Festspelavisa2014 72dpi low

Page 1

Annonsebilag

festspela.no

#festspela

Ă˜rsta og Volda 26.–29. juni 2014


2 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Helsing frå ministeren Eg vil gjerne helsa Dei nynorske festspela i dette 23. festivalåret. Dei nynorske festspela er den største og eldste nynorskfestivalen i landet. 2014 er året det passar ekstra godt å samlast til ei feiring av nynorsk skriftkultur. Til grunnlovsjubileet fekk me Grunnlova også på nynorsk. Det er ei historisk hending: «Ytringsfridom skal det vere». Så rett fram og høgtid-

samt kan språket vera. Det er fint sagt, med innhald som me trur på. Kvart ord i eit språk er eit kikhol inn i verda. 112 000 ulike ord brukar nynorskforfattaren Kjartan Fløgstad i forfattarskapen sin. Det har Nasjonalbiblioteket undersøkt. Fløgstad har eitt av dei rikaste ordtilfanga i norsk litteratur. Skriftspråket har i seg uendeleg mykje meir kunnskap og erfaring enn

Velkomen til festspel Årets tema, Makt, er inspirert av grunnlovsjubileet. For Grunnlova handlar i hovudsak om makt og maktstrukturar. Sjølv om grunnlovsteksten tydeleg fortel oss korleis makta skal fordelast og utøvast, så er ikkje alle maktstrukturar i samfunnet like synlege og sjølvsagde. Årets festspel ønskjer å setje søkjelys både på dei opne og på dei ukjende maktstrukturane. Vi stiller spørsmål som: kven har makt til å til å setje dagsorden, kven og kva set grenser for språkleg fridom, og kven har makt til å setje grenser for andres makt? Vi byd på heftige debattar, sterk litteratur og gode samtalar. Vi har ei temautstilling om makta i språket og har invitert ein forfattar som måtte flykte frå heimlandet fordi det han skreiv blei for sterk kost for makthavarane. Ivar Aasen brukte folkesuverenitetsprinsippet i Grunnlova som eit argument for at folket skulle få uttrykkje seg på sitt eige språk. Same prinsippet vart brukt som argument for at vi i år skulle få grunnlov i ny språkdrakt, også på nynorsk. Eit demokrati og eit folk som har den suverene makta, må alltid stille spørsmål ved kven som eigentleg har makta i samfunnet. Vi vil i år bidra til dette og brukar gjerne Grunnlova som argument for at nett du skal kome til Festspela!

kvar enkelt av oss sit med. Dette får me tilgang til kvar gong me les, men mest av alt når me sjølve skriv. I Noreg har me eit dobbelt uttrykksregister på norsk – med to norske skriftspråk. Det er ein rikdom. Det er ikkje råd å danna seg eit fullgodt bilete av verken nasjonsdanninga eller utviklinga av eit moderne Noreg utan å ta opp i seg dei erfaringane som nynorsk språk representerer. Med dette ynskjer eg god feiring av nynorsk skriftkultur! Kulturminister Thorhild Widvey

Thorhild Widvey kulturminister (foto: Ilja C. Hendel)

Lukke til med Festspela Årets festspelprogram framstår som moderne og framtidsretta, men med solid forankring i vår felles historie og med sjølve grunnlovsjubileet som byggestein. Det må gi eit ekstra løft til Festspela å kunne ønskje ei nyoppussa grunnlovstekst velkomen - no òg på nynorsk. Språk representerer både makt og mangfald. Å beherske språket og kjenne si historie gir grunnlag for samfunnsdeltaking og påverknadskraft. Vi legg med glede merke til at Festspela gir språk- og historieformidling til barn og unge ein sentral plass i programmet. Til lukke med jubileet og med Festspela!

Jon Aasen fylkesordførar

Velkomne til Ørsta og Volda!

Arild Iversen ordførar i Volda

Rune Hovde ordførar i Ørsta

Ordførarane i Volda og Ørsta har nok ein gong gleda av å ønskje alle velkomne til kommunane våre i samband med Dei nynorske festspela. 2014 vil for oss alltid verte hugsa som det året Grunnlova

også fekk nynorsk språkdrakt. Kva er då meir passande enn å nytte Dei nynorske festspela til å feire? Vi ønskjer frivillige, arrangørar, artistar og publikum hjarteleg velkomne til Dei nynorske festspela i 2014!


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 3

Nordstoga-brør på same scene På opningsdagen får du ei musikalsk oppleving av dei sjeldne når Aasmund og Odd Nordstoga inntek Uteamfiet saman. Det er nemleg ikkje ofte dei to står saman på scena. I Aasen-tunet får publikum høyre godbitar frå repertoaret til begge. ‒ Vi kjem kanskje til å skjele litt til målform når vi set saman konserten, det kan hende at vi lukar ut tekstar på dansk og bokmål, ler Aasmund Nordstoga. Tidlegare på dagen får dei to brørne frå Vinje overrekt prisen Årets nynorskbrukarar. For nokre år sidan gjorde dei framsyninga Storegut i lag, basert på Aasmund Olavsson Vinjes episke dikt med same tittel. Elles driv dei mest med kvar sine prosjekt, men ein skal ikkje sjå bort frå at dei gjev kvarandre ei hjelpande hand under konserten på Festspela. – Vi har stått på same scene mange gonger før, men ikkje med våre eigne respektive repertoar å spele frå. Slik sett blir dette ei heilt ny oppleving både for oss og publikum, seier Odd Nordstoga. Ein felles konsert med brørne Nordstoga under Dei nynorske festspela blir Maren i Myra som møter Frøken Franzen. Publikum får oppleve musikk frå barne-tv, skillingsviser, songane til Odd og Aasmund sine songar frå Aasmund Olavsson Vinje. Saman med eminente musikarar lovar dei ein stemningsfull, livat og morosam konsert på torsdagen under Festspela. Tradisjon og nyskaping På platene sine har Aasmund Nordstoga først og fremst nytta seg av den rike song- og dikttradisjonen frå heimtraktene, ikkje minst dikta til Aasmund Olavsson Vinje. Veslebroren Odd

Odd og Aasmund Nordstoga (foto: Hans Fredrik Asbjørnsen og Marcel Leliënhof) starta med popband før han vart soloartist. Han fekk det store nasjonale gjennombrotet med plata Luring i 2004, der han kombinerte bakgrunnen sin frå folkemusikk med amerikanskinspirert folkrock, noko som førte til to spellemannprisar. Sidan har det blitt seks plater til, og Odd har dessutan skrive musikk for fleire tv-produksjonar. ‒ Det er første gong vi held ein konsert som dette saman. Om vi kjem til å gjere det igjen? Kanskje, men eg vil ikkje love noko, seier Aasmund.

Det er med andre ord best å nytte høvet når dei to gjestar årets festspel. Med seg på scenen har dei eit orkester som består av Erland Dahlen, Gjermund Silset, John Vinge og Daniel Sandén-Warg. Torsdag 26. juni 21.00–22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasmund og Odd Nordstoga Kr 375 i amfiet / 350 / ungdom og barn 200 / familie 950

Årets nynorskbrukarar møter Maria Parr Tradisjonen tru blir prisen til Årets nynorskbrukar delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela. I år går prisen til brørne Aasmund og Odd Nordstoga – og dei kvitterer med å halde konsert seinare på kvelden. ‒ Eg slit dessverre med å finne eit godt nynorsk alternativ til ordet «anerkjenning», men det er slik eg ser på prisen, som eg er svært glad for, seier Aasmund Nordstoga. Han legg til: ‒ Det er godt å få ein slik pris frå flinke folk ved ein institusjon eg ser opp til. Sjølv står eg sterkt planta i nynorskland og Torsdag 26. juni 23.30–24.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Årets nynorskbrukarar Kr 100

prøver å formidle kjensla mi for språket til folk ikring meg. Aasmund Nordstoga gav ut første plata i 2009, tolv år etter at veslebroren Odd platedebuterte. Begge er aktive nynorskbrukarar, anten det er med tradisjonelle eller nyskrivne songtekstar. ‒ Å syngje på nynorsk gjer at teksten står meg nærare og kjennest meir personleg, seier Aasmund. Dei to prisvinnarane skal samtale med Maria Parr torsdag kveld. ‒ Eg er stor fan av begge, og gler meg til ein uformell prat om songlyrikk, Nordstoga-koden og nynorsk, seier Parr. Då boka henMaria Parr foto: Siri Juell Rasmussen) nar Vaffelhjarte vart tv-serie i 2011, laga Odd musikken til serien, og var også med som skodespelar. Årets nynorskbrukar 2009–2013 Prisen Årets nynorskbrukar blir tildelt personar eller institusjonar 2009 Ottar Rekkedal, 2012 Ingvild Bryn, Oslo, og som er med på å bryte ned barriLillehammer Arill Riise, Ålesund erer for bruk av nynorsk. Prisen er 2010 Maria Parr, Volda 2013 Gunnar Skirbekk, på 100 000 kroner og blir delt likt 2011 Linda Sæbø, Stavanger Bergen mellom prisvinnarane.


4 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Den motvillige journalisten «Alt snur», brukar Agnes Ravatn å minne seg sjølv på. Det gjer at ho set ekstra pris på den gode mottakinga tekstane hennar har fått.

heile vidaregåande og visste godt at det var eit yrke eg absolutt måtte unngå. Å reise, snakke med tilfeldige folk, gli inn i miljøet, det er ikkje noko for meg. Men ho sette Dag og Tid høgt, og sa ja til tilbodet, som raskt viste seg å bli permanent. Det ‒ Mange forfattarar står liksom på utsida og nyinnkjøpte husværet i Bergen måtte seljast, og kikar inn på ein fest dei ikkje har manna seg masteren i nordisk vart det aldri noko av. opp til å gå inn på. Hos meg er den utanforAkkurat no er ho i ferd med å leggje siste kjensla veldig produktiv. Men det er vanskeleg hand på eit bokmanus, som er sett i hop av ein å halde på outsiderposisjonen etter kvart som artikkelserie ho har hatt gåande i Dag og Tid. ein får anerkjenning. Det må eg jobbe meir Den handlar om kva sjølvdisiplin er og korleis med no, seier Agnes Ravatn. ein kan skaffe seg det. Når sosiologar intervjuar folk som bur på Frog‒ Så no blir eg sjølvhjelpsforfattar og tenkjer ner, går det sjeldan lang tid før dei får høyre «Men mange mørke tankar om det, sjølvsagt. Det vi er ikkje slik som dei andre som bur her, altså!» er mogleg eg kan vinne nokre lesarar på det, Ravatn kjenner seg også litt ukomfortabel med men eg kan nok tape ein del òg. I samråd med det komfortable husværet i det ærverdige gamle forlaget har vi bestemt å kategorisere boka som bustadområdet i Oslo, der ho og sambuaren flytta populærvitskap, ikkje sjølvhjelp. Det er i alle inn i fjor haust, omkrinsa av ambassadar, parkar fall eit lite steg opp. og eit kongeleg slott. Ho er nøye med å presisere at ho ikkje bur på Frogner, men på Briskeby. Treng ro ‒ Det er farleg å bli ein del av etablissemenArtiklane hennar i Dag og Tid har allereie tet. Det er jo som oftast outsiderane som er resultert i to tidlegare essaysamlingar. Men det interessante, både i livet og i litteraturen. Dei er romanar ho aller helst vil skrive. ser ting på andre måtar. ‒ Mange forfattarar er lette å følgje med på, dei driv berre med éin ting. Eg har gjort mykje Sjølvhjelpsforfattar forskjellig, men det er ikkje medvite. Eg berre Den alt for tidlege aprilsommaren er over, og orienterer meg utifrå kva eg er interessert i. Det Ravatn har baka rundstykke for å få opp inne- eg skriv om i avisa spring ut frå observasjonar eg temperaturen. Ho har budd i Oslo i seks år, gjer i meg sjølv, som eg også kan kjenne att hos sidan ho vart beordra dit av redaktøren i Dag andre, og som eg gjerne vil finne ut meir om. og Tid. For eit tidsavgrensa vikariat, trudde ho. ‒ Medan mange av oss må bli godt oppi åra ‒ Eg har jo aldri hatt eit ønske om å bli jour- før vi forstår at dei private erfaringane våre nalist. Eg var journalist i lokalavisa gjennom også kan vere gyldige for andre?

Agnes Ravatn (foto: Kjerstin Gjengedal)

‒ Ja, der har jo vi som les litteratur ein fordel. Vi skjønar fort kor ufatteleg lite unike vi er. No når ho har lært seg sjølvdisiplin, har ho også funne det forsvarleg å setje av eit rom i den nye leilegheita til heimekontor. Snart, etter at oppdraget som festspeldiktar er overstått (ved hjelp av stressmeistringsteknikkar og meditasjons-cd-ar), skal ho i gang med ein ny roman. Ho har fått arbeidsstipend. Det gjev henne den roa ho treng for å skrive. ‒ Det er ein dårleg idé å kombinere skrivearbeid med skrivearbeid. Eg er ikkje ein slik som kan kome heim frå jobben i avisa og slappe av med litt romanskriving på kvelden. Har eg ein frist, så greier eg ikkje å tenkje på noko anna. Den kortaste tidsfristen vinn alltid. Ung, men etablert Agnes Ravatn vart utnemnd til festspeldiktar med grunngjevinga at ho er «samfunnsengasjert og uredd, med ei ung, men etablert stemme». Sjølv er ho sitert på at ho tykte utnemninga var upassande. ‒ Eg har jo ikkje gjort så mykje, samanlikna med dei andre festspeldiktarane. Eg tykkjer eg har store sko å fylle. Samstundes er eg veldig glad for at Festspela nyttar denne rolla til å gje unge forfattarar eit løft. Det står til deira ære at dei tenkjer slik. Ho har ikkje kome heilt i gang med å tenkje over temaet for årets festspel, Makt. Men makt er eit stikkord for den siste romanen hennar, Fugletribunalet. I boka stikk hovudpersonen Allis av frå hovudstaden etter ein sosial skandale, og tek på seg å gjere hus- og hagearbeid


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 5 for ein løyndomsfull mann ein stad i bygdeNoreg. ‒ Når ein skriv om menneskelege relasjonar, skriv ein automatisk om makt. Men det er eit tema ein kan gå laus på frå mange ulike vinklar. Det å vere i ein konstant minoritets- og press-situasjon, som nynorskbrukarar er, gjer jo også at ein kjenner mykje på maktstrukturar. Vil ikkje bli tulling Posisjonen ho har som forfattar og offentleg meiningsytrar, er derimot noko ho tenkjer mykje på. Det å skrive kan fylle ulike funksjonar. Ein forfattar vil gjerne vere viktig. Samstundes skal kunsten ha lov til å vere unyttig, meiner ho. Som avisspaltist er det jobben hennar å skrive om aktuelle tema på ein måte som får folk til å orke å lese det. Av og til kan ho bli skremt over kor lett det er å berre slengje ut ei meining. ‒ Ein skribent kan karakterdrepe folk med ei setning. Og det er ingen som held auge med deg og spør «Er du heilt viss på at du vil skrive dette?». Det er lett å bli riven med når ein tekst blir mykje delt og likt. Om ein ikkje passar på, kan ein fort få eit forstyrra bilete av kva som er viktig. Eg vil jo bidra positivt i samfunnet, ikkje negativt. Det tenkjer eg ofte på. Det siste eg vil er å bli ein slik tulling som meiner noko om alt. Dei er det nok av frå før. Kjerstin Gjengedal

Agnes Ravatn F ødd 8. februar 1983 i Ølen i Vindafjord, no busett i Oslo l F orfattar, journalist og spaltist l D ebuterte i 2007 med romanen Veke 53. Den andre romanen hennar, Fugletribunalet, kom ut i 2013 l Har også publisert fleire essaysamlingar, og var éin av 12 forfattarar som medverka til serien Stemmer som kom ut i samband med røysterettsjubileet for kvinner i 2013 l H ar mellom anna motteke Språkrådets språkpris for nynorsk og Arne Hestenes’ journalistpris. For Fugletribunalet fekk ho P2-lyttarane sin romanpris og Ungdommens kritikarpris. l

Agnes Ravatn (foto: Kjerstin Gjengedal)

Her møter du festspeldiktaren Torsdag 26. juni

Fredag 27. juni

Laurdag 28. juni

17.00–24.00 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Festspelretten 2014

15.30–16.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Litteratur med Landro: Festspeldiktar Agnes Ravatn

12.00–12.45 Møre folkehøgskule, Ørsta Kva er det med essayet?

