Gode nynorskbøker for minoritetsspråklege ungdomar og vaksne

Page 1

Gode nynorskbøker for minoritetssprüklege ungdomar og vaksne

Nynorsksenteret Nasjonalt senter for nynorsk i opplĂŚringa


I dette bokheftet presenterer vi bøker og nettressursar som kan vere aktuelle til bruk i vaksenopplæring. Vi ønskjer å løfte fram eit utval bøker med variert innhald og nivå. Biletbøker med illustrasjonar som støttar teksten, legg til rette for språklæring. Unge vaksne og eldre innvandrarar som les barnebiletbøker ønskjer gjerne at teksten handlar om kvardagslege ting som dei kan kjenne seg att i. Vi presenterer­ difor nokre bøker i denne sjangeren, samt litteratur frå andre­ sjangrar med universelle tema som vennskap, konflikt, kjærleik,­tap, sorg og glede. Biblioteka kan vere til hjelp med å leite fram bøker og setje saman kasser med aktuell litteratur. Elles kan bøkene oftast kjøpast direkte frå forlaga, samt i fleire nettbokhandlarar.­ Ivar Aasen-tunet sin nettbutikk www.handlenett.no har mange av bøkene på lista. Fleire bøker og omtalar finn du på www.nynorskbok.no.


Lengre bøker med og utan illustrasjonar Korte meisterverk av Gaute M. Sortland, Samlaget 2017 Korte meisterverk består av 30 korttekstar og noveller som skildrar augeblikksbilete og tankar, forteljingar om kvardagssituasjonar, livet og døden. Innslaga har varierande lengde, og Sortland byr på mykje humor og ironi. Jølster Hotell: Historier frå eit asylmottak av Katrine Sele, Samlaget 2017 I 2010 blei Jølster hotell asylmottak og husa på eit tidspunkt nesten hundre asylsøkjarar, flest frå Eritrea, Etiopia og Sudan,­men òg nokre frå Syria. Katrine Sele, som bur i Jølster, oppsøkjer asylmottaket. Ho blir kjend med huset, folka og historiene der. Det har blitt ei sterk og viktig bok om eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid, flyktningkrisa og menneska som er råka. Jølster Hotell er inga vanleg dokumentarisk skildring­av flyktningsituasjonen i dag, men det er ei nær og varm forteljing om korleis det er å vente, vente på vedtak, vente på at klager skal bli behandla, vente på å bli busett, vente på at livet skal byrje. Det er ei forteljing om forvirring og fortviling, sakn og lengt, krig og kjærleik. Lothepus. Går det til helvete, så går det til helvete av Finn Tokvam, Samlaget 2017 Lothepus sine forteljingar frå barndomen, om utdanning, arbeidsliv og andre eventyr er førte i pennen av Finn Tokvam. Boka vitnar om mange røvarhistorier og påfunn, men òg hendingar­som snur livet på hovudet og som er avgjerande for framtidige val. Boka har varierande tekstmengd per oppslag og mykje bilete.


Jag är Supermann av Lars Mæhle, Samlaget 2017 Boka Jag ër Supermann av Lars Mæhle består av 5 ulike tekster,­og er ei blanding av roman og forteljingar. Ungdommane­i forteljingane har ulike prosjekt, men dei ynskjer alle å bli sett og finne feste i verda. Det er særskilt forteljinga «489 mil til Aleppo» vi ynskjer å framheve her. Her møter lesaren ei rørande skildring av syriske Aya som kjem til Sunndalsøra med familien etter å ha flykta gjennom heile Europa, og hennar møte med den vesle vestlandsbygda. Språket er enkelt, med innslag av dialog. Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź av Marit Kaldhol, Samlaget 2014 To søstrer, Jenny og Solrun, veks opp saman med mamma og bestefar Olvar. Dei leikar på stranda og i skogen, byggjer hytte i det store tuntreet. Mamma les eventyret om Raudhette og ulven. Storesøster Solrun skulle alltid passe på Jenny. Ingen skulle gå seg vill. Mamma skulle vere der. Det skulle vere sol. Det som hender skulle ikkje hende. Jenny må vere sterk, ta ansvar, vise omsorg. Men kven skal ha omsorg for Jenny? Boka har korte kapittel og ganske enkel tekst og er på 100-lista til Leser søker bok. Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? av Bjørn Sortland, Aschehoug 2007 Dette er ein sterk, vakker og gripande ungdomsroman. Boka handlar om 18-årige Markus som møter den fem år eldre Ingrid.­Markus blir bergteken av henne frå første stund. Han gjer alt som står i hans makt for å bli kjærasten hennar. Det fantastiske er at han lykkast. Det grufulle er at ho skal døy. Boka er delt inn i fire delar. Kvar del har korte kapittel, av og til berre eit avsnitt. Skrifta er til gjengjeld ikkje så stor. Det er nokre framandord og nokre samansette ord.


