PRESSEMELDING 9. APRIL 2014 Dei nynorske festspela 26.–29. juni 2014:
Makt og mangfald på Dei nynorske festspela Festspeldiktar Agnes Ravatn har selskap av mellom andre Linda Eide, Einar Økland, Helene Bøksle og Jon Hustad under Dei nynorske festspela 26. – 29. juni 2014. Årets festspelprogram vil gi publikum sterke opplevingar, både musikalsk, fagleg og litterært. – Temaet Makt er inspirert av Grunnlova og vi stiller ein del spørsmål og ønskjer å opne opp for nye tankar som publikum kan ta med seg vidare, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet. Sjølve grunnlovsjubileet viser godt igjen i programmet. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen vil snakke om Ivar Aasen og hans forhold til Grunnlova i årets minneforedrag. Linda Eide har samla 200 års historie på to timar, slik berre ho kan gjere det, og Lurivar presenterer Grunnlova på sitt kattevis til dei yngste. Daglege høgdepunkt i Uteamfiet Uteamfiet i Aasen-tunet blir også i år arena for konsertar kvar kveld. Brørne Aasmund og Odd Nordstoga gir publikum ei unik musikalsk oppleving torsdag, Helene Bøksle held konsert fredag og Kråkesølv rockar laurdag. Under Aasen-stemnet i år blir det nykomponert musikk av Odd Johan Overøye til tekstar av Arnfinn Haram i framsyninga «I førsommarens fang». Samtalar og foredrag som kryssar språkgrenser Fribyforfattar Mansur Rajih måtte flykte frå Jemen på grunn av innhaldet i tekstane sine og kjem til Festspela for å fortelje historia si i samtale med Brit Bildøen. Språkforskar og forfattar Nicholas Ostler frå Foundation of Endangered Languages gir publikum eit internasjonalt perskpektiv på språk i foredraget «The power of languages». – Med grunnlovsjubileet som bakteppe, vil vi setje søkelys på samanhengen mellom språk og demokrati, både gjennom samtalar, foredrag og ei eiga temautstilling med tittelen Makta i språket, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Det blir fleire debattar og litterære samtalar, der ulike synspunkt og vinklingar blir drøfta i tillegg til sjølve tekstane. Festspeldiktar Agnes Ravatn, Einar Økland, Marta Norheim, Jon Hellesnes og Gunnhild Øyehaug er berre nokre av dei som vil setje lys på ulike sjangrar og tema. Festspeldiktaren inspirerer til nye arenaer Årets festspeldiktar Agnes Ravatn har inspirert arrangøren på fleire måtar. Forfattarskapen har inspirert Festspela til to nye arenaer i år. Det blir eit litterært hagekurs i ein hage i Ørsta med festspeldiktaren og Rønnaug Kleiva. Du som er avhengig av sosiale medium kan vere med festspeldiktaren sjølv ein tur til Høgetua bak Aasen-tunet for
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda