3 minute read

Dei beste tomtene

Tomtene til Sinneshyttå er ikkje tildelt, dei er handplukka. Handplukka for si optimale plassering med omsyn til ei nærleik, utsikt og sol som passar til dei beste hyttene, – og dei har me mange av. Tomtene er romlege og hyttene kan me skreddarsy heilt etter dine behov og ynskje.

Heimre Kvednhusbakken

Her har me hatt ein svært travel sommar der alle tomter no er grovplanert og vegstruktur osb. er på plass. Det står att ein del finish, men det er ingen problem å sjå kor flotte tomtene faktisk blir. Me er også i gong med byggjing av den fyste hytta. Denne skal leverast før påske 2023 og det ser me fram til. Det har vore litt av og på med reservasjonar i desse rufsete tider, men tomt 1 er også reservert og me legg nok ut eit par ferdigprosjekterte hytter for sal i vinter. Det er uansett ikkje eit problem å få skreddarsydd hytte på ei av dei ledige tomtene me har der. Dette er jo dei mest sentrale hyttetomtene som finst på Sinnes.

Hobmannsknuden

Hyttefeltet blei lansert no i haust og ligg på øvst i Hønedalen Hyttegrend – like ved Slottet.

Her kan du nyta gode solforhold og utsikt i særklasse med vakre omgjevingar i Sirdal, og restauranten Slottet blir din nærmaste nabo. Hyttefeltet er tilknytta ski- og turløyper innover Hønedalen og nedover til Sinnes. Løypene har sommarkvalitet, slik at mange av disse kan syklast og brukast året rundt.

Rubetødnane

Rubetødnane er ferdig opparbeidt med tomter og alt på plass. Me har framleis nokre tomter som ligg byggjeklare og for sal. I år så har me overlevert ei hytte på Rubetødnane.

Slettekvæv

Forarbeida med reguleringsplanen her har tatt noke lengre tid enn venta. Det sa eg i fjor også, men den kommunale prosessen går dessverre ikkje særleg fort. Nå er det nok like før i alle fall, og me vil kunne starta på arbeidet der sommaren 2023. Oppstart vert nok litt avhengig av interessa slik marknaden er nå. Tomtene her har stort potensial, – ein får fort litt ørnereir oppleving på dei 5 øvste tomtene. Der synast utsikten væra «uendeleg».

Sinneslia

Her har me levert ein hytte i vinter. Me er i gong med eit flott tun på tomt 13 som skal leverast til jul! Travelt, men gildt.

Då er det tomt 28 att. Der er det søkt om deling og byråkratiet tyggjer sin trege gang. Det kan verte håp om at dette kjem på plass til våren, – då har det berre gått eitt år med saksbehandling.

Utsikt ifrå tomt 63 på Brendeheia.

Brendeheia

Me har att 2 tomter på Brendeheia som det ikkje er starta bygging på. Den eine er spesielt stor og vil passe veldig bra for eit litt større familieprosjekt. Me har nå teikna hytta me satsar på å byggje der. Det er ein stor versjon av Sinneslie-modellen, ein modell som har vore svært godt mottatt. Me byggjemelder den i vinter og satsar på og være i gong med graving osb. til våren. Sjå meir om den på s. 18.

I år har me levert hytta på tomt 63 som blei ein tv-serie, den finn du på våre heimesider og på Sinneshyttå facebook. Tomt 56 ser i skrivande stund ut til og være seld.

Øyne

Tomtene 1, 4, 5 og 41 er bra tomter som er opparbeide til byggjeklar standard. Tomt 1 har me kjøpt tilbake, – ein særs bra tomt for den som ynskjer å verte sentralt på Sinnes.

Me har i år revet ei hytte frå 60-talet på Øyne. Her er me i gong med å sette opp ein versjon av modellen Hilleknuten. I tillegg byggjer me eit tøft eldhus på same tomt, – dette blir eit særs flott tun.

This article is from: