3/2009
NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 11. ÅRGANGEN
Partia har lite nytt å melde om norsk språkpolitikk. Det gode ved det er at det er færre forsøk på å gjere det vanskelegare å vere nynorskbrukar enn tilfellet var i 2001 og 2005.
BARNEPROGRAM OGSÅ FOR VAKSNE Ein skulle vore barn. Dei får fine dagar i Aasen-tunet denne hausten. Barneboktua utebibliotek har stengt for sesongen, og Solveig Hareide frå Newton har alt hatt familiedag med all verdas lydar. Seinare blir det både teikneverkstad og juleverkstad. Gå ikkje glipp av utstillinga med alt det fine borna får lyst til å teikne eller lage etter møtet med boka Jon og den lange julenatta av Hilde Myklebust.
Foto: Paul S. Amundsen
FOSSE OM HAUSTEN Det er Fosse denne hausten. Etter den store Fosse-veka i Oslo i september held vi fram i Aasen-tunet. Ein søndagsettermiddag les Arnhild Litleré forteljinga Spelejenta for born og vaksne. At ho er sambygding med Fosse, er ikkje nok. Det er viktigare at ho les godt. Så skader det heller ikkje at Benedicte Maurseth følgjer henne med hardingfelene sine. Same dagen kjem den nye utstillinga Kunsten i livet endeleg fram til Aasen-tunet, etter opphald i Kvam og Oslo. – Du må sjå sjøen? spurde Cecilie N. Seiness i samtalen med Jon Fosse under Dei nynorske festspela. – Ein må finne seg i alt i livet, også at ein ikkje får sjå sjøen, svara diktaren.
SPRÅK OPNAR MURAR Var kommunistregima bak Muren språkpolitisk romslegare enn mange vestlege regime? Korleis sikrar ulike land i Europa det språklege mangfaldet no? I mange år var Sigve Gramstad leiar i Europarådets ekspertkomité for pakta om minoritetsspråk. Dagen før Europa feirar 20-årsjubileeet for Berlin-murens fall kjem han til Aasentunet og snakkar om det han veit meir om enn nokon annan i landet. KVEN MELDER SEG FRIVILLIG? Lyst til å vere frivillig under Dei nynorske festspela 23. – 27. juni 2010? Du kjem tett på utøvarane, arbeider tett på kjekke kollegaer, ser litt av det som skjer i kulissane, og får vere med og gi publikum fem sterke dagar. Send berre ein e-post til admin@aasentunet.no, så er du med. DEN STORE VANDRINGA Saman med Ryfylkemuseet og Asker museum har Ivar Aasen-tunet laga den store vandreutstillinga Undrande og skapande om nynorsk barnelitteratur frå Rasmus Løland til i dag. Utstillinga hadde premiere i Oslo 21. august og blir i haust vist i Fjell, Fredrikstad, Herøy, Sund og Ålesund.