Annlaug Auestad
Det Norske Samlaget Oslo
Her st책r Neppe og tenkjer. Noko har hendt!
Nisse er blitt borte! Neppe m책 leite etter Nisse. Men kor? Kanskje under senga?
Nei – det er ikkje Nisse, men Nøtte som sit under senga! – Hei, Neppe, seier Nøtte. – Hei, Nøtte, eg leitar etter Nisse, seier Neppe.
– Men så godt at du fann meg, så kan eg bli med å leite, seier Nøtte. – Ja, det er fint, seier Neppe.
Neppe og Nøtte leitar. – Kanskje Nisse har gøymt seg under dyna? spør Nøtte. Neppe og Nøtte løftar dyna høgt opp. – Nei, det er Nusse som ligg der og søv! ropar Neppe.
– Hei, Nusse, seier Nøtte og Neppe. – Me leitar etter Nisse som er blitt borte. – Skal eg hjelpe dykk? spør Nusse. – Ja, det er fint, seier Nøtte og Neppe. – Men kor skal me leite? spør Nusse. – Kanskje inne i skapet? seier Neppe.
Neppe og Nusse og Nøtte opnar døra til skapet. Nei – der er ingen Nisse, men Nasse sit i stolen sin og les. – Hei, Nasse, seier Neppe og Nusse og Nøtte. – Me leitar etter Nisse, som er blitt borte.
– Leitar de etter Nisse? spør Nasse. – Eg såg han i stad. Han ville sitje i stolen min og lese i boka mi! – Men kor er Nisse nå? spør Neppe. – Eg trur han gjekk ut, seier Nasse.
– Skal eg hjelpe dykk å leite? spør Nasse. – Ja, det er fint, seier Neppe og Nusse og Nøtte. Nasse og Neppe og Nusse og Nøtte går ut for å leite etter Nisse.
– Men kor skal me leite? spør Neppe. – Kanskje oppe i treet? seier Nøtte. Nøtte og Nusse og Nasse og Neppe kikar opp mellom greinene. – Nynne sit og syng i treet! ropar Neppe.
– Me leitar etter Nisse, seier Nasse og Neppe og Nusse og Nøtte. – Han er ikkje her, men eg høyrte nokon som knekte kvistar under treet, seier Nynne. – Kanskje me skal sjå under treet? spør Nøtte. Nynne og Nasse og Neppe og Nusse og Nøtte leitar nede på bakken. – Nei, han er ikkje her, seier Neppe.
Knekk – rasle – risle, høyrest det frå ein liten busk bakom treet. – Nisse, der er du! seier Neppe. – Me har leita etter deg i heile dag, seier Nøtte og Nasse og Nynne og Neppe og Nusse. – Det var godt at de fann meg, seier Nisse, – for eg var såååååå åleine der inne i busken!
c 2006 Det Norske Samlaget www.samlaget.no
Grafisk formgiving: Annlaug Auestad Sats: Sabon 13/19 Papir: 130 g Arctic volume <trykkeri> Printed in Norway ISBN 82-521-6797-7 ISBN 978-82-521-6797-9