Den nynorske bokheimen

Page 1

Den nynorske bokheimen Utdrag frå dagbøkene 1927–1993

Olav H. Hauge


© 2018 Bodil Cappelen, Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum Utdrag frå Olav H. Hauge: Dagbok 1924–1994, Det Norske Samlaget, Oslo 2000 Publisert etter avtale på Haugesenteret.no 24. mai 2018 Framsida Olav H. Hauge på Rossvoll. Foto: Odd E. Nerbø / Olav H. Hauge-senteret

2


I OVER 50 ÅR SKREIV Olav H. Hauge om nynorsk litteratur, mest dikting, etter kvart fleire typar litteratur. Dette er som hans personlege litteraturhistorie i fragment, skriven utan tanke på ei samla framstilling. Lausrive frå dagbøkene kan somt bli lese annleis enn samanhengen tilseier, men i den redigerte samanskrivinga kan lesaren oppdage linjer og brot og motseiingar som elles ville bli oversett. I nynorsk litteraturhistorie finst i alle høve ingen make til den lesinga Hauge her har gjort. Dermed blir dette eit meiningsgivande kapittel i den store historia om nynorsk skriftkultur. Utdraga frå dagbøkene er laga med enkle søk på fire stikkord i dagbøkene: debut, bokheim, landsmål og nynorsk. Det har gitt eit portrett av det han skreiv av meir overordna karakter. Mange innførslar om enkeltforfattarar er ikkje fanga opp. Likeins vil det finnast passasjar i brev og intervju som utfyller denne lesinga. Det sikraste som då kan seiast, er at Olav H. Hauge skreiv også dette om den nynorske bokheimen der han sjølv fekk sitt rom med utsikt.

Ivar Aasen-tunet, januar 2015 og mai 2018 Ottar Grepstad

3


4


Uppdal er ein mann som er mykje for lite påskyna. Etter mitt vit er han den fremste millom diktarane i landsmålsleiren i dag. August 1927 Eg fær liti tid å lesa no. Men ei bok lyt eg likevel nemna som eg kjøpte til jol: Norsk lyrik gjennem tusen år av Charles Kent. Ein slik antologi er eit sersyn på norsk og difor er han ogso so kjærkomen. Det kann vera kløyvde meiningar um utvalet, det er smaken som avgjer; men i det store og heile tykkjer eg det er framifrå. For ei rik bok! Me hev lyriske skattar me nordmenn både frå eldre og nyare tider som tolest samanliknast med det beste ute i verdi. Men diverre set me altfor lite pris på slike ting. Det norske folk skal vera eit svært poetisk folk segjer dei; men det er tvilsamt. Eg hev ikkje møtt fleire enn tvo-tri stykke som i røyndi hev elska poesi. Eg segjer elska fordi ein mann som hev funne lykelen til poesien si verd, ikkje lenger er interessert, men hugteken, han elskar. Me landsmålsfolk vil truleg synast at boki hev for lite av nynorsk lyrikk, serleg av dei yngste forfattarane i samhøve med dei yngste riksmålsforfattarane. Dei som er tekne med er Hovden, Aukrust, Ørjasæter, Moren, Uppdal. Det er 1 – 2 – 3 dikt av kvar. Det er for lite. Ein mann som Aukrust burde vore gjeven større rom i ei slik bok enn Schøyen, sjølv um Schøyen er ein fin lyrikar. Men dei tvo dikti av Aukrust er ypperlege likevel: «Ei hytte» og «Skaldetankar». Ørjasæter er represen-tert med «Elgen» og «Mannen ber kvinna ein krossarveg». Dei dikti er gode; men eit dikt som «Muru-kvede» or Mannskvede burde absolutt vore med. At dei ikkje hev plass anna til eitt kvede av Hovden, er rimeleg; ljodskalden Hovden tek til å verta einsleg millom dei unge. Gamle gjævingen! Han hev gjort ting som vil leva likevel, tenkjer eg. Moren hev eit fint dikt «Jamsides». Det er reint ypperleg. So kjem me til det store spursmål og den store gåta i norsk litteratur, Uppdal. Han hev fire dikt i boki, det uvyrdne, realistiske «Slusken» og «Haustsongen åt Golløy». Det er ikkje noko som er stukke under stol i desse skildringane. Dei tvo andre er det beiske diktet «Grinet» og den uvanleg kløkke haust-stemningen i «Ein Haustdag». Desse kann vera bra nok; men i ei slik rik bok som Altarelden er visseleg andre som er like gode, um ikkje betre; «Ein arbeidarforstad», «Vinterlandskap», «Skriket», skildringi av den gamle kvinna bak vindaugsruta, «Andletet» eller det veldige «Isbredi», å, der hadde vore so uendeleg mykje å velja millom hjå Uppdal, geniet i norsk litteratur, urkrafti; utan tvil den største millom dei som lever i landet i dag. Dette er det som boki hev av nynorsk lyrikk; men det er ikkje mykje samanlikna med kva der er av den yngste riksmålslyrikk. At so ser-merkte diktarar

5


som Vogt, Bull og Øverland fortener sin plass, er sjølvsagt, likeeins Wildenvey; men lista vert lang med unge riksmåls-lyrikarar, og då boki ber namnet Norsk lyrikk vore det ikkje for mykje um der likevel hadde vorte medteken ei liti perle av Nygard, dikt av Henrik Rytter og kanskje dikt av Seippel, Gullvåg og Våge ogso. Eit lite dikt av Gullvåg, til dømes «Dei tvo» («Song i Storm») hadde vel gjort seg like godt som Schøyens erotikk, sjølv kor typiske dikti hans er for den moderne tid. Men dette er ikkje Kents syn og dermed er det ingenting å gjera med det. Me fær tru at det norske folk eingong fær eit anna syn. Her er so mykje å gleda seg yver i denne boki at ein gløymer det ein hev å klandra. Det vore å vona at me kom so langt at me verkeleg satte pris på våre gjæve poetar etter forteneste, sette dei i høgsæte millom åndsmennene. No er det romanforfattarane som vert dyrka mest. Men sjølv um folk les Hamsun, Bojer og Undset so trur eg det er svært få som les dei med den rette skynsemd og gagn; dei les for å hava moro, å driva tidi. Dei ser på litteraturen som noko som er til for skir hugnad, ein prydting, luksus som er verdt å ha. Eg hev fenge det inntrykket på folkeboksamlingen, at dei fleste les for moro. Dei fleste dyl ikkje for det heller; men eg hev ein mistanke um at dei som hev eigna til seg litt litterær jargong som dei serverar når det høver so, ikkje er betre. Kor sjeldan er det ikkje å møta ein som litteratur er ein naudsynt livsfaktor for! Litteraturen til eit folk er den største åndelege skatt det hev, folket si æra, folket sin prydnad! Ein mann kann aldri læra sitt lands soga eller sitt folk å kjenna utan gjenom litteraturen. Litteraturen er kvorvne tiders testament, spegelen åt notidi og «seerens sang er et foranskudt lyn». Me hev visseleg mange lyrikarar av høg rang for tidi, Vogt og Øverland til dømes. I mange av sine dikt er Vogt typisk norsk, norsk i Bjørnsonsk ånd. Ein merkar lite til norskdomen hjå dei andre moderne riksmålslyrikarane, både språket og versetonen er tradisjonell dansk; einaste skilnaden er litt onnorleis bokstavering. Men likevel likar eg mange av dei. (Landsmålslyrikarane held seg altfor mykje til den gamle danske salmetonen når det gjeld versebygnaden.) Øverland hev ein sterk og djup personleg tone, ærleg og endefram. Ein mann me kann venta store ting av. Jula 1929 I grunnen skulde eg leggja mykje meir arbeid på norsken, læra meir ord og sernorsk segjemåte. Målet vert elles for bleikt og fatig. Når eg fær so mykje pengar skal eg kjøpa nokre bøker av Ørjasæter og Aukrust – berre for den skuld. Eg skulde havt ein del av desse nynorske lyrikarane. Eg hev berre ein del av Rytter og Uppdal. Nygard skulde òg vore moro å hava. 12.1.1938 BOKHANDLARAR Var til Voss i dag. Reiste heimanfrå i 6-tidi og var på Voss i 9-tidi. Det var godt ver og sykkelen gjekk lett. Eg var innum i bokhandelen til gamle Ullestaden og såg yver det han hadde, slik som eg plar gjera når eg er der uppe. Det var skrale greidor med bøkene no. Eg kjøpte sju årgangar av Norsk Årbok og ymse

6


hjelpebøker til språkstudiet. Etterpå fekk han lokka meg til å kjøpa den nye boki til Emil Birkeli: Fedrekult. Emnet er visseleg mykje interessant, men boki var dyr og bandet dårleg. Betre vart boki ikkje då ho attpå vart gjenomvåt i ryggsekken fyrr eg kom heim. Ullestad er ein stillsleg gamal mann som framleis er like brenn huga for den norske sak. På ein diskret måte dreg han norske bøker fram og gjev dei eit godt ord. Ikkje nokon sabotasje av alt nynorsk der i huset! Ein bokhandlar kann gjera mykje – kanskje meir enn nokon annan – til å spreida norsk lesnad i ei bygd. Altfor ofte ser ein at nynorske bøker – som ofte er gode bøker – vert lagt til sides og lite påvyrde i bokhandelen. Oftast fører dei ikkje nynorske bøker i det heile teke. Nei, gamle Ullestad er greid, og hev gjort mykje for saki på Voss. 17.8.1944 EG LES IKKJE NORSK LYRIKK Nygard er den finaste kunstnaren av dei nynorske lyrikarane. Ingen har slege edlare linor her i landet enn han, det lyt då vera Bull. Aukrust er den største naturskildraren me hev havt. Uppdal er den djupaste og største ånd me hev havt. Ørjasæter er òg ein stor lyrikar. Desse fire er alle store og sermerkte kunstnarar. Me har ingen som kan ta arven etter dei. Jonson gjekk burt, og Vesaas kan ikkje makta alt åleine endå kor fin han er. Vaa og H. Moren er fine. Skrede lovar godt. Thesen har gjort fine ting. Bruheim er òg fin. Ingen er likevel noko ørneånd slik som dei gamle. 2.11.1951 TRADISJON Me tek til å få ein stor og ruvande lyrikk på nynorsk. Store, merkelege diktarar har skrive um landet og folket og seg sjølve med. Likevel ser me kritikarane åtvarar dei unge mot etterlikning. Som det skulde vera noko gale. For vel var Aukrust sermerkt, men han nytta ut mykje sermerkt norsk stoff, som ikkje berre er hans men folkeeige, og som yngre lyrikarar gjerne med godt samvit kunde nytta. På den måten, skal ein vera so brennande redd for at det ein skriv, skal likna på ein annan, fær ein ikkje bygt nokon sermerkt norsk tradisjon i litteraturen, den nye må få lov å byggja på dei eldre, ikkje berre vera nybrotsmann. No er dei unge so redde for å koma under innverknad frå slike som Aukrust og Ørjasæter, at dei helst ikkje les dei, men søkjer ut – til Sverige, til Danmark eller til England og Amerika og Frank-rike etter fyrebilete og dreg soleis inn internasjonale klangar, istadenfor å reindyrka det norske. 2.11.1951 HENRIK RYTTER er vel den mest litterære av lyrikarane i nynorsk. Han er ordrik og lærd, veit alt um vers og diktarar, og veit mykje um gudar og menneske, alvar, dvergar og jotnar. Likevel, han er ikkje altid heppen, det vert mykje ord og mykje metrikk mange stader. September 1952

7


No, nynorsk bokheim hadde ei stor tid frå 1910 og utover til 1930. Ørjasæter, Auk-rust, Uppdal, Nygard, Duun er alle ånder av fyrste rang, store skapande kunstnarar. Etter dei fær me mange småe, flinke dei med, men ikkje skapande, menn. Dei mest sermerkte seinare er vel Krokann og Vesaas. Og i dag har me ingen. Eller kanskje det er eg som ikkje ser han? 20.2.1953 NOKRE ORD UM TOR JONSON Merkeleg, at det skulde gå slik med han. Han var ei byrg sjel. No skulde det ikkje vera vanskelegare for han enn mange andre nynorske forfattarar. Men dei tagde og tolde og gjorde som hunden, sleikte herren på handi, kor stygt dei vart medfarne, og gjorde seg feimne. Jonson var for byrg – han gjekk, takka ikkje. Kanskje han ikkje hadde gjort det, dersom han ikkje hadde fenge so mykje medgang. For slike som honom er brå medgang fårleg, dei er ikkje vane til slikt, det får alt det tunge dei har gjenge gjenom til å vella tvifeld fram. Dei let seg att, brattnar – og gjeng. Og medgangen er som oftast ikkje i mynt, men fine ord. Sume kan vera sterke nok, ein Ørjasæter til dømes. Elles var han vel alen i romslegare kår. 28.7.1953 Visst er det at fyrste boki til Jonson er like god som den siste. Men alt han har skrive, er ovleg interessant og mangt er òg fin kunst. 28.7.1953 Ingen har skrive so frisk og folkeleg kjernegod norsk stil som Duun, ingen har minder av litterært långods. Ein kan merka eit par stader påverknad frå Garborg i fyrste boki hans Marjane, men det er lite. Han er seg sjølv alt der. Nei, å skriva godt er ein vanskeleg ting. 13.7.1956 ENDÅ NOKRE ORD UM YEATS Det er merkjeleg kor Yeats liknar på mange av dei nynorske lyrikarane. Og i grunnen er det ikkje so merkjeleg. Som dei har han drukke av kjeldone i folkedjupet, frå segn og soge og dikt. Dette har gjeve honom den same tonen. 24.10.1957 OLAV NYGARD Johs. A. Dale har skrive ei ven bok um Nygard. Nygard nytta gamle verseformer, og lærde mykje godt versbygnaden av Keats og Shelley; i allefall kom kunsten hans til full mogning fyrst med deira hjelp. Nynorsk, som er eit nytt skriftmål, fekk ingen slitasje i romantikken; difor tolest Nygards form godt, ja, ho verkar ny og ekte. Me kunde gjerne havt mange fleire som dyrka hans klassiske form, for mykje av det som har vore skrive dei siste 50 åri er for laust. 24.10.1957 8


EIT FORVITNELEG FOREDRAG I går kveld (19 nov.) heldt dr. Per Gjærder foredrag um trekultur på Vestlandet. Det var eit forvitneleg foredrag. Han tala so skynsamt um arbeidet til dei gamle. Eg har tenkt litt på kva han sa um meir avsides bygder og landsluter, at dei ofte kom til å vera reservat for gamal kultur, for bygningsmåtar og tru og tenkjemåte. Her i Norge hadde me mykje slikt gamalt, som var utdauda for mange hundra år sidan i grannelandi. Han nemnde soleis at uppstad-veven enno var i bruk på Karmøy, endå det stort set var tusen år sidan den gogni var gjengi or bruk elles i Europa. Vel, men eg feste meg med ei onnor side. Løyndomen til styrken og makti til den nynorske litteraturen er vel nettupp det at han er sprungen ut av slike reservat, der gamal tru og tenkjemåte enno er levande. Der ligg løyndomen til Duun. Og Bygd. Og Krokann. Og Vesaas. Og Laxness, for å ta eit døme frå eit anna land, som likevel er nærskyldt. Island er eit språkleg reservat. 24.10.1957 Nynorsk har fenge si form, og sin litteratur som det stend age av, jamvel ute i verdi. 17.8.1958 I dag ser eg at Horvei debuterar som lyrikar i år på Noregs Boklag. Godt gjort av ein 65-åring! Det skal verta moro å sjå kva han har koka i hop. Kan godt vera det er mange originale innfall der. 23.9.1958 [Han debuterte i 1920 som dramatikar.] Den danske lektoren, Nilsen, tala so fint um den nynorske litteraturen, serleg då um lyrikken, i kringkastingi i kveld, at det var radt svært. 24.10.1958 Hans Henrik Holm og det bygdenorske, heiter ei bok som er utkomi i Oslo. Boki er forvitneleg, syner kva denne merkjelege diktaren arbeider med. Helsingslista syner tydelegare enn ord korleis han vert sedd på millom norske åndsarbeidarar. Berre nokre fåe forfattarar som skriv riksmål, eg har ikkje fest meg ved dei nynorske, dei er nok fleire. 20.3.1959 DET MYSTISKE DRAGET i nynorsk lyrikk er lett å få auga på. Hjå Aasen og Vinje og Sivle er det ikkje merkande, men med Egnund set det inn. Or duldo er den fyrste diktboki av det slaget på norsk, eller kanskje Haugtussa er eldre? I alle fall er ho eldre enn I helheim. Erkjenningsprosessen er lett å sjå og fylgja i Or duldo; god dikting er det òg, so boki er ei av dei beste me hev. So kjem då Aukrust, Nygard, Ørjasæter, Krokann, Holm, som alle fylgjer Mortenson. 20.3.1959

9


Det kan ikkje vera mange som skriv dikt! Nei, det freistar ikkje ungdomen, ser det ut til. 3.5.1959 Tveiten er ingen lettvektar. Eg synest ikkje rett mykje um alle dei trøyttande dikti i fyrste boki, endå det finst gode ting i millom, men eg synest boki veks. Ja, han når høgt i andre bandet, serleg i kjærleiksdikti. Dei er djerve og friske, og sanselege, på ein gjenomglødd, rein måte. Juni 1959 Nett no sit eg og lyder på kringkastingi, dei har samtale med tvo debutantar frå Hordaland, båe ifrå Voss. Myhra har skrive ei bok og ei gjente har skrive ei diktbok. Sjå der! Det kjem nye diktarar her vest! 21.10.1959 I antologiar av norsk litteratur fær nok sume av dei beste nynorskforfattarane vera med, men dei vert sedde på som kårsmale, det er so. 30.10.1959 Med same fekk eg Dagen, vinden og hjartet av Jonsmoen, frå Dybvad på N.B. Vakker bok. Men det er mykje fint i denne samlingi, ja det er ei rik mangslungi bok. Formsikker, tenkt, vel avvegi. Fin versebyggjar, Jonsmoen, som ein lyt venta det av ein ung filolog. Her er ikkje ordskrøyv og slag på skjold, som nynorske debutbøker van-leg plar vera, men fin innsikt i versekunsten i det heile, ei innsikt som ein gamal versemakar kunde vera kjend av å ha. Jau, det er gagn i å læra. Men Jonsmoen er diktar, ein fin diktar, ja, eg synest vera viss på at han um nokre år vil vera ein av dei fremste millom nynorske lyrikarane, det er elles ikkje svært vanskeleg, for burtset ifrå Takvam, er det fåe millom dei yngre som gjeng fram. 27.11.1959 Bokslaget er yver – for dette året. Og det har vore spanande. Det som mest gled ein hordalending er dei gode debutantane – Lisbet Lid og Myhra, serleg den siste har gjort mykje av seg. Eg har ikkje lese boki hans, men eg har lese Villgras, som eg fekk til jol. Jau, det skal eg segja er frisk og levande versekunst! Slik er det når ungdomen fær sleppa til, eller rettare sagt torer sleppa seg til! For det er greidt det er ungdomen som har fantasien og gleda yver å syngja. Dette er friske og gode dikt, sjølvstendige og velforma, og so djervt biletbruk ho har! Jula 1959 Eg har elles samla nokre utklippte dikt or Dagbladet frå dei siste åri, serleg av modernistar. Dei er flinke! I dag hadde Christie eit, «Vinterstillhet». Jau, han er ikkje verst! Presisjon, segjer han i «Mens vi venter», er eit hovudkrav. Dikti hans har presisjon, hårfin. Dei vert ofte gjerne litt ulne dei nynorske dikti, dei er best til å gjeva att 10


bygdemiljøet. Elles er vel det noko me trur. For det er bygdi me gjerne [er] vane å møta i nynorske dikt. Det er ein fåre. 22.2.1960 ATTERSYN Stort set lyt eg segja at nynorsk lyrikk i dag – endå han er mangfaldig og rik nok – ikkje held mål med tidi um kring fyste verdskrigen, lat oss segja umkring 1920. Ørjasæter, Aukrust, Uppdal og Nygard stod då på høgd, og det er sterke saker desse karane gjorde! Ja, sterke! 24.2.1960 Den nynorske lyrikken er på same stadiet som skildringi var fyre den moderne aerodynamiske hoppingi i sementkonstruerte bakkar tok til. Skal tru um folk ikkje hadde like mykje hugnad og moro då? 22.3.1960 Ser Gula Tidend har intervju med Aanderå. Han fortel at Samlaget skal stå for ein antologi med nynorsk lyrikk til hausten. Det er sikkert eit stort tiltak. Dale, Nielsen, Halldis Moren Vesaas og Birkeland stend for utvalet. Måtte det lukkast! At noko av det eg har skrive kjem med, er eg glad for. 3.4.1960 Du skuldar ofte den nynorske litteraturen for å vera primitiv. Javel. Han er vel det. Men ta no menneski til Duun, er ikkje dei like menneskelege og baksar ikkje dei med like edle og høgverdige problem som moderne bymenneske? Er det ikkje oftast slik at det moderne bymennesket er forgrova og forsimpla og stend på ei lægre stode? Og det trass i sigarettar og barliv og bilar? 9.4.1960 Siste nummer av Syn og Segn (nr. 4. 1960) er kome. Det er eit stykke av den danske universitetslektoren Erling Nielsen der, han skriv um «måldigtningen » nokre respektlause tankar, kallar han det. Han gjev umsetjingsarbeidet til nynorsk nokre plus og segjer at det finst «endog av Hölderlin fine gjendigtninger». No ja, han nemner ikkje namn, men eg veit ikkje av at nokon annan enn eg har prøvt med Hölderlin, til nynorsk då å segja. 14.5.1960 Kaste og Skrede er dei beste nynorske diktarane. Dei andre gjer gode ting. Men det er snart burte – som lauvsmod frå ifjor. 25.6.1960 Les litt i Moderne islands lyrikk (FIB). Nei, nynorsk lyrikk har litt å læra. For mykje skildring, for lite fortetting, for laust, for lite djervt. For mykje moralisering, læredikt, peikepinnar, for open tendens. Nei, her må lærast! 11


30.6.1960 Stor nynorsk kulturmønstring på Sunnmøre, stend det i bladi. Og so fylg jer ei lang liste forfattarnamn. Dei skal førast fram for folket. Kva ei stemne skal med so mange upplesarar og talarar er umogeleg å forstå, ein 4–5 med talar og dikt måtte kunna greidt seg. Altso må det vera utstilling dei har tenkt på. Rare dyr. Hankyn og hokyn um ein annan. Eg tregar ikkje på at eg sa nei. 29.7.1960 Den fremste lyrikaren imillom dei nynorske er vel Olav Kaste. Det er ein verkeleg diktar. Og me ser han arbeider seg fram og vert kjend òg, so langt ein so pass kresen lyrikar kan verta det. Elles er vel Skrede den som kjem nærast, det kan vera eit spursmål kven ein skal setja høgst av desse tvo. Men etter Tor Jonsson er det vel dei som røynleg ruvar mellom oss, endå me hev fine lyrikarar i Vesaas og Sandsdalen og Bruheim. Når eg set Vesaas eit strek under som lyrikar, so er det for formi si skuld; han er ikkje So streng som Kaste og Skrede, endå han sikkert er den største diktaren av dei tri, det har han vist på andre måtar. 30.7.1960 Sundagen gjeng med å lesa Edfeldt, endå det svid å lata Keats liggja, han er ny og moderne nok. Men – Skam å segja har eg ikkje fest meg so mykje med Edfeldt fyrr, endå eg har havt ikkje so få av dikti hans lenge. Jonson og Vesaas og Skrede, og sikkert mange fleire nynorske diktarar har havt serleg godhug for Edfeldt, kanskje fordi han er einfeld og klår, og ikkje so inn-fløkt som mange av modernistane der burte. 9.10.1960 Avisone – i alle fall Dagbladet og V.G., som Nanna Ebbing sende meg – har meldingar av Norske dikt. Dei let vel. Serleg Skjønsberg, og det er gledeleg at verket vert godt motteke. Det var vågalt å gjeva ut eit slikt verk, og eg veit ikkje um ein so pass veik litteratur som den nynorske har godt av noko slikt representativt verk. Slike verk kan vera på sin plass i større litteraturar, det er sikkert, men snautt her. Bok-målet har heller ikkje noko tilsvarande, burtset frå Charles. Men for lesarar er det ypperleg, so dårleg det er med utgåvor av nynorsk lyrikk. 3.12.1960 Torfinn Syse – ja, han åt skyr og graut med hornskei og trudde på Edda og Garborg, stridare nordmann har ikkje funnest. Han gav meg Hægstad og Torp’s lærebok i gamalnorsk då eg var gut. Han var gift med moster mi, ho Anna. Dei hadde ikkje born, og eg var mykje der. Eg gjekk kvar sundag til Syse, for å diskutera bøker og diktarar med Torfinn. Han hadde ein del bøker sjølv, berre nynorske. Og dei las han uppatt og uppatt. Garborg hadde han samla. Elles var det Vinje og Aasen og Sivle og ættesoger

12


frå Island, Snorre. Odyssevs-kvædet. Han lånte aldri bøker. Han heldt alltid G.T. og Bygd og By. Subjekt og predikat visste ikkje Torfinn kva var, men han las og elska Homer for det. 10.12.1960 Ragnvald Skrede melder boki til Heggland, Dagen før domedag i Dagbladet. Ei sterk melding. Han meiner Heggland har skrive si beste bok og er i sterk uppsving att. Gledeleg, for oss vestlendingar å høyra; me har so fåe som skriv godt, i alle fall fåe som ruvar millom dei store i landet. Hittil har altso Vesaas og Heggland kome med svært gode romanar, det er gildt. Og Anna Skeide har gjeve ut ei ypperleg diktsamling. Det skil seg då kor det gjeng med Bjørgo, han kan òg ha gode ting på lur. Skrede si bok frå i vår vart som vanleg med hans bøker svært godt motteki. Elles er det visst ikkje nokon rikdom på nynorske bøker i år. Det stend ikkje til å nekta at nynorsken er komen på kåret, diverre. Birkelands Sivlebok ventar sikkert mange på. 24.10.1961 LIV KROG HALSE: MARIMESSE N.B. sende meg denne boki, det er dikt på Meldalsmål, fyrste boki til forfattarinna. Gode dikt, velskrivne, fargerike, kanskje litt einstonige i rytmen; dei er norske, naturskildringane her er fine og ekte. Jau, Liv Krog Halse kan dikta, det er ikkje tvil um det. Skal verta forvitneleg å sjå um kriti-karane vil melda henne. 15.11.1961 I avisor ser eg at Skrede slær slag for nynorsk lyrikk i Danmark. Æra vere han for det! 18.5.1962 Fekk sjå ein kronikk av Erling Nielsen i Aftenposten 18 mai. Han skreiv um nynorsk lyrikk; han nemnde den antologien han sende ut i Danmark just no. Ja, han nemnde meg òg i kronikken og siterte eit vers av meg. Eg tykte det var gildt, sjølvsagt. Men um han har teke med noko av meg i samlingi, veit eg ikkje, han har venteleg ikkje det, sidan eg ingenting har høyrt. 23.5.1962 Henrik Rytter kjem i lyrikkserien til N.B. til hausten, ser eg i G.T. Dikt i samling endåtil. Då vert det ei stor bok, for Rytter skreiv då minst 6 diktbøker. Eg slo upp i det N.L.H. og vilde finna Rytter, men ikkje eit ord um versi hans! Ei bok um Norden var alt som var nemnt. Slik vyrder dei han der i garden. Då var Årnes og Boyson likare, dei etla han tri sidor i Norsk Poesi. I det heile er nynorsk litteratur lite vyrd i Norsk litteraturhistorie (Aschehoug). Det kjem seg for Aasen, Vinje, Garborg og dels for Duun og Aukrust. Av dei me har i dag er Vesaas mykje vyrd. 28.6.1962 13


Han [Arne Hjeltnes] freista sjølv å lesa norske forfattarar, serleg Ibsen og Bjørnson og dei andre store; han fortalde dei hadde ein lesering av norsk-lesande heime, men ringen hadde berre havt ei bok på nynorsk, og det var Soga um fela av Kyvik. 30.7.1962 Elles har Noregs Mållag hatt årsmøte i Bergen og Gula Tidend har hatt gode referat frå møti. Enno har me ein flokk som arbeider hugheilt og truge for norsk mål. Berre folk flest ikkje vore so likesæle! Dei kan nett gjera so mykje; kvar gong ein vanleg mann kjøper ei nynorsk bok, ja, um han berre spør etter ei, gjer han den norske sak ei stor teneste. Nett det at den einskilde, kvardagsmannen, lever i den tru at han ikkje kan gjera noko for saki, er rivande gale. Han kan gjera so mykje! Tenk på det, og det har eg tenkt ofte, at du gjer ein stor ting for di hjartesak når du gjeng inn og vel ei nynorsk bok til deg sjølv eller andre. Helst skal du gjeva boki til andre, so dei fær sjå at det gjeng an å lesa ei bok på nynorsk. 8.8.1962 I går fekk eg forresten brev frå lektor Bjarte Birkeland; han nemnde at diktantologien som Erling Nielsen hadde redigert, hadde gjort lukke i Danmark, og dikti mine serskilt; han nemnde serleg ei melding Jens Kruse hadde skrive. Eg såg um Nynorsk poesi, ved Erling Nielsen, at boki kom i vår. Men at eg var med, har eg ikkje visst, heller ikkje kor boki vart motteki der nede. No er samlingen komen i Sverige, såg eg i bladet. Men er det so, so er eg glad for å ha kunna vore med forsvara dei norske fargane. 3.10.1962 Nytt hefte av Lyrikkvennen. Ser dei har sendt ut Nynorsk lyrik ved Erling Nielsen. Det er ei storhending for nynorsk dikting. Bladet gjev att «Ved Rondane» av Vinje, med nokre ord-tydingar. I boklista gjer forlaget lesarane merksame på at dette ikkje er bygdedikt, men at mange av dei største norske diktarane har skrive på nynorsk (landsmål). 11.10.1962 Den nye antologien til Bokklubben kom. Solumsmoen har gjort utvalet. Det spenner frå 1900 til i dag, byrjar med Collett Vogt og sluttar med Mehren. Fasetter 50 navn – 60 dikt er titelen. So det segjer seg sjølv at noko pålitande utsyn gjev ikkje dette utvalet. Boki liknar litt på Blombergs 100 svenske dikt. Mange svært gode namn saknar eg. Rytter, Vaage, Kaste, Lygre, Sveen, Sandsdalen, Takvam for å nemna nokre nynorske. Solberg er heller ikkje med. 14 nynorske forfattarnamn mot 46 bokmål, kan det vera rett? Av dei unge saknar eg Christie, men det er sikkert mange andre som skulde vore med. Eg har fenge tvo dikt med av siste boki mi. Eitt hadde òg vore gildt, i dette selskapet. Skard er ikkje med heller, det er ikkje rett. 14


1.11.1962 Til Voss til tannlækjar og stakk stein or tennene. Eg var inn på bokhandelen og kjøpte Nynorsk lyrikk, utvalet som Erling Nielsen sende ut i Dannmark, det er kome i Orionserien til Samlaget. Same boki er òg kome i Sverige. Eg har ikkje set utvalet fyrr. Stort set er det bra, for utgjevaren har vore bunden av dikti i Norske dikt. Men det utvalet var ikkje heilt godt. Det var godt for sume forfattarar sitt vedkommende, men ikkje alltid. Aukrust kjem ikkje til sin rett i Norske dikt, og det gjer han ikkje i utvalet til Nielsen heller. Nei, i utvalet til Aarnes og Boyson, som kom i fjor, møter eg den Aukrust eg møtte fyrste gongen eg las han. For han er no vår største lyrikar, lat dei segja kva dei vil. No er dikti i dette utvalet òg gode, men det er ikkje retteleg Aukrust. Elles ser eg Rytter hevdar seg godt, dikti hans er gode! Ein skal ikkje alltid sjå sidetalet. Den forfattaren som kjem best til rett i utvalet, er Nygard. Sameleis Tor Jonsson. Dei er heilstøypte, og utan store svingingar. Dikti til Rytter er òg gode og mektige, Ørjasæter har òg eit godt utval, han har mest. Garborg kunde vore betre. Blix skulde havt nokre salmar i staden for dei dikti sine. Hovden sine dikt er ikkje gode. Nokre sterke salmar, «Eg livde millom berg og knaus» og «Fagert er landet» skulde vore med. Utvalet av meg skal eg ikkje klaga på, dikti er gode, eg har vel ikkje gjort noko betre. At Skrede har fenge større rom, er gledeleg og rett; han er repre-sentativ og har ein dominerande stilling i norsk dikting i dag. Men Kaste! Kvar er det vorte av han?! Vel, det kjem vel hans dag òg. Lese meir i Nynorske dikt av Erling Nielsen. Utvalet av Aasen, Rytter er godt. Dei tvo fyrste hjå Nygard burde ikkje vore med. Aukrust er bra, når ein tek umsyn til utvalet i Norske dikt. Men det er ikkje som det skulde! Ørjasæter er ikkje bra. «Våris» burde ikkje vore med. Det er langt og i grunnen ikkje godt. «Den minnebundne» burde vore med. Elles er utvalet godt. «Bonden møter vinteren» er framifrå. Sivle kunde vore betre. Hovden og Blix sameleis. Verkeleg godt er utvalet av […] Best er utvali av Aasen, Uppdal, Rytter, Vesaas. Av Nygard er ikkje utvalet godt. «Svevn» vantar, og «Svarberg» og «Såtehonn». Og Aukrust er ikkje Aukrust. No, det er ikkje Nielsen si skuld, han har gjort godt arbeid innan det utvalet som han hadde i Norske dikt. 3.11.1962 Eg har set litt i Nynorsk lyrikk av Nielsen. Rett nok kunde utvalet av Aukrust vore betre, men der er då med «Still meg ei storvengja sorg yverskygde ». Og det er nok. Større dikt finst ikkje i Norden. Eg trur Johannes av Krossen hadde teke hetta av. No skynar eg kvifor dei tegjer, småpoetane, når talen kjem på Aukrust. Alf Larsen har tala ut, han er den einaste. Av Nygard saknar eg «Svevn» og «Etter ein andlåt». Elles er utvalet godt. Han er ein av våre aller beste og finaste diktarar.

