Symra 1/2010

Page 1

1/2010 Etter tiår med stivpynta språk fekk reklamebransjen det for seg at dei måtte finne ut kva dialektar som er mest populære og dermed sel best. Så lenge der er reklamebyrå, er

nytt frå ivar aasen-tunet 12. ÅRGANGEN

fordomar etterspurde.

FRÅ 70 TIL 50 Einar Økland er den strategiske diktaren og den essayistiske historikaren. Han skriv dei bøkene han reknar med at ingen andre ville kome til å skrive, og som bør finnast. Frode Grytten er novellekunstnaren og observatøren som har gitt norsk litteratur ei røyst det er blitt uråd å vere utan. Økland runda 70 no i januar, Grytten blir 50 i desember. Denne våren feirar vi dei med kvar si temautstilling. SPRÅKFAKTA 2010 Kva kan tabellar og figurar seie om språksituasjonen i Noreg og andre land? Meir enn nok. Frå 27. januar ligg den digitale boka Språkfakta 2010 med 350 kommenterte tabellar og figurar fritt tilgjengeleg på www.aasentunet.no. I februar markerer vi Den internasjonale morsmålsdagen med eit søndagsprogram om språk i vest. Forfattaren Christine de Luca frå Shetland gled seg veldig til å ta turen frå Edinburgh til Ørsta.

JON EIKEMO og PER SIVLE Kritikarane jubla. Publikum stod i kø. På ny gjorde mannen på scena det så få gjer han etter. Stykket Per Sivle – Ikkje lenger enn min kjærleik rekk gjekk på Det Norske Teatret i heile fjor haust. Onsdag 10. februar får 350 sunnmøringar sjansen til å oppleve dette kunstverket av ei framsyning. Med seg på scena har han pianisten Olga Konkova, som tolkar Ketil Bjørnstads musikk. Stykket er skrive av Jon Eikemo og Ola E. Bø, som har hatt regien saman med den nye teatersjefen på Det Norske Teatret, Erik Ulfsby. For Eikemo er inga rolla for lita og inga for stor, sa Norsk kulturråd og gav han æresprisen i 2007. Dette er den store rolla, igjen.

FESTSPEL I FIRE DAGAR Festspeldiktaren Rønnaug Kleiva har levert teksten som skal stå på festspelkruset 2010. Det er å få kjøpt i nettbutikken og i Aasen-tunet frå 13. april. Den dagen lanserer vi programmet for Dei nynorske festspela 2010. Frå og med i år er dette ein intens festival på fire dagar, frå torsdag kveld til søndag ettermiddag. DRAUMKVEDET Draumkvedet er eitt av dei merkelegaste dikta i norsk litteraturhistorie. Forteljinga om Olav Åsteson sluttar aldri å gripe og røre. Heller ikkje når Berit Opheim Versto og Karl Seglem held konsert med dette verket. Laurdag 23. januar kjem dei til Ivar Aasen-tunet. Det blir litt av ein kveld.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Symra 1/2010 by Nynorsk kultursentrum - Issuu