Symra 1/2012

Page 1

1/2012 Forlag og e-bokentusiastar kranglar om kva som er den beste strategien for å gjere norske e-bøker lett tilgjengelege. Samtidig forsyner dei amerikanske distributørane seg av den vek-

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 14. ÅRGANGEN

sande marknaden. Skal tru om dei tek språkpolitiske omsyn?

Gaute Øvereng

Foto: Jørgen Norby Henriksen

TO KRITIKARROSTE FORFATTARAR Frode Grytten og Marit Eikemo kjem til Aasen-tunet i vinter med dei siste bøkene sine. Grytten er først ute. Torsdag 9. februar får publikum oppleve han lese frå og samtale om boka Saganatt, som kom ut i 2011. På kvinnedagen, 8. mars, vil Marit Eikemo lese frå og samtale om boka Samtale ventar. Med ein særeigen, mørk humor skriv ho om einsemd og lengt etter fellesskapet.

TURNÉOPNING Beate Slettevoll Lech frå Volda har fått tre kvinnelege nynorske lyrikarar til å skrive nye tekstar til kjende og kjære religiøse folketonar. På CD-en Min song og hjarteskatt syng ho desse tekstane i arrangement inspirert av klassikaren Jazz på svenska. Slik blir det Spellemannprisnominasjon av. No legg ho også ut på turné med denne songskatten, og den første konserten blir i Ivar Aasen-tunet 1. februar. Marius Reksjø, Erlend Slettevoll, David Wallumrød og Helge Norbakken gir solid musikalsk tonefølgje til tekstane frå Marit Kaldhol, Hilde Myklebust og Bente Bratlund.

KVA HAR TUNKATTEN GØYMT? I år vil Lurivar feire påske i Aasen-tunet. Han har planar om å setje dei minste i arbeid rundt omkring i tunet. Nøyaktig kva han pønskar på, vil han ikkje røpe enno, men den som tek turen til tunet denne dagen, kan gle seg til å leite. PROGRAMSLEPP DEI NYNORSKE FESTSPELA Tysdag 27. mars er den store dagen! Då blir programmet for Dei nynorske festspela avduka i Ivar Aasen-tunet. Årets tema er ”Songen” og festspeldiktar Arne Moslåtten vil vere til stades heile dagen. I år feirar Festspela 20 år, og dette skal sjølvsagt markerast. Programansvarleg Åshild Widerøe lover fleire godbitar. Sett av datoane 28. juni – 1. juli!

Søndag 12. februar: Operabarnetimen - eit superfamilieshow.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.