18.00–19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet OPNINGSHØGTID 19.20 Ivar Aasen-bautaen, Ivar Aasen-tunet Blomar ved bauta

14.00–15.00 Lokal hage, Høgebrua i Ørsta Ut i vår hage 17.00–17.45 Frå Aasen-tunet til Høgetua Avrusing frå sosiale medium

24.00–00.45 Målbar, Møre folkehøgskule, Ørsta Etter stengetid med Ravatn og Økland


6 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Den ukjende noregshistoria Alle veit at vi feirar grunnlovsjubileum i år. Men legg det offisielle jubileet vekt på dei hendingane som verkeleg var viktige for folk? Linda Eide og Sjur Hjeltnes er ikkje overtydde, og har for tryggleikens skuld sett i hop sin eigen versjon av dei 200 åra som har gått sidan Grunnlova vart skriven. Dei har pløgd gjennom noregshistoria på jakt etter sidespora og digresjonane, historiene som ikkje hamna i pensumbøkene og dermed vart snytt for den plassen dei fortener i nasjonen sitt minne, men som like fullt fortel oss kven vi var og er. Alle som har følgt Linda Eide gjennom faktaserien Norsk attraksjon på NRK1, veit at det ikkje alltid er samsvar mellom det som er kjent, og det som er viktig. I framsyninga «200 år på to timar» vil dei to argumentere for at innføringa av blokkfløyte i grunnskulen har prega nordmenn like mykje som oljefunna i Nordsjøen, og at den første homoen på Voss var minst like skakande for nasjonen som månelandinga. Her er det ikkje Brureferda i Hardanger, men

eit heilt anna motiv som markerer høgdepunktet i norsk nasjonalromantikk. Den politiske helten er ikkje Einar Gerhardsen, men ho som gav oss dei mest upopulære lovene nokosinne, og likevel greidde å bli populær sjølv. Og gjennom historia smyg den norske musikkarven seg, frå Grieg til Melodi Grand Prix. Både Linda Eide og Sjur Hjeltnes har vitja Festspela tidlegare. Eide var den første vinnaren av Kulturdepartementets pris for nynorskjournalistar, som vart delt ut på Festspela i 2006. Komponist, pianist og humorist Sjur Hjeltnes heldt konsert der same år, og var tilbake i 2011 då han sto for tonefølgjet til bror sin, Arne Hjeltnes, som las eigne dikt. 200 år på to timar gjev deg kanskje ikkje strålande eksamenskarakterar, men at du lærer noko nytt, dét kan du vere viss på.

Laurdag 28. juni 18.00–20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet 200 år på to timar Kr 300 / ungdom 200

Sjur Hjeltnes og Linda Eide (foto: Thor Brødreskift)

Kven avgjer kva som er norsk? I år feirar vi Grunnlova vår, og vi er kanskje meir enn vanleg fylte med nasjonalkjensle. Er det ikkje då på sin plass å stille nokre spørsmål om kven som definerer det norske? Definisjonsmakt er eit sentralt omgrep når professor Jan Inge Sørbø, kulturredaktør i Bergens Tidende Hilde Sandvik og Dag og Tid-journalist Jon Hustad kastar seg ut i debattfarvatnet rundt lunsjtider fredag. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, NRK-styremedlem og dagleg leiar i nettleksikonet Allkunne, skal leie samtalen mellom trekløveret. Å snakke om kva det er som til saman utgjer ein norsk kultur, kan verke freistande. Det er likevel ikkje dette som blir inngangen til debatten, ifølgje Rotevatn. – Det er rammene rundt eg er interessert i, kven som set premissane for kva ålmenta oppfattar som ‘det norske’, seier ho.

Jon Hustad møter professor i litteratur Jan Inge Sørbø og kulturredaktør i Bergens Tidende Hilde Sandvik (foto: Alex Iversen, Kristian Fuglseth, BT) Alle dei tre debattdeltakarane er svært aktive og tydelege kommentatorar i den norske offentlegheita. Det kan difor sjå ut til at dette kan bli ei sjølvransakande stund for Hustad, Sandvik og Sørbø. Særleg Jon Hustad er ein kommentator det til tider har storma rundt, og spaltene med lesarinnlegg i Dag og

Tid blir jamt adresserte til hjørundfjordingen. Når dei profesjonelle meinarane skriv så mykje, står det att å leggje for dagen om dei trur det dei skriv har noko å seie for folkemeininga. Kort sagt: Har dei definisjonsmakt?

Fredag 27. juni 11.30–12.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Kven bestemmer kva som er norsk? Kr 100 / ungdom 50


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 7

Skreddarsaum frå Bøksle Fredag kveld står Helene Bøksle i Uteamfiet med eit program som kling både bakover og framover gjennom slektene. ‒ Eg kjem til å framføre materiale som er sett i hop spesielt for Festspela, noko eg lenge har ønskt å gjere, seier Bøksle. Med ei karakteristisk, klår røyst, og med eit musikalsk uttrykk som er sterkt inspirert av norsk tradisjonsmusikk, har ho blitt ein folkekjær artist. Det fjerde albumet hennar, Svalbard, kom ut i fjor sommar, og utover hausten var ho fast gjest i stovene til folk gjennom tvprogrammet Stjernekamp, der ho konkurrerte i ulike musikksjangrar med andre artistar. Dette er første gongen ho opptrer i Aasentunet, men ho har likevel eit spesielt forhold til staden. ‒ Oldefar min, Johannes Arneson, var målmann og kjende Ivar Aasen. Mormor fortalde om han, og gjennom henne vaks eg opp med Garborg og den nynorske lyrikken. Det blir ein konsert i oldefars ånd, seier ho. Støtte frå mormor Ho har sjølv tonesett nokre av Garborg sine dikt, som er å finne på dei tidlegare platene hennar. ‒ Det er skummelt å gje seg i kast med noko slikt, men eg ønskte å gjere det for mormor si skuld. Ho var ein pådrivar for at eg skulle velje

Helene Bøksle (foto: Helge Hansen) den vegen eg har gjort, fortel Bøksle, som har laga eige plateselskap for å kunne styre den kunstnarlege prosessen sjølv. Ho har mange ulike musikalske prosjekt bak seg, men meiner sjølv at det finst ein raud tråd i alt ho gjer. ‒ Målet mitt er alltid å skape ei stemning som kan treffe folk. Når eg merkar at eg har kontakt med publikum, veit eg at eg er på rett spor.

Klare for Endevendinga Seint laurdag kveld er koreografane og dansarane Solveig Styve Holte, Marte Reithaug Sterud og Ann-Christin Berg Kongsness klare for å endevende Aasen-tunet. Dei vil ta med seg publikum på ei vandring gjennom Sverre Fehns arkitektur, gjennom ulike kunstuttrykk, som dans, videokunst og poesi, alt signert dei tre kunstnarane og skapt for denne kvelden. – Som eit nytt og annleis festspelelement har vi utfordra dei tre til å skape ei framsyning med utgangspunkt i forfattarskapen til festspeldiktar Agnes Ravatn, fortel programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet. Inspirert av dei uredde og kraftfulle tekstane til Ravatn, tek dei sats frå der den siste romanen hennar, Fugletribunalet, sluttar. Koreografane har arbeidd med

denne framsyninga i «Reversible Destiny Lofts» i Tokyo, eit arkitektonisk verk signert arkitektane og kunstnarane Shusaku Arakawa og Madeline Gins. Denne arkitekturen legg til rette for ei reorganisering av korleis ein lever og korleis omgjevnadene kan vere ei direkte forlenging av eigen kropp. Dette tek dei med seg inn i endevendinga av Aasen-tunet.

Laurdag 28. juni 22.30–23.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Endevendinga Kr 200 / honnør og ungdom 150

Med seg på scena har ho Oddbjørn Stakkeland på piano og Allan Vigre på gitar. Fredag 27. juni 20.00–21.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Helene Bøksle Kr 250 / honnør og ungdom 200 / barn 150


8 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Dikt frå eksilet Kan ein poet ha politisk makt? Mansur Rajih bur i Noreg, men er likevel ei sterk røyst i heimlandet Jemen. Fredag møter du han i Salen i samtale med Brit Bildøen. Då den politiske skribenten og poeten Mansur Rajih kom til Noreg som fribyforfattar i 1998, hadde han sete 15 år i fengsel i Jemen som politisk fange. Men sjølv frå fengselet greidde han å få publisert dikta sine. Fribyordninga gjev forfølgde forfattarar ein sjanse til å uttrykkje seg fritt i tryggleik i eit anna land. ‒ Mange fribyforfattarar kjenner sikkert ei viss avmakt ved å kome til eit nytt land. Det er ei tøff omstilling, problem med språk og med å bli publisert. Ein går frå å vere ei viktig røyst i sitt eige land, til på mange måtar å misse røysta si, meiner Bildøen. Fredag 27. juni 17.00–17.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Makt og avmakt Kr 100 / ungdom 50

Mansur Rajih (foto: Signe Christine Urdal) I samtalen vil ho både snakke om Rajih si fortid som forfølgd, og om arbeidet hans som poet. ‒ Eg tenkjer mykje på kva makt ein har som forfattar. På den eine sida står ein langt nede på lista over dei som har politisk og økonomisk makt, men det at vi har ei røyst og ein talarstol, kan gje oss påverknadskraft. Spørsmålet er om ein vågar å bruke makta, seier ho.

Friby Ein friby har tatt på seg å vere vertskap for ein forfølgt forfattar i opptil to år. Fribyane er tilknytt organisasjonen ICORN, International Cities of Refuge Network, som administrerer ordninga. Det finst i dag over 40 fribyar, tolv av disse er i Noreg; Bergen, Bø, Drøbak, Haugesund,

Kristiansand, Lillehammer, Molde, Oslo, Skien, Stavanger, Tromsø og Trondheim. Norsk PEN er den norske avdelinga av International PEN, verdas største skribent- og ytringsfridomsorganisasjon, stifta i 1921.

Fritt fram for målfridom? Kvifor møter språkleg mangfald ofte så sterk motstand? Kven bestemmer kva for språk vi skal bruke? Det blir tema i debatten fredag ettermiddag. ‒ Alle likar å seie at mangfald, toleranse og likestilling er bra og viktig, men i språkspørsmål blir mangfaldet ofte sett på som eit problem. Kva er det som framkallar slik irritasjon når vi møter eit anna språk enn vi er vande med å bruke? Det er eit spennande spørsmål, seier leiar for Nynorsk avissenter, Arve Sandal. Han skal leie samtalen mellom medieforskar og nestleiar i styret i norsk PEN Elisabeth Eide, språkvitar Sylfest Lomheim og tidlegare leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture.

Fredag 27. juni 14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Fritt fram for målfridom? Kr 100 / ungdom 50

Elisabeth Eide (foto: Bernt Eide)

Sylfest Lomheim (foto: Samlaget)

Vebjørn Sture (foto: Odin Horthe Omdal)

– Vi har samla tre av aktørane som har ytra seg med ulike og kanskje overraskande standpunkt slik at dei kan få prøve argumenta sine i eit møte på scena og i eit møte med publikum. For handlar val av målform eigentleg om ytringsfridom? spør programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet.

Det faktum at journalistar i mange norske aviser ikkje kan skrive på si eiga målform, viser at språkleg fridom ikkje er sjølvsagt, heller ikkje i Noreg. ‒ Ein kan også hevde at det vil vere utviklande for meg å måtte bruke eit anna språk enn eg er vand med, så dette er eit spørs-

mål med fleire sider. Kven skal bestemme kva språk vi møter i avisene, er det redaktøren eller journalisten? Kven bestemmer kva språk det offentlege skal møte borgarane på? Her ligg det interessante problemstillingar som eg gler meg til å ta opp, seier Sandal.


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 9

Opningshøgtid Alt det formelle er på plass når høgsterettsdomar Karl Arne Utgård offisielt opnar Dei nynorske festspela i jubileumsåret for Grunnlova. Festspeldiktar Agnes Ravatn får sitt første møte med publikum på opningshøgtida, der ho stiller med ein heilt nyskriven tekst. Ei og anna overrasking langsmed lyt ein også vere budd på. Karl Arne Utgård frå Sykkylven var den første nynorskbrukaren som blei utnemnd fast til høgsterettsdomar i 1999. Før den tid hadde han vore ein viktig nøkkelperson i arbeidet som leidde til at NRK bygde ut distriktskontor på 1970-talet. Utgård var også den første som fekk prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursentrum, i 2000. – I dette året der vi feirar grunnteksten for alle lover, og ikkje minst der vi har fått sjølve Grunnlova på nynorsk, er det ei ære for oss at Utgård opnar Festspela, seier programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet. Årets nynorskbrukarar 2014 er brørne Aasmund og Odd Nordstoga. Dei får prisen overrekt under opningshøgtida av styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. I grunngjevinga til juryen heiter det at «dei får prisen

for konsekvent og stilsikker bruk av dialektfarga nynorsk i mange former for songlyrikk, frå klassikarar til nyskrivne verk som raskt har kome på folkemunne». – Vi gler oss også til eit gjenhøyr med den offisielle festspelfanfaren som Roar Goksøyr Lillebø laga til opninga av Aasen-tunet i 2000, seier Munch, som ser fram til ei høgtidsstemt opning med klaver og trompetar. Brørne Nordstoga og søstrene Guro og Synnøve Myklebust frå Stryn vil syngje, og programleiar Hilde Myklebust skal lose oss gjennom opninga.

Torsdag 26. juni 18.00–19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Opningshøgtid Kr 150 / ungdom og barn 100

Synnøve og Guro Myklebust (pressefoto)

Agnes Ravatn (foto: Aasen-tunet)

Karl Arne Utgard (foto: Cathrine Dillner Hagen)

Forbodne ord, eller berre tabu? Ord kan gjerast forbodne når makthavarar ønskjer å endre røynda. Den historia fortel Sylfest Lomheim meir om søndag i Aasen-tunet, og fredagskvelden er det quiz om forbodne ord på Målbar. Den katolske kyrkja forbaud bøker i over 400 år, like til 1966. I Noreg blei romanen Uten en tråd av Jens Bjørneboe forboden året etter. I det offentlege ordskiftet gjeld det å føre eit politisk korrekt språk, samstundes som bannskap jamt oftare blir prenta, tvitra eller kringkasta. Ordet «tabu» kom inn i vestlege språk seint på 1700-talet. Tabuord er kulturelt betinga og har med skamkjensle å gjere, det ein sjølv ikkje vil snakke om eller som ein trur vil krenkje andre.

Tabu og forbod heng ofte saman. I USA stadfesta høgsteretten i 1978 med fem mot fire røyster eit forbod mot «sju skitne ord» i radio og tv der det er grunn til å rekne med at born er til stades. I Pakistan ville telestyresmaktene hindre såkalla vulgær språkbruk og innførte i 2011 forbod mot 1695 namngitte ord i tekstmeldingar. Forbodet varte i åtte dagar. Meir spesielt var det at ordet «tornado» var forbode i vêrmeldingar i USA mellom 1886 og 1952. US Army meinte at det å varsle tornadoar gjorde større skade enn dei øydeleggingane tornadoane kunne medføre. I 2014 er det heilt andre ord amerikanske NSA får lov til å fange opp jamvel frå privatlivet.

Illustrasjonsbilete Fredag 27. juni 23.30–00.15 Målbar, Møre folkehøgskule Quiz om forbodne ord Kr 100

Søndag 29. juni 13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Dei forbodne orda Kr 100 / ungdom 50


10 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Litteratur i det grøne Laurdag ettermiddag blir det natur og kultur i vakker blanding når Festspela inviterer til opplesing og hagekurs i hagen til Torhild Øie i Ørsta. Når hovudpersonen Allis i festspeldiktar Agnes Ravatns roman Fugletribunalet ser seg nøydd til å stikke av frå hovudstaden, tek ho på seg å vere gartnar for ein mann i ei utkantbygd. Problemet er berre at Allis, til liks med forfattaren sjølv, ikkje anar noko om hagar. Det skal det no bli ei ordning på. Saman med forfattar Rønnaug Kleiva og hageentusiast Torhild Øie skal Ravatn finne ut kva Allis burde ha visst før ho sette i gang med gartnarprosjektet sitt. ‒ Eg har alltid vore eit hagemenneske, men er ikkje ekspert. Eg kjem til å lese eigne tekstar knytt til hagedyrking, med utgangspunkt i kva hovudpersonen til Agnes kunne trenge av kunnskap, seier Kleiva. Start i det små Agnes Ravatn vil lese nokre av dei mest avslørande hagepassasjane frå Fugletribunalet. Ho er litt uviss på kvar ideen om hagedyrking kom frå. Laurdag 28. juni 14.00–15.00 Lokal hage i Ørsta, parkering ved Høgebrua Ut i vår hage Kr 50

Torhild Øie ‒ Boka ber preg av eit sterkt tilbake-til-naturen-motiv. Hovudpersonen kjenner ein trong til å reinse seg sjølv, og frigjere seg frå det ho opplever som falskt og konstruert i livet sitt, fortel ho. Torhild Øie, som eig hagen der det heile skal gå føre seg, ville ha rådd Allis til å byrje i det små. ‒ Eg ville ikkje ha kjøpt det som er mest fargesprakande på hagesenteret, for det er slett ikkje sikkert at det vil trivast i hagen din. Det er demoraliserande å handle flotte blomar for tusenvis av kroner, berre for å sjå at alt er daudt

når våren kjem. Start med å spørje nokon til råds om kva plantar som trivst i den jorda du har, og når du får meir røynsle, kan du vere litt meir lettsindig på hagesenteret, seier ho.

Rønnaug Kleiva (foto: Ingjerd Kleiva, Samlaget)

Garborg om religion Religion var eit tema som opptok tenkjaren Arne Garborg gjennom heile livet. Laurdag ettermiddag kan du høyre Jon Hellesnes snakke om Garborg som religionskritikar. Kritisk tenking om religion og religiøse autoritetar er noko vi treng meir av, meiner filosofen Jon Hellesnes. Han har nyleg skrive

Laurdag 28. juni 14.30–15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Klassikartimen Kr 100 / ungdom 50

boka Meining? Religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg, som tek opp den radikalt ulike religionskritikken dei to tenkjarane stod for. – I dette føredraget vil eg først og fremst ta utgangspunkt i Garborg, som religionskritikar og som filosof, seier Hellesnes. Garborg skreiv argumenterande religionskritikk og var ikkje mellom dei som ville avskaffe kristendomen. På den andre sida hadde kristendomen på Garborg si tid tapt monopolet sitt på å tolke menneskelivet, og meininga med livet var difor eit viktig tema for intellektuelle som han sjølv. Garborg prøvde å utforske kva det er i religionen som kan vere med på å skape meining i livet.

Jon Hellesnes (pressefoto)

Arne Garborg (foto: Helland)

Jon Hellesnes meiner religionskritikken frå førre hundreårsskifte er høgaktuell i dag. Når religiøse menneske tillegg Gud smålege interesser, eller når religionar blir

nytta til å legitimere maktmisbruk og fanatisme, då er det viktig å kunne uttale seg kritisk om religionar og religiøse autoritetar.


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 11

Nordnorsk skrivekunst møter indiepop, new wave og postrock

Kråkesølv i Uteamfiet Kråkesølv er eit modig og energisk band med ein stor tilhengarskare. I mars 2014 gav dei ut sitt fjerde album, kalla opp etter bandet sjølv. Laurdag 28. juni får du kjenne vinden av det vakraste Nord-Noreg har å by på nett no. Dei er kjende for sine særmerkte lydmetaforar i eit poetisk og nytenkjande ordelag på rotekte bodødialekt. Musikkmeldar Trine Aandahl i P3 gjev det siste albumet terningkast fem: «Ingen av de ti låtene på det 32 minutter lange albumet er overflødige. Bandet låter både mer sultne og rutinerte enn tidligere. Låtskrivingen virker mer fokusert, og det er tett mellom høydepunktene.» Kråkesølv er Jørgen Smådal Larsen, Fredrik Olsen, Kristoffer Undstad og Petter Undstad. I starten var dei nært knytt til miljøet kring kulturhuset Gimle og ein av Noregs mest aktive rockeklubbar, X Rockeklubb (XRK) i Bodø. Gjer det sjølv-mentaliteten har stått sterkt, og her har Kråkesølv gått føre. Som mange band i vår samtid vart Kråkesølv kjende nasjonalt gjennom Urørt på NRK P3 og bransjefestivalen by:Larm. Kråkesølv er eit rockeband med

Kråkesølv (foto: Frank Huttophol) ei uredd stemme. Dette ser vi i miljødebatten, der dei særleg har engasjert seg mot oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen. Dei har også utfordra og gått sine eigne vegar i musikkbransjen, og i 2010 takka dei nei til Statoil-stipendet på 800 000 kr. Bassist Petter Undstad utmerkte seg sommaren 2013

som ein ihuga sjøbadar. Her kjem ein tydeleg lenkje til vår eigen Ivar Aasen, som også hadde glede av eit ordentleg sjøbad i ny og ne. Undstad er med dette utfordra til å ta eit bad under Dei nynorske festspela, medan du er velkomen til konsert med Kråkesølv!

Laurdag 28. juni 20.30–22.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Kråkesølv Kr 250 / student og ungdom 200 / barn 150

Livet i filterbobla Dei som styrer vår digitale kvardag, styrer informasjonen vi får. Den digitale makta er samtaletema i Salen laurdag ettermiddag. Visste du at meir og meir av informasjonen du får på Internett, er plukka ut spesielt for akkurat deg? Stadig fleire av oss får vårt daglege påfyll av nyhende via sosiale medium og på digitale plattformer. Kvar gong du vitjar sosiale nettstader eller gjer eit søk på internett, fortel du nettstaden noko om deg sjølv Laurdag 28. juni 16.00–16.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Digital makt – filterbobla Kr 100 / ungdom 50

og kva type informasjon som interesserer deg. Dette nyttar nettstaden til å filtrere innhaldet du får sjå slik at det skal passe til dine preferansar. Det du ser, er ikkje det same som ein annan person ville ha sett. Praktisk? Ja, men samstundes risikerer vi at viktige nyhende, ting som vi kanskje ikkje er så opptekne av, men som vi bør kjenne til for å kunne delta konstruktivt i samfunnet, forsvinn ut av syne for oss. Vil vi ende opp med å berre diskutere det som ligg innanfor vår eigen personlege sirkel, medan dei viktige avgjerdene i samfunnet blir tekne utan at vi veit om det? Deltakarar i samtalen er mellom andre Bente Kalsnes, stipendiat ved UiO, Finn Myrstad i Forbrukerrådet, og Ragnhild Kristine Olsen, analysesjef i Amedia.

Bente Kalsnes (foto: Eirin Cathrine Lade)

Finn Myrstad (foto: Forbrukerrådet)


12 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Avrusing frå sosiale medium Kor glad er du i telefonen din? Sjekkar du Facebook og nettaviser i alle ledige stunder? Og elles også? Då er dette er arrangementet for deg. Du manglar sjølvkontroll og treng hjelp! Festspeldiktaren står til teneste. Laurdag 28. juni 17.00–17.45 Frå Aasen-tunet til Høgetua Avrusing frå sosiale medium Gratis

– Eg synest du skal kome på avrusinga fordi du er ein Facebook- og smarttelefonavhengig slask og du veit det! Det er den klare oppmodinga frå Agnes Ravatn. Ho har vore gjennom ei grundig avrusing sjølv og tilbyd no røynslene sine til festspelpublikummet i tilstellinga Avrusing frå sosiale medium. Eller, som ho sjølv kallar det: asosiale medium. I vakre omgjevnader skal kursdeltakarane vandre frå Aasentunet til Høgetua og gradvis kjenne ei ny verd opne seg. Tenk å få gå i skogen å sjå seg rundt utan å melde til andre, utan å ta bilete, utan musikk. Det blir sikkert ikkje

berre enkelt, men det vil nok vere verdt det. I beste fall risikerer du å få tid til overs etter denne leksjonen. Festspeldiktaren tek imot deg på Høgetua, som denne dagen er heilt fri for digitale remediar, og rettleiar deg om korleis du skal takle vegen vidare. Sorgreaksjonar, abstinensar, tilbakefall, press frå miljøet og ikkje minst den nye, gamle, verda som kjem til å openberre seg for den einskilde. Arrangementet er sjølvsagt gratis. Du skal ikkje ha den orsakinga. Agnes Ravatn (foto: Agnete Brun)

Grunnlova før og etter Ivar Aasen Sidan tysdag 6. mai 2014 kl. 14.15 har Noreg hatt Grunnlova på moderne nynorsk og gamaldags bokmål. Ein av dei som systematisk brukte Grunnlova i arbeidet sitt, var Ivar Aasen. – Det ser ut til at det var viktig for Ivar Aasen at folk, både som deltakarar, arbeidarar og språkbrukarar i samfunnet, kunne velje kvar dei høyrer til, seier professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen. Det synspunktet utdjupar han i Ivar Aasen-minneforedraget fredag. I Noreg heng språk og demokrati nøye saman. Det blir bestemt lokalt om opplæringsspråket i skulen, liturgien i kyrkja eller administrasjonsspråket i forvaltninga skal vere nynorsk eller bokmål. I det samiske forvaltningsområdet med ti kommunar er samisk jamstilt med dei to norske språka. Dette knyter språk tettare til den politiske kvardagen enn i mange andre land. Det har sine grunnar. Alt i 1836 viste 22 år gamle Ivar Aasen til Grunnlova då han sat på Solnør og tenkte ut kva som burde gjerast med språket i Noreg. Med Grunnlova hadde innbyggjarane fått klare rettar, og Aasen meinte dei rettane inkluderte språkleg fridom. Den grunntanken følgde han kvar gong han skreiv prinsipielt og overordna om språkpolitikk, som i fororda til grammatikken og ordboka. Han gjorde det tydeleg, men

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen (foto: Elisabeth Tønnessen) varsamt, for enno var prentefridomen langt frå så reell som § 100 i Grunnlova kunne gi inntrykk av. – Ivar Aasen står i ei spenning mellom ein fransk og ein tysk tradisjon i nasjonstenkinga si, seier Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, som til dagleg arbeider ved Universitetet i Stavanger. Han meiner det er mogleg å spore nokre grunnleggjande prinsipp i arbeidet til Aasen som kan lesast som ei tolking av folkesuverenitetsprinsippet i Grunnlova. Her skil Aasen seg frå seinare nynorsktenkjarar som hadde politiske siktemål med

Ivar Aasen (foto: C. C. Wischmann)

arbeidet sitt, til dømes Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen har skrive boka Omvegar fører lengst, som viser korleis norsk skriftkultur har utvikla seg frå 1700talet og fram til i dag. På Volda Fredag 27. juni 11.00–11.45 Volda omsorgssenter Skriftkultur gjennom 200 år Gratis

omsorgssenter fredag fortel Nicolaysen om om korleis stoda i norsk skriftkultur er i dag og korleis utviklinga har vore. Søstrene Guro og Synnøve Myklebust frå Stryn syter for vakker song.