15


Ørjasæter er so rik og mangslungen at det er vanskeleg å finna nett antologiprøver av han, svært umstendeleg og djup-pløgjande er han òg, so det røyner på tolmodet å lesa han. Han er den norske Wordsworth. Av Uppdal er det lett å finna gode dikt, og der er mykje å velja i, og utvalet her er godt, men her skulde vore ei sonett og tvo, t.d. den til Hamsun. Elles reknar eg det diktet um den sjøreisi for det mest ufatelege han har skrive; i utvalet til Solums-moen er det stytt av diverre. (Diktet «Havet») Her er den reinaste realisme og dei finaste draumsyner, i blanding. (Half-awake) Pasternak skriv at soga er eit eige uni-vers. Uppdal har skyna det same, – sjå sonetten «Soga»! 5.11.1962 I Gula Tidend stend ei ypperleg melding av Skodvin um Skagestad sitt stykke. Jau, han kan skriva. Elles ei liti melding at det danske studentsamfunn ved Kjøpenhavn universitet held samkome til ære for den nynorske antologien til Nielsen. Nielsen held tale um den nynorske lyrikken. Tarjei Vesaas og Liv Ullmann les. Sjå der, du! Det er laurdag 10/11- 62. Ja, eg ser det no når eg blar i denne samlingi, etter litt kjennskap til dikting ute og heime, at me har fire store: Aukrust, Nygard, Uppdal og Ørjasæter. Ingen kan mæle seg med dei, og diktingi i dag ser eg vert smått stell, endå her er mykje fint og gripande. Sermerkt for ein stor lyrikar er, at han diktar som um ingen hadde dikta fyrr. Og det er naudsynt. 5.11.1962 Dagbladet segjer at 10 november heldt studentforeiningi ved Københavns universitet nynorsk-kveld, med Nielsen som hovudtalar, og Vesaas og Liv Ullmann som upplesarar. Det er mest utruleg. 14.11.1962 I Nielsen sitt utval av nynorsk poesi har Sande berre fire dikt. Men dei er sterke! Eg stussa litt då eg såg han kalla dikti hans «pastischer». Det er ikkje etterlikning å halda fram i god tradisjon, har eg lese ein stad. Eg er samd med Dalgard i det han skriv um Sande i siste heftet av Diktets venner. Nielsen har teke dei beste av Sande i Norske dikt. 24.11.1962 Det er nynorsken som ber tradisjonen i folket vårt, ikkje riksmålet. Kva er Petter Dass og Holberg mot all folkediktingi? Endå dei er verdfulle nok, eg skal ikkje nekta det. Og Wergeland sameleis. Men dei høyrer alle til dansk bokheim, den som segjer noko anna, han lyg. 28.11.1962 Bokpakke frå Noregs Boklag, gåvebøker. Fyrst og fremst vil eg nemna den nye utgåva av Rytter. For ei herleg bok! Dette er den best gjenomarbeidde av utgåvone i lyrikkbiblioteket. Rytter hadde sjølv skipa samlingane fyrr han døydde. Og det er gut som 16


har retta med hag og hard hand – Det spørst um ikkje Rytter er den friskaste og friaste av dei fire store lyrikarane våre, og den som er mest miskjend. For ein diktar! Di meir ein kjenner til norsk og utanlandsk språk og litteratur ser ein det! Eg skyna ikkje Rytter i ungdomsåri, anna stykkevis. Um Rytter kan ein i sanning segja at han vov stor dikting av kavnorsk stoff, for å herma Nielsen. Det er gut som ikkje er redd norske ord! Og for meg valdar dei ingen vanske, eg kjenner dei, eg gled meg yver dei. Ein les utanlandske diktarar – og det er bra og vel, men det trengst at ein gjer seg fri frå dei òg. Det har Rytter gjort. Han vart ingen slave av dei. Arbeidet med Shakespeare har lært han eitt og anna, ver du viss! Nei, dei kunde dikta dei karane. Eg meiner Rytter, Aukrust, Uppdal og Ørjasæter. Skrede er den [som] har halde best på lina og arven. Vesaas og Bruheim er mjuke og fine lyrikarar, og det er òg norsk. Det kan vera stort det stillfarande òg. Men i samanlikning med Rytter, vert Vogt og Wildenvey pasjelyrikarar. Desse fire store, dei har lagt svart etter seg, og det har vore tungt å skriva i nynorsk dikting etter dei. Dei yngre laut søkja andre vegar og prøva seg på andre måtar. Og det har dei gjort kvar på sin måte. I grunnen er det berre Skrede som har våga, eller vore modig nok, til å halda fram som dei stemnde. Han har greidt det. Men, – tidi er sik-kert inne til å søkja halda fram sentrallyrikken att. Det kan gjerast på mange måtar. 5.12.1962 «ELVEGUT» OG «HAVSALT» Ta tvo so små og einfelde dikt som «Havsalt» og «Elvegut» av Rytter. Eg vil påstå at dei er med dei beste dikt som finst på norsk. Rytter var på høgd alt i fyrste boki. Ta dikt som «Gagntre», «Eg tyrstar », «Siglaren» og diktet um Byron i Båra. I Båra stod òg «Elvegut». Sume av dei beste dikti hans er òg i Øya. Ta berre det vesle «Stille kveldar». 5.12.1962 MODERNISTISK OG TRADISJONELT Uppdal er modernist, segjer Nielsen i fyreordet sitt til Nynorsk lyrikk. Eg vil heller segja at han nytta dei tradisjonelle formene på ein uvanleg djerv og fri måte. 31.12.1962 I verselæra til Handagard fær ein nærast det inntrykket at enjambement er ei grov synd. Clement Wood i The Poet’s Handbook segjer korkje frå eller til, det er ein sjølvsagd ting. Eg kan einast segja at eg synest enjambements tvingar seg fram, det er ikkje noko ein kan gjera noko med utan skamfara innhaldet. Og diktet kan verta ledi-gare, ja smidigare og vakrare, det kan gjerne fylgja fleire eller ein annan. Og dei høver godt saman med stogg (cæsur) i lina, (kanskje ikkje for langt mot slutten). I gode vers er den obligate verseformi berre ei bleik grind. Versi må ha det som Hopkins kalla «counter point rhythm», ein overrytme, og soleis må det òg ha si verkelege form, då kverv grindi dei er bygde over. 17


Dette er tankar som serleg gjeld vers skrivne i tradisjonelle former. Men eg gjeng ut frå at det same gjeld aksentvers, som no er dei mest vanlege i nynorsk ly-rikk. 3.1.1963 Til Voss. Fylgde mjølkebilen. Godt og var[m]t i styrehuset. Fekk Lærum til å setja tonni i stand. Gjekk so i bokhandelen og kjøpte Nynorsk lyrikk frå Ivar Åsen til Tor Jonsson, I ånd og sannhet av Grøndahl og Hva er metafysikk or serien Idé og tanke. Gjekk so på jarnbanestasjonen og las til det var tid å dra. 15.1.1963 Nei, nynorsk lyrikk er fælt ålvorleg, skynar eg, eit framhald av tysk romantikk. Men me har mykje fin naturskildring. 17.1.1963 Ynskjediktet gjeng sin gang. I går kveld kom eg til å lyda på sendingi. Dei las mange nynorske dikt, millom anna «Bumannen», eit av mine. Det er underleg å høyra sine eigne dikt lesne. 20.2.1963 Nytt nummer av Encounter. Vindrosen er òg kome. – Skrede kjem med ny diktsamling att til hausten. Sandeleg, det er gut som diktar! Han er vår fyrste mann i dag, både som kritikar og lyrikar. Og nynorsken treng sårt til ein slik mann, ein forfattar som verkeleg er internasjonalt orientert og attåt lærd; me har so altfor mange bygde-diktarar med liti utdanning. 1.5.1963 Eg har lese ut Jonsokbrev av Ørjasæter. Og boki er like kosteleg heilt til slutt. Minne frå Sverige, Tyskland, Frankrike og Italia. Lunt og underfundig, men med store syner og stemningar. Ørjasæter er vel ein av dei fåe nynorske forfattarar som har vigt heile til sitt liv til diktekunst og skrivekunst, og difor har han drive det til noko. Vinje, Garborg er vel dei tvo einaste som òg har drive berre med skriving. 2.8.1963 TARJEI VESAAS: DEI SVARTE HESTANE Ei sterk bok. Eg har lese henne fyrr, men det er lenge sidan. Det er berre synd, Vesaas lyt liksom bera so altfor mykje åleine no; han er den einaste prosaforfattaren av dei nynorske som verkeleg ruver. Då stend det likare til med lyrikken, vel fordi lyrikarane ikkje skjeglar til fortenesta. 7.8.1963 Bok i posten, ei uventa glede, Dåd og dikt. Essays i utval av Sigmund. Me har so altfor lite av slikt på nynorsk. Alltid eggjande, kunnskapsrik, fargesprakande, vidsynt er Skard. Eg gled meg til å lesa denne boki. Serleg glad er eg for stykket hans um Thoreau, ein forfattar eg set svært høgt. 18


23.8.1963 Jan Bull har vore i Danmark og sit fortapt og kjenner seg som ein Welhaven i kon-toret til Vindrosen. Gamaldags. Når han gjer det, kor vilde då ein nynorsk-diktar kjenna seg. Som ein huldrekall. 27.8.1963 Orgland har òg bok; det har vorte vanleg no med ei bok for året, det er retteleg storsmiding av lyrikk her i landet! Enno har eg [ikkje] set meldingi i Dagbladet av Bruheims nye samling; eg såg Dalgard let vel i Dag og tid. Sveen har kome med siste samlingi si, Brunnen; eg trur der er gode ting, etter dei dikta å døma eg har set i avisone dei siste åri, svært gode ting. I alt, nynorsk lyrikk er rik. Skrede, Bruheim, Vaa, Orgland, Sveen og Økland (debutant), Hamre, kanskje kjem det endå fleire. Thorsen har òg ny bok, men han har visst gjenge yver til bokmål. Med prosaen er det kleinare; Vesaas er so å segja heilt åleine. Aslaug Høydal skal me rett nok ikkje gløyma. 25.10.1963 Paal Brekke melder Brunnen, etterlatne dikt av Sveen. Ei sermerkt, stor diktsamling, segjer Brekke. Og eg er glad for det. Eg ser elles av jolekatalogen at det kjem svært mange nynorske bøker i år. Endåtil Ørjasæter er ute med bok. Skrede, Vaa, Sveen, Ørjasæter, Økland, Bruheim, Uppdal, Ingebjørg Sandsdalen, Hamre. 4.11.1963 I kveld held Det Norske Teateret mynstring, dei les nynorsk lyrikk til ære for Ivar Aasen. Programmet stend i avisone i dag. Aasen, Vinje, Sivle, Garborg, Rytter, Aukrust, Nygard, Ørjasæter, Uppdal, dertil kjem diktarar frå i dag. No tek det for ei ære å få vera med. Og det skulde vore moro å høyrt på. Men, merkeleg nok, nynorsken har ikkje gjort noko framstøyt i modernismen; i grunnen var Uppdal og Rytter fyregangsmenn her, og me har ikkje flytt grensone sidan. Rett nok skriv Takvam, Jonsmoen og no Økland moderne, men retteleg modernistisk? Nei, ikkje retteleg. Her kunde vore moro å gjort eitkvart! Størst slagkraft har Skrede, men han er heller ikkje svært radikal i formi. Rett [nok] er god, streng form alltid radikal! 22.11.1963 RAGNVALD SKREDE: MILLOM ROMARAR Skrede skriv ei ny bok for året no. Eg har lese dei tvo fyrste bøkene hans, og so denne; dei tri andre har eg ikkje lese, men mange av dikti har eg set i Dagbladet. No, nokre ord um den siste. Det som fyrst og fremst slær ein er spennviddene i hans dikting. Han utvidar grensone for nynorsk lyrikk. Mange av dei dikti, ja alle dikti er forvitnelege, og har sitt poeng, men alle er vel ikkje like vellukka. Reine perlor finst det likevel mange av, serleg vil eg nemna «Vintersong », «Vindar», «Ei svane stig», «Angen av håret ditt». Jau, han er ein stor diktar!

19


Han er ikkje redd for å vera folkeleg og einfeld, slik Aasen og Sivle var det. Goethe var òg einfeld. Dette er vel det mest sermerkte ved han. Her er ikkje sierater og utspekulert esteteri, greid norsk tale, ord frå hjarta som gjeng til hjarta! Elles må eg segja at mange av tankedikti les ein helst av di dei er forvitnelege, for det er dei alle, ein kjem minder i hug at dei er dikt. Elles nærmar han seg sterkt Nietzsche i si forkynning, må eg segja. 7.12.1963 Nytt nummer av Dag og Tid. Halldis Moren Vesaas har eit godt dikt der, «Skug-gane». So roleg og stilt kan ho skriva. Elles er det eit dikt um skuggeheimen. Eg legg merke til yverskriding frå næst siste til siste strofa; det er ikkje vanleg i nynorsk lyrikk. Ho skriv eit reint rikt mål, utan unotar. 30.1.1964 Modernistisk i form, men tradisjonell i struktur og innhald, slik vilde eg karakteri-sera den nynorske lyrikken. 1.2.1964 ASLAUG VAA: BUSTADER Dette er finaste diktsamlingi i år, det er mi tru. Aslaug Vaa er den einaste lyrikaren på nynorsk som er modernist. Dette er ei som har forstand på verselaging. Dei er djupe, og svært sjølvstendige, desse dikti. 5.2.1964 Dagbladet hyllar Skrede. Han er 60 år. Og det er gildt. Han er ein stor lyrikar og ein pålitande kritikar. Og ein god mann for nynorsk dikting! Den beste me har. 26.4.1964 Eg har teke for meg siste nummer av Vinduet, nr. 3. Det er godt. Der er ti dikt av Peter R. Holm. Han er makelaus. Serleg likar eg «Bølgen» og «Bach». Jau, han og Mehren kan dikta. Alle nynorske forfattarar vert for gamaldagse; i grunnen er det berre Skrede som vert godteken av dei unge modernistane, språket og stilen han[s] er meirkeleg steinsterk og ny. Kor tradisjonell han er. Nei, her må ei fornying til! Og mykje i boki mi er slikt som kunde vorte kalla godt dersom det var skrive for 50 år sidan. Dagbladet nemner då heller ikkje henne. Eg har lært og set for lite. Nei, det er ikkje det heller, eg har ikkje greidt å riva meg laus frå det gamle! Det er det som er saki. Um ein ikkje er lærd eller vidfaren kan ein skriva nytt og friskt um det ein har utanfor døri, det òg gjeng an! Her må viljast noko, noko sterkt noko! Dette gjeng ikkje an. Eg nemnde Skrede. Sjølvsagt vert Vesaas godteken som lyrikar! 11.10.1964 Han [Tufteland] er kjend med verdslyrikken, norsk so vel som skandinavisk lyrikk. Det er eit godt teikn, norsk lyrikk – den nynorske – har for mykje av stoveluft, for lite

20


friskt vêr utanfrå. Det hjelper, når ingen er føre til å ta upp Aukrusts veg; det maktar ingen, ser det ut til. 1.12.1964 Der er svært mange dikt i G.T. På ein måte syner dei mange sidor av diktekunsten på nynorsk i dag. Mange er kjende frå før og typiske for sin upphavsmann. Eg nemner Vesaas, Ørjasæter og Våge. Um Holm har sendt uprenta ting, kan eg ikkje segja, men båe dikti hans er gode og sermerkt holmske. Det er noko eige ved det han skriv. Det beste av dei dikti som truleg er heilt nye, er Jonsmoen sitt, «Det usagte ord». Det er godt, ja, framifrå. Skrive på østerdalsmål, minner litt um Solberg. Lygre sitt dikt er òg godt, men ho er likevel meir vanleg. Bolstad sitt er òg godt. Det vesle ritet eg sende «Skulde gjort», er ikkje mykje med, men det skil seg kanskje ut – på sin prosaiske måte. Elles er det hugnadsamt å lesa litt um Lavik, Joleik og Gullvåg, sterke, trufaste menn. Eg minnest kor gildt eg tykte G.T. var i Gullvågs tid, me hadde bladet heime. 2.12.1964 Brev frå professor Dale. Han sender meg òg bok, Nynorsk dramatikk gjennom 100 år, som kom i år. Ei vakker bok. 22.12.1964 Med nokre rettingar kan dei dikti Tomassen sende meg gjenom Tufteland, verta rett gode. Men Birkeland har rett, ein grunnlærd filolog skal ein lyda på. Nett det, lær-dom og innsikt! No arbeider båe desse karane i den modernistiske leidi, og det gjer dei rett i. Me må burt frå den gamle salmeduren på nynorsk òg. 11.2.1965 FIRE PROFILER Stein Mehren, Georg Johannessen, Per Bronken, Peter R. Holm. v/Per Arneberg Dette utvalet kom nett no. Unge, gåverike diktarar. Ingen dreg på daud last! (For gamal form er daud last!) Nasjonale drag finst ikkje, kanskje, nei ikkje. Kor hjelpelaust gamaldags er ikkje den nynorske lyrikken i samanlikning! Berre tri, Aslaug Vaa, Vesaas og Skrede kan mæla seg – på sin måte. Av dei unge har me Øk-land og Jonsmoen. Aslaug Lygre er heller ikkje so verst. Resten er – ja, dei stend og haltar, og er ikkje komne lenger enn til 1930 og ikkje dit ein gong. Her meiner eg i ytre teknikk – når dei plent vil rekna seg for modernistar. 1.3.1965 Retteleg modernisme har me ikkje hatt, so det er på tid. Alle våre modernistiske forsøk har vore noko for seg sjølv, – tenk på Vaa, Vesaas, Økland til dømes. Dei er ulike svensk og dansk modernisme. Eggen tek spranget. Vel, vel. Her kjem til å henda noko i nynorsk lyrikk til hausten, skynar [eg]. Eg har alt forstade so mykje. 27.6.1965 21


Eg kjenner det i alle fall slik: Dei nynorske lyrikarane er ein attgløymd rase, gløymde av tidi, hjelpelaust provinsielle, gamaldagse. For ei stutt tid sidan trudde dei godt um seg sjølve. Nei, dei fylgjer ikkje med. Berre dei djervaste av riksmålslyrikarane kan i dag kallast på høgd med tidi. Kanskje me kan venta litt fornying no av yngre krefter. 27.8.1965 Dei nynorske forfattarane let seg kuva og rettleida av riksmålskritikken og torer ikkje vera seg sjølve, korkje i emneval eller språk. Det er synd, for det er dei som kan skriva um Noreg og nordmennene. 2.9.1965 Tufteland si bok er god, det skal ikkje undra meg um han fær storfin kritikk. Der er gode ting. Han var heilt hjelpelaus då han for eit år sidan sende dei fyrste dikti til meg. Eg sa berre kva eg lika og slik frametter; men det var utruleg kor snart han ar-beidde, når han fyrst kom i gang. Til slutt sa eg at han skulde lita meir på seg sjølv, og ikkje fara etter alle teoriar. Då gjorde han beste tingi. «Farvegar» er storslege og mange av dei små haikudikti er ypperlege. «Kvelvd båt på land» er godt, det såg eg med same. Han har vore so tosken at han har teke med eit dikt um meg, det likar eg ikkje. Vel, der er krefter i den karen, og idear òg. Han kan verta ein god mann for den nynorske diktingi. Tomassen har hjelpt han mykje, det var han som skulde hatt rosi i samtalen med Brauteset. 9.9.1965 BERANDE RYTME, HUGS DET! Pass deg for prosastilen, kåseri-stilen som florerar i den nynorske lyrikken! Konsentrasjon! Det har eg set lenge. 13.9.1965 Her er for mykje journalisme i norsk lyrikk i dag, serleg den nynorske. Hadde dei endå rima, so kunde kampen med stoffet kanskje skapt minneverdige linor. Men nei, breida seg med prosa-utgreidingar og tru dei skriv modernistiske dikt! 18.9.1965 Dei små ting, gleda yver dei. Hugnaden i kvardagen, dette er ting eg saknar i ny-norsk lyrikk. Sjå, dei er for høgtidelege og myrke; held på med livsgåtone. Bra nok, men likevel! 15.11.1965 ARNLJOT EGGEN: EIT HOVUD I HAVET Ei gnistrande god bok! Her er fart og driv, djupe tankar, ironi, satire yver samfunnstilstand, og personar òg, men og mjuke vâre stemningar og fine kjærleiksdikt. Jau, Eggen har skrive ei god bok! Dette er nye tonar i nynorsk lyrikk! Av og til yverdriv han, men yverdriving må til skal ein få sagt eit sanningskorn. Han skriv lett og leikande, der er musikk i versi hans, og friske bilete. 22


26.11.1965 Mange av dei nynorske diktarane har vore reduserte menneske, ikkje dei beste av dei, vel å merka –. Aukrust var eit fullt menneske, difor kunde han dikta som han gjorde. Um han var mykje sjukleg, var han sikkert eit mykje lukkeleg menneske. Det same var tilfelle med Nygard, Uppdal, Ørjasæter og Rytter. Fullblods menneske. I dag har me halvmenneske, og diktingi vert deretter! 2.12.1965 Nynorsk novellekunst heiter ein antologi som er komen i år. Det stend skralt til, ja, det må eg segja, endå her er ymist godt òg. «Gasten», «Guten og grisen» av Løland og Vislie er gode, og sjølvsagt Per Sivle’s «Hjelpelaus ». Burde ikkje han hatt fleire? Bygd burde hatt fleire, den som er, er heller ikkje av hans beste. Ei mynstring er det. 9.12.1965 Nei, den nynorske lyrikken i dag er skrale greidor! Berre private vitnemål, mest ingen lyfter seg til noko høgd, ser burt frå seg sjølv, leitar upersonlege emne! Nei, her vert skrive mykje skrale vers! Den einaste nynorske lyrikaren som verkeleg var noko med i fjor, var Kaste. Og Eggen er ikkje verst. Kaste og Eggen og Takvam ris høgt yver dei andre, ja Tufteland må eg òg rekna med til dei beste. 12.1.1966 Den nynorske lyrikken er for ålvorleg, for grå. Dei er for ufrie, toler og torer ikkje sleppa seg lause, dei er for bundne. Som ein som skriv er bunden av forskrifti han hugsar frå folkeskulen. Keidsamt blir det i lengdi. 27.1.1966 Norsk poesi frå Wergeland til Nordahl Grieg heiter eit utval som kom for nokre år sidan. Eg tek boki, som ein framand, ho stend i lag med svenske, danske, tyske, franske og engelske antologiar som eg har. Eg opnar boki, ser på Wergeland, Welhaven, blar fram til Larsen og Reiss-Andersen. Dansk lyrikk, dansk lyrikk! Og vert sorgfull. Noreg har ikkje noko språk, berre den nyansen som dansken har hjå oss. Det vesle innslaget av nynorsk lyrikk, so lite det er, lyt stå for det som er norsk. Slik er det stellt med oss! 3.2.1966 Brev frå Tufteland – med nytt manuskript. Eg er byrg av han, han gjeng fram med kjempesteg! Ein strålande diktar! Han lagar mytar! Det som slær meg er at [han] er heilt ulik alle andre, dei heng fast i resonerande, logisk utgreiding eller skildring. Tufteland lagar mytar! Nye, djervt skisserte. Syner. Nei, han vert den beste nynorske lyrikaren i tidi som kjem. Ja, Obrestad og Økland er no so unge at ingen kan vita kva dei kan driva det til. 23


