ONEN
1/2012 No gjev me eit førebels tilbod i form av temautstillingar, utvalde arrangement og stoff på haugesenteret.no. Den 10. mai 2014 opnar me basisutstillinga. Då tek den nye tida til.
NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 2. ÅRGANGEN
STATSSEKRETÆREN KJEM Torsdag 19. april kjem statssekretær Lubna Jaffery i Kulturdepartementet til Ulvik. Den dagen møter ho rådet i Nynorsk kultursentrum for å drøfta oppfølging av språkmeldinga og for å få vita alt ho treng om arbeidet med Hauge-senteret. I rådet sit representantar for Ulvik herad og dei andre 22 stiftarane frå heile landet som står bak Nynorsk kultursentrum. Nyleg vart Mona H. Hellesnes vald til varaordførar i rådet. Same dagen lanserer Arne Skjerven og Steinar O. Bergo ny bok med ukjende Hauge-tekstar.
KJÆRE OLAV Det var slik det tok til. Ei kvinne sat innesnødd utanfor Arendal og skreiv til ein diktar ho berre hadde møtt gjennom dikta hans. Etter kvart svara han med «Kjære Bodil», og på få år utvikla venskapen og kjærleiken seg mellom dei i brevs form. Den 28. april 1975 tok Bodil Cappelen det store steget og flytta til Ulvik. «I dag kom Bodil for godt», skreiv Olav H. Hauge i dagboka. Han var over 20 år eldre enn henne og av mange utsett til evig ungkarsliv. Under Dei nynorske festspela i fjor las Bodil Cappelen frå dikt og brev til tonefølgje på fele av Sigrid Moldestad. Dei to fann ein tone som gjekk rett til hjarta på kvar ein gjest. Onsdag kveld 18. april skjer det på ny, i heradsstyresalen i Ulvik: Kjære Olav. Kjære Bodil.
FEM UTSTILLINGAR I EITT I år viser Hauge-senteret fem temautstillingar på ein gong. Saman med temautstillingar om Olav H. Hauge, Jon Fosse og Halldis Moren Vesaas syner me to andre utstillingar frå Ivar Aasen-tunet. Det usynlege språket fortel om omsetjing og gjendikting, og Klassisk kulturarv om den europeiske tradisjonen som Hauge var så lommekjend i. Ta gjerne kontakt på førehand om gruppe- og helgebesøk. EIN LOGO MED H Nynorsk kultursentrum med alle sine avdelingar tek no i bruk eit nytt profilprogram og dermed nye logoar. Dette skal både få fram samanhengen mellom avdelingane og gje kvar avdeling ein særmerkt identitet. Logoen for Hauge-senteret er signert Olav H. Hauge og henta frå namnetrekket hans i den svenske boka Diktaren om sin dikt frå 1982. Fargen gav seg sjølv. Det måtte verta grønt.