FESTSPELSYMRA NYTT FRÅ DEI NYNORSKE FESTSPELA 2010
SØNDAG 27. JUNI
24 25 26 27
DEN NYE NYNORSKEN
Festspeldiktar Rønnaug Kleiva
FESTSPELDIKTAR PÅ MANGE SCENER Festspeldiktar Rønnaug Kleiva har vore på mange ulike scener under Festspela. I går drog festspeldiktaren frå morgongymnastikk i Ørsta sentrum til eit musikalsk samspel med perkusjonisten Terje Viken i Aasen-tunet, og ho avslutta dagen med sine ønskedikt og på konsert med Valkyrien. – Det har vore veldig kjekt å delta på så mange arrangement med heilt ulik karakter, frå det høgtidlege til det svært uhøgtidlege, som morgongymnastikken, seier Kleiva. Festspelpublikummet har fått oppleve både gamle og heilt nyskrivne tekstar frå festspeldiktaren. – Det er ofte forløysande å få slike oppdrag som krev nye tekstar. Det set i gang nye tankar, og det er ofte inspirerande å få oppgåver som du må vere ferdig med til ein viss frist, seier Rønnaug Kleiva. Nokre av dei nye tekstane fekk publikum oppleve i samspel med perkusjonisten Terje Viken laurdag ettermiddag. Kalde tonar, metalliske klangar og mjuke vibrafonslag fargela Kleiva sine tekstar på ein unik måte. – Vi har arbeidd godt saman om dette innslaget og tilpassa både tekst og musikk til kvarandre. Kanskje blir det berre med denne eine framsyninga, kanskje blir det meir ut av det når ein først er i gang, seier ein glad, og litt trøytt festspeldiktar.
– Debatten om ”tatt” og ”teke” har vi ikkje tatt enno, sa leiaren i normeringsnemnda Grete Riise under debatten om normering i Aasen-tunet laurdag. Grete Riise og nestleiaren i nemnda, Unn Røyneland, fortalde om nokre av dei viktigaste prinsippa nemnda har lagt til grunn for den nye nynorsknorma som etter planen blir gjeldande frå 2012. – Målet er ikkje å lage ein ny nynorsk, men ein normal som gjer det lettare å bruke språket, sa Riise og Røyneland. Den nye normalen skal vere bygd på nynorsken sin eigen grunn, ein skal med andre ord ikkje ta omsyn til formene i bokmålet. Det er også viktig å byggje eit breitt grunnlag for norma, og dei samlar difor inn mykje tekststoff frå heile landet for å finne ut korleis språket i dag blir brukt i praksis. Nemnda legg opp til ein svært open prosess og ber om innspel frå publikum. Eitt av spørsmåla i Aasen-tunet laurdag var korleis nemnda løyser spørsmålet om kløyvd infinitiv. – I denne saka er nemnda kløyvd, repliserte Unn Røyneland. SÅ – KOR LANGT REISTE AASEN?
24 438 kilometer var den distansen Ivar Aasen måtte tilbakeleggje for å ha nok materiale til å lage eit skriftspråk, i følgje direktør Ottar Grepstad sine utrekningar. Aasen brukte både båt, hesteskyss og føtene på sine mange reiser. – Ein gong gjekk han heile Setesdalen på langs, 17 mil på seks dagar i kaldt og surt vêr. Dei enorme avstandane han la bak seg, seier noko om kor uthaldande han var i sitt prosjekt, seier Grepstad. Henrik Myklebust, Grete Skeide og Gerd Muren blei trekte ut som vinnarar av konkurransen vi utlyste tidlegare i veka om dette temaet. Vi gratulerer! OPERA AV EKSENTRISKE KUNSTNARSTREKAR
Jorunn Torsheim (foto: Astrid Waller)
Oddvar Torsheim sitt univers i tekst og bilete er den viktigaste inspirasjonen for den komiske kammeroperaen ”Susanna frå Sunnfjord” som avrundar Festspela i ettermiddag. Jorunn Torsheim og Erlend Samnøen har skrive tekstane, musikken er av W.A. Mozart, og Tove Kragset sit ved pianoet.
UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG ANSVARLEG REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD