1/2011 Knapt nokon produserer meir språk og tekst enn avisene. Likevel har eit offentleg utval føreslått ein støttepolitikk for norske aviser som ikkje tek omsyn til kor viktige desse er i
NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 13. ÅRGANGEN
norsk språkpolitikk og for bruk av nynorsk. Hrmf.
TRE STORE Ein av dei ville ha vore nok. Søndag 30. januar kjem dei tre i følgje til Volda kyrkje. Songaren Sondre Bratland. Munnspelaren Sigmund Groven. Organisten Iver Kleive. Kvar for seg har dei vore på dei mest ulike scener og ytt sitt på fleire hundre plateinnspelingar. Saman er dei no på turné for første gong. Med musikk frå mange hundreår fyller dei kvar ei krå og alle sjeler som har fått billett i tide. HUNDRE STRIKKEPINNAR ”Norske vottar og vantar” var ein av dei store boksuksessane i 2010. Onsdag 9. februar kjem forfattaren Annemor Sundbø til strikkekafé i Aasen-tunet. Ho er ein fin formidlar av strikkekunsten. Det fekk dei merke som var på strikkekafé med henne i fjor vinter om selbuvottar. Berre lyden av hundre strikkepinnar er nok til å ta turen.
RØYSTA FRÅ NORD Avstandane er store nordpå, men det er kort mellom dei fine artistane. Dei siste åra har Tonje Unstad (30) markert seg sterkt på morsmålet med songar som gjer inntrykk. Søndag 20. februar får publikum høyre henne i Aasen-tunet både i solokonsert og saman med Anders Aschim, som snakkar om Elias Blix. Dagen er ei dobbel markering – av Den internasjonale morsmålsdagen og av 175-årsjubileet for Elias Blix. Han var fødd i Gildeskål 24. februar 1836, og Gildeskål kommune har store planar for å feire salmediktaren og målmannen. Det gjer dei både siste helga i februar og i midten av august.
NESSE Åse-Marie Nesse er ein av svært få forfattarar som har overraska bokhandlar Harald Haugen. Då ho var festspeldiktar i 1998, hadde han teke inn godt med bøker av henne. Likevel var han tom etter ein time. Kva er det med den dama? spurde Haugen. Svaret gir biografen Elisabeth Vallevik Engelstad når ho kjem til tunet onsdag 16. mars og gir eit anna bilete av Nesse enn det vanlege. SPRÅKÅRET I 2013 er det 200-årsjubileeum for Ivar Aasen og 100-årsjubileum for Det Norske Teatret. Dette dannar grunnlaget for eit nasjonalt språkår, som regjeringa har bedt Nynorsk kultursentrum planleggje. Det skal bli noko ingen har sett før og som ingen har gjort før – ei raus feiring av språklege skilnader. Det er lettare sagt enn gjort.