ONEN NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 3. ÅRGANGEN
1/2013 Språk er fossil poesi, skreiv den amerikanske filosofen Ralph Waldo Emerson i 1844. Med raust inkluderande arrangement over heile landet gjer Språkåret 2013 endå meir poesi til levande språk.
Foto: Jan Erik Vold
HAUGE-SENTERET I SPRÅKÅRET Ulvik ligg midt i verda, og verdas poesidag høyrer Ulvik til. Unesco vedtok i 1999 å lage ein slik verdsdag. Den dagen feirar Hauge-senteret laurdag 23. mars med film og lyrikk. I beste kaffitid på ettermiddagen viser me filmen Dråpar av eit diktarliv. Dei som gjekk glipp av poeten Erlend Nødtvedt på Ulvik Poesifest i fjor, får ein ny sjanse no. Dei som var der i fjor, veit kva dei har å gle seg til denne laurdagskvelden. No har han dessutan med seg Alexander Lund på kontrabass.
DROPAR AV EIT DIKTARLIV Til 80-årsdagen for Olav H. Hauge i 1988 vart det laga ein film der diktaren Jan Erik Vold intervjua Hauge heime på Rossvoll. «Vold og eg sette oss til eit bord på loftet, fotografane hadde sikta inn kanonane und ljoskastarane, og so bar det laust», skreiv Hauge i dagboka etter opptaka. Filmen Dråpar av eit diktarliv har ikkje vore vist offentleg på over 20 år. Produsentar var Turid Borgen og Hans Eirik Voktor. Dei har teke godt vare på filmen, som no er digitalisert av produksjonsselskapet TVP i Stavanger. Dette er ein av få filmar der Olav H. Hauge sjølv fortel om si dikting. Den 23. mars får filmen nypremiere i Hauge-senteret, og Voktor kjem for å presentera filmen.
HAUGE SAMLA PÅ TYSK – Det er utfordrande å omsetja og gjendikta Hauge, for han nyttar fleire ord som ikkje finst i ordbøkene, seier diktaren og omsetjaren Klaus Anders. I fjor vår var han ferdig med si store gjendikting av Olav H. Hauge til tysk. Me har intervjua Anders om arbeidet med Gesammelte Gedichte. Det intervjuet er no publisert på www.haugesenteret.no. ROM FOR UNG POESI Hauge-senteret skal formidla poesi i mange former på tvers av språkgrenser. Me ynskjer også å kryssa aldersgrensene. I Hauge-senteret får publikum møta både dei sterke røystene som lenge har vore viktige, og dei nye røystene som er på veg inn i poesien eller musikken. Når me feirar Verdas poesidag 23. mars, kjem difor 17 år gamle Åshild Sorteberglien Ljones frå Ulvik med sin vakre tradisjonssong saman med Marte Lindvik på fele.