2/2010 Aasen – det er noko grått og kvardagsleg over det namnet, skreiv Olav H. Hauge i dagboka sommaren 1983. Slik er det også med namnet Hauge. Nett desse to skal no innunder
NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 12. ÅRGANGEN
same paraplyen. Då blir kvardagane til fest.
FRIAREN NORDSTOGA I fjor opna han Dei nynorske festspela. I år opnar han haustsesongen i Aasen-tunet med konsert onsdag 15. september. Den som har vore nær ein radio eller tv i sommar, veit at Åsmund Nordstoga alt har laga ny plate. Friaren er eit publikumsfrieri av velkjende og bortgløymde viser, så originalt tolka og personleg formidla saman med Abildsø Spelemannslag at ”Pål sine høner” får nytt liv. ENDELEG: DONALD I TUNET Då Donald Duck runda 75, fekk donaldisten Tor Ødemark med gode hjelparar teiknekunstnarar frå fleire verdsdelar til å skape kvar sine bilete av Donald den gamle. Blant desse er Solveig Muren Sanden, Knut Nærum og Arild Midthun. Celebrating the Duck opnar i Aasen-tunet 26. september. Ved dette høvet viser også Torbjørn Lien sin versjon av gamleanda.
HAUGE TIL AASEN I ti år har eit entusiastisk miljø rundt Olav H. Haugestiftinga arbeidd med planar for eit Olav H. Haugesenter i Ulvik. I fjor haust tok dei initiativ til samanslåing med Nynorsk kultursentrum, som frå nyttår tek over ansvaret for å etablere, utvikle og drive senteret for Hauges verk og lyrikk frå mange land. Grunnlaget er ein fagleg og språkleg fellesskap som er mykje større enn avstanden mellom Ulvik og Ørsta. Aasen var ein språkmann etter Hauge sitt hjarta, og begge hadde respekt for kvalitet: ”Dei fleste sakene var gode merke, solide kvalitetssaker”, noterte Hauge i dagboka då han gjesta Aasen-tunet seinsommaren 1986.
BOKFEST FOR BORN Boknatta kjem i november, men alt 17. oktober inviterer vi til bokfest for born saman med Blåmann Barnebokklubb. Også søndag 5. desember blir det familiedag i tunet. Då viser born frå Sunnmøre kva dei har fabulert om etter at dei har lese tekstane av Olav H. Hauge i abc-boka han laga saman med Bodil Cappelen i 1986. VENT PÅ KALENDEREN! Det er enno fleire veker til julemarsipanen ligg i hyllene, men vi tek sjansen på å fortelje det: Monica Egeli har gjort det på ny. Det er ho som har forma tunkatten Lurivar. No har ho teikna ein vakker adventskalender med 24 små bøker som inneheld kvar sin song. Kalenderen er i sal frå november i tunet og i nettbutikken på www.aasentunet.no.