Onen 1/2014

Page 1

ONEN NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 4. ÅRGANGEN

1/2014 Olav H. Hauge var gartnar og bonde, diktar og gjendiktar, lesar og opplesar. Livsverket hans byggjer på den grunntanken at handverk og diktekunst heng saman. Hauge-senteret vil vidareføra denne grunntanken.

Foto: Finn Ståle Felberg / Oktober

Foto: Mocca Design/Monica Hansen

MELLOM FJORD, FJELL OG HJARTE Kva skjer med ei jente når unge gutar rundt ho døyr? I dikta til Mona Vetrhus finst det ei lita bygd mellom sjø og bratte fjell, der ørn, hjort og viking ferdast i same natur som leikande ungar, og der gutar køyrer i fjorden. I 2012 debuterte Vetrhus med diktboka Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld, og 8. februar kjem ho til Hauge-senteret for å snakka om og lesa frå boka.

SKOMSVOLD TIL ULVIK Kjersti Annesdatter Skomsvold gjestar Hauge-senteret på verdas poesidag 21. mars. Skomsvold brakdebuterte som forfattar med boka Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg i 2009, og fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for boka. I 2012 kom boka Monstermenneske ut, som handlar om Skomsvold sin eigen ME-sjukdom. Kritikarane har særleg bite seg merke i hennar kreative og nyskapande språkbruk. Denne språkbruken gjennomsyrar også debuten hennar som lyrikar, med diktboka Litt trist matematikk. Skomsvold vil samtala med Jan H. Landro og lesa frå diktsamlinga. Landro er tidlegare kulturredaktør i BT, og har heile livet levd tett på litteraturen.

VERBALE OG MUSIKALSKE KRUMSPRING Svein Tang Wa er ein markant kulturprofil og trubadur med stavangerdialekta som eitt av sine meste kjende varemerke. Han er ein humanist, humorist og forteljar som dyrkar det gode livet, små situasjonar og vanlege folk, alt formidla med ironisk snert. Johan Egdetveit er kjend som sjangeroverskridande trekkspelvirtuos, og spelar alt frå rock til klezmermusikk. Svein og Johan har gjennom mange år med samarbeid utvikla sin særeigne stil, og publikum bør vera førebudd på mange slags krumspring, både verbale og musikalske. SAMTALE MED EIN MEISTER Benedicte Maurseth har i 22 samanhengande år vore Knut Hamres elev. Når ho ser attende, er det samtalene som har vore det viktigaste i opplæringa. Å vera ingenting er ei bok med samtalar om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk mellom meisterspelemann Knut Hamre og eleven hans, Benedicte Maurseth. Dei vitjar Hauge-senteret for samtale og konsert 7. juni.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.