Bør vi ta vare på små språk?
Per i dag finst det rundt 7000 språk i verda, men den store majoriteten blir berre snakka av eit fåtal menneske, nokre har kun eit tosifra tal brukarar. Utviklinga er at dei store språka tek over som morsmål for mange av desse små språka. Då må ein spørje seg, kor viktig er eigentleg morsmålet? Kva går tapt når vi misser desse språka? Alle språk har eigne utrykksmåtar, lydar og ordforråd. Dette gjer at i kunsten, og då spesielt litteraturen, vil sjølv den beste omsettinga ikkje klare å utrykke det same som originalen, i alle fall ikkje på same måte. Det vil vere eit stort tap for kunsten å miste eit språk, og det gjeld ikkje berre i litteraturen, men også i t.d. musikk og drama. Kva ville vel reggae vert utan jamaikansk-engelsk? Og kva hadde skjedd om Rammstein brukte franske tekstar? Det kunne utan tvil vore interessant å høyre, men det hadde definitivt blitt noko heilt anna. Samtidig vil mange innvende at det er upraktisk å ha så mange språk, det er betre om alle snakkar same språk, så kan ein enkelt forstå kvarandre. Medan det definitivt stemmer at det å snakke eit felles språk er ein stor praktisk fordel, er det ikkje nødvendigvis slik at morsmålet må vere felles. Det kan vere vel så bra, eller kanskje endå betre å ha eit felles andrespråk, så lenge ein snakkar det flytande. Faktisk har det blitt påvist at det å kunne fleire språk hjelper for hukommelsen, konsentrasjonen, og generell forståing i tillegg til at det gjer det lettare å lære fleire språk. Og om ikkje det er nok, kan det òg utsette starten på demens. Det bør òg nemnast at fordi språk er så forskjellige, er det visse ting som ikkje er så lette å utrykke på nokre språk som andre. Gjennom kunnskap om og tilgang til fleire språk kan det bli enklare å ha presise distinksjonar og definisjonar. Eit døme som varierer mykje frå språk til språk er farge. På japansk ser dei t.d. på lyseblå (vassfarge) som ein annan farge enn blå, medan vi ser på dei som ulike nyansar av same farge. På same måte er det mange språk som ikkje skil strengt mellom rosa og raud. Grammatiske former er eit anna døme. På spansk er det t.d. ein skilnad mellom handlingar som vart gjort på eit bestemt, avgrensa tidspunkt og handlingar som føregjekk over lengre tid (enkelt forklart). Vi kan lære mykje av andre språk nettopp fordi dei har slike distinksjonar som vi ikkje har, og nokre av dei kan vise seg å vere svært nyttige. I alle tider har det vert eit mykje diskutert spørsmål om språket påverkar tenkemåten vår og i så fall på kva måte. Karl den Store skal ha sagt at «Å snakke eit anna språk er å ha ei andre