Fredag 27. juni 13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Ivar Aasenminneforedraget: Ivar Aasen og Grunnlova Kr 100 / ungdom 50


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 13

Ord om ord, og poesi i førsommarens fang Poesi i samspel med musikk, poesi som talar for seg sjølv og ord om alle orda i Noreg. Det er den mangfaldige menyen på årets Aasenstemne som avsluttar Dei nynorske festspela. Arnfinn Haram var høgt respektert som både samfunnsdebattant, skribent og lyrikar. Vi får møte den poetiske sida av dominikanarmunken i konsertprogrammet I førsommarens fang, med musikk av Odd Johan Overøye. Det musikalske landskapet er ope, og spenner frå den enkle visa til gjennomkomponert musikk med ekko både frå populærmusikken, modernisme og gregoriansk tonespråk. Tråden gjennom det heile er tekstane og den gode melodien. Konserten er eit musikalsk møtepunkt mellom profilerte utøvarar frå ulike formidlingstradisjonar. Sopran Ann-Helen Moen syng til tonefølgje av Odd Johan Overøye på piano, Martin Högberg på gitar

Åse Wetås (foto: Annica Thomsson)

og Bergmund Skaslien på bratsj. Alf Kjetil Walgermo les og fortel om Arnfinn Haram. Ord om ord Norsk Ordbok gjev ei fullstendig framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og i nynorsk skriftspråk, med meir enn 300 000 ordartiklar. Ordboksprosjektet blir avslutta i år, men orda lever vidare. Prosjektdirektør Åse Wetås vil i stemnetalen snakke om den store og viktige kunnskapen dei nynorske språksamlingane gjev oss om kven vi er og korleis vi oppfattar oss sjølve og kvarandre. Bruheim om Bruheim I 2014 er det 100 år sidan diktaren Jan-Magnus Bruheim blei fødd i Skjåk i Gudbrandsdalen. Han tok samtida si på pulsen, men diktinga hans er likevel tid- og stadlaus. Eit sentralt tema er striden mellom det vonde og gode, mellom det lyse og mørke. Programleiar for Aasen-stemnet, Magnhild Bruheim, vil lese fleire dikt av 100-årsjubilanten under avslutningsarrangementet for Festspela.

Søndag 29. juni 16.00–17.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasen-stemnet Kr 200 / honnør, student, ungdom 150 / born 100 / familie 500

(foto: Observatoriet, Lasse Berre, Tone Leksbø, Invild Pettersen, Eir Bue)

Jan-Magnus Bruheim (foto: Kristian Hosar)

Magnhild Bruheim (foto: Gudmund Moren)

Ny norsk

verdsborgar? handlenett.no


14 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

På bærtur med Nøtteliten I år er det 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd. Dette blir storleg markert i Prøysenåret 2014. Dei nynorske festspela er glade for å ta i mot Prøysenbandet og Nøtteliten, som vil vise oss veg gjennom Prøysen sitt univers. Frå Hompetitten til Bolla Pinnsvin, Helene Harefrøken, han verdskjend. Frå 1938 fekk han Sirkus Mikkelikski og mange tekstar på trykk i Arbeidermagasifleire. net. Starten på forfattarskapen, der Alf Prøysen skreiv barne- og vaksenlitteratur på ringsakerdialekt. Visene hans vart folkeeige, «Du skal få ein dag» blei kåra til nasjonalvisa for Noreg i 1995. «Nordmannen» kom på 2. plass. Barnebøkene om Teskjekjerringa gjorde

Fredag 27. juni 11.00–11.45 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet På bærtur med Nøtteliten Konsert med Prøysenhusbandet Kr 100 / barn 50 / familie 200

det meste var på dialekt, var novellesamlinga Dørstokken heme, som kom i 1945. Barnebokdebuten, Lillebrors viser, kom i 1949. Den einaste romanen, Trost i taklampa (1950), vart omarbeidd for scenen. Stykket vart første gongen oppført på Det Norske Teatret i 1952. Seinare vart det både film og musikal. I 1952 debuterte Prøysen i barnetimen for dei minste i NRK Radio. Han spela gitar og song viser, knytte saman med små historier om fru Bollerud, gamle Marte og ‘n Baldrian. Mykje av det populære stoffet kom etter kvart i bokform. Innslaga i andre NRKprogram, mellom anna i Søndagsposten, var òg høgt skatta. Prøysen

Alf Prøysen samla fleire viser og gjorde gjendiktingar frå svensk og engelsk av mellom andre Elsa Beskow, Wilhelm Moberg og Charles Sale. Saman med Inger Hagerup gjendikta han britiske barnerim. Prøysenhusbandet er gitarist og orkesterleiar Frode Berntzen, trommeslagar Mats Lillehaug og altmulegmusikant Hogne Moe, som også er dagleg leiar på Prøysenhuset. Moe arbeider mykje med born, musikk og teater, og har mellom anna skrive bøkene og platene om Jonas i jungelen. Han

fortel at Alf Prøysen sine songar vert svært godt mottekne av barn over heile landet. Han blir ikkje lengre overraska over at born kan mange av Prøysen sine songar, vers på vers, på rams. Prøysenhusbandet ser fram til å treffe deg under Festspela, og vi ønskjer velkomen til ei musikalsk reise i Prøysens rike songskatt for born.

Lurivar presenterer: Grunnlova – Det eine jubileumsåret bit det andre i halen. Ikkje før er vi ferdige med å syngje “Hipp, hurra for Ivar Aasen”, så er vi i gang med å syngje grunnlovsjubileumssongar. Det er jo berre heilt festjubileumsfabulistisk, seier tunkatten Lurivar Lurivar er ein ordsamlar av rang. Så lenge han kan hugse har han samla på ord og uttrykk, og i år er det særleg mange grunnlovsord å finne rundt omkring. – Eg skal snuse meg inn på mange spennande setningar frå Grunnlova og historia frå 1814. Demokrati? Kva er det for noko? Konstitusjon? Det rimar jo på kondisjon, men er vel ikkje heilt det same? funderer Lurivar. Lurivar presenterer: Grunnlova er ei spesialframsyning for Festspela der tunkatten Lurivar (Maria Halseth) tek borna på ei reise gjennom Grunnlova og tida kring unionsoppløysinga frå Danmark. Lurivar leikar med ord og

Lurivar (foto: S. Osdal, Aasen-tunet) setningar. Han tolkar Grunnlova hit og dit. Ja, av og til går det litt vel langt, og borna og Lurivar sin makker må hjelpe Lurivar på rett spor att. Ein god dose gjøgleri, litt alvor, ei klype opplæring, ein smak

av språk, eit godt mål song og ein porsjon leik. Bland alt dette saman med nye lover og overraskingar, så har du oppskrifta på familieframsyninga Lurivar presenterer: Grunnlova!

Laurdag 28. juni 13.00–13.45 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Lurivar presenterer: Grunnlova Kr 50 / familie 150


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 15

Ørsta folkebibliotek ny festspelarena

Festspelbøker for born Dei nynorske festspela samarbeider med forlaga Mangschou, Samlaget og Skald om eit leik- og konkurranseprega rebusløp med start på Ørsta folkebibliotek. Born i alderen 8 til 12 år kan vente seg humor, spenning, monster, spionar og bestevener når inspirasjonen er henta frå tre ulike bokseriar. Monsterboka er den fjerde boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar – antologiane som etter kvart har blitt klassikarar og samleobjekt i mange hus. Monsterboka er ei fantasifull og fargerik bok for heile familien som fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing. Etter dei tre kritikarroste og prisløna første bøkene Godnattboka, Eventyrboka og Trøysteboka har forfattarane denne gongen utforska monsterunivers på humoristisk og nokre gongar litt skummelt vis. Dei har spora opp både gigantisk store og Laurdag 28. juni 11.00–11.45 Ørsta folkebibliotek Festspelbøker for born Gratis

bitte små, snille og slemme, triste og glade monster. Boka er illustrert av Gunvor Rasmussen, som er uvanleg glad i nettopp monster. I Rekrutten av Robert Muchamore møter vi 12-årige James Adams, som kjem på barneheim etter at mora døyr. James får raskt tvilsame venner, hamnar i slåsskampar og blir arrestert for tjuveri. Men då Cherub oppdagar hans skjulte talent, byrjar eit nytt liv som spion. I denne første boka i serien følgjer vi rekrutteringa av James til organisasjonen og den knallharde opptaksprøva: 100 dagar med smertefull grunntrening. Han får også sitt første

oppdrag, der James skal infiltrere ei gruppe øko-fanatikarar som har planar om biologisk terror. Kor store sjansar torer han å ta? I verste fall kan det bli med livet som innsats. Møt også veslesøstera Lauren, Kyle, Kerry og resten av CHERUB-ane! Den populære serien om bestevenninne Hanna og Emma er skriven av Bente Bratlund. Hanna si mor har fått seg kjærast, og han og dottera Jill skal kome på besøk. Emma seier at Hanna må gle seg. Det blir nesten som å få ei søster! Men Hanna er ikkje heilt sikker. Synest ho det er greitt? Stikkord for denne serien er leseglede, lett-

Graut og godt samarbeid Tradisjonen tru blir det frukost i tunet fredag morgon. Og til dagens viktigaste måltid blir det fagleg påfyll frå næringslivet. Inspirert av den nye kokeboka til Lasse Skjønning Andersen blir det servert graut på spennande vis denne morgonen. I tillegg til den vanlege frukosten skal det lagast fleire ulike typar graut, med mykje godt attåt. Alle grautsortane er laga på korn frå Volda Elektriske Mylne. Her skal vi vise at graut kan vere mykje meir enn den Fredag 27. juni 09.00–10.30 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Frukost i tunet: Heilt graut Kr 100 for frukost

trauste havregrauten ein er vand med! Til frukosten får vi gjester frå det lokale og regionale næringslivet. Temaet for morgonen er kommunikasjon og regionalt samarbeid, og fleire aktørar i regionen skal dele erfaringar med oss. Elias Moe frå Volda Elektriske Mylne skal snakke om korleis han driv næringsverksemd og Svein Sunde frå Gode vegar skal presentere røynsler frå Eiksund- og Kvivsregionen, basert på ein fersk rapport frå Telemarksforsking. Aasmund Nordstoga set frukostgjestene i stemning med Grauten på Grut av Aasmund Olavsson Vinje. Frukosten er eit samarbeid med Kontaktpunktet Ørsta-Volda.

Kokeboka Graut har slått godt an.

lest, lett hekta, positiv, og allmenn relasjonstematikk i feel-goodsjangeren. Rebusløpet vil utfordre fantasien, lesehesten, systematikaren, hovudet, fysikken og skodespelaren i borna. Vi startar arrangementet på Ørsta bibliotek og endar rebusløpet ved statuen av Ivar Aasen i Ørsta sentrum. Her vil det bli overraskingar og premiar til alle deltakarane. Den gruppa med flest rette svar får ein solid premie frå arrangørane.


16 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Dei nynorske f Torsdag 26. juni

Fredag 27. juni

10.00 Ivar Aasen-statuen, Ørsta Blomar ved bauta: Ivar Aasen-statuen Direktør Ottar Grepstad

09.00–10.30 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Frukost i tunet: Heilt graut Svein Sunde, Aasmund Nordstoga I samarbeid med Volda El. Mylne Kr 100 for frukost

13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Ivar Aasen-minneforedraget: Ivar Aasen og Grunnlova Bjørn Kvalsvik Nicolaysen Kr 100 / ungdom 50

10.30–11.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Medietimen Utdeling av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar Aasmund Nordstoga les Aasmund Olavsson Vinje Arrangør: NRK Nynorsk mediesenter Gratis

14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Fritt fram Kva er språkleg fridom? Elisabeth Eide, Sylfest Lomheim og Vebjørn Sture i samtale med Arve Sandal I samarbeid med Norsk PEN Kr 100 / ungdom 50

17.00–24.00 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Festspelretten 2014 Komponert av festspeldiktaren 18.00–19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet OPNINGSHØGTID Festspeldiktar Agnes Ravatn Opningstale: Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård Utdeling av prisen Årets nynorskbrukarar Aasmund og Odd Nordstoga Guro og Synnøve Myklebust Programleiar: Hilde Myklebust Kr 150 / ungdom og barn 100 19.20 Gamletunet, Ivar Aasen-tunet Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen Festspeldiktaren les og kransar Ivar Aasen-bautaen Allsong: ”Dei gamle fjelli” 19.30–19.45 Galleriet, Ivar Aasen-tunet Festspelutstillinga 2014 Ørnulf Opdahl Opning ved fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen Gratis festspeldagane Utstillinga står utover sommaren 21.00–22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasmund og Odd Nordstoga Erland Dahlen, Gjermund Silset og John Vinge Kr 375 i amfiet / 350 / ungdom og barn 200 / familie 950 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30–24.00 Årets nynorskbrukarar 2014 Aasmund og Odd Nordstoga i samtale med Maria Parr Kr 100

11.00–11.45 Volda omsorgssenter Skriftkultur gjennom 200 år Bjørn Kvalsvik Nicolaysen Guro og Synnøve Myklebust I samarbeid med Volda kommune Gratis 11.00–11.45 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet På bærtur med Nøtteliten Konsert med Prøysenhusbandet Kr 100 / barn 50 / familie 200 11.30–12.00 Mylneriet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Brit Bildøen les frå Sju dagar i august Kr 50 / ungdom 30 11.30–12.00 Fugl Føniks kaffibar, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Rønnaug Kleiva les eigne tekstar Kr 50 / ungdom 30 11.30–12.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Kven bestemmer kva som er norsk? Jon Hustad, Hilde Sandvik og Jan Inge Sørbø i samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn Kr 100 / ungdom 50 12.30–12.45 Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunet Makta i språket Opning av temautstilling Gratis 13.00–14.00 Rokken, Volda Det vert ingen siger utan strid Kåring av vinnaren i teikneseriekonkurransen Egil Olsen Guro og Synnøve Myklebust Den mangfaldige scenen I samarbeid med Sunnmørsposten Kr 50

15.30–16.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Litteratur med Landro: Festspeldiktar Agnes Ravatn Samtale med Jan H. Landro Nina Elisabeth Bøe og Aasmund Nordstoga les Kr 100 / ungdom 50 17.00–17.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Makt og avmakt Fribyforfattar Mansun Rajih i samtale med Brit Bildøen I samarbeid med Norsk PEN Kr 100 / ungdom 50 18.30–19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Kvifor er dikting viktig? Marta Norheim, Jan Inge Sørbø og Einar Økland i samtale med Jan H. Landro Kr 100 / ungdom 50 20.00–21.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Helene Bøksle Kr 250 / honnør og ungdom 200 / barn 150 22.00–23.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Baker Hansen Chet Baker på nynorsk Stian Andreas Andersen, Tore Flatjord, Kjetil Jerve, Thomas Husmo Litleskare og Sigurd Rotvik Tunestveit Kr 200 / ungdom 150 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30–00.15 Quiz om forbodne ord Sylfest Lomheim Kr 100


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 17

festspela 2014 Søndag 29. juni

Laurdag 28. juni 11.00–11.45 Ørsta folkebibliotek Festspelbøker for born Konkurransar og leikar Høver for barn frå 8 til 12 år I samarbeid med Ørsta folkebibliotek, Mangschou, Samlaget og Skald forlag Gratis 12.00–13.00 Volda sentrum og Spinneriet Ivar-pakkar og kaffi 12.00–13.00 Ørsta sentrum og Amfi Ivar-pakkar og kaffi 12.00–12.45 Møre folkehøgskule, Ørsta Kva er det med essayet? Agnes Ravatn, Jon Hellesnes og Gunnhild Øyehaug i samtale med Jan H. Landro Kr 100 / ungdom 50 12.00–12.30 Fru Svendsen kunst- og kulturkafé, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Erlend O. Nødtvedt les frå Bergens beskrivelse Kr 50 / ungdom 30 13.00–13.45 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Lurivar presenterer: Grunnlova Maria Halseth som Lurivar Kr 50 / familie 150 13.30–14.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Verda den vide: The power of languages Nicholas Ostler, Foundation of Endangered Languages Kr 100 / ungdom 50 14.00–15.00 Lokal hage ved Høgebrua, Ørsta Ut i vår hage Agnes Ravatn og Rønnaug Kleiva I samarbeid med Ørsta Hagelag. Kr 50

Billettar www.ebillett.no Telefon 70 04 75 84

14.30–15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Klassikartimen Jon Hellesnes om Arne Garborg Kr 100 / ungdom 50 16.00–16.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Digital makt – filterbobla Bente Kalsnes, stipendiat UiO, Finn Myrstad, fagdirektør Forbrukerrådet og Ragnhild Kristine Olsen, analysesjef i Amedia Kr 100 / ungdom 50 17.00–17.45 Frå Aasen-tunet til Høgetua Avrusing frå sosiale medium Agnes Ravatn Gratis 18.00–20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet 200 år på to timar Linda Eide og Sjur Hjeltnes Kr 300 / ungdom 200 20.30–22.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Kråkesølv Jørgen Smådal Larsen, Fredrik Olsen, Kristoffer Unstad og Petter Unstad Kr 250 / student og ungdom 200 / barn 150 22.30–23.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Endevendinga Danseframsyning inspirert av Agnes Ravatn Solveig Styve Holte, Ann-Christin Berg Kongsness og Marte Reithaug Sterud Kr 200 / honnør og ungdom 150 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar

11.00–12.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri Liturg: Kjell-Roger Isene Arrangør: Volda sokneråd i samarbeid med Ørsta sokneråd 12.00–17.00 Kafeen og Jostein Nerbøvik-plassen, Ivar Aasen-tunet Kyrkjekaffi og søndagskafé 13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Dei forbodne orda Sylfest Lomheim Kr 100 / ungdom 50 14.30–15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Kva er poesi? Erling Indreeide, Erlend O. Nødtvedt og Charlotte Riise i samtale med Jan Inge Sørbø Kr 100 / ungdom 50 16.00–17.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet AASEN-STEMNET 2014 Stemnetale ved prosjektdirektør Åse Wetås i Norsk Ordbok Programleiar Magnhild Bruheim les tekstar av Jan-Magnus Bruheim I førsommarens fang Musikk til dikt av Arnfinn Haram Ann-Helen Moen, Martin Högberg, Odd Johan Overøye, Bergmund Skaslien og Alf Kjetil Walgermo Kr 200 / honnør, student og ungdom 150 / barn 100 / familie 500 Med atterhald om endringar

24.00–00.45 Etter stengetid med Ravatn og Økland Samtale med Geir Hjorthol Kr 100

Rabattar Ev. honnør, studentbillettar eller Kulturrabatt for ungdom er oppført spesielt.

Festspelpass kr 1350 - FÅ IGJEN! Gir tilgjenge til alle festspelarrangement. NB: Også publikum med festspelpass må tinge plass på førehand til arrangement i lokale med avgrensa plass, t.d. Salen i Ivar Aasen-tunet.

Ungdomsprisane er støtta av ordninga Kulturrabatt for ungdom

Opningstider i Ivar Aasen-tunet Torsdag 26. juni 10.00–24.00 Fredag 27. juni 09.00–24.00 Laurdag 28. juni 10.00–24.00 Søndag 29. juni 10.00–18.00


18 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Essayistikk, takk! Når festspeldiktar Agnes Ravatn vart beden om å diskutere essay-sjangeren, var det ingen tvil om kven ho ville ha med i samtalen. På laurdag møter ho Gunnhild Øyehaug og Jon Hellesnes. Essayet er sakprosa-sjangeren som opnar for subjektivitet, assosiasjonar og ei tydeleg personleg stemme. Derfor er det også ein sjanger der ein finn svært ulike typar tekstar. Jan H. Landro leiar samtalen når tre framståande essayistar diskuterer: Kva er det med dette essayet eigentleg? Agnes Ravatn har mange strenger å spele på. For mange er ho nok mest kjend som essayist, og denne sjangeren trakterer ho med stor dugleik, humor og ein observant og ironisk tone. Gunnhild Øyehaug har arbeidd med litteratur på dei fleste vis. I tillegg til å skrive sjølv, er ho litteraturkritikar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Laurdag 28. juni 12.00–12.45 Møre folkehøgskule, Ørsta Kva er det med essayet? Kr 100 / ungdom 50

Gunnhild Øyehaug (foto: Rolf M. Aagaard)

Jon Hellesnes (foto: Knut Brautaset)

Agnes Ravatn (foto: Aasen-tunet)

Forfattarskapen hennar dekkjer fleire sjangrar: roman, lyrikk, noveller og essay. Jon Hellesnes er filosof og essayist og har vore akademikar sidan 1960-talet. I 2012 vart han utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Han har skrive ei lang rekkje essaysamlingar og har etablert seg som ein meister på området. Han tek gjerne i bruk fiksjon, anekdotar og skrøner i essaya sine, og står aldri i fare for å produsere kjedelege tekstar.

Jan H. Landro (foto: Jan M. Lillebø)

Kvifor er dikting viktig? Det hjelper å snakke om det, seiest det. For somme hjelper det også å skrive om det, men kor god hjelp er det å lese om det? Uansett kva det er, kan litteraturen gjere noko med menneska sine liv. Det får du høyre meir om i samtalen om kvifor dikting er viktig i Salen fredag ettermiddag. I denne samtalen møter du litteraturkritikar Marta Norheim, som har lese fleire bøker enn dei fleste, litteraturvitar og forfattar Jan Inge Sørbø og forfattar Einar Økland. Jan Inge Sørbø skreiv nyleg ei bok om korleis litteratur kan brukast for å setje ord på kjensler og erfaringar folk får ved sjukdommar og plager. Her hevdar han at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing. Har litteraturen med dette makt til å endre liva til folk?

Marta Norheim (foto: Samlaget)

Einar Økland (foto: Tove K. Breistein)

Forfattaren Einar Økland er utdanna psykolog og har sine meiningar om kva kunst og litteratur gjer med oss. I boka Fotgjengar med fotnotar skriv han mellom anna: “Det kan seiast at mange rom i mennesket har sine dører som kan ha opna seg av grun-

nar vi knapt veit om eller forstår. Dører inn til minne, tankar og kjensler og sære kombinasjonar av desse. Kven opna dørene? Vi burde vel teie om det. Men vi bør også kunne snakke om det.” Samtalen blir leia av tidlegare kulturredaktør i BT Jan H. Landro.

Jan Inge Sørbø (foto: Samlaget)

Fredag 27. juni 18.30–19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Kvifor er dikting viktig? Kr 100 / ungdom 50


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 19

Bli medlem på SMS! Send ordet nynorsk til 2490. www.nm.no

KUNNSKAP FOR FRAMTIDA ADMINISTRASJON, PLANLEGGING OG LEIING Planlegging og administrasjon

Volda Elektriske Mylne AS Tlf. - 70 05 55 10 1 Fax - 70 05 55 11 Hamnegt. 16 Pb.104 6100 Volda

HELSE- OG SOSIALFAG Sosionomutdanning Barnevernspedagogutdanning HISTORIE, KULTUR, SAMFUNN OG RELIGION Historie Religion og språk IDRETT OG FRILUFTSLIV Idrett Friluftsliv

Førsteklasses produkt til dine bakverk Produksjonsmåten er unik og tufta på gamle tradisjonar, dette skaper eit miljøvennleg og økologisk produkt. Når du opnar ein pakke mjøl frå oss vil du få ei annleis kjensle. Dufta av ekstra grovt mjøl gir lovnad om ei smaksoppleving utanom det vanlege. Besøk vår nettside for bestilling, meir informasjon, oppskrifter og mykje meir. www.mylna.no

LÆRARUTDANNINGAR Barnehagelærarutdanning (også deltid) Grunnskulelærarutdanning 1-7 (også deltid) Grunnskulelærarutdanning 5-10 Faglærar i Formgiving, kunst og handverk Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) MEDIEFAG Animasjon Journalistikk Media, IKT og design PR, kommunikasjon og media SPRÅK OG LITTERATUR Språk og litteratur Norsk Engelsk

KULTURFAG Drama/teater Kunst og handverk Musikk hivolda.no | facebook.com/hivolda | Instagram og Twitter: @hivolda

Platetørka havregryn

Ertemjøl

Valsa bygg

Havremjøl

Valsa rug

Ditt eige bankkontor SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ein lokal bank med mykje historie og kunnskap. Men vi er også ein moderne bank som ønskjer å gjere kvardagen enklare for deg. Med mobilbank kan du utføre banktenester akkurat der du er, sjølv om du eigentleg gjer noko heilt anna. Mobilbanken er både enkel og sikker, og har no over 200 000 brukarar. Last ned SpareBank 1 mobilbank heilt gratis, og kom i gong med ditt eige bankkontor du også. www.sparebanken.no


20 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Prisvinnar Ingunn Solheim:

Nynorsk er framifrå når du må spare på orda - Nynorsk er eit svært godt nyheitsspråk fordi det gjev meg enklare ord. Det er eit godt verktøy for ein tv-journalist, som må vere sparsam med orda. Då er nynorsk framifrå, seier Ingunn Solheim (34), journalist i politisk avdeling i NRK Nyheiter. Fredag 27. juni får ho overrekt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2014. - Det offentlege ordskiftet er med på å danne grunnlaget for eit fungerande folkestyre. I jubileumsåret for Grunnlova er juryen stolt over å heidre ein nynorskbrukande journalist med ei stadig meir sentral rolle i den opplyste debatten. Juryen meiner Ingunn Solheim er svært stø i språket sitt, og at ho kombinerer og balanserer dialekten sin og normert nynorsk godt. Trass i at ho ofte intervjuar politikarar på direkten, er det sjeldan at bokmålsorda og byråkratspråket snik seg inn. Ingunn Solheim har som programleiar med eit ledig, men trygt handgrep, losa sjåarane gjennom to val. Ho var òg eit solid ankerfeste under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka, der ho nytta kunnskapane sine både som jurist og journalist til å gjere jusspråket forståeleg for folk flest, seier Håkon Haugsbø. Ingunn Solheim vart både glad og overraska over å få prisen. – Eg går jo ikkje rundt og tenkjer på

meg sjølv som prisvinnar. Men prisen gjev meg sjølvtillit på at eg handterer og forvaltar språket mitt godt. Det er viktig å kjenne seg trygg på det, for då blir óg språket betre. Eg ser mange som slit med språket sitt fordi dei ikkje er trygge. Når eg får denne prisen kan det ikkje vere heilt gale, seier Solheim. I Medietimen 2014 vert ramma kring prisutdelinga prega av at nynorsken har vore ein viktig del av demokrati- og nasjonsbygginga i Noreg, og at den første moderne norske journalisten var Aasmund Olavsson Vinje. På prisutdelinga deltek sambygdingen hans, Aasmund Nordstoga, med forteljingar, songar og dikt av han som sette ord på tvisynet, ein viktig eigenskap i journalistikken. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. Det vert overrekt av Håkon Haugsbø, leiar for den nye juryen departementet oppnemnde i fjor. Der sit også Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid og redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten.

Ingunn Solheim (foto: Ole Kaland, NRK)

Fredag 27. juni 10.30–11.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Medietimen Gratis

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2009 Ronny Brede Aase, NRK P3 2010 Astrid Brekken, NRK P2 2011 Njord V. Svendsen, Bergens Tidende

2012 Katrine Sele, Firda, og Hilde Sandvik, Bergens Tidende 2013 Christian Wiik Gjerde, NRK Super

Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Nordstoga (foto: Marcel Leliënhof)


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 21

Nasjonsbyggaren

IvarAasen

Ivar Aasen kryssa Noreg for å bygga eit norsk språk bygd på dialektane. Det norske tek heila verda i bruk for å bygga ut Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen. www.detnor.no

Alltid videre for å skape verdier på norsk sokkel


22 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Det vert ingen siger utan strid Ein må kjempe for sigeren, ifølgje dette Aasen-ordtaket. Og denne fredagen skal kampen om heider og ære avgjerast på Rokken. Då skal vinnaren av teikneseriekonkurransen kårast.

Fredag 27. juni 13.00–14.00 Rokken, Volda Det vert ingen siger utan strid Kr 50

Stripe av Egil Olsen ske festspela er Makt. Vi har valt teikneserieformatet i år fordi teikneseriar opp gjennom tidene har vore med på å utfordre makta, seier programansvarleg Karine Munch. – Ordtaket er valt fordi det ligg ein kime til konflikt i det. Ein må ha konflikt når ein skal lage ein teikneserie på så få ruter, seier Munch. Juryformann er ingen ringare enn Egil Olsen. Han er kanskje mest kjend som musikar, men er også ein drivande dyktig teiknar. Det såg vi blant anna då han var festspelutstillar på Festspela 2012. I vinter har han hatt si eiga teikneseriestripe i Dagbladet, om seg sjølv og livet som musikar. I juryen

Bøker frå kr 19,-

OPNINGSTIDER: Måndag-fredag 10.00-16.00 Laurdag 10.00-15.00 Sjåast i Halkjelsgt. 16 i Volda sentrum! (tidl. Hurlumhei)

1020 10

1060 108

60

0

40

980 10 0

1 for 39,5 for 149,10 for 249,-

Tone Hafsås

LOUD AND CLEAR AS

LYDBØKER

har Olsen med seg Bjørn Vatne frå Sunnmørsposten og Anders Aanes frå Ivar Aasen-tunet. I tillegg til å vere juryformann vil Egil Olsen bidra med musikk. Vakre tonar kan ein også vente seg frå søstrene Guro og Synnøve Myklebust frå Oppstryn. Det blir også fleire kulturelle innslag på programmet. Camara Joof frå barne- og ungdomsteatret Den mangfaldige scenen tek turen, og vi kan gle oss til scenekunst som er laga spesielt for dette arrangementet. Programleiar er Tone Hafsås, som tidlegare har vore programleiar for UKM og nestleiar i Ungdomsrådet i Ålesund.

