Onen 2/2018

Page 1

ONEN – Hausten 2018


Det poetiske språket kan opne for nye refleksjonar og perspektiv. Poesifestivalen i september har tema ordskifte – dialog og ettertanke er viktig i tider der det er dei overflatiske og raske svara og løysingane som vinn fram. Geir Netland, dagleg leiar Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Geir Netland Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 2/2018. Opplag: 9000 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Benedicte Maurseth, Åsne Valland Nordli, Sigbjørn Apeland Foto: Ingvil Skeie Ljones Endre Olsen Foto: Marius Knudsen Anna Kleiva, Mari Skeie Ljones Foto: Ingvil Skeie Ljones Billettinformasjon:

Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no

Program hausten 2018 Drikkeviser frå Paris og felespel 18. august

s. 3

Ulvik poesifestival 7.– 9. september

s. 3

Periferiens kunnskapshistorie 27. september

s. 4

Endre Olsen med band 5. oktober

s. 5

Temautstilling: Menneske og språk på vandring 15. oktober

s. 6

Kveld i museet 25. oktober

s. 6

Forfattarmøte med Gro Dahle 13. november

s. 7

Vert ljos 1. desember

s. 8

Himmelspringar og juleverkstad 9. desember

s. 8


Festivalvorspiel

Drikkeviser frå Paris og felespel Laurdag 18. august kl 20.00 Drøs kafé, fri

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Det er 110 år sidan Hauge vart fødd, og vi feirar med å varme opp til Ulvik poesifestival. Anna Kleiva kjem med diktsamlinga «Drikkeviser frå Paris», og Mari Skeie Ljones fyrer opp stemninga med felespel. Det vert poesikviss med lett blanding. Vi opnar med litt informasjon om å det å vera festivalfrivillig kl. 19.00 Festival

Ulvik poesifestival 2018

Fredag 7. september– søndag 9. september

Ordskifte er tema for årets poesifestival. Poetane Cecilie Løveid, Øyvind Berg, Knut Ødegård og danske Asta Olivia Nordenhof tek på ulikt vis opp aktuelle tema i diktinga si. Det vert også musikalske høgdepunkt: Ole Paus, Herborg Kråkevik, 9 grader nord, og Tom Roger Aadland – alle kjem dei til Ulvik. Sjå poesifestivalen.no for meir informasjon

7.–9. september 2018

Cecilie Løveid Erlend O. Nødtvedt Knut Ødegård Tone Hødnebø Mona Høvring Ruth Lillegraven Catharina Gripenberg Kjartan Fløgstad Bendik Vada Asta Olivia Nordenhof Øyvind Berg

ORD SKIF TE

Ole Paus Herborg Kråkevik Ferdaminne/Tord Gustavsen ensemblet Tidekverv av Benedicte Maurseth og Berit Opheim 9 grader nord Tom Roger Aadland

Ulvik Herad

3


Foredrag

Periferiens kunnskapshistorie

Catharina Kølle (1788–1859) og Niels Herzberg (1759–1841) budde i kvar sin sidearm av Hardangerfjorden. Hertzberg var presten som la bort ungdomsdraumen om å bli landmålar. Kølle fylgde utferdstrongen sin ved å gå til Sverige, Danmark, Tyskland og Italia. Begge har etterlate seg mykje kunnskap i 4

Foto: UiB

Torsdag 27. september kl. 19.30 Hauge-senteret, kr 150 / 100 (honnør)

form av kart, tekstar og teikningar. Etnolog Kristina Skåden ved Universitetet i Oslo nøstar opp relasjonar mellom Hertzberg og Kølle og samtidige kunnskapsprodusentar som Humboldt og Goethe. I samarbeid med Hardanger historielag.


Konsert

Foto: Marius Knudsen

Endre Olsen med band Fredag 5. oktober kl. 21.00 Lekve gard, kr 250 / 200 (student)

Då Endre Olsen i vår gav ut første albumet sitt på norsk, «Bøttevis med blått», vart det omtala som ein komande klassikar. Med terningkast fem og seks vert han samanlikna med visesongarar som Tønes og Bjella. Endre Olsen har sitt eige og energiske lydbilete. Han hentar inspirasjon frå begge sider av

Atlanteren: amerikansk køntrinerve i uslåeleg kombinasjon med britisk popteft. I fylje med kjende musikarar frå Bergens musikkscene leverer han velkomponerte tekstlinjer på syngjande storddialekt. I samarbeid med Frukt- og siderruta. 5


Utstilling

Menneske og språk på vandring

Temautstillinga «Menneske og språk på vandring» går rett inn i vår tid og den store flyktningkrisa. I kjølvatnet av denne massive folkevandringa kjem også spørsmåla om identitet, språk og kultur. Utstillinga er lånt frå Ivar Aasen-tunet.

