SYMRA – Hausten 2018
«Ivar Aasen-museet sier altfor lite om Aasens livsverk, som har betydd så mye for vår skriftkultur», sa leiaren i kulturkomiteen på Stortinget, Theo Koritzinzky i 1990. No, 25 år etter at Nynorsk kultursentrum blei stifta, veit både publikum og vi meir om Ivar Aasen og den nynorske skriftkulturen takka vere fleire ambisiøse nøkkelpersonar som har gjort denne institusjonen viktig for både språket og språkbrukarane. Gaute Øvereng, dagleg leiar Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Gaute Øvereng Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 2/2018. Opplag: 6 500 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Tidekverv Foto: Paal Audestad Ragnar Hovland Foto: Herborg Pedersen Bokomslag Jakob og Neikob Illustrasjon: Kari Stai, Samlaget Billettinformasjon:
Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no
Program hausten 2018 7. september
Tidekverv
s. 4
12. september
Bok og bakverk: Frå Vesaas til Tiller
s. 5
19. september
Nynorsk digital oppvekst (Høgskulen i Volda)
s. 5
26. september Gud skapte, Linné samla, Aasen ordna
s. 6
28. september Nynorsk kultursentrum 25 år
s. 3
3. oktober
Bok og bakverk: Frå Duun til Sortland
s. 6
4. oktober
Ragnar Hovland: Mørk sommar
s. 7
7. oktober
Familiedag: Ti ville ekspedisjonar
s. 8
17. oktober
Ikkje ver redd for sånne som meg
s. 8
1. november
Boknatta
s. 9
4. november
Familiedag: Mørkt
s. 10
14. november
Bok og bakverk: Frå Nygard til Lunden
s. 10
24. november
Kjemilie
s. 11
9. desember
Familiedag: Jakob og Neikob
s. 11
Jubileum
Nynorsk kultursentrum 25 år 11.00 Prinsippet makt Ottar Grepstads jubileums- og avskilstale 12.15 Lunsjbuffet med fingermat i kafeen 13.15 Blomar ved Aasen-bautaen Statsråd Trine Skei Grande 13.30–14.00 Den nasjonale kulturinstitusjonens samfunnsrolle Statsråd Trine Skei Grande 14.15–14.45 Ein meister frå Volda. Forfattaren og strategen Jostein Nerbøvik Roger Erlandsen 15.00–15.30 Nynorsk kultursentrum – ideen som blei stor Grete Riise 15.30–16.00 Enkel servering i kafeen Les meir om jubileet på side 14
Foto: Mona Lindseth, Lars O. Flydal
Fredag 28. september kl. 11.00–16.00, gratis og ope for alle
3
Konsert
Benedicte Maurseth – Tidekverv Fredag 7. september kl. 19.00 Kr 300 / student og ungdom 200 Foto: Paal Audestad
Benedicte Maurseth og Berit Opheim har skrive eit verk som både vidarefører og fornyar stolte folkemusikktradisjonar. Diktarane Bergsveinn Birgisson og Erlend O. Nødtvedt har skrive tekstane til Tidekverv i klassisk balladestil, og musikken tek med seg impulsar frå barokk, moderne samtidsmusikk og 4
kreativ improvisasjon frå fire av landets aller fremste utøvarar. Benedicte Maurseth, Berit Opheim, Rolf Lislevand og Håkon Stene.
Litteratur
Bok og bakverk: Frå Vesaas til Tiller
Romanen – ei litterær reise frå 1940 og fram til i dag. Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer forfattarar frå Nynorsk litteraturhistorie og les litteraturen deira. Fersk bakst og kaffi i kafeen.
Bokomslag Aschehoug
Onsdag 12. september kl. 14.00 Gratis, sal av kaffi og fersk bakst
Debatt
Nynorsk digital oppvekst
Panelsamtale med direktør i Språkrådet Åse Wetås, førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl, lærar Øyvind Festø og oppvekstsjef i Volda Per Ivar Kongsvik. Samtaleleiar er redaktør i Allkunne, Per Magnus Finnanger Sandsmark. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane i Volda, og eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Volda Mållag, Nynorsk kultursentrum og Allkunne.
Foto: Moment Studio
Onsdag 19. september kl. 18.00, gratis NB! Biblioteket, Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda
5
Foredrag
Gud skapte, Linné ordna, Aasen samla
I dette foredraget fortel Torbjørn Urke om korleis Ivar Aasen vidareførte det omfattande arbeidet til Carl von Linné. Aasen samla og organiserte hundrevis av planter etter systemet til Linné og la til både norske og sunnmørske namn.
Foto: Aasen-tunet
Onsdag 26. september kl. 19.00 kr 100 / student og ungdom 50
Litteratur
Bok og bakverk: Frå Duun til Sortland
Novella – smakebitar frå 1907 og fram til i dag. Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer forfattarar frå Nynorsk litteraturhistorie og les litteraturen deira. Fersk bakst og kaffi i kafeen. 6
Bokomslag Samlaget
Onsdag 3. oktober kl. 14.00 Gratis, sal av kaffi og fersk bakst
Litteratur
Ragnar Hovland: Mørk sommar Torsdag 4. oktober kl. 19.00 Kr 200 / student og ungdom 150 Foto: Herborg Pedersen
Ingen er som Ragnar Hovland, verken som forfattar eller på scena. No kjem han til Aasen-tunet for å samtale med Jan H. Landro om sin nye roman. I Mørk sommar må bygdehistorikaren Matteus Olstad hanskast med ein drepen nabo, ei niese på besøk – og ikkje minst strevar han med å fullføre bygdeboka om Nes
kommune. Han kjenner seg stadig meir sentral blant mange mistenkte, men den oppvakte og nysgjerrige niesa vil gjerne hjelpe til med å oppklare mordet. Ragnar Hovland har gitt ut over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og born. 7
Familie
Familiedag: Ti ville ekspedisjonar
Kva er det som får folk til å reise til stader der ingen før har vore? Til å klatre høgast, dykke djupast, leggje i veg inn i område som er kalde, våte, farlege, utan å vere sikre på om dei nokon gong vil klare å vende attende?
Bokomslag Samlaget
Søndag 7. oktober kl. 13.00–15.00 Kr 70 / 50 familie per person
Litteratur
Ikkje ver redd sånne som meg
Sumaya Jirde Ali skriv at ho ikkje greier å sjå for seg ein annan heim enn Noreg. Kva vil det seie å høyre til når du blir kalla eit problem? Ho kjem for å samtale med forfattar Lars Petter Sveen, som òg er aktuell med bok i haust. 8
Foto: Odd E. Nerbø
Onsdag 17. oktober kl. 19.00 Kr 150 / student og ungdom 100
Litteratur
Boknatta: Klassikarar på nynorsk Torsdag 1. november kl. 19.00–22.00 Kr 300 / honnør 250 / student og ungdom 200
Frankenstein 200 år Øystein Vidnes i samtale med Svenn-Arve Myklebost Gertrude Stein – Alice B. Toklas’ sjølvbiografi Brit Bildøen i samtale med Jan Inge Sørbø Kvifor klassikarar på nynorsk? Simone Stibbe og Jan Inge Sørbø Musikk ved Rune Klakegg og Cecilie Schilling Tekstar av Brit Bildøen inspirert av Gertrude Stein og hennar karakter Alice B. Toklas
Foto: Linda Cartridge, Agnete Brun, Skald forlag
Skald klassikarar er ein serie vellagra, handplukka verk i ny språkdrakt. På Boknatta gjer vi eit djupdykk ned i desse klassikarane.
9
Familie
Familiedag: Mørkt
Det er november og mørketida gjer seg gjeldande. Kanskje du er litt mørkeredd? Det er Dag også, og ikkje berre litt. Men i mørkeret møter han Natalie, og motet. Denne søndagen leikar vi med mørkeret og alt som er fint med hausten.
Bokomslag Samlaget
Søndag 4. november kl. 13.00–15.00 Kr 70 / 50 familie per person
Litteratur
Bok og bakverk: Frå Nygard til Lunden
Poesi – små ord med stor tyding, frå 1934 og fram til i dag. Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer forfattarar frå Nynorsk litteraturhistorie og les litteraturen deira. Fersk bakst og kaffi i kafeen. 10
Foto: Aasen-tunet
Onsdag 14. november kl. 14.00 Gratis, sal av kaffi og fersk bakst
Konsert
Kjemilie
Duoen Kjemilie, for høvet med band, står for varm og kjenslevar visejazz med tilsvarande tekstar. Emilie Storaas, Kjetil Mulelid, Adrian Waade, Fredrik Dietrichson og Andreas Winther. I samarbeid med Jazzklubben Volda Ørsta.
Foto: Anne Valeur
Laurdag 24. november kl. 20.00 Kr 250 / medlem Jazzklubben, honnør, student og ungdom 150
Familie
Familiedag: Jakob og Neikob
Kvifor kan ikkje Neikob vere som alle andre? masar Masekob. Men kven er denne Alle Andre som ein absolutt må likne på? Den femte Jakob og Neikob-boka er inspirasjon til årets siste familiedag og tema for årets barnekunstutstilling i Aasen-tunet.
Bokomslag Samlaget
Søndag 9. desember kl. 13.00–15.00 Kr 70 / 50 familie per person
11
Om Ivar Aasen
Ny skulesekkproduksjon
8. oktober i 1869 gav Ivar Aasen den første skriftlege tilbakemeldinga på ei bok på det nystarta forlaget Det Norske Samlaget, ei visebok for folkehøgskular. Samlinga er omtrent passende til sit Formaal skriv Aasen og foreslår at ein bør ta ut nokre songar, mellom anna hans eigen «Dei vil alltid klaga og kyta».
Les for livet! av Lars Mæhle har premiere på Ulvik poesifestival 7. september. Hauge-senteret og Aasen-tunet har utvikla framsyninga til Den kulturelle skulesekken, og nyttar utvalde nynorske barne- og ungdomsbøker til å fremje leselyst for 5.-7. trinn.
Foto: C. C. Wischmann, 1871.
Forfattar Lars Mæhle (foto: Aasen-tunet)
12
Siste nytt Vinjestoga er nyrestaurert av Vinje kommune. Siste veka i august vitja 266 elevar frå Skien videregående skole stova der A.O. Vinje voks opp. Det same gjorde Kulturkomiteen i Stortinget. På Allkunne.no er forteljinga om den nynorske diktinga 1850–2015 fritt tilgjengeleg for alle. Periodetekstane er henta frå Nynorsk litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø frå 2018. I tillegg kjem 12 kvissar og 900 oppdaterte artiklar om nynorske diktarar. Vil du få Symra i posten? Send e-post til admin@aasentunet.no eller ring oss på telefon 70 04 75 70.
Nynorsk litteraturhistorie 1850–2015
Illustrasjon: Allkunne.no
13
Ideen som blei stor Fredag 28. september er statsråd Trine Skei Grande æresgjest når Nynorsk kultursentrum feirar sine første 25 år med eit arrangement i Aasen-tunet som er ope og gratis for alle.
Brukargruppa på synfaring i 1999. F.v. Ola E. Bø, Jan Magne Dahle, Inger-Christine Årstad, Ottar Grepstad, Jostein Nerbøvik, John Aage Gjestrum, Jens Kåre Engeset og Ottar Skare . Foto: Arkiv Aasen-tunet
14
Dersom tradisjonen ikkje er synleg, kan den heller ikkje formidlast, heitte det i det første programnotatet om det som skulle bli Aasen-tunet. Tida var inne for å presentere den nynorske tradisjonen på sine eigne føresetnader. Med Jostein Nerbøvik som regissør blei mengder av folk involverte lokalt og nasjonalt. Alt hausten 1995 vedtok Stortinget å etablere Aasen-tunet som ein nasjonal kulturinstitusjon. Etter opninga i 2000 breidde den store ideen seg vidare til Haugesenteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje, tre festivalar og mange nettstader. Dei økonomiske ringverknadene blei store, dei faglege endå viktigare.
Stort utval i nynorske varer i Ivar Aasen-tunet og pĂĽ Handlenett.no
Her finn du güvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer som ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne. Besøk nettbutikken vür eller kom innom for ein hyggjeleg handel!
Ivar Aasen-tunet Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no Samarbeidspartnarar:
Med atterhald om endringar
Opningstider 16. august–31. mai Måndag–fredag kl. 10–16 Søndag kl. 12–17 1. juni–15. august Måndag–fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17 Utanom vanleg opningstid etter avtale
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, tlf. 70 04 75 70 admin@aasentunet.no
aasentunet.no