FESTSPELSYMRA NYTT FRÅ DEI NYNORSKE FESTSPELA 2010
FREDAG 24. JUNI
Kulturminister Anniken Huitfeldt
EI ÆRE Å OPNE FESTSPELA – Det er ei ære for ein kulturminister å vere her og gjere det Ivar Aasen visstnok aldri gjorde, nemleg å halde ein offentleg tale, sa kulturminister Anniken Huitfeldt i sin opningstale for dei attande nynorske festspela. Ministeren peikte i talen mellom anna på at det er mykje å lære av den nynorske kulturtradisjonen når ein skal møte nye multikulturelle utfordringar. – Det nye Noreg kan ikkje bli forstått utan omgrep som fleirtal og mindretal. Fleirtalet pliktar å gi mindretalet rettar, luft og rom, og den nynorske arven er på denne måten ein djup brønn med erfaringar, kunnskap og innsikt som stadig blir meir aktuelt i det norske samfunnet. Publikum i den fullsette salen i Aasen-tunet fekk også høyre festspeldiktar Rønnaug Kleiva lese ei novelle skrive for høvet, og forfattaren Arnfinn Kolerud lese frå boka Når ein først skal skyte nokon, som kjem til hausten. Kolerud karakteriserte denne boka som ei oppvising i flisespikkeri og kverulering. – Så eg har brukt mykje av meg sjølv i henne, sa han. Opningshøgtida blei avslutta med premiere på nye songar på nordnorsk frå Steinar Albrigtsen, som også leidde publikum i allsongen ”Kom sommarvijnn”. Eit fromt ønske for resten av Festspela.
24 25 26 27
BARN TRENG GODE SPRÅKLEGE FØREBILETE Det var ein stolt Maria Parr som tok imot prisen Årets nynorskbrukar under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i går kveld. Både i takketalen og i samtalen med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn etterpå framheva ho kor viktig det er med gode språklege føreMaria Parr (foto: Stine Dahl) bilete. – Barn leikar gjerne på bokmål, det er ein del av fiksjonen. Eg både leika og skreiv på bokmål som barn, heilt til eg blei presentert for gode nynorske førebilete av bevisste vaksne. Dei vaksne har eit ansvar for å finne fram det gode som finst av nynorsk litteratur for borna, men det trengst også fleire gode barnebøker, sa Maria Parr. Ho peika på at juryen med denne prisen stadfester barneboka si viktige rolle i forminga av den språklege identiteten og den språklege tryggleiken. – Det gjer meg utruleg stolt og glad å få prisen for å skrive barnebøker på nynorsk. For er det noko eg vil, så er det å vere med på å gjere barn trygge i og stolte av skriftspråket sitt., sa ho. I samtalen med Rotevatn blei det snakka mykje om Tonje Glimmerdal, og Parr kunne fortelje at ho først heitte Tore. – Han blei etter kvart til Tonje mellom anna fordi det er for få handlande, sterke jenter i barnelitteraturen, sa Maria Parr. Slike jenter blir det nok fleire av i tida som kjem. SPRÅKREKNESKAP FOR NRK Fredag ettermiddag gjer kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas opp status for den språklege delen av verksemda i NRK. Etterpå får publikum høve til å seie si meining om nynorsk og dialekt i NRK, og ta opp slikt dei grundar på. Ikkje i form av sms-meldingar som rullar anonymt over skjermen, Hans-Tore Bjerkaas men med spørsmål frå salen som Bjerkaas svarar på.
UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG ANSVARLEG REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD