ONEN – Våren 2019
25 år etter Olav H. Hauge gjekk bort er «Det er den draumen» det norske slagordet under den internasjonale bokmessa i Frankfurt. I den nasjonale leselystsatsinga Bokåret 2019, har Hauge-senteret fleire prosjekt for å fremje leseglede og interesse for lyrikk. Geir Netland, dagleg leiar Ansv. redaktør: Per Magnus Finnanger Sandsmark Redaktør: Geir Netland Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 1/2019. Opplag: 8000 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Klyngetunet Foto: Oddleiv Apneseth Ragnar Hovland Foto: Herborg Pedersen Tønes Foto: Live Sørlie Jørgensen Billettinformasjon:
Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no
Program våren 2019 20. februar
Klyngetunet – den norske landsbyen
s. 3
3. mars
Fastelavnsfest med karneval
s. 4
21. mars
Verdas poesidag
s. 5
9. april
Hovland og Tønes reddar kvelden
s. 6
25. april
Utstillingsopning: Fuglar i lyrikken
s. 7
24. mai
Siderslepp: ReHarvest
s. 7
Klyngetunet – den norske landsbyen Onsdag 20. februar kl. 19.00 Hauge-senteret, kr 150 / fri honnør og medlemer i Sogelaget
Før jordreforma for 150 år sidan fanst det mange tusen klyngetun her i landet. I desse landsbyliknande gardstuna levde og samarbeida folk tett. Kva gjekk tapt med utskiftinga, og kan denne buforma vere aktuell på ny? Eva Røyrane syner bilete og fortel frå arbeidet med boka
Foto: Oddleiv Apneseth, Skald Forlag
Foredrag
Klyngetunet. Torbjørn Dyrvik frå Sogelaget fortel om klyngetuna og utskiftinga i Ulvik. I samarbeid med Den kulturelle spaserstokken i Ulvik herad og Ulvik Sogelag. 3
Familie
Foto: Skald forlag
Fastelavnsfest med karneval Sundag 3. mars kl. 13.00 Hauge-senteret, fri inngang
Det er fastelavnssundag og vi feirar med karneval! Kle deg ut i gamle klede eller i lånte fjør, som flaggermus eller harepus, og kom til fest og moro på Hauge-senteret. Alle som kler seg ut får premie. Vi fortel monster-forteljingar og tøysevers, og lagar karnevalsparade 4
gjennom museet med musikk og dans. Ta med instrument dei som har! Store og små får lage sin eigen fastelavnsris, og vi avsluttar festen med langbord og fastelavnsbollar.
Lyrikk
Foto: Gisle Martens Meyer
Verdas poesidag Torsdag 21. mars kl. 19.00 Hauge-senteret, kr 200 / 100 student
På verdas poesidag spør vi: kvifor skal vi lese poesi? Ingrid Nielsen og Sindre Ekrheim skriv begge dikt, og dei formidlar poesi gjennom undervising, forsking og bokmeldingar. Dei to møtest til ein samtale om poesi, der dei òg les dikt. Elektronika-artisten Gisle Martens Meyer, også kjend som
Ugress, presenterer sitt nyaste lydverk mellom bøkene til Olav H. Hauge. I boksymfonien Atrophy in the Key of Dreaming Books møter publikum lyden av kunnskap – frå bøker, papir, ord og bokstavar. Lydopptak av Hauge som les er også fletta inn i denne spesialskrivne utgåva av verket. 5
Litterær konsert
Hovland og Tønes reddar kvelden Tysdag 9. april kl. 19.00 Syse gard, kr 250 / 150 student
Forfattar Ragnar Hovland og musikar Frank «Tønes» Tønnesen er begge vestlendingar som skriv treffande om det kvardagslege. Hovland kan seiast å vere ein kultfigur i norsk litteratur og er mannen som gav eit nytt språk til vestlandslitteraturen. Låtskrivar Tønes er no også romanforfattar. I song og 6
bok gjev han liv til løgne karakterar og kleine situasjonar. Denne kvelden «reddar» dei oss alle, ved å syne oss at det er i det kvardagslege og det trivielle at det fantastiske kan skje, – og skjer – om vi berre ser det. Slik dei to gjer. I samarbeid med Rom for ord.
Foto: Ingvil Skeie Ljones / Hauge-senteret
Foto: Herborg Pedersen, Trond Ueland
Utstillingsopning
Fuglar i lyrikken
Kvifor har fuglar så ofte ei sentral rolle i høgtflygande og romantisk poesi, så vel som i verkelegheitsnære dikt? I april opnar vi ei ny temautstilling om fuglar i lyrikk. Utstillinga ser på kva rolle fuglar spelar i ulike dikt, og forsøker å gi svar på kvifor vi menneske blir så fasinerte av desse skapningane.