Nær nok av Erna Osland, Samlaget 2004 Dette er ei samling noveller for ungdom. Alle novellene i boka dreiar seg om korleis unge menneske er bundne til foreldre og vener, samtidig som dei er aleine med seg sjølve og prøver å leve eit sjølvstendig liv emosjonelt. I undervisingssamanheng kan det vere nyttig å velje ut ei novelle ein vil jobbe meir med. Flukt av Atle Hansen, Samlaget 2013 Hovudpersonen i boka og bestevenen Karl er på bølgjelengd om det meste, sjølv om dei er litt ulike. Karl sin far smittar nemleg sonen med framandfrykt og negative haldningar, ein konflikt hovudpersonen kjenner på kroppen når to asylbarn i lokalmiljøet med eitt rømmer til fots frå mottaket like før dei skal returnerast. Kvar kan dei vere? Kva bør gjerast i slike saker? Flukt er ei kort og spennande forteljing om nært venskap, etikk og spionering, og ho tek opp brennheite samfunnsspørsmål. Slikt trengst i lettleslitteraturen! Her er det stort potensial for diskusjon. Boka har korte linjer og direkte språk, eit fint driv og er lett å lese. Boka er produsert med støtte frå Leser søker bok og er ein del av topp 100-lista. Triks av Bjørn Sortland, Lettlest forlag 2006 Triks er ein ungdommeleg roman med lett språk, litt stor skrift og luft mellom avsnitta. Forteljinga handlar om ein 16-årig gut sin taktikk for å få seg dame. Han får god hjelp av klasse­ veninna Ruth til å kapra den vakre utvekslingsstudenten Janice.­Men gode råd i kjærleik kan føre til dei mest uventa ting. Boka er produsert med støtte frå Leser søker bok og kan anbefalast­for ungdommar og alle som ein gong har vore 16.


Tunnelkjøraren av Erna Osland, Samlaget 1993 Vi møter ein ny anleggsarbeidar, 19 år og yngstemann i arbeidsgjengen. Han køyrer dumpar i ein tunnel. Vil han greie arbeidet han har teke på seg? Han skal være med og rydde opp etter eit ras som er gått i tunnelen. Det er ingen ufarleg jobb. Han må køyre 4000 meter innover i mørkret, konsentrere­seg, ikkje tenkje for mykje på kjærasten – som er redd for han. Dette er ei forteljing om hardtarbeidande folk, om tunnelar og om kjenslene til guten. Boka er illustrert med svart-kvittfoto. Ollis av Ingunn Thon, Samlaget 2017 Mykje har endra seg heime hjå Ollis. Ho har fått ein veslebror, og mamma sin kjærast har flytta inn. Ollis likar ikkje han noko særleg. Ollis har ikkje treft far sin, Borgefar, sidan ho var lita jente. Mor hennar har fortalt henne at han ikkje er meir, men kva tyder eigentleg det. Er han død, eller er han i live? Ollis er ei fengjande forteljing om vennskap, familie og mot. Dette er ei barnebok, men ein finn mykje humor, kvar­ dagslege utfordringar og alvor om kvarandre formidla gjennom­eit fortryllande og detaljrikt språk som også gjer historia­underhaldande for ungdommar og vaksne. Apetryne av Atle Hansen, Samlaget 2017 Arne får av og til vere med dei andre, men ofte blir han ikkje­ invitert. Skildringa av Arne viser kor vanskeleg det er å få vere med den eine dagen og neste dag bli ledd av og vere heilt utanfor. Hansen skriv godt om eit sårt tema, med enkle setningar­og eit enkelt ordforråd, og viser at lettlesne bøker kan ha eit godt innhald.