0

For andre år på rad har Dei nynorske festspela og Sunnmørsposten arrangert konkurranse for ungdom, og i år er det teikneserietalenta som skal heidrast. Inspirert av ordtaket «Det vert ingen siger utan strid» har ungdom mellom 16 og 20 laga teikneseriestriper på nynorsk. Dei tre beste teikneseriestripene kjem på trykk i Sunnmørsposten, og vinnaren av konkurransen stikk av med heile 5000 kroner. Tema og format er ikkje tilfeldig valt. – Årets tema på Dei nynor-

mb mb 9

Nr. 2 i 2014

haugenbok.no - Noregs største og raskaste nettbokhandel haugenbok.no AS - Postboks 175 - 6101 Volda - Telefon 70 07 45 00 - epost@haugenbok.no - www.haugenbok.no


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 23

Ivar-pakke til lunsj Mange likar å tenke på matpakken som det norskaste av det norske. Når verda blir stor og komplisert, er det godt å kunne trekkje seg tilbake i lag med ei med ost og ei med pølse. Men dei siste åra har sjølv matpakken blitt offer for modernisering. Salatblandingar og finurleg utskorne pyntegrønsaker er ikkje uvanleg. Kva som finst i Ivar-pakken, skal førebels vere usagt. Men frå klokka 12 til 13 laurdag er det matpakke og kaffi å få både i Ørsta og Volda. Matpakkane blir distribuerte i sentruma og på Spinneriet i Volda og Amfi i Ørsta. God appetitt!

Laurdag 28. juni 12.00–13.00 Ørsta og Volda sentrum, Amfi og Spinneriet Ivar-pakkar og kaffi

Amerikansk jazz på norsk Fredag kveld kan du høyre songar frå jazzlegenda Chet Baker i norsk språkdrakt, med fem unge jazzmusikarane i bandet Baker Hansen. ‒ Chet Baker er ein musikar mange har høyrt og har eit forhold til. Vi vil gjerne la folk få møte han på deira eiga heimebane og kanskje sjå han i eit nytt lys, seier vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit. Medlemmene i Baker Hansen møttest på jazzlina ved Noregs musikkhøgskule. Tunestveit kjem frå Ål i Hallingdal, og er den som har gjendikta tekstane til nynorsk. Først var det ei inspirerande skriveøving. No har arbeidet resultert i plata Ei som deg og komande konsertar på fleire norske jazzfestivalar i tillegg til Dei nynorske festspela. ‒ Plata utgjer berre eit lite Baker Hansen (foto: Silje Måseide) knippe av eit stort repertoar, så konserten vil nok bere preg av at Chet i ny kontekst vi har halde på med dette materia- Jazztrompetisten og vokalisten let i fleire år, seier Tunestveit. Chet Baker var ein av dei fremste eksponentane for amerikansk cool jazz: Lette og slentrande melodiar som ligg godt i øyrene. Kva skjer Fredag 27. juni med desse standardlåtane når dei 22.00–23.00 blir omsette til nynorsk? Salen, Ivar Aasen-tunet ‒ Ein skal jo ikkje berre omsetje Baker Hansen orda, songane har også ein kulKr 200 / ungdom 150 turell kontekst. Originallåtane

var gjerne skrivne til amerikanske filmar og musikalar frå 20- til 40-åra. Konteksten endrar seg sidan vi no er i Noreg i 2014, og vi framfører låtane på små klubbkonsertar, ikkje på store Broadway-scener. Samstundes er det ikkje snakk om radikalt ulike sivilisasjonar. Mykje av kulturen kan overførast direkte, meiner Tunestveit.

Sjølv likar han det som skjer når særnorske uttrykk kan gå inn og ta over, eller utdjupe og forstørre, bodskapen som skal fram. Baker Hansen er Thomas Husmo Litleskare på trompet, Kjetil Jerve på piano, Stian Andreas Andersen på kontrabass, Tore Flatjord på trommer og Sigurd Rotvik Tunestveit på vokal.


24 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

MEIR PÅ NY N O RS K TI L F LEI RE

Prøv

www. npk.no

– den nynorske vekeavisa for kultur og politikk – gratis! Send SMS med kodeordet DT3V til 2007, Vi ønskjer festspeldiktar Agnes Ravatn, Vi ønskjer så sender vi deg tre utøvarar og publikum velkomne til festspeldiktaren Arne Moslåtten Dei nynorske festspela 2014 velkomne til prøvenummer utan utøvarar og publikum at du forpliktar deg DEI NYNORSKE FESTSPELA 2012 til noko som helst. kultur

Kolbein Falkeid

har skrive frå seg.

| side 14–15

fri vekeav is for kultur og politik k a-avis leiar | side 2

kommentar | Nord-Korea er ein

rasjonell aktør,

Statoil og regjeringa har nulltoleranse for korrupsjon i Angola. Det blir berre frasar når landet er gjennomsyrt av korrupsjon, skriv Svein Gjerdåker.

skriv Therese Sollien

. | side 10

DAG OG TID

EØS-AVTALEN

rom asog

Livius

e

er verd

å lese.

side 25

|

| Sverige

helse

2009 er den største medisinske skandalen i moderne tid, meiner professor Jan Helge Solbakk. | side 6–7 men entar seg slutten, komm zaen nærmar skriv Utan oljebonan livet |Nordpolen side 23, riks – Den norske vil ekspandere til Moe Ola Borten Jan Grønli, Sundquist Frank Kjosås Trygve Refsdal. og

fall for

vesen

Spise sove

dø. | side14–

«Eg angrar på at egnr.har 8 driter 2013 . februa ut 22.–28 andre.» 52. årgang

15

Str

4-5 et | side knuser mytar

Bjarne Jensen stort Professor har ikkje Myten. et. Noreg nester. om helsevesen k av sjukehuste overforbru | side 2 entar kts komm er Brennpun ing. Diverre heller tynn suppe, Overvak n ei ar Infiltratøre . komment Strømmen meiner Øyvind interv

Aasen-boksaren får du på

handlenett.no

Ørsta kommune www.orsta.kommune.no

16–17 ju | side

det fanga «Goya og det vonde .» kvitauget vakre i

Volda kommune

kirsti

UTANRIKS | side 12–13

interv

iere

| Stein

Winge

ventar

auste

n|

9

770803 3340 15

| side 23

n. | side 14–15

TID

nr. 5 1.–7. febru 52. årgan ar 2013 kr 45,- g

r tiet

spandab le: Ingen parti vil auka offentle dei ge enn Fram utgiften stegspar e meir kk tiet.

«Det stre ite mennesk finst ikkje et .» ambjørn

ku ltu r og po lit ikk

komm a-av is entar Kva tenkte | side sosialdem 2 okratane Hadde dei som bygde alle dette landet? og få andre saman foreldre som til å stelle dei ville stue for, spør Sigrun Slapgard. vekk

om Bibele

Festpa

ISSN 0803-3340

Livet

seg bråk

AG OG

Foto: Tom Sandberg

Egypt. Seksuell trakassering U-lan råkar alle d | side 4–5 egyptiske kvinner og er ikkje nokoGjeldssl nytt. Men etting. det har vorte verre etter Dei tre milliardan Myanmar oppstanden i 2011.skulda e som Noreg, vart veka. Bak film | side 16–17 sletta vedtaket ligg ein lang denne kamp. Svikt. Den siste storsatinga utanr i skandinaviskiks | side 10–11 film er nettopp komen på kino,Krigsret men ikkjeorikk. i Noreg. nyttar Bush-likn Franske og britiske leiarar ande retorikk Nord-Afri om konflikten ka. I USA er tonen 19 i dempa.

ju | side

i Midt

side 6–7

prem

Ingvar

Foto: Tom

pelet

Ikkje berre ter side 8 Erna Solberg seg som ein Venstreleiar. Heile partiet fri vek ter seg som Venstre: alle, skriv John Partiet for eav is Peter Collett. politikk for |

kr 45,-

n affange D

riot: puss y dent Putin – Presi ikkje eksistererseier , for meg Nadezjda aktivist ikova Tolokonn idsleiren. frå arbe 8–11

Svartepers

Gud. Foto: som Satan, Jesus Bjørn Per Maning og

Harald Eia

blom

www.volda.kommune.no

Høgre er det nye Venstre

Trygd. isTrygd. Noreg kan ikkje kjøpekraftjuseav tera trygdeutbetalingane til EØS-borgarar. fri vek Det ltusetrEFTA-domstolen ein stoppar for. for ku HELSEk| side 8–9 itik a-avi s og pol Skandalen. Massevaksineringa i

G TID DAG O

FILM

| side 4–5

nr. 19 10.–15. mai 2013 52. årgang kr 45,-

Frå venstre: 1. nestleiar Jan Tore Sanner, partileiar Erna Solberg og 2. nestleiar Bent Høie. Foto: Krister Sørbø / NTB scanpix

politi

sen

| side 6–7

Sandberg

23 ju | side interv har hatt moralsk , nsle. – Eg iske synspunkt Skuldkje ge og ekstremist forkastele Gule. vedgår Lars side 28 har fått film | Thomas Andersonmeistereg. Paul den Meisterl nakken for ikyrkja på Brit Aksnes. scientolog Master, melder lege filmen

Etikk Foto: Tom Sandberg | side 16–17 Forplikt ande. Agnes kjærasten Ravatn fridde sin oppe i ein Matterho til Disneylan d. Kvifor det, eigentleg rn-kopi i ? sjakk | side 21 Uslåeleg . «Problem et for oss Magnus andre Carlsen klagar sjakkverd vinn kvar einaste er at stilling», smeister Anand.

Tips oss – om ein typisk 08

ISSN 0803-3340

7708

9

40 03 33

Riot vart a i Pussy i eit stunt Tolokonnikov Nadezjda års fengsel etter i Moskva i to ralen dømd til Kristus-kated Frelsaren Novaja Gazeta fjor. Foto:

15

ISSN 0803-3340

05

9

7708

03 33 40

15

Siv Bilettekst Jensen

og Frp har

programfest

a at dei

vil fjerna

handlingsre

gelen som

LEDIGE STUDIE-

avgrensar

bruken

av oljepengar.

Foto: Kyrre

Lien / NTB

scanpix

NyNorskseNteret NasjoNalt seNter for NyNorsk i opplæriNga

PLASSAR

-lesar som ikkje les Dag og Tid.

MASTERSTUDIUM I NYNORSK SKRIFTKULTUR Mastergradsstudentane i Volda går inn i eit aktivt og kreativt miljø. Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur er eineståande i Noreg. Det formidlar innsikt i skriftkulturen generelt og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Studiet tilsvarar 120 studiepoeng og kan takast på heiltid eller deltid. Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar kvart semester. Det er også opning for utanlandsopphald. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram. Kontakt: Stig J. Helset | 70 07 51 59 | stig.helset@hivolda.no | Roger O. Rangsæter | 70 07 50 16 | ror@hivolda.no Les meir på www.hivolda.no

s r k o n y N på

1 -2 -3

Heftet Nynorsk på 1-2-3 er eit nynorskkurs i teikneserieform. Du kan tinge gratis klassesett frå www.nynorsksenteret.no/tilfang

Send SMS til 2007 slik: TYPISK følgd av namn og adresse til personen. (Døme: TYPISK Jonas Gard Større, Riksvegen 10, 5020 Bergen). Han eller ho du tipsar om, får tre nummer av Dag og Tid, heilt utan plikter. Du får eit Flaxlodd som takk for hjelpa. kultur

Kolbein Falkeid

har skrive frå seg.

| side 14–15

fri vekeavi s for kultur og politik k a-avis leiar | side 2

kommentar | Nord-Korea er ein

rasjonell aktør,

skriv Therese Sollien

. | side 10

Statoil og regjeringa har nulltoleranse for korrupsjon i Angola. Det blir berre frasar når landet er gjennomsyrt av korrupsjon, skriv Svein Gjerdåker.

DAG OG TID

EØS-AVTALEN

roma

Livius

soge

er verd

å lese.

side 25

|

eav isTrygd. Noreg kan ikkje kjøpekraftjustil EØS-borgarar. fri vek tera trygdeutbetalingane ltu r for ku HELSEk itik a-avi s og pol | side 6–7 men entar seg slutten, komm aen nærmar oljebonanzlivet Nordpolen, skriv – Den norske vil ekspandere til Moe Ola Borten Trygve Refsdal.

| Sverige

fall for

Spise sove

dø. | side14–

Straffa

| side 4-5 esenet knuser mytar helsev Bjarne Jensen stort Professor har ikkje Myten. et. Noreg nester. om helsevesen k av sjukehuste overforbru | side 2

entar ts er Brennpunk suppe, ng. Diverre Overvaki ei heller tynn r Infiltratøren . kommenta Strømmen meiner Øyvind

komm

interv

16–17 ju | side

det fanga «Goya og det vonde .» kvitauget vakre i kirsti

Utan

riot: puss y dent Putin – Presi ikkje eksisterer , seier for meg Nadezjda aktivist kova Tolokonni iren. idsle frå arbe interv

8–11 ju | side

UTANRIKS

19

Livet 9

770803 3340 15

ere | Stein

pelet

i Midt

auste

ku ltu r og po lit ikk

Winge

DAG O G

Myanmar utanr

ISSN 0803-3340

Svartepers

n| Ikkje berre ter side 8 Erna Solberg seg som ein Venstreleiar. Heile partiet fri vek ter seg som Venstre: alle, skriv John Partiet for eav is Peter Collett. for

premi

U-lan

film

Høgre er det nye Venstre

riks

Jan Grønli, Sundquist Frank Kjosås og Gud. Foto: som Satan, Jesus Bjørn Per Maning og

r 2013 nr. 8 . februa 22.–28 52. årgang kr 45,-

15

G TID DAG O nge n

FILM

d

Dei tre skulda Noreg, milliardane som vart sletta denne

iks

ventar

seg bråk

om Bibele

n. | side 14–15

TID

Festpa politi

ju

Etikk film

08

ISSN 0803-3340

9

7708

40 03 33

Riot vart a i Pussy i eit stunt Tolokonnikov Nadezjda års fengsel etter i Moskva i to ralen dømd til Kristus-kated Frelsaren Novaja Gazeta fjor. Foto:

sjakk

15 ISSN 0803-3340

05

9

7708

03 33 40

komm a-av is entar Kva tenkte | side sosialdem 2 okratane Hadde dei som bygde alle dette landet? og få andre saman foreldre som til å stelle dei ville stue for, spør Sigrun Slapgard. vekk nr. 5 1.–7. februa 52. årgang r 2013 kr 45,-

r tiet

spandab le: Ingen parti vil auka offen tlege dei enn Fram utgiften stegspar e meir kk | side tiet. 6–7

blom

interv

nr. 19 10.–15. mai 2013 52. årgang kr 45,-

15


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 25

Samtalar om poesi Kva er poesi? Det er det tilsynelatande enkle spørsmålet som blir stilt i Salen søndag ettermiddag. Dei tre poetane som skal tyggje på temaet, skriv alle poesi utifrå ulike ståstader. Erling Indreeide har skrive ei rekkje diktsamlingar sidan debuten i 1972. Om den siste diktsamlinga hans er det sagt at han skriv seg inn i den naturfilosofiske tradisjonen slik vi kjenner han frå tidleg moderne tid. Bergenspoeten Erlend O. Nødtvedt er blitt kalla heimstaddiktar, med eit tydeleg geografisk utgangspunkt

for poesien sin. Charlotte Riise har gjeve ut to diktsamlingar om sterke subjektive opplevingar av sorg og sakn, kjærleik og hat. Samtalen blir leia av Jan Inge Sørbø.

