er viktig i dette landskapet. Vinje-senteret kan formast slik at minst 2000 år kulturhistorie kan samlast og gjerast tilgjengeleg i eitt lite område. Det gjer Vinje-senteret til eit verdfullt tiltak for kulturminne også. Skisseprosjektet for Vinje-senteret er ført i ei beherska form. Det er dempa, men tydeleg. I staden for å rope ut i landskapet går det inn i landskapet og opnar dette endå meir for omverda. Både natur- og kulturlandskapet med sine rike kvalitetar blir framheva, og den arkitektoniske løysinga snakkar med omgivnadene utan å heve seg over dei. Det gjer folk nyfikne, og det fortel dei i tide at her er det god grunn til å stoppe. Og bli. Slik kan dette på ny bli ein møteplass for mange. Grunnlaget for Vinje-senteret er å byggje om Vinje skule. Det utløyser ombygging og noko nybygg. Det som kan brukast av det som alt er der, blir brukt om att. Ikkje noko blir gjort for effekten si skuld, ingen unødvendige kvadratmeter blir bygde, ingen fiffige løysingar som viser meir att i budsjett enn i bruk. Vinjar samfunnshus blir ståande urørt, men kjem mykje meir til sin rett slik Vinje-senteret no blir forma. Skisseprosjektet for Vinje-senteret oppfyller romprogrammet i kapittel 29 på alle vesentlege punkt. 29.3 Uteområde Flaggstenger blir plasserte både aust og vest for Vinjar ved E134. Det blir lagt ei stripe av grønt rundt Vinjar for å unngå at asfalt går heilt inn til husveggen i aust og nord. Parkeringsområdet treng først og fremst oppmerking, og det må leggjast godt til rette for bussparkering. Terrenget utanfor blir heva med tørrmur og lett tilkomst for alle typar gjester, utan skjemmande ramper for rullestol, og med ein krok for uteservering og sitjeplassar ute der trappa inn til Vinje skule tek til no. Vinje-statuen er blitt ståande litt på sida, men blir no midtpunktet i uteområdet for publikum.
199
Området ned mot Vinjevatnet bør opnast for publikum. Ein del skog bør takast ut, og det bør vere lett å ta seg ned til strandkanten, der det gjerne kan vere eit par utemøblar. Ein godvêrsdag er dette den gode staden å vere, ikkje minst for småbarnfamiliar. Her kan små element plasserast som bind det heile saman med innhaldet i Vinje-senteret. Denne løysinga gir både fastbuande og tilreisande ekstra tilbod i kvardagen. 29.4 Bygningsendringar Mellombygningen blir riven ned til fundamentet og bygd opp som eit moderne bygg i glas. Her blir også inngangen til Vinje-senteret. I praksis vil dette ofte truleg også bli inngangen til Vinjar. Framlegget frå arkitektane inneber å etterisolere Vinje skule utvendig og forme denne bygningen meir som ein lukka boks i tradisjonell bordkledning med moderne utspring som alle er i glas. Arkitektane ønskjer ei løysing som tek opp i seg den lokale byggjetradisjonen, og då gjerne med tjørebreidde vegger. Også Vinjar hadde i utgangspunktet tjørebreidde element. Dei vindauga som er der no, stettar ikkje nye energi- og miljøkrav. Denne løysinga markerer elegant skilnaden mellom fortid og samtid. For å skape liv og dynamikk, styre innsleppet av dagslys i utstillingsromma og knyte bygning og landskap tett saman blir det laga to små utstikkarar frå basisutstillinga. Den eine måler 2,0 x 1,3 m og gir fint utsyn til Vinje-statuen og til Vinjestoga. Den andre er større, kan tene som eit lite leserom, gir fint utsyn over landskapet ned mot Vinjevatnet og meir tak over inngangen til underetasjen. På taket blir det bygt ein lyskasse på 3 x 1,5 m om gir overlys ned i det utstillingsrommet som per i dag er heilt utan dagslys. Lyset her kan styrast på dag- og nattid og kan bli eit fint lyspunkt i mørketida, tilpassa så det ikkje sjenerer dei om bur i området. Kontorfløyen er ny og formar ein heilskap med Vinjar og resten av Vinje-senteret, og rammar inn gravhaugen utan å skade den. Denne blir reist på betongsøyler i massivt tre, som er ei billig og god løysing, og som gjer det ganske lett å skøyte på viss ein treng meir plass om 20 år. Berre ytterveggane i Vinje skule er berevegger, og det gjer det enkelt å endre veggstrukturane inne. Skisseprosjektet føreset likevel at ein god del vegger blir som no, og at ein ikkje endrar meir enn nødvendig. I dag bind ei trapp saman etasjane i Vinje skule. Denne blir bygd att og er med og gir klare skilje mellom dei ulike funksjonane i bygningane – næringshage m.m. i underetasje Vinje skule, Vinje-senteret og Vinjar. Inngangspartiet kan utstyrast med eit lite overbygg som skjermar for vêr og vind Det kan vere snørikt i Vinje. Taket over den nye resepsjonen blir dimensjonert for dei snølastene som er definerte i gjeldande regelverk for området. Det er fleire måtar å hindre at dei to utstikkarane i glas blir steikeomnar og gir uheldig varme inn i utstillingsromma. Glaset kan vere solreflekterande, eller ei løysing kan formast arkitektonisk med ei utvendig form for solskjerming. Skisseprosjektet gir ei teknisk løysing av varme og isolasjon som ikkje grip inn i eller på anna vis verkar negativt inn på underetasjen i Vinje skule. 29.5 Resepsjon, butikk og kafé Skisseprosjektet inneber at resepsjon og butikk glir over i kvarandre. Det gjer det lettare å utvide arealet for butikk enn tilfellet er i både Aasen-tunet og Hauge-senteret. Butikken blir delt opp, som kan vere uheldig, men gjer det også mogleg å la butikk og utstilling gli over i kvarandre.
200
Det blir god plass for butikk og enkel serveringskrok, løfterampe for rullestol og ein liten foajé før inngangen ved scena til Vinjar, utan å fjerne det stollagerrommet for Vinjar som alt er der. For dei arrangementa Vinje-senteret har i Vinjar, blir då tilkomsten frå inngangen vår, med billettskranke og det heile. Det blir god garderobe for publikum. Området inn mot inngangen til basisutstillinga gjer det lett å realisere ideen om det rause museet ved at eit eller fleire utstillingselement er tilgjengeleg for alle ute i publikumsområdet. Med glasveggene i nybygget blir også gravhaugen bakom godt synleg for alle. 29.6 Samlingsforvaltning, utstillingar og formidling Det meste av hovudetasjen i Vinje skule blir bygd om for basisutstilling, rom for temautstillingar, bibliotek og eit fleirbruksrom med plass til om lag 30 personar. Romma for utstillingar skiftar i storleik og form og gjer det til ei fin oppgåve for seinare utstillingsprodusent å forme dette arealet ut frå den utstillingsplanen som blir laga. Løysinga gir også enkel tilkomst til fleirbruksrommet frå resepsjonen. Både frå kontorfløyen og resepsjonen vil det vere dører inn til fleirbruksrommet som gjer det mogleg å skjerme lyden. I det store rommet som no er merka lager, blir det skilt ut eit lite rom som gjenstandsmagasin med dei tekniske krava som gjeld for slike (sjå kapittel 28.13). 29.7 Drift Kontorfløyen blir altså laga som ein ny utstikkar der ein berre treng straum, ikkje vatn, truleg i massivt tre plassert på betongsøyler. Dette er ei billig og miljøvenleg løysing. Utstikkaren blir plassert slik at den ikkje rører ved gravhaugen, som då blir liggjande mellom Vinjar og Vinjesenteret. Medarbeidaren som betener resepsjon og butikk, får eige kontor knytt til resepsjonen. Det er ei forbetring frå situasjonen i både Aasen-tunet og Hauge-senteret. Som i Aasen-tunet blir nokre gangareal utnytta plasseffektivt til daglege funksjonar som fellesskrivar, rekvisita m.m. Med ekstern leverandør av ikt-tenester er det ikkje nødvendig å bruke mykje plass på tekniske rom. Desse tekniske funksjonane er knytte til det området som blir avgrensa av ei ventilasjonssjakt som ikkje blir flytta. Korridoren i kontorfløyen får glasflater ut mot gravhaugen, får eit kontor med ekstra plass til små møte, og eit eige møte- og personalrom som lett kan bli det finaste i mils omkrins. I samsvar med romprogrammet er det no eit kontor ekstra. Det er nødvendig både for å ha arbeidsplass til medarbeidarar i engasjement og til prosjekt, eller til gjesteforskarar og andre som ønskjer arbeide lenger enn nokre timar her. 29.8 Lys. fukt, temperatur Skisseprosjektet gir eit godt grunnlag for å tilfredstille krava til lys, fukt og temperatur (sjå kapittel 28.9). Dei glasflatene som gir lys inn i utstillingsdelen, må vere utstyrte med uv-filter. Utstikkarane må lagast slik at dei ikkje blir steikeomnar og gir for mykje varme inn i resten av utstillinga.
201
Rommet for temautstillingar for overlys frå den nye lyskassen på taket. Denne skal kunne blendast etter behov. 29.9 Funksjonar for Vinjar Skisseprosjektet viser korleis Vinje-senteret tilfører nye kvalitetar og høgare bruksverdi for Vinjar. Alt i alt utgjer dette om lag 50 m2 BTA ombygt areal. For arrangement på Vinjar må det vere garderobe for utøvarar nær scena, som mange har streka under i innspel til drøftingsframlegget (sjå kapittel 28.12). Den gamle garderoben er lite tiltalande og lite tilfredsstillande og blir riven for å få plass til nybygget. I staden blir det laga nye garderobar i underetasjen på Vinjar, like ved trappa ned frå foajeen i Vinje-senteret. Dette blir ei betre løysinga enn det ein har hatt til no. Den same trappa ned til underetasjen på Vinjar blir utstyrt med trappeheis og gir dermed den universelle tilkomsten til matsalen som manglar no. Skisseprosjektet løyser dermed udekte behov for universell tilkomst til Vinjar som eigaren Vinje kommune pliktar å ha på plass. Det blir universell tilkomst ned til matsalen i underetasjen, og det blir betre universell tilkomst inn i salen oppe. Alle spor etter gymnastikksal-tida på Vinjar må fjernast. Dei veggsåra som då skal utbetrast, blir ein del av det å pusse opp salen med enkle verkemiddel og til ein låg kostnad. 29.10 Tryggleik Det blir gode rømingsvegar frå alle delar av bygningen – kontor, utstilling og resepsjon. Det blir også betre rømingsveg frå Vinjar gjennom resepsjonsområdet. 29.11 Saker som bør løysast Skisseprosjektet er konsentrert om bygningar og anlegg som gjeld Vinje-senteret. I det vidare arbeidet er det særleg tre saker som fortener ei god løysing. To av dei er enkle. Måling av salen på Vinjar. Fargane i salen skal vere slik Harald Kihle bestemte. Fleire stader har målinga falma, og ein stad er den øydelagd av vatn som har trengt inn. Målinga på scenekanten er sliten. Å ordne dette er ei ganske enkel og avgrensa oppgåve, men krev rigging for å nå alle flatene. Lyssetjing i salen på Vinjar. Arnstein Arneberg teikna og Harald Kihle fargesette salen. Det har vore vanskeleg å finne ut korleis salen opphavleg var lyssett. Sikkert er det at dei lysarmaturane om er der no, blei monterte på eit seinare tidspunkt. Den lyssetjinga skjemmer ut Arnebergs verk, og den er lite funksjonell. For kvar sommarutstilling har det vore eit eige arbeid å montere lysrigg, og det same gjeld for arrangement av typen konsertar. Salen bør utstyrast med ei lyssetjing som dekkjer fleire bruksbehov, og som svarar til dei estetiske kvalitetane i rommet. Dette ville vere ei stor lette for dei mange frivillige som no bruker tid på arbeidet, og det er fullt mogleg å få til. Arkitektane Hille & Strandskogen kan ta på seg den oppgåva. Overgang til Vinje-statue med vidare trygg tilkomst til Vinjestoga. Vinje-bautaen frå 1894 tvers overfor Vinjar blei nok plassert ved vegen, slik biletet i kapittel 30 viser. Bautaen står no på andre sida av E134 og burde integrerast i publikumstilbodet ved Vinje-senteret. Det føreset trygg tilkomst, og saka har vore drøfta tidlegare. Den beste løysinga ville vere ein enkel, elegant overgang frå parkeringsplassen ved Vinje-senteret. Dette kunne ha vore kombinert med gangveg vidare mot Vinjestoga, helst beint over jordet, men det ville ta verdfull beitemark og er difor uønskt. I staden bør planen om gangveg langs E134 bort til gardsvegen hentast fram att. I alle høve må der vere godt merka fotgjengarovergang,
202
Store og uheldige inngrep måtte til for at det skal vere universell tilkomst opp til Vinjestoga, og umogleg å løyse inne i huset. Viss det trengst eit nytt skisseprosjekt der løysingar blir vurderte på ny i lys av at Vinje-senteret kjem, kan arkitektane Hille & Strandskogen ta på seg den oppgåva. 29.12 Arbeidsplassar i byggjeperioden I byggjeperioden må eventuelle medarbeidarar ved Vinje-senteret ha arbeidsplassane sine ein annan stad Der er to store rom ved sida av matsalen i underetasjen på Vinjar som kan brukast, men det skal lite til før det blir for mykje støy frå arbeidsplassen. Ledige kontorlokale i Åmot eller på Rauland vil truleg vere lette å finne. 29.13 Samla vurdering Skisseprosjektet inneber at Vinje-senteret kan bli på 696 m2 BTA medrekna nye fellesområde med Vinjar samfunnshus, som dessutan får 50 m2 BTA ny utøvargarderobe i underetasjen. Senteret skal fylle mange funksjonar og er såleis ein komplisert konstruksjon. Romprogrammet var på om lag 550 m2 utanom korridorar og fellesområde med Vinjar (sjå kapittel 28.2). Behova for Vinje-senteret er oppfylte, og det som kjem i tillegg, er nettopp nødvendige korridorar og fellesområde. Ein kontorfløy som tilbygg må til for at planløysinga skal gå opp og arealet brukast mest mogleg effektivt. Vinje-senteret kan bli ein kulturinstitusjon med sjeldne arkitektoniske kvalitetar nettopp ved at ein byggjer på det som alt er. Arnstein Arneberg var ein av dei store norske arkitektane i mellomkrigstida og var aktiv i nesten 60 år til han døydde i 1961. Vinjar samfunnshus teikna han seint i livsverket sitt. Sverre Fehn var den fremste arkitekten i Noreg mot slutten av 1900-talet. Aasen-tunet var det siste verket han følgde frå første strek til siste spikar. Henrik Hille og Ervin Strandskogen var dei næraste medarbeidarane hans då Aasen-tunet blei til og pregar no bygningen vegg-i-vegg med Vinjar på ein måte som dannar ei kvalitetslinje i norsk arkitektur frå 1950-åra til 2010-talet. Resultatet blir eit anlegg som i seg sjølv gjer det interessant å kome til Vinje-senteret. Både arkitektoniske, driftsfaglege og kulturfaglege erfaringar gjennom 25 år blir bygde inn i Vinje-senteret. Romprogrammet blir realisert på ein måte som gir tilsette det dei treng og gjestene det dei bør få når dei er på staden. Skisseprosjektet løyser også oppgåver Vinje kommune elles måtte ha ordna på anna vis. I dette prosjektet var alle hovudlinjer i innhald, drift og organisering gjennomtenkte før arkitektane tok til på arbeidet sitt. Den dialogen som tok form frå og med den tekniske synfaringa i juni 2015, påverka også arbeidet med innhaldet. Difor kan både styresmakter, private samarbeidspartnarar, innbyggjarane i regionen, fagmiljø landet rundt, og dei som skal arbeide der, trygt gå ut frå at Vinje-senteret inneheld det som trengst og ikkje noko som er unødvendig. Tekniske og estetiske finjusteringar kan gjerast, og slike kan bli nødvendige når skisseprosjektet går over i forprosjektfasen og klargjering for byggjeprosjektet. Samstundes er Vinje-senteret med dette skisseprosjektet forma som ein heilskap. For at denne nasjonale kulturinstitusjonen skal bli det den må vere, er det difor viktig at skisseprosjektet blir gjennomført utan meir eller mindre vilkårlege kompromiss. Ein får meir att for å sjå nøye etter om noko meir bør leggjast til enn å leite etter kva som kan takast bort.
203
30
Framdrift: kalender for fleire år
Vinje-bautaen av Matthias Skeibrok, avduka 1894, her gjester i 1896. Foto: ukjend.
Prosjektplanen blei lagd fram 29.2.2016. Same dagen opna Vinje-senteret det første publikumstilbodet med nettstaden Vinjesenteret.no. Under føresetnad av at nødvendig og langsiktig finansiering kjem på plass i tide, kan dagleg leiar ta til våren 2017, og våren 2018 kan då fire medarbeidarar vere på plass. I alle høve kan Vinje-senteret tilby eit eige program på 200-årsdagen for A.O. Vinje 6.4.2018. Det tek tid å utvikle slike institusjonar, men går det berre åtte–ni år frå den første ideen til eit komplett publikumstilbod er på plass, er det svært kort tid. Ein kalender for år 1–4 etter 2016 er utarbeidd.
30.1 Gjennomføring med styringsfart Det tek tid å utvikle kulturinstitusjonar. Hamsunsenteret tok 20 år, Hauge-senteret 14 og Aasen-tunet 10. Det er mogleg å realisere ideen om Vinje-senteret på endå kortare tid, men det føreset klare avtalar og trygg finansiering. Ofte tek den innleiande fasen mest tid, og det er den som er vanskelegast å styre. Då arbeidet med denne prosjektplanen tok til, var mange spørsmål avklara på papiret gjennom ein omfattande intensjonsavtale mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum.
204
Nynorsk kultursentrum arbeider ope, involverande og tydeleg. Når ei sak er grundig belyst og vurdert og alle har fått sagt sitt, blir det konkludert, utan opning for omkampar. Det vil bli arbeidd systematisk og målretta for å gjere dette til eit institusjon for heile kommunen, på same måten som arbeidet med denne prosjektplanen har involvert svært ulike interesser og miljø i Vinje, regionalt og nasjonalt. Det er viktig at mange eig i prosjektet Vinje-senteret, snakkar om det og ønskjer at ideen blir realisert. Mange må få vite, mange må få dele, saka må bli drøfta i gode former, og prosjektet må ha godt feste i medlemsorganisasjonar. Arbeidet med å involvere flest mogleg held fram etter at prosjektplanen blei offentleggjord. 30.2 Første publikumstilbod 29. februar 2016 Vinje-senteret opna nettstaden Vinjesenteret.no måndag 29. februar 2016 og dermed det første publikumstilbodet. Innhaldet på nettstaden vil bli utvida seinare dette året (sjå kapittel 21.4). Den vidare framdriftsplanen føreset at dei fire faste medarbeidarane blir tilsette i år 1 og 2, og eit komplett publikumstilbod kan då vere på plass i år 3 med år 4 som første fulle driftsår. I alle høve er det viktig å opne i vårsesongen for å kunne utnytte heile den første sommarsesongen. Når tida er inne, kan ei rekkje temautstillingar frå Aasen-tunet stillast ut i Vinjar og/eller i Vinje skule. Der er over 30 å velje mellom, og grafisk og teknisk heng desse saman slik at dei lett kan kombinerast. 30.3 Viktige føresetnader Den viktigaste føresetnaden er at finansiering av investeringar og drift kjem på plass i rett tid, og at dette ikkje fører til at planar må krympast, ambisjonar svekkjast eller framdrift utsetjast. Direktøren tilset dagleg leiar. Han eller ho burde vere på plass før innhaldsarbeidet tek til formelt med utstillingsgruppe og alt anna. Slik var det ikkje for Hauge-senteret, og framdrifta krev at det blir annleis for Vinje-senteret. Dagleg leiar tilset medarbeidarane i dei ulike stillingane vedkomande har personalansvaret for. For stillinga som salssekretær må vedkomande vere med i tilsetjingsprosessen før han/ho formelt har teke til i stillinga si. Fleire formelle vedtak må gjerast før ein kan setje i gang, og fleire formelle avtalar må på plass. Dette gjeld i iallfall desse faktorane: Kommuneavtale Vinje kommune – Telemark fylkeskommune Intensjonsavtale om Vinje-senteret Vinje kommune – Telemark fylkeskommune Overtakings- og driftsavtale Vinje kommune – Nynorsk kultursentrum Investeringsbudsjett ombygging: Vinje kommune i samråd med Vinje kommune Investeringsbudsjett basisutstilling: Nynorsk kultursentrum Å etablere Vinje-senteret er ikkje nemnt av Telemark fylkeskommune i Strategi for kultur og kulturarv 2014–2018. Difor må Vinje kommune og Telemark fylkeskommune gjere ein intensjonsavtale om Vinje-senteret vinteren 2016 slik at hovudutvalet for kultur i fylkeskommunen kan handsame saka i møte i mars. Først då kan tilskot frå Telemark fylkeskommune innarbeidast i dei langtidsprioriteringane 2017–2020 som fylkestinget vedtek i juni 2016. Årsbudsjetta 2017–2020 blir vedtekne av fylkestinget i mål- og budsjettdokument i desember 2016.
205
Det må også arbeidast med å få til nødvendig delfinansiering frå staten. Slike løyvingar heng saman med det kommune og fylke satsar, og rekkjefølgja av avtalar, vedtak og løyvingar kan bli viktig. Difor vil det meste av 2016 gå med til desse oppgåvene. Samstundes skal konsernleiinga i Nynorsk kultursentrum handtere ymse planleggingsarbeid og integrering av Vinje-senteret i driftssystema. 30.4 Milepålar Den ideelle framdrifta ville vere at dei fire faste medarbeidarane blir tilsette i rask rekkjefølgje slik at dagleg leiar tek til 1.4.2017, salssekretær 1.9.2017, dokumentasjonsansvarleg 2.1.2018 og formidlar 1.3.2018. Dette føreset som nemnt mange avklaringar om offentlege tilskot og anna finansiering. Uavhengig av tidspunkt bør medarbeidarane tilsetjast i rekkjefølgja ovanfor. Røynslene med framdrifta i produksjonen av basisutstillinga i Hauge-senteret og nødvendige endringar i bygningen gjer det ganske lett å setje opp milepålane for arbeidet med bygningar, anlegg og utstilling. Det er nødvendig å rekne med slike tidsrom: Inntil fem månader frå utlysing anbod til frist levering, med to månader førehandvarsel Seks månader til innhaldsutvikling og godkjenningsrundar med utstillingsprodusent Minst to månader til ekstern produksjon av redaksjonelt materiale Minst fire månader til produksjon, ferdigstilling og montering Både dokumentasjonsansvarleg og formidlar bør involverast i arbeidet med innhaldsutvikling. Det sikrar faglege perspektiv og kompetanse for både dokumentasjon, samlingsforvaltning og formidling medrekna digitale tenester i utviklingsarbeidet. Ei ideell framdrift kunne då sjå slik ut: Utstillingsgruppe blir oppnemnd 20.8.2016 og legg fram plan for basisutstillinga 15.8.2017 Med førehandsvarsel 1.8.2017 lyser Nynorsk kultursentrum ut anbod basisutstilling 15.10.2017 med leveringsfrist 15.2.2018 og presentasjon av vinnar 6.4.2018 Ombygging tek til 1.5.2017 og er avslutta med støvfri bygning 1.11.2018 Arbeid med innhald basisutstilling tek til 15.5.2018 med overtakingsforretning 20.4.2019 30.5 Viktige oppgåver 2016 Oppgåvene for 2016 kan ganske lett identifiserast og datofestast. Hovudoppgåva vil vere å arbeide med offentleg og privat finansiering. Nøkkeldatoar er desse: 26.2. Styret i Nynorsk kultursentrum fastset profilprogram 29.2. Nettstaden Vinjesenteret.no blir opna 29.2. Prosjektplan for Vinje-senteret blir offentleggjord 2.4. 198-årsdagen for A.O. Vinje: seminar på Vinjar om journalistikk 20.8. Styret i Nynorsk kultursentrum oppnemner utstillingsgruppe og fastset mandat Nynorsk kultursentrum og Vinje kommune har bedt om møte med kulturminister Linda Hofstad Helleland etter 10.4. 30.6 Kalender med kritiske datoar år 1–4 Årsrytmen vil vere nokolunde den same uavhengig av kva år finansiering og avtalar kjem på plass. Søknadsfristar er ikkje tekne med, då dei gjerne ligg fast. År 1 Kulturprogram med tre arrangement
206
Feb Apr
Mai Juni Juni Aug Sep Okt
Tilsetjing dagleg leiar, som snarast blir med i utstillingsgruppa Stillingsutlysing salssekretær Fødedag A.O. Vinje Studietur Berlin, New York, Chicago Ombygging tek til Dagleg leiar tek til i stillinga Stillingsutlysing dokumentasjonsansvarleg Litteraturdagane i Vinje Utstillinggruppa legg fram sitt forslag til utstillingsplan Salssekretær tek til i stillinga Styret godkjenner framlegg til utstillingsplan Stillingsutlysing formidlar Nynorsk kultursentrum lyser ut anbod basisutstilling i Doffin og TED
År 2 Kulturprogram med fem arrangement Jan Feb Mar Apr Mai Aug Nov
Dokumentasjonsansvarleg tek til i stillinga Anbodsfrist basisutstilling Formidlar tek til i stillinga Fødedag A.O. Vinje Presentasjon anbodsvinnar Innhaldsproduksjon basisutstilling tek til Litteraturdagane i Vinje Alle bygningsendringar avslutta: støvfri bygning
År 3 Kulturprogram med sju arrangement Apr Mai Aug.
Fødedag A.O. Vinje Overtakingsforretning basisutstilling Opning med komplett tilbod Litteraturdagane i Vinje
År 4 Første ordinære driftsår med komplett publikumstilbod
207
31
Kalkylar, budsjett og finansiering
Kulturdepartementet og Vinje kommune på synfaring i Vinjestoga 22.10.2015. Frå venstre: rådmann Jan Myrekrok, ordførar Jon Rikard Kleven, rådgivar Natalia Ryan, ass. rådmann Anders Sandvik, avdelingsdirektør Stein Sægrov, bonde Aasmund Nordstoga, og neste generasjon omvisar i Vinjestoga. Foto: Nynorsk kultursentrum
Vinje-senteret må realiserast gjennom eit klassisk norsk spleiselag i samsvar med dei hevdvunne fordelingsreglane for offentlege tilskot frå stat, fylke og kommune. Investeringskalkylane for skisseprosjektet er uvanleg detaljert og byggjer på gjeldande retningslinjer og eit stort erfaringsmateriale. Der er usikre faktorar som kan slå begge vegar. Driftsbudsjetta følgjer budsjettprinsippa i Nynorsk kultursentrum om nøkterne inntekter og realistiske kostnader. Truleg vil det koste inntil 24,0 millionar 2016-kroner eks. mva å byggje Vinjesenteret. Då er 4,8 millionar eller 25 prosent i uføresette kostnader rekna med. Vidare vil basisutstillinga koste om lag 6,1 millionar. Vinjar samfunnshus bør utbetrast for 1,0 millionar for å dekkje dei behova som ligg føre. Nybygg for museum dei siste åra har kosta frå 27 000 til 41 000 per m2, og ombyggingar frå 20 000 og oppover til 52 900. Ut frå skisseprosjektet for nybygg og ombygging vil Vinje-senteret koste inntil 34 500 per m2 BTA. Driftsbudsjetta for år 1–4 aukar frå 2,6 millionar til 6,0 millionar ved full drift. Til og med 2015 hadde Vinje kommune brukt om lag 3,6 millionar på grunnlagsog utviklingsarbeid som kjem Vinje-senteret til gode.
208
31.1 Grunnsatsing frå Vinje kommune 2014–2016 Frå ideen om Vinje-senteret tok form, har Vinje kommune investert både tid og pengar i utviklingsarbeidet gjennom ulike delprosjekt som byggjer opp under Vinje-senteret (tabell 18).154 Rekneskap for det utviklingsprosjektet som har resultert i denne prosjektplanen, er det gjort greie for i kapittel 2.4. Arbeidet med boksamlinga til Erik Gjestvang inkluderer frakt, ordning og registrering. Summen inkluderer tre månadsverk i 2016. Under Litteraturdagane i Vinje 2016 blir eit monument over Storegut avduka på Edland (sjå kapittel 9.5). Vinje kommunestyre vedtok 2.10.2014 å løyve midlar, og sluttrekninga blir på om lag 1,1 millionar. Vinje kommune har også kosta arbeidet med å førebu 200-årsjubileet for A.O. Vinje. I åra 2014–2015 har det gått med om lag 160 000 kroner.155 Tabell 18. Grunnfinansiering frå Vinje kommune 2011–2015. Kroner Delfinansiering prosjektplan 2014–2015 Registrering, ordning, frakt boksamling Andre tenester frå Nynorsk kultursentrum 2011–2015 Fødedagen til A.O. Vinje 2014–2015 Støtte til spelefilmen «Fuglane» Storegut-monument 2016 Sum
321 000 453 000 125 000 160 000 300 000 1 096 000 2 455 000
Kor mykje arbeidstid Vinje kommune har brukt i arbeidet med å utvikle ideen om Vinje-senteret, er uråd å talfeste. For 2016 har Vinje kommune løyvt 800 000 kroner til første etableringsår for Vinjesenteret. Litteraturdagane i Vinje tok til utan noko mål om å utvikle ein institusjon. Vinje kommune har vore direkte involvert med midlar og tenester frå 2007. Ideen om Vinje-senteret tok form i 2011, og særleg frå då av har festivalen vore med og bygt grunnmuren for den nye institusjonen. Rekneskapsførte og ikkje rekneskapsførte ytingar frå Vinje kommune til Litteraturdagane i Vinje i åra 2014–2015 utgjer til saman 350 000 kroner. Blir Litteraturdagane i Vinje ein del av Vinje-senteret, vil det avlaste kommunen for mykje arbeidskraft som då kan brukast til andre oppgåver og til beste for innbyggjarane. Eit rimeleg og moderat reknestykke tilseier at grunnsatsinga frå Vinje kommune til utvikling berre i åra 2014–2016 utgjer minst 3,6 millionar. Det viser ein kommune som meiner alvor. 31.2 Budsjettprinsipp Nynorsk kultursentrum lagar aldri politiske budsjett, men prøver så godt råd er å lage realistiske budsjett med nøktern inntektsside og realistisk utgiftsside. Alle større investeringsprosjekt til no har vore gjennomførte innanfor vedtekne budsjett. Det skal fastsetjast prosjektbudsjett for alle tiltak som kostar meir enn 250 000 kroner. For prosjekt over 500 000 kroner godkjenner styret budsjetta.
Tala er frå ass. rådmann Anders Sandvik, Vinje kommune, i e-post 19.1.2016 og frå kultursjef Signe Marie Kittelsaa i e-postar 19. og 20.1.2016. 155 Same stad. 154
209
Avdelingane i Nynorsk kultursentrum handlar lokalt så sant dei kan, og det inneber positive ringverknader for næringslivet i kommunen. 31.3 Eit klassisk norsk spleiselag Vinje-senteret er tenkt som eit fagleg spleiselag. Nynorsk kultursentrum legg inn all sin kunnskap i prosjektet. I arbeidet med å utvikle Vinje-senteret er alle røynsler frå arbeidet i Aasen-tunet og Hauge-senteret utnytta. Kostnaden ville ha vore stor om desse erfaringane skulle utviklast på eiga hand frå grunnen av. Økonomisk blir det eit klassisk norsk spleiselag. Det er ein hevdvunnen modell i norsk kulturpolitikk at stat og region deler på dei offentlege tilskota til bygging og drift. For investeringsprosjekt av typen nybygg, ombygging og basisutstillingar var det lenge ei fordeling slik at staten dekte inntil 40 prosent og regionen 60 prosent. I seinare år har dette endra seg i retning 30 prosent stat og 70 prosent region. For drift har derimot modellen vore 60 prosent stat og 40 prosent region. I finansieringa av knutepunktfunksjonar var dette ganske formalisert, og i den strategiske kulturplanen sin kallar då også Telemark fylkeskommune dette knutepunktfinansiering.156 Fylkeskommunen presiserer også denne modellen til 60 prosent stat, 20 prosent fylke og 20 prosent kommune.157 Frå og med 2014 forvaltar Kulturdepartementet ei gåveforsterkingsordning. Denne går ut på at staten yter eit tillegg på 25 prosent for gåver frå private rettssubjekt som blir gitt utan gjenytingar. Frå å utgjere 10 millionar kroner i 2014 blei ordninga utvida til 30 millionar i 2015 og til 45 millionar i 2016. Ordninga tok til som eit støttetiltak for museum, men blei seinare utvida. Summen har auka, men det har altså også konkurransen. Tilskot frå denne ordninga er rekna med i budsjetta på grunnlag av retningslinjene for 2016. Investeringane i basisutstillinga fell inn under reglane for refusjon av mva. Difor er alle kostnader i budsjett for basisutstillinga rekna utan mva. Med verknad frå 2007 innførte Stortinget ein regel som inneber at kulturinstitusjonar med ordinært driftstilskot frå staten som regel ikkje kan få støtte frå Norsk kulturråd. Det inneber at kvalitetskrav blir underordna eigarskap. Nynorsk kultursentrum har teke opp saka i mange høve, og det ser ut til å vere ei aukande forståing for at det er ein utilsikta konsekvens av regelen viss eigarform trumfar innhald og kvalitet. Budsjetta for Vinje-senteret byggjer på dei føresetnadene som galdt 1.1.2016. Det vil seie at Litteraturdagane i Vinje ikkje kan få ordinært festivaltilskot frå Kulturrådet viss festivalen blir ein del av Vinje-senteret. I 2014 utgjorde dette tilskotet 64 000 kroner. Nynorsk kultursentrum greier å kompensere dette ved at om lag 100 000 kroner frå statstilskotet blir overført til budsjettavdelinga Litteraturdagane i Vinje. 31.4 Private kjelder og moglege samarbeidspartar Utanom finansnæringa er det lite privat kapital i Vest-Telemark. Lista nedanfor inneheld dei mest aktuelle instansane for søknader om støtte til investeringsdelen av Vinje-senteret – ombygging og/eller basisutstilling. Statkraft v/ Per Are Hellebust Øst-Telemarkens Brukseierforening 156 157
Telemark fylkeskommune: Strategi for kultur og kulturarv 2014–2025, s. 31. Same stad, s. 40.
210
Telemark utviklingsfond v/Terje Bakka Fritt Ord v/ Knut Olav Åmås Norsk kulturråd Olav Thon Stiftelsen Sparebankstiftelsen DNB v/André Støylen Gjensidigestiftelsen Bergesenstiftelsen v/Ole Jakob Bull 31.5 Investeringskostnader andre museum Det kostar å byggje om og oppgradere, men det kostar meir å byggje alt nytt. Dei faktiske kostnadene varierer frå stad til stad, frå bygning til bygning. Nybygg i seinare år har kosta frå 27 000 til 41 000 kroner per m2, ombyggingar frå godt og vel 20 000 kroner per m2.. Det store unntaket frå dette er Hamsunsenteret på Hamarøy. Bygningen er teikna av Stephen Holl, konstruksjonen var innfløkt, mangt måtte endrast. Fram til opning i 2010 hadde anlegget kosta om lag 142 millionar, eller heile 96 000 kroner per m2. Etterpå blei det meir i form av opprettingsarbeid, men den summen er ukjend.158 Vest-Telemark Museum på Eidsborg opna i juni 2012 nybygg på Eidsborg teikna av 3D Arkitekter med 1400 m2 nybygg og 1000 m2 renovert, dessutan 415 m2 verkstad. Samla prosjektkostnad var 75 millionar, og av dette ytte staten 25 millionar og Telemark fylkeskommune 8 millionar. Basisutstillingane utgjer 500 m2.159 Dei ganske ulike bygningsdelane gjer det vanskeleg å jamføre kvadratmeterprisen på 26 600 kroner med andre museumsprosjekt. DuVerden Sjøfartsmuseum og Vitensenter i Porsgrunn disponerer 2000 m2 over to etasjar i eit nybygg som blei opna i 2013. Samla kostnad var 80 millionar – 55 millionar for nybygg og 25 millionar for utstilling. Dette gir ein pris per m2 nybygg på 27 500 kroner.160 Prøysenhuset i Ringsaker opna nybygg i 2014 og var komplett med basisutstilling i 2015. Bygningen er på 1000 m2 og blei finansiert privat i regi av Arthur Buchardt. Nokon byggjerekneskap er ikkje offentleg tilgjengeleg, men verdien av varer og tenester svarar truleg til 35 millionar. Innhaldsdelen var i utgangspunktet kostnadsrekna til 35 millionar.161 I revidert nasjonalbudsjett for 2013 heiter det at «samlede kostnader ved prosjektet er beregnet til 76 mill. kroner, og kommunen har søkt om 20 mill. kroner i statlig finansiering av innholdet i det nye Prøysenhuset samt til forberedelse av aktiviteter og arrangementer i jubileumsåret». Stortinget løyvde 15 millionar til basisutstilling i 2013 og 5 millionar til 100-årsjubileet i 2014.162 Prosessen bak dette vedtaket var uvanleg, likeins at Kulturdepartementet fullt ut kosta basisutstillinga. Ringsaker kommune har truleg hatt kostnader på 35–40 millionar til uteområde, parkeringsplass, veg m.m., men har ikkje lagt fram byggjerekneskap på førespurnad. Nynorsk kultursentrum opna i september 2014 Hauge-senteret med eit komplett publikumstilbod etter at senteret hadde vore ope for publikum med avgrensa tilbod frå 2011. Senteret held til i det gamle heradshuset i Ulvik, som Ulvik herad bygde om 2008–2010. Bygningen hyser fleire funksjonar, men dei investeringskostnadene som gjeld Hauge-senteret og basisutstillinga der, utgjorde 11,2 millionar, av dette 7 millionar til bygg og anlegg, eller 23 300 kroner per m2. Kvadratmeterprisen for basisutstillinga var 28 400 kroner. Fungerande dagleg leiar Arne André Solvang, Hamsunsenteret, i e-post 20.6.2016. Vest-Telemark Museum: Årsmelding 2012, og telemark.no 14.9.2012, lesedato 10.1.2016. 160 Dagleg leiar Linda Arnesen, DuVerden, i e-post 3.11.2014 og 21.1.2016. 161 Hamar Arbeiderblad 14.11.2012, NRK.no 23.7.2013 og 2.10.2013. 162 Prop. 149 S (2012–2013) og dagleg leiar Hogne Moe, Prøysenhuset, i samtale 19.1.2016 158 159
211
Romsdalsmuseet i Molde opna 9.2.2016 eit nybygg på 3500 m2 over to etasjar. Samla budsjettert byggjepris var på 145,5 millionar, medrekna inventar og utstilling, som gir 41 000 per m2.163 Basisutstillinga på 335 m2 var kostnadsrekna til 10 millionar, eller 29 800 per m2. råtrekt basisutstillinga var kvadratmeterprisen om lag 38 000. Norges Olympiske Museum er ei avdeling under Lillehammer Museum og opna i ombygde lokale på Maihaugen 12.2.2016. Museet opna i Håkons Hall på Lillehammer i 1997, men disponerer no 650 m2 som tidlegare blei brukte til temautstillingar. Eit opphavleg budsjett på 42,2 millionar måtte reduserast, og eit førebels overslag 15.2.2016 viste kostnader på 34,4 millionar.164 Av dette utgjer verdien av nokre installasjonar gitt i gåve av OL-museet i Lausanne 11 millionar. Den samla kostnaden utgjer 52 900 per m2. Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark opnar sommaren 2016 ein ombygd bankbygning i Hammerfest som Nordkappmuseet. Det dreiar seg om vel 1200 m2 over tre etasjar som også inkluderer gjenstandsmagasin. Medrekna basisutstilling blei sluttsummen på 27,4 millionar.165 Det vil seie 22 800 kroner per m2. Utstillingsdelen på 580 m2 kosta 5,5 millionar, som gir ein kvadratmeterpris på berre 9500 kroner. Gjenstandsmagasinet er kostnadsrekna til 13,7 millionar og kjem i tillegg. Norsk reiselivsmuseum i Balestrand er ei underavdeling i Musea i Sogn og Fjordane og har vore i drift sidan 1991, det meste av tida med éin medarbeidar.166 Våren 2016 opnar museet eit nybygg og ei ny basisutstilling vegg-i-vegg med Kviknes Hotel. Nybygget er teikna av Lars Lantto, som reknar dette som hovudverket sitt. Museet er på 1800 m2. Av dette utgjer basisutstillinga 370 m2, og denne vil koste om lag 8 millionar kroner, eller 21 600 per m2. I staden for eingongsløyving til nybygg og årlege driftsmidlar løyver Kulturdepartementet i 30 år eit tilskot som dekkjer husleiga; for 2016 er denne på om lag 4 millionar. Telemark Museum arbeider for å reise eit nybygg i Skien til 2019. Prosjektet er kostnadsrekna til 126 millionar. Eit forprosjekt til 1,5 millionar blei gjennomført frå 2014. I innstillinga om budsjettet for Kulturdepartementet 2016 skreiv familie- og kulturkomiteen at «k o mi t e e n er kjent med behovet for et nytt helårsåpent museum i Skien, og er positiv til planene som foreligger».167 Komitémedlemene frå Arbeiderpartiet gjekk inn for å løyve 15 millionar i 2016; det samla behovet for tilskot frå staten har vore sett til 40 millionar.168 Målt mot det meste av dette blir Vinje-senteret eit lite prosjekt i både kvadratmeter og kroner. 31.6 Prosjekt i arbeid Nye idear har det med å dukke opp, og jamleg er nye institusjonar under utvikling. Fire av prosjekta nedanfor ligg på Austlandet. Falkberget-senter, Røros: Det har vore arbeidd i fleire år for å få til eit Johan Falkbergetsenter på Røros. Som ein del av dette arbeidet blei det gjennomført ein underskriftsaksjon i 2013. Målet var då å kunne opne eit slikt senter i 2017. Av økonomiske grunnar har Røros
Direktør Jarle Sanden, Romsdalsmuseet, i e-post 3.11.2014, 13.1.2016 og 21.1.2016. Fylkeskonservator Kjell Marius Mathisen, Oppland fylkeskommune: «Status kostnader og finansiering av NOM», notat 1.12.2015, og direktør Bente Molvig i telefonsamtale 15.2.2016. 165 Direktør Arvid Bye i e-post 13.1.2016 og Prosjektplan Nordkappmuseet 2014, vedlegg til e-post frå direktør Arvid Bye 3.11.2014. 166 Opplysningar frå avdelingsdirektør Aage Engesæter og dagleg leiar Connie Reksten i møte 14.1.2016. 167 Innst. 14 S (2015–2016), s. 63. 168 Telemarkmuseum.no 28.3.2014, 8.5.2014 og 11.11.2015, lesedato 16.1.2016. 163 164
212
kommune utsett plan om å få til eit nytt folkebibliotek, som då kunne kombinerast med Falkberget-senter. I 2015 var målet å kome i gang med dette planarbeidet innan 2019. Rolf Jacobsen-senter, Hamar: Kunstnarheimen etter Rolf Jacobsen er frå 1849 og står enno. Foreininga Rolf Jacobsens Venner har disponert husværet sidan 1999. Ulike måtar å bruke staden på har vore drøfta. I 2014 løyvde Hamar kommune 50 000 kroner for å få utgreidd tilstand for bygningen og ulike måtar å drive eit mogleg senter i denne bygningen.169 Ei prosjektgruppe blei oppnemnd, og Hamar kommune har løyvt 150 000 til eit forprosjekt som skal vere avslutta i juni 2016. Diktarhuset, Lom: Kommunane Vågå, Lom og Skjåk tok i 2011 kontakt med Nynorsk kultursentrum om å utvikle Diktarhuset som ei ny driftsavdeling i konsernet, lagd til 2. etasje på Loar skule, som flytta inn i nye lokale hausten 2014. Der står om lag 300 m2 til rådvelde. Partane signerte i august 2015 ein intensjonsavtale om utvikling, etablering og drift av eit nasjonalt senter for litteratur, dialektar og nynorsk i Lom. Kommunestyra i dei tre kommunane hadde då samrøystes vedteke avtalen og til saman løyvt 350 000 kroner til det vidare arbeidet. Nasjonalt Ibsen besøkssenter, Skien: Skien kommune utviklar dette saman med nytt bibliotek. Det nye senteret skal «synliggjøre og tydeliggjøre kjennskap til, kunnskap om, og opplevelsen av Ibsens litteratur, drama og liv». Eit forprosjekt under leiing av Insam var hausten 2015 i arbeid for å «kartlegge potensialet for å ta det nasjonale ansvaret for formidlingen av Ibsens litteratur og forfatterskap, samt å vurdere behovet for nye formidlingsstrategier av Ibsens litteratur og forfatterskap». Forprosjektet skulle etter planen avsluttast i 2015, og hovudprosjektet skal gjennomførast 2016–2018.170 Av økonomiske grunnar har Skien kommune utsett bygginga av bibliotek. Bergslagen – Sunde kyst- og litteratursenter, Kvinnherad: Forprosjektrapport for eit slikt senter i Sunde i Sunnhordland blei lagd fram i 2014.171 Planen er å restaurere eksisterande bygningsmasse og byggje eit tilbygg for å gi rom til utstillingar, tre kontor, konsertsal med plass til 100 menneske m.m. på om lag 800 m2. Dette er førebels kostnadsrekna til 13,3 millionar. Eit årleg driftsbudsjett er stipulert til 2,5 millionar. Hordaland fylkeskommune har løyvt 2,44 millionar til første byggjesteg, og kommunen vedtok i desember 2015 å gjennomføre dette.172 31.7 Krav ved ombygging og nybygg I møte 21.8.2014 la partane til grunn at Vinje kommune blir ståande som eigar av Vinjar og Vinje skule. Når Vinje skule skal byggjast om til bruk som museum, var det i utgangspunktet eit ope spørsmål kva som eventuelt ville kome inn under reglane i forskrifta for tekniske krav til byggverk (TEK 10). Den forskrifta dreg opp grensa for det minimum av eigenskapar eit byggverk må ha for å kunne oppførast lovleg, ut frå eit vurdering av kva som er teknisk og økonomisk forsvarleg. Ein er nok tent med å leggje til grunn at ombyggingsprosjektet kjem inn under krava i TEK 10, eventuelt nye forskrifter som er varsla frå 2017 (TEK17), med dei følgjer det har. Dei viktigaste faktorane som må vurderast og avklarast, er desse: Miljøkrav (termisk isolering og energieffektivisering) Prosjektplan frå Hamar kommune 14.8.2014 og Hanne Lillebo i e-post 3.10.2014. Insam.no, lesedato 21.11.2015. 171 Bergslagen – Sunde kyst- og litteratursenter. Sluttrapport frå forprosjektet, udatert, s. 26 ff. 172 Lars Amund Vaage i e-post 11.12.2015. 169 170
213
Brann- og persontryggleik Universell utforming med tilgjenge for alle Krav til arbeidsmiljø Ventilasjonsanlegg Sanitærinstallasjonar Nye forskrifter for elektriske anlegg (NEK400:2014 eller nyare) Nye lastforskrifter Tilstand vindauge og utvendige flater, dessutan innvendige flater som skal behaldast Ombygging av klimaanlegg for soneregulering fukt og varme Verneinteresser Brukarkrav til funksjonalitet og estetikk Miljøkartlegging før ombygging tek til (med tanke på riving av eventuelle skadelege bygningsmaterialar som asbest) Det må utviklast ein kravspesifikasjon for bruken av Vinjar og særleg Vinje skule som partane står samla bak. Ein byggteknisk konsulent og arkitekt må utarbeide eit kostnadsoverslag for nødvendige ombyggingar på grunnlag av kravspesifikasjonen. I denne prosessen bruker Nynorsk kultursentrum sin faste prosjektleiar Ottar M. Skare i Volda som byggteknisk konsulent og rådgivar og arkitekt Henrik Hille, begge med erfaring frå mellom anna utbygginga av Aasen-tunet. Vinjar samfunnshus treng universell tilkomst frå hovudinngangen. Inngangspartiet til Vinje skule blir hovudinngang for senteret og treng kraftig oppgradering. Bygningen har ikkje heis, og det er såleis ikkje tilgjenge for rørslehemma mellom etasjane. Det er det heller ikkje frå hovudinngangen eller gjennom mellombygningen. Når omfanget av prosjektet tek form, vil det vere aktuelt å gå i førehandskonferanse med bygningsmyndet i Vinje kommune for å semjast om premissane for ombygginga etter plan- og bygningslova med forskrifter. I denne samanhengen er det sentralt å få avklart om prosjektet skal reknast som hovudombygging som utløyser gjeldande forskriftskrav, og i tilfelle for kva delar av bygningen, eller om det skal reknast som rein oppussing. 31.8 Føresetnader for investeringskalkyle byggjeprosjekt I samråd med arkitektane Hille & Strandskogen og direktøren i Nynorsk kultursentrum har byggteknisk konsulent utarbeidd ein kalkyle for dei investeringane som må og/eller bør gjerast. Nynorsk kultursentrum legg aldri fram investeringsbudsjett eller andre budsjett som er politisk sminka for at dei skal vere lettare å godta. Difor blir også dei usikre faktorane talfesta, med dei marginane som trengst. Med nødvendige korridorar og fellesområde med Vinjar inneber som nemnt skisseprosjektet at Vinje-senteret disponerer 696 m2 (sjå kapittel 29.13). Kalkylen følgjer fullt ut det skisseprosjektet som er laga av arkitektane Hille & Strandskogen. Tanken var å byggje kalkylen på Norsk standard NS3453 «Spesifikasjon av kostnader i et byggeprosjekt». Vinteren 2016 var denne standarden under revisjon, og ny utgåve var venta seinare i 2016. Ved å bruke dette oppsettet ville det bli enkelt å korrigere, oppdatere og utdjupe med meir detaljar seinare i byggjeprosessen fram mot grunnlaget for anbodsutlysing. På den andre sida ville då tala og reknestykka verke meir presise enn dei faktisk er. Ei slik falsk visse må ikkje skapast på dette tidspunktet. Byggteknisk konsulent har gått ut frå at ombygginga blir rekna som hovudombygging og at dagens TEK10-krav vil gjelde for dei aktuelle delane av bygningsmassen.
214
Som før nemnt blir gjerne kvm-prisen for mindre museum ganske stor jamført med større museum. Her har det mykje å seie kva standard ein baserer det heile på. Ambisjonsnivået for Vinje-senteret tilseier ein viss standard. Med dei arkitektane som er engasjerte, må in gjennomføre på eit visst nivå. I samråd med Nynorsk kultursentrum har byggteknisk konsulent tenkt Aasen-tunet som standard, men moderert denne på fleire vesentlege punkt. Vinje-senteret blir eit kompakt museum. Mykje skal inn på ganske avgrensa flater. Det blir også ein institusjon med mange funksjonar og dermed ein kompleks struktur. Begge delar vil normalt vise att når kvm-prisen blir rekna ut. I kalkyen er parkeringsplassar og parken mot vatnet ikkje rekna med av di det har vore utanfor mandatet for prosjektplanen. Derimot er det teke med utelys ved inngang og langs stien ned til parkeringa Dei fleste av merknadene til drøftingsframlegget gjaldt behovet for utøvargarderobe og tilkomst til Vinjar samfunnshus. Dei tiltaka som gjeld Vinjar, er skilde ut i ein eigen kalkyle (sjå kapittel 31.11). For basisutstillinga er det laga eigen kalkyle i kapittel 31.11. Dei områda som skal brukast til basisutstilling, skal ikkje ferdigstillast på ein slik måte at ein dreg på seg doble kostnader. Dette er det teke omsyn til. Kalkylen baserer seg på det som kan kallast optimale løysingar. Kva ein eventuelt må endre, spare på, gi avkall på, kan først bestemmast når endeleg finansieringsgrunnlag ligg føre. Dette er også eit spørsmål om kva avtrykk Vinje-senteret skal setje hos gjester og interesserte. Ein får ikkje gull for gråstein. 31.9 Investeringskalkyle skisseprosjekt Prisane er henta frå erfaringstal hos byggteknisk konsulent, som har mange slike, og den mykje brukte Kalkulasjonsnøkkelen frå Holte AS. Prisestimat for varmepumpe er avklara med Brændes Rørleggarforretning AS i Volda; dei var i si tid med og bygde Aasen-tunet. Konsulenten har også diskutert mange prisar med arkitektane, mellom anna for innreiing og kontorfløyen i massivt tre. For å gi eit mest mogleg heilskapleg bilete sjølv på dette tidlege stadiet er kalkylen for byggjeprosjektet uvanleg detaljert. Summane i tabell 19 er henta frå seks underbudsjett med til saman 134 postar. Dette gjer det mogleg å dokumentere føresetnadene for kvar einaste sum, og i seinare fasar av byggjeprosjektet fram mot kontrahering kan ein følgje eventuelle endringar og vurdere konsekvensar. Ut frå gode kalkylevettreglar er det vanleg å rekne med slike marginar for uføresette kostnader: Skisseprosjekt +/- 25 prosent Forprosjekt +/- 15 prosent Detaljprosjekt +/- 10 prosent Kontrahering +/- 5 prosent Ein må rekne med at det i overgangen mellom dei ulike fasar må gjerast tiltak for å tilpasse seg resultatet av føregåande fase. Her må to moment uthevast. For det første kan marginane gå begge vegar. Ein margin for uføresette kostnader på 4,8 millionar kan innebere at byggjesummen blir inntil 4,8 millionar lågare og 4,8 millionar høgare.
215
For det andre inneber ikkje ein kalkyle for uføresette kostnader at desse vil gå med, verken i pluss eller minus. Ein vonar sjølvsagt at ein har treft innertiaren. Dei mange underpostane i investeringskalkylen for Vinje-senteret vitnar om at alt er gjort som kunne gjerast i denne fasen for å gi ein så presis sum som mogleg. Den endelege prisen er altså ukjend til ein set to strek under byggjerekneskapen etter byggjetida, helst også reklamasjonstida på tre år etter overtaking. Prisane vil også variere med lokale forhold og tilgang på leverandørar, og marknadssituasjonen kan medføre gode prisar dersom konkurransen hardnar til og arbeidsløysa veks. Slik kan prosjekt bli rimelegare i nedgangstider enn når økonomien er under press. Vinje-senteret må seinare detaljprosjekterast med den skildringa som trengst for tilbodskonkurranse i samsvar med forskrift om offentlege innkjøp. Anbodet kal lysast ut både nasjonalt i Doffin-basen og internasjonalt i TED-basen. Det er fullt frådrag for mva for dette prosjektet. Difor er mva ikkje rekna med. Takkonstruksjonen er teikna med bordtak. Sintef Byggforsk skriv at bordtak ikkje er eigna for tak med krav til branntryggleik, altså i praksis ikkje for anna enn for småhus. Ytterveggen er i samråd med arkitektane tenkt som ståande «låvepanel» med bakanforliggande svart vindsperre som gir svarte revjer mellom borda. Etterisoleringa er av massiv Rockwool av systemet REDAir Flex. Prisen er usikker, men løysinga er tiltalande og gir svært effektiv termisk isolering sidan det er utan kuldebruer. I resepsjon, foajé og garderobar er det tenkt flis på golva. Resten er tenkt med massiv eikestav limt parkett, eventuelt med anna løysing for det fleirbruksrommet som det gamle biblioteket blir. Løfteplattform er teken med. For vegger inne er det rekna med måla gipsplater, eventuelt med anna overflatebehandling somme stader, men med kryssfiner under i utstillingdelen. Dette gir eit fleksibelt grunnlag til feste for utstillingselement. Varmeanlegget er tenkt som jordvarmepumpe og vassboren golvvarme, eventuelt saman med panelomnar. Dette gir jamn, konveksjonsfri oppvarming som tek omsyn til klimakrava for utstillingsdelen m.m. Varmepumpe er miljøvennleg og gir god energiøkonomi i driftsfasen. Eit anna moment er at eldre bygningar er problematiske med omsyn til energirammekrava i TEK10. Sjølv om ein isolerer vegger og tak, er det grenser for kor mykje isolasjon en får inn i golva over eksisterande underetasje. Byggteknisk konsulent vonar difor at miljøvenleg jordvarme gir tilstrekkeleg energibalanse. TEK10 vil også påverke branntekniske tilhøve all den tid bygningen blir publikumslokale, rett nok utan overnatting. Avklaring med bygningsmynde må til, men her må ein rekne med at det skal vere branncelleavgrensande skiljekonstruksjonar eller sprinklaranlegg. Dette må avklarast i detaljprosjekteringa og må dessutan diskuterast på byggherresida i lys av kva som er tenleg for bruken. For elektriske lyskjelder kan det vere aktuelt med eit gittersystem som gir fleksibelt oppheng av spotlamper og anna. Kvadratmeterprisar frå Kalkulasjonsnøkkelen er brukt med god margin ut frå den standarden som ligg til grunn. Det er mykje å velje i for alle overflater. Prisen er difor med variabel presisjon, men kan også tilpassast. Inventar er kostnadsrekna ut frå ei ganske grundig vurdering av kva som trengst. Kva honorarkostnadene blir, har ikkje minst å gjere med kva ein kan ha tilgjenge til av gode tekniske konsulentar, kven som skal vere byggjeleiar, og kva reisekostnadene då blir. I
216
Tabell 19. Investeringskalkyle skisseprosjekt Vinje-senteret. 1000 kr i 2016-verdi Eining
Pris
Sum
I alt
1 Uteområde
676 000
Tørrmur og trapp
120
2 800
336 000
Heving terreng
120
500
60 000
Tilkomstveg m.m. 2 Ombygging
120
2 333
280 000
Etterisolering og ny bordkledning
420
2 098
881 100
Etterisolering og ny taktekking
420
2 149
902 500
Gjenstøyping trapp til underetasje skule
10
2 200
22 000
Utstillingsdel
200
3 813
762 500
Driftsavdeling 3 Nybygg
210
5 083
1 067 500
Riving mellombygning
130
1 508
196 000
Resepsjon, butikk og foajé
130
14 623
1 901 000
Kontorfløy
90
25 978
2 338 000
3 635 600
5 735 000
Tre utstikkarar vegg
1 100 000
Glaskasse tak 4 Inventar
200 000 1 405 000
Rullestolheis butikk og foajé
630
159
100 000
Innreiing butikk
130
3 077
400 000
Publikumsgarderobe
130
192
25 000
Kontorfløy
90
3 778
340 000
Utstilling
200
0
0
Driftsavdeling 5 Tekniske fag
210
2 571
540 000
Rør og sanitær
630
651
410 000
Varme, klima, ventilasjon
630
3 192
2 011 000
Elkraft, tele, automatisering 6 Honorar og reiser
630
2 987
1 882 100
Byggjeleiing
630
368
232 000
Arkitektar
630
1 176
741 000
Tekniske konsulentar inkl. brannkonsept
630
1 176
741 000
Prosjektleiing offentleg innkjøp
630
294
185 000
Gebyr og reiser 7 Felleskostnadar (rigg og drift)
630
441
8%
4 303 100
2 177 000
Sum 8 Uføresette kostnader
25 %
Samla kostnader Vinje-senteret eks. mva
278 000 1 261 000
1 261 000
19 193 000
19 193 000
4 799 000
4 799 000
23 992 000
23 992 000
tillegg kjem arbeidet med grunnlag for utlysing av offentleg innkjøp. Her må detaljprosjektering til med skildring etter NS3420 for å kome fram til kontrakt etter NS8405. Konseptskissa inneber ein stor grad av det byggteknisk konsulent kallar skreddarsaum, og det vil krevje tilsvarande av prosjekteringa. Så kjem det også an på kor mykje som blir gjort administrativt utan å belaste byggjebudsjett og -rekneskap.
217
Kalkylen i tabell 19 er spesifisert i 27 postar som byggjer på detaljerte underbudsjett. Likevel må det altså strekast under at mykje er usikkert, slik det alltid vil vere på dette stadiet. Byggteknisk konsulent peikar sjølv på desse faktorane som dei mest usikre: 1. Resultat av førehandskonferanse med bygningsmyndet 2. Resultat av detaljprosjektering basert på førehandskonferansen, særleg energi og brann 3. Prisar i lokalmarknaden basert på konkurransesituasjon 4. Kor mykje som kan brukast om att av tekniske installasjonar i Vinje skule 5. Prisen for kontorfløyen i massivt tre 6. Prisen for å leggje om taket 7. Honorarpostane er jamt over stramme Kalkylen viser ein sannsynleg kostnad på inntil 24,0 millionar kroner for bygging og ombygging for Vinje-senteret. Då er uføresette kostnader på 4,8 millionar eller 25 prosent rekna med. Det inneber at sluttsummen kan bli ned mot 19,2 millionar. Byggjeprosjektet vil ut frå dette koste inntil 34 500 per m2B BTA. 31.10 Finansiering byggjeprosjekt Medrekna uføresette kostnader på 4,8 millionar eller 25 prosent kan altså Vinje-senteret byggjast for inntil 24,0 millionar 2016-kroner. Før dei første søknadene kan sendast, bør skisseprosjektet for bygging og ombygging gjennom eit forprosjekt der dei usikre faktorane er rekna til +/i 15 prosent. Med den hevdvunne modellen for offentlege spleiselag og det som vonleg kan skaffast frå private kjelder, kan det setjast opp ei fordeling av tilskot frå stat, fylkeskommune og kommune. Dette er gjort for ein netto byggjesum og med 25 prosent tillegg for uføresette kostnader. Tala er sette opp i tabell 20. Tabell 20. Finansiering byggjeprosjekt Vinje-senteret. 2016-kroner Skisse Offentlege tilskot
+ 25 %
15 450 000
20 250 000
Vinje kommune 50 %
7 725 000
10 125 000
Telemark fylkeskommune 20 %
3 090 000
4 050 000
Kulturdepartementet 30 %
4 635 000
6 075 000
Private midlar Private gåver
3 750 000
3 750 000
3 000 000
3 000 000
750000
750000
19 200 000
24 000 000
Gåveforsterking Kulturdepartementet 25 % Sum
Korleis dei offentlege tilskota blir fordelte mellom kommune og fykeskommune, er ei forhandlingssak. Reknestykket i tabell 20 er difor mest ein illustrasjon. Skulle resultatet bli slik til slutt, vil det seie at staten yter nær 6,9 millionar medrekna gåveforsterking, Telemark fylkeskommune om lag 4 millionar og Vinje kommune inntil 10,1 millionar.
218
31.11 Investeringskalkyle Vinjar Som nemnt ovanfor, gjaldt dei fleste av merknadene til drøftingsframlegget til prosjektplan behovet for utøvargarderobe og tilkomst til Vinjar samfunnshus (sjå kapittel 2.11). Desse tiltaka er tekne med i arbeidet med skisseprosjektet og kalkylearbeidet, sjølv om dette strengt teke låg utanfor oppdraget (sjå kapittel 29.9). Vurderinga var at det var mest kostnadseffektivt å gjere dette no, så veit både kommunen, brukarane og Vinjarlaget kva det handlar om. Kostnadene med ombygginga i underetasjen på Vinjar er spesifiserte i tabell 21 med desse tiltaka: trappeheis til underetasjen, utøvargarderobe og del av felleskostnader Tabell 21. Investeringskalkyle tiltak Vinjar samfunnshus. 1000 kr i 2016-verdi Tal kvm
Pris
Sum
Utøvargarderobe underetasje Vinjar
50
6 000
300 000
Trappeheis for Vinjar inkl. underetasje
50
4 000
200 000
Garderobe herre + dame underetasje Vinjar
50
800
40 000
Sanitærutstyr garderobe Vinjar underetasje
50
1 600
80 000
Ventilasjonsanlegg Vinjar-garderobe underetasje
50
1 200
60 000
Elkraft, tele, varmekablar garderobe
50
3 070
153 500
Del honorar og reiser Kostnad Vinjar
50
3 460
173 000 833 500
Uføresette kostnader Samla kostnader Vinjar eks. mva
25 %
208 375 1 041 875
Elkraft, tele, automatisering og varmekablar i garderoben kan eventuelt erstattast av radiatorar i vassboren varme frå varmepumpe. Kalkylen viser ein sannsynleg kostnad på vel 1,0 millionar for den ombygginga som må til på Vinjar samfunnshus. Då er utføresette kostnader på 0,2 millionar eller 25 prosent rekna med er rekna med. Det inneber at sluttsummen kan bli ned mot 0,8 millionar. Ombygginga for Vinjar vil ut frå dette koste inntil 20 840 per m2B BTA. 31.12 Investeringskalkyle basisutstilling Det er ein god tommelfingerregel at ein kvadratmeter utstilling kostar om lag like mykje som ein kvadratmeter nybygg. Nokre basiskostnader er om lag dei same anten utstillinga er stor eller liten. Det gjer at kvadratmeterprisen for små utstillingar gjerne blir større enn for store. Tabell 22. Kostnader utvalde basisutstillingar ekskl. mva. Indeksregulert
Hamsunsenteret Hauge-senteret Prøysenhuset DuVerden Nordkappmuseet Norges Olympiske Museum Norsk reiselivsmuseum Romsdalsmuseet
År 2010 2014 2015 2015 2016 2016 2016 2016
m2 500 150 330 1500 580 650 370 335
Pris per m2 30 400 28 000 45 500 16 700 9 500 52 900 21 600 29 800
219
Kostnaden blir likevel svært påverka av kva løysingar ein vel og korleis ein arbeider med slike prosjekt. Høgteknologiske løysingar kostar i investering, ofte også i drift. I meir systematisk form er kjende utstillingskostnader per m2 spesifiserte i tabell 22. Dei åtte nye utstillingane har kosta frå merkeleg låge 9500 til uvanleg høge 52 900 kroner. På grunnlag av kjende tal og velprøvd røynsle er det laga ein investeringskalkyle også for basisutstillinga (tabell 23). Reine byggjekostnader er tekne med i investeringskalkylen for om bygging og nybygg. Kalkylen er forma ut frå tre ulike kvadratmeterprisar. Her det difor ikkje rekna med marginar for uføresette kostnader då desse er inkluderte i kvadratmeterprisen. Tabell 23. Investeringskalkyle basisutstilling. 2016-kroner Pris per kvm Kvm
Sats 1
Sats 2
Sats 3
24 000
30 000
36 000
Kostnader Utstillingsrom
186
4 464 000
5 580 000
6 696 000
Rom temautstillingar
25
200 000
200 000
200 000
Utstikkarar
23
100 000
100 000
100 000
200 000 4 964 000
200 000 6 080 000
200 000 7 196 000
2 013 250
2 571 250
3 129 250
Prosjektleiing Sum Finansiering Vinje kommune, 50 % av off. tilskot Telemark fylkeskommune, 20 % av off. tilskot Kulturdepartementet, 30 % av off. tilskot Private midlar Gåveforsterking 25 % av private midlar Sum
805 300
1 028 500
1 251 700
1 207 950
1 542 750
1 877 550
750 000
750 000
750 000
187 500 4 964 000
187 500 6 080 000
187 500 7 196 000
Med basisutstilling på 209 m2 og rom for temautstilling på 25 m2 gir skisseprosjektet eit samla utstillingsareal på 234 m2 BTA, medan minstemålet i romprogrammet var 206 m2 (sjå kapittel 28). Skilnaden er dei to utstikkarane på til saman 23 m2. Desse tilfører utstillingsromma rett og slett ein ekstra dimensjon og skaper ein svært verdifull samanheng med naturlandskapet eine vegen og mot Vinje-statuen og Vinjestoga andre vegen. Utstillingsdelen opnar alt ute i inngangspartiet med eit eller to enkle utstillingselement. Kostnaden for desse blir så liten at det ikkje er nødvendig å spesifisere den summen i budsjettet. Basisutstilling utanom rom for temautstillingar og dei to utstikkarane utgjer 186 m2. Rom for temautstillingar skal berre klargjerast for fleksibel bruk, og utstikkarane kjem til å innehalde få spesiallaga utsatillingselement. Ut frå dette vil basisutstillinga koste frå 5,0 millionar til 7,2 millionar. Mest sannsynleg vil kostnaden utgjere om lag 6,1 millionar kroner. Ein kvadratmeterpris på 30 000 er midt på treet når ein jamfører med andre nyare museum. Kalkylen er moderat, samsvarar godt
220
med den venta byggjeprisen for Vinje-senteret og føreset ein noko høgare kvm-pris enn i Hauge-senteret, der kostnadsramma var svært pressa. 31.13 Finansiering basisutstilling Budsjettet for finansiering følgjer den same fordelingsnøkkelen som for byggjeprosjektet (sjå kapittel 31.10). Dette byggjer også delvis på erfaringstala for basisutstillinga i Hauge-senteret. Der ytte Kulturdepartementet eit ordinært tilskot på 1,5 millionar og ei gåveforsterking på 187 500 kroner, som var det Nynorsk kultursentrum søkte om. Hordaland fylkeskommune løyvde 850 000 kroner, vesentleg mindre enn det Nynorsk kultursentrum søkte om. Ulvik herad ytte 100 000 kroner, men hadde då teke heile kostnaden med ombygging av bygningen Hauge-senteret skulle vere i, utan tilskot frå stat eller fylkeskommune. I alt fekk ein inn 750 000 kroner frå private aktørar. Skulle resultatet til slutt bli som føresett i budsjettet med ein pris på 30 000 per m2, vil det seie at staten yter nær 2,1 millionar medrekna gåveforsterking, Telemark fylkeskommune om lag 1,2 millionar og Vinje kommune omlag 3,1 millionar. 31.14 Føresetnader for driftsbudsjett år 1–4 Både Aasen-tunet og Hauge-senteret fekk på tre–fire år finansieringsgrunnlag for alle planlagde stillingar. Som nemnt i kapittel 30 er det om å gjere at også Vinje-senteret kan byggjast opp så raskt. Dreg dette ut, kan det faglege driftsgrunnlaget bli svekt. Då Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum møttest til forhandlingar om intensjonsavtale hausten 2013, presenterte Nynorsk kultursentrum ei budsjettskisse for dei fire første driftsåra. Det budsjettet bygde på alle dei erfaringstala Nynorsk kultursentrum har frå detaljerte avdelingsbudsjett og -rekneskapar frå og med 2000. Etter dette har Hauge-senteret kome i full drift, og mykje av drifta av Vinje-senteret vil likne på Hauge-senteret. Erfaringane frå dei første driftsåra i Ulvik stadfesta hovudlinjene i skissebudsjettet frå 2013. Framdriftsplanen i kapittel 30 inneheld viktige føresetnader for utviklinga i dei årlege driftsbudsjetta. Dette gjeld særleg tidspunkt for tilsetjing av medarbeidarane og korleis ein ser for seg at aktiviteten ved Vinje-senteret blir bygd opp over tid. Vidare må dei årlege driftsbudsjetta ta høgd for årleg løns- og prisvekst, som her er rekna til 2 prosent. Likeins har prosentfordelinga av offentlege tilskot mellom stat, fylke og kommune mykje å seie. I arbeidet med driftsbudsjetta ligg den etablerte fordelinga 60–40 mellom stat og region til grunn. Den fordelinga skil seg noko frå museum til museum. Av dei offentlege driftstilskota til Vest-Telemark Museum i 2014 utgjorde statstilskot 54 prosent, tilskot frå fylkeskommunen 26 prosent og frå kommunane 21 prosent.173 For Hauge-senteret var den tilsvarande fordelinga same året 65 prosent stat, 15 prosent fylkeskommune og 20 prosent kommune. Alle faktiske kostnader for Vinje kommune, medrekna husleige, blir synleggjorde i budsjett og rekneskap. Litteraturdagane i Vinje vil forhandle med Nynorsk kultursentrum om å gjere festivalen til ein del av Vinje-senteret. Det ville vere feil å føresetje eit bestemt utfall av dei forhandlingane. Festivalen er difor ikkje rekna med verken på inntekts- eller kostnadssida. Resultatet er det driftsbudsjettet som er sett opp for dei fire første driftsåra i tabell 24.
173
Vest-Telemark Museum: Årsmelding 2014.
221
Tabell 24. Mogleg driftsbudsjett år 1–år 4. 1000 kr År 1
År 2
År 3
År 4
Driftsinntekter Statstilskot frå Kulturdepartementet Tilskot frå fylkeskommune • Telemark
2 400
2 900
400
700
700
400
Tilskot frå kommune • Vinje
1 200 700 800 800
Kommunalt etableringstilskot
700 900
900
3 200 950 950
1 050 1050
1 200 1200
200
Andre offentlege tilskot
0
50
50
50
Billettsal
5
25
125
170
• Arrangement
5
25
50
70
• Utstilling
0
0
75
100
Sal butikk
0
0
175
225
Sal kafé
0
0
0
0
Utleige
0
0
0
0
Sal varer, tenester, annonsar m.m.
0
0
50
75
Sponsoravtalar
0
100
100
100
Andre eigeninntekter
25
25
25
25
Sum driftsinntekter
2 630
4 200
5 175
5 995
1570
975
820
60
23
16
680
1950
2110
2205
Honorar og møtegodtgjersle utval
25
200
300
300
Pensjon og afp Statens pensjonskasse 8,5 %
68
176
189
197
0
0
0
0
100
150
150
150
Drift av lokale (el, reinhald, vakthald)
80
100
130
150
Ordinære avskrivingar
25
50
100
120
0
0
175
175
Kjøp av tenester
350
150
200
350
Andre driftsutgifter
430
600
850
1160
Auke frå året før Auke i %
Driftskostnader Løn med sosiale kostnader
Offentlege refusjonar Husleige
Kjøp av varer
• Inventar og utstyr • Reparasjonar, vedlikehald, nye utstillingar
50
30
60
90
0
60
100
150
• Drift kontor og stab
75
140
160
220
• Telefon og porto
30
40
60
80
100
130
170
220
75
100
200
300
100
100
100
100
• Reiser • Marknadsføring • Ymse Uføresette kostnader
100
100
120
Etableringskostnader
200
0
0
0
Felleskostnader
450
600
750
900
2508
Sum driftskostnader
150
4076
5074
5857
Auke i kr
1568
999
783
Auke i %
63
25
36
124
101
138
Driftsresultat
122
222
31.15 Resultatkrav Styret har fastsett eit årleg resultatkrav som har auka i takt med den auka verksemda. Frå og med 2016 er dette kravet på 550 000 kroner. Kvar driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum skal gå med overskot. Styret i Nynorsk kultursentrum har vedteke resultatkrav på 350 000 kroner for Aasen-tunet og 150 000 kroner for Hauge-senteret. Styret fastset årleg resultatkrav for Vinje-senteret når første driftsbudsjett skal vedtakast. 31.16 Inntekter Gitt dei nemnde føresetnadene bør inntektene for Vinje-senteret auke frå 2,6 millionar i år 1 til 6,0 millionar i år 4. Dette svarar godt til utviklinga i rekneskapane for Hauge-senteret 2012–2015. Summen av offentlege tilskot aukar frå 2,6 millionar i år 1 til 5,3 millionar i år 4. Det vil seie at Vinje-senteret er heilt avhengig av dei offentlege tilskota som grunnlag for drifta, og at senteret over tid skaper eigeninntekter som i år 4 utgjer 1,1 millionar. Det ville vere lett å lage budsjett med ein annan profil, men realismen ligg nok i tala i tabell 22. Budsjetta føreset årlege tilskot frå Vinje kommune som aukar frå 800 000 i år 1 til 1 200 000 i år 4. Tilsvarande løyvingar frå Telemark fylkeskommune er rekna med som 600 000 i år 1 og 1 200 000 i år 4. Dette legg grunnlaget for årlege løyvingar frå Kulturdepartementet som aukar frå 1 200 000 i år 1 til 3 200 000 i år 4. Kulturdepartementet vil truleg øyremerkje summane dei første par åra, og seinare blir desse summane ein del av dei årlege løyvingane til Nynorsk kultursentrum. Då er det styret som fastset fordelinga, slik styret har gjort for Hauge-senteret og Aasen-tunet, trygt innanfor føresetnadene i denne prosjektplanen, dei årlege søknadene og dei årlege tildelingsbreva. Butikk og billettsal vil utgjere ein viktig del av eigeninntektene. 31.17 Eigeninntekter Vinje-senteret kan særleg få eigeninntekter frå sponsoravtalar, gåver, sal av tenester, billettinntekter og sal i butikk. Det tek tid å byggje opp inntektsgrunnlaget for slike inntekter. Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag opna Dei nynorske festspela 2015. I opningstalen framheva han særleg dei inntektene Nynorsk kultursentrum har skapt gjennom butikkdrifta. Det same sa han då Nynorsk kultursentrum fekk 25 000 kroner i gåveforsterking av ei gåve frå Sparebanken Vest til Hauge-senteret i 2015: «Eg har tidlegare gitt ros til Nynorsk kultursentrum for den gode butikken dei driv i Ørsta. Med denne støtta frå Sparebanken Vest til Olav H. Hauge-senteret i Ulvik viser dei at kulturlivet kan lukkast med å skape privat engasjement for viktige kulturutrykk som nynorsk lyrikk.»174 For kvar krone Nynorsk kultursentrum har fått ekstra i offentlege tilskot, har institusjonen skaffa ei krone sjølv. Institusjonen har såleis mykje røynsle med å hente inn ulike typar inntekter. Det vil kome Vinje-senteret til gode. 31.18 Kostnader Driftskostnadene er budsjetterte med ein vekst frå 2,5 millionar i år 1 til 5,9 millionar i år 4. Dette oppfyller det føresette resultatkravet for Vinje-senteret. 174
«Hauge-senteret får ekstragåve», Hordaland 10.12.2015.
223
Styret i Nynorsk kultursentrum etablerte alt i 1999 det prinsippet at lønskostnadene må utgjere mindre enn 60 prosent av samla kostnader. Då ville institusjonen ha handlefridom til å gjere det som var ønskjeleg. I alle år etterpå har løn og honorar utgjort om lag 50 prosent av samla kostnader. I driftsbudsjetta for Vinje-senteret står løn og honorar for om lag 33 prosent av kostnadene. Det er eit godt utgangspunkt for å skape aktivitet, liv og røre. Lønskostnadene for dei tilsette byggjer på spesifiserte lønssteg for kvar stilling, jamført med nivået for tilsvarande stillingar i dei andre driftsavdelingane, og med dei årlege endringane som følgjer av tariffavtalen med Forskarforbundet. Som eit av få museum er Nynorsk kultursentrum medlem i Statens pensjonskasse. Det gir vesentleg lågare pensjonskostnader enn i kommunale og private ordningar. Ein nasjonal kulturinstitusjon utanfor Oslo kan vere mindre enn om den låg i Oslo og likevel oppnå ame effekt. Lokalisering utanfor storbyane utløyser ein del kostnader som blir større enn om staden var urban. Dette gjeld særleg reisekostnader. På den andre sida kan ein del kjøp av lokale tenester vere rimelegare enn om dei skulle kjøpast i storbyen. Nynorsk kultursentrum har også fleire avtalar som reduserer kostnader, som hotellovernatting i Oslo. Ingen prosjekt er avslutta før dei er formidla, er ei av grunnsetningane for drifta i Nynorsk kultursentrum. Marknadsføring må til for å posisjonere og profilere Vinje-senteret og for å informere om alle publikumstilboda. Ein del kostnader aukar i takt med talet på medarbeidarar. Når dei årlege driftsbudsjetta blir laga i Nynorsk kultursentrum, blir alle summar brotne ned på dei ulike rekneskapskontoane. I tillegg blir det laga prosjektbudsjett for alle tiltak som utgjer minst 250 000 kroner. Med så spesifiserte og detaljerte budsjett har det ikkje vore nødvendig å rekne med nokon sum til uføresette kostnader. Det er likevel gjort i dei årlege driftsbudsjetta for Vinje-senteret av di desse ikkje er utarbeidde så detaljert på dette stadiet. 31.19 Etablerings- og felleskostnader Å utvikle og integrere ei ny driftsavdeling i etablerte system utløyser ein openberr kostnad. Utover på 2000-talet blei mange museum slått saman til større einingar. Morselskapa sette då gjerne ein pris på kva det ville koste å ta over ansvaret for ei ny driftsavdeling. Nokre sette summen lågt, til dømes 1 million, medan andre prisa denne prosessen til nærmare 3 millionar. Nynorsk kultursentrum ligg her i den rimelege delen av skalaen. Med overtakinga av ansvaret for å utvikle og drive Hauge-senteret, følgde midlar på godt og vel 300 000 kroner. Det viste seg å vere i minste laget. For nye avdelingar er difor denne kostnaden sett til 500 000 kroner. For 2016 har Vinje kommune løyvt 800 000 kroner til det vidare arbeidet med Vinje-senteret. Nynorsk kultursentrum reknar med at inntil 300 000 av desse kan brukast til dei nemnde etableringskostnadene. Då står det att 200 000, som her er rekna med i driftsår 1. Direkte kostnader som ei driftsavdeling genererer, blir dekte av den aktuelle avdelinga. Vinje-senteret blir meir enn dei fire fast tilsette og dei deltidsmedarbeidarane som trengst. Ei rekkje fellesfunksjonar blir dekte gjennom driftsavdelinga Administrasjonen i Nynorsk kultursentrum. Med Vinje-senteret på plass må kapasiteten utvidast på fleire punkt, særleg kommunikasjon og den samla butikkdrifta. Begge delar vil vere med og styrkje inntektsgrunnlaget. Dette vil Nynorsk kultursentrum greie å gjere utan at felleskostnadene blir høgare for Vinjesenteret enn dei er for Hauge-senteret i dag.
224
Dei årlege driftsbudsjetta i tabell 24 svarar altså til hovudlinjene i årsrekneskapane for Hauge-senteret over tid. Hauge-senteret nådde dei overordna måla for drifta i både 2011, 2012, 2013, 2014 og 2015. Det kan også Vinje-senteret gjere med dei budsjetta som er lagde fram i denne prosjektplanen. 31.20 Konklusjon Denne prosjektplanen formar eit høgt fagleg ambisjonsnivå for Vinje-senteret. Ingen sa imot då dette ambisjonsnivået blei presentert i minste detalj i drøftingsframlegget i januar 2016. Skisseprosjektet frå dei framståande arkitektane Hille & Strandskogen byggjer vidare på dette faglege ambisjonsnivået. Med sine mange funksjonar og oppgåver blir Vinje-senteret komplekst å byggje når gjenbruk er ein viktig føresetnad. Dette er ombygging, nybygg og tilbygg i eitt. I tillegg kan ein no heve bruksstandarden for Vinjar samfunnshus, i si tid skapt av ein av dei fremste norske arkitektane på 1900-talet, i levande bruk i dag. Slik ser møtet mellom kulturvern og moderne museumsdrift ut, i innhald, form og kroner. Og likevel: Vinje-senteret blir ein av dei minste nye nasjonale kulturinstitusjonane i Noreg. Det blir også ein av dei rimelegaste.
225
32
Overtakings- og driftsavtale
Frå Vinje-utstillinga 2015. Foto: Nynorsk kultursentrum
Vinje kommune eig Vinjestoga, Vinje skule og Vinjar samfunnshus. Å etablere Vinjesenteret endrar ikkje noko på dette. I tråd med intensjonsavtalen frå 2014 gjer Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum ein overtakings- og driftsavtale på grunnlag av denne prosjektplanen, som inneheld framlegg til ein slik avtale. Framlegget inneber at Nynorsk kultursentrum kan ta over driftsansvaret for Vinje-senteret frå og med 1.9.2016 og Vinjestoga frå og med 1.1.2018.
32.1 Bakgrunn På møtet i Vinje 4.4.2014 tok Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum mål av seg til å få fram ein overtakingsavtale som kunne handsamast i Vinje kommunestyre og styret i Nynorsk kultursentrum før 1.7.2015. Etter intensjonsavtalen skulle Vinje kommune innan 15.1.2015 kome med sine innspel til ein overtakingsavtale, og Nynorsk kultursentrum skulle følgje opp med eit første samla framlegg 1.3.2015. Dette lèt seg ikkje gjere, og partane blei i staden samde om at eit framlegg til overtakingsavtale blei teke inn i prosjektplanen. Når det no har gått eit år, er det meir relevant å lage ein overtakings- og driftsavtale. Ein slik avtale vil forplikte begge partane meir enn den reine overtakingsavtalen, og den kan
226
hindre unødvendige omkampar om nokre år. Framlegg til overtakings- og driftsavtale ligg ved (vedlegg 9). Punkt 12 i vedlegget til intensjonsavtalen er ein førebels disposisjon for ein overtakingsavtale. Den disposisjonen er lagd til grunn for framlegget i vedlegg 9. Undervegs viste det seg at fleire punkt burde takast med, medan noko kunne gå ut eller slåast saman. Intensjonsavtalen inneheld mange direkte tilvisingar til ein overtakingsavtale, og mange formuleringar i framlegget er henta frå eller byggjer på den intensjonsavtalen. Det vil seie at partane blei samde om ein god del av dette for to år sidan. Dessutan byggjer framlegget på dei avtalane Nynorsk kultursentrum gjorde med Olav H. Hauge-stiftinga i 2010 og 2014 om Hauge-senteret og 2014, og avtalen med Ulvik herad om Ulvik poesifestival frå 2013. Det har vore eit poeng å ta med vidare det partane alt er blitt samde om i intensjonsavtalen. Overtakings- og driftsavtalen skal særleg tene til å dra opp ansvarsgrensene og dermed arbeidsfordelinga mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum, fastsetje nødvendige tidsrammer, slå fast grunntrekk i organiseringa, klargjere hovudlinjer i finansiering. Dermed blir mest mogleg av grunnlaget for utvikling av Vinje-senteret minst mogleg personavhengig. Framdrift, overtakingstidspunkt, drift og økonomiske føresetnader er mellom dei mest sentrale punkta i avtalen. Omtalen nedanfor blir difor konsentrert om desse. 32.2 Framdrift For den politiske leiinga i Vinje kommune er det eit klart og uttrykt mål at Vinje-senteret skal opne med eit komplett tilbod før kommunevalet i 2019. I intensjonsavtalen var målet å opne Vinje-senteret 6.4.2018, og at ein overtakingsavtale burde difor vedtakast sommaren 2015. Til Vinje-jubileet kan og bør alle medarbeidarane vere på plass, og Vinje-senteret kan dermed presentere seg med eit spesialprogram på 200-årsdagen. Eit komplett publikumstilbod kan nok likevel først vere på plass våren 2019. God framdrift i arbeidet med å etablere Vinje-senteret føreset at ein overtakings- og driftsavtale kjem på plass snarast råd i 2016. Det optimale ville vere at Vinje kommunestyre og styret i Nynorsk kultursentrum etter forhandlingar godkjenner avtalen på møta sine i juni 2016, men det kan vere at det er for knapp tid. Før ei slik godkjenning er det rimeleg å vente at fleire kommunale organ i Vinje kommune ønskjer å drøfte saka grundig, folkevalde og andre må få tid nok til å setje seg godt inn i prosjektplanen, og partane skal forhandle om den endelege ordlyden. Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum bad i brev til Kulturdepartementet 12.1.2016 om å få møte kulturministeren våren 2016 for å presentere og drøfte prosjektplanen og prosjektet. Eit tilsvarande møte om Hauge-senteret blei halde i juni 2010, eit halvt år før Nynorsk kultursentrum tok over ansvaret for å utvikle og drive det senteret. Den endelege avtalen om den overtakinga gjorde Nynorsk kultursentrum med Olav H. Hauge-stiftinga i august same året. I avtaleframlegget står det ikkje noko om Litteraturdagane i Vinje. Som nemnt i kapittel 19.5 er det eit medlemslag som eig festivalen, og årsmøtet i laget 24.1.2016 vedtok å forhandle om at festivalen blir ein del av Vinje-senteret. Alt etter kva resultatet blir, kan dette i neste omgang innarbeidast i avtalen. 32.3 Overtakingstidspunkt I punkt 2.1 er forslaget at Nynorsk kultursentrum tek over driftsansvaret alt frå 1.9.2016.
227
Kan avtalen godkjennast i juni, er det formelt mogleg for Nynorsk kultursentrum å ta over ansvaret frå og med september. Det som talar mot ein slik dato, er at ein først i desember vil vite kva midlar Stortinget, Telemark fylkeskommune og Vinje kommune eventuelt løyver for 2017. Nynorsk kultursentrum risikerer dermed å ta på seg eit ansvar utan å kjenne grunnlaget for det ansvaret. Likevel kan det vere gunstig for begge partane at Nynorsk kultursentrum tek over såpass tidleg. Det gir ei klar rollefordeling mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum, og prosjektet får ei eintydig adresse for alle interesserte. I det vidare arbeidet vil likevel Nynorsk kultursentrum vere avhengig av at også Vinje kommune kan bruke ein del tid på å fremje prosjektet overfor folkevalde organ regionalt og nasjonalt. Same kva overtakingstidspunktet blir, kan ikkje Nynorsk kultursentrum lyse ut og tilsetje i stillinga som dagleg leiar for tidleg. Omsynet til framdrift tilseier utlysing og tilsetjing før 1.10. slik at vedkomande kan ta til 2.1.2017. Omsynet til sikkert driftsgrunnlag tilseier derimot utlysing etter at Telemark fylkeskommune og Stortinget har vedteke fylkesbudsjett og statsbudsjett for driftsår 1. Det er avgjerande, for elles blir Nynorsk kultursentrum sitjande med personalansvar for ei stilling utan driftsgrunnlag. Det strir mot dei driftsprinsippa Nynorsk kultursentrum har arbeidd etter i alle år, og som har gjort det mogleg å kome dit institusjonen er no. I beste fall handlar dette om å kome i gang tre månader seinare enn ideelt sett. 32.4 Bygningar og anlegg Alt som står om dette emnet, er i samsvar med intensjonsavtalen og den forståinga partane har hatt når saka har vore drøfta. Der er ein avtale mellom Vinje kommune og Vest-Telemark Museum om Vinjestoga som går ut 31.12.2017, og der er semje om at Vinjestoga då bør bli ein del av Vinje-senteret. Vinje kommune og eigarane av Midtbø har i eit par år drøfta korleis Midtbø bør og kan forvaltast i framtida. Overtakings- og driftsavtalen bør ta høgd for kva desse drøftingane endar med. 32.5 Drift Her blir ein del overordna trekk ved drifta slått fast, og partane må avtale praktiske vilkår for bruken av kommunal eigedom. Kjøp av varer og tenester lokalt er eit etablert prinsipp for drifta i Nynorsk kultursentrum, og dette blir praktisert både i Ørsta og Ulvik. Avtaleframlegget inneber gratis husleige i ti år. Ulvik herad yter tilsvarande teneste i 15 år for Hauge-senteret. Dette er med og sikrar driftsgrunnlaget i den mest krevjande fasen for Vinje-senteret. 32.6 Økonomi Prosjektplanen inneheld eit mogleg driftsbudsjett for Vinje-senteret for år 1–4 (sjå kapittel 31.12–31.19). Dei budsjetta byggjer på tilsvarande budsjett for Hauge-senteret og andre røynsler i organisasjonen. Driftsbudsjetta konkretiserer den føresetnaden som er formulert i kapittel 28 og 29 om at Vinje-senteret på få år må kome opp på fullt driftsnivå. Det vil seie at i år 4 bør løyvinga frå Vinje kommune vere på det nivået som for seinare år berre blir justert for pris- og lønsvekst i samsvar med føresetnadene i statsbudsjettet for kvart år.
228
Ein overtakings- og driftsavtale gir føreseielege rammevilkår for både offentleg forvaltning og Nynorsk kultursentrum. Avtalen mellom Ulvik herad og Nynorsk kultursentrum om Ulvik poesifestival 2014–2018 fungerer framifrå og har fjerna eit årleg spørsmål om løyvingar som elles kunne blitt nerveslitande. Når partane tek til på forhandlingar om avtalen om Vinje-senteret, bør det difor vere eit mål at dei årlege driftstilskota blir spesifiserte. Det er for tidleg å skrive inn slike formuleringar om investeringskostnader. Dette vil dreie seg om to typar kostnader: • Ombygging og nybygg 2017–2018 • Basisutstilling 2018–2019 Formuleringane er elles i stor grad henta frå avtalen med Hauge-stiftinga og dei budsjettprinsippa som der blei etablerte. Den etableringskostnaden som er omtalt i punkt 10.1, dekkjer det arbeidet som må gjerast og dei endringane som må gjennomførast for at Vinje-senteret kan bli fullt integrert administrativt og teknisk i Nynorsk kultursentrum. 32.7 Samarbeidsforum Det bør vere eit årleg samarbeidsmøte mellom partane, og det er ønskjeleg å få til eit kontaktforum som også involverer fylkeskommunen. Dette byggjer på røynslene med kontaktforum for Aasen-tunet og samarbeidsmøte for Hauge-senteret. 32.8 Føresetnader Formuleringane byggjer på intensjonsavtalen frå 2014, som i sin tur henta dei frå avtalen mellom Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum av 2010. Ein kan ikkje avtale seg bort frå uvisse, men ein bør klargjere kva som skal til for at føresetnadene for avtalen er oppfylte. 32.9 Separate avtalar Desse avtalane er ein konsekvens av det som står tidlegare i avtalen eller som er føresett i prosjektplanen. 32.10 Forhandlingar og endeleg avtale Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum fastset endeleg overtakings- og driftsavtale gjennom forhandlingar. I møte 11.12.2015 vedtok styret i Nynorsk kultursentrum at styreleiar og nestleiar er forhandlingsdelegasjon med direktøren som medhjelpar.
229
33
Kulturelle, økonomiske og andre ringverknader
Bakeriet på Mjonøy. Foto: Nynorsk kultursentrum
Å realisere Vinje-senteret er å vise eit alternativ til den mentale sentraliseringa som no pregar Noreg. Ein kulturinstitusjon er viktig og gjer seg viktig i kraft av seg sjølv. Det følgjer av den eigenverdien kultur har. Vinje-senteret vil også styrkje og fornye Vinje som litterært landskap og gi publikum fleire tilbod enn dei som alt finst. Senteret gir også vesentlege økonomiske ringverknader i form av varige arbeidsplassar. Røynslene frå Aasen-tunet og Hauge-senteret viser at det tek tid før ringverknadene frå ein slik kulturinstitusjon slår inn. Alt året etter at Hauge-senteret kom i full drift, hadde likevel institusjonen gitt Ulvik 12 nye innbyggjarar. Ein god tommelfingerregel er at om lag 70 prosent av lønsmidlane går inn i lokaløkonomien.
33.1 Forståing av ringverknader Ein kulturinstitusjon er viktig og gjer seg viktig i kraft av seg sjølv. Det følgjer av den eigenverdien kultur har. Kva økonomiske ringverknader ein institusjon av typen Vinje-senteret kan gi, er difor underordna.
230
I norsk kulturforsking har analysar av ringverknader som regel vore avgrensa til dei økonomiske. Slike studiar ligg føre frå mellom andre Østlandsforskning og Telemarksforsking. Analysemodellar for kulturelle verdiar og andre ikkje-økonomiske ser ut til å vere mangelvare. Under arbeidet med prosjektplanen dukka det opp ein slik matrise som European Broadcasting Union har utvikla (figur 4). Figur 4. Matrise for verdiar og ringverknader
Kulturliv
Kultur og utdanning Identitet
Kulturarv
Teknologi Forsking Roll-out og utvikling
Personleg Utvikling
Tilpassing
Kunnskapsoverføring
Institusjon Økonomi Makroøkonomiske indikatorar Tiltrekking av kapital
Demokrati Borgarmakt Offentlegheit
Generering av aktivitet Arbeidsmarknad
Sosial forming
Politisk system
Kjelde: European Broadcasting Union
Denne matrisen viser først og fremst kor samansette ringverknadene er. Det handlar om det meste, frå kulturarv og identitet via økonomi og teknologi til borgarmakt og demokrati. Å isolere ein kulturell eller demokratisk verknad og prove at dette er ein ringverknad frå til dømes Vinje-senteret eine og åleine er umogleg. Matrisen bør heller lesast som ei systematisering av mange ringverknader som går over i kvarandre og som i sum utgjer den endringa ein ny institusjon kan representere over tid. 33.2 Økonomiske ringverknader av Aasen-tunet Å etablere kulturinstitusjonar kostar, men slike institusjonar skaper også inntekter. Ein analyse av dei økonomiske ringverknadene kan vise kva lokalsamfunn og storsamfunn får att av verdiar. Det er laga ein slik analyse for Aasen-tunet, avgrensa til etableringsfasen og dei første driftsåra. Frå 1991 og fram til opninga i 2000 utgjorde dei offentlege utviklings- og investeringskostnadene 73,3 millionar. Av dette stod staten for 65 prosent. Dei lokale leveransane til denne byggjeverksemda utgjorde truleg om lag 30 millionar. Desse kjøpa av varer og tenester hadde i neste omgang sine verknader for lokale lønsinntekter og lokale skatteinntekter. Alt før ein einaste gjest hadde sett foten innom døra i nybygget eller slengt seg nedpå i uteamfiet, var dobbelt så mykje midlar førte tilbake til lokalsamfunna som det vertskommunane hadde satsa. Med på kjøpet fekk kommunane eit anlegg til ein teknisk verdi firedobbel av innsatsen og ein institusjon med minst ti faste arbeidsplassar. På dei fem første driftsåra etter opninga av tunet i 2000 hadde Nynorsk kultursentrum hatt ei samla omsetning på vel 42 millionar. Lokalt forbruk og investeringar hadde saman med dei direkte skatteinntektene tilført lokalsamfunna 27,5 millionar på fem år. Det vil seie at to av tre kroner frå omsetninga gjekk til dei to lokalsamfunna i form av skattar, forbruk og investeringar. Slår vi saman utviklings- og investeringsmidlane frå 1990-åra og driftsmidlane 20002004, har dei to vertskommunane Ørsta og Volda brukt 15,5 millionar. Saman med det lokale
231
næringslivet har dei same kommunane fått tilbake minst 30 millionar i 1990-åra og 27,5 millionar etterpå. Det vil seie at 15,5 millionar kommunale kroner er blitt til 57,5 millionar i lokaløkonomien. Alt etter så kort tid er kvar kommunale krone blitt til fire kroner i lokaløkonomien. To av tre kroner frå verksemda til Nynorsk kultursentrum hamnar i næringslivet eller i kommunekassa i vertskommunane. Der er nokre trekk ved denne institusjonen som langt frå er typiske i norsk kulturøkonomi, men det kan ikkje vere tvil om at kulturinstitusjonar har sitt å seie for den dynamikken som økonomien i kvart einaste lokalsamfunn er avhengig av. 33.3 Ringverknader av Hauge-senteret Hauge-senteret har like frå 2011 utvikla eit jamt større publikumstilbod i Ulvik. Publikum har fått arrangement som har vore unike for Hauge-senteret sin del i den forstand at dei ikkje ville blitt til utan denne institusjonen. Døme på dette er «Det store sjølvportrettet» 4.12.2011, «Kjære Olav! Kjære Bodil!» med Bodil Cappelen og Sigrid Moldestad 18.4.2012, «Inn i diktarverda» med Kolbein Falkeid 4.5.2013, førpremiere på filmen «Den andre mannen i meg» 26.11.2014 og opning av barnekunstutstilling 6.5.2015. Likeins har skuleelevar og lærarar både i regionen og andre stader i fylket fått program i Den kulturelle skulesekken som er utvikla ved Hauge-senteret. Produksjonen «Tenk om eg var ein tanke» hadde premiere på Osterøy 26.1.2015. I tida 2011–2013 etablerte Nynorsk kultursentrum fire faste heiltidsstillingar ved Hauge-senteret i Ulvik. Då avdelinga kom i full drift, blei det også nødvendig å engasjere deltidstilsette som omvisarar og helgevikarar. Ved inngangen til 2016 hadde dermed Haugesenteret sju medarbeidarar. Dei fire faste stillingane har tilført Ulvik herad 12 nye innbyggjarar når familie, born og vikarar i omsorgspermisjonstida er rekna med. Med Hauge-senteret kom pengar inn i lokaløkonomien som elles ville ha hamna andre stader. Summen var relativt liten dei første åra, men frå og med 2014 har Hauge-senteret kvart år tilført lokaløkonomien fleire millionar kroner. Dette aukar kjøpekrafta lokalt og gjer sitt til å sikre etablerte arbeidsplassar. 33.4 Sannsynlege ringverknader av Vinje-senteret Vinje-senteret vil gi Vinje kommune og Vest-Telemark fire–fem varige høgkompetanse-arbeidsplassar. Med dette følgjer også auka busetnad. I Ulvik hadde dei fire arbeidsplassane ved Hauge-senteret ved utgangen av 2015 gitt 12 nye innbyggjarar i kommunen. Slike institusjonar er attraktive for fastbuande, tilbakeflyttarar og innflyttarar. I dette kan det liggje ein positiv effekt for lokale kulturmiljø. Private kulturtiltak kjem og går, men sjansen for at dei skal vare, er større viss der er ein minste kritiske masse av eit lokalt kulturmiljø med mange nok likesinna. Det er lettare å bli verande eller ta sjansen på å flytte (tilbake) viss ein veit at der er fleire av same slaget. Analysen ovanfor av ringverknader frå Aasen-tunet viser at for kvar medarbeidar kjem fleire hundre tusen kroner ekstra inn i den lokale økonomien i Vinje og Vest-Telemark. Tilsette bruker om lag 70 prosent av løna lokalt. Når Vinje-senteret er i full drift, vil fleire millionar kvart år kome inn i den lokale økonomien. Utan Vinje-senteret ville desse ha kome ein annan stad i landet.
232
Gjennom heile året får fastbuande og tilreisande i Vest-Telemark eit utvida kulturtilbod med arrangement og andre tiltak som ikkje alt er der. Den årlege markeringa av fødedagen til A.O Vinje er eit første uttrykk for dette. Vinje-senteret vil handle lokalt der det er mogleg og føremålstenleg. Både serveringsog overnattingsverksemder vil nyte godt av dette, både i form av gjester som treng overnatting, og gjester som kjøper mat i senteret (sjå kapittel 20.11). 33.5 Endringar i den lokale kulturøkonomien Svært ofte er inngangsbillettane til lokale kulturtilbod prisa for lågt. Dermed festnar ei oppfatning seg om at slike tilbod skal koste lite. Kulturtilbod organiserte av frivillige utan betalt arbeidstid treng lågare inntekter for å gå rundt, men vil ofte også ha mindre å gå på, og kan dermed også ta mindre risiko. Kulturinstitusjonar med betalt, profesjonell drift – frå kulturhus til museum – vil som regel påverke det lokale kulturlivet positivt ved at marknaden for kulturtilbod blir utvida og gradvis aukar kjøpeviljen for dyrare arrangement. Slik gjekk det då Ål fekk kulturhuset sitt i 1990-åra, og det same skjedde i åra etter at Aasen-tunet var opna i 2000. Den økonomiske differensieringa aukar, og fleire aktørar kan etablere seg. 33.6 Arbeidstrening og andre behov Nynorsk kultursentrum har like sidan 2000 teke imot mange medarbeidarar på arbeidstrening og andre former for tilbakeføring til yrkeslivet. Dette har vore verdfullt for både dei det gjeld og familiane deira, lokalsamfunna og institusjonen. Vinje-senteret vil på liknande måte samarbeide med NAV og andre instansar om å vere med og dekkje slike behov i området. 33.7 Den lange effekten Å etablere kulturinstitusjonar tek tid. Å merke verknaden av slike institusjonar tek også tid. Den økonomiske ringverknaden kjem raskt, men det går år før dei kulturelle ringverknadene viser att. Dei som tek dei avgjerdene som trengst for å realisere Vinje-senteret, må rekne med at dei sjølve i liten grad får gleda av ringverknadene. Utteljinga ligg i vissa om positive endringar. Blir planen for Vinje-senteret realisert, blir Nynorsk kultursentrum det einaste norske museet med driftsavdelingar i tre fylke og to landsdelar, og eit av dei største litterære musea i Norden. På 2000-talet ser det ut til at sentraliseringskreftene blir tekne for gitt. Det offentlege ordskiftet om desse spørsmåla er svakt og nærmar seg ein politisk resignasjon. Å realisere Vinje-senteret er å vise eit alternativ til den mentale sentraliseringa som følgjer av den økonomiske og geografiske sentraliseringa som no pregar Noreg.
233
34
Risikovurdering
Prøysenstua like nedanfor den nye hovudbygningen til Prøysenhuset i Ringsaker. Foto: Nynorsk kultursentrum
Å vurdere risiko er å vurdere både kva som skal til for å nå planlagde mål og kva som kan hindre dette. Sju slike faktorar er identifiserte, men det kan også gå betre enn ein ventar. Ideen om Vinje-senteret er blitt møtt med stor entusiasme og vilje til resultat på ulike nivå. Ein bør både rekne med at noko skjer seg og at det kan bli uro i etableringsfasen. Røynsler frå oppbygginga av andre museum dei siste åra vil bli brukte, særleg frå Hauge-senteret som blei bygt opp 2011–2014. Vinje-senteret er betre forankra enn noko anna prosjekt Nynorsk kultursentrum har arbeidd med. Prosjektplanen er omfattande fordi eit moderne museum er ein kompleks organisasjon med svært mange og ulike oppgåver som skal løysast. Det faglege og organiatoriske ambi-sjonsnivået er høgt, men det gjer også at mangt er gjennomtenkt lenge før det skal gjerast. Vinje-senteret blir det det gjer.
34.1 Behov for risikovurdering Risiko i forvaltning og drift handlar om moglege avvik frå det ein ventar eller frå dei måla som er sette. Å vurdere risiko er å vurdere både kva som skal til for å nå planlagde mål og kva som kan hindre dette. Det gjeld å identifisere risikoar, analysere og vurdere dei, og så handtere eventuelle risikoar – finne utvegar, avgrense farar og prioritere tiltak.
234
Slike vurderingar er blitt jamt meir integrerte i både privat verksemd og offentleg forvaltning det siste tiåret. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok 6.12.2013 at risikovurdering skal integrerast i planlegginga av store prosjekt. Standard Norge har utforma NS 5814:2008 Krav til risikovurdering, og Direktoratet for forvaltning og IKT har utforma system for offentleg forvaltning. Nynorsk kultursentrum har erfaring med å utvikle nye driftsavdelingar og drive avdelingar fleire stader i landet. Desse faglege, organisatoriske og økonomiske erfaringane er integrerte i denne prosjektplanen og vil bli konkretiserte når Vinje-senteret skal detaljplanleggjast. I tillegg blir erfaringar frå andre nyare institusjonar brukte. Noko av dette er det gjort greie for i kapittel 31.5. Med Hauge-senteret har Ulvik fått fire nye faste arbeidsplassar og 12 innbyggjarar. Nynorsk kultursentrum har hatt eige driftsbudsjett for avdelinga frå og med 2011, og kvart år 2011–2015 har Hauge-senteret gått med overskot. Ombygginga av det gamle heradshuset der Haugesenteret held til, blei gjennomført før ein visste nokon om kva behov Hauge-senteret ville ha. For Vinje-senteret vil alle tiltaka bli gjennomførte i rett rekkjefølgje. Nedanfor blir dei viktigaste risikoane og sjansane identifiserte og vurderte. 34.2 Finansieringa dreg ut eller stoppar opp Både investeringsbudsjettet for ombygging og for basisutstilling og driftsbudsjettet for Vinjesenteret føreset midlar frå mange tilskotskjelder. Som regel konkurrerer då dette tiltaket med mange andre. Difor gjeld det å kunne realisere Vinje-senteret som eit såpass rimeleg prosjekt som denne prosjektplanen gjer greie for. Når søknadene blir sende og initiativa tekne, må budsjett og planar vere så gjennomarbeidde at det ikkje kjem store overraskingar undervegs. Det er lite privat kapital å hente i Vest-Telemark, men dei kjeldene som finst, blir inviterte med i spleiselaget. 34.3 Dyrare enn føresett Investeringskalkylen for byggjeprosjektet er uvanleg detaljert til å vere til eit skisseprosjekt. Dessutan er den vanlege marginen på 25 prosent rekna med for bygging og ombygging, og ein lågare margin for basisutstillinga. Difor er det meir sannsynleg at den samla kostnaden blir mindre enn at den blir større. I kapittel 31.8 er det gjort nøye greie for kva faktorar som er mest usikre, og det er desse som gjer at prosjektplanen presenterer ein samla kostnad med alle marginar. Dette prosjektet er like detaljert i kroner som i fagleg innhald, organisering og drift, og der er ein konsekvent samanheng mellom innhald, form og investering. 34.4 Geografiske interessemotsetnader I Vinje kommune er der nokre spenningar mellom dei tre grendene Edland, Rauland og Åmot. Slike spenningar kan bli brukte i debatten om kva Vinje-senteret bør vere. Det kan svekkje både framdrifta og soliditeten i arbeidet. I ein ganske sentralisert mediebransje utløyte arbeidet med prosjektplanen nokre spørsmål om lokalisering utanfor det som blei kalla allfarveg (sjå kapittel 27.2). Di meir samla ulike miljø og interesser i Vinje kommune stør oppunder hovudlinjene i prosjektplanen, di mindre relevante blir slike argument.
235
34.5 Det blir for mange slike senter Eit venta motargument er at det går ei grense for kor mange senter og museum Noreg treng. I det nasjonale museumsnettverket er det no om lag 70 driftseiningar. Desse har til saman truleg godt over 700 avdelingar. Felles for svært mange av desse er at dei dekkjer den same typen kulturhistorie, kvar i sitt avgrensa område. Der vil heile tida vere ein dynamikk i retning av å skape noko nytt. Då må det som skal utviklast, skilje seg frå det som alt finst. Det går ikkje ut over andre museum at nye minnestader og museum kjem til. Tvert om kan det generere meir besøk for fleire fordi der blir fleire tilbod i det området gjestene held til, og det museumsfaglege miljøet i Vest-Telemark blir større. Prosjektplanen er gjennomsyra av ein insisterande føresetnad om at Vuinje-senteret trengst fordi det skal gjere noko ingen andre gjer frå før. 34.6 Stram tidsplan Framdriftsplanen blir lett svært stram for slike nye prosjekt. Då aukar risikoen for at noko går gale, ikkje blir bra nok eller kostar unødvendig mykje. Framdriftsplanen for Vinje-senteret byggjer på ei meir ideell utgåve av den faktiske framdriftsplanen for Hauge-senteret. Det vil seie at dei nødvendige marginane er på plass. Dessutan er svært mange løysingar alt forma gjennom prosjektplanen. 34.7 Rekruttering av fagleg kompetanse Det skiftar med tidsrom og bransje kvar ein får flest kvalifiserte søkjarar, og det har mykje å seie om ein arbeidsplass blir sett på som attraktiv eller ikkje. I 2010-åra har urbaniseringa vore sterk, men det inneber ikkje at det per definisjon er vanskeleg eller umogleg å få dei gode medarbeidarane. For alle dei stillingane som er aktuelle for Vinje-senteret, har Nynorsk kultursentrum over tid fått godt med kvalifiserte søkjarar andre stader i landet. Ein rekna med at det kunne bli vanskeleg å oppnå dette då to omsorgspermisjonar ved Hauge-senteret i 2015 utløyste behov for vikariat. Ved begge utlysingane kom det tvert om uventa mange og gode søknader. Nynorsk kultursentrum kan gjere lite med dei allmenne samfunnsendringane. Det institusjonen kan gjere nok med som arbeidsgivar og arbeidsplass, er å vere attraktiv, relevant og givande for dei som ønskjer den aktuelle typen fagleg arbeid. 34.8 Uro og/eller uventa tilbakeslag I oppbyggingsfasen er risikoen større enn elles for at det kan følgje ugreie med tilsetjingar, eller med andre avgjerder som blir tekne. Ein kan heller ikkje vente at alle er samde i alt. Nytilsette medarbeidarar kan kome på andre tankar etter ei tid. Vedkomande kan meine at stillinga ikkje er slik ein trudde, at Vinje likevel ikkje er den rette staden å bu, eller leiinga kan kome til at dette ikkje ser ut til å gå. Prøvetida er alltid reell ved tilsetjingar, særleg når noko er under oppbygging. 34.9 Den lokale entusiasmen som ekstra medhjelpar Ideen om Vinje-senteret har vore møtt med stor interesse og entusiasme lokalt. Undervegs i arbeidet fram mot denne prosjektplanen har Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum lagt stor vekt på inkludering, involvering og opne, tydelege prosessar. Den støtta som ligg i dette, er for ei dobbelrøyst å rekne når avgjerda skal takast. Oppslutninga av Vinje-senteret har vore stor. Undervegs kan det hende at eldsjeler som eig sterkt i det dei har vore med og bygt opp, får ei kjensle av at dei ikkje lenger har full
236
styring med desse tiltaka. Der eigarskapen er sterk, kan det også kome reaksjonar. Difor må ikkje styringsfarten hindre gode prosessar og smidige mellomløysingar der det trengst. 34.10 Det kan gå betre enn venta I den andre enden av skalaen for risikovurderingar ligg vurdering av sjansen for at det kan gå bra og jamvel betre enn venta. Til sjuande og sist er det personane som avgjer. Eit dynamisk fagmiljø som er stort nok, kan over tid utrette meir enn nokon med rimeleg grunn kunne vente. Prosjektplanen er omfattande fordi eit moderne museum er ein kompleks organisasjon med svært mange og ulike oppgåver som skal løysast. Det faglege og organiatoriske ambisjonsnivået er høgt, men det gjer også at mangt er gjennomtenkt lenge før det skal gjerast. Når alt kjem til alt: Vinje-senteret blir det det gjer.
Vinje-senteret skal mellom anna vera eit dokumentasjonssenter. Noko Vinjesenteret kjem til å dokumentere, er at små bygder som gjennom tidene har tilført landet sterke kulturelle kvalitetar og gjevi samfunnet ei djupare sjølvforståing, framleis har kraft, kapasitet og vilje til å spela ei slik rolle i framtida. Vinje-senteret vil syne dette, og såleis gjera Noreg rikare. Arne Vinje, ordførar Vinje kommune 2003–2015
237
35
Etterord
Den beste ideen er enno ikkje tenkt. Nynorsk kultursentrum: Visjon og strategi 2016–2019
238
Heim te Vinje Når eg ser ut av glaset mitt, så ser eg berre betong. Eg ser ikkje månen her ein gong. Å så drøymer eg om rasteinbanden, i kvar sin raude dress og om å stande på Stekkjen, utta mas og stress. Og der på Plassane, der møter Blåmann meg. Som om' n veit, eg hev' reist ein lang veg. Og i Åmot lyser Fristad, Blomen og Vinje Kro. Og trea uppi Åbø er kvite av sno! Så kjem endå ein dag, og eg kjenner på nye drag. Eg vi heim å hogge ved, stå på tunet å ver' i fred. Kunne ynskje Haukeliekspressen ha meire turbo i kveld. Eg vi heim te Vinje, og heimatt te kjende, kjære fjell! Tekst og melodi: Ingebjørg H. Bratland, 2011
239
240
Vedlegg
241
242
Vedlegg 1 Intensjonsavtale 13. februar 2014
1 Målet er å ta vare på og formidle litterær kulturarv og stimulere til ny skriving og til at ny litteratur blir skapt ved å utvikle, etablere og drive eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald i Vinje (heretter kalla Vinje-senteret som arbeidstittel). Partane tek mål av seg til at senteret skal få ei nasjonal rolle og utvikle nordisk og internasjonalt samarbeid. Litteratur på ulike tekniske plattformer med skiftande distribusjonsformer blir integrerte i arbeidet. Senteret byggjer også vidare på det arbeidet med omsetjing og gjendikting som Vinje kommune alt har støtta. 2 Partane ønskjer at senteret skal vere ope heile året med regelmessig opningstid gjennom veka, romme minst fire heiltidsarbeidsplassar og tilby digitale tenester og eit breitt tilbod til publikum på staden. Partane legg til grunn jamleg vedlikehald av bygning og utstillingar i samsvar med føresetnadene frå Stortinget om driftstilskot til slike institusjonar. 3 Partane tek sikte på at Vinje-senteret blir ei eiga driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet og Hauge-senteret. Denne organiseringa blir tufta på felles faglege ambisjonar og interesser ut frå ei erkjenning av at den faglege nærleiken er større enn den geografiske avstanden. 4 Partane deler ein felles intensjon om at Vinje-senteret skal kunne opnast med eit komplett publikumstilbod til 200-årsdagen for A.O. Vinje fredag 6. april 2018. 5 Partane har ei felles interesse av å styrkje den nynorske kulturtradisjonen og ser på Vinjesenteret som ein av berebjelkane i arbeidet for meir bruk av nynorsk på Austlandet. Administrasjonsspråket i Vinje-senteret skal vere nynorsk. 6 Senteret skal dekkje både skjønnlitteratur og sakprosa og leggje særleg vekt på litteratur i bruk, medrekna journalistikk. 7 Partane legg vekt på lokalt engasjement, språkleg identitet og eit internasjonalt perspektiv. Vinje-senteret skal styrkje den lokale språklege og kulturelle identiteten med vekt på samspelet mellom dialekt og nynorsk. 8 Vinje-senteret blir utvikla gjennom eit nært og konstruktivt samarbeid særleg med barnehagar og grunnskular i Vinje kommune, vidaregåande skular i regionen og kulturinstitusjonar i fylket. 9 Senteret skal styrkje Vinje som reisemål for kunst- og kulturinteresserte. Partane legg særleg vekt på at verksemda ved Vinje-senteret skal kome innbyggjarane i Vinje kommune og regionen Vest-Telemark til gode, og at det skal gi ein ny og viktig arena for skrivande og andre skapande kunstnarar i regionen.
243
10 Partane tek i arbeidet særleg omsyn til den vidare utviklinga av Litteraturdagane i Vinje som ein viktig litteraturfestival og vil saman med festivalen finne fram til den beste forma for samarbeid mellom festivalen og Vinje-senteret. 11 Som følgje av denne avtalen blir Vinje kommune og Telemark fylkeskommune inviterte inn som medstiftarar i Nynorsk kultursentrum. 12 Ein overtakingsavtale fastset det tidspunktet då Nynorsk kultursentrum tek over ansvaret for etablering og drift av Vinje-senteret i samsvar med denne avtalen. Dette omfattar særleg styring, organisering, personalforvaltning, drift og økonomi. 13 Til noko anna er avtalt har Vinje kommune det samla prosjektansvaret og fastset forpliktande budsjettramme for arbeidet. Nynorsk kultursentrum har ikkje noko økonomisk ansvar for Vinje-senteret før ein eventuell overtakingsavtale gjeld. I avtaleperioden dekkjer Vinje kommune dei kostnadene og den tidsbruken avtalen inneber for Nynorsk kultursentrum, innanfor fastsette rammer. 14 Partane oppnemner innan 1. mai 2014 i fellesskap ei prosjektgruppe for Vinje-senteret. 15 Partane føreset at Vinje-senteret får ein finansieringsmodell som inneber økonomiske forpliktingar for både stat, fylkeskommune og kommune, der den statlege løyvinga til vanleg utgjer inntil 60 % av ordinære offentlege driftsmidlar, og inntil 30 % av offentlege investeringsmidlar. 16 Denne intensjonsavtalen gjeld til ein overtakingsavtale er signert, men ikkje lenger enn til 31. desember 2015.
Avtalen har tre vedlegg: 1 Plattform for samarbeid om utvikling av Vinje-senteret 2 Kommunedelplan for kultur i Vinje kommune 2012–2021, datert 22. februar 2012 3 Visjon og strategi 2013–2016, vedteken i styret i Nynorsk kultursentrum 4. juni 2013 Denne avtalen er skriven ut og signert i to eksemplar – eitt til kvar av partane. Avtalen er godkjend i styret i Nynorsk kultursentrum 6. desember 2013 og i Vinje kommunestyre 13. februar 2014.
_____________________________ Ordførar Vinje kommune
______________________________ Styreleiar Nynorsk kultursentrum
244
Plattform for samarbeid om utvikling av Vinje-senteret 1 Innleiing Som ledd i arbeidet med å styrkje lokal tilknyting til og nasjonal interesse for forfattarskapar i Vest-Telemark gjer Vinje kommune denne intensjonsavtalen med Nynorsk kultursentrum om utvikling, etablering og drift av Vinje-senteret som eit nasjonalt senter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald. Prosjektet skal ta vare på og formidle litterær kulturarv og stimulere til ny skriving og til at ny litteratur blir skapt. Utgangspunktet er at Vinje kommune ønskjer å fremje den rike litterære arven kommunen har gjennom forfattarskapane til Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas og fram til samtidsdiktinga i ulike sjangrar og format, både originalskriven og omsett. Dette kan innebere at litterære stader som Vinjestoga, delar av Midtbø og skrivestova Juvstøyl til Tarjei Vesaas blir ein del av porteføljen for senteret. Litteratur på ulike tekniske plattformer med skiftande distribusjonsformer blir integrerte i arbeidet. Senteret byggjer vidare på det arbeidet med omsetjing og gjendikting som Vinje kommune alt har støtta. Vinje kommune tok eit første initiativ til samarbeid i november 2011, formulerte dette i Kommunedelplan for kultur i Vinje kommune 2012–2021 av 22. februar 2012. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok 26. februar 2013 å gå inn for ein intensjonsavtale i 2013, og styret vedtok Visjon og strategi 2013–2016 i møte 4. juni 2013. Intensjonsavtalen er tenkt ut frå visjonen i den nemnde kommunedelplanen for kultur: Lev, vår draum, ver alltid like ny. Vinje kommune omtalar i denne planen Vinje-senteret som «eit vitesenter for språkleg og litterær kulturarv og samtidslitteratur, forteljing, språkleg mangfald og vandring, fysisk og litterært» og ser dette som eit trekantsamband med Aasentunet på Sunnmøre og Hauge-senteret i Hardanger. Avtalen fører vidare ein overordna politisk strategi for Vinje kommune, som arbeider systematisk og målretta med kulturell og språkleg integrering. Likeins er intensjonsavtalen tenkt ut frå visjonen for Nynorsk kultursentrum, Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst. Avtalen utdjupar føremålsparagrafen til Nynorsk kultursentrum: «Stiftinga Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting med hovudføremål å arbeide for nynorsk skriftkultur. Stiftinga skal kunne eige og drive språklege og litterære dokumentasjons- og opplevingssenter, festivalar, digitale tenester og forretningstiltak som er med og oppfyller dette føremålet.» Nynorsk kultursentrum utvidar jamleg verksemda si, seinast ved å ta over Ulvik poesifestival frå 1. januar 2014, og byggjer arbeidet sitt på systematisk samarbeid mellom alle driftsavdelingane.
2 Bakgrunn Partane byggjer samarbeidet på det overordna politiske grunnlaget for norsk kulturpolitikk som særleg er forma gjennom fire stortingsmeldingar sidan 1999. I St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving frå regjeringa Bondevik I om utviklinga av arkiv, bibliotek og museum var måla å heve den faglige standarden for
245
museumsverksemda, vitalisere det frivillige museumsarbeidet og samordne musea i nasjonale nettverk. Denne politikken blei utdjupa av den same regjeringa i St.meld. nr. 48 (2002– 2003) Kulturpolitikk fram mot 2014. Regjeringa Stoltenberg II følgde opp med vidare konkretisering og klargjering i St.meld. nr. 49 (2008–2009) Framtidas museum om forvaltning, forsking, formidling og fornying i musea. Eit fjerde grunnlagsdokument frå den same regjeringa som er viktig for Vinjesenteret, er St.meld. nr. 35 (2007–2008) Ein heilskapleg språkpolitikk. Alle desse fire stortingsmeldingane fekk brei tilslutning i Stortinget. Partane byggjer arbeidet på viktige kulturpolitiske premissar i Sundvollen-erklæringa for regjeringa Solberg hausten 2013: «Kunnskap om og opplevelse av vår felles kulturarv styrker identitetsfølelsen og tilhørighet til fellesskapet. Kunnskap om egen kultur gir trygghet og gode forutsetninger for å møte påvirkning utenfra på en konstruktiv måte.» Partane tek også omsyn til analysar og vurderingar i Kulturutredningen 2014 frå Anne Enger-utvalet og ser på denne avtalen som ei vidareføring av arbeid som begge institusjonane har lagt ned i Språkåret 2013. Verksemda i dei to driftsavdelingane Ivar Aasen-tunet og Olav H. Hauge-senteret har stor overføringsverdi, og partane deler ønsket om å tilføre regionen fleire høgkompetansearbeidsplassar.
3 Mål Innanfor dei tilgjengelege ressursane og den kompetansen vi har, er målet å utvikle Vinjesenteret til eit tydeleg profilert og fagleg respektert museum som ut frå ein samla plan og over tid arbeider med innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling av dei nemnde forfattarskapane i eit samspel mellom tilsette, fagmiljø og frivillige krefter. Partane deler ein fagleg ambisjon om at Vinje-senteret skal vere eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald. Dette kan inkludere omsetjing og gjendikting, og litteratur på ulike tekniske plattformer med skiftande distribusjonsformer. Vinje-senteret skal bli ein av fleire sosiale møteplassar i Vinje, ein formidlings- og informasjonsarena som inspirerer til lesing og skriving, gir publikum unike opplevingar, skaper respekt for språkleg mangfald, og byggjer språkleg identitet hos born og unge. Senteret skal også spele ei aktiv og konstruktiv rolle i arbeidet med språkleg og kulturell integrering av innvandrarar til kommunen. Partane ønskjer at senteret skal vere ope heile året med regelmessig opningstid gjennom veka, romme 3–4 heiltidsarbeidsplassar og tilby digitale tenester og eit breitt tilbod til publikum på staden. Partane legg til grunn jamleg vedlikehald av bygning og utstillingar i samsvar med føresetnadene frå Stortinget om driftstilskot til slike institusjonar. Partane tek sikte på at Vinje-senteret blir ei eiga driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet og Hauge-senteret. Denne organiseringa blir tufta på felles faglege ambisjonar og interesser ut frå ei erkjenning av at den faglege nærleiken er større enn den geografiske avstanden. Partane deler ein felles intensjon om at eit slikt Vinje-senter for litteratur skal kunne opnast med eit komplett publikumstilbod til 200-årsdagen for A.O. Vinje fredag 6. april 2018.
246
Partane tek mål av seg til at senteret skal få ei nasjonal rolle og utvikle nordisk og internasjonalt samarbeid. Innanfor tilgjengelege ressursar og kompetanse er målet i første omgang å utvikle, etablere og drive Vinje-senteret som eit viktig litteratursenter på Austlandet.
4 Fagleg strategi Alt arbeid skal utførast i samsvar med International Council of Museum’s (ICOM) museumsetiske regelverk. Partane er sterkt knytte til den kulturtradisjonen nynorsk skriftkultur representerer. Denne skriftkulturen blei grunnlagd av Ivar Aasen frå Ørsta og A.O. Vinje frå Vinje. Partane ønskjer å utvikle samarbeid med ei rekkje institusjonar for å fremje nynorsk skriftkultur gjennom Vinje-senteret og på anna vis. Partane har ei felles interesse av å styrkje den nynorske kulturtradisjonen og ser på Vinje-senteret som ein av berebjelkane i arbeidet for meir bruk av nynorsk på Austlandet. Administrasjonsspråket i Vinje-senteret skal vere nynorsk. Ein nødvendig føresetnad for utviklinga av Vinje-senteret er eit nært og konstruktivt samarbeid særleg med mellom andre barnehagar og grunnskular i Vinje, Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, Vinje folkebibliotek, Vinje kyrkje, Lokalhistorisk arkiv i Rauland, Institutt for folkekultur i Rauland, Høgskolen i Telemark og Telemark fylkesbibliotek. Partane har ei felles forståing av at både den litterære arven, talemåla i Vest-Telemark, nynorsk, innvandra språk og tilhøyrande litteratur er ein del av prosjektet. Medrekna nynorsk og bokmål blir over 20 språk brukte dagleg i Vinje i 2013. Gjennom Vinje-senteret ønskjer partane å prøve ut nye måtar å forvalte og formidle litterær kulturarv på. Senteret skal dekkje både skjønnlitteratur og sakprosa og leggje særleg vekt på litteratur i bruk. Med grunnlag i dei nemnde forfattarskapane skal Vinje-senteret fremje også nyare dikting og sakprosa, og på den måten bli ein møteplass for innsikt, formidling og opplevingar som kan overraske og skape gjenkjenning. Verksemda skal også kunne femne om omsetjing og gjendikting. Vinje-senteret skal kunne arbeide med både dikting, kunstprosa, journalistikk og songlyrikk på eit nynorsk grunnlag, mellom anna gjennom systematisk samarbeid med organisasjonar som Telemark forfatterlag, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Norsk oversetterforening, Landslaget for lokalaviser og Mediebedriftenes Landsforening. Partane vil utnytte dei mange fellesnemnarane, med særleg vekt på det språkleg-litterære, og på lokaliseringa, som inneber at dette er to samarbeidspartar som gjer krav på at der er meir enn eitt kulturelt sentrum i Noreg. Partane har ei felles forståing av at Vinje-senteret må ha solid lokalt fotfeste og vinne høg fagleg respekt over tid. Nynorsk kultursentrum vil gjere det som er mogleg for å oppnå dette med dei ressursane som er til rådvelde gjennom eit målretta samspel mellom tilsette, fagmiljø, kommune og frivillige krefter, og på grunnlag av den fellesskapen Nynorsk kultursentrum kan tilby.
5 Lokal identitet med internasjonale perspektiv Partane legg vekt på lokalt engasjement, språkleg identitet og eit internasjonalt perspektiv.
247
Vinje-senteret blir ein del av ein institusjon som byggjer ut Aasen-tunet til ein kulturinstitusjon i dialog med mange land og Hauge-senteret til eit dokumentasjons- og formidlingssenter om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser. Partane vil arbeide særskilt med å ta vare på og styrkje det lokale engasjementet for forfattarskapane, språk og litteratur. Vinje-senteret skal styrkje den lokale språklege og kulturelle identiteten med vekt på samspelet mellom dialekt og nynorsk. Senteret skal også styrkje Vinje som reisemål for kunst- og kulturinteresserte. Dette føreset samarbeid med arrangørar, institusjonar, kultur- og næringsliv og offentlege instansar i Vinje og Vest-Telemark. Partane legg særleg vekt på at verksemda ved Vinje-senteret skal kome innbyggjarane i Vinje kommune og regionen Vest-Telemark til gode, og at det skal gi ein ny og viktig arena for skrivande og andre skapande kunstnarar i regionen. Vinje-senteret bør over tid utvikle kontakt med lokalsamfunn i land med mange innvandrarar eller flyktningar til Vinje, og kan etablere samarbeid med forfattarar frå desse landa. Det er aktuelt å vurdere samarbeid med Friby-ordninga for forfattarar. Så langt råd er, kjøper Nynorsk kultursentrum varer og tenester lokalt. Dette prinsippet blir ført vidare også ved ein eventuell overtakingsavtale.
6 Organisering Partane ønskjer å gjere profesjonell samlingsforvaltning og utoverretta verksemd til to av kjennemerka for Vinje-senteret. Partane legg til grunn at ei eventuell overtaking skal styrkje kjerneverksemda til Nynorsk kultursentrum og ikkje gå ut over etablert og ny verksemd med tilknyting til Aasentunet og Hauge-senteret. Vinje-senteret skal utviklast i målretta samarbeid med ei rekkje institusjonar. Partane legg stor vekt på eit ope og godt samarbeid særleg med Vest-Telemark Museum og Vinjeutstillinga. Partane tek i arbeidet særleg omsyn til den vidare utviklinga av Litteraturdagane i Vinje som ein viktig litteraturfestival og vil saman med festivalen finne fram til den beste forma for samarbeid mellom festivalen og Vinje-senteret. Nynorsk kultursentrum vil føre vidare si involverande arbeidsform med inkluderande prosessar og involvering nedanfrå i den vidare oppfølginga av denne intensjonsavtalen. Arbeid og samarbeid skal byggje på gjensidig respekt og tillit. Som følgje av denne avtalen legg administrasjonen i Nynorsk kultursentrum fram for rådet ei tilråding om å invitere Vinje kommune og Telemark fylkeskommune inn som medstiftarar i Nynorsk kultursentrum. Per november 2013 har institusjonen 23 stiftarar frå heile landet.
7 Røynsle og kompetanse Partane legg til grunn ei systematisk utveksling av erfaringar og utvikling av kompetanse. Ved ein eventuell overtakingsavtale stiller Nynorsk kultursentrum til rådvelde dokumentasjon og røynsler frå 20 års arbeid, særleg med å utvikle og drive Aasen-tunet frå 1990,
248
Dei nynorske festspela frå 1992, Allkunne frå 2007, Hauge-senteret frå 2010 og Ulvik poesifestival frå 2014. Likeins stiller Nynorsk kultursentrum til rådvelde røynsler frå arbeidet med å utvikle og drive digitale tenester som aasentunet.no, tunkatten.no, haugesenteret.no og festspela.no. Tilsvarande stiller Vinje kommune med røynsler frå arbeidet med kulturell integrering og styrking av den kulturelle sjølvkjensla til innbyggjarar med ulik bakgrunn, og det arbeidet som er lagt ned i Litteraturdagane i Vinje. Vidare dreg kommunen særleg vekslar på sine nettverk innanfor offentleg forvaltning og kulturell formidling. Arbeidet med å utvikle Vinje-senteret føreset at lokal kompetanse blir halden oppe og ført vidare. Partane vonar å kunne dra vekslar på ekstern kompetanse mellom anna ved Høgskolen i Telemark og Telemarksforsking, Nettverk for nynorskforsking og andre aktuelle miljø i inn- og utland. Nynorsk kultursentrum etablerer samarbeid med museum og faginstitusjonar regionalt, nasjonalt og internasjonalt, deltaking i nasjonale nettverk, særleg Litteraturnettverket, og i internasjonale nettverk for språk- eller litteraturmuseum.
8 Lokalisering og samlingar Partane er samde om at Vinje-senteret må ha ei føremålstenleg lokalisering. Det ligg alt føre eit framlegg om å leggje Vinje-senteret til Vinje skule og Vinjar. Same kva løysinga blir, føreset partane at bygning skal formast eller setjast i stand i samsvar med moderne krav til arkiv og museum. Nynorsk kultursentrum hjelper til med å skaffe nødvendige fagfolk til dei vurderingane dette inneber. Nynorsk kultursentrum legg til grunn at Vinje-senteret blir lokalisert til bygning eigd av Vinje kommune og difor ikkje må ta på seg eit eigaransvar for bygningar og anlegg. Partane deler ein intensjon om at Vinjestoga blir integrert i Vinje-senteret. I samråd med Nynorsk kultursentrum gjer Vinje kommune dei langsiktige avtalane som trengst med Vest-Telemark Museum og grunneigaren. Slike avtalar blir også gjorde for eventuelle andre litterære stader som skal knytast til Vinje-senteret. Partane er kjende med eit positivt initiativ frå Olav og Guri Vesaas om eit vidare samarbeid for bruk av og tilgjenge til delar av bygningar og anlegg på Midtbø og Juvstøyl. Arkivalia og museumsgjenstandar som er i kommunal eige og som er relevante for Vinje-senteret, blir stilte til rådvelde for Vinje-senteret gjennom langsiktige deponiavtalar. Vinje kommune blir verande eigar av alt slikt materiale. Nynorsk kultursentrum har ikkje høve til å ta slike gjenstandar ut av Vinje-senteret på permanent grunnlag, men står fritt til å bruke dei i formidlingsarbeid så langt det er museumsfagleg forsvarleg. Vinje kommune har forsikringsansvaret for all kommunal eige, anten det gjeld bygningar og anlegg eller arkivalia og museumsgjenstandar.
9 Drift og forvaltning Ein endeleg overtakingsavtale fastset det tidspunktet då Nynorsk kultursentrum tek over ansvaret for etablering og drift av Vinje-senteret i samsvar med denne avtalen. Dette omfattar særleg styring, organisering, personalforvaltning, drift og økonomi.
249
Frå og med dato for eventuell overtaking blir Vinje-senteret organisert som eiga driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet og Hauge-senteret. Styret i Nynorsk kultursentrum er øvste organ, vedtek drifts- og investeringsbudsjett for Vinje-senteret som driftsavdeling i selskapet og godkjenner rekneskap på same måten. Direktøren i Nynorsk kultursentrum er nærmaste overordna for dagleg leiar i Vinjesenteret, som har personalansvaret for medarbeidarar i Vinje-senteret. Avtalar som er forhandla fram av Nynorsk kultursentrum som arbeidsgivar, gjeld også for tilsette i Vinje-senteret. Vinje kommune tek til vitende at Nynorsk kultursentrum er organisert i Virke. Medlemsskap i Statens pensjonskasse gjeld for alle tilsette uavhengig av arbeidsplass. Dei reise-, gruppelivs- og yrkesskadeforsikringane Nynorsk kultursentrum har etablert, også gjeld for Vinje-senteret. Nynorsk kultursentrum har etablert ei rekkje rutinar og regelverk for den daglege drifta. Desse er samla i Administrativ handbok og gjeld for alle tilsette. Viktige dokument er også ulike styringsdokument utanom budsjett, som årshjul og årleg arbeidsplan, og HMTplan. I tillegg gjennomfører selskapet ei rekkje tiltak som er med og fremjar fellesskap, sterkt samhald og ein felles bedriftskultur. Partane legg til grunn at dette vil kome utviklinga av Vinje-senteret til gode. Vinje kommune legg til rette for at relevante kommunale ordningar kjem Vinje-senteret til gode.
10 Finansiering og økonomi Nynorsk kultursentrum har ikkje noko økonomisk ansvar for Vinje-senteret før ein eventuell overtakingsavtale gjeld. I avtaleperioden dekkjer Vinje kommune dei kostnadene og den tidsbruken avtalen inneber for Nynorsk kultursentrum. Vinje kommune tek til vitende at Nynorsk kultursentrum, skipa i 1993, framleis er ein gjeldfri institusjon per signeringsdato. Partane har merka seg at norske museum har nokså ulike finansieringsmodellar, både mellom dei juridiske einingane og innanfor dei juridiske einingane. Nynorsk kultursentrum har ingen eigenkapital å leggje inn som sikrar utviklinga av Vinje-senteret. Alle midlar til investering og etablering av Vinje-senteret må såleis kome frå andre kjelder. Nynorsk kultursentrum kan berre gjere avtale om overtaking av Vinje-senteret under føresetnad av at ein slik avtale ikkje endrar finansieringsgrunnlaget for andre delar av verksemda eller kan skiple grunnlaget for det årlege driftstilskotet frå Kulturdepartementet. Partane føreset at Vinje-senteret får ein finansieringsmodell som inneber økonomiske forpliktingar for både stat, fylkeskommune og kommune, der den statlege løyvinga til vanleg utgjer inntil 60 % av ordinære offentlege driftsmidlar, og inntil 30 % av offentlege investeringsmidlar til ombygging og/eller basisutstilling. Partane vil samarbeide om å etablere ein økonomisk samarbeidsavtale med Telemark fylkeskommune og andre regionale instansar om drifts- og investeringstilskot til Vinje-senteret. Drifts- og investeringstilskot som er øyremerkte Vinje-senteret, skal brukast i samsvar med føresetnadene frå tilskotsgivar. Alle faste tilskot til Vinje-senteret blir kanaliserte via Nynorsk kultursentrum. Tilskot som ikkje er øyremerkte prosjekt eller avdeling, fordeler styret gjennom driftsbudsjettet på grunnlag av dokumenterte behov og ut frå ei samla vurdering. For alle tilskot går ein gitt del til nødvendige fellesfunksjonar i Nynorsk kultursentrum.
250
Vinje-senteret skal drivast forsvarleg både økonomisk og fagleg. Nynorsk kultursentrum følgjer to prinsipp for budsjettering: nøkterne inntektsvurderingar og realistiske kostnadsvurderingar. Desse prinsippa blir også gjorde gjeldande for eventuell etablering og drift av Vinje-senteret. Nynorsk kultursentrum er pålagd å bruke statsautorisert revisor. Rådet i Nynorsk kultursentrum vel revisor for stiftinga.
11 Kommunikasjon og digitale tenester Innanfor det etablerte profilprogrammet for Nynorsk kultursentrum får Vinje-senteret som eiga driftsavdeling sin eigen logo. Det er aktuelt for Nynorsk kultursentrum å utvikle og opne digitale tenester, til dømes nettstad, på eit føremålstenleg tidspunkt før Diktarhuset er opna. Vinje kommune tek til vitende at Nynorsk kultursentrum ønskjer å etablere ein eigen nettstad for Vinje-senteret og med eigne tenester i sosiale medium innanfor det systemet Nynorsk kultursentrum alt har utvikla for dei andre avdelingane og tilboda. Partane legg særleg vekt på å informere stiftarane i Nynorsk kultursentrum, Telemark fylkeskommune og Kulturdepartementet på både politisk og administrativt nivå om denne intensjonsavtalen og det vidare arbeidet fram mot ein eventuell overtakingsavtale. Partane informerer også andre samarbeidspartnarar etter behov. Den signerte intensjonsavtalen blir presentert for allmenta i fellesskap av ordføraren i Vinje kommune og styreleiaren i Nynorsk kultursentrum snarast råd, etter at tilskotsgivarar og forvaltningsorgan er orienterte. Partane held nær kontakt om vidare informasjonsarbeid og orienterer kvarandre raskt og systematisk om initiativ, tilbakemeldingar og hendingar som kan ha noko å seie for ein eventuell overtakingsavtale.
12 Moment til ein eventuell overtakingsavtale Ein eventuell overtakingsavtale tek utgangspunkt i denne disposisjonen: 1 Innleiing 2 Mål 3 Plikter for Nynorsk kultursentrum 4 Plikter for Vinje kommune 5 Styring 6 Organisering og samarbeidslinjer 7 Drift 8 Samlingsforvaltning og vidareutvikling av samlingane 9 Dokumentasjon og forsking 10 Formidling 11 Økonomi 12 Føresetnader for overtaking 13 Eventuell utviding av verksemda 14 Avtaleperiode Avtalen bør mellom anna ha desse fem vedlegga:
251
A B C D E
Overordna plandokument frå Vinje kommune Vedtekter for Nynorsk kultursentrum Visjon og strategi 2013–2016 frå Nynorsk kultursentrum Intensjonsavtalen Musealt og ikkje-musealt inventar og utstyr som avtalen dekkjer Ein eventuell overtakingsavtale skal så tydeleg som råd er avklare organisering og drift. Ut over det som er nemnt i denne intensjonsavtalen, vil partane særleg avklare desse momenta: a) Samarbeid med Litteraturdagane i Vinje b) Samarbeid med Vinje-utstillinga c) Samarbeid med Vest-Telemark Museum og andre kulturinstitusjonar i Vinje og Vest-Telemark d) Domenenamn, organisering og utvikling av digitale tenester e) Bibliotekfagleg samarbeid og moglege felles digitaliseringsprosjekt f) Samarbeid med regionale kunst- og kulturinstitusjonar, faglege litteraturmiljø regionalt og nasjonalt, presse, forlag og musikkindustrien
13 Avtaleperiode og oppfølging Denne intensjonsavtalen gjeld til ein overtakingsavtale er signert, men ikkje lenger enn til 31. desember 2015. Partane har eit årleg kontaktmøte om utvikling i prosjektet og oppfølging av denne avtalen. Desse møta blir haldne vekselvis i Vinje og Ørsta. Det første møtet blir halde i Ivar Aasen-tunet innan 1. september 2014. I desse møta er partane minimum representerte med høvesvis ordførar og rådmann, styreleiar og direktør. Til noko anna er avtalt har Vinje kommune det samla prosjektansvaret. Partane oppnemner våren 2014 i fellesskap ei prosjektgruppe for Vinje-senteret. Nynorsk kultursentrum tek så langt råd er, del i dei arbeidsmøta og idémøta institusjonen blir kalla inn til. Dette inkluderer dei årlege markeringane på Vinjes fødedag 6.4. Vinje kommune dekkjer alle kostnader for Nynorsk kultursentrum i utviklingsprosjektet. Finansiering av seinare arbeid blir avtalt særskilt.
14 Framdrift Partane avtalar ein detaljert framdriftsplan innan 1. mai 2014. Denne planen byggjer på desse milepålane og prosjektfasane: 1. Forprosjekt 2010–2012 2. Pilotprosjekt Ord–Bru 2013 3. Utviklingsprosjekt 2014–2015 4. Overtakingsavtale 2015 5. Etablering 2015–2018 6. Opning 6. april 2018
252
Vedlegg 2 Informasjons- og drøftingsmøte 2011–2016 Frå det første møtet i februar 2011 fram til medio februar 2016 er det halde 76 møte om Vinjesenteret med ulike aktørar og interessentar. I tillegg har saka vore drøfta på ei rekkje leiarmøte, styremøte og rådsmøte i Nynorsk kultursentrum. Drøftingsmøte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum om samarbeid og utvikling av litterære tilbod i Vinje på Vinjar 23.2.2011 Møte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum i Oslo 9.6.2011 Drøftingsmøte om det tverrfaglege kunstprosjekt Ord-Uro-Brot-Bru i Seljord 18.10.2011 Seminar om Vinje litteraturpark og Vinje-senter i Vinje 1.11.2012 Møte i arbeidsgruppa for Vinje litteraturpark på Vinje skule med synfaring 6.4.2013 Seminar på 195-årsdagen til A.O. Vinje på Vinjar i Vinje 6.4.2013 Møte i arbeidsgruppa for Vinje litteraturpark på Vinjar i Vinje 29.8.2013 Møte mellom Nynorsk kultursentrum og Vinje kmmune i Åmot 29.8.2013 Forhandlingsmøte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum om intensjonsavtale i Aasen-tunet 19.11.2013 Styremøte i Nynorsk kultursentrum i Aasen-tunet 6.12.2013: vedtak intensjonsavtale om Vinje-senteret Kommunestyremøte i Vinje 13.2.2014: vedtak intensjonsavtale om Vinje-senteret Møte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum om Vinje-senteret i Åmot 4.4.2014 Samarbeidsmøte om Vinje-senteret i Åmot 4.4.2014 Seminar på 196-årsdagen for A.O. Vinje i Vinjar 5.4.2014 Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Aasen-tunet 8.8.2014 Drøftingsmøte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum i Aasen-tunet 21.8.2014 Møte i den nasjonale komiteen for A.O. Vinje-jubileet 2018 i Vinje 28.8.2014 Informasjonsmøte med styret i Litteraturdagane i Vinje i Bøgrend 31.8.2014 Informasjonsmøte med styremedlemer i Liv i Vinje på Vinjar 31.8.2014 Informasjonsmøte med leiaren i Vinje Ungdomslag på Vinjar 31.8.2014 Informasjonsmøte med Ap-gruppa i Vinje kommunestyre i Åmot 1.9.2014 Informasjonsmøte med leiaren i Folkeakademiet i Vinje i Åmot 1.9.2014 Informasjonsmøte med Frp-gruppa i Vinje kommunestyre i Åmot 1.9.2014 Informasjonsmøte med leiaren for Institutt for folkekultur ved Høgskulen i Telemark, Rauland 1.9.2014 Informasjonsmøte med Rauland historielag i Åmot 1.9.2014 Informasjonsmøte med dagleg leiar i Raulandsakademiet, Rauland 1.9.2014 Informasjonsmøte med styrerepresentantar i Vinje Handverkslag / Vinjeutstillinga i Åmot 1.9.2014 Informasjonsmøte med leiaren i Vinje Mållag i Åmot 1.9.2014 Informasjonsmøte med leiaren i Pilegrimsvegen til Røldal, Edland 2.9.2014 Informasjonsmøte med direktøren ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg 2.9.2014 Gjennomgang av Vinje lokalhistoriske arkiv, Rauland 2.9.2014 Informasjonsmøte med leiaren i Øvre Vinje Historielag Sullamrei, Edland 2.9.2014: Møte med statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet 17.9.2014
253
Informasjonsmøte med generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser i Oslo 15.10.2014 Møte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum i Oslo 23.11.2014 Møte med embetsverket i Kulturdepartementet 24.11.2014 Møte i den nasjonale komiteen for Vinje-jubileet 2018 i Oslo 18.3.2015 Møte med leiar Svein Harberg i familie- og kulturkomiteen i Stortinget, Oslo 19.3.2015 Rådsmøte med synfaring på Vinjar og Vinje skule 10.4.2015 Seminar på 197-årsdagen for A.O. Vinje i Vinjar med open idédugnad 11.4.2015 Møte med tidlegare lektor Erik Gjestvang på Vinjar 11.4.2015 Teknisk synfaring i Vinje skule og Vinjar 17.6.2015 Styreseminar og styremøte i Nynorsk kultursentrum med synfaring i Vinje 18.–19.6.2015 Møte med statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Aasen-tunet 27.6.2015 Fellesmøte for den nasjonale og regionale jubileumskomiteen for Vinje-jubileet 2018 på Rauland 27.8.2015 Høyring om statsbudsjettet i familie- og kulturkomiteen i Stortinget 20.10.2015 Møte med Telemark fylkeskommune v/fylkeskulturavdelinga i Skien 29.10.2015 Møte med fylkesordførar Sven Tore Løkslid og leiar Tone Berge Hansen i hovudutvalet for kultur, Telemark fylkeskommune i Skien 29.10.2015 Møte med direktøren i Fritt Ord i Oslo 3.11.2015 Møte med Landslaget for lokalaviser i Oslo 17.11.2015 Møte med administrasjonen i Vest-Telemarkrådet, Kviteseid 25.11.2015 Møte med styret i Litteraturdagane i Vinje i Åmot 25.11.2015 Rektormøte i Åmot 26.11.2015 Møte med Ragnvald Christenson, Edland, 26.11.2015 Møte med Vinje kommune i Åmot 27.11.2015 Møte med styreleiaren i Vest-Telemark Museum i Seljord 27.11.2015 Møte med arkitekt Hille & Strandskogen i Oslo 9.12.2015 Møte med medieforskarane Henrik G. Bastiansen og Jan Inge Sørbø på Høgskulen i Volda 13.1.2016 Stabsseminar i Nynorsk kultursentrum i Sogndal 15.1.2016 Møte med Norsk Journalistlag i Oslo 18.1.2016 Møte med Mediebedriftenes Landsforening i Oslo 18.1.2016 Møte med Den norske Forfatterforening i Oslo 18.1.2016 Møte med forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark i Drammen 18.1.2016 Møte med Norsk Redaktørforening i Oslo 19.1.2016 Møte med arkitekt Hille & Strandskogen i Oslo 19.1.2016 Møte med stortingsrepresentant Lene Vågslid (Telemark) i Stortinget 19.1.2016 Møte med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening i Oslo 19.1.2016 Presentasjons av drøftingsframlegg på årsmøte i Litteraturdagane i Vinje i Åmot 24.1.2016 Møte med L/L Vinjar i Åmot 24.1.2016 Møte med Vest-Telemark Museum om samarbeidsavtale på Eidsborg 25.1.2016 Møte med Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen 25.1.2016 Møte med Vinje-utstillinga i Åmot 25.1.2016 Presentasjon av drøftingsframlegg på ope informasjonsmøte på Vinjar 25.1.2016 Presentasjon av drøftingsframlegg for Vinje kommunestyre på Vinjehuset 25.1.2016 Møte med leiar Svein Harberg og medlem Hege Haukeland Liadal frå familie- og kulturkomiteen på Stortinget i Aasen-tunet 5.2.2016 Møte med arkitekt Hille & Strandskogen i Oslo 12.2.2016
254
Vedlegg 3 Innspel på idédugnad i Vinjar 11. april 2015 Redigert rapport frå ti arbeidsgrupper
Namn Blåmannsenteret Overordna «Blomar veks i såret» etter at Vinje skule er lagd ned! Det må ikkje bli eit klaka museum «Museum» er ikkje dynamisk «opplevingssenter» eller liknande Liker ikkje ordet «museum» - me vil ha LiV i Vinje Ynskjer ikkje museum, men arbeidsplassar som skaper liv i bygda Me ynskjer eit levande kultursenter, ikkje eit museum Vinje-senteret må vere noko levande, spennande, nytt Det må vere folkeleg og utoverretta, ikkje eit «litterært» senter Det må bli eit senter for sansar – lese, høyre, syngje Det må skilje seg ut Der må vere ope og ha aktivitet heile året A.O. Vinje var glad i kvinner – der må vere eit kvinneperspektiv i senteret. Hugs Aslaug Vaa og Halldis Moren Vesaas Internasjonalt Gi rom for det globale La det vere eit friby-senter Litteratur Ikkje gløym nye forfattarar som dukkar opp Lag lesehjørne eller bibliotek, særleg med litteratur om V-ane og eventuelle andre Hugs forfattarar som Rikard Berge, Erlend Kaasa, Arvid Torgeir Lie, Kjersti Rorgemoen, Halvor Sandsdalen, Ingebjørg Kasin Sandsdalen, Jørund Teltnes, Stein Versto, Vetle Vislie Bruk av nynorsk barne- og ungdomslitteratur Lag lesekurs for å tileigne seg tekstar Ta opp skrivevanar, lesevanar, digital lesing Kan der vere ei skrivestove? Språk Språk må vere kult Ver språkmotivator, men ikkje vaktbikkje eller moralist Bruk den finske modellen for språkbad: alle må snakke den andre sitt språk Bruk ordet «attersig» (reaksjon) Journalistikk Gode vilkår for nynorsk journalistutdanning Støtt forsking innanfor språk og journalistikk
255
Få til praktikant- eller lærlingordning i Vest-Telemark Blad Historie og tradisjon Ta vare på og syn fram lokal kulturarv Hald mattradisjon og andre tradisjonar levande med kurs og anna Det er godt kjøkken på Vinjar, og mange som gjerne lærer frå seg Samferdsla aust-vest gjennom dalen Sjå framover ved å sjå bakover Bruk pilegrimsvandring-tradisjonen Ta opp folkekunst generelt Der er historiske hus og område som ligg klare til bruk Lag små handverkutstillingar som reklamerer for dei tradisjonelle kunstane Reiseliv Hugs støylslivet Hugs reiselivet og dei mange som byggjer hytte Samarbeid med reiselivslaga Formidling og arrangement Bruk ikkje pengar på prangande, stilleståande utstilling Bruk ikkje pengar på dyr teknologi Lag arrangement med konsertar, forteljarkunst og seminar Lag filmrom for vising av «smale» filmar Ta born med i senteret i det daglege og i det formidlande Gjer forfattarane levande for ungane, og gjer dei kjende med dei Bruk eldre folk som forteljarar Bruk sitat frå diktarane i formidlings- og museumsforminga Lag utstillingar som fortel om kvifor det bur folk her Lag utstillingar og tilbod som også dekkjer delar av Vest-Telemark Det er viktig at senteret utfordrar og tek opp dagsaktuelle problemstillingar som gjeld nynorsk, litteratur, kultur, samfunnsutvikling, innvandring Der må vere ei ferskvareavdeling med tonar, ord og bilete Barnehage og skule Knyt senteret til barnehagen på Vinje Ta med skuleelevane på ein idédugnad før alt er bestemt Der må vere levande samarbeid med skulane, til dømes slik at ungdomsskuleelevane årleg er på kurs om Vinje og Vesaas og andre Lag fleire skuleprogram med Aasmund Nordstoga Samarbeid med kulturskulen på ymse måtar Skulane må kunne bruke senteret, mellom anna til dialektkunnskap Romme kontorplass for doktorgradstipendiatar Miljø Skap møteplass for grenda med til dømes dikt- og viseklubb eller rockemiljø Tilby nyutdanna arbeidskraft billig og støtte gründerar
256
Artistar og utøvarar Hent inn unge, friske folk som unge ser op til, typen Side Brok Samarbeid Næringshage i same bygningen med fleire typar arbeidsplassar Vinjerock, Vang i Valdres Vinje biletgalleri Høgskulemiljøet på Rauland Legg kulturskulen til ein del av Vinje skule Vest-Telemark Museum Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen Lag i heile Vinje kommune Historielag Litteraturdagane i Vinje Uteområde Bygningane må endrast drastisk i utsjånad så dei blir eit blikkfang og gjer folk nysgjerrige Der må vere ein stopp-effekt for alle generasjonar Boktoalett i Vinjar eller diktvegg på toalettet Base for el-sykkel i Vinje kulturområde Bruk senteret som utgangspunkt for turar til kjende stader i diktarane sine liv og verk, eller til kviss Servering og overnatting Mjonøy må ikkje bli sett på som konkurrent, men samarbeid med dei om matservering Vinje gardsmat (i turistsesongen) Felleslunsj md dei som arbeider i næringshagen Bygg hotell utpå Vinjevatnet – det er blikkfang, det! Demm opp delar av Vinje-vassdraget
257
Vedlegg 4 Biografiar i utval Olav R. Haugsevje Rikard Berge Rikard Berge, folkeminnesamlar og -granskar. Berge var ein produktiv og original granskar, og etterlét seg om lag 40 000 handskrivne A5-sider. Rikard Berge var fødd i Rauland i Telemark 7. november 1881 og døydde i Skien 26. september 1969. Han var utdanna lærar, men i 1907 vart han folkeminnesamlar på heiltid. Frå 1916 til 1951 arbeidde han som konservator ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland. Rikard Berges handskriftsamling vert i dag oppbevart på dette museet, og ho kan framleis nyttast, for Berge var flink til å skrive ned kven som hadde fortalt for han, og han hermer ofte ordrett etter forteljaren, med dialekt og personleg særpreg. Samlingane inneheld for det meste eventyr, segner og eldre viser, men han var ikkje redd for å skrive ned nyare tradisjon med lågare status, slikt som skrøner og skillingsviser. Norsk sogukunst (1924), Norskt bondesylv (1925) og Vinje og Rauland I–IV (1940–75) framstår som hovudverka hans. Forfattarskapen er omfattande, og han skriv i ein særeigen og lettbeint prosa, der han likevel drøftar emna nærgåande. Berge redigerte mellom anna tidsskriftet Norsk folkekultur (1915–35), som var det einaste folkeminnetidsskriftet i denne perioden. Her står tradisjonssamlingar og avhandlingar trykte side om side. Folkedikting og bygdedikting Forteljetradisjonen vert nytta i alt Berge skriv, men i Norsk sogukunst tek han særleg for seg segn- og eventyrforteljing. Her skildrar Berge møtet med ulike forteljarar, med prøver frå repertoaret deira. I avhandlinga Norsk eventyrstil (1915–33), som gjekk i bolkar i Norsk folkekultur, skil han mellom personleg stil, som er prega av personlegdomen til forteljaren, og rytmisk stil, som er resultatet av ein eldre og ubrigda tradisjon. Berge arva samlingane etter svigerfaren, Sophus Bugge. Difor hadde han eit stort tilfang av folkeviser og samarbeidde med Knut Liestøl om ei folkeviseutgåve, men det førte ikkje fram. Norsk visefugg (1904) er såleis den mest kjende av visesamlingane etter Berge. Boka er samansett av både folkeviser, bygdeviser, slåtterim og stev. I tillegg kom to reine stevsamlingar, Stev fraa Telemarki 1–2 (1908–09). Elles gav han ut skriftserien Bygdedikting fraa Telemarki, der han presenterer nyare viser og etterrøkjer kven som kan ha dikta dei. Folkemusikk Spelemannstradisjonen vert levande omtalt i biografiane om Myllarguten og Haavard Gibøen. I Myllarguten (1908) kritiserer han mellom anna Ole Bull for det nasjonalromantiske synet han hadde på denne spelemannen. Berge er her både polemisk og stridslysten, samstundes som han får fram eit godt bilete av samtida til Myllaren. I boka Haavard Gibøen (1932) er Berge mest oppteken av sjølve spelet. I Norges musikkhistorie I (1921) skriv han om norske spelemenn og syner påverknaden på tvers av bygdelaga på Aust- og Vestlandet. Det første dommarskjemaet til bruk i kappleikar skal ha vore utarbeidd av Berge. Han vart i ein periode nytta som dommar i slike kappleikar. Han skaffa seg fonograf kring
258
1908 og tok opp mykje tradisjon etter spelemenn og kvedarar. Det seiest at Berge skal ha vore ein god kvedar sjølv òg. Folkekunst Norskt bondesylv var lenge den store autoriteten om sølvarbeid. Berge gir her ei framstilling av arbeidsteknikkar og drakt- og stilhistorie, og sølvet sin plass i folketrua. Artiklar om rosemålarar, «Ketil Rygg» (1908), «Olav Hansson» (1914) og «Olav Torgjusson» (1934), syner fin sans for fargar og stil. Kjennskapen til rosemålinga tileigna han seg saman med målaren Øystein Vesaas frå Vinje. Dei samla mykje tilfang i lag, men det var Vesaas åleine som skreiv det store verket om rosemålinga i regionen, Rosemaaling i Telemark I–III (1954–1957). Bygdehistorie I bygdehistoria Vinje og Rauland I–IV (1940–75) imponerer Berge med bruken av skriftlege og munnlege kjelder. Verket er systematisk gjennomarbeidd, samstundes som historia vert levande gjennom den munnlege tradisjonen. Vandrehistoriene, eller villsegnene som Berge kalla dei, er med i boka, for dei har vore viktige for folk og høyrer difor med i soga. Som museumsmann arbeidde han mykje med den materielle bygdekulturen. Bygningar frå ulike stader i Telemark vart i friluftsmuseet i Skien organiserte etter dei ulike regionane i fylket. Folkelivet skulle elles synast fram på alle måtar; i kvardag og fest, i kunst og handverk, i skikk og sed og i tru og tanke. Berge synte at skulle ein få innsyn i bygdekulturen, laut ein setje seg inn i det miljøet kulturen voks ut av. Dette er ein av grunnane til at han vart ein talsmann for desentraliserte museum og arkiv. Kjelder Brynjulf Alver: «Rikard Berge som eventyrgranskar», Telemark Historie 10. Telemark historielag 1989 Olav Bø: «Rikard Berge som tradisjonssamlar og granskar», Norveg nr. 15/1972 Velle Espeland: «Desentraliseringsstriden: Ein strid om kva folkeminnesamling og gransking skal tene til», Tradisjon nr. 4/1974 Tor Kjetil Gardåsen: «Litt om Rikard Berges handskriftsamling ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland». Årbok for Telemark 1988 Ronald Grambo: «Rikard Berge – tradisjonssamlaren og granskaren». Årbok for Telemark 1981 Reimund Kvideland: «Rikard Berge – samlaren og forskaren», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988 Reimund Kvideland: «Rikard Berges forfattarskap. Ein selektiv bibliografi», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988 Halvor Landsverk: «Rikard Berge som museumsmann», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988 Haakon Livland: «Museumspioneren Rikard Berge», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988 Magne Myhren: «Rikard Berge og livsverket hans», i Rikard Berge: Myllarguten. Haavard Gibøen, ved Olav Fjalestad. Oslo 1972 Magne Myhren: «Rikard Berge – folkekulturgranskar og måldyrkar», Telemark Historie 25. Telemark historielag 2004 Olav Solberg: «Litteratur- og kultursyn hos Rikard Berge», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988
259
Espen Tørset Ingebjørg Harman Bratland Ingebjørg Harman Bratland, songar og folkemusikar frå Vinje som syng på nynorsk og dialekt. Med ei særmerkt formidling blandar ho element frå folkemusikktradisjonen, visesongen og populærmusikken. Ingebjørg Harman Bratland er fødd 8. mai 1990 i Edland i Vinje kommune i Telemark og bur no i Oslo. Ho gjekk på musikklinja ved Skien videregående skole frå 2006 til 2008, før ho tok det tredje året på musikklinja ved Foss videregående skole i Oslo. Bratland har utmerkt seg med fleire prisar for formidlinga si av norsk folkemusikk. Som kvedar har ho tre sigrar i C-klassa på Landskappleiken. Under NM i folkemusikk på Geilo i 2009 tok ho førsteplassen i vokal i klasse A. I 2009 vart ho i tillegg nordisk meister i folkemusikk. På albuma Berre meg (2014) og Månesinn (2015) syng Bratland songar med verkemiddel frå visetradisjonen, kvedartradisjonen og populærmusikken. Ho skriv tekstar sjølv, men nyttar òg tekstar av til dømes Ingvar Hovland, Stein Versto og Bob Dylan. Bratland har vore med på fleire plateutgivingar og nasjonale konsertar. Saman med Odd Nordstoga fekk ho Spelemannsprisen for albumet Heimanfrå (2013). Bratland fekk Fureprisen i 2010. I 2013 fekk ho kulturprisen i Vinje kommune. Folkemusikaren Bratland starta songopplæringa i femårsalderen, då ho gjennom Vinje kulturskule vart introdusert for folkemusikken av læraren, Ellen Nordstoga. Her gjekk ho fram til ho var ti år gamal. Bratland var eit stort musikalsk talent, og ho vart tidleg ein viktig aktør innanfor norsk folkemusikk. Gjennom landskappleikar og andre arenaer for folkemusikk har kvedaren Bratland vunne mange utmerkingar. Folkemusikken tek ho òg med seg inn i nye musikalske sjangrar. Med røter i den norske kvedartradisjonen utfordrar Bratland folkemusikken med nye impulsar. Sjølv om kvedaren med dei karakteristiske og særmerkte trillene er til stades i songen, kan musikken til Bratland best plasserast innanfor visesjangeren. I tillegg nyttar ho fleire verkemiddel frå populærmusikken. I songar som «Vink», «Stjernene» og «Ein liten song» frå albumet Månesinn er mellom anna keyboardet eit viktig instrument. Tekstane Tekstuniverset i songane til Bratland har tydelege røter i tradisjonsmaterialet. Ho bruker verkemiddel frå folkevisene, som i songane «Strandefjell» (2014) og «Ljos» (2015). Bratland syng gjerne om kjærleik, røter og dei nære tinga. Både songmaterialet og syngjemåten er jordnær og forsiktig, lik ei mor som syng for borna sine. Bratland syng på nynorsk og vinjedialekt. På albumet Berre meg (2013) låner Bratland tekstar frå andre, til dømes lyrikarane Ingvar Hovland, Stein Versto og Hilde Myklebust, og frå salmediktaren Ivar Aartun i «Kom, Jesus lys din fred». Espen Lind har skrive melodiane. På albumet Månesinn (2015) har Bratland skrive tekstar og melodiar sjølv. Bratland set òg om utanlandske tekstar til nynorsk. Dei mykje spela songane «På avstand» (2014) og «Fordi eg elskar deg» (2015) er originalt skrivne av amerikanarane Julie Gold og Bob Dylan.
260
Nasjonal artist Bratland har vore med på fleire plateutgivingar i ulike sjangrar saman med andre artistar. Ho song tittelsongen til adventsserien «Jul i Svingen» på NRK (2006). Versjonen hennar av «Mitt hjerte alltid vanker», av Hans Adolph Brorson, på salmealbumet Sorgen og gleden (2008) har vorte ei mykje brukt tolking av den gamle julesalmen. Hennar eigen julesong, «Klokkene kallar» (2014) vart på kort tid etablert som ein norsk juleklassikar. Med samarbeidsprosjektet og albumet Heimanfrå (2013) tek Bratland og sambygdingen Odd Nordstoga tak i folketonar og historiske forteljingar frå heimbygda Vinje. Duoen fekk gullplate for over 20 000 selde album, og dei fekk Spelemannsprisen i kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk for prosjektet. Kjelder E-post frå Ingebjørg Bratland 20.11.2011 Espen Tørset: «Berre Ingebjørg», Jul i Trøndelag 2014 «Ingebjørg Bratland», biografi, rockipedia.no: https://www.rockipedia.no/artister/ingebjorg_bratland-32860/ [lesedato 17.12.2015]
Vibeke Lauritsen Erlend Kaasa Erlend Kaasa, cand.philol. med hovudfag i medievitskap, avdelingsleiar i vidaregåande skule og forfattar. Erlend Kaasa er fødd 8. juli 1976 i Vinje i Telemark og er busett i Indre Arna i Hordaland. Han tok vidaregåande skule i 1992–95, har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen (2005), med oppgåva «Motiverte meningssøk langs Mullholland Drive. Ein analyse av filmtilskodaren si narrative interesse i møte med konvensjonsavkreftande forteljarmønster». Han har arbeidd som lektor og avdelingsleiar for medium og kommunikasjon ved Garnes vidaregåande skule i Hordaland sidan 2007. Kaasa debuterte med romanen Thunder Road i 2009. Det er ein oppvekstroman og handlar om gutar i tenåra, og hovudpersonen og eg-forteljaren er tenåringen Mattis Dragstige. Kaasa skildrar vegen hans mot vaksenlivet, med drifter, draumar og venskap gjennom gode skildringar mellom anna av forholdet mellom Mattis og bestefaren hans. I 2015 kom krigsromanen Livius, som handlar om offiseren Lam og kva krig kan gjere med menneske – om idealisme, svik, løgn og sanning og det å finne meining i eit samfunn som ikkje lenger er sivilisert. Både Livius og debutromanen fekk gode kritikkar, og Kaasa bruker eit medrivande og klangfullt språk og klare litterære bilete. For Thunder Road fekk Kaasa litteraturprisen frå Alfred Andersson-Ryssts fond for 2010. Kjelder Bergen bibliotek om Erlend Kaasa: http://bergenbibliotek.no/litteratur/vestlandsforfattere/presentasjon-av-forfatterene/erlend-kaasa [lesedato 13.1.2016] Samlaget.no om Erlend Kaasa: http://samlaget.testweb01.itum.com/forfattarar/k/erlend-kaasa.aspx [lesedato 13.1.2016]
261
Ida Habbestad Odd Nordstoga Odd Nordstoga, artist, komponist og tekstforfattar som syng på nynorsk og dialekt. Med «Kveldssong (for deg og meg)» vart han populær hos dei lyttande massane, og han har sidan vore ein folkekjær artist. Odd Nordstoga er fødd 10. desember 1972 i Vinje i Telemark. Han er utdanna ved lærarhøgskulen i Bergen. I 1997 debuterte han som plateartist og har sidan gitt ut ti eigne album. Nordstoga bur i dag i Oslo. I tillegg til verksemda i sine eige band har Nordstoga arbeidd med ei rekkje ulike utøvarar. Han har skrive musikk til artisten Herborg Kråkevik, har vore gjest hos hiphopbandet Klovner i Kamp og har hatt ei rolle (Fuglefanten) i ein folkemusikkversjon av Mozartoperaen Tryllefløyta. Nordstoga voks opp på garden Plassen, der Aasmund Olavsson Vinje heldt til 160 år før han. Dette syner att i enkelte prosjekt. Mellom anna har han og broren, Aasmund Nordstoga, saman med felespelaren Torgeir Leivdal, turnert med konsertprogrammet «Storegut». Denne framsyninga med Vinje-tekstar kom til i 1996 og var òg ute på ein omfattande turné i 2008, då med Per Anders Buen Garnås på fele. Nordstoga har fått fleire prisar. I 2003 fekk han og Øyonn Groven Myhren Spelemannsprisen i klassen for folkemusikk/gamaldans for plata Nivelkinn. I 2004 vart han årets spelemann og beste mannlege artist. Same året fekk han prisen for god offentleg språkbruk, Vinje kommunes kulturpris og Folkemusikkprisen. I 2007 fekk han endå ein Spelemannspris, denne gongen for musikken til barneprogrammet «Jul i Svingen». Siste generasjonen som lengtar heim Nordstoga har heile tida uttrykt seg i eit mangfald av musikalske sjangrar, ofte folkemusikkrelaterte. Med gruppa Blåmann Blåmann gav han i 2001 ut musikk i tradisjonen frå Vinje i pop-inspirerte arrangement. Dette året samarbeidde han òg med folkesongaren Øyonn Groven Myhren om å tonesetje og framføre diktsamlinga Nivelkinn av Aslaug Vaa. Verket kom på CD i 2002. Det er likevel for soloplatene med stort sett eigenkomponerte songar at Nordstoga har fått størst merksemd. Tre CD-ar: Something Odd (1997), Solreven (1998) og Nordstoga (2000), vart utgitt før gjennombrotet kom med Luring i 2004. Kveldssong (for deg og meg) vart ein slager. Plata selde i meir enn 160 000 eksemplar. Nordstoga framfører mange av songane sine på Vinje-dialekt, noko som tydeleg syner den geografiske identiteten hans. Han veit å spele på bakgrunnen sin, til dømes gjennom titlar som Den siste generasjon som lengtar heim (2000) og Heim te mor (2006). Samstundes tek han opp emne og refleksjonar som er notidige. Musikalsk finst eit tilsvarande spenn mellom ein urban og ein rural identitet. Nordstoga nyttar verkemiddel både frå amerikansk country og folk-rock, frå visetradisjonen og frå norsk folkemusikk. Tittelen Kåbbåy (2000) viser den amerikanske påverknaden, men omsett til lokale tilhøve. Foredla og variert Dei nemnde kjenneteikna fanst i musikken til Nordstoga før Kveldssong vart allemannseige i 2003. Slik sett bør Ragnar Hovland sin underfundige tekst, om grisen som står og hyler, få noko av æra for gjennombrotet.
262
Men generelt er Luring eit lyft i høve til tidlegare produksjonar. Arrangementa er meir varierte, spekka av detaljar på ulike instrument. Nordstoga har foredla blandinga av verkemiddel og trekt dei hakket lenger i begge retningar. Ei gruppe hardingfelespelarar gir klare assosiasjonar til norsk kulturarv, medan dei klassisk orienterte strykarane som medverkar i «Borga i ur» peikar mot ei meir glamorøs, symfonisk tilnærming. Det lystige albumet Heim te mor (2006) har mykje til felles med Luring. Familie, nære relasjonar og «Det som varer» er sentrale tema. Den neste utgivinga, Pilegrim (2008), vart ein kontrast i så måte. Her er det Ragnar Hovland og Stein Versto som står bak tekstane, og vandringsmannen er temaet. Heimlengsla som var eit sentralt tema tidlegare, er her erstatta med ei nyfikne mot fjernare strok. Ein austleg undertone er tydeleg gjennom jazz-trompetisten Arve Henriksen sin japansk-inspirerte falsettsong og kjølege klang, og plata har eit meir dominerande innslag av melankoli og ettertanke enn Nordstoga har vist tidlegare. Albumet Strålande jul (2009) vart endå ein salssuksess og er den nynorskredigerte plata som har selt mest til no. Saman med Sissel Kyrkjebø spelte Nordstoga inn meir og mindre kjende julesongar, og dei to turnerte i Noreg etter plateutgivinga. I 2010 kom albumet November. I 2011 kom albumet Bestevenn. Musikken er skriven til TV-serien Vaffelhjarte, som gjekk på NRK 1 hausten 2011. Nordstoga spelte også ei lita rolle i TV-serien. For samarbeidsprosjektet og plata Heimanfrå fekk Nordstoga Spellemanpris saman med Ingebjørg Bratland i 2013. I 2014 er Odd Nordstoga saman med broren Aasmund Nordstoga, kåra til Årets nynorskbrukar. Kjelder Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen: Norsk pop- og rockleksikon. Oslo 2005 Artikkel frå nrk.no: "Satte barske hjerter i brann", 28.22.2011 http://www.nrk.no/kultur-og-underholdning/1.7893855
Vibeke Lauritsen Kjersti Rorgemoen Kjersti Rorgemoen, litteraturvitar, forfattar og frilansskribent med ein særeigen skrivestil og eit skrått og humoristisk blikk på kvardagslivet. Kjersti Rorgemoen er fødd 3. januar 1982 i Vinje i Telemark og bur i Tokke i Vestfold. Ho tok vidaregåande skule i 1998–2001 og var student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2004–05. Rorgemoen fullførte mastergraden i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen i 2007, med oppgåva «Her er mine Dyr. Ei undersøking av essaysubjektet i Ferdaminni fraa sumaren 1860». Frå 2007 var ho tilsett som kontorfullmektig ved Skrivekunstakademiet, og ho har vore redaksjonsmedlem i Vagant (2011–12) og frilansskribent for Dag og Tid og litteraturtidsskriftet Kraftsentrum. Frå 2016 sit Rorgemoen i styret for Litteraturdagane i Vinje. Saman med Maja Ulset, Anja Ulset og Agnes Ravatn var ho redaktør av undergrunnsfanzinen Ikke til hjemlån i perioden 2006–08. I 2008 gav dei ut høgdepunkta frå fanzinen i bokform. Kjersti Rorgemoen debuterte som forfattar i 2009 med kortprosaboka Purkene snudde seg. Boka inneheld eit tjuetals notat skrivne av den ikkje heilt tilpassa 42 år gamle figuren Magna Bekk, og det heile er pinleg, absurd, muntert og dystert.
263
I 2015 kom romanen Håpet og festen. Hovudpersonen har mykje til felles med Magna Bekk og er ei kvinne i 30-åra som livet har stagnert for. Ho arbeider ved makuleringstenesta til Fretex i Bergen. Rorgemoen har ein skrivestil der snodige tankesprang, sjølvanalyse og skarpe observasjonar blir formidla gjennom korte kapittel og eit finstilt og humoristisk språk. Begge bøkene til Rorgemoen er blitt godt mottekne. Rorgemoen fekk Natt & Dag sin Bergenspris for Purkene snudde seg i 2009 og var nominert til Ungdommens kritikarpris i 2016. Kjelder Om Kjersti Rorgemoen på Kolon Forlag: http://www.kolonforlag.no/authors/details/37 [lesedato 18.2.16] Om Kjersti Rorgemoen på Samlaget: http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/r/kjersti-rorgemoen.aspx [lesedato 18.2.16]
Idar Stegane Stein Versto Stein Versto, kulturarbeidar og kunstnar med mangesidig aktivitet som forfattar, musikar, omsetjar og forlagsredaktør. Stein Versto er fødd i Vinje 30. desember 1957. Han er cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga historie, folkeminne og musikk og har teke forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark (1988). Versto debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene (1990) og har seinare gitt ut to diktbøker. Han har òg omsett litteratur, både songtekstar, barnebøker, ein roman og ein operalibretto. Han har sjølv skrive tekstar til ymse artistar. Han er hardingfelespelar og samarbeider både med spelemenn og kvedarar. Og han har skrive om folkemusikk og folkedikting. Versto har arbeidd som konsulent og redaktør i Litterær avdeling i Det Norske Samlaget (1997–2002) og har vore gjestelærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (1998) og ved andre kurs i kreativ skriving. Våren 2007 vart han vald inn i Det litterære råd i Den norske forfatterforening, der han er leiar frå 2009. Noveller I Ho blei borte i trappene er det fem noveller. Fleire av dei er tilbakeblikk frå ei notid til hendingar i fortida som set noko i sving hos hovudpersonane. I tittelforteljinga gjeld det noko som nyleg har hendt. I «Bestemors hus» kjem ein vaksen mann tilbake til huset han vitja som smågut, og minne og notid går over i kvarandre, slik at ein er både «der» i minnet og «her» i samtida skiftevis og overlappande på ein fascinerande måte. Dikt Diktsamlinga Innfalda tid. Minne (1995) har Versto dedisert til den første kona si, Sigrun Grøstad, som døydde i 1992. Det er eit elegisk prosjekt som krev at ein kan halde stoffet både nær og på avstand samtidig, slik at det personlege ikkje fortaper seg i det private. Dette oppnår Versto ikkje minst gjennom skiftande formspråk. Her er trelinja dikt som står den konsentrerte haikuen nær: «Månelyset sym / over sengeteppet. Som mørke båtar glid me / inn til flytebryggene.» Og her er prosadikt som dekkjer ei tett bokside. Også Snø i partituret (2000) er ei formmedviten diktbok. Eit samspel mellom tekstar og mellom diktverk og musikk i den førre boka knyter seg her også til religiøs tradisjon,
264
nemleg jødisk kabbalisme, med morsfiguren Aima og ulike eksistenssfærar, og kristen tradisjon. Jødisk og kriste kan til dømes lesast saman i boktittelen og dikta «Langs skinnegangen i Oswiecim» og «Som i eit partitur», der det religiøse, det historiske, kunst og musikk kan verke saman i ei fleirfaldig oppleving. Song og musikk Ein viktig plass i forfattarskapen har tekstane til songar framførte av ulike artistar, både gruppa «Bukkene Bruse» og Herborg Kråkevik, men framfor alt Odd Nordstoga. Versto har òg skrive tekstar som kona hans, Berit Opheim Versto, har sunge, såleis til konserten «Ein engel går stilt» (2007). Versto er sjølv spelemann og har samarbeidd med Knut Hamre og andre. Han har skrive om folkemusikk og folkedikting, mellom anna i den perspektivrike artikkelen «Bånsull-magien». I forteljingane «Bestemors hus» og «Vinterventing» er ein stubb av eit eventyr viktig. Som hardingfelespelar gav han i 2011 ut plata Urjen, med slåttar etter Olav og Eivind Groven. Det er i det heile ein særmerkt eigenskap hos Stein Versto at han gjer så fortenestefull kunstnarleg innsats på mange felt innanfor skriving og musikk. Kjelder Olav Bø (red.): Dyret i hagjen. Eventyr frå Agder, i Brynjulf Alver (red.): Norsk eventyrbibliotek, bd. 9. Oslo 1978 Stein Versto: «Bånsull-magien», Dag og Tid 07.08.2009 Stein Versto: «Kva gjer folkemusikken når bestemor er til sals for ein billeg penge?», Spelemannsbladet nr. 1/2008
Sigrid Bø Grønstøl Halldis Moren Vesaas Halldis Moren Vesaas, lyrikar og gjendiktar, var ein av dei mest lesne, mest siterte og mest folkekjære forfattarane i norsk lyrikk sidan Wergeland og Bjørnson. Halldis Moren Vesaas var fødd 18. november 1907 i Trysil og døydde 8. september 1995 i Oslo. Ho voks opp i eit romsleg bonde- og folkehøgskulemiljø, med norskdomsinteresserte foreldre. Halldis Moren tok lærareksamen ved Elverum lærarskule i 1928, men arbeidde berre kort tid i skulen, som lærarvikar i folkeskulen i Vinje frå 1941 til 1943. Etter lærarskulen var ho kontordame i Oslo Fylkeslag og reiste deretter til Sveits, der ho var sekretær hos den norske visekonsulen i tre år, frå 1930 til 1933. Der lærte ho europeiske språk, særleg fransk. I 1934 gifte ho seg med forfattaren Tarjei Vesaas (1898–1970). Paret busette seg i Vinje i Telemark. Halldis Moren debuterte som lyrikar i 1929 med Harpe og dolk. Frå debuten og fram til 1955 gav ho ut seks diktsamlingar til, Morgonen (1930), Strender (1933), Lykkelege hender (1936), Tung tids tale (1945), Treet (1947) og I ein annan skog (1955). Deretter gjekk det førti år utan nye samlingar, til ho i 1995, det året ho døydde, gav ut Livshus. I denne tida skreiv ho prosabøker, gjendikta drama, redigerte bøker og blad, skreiv artiklar og sat i styre og råd. Dikta ho skreiv, tok ho med som «Lause dikt» (mesteparten frå 1955 fram til 1977) i Dikt i samling i 1977. Halldis Moren Vesaas fekk mange prisar for forfattarskapen og gjendiktingane sine. Ho fekk Bastianprisen i 1961 for Fedra, Norsk kulturråds omsetjarpris for Lærde damer i
265
1986, og i 1991 blei ho utnemnd til riddar av «Ordre National du Merité» for arbeidet sitt med fransk dramatikk. Poetisk kvardag Halldis Moren Vesaas høyrer til den romantiske nynorsktradisjonen i norsk lyrikk. Ho skreiv kjensle- og kjærleikslyrikk med naturen som biletlager. Formspråket er for det meste tradisjonelt, og ofte spelar motiv, vers og segner frå folkediktinga med. Karakteristisk for Moren Vesaas er at ho omformar høgstilen i nynorsklyrikken til kvardagsstil. Ho skriv enkle og forteljande dikt med stor poetisk kraft. Dikta hyller kjærleiken og livet, men også det poetiske ved kvardagen, ved husarbeid, barnestell og omsorg. Andre tema er pubertet, erotikk og kroppslege erfaringar. Sigrid Undset og Hulda Garborg hadde skrive om dette før i romanar, men Halldis Moren Vesaas var den første som tematiserte det i lyrikken, til dømes har ho alt i debutsamlinga frå 1929 eit dikt om menstruasjon. Ho gav lyrikktradisjonen ei kvinnestemme som seinare nynorsklyrikarar, mellom anna Marie Takvam og Eldrid Lunden, har kunna utvikle vidare. Nynorsk på scena Halldis Moren Vesaas gjorde ein stor og viktig innsats for nynorsk som scenespråk. Her følgde ho tradisjonen frå Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg, som omsette og gjendikta verk frå verdslitteraturen til nynorsk. Ho gjekk i gang med arbeidet som omsetjar i midten av 1930-åra og gjendikta over femti stykke for scena til nynorsk – frå fransk, engelsk og tysk, frå skandinaviske språk og frå bokmål. Ho arbeidde for det meste for Det Norske Teatret, men også for Riksteatret, Fjernsynsteatret og Radioteatret. Mest kjend er ho for å ha gjendikta kjende drama av dei franske klassisistane, til dømes Fedra av Jean Racine og Lærde damer av Jean-Baptiste Molière. Fedra, som hadde norsk premiere på Det Norske Teatret 23. januar 1960, er eit høgdepunkt. Halldis Moren Vesaas greidde å skape eit elastisk nynorsk scenespråk ved å sameine patos og poesi med enkelt kvardagsleg talespråk, samstundes som ho heldt språket innanfor den strenge klassisistiske verseforma til Racine, aleksandrinar. Andre høgdepunkt er nynorske gjendiktingar av verk av William Shakespeare, mellom anna Romeo og Julie, Stormen og Ein midtsommarnattsdraum, av Johann W. Goethes Faust og av Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht. Ho gjendikta òg teaterstykke av moderne europeiske forfattarar som Luigi Pirandello, Albert Camus, Friedrich Dürrenmatt, Botho Strauss og Milan Kundera. Dramagjendiktingane, på same måten som lyrikken, er prega av Halldis Moren Vesaas si evne til å kople høgpoesi og daglegspråk innanfor strenge litterære mønster. Ho samarbeidde med teaterfolk, regissørar og skodespelarar og utforma dialogar i eit musikalsk og elastisk nynorsk scenespråk, tilpassa levande, moderne menneske. Nynorskdronninga Gjennom ein livslang innsats for nynorsk skriftspråk og nynorsk kultur fylte Halldis Moren Vesaas, med rette kalla «nynorskdronninga», mange viktige roller i det norske offentlege rommet. Ho gjendikta også utanlandsk lyrikk, gav ut fire barnebøker, to ungdomsbøker, essaysamlinga Sett og levd og ein biografi om faren, Sven Moren og heimen hans (1951). Ho skreiv òg to personlege minnebøker om samlivet med Tarjei Vesaas, I Midtbøs bakkar (1974) og Båten om dagen (1976).
266
Moren Vesaas redigerte ei rad diktantologiar og skreiv artiklar i tidsskrift og blad, mellom anna i Norsk Barneblad, Norsk Tidend, Urd og Syn og Segn. Ho sat nokre år i tidsskriftredaksjonen for Kvinnen og tiden og Samtiden og skreiv mange artiklar der. I tillegg melde ho bøker i Dagbladet i nesten 20 år, mest lyrikk. Ho var medlem av Norsk Språknemnd (1952–67) og Norsk kulturråd (1965–73), nye institusjonar som ho var med og bygde opp frå grunnen av. Halldis Moren Vesaas var ein populær talar og foredragshaldar og ein kjend og kjær opplesar av eigne og andre sine dikt. I 1995, 7 månader før ho døydde, laga René Bjerke dokumentarfilmen Møte med Halldis, der ho les eigne dikt og fortel om livet sitt. Kjelder Sigrid Bø Grønstøl: «Orfevs’vending. Inspirasjon og stemme i Halldis Moren Vesaas sin lyrikk» i Sigrid Bø Grønstøl og Unni Langås: Tanke til begjær. Nylesingar i nordisk lyrikk. Oslo 2001 Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag. Om Halldis Moren Vesaas’ forfatterskap. Oslo 1996 Leif Mæhle (red.): Halldis Moren Vesaas. Festskrift til 80-årsdagen. Oslo 1987
Vidare lesing Karlsen, Ole, red.: Klarøygd, med rolege drag : om Halldis Moren Vesaas' forfatterskap, 1996 Mæhle, Leif, red.: Halldis Moren Vesaas : festskrift til 80- årsdagen 18. november 1987, 1987 (H.M.V.-bibliografi: 163-83) Norsk biografisk leksikon 2. utg. Vesaas, Olav: Å vera i livet : ei bok om Halldis Moren Vesaas, 2007
Idar Stegane Tarjei Vesaas Tarjei Vesaas var ein av dei viktigaste forfattarane i Norden i det 20. hundreåret. Han skreiv både forteljande prosa, lyrikk og dramatikk og er omsett til mange språk. Også utanfor Norden vert han rekna som ein stor forfattar. Tarjei Vesaas var fødd i Vinje i Telemark 20. august 1897 og døydde i Oslo 15. mars 1970. Foreldra var Olav og Signe Vesaas. Den formelle utdanninga Vesaas fekk utover folkeskulen, var ein vinter på Voss folkehøgskule. Folkehøgskulen var ein vanleg danningsveg for nynorske forfattarar tidleg på 1900-talet. Vesaas vart kjend med litteratur heime – også foreldra og dei to yngre brørne las jamleg. Han lærte elles allslags praktisk arbeid heime på garden. Vesaas gifte seg med forfattaren Halldis Moren i 1934, og dei flytte inn på garden Midtbø i Vinje, som han hadde kjøpt nokre år før. Forfattarskapen omfattar 38 bøker, 23 romanar, 4 novellesamlingar, 5 skodespel/høyrespel og 6 diktsamlingar. Viktige er først og fremst romanane, til dømes Det store spelet (1934), Kimen (1940), Huset i mørkret (1945), Fuglane (1957), Brannen (1961), Is-slottet (1963), men òg novellesamlingane Vindane (1952) og Ein vakker dag (1959) og diktsamlingane Lykka for ferdesmenn (1949) og Liv ved straumen (1970). For Vindane fekk Vesaas den nyoppretta Venezia-prisen, som berre har vore utdelt éin gong, i 1953, og for Is-slottet fekk han i 1964, som den første norske forfattaren, Nordisk Råds litteraturpris.
267
Forfattar Vesaas var mest prosaforfattar. Romanen Menneskebonn kom i 1923, og fram til 1939 gav han ut tolv romanar, to novellesamlingar og to skodespel. Dei første bøkene hang fast i nyromantisk tradisjon, men frå og med Dei svarte hestane (1928) kom det meir realisme og samtidsmedvit inn. Særleg galdt det romanserien om Klas Dyregodt (1930–1938). Høgdepunktet i 1930-åra var bonderomanen Det store spelet (1934). Vesaas var også dramatikar, gjerne i skiftebruk med prosaen. Drama vart omskrivne til romanar, og noveller fekk også høyrespelversjonar i etterkrigstida. Det lyriske og poetiske finst i rik mon i prosaverka, og frå 1946 og nokre år framover gav han også ut dikt. Forfattarskapen enda òg med ei diktsamling. Ut i verda – teater Før giftarmålet heldt Vesaas seg åtte år for det meste ute i europeiske byar, mest i Tyskland. Han lærte seg tysk og såg mykje teater. Særleg det ekspresjonistiske teatret appellerte til han, og han prøvde å skrive modernistiske skodespel sjølv, med Ultimatum som det mest synlege resultatet. Men det var lita interesse for ekspresjonistisk teater både i forlaget og i teatermiljøet i Noreg, og det hemma kanskje utviklinga hans som dramatikar. Krigstematikk og menneskevilkår Vesaas var motstandar av krigspropaganda og allslags opprustning og krigføring. Dette kom først tydeleg til syne i Ultimatum. Frå og med romanen Kimen (1940) var det ein hovudtematikk. Det førte òg til formell nyskaping, og ei allegorisk framstilling vart løysinga i dei to romanane ved utbrotet og slutten av krigen, Kimen og Huset i mørkret (1945), særleg i den siste, der det okkuperte landet er framstilt som eit labyrintisk hus med allslags løynde gangar og farlege rom. I fleire av verka frå denne tida er ei von knytt til ufødd og nyfødd liv. Angst og gru står sentralt i fleire verk i den nære etterkrigstida. Skrivemåten til Vesaas var stadig annleis, meir eksperimenterande modernistisk, mindre avklara enn før. Det samlar seg gjerne til sentrale symbol i romanar som Tårnet (1948) og Signalet (1950). Eksistensielt press som fører til sinnssjukdom, angst og død, er også dominerande i Brannen (1961), og i den intense novella «Fall» (Vindane, 1952) og fleire dikt. Lyrikk Vesaas gav først ut ei diktsamling med enkle tradisjonelle former (Kjeldene, 1946) og med eit visst preg av folketradisjon og vise. I seinare samlingar dominerte frie vers, og ofte var dei så typiske spørsmåla i 1940- og 1950-åra kring opprustning og våpen dominerande. Det stod klart for Vesaas at dei kjernefysiske våpna ikkje berre var kraftigare enn det hittil kjende, men ville vere i stand til å utslette livet på jorda. Dikt frå Leiken og lynet (1947) er særleg tydelege, med dikt som «I ansvars naud», «Regn i Hiroshima» og «Atom-kjernen». I eit av dei sterkaste Vesaas-dikta, «Det ror og ror» (Lykka for ferdesmenn, 1949) er angsten «namngitt»: «Ingen veit botnane i Angest sjø». Andre dikt går meir på det endeframme livet, med erotikk og andre menneskelege relasjonar. Bilete frå naturen på godt og vondt er grunnleggjande. Og ei von finst og er stundom uttalt, som i boktittelen Ver ny, vår draum (1956). Stor prosa Vesaas er med rette kjend for å framstille sinn og kjensler hos barn og unge, ikkje minst i noveller. Som den vesle skuleguten i «Vesle-Trask» som sit full av kunnskap, men ikkje får eit ord til å låte når den nervøse unge lærarinna spør framfor eksamensnemnda. Eller dei to
268
unge framande i «Det rare», som møtest på ein buss og kjenner seg dregne mot kvarandre og berre må kome seg av og bort frå veninnene hennar for å vere berre dei to. Slik framstilling kan òg gjelde vaksne som skil seg ut mentalt på ein eller annan måte. Mattis i den store romanen Fuglane (1957) er lite i stand til å gjere «gagns arbeid», men orienterer seg etter rugdetrekket over huset og skjønar fuglespråk, heilt i samsvar med det sentrale symbolet i tittelen. Men kanskje har det gjort aller sterkast inntrykk på lesarane det som hender med Siss og Unn i Is-slottet. Denne prisromanen handlar om to 11-årige jenter, i eit gryande veninneforhold. Den skjøre foreldrelause Unn kjem bort og vert ikkje attfunnen. Siss må no leve med tapet og arbeide seg igjennom tunge påkjenningar. I Is-slottet framstiller Vesaas tankar og kjensler hos to heilt unge jenter i pressa situasjonar så intenst og overtydande at det har gitt romanen plass mellom dei fremste i si tid. Forfattarskapen nærma seg avslutning med prosaboka Båten om kvelden (1968). Her viser Vesaas endå ein gong evne til eksperiment og fornying, med skifte mellom flytande forteljing og lyrisk prosa. Krona på verket vert deretter den siste diktsamlinga, Liv ved straumen (1970), som han ikkje fekk sjå ferdig før han døydde. Kjelder Kenneth G. Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas’ diktning. Oslo 1969 Steinar Gimnes (red.): Kunstens fortrolling. Nylesingar av Tarjei Vesaas’ forfattarskap. Oslo 2002 Sarah J. Paulson og Rakel Christina Granaas (red.): Dobbeltblikk på Vesaas. Trondheim 2009 Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas. Oslo 1947 Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas. Oslo 1995 Olav Vesaas (red.): Tarjei i tale. Taler, helsingar og prologar. Oslo 1997 Tarjei Vesaas: Huset og fuglen. Tekster og bilete 1919–1969, redigert av Walter Baumgartner. Oslo 1971 Lisbeth P. Wærp: Engasjement og eksperiment. Tarjei Vesaas’ romaner Huset i mørkret, Signalet og Brannen. Oslo 2009 Bente Aamotsbakken: Det utrulege greineverket. Lesninger av Tarjei Vesaas’ lyrikk. Oslo 2002
Vidare lesing Aamotsbakken, Bente: Det utrulege greineverket : lesninger av Tarjei Vesaas' lyrikk, 2002 Beyer, Edvard m.fl., red.: Tarjei Vesaas 1897 - 20. august - 1967, 1967 (Tarjei Vesaas-bibliografi, av Kaare Haukaas: 95-162) Chapman, Kenneth G.: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning, 1969 Gimnes, Steinar, red.: Kunstens fortrolling : nylesingar i Tarjei Vesaas' forfattarskap, 2002 Mæhle, Leif, red.: Ei bok om Tarjei Vesaas, 1964 Norsk biografisk leksikon 2. utg. Paulson, Sarah J. & Rakel Christina Granaas, red.: Dobbeltblikk på Vesaas, 2009 Skrede, Ragnvald: Tarjei Vesaas, 1947 Tarjei Vesaas : eit forfattarhefte, utg. av Biblioteksentralen, 1997 Café Existens, nr. 39/40, 1988 (tema: Tarjei Vesaas) Vedlegg til Dag og tid nr 34, 21. aug. 1997 (tema: Tarjei Vesaas) Vesaas, Olav: Løynde land : ei bok om Tarjei Vesaas, 1995 Vold, Jan Erik, red.: Tarjei Vesaas, 1964 Wiland, Sverre: Om Fuglane av Tarjei Vesaas, 1997 (Veier til verket)
269
Hilde Kathrine Thomassen Aasmund Olavsson Vinje Aasmund Olavsson Vinje er mannen bak Dølen, den første avisa på landsmål. Han er òg blitt ståande for ettertida som ein av våre store, folkekjære lyrikarar. Aasmund Olavsson Vinje var fødd i Vinje i Telemark 6. april 1818 og døydde 30. juli 1870. Han utdanna seg først til lærar, og i 1844–48 var han både lærar og elev ved borgarskulen i Mandal. Han tok artium i 1850. I 1856 blei han juridisk kandidat, og i 1857 fekk han autorisasjon som overrettssakførar. Vinje arbeidde som lærar i nokre år før han gjekk over til dikting og journalistisk verksemd. I studietida medverka han til det satiriske vekebladet Andhrimner. I 1851–58 skreiv han for Drammens Tidende. I 1858 starta han sitt eige vekeblad, Dølen, som han gav ut heilt til han døydde. I 1865–68 var han ekstraskrivar i Justisdepartementet. I 1861 gav han ut Ferdaminni fraa Sumaren 1860. I 1862 skreiv han A Norseman's View of Britain and the British. Seinare kom Diktsamling (1864), det episke diktet Storegut (1866) og diktsamlinga Blandkorn (1867). Kjende dikt av Vinje er mellom anna «Kunnskap skal styra rike og land», «Leitande etter Blåmann», «Tyteberet», og «Den dag kjem aldri at eg deg gløymer». Dølen. Eit Vikublad Mellom 1858 og 1870 gav Vinje ut åtte årgangar av avisa Dølen. Dølen var eit personleg organ, og Vinje refererte ofte til seg sjølv med same nemninga som bladet. Det var då han byrja å gi ut Dølen, at Vinje tok i bruk Ivar Aasens landsmål, som ein av dei aller første. Aasen var òg mellom dei som skreiv artiklar for Dølen innimellom. Vinje stilte seg nokså fritt til Aasennormalen, og han hadde stor glede av å lage nye omgrep. Dølen blei noko nytt og oppkvikkande i norsk presse, ikkje berre språkleg. Vinje hadde sin eigen journalistiske stil, blir stadig nemnd som eit føredøme for journalistar og er òg blitt ståande som ein framståande filosofisk essayist. Mellom dikt, bokmeldingar og mykje anna slags stoff tok drøftingar av aktuelle politiske saker stor plass i avisa. Artiklane byrjar ofte med eit fersk nyhende, som så blir sett inn i eit større perspektiv. Vinje sine nylaga ord er ofte humoristiske fornorskingar av framandord, og han gjorde på den måten, og med den generelt munnlege og kåserande stilen sin, vanskelege tenkjemåtar tilgjengelege for lesarane. Slik blei Dølen både folkeleg og vidsynt. Karakteristisk for sakprosaen til Vinje er òg det han sjølv kalla «tvisynet». Skriftene hans er fulle av overraskande samanstillingar av element frå ulike stilnivå, og «sorga og songen» kunne vere to sider av same sak. Han skifte òg ofte meining i saker, og ein får inntrykk av at det var viktigare for han å lære folk å tenkje enn å overtyde dei om kva dei skulle tenkje. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom først ut i to delar, som tilleggshefte til Dølen. Den første delen kom i februar 1861 og handlar om fotturen frå Oslo og nordover Austlandet gjennom Østerdalen til Trondheim, der han fekk sjå kroninga av kong Karl 15. i Nidarosdomen. Den andre delen kom i juli same året og skildrar reisa sørover att, via Romsdalen, Dovre og Gudbrandsdalen. Boka er sett saman av små frittståande skisser med utgangspunkt i stader Vinje kjem til. Det er levande skildra og underhaldande å lese, om alt frå geologi, jordbruk, husdyrhald,
270
til sosiologi og sosialøkonomi. Ein finn dikt og agronomiske utgreiingar om kvarandre. Dette «ihopskrapa» preget ved boka har òg opna for mange ulike innfallsvinklar. Dersom ein les boka som eit portrett av forfattaren, ser ein at Vinje ikkje gav seg som lærar sjølv om han slutta i skulen, men at han liksom berre heldt fram i større skala, som folkeopplysar. Det skin òg igjennom at han reiste delvis for å sjå korleis det stod til «i folkedjupet», kulturelt og økonomisk. Men sjølv om boka tradisjonelt har vore lesen dokumentarisk og som eit portrett, har det òg vore vist at ho kan lesast som ein roman, der eg-forteljaren er ein konstruert, parodisk helt. Vinje var ein pioner som vandringsmann og turist i fjellet. Han var gjetargut i ungdomen og hadde sprunge mykje i fjellet, og ferdaminni-reisa kan ha løyst ut ein trong til å kome opp i høgda att, for frå 1863 hadde han ein tre–fire vekers fjelltur kvart år, anten i Rondane eller Jotunheimen. Det var òg Vinje som gav det sistnemnde fjellområdet namnet Jotunheimen. Vinjes lyrikk Vinje publiserte eigne dikt både i Dølen og i andre blad. Det at omlag 60 prosent av dikta han gav ut, blei trykte i dei to første årgangane av Dølen, kan tyde på at Vinje opplevde eit gjennombrot som diktar då han gjekk over til landsmål. I 1863 gjorde han eit utval som han gav ut i boka Diktsamling. I 1866 gav Vinje ut ei forteljing i verseform med tittelen Storegut. Forteljinga tek utgangspunkt i verkelege hendingar og personar frå Vinje-bygda og handlar i grove trekk om ein far, Olav, og sonen, kjempa Storegut, og det tragiske og gåtefulle kring Storegut sin tidlege død. Den tredje og siste diktsamlinga Vinje gav ut medan han levde, var Blandkorn (1867). Dominerande drag ved mykje av Vinjes lyrikk er det enkle, det klare og det melodiøse. Mange av dikta er tonesette, mellom anna av Edvard Grieg. Ein stor del av lyrikken føyer seg òg inn i ein visdomsdikt-tradisjon. Metrisk har Vinje teke mønster både frå klassiske versformer og frå folkediktinga. Kjelder Reidar Djupedal: introduksjonar i Dølen. Eit Vikublad. Oslo 1970–73 Jon Haarberg: Vinje på vrangen. Oslo 1985 Olav Midttun: A.O. Vinje. Oslo 1966 Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann. Oslo 2001
Vidare lesing Langslet, Lars Roar & Jon H. Rydne, red.: Villmann, vismann og veiviser : en essaysamling om A.O. Vinje, 1993 Midttun, Olav: A.O. Vinje, 2. utg., 1966 Norsk biografisk leksikon 2. utg. Skard, Sigmund: A.O. Vinje og antikken : studier i norsk åndshistorie, 1938 Vesaas, Olav: A.O. Vinje : ein tankens hærmann, 2001 Vislie, Vetle: A.O. Vinje, 1890
Sigrid Bø Grønstøl Aslaug Vaa Aslaug Vaa, norsk lyrikar, dramatikar og essayist. Vaa var ein pioner innanfor den tidlege kvinnelyrikken på nynorsk. Som teaterdiktar fornya ho det norske teatret ved å skrive poetisk dramatikk.
271
Vaa var fødd i Rauland 25. august 1889 og døydde i Oslo 28. november 1965. Foreldra flytte til Kviteseid då ho var tre år gammal, og ho voks opp der. Ho tok latinartium på Aars og Voss skole i Kristiania i 1909 og tok deretter til å studere ved Universitetet i Oslo. Ho var journalist i nynorskavisa Den 17de Mai, der ho i mange år var ansvarleg for utanriksstoffet. Aslaug Vaa var gift med filologen og psykoanalytikaren Ola Raknes mellom 1912 og 1938, då ekteskapet blei oppløyst. Ho budde saman med mannen i Paris i to periodar og studerte litteratur og kunsthistorie, folkeminne og filosofi ved Sorbonne. I tillegg kom opphald og studium i London og Berlin, der ho studerte teater og teaterhistorie. Då Aslaug Vaa debuterte i 1934 med diktsamlinga Nord i leite, var ho 45 år gammal. Fram til 1963 gav ho ut seks diktsamlingar. I tillegg skreiv ho fire skodespel og ei rad artiklar og essay i aviser og tidsskrift. Telemarksmusikarane Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga har sett musikk til diktsyklusen «Nivelkinn» frå Aslaug Vaa si debutsamling. For plata Nivelkinn, som blei til som eit bestillingsverk til Telemarkfestivalen 2001, fekk dei i 2002 Spelemannsprisen. Ønskediktpoeten Aslaug Vaa skreiv dikt i både tradisjonell og modernistisk form, og fleire av dikta er blitt folkeeige. Det folkeviseliknande og strofiske diktet «Så rodde dei fjordan» (1936) var lenge fast innslag i Ønskediktet i NRK, ved sida av kjærleiksdiktet «Å eiga» (1935), der ho nyttar friare rytmar. I kjende antologidikt som «Etterklangen» og «Moreld» (1947) nyttar ho tradisjonelle metriske former. Tidleg modernist og ekspresjonist i form og tematikk er ho i det mindre kjende diktet «Skuggan» (1947). Tankediktar Dikta har ofte ei reflekterande form, samstundes som dei undersøkjer tanken som prosess og erkjenning. Ein sivilisasjonskritikk er innebygd i mange av tekstane, som reflekterer over korleis vi tenkjer etisk og menneskeleg, til beste for samfunnet, kulturen og sivilisasjonen. Poeten tek avstand frå den erkjenningsforma som favoriserer logisk og empirisk erkjenning åleine («Tankekniven», 1936), og agiterer for ein rasjonalitet som byggjer på det sanselege og intuitive så vel som det faktiske. Ein økologisk bodskap går som ein raud tråd gjennom forfattarskapen. Kropp og sjel og menneske og natur må vere i balanse. Det same gjeld globalt. I dikt, drama og artiklar manar Aslaug Vaa til respekt og toleranse mellom folkeslag og kulturar. Aslaug Vaa reflekterte mykje over poesiens vesen, og i si eiga «poetiske tenking» søkjer ho til det primitive og opphavlege på den eine sida og det visjonære og mystiske på den andre. Nyskapande dramatikar Forfattarskapen er prega av kjennskap til folkedikting og folkelege kulturtradisjonar frå oppveksten i Telemark, kombinert med europeiske og moderne impulsar frå mange reiser. Dette kjem særleg til syne i dramatikken. Det poetiske dramaet Munkeklokka (1950/1966) byggjer på folkloristisk stoff frå norsk høgmellomalder, men er moderne i forma. Konflikten er bygd opp kring identitetsspørsmål, relasjonar mellom menneske, erotikk og kjærleiksliv og religiøse tema. Stykket har ei form som bryt med den sterke norske realismen i tradisjonen etter Henrik Ibsen.
272
Aslaug Vaa lærte av det ekspresjonistiske teatret til Max Reinhardt og det episke teatret til Bertolt Brecht i Tyskland. Ho skreiv poetiske drama og bryt realismen med innslag av song og lyrikk. Dialogane har kvalitetar som vi oftast finn i lyriske tekstar. Skodespela Steinguden (1931/1939), Tjugendagen (1947/1950) og Honningfuglen og leoparden (1965/1966) er innbyrdes ulike, men alle er eksperimentelle i forma. Kjelder Sigrid Bø Grønstøl: «Dikt og tanke. Aslaug Vaa», i Sigrid Bø Grønstøl og Unni Langås: Tanke til begjær. Nylesingar i nordisk lyrikk. Oslo 2001 Leif Mæhle: «Fann eg dei stigar …». Vandringar i Aslaug Vaas dikting. Oslo 2001
Vidare lesing Grønstøl, Sigrid Bø & Unni Langås: Tanke til begjær : nylesingar i nordisk lyrikk, 2001 («Dikt og tanke: Aslaug Vaa»: 71-101) Hareide, Jorunn: "Aslaug Vaa - ein lyrisk dramatikar?". Hareide, Jorunn & Drude von der Fehr, red.: Tendensar i moderne norsk dramatikk, 2004, 95-110 Mæhle, Leif: "Fann eg dei stigar-" : vandringar i Aslaug Vaas dikting, 2001 Norsk biografisk leksikon 2. utg. Vedlegg til Dag og tid nr 22, 28. mai 1998 (tema: Aslaug Vaa)
273
Vedlegg 5 Nynorsk kultursentrum 1993–2015 Eldst, først, einast Nynorsk kultursentrum er det største litteraturmuseet i Noreg og ein av svært få nasjonale kulturinstitusjonar utanfor Oslo Ivar Aasen-tunet er det eldste språkmuseet i verda og det einaste i Norden Olav H. Hauge-senteret er det første museet i Noreg for lyrikk i mange former Allkunne er det einaste redigerte leksikonet på nynorsk Frå lokale til globale nettverk med 24 stiftarar frå heile landet Aktiv medspelar i lokale og regionale nettverk på Nordvestlandet og i Hordaland Leier samarbeidsorganet Nynorsk Forum for alle nasjonale nynorskinstitusjonar Etablerte og dreiv Litteraturnettverket for 14 litterære museum 2008–2014 Etablerte i 2015 International network of language museums med 11 museum frå like mange land i Asia, Europa og Amerika For kvar ny offentleg krone skaffar vi ei privat I realverdi auka offentlege inntekter med 320 prosent frå 2000 til 2014 Marknadsinntektene auka med 452 prosent i det same tidsrommet Alle større investeringsprosjekt er gjennomførte innanfor budsjett og utan lån Ein meiningssterk samfunnsaktør Utgreidde for Kristin Clemet det som blei Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Skreiv kap. 5 «Språk og makt» i språkmeldinga, St.meld. nr. 35 (2007–2008) Tok i 2010 det første initiativet til at Grunnlova i 2014 også skulle liggje føre på nynorsk I Språkåret 2013 endra 250 000 nordmenn meining i sentrale språkpolitiske spørsmål Dreiv fram flytting av språksamlingar og Norsk Ordbok med minst fem arbeidsplassar frå Universitetet i Oslo til Vestlandet Det første museet med avdelingar i tre fylke? 18 fast tilsette – 60 lønte medarbeidarar og 30 frivillige i 2015 To museum og to festivalar i to fylke – utviklar no museum nr. 3 i eit tredje fylke Sju nettstader med til saman 346 000 unike brukarar i 2015 12 kontoar i sosiale medium med over 14 000 følgjarar ved årsskiftet 2015/16 Har lagt grunnlaget for Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje Mange tiltak for digital nynorsk skriftkultur Saman med Samlaget utvikla vi frå 1999 det digitale oppslagsverket Allkunne.no I 2015 tok Allkunne over Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane frå NRK Aasentunet.no blei opna før Ivar Aasen-tunet blei opna i 2000 Ved inngangen til 2016 kunne publikum velje mellom meir enn 35 000 digitale tekstdokument, gratis Våren 2016 opnar Hauge-senteret ei ny utgåve av Diktkammeret.no, som Dagbladet etablerte i 2001
274
Til stades over heile landet 4672 arrangement eller utstillingar i 152 kommunar i 19 fylke til og med 2015 1521 framsyningar av 7 skulesekkproduksjonar for 46 246 elevar og lærarar i 6 fylke Er kvart år til stades med arrangement og/eller utstillingar i om lag 30 kommunar 31 vandreutstillingar er blitt viste 170 stader over heile landet Samlingar frå heile landet og ny kunnskap Samlingane inneheld mest skrifter og foto, berre nokre hundre tradisjonelle gjenstandar Til og med 2015 hadde styremedlemer og tilsette gitt ut 29 bøker og småskrifter, skrive 206 artiklar i aviser og tidsskrift, og halde 349 foredrag i inn- og utland I 2015 publiserte vi Språkfakta 2015. Ei forteljing om språk i Noreg og verda med 867 tabellar på til saman 1700 sider Utstillingsstrategien vår: interaktivt samspel med publikum Analoge der vi kan, digitale der vi må Kvar temautstilling er stramt redigert med mange stemmer og sitat frå andre Kvar basisutstilling går gjennom ei større fornying om lag kvart tiande år Historia held fram: kvar dag noko nytt i kvar basisutstilling Tunkatten Lurivar – ein ikkje-kommersiell barnefigur Flytta inn på hemsen i Ivar Aasen-tunet i 2006 og har eigen, reklamefri nettstad Tunkattens songbok inneheld 73 songar for nedlasting – vi betaler alle bruksavgifter Den tredje skulesekkproduksjonen om Lurivar er i arbeid Hadde frå sommaren 2015 utebibliotek i åtte kommunar på Sunnmøre Det rause museet Gir publikum noko dei ikkje hadde venta i tillegg til inngangsbilletten Lommeboka skal ikkje avgjere: mange arrangement er gratis, andre er marknadsprisa Alle som vil, får omvising i utstillingane For kvar museumsgjest har Nynorsk kultursentrum 14 brukarar i digitale medium Tre av ti museumsgjester er born og unge Bokmålsbrukarar trivest like godt som nynorskbrukarar i Aasen-tunet Alle tilsette er formidlarar – alle er involverte Alle tilsette skal ha publikumskontakt Arrangement, utstillingar, digitale tenester, kafé og butikk heng saman Involvering nedanfrå: alle er med i budsjettarbeid, revisjon av langtidsplanar og strategi «Siste ytring» - eit redaksjonelt spleiselag der mange tilsette skriv for Internett Kvar tredje dag blir ei pressemelding frå oss publisert i eitt eller fleire massemedium Motto: Ingen prosjekt er avslutta før dei er formidla Butikk og kafé med 90 utleigearrangement i året Tunpølse frå Åsen: eiga oppskrift, til sals mange stader, selde 273 kg i 2015 Tunbrød frå Åsen: utvikla i samarbeid med oss, til sals i butikkane til Westre’s Bakeri på Sunnmøre, selde om lag 9000 brød i 2015 Svært mange eigenproduserte varer, ingen gjengangarar eller standardsuvenirar
275
Vedlegg 6 Bibliografiar i utval Anna Sunniva Sørbø Bibliografi over skrifter om Halldis Moren Vesaas 1990– Sist oppdatert 21.2.2014
Bildøen, Brit. «Distraksjon : utan eit eige rom : Halldis Moren Vesaas» i Brit Bildøen: Litterær salong: essay. Samlaget, 2012. Bildøen, Brit. «Halldis Moren Vesaas -- Den doble opplevinga» i Kritikkjournalen. 1994, nr. 1. Byrkjeland, Gro. «Om kanon og krigslyrikk» i Per Arne Michelsen og Marianne Røskeland (red.): Forklaringer: litterære tekster lest på nytt. Landslaget for norskundervisning, 2002. (Om H.M. Vesaas, Inger Hagerup og Gunvor Hofmos krigslyrikk) Garton, Janet. Norwegian women's writing, 1850-1990. Athlone, 1993. Grønstøl, Sigrid Bø og Unni Langås. «Naturen, kjærleiken og diktinga» i Eit ord - ein stein. Studiar i nynorsk skriftliv. Alvheim & Eide akademisk forlag, 2000. Grønstøl, Sigrid Bø. «Orfevs' vending. Inspirasjon og stemme i Halldis Moren Vesaas sin lyrikk». LNUs skriftserie, nr. 144. Gaasland, Rolf. «The Literary Rhetoric of Commoratio. Textual analysis of Stefan Sundströms 'Sabina 1' and Halldis Moren Vesaas' 'Ord over grind'» i Nordlit, 1999, nr.6. Hageberg, Otto. På spor etter meining : essay om samtidslitteratur og om litterær tradisjon. LNU: Cappelen, 1994. Hageberg, Otto. «Halldis Moren Vesaas. A literary cosmopolitan» i Norseman. 1995, 4/5. Hareide, Jorunn. «Ei atypisk ungjentebok. Nokre sjangertrekk ved Halldis Moren Vesaas: Tidlig på våren.» i Hugbod: Heiderskrift til Leif Mæhle på 70-årsdagen. Samlaget, 1997. Hoel, Ane. «"Har vandra så langt -" en hyllest til Halldis Moren Vesaas» i P2-akademiet / Kulturredaksjonen NRK P2 nr. XLI, 2009. Jensen, Vigdis Stokker. Erotiske dikt av Halldis Moren Vesaas i lys av fransk feminisme. Kulturforlaget BRAK, 1996. Jensen, Vigdis Stokker. «Det er antageligvis nødvendig å være kvinne ...» i Bøygen nr.3, 1995. (Om feminint poetisk språk og om dikt av Halldis Moren Vesaas) Karlsen, Ole. Klarøygd, med rolege drag : om Halldis Moren Vesaas' forfatterskap. Landslaget for norskundervisning, 1996. Keustermans, Lisette. «Demetermyten i kvinnligt perspektiv. Demeter-Kore/Persefone hos Halldis Moren Vesaas, Anna Rydstedt och Lotta Olsson» i Nordisk litteratur og mentalitet. Foredrag fra den 22. studiekongres i International Association for Scandinavian Studies. Føroya Fródskaparfelag, 2000. Løvåsen, Sigmund. «Å skrive som det er» i Mål og makt. - Årg. 37, nr. 4 = nr. 136. Mæhle, Leif. «Møte med diktarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas» i Studia Universitatis Babes-Bolyai, Philologia. - 45 (2000), 3. Ord over grind : eit portrett av Halldis Moren Vesaas' liv og dikting. Rogaland teater, 1997. Riiser, Helene. De Phèdre à Fedra : analyse justificative de la traduction de la tragédie de Racine par Halldis Moren Vesaas, selon la théorie interprétative de la traduction. Hovedoppgave - Universitetet i Oslo, 1998. Ringnes, Haagen. «- Kjærleik gjer klok! Halldis Moren Vesaas» i Reflekser i trylleglass. Stemmer fra vårt århundre / Haagen Ringnes. Cappelen, 1998. Røthing, Johanne Askeland. Til ungdommen : en bokhistorisk refleksjon rundt Halldis Moren Vesaas' roman Tidleg på våren. Masteroppgave i nordisk litteratur - Universitetet i Oslo, 2010. Svarverud, Anne-Grethe. Merke etter levd liv - eller tekst? : en drøfting av kanoniserings-prosesser innenfor den litterære institusjonen med utgangspunkt i Halldis Moren Vesaas, Inger Hagerup og Marie Takvam. Hovedoppgave i litteraturvitenskap - Universitetet i Oslo, 1994. Tandberg, Nina B. Halldis Moren Vesaas : et forfatterportrett. Biblioteksentralen, 1997. Tveit, Tore. Møte ved straumen : diktarparet i Midtbøs bakkar. (teatermanus). Teater Ibsen, 1997. Vevle, Ingvild Kleiveland. "Alle roser glør" : kjønna retorikk i fire dikt av Halldis Moren Vesaas. Masteroppgave i nordisk - Universitetet i Bergen, 2008. Vesaas, Olav. Å vera i livet : ei bok om Halldis Moren Vesaas. Samlaget, 2007.
276
Anna Sunniva Sørbø Bibliografi over skrifter om Tarjei Vesaas 1990– Sist oppdatert 21.2.2014
Andersen, Hadle Oftedal. «Incest i Is-slottet» i Hadle Oftedal Andersen: Spegelsalen. Artiklar om norsk litteratur. Helsingfors universitet, Avd. för nordisk litteratur, 2001. Andersen, Hadle Oftedal. «Draum og inkje. To nylesingar av Vesaas-diktet 'Det ror og ror'» i Pål Bjørby et al. (red): Eit ord - ein stein. Studiar i nynorsk skriftliv. Alvheim & Eide akademisk forlag, 2000. Arntzen, Even. «Den poetiske genesis. Om Tarjei Vesaas' Kjeldene» i Edda. - 96 (1996). Baumgartner, Walter. «Frigjøringen er et faktum - "utfriinga" uteblir : om romanen Signalet (1950) av Tarjei Vesaas» i Norsk litterær årbok, 2011. Beese, Marianne. «Tarjei Vesaas (1897-1970) - "Das Eis-Schloss" - "Die Vögel" "Boot am Abend"» i Poetische Welten und Wandlungen : Dichter Europas vom 18. bis zum 21. Jahrhundert. Ingo Koch Verlag, 2006. Bildøen, Brit. «Tung symbolisme og luftig arkitektur : finsnekkaren, arkitekten og katedralbyggaren Tarjei Vesaas» i Irene Engelstad , Kjell Ivar Skjerdingstad og Sissel Lie (red). Det er slik òg : blikk på Vesaas. Novus, 2009. Bjøndal, Jan. «Tarjei Vesaas: Kimen» i Kast dit brød paa vandet. Solum, 1998. Bjørkum, Andreas. Målformene i bøkene, artiklane og reisebrevi åt Tarjei Vesaas. Børkjo forl., 2010. Bjørkøy, Aasta Marie Bjorvand. «Når Vesaas reviderer : teksthistorien til fem noveller» i Norsk litterær årbok, 2012. Bovim, Einar. «Har livet vori slik? Ei metatekstuell lesing av fortalene i Tarjei Vesaas' Båten om kvelden» i Prosopopeia. 2003, nr. 2. Breiteig, Bjarte. «Her skal skrikast! - om moral og overskridelse i Tarjei Vesaas' forfatterskap» i Engelstad, Irene, Kjell Ivar Skjerdingstad og Sissel Lie (red). Det er slik òg : blikk på Vesaas. Novus, 2009. Brendehaug, Irene. «"Vi var med eitt midt i det" : møte med det useielege i Vesaas-novella "Tre stille menn"» i Norsk litterær årbok, 2008. Brostrøm, Torben. «Rejsen gennem symbolerne. Tarjei Vesaas' kortprosa» i Nordica. Tidsskrift for nordisk teksthistorie og æstetik. - 20 (2003). Bræin, Ingvild. «Signaleffekten : om passasjerane ikkje kjem av garde med toget i Tarjei Vesaas' roman Signalet, gjer kan hende lesarane det» i Norsk litterær årbok, 2011. Bræin, Ingvild. «Konsise betraktninger fra tenkningens grenseland - om paradokser i Tarjei Vesaas' Brannen» i Norsk litterær årbok, 2008. Bråtveit, Inger. «Om Fuglane» i Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen (red.) Norsk litterær kanon. Cappelen Damm, 2008. Bråtveit, Inger. «Ettersom det var rodde han gjorde, såg han heile tida det han reiste i frå» i Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen (red.) Norsk litterær kanon. Cappelen Damm, 2008. Braatveit, Inger. «Kvar og ein skal vera sein til å tala - den estetiske resepsjonen av Tarjei Vesaas» i Horisont. 2005, nr. 1/2. Bø, Gudleiv. «Mattis Tust og kjærligheten» i Per Thomas Andersen (red.): Lesing og eksistens. Festskrift til Otto Hageberg på 70-årsdagen. Gyldendal akademisk, 2006. Bøyum, Hilde. «Liv, og liv, og liv, - et blikk på Tarjei Vesaas' lyrikk» i Filologen. 1996, nr. 2. Christiansen, Atle. «Sola fell som ingenting» i Norsklæraren. 1997, nr. 4. Christensen, Atle. «Mellom heimstaddikting og modernisme. Om norsklæraren og tekstlesinga» i Norsklæraren, 1994 nr. 1. Culeddu, Sara. Uomo e animale : identità in divenire : incontri metamorfici in Fuglane di Tarjei Vesaas e in Gepardene di Finn Carling. Università degli Studi di Trento, Dipartimento di lettere e filosofia, 2013. Dvergsdal, Alvhild. «Eit symbol blir bygt - og rive. Ein diskusjon av Vesaas' Is-slottet» i Pål Bjørby et al. (red): Eit ord - ein stein. Studiar i nynorsk skriftliv. Alvheim & Eide akademisk forlag, 2000. Egeberg, Ole. «Bevægende : en kommentar til Båten om kvelden» i Engelstad, Irene, Kjell Ivar Skjerdingstad og Sissel Lie (red). Det er slik òg : blikk på Vesaas. Novus, 2009. Ekern, Birgit. «Rytme, klang og polyfoni i Tarjei Vesaas' Brannen. Musikalsk komposisjon og estetikk i moderne litteratur» i Edda. 2001, nr. 3. Engelstad, Arne. Fuglane : stilisering i bok og film. Wiener Studien zur Skandinavistik Bd. 15. 2006. Engelstad, Irene, Kjell Ivar Skjerdingstad og Sissel Lie (red). Det er slik òg : blikk på Vesaas. Novus, 2009. Eydoux, Elisabeth. «Vesaas en français» i Passeport / Pro-Libris, nr.3 1997.
277
Foss, Gunnar. «Treet og tida - apropos Rilke og Vesaas» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Fæster, Hans. «Paradiset på den grønne ø. En læsning af fiksér-billeder i Kimen» i Gimnes, Steinar (red.): Kunstens fortrolling : nylesingar i Tarjei Vesaas' forfattarskap. Landslaget for norskundervisning, 2002. Gimnes, Steinar. -angen frå vår stutte tid : ein studie i Tarjei Vesaas' forfattarskap. Akademika, 2013. Gimnes, Steinar. «Den kanoniserte Vesaas : trekk frå resepsjons- og forskingshistoria» i Engelstad, Irene, Kjell Ivar Skjerdingstad og Sissel Lie (red). Det er slik òg : blikk på Vesaas. Novus, 2009. Gimnes, Steinar. «Eit kapittel frå resepsjonshistoria til Vesaas' Is-slottet» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Gimnes, Steinar. «- med hjernen mørk, men fylt av eldglimt» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Gimnes, Steinar. «Kunst og engasjement. Om Tarjei Vesaas' novelle «Naken»» i Per Thomas Andersen (red.): Lesing og eksistens. Festskrift til Otto Hageberg på 70-årsdagen. Gyldendal akademisk, 2006. Gimnes, Steinar. «Poesi og kvardag. Olav H. Hauge og Tarjei Vesaas» i Motskrift, 2006 nr.2. Gimnes, Steinar. «Tarjei Vesaas - som humorist» i Britt Andersen og Knut Ove Eliassen (red.): Maskepi og maskerade. Festskrift til Hans Erik Aarset. Tapir akademisk forlag, 2005. Gimnes, Steinar (red.)Kunstens fortrolling : nylesingar i Tarjei Vesaas' forfattarskap. Landslaget for norskundervisning, 2002. Gimnes, Steinar. «Fortrolling av tilveret. Romantiske og modernistiske spor i nokre Vesaas-tekstar frå 1930-talet og 1950-talet» i Sissel Furuseth et al. (red): Saklighet og sanselighet. Norsk prosa-modernisme på 1930-tallet. Gyldendal akademisk, 2000. Gimnes, Steinar. «Modernisme og resepsjon. Innleiing til ei nylesing av Vesaas' roman Sandeltreet (1933)» i Motskrift. -1996, nr. 1. Gimnes, Steinar. «Morgon på Vinjevatn» i Syn og segn. - 100 (1994). Granaas, Rakel Christina. «Andsynes andletet : barnet og rørslene i "Hesten" av Tarjei Vesaas» i Ole Karlsen (red.): Krysninger : om moderne nordisk lyrikk. Unipub, 2008. Granaas, Rakel Christina. «Kroppar på randa, i rommet : Tarjei Vesaas' Vårnatt» i Dobbeltblikk på Vesaas. Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Granaas, Rakel Christina. «I begynnelsen var barnet : Tarjei Vesaas' debutroman Menneskebonn (1923)» i Norsk litterær årbok, 2006. Granaas, Rakel Christina. «Tarjei Vesaas' kunstnernovelle "Den ville ridaren" : barnet, sykdommen, diktningen» i Eit Ord - ein stein : studiar i nynorsk skriftliv. Alvheim & Eide, 2000. Greenwald, Roger. «Tarjei Vesaas' lyrikk : Ei utfordring for natur- og modernismeomgrep» i Norsk litterær årbok, 1999. Hageberg, Otto. «Visualitet hos Vesaas : nokre spreidde nedslag» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Hageberg, Otto. «Avgrunnar og bergingsmakter. Ein introduksjon av Tarjei Vesaas og diktinga hans» i Otto Hageberg: På spor etter meining. Essay om samtidslitteratur og om litterær tradisjon. - Landslaget for norskundervisning : Cappelen, 1994. Hareide, Irene. «"Frå Oslo til Vesaas"» i Norsklæraren, 2012 nr.1. Hareide, Jorunn. «Ektemann og far : to bilder av Tarjei Vesaas?» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Haugen, Morten. «Fuglane av Tarjei Vesaas - en misforstått pubertetsroman?» i Bokvennen. - 12 (2000), 2. Helstad, Kristin. «Vesaas er ikkje vanskeleg. Han er fundamental. Is-slottet som leseprosjekt i ungdomsskolen» i Norsklæraren. 1997, 4. Herbjørnsrud, Hans. «Vesaas i verden» i Engelstad, Irene, Kjell Ivar Skjerdingstad og Sissel Lie (red). Det er slik òg : blikk på Vesaas. Novus, 2009. Hermundsgård, Frode. «Tarjei Vesaas and German Expressionist Theater» i Scandinavian Studies. - 73 (2001), nr. 2. Høystad, Ole M. «Bildebruken til Tarjei Vesaas. Natur og kultur i Leiken og lynet» i Syn og segn. 1997,nr. 4. Høystad, Ole Martin. «Det elementære og det sublime i Olav Aukrusts og Tarjei Vesaas' dikting» i LNUs skriftserie, nr. 128. Høystad, Ole M. «Topos og tropos i Tarjei Vesaas' lyrikk. Lykka for ferdesmenn» i Gimnes, Steinar (red.): Kunstens fortrolling : nylesingar i Tarjei Vesaas' forfattarskap. Landslaget for norskundervisning, 2002. Jager, Benedikt. «Flieg Vogel flieg - Fuglane over muren : Tarjei Vesaas i Øst-Tyskland» i Norsk litterær årbok, 2011. Karlsen, Ole. «Slik vart det diktet om «Berget som gret» og «Henry» i Liv ved straumen» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009.
278
Kittang, Atle. «Husets gåter, draumens redsler : to seine Vesaas-dikt» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Klitgård Povlsen, Steen. «Det uhåndgribelige. Tarjei Vesaas' modernisme - med særlig henblik på Fuglane» i Norsklæraren. 2003, nr. 2. Kvalsvik, Bjørn Nic. «Den utskilde tagale: Tarjei Vesaas' novelle 'Vesle Trask'» i Anders M. Andersen (red.): Nordisk filologi. Helsing til Egil Sundland på syttiårsdagen 14. februar 1996. Høgskolen i Stavanger, Institutt for nordisk språk, 1996. Lie, Sissel. «Om å komme til skriften : en sammenligning av tekster av Hélène Cixous og Tarjei Vesaas» i Kjell Ivar Skjerdingstad, Irene Engelstad og Sissel Lie (red.). Det er slik òg : blikk på Vesaas. Novus, 2009. Lothe, Jakob. «Short fiction as enstrangement : from Franz Kafka to Tarjei Vesaas and Kjell Askildsen» i European and Nordic modernisms. Norvik Press, 2004. Mariussen, Lina Undrum. «Språkproblematikk og brytning mellom livsfaser - En lesning av Tarjei Vesaas' 'Morgon med lysande hestar'» i Motskrift. 2004, nr. 1. Marstein, Trude. ««Det er berre eit is-slott» : å lese Vesaas gjennom en motstand mot symboler og allegorier» i Engelstad, Irene, Kjell Ivar Skjerdingstad og Sissel Lie (red). Det er slik òg : blikk på Vesaas. Novus, 2009. Masát, András. «'Søken etter livets mysterier'. Vesaas' figurer mellom initiasjon og splittelse» i Gimnes, Steinar (red.): Kunstens fortrolling : nylesingar i Tarjei Vesaas' forfattarskap. Landslaget for norskundervisning, 2002. Micaelsen, Frank Stubb. «Siss og Unn i Is-slottet. Om en mulig navnesymbolikk» i Norsklæraren. 2005, nr. 1. Myhren, Dagne Groven. «Folkediktning som resonansbunn hos Tarjei Vesaas» i Bokvennen. - 12 (2000), 3. Mæhle, Leif. «Novellisten Tarjei Vesaas» i Leif Mæhle: Diktarar på leiting : litterære studiar og artiklar. Novus, 2009. Mæhle, Leif. «Møte med diktarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas» i Studia Universitatis Babes-Bolyai, Philologia. - 45 (2000), nr. 3. Mæhle, Leif. «Tarjei Vesaas 100 år. Dei lange linene i forfattarskapen» i P2-Akademiet. M. 1999. Mæhle, Leif. «Fuglespråket og diktarordet. Hundre år sidan Tarjei Vesaas vart fødd» i Nordisk tidskrift för vetenskap, konst och industri (Letterstedtska). - 74 (1998). Mæland, Odd-Martin. «Tarjei Vesaas og Telemark i topografisk perspektiv» i Telemark historie. Tidsskrift for Telemark historielag, 2006. Nylander, Lars. «Möten vid gränsen : den motiviska konstanten i Tarjei Vesaas' författerskap» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Nylander, L. «Omniscience and Phallocentrism in Vesaas, Tarjei The Bridges» I Literature and Psychology. - 42 (1996), 1/2. Paulson, Sarah J. «Tid og repetisjon i Tarjei Vesaas' Signalet» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Rudjord, Kari. «'Der det ikkje er rørsle framover, lurer døden.' Tarjei Vesaas og modernismen» i Riss. - 3 (1996), nr. 1. Sejersted, Jørgen Magnus. «Tarjei Vesaas (1897-1970)» i Erik Bjerck Hagen ... [et al.]Den Norske litterære kanon 19001960. Aschehoug, 2007. Sejersted, Jørgen. «Hodet over vannet. Om å formulere seg -- en diktlesning med noter» (Om diktet "Det ror og ror" av Tarjei Vesaas) i Atle Kittang og Idar Stegane (red.): Ord om ordkunst. Til Asbjørn Aarseth på 60årsdagen. Universitetet i Bergen, Nordisk institutt, 1995. Skjerdingstad, Kjell Ivar. «Vesaas, Fuglane og femtitallet» i P2-akademiet / Kulturredaksjonen NRK P2 nr. XLI, 2009. Skjerdingstad, Kjell Ivar. ««Hitom vinden er det stilt» : om poeten, arbeidsmannen og narsissisten Mattis» i Irene Engelstad, Kjell Ivar Skjerdingstad og Sissel Lie (red). Det er slik òg : blikk på Vesaas. Novus, 2009. Skjerdingstad, Kjell Ivar. Skyggebilder : Tarjei Vesaas og det sanselige språket. Gyldendal, 2007. Skjerdingstad, Kjell Ivar. Usynlige bilder : sanselighet og identitet i Tarjei Vesaas' forfatterskap. Avhandling (dr. art.) Høgskolen i Agder, 2006. Skjerdingstad, Kjell Ivar. «Tarjei Vesaas' blikk» i Unni Langås (red): Den Litterære kroppen : artikler om kropp og tekst fra Edda til i dag. Høyskoleforl., 2005. Snickars, Ann-Christine. «Båten om Kvällen» i Nya argus. 2006, 4/5. Solem, Hanne Line. «I møte med en fugl. Produksjon av identitet i Tarjei Vesaas' roman Fuglane» i Edda. 2003, nr. 1. Solberg, Olav. «Dei svarte hestane - spenning og melodrama» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Solberg, Olav. «Tarjei Vesaas' svarte hestar i den nynorske litteraturtradisjonen» i Eit ord - ein stein. Studiar i nynorsk skriftliv. Alvheim & Eide akademisk forlag, 2000. Solberg, Olav. «Tre noveller av Tarjei Vesaas» i Norskrift. 1997, 94.
279
Stegane, Idar. «Tre stykke av Tarjei Vesaas om krig og motstand» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Stegane, Idar. «Liv og død i Liv ved straumen» i Per Thomas Andersen (red.): Lesing og eksistens. Festskrift til Otto Hageberg på 70-årsdagen. Gyldendal akademisk, 2006. Stegane, Idar. «Vesaas-dikt og bibelord» i Atle Kittang og Idar Stegane (red.): Ord om ordkunst. Til Asbjørn Aarseth på 60-årsdagen. Universitetet i Bergen, Nordisk institutt, 1995. Stegane, Idar. «'Villskap må ikkje tolast!'. Nazismen i diktinga til Tarjei Vesaas» i Bjarte Birkeland m.fl. (red.): Nazismen og norsk litteratur. 2. utg. - Universitetsforlaget, 1995. Storholmen, Ingrid. «Narrativitet og apostrofering i tre Vesaas-dikt» i Gimnes, Steinar (red.): Kunstens fortrolling : nylesingar i Tarjei Vesaas' forfattarskap. Landslaget for norskundervisning, 2002. Sætre, Lars. «Det serielle univers (Speculum litterale). Novella 'Naken' av Tarjei Vesaas» i Eit ord - ein stein. Studiar i nynorsk skriftliv. Alvheim & Eide akademisk forlag, 2000. Tarjei Vesaas. Vedlegg til Dag og tid, nr 34, aug. 1997. 2. utg., nov. 2000. Vassenden, Eirik. «Om det hjemløse. Tre punkter til lesningen av Tarjei Vesaas' poesi» i Vagant. 1997, 3/4. Vesaas, Halldis Moren. I Midtbøs bakkar : minne frå eit samliv. Aschehoug, 2007. (1.utg. 1974) Vesaas, Olav. «Sit og glor» i Sarah J. Paulson og Rakel Christina Granaas (red.): Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir akademiske forl., 2009. Vesaas, Olav. «Tarjei Vesaas - Realist and Dreamer» i Norseman. 1997, 4/5 Vesaas, Olav. Løynde land : ei bok om Tarjei Vesaas. Cappelen, 1995. Wiland, Sverre. «Imaginative rekontekstualiseringer : behandlingen av religiøse erfaringer i Tarjei Vesaas' seinere prosatekster» i Ole Davidsen et al. Litteraturen og det hellige : urtekst - intertekst – kontekst. Aarhus universitetsforlag, 2005. Wiland, Sverre. «Diskurs, kriseopplevelse og håp i to noveller av Tarjei Vesaas» i Anker Gemzøe (red): Fortællingen i Norden efter 1960. Aalborg universitetsforlag, 2004. Wiland, Sverre. «Krisens rom. Innlevelse og perspektivering i Tarjei Vesaas' novelle 'Det snør og snør'» i Edda. 2002, 2. Wiland, Sverre. Om Fuglane av Tarjei Vesaas. (I serien Veier til verket). Gyldendal, 1997. Wærp, Lisbeth P. Engasjement og eksperiment : Tarjei Vesaas' romaner Huset i mørkret, Signalet og Brannen. Unipub, 2009. Wærp, Lisbeth P. ««Villskap må ikkje tolast»? : Kimen som engasjert litteratur» i Granaas, Rakel Christina og Sarah J. Paulson (red.). Dobbeltblikk på Vesaas. Tapir, 2009. Wærp, Lisbeth P. «Menneskebonn (1923), Sendemannen Hoskuld (1924), Guds bustader (1925). Tarjei Vesaas' debutbøker og myten om det store skillet i forfatterskapet» i Per Thomas Andersen (red.): Lesing og eksistens. Festskrift til Otto Hageberg på 70-årsdagen. Gyldendal akademisk, 2006. Wærp, Lisbeth. «Tarjei Vesaas' Experimental Novels in a European Perspective» i Randi Langen Moen (red.): Emigrant literature and emigrated authors : the Nordic countries in a world perspective : atti del Convegno internazionale di Studi, Rimini, 30 agosto-5 settembre 2003. Rimini : Panozzo editore, 2005. Wærp, Lisbeth P. «Den litterære utformingen av det uhyggelige i Tarjei Vesaas' forfatterskap» i Nordlit. 2005,nr. 17. Økland, Einar. «Ugler til Athen. Å snakke om Vesaas i Vinje» i Einar Økland: I tilfelle nokon spør. Essay, artiklar, småprosa, epistlar. Samlaget, 2001 Aamotsbakken, Bente. Det utrulege greineverket : lesninger av Tarjei Vesaas' lyrikk. Universitetsforlaget, 2002. Aamotsbakken, Bente. «Begynnelse og slutt i Tarjei Vesaas' lyriske forfatterskap» i Janet Garton og Michael Robinson (red.): On the Threshold. New Studies in Nordic Literature. Norvik Press, 2002. Aamotsbakken, Bente. «Tekstlingvistikk og litteratur» (Analyse av diktet "Frå stogetrammen") i Norsklæraren. 2000, nr. 1. Aamotsbakken, Bente. «Sirkulære bevegelser i to dikt av Tarjei Vesaas» i Norsk litterær årbok, 2000. Aamotsbakken, Bente. «Det indre eksilets betydning i ei okkupasjonstid. Vesaas' dilemma i en skrivesituasjon» i András Masát (red.): Literature as Resistance and Counter-Culture. Papers of the 19th Study Conference Association for Scandinavian Studies. - Budapest : Hungarian Association for Scandinavian Studies, 1993. Hovud- og masteroppgåver Bakke, Marianne. Med andre ord... : Tarjei Vesaas' lyrikk i lys av oversettelsesteori. Hovedoppgave i nordisk - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, 2001. Berge, Randi Lurås. Siss og Unn : fortellerteknikker i roman og film : om filmatiseringen av Tarjei Vesaas' roman Is-slottet. Hovedoppgave i nordisk litteratur - Universitetet i Tromsø, 1991.