Foto: Creative Commons
Torsdag 25. april kl. 19.00 Hauge-senteret, fri
Konsert
Siderslepp: ReHarvest
Ulvik-bandet ReHarvest hadde premiere under Sidersleppet 2015, med gjendikting av Neil Young sitt klassiske album Harvest til nynorsk. Då måtte vi setje opp ekstrakonsert. No er ReHarvest tilbake og det vert både gledeleg gjenhøyr og nytt materiale denne maikvelden på Frukt- og Siderruta.
Foto: ReHarvest
Fredag 24. mai kl. 21.00 Lekve gard, kr 250 / 150 student
7
Ny direktør i Nynorsk kultursentrum
Foto: Sunniva Lund Osdal.
8
Per Magnus Finnanger Sandsmark (29) er frå 1. november 2018 direktør i Nynorsk kultursentrum. Kulturvitaren frå Halden har brei politisk bakgrunn frå organisasjonsliv, kommunestyre, fylkesting og som rådgivar på Stortinget. Han kom frå stillinga som redaktør i Allkunne, og har tidlegare arbeidd ved Hauge-senteret i Ulvik. Sandsmark er oppteken av å gjere språk og litteratur til ein del av kvardagen, og at Nynorsk kultursentrum skal vere synlege for fleire i heile landet. På den måten kan stiftinga bidra med kunnskap og opplevingar som gjer det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar.
Siste nytt I Bokåret 2019 har Nynorsk kultursentrum ei rekkje arrangement og utstillingar der både barn, ungdom og vaksne får oppleve ulike forteljingar frå den nynorske litteraturen og den norske språkhistoria. På haugesenteret.no kan du besøke den digitale poesiverkstaden vår. Her har vi samla rare, morosame og spennande skrive-oppgåver frå forfattarar som Gro Dahle og Erlend O. Nødtvedt. Oppgåvene kan brukast i skulesamanheng eller for deg som liker å skrive på fritida. Diktardagen 2019 heidrar ein markant norsk lyrikar med Diktartavla laurdag 8. juni. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum står bak prisen.
Foto: Logo Bokåret 2019, Ingvil Skeie Ljones, Hauge-senteret.
9
Mitt Hauge-dikt Eg vel meg “Lauvhyttor og snøhus”. Diktet minnar meg om korleis ein kan gå inn i dikt, når ein treng det og kjenner seg heimlaus og framand, slik at orda kan omslutta ein og gje ei form for tryggleik. Så kan ein kan hende kikke ut gjennom orda og sanse verda – på ny? Men eg synes alltid at sluttbiletet i diktet er litt urovekkjande. For det å krype inn i eit snøhus og stengje etter seg, det er vel og å skilje seg frå verda, og være i eit hus der vegger og golv eigentleg er kalde? Kan eit dikt og vere eit slikt hus? Ingrid Nielsen
Foto: Kjersti Dahl
10
LAUVHYTTOR OG SNØHUS
Det er ikkje mykje med desse versi, berre nokre ord, røysa saman på slump. Eg synest likevel det er gildt å laga dei, då har eg som eit hus ei liti stund. Eg kjem i hug lauvhyttone me bygde då me var små: krjupa inn i dei, sitja og lyda etter regnet, vita seg einsam i villmarki, kjenna dropane på nasen og i håret –
Eller snøhusi i joli, krjupa inn og stengja etter seg med ein sekk, kveikja ljos, vera der i kalde kveldar. Olav H. Hauge, Spør vinden, 1971
Stort utval i museumbutikken og nettbutikken handlenett.no
Butikken i Hauge-senteret har eit stort utval lyrikkbøker og barnebøker på nynorsk. Vi er best på litteratur om og av Olav H. Hauge, og har eit godt utval eigenproduserte Hauge-varer. Besøk nettbutikken vår eller kom innom for ein hyggjeleg handel! 11
Olav H. Hauge-senteret Promenaden 7 5730 Ulvik Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no.
Samarbeidspartnarar:
Med atterhald om endringar TINDEtrykk.no
Opningstider 1. mai–30. september Tysdag-fredag 10–16 Laurdag og sundag 11–17 1. oktober –30. april Tysdag-fredag 10–16 For opningstid i helg sjå haugesenteret.no Utanom vanleg opningstid etter avtale
Promenaden 7, 5730 Ulvik, tlf. 56 52 70 70 admin@haugesenteret.no
haugesenteret.no