ONEN – Hausten 2017
Når kveldane og nettene blir lange er det fint å møtast til lyrikk med noko attåt. Vår nye programpost Poesinatt er eit uformelt møte med nye og spennande poetar - «kveikja ljos, vera der i kalde kveldar» som Hauge skriv i diktet «Lauvhyttor og snøhus». Geir Netland, dagleg leiar Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Geir Netland Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 2/2017. Opplag: 9000 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Aasmund Nordstoga Foto: Marcel Leliënhof Marta Lindvik Foto: Paul Olai-Olssen Agnes Ravatn Foto: Grethe Nygaard Billettinformasjon:
Program hausten 2017 Spelemannen 18.august
3
Migrasong 27.september
4
Tid å hausta inn 6. oktober
5
Elin Furubotn 27.oktober
6
Luther : Europa i endring 31.oktober
7
Poesinatt 25. november
8
Sæle jolekveld 2. desember
9
Familiedag med juleverkstad 9. desember
9
Lyrikkseminar i Bergen
Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no
11
Konsert
Spelemannen Fredag 18 august kl. 20.00 Hauge-senteret, kr 250 / 150 (barn) Foto: Paul Olai-Olssen
18. august feirar vi at det er 109 år sidan Olav H. Hauge blei fødd. Og feiringa blir musikalsk! Folkemusikktrioen Felefylgje er sett saman av unge og lovande frå Ulvik og Ullensvang: Eirin Tjoflot, Marta Lindvik og Amalie Kinsarvik Tvilde framfører
tradisjonsmusikk frå Hardanger, og ikkje minst rykande ferske melodiar til Haugedikt. Vi får høyre toradar og hardingfele, det blir kveding og dans. Arrangementet er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardingfela.no
3
Foto: Museumssenteret i Hordaland
Konsert
Migrasong Onsdag 27. september kl. 19.00 Elvatun, 250 / 150 (barn)
For 150 år sidan emigrerte mange nordmenn til Amerika. Det gjorde også songane deira. Bagasjen kunne ikkje vege meir enn 75 kg, medan tonane frå heimstaden ikkje vog noko i gram. Saman med musikarkollegaer gir Reidun Horvei oss innblikk i eit unikt kapittel i norsk historie. Songane vi får 4
høyre på Elvatun denne kvelden dirrar av heimlengt, men dei ber også i seg fantasiar knytte til det nye tilværet. Ikkje minst speglar songane dei norske emigrantane sitt møte med nye kulturar, og slik kastar framsyninga lys over den situasjonen mange flyktningar opplever i dag.
Foto: Samlaget, Grethe Nygaard
Forfattarmøte
Tid å hausta inn Fredag 6. oktober kl. 20.00 Den grøne kafè, kr 200
Det er Fruktslepp i Ulvik, og Hauge-senteret inviterer til litterær festkveld med Agnes Ravatn og Einar Økland! Agnes Ravatn fortel om si nye bok, som mellom anna handlar om å flytte frå byen til landsbygda og bli næraste nabo med Einar Økland. Økland les eigne
dikt og fargelegg resten av kvelden med sprudlande og saftige anekdotar om Hauge og om det å hausta inn. Velkomen til ei frisk, litterær opning.....
5
Konsert
Elin Furubotn Foto:
Fredag 27. oktober kl. 20.00 Drøs, kr 250
Elin Furubotn er ein kritikarrost artist og låtskrivar kjent for å skildre kvardagen på ein underfundig måte. No er ho aktuell med plata «Ikkje gå deg vill», som er inspirert av det vakre landskapet i Sirdal. Med iaugefallande melodiar og ei særeiga stemme, serverer ho både 6
humor og alvor til lyttarane sine. Furubotn er ein meister i å formidle, og med seg til Ulvik har ho ingen ringare enn Vamp-veteran Torbjørn Økland. Saman er dette ein sterk og sprudlande duo, med eit stort nærvær på scena – det er berre å gle seg!