Foto: Aasen-tunet

Måndag 15. oktober– søndag 31. mars 2019 Hauge-senteret, inkludert i utstillingsbilletten

Kveld i museet

Torsdag 25. oktober kl. 19.30 Hauge-senteret, fri

Ein mørk haustkveld opnar vi dørene for publikum og byd på ein varmande drykk i koppen. Vi syner fram skjulte skattar frå utstillinga og Hauges boksamling, og medarbeidarane ved Hauge-senteret presenterer utvalde favorittar blant bøkene i museumsbutikken. 6

Foto: Ingvil Skeie Ljones / Hauge-senteret

Museum


Lyrikk

Forfattarmøte med Gro Dahle Tysdag 13. november kl. 19.30 Drøs kafé, kr 200 Foto: Maja Hattvang

«Det er som om språket tar fyr mellom Gro Dahles hender», har det vore sagt om diktaren Gro Dahle. Ei sprudlande livs- og skrivelyst pregar forfattarskapen. Diktsamlinga «Søster» frå 2016 er ei sterk forteljing om søstrer. Dahle voks opp som einebarn, men seier at ho alltid har vore nysgjerrig på kva det er med

søstrer. Vi har lenge hatt lyst å invitere henne til Ulvik, og endeleg klaffa det! Gro Dahle les og samtalar med formidlar Guro Ljone. Dahle er også ein ettertrakta lærar i kreativ skriving, og i Ulvik held ho skrivekurs for vaksne. Sjå haugesenteret.no for meir informasjon. 7


Julekonsert

Vert ljos

Alle gode ting er tre, og tredje gongen vi arrangerer julekonsert i Ulvik kyrkje, er vi svært glade for å presentere trioen Åsne Valland Nordli (vokal), Benedicte Maurseth (fele) og Sigbjørn Apeland (trøorgel). Med forankring i folkemusikken og kjende for utforsking og nyskaping inviterer artistane publikum inn til ein desemberkveld for sjelero.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Laurdag 1. desember kl. 19.00 Ulvik kyrkje, kr. 300 / 150 (barn)

Familie

Himmelspringar og juleverkstad Himmelspringaren er ei framsyning om det modige lammet «Lilla» basert på boka av Sissel Horndal med same tittel. Den dagen lammet «Lilla» kjem til verda, vert det sjokk i Gullullafjøset, ho er lilla! Framsyninga høver for barn frå tre år. Av og med Monika Solheim og Adele Lærum Duus. 8

Foto: Jonas Duus

Søndag 9. desember kl. 14.00 Hauge-senteret, fri


Mitt Hauge-dikt Klunger Rosone har dei sunge um. Eg vil syngja um tornane og roti, – ho klengjer seg hardt um berget, hard som ei mager gjentehand. Olav H. Hauge, Dropar i austavind, 1966

Hauge skriv «Rosone har dei sunge um». Han vil syngja om noko anna: om «tornane» og om «roti». Det må vera lov å assosiera tornane til Kristi tornekrone, til lidinga. Vi veit at Hauge leid mykje, i lange periodar. Då gjeld det å halda seg fast, å passa på røtene sine, livskjelda. Elles folnar livstreet, visnar vekk utan von om oppstode. Avslutningsbiletet er klårt, men uvanleg: Ei jentehand er ofte rekna som noko veikt, her representerer jentehanda rotkrafta. Det er vel òg lov å dikta vidare på at det er gjennom denne anonyme jenta at livet held fram, handa hennar er rota i dette diktet. Som katolikk ser eg Maria hand. Knut Ødegård Knut Ødegård møter du under Ulvik poesifestival 7.– 9. september.

Foto: Anna Julia Granberg

9

9


Siste nytt Les for livet! har premiere i Ulvik 7. september. To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan berge dei. I Les for livet! får elevane vere med på ei spennande ferd tilbake til jorda. På vegen dukkar vi inn i sju utvalde barne-

og ungdomsbøker på nynorsk. Les for livet! er ei framsyning for Den kulturelle skulesekken for 5.–7. trinn, produsert av Nynorsk kultursentrum. Lars Mæhle har skrive manus, og på scena står Kim Helge Strømmen og Siri Beate Fossum. Historia om den nynorske diktinga frå 1850 til 2015 vert tilgjengeleg på Allkunne.no frå 23.august. For første gong kan du fordjupe deg digitalt i den nynorske litteraturhistoria. Du kan ta den nye Olav H. Hauge-kvissen, oppdage nye forfattarskapar og fellestrekk du ikkje hadde tenkt på.

10


Stort utval i museumbutikken og nettbutikken Handlenett.no

Butikken i Hauge-senteret har eit stort utval lyrikkbøker og barnebøker pü nynorsk. Vi er best pü litteratur om og av Olav H. Hauge, og har eit godt utval eigenproduserte varer med tilknyting til forfattarskapen.


Olav H. Hauge-senteret Promenaden 7 5730 Ulvik Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no Regionale støttespelarar:

1. mai – 30. september Tysdag-fredag 10 – 16 Laurdag og søndag 11 – 17 1. oktober –30. april Tysdag-fredag 10 – 16 For opningstid i helg sjå

TINDEtrykk.no

Opningstider

Promenaden 7, 5730 Ulvik, tlf. 56 52 70 70 admin@haugesenteret.no

haugesenteret.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.