Symra 2/2009

Page 1

2/2009

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 11. ÅRGANGEN

Språkrådet har spurt, og publikum har talt: Tre av fire meiner det er blitt kulare å syngje på norsk. Mest overraska over svaret er alle radiostasjonane og festivalarrangørane som ikkje gir publikum det dei vil ha.

FEHN-DAGEN Den 14. august ville Sverre Fehn blitt 85 år. Då han døydde i vår, lova Ivar Aasen-tunet at vi kvart år skal heidre verket hans på hans eigen dag. Difor inviterer vi arkitektar, huseigarar og husbyggjarar til foredrag og samtalar om det å snakke om arkitektur. Høgdepunktet: Sverre Fehns nære medarbeidar Henrik Hille viser rundt i hovudbygningen. Han kjem nok til å fortelje litt av kvart som dei færraste veit.

LURIVAR I HEILE SOMMAR Tunkatten Lurivar er som andre kattar: Han vil bestemme sjølv og er sjeldan der vi vil han skal vere. Tunkatten Lurivar er likevel ingen vanleg katt: Han elskar ord og vil gjerne formidle ordrikdomen sin til fleire. Under Festspela kan born og andre leikne sjeler møte tunkatten torsdag 25. og laurdag 27. juni, og heile sommaren byd vi på eigne omvisingar med Lurivar kvar tysdag og fredag. Nettstaden www. tunkatten.no tek heller ikkje sommarferie. Aldri godt å vite kva som kan dukke opp der. Måndag 15. juni opna han også sitt eige sommarbibliotek med barnebøker på Høgetua, ein idé som berre ein tunkatt kan få.

UNG ARENA Ivar Aasen-tunet gjer det vi kan for at unge talent frå Nordvestlandet skal få møte publikum på ein profesjonell arena. Eitt av tiltaka er Ung arena som vi inviterer til for tredje året på rad. Både salen og utescena står til rådvelde for kunstnarar som kan vere sentrale i norsk kulturliv om ti eller tjue år. Sann våre ord: Ein forfattar som var med i fjor, fekk seinare same året Tarjei Vesaas’ debutantpris. NAPOLEON I TUNET 250-årsjubileet til boktrykkjaren, bibliotekaren, bonden Sivert Aarflot frå Ørsta blir markert på fleire måtar i Ivar Aasen-tunet. Det første han trykte, var eit flygeblad om Napoleon Bonaparte sommaren 1809. Det sjeldne trykket ligg utstilt i Aasen-tunet og berre ventar på å bli sett. GODE, GAMLE BUSSEN Søndag 12. juli kan det vere kva vêr det vil. Då putrar gamle, velstelte veteranbussar frå Fjord1 Buss Møre frå Volda og Ørsta og opp i tunet. Der fortel Gaute Losnegård om norsk rutebilhistorie og kallar fram dei rare kulturminna så mange ber på frå gode, gamle bussen.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.