2/2015 Ei undersøking som blei gjennomført i vår viste at berre ein av 1317 annonsar i dei mest populære magasina og vekeblada i Noreg var på
NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 17. ÅRGANGEN
nynorsk. Er det ikkje innan marknadsføring at det gjeld å skilje seg ut?
Gaute Øvereng
Eventyr i Parrs univers Maria Parr har omsett og modernisert språket i ei rekkje klassiske eventyr slik at dei passar for unge lesarar i dag. 18. oktober blir det familiedag i Aasen-tunet der skodespelaren Rune Sæter tek med ungane på ei leiken eventyrstund med Barnas store eventyrbok i sentrum.
Karl Seglem
Boknatt med jazz
I år blir det både god litteratur og god musikk på den tradisjonelle boknatta. Forfattaren Tormod Haugland kjem med sin siste roman, Mørk materie. Den handlar om kjærleik, om å velje sitt eige liv, om å gjere seg fri, og om å vere både far og son. Du møter også to av haustens debutantar, Synnøve Macody Lund med romanen Personar du kanskje kjenner og Solveig Mette Tjeltveit med den originale diktsamlinga Noo gode gnu. Dei litterære opplevingane blir supplert med velklingande jazz frå Karl Seglems akustiske kvartett. Der spelar Seglem sjølv tenorsaksofon og bukkehorn, Andreas Ulvo flygel, Sigurd Hole kontrabass, og Jonas H. Sjøvaag trommer.
Folkedrakter og broderikafé I boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise set Magny Karlberg historia om folkedrakter i Noreg inn i eit europeisk perspektiv. Onsdag 4. november seier ho meir om samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon i Aasentunet. Og etterpå blir det broderikafé. Forskingsdagane 2015 i Aasen-tunet Mat og religion er tema på foredraget Bente Afset frå Høgskulen i Volda skal ha i Aasen-tunet i samband med Forskingsdagane. Alle religionar har reglar for kva ein skal ete, og særleg kva ein ikkje skal ete. Samstundes er måltida viktige for den religiøse fellesskapen. I foredraget fortel ho meir om kva mat og måltid har hatt å seie i jødisk og kristen tradisjon.