SYMRA – Hausten 2017
Det einaste språkmuseet i Norden
Evna til å løyse kulturelle konfliktar utan vald er ein viktig norsk verdi. Den årelange språkstriden har vore ein av fleire viktige demokratiserande prosessar som har ført oss dit. Gaute Øvereng, dagleg leiar Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Gaute Øvereng Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 2/2017. Opplag: 7 500 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Edvard Hoem Foto: Paal Audestad Unn Conradi Andersen Foto: Agnete Brun Aasmund Nordstoga Foto: Marcel Leliënhof Billettinformasjon:
Program hausten 2017 6. september Bok og bakverk: I hans armar
s. 3
20. september Livet – ein poesikonsert med Edvard Hoem
s. 4
23. september Forskingsdagane: Biene
s. 5
24. september Forskingsdagane: Verdiar i krise
s.5
1. oktober Familiedag: Reiser
s. 6
1. oktober Aasens reiser
s. 8
4. oktober Bok og bakverk: Verda er ein skandale
s. 3
12. oktober Å skrive eit liv
s. 8
15. oktober Luther 2017: Tre rettar og ei bok
s. 9
1. november Bok og bakverk: Advent 5. november Familiedag: Mørkt og mystisk Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no
s. 10 s. 6
16. november Boknatta
s. 10
26. november Julekonsert med Aasmund Nordstoga
s. 11
3. desember Familiedag med juleverkstad
s. 7
Litteratur og musikk
Bok og bakverk Utvalde onsdagar kl. 14.00–15.00 Gratis, sal av kaffi og fersk bakst Foto: Aasen-tunet, Sigbjørn Mork
Tre onsdagar i haust kan du ta turen til kafeen i Aasen-tunet og høyre aktuell litteratur. Elevar ved musikklinja ved Volda vidaregåande skule underheld med innslag på alle arrangementa. Kafeen serverer fersk bakst og god kaffi.
Onsdag 6. september: I hans armar av Marit Tusvik Onsdag 4. oktober: Verda er ein skandale av Agnes Ravatn Onsdag 1. november: Advent av Gunnar Gunnarsson
3
Litteratur og musikk
LIVET – Ein poesikonsert med Edvard Hoem Onsdag 20. september kl. 19.00 kr 350 / student og ungdom 250 Foto: Paal Audestad
I poesikonserten LIVET vender Edvard Hoem tilbake til sitt første litterære uttrykk, i samspel med eit knippe musikarar. Konserten er basert på upubliserte dikt. Det handlar om havet, døden og kjærleiken, sjølvsagt, store lengslar og angst og fryd. Nokre dikt er ganske politiske, 4
Foto: Marius Bech Dahle, Pressefoto, Torje Rørstad
andre ganske artige. Alle har ein høg himmel over seg. På scena er Edvard Hoem, folkemusikar Jorun Marie Kvernberg, jazzpianist Dag-Filip Roaldsnes og jazzvokalist Hilde Brunsvik.
Foredrag
Laurdag 23. september kl. 12.00–16.00 Gratis
Oppdagingsferd for barn og vaksne i alle aldrar (kl. 12.00) og foredrag om kva verdi biene har for oss (kl. 14.00). Bieforskarane Eirik Søvik frå Høgskulen i Volda, Anders Nielsen frå Universitet i Oslo, og Clint J. Perry frå Queen Mary University, London. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.
Foto: Jørgen Schyberg (Flickr.com)
Forskingsdagane: Biene
Samtale
Forskingsdagane: Verdiar i krise
Førsteamanuensis Anemari Neple og professor Jan Inge Sørbø samtalar om litteraturen til ekteparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Som forfattarar er dei begge interessante samtidsvitne frå ei uroleg tid. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.
Foto: Ivar Aasen-tunet
Søndag 24. september kl. 19.00 Gratis
5
Familie
Familiedag: Reiser
Samlingsstund kl. 13.00 med høgtlesing frå Janosch-boka Med tigeren og bjørnen til Panama. Aktivitetar i Aasen-tunet etterpå. Høver best for barn frå 4 år.
Foto: Samlaget
Søndag 1. oktober kl. 13.00 Kr 70 / 50 (familie per person)
Familie
Familiedag: Mørkt og mystisk
Samlingsstund kl. 13.00 med høgtlesing frå den småskumle bokserien Den mystiske skulen. Aktivitetar i Aasen-tunet etterpå. Høver best for barn frå 4 år. 6
Foto: Samlaget
Søndag 3. desember kl. 13.00 Kr 70 / 50 (familie per person)
Familie
Familiedag med juleverkstad
Samlingsstund kl. 13.00 med høgtlesing frå Papelina av Randi Fuglehaug og Jill Moursund. Aktivitetar i Aasen-tunet etterpå. Høver best for barn frå 5 år.
Foto: Samlaget
Søndag 3. desember kl. 13.00 Kr 70 / 50 (familie per person)
Seminar
Klart vi les! Barnelitterær formidlingsfest Onsdag 25. oktober kl. 9.30–15.15 Nordfjord hotell, Nordfjordeid. Kr 500
Seminar for lærarar, bibliotekarar, kulturarbeidarar og formidlarar om den nynorske barnelitteraturen. Med forfattar og illustratør Anna Folkestad, forfattar Ingvild Brügger Budal, formidlar Nina Elisabeth Bøe og formidlarar frå Ivar Aasen-tunet og Nynorsksenteret. I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Møre og Romsdal fylkesbibliotek og Nynorsksenteret. 7
Foredrag
Aasens reiser
For 175 år sidan la Ivar Aasen ut på den første store reisa i språket. Skodespelar Line Starheimsæter dramatiserer deler av reisinga, dagleg leiar Gaute Øvereng fortel om korleis Aasen skildra landskapet han reiste i og Anne MartaVadstein syng.
