Onen vårprogram 2016

Page 1

ONEN – Våren 2016


I denne nye utgåva av Onen finn du fleire døme på kor variert og innhaldsrik lyrikken kan vera. Me håpar at både innhald og utforming fell i smak. 2016 blir eit aktivt år for Hauge-senteret og me gler oss til Ulvik poesifestival i september. Geir Netland, dagleg leiar Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Geir Netland Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 1/2016. Opplag: 9500 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Baljelauget Foto: Svein Ulvund Olav H. Hauge-senteret Foto: Ingvild Skeie Ljones Solveig Mette Tjeltveit Foto: Tove K. Breistein Billettinfo:

Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no

Program våren 2016 Den dagen – poesi til ny musikk, 31. januar

s. 3

Solveig Mette Tjeltveit, 6. februar

s. 4

Karneval og forteljingar om dyr, 7. februar

s. 5

ABC av Hauge og Cappelen, 28. februar

s. 6

Poesifritidsordning, 11. mars

s. 6

Stig Børsheim, 19. mars

s. 7

Framtidsvy. Kva skal Ulvik vera?, 16. april

s. 8

Baljelauget, 20. mai

s. 9

Diktardagen, 11. juni

s. 10


Forfattarmøte Konsert

Den dagen – poesi til ny musikk Søndag 31. januar kl. 19.30 Elvatun ungdomshus, kr 200 Foto: Kjell Herheim

Me opnar konsertsesongen med heilt ny musikk til kjende lyrikarar frå Hardanger, som Olav H. Hauge, Ruth Lillegraven, Signe Seim og Ingjald Bolstad. Dette vert storslått og vart, vakkert og rørande. Damekoret D´kor frå Voss opptrer saman med musikarane Jo Asgeir

Lie, Kåre Opheim og Elisabeth Vannebo. Voss bibliotek, saman med komponistane Åge Vaksdal, Vannebo og Lie, har tatt initiativ til å setja tone til desse dikta. Diktet «Tvo båtar på fjorden» av Olav H. Hauge er tonesett for første gong til denne konserten. 3


Forfattarmøte

Foto: Tove K. Breistein

Solveig Mette Tjeltveit Laurdag 6. februar kl. 19.00 Drøs bakeri og kafé, kr 175

Då Solveig Mette Tjeltveit gjekk på gartnarskulen på Hjeltnes, las ho Hauge på kveldane og stelte planter på dagtid. Kva har det gjort med skrivinga hennar? Er det derfor det er så mykje skog i dikta hennar?

4

Solveig Mette Tjeltveit debuterte i 2015 med diktsamlinga Noo Gode Gnu på Samlaget. Ho er utdanna gartnar, men har òg psykologi og litteraturvitskap i fagkrinsen. Me møter forfattaren til samtale om gartnargjerninga og debutsamlinga hennar.


Konsert Familiearrangement

Tittel og forteljingar om dyr Karneval Søndag 7. 31.februar januar kl. 13.00 19.30 Elvatun ungdomshus, Hauge-senteret, kr 175 krper 200familie Foto: Ivar Aasen-tunet

Fastelavnsøndag er karnevalssøndag! Kle deg ut som favorittdyret ditt og kom! Forfattaren Solveig Mette Tjeltveit fortel om det underlege dyret gnu. Me skal òg sjå etter andre dyr i utstillingane. Kvart halvår har me ein familiesøndag

på senteret. Denne søndagen er Den grøne kafé open, og det vert skriveaktivitetar i poesi-verkstaden, teikneoppgåver i ABC-utstillinga og premie til beste kostyme.

5


Omvising

Søndag 28. februar kl. 14.00 Hauge-senteret, vanlege inngangspengar til utstillinga

Denne søndagen er den siste dagen me stiller ut originalteikningane til ABC. Aktivitetar for born mellom 4 og 8 år. Omvising for vaksne om kunstnarsamarbeidet mellom Cappelen og Hauge.

Foto: Det Norske Samlaget

Siste dag med ABC av Hauge og Cappelen

Omvising

Poesifritidsordning

Det er planleggingsdag for skulen og barnehagen. Kva kan me då finna på? Hauge-senteret arrangerer poesifritidsordning (alternativ SFO) for barn på 1.– 4. trinn. Det blir tid til å skriva, lesa og teikna sjølv. Det blir sjølvsagt òg leikar, songar og aktivitetar i heile museet utover dagen. 6

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Fredag 11. mars kl. 08.00–16.00 Hauge-senteret, kr 100


Konsert

Stig Børsheim lanserer ny Olav H. Hauge-cd

Med utgjevinga «Nokre fåe songar» presenterer musikaren Stig Børsheim heilt nye tonesetjingar av Hauge-dikt. Utvalet av dikt er gjort i samarbeid med Bodil Cappelen.

Foto: Pressefoto

Laurdag 19. mars kl. 19.00 Den grøne kafé, kr 200

Dette er òg Hauge-senterets arrangement i høve Verdas poesidag 21. mars, som set fokus på poesi over heile verda.

7


Forfattarmøte Temadag

Foto: Vigdis Haugtrø Finn Ståle Felberg

Framtidsvy. Kva Tittelskal Ulvik vera? Laurdag 16.januar april kl. Sundag 31. kl.15.00 19.30 Hauge-senteret, fri inngang Elvatun ungdomshus, kr 225

Kva er Ulvik, og kva skal me vera i framtida? Ulvik herad har vedtatt å bli ein Cittaslow-kommune, men kva skal det tyda i praksis? Må me forandra noko, og i så fall kva og korleis? Lyrikaren og landskapsarkitekten Margrete Aas les frå diktsamlinga Vy. Dikta hennar handlar 8

om korleis menneska skapar stader der dei vil leva, arbeida og bu. Aas les og innleier til panelsamtale om kva Ulvik er, kan og bør vera. Arrangementet er i samarbeid med Ulvik herad.


Konsert Konsert

Tittel Baljelauget Fredag 20. Søndag 31. mai januar kl. 21.00 kl. 19.30 Elvatun Den grøne ungdomshus, kafé, kr 250 kr 200 Foto: Svein Ulvund

Det er siderslepp-helg, og denne kvelden får me «hjerte», smerte, tull og vas med tvangsrim på dialekt. Me møter låtskrivar og vokalist Olav Undeland. Han debuterte med bluesplata «So much trouble» i 2003 og har sidan vore med i fleire blues- og americana-utgjevingar.

Arne Anderdal er spelemann og arbeider på Ole Bull-akademiet. Tor Helge Opdahl er trommeslagar og perkusjonist. I Baljelauget slår han laus på hushaldningsutstyr. Svein Prestegard speler på instrumentet baljebass. Dette gjev ein spesiell klang! 9


Diktardagen Foto: Hardanger folkemuseum

Laurdag 11. juni vert diktartavla 2016 utdelt av Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum. Diktartavla er tidlegare gjeve til diktarar som Jon Fosse og Cecilie Løveid. Prisvinnaren for 2016 vert annonsert i mars. Arrangementet er på folkemuseet på Utne og inneheld utdelingsseremoni, høgtlesing av forfattaren sjølv, og ein konsert. Årets diktartavle vert ein del av diktarstien som går mellom husa i museumstunet på Utne.

Foto: Stein Arnold Hevrøy

10

Bileta visar tidlegare vinnarar av diktartavla Jon Fosse, Maria Parr og Kjartan Hatløy.


Mitt Hauge-dikt Solveig Mette Tjeltveit

Dette diktet seier eg ofte høgt fram for meg sjølv og kvar gong kjem ein vismann inn i rommet. Kanskje kjem Tu-Fu òg? Kom ikkje med heile sanningi er leveregel, poetikk, bøn, trøyst; så bydande og inderleg i sitt krav om å halda tilbake at det nærast forbyr meg å seia noko meir om det. Det seier det alt sjølv; det rekk med ein glimt, ei dogg, eit fjom!

Kom ikkje med heile sanningi Kom ikkje med heile sanningi, kom ikkje med havet for min torste, kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos, men kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom, slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget og vinden eit korn av salt.

Foto: Odd E. Nærbø

11


Internasjonal filmpoesi på Olav H. Hauge-senteret Den 12. mai opnar ei ny temautstilling på Olav H. Hauge-senteret. Temautstillinga baserer seg på arbeidet til den skotske filmskaparen Alastair Cook, som er grunnleggjaren av filmprosjektet Filmpoem. Alastair Cook skal i samband med temautstillinga på Hauge-senteret laga ein film med utgangspunkt i Olav H. Hauge si dikting. Alastair Cook har laga poesifilmar med fleire store diktarar, mellom anna Liz Lochhead som vart utnemnd til Skottlands nasjonalpoet 2011. Cook sine filmar er vakre og poetiske i seg sjølve, og gjev noko nytt til dikta dei formidlar. Foto: Pressefoto

12


Ulvik poesifestival 9.–11. september Spellemannsnominerte Tønes har nytt album til hausten og kjem til Ulvik. Ane Dahl Torp kjem med Haugtussa og Solveig Slettahjell framfører salmeskattar. Du kan også oppleve gjendiktingar i musikalsk form og spennande nye artistar.

Foto: Live Sørlie Jørgensen

Foto: Andreas Frøland

Fleire av dei fremste norske og nordiske lyrikarane kjem til Ulvik for å lese og samtale, og det blir poesiseminar. Merk av i kalenderen, du er garantert mange kulturopplevingar i Ulvik denne helga. Følg oss på: poesifestivalen.no og Facebook. Foto: Dag Jenssen

13


Siste nytt Vinje kommune løyvde i desember 800 000 til arbeidet med å etablere Vinje-senteret. Det sikrar den planlagde framdrifta og første tilsetjing i 2016. Den ferdige prosjektplanen finn du på vinjesenteret.no 29.2.2016. På aasentunet.no finn du Språkfakta 2015, som inneheld 867 tabellar med kommentarar og analysar, om bruk og utbreiing av språk i Noreg mot ein internasjonal bakgrunn, med særleg vekt på nynorsk og bokmål.

Foto: Kib og Morits

14

Nynorsk kultursentrum har tatt initiativet til og arbeidet med å etablere eit globalt nettverk av språkmuseum i den internasjonale museumsorganisasjonen ICOM. Nettverket skal ha si første samling i Milano sommaren 2016.


Stort utval i nynorske varer på Hauge-senteret og Handlenett.no

Butikken på Olav H. Hauge-senteret har eit stort utval av lyrikkbøker og barnebøker på nynorsk. Me er best på litteratur om og av Olav H. Hauge, og har eit godt utval av eigenproduserte Hauge-varer. Kom innom for ein hyggeleg handel!


Olav H. Hauge-senteret Promenaden 7 5730 Ulvik Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no Regionale støttespelarar:

TINDEtrykk.no

Opningstider

1. september-30. april Tysdag til fredag 10.00-16.00 Søndag 12.00-17.00 1. mai-31. august Tysdag-fredag 10.00-16.00 Laurdag og søndag 11.00-17.00

Promenaden 7, 5730 Ulvik, tlf. 56 52 70 70 admin@haugesenteret.no haugesenteret.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.