10.2.1966 LITT NORSK Nynorsk lyrikk er i ei eigi stode. Me har so mykje å ta att. Aasen og Vinje har mykje av det 18 hundraåret, den som på høgd med si tid er Garborg. Ørjasæter, Aukrust, Nygard er våre romantikarar. Uppdal og Vaa og Vesaas er på høgd med si tid, eit undantak att, som Garborg. Og no ser me at modernismen har me stort sett til godar, den ser ut til å koma no, 50 år etter Europa elles. Det som er det gledelege er at alle desse er ekte diktarar som det er ei glede å lesa, kvar stilperiode ein so vil peta dei inn i. Kva ein skal rekna Holm for, veit eg ikkje, men ein atavisme er det, og venteleg utenkjeleg i eit anna språk, på grunn av våre sereigne språklege og kulturelle utvikling. Det som er det store er at diktarane har hatt mod å gå desse vegane og gjera dei storverk, som dei har kjent pålagde seg. Dei har kjent seg som talsmenn for eit folk, og har ikkje kjent det som si uppgåve å uttrykkja nett sine personlege sviv. 13.3.1966 At dikt som etter skandering er skrivne i same form, kan ha heilt ulik tone, ja heilt ulik rytme, er noko av det mest forunderlege i versekunsten! Engelske diktarar har for det meste halde seg til jambar. For nynorske diktarar høver vel trokéar like godt. Sjå Kaste! 19.3.1966 Den 18 aug. var eg til Voss. Åt kumlor på Kjos Kafé, gjorde litt innkjøp, og gjekk upp til Hellesnes. Der sat eg i tri timar, fekk kaffi, og me prata um mykje og mangt. Han og frua hadde vore i Danmark i sumar, butt der heile ferien. Jon, son deira hadde teke magistergraden i filosofi i vår, og var no tilsett som lektor ved universitetet i Bergen. Avhandlingen hans kjem på Grundt og Tanum i haust. Skule av nynorske filosofar. Skjervheim, Skirbekk og no Hellesnes! 22.8.1966 Når eg enno av og til fell attende til tradisjonelle verseformar, er det fordi eg meiner dei på nynorsk enno ikkje er utnytta, ein kan lokka mykje rart or dei tradisjonelle former enno. Alt i alt, eg skynar det held på å skje noko i ung norsk lyrikk, kanskje serleg i ny-norsk. 4.10.1966 Unge menneske sender meg bøker og dikt, eg har visst arbeid lenge skal eg skriva og svara dei; dei ventar vel ein skal segja noko um det dei har gjort òg, ikkje berre takk. Ein gut på gymnaset på Voss sender meg ei heil diktsamling – han vil debutera, skriv han. Han er 18 år. Jau, dei veit kva dei vil, dei unge. No, eg vil no segja at litt kan han no drygja. Endå, eit slags poesi er det. Der er underleg å sjå at ungdomen baskar og tumlar med dei same problem som dei fyrr gjorde. Ein gut som gjeng på universitetet Bergen, skriv mange foliosidor med tett uleseleg skrift, og er fælt klok og har mykje 24


sjølvtru. Når dei berre kunde skriva tydeleg! Det er det med ungdomen i dag at han trur han veit alt mykje betre enn eldre folk. Og eldre folk gjev seg lett for djerv kritikk, og slepper dei unge til. 12.11.1966 Vesaas! Han gjev oss mod, denne mannen. Me nynorsk-skrivande har i alle fall ein stor diktar millom oss. Måtte han so få den einaste påskyningi som er ein slik mann verdig: Nobelprisen. For vår skuld og for hans eigi. 9.10.1966 UPPDAL: HESTANE MINE. DIKT 1963 Desse har eg ikkje lese fyrr. Gode. Mange. Herdsle-blå eldtistlar! Og kosmisk kjensle! Ein skulde lesa meir nynorsk likevel. Her er mykje godt. 26.11.1966 Lese meldingi i Dagbladet. Har misforstade, ser eg. Ein må ikkje leda på seg. Der er fastlagde banor for nynorsklyrikarar! Elles sume gode ord. 22.12.1966 POUL BORUM: POETISK MODERNISME Berre ein diktar er god nok, kjem han inn under umgrepet modernisme. Det er soleis eit svært tøygjeleg begrep. Slik er det, ja han er svært romsleg Poul Borum. Alle store diktarar etter 1850 er modernistar, etter hans meining: Baudelaire, Hardy, Bull og Celan og Eliot og Pound. – Elles gildt å sjå at han har øyra ogso for nynorske diktarar, ja Aukrust og Nygard har eigen umtale, og Bull vert sett som «Nordens største» lyrikar, ordi er Kristensens. 27.7.1967 Har blatt litt i Ordene og verden som Willy Dahl har sendt meg. Det er den fyrste samling av diktanalysor som er komi på norsk. Sikkert ei verdfull bok. Dahl har skrive eit langt fyreord, eit yversyn på norsk lyrikk i dei siste 100 år. Som sagt, sikkert mykje godt, men eg synest Uppdal kunde hatt litt fleire ord for sin pionér-gjerning. Når skal det gå upp for litteraturhistorikarane kor langt fyre si tid han var? Her i landet, vel å merka. På line med tysk impressjonisme, den han kjende til. Elles kunde no Ørjasæter og Vaa vore nemnde. Nynorsk lyrikk kjem alltid i bakgrunnen, når riksmålsfolk skal skriva um norsk lyrikk. 8.9.1967 Jau, den innleidingi til Willy Dahl i Ordene og verden er god. Han er gløgg, Willy Dahl. Og godt teoretisk skula. Det er berre det at Uppdal skulde hatt meir umtale, han er den store fornyaren i norsk lyrikk, ikkje Jacobsen, som han vil ha det til. Når skal det gå upp for norske litteraturhistorikarar?

25


Men han skreiv på nynorsk, det er det. Dette vert ei bok som vert mykje og vel granska av mange, og det er rett. Interessa for lyrikk er stor millom dei unge i dag. Endå Jacobsen er god nok! 10.10.1967 ØKSI STÅR I STABBEN Segjer Vold i diktet til Vesaas (eg gjeng ut i frå at det er til han sidan det står i festskriftet til han). Det er godt sagt. Men det kan no henda Vesaas er tenkt å bruka øksi sjølv enno. Me fær vona det. For utan Vesaas vore ikkje nynorsk bokheim nokon ting i dag, endå me har mange som skriv flittig, serleg stutte vers! 11.10.1967 Eg ser meir og meir at Vesaas har skrive det beste av lyrikk på nynorsk etter krigen. Tak «Båt ved land» til dømes. Det er godt. Beyer har ikkje tolka det for inkje. Kvar finn ein so fine dikt? For dikt er no ein gong eit dikt. Ei utsegn eller ein påstand vert ikkje noko anna – endå det står og skal gjelda som vers. 16.10.1967 Gide fortel han tek att Béranger’s «Chansons», som stod so oveleg høgt i si tid. (Goethe har ikkje store nok ord um dei). Men, han synest alt er flatt og vulgært. Kor kjem det til å gå med all nasjonallyrikken på nynorsk? Ille, trur eg. Det meste er i same ånd, heller verre enn Béranger. 23.10.1967 NOREG Det er på tid å krjupa innatt i berget. Her i Noreg. Det er der kjeldone spring. Fara rundt i verdi og leita etter uppsop og triks med ordkunsten – kva tener det til? Ingen ting. Det som er seg sjølv, kan hjelpa andre òg. Kvi nosa etter kva andre har? Jau, det er noko i det. Odin gjorde òg det. Stela kunst. Noreg gjekk under. Kvifor? Fordi dei slost? Nei, fordi dei hadde gløymt å dikta, difor miste dei skriftmålet sitt og. Shelleys ord um at diktarane er lovgjevarane i verdi, stend. Ny mentalitet? Fordi me fyk eller køyrer bil? Berre innbilling. Hugen til menneskja er den same. På djupet, sjølv um yverflatestraumar kvervlar aldri so mykje. Slå tonen der! Rør djupnene! Då er du diktar. Sjølve jotunen i norsk lyrikk er Uppdal. Slikt hogg i norsk språk og hug og berg har ingen norsk diktar gjort. Det språket, rått, sterkt, vått av jord og stein, vove og med sylvstripor og issoleior i millom. Når skal det gå upp for dei kva diktar me har i han? Men lat oss tegja, lat dei unge jaga jordkula rundt etter stilistiske knep, – og lat jotnane sitja trygt og dvergane med i sine berg, dei kan verta gode å ha! Island, nei Island er ingenting å lita på, det er Noreg, det var vel her dei dikta fyrr òg, eg kjenner det på meg. Jag etter vind. Jag etter det utanlandske. Lat no desse kafé-litteratane spela seg. «Havet» til Uppdal er eit herleg dikt, sterkt i språk og form og klårt i tanken. Det er eit av dei få dikt på norsk som er skrive i trance. Ikkje alle skynar slikt. 26


Eg skynar vel Skrede. Lat no desse unge sleppa til. Eg kryp inn i hola mi. Kanskje det er rett. Og at han likar det, det var ikkje uvelkome med litt skvett, tenkjer eg. Dei unge nynorskfilologane er under tyrrani av bokmålskritikarane; dei torer ikkje skriva um andre enn dei nynorske diktarane som vert godtekne av dei. Og Norsk litterær årbok minner oss um ein stor norsk diktar, Solberg. (Dalgard) Kanskje ein må til engelsk lyrikk for å forstå kva han er – (The metaphysical Poets), men han er norsk og betre enn nokon av dei. Den mest ekte lyrikar i landet i dag. Med si frie, leikande form, endeleg ein som har gjort seg fri den gamle spenntrøya, og endå syng! Syng, ja, har musikk i versi, ikkje flat, kantut prosa som mykje av det nye gjeng på. Han må òg vera ein lærd mann. Det som er sjølvsagt for ein akademikar, vert so snart ein arbeidsmann blan-dar seg burt i det, blåse upp til noko serskilt, endå han, med sine skrale språkkunn-skapar, har små vilkår for å dra nytte av slik lesnad. (Diktarar på framande språk.) Solberg er verkeleg ein nyskapar - i form! 28.11.1967 Eg fekk høyra av tvo av dei beste lyrikarene som riksmålet har i dag, den eine (M) fekk eg høyra det hermt etter, frå den andre (J) høyrde eg det frå hans eigen munn, at landsmålslyrikken i dag er ingen ting. Slik fall ordi. Eg vil i alle fall påstad at Vesaas og Kaste er so gode som nokon me har hatt. 14.1.1968 Riksmålsdiktingi har noko av same sermerki som bymøblane, landsmålsdiktingi drag av landsens handverk. Europeisk stil gjer seg gjeldande i dei fyrste, i det andre meir primitiv kunst. 22.2.1968 Obrestad har dikt i Dagbladet: «Me har høyrt blindt i denne frosten». Her er rømder, og stor intuisjon. På tid at dei unge bryt ut or den turre monotype poesien som har vore på moten på nynorsk! 10.-3.1968 Obrestads nye dikt: han gjeng lenger, burt frå symbol, dobbeltydingar, hermetisk ordleggjing, ut or «diktet», burt frå konvensjonane. Herlege dikt! Stort format. Den fyrste moderne nynorske etter Uppdal. Klåre ord, som tyder det dei tyder … Eit godt program! 8.10.1968 EINAR ØKLAND: VANDREDUENE Ja denne karen har alltid vore underleg, og underlege ting er her òg. Mykje forstår ikkje eg, men «Objekttap», «Billedleg tale på øya», «Fartein Valen», «Auga i havet», «Opningen», jau dei er gode. Lenger har eg 27


ikkje lese enno. – Desse tri karane, T.O., P.H.H. og E.Ø., er oveleg evnerike, dei kjem til å skapa noko heilt nytt i nynorsk lyrikk. Me andre, serleg me eldre, er tradisjonsbundne og stive. 18.11.1968 TOR JONSSON Den fyrste boki hans var best, når dvergane kom ut og banka blanke blad um nætene og han sjølv gjekk med bot i rævi. Den siste boki er ikkje so god. Der er sumt, der òg, som er godt, det er so. Nei, han vart litterær. Då er det ute med dei. 18.11.1968 Til Voss. Fekk tak i Norsk lyrikk ved Paal Brekke. Det stemmer, boki er trykt i Odense, og eg ser format og utstyr er Spætteserien til Gyldendal i Køpenhavn. Ja, ja. Eg segjer ingenting. Eggen, Obrestad og eg er alt av nynorsk. 3 mot 12, dertil har dei mykje større plass. No, dei er vel mykje betre òg. Er dei det? Eg trur nynorsk lyrikk er meir aktuell og på høgd med tidi. Ja, so stygt snakkar eg. 24.12.1968 Dette står jeg inne for, antologi av Odd Solumsmoen på Bokklubben. Ei samling med nordiske dikt, valde av forfattarane og med ein merknad eller etterord til, sume lange, sume stutte. Her er visst 20 svenskar (nokre av dei er vel finske), 12 danskar og 17 nordmenn, av dei skriv fire nynorsk. Sume har ikkje vilja vore med. Øverland, Ørjasæter, Ekelöf, Lindegren, dei fremste, kan ein segja, er burte no, men S. var ute so tidleg at han fekk dei til å velja og skriva kommentarar. Ja, eit vakkert utval. Men det vert parade. Børli og ja, han er ikkje med. 21.2.1969 LAXNESS: EGIL SKALLAGRIMSON OG FJERNSYNET Kor dei skryta, stakkar! Kvar kom dei ifrå. Kvar hadde dei språket og arven sin frå? Dei nordmennene som flytt ut til den øyi. Lat dei skryta, og søkja skjol og trøyst hjå svens kane. Noreg har råd til å ha bore Island fram òg. Er der ikkje like godt språk i Gulatingslovi som i Njåla? Kvar dei hadde språket sitt frå, veit ikkje eg, men det liknar mykje på gamalnorsk. Men me var aldri so flinke å dikta. Nei, me har lite som kan kallast norsk litteratur. Lovene, Kongespegelen, Talen til bispane (skal me segja innskriftene på nokre gravsteinar, som Eggjum-stein-en og Opedalsteinen, dei kan vel kallast vers) og ein slump brev, so Draum-kvæde og folkevisone, eventyri, segnene, rim og gåtor og reglor, ordtak, dessutan det som er skrive på nynorsk etter Aasen si tid, (Storm òg) ja, stort meir har me ikkje som kan kallast norsk. Kva me skal kalla det som er skrive på norsk-dansk etter 1900, er ikkje godt å segja, alt fyre den tid er i alle fall dansk. Slik er status. Nordmennene kan ikkje dikta, hadde dei det kunna, vilde dei hatt sitt eige språk. 22.4.1969

28


THE LIVING MILTON Her har Frank Kermode samla essays um Milton, alle til forsvar, må ein segja. Serleg er Bergonzi: The Milton Controversy svært lærerik. Nett det, at klassikarane til [ei] kvar tid er med i skapingi av det nye. Men òg, som Eliot strekar under, at dei til ei kvar tid er i umvurdering, for det nye som vert skapt, har òg tilbakeverkande kraft. Eit slikt essay fortel so mykje, og er serleg lærerikt i samanheng med Obre-stads syn på Aukrust. Den nynorske litteraturen er ung, men gamal nok til at dei same ovringar gjer seg gjeldande. Sigmund Skards svar på Obrestads åtak er eit godt døme på kor so forsvaret skal førast, ikkje med harme og skjellsord, men med saklege argument. 8.5.1969 HILDERØYA For eit spel! For ei bok! Kan nokon verta klok på slikt? Noko av det mest vedunderlege norsk bokheim har. Spøkjer Adler? Eg berre gissar. Makt? Ikkje? Makt, yver sjø og yver kvinnfolki? Eg merkar det på Paal Brekke. Han mislikar dei stubbute kvardagsversi som har teke yverhand i norsk lyrikk – serleg i nynorsk. So lett er det ikkje å dikta! Han har rett! Me må ut or det der! Fylgja Duun (endå han skreiv ikkje nett vers) og Vesaas, diktarane! Rolf Jacobsen, Børli, Ørjasæter! Skrede er god nok. 26.9.1969 Har ingen ting å skriva um. Er tom. Men elvar fører vatn til det nedtappa fjellvatnet. Det er det eg lit på. Trygt å vita luka til uttaket stengd. Revebjøllone stend byrge i skråningar langs vegkantane. Hugsar diktet til Claes Gill. Og Astrup. Sjølv har eg òg songe um desse raude grenaderane. Fyrr, då eg var gut, gjekk eg med ein kjepp og slo hovudi av dei. Torde ikkje koma dei nær, dei var giftige. Jau, eg hugsar eg kneip alle bjøllone når humla var inne i dei; då surra ho fælt, let ille. Les gjenom Cu Chi og lag eit dikt! Han segjer ikkje korleis det skal vera. Mange hadde måla eit tre fyrr. Likevel måla Munch eit tre. Når dei hadde vatn, mol dei. Sat heile natti. Hjå Ivar Aasen, Uppdal, Nygard og Ørjasæter tek eit menneske til å tala, med andedrag, mynd og mæle, – det er det som skil desse ut frå rim og dill-dall-lyrikken på nynorsk. Kor mange skynar det? Dei kviler i seg sjølv, kjem med si sigi tyngd, er – Dei unge er det voner for, mange då. Og ikkje å gløyma den som no nyss gjekk burt, Vesaas, han hadde si eigi røyst. 26.6.1970 Vinje kan, som berre ei kunnskapsrik og sterk ånd kan, vega på eggi millom ålvor og skjemt, ofte ytrar han seg gjenom negativ. Dølen. Smidja der det nynorske skriftspråket vart til. 29.6.1970

29


Fyrste upplaget av Vesaas utseld, – på 4–5 dagar! Det har vel ikkje hendt ei nynorsk bok fyrr. 22.9.1970 Ein merkeleg stor norsk lyrikar: Rolf Jacobsen. Men me har Boyson, Hofmo, Gill òg. Eg set kryss ved Hofmo og Jacobsen. Riksmålet har mange, nynorsken ingen i dag? Skal. Skal. Ham. Liv i nashorn og hornuglor. Der er vel liv. Jacobsen har fanga snigelens liv; so veik han er … «han vandrer på et kyss.» 2.1.1971 Nynorske lyrikarar driv som dei har gjort helst det engelsmennene kallar retrenchment, grev seg ned og held på gamle stillingar. Undantak var Uppdal, Aslaug Vaa, Vesaas, – og no desse heilt unge. I ein tunnel treng du ikkje førar, men ljos. 3.1.1971 Valplassen. Radt surrealistisk. Fantastisk. Det var det eg visste, vossingane laut vera ein stad. Det laut ein vossing til, ein vestlending. Valplassen og Draumen er tvo av dei beste romanar nynorsk litteratur eig. Det er no sikkert. Og det er nok. Vestlandet, det gamle, har Valplassen. Det er romanen. Babel? 1.11.1971 Fritz König sender utvalet av nynorsk lyrikk på engelsk, sernummer av tidsskriftet Micromegas, utgjeve i Amherst. Ja ja. Uppdal er ikkje med. Sjølvsagt må beste mannen vanta! Og eg lyt segja dei tek det lettvint med umsetjingi! Ikkje rimi, ikkje rytmen er med. Ja ja. Frie vers kjem godt frå det. 10.1.1972 Stille dagar. Det er sundag i dag. Yverskya. Litt kaldt. Tenkjer på kva eg har teke med og ikkje teke med i boki Rannem i Oslo no skal prenta. Sikkert mykje gale. Men – lat det so vera! Med dei typone vert boki stor. Men, noko stort livsverk er det ikkje! Samanlikna med det dei aller fleste har gjort. Endåtil nynorske forfattarar har vore langdrjuge, dei fleste som har nått års alder då. Ikkje dumt å skriva lite! – Kor som er. 2.5.1972 Heime att. Til Flora. Las der 16. febr. So til Sandane dagen etter. Las um kvelden på Firda gymnas. Mykje folk. So på gymnaset dagen etter. So til Hyen med ferja, og las der um kvelden. Livlege folk! Fraus fælt um natti i eit kaldt rom. Dagen etter til Jølst. Las der um kvelden. Dagen etter til Førde. Til Vevring um kvelden. Las der. Fest hjå karane på Tingnes. Dagen etter på Førde gymnas. Las um kvelden på eit møte. Stegane heldt foredrag på kvar plass, tala um nynorsk lyrikk. So las eg då etterpå. 30


22.2.1973 Præriekveld av Arnfinn Bruflot. Sjå der! Det er greidt at han stend høgt yver dei som skriv på nynorsk her i landet. Ser dei sjølve det? 7.1.1974 Den nynorske er kimen, som bryt fram innanfrå folkedjupet – Riksmålsdikting – det ytre skalet, fallande, daude skjel – «Dei vilde ikkje bli til noko, fekk dei ikkje hjelp frå bokstavane. Bokstavane lagar mekanikken i dei.» Uppdal («Domkyrkjebyggjaren») 4.10.1975 Ivar Haugen sende meg ei diktsamling som han bed meg sjå gjenom. Nei, dette gjeng ikkje! Eg lyt segja kva eg synest. Han hadde sume gode i fyrste boki. 5.3.1976 Ekko. Kringkastingi hadde litt um norsk lyrikk på ungarsk. Det har kome ein antologi av norsk lyrikk i Ungarn siste året. Upplag 6000, alt utseld etter tvo–tri månader. I alt 12 namn; den eldste Arnulf Øverland. Eg den einaste av dei nynorske, etter som eg forstod då. Jacobsen kjem i eige utval der burte til våren. So det hadde gjenge godt, sa utgjevaren. Den engelske antologien til Robin Fulton, den høyrer eg ikkje gjete, veit ikkje kor den har vorte motteken. 7.12.1976 Oslo og Bærum lektorlag skal ha seminar i mars. Prosa og lyrikk. Tri dagar. Spør um eg kan vera med, lesa upp, snakka um nynorsk lyrikk. – Til det svarar eg vel nei, sidan eg fyrst er byrja med det. Kanskje ikkje rett, når eg kan? 29.1.1977 Nynorske forfattarar har alltid hatt god greide på verdslitteratur, vore kjend med det beste, segjer Willy Dahl ein stad. I serien som gjeng i NRK no, Forfattarar vel bok, la eg serskilt merke til Heggland og Skard. Heggland snakka um Lawrence’s novellor, Skard um ei novelle til James, «The Beast in the Jungle». Dette tykte eg var gode val. Lawrence! Eg har ikkje lese «St. Mawr» fyrr. Sjølv kalla han novella for ein liten roman, for ho er lan 23.8.1977 Høyrer at Fløgstad har fenge D.n.p. for Dalen Portland. Godt gjort! Og til glede for alle nynorskfolk! Han sa sjølv i samtalen med Vesaas nett no at han vil gjeva pengane til skuleaksjonen for nynorske lærebøker. Det var òg fint gjort! Sjå, desse unge er då vona og framtidi likevel! 31


11.1.1978 Fløgstad D.n.p. Fint! Både for Fløgstad, dei andre unge forfattarane her i landet, og for oss som brukar nynorsk. 13.1.1978 ØRE AV VELKLANG Visst, nynorsk lyrikk, dei var litt øre av velklangen, og fargebragdi i språket, dei fyrste lyrikarane våre. Kanskje serleg generasjonen Ørjasæter, Aukrust, Nygard, Uppdal. Øre av velklangen! 21.3.1978 Var ein tur til Stord, til lærarskulen i fyrre veke. Bodil var med. Økland tok imot oss. Det var gut som hadde samla seg bøker! Lærd, bibliofil. Mykje sjeldsynt gamal nynorsk litteratur. Mangt anna verdfullt. 21.4.1978 TIDI GJENG MED TIL Å MOKA DRIT Dette er grovt sagt, men sant. Set koka og vaska, moka snjo, bera inn ved, hogga ved, gå og kjøpa, setja potetor, flikka på husi, bøta sokkar, og ikkje minst for alle dei som lyt stå dagen ut i ein eller annan jobb for å tena til uppheldi for seg og sine. Dei fåe stundene me røynleg lever, vert få. Fåe vert gullklumpane me finn, fåe synest dei store gledone. Um me ikkje då snur på verdi-ane. Og segjer det er alt dette kvardaglege som er noko, er livet. Og lærer å gleda oss yver kvar stund? Kven har lært oss å verdsetja visse upplevingar som mykje meir verdfulle enn andre? Dyre, store, djupe, herlege? Seg det. Frodig lyrikk, segjer dei, og mange skriv nynorsk. Det nye i den sokalla nynorske lyrikken er eit halvdansk utvatna språk som ikkje er korkje fugl eller fisk. Tankelause, dei har det so annvint med å dra inn att i bruk alle desse danske ordi, som dei gamle målmenn prøvde å få ut og greidde seg so godt utan, ja dei hadde gode norske ord for dei aller fleste. 18.9.1979 KRYSS I TAKET Set litt meir i Orvedals bok, Moldmennsje. Her er noko nytt! Godt. Gamalt! Som eg kjenner meg att i. Dette er ein av dei merkelegaste debutantar etter krigen. Orvedal var hjå oss nokre dagar for nokre år sidan. Nokre brev og dikt har han sendt meg sume tider. Og so ein ting til: Endeleg ein debutant som skriv norsk! 6.10.1979 TANKAR EIN GJER SEG Eg sit og les brev og ymse skriftstykke frå 1400. Mange brev er på dansk, mange på ei blanding av norsk og dansk. So eit skrift or ei rettssak. Velsigna god norsk. Og eg gled meg. Soleis trur eg det vil kjennast for dei som ein gong i framtidi sit og les ting som er skrivne i dag. Ein tekst, det kan vera ei forteljing eller eit dikt, som er på god norsk (her meiner eg nynorsk) vil gleda dei. So mykje vert det att av nordmann i dei. 32


20.11.1979 Eg sit og les korrektur. Ikkje mange feil å finna denne gongen. – Ja, sit og les desse versi mine. Eg kjenner dei. Men eg toler likevel sjå dei att. Berre desse versi, noko meir har det ikkje vorte. Kor mykje har dei ikkje kosta meg! Eg kunde lett ha skrive so mykje meir, både vers og prosa, – eg er då skrivefør som mange andre. Men eg veit ikkje um det hadde vore so mykje vunne med det. Og eg har prøvt å skriva norsk. Ja, um eg so skal verta den siste som skriv på nynorsk, skal eg gjera [det]. Soleis har eg alltid tenkt. For den nynorsken som no vert skriven og gjeng for å vera det, er ikkje nynorsk. 29.6.1980 HEGGELI Sundag kveld bad overlege Endresen Skard og frue til kvelds. Forvitneleg å snakka med dei. Skard kom med ymse merknader til dei unge nynorske forfattarane. Sant, sant. Eg skal ikkje herma kva han sa. Men å tru at råskap og tøv skal lyfta den nynorske litteraturen er no barnsleg. Me var samde um at me har mange friske evnor. 15.9.1982 Dei fyrste som skreiv nynorsk var aristokratar. Dertil var dei flest alle godt inne i nordiske språk, kunde gamalnorsk, dansk og svensk, og dei leita seg fram til det beste i dialektane, stutt sagt, dei prøvde å skriva eit so godt og fint norsk som råd var, alle etter si evne. Ta Aasen, Vinje, Garborg, Mortenson, Seippel, Sivle, Ørjasæter, Aukrust, Uppdal, Nygard, Duun, Liestøl, Midtun, Vesaas – og mange mange andre. Men når folk flest skulde til å skriva på målet, vane som dei var med dansknorsk, vart det so ymse med norsken, som ventande kunde vera. Garborg nemner dette i dagboki si 1912. (4.12.1912): «… di meir heile Landet og meir av Byane kjem med, di sterkare vert Krave um eit norsk Maal som er breidt og flatt nok til aa vera Allemannsflatseng.» Og vrid seg, har ikkje hug å vera med her. Han skulde levt i dag! No øydelegg dei med lovar det han og dei andre gjævingane gjorde for å atterreisa norsk mål i Noreg. 28.1.1983 Eg legg merke til korleis Garborg ser på dei nynorske forfattarane som tek til å debutera frå 1900 og utyver. Han segjer ikkje so mykje um dei i dagboki si; det er helst i tilknyting til stipendutdelingane, han sat lenge i Det litterære råd i Forfatterforeningen. Aukrust, som eg har lese han skal ha vore so uppglødd for etter han hadde lese Norrøna-songen, nemner han mest ikkje, ikkje etter Himmelvarden kom (1916) heller. Han nemner han ein stad i lag med fleire andre som kunde ha fortent stipend, det er alt. Den nye forfattaren han straks legg merke til [og] fylgjer, er Uppdal. Då Kongen kom i 1920, skreiv han um boki i Dgbladet. Korleis han lika versi til Uppdal, veit eg ikkje. 33


5.3.1983 NAMN PÅ HELTANE Namnet på heltane er halve dragkrafti og glansen dei har – serleg for ungdomen og borni. Eg tenkjer stundom på at dei fyrste diktarane på nynorsk var heppne soleis: dei hadde namn som fengde: Vinje, – berre me høyrer namnet, ser me vinden tek i trøya til denne fjell-mannen, fri og tobakkstyggjande, rapp på munnen. Og Sivle, dette namnet frå den einslege fjelldalen, minner um elvesus langt der inne millom fjelli –. Og Garborg, stød og trygg, med eit namn som ein mann kunde møta med kvar det var, det var gamle bondestandet attum. Aasen. Ja, her er noko merkeleg, ikkje det heller, det er tvert imot noko grått og kvardagsleg yver dette namnet. Kanskje det har gjort sitt til at mange har tykt det var noko kvardagsleg med heile mannen? 30.7.1983 DESSE UNGE DIKTARANE Desse unge diktarane våre, ja, eg meiner dei som skriv på nynorsk, er so redde å bruka norske ord; dei vil fisa seg inn og tekkjast byfolk, difor passar dei seg for å koma med eit ord eller uttrykk som dei ikkje skynar. Tenk det! Ja, so lite sjølvstende har dei. «Ei sorg skal med ei større sorg svalast,» sa Grette. 13.10.1984 Um kvelden til Ernst Magne Johansen i lag med Eli og Ragnar. Han er målar og lærar på Kunst- og handverkerskolen i Oslo. Arne Falk var onkel til kona hans, ho hadde arva boksamlingen til Falk; der var mange fine bøker, slike som no er utselde, serleg hadde han ått mange bøker på nynorsk som ventande var. Det var ein gild kveld i ein vakker heim. 29.11.1984 Eg trur dei beste dikti me har – etter krigen i alle fall, er dei Vesaas har skrive. Lat meg leggja til: på nynorsk, so er eg sikker. Til det siste levde han so i og med naturi; han vart aldri litterær, det er det sermerkte med Vesaas. 11.1.1985 Den siste store forfattaren i nynorsk-litteraturen var Vesaas, med han enda ei 100-årige line, frå Aasen, Vinje, Garborg, Sivle. Etter Vesaas kom nedgangen, og i dag for-virring og uppløysing. Det segjer seg sjølv når forfattaren med vitande og vilje øyde-legg språket, sjølve grunnlaget, kan det ikkje verta noko dikting heller. Skrede orda frampå at den nynorske bokheimen skulde hatt si eige soge. Det var ein god tanke, berre me hadde hatt rette mannen til å skriva henne. Synd ikkje Dale fekk fleire levedagar, han kunde kanskje vore mannen. Eller Dalgard. 16.5.1986

34


Skrive takkebrev til Leif Mæhle – for boki um Ørjasæter. Med same kom eg til segja at soga um Den nynorske litteraturen spenner yver 100 år, frå Aasen til Vesaas. Vesaas er den siste store av ei lang rekkje lysande namn. Etter han har målet gjenge i uppløysing og diktingi vorte deretter. Me har ikkje lyft arven og ført verket deira lenger fram. Atter er me inne i ei tid med uår på folkevit, det er diverre ikkje fyrste gongen det har hendt oss. Me lærer aldri. 19.5.1986 B.T. har ikkje noko referat av Bokdagen laurdag. Ein av journalistane har eit flåsut stykke der han gjer narr av bøkene og forfattarane; ikkje skriv dei so folk skynar dei og ikkje kan dei lesa høgt heller. Det siste kan eg vera samd i. Debatten um Det 7de klimaet, Fløgstads roman i år, spottar han serleg. Ja, ja, det er mange meiningar um boki, men Fløgstad greider det ingen andre greider, han fær litteraturkritikarane til å rjuka i tottane på kvarandre – det er ikkje lite berre det. Det skulde vera eit merke på at det er noko med henne. Nynorskforfattarane kan vera byrge av å ha ein slik mann millom seg. 29.11.1986 Det nynorske litteraturspråket var ferdigt, det var brukt og vel dyrka då etterkrigs-tidi tok til. Men i staden for å læra og bruka den dyre arven, gjekk ungdomen til bokmålslitteraturen og stal det dei trong. Synd! 29.3.1988 Vigleik Hamre hadde bede oss til Sekse til middag. Ja, kl. 9.30 drog me. Og gildt var det å koma heim der. Bok- og kunstelskarar både han og kona. Etter middag gjekk me ned på skulen; der skulde Drage visa og tala um nye barnebøker på nynorsk. Det var gildt å høyra på. 6.11.1988 Forfattarar som skriv på nynorsk, fær ofte høyra at dei ikkje er aktive i målstriden. Dei er det, skriv dei godt mål. 27.1.1990 Lese gjenom I eit Bergsto-år av Arvid Torgeir Lie. Forunderlege friske dikt! Nye ja, men ikkje berre det, men «nye» på den måten at dei er onnorleis enn andre dikt. No er det noko som skjer med nynorsk lyrikk, han er vorten fri den gamle bunaden, han er laus og ledig. Berre eit lite døme, eg tek Vesle bekk. Det er godt! Her er mange. 5.9.1990 Hans Henrik Holm. Oslo heidrar Johan Svendsen som ein av sine største søner i desse dagar. Kanskje kjem den dag at Hans Henrik Holm vert heidra på same vis? Kanskje

35


som den merkelegaste av alle? – Du les ikkje meir enn nokre linor av han, fyrr du kjenner gufsen av det norske, meir hjå han enn hjå nokon annan norsk diktar. Tok menn som Seippel, Henrik Rytter, Harald Beyer i miss då dei helsa han velkomen i norsk bokheim, då fyrste boki hans kom? Var dei blinde? Nei, dei forstod seg for godt på skaldskap til det. Det er me som ikkje fatar kva Holm er. 21.9.1990 Eg tek fram att Den nye landsmålslyrikken, den vesle boki Dalgard gav ut for lenge sidan, det var 1926. Der mynstra han dei, desse gjævingane frå 1880! Rytter var fødd 1877, Ørjasæter 1885. Uppdal, Aukrust og Nygard, i alt 5 mann, men endå kanskje dei beste lyrikarane me har hatt på nynorsk 21.2.1993 Elles ymist i siste Syn og Segn. Hansson, ein svenske. Snakka litt med han i vår i Oslo. Han prata um Taxus, barlind, hugsar eg. Skyum-Nielsen skriv um 14 nynorske bøker. Litt gåtefullt, kanskje ikkje ille meint? 30.9.1993 Me har mange som skriv prosa i dag òg, men få eller ingen har gjenge i skule hjå Vinje og Garborg, dei er meistrane i nynorsk essaykunst. Kanskje Ivar Eskeland er eit undantak. Juledag 1993

36


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.