1
1.
Innleiing ........................................................................................................................ 4
Informasjon om oversikta ................................................................................................... 5 Kjelder .............................................................................................................................. 5 Oppdatering .................................................................................................................... 5 2.
Samandrag ................................................................................................................... 6
3.
Helsetilstand og påverknadsfaktorar ....................................................................... 10 Befolkningssamansetting .............................................................................................. 10 Aldersfordeling ................................................................................................................ 10 Kjønnsfordeling ................................................................................................................ 12 Befolkningsendringar...................................................................................................... 12 Bustadsmønster ............................................................................................................... 14 Innvandring ..................................................................................................................... 14 Ein-personhushaldning ................................................................................................... 15 Oppvekst og levekår .................................................................................................... 16 Inntekt og økonomi ........................................................................................................ 16 Hushald med lav inntekt ................................................................................................ 16 Arbeidslivet og grad av sysselsetting ........................................................................... 17 Uføretrygda og arbeidsavklaringspengar................................................................... 19 Bustader ........................................................................................................................... 19 Barnehagar ..................................................................................................................... 19 Skulestruktur ..................................................................................................................... 20 Leseferdigheiter og rekneferdigheiter ......................................................................... 20 Oppleving av trivsel på skulen ...................................................................................... 23 Oppleving av mobbing på skulen ............................................................................... 24 Fråfall i vidaregåande skule .......................................................................................... 25 Utdanningsnivå ............................................................................................................... 26 Helsestasjon og skulehelsetenesta ............................................................................... 28 Barnevern......................................................................................................................... 29 2
Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø .................................................................... 30 Drikkevasskvalitet ............................................................................................................ 30 Radon ............................................................................................................................... 32 Legionella ........................................................................................................................ 34 Inneklima skular/barnehagar ........................................................................................ 34 Friluft og turvegar ............................................................................................................ 34 Støy ................................................................................................................................... 36 Luftkvalitet........................................................................................................................ 36 Kulturindeks ...................................................................................................................... 36 Skader og ulykker ......................................................................................................... 38 Dødelegheit etter ulykker .............................................................................................. 39 Helserelatert Åtferd........................................................................................................ 40 Røyking ............................................................................................................................. 40 Bruk av rusmiddel ............................................................................................................ 42 Kosthald ........................................................................................................................... 45 Fysisk aktivitet .................................................................................................................. 46 Helsetilstand ................................................................................................................... 48 Overvekt .......................................................................................................................... 48 Tannhelse ......................................................................................................................... 50 Hjarte- og karsjukdom .................................................................................................... 51 Kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) og astma ..................................................... 53 Muskel- og skjelettlidingar ............................................................................................. 55 Psykisk helse ..................................................................................................................... 56 Kreft................................................................................................................................... 60 Diabetes type 2............................................................................................................... 61 4.
Vegen vidare.............................................................................................................. 63
3
1. INNLEIING Folkehelse vil seie befolkninga sin helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i ei befolkning. Folkehelsearbeid handlar om samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjer befolkninga si helse og trivsel og reduserer dei faktorane som har negativ innverknad (jr. folkehelseloven §3). Kommunen skal ha ei skriftleg oversikt over helsetilstanden i befolkninga og positive og negative påverknadsfaktorar på folkehelsa. Plikta til å ha denne folkehelseoversikta er forankra i folkehelselova, smittevernlova, forskrift om oversikt over folkehelsa, forskrift om miljøretta helsevern og forskrift om kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjon- og skulehelsetenesta. Kommunen sine ressursar og utfordringar skal identifiserast, konsekvensar og årsaksforhold vurderast, før mål og strategiar vert forankra i plan- og bygningsprosessar. Eit kunnskapsbasert og effektivt folkehelsearbeid føreset gode system for å skaffe slike oversikter og til å vurdere og analysere desse. Kommunen skal vere særleg merksam på trekk ved utviklinga som kan skape eller oppretthalde sosiale- eller helsemessige problem eller sosiale helseforskjellar. Kommunen sin kjennskap til helsetilstand og påverknadsfaktorar skal tene to hovudformål: 1. Oversikta skal vere grunnlag for avgjerder i folkehelsearbeidet som vert utøvd “frå dag til dag”; som i samband med utforming av tiltak og tilsyn etter miljøretta helsevern eller revisjon av planar utanom det fireårige planløpet etter plan og bygningslova. Avgjerder skal også handle om å gå grundigare innanfor eit område som peikar seg ut som særleg utfordrande eller positivt. 2. Oversikta skal utgjere grunnlag for avgjerder i samband med langsiktig planlegging av folkehelsearbeidet, knytt opp mot prosessane i plan- og bygningslova.
På denne måten vert folkehelsearbeidet tydeleg politisk forankra og langsiktig, og det vert lagt til rette for samordning av innsatsen for folkehelsa i kommunen. Helserelatert åtferd og levevanar er ikkje berre eit resultat av kvar enkelt sine personlege val, men også eit resultat av miljø og levekår. Sjukdomsmønsteret kan difor gi ein indikasjon på tilhøve ved miljøet og levekåra i ein kommune.
4
Figuren over viser påverknadsfaktorane for helse (Dahlgren og Whitehead, 1991).
Det er fleire faktorar som påverkar helsa vår, frå personleg eigenskap som kjønn, alder og biologi til eit sett med ytre faktorar, både i miljø og samfunn. Figuren illustrerer også at det må arbeidast på fleire nivå, og i mange sektorar for å førebyggje sjukdom og fremje helse. Dei ulike påverknadskjeldene og nivåa i modellen påverkar kvarandre i både positiv og negativ forstand.
INFORMASJON OM OVERSIKTA
KJELDER Informasjon, statistikk og tabellar er henta frå, eller basert på tal frå: Folkehelseinstituttets statistikkbank (kommunehelsa, MSIS), Utdanningsdirektoratet, NAV, Møre og Romsdal fylkeskommune, fylkesmannen i Møre og Romsdal, Statistisk sentralbyrå (SSB), Statens vegvesen, ungdata, vassverkregisteret, Haram kommune, Skulenett, Vann og luftforureining. Det kan på område vere ulik tilgang på data. Oversikta gir derfor ikkje ei komplett og endeleg samanstilling av interessante forhold. Statistikk og helseoversikter kan ha stor nytteverdi i folkehelsearbeidet, men det er også knytt store utfordringar til bruk av statistikken og tolkingane av den. Statistikk kan føre meir til undring og spørsmål, enn fasit og løysingar. Ved samanlikning av datamateriell i denne oversikta, må ein ta høgde for at forskjellane kan vere som følgje av tilfeldig variasjon.
OPPDATERING Oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar i Haram vert revidert årleg. I samsvar med §§ 4 og 5 i folkehelseforskrifta, skal kommunen ha ein kontinuerleg oversikt over folkehelsa og utarbeide oversiktsdokument kvart fjerde år etter nytt valt kommunestyre. Folkehelsekoordinator oppdaterer folkehelseoversikta i samarbeid med dei ulike einingane i kommunen.
5
2. SAMANDRAG Helsetilstanden og påverknadsfaktorar i Haram syner at folkehelsa generelt er god, og at vi på fleire område skårar betre enn landet elles. Dette er sjølvsagt positivt og kan vere eit teikn på at det har vore gjort mykje godt helsefremjande og førebyggjande arbeid over tid i kommunen vår. Men å ligge betre an i fylket eller landsgjennomsnittet treng ikkje bety at det er godt nok, eller at vi ikkje har helseutfordringar i kommunen vår. I folkehelsearbeid er det avgjerande å tenkje langsiktig og prioritere tidleg innsats. I dokumentet har vi samla tilgjengeleg informasjon som kan belyse folkehelsetilstanden i Haram. I samandraget listar vi opp nokre hovudtrekk og viser til kap. 3 for meir detaljert informasjon. Haram kommune har ei moderat folketalsvekst, med eit jamt fødselsoverskot. Det vil i tida framover vere ein auke i tal på innbyggjarar i aldersgruppa 67 + i Haram. Haram ligg under gjennomsnittet når det gjeld kjønnsbalanse, og har fleire menn enn kvinner. Innvandring bidreg i positiv retning for befolkningsauke i Haram, der den største gruppa kjem frå Polen. Haram kommune har ei god median inntekt i hushald samanlikna med både landsog fylkesmedianen, og vi har færre hushald med lav inntekt enn landet elles. Ei årsak til dette kan vere at vi har hatt lav arbeidsløyse. Også tal på uføretrygda på 7,4 prosent (2012-2014)viser at Haram ligg under landsnivå på 9,2 prosent i same periode. Haram har ein sysselsettingsgrad på 70,4 prosent i 4.kvartal 2014 og god arbeidsplassdekning i 2013 samanlikna med nasjonale tal. Halvparten av alle arbeidsplassane er i sekundærnæringa, som for eksempel industri. Pendling ut av kommunen er samla sett større enn pendling inn til kommunen. Haram ligg under land- og fylkesgjennomsnittet når det gjeld høgare utdanning, men tal på innbyggjarar med høgare utdanning har auka dei siste 10 åra. Fråfall i vidaregåande skule har auka i Haram dei siste åra, men nasjonalt ligg vi på landsgjennomsnittet. Endringar i næringsliv og lågare oljepris kan gje negative verknader for kommunen framover i form av høgare tal når det gjeld arbeidsløyse. Ressursar brukt til førebygging i helsestasjon og skulehelseteneste per innbyggjar, ligg under gjennomsnitt samanlikna med fylket og landet elles. Det har vore relativt stabile tal i barnevernet når det gjeld tal på tiltak, og her ligg vi under nasjonale- og fylkestal. I Haram kommune ser vi at vi har utfordringar når det gjeld lese- og rekneferdigheiter hos 5. klassingar (i perioden 2012/2013- 2014/2015). I Haram kommune er det 38,8 prosent som hadde det lågaste mestringsnivå i lesing samanlikna med 24,9 nasjonalt i same periode. Når det gjeld rekneferdigheiter var det 33,4 prosent av 5.klassingane som hadde lågaste mestringnivå i rekneferdigheiter, samanlikna med 25,6 prosent nasjonalt.
6
Vi ser at trivselen hos elevar (7. og 10.klasse) i Haram er aukande, men noko lågare samanlikna med fylkes- og nasjonale tal. Det har vore ein markant nedgang i tal på barn og unge som opplever mobbing og årsakene kan vere mange, også metodiske. Tal på elevar som opplever mobbing i 7.trinn er noko lågare enn fylkesgjennomsnittet, men høgare enn nasjonale tal. Blant 10.klassingane ligg prosentdelen av elevar som opplever mobbing høgare enn både fylkes- og nasjonale tal. Det har vore gjennomført tilsyn av inneklima i alle skulane og barnehagane i Haram, og resultata viser at der er nødvendig å iverksetje tiltak då det er dårlege og manglande interne kontrollsystem for måling av inneklima, lys og støy. I tillegg er det mangel på eit internt kontrollsystem retta mot forskrifta. Utfordringane som er knytt til inneklima er ivaretekne i kommunen sine planar for 2017. Målet er å rette opp avvik i løpet av 2017. Av miljøfaktorar skårar vi bra på kvalitet på drikkevatn, men lågare enn heile landet og fylket på drikkevassforsyning. Det er enkelte område i kommunen med høgare radonnivå enn andre. Alle skular og offentlege barnehagar i Haram er målt for radon og nokre stader er verdiar over anbefalt tiltaksgrenser. Kommunen sin infrastruktur er i liten grad tilrettelagt for sykling. Gang- og sykkelvegar er viktige indikatorar som synliggjer tilrettelegging av fysisk aktivitet i nærmiljøet og i kommunen generelt. Omtrent halvparten av innbyggjarane har trygg tilgang til rekreasjonsareal og over halvparten har tilgang til naturterreng. Kommunen har forbetringspotensial når det gjeld tilrettelegging av turområde for blant anna dei som har ei funksjonshemming. Når det gjeld det sosiale miljøet, ser vi at i Haram er det kategoriar som «frivilligheit», «kino» og «bibliotek» som er dei beste kulturkorta for vår del. Vi blir lågare rangert på kategoriar som «kunstnarar», «kulturskule + Den kulturelle spaserstokk». Av 428 kommunar i Noreg er Haram på 314. plass i den store kulturindeksen. Tal på skadar og dødsfall som skuldast ulykker, viser at Haram ligg høgare samanlikna med fylkes- og landsgjennomsnittet. Statistikken viser at pr 100 000 innbyggjar, var det i gjennomsnitt 26,0 personer som døydde etter ulykker i perioden 2003-2012 i Haram. I Møre og Romsdal var det tilsvarande talet 19,5, medan det i resten av landet var 20,1. Det er noko lavare tal av psykiske lidingar, diabetes type 2, kreft, overvekt og hjartekarsjukdommar i Haram samanlikna med landsgjennomsnittet, men det er likevel store og omfattande utfordringar som ein tydeleg ser er eit aukande og omfattande problem. Tannhelsa til innbyggjarane i Haram ligg nokså likt med landsgjennomsnittet. Det blir i Haram fødd fleire barn med høg fødselsvekt enn landsgjennomsnittet.
7
Det er ein nedgang av røykjarar blant ungdom, men fleire byrjar å snuse. Kun 2 prosent av ungdomsskuleelevane røykjer, og vi ser at talet er noko høgare på vgs. Ein låg del av ungdomsskuleelevane har brukt hasj eller marihuana siste året (2014). Tal på skuleelevar i vidaregåande som har brukt dopingmiddel er på 44 prosent (2014). Bruk av doping blant ungdom kan vere som følgje av eit auka kroppsleg fokus. Ein stiller spørsmål ved resultata denne undersøkinga viser, da det har vist seg å vere stor sjanse for mistolking av spørsmål omkring temaet «doping» undersøkinga, spesielt i nynorsk kommunane. Skuleleiinga i Haram kommune har difor etterspurt ei ny undersøking for å få kartlagt om desse tala er reelle, då dei er høge samanlikna med lands- og fylkesgjennomsnittet. Det er sosiale helseforskjellar i Haram, slik som resten av landet. Utdanning er ein viktig faktor for auka forventa levetid. Utjamning av sosiale forskjellar er derfor ei viktig målsetjing i folkehelsearbeidet. Når Haram kommune i sitt planarbeid skal prioritere realistiske tiltak for å betre folkehelsa, må vi vurdere betydinga av kvar indikator, korleis utviklinga har vore over tid, korleis vi ligg i høve til andre kommunar og landet elles, og ikkje minst om landsnivået representerer eit ønskt nivå. I arbeidet med kvalitative metodar må ein vere kritisk i korleis ein behandlar, analyserer og tolkar informasjonen. Årsaksforhold er ofte komplekse. Kvart år vert folkehelseprofilane for kvar kommune i Norge gitt ut av folkehelseinstituttet. Det er lagt fram ei kort oppsummering av kva område kommunen skil seg ut på, basert på profilar frå tidlegare år og samanlikna med nasjonale tal.
8
Folkehelsebarometeret for Haram. Kjelde er folkehelseinstituttet.
I talkolonna i midten finn ein tal for kommunen, fylket og landet. Dette er dei same tala som ligg til grunn for diagrammet med fargesymbola. I barometeret/profilen viser den loddrette raude streken landsnivået. Dei horisontale grå søylene viser spennvidda for kommunen i fylket, og det grå symbolet er verdien for fylket som heilheit. Dersom Haram ser ut til å ha større utfordringar enn landbasis, ligg symbolet til venstre for den raude linja. Dersom kommunen ser ut til å ligge betre an enn landet som heilhet, ligg symbolet til høgre for den raude linja. Raud verdi betyr at vi med høg grad av sikkerheit kan seie at kommunen ligg dårlegare an enn landet som heilheit. Grøn verdi betyr at vi med høg sikkerheit kan seie at kommunen ligg betre an enn landet som heilheit. Gul verdi fortel at vi ikkje med sikkerheit kan seie om kommunen ligg dårlegare eller betre an en landet. Dei raude, grøne og gule symbola er testa for statistisk signifikans.
9
3. HELSETILSTAND OG PÅVERKNADSFAKTORAR BEFOLKNINGSSAMANSETJING Med befolkningssamansetjing meiner ein grunnlagsdata om befolkninga. Desse tala vil blant anna vere viktige for å forstå og tolke dei andre opplysningane i oversikta.
ALDERSFORDELING Pr 1.januar 2016 har Haram kommune 9200 innbyggjarar. Frå 2005 til 2015 auka folketalet i Haram kommune med 4,6 prosent. I følgje prognosar frå SSB vil folketalet i Haram forsetje å auke framover mot 2024. Haram har færre yngre og fleire eldre enn landsgjennomsnittet, og i fylgje SSB vil det i åra framover vere ein auke både i andelen og absolutte tal i aldersgruppa 67 år + i Haram. Det blir vekst i gruppa arbeidsfør alder, men Haram har færre i denne gruppa enn landet elles.
Denne grafen gir oss ei oversikt over folkemengd etter kjønn og alder i Haram kommune. Kjelde: SSB
10
Folketal i Haram kommune frå 2005-2035. Kjelde: SSB
1534 Haram
2016
2017
2018
2019
2020
2021
2022
2023
2024
0 - 15 år 16 - 18 år 19 - 34 år 35 - 66 år 67 - 74 år 75 år og eldre
1822 391 1662 3801 723
1835 386 1667 3822 750
1852 374 1679 3850 771
1852 369 1708 3846 785
1848 384 1690 3844 822
1859 386 1686 3841 837
1874 367 1706 3819 847
1861 381 1735 3794 852
1864 382 1741 3791 852
806
805
805
817
839
867
902
944
985
Totalt
9205
9265
9331
9377
9515
9567
9615
9427 9476
Tabell som viser estimert folketalsauke i Haram kategorisert ut frå alder (2016-2024). Kjelde: Haram kommune.
11
KJØNNSFORDELING
Folketal etter kjønn og alder i Haram kommune 2016. Kjelde: SSB
Tall frå SSB viser at det i aldersgruppa 20-29 år er 528 menn og 436 kvinner i kommunen. Som ein kan sjå av figuren under, ligg Haram kommune under fylkesgjennomsnittet når det gjeld kjønnsbalanse, med fleire menn pr. kvinne. Det har vore små endringar i dette dei siste 10 åra.
Figuren over viser balansen mellom kvinner og menn i Haram kommune samanlikna med fylket. Kjelde: SSB.
12
BEFOLKNINGSENDRINGAR Haram kommune har hatt ein moderat folkevekst dei siste ti åra. Det blir fødd om lag 100 born per år av innbyggjarar i Haram kommune. Fødselsoverskotet har variert frå negativt i 2010 til over 30 i 2002. På det jamne ligg fødselsoverskotet på om lag 11. Folkeveksten kjem difor i hovudsak av innflytting, og sidan 2007 har innflyttinga vore større enn utflyttinga. Innflyttinga kjem i hovudsak frå utlandet. Den innanlandske flyttebalansen er negativ, og utflyttinga er størst i aldersgruppa 18-30 år.
Figuren viser folketalsvekst etter type fødselsoverskot og netto innflytting mellom 2004-2014. Kjelde: SSB
13
BUSTADSMØNSTER Trenden har vore at folketalet i Brattvåg, Vatne/Tennfjord og Søvik har gått opp, medan det i resten av kommunen, spesielt øyane, har gått tilbake.
1980
2000
2007
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
Fjørtoft Skuløy/flemsøy Haramsøy Lepsøy Hildre Brattvåg Helland Tennfjord Vatne Vestrefjord Grytastranda Søvik Andre Total
453 287 204 179 168 164 157 143 136 133 604 566 556 551 549 528 518 508 503 500 786 656 615 632 630 606 582 565 571 572 543 431 394 342 340 333 326 324 313 312 615 554 528 506 519 506 504 507 500 523 1932 2089 2179 2264 2354 2435 2482 2498 2497 2485 327 332 284 270 256 257 250 257 269 272 676 872 970 1073 1088 1150 1179 1222 1291 1365 1237 1225 1140 1171 1188 1208 1196 1236 1232 1248 170 125 127 113 119 121 122 113 113 108 449 639 584 579 579 581 588 583 582 577 951 939 1018 1055 1064 1071 1086 1100 1082 1068 14 59 7 4 4 13 30 28 31 38 8757 8774 8606 8739 8857 8973 9020 9084 9120 9200 Tabellen viser bustadsmønsteret i Haram kommune frå 1980 og fram til i dag. Kjelde: Haram kommune.
INNVANDRING Tal på innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn i Haram aukar gradvis. I 2015 hadde andelen auka til 15,3 prosent, noko som er ein høgare del enn fylkesveksten, og litt lågare enn landsandelen.
Figuren viser tal på befolkninga i Haram som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. Kjelde: Kommunehelsa
I Haram kommune er 15,3 prosent av befolkninga innvandrarar. Den klart største gruppa av innvandrarar i Haram kjem frå Polen. Det er om lag 430 personar i Haram med bakgrunn frå Polen, og om lag 5600 polakkar i fylket ved inngangen til 2015. Elles bur det mange i Haram med bakgrunn i Bosnia-Hercegovina, Romania, Litauen, Thailand, Sri Lanka og Tyskland. Til saman har Haram kommune innbyggjarar med bakgrunn i over 60 ulike nasjonar. Innvandrarane er difor ikkje ei einsarta gruppe. 14
Det er noko fleire menn enn kvinner i innvandrarbefolkninga i kommunen, 51,4 prosent menn og 48, 6 prosent kvinner. Av innvandrerar til fylket har 58,5 prosent budd her i 5 år eller kortare. Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar, og mellom innvandrarar og etnisk norske. Ulikheitene omfattar både fysiske og psykisk helse i tillegg til helseåtferd (Folkehelseinstituttet). Kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrar er ein føresetnad for å lykkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Helsestasjonen arbeider per dags dato etter «retningslinene for helsestasjonstilbodet til overføringsflyktningar og familiegjenforening» saman med «sjekkliste for mottak av overføringsflyktningar og familiegjenforente». Det er per dags dato knytt store utfordringar til vidare oppfølging etter mottak og smittevernsundersøking og ein ser at barn i dag får eit tilbod som ligg på minimumsgrensa i høve til det som er anbefalt. Dette skuldast mest truleg dagens bemanning i helsestasjonen. Tiltak som reduserer språkutfordringar og fremjer integrering er viktig folkehelsearbeid.
EIN- PERSONHUSHOLDNING
Haram kommune har ein lågare del av ein-personhusholdningar samanlikna med resten av landet (14,7 prosent i Haram versus 18,3 prosent i hele landet i 2014).
Figuren viser tal på personar som bur åleine i Haram, fylket og i resten av landet (alle aldre). Kjelde: SSB
15
OPPVEKST OG LEVEKÅR Oppvekst og levekår er viktige premiss for helse og livskvalitet. Gode vilkår for barn og unge i barnehage og skule, tilrettelegging for vaksne for inkluderande arbeidsliv og ei sikker inntekt er viktig. Levekår blir definert som eit samspel mellom individuelle faktorar, ressursar og dei moglegheiter ein har til å realisere desse på arenaer som skule, arbeid osv.
INNTEKT OG ØKONOMI Inntekt og økonomi er grunnleggjande påverknadsfaktor for helse. Forsking har vist at det er ein samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynlegheita for dårleg sjølvopplevd helse, sjukdom og for tidleg død. Median inntekt i hushald låg i Haram på 495 000 kr (2013). Dette er over landsmediaen på 465 000 kr. Medianen for Møre og Romsdal var 480 000 kr. Ulikskap i inntekt har vore stabil i Haram kommune sidan 2009. Likskap i fordelinga av økonomiske ressursar påverkar antakeleg andre samfunnsmessige tilhøve positivt.
Ulikskap i inntekt P90/P10
Tabellen over viser ulikskap i inntekt. Oversikta er delt opp geografisk. Kjelde: SSB
HUSHALD MED LAV INNTEKT Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand (folkehelseinstituttet). Lav inntekt aukar sannsynlegheita for dårlig sjølvopplevd helse, sjukdom og for tidlig død. Det kan også føre til at barn ikkje får delteke i aktivitetar på lik line med andre barn. Andelen av befolkninga i kommunen med inntekt under 60 prosent av nasjonal medianinntekt er under landsprosenten (8,8 prosent i Haram, versus 10,5 prosent i resten av landet i 2013). Ei årsak til at Haram ligg betre an enn landsgjennomsnittet, kan vere at vi har lav arbeidsløyse.
16
Grafen over viser ei oversikt over hushald med lav inntekt prosentvis, og forskjellane mellom Haram, fylket og heile landet. Kjelde: Kommunehelsa
ARBEIDSLIVET OG GRAD AV SYSSELSETTING Grad av sysselsetting vert definert som den delen av befolkninga som er i arbeidsfør alder (15 - 74 år) i lønna arbeid. I Haram ligg sysselsettingsgraden på 70,4 prosent i befolkninga i 4.kvartal 2014. Arbeidsplassdekninga i Haram ligg mellom 80-90 prosent i 2013.
Figuren viser arbeidsplassdekning i Møre og Romsdal 2014. Kjelde: SSB
I 2014 stod 1,6 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid, medan det var 1,7 prosent i Møre og Romsdal og 2,1 nasjonalt. Arbeidsløysa er høgare i aldersgruppa 15-29 år med 2,3 prosent. 17
Generelt er arbeidsløysa i Haram lågare enn resten av landet. Ser ein utviklinga saman med folketalsutviklinga, er det tydeleg at mange flyttar frå kommunen når arbeidssituasjonen blir dårlegare. Haram kommune er ein del av ein region som har eit aktivt og innovasjonsbasert næringsliv innan maritime bransjar. Skipsverfta og leverandørindustri utgjer ein stor del av næringsstrukturen i Haram. Endringar i næringsliv og lågare oljepris kan gje negative verknader for kommunen framover i form av høgare arbeidsløyse.
Figuren viser næringsstrukturen i Haram kommune 2013. Kjelde: Haram kommune.
Arbeidslivet i Haram er i stor grad knytt til industriverksemd, og over halvparten av alle arbeidsplassane er i sekundærnæringar, som for eksempel industri. Arbeidsplassdekninga i 2014 var mellom 90 - 100 %. Innbyggjarar som pendlar ut av Haram til arbeid, er samla sett noko større enn dei som pendlar inn til Haram for å arbeide. Det er i hovudsak pendling til Ålesund kommune. Det er også mange som pendlar til og frå Skodje, men her er det fleire som pendlar til Haram enn frå Haram. Totalt pendla 1116 personar ut frå Haram og 989 til Haram i 2015.
18
Figuren over viser balansen mellom inn og utpendling etter næring i 2014. Kjelde: SSB.
UFØRETRYGDA OG ARBEIDSAVKLARINGSPENGAR Andelen uføretrygda i Haram i perioden 2012-2014 var 7,4 prosent. Dette ligg under landsnivået på 9,2 prosent i same periode. Også tal på innbyggjarar som mottar arbeidsavklaringspengar ligg under både fylkestal og nasjonale tal for perioden 2012-2014.
Figuren over viser andelen uføretrygda og dei som mottek arbeidsavklaringspengar i Haram, fylket og heile landet mellom 2007 og 2014. Kjelde: Kommunestatestikk
BUSTADER Det er behov for oppdatering av den bustadsosiale handlingsplanen i Haram, men dette arbeidet er no utsett inntil vidare. Tilgang på boligar for vanskelegstilte varierer etter pågang, og det er i periodar utfordrande å møte etterspørselen.
19
BARNEHAGAR Haram kommune har 11 barnehagar i 2016, 5 kommunale og 6 private. Totalt 495 born har barnehageplass i Haram kommune i 2015. Det var 175 tilsette i barnehagane i 2015 og 56 av desse hadde barnehagelærarutdanning.
SKULESTRUKTUR Det er totalt 11 grunnskular i Haram, ni offentlege og to private. Åtte barneskular, to ungdomsskular og ein barne- og ungdomsskule. I tillegg er det ein vidaregåande skule, Haram vidaregåande skule, med 278 elever.
Brattvåg barneskule Brattvåg ungdomsskule Flem skule Grytestranda Friskule Haramsøy skule Hildre Montessoriskule SA Lepsøy skule Søvik skule Tennfjord skule Vatne barneskule Vatne ungdomskule
Elevar Lærarar Eigarform 215 23 Offentleg 168 26 Offentleg 56 7 Offentleg 46 7 Privat 111 18 Offentleg 48 6 Privat 17 4 Offentleg 112 13 Offentleg 140 14 Offentleg 92 11 Offentleg 107 17 Offentleg
Klassetrinn 1-7. 8-10. 1-7. 1-7. 1-10. 1-10. 1-7. 1-7. 1-7. 1-7. 8-10.
Tabellen over viser tal på elevar fordelt utover dei ulike skulane(privat, offentleg) i Haram kommune. Kjelde: skoleporten.
LESE- OG REKNEFERDIGHEITER I perioden 2012/2013– 2014/15 var det 38,8 prosent av 5.klassingane og 7,5 prosent av 8.klassingane som hadde lågaste mestringsnivå i lesing i Haram. Med eit tal på 38,8 prosent (5.klassingene) ligg Haram godt under resten av landet og i Møre og Romsdal (der høvesvis 24,9 og 26,7 prosent hadde lågaste mestringsnivå). Når det gjeld 8.klassingene er lesekunnskapane jamnare samanlikna med resten av landet og Møre og Romsdal (7,6 prosent og 7,5 prosent).
I same periode var det 33,4 prosent av 5.klassingene og 7,8 prosent av 8.klassingene som hadde lågaste mestringsnivå i rekning. Haram ligg her godt under resten av landet og Møre og Romsdal hos 5.klassingene der høvesvis 25,6 prosent og 26,2 prosent hadde lågaste mestringsnivå). Når det gjeld 8.klassingane, ligg Haram lågare enn resten av landet og Møre og Romsdal med 7,8 prosent i Haram, 7 prosent i Møre og Romsdal og og 7,6 prosent i heile landet.
20
Figuren over viser tal på 5.klassingar som har lågaste mestringsnivå i lesing, i prosent av alle 5.klassingar som tok nasjonale prøver. Statistikken viser 2 år gjennomsnitt for overlappande 2 års periode. Kjelde: Kommunehelsa.
Figuren over viser tal på 8.klassingar som har lågaste mestringsnivå i lesing, i prosent av alle 8.klassingar som tok nasjonale prøver. Kjelde: Kommunehelsa.
21
Figuren over viser tal på 5.klassingar som har lågaste mestringsnivå i rekning, i prosent av alle 5.klassingar som tok nasjonale prøver. Kjelde: kommunehelsa
Figuren over viser tal på 8.klassingar som har lågaste mestringsnivå i rekning, i prosent av alle 8.klassingar som tok nasjonale prøver. Kjelde: kommunehelsa
22
OPPLEVING AV TRIVSEL I SKULEN Auka trivsel er eit sentralt mål for folkehelsearbeidet. For barn og unge er skulen ein svært viktig sosial arena. Trivsel på skulen er ein av fleire faktorar som påverkar elevane sin motivasjon for å lære, og dermed evnene deira til å mestre dei utfordringane skulekvardagen gir (Øia, 2011). 86,5 prosent av 7.klassingane i Haram treivst godt på skulen i perioden 2009/10 – 2014/15. Andelen 7.klassingar som treivst i resten av landet og i fylket var 89,5 og 88,5 prosent.
Figuren over viser tal på elevar i 7.klasse som treivst godt på skulen, i prosent av alle som svarte på undersøkinga. Kjelde: Kommunehelse
Hos 10.klassingane var det 81,2 prosent som treivst godt i denne femårsperioden, mens det i resten av landet og i Møre og Romsdal var 85,1 og 85,8 prosent som treivst. Det er dermed ein lågare del av 10.klassingar i Haram som trivst godt enn samanlikna med fylket og landet.
Figuren over viser tal på elevar i 10.klasse som trivst godt på skulen i prosent av alle som svarte på undersøkinga. Kjelde: Kommunehelse
23
OPPLEVING AV MOBBING PÅ SKULEN I perioden 2009/10 – 2014/15 var det årlege gjennomsnittet for mobbing i Haram kommune 7,5 prosent på 7.trinn. Dette er eit noko lågare tal enn fylkesgjennomsnittet på 7,7 prosent, men høgare enn landsgjennomsnittet på 7,1 prosent. På 10. trinn var det 7,4 prosent som opplevde mobbing, og andelen ligg høgare enn fylkesgjennomsnittet på 6,9 prosent, men høgare enn landsgjennomsnittet på 7,2 prosent. Statistikken viser 5 års gjennomsnitt. Data er samla inn gjennom elevundersøkinga som vert gjennomført årleg på 7. og 10.trinn.
Figuren viser tal på 7.klassingar som i eit 5 års gjennomsnitt (2009/10-2013/14) oppgir at dei blir mobba. I 2013 vart Elevundersøkelsen flytta frå vårsemesteret til haustsemesteret. Skuleåret 2012/13 fins difor ikkje i statistikken. Kjelde: Utdanningsdirektoratet. Opphavsrett: Folkehelseinstituttet.
24
Figuren viser tal på 10.klassingar som i ein 5 års gjennomsnittsperiode (2009/10-2013/14) oppgir at dei blir mobba. I 2013 vart Elevundersøkelsen flytta frå vårsemesteret til haustsemesteret. Skuleåret 2012/13 fins difor ikkje i statistikken. Kjelde: Utdanningsdirektoratet. Opphavsrett: Folkehelseinstituttet.
Det har vore ein markant nedgang i tal på born og unge som oppgir at dei opplev mobbing. Dette kan ha mange årsaker, også metodiske. Det kan dermed vere problematisk å bruke desse tala for å sjå utvikling over tid, og folkehelseinstituttet har såleis berre vist tala frå siste tidsperiode (Folkehelseinstituttet). Mobbing er ein vesentleg individuell risikofaktor for psykiske lidingar. Barn som vert mobba, har opp mot sju gongar høgare risiko for psykiske plager som engstelse, depresjon, einsemd og rastløyse enn barn som ikkje vert mobba. Blant barn og unge som vert mobba, er også kroppslege plager som hovudverk, ryggsmerter, magevondt og svimmelheit dobbelt så vanleg enn hos andre barn (Nordhagen, 2005). Årsakene til mobbing er samansette og komplekse; skulemiljø, læringsmiljø, heimemiljø og individuelle faktorar har ei betyding her.
FRÅFALL I VIDAREGÅANDE SKULE Fråfall i vidaregåande skule i Haram kommune var i perioden 2012-2014 på 24 prosent. Tala på fråfall har auka frå 20 prosent i perioden 2010-2012 til 24 prosent i 2012-2014. Haram ligg på landsgjennomsnittet når det gjeld fråfall i vidaregåande skule, og over fylkesgjennomsnittet på 21 prosent.
25
Figuren viser tal på fråfall i vidaregåande skule frå 2008 til 2014. Fire nivå av foreldre si utdanning er tilgjengeleg. I grafen over er alle utdanningsnivå samla. Kjelde: Kommunehelsa
Det er dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Resultata må sjåast i samband med lokalmiljøet og kva arbeids- og livsvilkår ein person får i lokalsamfunnet utan vidaregåande opplæring. Fråfallet i dei nasjonale målingane inkluderer personar som har starta på grunnkurs i vidaregåande opplæring for fyrste gong eit gitt år og som har gjennomført VKII eller gått opp til fagprøve, men som ikkje har bestått eitt eller fleire fag og derfor ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse etter 5 år samt elevar som har starta opp, men slutta undervegs. Andelen blir rekna ut frå prosent av alle som starta grunnkurs i vidaregåande opplæring det året. Kjelde: Kommunehelsa. Fråfall i vidaregåande skule er ei stor nasjonal utfordring. Forsking har vist at tidleg intervensjon allereie i barnehagealder er med på å minske sjansen for skulevegring eller fråfall seinare i livet.
UTDANNINGSNIVÅ I 2014 hadde 21,3 prosent av befolkninga i Haram 16 år og over, høgare utdanning. Samanlikna med Møre og Romsdal og landssnittet har Haram ein lågare del av innbyggjarar med høgare utdanning, forskjellen er på 4,6 prosentpoeng samanlikna med fylket og 10,1 prosentpoeng når ein samanliknar nasjonalt. Delen med høgare utdanning har auka dei siste 10 åra, og spesielt ser ein ei auke blant kvinner med høgare utdanning i Haram. Alle kommunar i fylket har større del kvinner med høgare utdanning enn menn. Ser ein på utdanningslengde, har kvinner fullført kort høgare utdanning, mens ein høgare del av menn har fullført ei lengre høgare utdanning.
26
Grafen over viser utdanningsnivå frå alderen 16 år og eldre frå 1994 til 2014 fordelt på kjønn. Kjelde: Kommunestatistikk 2015
I 2014 var det 29,7 prosent av befolkninga i Haram som hadde grunnskule som høgaste nivå. Det blir stadig lågare del av befolkninga i Haram som har grunnskule som høgaste fullførte utdanning. Haram har hatt ein reduksjon i personar med grunnskule som høgaste utdanningsnivå 1994 til 2014. I aldersgruppa 30-39 år er det 16 prosent som har grunnskulenivå som høgaste fullførte utdanning, noko som ligg under andelen i heile landet på 17,2 prosent. I same aldersgruppe har 50,6 prosent fullført vidaregåande skule i Haram, samanlikna med resten av landet som ligg på 35,9 prosent.
27
Figuren over viser utdanningsnivået i Haram 2015 fordelt over grunnskule, vidaregåande skule, universitet og høgskule (kort) og universitet og høgskule (lang). Kjelde: SSB
HELSESTASJON OG SKULEHELSETENESTA Helsestasjonen har ut frå lover og forskrifter ei viktig rolle i folkehelsearbeidet. Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lavterskeltilbod til alle barn og unge frå 0-20 år, deira foreldre og gravide. Den omfattar helsestasjon for barn og ungdom, skulehelseteneste på grunn- og vidaregåande skule, foreldrerettleiing og eventuelt anna grupperetta helsestasjonsteneste, jordmorteneste, svangerskapskontroll og barselomsorg. Trass i fokus på auke av ressursar i helsestasjonen, har vi i dag gått frå 4,8 stillingar i 2003 til 4,9 stillingar på 13 år. Statlege midlar som har blitt overført til kommunen med oppmoding om å styrke helsestasjonen, har ikkje blitt prioritert til dette formålet. I tillegg er helsestasjonsdrift/skulehelseteneste spreidd på fleire kontor, mange barnehagar og skular. Kommunen har ikkje avsett eigne ressursar på helsestasjonen for å gi helsehjelp til flyktningar eller til oppfølging av tuberkulosekontroll for alle arbeidsinnvandrarane. Gode tenester førebygg helseproblem og helseforskjellar når ein fangar opp barn og unge som slit med psykisk helse, fysisk helse og sosiale forhold. Auka satsing på førebygging og tidleg intervensjon er ein av ambisjonane i samhandlingsreforma.
28
Tabellen viser netto driftsutgifter til førebygging: helsestasjons- og skulehelsetenesta per innbyggar 0-20 år frå 2010 – 2015. Kjelde: SSB
I Haram auka netto driftsutgifter til førebygging med helsestasjons- og skulehelsetenester per innbyggjar i aldersgruppa 0-20 år frå 1518 kr i 2009 til 1873 kr i 2015. Det vart i Haram brukt mindre pengar til dette formålet enn resten av fylket og landet elles, kor høvesvis 2153 kr og 2177 kr vart brukt per innbyggjar 0-20 år i 2015.
BARNEVERN
Barnevernet i Haram har per dags dato færre saker samanlikna med for 7-8 år sidan, men ein ser at dei sakene barnevernet er inne på i dag er meir omfattande og krev meir av tenesta. I 2010 og i 2015 var det 4,0 prosent av barn med tiltak i barnevernet i Haram. Haram ligg under gjennomsnittet i samanliknbare kommunar og i landet elles.
29
Figuren viser barn med tiltak i barnevernet i Haram 2010-2015. Kjelde SSB
FYSISK, BIOLOGISK, KJEMISK OG SOSIALT MILJØ Miljøfaktorar kan påverke helsa i befolkninga, både i positiv og negativ forstand. Tilgang til uteområde og fasilitetar, drikkevasskvalitet, luftkvalitet, grad av støy, sykkelvegnett og kvalitetar ved nærmiljøet kan ha stor innverknad på folkehelsa.
DRIKKEVASSKVALITET
Drikkevatn fritt for smittestoff er ein vesentlig føresetnad for folkehelsa, og E.Coli er ein av dei mest sentrale parametra for kontroll. Vassforsyninga i Haram er delt opp i kommunale og private forsyningsområde. 90,9 prosent av befolkninga i 2014 er registrert som brukarar av kommunal eller privat vassforsyning der vassverka er rapporteringspliktige. Den resterande prosentandelen på 9,1 % er tilknytt private brønnar o.l. rundt om i kommunen som ikkje er rapporteringspliktige. Statistikken viser at berre 63,7 % av dei rapporteringspliktige har «God vannforsyning». Denne parameteren er knytt til hygienisk kvalitet og leveringsstabilitet. I forhold til hygienisk kvalitet vil talet på prøver verke inn, og ikkje nødvendigvis at det er påvist prøver med E.coli. Statistikken tar utgangspunkt i at det skal leverast minst12 prøver pr. år pr. rapporteringspliktig vassverk, og avvik frå dette medfører at resultatet vert dårlegare. 30
Vassverk med færre innrapporteringar enn12 på koliforme bakterier/ E.koli vert kategorisert som «mangelfulle eller usikre analyseresultat» sjølv om alle innrapportere prøver er tilfredsstillande. Dette gjeld også vassverk med dispensasjon frå talet på innrapporteringar. Leveringsstabilitet er knytt til antal kundetimar med avbrot i vassforsyninga over 30 minutt. Dette er største grunnen til at Haram kjem dårleg ut på denne statistikken, men her må ein gå meir bak tala i statistikken for å sjå kvar problemet er størst. Det har vore arbeidd aktivt med å få ned brotfrekvensen i vassforsyninga, og tiltak som er gjennomførte eller som er tenkt gjennomførte tilseier at problema med drikkevasskvaliteten ikkje vil vere ei utfordring for folkehelsa framover.
Figuren viser samla drikkevassforsyning (2014) prosentvis tilfredsstillande resultat, hygienisk kvalitet og leveringsstabilitet. Kjelde: Vannverkregisteret. Opphavsrett: folkehelseinstituttet
31
Figuren viser prosent tilfredsstillande resultat av drikkevasskvalitet i heile landet, Møre og Romsdal og Haram. Kjelde: Vannverkregisteret. Opphavsrett: folkehelseinstituttet
RADON Radon er ein naturleg radioaktiv edelgass utan farge, lukt eller smak. Radon blir danna kontinuerleg i små mengder i dei fleste bergartar og jordsmonn. Det kan vere store regionale og lokale variasjonar i radonnivået, sjølv innan same bustadfelt. Radon i lufta innandørs er helsefarleg og kan forårsake lungekreft. Alle bygningar bør ha så lave radonnivå som mogleg og innanfor anbefalt grenseverdiar: Tiltaksgrense er på 100 Bq/m3, maksimum grenseverdi på 200 Bq/m3. Tiltak kan vere aktuelt ved målingar under tiltaksgrenseverdi. Anbefalingar er gitt av Statens strålevern.
32
Kartet gir einoversikt over radonnivåa i Haram. Kartet er henta frå: http://geo.ngu.no/kart/radon/
Alle skular og offentlege barnehagar i Haram er målt for radon i ein periode frå slutten av år 2013 og til starten av år 2014. Nokre stader er verdiar over anbefalt tiltaksgrense, som er høgare enn 100 Bq/m3, men ingen har verdiar i område for maksimum grenseverdi. Der det er gjort målingar over anbefalt nivå vil det bli gjort nye målingar. I Noreg ligg det gjennomsnittlege radonnivået på ca. 89 Bq/m3 (radonlab).
Kjeld/Illustrasjon: Statens strålevern/Mari Komperød
33
LEGIONELLA Legionellabakteriar finst i overflatevatn og i jordsmonn. Bakterien vert overført ved å puste inn luft frå varmt- eller kaldvatnsystem og kan føre til sjukdom om hygienen ikkje er god nok ved bl.a. badeanlegg og kjøletårn.(folkehelseinstituttet). Det finst i dag ingen tilfredsstillande legionellakontroll av skulane eller barnehagane i Haram kommune. Det blir heller ikkje kontrollert for legionella i symjehallen. Det er ikkje kjent at det finst noko kjøletårn i Haram kommune. INNEKLIMA SKULAR /BARNEHAGAR Alle skulane og barnehagane i Haram kommune har misst godkjenninga etter forskrift miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Dette skuldast blant anna dårlege og manglande inneklima, lys og støymålingar, samt mangel på interne kontrollsystem retta mot forskrifta. Det vart gjennomført ei undersøking av inneklima i skular og barnehagar i Haram i 2013. Under denne undersøkinga vart det målt CO2, temperatur, lys, etterklang og støy frå ventilasjonsanlegga. Resultata frå målingane som vart gjort, viser at det må setjast i verk tiltak for å få godkjenning. Arbeidet med å rette opp avvik ligg i kommunen sine planar for 2017. På nokre område vil tiltaka vere omfattande. Dette inneber at kommunen framleis kan ha bygg som ikkje er godkjent i utgangen av 2017.
FRILUFT OG TURVEGAR Eit rekreasjonsareal er eit naturområde større enn 5 dekar i ein tettstad, eller som grensar til ein tettstad, inkludert parkar og dei fleste idrettsanlegg. I 2013 hadde 52 prosent av innbyggjarane i Haram trygg tilgang til rekreasjonsareal. Dette er på lik line med andelen i fylket på 52 prosent medan landet elles har ein høgare prosentdel på 55 prosent. Naturterreng er naturområde større enn 200 dekar i tettstader, eller som grenser til tettstader, inkludert parkar og dei fleste idrettsanlegg. Det var 67 prosent av innbyggjarane i Haram som hadde trygg tilgang til naturterreng i 2013. Her ligg Haram over både fylket og landet elles som i 2013 hadde høvesvis 63 og 49 prosent trygg tilgang. For at tilgangen til naturterreng og rekreasjonsareal skal bli rekna som trygg, må innbyggjarane kunne ferdast langs sti, gang- og sykkelveg eller bilveg med liten trafikk og lav fartsgrense. Trygg tilgang til rekreasjon og naturterreng gjer det lettare å vere fysisk aktiv i friluft, noko som er viktig for innbyggjarane si fysiske og psykiske helse. Det er ingen turområde i Haram som fyller alle regelverk og krav i forhold til tilrettelegging for dei som er funksjonshemma, men nokre turområde som er meir tilpassa manuell og elektrisk rullestol enn andre.
34
Foto: Gunnar Standal
Gang og sykkelvegar er viktige indikatorar som synliggjer kommunen si tilrettelegging av fysisk aktivitet i nærmiljøet og i kommunen generelt. Gang og sykkelvegar gjer det mogleg å auke kvardagsaktiviteten ved å gå eller sykle til skule, jobb og fritidsaktivitetar på ein aktiv, trygg og miljøvenleg måte. Konsekvensar av for dårleg gang- og sykkelveg kan vere at barn vert køyrde til skule og aktivitetar, mindre moglegheit for fysisk aktivitet i kvardagen, meir forureining samt at det utgjer ein trafikktryggingsrisiko. I følgje tall frå SSB har Haram 20 km med stiar, gang- og sykkelvegar per 10 000 innbyggjar. Dette er høgare enn gjennomsnittet i samanliknbare kommunar på 17 km per 10 0000 innbyggjar (KOSTRA-gruppe 10) og høgare enn fylkesgjennomsnittet på 19 km per 10 000 innbyggjar. Mange kommunar i Møre og Romsdal har ein god del stiar, gang og sykkelvegar, men få innbyggjarar. Dette kan påverke at gjennomsnittet for Møre og Romsdal er høgt.
35
Foto: Eldar Fjørtoft
STØY Støy kan verke negativt på trivsel, prestasjonsevne, søvn, kommunikasjon og sosial åtferd. Støy kan føre til hørselsskadar. Kartlegging av miljøstatus i Norge har utvikla eit kart med soner med ulikt støynivå i dei største byane i landet. Haram ligg utanfor Ålesund sentrum, og støynivå frå sentrumsområdet ser ikkje ut til å ha innverknad på befolkninga i Haram. Det skal gjennomførast nye nasjonale kartleggingar i 2017 av dei same områda som var med i kartlegginga i 2012.
LUFTKVALITET Luftforureining kan utløyse og forverre sjukdommar, først og fremst i luftvegane og i hjarte- og karsystem. Særleg hos dei som har astma, KOLS eller hjartesjukdom vil det vere nokon som er følsame for luftforureining (Miljødirektoratet). Haram har ikkje målestasjon for luftkvalitet, og dei næraste målestasjonane for nitrogendioksid og svevestøv er i Ålesund kommune. Vegtrafikk er den største kjelda til lokal luftforureining. Både utslepp av eksos og slitasje på asfalt frå piggdekkbruk bidreg til utslepp av svevestøv. Vedfyring er også ei viktig kjelde med tanke på utslepp. Utslepp frå industri kan og vere kjelder til lokal luftforureining. Lokal luftforureining kan gi skadelege effektar på økosystem og vegetasjon. For å betre luftkvalitet, kan ei rekkje tiltak iversetjast nasjonalt og lokalt. Det kan vere trafikkreduserande tiltak, aktiv bruk av plan- og bygningslova knytt til lokalisering av verksemder og bustader, tiltak for å redusere utslepp frå vedomnar, redusere bruk av piggdekk, hastigheitsreduksjonar og vedlikehald av vegar.
KULTURINDEKS Skildring av kulturtilbodet og kulturaktiviteten i Norsk kulturindeks tek utgangspunkt i følgjande kategoriar: kunstnarar, kulturarbeidarar, museum, konsertar, kino, bibliotek, scenekunst, kulturskular, Den kulturelle skulesekken, sentrale tildelingar og frivilligheit. Kjelde: telemarksforskning.
36
Av alle dei 428 kommunar i Noreg er Haram på 314.plass i den store kulturindeksen. Det er kategoriane “frivilligheit”, “kino” og “bibliotek” som er dei beste kulturkorta for Haram si del. I desse tre kategoriane blir kommunen rangert høvesvis som nr 91, 150 og 186 blant dei 428 kommunane. I kategorien “kunstnarar” og “Kulturskule + Den kulturelle skulesekken” er kommunen på høvesvis 401 og 379. plass.
Tabellen viser kommunane i Møre og Romsdal sin rangering (av 428) i Norsk kulturindeks 2014.
37
SKADAR OG ULYKKER Ulykker som fører til personskade er ei stor utfordring for folkehelsa. Sjølv om dødelegheita av skadar og ulykker har gått ned sidan 1950-tallet, er skadar etter ulykker framleis eit helseproblem. Blant eldre er hoftebrot spesielt alvorleg fordi det kan medføre redusert funksjonsevne og behov for hjelp, og dermed gi redusert livskvalitet. I Haram blei i gjennomsnitt 10,7 personer per 1000 innbyggar lagt inn på sjukehus per år i perioden 2012-2014. Dette er lågare enn gjennomsnittet for Møre og Romsdal og i resten av landet med høvesvis 13,3 og 12,8. Av dette var det 1,6 lårbeinsbrot (inkludert hoftebrot) per 1000 innbyggjar per år i same periode, eit tal som ligg under fylket og resten av landet (med 2,0 og 2,1). Dei fleste ulykkene skjer heime. Førebygging av skadar er eit felt som ingen ”eig”, men som mange har eit ansvar for. Tverrfagleg arbeid er nødvendig for å redusere talet på skadar.
Figuren over viser tal på pasientar innlagt i somatisk sjukehus per 1000 innbyggjarar per år grunna skade. Dersom ein person vert lagt inn fleire gongar i løpet av kalenderåret med same sjukdom/liding, vert vedkomande berre talt éin gong. Statistikken viser 3 års glidande gjennomsnitt (dvs. gjennomsnitt for overlappande 3-årsperiode. Kilde: kommunehelsa.
38
Figuren over viser tal på pasientar innlagt (dag- og døgnopphald) i somatiske sjukehus per 1000 innbyggjarar per år med lårbeinsbrot (inkl. hoftebrot). Dersom ein person vert lagt inn fleire gongar i løpet av kalenderåret med same sjukdom/liding, vert vedkomande berre talt éin gong. Statistikken viser 3 års glidande gjennomsnitt (dvs. gjennomsnitt for overlappande 3årsperiode. Kjelde: kommunehelsa
DØDELEGHEIT ETTER ULYKKER På landsbasis skuldast nesten fem prosent av alle dødsfall ulykker. Dei fleste ulykker som fører til dødsfall, er fallulykker hos eldre over 75 år, dernest kjem trafikkulykker hos unge vaksne. Det er et betydeleg potensiale for å førebyggje ulykker. Når det gjeld dødelegheit etter ulykker, ligg tala for Haram dårlegare an enn Møre og Romsdal og landet elles. Pr 100 000 innbyggjar var det i gjennomsnitt 26,0 personer som døydde etter ulykker i perioden 2003-2012. I Møre og Romsdal var det tilsvarande talet 19,5, medan det i landet elles var 20,1.
Figuren viser tal på døde i aldersgruppa 0-74 år, per 100 000 innbyggarar per år, alders- og kjønnsstandardisert. Statistikken viser 10 års glidande gjennomsnitt (dvs. gjennomsnitt for overlappande 10-årsperiodar. Kjelde: kommunehelsa
39
HELSERELATERT ÅTFERD Med helserelatert åtferd meinast helse åtferd som har vist seg å verka inn på et helseutfall. Dette kan for eksempel vere fysisk aktivitet, ernæring og tobakksbruk og rusmiddelbruk. Helserelatert åtferd kan omfatte seksualåtferd og risikoåtferd som kan føre til skadar og ulykker. Kommunen gjennomførte ungdomsundersøkinga Ungdata våren 2014. Undersøkinga omfattar elevar ved ungdomsskular og vidaregåande skule i kommunen, og gjekk føre seg ved at ungdommane svarte på eit anonymt digitalt spørjeskjema. Tilsvarande undersøkingar har vore gjennomført ulike stadar i landet. Det var 87 prosent av ungdomsskuleelevane i Haram som svarte og 75 prosent av vidaregåandeelevane. Hensikta med undersøkinga var å få meir kunnskap om korleis det er å vere ungdom i Haram og kva vi kan gjere for å betre oppvekstmiljøet i Haram. Følgjande temaområde var med i undersøkinga:
Foreldre og venner Skule og framtid Fritid Helse og trivsel Tobakk og rus Risikoåtferd og vald
RØYKING Røyking er ein av dei viktigaste enkeltårsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røykjer dagleg i mange år, døyr av sjukdommar som skuldast tobakken. I tillegg blir mange ramma av sjukdommar som fører til vesentlege helseplager og redusert livskvalitet. Røyking i svangerskapet har vi god registrering av i Norge. For resten av befolkninga er datagrunnlaget dårleg, men ein kan få ein peikepinn ved gjennomføring av spørjeundersøkingar i skulen. Røykjevanar blir dokumenterte ved første svangerskapskontroll for alle gravide. Tala viser 10 års glidande gjennomsnitt av andelen som har oppgitt at dei røykjer ved svangerskapsstart.
40
Figuren over viser tal på fødande som røykte ved første svangerskapskontroll. Statistikken viser gjennomsnitt for overlappande 5-årsperioder. Kjelde: kommunehelsa
Tall frå Ungdata 2014 viser at to prosent av ungdomsskuleelevane røykjer. Tala på dei som røykjer på vidaregåande skule er noko høgare. Blant barn og unge er det stor nedgang i tal på røykjarar, og fleire som har byrja å snuse. Når ein ser på bruk av snus, er tala blant elevane i vidaregåande skule betydeleg større enn andelen på ungdomsskulen. 16 prosent av VG1 og VG2 elevar og 27 prosent av VG3 elevar rapporterer at dei brukar snus dagleg.
Figuren viser røyking hos elevar på 8., 9. og 10.trinn på ungdomsskulane og VGS i Haram, 2014. Røykjer ikkje: Har aldri røykt + har røykt før, men har slutta no. Kjelde: Ungdata
41
BRUK AV RUSMIDDEL Nasjonalt ser ein at det varierer mykje kor gamle ungdommane er nå dei tek til å drikke så mykje alkohol at dei kjenner seg påverka. I byrjinga av tenåra er det tre-fire prosent som har vore påverka nasjonalt, med det blant avgangselevar i vgs gjeld 80 prosent. Tala frå ungdata gjennomført i kommunen viser at 6 prosent av ungdomsskuleelevane hadde drukke seg påverka i løpet av dei siste seks månadane. Vi ser at andelen som har drukke seg rusa aukar for kvart klassetrinn. På 8.trinn var det berre ein prosent medan det på VG1 var 67 prosent som hadde drukke så mykje alkohol at dei hadde kjent seg påverka. Det er 5 prosent av ungdomsskuleelevane som opplyser at dei får lov til å drikke alkohol av foreldra sine. Av dei som drikk, opplyser dei fleste at dei får det av venner. Enkelte seier også at dei tek heime eller får av andre vaksne, og nokre få seier at dei får av foreldra. 35 prosent meiner at alkohol er “veldig helsefarleg”. Det er langt fleire som meiner at bruk av tobakk er helsefarleg (73 prosent). Hele 91 prosent meiner at bruk av narkotika er helsefarleg. Det er 58 prosent av vidaregåande-elevar som seier at dei får lov til å drikke alkohol av foreldra sine. Av dei som drikk, seier 51 prosent at dei får alkohol av venner eller at venner kjøper til dei. Ein del av elevane ved vgs er over 18 år og kan dermed kjøpe alkohol sjølv (38 prosent). 7 prosent av elevane har ofte følt seg pressa og 15 prosent har av og til følt seg pressa av andre unge til å drikke alkohol. 16 prosent av vgs elevane meiner at å drikke alkohol er svært helsefarleg, og ein høgare del (48 prosent) meiner at bruk av tobakk er svært helsefarleg. En svært liten del av ungdomsskuleelevane hadde brukt hasj eller marihuana siste året. Den delen av ungdomsskuleelevane som hadde brukt doping, som for eksempel anabole steroider, er på 7 prosent. Ser ein på tal frå vidaregåande, er det 9 prosent av elevane som det siste året har brukt hasj eller marihuana og heile 44 prosent har brukt doping dei siste 12 mnd. Ein stiller seg skeptisk til desse tala, då det mest truleg er mistolking av spørsmåla omkring dette temaet i undersøkinga. Skuleleiinga i Haram har etterspurt ei ny undersøking, og oversikta vil bli oppdatert når resultata kjem. I 2016 er det 12 salsstadar, eitt vinmonopol og 7 skjenkestadar i kommunen. Det har auka med ein utsalstad og to skjenkestadar i kommunen siste åra. Rapporteringar frå sals- og skjenkestadane i Haram viser at salstala har gått ned, eller halde seg stabile dei seinare åra. Når det gjeld tal frå polsalet, er det ein nedgang på 0,8 % frå 2014 til 2015. Tala kan variere frå år til år. I politiet sine beslag av narkotika ser ein nasjonalt at narkotikamarkedet har endra seg mykje dei siste åra. Internett har vorte ein viktig kanal for kjøp og sal av narkotika. I politiet sine beslag av narkotika er det hasj og amfetamin som dominerer.
42
Figuren over viser røyking hos elevar på ungdomsskular og vidaregåande skular i Haram 2014. Kjelde: Ungdata
Hvor mange ganger har du drukket så mye at du har følt deg tydelig beruset i løpet av de siste 6 månedene. 60 50 40 30
Andelen fordelt ut over klassetrinn
20 10 0 8.trinn
9.trinn 10.trinn
VG1
VG2
VG3
Figuren over viser andelen elevar som har følt seg rusa av alkohol fordelt utover klassetrinn. Kjelde: Ungdata
43
Figuren over viser bruk av rusmiddel siste året. Kjelde: Ungdata
Figuren over viser svara på kor farleg ein trur det er for helse å bruke følgjande (andel “veldig helseskadeleg”). Tal på elevar på 8., 9., og 10. trinn ved ungdomsskulen. Kjelde: Ungdata.
44
KOSTHALD Kosthald har avgjerande betydning for vekst og utvikling, og påverkar risikoen for kroniske sjukdomar. Vi har dessverre lite informasjon knytt til kosthaldet til innbyggjarane i Haram. Ungdata inneheld noko informasjon, men meir informasjon er ønska. I ungdata-undersøkinga fann ein at 70 prosent av gutane og 65 prosent av jentene åt frukost kvar dag i løpet av ei veke. Når det gjeld lunsj, var det ein lågare del av både gutar og jenter som hadde eit slikt måltid. Tal på elevar ved vidaregåande skule som et frukost er lågare med 50 prosent av gutane og 61 prosent av jentene.
Figuren over viser måltidsvanar for elevar ved ungdomsskular 2014. Kjelde: Ungdata
45
Figuren viser måltidsvanar for elevar ved vidaregåande skule 2014. Kjelde Ungdata.
FYSISK AKTIVITET Fysisk aktivitet er ei kjelde til overskot, helse og trivsel og er nødvendig for normal vekst og utvikling blant barn og unge. Ved å stimulere befolkninga til auka fysisk aktivitet, kan helseproblem førebyggjast og behandlast. Ein ser at ungdomsskuleelevar er oftare så fysisk aktive at dei blir andpusten og sveitt enn elevar på vgs. Ein større del av elevar ved ungdomsskular deltek i organisert idrett enn elevar ved vgs.
46
Figuren viser tal pĂĽ ungdommar ved ungdomsskulane som oppgir kor ofte dei er sĂĽ fysisk aktive at dei blir andpusten eller sveitt. Kjelde: Ungdata
Figuren viser tal pĂĽ elevar ved vgs som oppgir kor ofte dei er i fysisk aktivitet at dei blir andpusten eller sveitt. Kjelde Ungdata.
47
Figuren viser tal på elevar ved ungdomsskular og vgs som trener eller driv med andre aktivitetar (minst ein gong i mnd). Kjelde Ungdata
HELSETILSTAND
OVERVEKT Overvekt og fedme gir auka risiko for type 2 diabetes, hjarte- og karsjukdommar, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdommar som tjukktarmskreft. Overvekt og fedme kan også ha alvorlege psykiske helsekonsekvensar. Årsaker til overvekt er samansette. Kroppsmasseindeks (KMI) er eit uttrykk for vekt i høve til høgde, og blir nytta for å måle og samanlikne helserisikoen ved blant anna overvekt i ei befolkning. WHO har sett grenseverdi for klassifisering av overvekt for vaksne over 18 år med hjelp av KMI: Overvekt vil seie KMI mellom 25 – 29 og fedme vil seie KMI på 30 og over. Det blir målt høgde og vekt på alle ved sesjon. Det finst ikkje andre nasjonale undersøkingar på overvekt, så ein nyttar desse tala for å kunne seie noko om førekomsten av overvekt generelt i befolkninga. Andelen som var overvektige (inkl.fedme) ved sesjon i perioden 2011-2014 var 26,4 prosent i Haram. Landsgjennomsnittet var 21,4 prosent i same periode.
48
Figuren viser tal på overvekt (inkl.fedme) ved sesjon i perioden 2011-2014.
Tal på kvinner med overvekt (inkl.fedme) i prosent av alle fødande kvinner med opplysningar frå første svangerskapskontrol,l viser at Haram ligg under landsgjennomsnitt og fylket. Overvekt blant gravide ved første svangerskapskontroll kan vere ein indikator på overvekt i befolkninga.
49
Figuren viser tal på kvinner med overvekt inkl.fedme av fødande kvinner. Kjelde: Kommunehelse / Medisinsk fødselsregister ved Nasjonalt folkehelseinstitutt.
Det blir i Haram fødd fleire born med høg fødselsvekt enn landsgjennomsnittet. Høg fødselsvekt er 4500 gram eller høgare. Høg fødselsvekt er forbunde med auka risiko knytt til sjølve fødselen og kan vere ein risikofaktor for seinare overvekt og diabetes.
Figuren viser tal på barn fødde med høg fødselsvekt. Kjelde: Kommunehelse / Medisinsk fødselsregister ved Nasjonalt folkehelseinstitutt.
TANNHELSE I det siste har det skjedd ei betydeleg endring i tannhelsa. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tennene. Blant vaksne og eldre er det fleire som har sine eigne tenner i behald, og som klarer seg utan protese. Men fortsatt varierer tannhelsa med alder, økonomi, kvar i landet ein bur og om ein høyrer til ei utsett gruppe eller ikkje. Den offentlege tannhelsetenesta i fylkeskommunen har 37 tannklinikkar fordelt på 34 kommunar. Tannhelsetenesta består av ein offentleg sektor som yter tannhelsetenester til delar av befolkninga etter lov om tannhelsetenester og ein privat sektor som tilbyr tannhelsetenester til den andre befolkninga. Den offentlege tannhelsetenesta i Haram har klinikk på Vatne, Haramsøy og i Brattvåg. Sistnemnte er for tida stengt. Andelen 3 åringar i Haram som aldri har hatt hol er på 92 prosent. For 5- åringane er andelen 78 prosent, for 12-åringane er den 64 prosent og blant 18- åringane er det 12 prosent som aldri har hatt hol. Haram ligg nokså jamt med landet som heilheit. Tabellen viser personar utan karieserfaring i enkelte årskull 2015.
50
3 - åringar 5 - åringar Haram Møre og Romsdal Heile landet
92 % 95 % 95 %
78 % 84 % 82 %
12 – åringar
18 - åringar
64 % 57 % 59 %
12 % 18 % 21 %
Figuren over viser andelen som aldri har hatt hol eller misst tenner på grunn av karies. Kjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
HJARTE OG KARSJUKDOM Hjarte- og karsjukdom er den sjukdomsgruppa som valdar flest tidlege dødsfall. Samtidig inneber hjarte- og karsjukdommar ofte langvarige helseproblem og funksjonsnedsetting. Førekomst av til dømes hjarteinfarkt, angina pectoris (hjartekrampar) og hjerneslag er informasjon om befolkninga sine levevaner.
Medikament mot hjarte– og karsjukdommar (unnateke kolesterolsenkande middel), brukarar frå 0-74 år. Det blir brukt mindre medikament mot hjarte- og karsjukdommar i Haram enn i resten av landet. I 2013 -2015 var det 128,2 per 1000 i Haram og 140,3 per 100 i heile landet. Det var fleire menn (131,9 per 1000) enn kvinner (124,1) som brukte desse medikamenta. I Haram kommune har det sidan 2009 vore ei jamn auke av medikamentbruk mot hjarte- og karsjukdommar, noko ein også ser nasjonalt.
Figuren viser bruk av legemiddel mot hjarte- og karsjukdommar 0-74 år, samla kjønn. Statistikken viser 3 år glidande gjennomsnitt. Pr 1000, standardisert. Kjelde: Kommunehelsa
51
Kolesterolsenkande medikament, brukarar 0-74 år Det har vore ein gradvis reduksjon i bruk av kolesterolsenkande medikament frå 2010. I 2010-2012 var det 81,6 per 1000 innbyggjar (årleg gjennomsnitt) som brukte kolesterolsenkande medikament. Medan det i perioden 2013-2015 var 78 personar per 1000 innbyggjar. Det er ein større del av menn enn kvinner som bruker kolesterolsenkande medikament, med 89,4 per 1000 for menn og 65,9 per 1000 for kvinner. Dette er nokså likt med nasjonale tal, men høgare enn tal for Møre og Romsdal.
Figuren viser bruk av kolesterolsenkande legemiddel 0-74 år, kjønn samla. Statistikken viser 3 år glidande gjennomsnitt. Pr 1000, standardisert. Kjelde: Kommunehelsa
Sjukehusinnlegging I perioden 2013-2015 (årleg gjennomsnitt) var det i Haram 13,6 innleggingar på grunn av hjarte- og karsjukdom per 1000 innbyggjar. Dette er lågare tal enn både Møre og Romsdal og resten av landet.
Figuren viser tal på pasientar innlagt (dag- og døgnopphald) i somatiske sjukehus per 1000 innbyggjar per år som følgje av hjarte- og karsjukdommar. Kjelde: kommunehelsa
52
Dødelegheit, 0-74 år I perioden 2005-2014 døydde rundt 54,3 personar av hjarte- og karsjukdommar i årleg gjennomsnitt. Det inkluderer både ischemiske sjukdommar og hjerneslag. Dødelegheit som skuldast hjarte- og karsjukdom, er lågare i Haram enn samanlikna med resten av landet, men høgare enn resten av fylket.
Tal på døde i aldersgruppa per 100 000 innbyggjar per år, alders- og kjønnsstandardisert. Kjelde: kommunehelsa
KRONISK OBSTRUKTIV LUNGESJUKDOM (KOLS) OG ASTMA Om lag 200 000 nordmenn har truleg kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS), og meir enn halvparten utan å vite det. Førekomsten er aukande, særleg blant kvinner. Hovudårsaka er røyking, men arbeidsmiljø og arvelege eigenskapar spelar også ei rolle.
Medikament mot KOLS og astma, brukarar 45-74 år Bruk av legemiddel hos personar mellom 45-74 år er lågare enn både fylket og resten av landet. I perioden 2013-2015 var det 80,6 personar per 1000 innbyggjar som brukte medikament mot KOLS og astma.
53
Figuren over viser bruk av legemiddelr utlevert på resept til personar 45-74 år, kjønn samla. Kjelde: Kommunehelsa
Kjønnsforskjellar Det er atskilleg fleire kvinner enn menn i aldersgruppa 45-74 år som brukar medisinar mot KOLS og astma. I perioden 2013-2015 var det 100 kvinner og 62,4 menn per 1000 innbyggjar som brukte slike medisinar i Haram. Denne forskjellen mellom kvinner og menn ser vi over heile landet.
Figuren over gir oss ei oversikt over kjønnsfordelingane for pasientar med KOLS i Haram, fylket og nasjonalt (6 års perspektiv). Kjelde: Kommunehelsa
54
Sjukehusinnlegging I 2013-2015 hadde 1,6 per 1000 innbyggjar dag, eller døgnopphald i spesialisthelseteneste på grunn av KOLS. Det er lågare tall enn både Møre og Romsdal og nasjonalt. MUSKEL- OG SKJELETTLIDINGAR Muskel- og skjelettlidingar er saman med psykiske lidingar den hyppigaste årsaka til sjukefråveret i Norge. Det var 265,6 personar per 1000 innbyggjar med diagnose muskel- og skjelettplager eller sjukdommar (ikkje brot) frå Haram kommune som var i kontakt med fastlege eller legevakt i årleg gjennomsnitt i perioden 2012-2014. Andelen er litt høgare i Haram enn resten av landet men lågare enn Møre og Romsdal.
Figuren viser tal på personar, 0-74 år, i kontakt med fastlege eller legevakt per 1000 innbyggjar per år. Statistikken viser 3 års gjennomsnitt (dvs. gjennomsnitt for 3-årsperioder). Kjelde: Kommunehelsa.
Når det gjeld bruk av spesialisthelsetenesta med muskel- og skjelettlidingar, ser vi at det er eit høgare tal i Haram enn i resten av landet som vart lagt inn med muske- og skjelettdiagnosar i 2012-2014. Det var 20,4 per 1000 innbyggjar i Haram, medan det var 18,4 per 1000 innbyggjar i resten av landet. Resten av Møre og Romsdal låg litt høgare enn Haram med 21,9 per 1000 innbyggjar.
55
Figuren viser tal på pasientar innlagt (dag- og døgnopphald) i somatiske sjukehus per 1000 innbyggjar per år. Kjelde: Kommunehelsa
PSYKISK HELSE Psykiske plager er blant dei største folkehelseutfordringane i Norge. Nær halvparten av alle nordmenn blir ramma av ei psykisk liding i løpet av livet. Angst, depresjon og rusrelatert sjukdom er dei tre vanlegaste gruppene. Psykiske plager er også svært vanleg blant barn og unge. Psykisk sjukdom er ei vesentleg årsak for om lag ein fjerdedel av personar i yrkesaktiv alder som står utanfor arbeidslivet. Psykiske lidingar medfører fleire tapte arbeidsår enn alle andre sjukdommar, fordi uførepensjon på grunn av psykiske lidingar blir innvilga ved yngre alder enn for somatiske sjukdommar. I følgje WHO vil den samla belastninga med uførheit og for tidleg død på grunn av depresjon auke og i 2020 vil psykiske plager vere den viktigaste årsaka til sjukdomsbelastning i vestlige land. Kunnskapsgrunnlaget knytt til verksame førebyggingstiltak for å unngå utvikling av psykisk sjukdom er usikkert. Vi kjenner viktige risiko- og beskyttelsesfaktorar for dei fleste folkesjukdommane som angst, depresjon og misbruk/ avhengigheit, men veit mindre om effekt, kostnadseffektivitet og brukartilfredsheit ved førebyggande tiltak. Tilflyttarar frå andre kulturar har til dømes ein auka risiko for å få psykiske helseplager.
Medikament mot psykiske lidingar, 0-74 år Bruken av antidepressiva i Haram kommune har blitt redusert frå 51,1 per 1000 innbyggjar i 2010-2012 til 49,1 i 2013-2015. Bruk av sovemiddel og angstdempande medisin ligg langt under både langsgjennomsnitt og fylkesgjennomsnitt. I Haram brukte 65,9 per 1000 sovemiddel og angstdempande medisin samanlikna med 92,6 per 1000 nasjonalt og 86,3 i Møre og Romsdal. Bruk av ADHD- medisin er langt lågare i Haram kommune enn i resten av fylket og landet. Det er 4,2 per 1000 innbyggjar som nyttar slike medikament i Haram i 20132015, medan det høvesvis var 8,0 og 7,7 per 1000 innbyggjar i fylket og landet.
56
Det er ein langt høgare tal på kvinner enn menn som nyttar medikament mot psykiske lidingar; 130,7 av 1000 kvinner og 73,0 av 1000 menn. Unntaket er ADHDmedisin som blir hyppigare bruk av menn enn kvinner (høvesvis. 5,7 og 2,6 per 1000 innbyggjar).
Figuren viser bruk av legemiddel mot psykiske lidingar utlevert på resept til personar 0-74 år. Kjelde: Kommunehelsa.
Bruk av primærhelsetenesta Det var 141,0 personar per 1000 innbyggjar frå Haram med diagnose psykiske symptom eller lidingar som var i kontakt med fastlege eller legevakt i årleg gjennomsnitt i perioden 2012-2014. Angst og depresjon er dei dominerande lidingane.
Psykisk helse hos ungdom Det er ni prosent av elevane på ungdomsskulane i Haram som i 2014 var plaga med depressivt stemningsleie, og 15 prosent av elevane ved vidaregåande skule same året. På landsbasis er tala høvesvis 12 prosent blant ungdomsskuleelevar og 17 prosent av elevar ved vidaregåande. For å kome inn under definisjonen “depressivt stemningsleie” må ein ha markert for ein stor del av variablane “bekymra seg for mykje om ting”, “følt at alt er eit slit”, “hatt søvnproblem”, “vore sint og aggressiv”, “følt meg stiv eller engsteleg”, “følt meg ulukkeleg, trist eller deprimert”, “følt håplausheit med tanke på framtida” og “følt seg einsam”.
57
Figuren viser helse og trivsel blant 8., 9. og 10. ved ungdomskulane (2014). Kjelde: Ungdata.
58
Figuren viser helse og trivsel blant elevar ved vidaregĂĽande skule (2014). Kjelde: Ungdata
Figuren over viser depressivt stemningsleie og einsemd blant ungdom i ungdomsskule 2014. Kjelde: ungdata.
59
Figuren over viser depressivt stemningsleie og einsemd blant elever ved vgs i Haram 2014. Kjelde: Ungdata
KREFT Kreft er ikkje ein enkeltsjukdom, men ein fellesnemnar for ei rekkje med sjukdomar som kan ha ulike risikofaktorar og ulik sjukdomsutvikling. Kosthald, fysisk aktivitet, røyke- og alkoholvanar er faktorar som har betydning for kreftførekomsten. Det er estimert at eitt av tre krefttilfelle heng saman med levevaner. Det har vore ei auke av tal på nye krefttilfelle i Haram frå 1999 til 2013. Auka ser ein også nasjonalt og i fylket. I perioden 1999-2008 var det 562 per 100 000 personar i kommunen som fekk diagnosen kreft (årleg gjennomsnitt av nye tilfelle). I perioden 2004-2013 var det 571 per 100 000 som fekk diagnosen kreft. Det er under gjennomsnittet for både fylket og landet som heilheit. Kreft i fordøyelsessystemet er mest hyppig i Haram, med fleire menn enn kvinner med denne kreftforma.
60
Figuren over viser nye tilfelle av kreft per 100 000 innbyggjar per år. Statistikken viser 10 års gjennomsnitt (dvs. gjennomsnitt for 10-årsperioder). Kjelde: Kommunehelsa
Det har vore ei gradvis reduksjon i dødelegheit på grunn av kreft frå 2002 til 2014. Haram ligg under fylkes- og landsgjennomsnittet når det gjeld dødelegheit av kreft. I perioden 2005-2014 døydde rundt 80 personar på grunn av kreft i årleg gjennomsnitt per 100 000 innbyggjar.
Figuren over viser tal på døde i aldersgruppa 0-74 år per 100 000 innbyggjar per år, alders- og kjønnsstandardisert. Kjelde: Kommunehelsa
DIABETES TYPE 2 Overvekt og lite fysisk aktivitet er viktige risikofaktorar for diabetes type 2. Risikoen for å utvikle sjukdommen er delvis genetisk og aukar etter 50 års- alderen. Det er godt dokumentert at endring av kosthold og mosjon reduserer førekomsten av sjukdommen.
61
Høgt blodsukker over tid skadar blodårer og indre organ. Diabetes type 2 aukar risikoen for hjerteinfarkt, hjerneslag og amputasjon. Diabetes aukar også risikoen for nyresvikt, nedsett syn og nevropati. Førekomsten av diabetes type 2 er i Haram kommune er under både fylkes- og landsgjennomsnittet, men er aukande. Det er grunn til å tru at førekomsten vil auke om ein ikkje klarer å snu utviklinga i høve til overvekt og lite fysisk aktivitet.
Figuren over viser brukarar av legemiddel for diabetes type 2 utlevert på resept til personar 30-74 år. Kjelde: kommunehelsa
62
4. VEGEN VIDARE Befolkninga i Haram og i Norge som heilhet har god helse. Vi lever betre og lengre enn nokon sinne. Mange av oss vil i løpet av eit langt liv oppleve ei eller anna form for helsesvikt eller leve store delar av livet med kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetting. Folkehelsearbeid handlar difor både om å redusere risiko for sjukdom om å fremje livskvalitet og trivsel, til dømes gjennom deltaking i sosialt fellesskap som gir oppleving av å høyre til og mestring. Det er ei utfordring at det er betydeleg sosial ulikskap i helse, og at levealder auka mest i gruppa med høg utdanning og inntekt. Vi har framleis eit potensiale for å få betre helse gjennom å utjamne sosial ulikskap i helse og redusere tidleg død. Kommunen er gjennom folkehelselova § 5 pålagt å ha denne oversikta over helsetilstanden og påverknads faktorar. Gjennom dette arbeidet skal vi identifisere folkehelseutfordringane våre og vi har plikt i å setje i verk nødvendige tiltak for å møte desse utfordringane (§ 7). Prioriteringar og tiltak må vere tydelege og synlege i alle sektorane i kommunen for å skape gode oppvekst- og levekår, samt for å utvikle eit samfunn som legg til rette for sunne levevaner og fremjer fellesskap, tryggheit og deltaking. Etter plan- og bygningslova (§ 3-1) skal kommunen i si planlegging fremje befolkninga si helse og motverke sosiale helseforskjellar. Denne folkehelseoversikta vil bli oppdatert og vidareutvikla i åra som kjem, og skal medverke når plan- og styringsdokument i kommunen blir utvikla. Omsyn til folkehelse må inngå som eit viktig element i all samfunnsplanlegging. Dette er eit grunnlag for å kunne møte helseutfordringar i tida framover.
63