Klassikarar Desse bøkene er omsette til mange språk og er også å finne i nyare nynorsk utgåve. Ein måte å jobbe med bøkene på er at kursdeltakarane samanliknar delar av teksten med utgåva­på morsmålet sitt, dersom boka også er utgjeven på det språket. Huck Finn og eventyra hans av Mark Twain, omsett av Johannes Farestveit, revidert av Øystein Vidnes, Samlaget 2012 Huck Finn og eventyra hans er forteljinga om Huck Finn som i lag med slaven Jim rømmer på ein flåte nedover­ Mississippi-elva. Dei er på veg til nordstatane der Jim kan få oppfylt sin store draum om å bli eit fritt menneske.­Men i staden hamnar dei midt i sentrum for slaveriet. Boka er ein verdsklassikar for både barn og vaksne. Mark Twain kom sjølv frå ei slaveeigar­ slekt, og boka er eit levande vitnesbyrd om tida då slaveri og rasediskriminering prega USA. Heidi av Johanna Spyri, omsett av Tonje Strøm, Samlaget 2011 Dette er den klassiske forteljinga om foreldrelause Heidi som bur hjå ei tante til ho er fem år. Deretter flyttar ho til bestefar sin. Der passar ho geitene i lag med vennen Peter, og ho stortrivst i dei vakre omgjevnadene. Men etter ei tid kjem tanta og hentar henne. Heidi skal no bu hjå familien Seseman­ i Frankfurt og vere selskap for Klara, som er lam. Men Heidi kan ikkje trivast i ei leilegheit i byen, og ho lengtar etter bestefar og fjellet. Charlie og sjokoladefabrikken av Roald Dahl, omsett av Ragnar Hovland, Gyldendal 2007 Fem barn får oppleve den mystiske sjokoladefabrikken til Willy­Wonka, som lagar verdas beste sjokolade. Kva skjer i møte med alle dei mystiske maskinene i fabrikken? Og kva skjer når barna, eitt etter eitt, ikkje lyder Willy Wonka? Charlie og sjokoladefabrikken er ein kjend klassikar frå Roald Dahl med endelaus fantasi og artig språk.


Mio, min Mio av Astrid Lindgren, omsett av Tove Bakke, Damm 2007 Mio, min Mio er ein roman om den foreldrelause guten Bosse, som ikkje føler seg heime der han bur i Stockholm. Han kjenner­seg utanfor og blir mobba. Ein dag medan han sit på ein benk, finn han ei flaske. Han opnar­henne, og ut kjem ei ånd. Ånda kjem frå ei anna verd, og Bosse får følgje med ånda til dette Landet i det fjerne. Her treffer han den eigentlege far sin, som er kongen i landet, og han får vite at namnet hans er Mio, ikkje Bosse. Men det viser seg at også her er det farar som trugar det fredelege kongeriket, og Mio må ta opp kampen mot den vonde riddar Kato. Vaffelhjarte av Maria Parr, Samlaget 2005 (ny utgåve 2011) I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira, og innimellom leven­og latter får lesaren eit innblikk i alvoret og sorga i eit ni år gammalt liv, og redsla for å miste dei ein er glad i. Vaffelhjarte finst i bokform, som lydbok, TV-serie og teater og er til no utgjeven i over 40 land. Tonje Glimmerdal av Maria Parr, Samlaget 2012 Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Boka fortel om vennskap og byr på latter, drama og tårer. Tonje Glimmerdal finst i bokform og som lydbok.


Små tekstar og dikt Det nye landet Skald 2016 Arbeidsinnvandrarar og flyktningar kjem til Noreg med sin eigen, rike kulturarv: eventyr, songar og dikt, men også dramatiske­livshistorier. Gjennom prosjektet «Mangfald i Nynorskens skog» har elevar frå Førde norsksenter møtst på Førde bibliotek og utveksla kulturopplevingar med deltakarar frå Førdefestivalen, Førde bibliotek og Førde Røde Kors. Skriving på det nye språket var ein del av dette prosjektet, og forfattar Erna Osland leia denne prosessen. Resultatet er boka Det nye landet, som inneheld ei rekke korte forteljingar med eit innhald som speglar korleis det er å vere ny i dette landet. Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Samlaget 2016 Eg er eg er eg er er Ruth Lillegraven si første diktbok for barn. Boka fortel om store og små gleder, det som er godt, og det som er vondt, kvardagen og større hendingar. Kvaliteten på dikta er god, og kan appellere like mykje til den vaksne lesaren. Dikta er ikkje lange og har, trass i det rike innhaldet, eit relativt enkelt språk. Skogen den grøne av Ruth Lillegraven, Samlaget 2018 I Skogen den grøne følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen – og inn i poesien. Boka har vakre illustrasjonar av Mari Kanstad Johnsen. Bjørkebokstavar av Hilde Myklebust, Samlaget 2015 I Bjørkebokstavar skildrar Hilde Myklebust undring, glede og einsemd frå eit barns perspektiv. Boka fortel gjennom dikt, song og bilete om naturen, kor fint det er å ha si eiga bjørk, og om eit svært høgt ønske om å få sin eigen hund. Tekstane er korte, og språket enkelt.


Gullfalken. Ni nye eventyr av Erna Osland, Samlaget 2016 Gullfalken. Ni nye eventyr er ei samling tidlause forteljingar frå heile verda. Hendingar, tid og stad vitnar om spanande fantasi­verder, men vi finn òg mange referansar til vårt eige samfunn. Nettopp på grunn av dette tenkjer vi at denne boka òg kan passe til den vaksne lesaren. Kanskje kan ein kjenne igjen forteljingar frå eigen bakgrunn og historie.

Biletbøker Bomulv av Njord Svendsen og Akin Duzakin, Samlaget 2016 Bomulv er ei fin forteljing om vennskap og mot. Boka handlar om den kvite ulven Bomulv som ikkje er som dei andre ulvane i flokken. Bomulv lengtar bort, og ein morgon bestemmer han seg for å forlate dei andre og legge ut på ei reise mot det ukjente. Han møter etter kvart sauen Stig, og dei to blir gode venner og dannar ein uvanleg allianse. Bomulv er ei flott bok med mange underliggande tema, og kan fint brukast som utgangspunkt for vidare analyse av til dømes fargesymbolikk og forholdet mellom bilete og tekst. To hundre og sekstini dagar av Roald Kaldestad og Bjørn R. Lie, Magikon forlag 2014 To hundre og sekstini dagar handlar om vennskapet mellom ein gut og ei jente, og tankane til guten når ho flyttar. Teksten­ er gjennomarbeidd og tidvis poetisk. Illustrasjonane har ein avdempa fargebruk, og er svært stemningsskapande. Sakn er eit gjennomgåande tema som blir forsterka gjennom vektlegginga­av regn, bruken av fargar og perspektiv. Her er det mykje symbolikk i både bilete og tekstleg innhald.


Mari og Magnus-serien av Ruth Lillegraven og Inger Landsem, Samlaget 2012–2014 • Mari og Magnus flyttar inn • Mari og Magnus hos bestemor • Mari og Magnus og smokketjuven • Mari og Magnus får katt Dette er enkle historier om søskenparet Mari og Magnus. Illustrasjonane­og teksten utfyller kvarandre. Særleg for kursdeltakarar med eigne barn er bøkene nyttige for å kunne lære om kvardagshendingar for barn i Noreg. Henrik And av Anna R. Folkestad, Samlaget 2011 I denne forteljinga om Henrik And som helst vil vere noko anna, har Folkestad teikna nokre fantastiske krysningar mellom­han og dei andre dyra. Teksten er enkel og forma som ei regle, og den same formelen gjentek seg frå side til side. Illustrasjonane er enkle og fargesterke i collageteknikk. Det er lett å kjenne seg igjen i tankeleiken om korleis det ville ha vore å vere ein annan, men det er nok humoren i boka som gjer henne mest aktuell for den vaksne lesaren. Jakob og Neikob-bøkene av Kari Stai, Samlaget 2008–2018 • Jakob og Neikob • Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake • Jakob og Neikob og det tomme rommet • Jakob og Neikob. Naboen • Jakob og Neikob og Alle Andre Forteljingane om Jakob og Neikob inviterer små og store lesarar­til å reflektere kring dei kanskje mest sentrale omgrepa­våre: ja og nei. Kari Stai har stram struktur både i språket og illustrasjonane sine, men humor er likevel eit viktig­og gjennomgåande verkemiddel i historiene. Forteljingane­er retta mot barn, men byr likevel på tema som vaksne lesarar kan drøfte vidare.


Kakerlakken med den stygge frakken av Martine Grande, Samlaget 2013 Dette er ei bok med eit klart tema om einsemd, vennskap og tunge tankar. Boka er laga i samarbeid men Rådet for psykisk helse. Ho handlar om kakerlakkjenta som om sommaren, når sola står høgt på himmelen, er så glad at gleda brusar i magen, men som om hausten kjenner på dei tunge vinter­ tankane. Boka fungerer som ei sjølvstendig historie utan at ein treng å kjenne seg heilt igjen i kakerlakken. Historia har under­ strekande illustrasjonar, og boka fungerer godt både for barn og vaksne. Forteljinga finst også som animasjonsfilm på DVD og NRK Super. Leselyst – på ditt og mitt språk Familieforlaget 2009 Dette er ein serie tospråklege bøker med Asbjørnsen og Moe sine eventyr på norsk og på morsmålet til elevane. Eventyr gjev ein positiv fleirkulturell identitet fordi det er mange likskaps­trekk og felles verdiar i eventyr frå ulike land. Leselyst – på ditt og mitt språk, med tospråklege eventyrbøker, lydbøker og ressurspermar, er dei mest selde tospråklege produkta i Noreg. Kvar bok inneheld fleire norske folke­ eventyr, på morsmålet og norsk. Eventyra på desse språka har nynorsk omsetjing: albansk, arabisk, polsk, russisk, somali,­tamil, tyrkisk, urdu og vietnamesisk. 
 Snøkvit av Jacob Grimm og Wilhelm Grimm, illustrert av Benjamin Lacombe, Fortellerforlaget 2013 Snøkvit er eit kjent eventyr i mange kulturar. Illustrasjonane­ i denne utgåva er dystre og fantasifulle og vel så godt eigna for vaksne som for barn. Her er mykje symbolikk og sterke visuelle­verkemiddel. Eventyr er til alle tider brukte for å forklare vondskapen og kva han gjer med oss. Ei viktig påminning­for vaksne og ei viktig forteljing for barn.


Biletbøker for vaksne Raudt, blått og litt gult av Bjørn Sortland og Lars Elling, Samlaget 1993 I 1993 kom gjennombrotet til Bjørn Sortland med Raudt, blått og litt gult, ei biletbok om kunstformidling, saman med biletkunstnaren Lars Elling. Boka fekk fleire prisar i inn- og utland. Vi får vere med Oda på ei vandring i kunsthistoria, ja faktisk heilt inn i måleria. Ho snakkar med kunstnarane og får vite kva som er bakgrunnen til dei ulike kunstverka. Boka er ei lettfatteleg innføring i mange av dei mest kjende kunstverka i historia, og er fin både for barn og vaksne. Alt det som er av Bjørn Sortland og Paul Dikker, Aschehoug 2010 Ein ung ubåtkaptein er på tokt. Det er han som har ansvaret og kontrollen i den vesle, lukka verda under vatn. Men no skal han bli far for første gong, og då er han slett ikkje sikker på om han greier å ha kontrollen. Til mannskapet sitt kan han ikkje seie kva han tenkjer på, men han kan fortelje det til sonen som er på veg. Bjørn Sortlands poetiske og stemningsfulle tekst og den neder­landske kunstnaren Paul Dikkers storslåtte måleri gjer Alt det som er til ei unik biletbok for ungdommar og vaksne. Boka er støtta av Leser søker bok. Brevet frå havet av Erna Osland og Akin Düzakin, Mangschou 2010 Dette er ei bok først og fremst for vaksne om det underet det er å begynne å forstå eit nytt språk. Boka fortel om einsemda ein kan kjenne på, men om at ein nøkkel til forståing kan vere gjennom mellom anna kjærleik. Teksten er poetisk og drøymande og skildrar godt den framande­kjensla uvande ord kan gje. Utvikla med støtte frå Leser søker bok.


Det fleirspråklege Noreg Skald 2013 Boka, som er eit dokumentarprosjekt, viser eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gjev boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at fleirspråklegheit i dag heller er regel enn unnatak. Nokre av artiklane er på bokmål, og andre er på nynorsk. Anna og Solmann av Erna Osland og Oddleiv Apneset (foto), Skald 2013 Solmann og Anna Einebærholm bur i Gulen i Sogn og Fjordane.­Dei er begge 80 år og har kjent kvarandre sidan dei var skulebarn. For seks år sidan fekk Anna eit slag som gav dei nye utfordringar. Men kvar vanske har Solmann løyst på sin eigen måte. I ord og bilete har Osland og Apneseth dokumentert Anna og Solmanns strev for å få vere saman, gleda dei har av kvarandre,­og styrken dei får frå kvarandre, trass i den vanske­lege livssituasjonen. Boka fortel om det vedunderlege dei får til i lag, og kva som er viktig for dei og oss alle. Språket i boka er tilrettelagt for personar med lesevanskar og spesielt tiltenkt dei som har hatt slag og har nedsett lese- og talefunksjon. Der ingen skulle tru at nokon kunne bu av Oddgeir Bruaset, Cappelen Damm 2014 Oddgeir Bruaset har gjeve ut mange praktbøker knytte til TVsuksessen Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Bøkene har mykje tekst, men også mange bilete frå ulike stadar i Noreg. Det er gode bøker som utgangspunkt for samtale om kvardag i Noreg før og no.


