Festspelsymra 5/2009

Page 1

FESTSPELSYMRA NYTT FRÅ DEI NYNORSKE FESTSPELA 2009

SØNDAG 28. JUNI

Storm Weather Shanty Choir på festspelferja

Foto: Sunniva Lillebø

FESTSPELLAURDAG PÅ MANGE SCENER Det var storm på ferja, stille på fjorden, og langt fleire folk enn bilar på dekk då Storm Weather Shanty Choir drog til med fengjande mannskorsong på festspelferja. Stemninga var svært god der ferja segla på den solrike Austefjorden. Laurdag markerte festspela seg sterkt på fleire scener i Ørsta og Volda. Ein av dei mest spesielle var monteringshallen på Scana Volda. Der fekk publikum mellom anna høyre Frode Grytten lese frå Det norske huset, ei bok om trehytter og eigedomsmeklarar. Latteren sat laust når han las opp sitt eigenerklæringsskjema for sal av hus, med spørsmål som ”Har det etter det du kjenner til, vore eit problem at folk i bustaden forbausande lett tar til tårene når dei ser Ekstrem oppussing og den typen tv-program”. Seint laurdag kveld las Ragnar Hovland frå den relativt ukjende boka Stiløvingar av Raymond Queneau på Målbar i Ørsta. Boka inneheld ei lita forteljing, skriven på 99 ulike måtar. Boka kom ut i 1996 og i følgje omsetjaren var den selt i to eksemplar. Det var langt fleire enn to av Målbargjestene som ønskte seg denne boka etter opplesinga. Om dei er heldige, finn dei ho på eit antikvariat eller i eit bibliotek. Hylande morosamt var det i alle fall.

24 25 26 27 28

TANGOHUMØR I VERDSKLASSE Per Arne Glorvigen er ein av verdas ypparste utøvarar på sitt instrument, bandoneon. I dag kjem han til Aasen-tunet for å setje punktum for Dei nynorske festspela på det tradisjonsrike Aasen-stemnet. Festlegare punktum skal ein leite lenge etter. Bandoneon er instrumentet som alltid blir assosiert med argentinsk tango. Glorvigen kjem til å spele litt frå dette repertoaret, mellom anna musikk av legenda Astor Piazolla. Han kjem òg til å vise kva bandoneonkunstar ein kan gjere med ein kontorstol, og at han er eit stort komisk talent, både sitjande og ståande. Med vakker damekorsong frå Lyst og stemnetale av Gunhild Berge Stang i tillegg, er det ingen grunn til å gå glipp av Aasen-stemnet 2009. Fint vêr er det òg! Arrangementet tek til kl. 15. VERDA INN I AASEN-TUNET I dag kjem heile verda til Aasen-tunet. Skodespelarane Ragnhild Hilt og Unn Vibeke Hol frå Det Norske Teatret kjem for å framføre omsette tekstar frå mange land i arrangementet Kontinent av røyster. Det Norske Teatret har sett saman eit program der publikum får møte noko av det beste som er skapt av samtidslyrikk verda rundt. Arrangementet tek til kl. 13.30. HYLLA POPKONGEN PÅ FESTSPELA Side Brok hylla avdøde Michael Jackson på festspelkonserten laurdag kveld, og det utan å nemne popkongen med eitt ord. Dei opna konserten med å rappe til rytmane frå Michael Jacksons kanskje mest kjende song, Thriller, og avslutta med å leggje basslinje og blåseriff frå Billie Jean inn i 1, 2, 3, fyre. Dette fall godt i smak hos dei vel 400 som hadde funne vegen til Volda bygdetun. Dansegruppa Tabanka Crew opna showet på bygdetunet med heftig dansing framfor eit sommarvarmt og begeistra publikum.

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG ANSVARLEG REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.