Foto: Ivar Aasen-tunet
Søndag 1. oktober kl. 19.00 Kr 150
Samtale
Å skrive eit liv
Samtale med Vibeke Lauritsen som har skrive 292 biografiar i Allkunne og Alfred Fidjestøl som i haust kom med biografi om apen Julius. Samtaleleiar er redaktør i Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark. I samarbeid med Allkunne. 8
Foto: Samlaget
Torsdag 12. oktober kl. 19.00 Kr 150
Forfattermøte Temakveld
Luther 2017: Tre rettar og ei bok
Middag i kafeen kl. 18.00 Arrangement i salen kl. 19.00
Foto: UiT
Teolog og bibelomsetjar Anders Aschim samtalar med forfattar og postdoktor i historie Sigrun Høgetveit Berg om boka Reformasjonen. Urframføring av salmen Fader vår av Martin Luther i ny omsetjing av Arve Brunvoll og med melodi av Ragnar Bjerkreim. Trerettars middag laga og servert slik Martin Luther ville likt det. Må bestillast på førehand.
Foto: Samlaget
Foto: Pixabay
Søndag 15. oktober kl. 18.00 Kr 200 / 830 / 710
9
Litteratur
Boknatta Torsdag 16. november kl. 20.00 Kr 200 / 150 Foto: Hans Jørgen Brun, Gunhild Bøygard, Agnete Brun, Erlend Mikael Sæverud
Boknatta gir deg smakebitar av haustens bøker og nære samtalar med forfattarane bak. Unn Conradi Andersen debuterer i haust med romanen Alt uavklart, som handlar om å bli i stand til å sjå seg sjølv og dei andre. Marit Tusvik kjem med boka I hans armar, som tek opp det å leve tett på ein annan sitt mørke. 10
Lars Amund Vaage si novellesamling Den vesle pianisten handlar om menneskelege relasjonar, språkløyse og gleda i ein vellukka komposisjon. Elin Furubotn og Torbjørn Økland krydrar det heile med vakre songar frå albumet Ikkje gå deg vill. Maria Dyrhol Sandvik er samtaleleiar.
Konsert
Julekonsert med Aasmund Nordstoga Søndag 26. november kl. 19.00 kr 300 / 150 (barn) Foto: Marcel Leliënhof
Aasmund Nordstoga byr på kjende og ukjende julesongar, framført med ein drivande nerve, djupt forankra i folkemusikken sitt tonespel. Nordstoga møter publikum med ein uhøgtidleg tone og laus snipp, men alltid med ei seriøs tilnærming til songane han framfører.
Han får tonefølge av Åsmund Reistad på gitar og Erik Sollid på fele. Velkomen til ein lun og nær førjulskveld med Aasmund Nordstoga i Ivar Aasentunet.
11
Om Ivar Aasen
Utstilling om røynda og livet
De følgende Dage tilbragte jeg i Stilhed, tungsindig stemt over Afskeden fra Hjembygderne og over Reisens Ubehageligheder, som jeg allerede begyndte at føle. Dette skreiv Ivar Aasen då han tenkte tilbake på den første veka på si reise i språket. Han reiste likevel i 26 år til, for å forme det norske språket.
I haust kan du oppleve utstillinga «Sannare enn røynda?» i Aasen-tunet. Utstillinga tek for seg tilhøvet mellom røynda og skjønnlitteraturen, og spør mellom anna om det er greitt at forfattarar brukar verkelege personar som modellar sjølv om teksten er anonymisert.
Foto: C. C. Wischmann, 1871.
12
Foto: Ivar Aasen-tunet
Siste nytt Frå 2018 blir Litteraturdagane i Vinje ein del av Vinje-senteret for dikting og journalistikk som Nynorsk kultursentrum no bygger opp. Litteraturdagane i Vinje har vore arrangerte kvart år sidan 2001. – Det forpliktar å bli vist tillit frå eit miljø som over mange år har brukt tid og krefter på å skape ein svært god litteraturfestival, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
Foto: Hille Strandskogen arkitekter
Foto: Kib & Morits
Vil du få Symra i posten? Send e-post til admin@aasentunet.no eller meld deg på via nettstaden aasentunet.no.
13
Festspeldiktaren 2018 Marit Eikemo skal vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela 7.–10. juni i Volda og Ørsta.
Eikemo blir karakterisert som ein av samtidslitteraturen sine skarpaste stemmer. Ho er ein av få satirikarar som ikkje treng å ty til ironi eller spydige karakteristikkar for å få fram poenget. Det vil sikkert festspelpublikummet også få oppleve. Debuten som forfattar kom med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske i 1999. Sidan har det kome ei essaysamling og fire romanar. I den siste romanen Alt inkludert (2015) spelar marknadskanalen Finn.no ei sentral rolle. Her teiknar Eikemo eit tydeleg og vittig portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og einsemd, nedlest av ting, på evig jakt etter meir.
Foto: Agnete Brun
14
Stort utval i nynorske varer i Ivar Aasen-tunet og pĂĽ Handlenett.no
Her finn du güvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer som ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for barn og vaksne. Besøk nettbutikken vür eller kom innom for ein hyggeleg handel!
Ivar Aasen-tunet Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no Samarbeidspartnarar:
Opningstider 16. august–31. mai: Måndag–fredag kl. 10–16 Søndag kl. 12–17 1. juni–15. august: Måndag–fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17 Utanom vanleg opningstid opnar vi etter avtale
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, tlf. 70 04 75 70 admin@aasentunet.no
aasentunet.no