Symra 2/2012

Page 1

2/2012 Grensa mellom fiksjonen og det verkelege livet kan vere vanskeleg å sjå, uavhengig av kor gode bileta er. Dei gode historiene er det lettare å få auge på, og ei godt oppdikta forteljing kan vere nærmare livet enn ein

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 14. ÅRGANGEN

skulle tru. God bokhaust!

Gaute Øvereng

Den gode bokhausten Hausten lokkar med lune kveldar og god lesnad. Å høyre forfattaren sjølv lese frå og snakke om boka si er ei heilt spesiell oppleving som du får i fleire variantar i Aasen-tunet i haust. Bokhausten i tunet er variert med noko for einkvar leseglad. Til Boknatta 15. november kjem Kjartan Fløgstad med boka Nordaustpassasjen, Marit Kaldhol med Darwins sporvar og Rønnaug Kleiva med Armenia, Albania, Argentina. I oktober kjem forfattarane Alf Kjetil Walgermo og Arnfinn Kolerud til tunet med bøkene Mitt bankande hjarte og Kom ikkje inn i mitt hus. Dei yngste kan sjå fram til to familiedagar med høgtlesing og verkstad.

Bokfest for born Pingvinane Unni og Gunni er dei nye venene til Anna Folkestad, kvinna bak Henrik And. Ho kjem til Bokfest for born i Aasen-tunet søndag 21. oktober. Familiedagen er Aasen-tunet si eiga markering av Nynorsk barnebokveke (les meir på side 3). Draumen om målet Det tok til i 2001 med «Det nynorske blikket». Elleve år seinare står den tolvte og siste årstalen for tur. Dei tolv årstalane utgjer undrande nytenking om norsk språkpolitikk og den språklege kvardagen i Noreg. I den siste talen, «Draumen om målet», samlar Ottar Grepstad trådar frå alle årstalane til ein perspektivrik argumentasjon for nynorsk i mangfaldet av all verdas språk. Den komplette samlinga av årstalar er blitt til boka Draumen om målet, som blir presentert i Aasen-tunet i samband med årstalen. Foto: Lars O. FLydal

Foto: Jo Michael

Opplev Kviven 22. september blir vegen til Aasen-tunet og Sunnmøre kortare frå Hornindal og Stryn. I Aasen-tunet feirar vi med gratis kake opningsdagen. Seinare i september får ein høve til å bli betre kjend med Sunnmøre gjennom boka 52 opplevingar på Sunnmøre. Set av søndag 30. september!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Symra 2/2012 by Nynorsk kultursentrum - Issuu