Søndag 29. juni 14.30–15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Kva er poesi? Kr 100 / ungdom 50

Erling Indreeide (foto: Torunn Nilsen)

Charlotte Riise (foto: Augon Johnsen)

Kaffi med ord attåt

Også i år blir det festspel på kafeane i Ørsta og Volda både fredag og laurdag ved lunsjtid. Brit Bildøen, Rønnaug Kleiva og Erlend O. Nødtvedt les på kvar sine stader.

Fredag les Brit Bildøen frå den nye boka si, Sju dagar i august, på Mylneriet i Volda. Boka er så fersk at ho ikkje kjem i handelen før til hausten, og handlinga ligg enno lenger fram i tid. I boka er det gått åtte år sidan terroråtaket 22. juli, og ekteparet Sofie og Otto KrohgIversen har freista handtere sorga som hendinga påført dei. Men kor lenge kan sorgarbeidet vere ein felles prosess? I løpet av dei sju august-dagane opplever paret ei rekkje små hendingar som avslører sprekker i deira eige parforhold og samfunnet ikring. Er hendingane uviktige, eller er dei teikn på at noko alvorleg kjem til å skje? På same tid les Rønnaug Kleiva eigne tekstar på Fugl Føniks kaffibar i Ørsta. Festspeltemaet Makt vil liggje i bakgrunnen. ‒ Eg skriv mykje om makt i personlege relasjonar og vil lese tekstar som speglar dette, først og fremst frå novellesamlinga Ikkje for varmt, ikkje for kaldt, seier ho. Kleiva, som var festspeldiktar i 2010, har ein svært variert bokproduksjon bak seg, men ofte er temaet tap av omsorg, og dei vonde tinga menneske kan finne på å gjere mot kvarandre. Laurdag les den unge lyrikaren Erlend O. Nødtvedt frå det 70 siders lange diktet Bergens beskrivelse på Fru Svendsen kunst- og kulturkafé i Ørsta. Nødtvedt er ein

Brit Bildøen (foto: Tove K. Breistein)

Rønnaug Kleiva (foto: Tove K. Breistein)

Erlend O. Nødtvedt (foto: Aschehoug)

del av det sterke litteraturmiljøet i Bergen, og i Bergens beskrivelse skriv han om Bergen som stad og tilstand på dialekt. Her blandar han draum og røyndom, høgspråk

og lågspråk, og gjev heimbyen si eiga opphavsmyte. Debutboka hans var ei diktsamling om Hordaland, og Nødtvedt har dermed utmerkt seg ved å late teksten

Fredag 27. juni 11.30–12.00 Fugl Føniks kaffibar, Ørsta Kaffi bokstaveleg talt, Rønnaug Kleiva Kr 50 / ungdom 30

Fredag 27. juni 11.30–12.00 Mylneriet, Volda Kaffi bokstaveleg talt, Brit Bildøen Kr 50 / ungdom 30

vekse fram av den geografiske staden som ligg til grunn.

Laurdag 28. juni 12.00–12.30 Fru Svendsen kunst- og kulturkafé, Ørsta Kaffi bokstaveleg talt Erlend O. Nødtvedt Kr 50 / ungdom 30


26 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda Treng du overnatting/ festlokale i Ørsta ?

Kultur for alle AS REGIONTEATRET I MØRE OG ROMSDAL

Eit aktivt kulturliv gir oss eit rikare miljø. Til dette treng vi ildsjeler som skaper engasjement. Sparebanken Møre er ein del av dette og støttar difor kulturelle aktivitetar i heile fylket.

teatretvart.no

Kultur for alle

Framtida.no og Startsida

Skal du arrangere slektsstemne, bryllaup, konfirmasjon eller liknande?

Vi har gode lokaler! Møre Folkehøgskule er sommarhotell frå 15. mai til 15. aug. Nyt jacuzzien på terrassa Serveringsbevilling For meir info: www.mf-sommarhotell.no Kontakttlf: 70 04 19 99 - 481 18 525

er eit lokomotiv for nynorsk på nett. Les kva du kan gjera på Framtida.no!

Nynorsk digitalt oppslagsverk Eit kvalitetssikra, digitalt oppslagsverk på nynorsk, til å putte i lomma

Foto: Per Eide / Racer

Allkunne.no med mobilapplikasjon til iPhone og Android

FRÅ TINDAR TIL DEG STRAUM, TELEFONI, INTERNETT OG DIGITAL-TV. ALT FRÅ SAME KJELDE. Gjennom fleire tiår har Tussa forvalta noko av det vakraste som finst rundt oss, vatnet frå tindane våre. Nettopp dette har gitt oss kraft til å skape det du treng for å bruke dei forskjellige produkta i kvardagen din. Vi haustar vatnet, og tek det frå tindar til deg.


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 27

Nynorsk kultursentrum – kven er vi? Nynorsk kultursentrum jobbar for at det skal vere sjølvsagt å vere og bli verande nynorskbrukar. Vi tek vare på fortida, er aktive i notida og legg til rette for framtida. I Språkåret 2013 passerte vi for første gong 30 000 gjester, om lag 10 000 fleire enn eit normalår. 18 tilsette på fulltid, 14 med base i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda og fire ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, samt eit knippe assistentar, sommarvikarar og frivillige er med på å gje gjestene våre gode opplevingar i ulike former. – Vi skal vere aktive og synlege, som då vi til 200-årsdagen for Ivar Aasen saman med Noregs Mållag la fram ei erklæring i 21 punkt om nynorskpolitikk for det 21. hundreåret, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Den kulturelle skulesekken Kvart år møter vi 5-10 000 elevar og barnehageborn rundt om i landet gjennom Den kulturelle skulesekken, ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag. Nynorsk kultursentrum har i dag fire, snart fem, eigne produksjonar om nynorsk, poesi og språkleg sjølvkjensle for born i barnehagen og barneskulen og elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Museum Dei to musea våre er grunnsteinen i verksemda. Ivar Aasen-tunet er Noregs eldste personmuseum, opna i 1898, og ligg på staden der Ivar Aasen blei fødd og voks opp. Museet er også det einaste språkmuseet i Norden og

Frå eit skulebesøk i Aasen-tunet

Nynorsk kultursentrum har mange skattar (foto: Kib & Morits) er godt tilrettelagt for utanlandske gjester. I Aasen-tunet sørgjer dyktige formidlarar for at born og vaksne lærer meir om Ivar Aasen og språkhistoria. Det er også eigne omvisingar om arkitekturen og Sverre Fehn, den verdskjende norske arkitekten som står bak den prislønte hovudbygningen frå 2000. Olav H. Hauge-senteret opnar offisielt 4. september 2014 og vil då ha ei utstilling om Olav H. Hauge sitt liv og verk og lyrikk i alle former. Både Hovdebygda og Ulvik har butikk med eigenproduserte varer, kafé og høve til utleige for private og bedrifter. Festivalar og kulturprogram Nynorsk kultursentrum driv to festivalar: Dei nynorske festspela siste helga i juni og Ulvik poesifestival første helga i september. Dei nynorske festspela har vore arrangert årleg sidan 1992 og er ei feiring av den nynorske skriftkulturen og norske dialektar. Kvart år får om lag 6000 gjester med seg litteratur, musikk, debattar, foredrag og utstillingar i Ivar Aasen-tunet og rundt omkring i vertskommunane Ørsta og Volda. Ulvik poesifestival blir arrangert annakvart år og i 2014 er det duka for festival nummer sju. Det er venta om lag 2000 gjester til eit rikt

program med temaet Grøn poesi. Kvar vår og haust er det eit rikhaldig kulturprogram med aktuelle gjester og tema på begge stader. Påliteleg digitalt oppslagsverk Allkunne er eit nynorsk, digitalt oppslagsverk, med sjølvskrivne, faktabaserte artiklar om alt frå nynorsk kulturhistorie og norske statsministrar til plante- og dyreriket. Til saman finn du no over 12 000 artiklar på Allkunne, som var det mest brukte norske oppslagsverket i sosiale medium i 2013.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og Stina Aasen Lødemel i Allkunne (foto: Hild Nordal, Sunnmørsposten)

Nynorsk kultursentrum Ei ideell stifting med 22 stiftarar, fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar. Nynorsk kultursentrum eig og driv: Ivar Aasen-tunet i Ørsta Olav H. Hauge-senteret i Ulvik Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda Ulvik poesifestival Allkunne AS forvaltar Vinjefondet l

l

l

l

l

l

aasentunet.no Påliteleg og oppdatert informasjon om nynorsk skriftkultur festspela.no Alt du treng å vite om Dei nynorske festspela tunkatten.no Ein aktiviserande nettstad for born om språk og litteratur haugesenteret.no Digital dokumentasjon av Olav H. Hauges liv og verk og lyrikk l

l

l

l

poesifestivalen.no Opnar sommaren 2014 handlenett.no Nettbutikk med unike nynorske produkt og godt utval i bøker og cdar allkunne.no Digitalt, nynorsk oppslagsverk

l

l

l


28 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Makta i språket Korleis heng demokrati og språk saman? Finst det samfunn i verda der språkbarrierar står i vegen for eit godt demokrati? Og korleis er no eigentleg stoda i Noreg på dette punktet, før og i dag? Temautstillinga som opnar under Dei nynorske festspela 2014, set språk og makt under lupa. «Demokratiets grunnlag er at menneske deltek. Skal ein delta, må ein forstå. Og for å forstå, må ein meistra språket.» Det sa dåverande kulturminister Hadia Tajik Fredag 27. juni 12.30–12.45 Basisutstillinga, Ivar Aasentunet Opning av temautstillinga Makta i språket Gratis

Språk har makt til å seie: Du er ute. Og du er inne. Hadia Tajik

då ho opna Språkåret i Kristiansand i 2013. At grunnlovsjubileet kom året etterpå, var snedig, for då var det gunstig for språkmuseet Ivar Aasen-tunet å lage ei utstilling om språk og makt. Språk er makt er tittelen på ein lærebokklassikar frå 1970-talet. Innfallsvinkelen då var i svært stor grad kjønn, og vi veit jo at det har skjedd ei endring i det norske språket sidan då. Det heiter til dømes ikkje formann lenger; det heiter kort og godt leiar. Språket kamuflerte tidlegare strukturar i samfunnet som føresette eit mannsdominert arbeidsliv.

Frå opninga av lydstien i 2013 (foto: Kjell Arne Steinsvik) Språk er altså ein fundamental eigenskap hos mennesket for å kunne medverke og delta i samfunnet. Ja, kanskje den viktigaste evna vi har, og attåt dette følgjer

eit stadig meir komplekst samfunn som set krav til gode lese- og skriveferdigheiter. Får alle høve til å delta i folkestyret når deltakinga set slike krav?

Fleire nyskapingar i basisutstillinga Vil du kike på stereoskopbileta Ivar Aasen sjølv såg, høyre europeisk litteratur på originalspråket, eller kanskje du vil vite meir om dialektmerke i Skandinavia? I basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet finn du ei rekkje nye installasjonar som fortel deg meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda. Utstillingsfornyinga har skjedd over fleire år, og det er tilsette ved Ivar Aasen-tunet som har stått for idé- og konseptutvikling. Prosjektet har hatt tittelen Høgt og lågt, og har resultert i meir å ta på og fleire innfallsvinklar til temaet språk og litteratur for både store og små. Borna får mellom anna sjå meir til tunkatten Lurivar i Verdas minste kinosal. – Lurivar er veldig glad i besøk, og blir difor lei seg når han høyrer at det har vore

born og sett etter han når han har vore på reise. Difor har han spelt inn nokre videohelsingar til borna som dei kan sjå i Verdas minste kinosal, med ein stol, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng. Både born og vaksne kan leike seg med å lage nye dikt i eit heilt eigenutvikla dikthjul. Publikum kan også snurre på kanalveljaren på ein gamaldags FM-radio og finne litterære stemmer frå store delar av Europa. Utstillinga inneheld no også høgdepunkt i populærmusikk på nynorsk, stereoskop med Aasens eigne bilete, ei ny tidslinje om «All verdas språk», og meir til. Om du ønskjer å høyre mangfaldet i dei norske dialektane, kan du berre ringje på dørklokka hos nokon av dei som bur i Språkhuset. Ein del av installasjonane er nybrotsarbeid, og tekstane i dei nye elementa ligg føre på engelsk, noko det ikkje har gjort før.

Utstillinga (foto: Kib & Morits) Prosjektet har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord, og har hatt fleire andre eksterne samarbeidspartnarar som arkitekt Henrik Hille,

formgivar Aina Griffin, Brødrene Øyehaug, Bakkesmia AS, og Olav Baarøy Modelldesign, for å nemne nokre.

Nordmannen helsar velkomen Publikum i Aasen-tunet blir i sommar helsa velkomen med Nordmannen, Mellom bakkar og berg, i ein eigen lydsti. – Seks høgtalarar langs gamlevegen, gjev publikum ei

spesiell oppleving alt på vegen opp til Aasen-tunet. I sommar blir det Anderz Eide si tolking av Nordmannen publikum får høyre, seier dagleg leiar Gaute Øvereng.

Opptaket er henta frå reklamefilmen Made by Norway for Aker, og Eide si intense tolking har tonefølgje av stemningsskapande musikk av Johan Söderqvist. Både

Aker og komponisten har velvillig gitt løyve til at dette lydsporet får nytt liv i Aasen-tunet. Lydinstallasjonen set tonen for museumsbesøket, alt før ein løyser billett.


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 29

Festspelutstilling med Ørnulf Opdahl Ørnulf Opdahl er kjend langt utover Noregs grenser for tolkingane sine av den mektige vestlandsnaturen. På Dei nynorske festspela stiller han ut måleri og for første gong ei heil utstilling med nye fargeetsingar. Utstillinga blir både i Galleriet i Ivar Aasen-tunet og inne i hovudbygningen. Opdahl fangar stemningar i landskapet på lerretet med sitt særeigne strøk. Motiva er i grenselandet mot eit abstrakt formspråk, der naturelement som vêr og vind trer like tydeleg fram som dei storslåtte fjella eller det barske kystlandskapet. Opdahl har i alle år hatt eit tett utstillingsprogram i inn- og utland. Han har stått for utsmykkingar mellom anna for Stortinget, Telenor, Noregs Bank og Universitetsbiblioteket i Oslo. I dag er han representert i ei rekkje norske museum og samlingar, mellom andre Nasjo-

Ørnulf Opdahl AtelieX (foto: Peder Otto Dybvik) nalmuseet for kunst, Bergen Kunst- Romsdal, Heidi-Iren Wedlog Olsen, opnar festspelutstillinga museum, Astrup Fearnley Museet i Galleriet etter opningshøgtida for Moderne Kunst og Stenersentorsdag kveld. museet. I 2006 blei Opdahl også Utstillinga står utover sommainnkjøpt av British Museum. ren og er gratis under Festspela. Fylkeskultursjef i Møre og

Torsdag 26. juni 19.30–19.45 Galleriet, Ivar Aasen-tunet Opning av festspelutstillinga 2014 Gratis festspeldagane

Sommarnatt på Målbar

Odd Nordstoga (foto: Hans Asbjørnsen)

Einar Økland (foto: Tove K. Breistein)

Som alltid blir kvar festspeldag runda av på Møre folkehøgskule i Ørsta. Her kan du diskutere livet, døden og festspelprogrammet til ut i dei små timane, med eller utan noko godt i glaset. Sjølv om Målbar først og fremst er til for å minTorsdag 26. juni 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30–24.00 Årets nynorskbrukarar 2014 Aasmund og Odd Nordstoga i samtale med Maria Parr Kr 100

Sylfest Lomheim (foto: Samlaget)

Agnes Ravatn (foto: Kjerstin Gjengedal)

gle og møte gamle og nye kjende, blir det også kulturelle innslag. På opningsdagen kan du høyre Årets nynorskbrukarar, Aasmund og Odd Nordstoga, i samtale med forfattar Maria Parr, som vann same prisen i 2010.

Omsetjingsforskar og tidlegare språkdirektør Sylfest Lomheim stiller som quizmaster fredag. Sogningen har vore medarbeidar i programposten Språkteigen i over 20 år, språkkonsulent i NRK frå 1980 til 1994 og han var den første

Fredag 27. juni 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30–00.15 Quiz om forbodne ord Sylfest Lomheim Kr 100

Laurdag 28. juni 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar 24.00–00.45 Etter stengetid med Ravatn og Økland Samtale med Geir Hjorthol Kr 100

Aasmund Nordstoga (foto: Marcel Leliënhof)

som brukte nynorsk i Sportsrevyen, i 1969–70. Det er berre å leggje seg i hardtrening for Lomheims quiz om forbodne ord fredagskvelden. Festspeldiktar Agnes Ravatn og forfattar Einar Økland er både kollegaer og gode vener. – Forholdet vårt er prega av kontinuerleg einvegskommunikasjon, der Einar snakkar, og eg lyttar, har Agnes Ravatn eingong uttalt til Bergens Tidende. Økland på si side har innrømt at han deler ting med festspeldiktaren som ingen andre veit. På Målbar møter Ravatn og Økland litteraturvitar Geir Hjorthol til ein høgst uformell samtale ein sein laurdagskveld.


30 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

Makta i språka Berre når det handlar om språk, kan det bli snakka på engelsk under Dei nynorske festspela. Fredag snakkar den engelske språk- og kulturhistorikaren Nicholas Ostler om «The power of languages». Med dette foredraget introduserer Dei nynorske festspela eit nytt fast innslag. Under vignetten «Verda den vide» får publikum høyre dei fremste på feltet snakke om Laurdag 28. juni 13.30–14.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Verda den vide: The power of languages Kr 100 / ungdom 50

lange linjer og store samanhengar i all verdas språk. Nicholas Ostler leier Foundation for Endangered Languages, ein av fleire organisasjonar som arbeider med å styrkje språkmangfaldet i verda. I 2005 gav han ut boka med den uslåelege tittelen «Empires of the word». I denne verdshistoria om språk endrar han tenkinga om både språk og makt. Han viser kor ulikt møte mellom kulturar verkar inn på dei aktuelle språka. Militær erobring og økonomisk dominans har ikkje alt å seie når språkbruk endrar seg eller eitt språk tek over for eit anna. Det er ikkje eingong sikkert at slike faktorar over tid fører til store språklege endringar. Folkevandringar og organiserte folkeflyttingar har til liks med religiøse

rørsler berre i nokre tilfelle sett djupe språklege spor som ikkje har gått bort. Kulturelle skilnader kan ha vore viktige, men ikkje alltid avgjerande. Sjølv det mest utbreidde språket kan hamne i klemme. Det som kan forklare framgangen for eitt språk, eller det som truleg har hatt mest å seie for at eit anna språk blir svekt, forklarer altså ikkje all framgang, stagnasjon, tilbakegang. Så kva makt har dei store verdsspråka? Nicholas Ostler veit kvar han kjem, og han gler seg. Han har lenge vore svak for Ivar Aasen, skreiv han i fjor haust. Då måtte han melde forfall til å halde opningsforedraget om eit liknande emne på eit språkpolitisk seminar i regi av Det Norske Teatret og Nynorsk kultursentrum. No kjem

Gudsteneste i det fri Søndag føremiddag går den tradisjonsrike festspelgudstenesta av stabelen i Uteamfiet i Aasen-tunet. Søndag 29. juni 11.00–12.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri

Vil du vere frivillig? Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Innsatsen dei frivillige gjer er avgjerande for at vi skal kunne ha fest og spel fire flotte dagar kvar sommar. Vil du vere med på laget? Ring 70 04 75 70 eller send ein e-post til admin@aasentunet.no.

Ikkje mange festivalar held seg med gudsteneste. Men kristentrua var ein viktig del av livet til Ivar Aasen. Då Aasen skapte eit nynorsk skriftspråk, opna han på same tid opp for eit nytt religiøst språk. Omsetjinga av Det nye testamentet til nynorsk var det siste store arbeidet han tok del i. Ørsting og tidlegare domprost i Molde, Øystein Bjørdal, vil vere

hovudtalar på årets festspelgudsteneste. Liturg er sokneprest KjellRoger Isene. Etter gudstenesta blir det tradisjonen tru, kyrkjekaffi på Jostein Nerbøvik-plassen.

Nicholas Ostler (foto: Sophia Ostler) han, og ja, det er all grunn til å vente seg mykje av denne festspeltimen.


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda 31

Festspelbutikk med ambisjonar «Ein gong hadde eg ambisjonar». Slik byrjar romanen Veke 53 av festspeldiktar Agnes Ravatn, og slik er teksten på årets festspelskjorte. – Festspeldiktaren har òg levert ein nyskriven tekst til det tradisjonsrike festspelkruset, nummer 13 i rekkja for dei som samlar, fortel tunvert Ingrid Opedal. Butikken har eit godt utval av bøker av festspelforfattaren, dei andre forfattarane som kjem til Festspla, og cd-ar av musikarane som held konsert under Festspela. – Både Baker Hansen og Kråkesølv har kome med nye utgjevingar år, og utvalet av Nordstoga- og Helene Bøksle-album er stort. Aasen-boksaren og sportstoppen Mellom bakkar og berg er framleis bestseljarane i butikken. Det populære dialekttermometeret har fått ny formgjeving til sesongen, og Aasen-paraplyen kan vere god å ha om det kjem nokre regndropar.

Tunvert Ingrid Opedal kan lokke med mange godbitar i butikken i tunet (foto: Aasen-tunet) – Nokre nye sjølvproduserte varer kjem vi til å by på også i år, fortel tunverten, utan å røpe kva det blir. Andre nye varer er pro-

dukt med designbokstavar laga av den kjende danske interiørarkitekten Arne Jacobsen, fortel ho. Dei som kjem til Festspela får

gode tilbod på tidlegare festspelskjorter og ein del bøker, mellom anna fleire skattar av Anders Hovden.

Klippfisk og chili Som hushjelp for Sigurd Bagge tryllar Allis Hagtorn fram dei lekraste rettar, laga frå grunnen av sesongens råvarer. Allis er ein av hovudpersonane i siste romanen til festspeldiktar Agnes Ravatn, Fugletribunalet. – Dette er sjølvsagt med på å skape store forventningar til Festspelretten 2014. Den er, tradisjonen tru, komponert av festspeldiktaren sjølv, seier kafeleiar Milan Ilic i Ivar Aasen-tunet. Han røper at klippfisk og chili er viktige ingrediensar

i suppa som blir servert i kafeen i Aasen-tunet kvar dag under Dei nynorske festspela. Andre tilbod i kafeen er Aasentallerken og ciabatta, der tunpølsa frå Åsen og Snøfrisk er viktige ingrediensar. – Aasen-tunets maktburger speglar temaet for årets festspel, og er, som namnet antyder, ein kraftig smakfull kjøtrett. Men her blir også vegetarrettar på menyen for dei som ønskjer det, lovar Ilic. Gode kaker, kaffi og anna god drikke høyrer med på festspelmenyen, som også i år byd på tradisjonell søndagsmiddag med dessert og kyrkjekaffi søndag etter gudstenesta.

morenytt.no er gratis! Møre-Nytt får du også som e-avis.

Følg oss på sosiale medium

#mørenytt

Ole Christian Skogen frå Dybvik leverer førsteklasses råvare til Milan Ilic under Festspela

Programmagasin Dei nynorske festspela 2014 Utgivar: Nynorsk kultursentrum Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 • Faks 70 04 75 71 www.festspela.no • www.aasentunet.no • admin@aasentunet.no Ansvarleg redaktør: Ottar Grepstad. Redaktør: Laila Walseth Lid Bidragsytarar: Kjerstin Gjengedal, Ottar Grepstad, Karine Munch, Gaute Øvereng, Anders Aanes, Guro Kristin Grønbech, Anna Sunniva Sørbø, Ingrid Opedal og Magni Øvrebotten Produksjon: Aarflots Prenteverk AS, ved Rune Hauge Aarflot Trykk: Sunnmørsposten/Polaris Trykk Ålesund Opplag 33 000, av dette 32 000 som innstikk i Sunnmørsposten 12. juni. Miljømerka trykksak

Polaris Trykk Ålesund 241 791


Dei nynorske festspela 26.−29. juni 2014

12

1. Ivar Aasen-statuen 2. Målbar, Møre Folkehøgskule 3. Volda omsorgssenter 4. Rokken, Volda 5. Fugl Føniks kaffibar, Ørsta 6. Ivar-pakkar, Volda 7. Ivar-pakkar, Ørsta

8. Mylneriet 9. Fru Svendsen kunst- og kulturkafé 10. Amfi Ørsta 11. Spinneriet, Volda 12. Privat hage, Høgebrua, Ørsta 13. Biblioteket, Ørsta

3

Buss LURIVAR og påskemysteriet

2

Måndag 14.4. kl. 13.00 Tysdag 15.4. kl. 13.00 Onsdag 16.4. kl. 13.00 Kr 50 / familie 150 NB! Avgrensa plassar på kvar framsyning

7

6

Kafeen: Solbollar Opningstider i påska Palmesøndag: 12-17 Måndag-onsdag: 10-16 1.påskedag: 12-17 2. påskedag 12-17

11

aasentunet.no

9 5

4

10 8

1

13

Volda

Volda og Ørsta

Ivar Aasen-tunet

Ørsta

Billettar

Opningstider 1. juni - 15. august Måndag - fredag kl. 10-17 Laurdag og søndag kl. 12-17 Utvida opningstider under Festspela

Billettprisar Vaksne: 75,Barn (6-16), student: 35,Honnør: 50,Grupper: 50,- pr person

16. august - 31. mai Måndag - fredag kl. 10-16 Søndag kl. 12-17

Eigne prisar for skuleklassar Barnehagar gratis

(minst 15 personar inkl. leiar) Familie: 150,- (inntil to vaksne)

www.ebillett.no Telefon 70 04 75 84 Rabattar Ev. honnør, studentbillettar eller Kulturrabatt for ungdom er oppført spesielt Festspelpass kr 1350 - FÅ LEDIGE IGJEN! Gir tilgjenge til alle festspelarrangement. NB: Også publikum med festspelpass må tinge plass på førehand til arrangement i lokale med avgrensa plass, t.d. Salen i Ivar Aasen-tunet.

Takk til sponsorar og tilskotsgivarar

Volda kommune

Ørsta kommune

Samarbeidspartnarar Amfi Ørsta  Bama Storkjøkken  Bil og Gummiservice  Brudevoll kjøtt AS  Coca Cola  Den mangfaldige scenen Det Norske Samlaget  Dybvik  Frivilligsentralen i Volda  Friele  Fugl Føniks kaffibar  Hotell Ivar Aasen Fru Svendsen kunst- og kulturkafé  Kontaktpunktet  Mangschou Forlag AS  Volda Elektriske Mylne AS Møre folkehøgskule  Norli Bokhandel Ørsta  Norsk forfattersentrum  NRK Nynorsk mediesenter  Ole Ringdal AS Rokken  Skald forlag  Spinneriet  Tine Meierier Ørsta  Norsk PEN  Volda Bil  Volda omsorgssenter Volda Sokneråd  Ørsta Næringskontor  Vartdal Plast  Volda Næringsforum  Ørsta folkebibliotek  Ørsta hagelag


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.