Foredrag
Luther : Europa i endring
På dagen 500 år etter at Martin Luther skal ha slått opp tesane som sette i gang reformasjonen, kjem historikar Sigrun Høgetveit Berg for å snakke om si nye bok Reformasjonen. Ho fortel om korleis kongen tok makt, og kvifor endringane var meir uførebudde og blei større i
Foto: Samlaget
Tysdag 31. oktober kl. 20.00 Drøs, kr 200
Noreg enn mange andre stadar. Etter foredraget held redaktør i nettleksikonet Allkunne, Per Magnus Finnanger Sandsmark, quiz om historie, musikk og litteratur i Europa frå 1517 til i dag.Arrangementet er i samarbeid med det nynorske digitale oppslagsverket Allkunne.no. 77
Lyrikk Eg dreg i frå glaset før eg legg meg eg vil sjå det levande myrket når eg vaknar Olav H. Hauge
Foto: Fredrik Lûbbe
Poesinatt Laurdag 25 november kl. 20.30 Elvatun, kr 350 / 250 (student) Nattmat inkludert i billetten
Hauge-senteret inviterer til ei natt i poesiens teikn! Og dessutan: Til poesi i nattas teikn! Poeten Endre Ruset gir ut ny diktsamling i haust, og kjem til Ulvik saman med musikar Stian Omenås og kunstnar Karin Nogva. Dette blir ei heilt særei8
ga oppleving gjennom tonar, bilde og lyriske ord! I løpet av poesinatta får vi også besøk av unge, framifrå poetar som Linda Klakken og Paal Maage Elstad. Slow Food Hardanger byr på lokal mat og drykk, og det blir open mikrofon inn i dei små timane.
Omvising Konsert
Sæle jolekveld
Vi ynskjer velkomen til ein lun og nær førjulskveld med Aasmund Nordstoga i Ulvik kyrkje. Nordstoga byr på kjende og ukjende julesongar, framført med ein drivande nerve, djupt forankra i folkemusikken sitt tonespel. O sæle jolekveld!
Foto: Marcel Leliënhof
Laurdag 2 desember kl.19.00 Ulvik kyrkje, kr 300 / 150 (barn)
Omvising Familiedag Foto:
Tittel Juleverkstad Sed ut perspiciatis unde omnis iste natus
dolores eos. nesciunt. Neque porro quisquam est, qui dolorem ipsum quia dolor sit amet, consectetur, adipisci velit, sed eaque ipsa quae ab illo inventore veritatis quia non numquam eius modi tempora et perspiciatis quasi beatae vitae dicta isunt utder labore et dolore magnam Sed ut Tradisjon truarchitecto inviterer undevi omnis til juleverkstad iste natus error poesiverkstaden, sitincidunt voluptatem explicabo. Nemo enim ipsam voluptatem aliquam quaerat accusantium gjestane kan få doloremque lage poetiske laudantium, julekort ogtotam bretterem eigen aperiam, julepynt eaque til voluptatem. quia voluptas sit aspernatur aut odit Ut enim ad minima veniam, quis nos treet der heime. grøneveritatis kafé dekker til langbord og serverer . totam rem aperiam, ipsa quae ab illo Den inventore et quasi autipsa fugit, sedabquia consequuntur julegraut – quae sjølvsagt med mandel veritatis i. magni eaque illo inventore et quasi.
