SYMRA – Våren 2017
Kunnskapsministeren føreslår å lage ein kanon for norsk kunst og kultur. Den bør i så fall opne med diktet «Etterstev» av Ivar Aasen: Til lags åt alle kan ingen gjera. Gaute Øvereng, dagleg leiar Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Gaute Øvereng Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 1/2017. Opplag: 7 500 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Lars og Ola Bremnes Foto: Martin Bremnes Bokomslag Historia om det tapte barnet, Samlaget Tunkatten Lurivar Foto: HumbersetFOTO Billettinformasjon:
Program våren 2017 1. februar: Bok og bakverk
s. 3
5. februar: Familiedag
s. 4
5. februar: Lars og Ola Bremnes
s. 6
17. februar: Atlanterhavskveld
s. 7
21. februar: Morsmålskafé
s. 8
22. februar: Italia, Ferrante og yttergrensa vår mot sør
s. 8
1. mars: Bok og bakverk
s. 3
5. mars: Familiedag
s. 4
8. mars: Kjønn og språk
s. 9
19. mars: Kunstverkstad for vaksne
Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no
s. 10
2. april: Familiedag
s. 5
5. april: Bok og bakverk
s. 3
6. april: Det gjeng an å skriva i kvardagen òg 10.–12. april: Påskejakt med Lurivar
s. 10 s. 5
Litteratur og musikk
NYHEIT! Bok og bakverk Utvalde onsdagar kl. 14.00–15.00 Gratis, sal av kaffi og fersk bakst Foto: Aasen-tunet, Sigbjørn Mork
Utvalde onsdagar utover vinteren og våren kan du ta turen til kafeen i Aasen-tunet og høyre om og frå aktuell litteratur. Elevar ved musikklina ved Volda vidaregåande skule underheld med musikkinnslag på alle arrangementa. Kafeen serverer fersk bakst og nytrekt kaffi.
Onsdag 1. februar: Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka og Frankenstein eller den moderne Prometevs av Mary Shelley Onsdag 1. mars: Landet ingen har sett av Edvard Hoem Onsdag 5. april: Den stille flokken av Lars Mæhle 3
Omvising Familie
Familiedag: Spreke eventyr
Samlingsstund kl. 13. Sigrid Henjum fortel om opplevingar frå Svalbard, Grønland, Sør-Georgia, Nordvestpassasjen og Mongolia. Aktivitetar ute og inne. Høver best for born frå 4 år og oppover.
Foto: Peder Todnem
Søndag 5. februar kl. 13.00 kr 70 / familie 50 per person
Familie
Søndag 5. mars kl. 13.00 kr 70 / familie 50 per person
Samlingsstunder kl. 13 og 14 med høgtlesing frå Den vesle blå haien av Øyvind Vågnes og Akin Duzakin. Boka er ei forteljing om å vere seg sjølv, om å føle seg annleis og om venskap. Aktivitetar for fleire sansar. Høver for born frå 4 år og oppover. I samarbeid med Skald forlag. 4
Foto: frå boka Den vesle blå haien
Familiedag: Hai
Familie
Familiedag: Teiknspråk
Samlingsstund kl. 13, der borna får eit spennande og inspirerande møte med teiknspråk. Etterpå blir det verkstad, der borna får prøve seg på teiknspråk gjennom ulike spel og aktivitetar. Høver for born frå 4 år og oppover.
Foto: Kib og Morits
Søndag 2. april kl. 13.00 kr 70 / familie 50 per person
Familie
Påskejakt med Lurivar
Ordspion Lurivar av Aasen-tunet får eit nytt mysterium å løyse, og borna blir med på kattekrumspring omkring i det svære Fehnbygget. Påskeverkstad med ulike oppgåver. Høver for born frå 4 år og oppover.
Foto: HumbersetFOTO
Måndag 10., tysdag 11. og onsdag 12. april kl. 13.00 kr 70 / familie 50 per person
5
Konsert
Lars og Ola Bremnes Søndag 5. februar kl. 19.00 kr 350 / student og ungdom 250 Foto: Øivind Arvola
Her får du eit sjeldan høve til å oppleve brørne Lars og Ola Bremnes saman på ei scene. På repertoaret står det songar frå Lars Bremnes sitt nyaste album Himmel nok tel alle frå 2015 og Molo, som Ola Bremnes gav ut i 2016. Og sjølvsagt har brørne med ei rekkje perler frå to lange karrierar. 6
Ola Bremnes har sidan starten i 1980 vorte ein av landets mest etterspurde visekunstnarar. Bror Lars er ikkje ringare, og fekk sist vinter svært mykje merksemd for “Elias song”, om korleis det er å vere flyktning. I 2015 fekk han i oppdrag å skrive melodien til den nye festspelsongen.
Temakveld
Atlanterhavskveld
Programmet denne kvelden er inspirert av havet, både som band og skilje mellom liv og død, folk og nasjonar. Forfattarane Ottar Fyllingsnes og Guri Aasen fortel om Færøyane og Fiskarkona og døtrene hennar. Museumsstyrar og båtbyggar Håvard Hatløy fortel om prosjektet “Båten og mennesket”. Den levande legenda Hanus G. Johansen tek turen frå Færøyane og set ei stemningsfull, musikalsk ramme rundt det heile. På menyen står ein fiskerett av herlege råvarer frå Atlanterhavet, med god vin og dessert til.
Foto: Skald forlag, Vestafor måne, Hareid ungdomsskule
Fredag 17. februar kl. 19–22 kr 700 inkludert mat og vin kr 600 inkludert mat og mineralvatn (avgrensa tal deltakarar)
7
Kafé
Morsmålskafé
Den internasjonale morsmålsdagen vart etablert av UNESCO i 1999 og har vorte feira kvart år sidan 2000. I Aasen-tunet er det gratis morsmålskafé denne dagen med aktivitetar, konkurranse og enkel servering.
Foto: Pixabay
Tysdag 21. februar kl. 12.30–14.30 Gratis
Foredrag
Italia, Ferrante og yttergrensa vår mot sør Forfattar Kristin Sørsdal er mest kjend som omsetjar av Napolikvartetten til Elena Ferrante og kjem med fleire Ferranteomsetjingar denne våren. Sørsdal kjem i tillegg ut med Grensa av Alessandro Leogrande og sin eigen roman Mare, som begge handlar om flyktningstraumen over Middelhavet. 8
Foto: Samlaget
Onsdag 22. februar kl. 19.00 kr 125
Temakveld
Kjønn og språk Onsdag 8. mars kl. 19.00–21.00 kr 200 Foto: Silje Krager, Samlaget, Klassekampen
På kvinnedagen møter du forfattarane Kristin Fridtun og Magnhild Folkvord i samtale med journalist Torill Myren. Fridtun har skrive Kjønn og ukjønn, ei bok som gir oss verdfull kunnskap om tydings- og brukshistoria til ordet kjønn og røskar i den automatiserte og tidvis krenkjande språkbruken vår. Folkvord
har skrive biografien Betzy Kjeldsberg: Feminist og brubyggjar, om kvinna som våga seg inn på område der menn tidlegare rådde grunnen åleine. Duoen Jorunn Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet spelar og syng eit variert, sjølvskrive repertoar, med utgangspunkt i folkemusikksjangeren. 9
Verkstad
Søndag 19. mars kl. 13.00–16.00 kr 500 (avgrensa tal deltakarar)
Kunstverkstad for vaksne inspirert av den kvardagsfilosofiske boka Begrav meg i snø av Gudmund Skjeldal og Kristian Finborud. Rita Slåtterøy frå Seanse rettleier i enkle male-, kollasjog trykkjeteknikkar. Ta med forkle eller arbeidstøy som toler malingsflekkar.
Foto: Frå boka Begrav med i snø
Kunstverkstad for vaksne
Det gjeng an å skriva i kvardagen òg Torsdag 6. april kl. 19.00 kr 125
Dagbøker gir oss eit unikt innblikk i språk, litteratur og tanke. Doktorgradstipendiat Øystein Hide fortel om si eiga forsking på den nynorske dagboktradisjonen og dagbøkene til Aasen, Hauge og Garborg. 10
Foto: Siri Flatlandsmo, Avisa Hordaland
Foredrag
Vårens temautstillingar
Skjønnlitteraturens kår
2. januar–31. mars Det usynlege språket. Omsetjing og gjendikting. Kvifor er det viktig å kunne lese verdslitteraturen på sitt eige morsmål? Kvifor les vi ikkje engelske bøker på engelsk? Og tenkjer vi over alt arbeidet som ligg bak omsetjinga av eit litterært verk?
Ivar Aasen-tunet arbeider for tida med ei ny temautstillinga om samanhengen mellom fakta og fiksjon i skjønnlitteraturen. Kva kan seie oss mest om verda vi lever i: Sakprosa eller skjønnlitteratur? Utstillinga opnar etter planen torsdag 15. juni og står heile sommarsesongen.
2. april–14. juni I Edvard Hoems tid. I denne utstillinga frå 2005 møter publikum den alltid aktuelle Edvard Hoem, som har ein svært brei og allsidig forfattarskap bak seg. Tid er eit nøkkelomgrep for Hoem, og det viser att i utstillinga. Meir informasjon på aasentunet.no
Dokumentasjonsleiar Anders Aanes og bibliotekar Siri Beate Gjerde Foto: Aasen-tunet, Sigbjørn Mork
11
Om Ivar Aasen
Lokal spørjeundersøking
Eg siter her innmurad i ei Mukka paa 50 000 Ord, og endaa er eg alltid uppraadd fyre Ord, naar det nøyder paa, skriv Ivar Aasen til forleggaren Georg Grieg i juni 1868. Aasen var midt i det endelause Arbeidet med ordboka, men fann tid til å kome med merknader til ei omsetjing av Luthers katekisme.
Studentar frå Høgskulen i Volda har på oppdrag frå Aasen-tunet gjennomført ei spørjeundersøking for å kartleggje den lokale publikumsprofilen. – Vi har både fått innspel til kva vi bør halde fram med og kva endringar og nye tilbod vi bør vurdere, seier dagleg leiar Gaute Øvereng, som takkar alle 285 som har delteke i granskinga.
Foto: C. C. Wischmann, 1871.
Kommunikasjonsstudentane Mette Bruaas, Naledi Forbord og Filip Gundersen (ikkje til stades) gjennomførte spørjeundersøkinga. (foto: Mariell M. Bøyum)
12
Siste nytt Vinje-senteret går over i etableringsfasen med løyvingar i statsbudsjettet 2017. Stillinga som dagleg leiar blir etter planen lyst ut i mars. Hauge-senteret sette besøksrekord i 2016 med 11 332 gjester. Til våren heidrar dei to av verdas største songpoetar, Leonard Cohen og Bob Dylan, saman med Håvard Rem, Gisle Selnes, Pedro Carmona Alvarez og Annlaug Børsheim. Detaljar på haugesenteret.no. Allkunne.no har lansert kunnskapskvissar. Prøv deg på kviss om norsk språkhistorie eller språk i verda, nynorsk litteratur, norsk historie og anna. Leige Aasen-tunet til seminar eller privat feiring? Ta kontakt på telefon 70 04 75 70.
Foto: David Borland, Kib og Morits, Hille Strandskogen arkitekter
13
Festspelnytt Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda blir arrangert 29. juni–2. juli 2017. Temaet i år er Tabu, og du møter festspeldiktar Lars Mæhle på fleire arenaer festspelhelga. I slutten
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
14
av april besøkjer han alle 8. klassene i Ørsta og Volda. Stein Torleif Bjella opnar rekkja av utekonsertar i Aasen-tunet torsdag 29. juni. Albumet Gode liv er nominert til heile tre Spellemann-prisar, og kåringa finn stad 28. januar. Eit festspelpass gir inngang til alle arrangementa, og no er dei 60 passa lagde ut for sal. Hugs at du også treng setereservasjon! Vil du vere frivillig? Festspela treng mange hender i arbeid. Har du lyst å vere med på laget, finn du informasjon og påmeldingsskjema på festspela.no.
Stort utval i nynorske varer i Ivar Aasen-tunet og pĂĽ Handlenett.no
Her finn du güvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer som ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne. Besøk nettbutikken vür eller kom innom for ein hyggjeleg handel!
Ivar Aasen-tunet Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no Samarbeidspartnarar:
Opningstider 16. august–31. mai: Måndag–fredag kl. 10–16 Søndag kl. 12–17 1. juni–15. august: Måndag–fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17 Utanom vanleg opningstid opnar vi etter avtale
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, tlf. 70 04 75 70 admin@aasentunet.no
aasentunet.no