280
Bovim, Einar Jordheim. "Ikkje tenke på det andre no" : mimesis eller "det andre" i de tre siste episke verkene til Tarjei Vesaas? Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Bergen, 2004 Brendehaug, Irene. "Dette skal du tenke som ein lyd" : sansing, refleksjon og det useielege i Vesaas-novellene Fall, Tre stille menn og Det snør og snør. Masteroppgave i nordisk - Universitetet i Bergen, 2007. Bræin, Ingvild. "Brannen" og det uoppløste paradoksets tilstrekkelighet : (korleis det då heng i hop). Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Bergen, 2005. Bøyum, Hilde Wiberg. Landskapets mangfold. En lesning av Lykka for ferdesmenn av Tarjei Vesaas. Hovudoppgåve, Universitetet i Bergen 1996. Ekern, Birgit. Romanen som taus musikk : en undersøkelse av musikalske formelementer i romaner av Vesaas, Tunström, Fosse og Vaage. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Bergen, 2000. Fredwall, Terje E. I møte med Den andre : et religionsfilosofisk forsøk på dialog mellom teologi og litteratur, eksemplifisert gjennom en studie av Tarjei Vesaas' roman Is-slottet. Hovedoppgave i kristendomskunnskap - Det teologiske Menighetsfakultet, 2002. Fredwall, Terje E. Ecce homo. Tematikk og struktur i Tarjei Vesaas' roman Is-slottet. Hovudoppgåve i bibliotek- og informasjonsstudier, Høgskolen i Oslo, 2000. Giæver, Anne Grete. Slik vil huset stå : en studie i Tarjei Vesaas' billedlige bruk av "hus" og "rom". Hovedoppgave Universitetet i Oslo, 1991. Glomsås, Elin Haug. Einsame blikk : tematikk og narrativitet i Tårnet av Tarjei Vesaas. Hovedoppgave - Universitetet i Oslo, 1999. Grotdal, Hanne. Tarjei Vesaas' Vårnatt : en nylesning. Masteroppgave i nordisk litteratur - Universitetet i Tromsø, 2011. Gundersen, Per Christian. Poeten som snublet over virkeligheten : en analyse av det humoristiske i Tarjei Vesaas' Fuglane. Masteroppgave i nordisk litteratur - Universitetet i Oslo, 2006. Jaastad, Kari Margretha. "Le poète du silence" : fransk omsetjing og resepsjon av Tarjei Vesaas. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Bergen, 1999. Kydland, Reidun. Ei tolking av Brannen av Tarjei Vesaas. Hovedoppgave i nordisk litteratur - Universitetet i Tromsø, 2004. Larsen, Arne. Det gode og det onde huset : en studie av huset i mørkret av Tarjei Vesaas. Hovedoppgave - Universitetet i Oslo, 1993. Lerberg, Sissel Bente. Om "å vekse opp" i tre noveller av Tarjei Vesaas. Tre analysemetodar på tre noveller. Hovudoppgåve – Universitetet i Tromsø, 1998. Lofthaug, Henriette. Mattis Tust - homo religiosus? : en undersøkelse av religiøse trekk ved Mattis-skikkelsen i Tarjei Vesaas' Fuglane. Hovedoppgave i nordisk litteratur - Universitetet i Oslo, 2003. Lorentzen, Hanne. Ord å fortelle med : en studie av Tarjei Vesaas' Ein vakker dag (1959), med hovedvekt på "I fiskens grøne ungdom", "Tre stille menn" og "Det snør og snør". Hovedoppgave i allmenn litteraturvitenskap - Universitetet i Bergen, 1998 Moløkken, Svein Erik. Livsgrunnlag og lengsel : en analyse av Per Bufasts identitetsutvikling i Tarjei Vesaas' roman Det store spelet, sett i forhold til eksistensialistiske perspektiver. Hovedoppgave - Universitetet i Oslo, 1993. Nenseter, Ingeborg. Tarjei Vesaas' Menneskebonn - legende eller kjærlighetsdrama? Hovudoppgåve Universitet i Oslo, 1998. Nordvik, Jan Olav. Da jeg våknet, var jeg glemt : melankoli og skrift i Tarjei Vesaas' roman Sandeltreet (1933). Hovedoppgave i nordisk - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, 2000. Nybakk, Hege Leigland. Bruer strekker seg over gap : tematikk og struktur i Bruene av Tajei Vesaas. Hovedoppgave Universitetet i Oslo, 1993. Pegg, Elsa. Vesaas-novellene "Fall" og "Kraft" i kompositorisk og sjangerteoretisk lys. Hovedoppgave - Universitetet i Tromsø, 2003. Pilodden, Toni Merete Hygen. Arketyper og elementenes poetikk i Is-slottet av Tarjei Vesaas. Hovedfagsoppgave i kultur - Høgskolen i Telemark, Avdeling for allmenne fag, 2002. Reigem, Solveig. Konfrontasjonen mellom lykke og angst i diktsamlinga Lykka for ferdesmenn. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Bergen, 1994. Roth, Mette Fimreite. Det fremmede : likheter og ulikheter omkring det fremmede i Kimen av Tarjei Vesaas og Maren Gripes nødvendige ritualer av Øystein Lønn. Masteroppgave ved Høgskolen i Agder, Institutt for nordisk og mediefag, 2005. Rotmo, Jan Lasse. Grindegard og Grindekveld av Tarjei Vesaas : en analyse med hovedvekt på hovedpersonens utvikling og på framstillingsforma i romanane. Hovedoppgave - Universitetet i Oslo, 1998. Rudjord, Kari. En studie i Tarjei Vesaas' noveller. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1995. Ryen, Karin. Brannen av Tarjei Vesaas : en lesning. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1991.
281
Stakset, Heidi. Poesi og hellighet. En studie av Båten om kvelden av Tarjei Vesaas. Hovudoppgåve, NTNU, 2004. Sørlle, Brit. Temaet sorg i romanen "Is-slottet" av Tarjei Vesaas. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1992. Thomassen, Anne. Bilder å fortelle med : en studie av Tarjei Vesaas' Vindane. Hovedoppgave i allmenn litteraturvitenskap - Universitet i Bergen, 2002. Værland, Hilde. I grenselandet : en analyse av Brannen av Tarjei Vesaas og Morgon og kveld av Jon Fosse. Masteroppgave i nordisk litteratur - Universitetet i Oslo, 2008. Wikan, Sonja. Å "tala med stjernene og med strandsteinane" : en studie av Tarjei Vesaas' Ein vakker dag med fokus på "Fruttestrå", "G for Gudny", "Regn i hår" og "Blå knapp borte". Hovedoppgave - Universitetet i Tromsø, 2003. Ødegårdstuen, Bjørnar. Slik har livet vori. En lesning av Tarjei Vesaas' Båten om kvelden. Hovudoppgåve – NTNU, 1995. Ørebech, Tone Sverdrup. "Ord og ord. No ikkje fleire ord. Her er mi tyrste hand" : det mellommenneskelig liv i Tarjei Vesaas' forfatterskap. Masteroppgave i allmenn litteraturvitenskap - Universitetet i Oslo, 2010. Øverland, Pål Harald. Tematikk og symbolbruk i Tarjei Vesaas' roman Bleikeplassen. Hovudoppgåve i bibliotek- og informasjonsstudier, Høgskolen i Oslo, 2002. Ådland, Marita Bjørke. "Å tenke på ein annen måte" : ei allegorisk lesing av Kimen av Tarjei Vesaas. Hovedoppgave i nordisk - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, 1999.
Anna Sunniva Sørbø Bibliografi over skrifter om Aasmund Olavsson Vinje 1990– Sist oppdatert 21.2.2014
Bratland, Linn Sigrid, Bergit Helle Øygarden og Gro Kyvik. «Vinjestoga og Myllarheimen : levande formidling av kulturminne» i Fortidsvern nr.3 2005. Dahl, Per Kristian Heggelund. «On a Letter from Ibsen and One from Vinje» i Ibsen Studies. 1 (2000), 1. Edland, Åsulv. «Storegut - kjempekaren som ikkje ville døy» i Jol i Telemark, 1998. Farsethås, Ane. «Om Ferdaminni fraa sumaren 1860» i Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen (red.) Norsk litterær kanon. Cappelen Damm, 2008. Farsethås, Ane. «... me ser med eit augnekast liksom retta og vranga på livsens vev» i Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen (red.) Norsk litterær kanon. Cappelen Damm, 2008. Fechner-Smarsly, Thomas. «Der Spiegel und sein Schatten. Abdrücke der frühen Photographie in Texten von Aa. O. Vinje, Henrik Ibsen und H. C. Andersen» i Zwischen Text und Bild. Zur Funktionalisierung von Bildern in Texten und Kontexten. - Freiburg im Breisgau : Rombach, 2000. Fetveit, Leiv. «A.O. Vinje og skulen» i Mål og makt. - 24 (1994), 1/2. Fosli, Halvor. «'Livet er Skrik men Døden er Taushed': Aasmund Olavsson Vinje som litteratsosiolog» i Halvor Fosli: Ute på prøve. Artiklar og tekster 1988--1995. Samlaget, 1996. Fosli, Halvor. «Vinje drepen med essaygraut: 'Det er som at vassa i ein Sandhaug at lesa desse Folk'» i Halvor Fosli: Ute på prøve. Artiklar og tekster 1988--1995. Samlaget, 1996. Gilje, Karianne Bjellås. «Profeter, geiter og kokebokforfattere : norsk essayistikk på 1800-tallet» i Norsk litterær årbok, 1997. Glomnes, Eli, Øyvind T. Gulliksen og Olav Solberg. "At føle paa nationens puls" : åtte artiklar om Aasmund O. Vinje. Novus, 1992. Gulliksen, Øyvind T. «Aasmund O. Vinjes tankar om det typiske ved Telemark» i Telemark historie. Tidsskrift for Telemark historielag. - 25 (2004). Handagard, Ingvild. Aasmund Olavsson Vinje : å tenke er å være fri. Norsk bokhandel forlag 1905, 2013. Hareide, Knut-Arne. Landsmålsromanen før Garborg : ein samanliknande analyse av Han og ho og Elsk og giftarmaal. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Bergen, 1996 Haarberg, Jon. «Vinje og Europa» i Lars Martin Fosse (red.): Gobelin Europa. Søkelys på europeisk kultur. Sypress forlag, 1995. Haarberg, Jon. «Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)» i Erik Bjerck Hagen [et al.]. Den norske litterære kanon 17001900. Aschehoug, 2009.
282
Høystad, Ole M. «Mennesket er sitt verk. Essayisten A. O. Vinje og Montaigne» i Eit ord - ein stein. Studiar i nynorsk skriftliv. Alvheim & Eide akademisk forlag, 2000. Johnsen, Ina Kristin. Aasmund Olavsson Vinje og folkemusikken. Hovudoppgåve i allmenn litteraturvitenskap - Universitetet i Bergen, 2006. Jor, Finn. «En plass i verden : Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)» i Norske kunstnerhjem. Boksenteret, 1997. Kjelen, Hallvard André. Antikken og det moderne i A.O. Vinjes forfattarskap. Hovedoppgave i nordisk - NTNU, 2001. Langslet, Lars Roar og Jon H. Rydne (red.). Villmann, vismann og veiviser : en essaysamling om A. O. Vinje. Cappelen, 1993. Myhren, Magne. «Innslag av tradert ordleggjing hjå Aasmund O. Vinje» i Mål og makt. - 24 (1994), 1/2. Mæhle, Leif. «Lyrikaren Aasmund Olavsson Vinje : «[...] eit Hus, som vil meg hysa»» i Leif Mæhle: Diktarar på leiting : litterære studiar og artiklar. Novus, 2009. Nordstoga, Olav. «Aasmund Plassen og heimegrendi» i Mål og makt. - 24 (1994), 1/2 Nygård, Mette. - og vegjine falle så vide : om gamle og nye pilegrimsmål. Forum Aschehoug, 1996. Næss, Harald. «Norwegian literature 1800-1860» i A history of Norwegian literature. University of Nebraska Press, 1993. Rimbereid, Øyvind. «Episode og forandring. Om Vinjes Storegut» i Hvorfor ensomt leve. Gyldendal, 2006. Rorgemoen, Kjersti. Her er mine Dyr : ei undersøking av essaysubjektet i Ferdaminni fraa sumaren 1860. Masteroppgave i nordisk - Universitetet i Bergen, 2007. Rorgemoen, Kjersti. «Vinje og Vinje» i Replikk. - (2006), 22. Røed, Øystein. «Vinjes siste dager» i Bokvennen. - 13 (2001), 2. Seier, Thomas. «Det Norske Kammerkor og A.O. Vinje: Vinjesvingen» i András Masát (ed.): Literature as Resistance and Counter-Culture. Papers of the 19th Study Conference Association for Scandinavian Studies. - Budapest : Hungarian Association for Scandinavian Studies, 1993. Severud, Jon. Ei gjenreise : ferdaminne etter A.O. Vinje. Samlaget, 2010. Stegane, Idar. «Nokre nedslag i Olav Vesaas sin Vinje-biografi, : A. O. Vinje. Ein tankens hærmann» i Norsk litterær årbok, 2002. Stegane, Idar. «Or leseboka. Om nokre dikt av A. O. Vinje som vart allalderslitteratur» i På terskelen. Artikler om nordisk barne- og ungdomslittertur. Festskrift til Åsfrid Svensen. Harald Bache-Wiig (red.). Novus, 2006. Tveito, Olav. «A.O. Vinje, kyrkja og kristendommen» i Kirke og kultur, nr.2/3, 2003. Vesaas, Olav. A.O. Vinje : ein tankens hærmann. Cappelen, 2001. Vesaas, Olav. «Det kom ein gut or Vinjegrend» i Bokvennen. - 10 (1998), 4. Vinje, Arne. «Aasmund Olavsson Vinje og vår tid» i Mål og makt. - 24 (1994), 1/2.
283
Vedlegg 7 Rekneskap Litteraturdagane i Vinje 2009–2015 1000 kr
2009 2010
2011
2012 2013 2014
2015
Inntekter Tilskot stat Tilskot Norsk kulturråd Tilskot fylkeskommune
60
0
117
116
80
80
0
20
0
35
Tilskot kommune
34
25
60
43
0
50
50
Andre tilskot og gåver
23
36
146
Billettsal
71
102
109
80
139
226
169
4
7
5
7
9
10
10
3
3
Medlemsavgift Sal varer, tenester, annonsar m.m.
70
Sponsoravtalar
10
Andre eigeninntekter/eigeninnsats Mva-kompensasjon Sum % billettsal
192
193
323
282
264
436
319
37
53
34
28
53
52
53
104
80
92
78
103
120
90
3
3
4
6
8
34
28
10
43
Kostnader Løn tilsette m/feriepengar og arb.avg. Pensjon Utøvarar honorar Møtegodtgjersle
2
Husleige
1
4
Drift av lokale (el, reinhald, vakthald) Lyd og lys, leige utstyr Mat og servering
23
Kjøp av varer Kjøp av tenester
17
Inventar og utstyr
12
32
33
15
11
2
4
10
8
10
5
9
6
9
16
15
Ikt Vedlikehald Drift kontor og stab Rekneskap og revisjon
6
Telefon, porto, frakt
1
Utøvarar reise og overnatting
16
15
19
16
10
26
41
19
59
76
83
102
90
72
Reiser medarbeidarar Marknadsføring Nettside
4
6
Kontingentar Forsikring
284
6
Storegutprisen
18
Ymse
20
20
3
4
2
20 109
Bankgebyr og renter Sum
202
222
255
257
278
356
343
Resultat
-10
-29
68
25
-14
80
-24
86
86
20
86 173
86 172
-34
-93
-196
Ikkje ført pü Litteraturdagane Betalt av Vinje kommune
20
Arbeidstid kultursjef, 10 % m/avgifter Ubetalt arbeidstid kultursjef 10 % Sum tilleggskostnader Reelt resultat
Arrangement og gjester 2009–2014
2009
2010
2011
2012
2013
2014
Arrangement
8
8
7
Barn og unge
1
0
0
220
300
350
Barn og unge
100
10
20
Selde billettar
100
250
275
Festivalpass
30
50
75
Gjester
480
Prisar Festivalpass Enkeltprogram
1200 200-400
1500
300-500
285
Vedlegg 8 Planteikningar Vinje skule og Vinjar samfunnshus Fasade Vinje skule sett frå aust Fasade Vinje skule sett frå sør (baksida) Planteikning hovudetasje Vinje skule Planteikning hovudetasje Vinjar samfunnshus Planteikning Vinjar samfunnshus underetasje
286
287
288
289
290
291
Vedlegg 9 Framlegg til overtakings- og driftsavtale Dette framlegget til overtakings- og driftsavtale for Vinje-senteret mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum er eit administrativt framlegg frå Nynorsk kultursentrum.
1
Innleiing
1.1 Grunnlaget for denne avtalen er Kommunedelplan for kultur i Vinje kommune 2012–2021, Visjon og strategi 2016–2019 for Nynorsk kultursentrum, Intensjonsavtale om Vinje-senteret mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum 13.2.2014 og Prosjektplan for Vinje-senteret frå Nynorsk kultursentrum 29.2.2016 1.2 Avtalen byggjer også på dei overordna politiske føresetnadene som Stortinget og Kulturdepartementet fastset for norsk museumspolitikk. 1.3 Nynorsk kultursentrum la fram eit forslag til overtakings- og drifsavtale i Prosjektplan for Vinje-senteret 29.2.2016.
2
Overtaking
2.1 Nynorsk kultursentrum har ansvaret for utvikling og drift av Vinje-senteret frå og med 1.9.2016. Dette omfattar særleg styring, organisering, personalforvaltning, drift og økonomi, men føreset at vilkåra i kapittel 13 er oppfylte. 2.2 Nynorsk kultursentrum har ikkje noko økonomisk ansvar for Vinje-senteret før denne avtalen gjeld.
3
Mål
3.1 Med denne avtalen forpliktar partane seg til å arbeide for å utvikle Vinje-senteret til eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting og journalistikk med solid lokalt fotfeste og høg fagleg respekt. 3.2 Partane vil arbeide for at Vinje-senteret kjem innbyggjarane i heile Vinje kommune og regionen Vest-Telemark til gode og blir ein lokal møteplass og nasjonal aktør med nordisk og internasjonalt samarbeid. 3.3 Partane vil arbeide for at senteret kan vere ope heile året med regelmessig opningstid gjennom veka, romme minst fire heiltidsarbeidsplassar og tilby digitale tenester og eit breitt tilbod til publikum på staden.
292
3.4 Partane vil arbeide for at Vinje-senteret styrkjer Vinje som reisemål for kunst- og kulturinteresserte, særleg gjennom samarbeid med arrangørar, institusjonar, kultur- og næringsliv og offentlege instansar i Vinje og Vest-Telemark. 3.6 Partane vil arbeide for at Vinje-senteret kan styrkje den lokale språklege og kulturelle identiteten og fremje bruken av nynorsk på Austlandet.
4
Lokalisering, bygningar og anlegg
4.1 Vinje-senteret skal halde til i Vinje skule, som blir ombygd for dette føremålet. Bygningen skal byggjast om og setjast i stand i samsvar med gjeldande krav til arkiv og museum, særleg når det gjeld lys, fukt, varme og sonestyrt ventilasjon. Nynorsk kultursentrum hjelper til med å skaffe nødvendige fagfolk til dei vurderingane dette inneber. 4.2 Nynorsk kultursentrum gjer eigen avtale med Vinjar AS om sambruk av Vinjar samfunnshus. 4.3
Vinje-senteret forvaltar og driv Vinjestoga frå og med 1.1.2018.
4.4 Vinje-senteret representerer Vinje kommune i arbeidet med å forvalte Midtbø og Juvstøyl, under føresetnad av at det blir gjort avtale om desse eigedomane mellom Vinje kommune og eigarane. 4.5 Vinje kommune blir verande eigar av Vinje skule, mellombygningen mellom Vinjar og Vinje skule, og Vinjestoga.
5
Plikter for partane
5.1 Nynorsk kultursentrum stiller til rådvelde dokumentasjon og røynsler frå 20 års arbeid, særleg med å utvikle og drive Aasen-tunet frå 1990, Dei nynorske festspela frå 1992, Allkunne frå 2007, Hauge-senteret frå 2010 og Ulvik poesifestival frå 2014. Likeins stiller Nynorsk kultursentrum til rådvelde røynsler frå arbeidet med å utvikle og drive digitale tenester. 5.2 Vinje kommune stiller til rådvelde røynsler frå arbeidet med kulturell integrering og styrking av den kulturelle sjølvkjensla til innbyggjarar med ulik bakgrunn, og det arbeidet som er lagt ned i Litteraturdagane i Vinje. Vidare dreg kommunen særleg vekslar på sine nettverk innanfor offentleg forvaltning og kulturell formidling. 5.3 Vinje kommune legg til rette for at relevante kommunale ordningar og avtalar kjem Vinje-senteret til gode. 5.4 Vinje kommune har forsikringsansvaret for all kommunal eige, anten det gjeld bygningar og anlegg eller arkivalia og museumsgjenstandar.
293
5.5 Vinje kommune svarar for at eigedom som blei leigd ut eller stilt til rådvelde til bruk for Vinje-senteret, oppfyller krava til universell utforming. Likeins svarar Nynorsk kultursentrum for at utforming og innreiing av lokala oppfyller dei same krava.
6
Organisering og samarbeidslinjer
6.1 Frå og med 1.9.2016 blir Vinje-senteret organisert som eiga driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet og Hauge-senteret, og med ein sjølvstendig profil slik dei andre avdelingane har. Denne organiseringa blir tufta på felles faglege ambisjonar og interesser ut frå ei erkjenning av at den faglege nærleiken er større enn den geografiske avstanden. 6.2 Styret i Nynorsk kultursentrum er øvste organ, vedtek drifts- og investeringsbudsjett for Vinje-senteret som driftsavdeling i selskapet og godkjenner rekneskap på same måten. 6.3 Nynorsk kultursentrum gjer alle tilsetjingar i stillingar ved Vinje-senteret. Stillinga som dagleg leiar blir lyst ut når denne avtalen er godkjend og det økonomiske grunnlaget for drift er til stades. 6.4 Direktøren i Nynorsk kultursentrum er nærmaste overordna for dagleg leiar i Vinjesenteret, som har personalansvaret for medarbeidarar i Vinje-senteret. 6.5 Vinje-senteret skal utvikle eit nært og konstruktivt samarbeid særleg med barnehagar og grunnskular i Vinje og resten av Vest-Telemark, Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, Vest-Telemark Museum, Vinje folkebibliotek, Vinje kyrkje, Lokalhistorisk arkiv i Rauland, Institutt for folkekultur i Rauland, Høgskolen Sørøst-Norge og Telemark fylkesbibliotek. 6.6 Nynorsk kultursentrum etablerer samarbeid med museum og faginstitusjonar regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og deltaking i nasjonale og internasjonale nettverk, som Litteraturnettverket og nettverk for språk- eller litteraturmuseum. 6.7 Vinje kommune stiller til rådvelde for Vinje-senteret materiale og erfaringar frå Vinjejubileet 2018 og tidlegare forfattarjubileum etter behov og på initiativ frå Vinje-senteret.
7
Samlingsforvaltning og vidareutvikling av samlingane
7.1 Arkivalia og museumsgjenstandar som er i kommunal eige og som er relevante for Vinje-senteret, blir stilte til rådvelde for Vinje-senteret gjennom langsiktige deponiavtalar. Vinje kommune blir verande eigar av alt slikt materiale. 7.2 Nynorsk kultursentrum har ikkje høve til å ta slike gjenstandar ut av Vinje-senteret på permanent grunnlag, men står fritt til å bruke dei i formidlingsarbeid så langt det er museumsfagleg forsvarleg.
294
7.3
Vinje kommune overfører boksamlinga frå Erik Gjestvang til Vinje-senteret.
7.4 Nynorsk kultursentrum har med denne avtalen ansvaret for å vidareutvikle samlingane ved Vinje-senteret, medrekna eventuelle innkjøp til samlingane. Slike innkjøp blir gjorde ut frå faglege vurderingar og samla behov, slik desse er uttrykte i planar og vedtak i Nynorsk kultursentrum. 7.5 Gåver til Vinje-senteret frå og med dato for godkjend avtale blir Nynorsk kultursentrum sin eigedom. Skulle Nynorsk kultursentrum på eit tidspunkt avvikle si drift av Vinjesenteret, går eigedomsretten til Vinje kommune. 7.6
Gjenstandar ved Vinje-senteret blir registrerte med eigen signatur VIS.
8
Dokumentasjon, forsking og formidling
8.1 Prosjektplan for Vinje-senteret dagsett 29.2.2016 er retningsgivande for det kulturfaglege arbeidet ved Vinje-senteret. 8.2 Kulturdepartementet har gitt Nynorsk kultursentrum i oppdrag å forvalte Vinje-fondet, ei årleg støtteordning som skal fremje bruken av nynorsk i pressa. Det administrative arbeidet med denne støtteordninga blir lagt til Vinje-senteret.
9
Drift og vedlikehald
9.1
Administrasjonsspråket i Vinje-senteret er nynorsk.
9.2 Alt arbeid ved Vinje-senteret skal utførast i samsvar med International Council of Museum’s (ICOM) museumsetiske regelverk og det etiske regelverket for Nynorsk kultursentrum som styret har fastsett. 9.3 Avtalar som er forhandla fram av Nynorsk kultursentrum som arbeidsgivar, gjeld også for tilsette i Vinje-senteret. Vinje kommune tek til vitende at Nynorsk kultursentrum som arbeidsgivar er organisert i Virke og per 2016 har lokal lønsavtale med Forskarforbundet. Dei kollektive pensjons- og forsikringsordningane i Nynorsk kultursentrum gjeld også for dei tilsette ved Vinje-senteret. 9.4 Tilsette ved Vinje-senteret tek del i dei felles administrative systema som er utvikla i Nynorsk kultursentrum, som Helse-, miljø- og tryggleiksplan, verneombod og val av styremedlem frå dei tilsette. 9.5
Så langt råd er, kjøper Nynorsk kultursentrum varer og tenester lokalt.
9.6 Stortinget føreset at vedlikehald av samlingar og bygningar skal gjennomførast innanfor dei årlege driftsbudsjetta. Verksemda ved Vinje-senteret blir lagd opp ut frå dette.
295
9.7 Vinje kommune stiller til rådvelde dei vedlikehaldstenestene som trengst for bygning og anlegg som kommunal eigedom, medrekna brøyting og grusing om vinteren. 9.8 Vinje kommune yter gratis husleige i etableringsfasen til og med 2019 og i dei første driftsåra til og med 2026. Verdien av husleiga blir rekneskapsført. 9.9 Nynorsk kultursentrum gjer avtale med Raulandsakademiet om overnatting for medarbeidarar., utøvarar m.m.
10
Økonomi
10.1 Den summen Vinje kommune har løyvt til arbeidet med Vinje-senteret i 2016, dekkjer mellom anna dei etableringskostnadene Nynorsk kultursentrum har med å implementere Vinje-senteret som fullverdig avdeling i konsernet. 10.2 Partane legg til grunn den etablerte kostnadsfordelinga for offentlege tilskot til investeringar i ombygging og basisutstilling med om lag 30 prosent stat og 70 prosent region. Likeins legg partane til grunn den etablerte kostnadsfordelinga for offentlege tilskot til drift med om lag 60 prosent stat og 40 prosent region. 10.3 Dei investerings- og driftsbudsjetta som er presenterte i Prosjektplan for Vinje-senteret datert 29.2.2016, ligg til grunn for dei årlege løyvingane frå Vinje kommune frå og med 2017. 10.4 Drifts- og investeringstilskot som er øyremerkte Vinje-senteret, skal brukast i samsvar med føresetnadene frå tilskotsgivar. 10.5 Alle faste tilskot til Vinje-senteret blir kanaliserte via Nynorsk kultursentrum. Tilskot som ikkje er øyremerkte prosjekt eller avdeling, fordeler styret gjennom driftsbudsjettet på grunnlag av dokumenterte behov og ut frå ei samla vurdering. For alle tilskot går ein gitt del til nødvendige fellesfunksjonar i Nynorsk kultursentrum. 10.6 år.
Vinje kommune overfører dei årlege tilskota til Nynorsk kultursentrum i januar kvart
11
Kommunikasjon
11.1 Innanfor det etablerte profilprogrammet for Nynorsk kultursentrum får Vinje-senteret som eiga driftsavdeling sin eigen logo. Profilfargar og motiv blir fastsett av styret i Nynorsk kultursentrum. 11.2 Partane tek til vitende at Nynorsk kultursentrum i tråd med intensjonsavtalen av 2014 opna nettstaden Vinjesenteret.no 29.2.2016. 11.3 Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum samarbeider om eit grunngitt framlegg til Statens vegvesen om skiltplan for Vinje-senteret.
296
11.4 Partane legg særleg vekt på å informere stiftarane i Nynorsk kultursentrum, Telemark fylkeskommune og Kulturdepartementet på både politisk og administrativt nivå om denne overtakingsavtalen. Partane informerer andre samarbeidspartnarar etter behov.
12
Samarbeidsforum
12.1 Partane har i avtaleperioden samarbeidsmøte minst ein gong i året. På møta er Vinje kommune representert med ordførar og rådmann, Nynorsk kultursentrum med styreleiar, direktør og dagleg leiar Vinje-senteret. Partane kan ha med fleire representantar etter avtale. 12.2 Nynorsk kultursentrum kallar inn til samarbeidsmøta i samråd med Vinje kommune, førebur møta og skriv vedtaksreferat. 12.3 Vinje kommune inviterer Telemark fylkeskommune, Vest-Telemark Museum og Nynorsk kultursentrum med i eit kontaktforum for museumsarbeid i Vinje.
13
Separate avtalar
13.1 Nynorsk kultursentrum gjer eigne avtalar med Vinjar AS, Litteraturdagane i Vinje, Vest-Telemark Museum og andre institusjonar etter behov. 13.2 Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum gjer eigen avtale om husleige og drift av bygningar og anlegg.
14
Føresetnader for overtaking og drift
14.1 Ei overtaking av ansvaret for Vinje-senteret skal styrkje kjerneverksemda til Nynorsk kultursentrum og ikkje gå ut over etablert og ny verksemd i denne institusjonen, og ikkje skiple grunnlaget for dei årlege driftstilskota frå Kulturdepartementet. 14.2 Partane føreset at Vinje-senteret får ein finansieringsmodell som inneber økonomiske forpliktingar for både stat, fylkeskommune og kommune slik desse er omtalte i kapittel 10. 14.3 Denne overtakingsavtalen føreset at Stortinget og Telemark fylkeskommune løyver nødvendige investerings- og driftsmidlar frå og med budsjettåret 2017.
15
Avtaleperiode, fornying og oppseiing
15.1
Denne avtalen gjeld frå og med 1. september 2016 til og med 31. desember 2020.
15.2 Forhandlingar om ein fornya driftsavtale skal vere avslutta før 1. februar 2020. Partane legg til grunn at avtalen då kan fornyast for fire nye år. Etter dette står avtalen ved lag til ein av partane krev reforhandling eller seier opp avtalen.
297
15.3 Dersom dei økonomiske føresetnadene for drift av Vinje-senteret blir vesentleg endra frå føresetnadene i kapittel 14, gir dette kvar av partane rett til krevje reforhandling av avtalen. 15.4 Kvar av partane kan i avtaleperioden med ein varslingsfrist på seks månader seie opp avtalen utan forhandlingar viss det ikkje lenger er økonomisk grunnlag for forsvarleg drift. 15.5 Dersom ein av partane ønskjer å seie opp avtalen, skal det innleiast forhandlingar om oppseiing. Ved oppseiing av avtalen er oppseiingsfristen eitt år. Oppseiing skal gjerast skriftleg, og oppseiingstida går frå 1. januar i året som følgjer. Eventuelle ekstraordinære utgifter ved oppseiing av avtalen deler partane likt. 15.6 Blir denne avtalen ikkje fornya, tek Vinje kommune over ansvaret for eventuell vidare drift, og forvaltninga av dei samlingane og gåvene som er nemnde i kapittel 7.
16
Usemje
16.1 Oppstår det usemje mellom partane om korleis denne avtalen skal forståast, prøver partane å løyse dette ved forhandlingar. Blir ikkje partane samde, skal tvisten avgjerast ved valdgift der kvar av partane oppnemner ein valdgiftmann, og desse oppnemner i fellesskap rettens formann. Blir ikkje valdgiftmennene samde om kven som skal vere formann, blir denne oppnemnd av Søre Sunnmøre Sorenskrivarembete.
Vedlegg Denne avtalen har fire vedlegg: A Museale samlingar og ikkje-musealt inventar og utstyr som avtalen dekkjer B Avtale mellom Vinje kommune og Erik Gjestvang C Avtale mellom Vinje kommune og eigarane av Midtbø D Intensjonsavtale om Vinje-senteret mellom Vinje kommune og Telemark fylkeskommune
Denne avtalen er godkjend i styret i Nynorsk kultursentrum 10. juni 2016 og i Vinje kommunestyre 15. juni 2016. Avtalen er skriven og signert i to eksemplar – eitt til kvar av partane.
Vinje / Ørsta, DATO
__________________________________ Vinje kommune
________________________________ Nynorsk kultursentrum
298
299
300