Foto: Imcreator
Laurdag Dag dato9sit kl. desember 00.00 kl.13.00 error voluptatem accusantium doloStad,remque Hauge-senteret, kr 000laudantium, kr 50 / totam 150 (familie) rem aperiam,
99
Utstilling Ny temautstilling hausten 2017 er om den folkekjære diktaren og omsetjaren Halldis Moren Vesaas, som debuterte med diktsamlinga Harpe og dolk i 1929. Moren Vesaas var også redaktøren til Olav H. Hauge. I oktober vil eit nytt utstillingselement vere på plass i basisutstillinga på Hauge-senteret. Når gjestane kjem opp trappa i andre etasjen, vil dei møte lyrikk frå heile verda i ulike former og frå ulike tider. Lyrikkinstallasjonen er utforma av utstillingsprodusenten SixSides, som også har gjort resten av utstillinga. Det faglege innhaldet har Hauge-senteret ansvaret for. Foto:Bodil Cappelen / Olav H. Hauge-senteret, Illustrasjon: SixSides
10
10
Fagleg Hauge-senteret og Universitetet i Bergen arrangerer seminar om lyrikk, samfunn og krise 3.-4. november i Bergen. Kvifor? Fordi det er samanhengar mellom tilstanden i eit samfunn og det som vert skrive og lese av poesi. I Noreg vart poesiens verdi tydeleg i tida etter terroren i Oslo og på Utøya 22. juli 2011, med Nordahl Griegs dikt «Til ungdommen». Nytt gjestekontor på Hauge-senteret med høve for studentar, stipendiatar og andre forskarar til å arbeide i avtalte periodar står ferdig i haust. Vi håper at den omfangsrike boksamlinga med Hauges eigne notat no blir endå meir tilgjengeleg for forsking og studiar. 11
Foto: Bergen Bibliotek, Olav H. Hauge-senteret
11
Siste nytt Hald deg oppdatert før stortingsvalet. På Allkunne.no finn du frå 1. august ei heilt ny temaside om stortingsvalet. Her finn du oppdatert bakgrunnsinformasjon om parti, politikarar og sjølvsagt artiklane som forklarer kva kvoteflyktning, 2-gradersmål og eigedomsskatt er.
Illustrasjon: Allkunne, foto (utsnitt/redigert): Human-Etisk Forbund
12
Nynorsk kultursentrum inviterer til nasjonalt språkforum. I det fleirspråklege Noreg har ulike språkgrupper mykje å lære av kvarandre. Difor inviterer Nynorsk kultursentrum til å opprette eit uavhengig nasjonalt språkforum som dekker dei to norske språka, dei tre samiske, nasjonale minoritetsspråk og andre språkgrupper.
Ny temautstilling i Aasen-tunet. Temautstillinga «Sannare enn røynda?» set søkelyset på kva som skjer med litteraturen når forfattarane utfordrar grensene mellom det som tradisjonelt har vore oppfatta som to sjangrar, sakprosa og skjønnlitteratur. Utstillinga viser døme frå den sjølvframstillande litteraturen etter år 2000 og trekker linjene attende i den skjønnlitterære historia. Hauge-bibliografi. Hauge-senteret har no starta arbeidet med ein bibliografi over publiserte dikt og tekstar av Olav H. Hauge. Bibliografien skal ferdigstillast i 2018. Foto: Olav H. Hauge-senteret, Illustrasjon : Håkon Gullvåg
13
Mitt Hauge-dikt Linda Klakken
Det er lett å seie at Hauge er ein poet som vender det poetiske blikket utover. At han er ein som ser dei små tinga. Det er auget som ser og handa som skriv det auget ser. Det er ikkje heile sanninga. Vel så ofte stirer han inn i sitt eige hovud i dikta. Han grev seg innover mot ei ny erfaring. Ei ny innsikt om det gamle. Då er han sjølv den grå, stille dagen.
Foto: Odd E. Nerbø, Olav H. Hauge-senteret
14
Kvardag Dei store stormane har du attum deg. Då spurde du ikkje kvi du var til, kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, du berre var i stormen, var i elden. Men det gjeng an å leva i kvardagen òg, den grå stille dagen, setja potetor, raka lauv og bera ris, det er so mangt å tenkja på her i verdi, eit manneliv strekk ikkje til. Etter strævet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers. Gamle Laertes skar klunger og grov um fiketrei, og let heltane slåst ved Troja. 14
Stort utval i nynorske varer på Hauge-senteret og Handlenett.no
Butikken på Olav H. Hauge-senteret har eit stort utval lyrikkbøker og barnebøker på nynorsk.Vi er best på litteratur om og av Olav H. Hauge, og har eit godt utval eigenproduserte Hauge-varer. Kom innom for ein hyggeleg handel!
Olav H. Hauge-senteret Promenaden 7 5730 Ulvik Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no
Regionale støttespelarar:
TINDEtrykk.no
Opningstider 1. mai - 31. august Tysdag-fredag 10.00-16.00 Laurdag og søndag 11.00-17.00 1. september - 23. desember Tysdag-fredag 10.00-16.00 Søndag 11.00-17.00
Promenaden 7, 5730 Ulvik, tlf. 56 52 70 70 admin@haugesenteret.no
haugesenteret.no