Ordlause biletbøker I 2012 starta IBBY Italia eit prosjekt med tittelen «Silent Books: From the world of Lampedusa and back». Med utgangspunkt­i ei samling ordlause biletbøker var tanken at bileta si forteljar- og formidlingsevne ville nå lesaren på tvers av kulturelle og språklege barrierar. I ein slik samanheng seier ein gjerne at illustrasjonar og bilete er eit språk alle har tilgang til. Hausten 2015 starta ein ei vidareføring av prosjektet i Sverige,­ der formålet er å utvikle metodar for arbeid med ordlause biletbøker i samarbeid med bibliotek og asylmottak­for barn, unge og vaksne. At bøkene er ordlause, kan opplevast­ som meir imøtekomande og motiverande for lesaren, og ein ønskjer såleis at litteraturen skal bidra til auka kommunikasjon­og språkutvikling. Erfaringar frå dei som har arbeidd med denne sjangeren, fortel­om bøker som har opna for leik, improvisasjon, samtalar­om mangfald, ulikheiter og nye perspektiv. Ein ser òg at bruken av ordlause bøker gjev grunnlag for nye ord, meiningar og assosiasjonar, og inspirerer til tolkingar og samtalar om kunst og illustrasjon. Historiene vert fortalde utan ord, men det er tekstlege innslag på nokre av bokomslaga. Teksten på nokre av bøkene er på bokmål, men vi ynskjer likevel å lyfte fram bøkene som aktuelle til bruk i nynorskundervisning. • Du av Lene Ask • Nora av Jenny Løvlie • Pokalen av Kristoffer Kjølberg • Snømannen av Raymond Briggs • Dei samlar seg, dyra av Jim Woodring


Teikneseriebøker Det som karakteriserer desse bøkene, er at den kortfatta teksten­og teikningane spelar på lag og utfyller kvarandre. Ein kan bruke delar av bøkene eller lese dei frå perm til perm. Goliat av Tom Gauld, omsett av Margunn Vikingstad, Minuskel 2013 Her får vi lese historia om David og Goliat fortald frå perspektivet­til kjempa. I denne teikneserien er Goliat ingen stor krigar. Han føretrekker­å arbeide med papyrus, og han hatar å slåst. Men han ser flott ut i rustning. Saman med skjoldberaren på ni år blir han beordra ut. Teikneserien har lite tekst, bileta er enkle og samstundes rike på nyansar og uttrykk. Goliat er nominert til Eisner-prisen for beste teikneserieroman utgjeven i 2012. Rekrutten av Robert Muchamore, John Aggs, Ian Edginton, Samlaget 2012 Den tidlegare privatetterforskaren Robert Muchamore står bak serien om barneagentane i CHERUB. Tolv år gamle James kom på barneheim då mor hans døydde. Der blei han rekruttert­til den hemmelege spionorganisasjonen CHERUB. I Rekrutten følgjer me han gjennom den harde grunntreninga og det første, farlege oppdraget. Boka finst som roman og grafisk roman. Teikningane er actionfylte og appellerer til ung­dommar og unge vaksne. Jojo av Ida Eva Neverdahl, Samlaget 2018 I Jojo møter vi robot-einhyrningar, ånder i brusboksar, ninja­ mødrer, søte dyr, fiskeprinsesser og anna som Jojo støyter på i den magiske kvardagen sin. Streken til Neverdahl er leiken og levande, og forteljingane er slik at du aldri veit heilt kvar dei kjem til å enda opp. Relativt lite tekst på kvart oppslag.


Bobler frå djupet Nynorsksenteret 2018 Bobler frå djupet er ein antologi med seks norske teikneseriar. Antologien inneheld desse seriane: «Cordelia» av Johanne Eikå Bergill «Bjartmann» av Øystein Runde «Kongen i havet» av Katarina Aasgaard Strømsvåg «Jojo» av Ida Neverdahl «Dunce» av Jens K. Styve «Freden» av Jey Levang Teikneserieantologien er tilgjengeleg digitalt på Nynorsksenteret­sin nettstad.

Fakta- og fagbøker Oppdagingar og oppfinningar av Emeline Lebouteiller, Vincent Jullien, Axel Renaux, til norsk ved Margunn Vikingstad, Samlaget 2008 Dette er ei historie- og faktabok med mange illustrasjonar.­ Hovudmålgruppa er 8–16 år, men innhaldet er relevant også for vaksne. Boka er rik på lettfatteleg informasjon om dei viktigaste­oppdagingane og oppfinningane i menneske­ livet. Ein kan lære om alt frå oppdaginga av bakteriar til oppfinningar­som bedøving under operasjon, korleis genane våra blei oppdaga, og kven som først skjønte at jorda ikkje var den einaste planeten i verdsrommet. Rosas buss av Fabrizio Silei og Maurizio A.C. Quarello, frå italiensk ved Guri Vesaas, Samlaget 2011 Ei bok om rasisme, om mot til å kjempe for rettane sine, og om redsel og svik. Dette er historia om den modige Rosa Parks som ein desember­dag i 1955 nekta å reise seg frå busssetet for å gje plass til ein lyshuda amerikanar, endå raselovene kravde det. Rosas buss er mykje brukt i skulen for elevar på 6.–9. trinn. Vi løftar boka fram som ei god bok til bruk i vaksenopplæringa fordi historia er tidlaus, språket er enkelt og med god flyt, og viktige ord er utheva. Illustrasjonane appellerer til vaksne så vel som til ungdommar.


Brevet frå krigen av Ingunn Røyset, Samlaget 2017 Brevet frå krigen gjev lesaren ei spanande og sterk skildring om korleis det var å vere barn og vitne til krigen, slik han utspela seg her i landet, på nært hald. Gjennom dagleglivet til Jorun får vi lære om viktige hendingar i Noreg under krigen. Ho blei vekt av SS-soldatar på jakt etter Max Manus, såg skipet­som frakta norske jødar til tyske konsentrasjons­ leirar, og hadde skulevegen sin like ved Victoria Terrasse, der Gestapo heldt til. Boka er basert på samtalar, brev og dagbøker, og er rikt illustrert med unikt biletmateriale. Slik funkar det! Heime og rundt omkring av Mats Wänblad, omsett av Øystein Rosse, med illustrasjonar av Björn Bergenholtz, Anders Nyberg, Kjell Thorsson og Filippa Widlund, Samlaget 2016 Slik funkar det! Heime og rundt omkring er ei vidareføring av dei populære faktabøkene «Slik virker det» av Joe Kaufman frå 1970-talet. Boka er delt inn i kapittel som tek for seg eitt og eitt system, til dømes vatn, straum, varme, mat, osv. Kvart oppslag har fargerike og detaljerte illustrasjonar og korte faktatekstar som er lette å lese. Boka er godt eigna til bruk i barneskulen, men også ungdommar og vaksne kan lære mykje av å lese i denne faktaboka. For mange kan ho vere eit fint innblikk i korleis samfunnet fungerer, og boka er eit fint utgangspunkt for samtalar kring kvardagslivet i Noreg. Ørjans keeperskole av Ørjan Håskjold Nyland, Samlaget 2016 Fotballen er nærmast eit universelt språk som knyter verda saman og fremjar viktige kvalitetar som lagånd, tillit og pågangsmot. Ørjans keeperskole er ei personleg skildring av Ørjans­veg til å bli profesjonell målmann, med gode råd og tips underveg. Boka er interessant for alle fotballinteresserte og høver like bra for barn som for vaksne.


He-he! Ei bok om den livsviktige latteren av Erna Osland og Per Ragnar Møkleby, Samlaget 2016 He-he! Ei bok om den livsviktige latteren handlar om kor skummel­latteren kan vere, men mest av alt kor godt og viktig­ det er å kunne le. Erna Osland har saman med illustratør­Per Ragnar Møkleby laga ei fin fagbok som presenterer spørsmål og svar om det universale temaet latter, med illustrasjonar på kvart oppslag. Illustrasjonane har eit humoristisk uttrykk og kan minne om avisteikningar, og er med på å gjere innhaldet meir aktuelt også for den vaksne lesaren. Vaken? Ei godnattbok om dyr som ikkje søv om natta av Erna Osland og Anna Fiske, