Sirdalsposten 2022

Page 10

Anja sko laga ein sellande reklamefilm –sjølv vart ho seld

Nytt hyttefelt på toppen av Hønedalen

Handleriet –ein heilt ny verden i Sirdal

Ei helsing til alle som elskar hyttelivet i Sirdal

18
SINNES, DESEMBER 2022
SINNESHYTTA.NO
SIRDALSPOSTEN ÅRGANG
|
|

Gode ynskjer

Sirdalsposten fortset si høgst uregelmessige gang. No er atter eit år over og me ynskjer eit godt nytt år til alle våre kundar og kontaktar.

Med vennleg helsing

Tor-Sigve og Anne

REDAKSJON TOR SIGVE VIK | DESIGN AD. MOMENT | FOTO TOR SIGVE VIK & BILDEBYRÅ | 3D-ILLUSTRASJONER: AD. MOMENT. Avvik vil førekomme.
2 | 3 Innhold 4 Draum og verkelegheit 6 Frå draum til reality 10 Dei beste tomtene 18 Våre utvalgte tomter 26 Ei verd av moglegheiter 28 Postkort frå Sirdal sommar som vinter 30 Sykkelturkart 32 Sinneshyttå jobbar for betre løyper 34 Nytt frå Sinneshyttå

DRAUM OG VERKELEGHEIT

For mange er ei hytte på fjellet sjølve draumen. For andre er hytta verkelegheita som gjer pakking og reisa så leikende lett, – hyttefreden, kvilen og kosen.

4 | 5

FRÅ DRAUM TIL REALITY

Anja sko laga ein sellande TV-serie – sjølv vart hu seld.

Sinneshyttå er kjend for å laga verkeleg lekre og gjennomførte kvalitetshytter ved bruk av gamle og solide byggetradisjonar. Anja Lussand hos Frøy konsulentar fekk i oppdrag å laga ein TV-serie som sko løfte fram Sinneshyttå sine mange kvalitetar, og menneska bak det heile.

– Kor godt kjende du til Sinneshyttå før dette?

– Ganske godt. Eg har jobba med Tor Sigve i ca. 6 år med diverse rådgjeving, gjerne på medie og kommunikasjonssida av ting. Eg har også hatt ei Sinneshytte før og veit at dette er utruleg bra hytter. Og med den bakgrunnen, så føreslo eg ein filmidé for Tor Sigve, for eg veit kor genuint interessert han er i å skapa dei beste hyttene. Han har også nære og gode samarbeidspartnarar som han heier på og lyftar fram. Det sko bli ein film som fokuserte på alle kvalitetane, fagkunnskapen og menneska bak Hyttedraumen med stor H.

Dei aller fleste har ein hyttedraum, og mange får oppfyld hyttedraumen.

– Kan du fortelje litt om din eigen/familiens hyttedraum?

– Hyttedraumen handlar om ein fristad kor man kan finne roa

og oppleva natur, kos og skapa felles minnar. Du kan feriera mange steder, men hytta kan du alltid reisa tilbake til. For mi eiga del, helt personleg, har eg vakse opp med hytte i Sirdal og elskar å vera her oppe, så hyttedrømmen var høyst levande. Livet forandrar seg og relasjonar endrast, så me hadde vore utan hytte nokre år og det låg i planane å kjøpe ei hytte, kanskje om eit par år, – og det måtte bli Sinneshyttå.

Parallelt med produksjonen av TV-serien skjer det noko med hyttedraumen din.

– Fortel oss litt om den prosessen.

– Eg er stadig i Sirdal i forbindelse med jobb. Ein dag eg sko reise ned til byen att var eg sliten og klar for helg, då Anne hos Sinneshyttå sa: – Du må kome opp og sjå kor bra hytta me ska filme i har vorte. Eg hadde ikkje tid, men Anne ga seg ikkje: –Jo kom igjen, sa ho. Så då blei eg med opp. Eg gjekk runden rundt og på vei ned trappa frå oppstuen sa eg høgt til meg sjøl: – Denne må eg ha! Eg kom begeistra og overtydd heim til mannen min som trudde eg var gal, – og det var eg nok, men me fekk det til. Dette er ei investering i livet, familien og gode minnar. Det er som å kome heim.

Du ender altså opp med å kjøpe den hytta som dere filmer i.

– Korleis påverka kjøpet produksjonen?

– Det var ein del av den eigentlege planen at døtrene mine sko vere med i filmen på slutten, for å filme ei «levende hytte», ikkje bare ei ferdig ei. Med kjøpet kom ideen om å laga ei overrasking, ei skikkeleg happy ending, for jentene. Tor Sigve tende på ideen, så kjøpet blei holdt hemmeleg i nesten to månadar. Jentene blei skikkeleg overraska, heldigvis, for me hadde berre ei sjanse til å filma den scena.

Produksjonen har nå gått fra å vere ein slags dokumentar til å bli reality. Det kunne vel ikkje vorte ein betre ende på filmen som nå kalles ein TV-serie, – skjønt, no lev dykk jo hyttedraumen.

– Kva er det dykk verdset spesielt med hytta?

– Stemninga og atmosfæren, det å kunne leve sakte. Lange frukostar, tid til å bruke morgenkåpa, ut på turar, nyte naturen som ligg rett utanfor. Det er rett og slett avslappande, og det at den er så nærme gjer den lett å bruke.

– Ei anna ting er at når du kjøper ei hytte frå Sinneshyttå, så tenkjer du ikkje på neste hytte. Alt er så bra, så lekkert og gjennomarbeidt, ned til minste detalj. No lev me hyttedraumen og me elskar det.

6 | 7
Velkommen til Handleriet Me gler oss til opning 7. januar 2023! Det blir offisiell opning når Hekta sine lokaler er ferdige.  Inntil dei er ferdige skal de ha ein midlertidig utsal inne i Handleriet.

BUTIKKER NÆRING

Sirdal Sport & Friluft

Loni Interiør

Hekta

Sinneshyttå

Solhytten

Sinus Elektro

Modalsli Rør

Eiendomsmegler 1

Sirdal Hytteformidling

Eureka Kiropraktorklinikk

Sirdalsløyper

Tegl & Betong

VisitSirdal365

Sirdalstunet

Fjellrubå

BDO

Handleriet er så godt som fullt utleid. Nå har me igjen eit kontor, og fire plassar i åpent kontorlandskap.

I Handleriet kan me by på leie av møterom, sjølv for dei som ikke har kontorplass hjå oss.

DEI BESTE TOMTENE

Tomtene til Sinneshyttå er ikkje tildelt, dei er handplukka. Handplukka for si optimale plassering med omsyn til ei nærleik, utsikt og sol som passar til dei beste hyttene, –og dei har me mange av. Tomtene er romlege og hyttene kan me skreddarsy heilt etter dine behov og ynskje.

10 | 11

Heimre Kvednhusbakken

Her har me hatt ein svært travel sommar der alle tomter no er grovplanert og vegstruktur osb. er på plass. Det står att ein del finish, men det er ingen problem å sjå kor flotte tomtene faktisk blir. Me er også i gong med byggjing av den fyste hytta. Denne skal leverast før påske 2023 og det ser me fram til. Det har vore litt av og på med reservasjonar i desse rufsete tider, men tomt 1 er også reservert og me legg nok ut eit par ferdigprosjekterte hytter for sal i vinter. Det er uansett ikkje eit problem å få skreddarsydd hytte på ei av dei ledige tomtene me har der. Dette er jo dei mest sentrale hyttetomtene som finst på Sinnes.

Utsikt ifrå tomt 3 på Heimre Kvednhusbakken.

Hobmannsknuden

Hyttefeltet blei lansert no i haust og ligg på øvst i Hønedalen Hyttegrend – like ved Slottet. Her kan du nyta gode solforhold og utsikt i særklasse med vakre omgjevingar i Sirdal, og restauranten Slottet blir din nærmaste nabo. Hyttefeltet er tilknytta ski- og turløyper innover Hønedalen og nedover til Sinnes. Løypene har sommarkvalitet, slik at mange av disse kan syklast og brukast året rundt.

12 | 13
Utsikt i fra Hobmannsknuden (Slottet) tomt 52.

Rubetødnane

Rubetødnane er ferdig opparbeidt med tomter og alt på plass. Me har framleis nokre tomter som ligg byggjeklare og for sal. I år så har me overlevert ei hytte på Rubetødnane.

Litt av utsikta ifrå tomt 12 Rubetødnane.

Slettekvæv

Forarbeida med reguleringsplanen her har tatt noke lengre tid enn venta. Det sa eg i fjor også, men den kommunale prosessen går dessverre ikkje særleg fort. Nå er det nok like før i alle fall, og me vil kunne starta på arbeidet der sommaren 2023. Oppstart vert nok litt avhengig av interessa slik marknaden er nå. Tomtene her har stort potensial, – ein får fort litt ørnereir oppleving på dei 5 øvste tomtene. Der synast utsikten væra «uendeleg».

Sinneslia

Her har me levert ein hytte i vinter. Me er i gong med eit flott tun på tomt 13 som skal leverast til jul! Travelt, men gildt.

Då er det tomt 28 att. Der er det søkt om deling og byråkratiet tyggjer sin trege gang. Det kan verte håp om at dette kjem på plass til våren, – då har det berre gått eitt år med saksbehandling.

14 | 15
Sinneshyttå i kombinasjon med stein, Oppdalskifer og blå himmel.

Brendeheia

Me har att 2 tomter på Brendeheia som det ikkje er starta bygging på. Den eine er spesielt stor og vil passe veldig bra for eit litt større familieprosjekt. Me har nå teikna hytta me satsar på å byggje der. Det er ein stor versjon av Sinneslie-modellen, ein modell som har vore svært godt mottatt. Me byggjemelder den i vinter og satsar på og være i gong med graving osb. til våren. Sjå meir om den på s. 18.

I år har me levert hytta på tomt 63 som blei ein tv-serie, den finn du på våre heimesider og på Sinneshyttå facebook. Tomt 56 ser i skrivande stund ut til og være seld.

Utsikt ifrå tomt 63 på Brendeheia.

Øyne

Tomtene 1, 4, 5 og 41 er bra tomter som er opparbeide til byggjeklar standard. Tomt 1 har me kjøpt tilbake, – ein særs bra tomt for den som ynskjer å verte sentralt på Sinnes.

Me har i år revet ei hytte frå 60-talet på Øyne. Her er me i gong med å sette opp ein versjon av modellen Hilleknuten. I tillegg byggjer me eit tøft eldhus på same tomt, – dette blir eit særs flott tun.

Klargjøring av tomt i Øyne. Risa er på plass. 16 | 17
Hyttemodell: Hilleknuten.

NOKRE UTVALDE TOMTER

Me har plukka ut nokre utvalde tomter som me ynskjer å vise dykk. Dette er tomter som me meiner har nokre særeigne kvalitetar, og dei vil me presentera her.

Brendeheia, tomt 30

Tomt 30 er ei veldig stor tomt i Øvre del av Brendeheia. Tomta er solrik, har ei enorm utsikt og mykje karakter. Me planlegg å behalde den store steinen og furua som er på bilete s. 20, noko som vil gjere det lunt utafor hytta.

På neste side kan dykk sjå planteikninga slik me byggjemelder ho nå i vinter. Dette er ei større versjon av vår nye og populære hyttemodell Sinneslie. Her er det teikna inn fire soverom, kor to av dei får eige bad. Dermed får hytta tre bad og eit gjestetoalett. Stue og kjøkken utgjer eit stort og luftigt, men likevel lunt heile med rikelegt av naturlegt lys. I tillegg finn du ei stor og romsleg TV-stue. Dette er med andre ord ei fantastisk familiehytte med masse plass til besøkande venar og storfamilie. Slik den er planlagt no vil hytta hamna i ei høy prisklasse. Brendeheia er eit ferdig utbygd område med kort avstand til skiløyper og Slottet.

53,4 m2
60,1 m2
1 11,1 m2
2 9,1 m2
3 9,1 m2
4 9,1 m2
16,8 m2
18,0 m2
3 4,3 m2
1 6,5 m2 WC 1,8 m2 Hall 20,8 m2 Gang 5,6 m2 Gang 5,9 m2
3,3 m2 Bad 2 4,0 m2 18 | 19
Terrasse
Stue/kjøkken
Soverom
Soverom
Soverom
Soverom
Tv-stue
Skistall/vask
Bad
Bad
Vask

Me byggjer våre hytter med naturen. På tomt 30 skal me behalde den store steinen og furua på bilete.

Tomta er ein draumetomt for deg som set pris på utsikt, – her er utsikta enorm! I kombinasjon med dei flotte solforholda, den stor steinen og furua, blir uteområdet på tomta lunt og nydelegt. Her er du ikkje langt unna Slottet, verken i avstand eller oppleving.

Her kan du stå opp med sola og nyta ei god kopp kaffe før heile hytta vaknar til liv. Hønedalen hyttegrend kor Brendeheia ligger er kjend som det beste av Sirdal. På tomt 30 får du truleg også det beste av Brendeheia.

20 | 21

Hobmannsknuden

Hobmannsknuden ligg solrikt til med panoramautsikt mot Sinnes og områda rundt. Midt i Hønedalen hyttegrend, att med Brendeheia, er det nye moglegheiter for å sikra seg det beste av Sirdal. Her vil me presentera tomt 50 og 51.

Me har klargjort begge tomtene for å byggje den populære Sinneslie modellen vår. Hytta har fire soverom, kor det eine er ei mastereining med eige bad. Hytta har to bad totalt og eit gjestetoalett. Stue og kjøkken utgjer eit stort og luftigt, men likevel lunt heile med rikelegt av naturlegt lys. I tillegg finn du ei ekstra TV-stue.

Rev.Revisjonen gjelder: Utført:Kontr.Dato: Tegn: Trac: Sak: Tegn.nr: Prosj.nr: Dato: Dato: Målestokk: Format: Byggeplass: Kommune: Gnr/Bnr 1: / Hobmannsknuten tomt 50 og 51 Sirdal Sinneshyttå 15.09.22 A3 100 Perspektiv HIB 5043 50ho1506 A 08.12.22 HIB Perspektiv ØST NORD-ØST Rev.Revisjonen gjelder: Utført:Kontr.Dato: Tegn: Trac: Sak: Tegn.nr: Prosj.nr: Dato: Målestokk: Format: Byggeplass: Kommune: Gnr/Bnr 1: / Hobmannsknuten tomt 50 og 51 Sirdal Sinneshyttå 15.09.22 A3 100 Perspektiv HIB 5043 50ho1506 A 08.12.22 HIB Perspektiv ØST NORD-ØST Tegn: Trac: Sak: Tegn.nr: Prosj.nr: Dato: Målestokk: Tiltakshaver: Byggeplass: Kommune: Gnr/Bnr 1: / Hobmannsknuten tomt 50 og 51 Sirdal Sinneshyttå 15.09.22 A3 100 Perspektiv HIB 5043 50ho1505 A 08.12.22 HIB Perspektiv UTFØRT AV: ARKITEKT SØR-VEST VEST Rev.Revisjonen gjelder: Utført:Kontr.Dato: Tegn: Trac: Sak: Tegn.nr: Prosj.nr: Dato: Dato: Format: Tiltakshaver: Byggeplass: Kommune: Gnr/Bnr 1: / Hobmannsknuten tomt 50 og 51 Sirdal Sinneshyttå 15.09.22 A3 100 Perspektiv HIB 5043 50ho1505 Perspektiv SØR-VEST VEST Terrasse 48,6 m2 Stue/kjøkken 50,1 m2 Soverom 1 11,1 m2 Soverom 2 7,7 m2 Soverom 3 6,7 m2 Soverom 4 6,7 m2 Tv-stue 12,3 m2 Skistall/vask 12,8 m2 Bad 4,2 m2 Bad 5,6 m2 WC 1,8 m2 Hall 13,9 m2 Gang 5,0 m2 Gang 5,4 m2 22 | 23

Hobmannsknuden, tomt 50

Me har samla nokre bilde som me har tatt frå tomt 50. Her ser du at me har grunnlaget klart for å starta på byggjinga. Her går skiløypene forbi i umiddelbar nærhet, inkludert lysløype og lyssatt skileikområde. Begge tomtene ligg solrikt til på Hobmannsknuden.

Både tomt 50 og 51 har fantastisk utsikt mot Sinnes og områda rundt.

Hobmannsknuden, tomt 51

Tomt 51 har like flott og vakker utsikt som tomt 50, og solnedgangen blir noko å glede seg til. Også på denne tomta har me alt klart til å starte med byggjinga. På Hobmannsknuden finn du óg Slottet, ein flott restaurant med nydeleg utsiktspunkt. Om sommeren er det ca. 10 km bomstengt veg innover Hønedalen kor ein finn fiske- og bademoglegheiter i eit svært familievennleg terreng.

24 | 25
Slottet i bakgrunnen av bilete.

EI VERD AV MOGLEGHEITER

Fantastiske hyttetomter sentralt i beste Sirdal

Desse tomtene er velsigna med ei heilt fantastisk plassering. Her er det berre å nyte morgonkaffien, kasta seg ut i løypenettet og få eit drag av alt det fine Sirdal har å by på. Felles for alle våre tomter er at dei ligg berre nokre minuttars køyretur frå vårt kontor på Sinnes – altså det me kan kalla sentralt i øvre Sirdal med kort veg til det du treng.

30 29 31 32 34 SINNESVATN SVARTEVATN SVARTEVASSÅSEN Annleggstart 2022 SINNES RUBETØDNANE AUST MYRALEITE SINNESLIA HEIMRE KVEDNHUSBAKKEN Nytt felt – 10 tomter LEDIGE TOMTER HYTTER UNDER OPPFØRING FOR SALG LEITET BOLIGFELT Under arbeid BAKKEN GÅRD Under arbeid SLETTEKVÆV Under arbeid SLETTEKVÆV SKI INN - SKI UT Under arbeid SKIFORENINGSTOMTA Under arbeid 12 CHALÉT HYTTER B 2 F B 0 9 H 1 H H H H H EH EH 1 3 3 B 1 GP DAGLIGVARE FURUÅSEN LØYPA FJELLSTOVA ÅLSHEIA FORSBERGLØYPA
– –– –––––| ØYNE MÅL SESILÅMI BRENDEHEIA HAUGEFJEDL DAGSPARKERING SINNESHYTTÅ BREKKEBUA SLOTTET DJUPEDALEN ANDESTJØNN RAUNELI HØNEDALEN HAUGEN SIRA HØNA LYSLØYPE HAUGEFJEDL AUST HOBMANNSKNUDEN P 9 2 F F F F F F B 1 B F B 9 F B 4 F F 6 5 B 1 B HØNEDALEN NESEDALEN 26 | 27

POSTKORT FRÅ SIRDAL SOMMAR SOM VINTER

Mange tenkjer nok på snø, vinter og alpint når dei høyrer om Sirdal. At me er ein fantastisk stad vinterstid er heilt sikkert. Men det er også verdt å slå eit slag for Sirdal som destinasjon året rundt. Alle sesongane har sin sjarm – og stadig fleire brukar Sirdal heile året. I Sirdal finn du eit hav av varierte aktivitetar for heile familien. I dei storslåtte Sirdalsheiane kan du gå på tur, bada, klatra, padla, jakta, fiske – og mykje meir

Friskt på Haugefjedl aust. Fantastisk fullmånekveld. I Sirdal kjem ein alltid på sporet av noko.
28 | 29
I Sirdal finst det mange nydelege og gode fiskeplassar når ein vil prøve fiskelukka. Det finst mange gode dagar for å leie både kanoar og kajakkar.

Sykkel er eit morosamt og spennande turalternativ for deg som ikkje er redd for å trå til og bruka kroppen.

SYKKELTURKART

Sirdal byr på mange aktivitetar og langt fleire enn dei me nemner her. Her får du eit godt utgangspunkt som gjer deg gode anledningar til å bli betre kjend og oppdage meir. Er du frisk og rask, er det ingen grunn til å berre sitte inne på hytta. For Sirdal er både eit sommar- og vinterparadis med fantastiske rammer for å oppleve naturen til fots, med eller utan ski på beina. Sykkelstiane ser du markert i kartet. Nyt Sirdal!

1. Slottet 2. Sinnes Fjellstue 3. Sirdal skisenter, Ålsheia 4. GP /Joker Sinnes 5. Sirdal skisenter, Tjørhomfjellet 6. Høyt og Lavt klatrepark 7. Kjerag Lodge 8. Sirdal Høyfjellshotell, symjehall 9. Fidjeland skitrekk 10. Sirdal fjellmuseum 11. Sirdal fjellgolf 12. Haugen Camping, kanoutleie, minigolf, m.m.
3 2 4 9 5 6 7 8 10 11 12 13 1
13. Handleriet
30 | 31

SINNESHYTTÅ JOBBAR FOR BETRE LØYPER

Me har fortset arbeidet for betre løyper i Sirdal. I 2023 blir det betre sykkelstandard i Sinneslia over mot Furåsen.

I tillegg jobbast det med ein del andre linkar i løyper for betre framkomelegheit og standard. Sirdalsløyper og

Visit Sirdal 365 er i gong med eit sykkelprosjekt der formålet er betre tilrettelegging av sykkel- og turmoglegheiter.

Påskestemning.
32 | 33
Løypenettet aust i Sirdalsheiane.

NYTT FRÅ SINNESHYTTÅ

Som mange sikkert har fått med seg, så flytta me ut av kontora våre i august, og inn i kafeen på Haugen Camping. Dette mens me ventar på å flytta inn i det nye Handleriets, 2. et., i splitter nye kontor. Dette ser me fram til. Me er stolte over å ha etablert eit kontorfellesskap der elleve forskjellige firma kjem til å halda kontor, – alt i frå kontorfellesskap til full kontortid.

Oversikt over tomter som er for sal:

Brendeheia

Tomt 30, prosjektert hytte på ei, i særklasse, bra tomt Tomt 95, byggjeklar for eit prosjekt med kjellar

Rubetødnane

Ca. ti gode tomter og velgje blandt, skiltet og ferdig avsingla.

Hyttemodell: Sinneslia.

Våre ledige tomter i Sirdal

sinneshytta.no

Sinneslia

Ein, kanskje to, attraktive tomter for sal.

Slettekvæv

Her kjem det i løpet av vinteren sju nye tomter for sal.

Heimre Kvednhusbakken

Her er det ti tomter som er klare for sal nå, dvs. ein er seld og ein er reservert.

I tillegg er det eit Chalét-prosjekt i denne planen, der skisser og planer nesten er klare.

Me jobbar for at planen skal være realiserbar.

Hobmannsknuden

20 fantastiske tomter øvst i Hønedalen Hyttegrend – like ved Slottet.

34 | 35

SPONSING

Me er gullsponsor for Sirdal Ski. Det er gildt for oss at det blei markert i vår, på Sirdal vidaregåande skule, med Marte Olsbu Røiseland til stades. Dei deltok også i år med kompetent mannskap til skytekonkurransen på Hyttemesså.

I tillegg sponsar me Golfbanen, Ålsheia skisenter, Sirdal skilag og Sesilåmi, samt andre småarrangement.

SLOTTET

Slottet har vore ein kjempesuksess i dette sitt fysste heile driftsår. Enormt mange besøkande, super mat og topp stemning. Gildt var det også å vere med på 1-års jubileet som blei eit Slottsball.

I forbindelse med at Sinneshyttå blei presentert som Gullsponsor for Sirdal Ski, så møtte me Marte Olsbu Røiseland og Roger Grubben.

Det nærmar seg innflytting. Her vil dykk oppleve Loni Interiør i nye lokalar og ny drakt, samt eit spennande, originalt og langt større vareutval enn nokon gong. Sirdal sport og fritid er også på plass med ein langt større varebehaldning og langt betre utval.

Asia@Sirdal er på plass med asiamat, restaurant med skjenkeløyve og takeaway. Koselege lokalar for fantastiske matopplevingar.

I 2. et. kjem: Sinneshyttå AS, Tegl og betong AS, Sirdalsløyper, Sinus elektro AS, Sirdalsferie, Modalsli Rør AS, BDO, Sirdal hytteformidling, Solhytten, Sirdalstunet, EM 1, Handleriet adm.

HANDLERIET
36 | 37

SKIFOREININGA SI HYTTE

Her har me ennå ikkje starta prosessen med reguleringa, men det kjem nok i gong om ikkje lenge.

HYTTEMESSÅ

Hyttemesså 15.10.22 vart 100 % suksess. 50 utstillarar og 1300 besøkande ga god stemning og lyd. Supert opplegg! Takk til alle besøkande!

Det blir endå betre i 2023, for då er Handleriet i full drift og me satsar på endå fleire kvalitetsutstillarar.

BAKKEN GÅRD

Her kjem det spennande nyheiter utpå nyåret. Fylg med på sinneshytta.no!

ME HADDE JULEGLØGG & VISNING I HEILE ROMJULEN

Ta kontakt med Tor Sigve for privatvisning – heile året. Tlf. 977 29 183

38 | 39

Måtte alle hyttedraumar bli oppfyld i 2023

SINNESHYTTA.NO | FØLG SINNESHYTTÅ

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.