Symra 2-2011

Page 1

2/2011 I 100 år har skulen gitt opplæring i bokmål og nynorsk som hovudmål og sidemål. No arbeider mange med å endre opplæringa i nynorsk som sidemål. Det er nok på tide å

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 13. ÅRGANGEN

styrkje og fornye opplæringa i hovudmål også.

BOKLAURDAG I NOVEMBER Etter ti år med korte boknetter midt i veka satsar vi på ein heil boklaurdag 5. november. Mange forfattarar er i sving og fleire forlag presenterer boklistene sine denne laurdagen. Inn i svarte natta blir det lesing og snakk i Aasen-tunet. Boknatta tek til med ein time om hundreårsjubilanten Hartvig Kiran, ordkunstnaren, journalisten – og språkpolitikaren.

BIBEL 2011 Ho ringde i fjor haust. Biskop Ingeborg Midttømme var på bispemøte og hadde fått ein lysande idé. Bibelen kjem i nyomsette utgåver på nynorsk og bokmål i oktober 2011. Om det kunne feirast med ein festdag for den nynorske Bibelen i Ivar Aasen-tunet? Ja. Onsdag 26. oktober kjem både Bjørn Sundquist, Ingebjørg Bratland og Sylfest Lomheim, biskop og nær 70 prestar. Fleire geistlege har det aldri vore her i tunet. Likevel blir det plass til anna godtfolk også, både under overrekkingsseremonien og seminaret på dagtid, og på festkveld for Bibelen i Volda kyrkje. Festdagen tek til med utstillingsopning i Ivar Aasen-tunet.

SØNDAGSDIALOGAR Terrorbomba og Utøya-massakren 22. juli har vist at meir kunnskap og dialog om kulturelle skilnader og likskapar kan kome godt med. Difor inviterer vi til tre søndagsdialogar i haust. Kjennaren av dei høgreekstreme miljøa i Noreg, Øyvind Strømmen, seier sitt søndag 25. september. Etter ny dialog om innvandra kulturtradisjonar søndag 23. oktober samlar religionsforskaren Oddbjørn Leirvik mange trådar søndag 13. november. HERR SPISS FOR BORN Erna Osland har skrive ei godnattbok av dei sjeldne. Sov søtt, herr Spiss fortel om alt det ei spissmus styrer med når borna søv. Ho fortel også korleis eit tjuetals andre dyr har dert med sovinga si. Av dette har skodespelaren Adele Lærum Duus laga ei framsyning som ho framfører på familiedagen 2. oktober. Ingen kjem til å sovne. GINE Måndag 10. november blir salen i Aasen-tunet fylt av ord og tonar ingen har høyrt før. Saman med sine svenske musikarar arbeider songaren Gine Gaustad Anderssen, som bur i Volda, med plata Liv og død der ho sjølv har skrive all tekst og musikk. Etter konserten ber det rett i platestudio.


IVAR AASEN-TUNET SEPTEMBER – DESE TORSDAG 15. SEPTEMBER – SØNDAG 23. OKTOBER Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunet Rasmus Løland (1861–1907) og den nynorske barnelitteraturen Inkl. i billett til basisutstillinga

SØNDAG 18. SEPTEMBER Aasen-tunets soppdag 13.00–17.00 Kafeen Haustmat med sopp: middag og smårettar 13.00 Frå utescena Sopptur med turleiarar 15.00–16.30 Utescena Soppkontroll ved soppkontrollør Signy Seljebotn

I samarbeid med Nyttevekstforeningen i Ålesund Gratis

TORSDAG 22. SEPTEMBER 20.00–21.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Gledene ved plikta Ottar Grepstad: Årstale nr. 11 om tilstanden for nynorsk skriftkultur Gratis

SØNDAG 25. SEPTEMBER 16.00–17.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Søndagsdialogar I Forfattar Øyvind Strømmen: Høgreekstreme miljø i Noreg Foredrag og spørsmål Kr 100

TORSDAG 29. SEPTEMBER 20.00–21.00 Knarvik Gledene ved plikta Ottar Grepstad: Årstale nr. 11 om tilstanden for nynorsk skriftkultur

I samarbeid med biblioteka i Nordhordland Gratis

TORSDAG 29. SEPTEMBER 21.00–22.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Rap på jazz Runar Gudnason rappar på jazzmusikk av gruppa Audun Automat Runar Gudnasson (rap), Jørgen Mathisen (sax), Erlend Slettevoll (rhodes), Audun Ellingsen (kontrabass), OleThomas Kolberg (trommer)

SØNDAG 2. OKTOBER 13.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Familiedag i Aasen-tunet Sov søtt, Herr Spiss Ei framsyning med skodespelaren Adele Lærum Duus basert på boka av Erna Osland Bokfest for born med Blåmann 10 år 14.00–16.00 Kafeen og Salen Verkstad, aktivitetar og konkurranse med flotte bokpremiar

Gine Gaustad Anderssen (vokal), Carl Emil Svensson (gitar) og Fredrik Nilsson (kontrabass) I samarbeid med Kreative Søre Sunnmøre Kr 200 / student og honnør 150

TORSDAG 20. OKTOBER Skotsk og norsk

I samarbeid med Blåmann Barnebokklubb Kr 50 / familie 150

MÅNDAG 10. OKTOBER 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Gine Gaustad Anderssen Norsk møter skotsk i tonar og ord Folkemusikarane Britt Pernille Frøholm, Irene Tillung, Innes Watson og Lori Watson Kr 200 / student og honnør 150

SØNDAG 23. OKTOBER 16.00–17.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Søndagsdialogar II Foredrag og spørsmål

I samarbeid med Jazzklubben Volda Ørsta Kr 250 / medlemer jazzklubben og studentar 150 / elevar vidaregåande skule 50

Kr 100

NYTT FRÅ HAUGE-SENTERET Innunder jul i 1852 blei Ivar Aasen sjuk. Dermed blei han sein med julebreva sine. Sjukmeldinga kom i brev til venen Maurits R. Aarflot i Volda 22. desember: ”Har nu atter overstaaet en mægtig Diarrhee eller Cholerine eller hvad det nu hedder; det søndmørske Navn huer mig allerbedst, men det seer noget leidt ud paa Papiret”. Då skriv ikkje vi det heller.

Dagleg leiar Mari Olafson Lundemo har vore på plass sidan mars. Om få veker flyttar Eirik Dalen frå Helgeland til Ulvik for å bli dokumentasjonsansvarleg. I september oppnemner styret i Nynorsk kultursentrum fagråd og utstillingsgruppe som skal vere med og forme dei beste ideane til innhald i Olav H. Hauge-senteret.

Foto: Odd Nerbø


HOVUDSPONSORAR

MBER ONSDAG 26. OKTOBER BIBEL 2011 11.00 Basisutstillinga, Aasen-tunet Bibelen i nynorsk skriftkultur Opning av nettside og temautstillinga “Elias Blix – ordets sølvsmedkunstnar” 12.15–13.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Feiring av Bibel 2011 Den nynorske Bibelen blir offisielt overlevert 13.30–15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Bibelens plass i hjartespråket Professor Sylfest Lomheim, pater Arnfinn Haram og sokneprest Margit Lovise Holte. Paneldebatt om vanskelege sider ved bibelomsetjing 19.00–20.15 Volda kyrkje Festkveld for Bibelen

Bjørn Sundquist, Ingebjørg Bratland og fleire Ein del av Kyrkjemusikkveka i Volda Kr 250 / honnør 200 / student 150

21.00–22.00 Volda kyrkje Felleskyrkjeleg gudsteneste Ein del av Kyrkjemusikkveka i Volda

TORSDAG 3. NOVEMBER – TYSDAG 15. NOVEMBER Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunet Hartvig Kiran – ei miniutstilling Inkl. i billett til basisutstillinga

SØNDAG 13. NOVEMBER 16.00–17.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Søndagsdialogar III Professor Oddbjørn Leirvik: Vegar til dialog i det fleirkulturelle og fleirreligiøse Noreg Foredrag og samtale Kr 100

SØNDAG 20. NOVEMBER 17.00–18.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Hulda Garborg

Utstilling inspirert av boka Henrik And av Anna R. Folkestad Alle barnehagane i kommunane Eid, Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta er inviterte

SØNDAG 4. DESEMBER 13.00–16.00 Ivar Aasen-tunet Familiedag med juleverkstad 13.00 Salen Henrik And

LAURDAG 5. NOVEMBER Boklaurdag 2011 15.00–24.00 Open butikk i Aasen-tunet 19.00–20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Ein time med Hartvig Kiran Diktaren, gjendiktaren, journalisten og språkpolitikaren fyller 100 år Erling Lægreid Kr 100

Holvik 21.00–24.00 Salen, IvarIngvild Aasen-tunet Boknatt 2011 Edmund Austigard, Erling Lægreid, Hilde Myklebust og fleire

I samarbeid med Møre og Romsdal fylkesbibliotek og ulike forlag Kr 150 / student 100

TEMAUTSTILLINGAR Kvart år lagar Ivar Aasen-tunet eit par nye temautstillingar. I februar var det premiere på utstillinga Elias Blix – ordets sølvsmedkunstnar, som frå juni finst i eit ekstra eksemplar i Nordland. Under Festspela opna vi utstillinga Hjarteklapp om ung forelsking og kjærleik. Saman med 24 andre temautstillingar er desse til låns for skular, bibliotek og kven som helst. Det kostar så lite at det ikkje er verdt å nemne.

Arnhild Skre Kr 100

TORSDAG 24. NOVEMBER 11.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Barnekunst i Galleriet

OR GJESTEBOKA I IVAR AASEN-TUNET

Anna Folkestad les og fortel 14.00–16.00 Barnekunstutstilling, aktivitetar og juleverkstad Kr 50 / 150 familie

PROGRAM OG BILLETTAR Oppdatert informasjon: www.aasentunet.no

Takk! No vart eg klokare! Helene Kjøll, Borre i Vestfold, 10. august 2011

Billettar til arrangement billettluka.no/aasentunet 70 04 75 84

This is the most wonderful museum. Thank you so much for showing us the film. Claire and Steve Yardley, Bath, England, 15. august 2011

Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar Med atterhald om endringar


UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

NETTSTAD FOR SKULEN

www.aasentunet.no inneheld tusenvis av dokument om språk og litteratur, ikkje minst om Ivar Aasen, som det er ei eiga nettutstilling om. Lærarar vil finne stoff og undervisningsopplegg som dekkjer viktige kompetansemål i læreplanen, og mengder av fagstoff til prosjektarbeid og oppgåver ligg og ventar på elevane.

MANGE NYE MEDARBEIDARAR Måndag 5. september tok Gaute Øvereng til som dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet. Formidlar Liv Astrid Skåre Langnes har alt vore her mange veker, og 3. oktober er bibliotekar Mona Iren Auganæs på plass. Til den tid har vi truleg også tilsett kommunikasjonsrådgivar og driftsansvarleg. DIGITALT MUSEUM Norske museum har gått saman om nettportalen www.digitaltmuseum. no. Her blir dokument, fotografi og foto av gjenstandar enkelt og effektivt tilgjengelege for publikum. Brukarane kan på si side melde tilbake om slikt dei veit om gjenstan-

dane. Ivar Aasen-tunet har publisert 227 registrerte Aasengjenstandar, lekkert fotograferte av Ragnar H. Albertsen. Meir kjem. FRÅ LURIVAR TIL JAKOB Kvar tysdag og fredag i sommar tok tunkatten Lurivar store og små med på oppdagingsferd i Ivar Aasentunet. Mange tok også turen i Lurivars ordløype, ein litteratursti opp til Høgetuva ovanfor tunet. Jakob Kalvatn, 9 år, frå Stavanger vann ordløypekonkurransen og har fått t-skjorte i posten. Utover hausten blir Lurivar å treffe på www.tunkatten.no. FESTSPELA 20 ÅR Dei nynorske festspela fyller 20 år i

2012, blir opna med song torsdag 28. juni kl. 18.00 og sluttar med song søndag ettermiddag 1. juli. Med songlyrikaren Arne Moslåtten kjend frå Hellbillies som festspeldiktar, blir Songen tema for jubileumsfestspela.

Foto: Erik Burås

Gode tilbod frå butikken i Aasen-tunet Adventskalender med 24 små

Nynorsk lyrikk

Inspirasjon til songstunder i ei travel adventstid, år etter år

Høgdepunkt frå nynorsk dikting gjennom over hundre år

songbøker med gamle og nye nynorske julesongar

Vakre illustrasjonar av Monica Egeli Du finn alle songane frå adventskalenderen i nettsongboka på tunkatten.no.

No Kr 149

Kr 279

www.aasentunet.no/butikk


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.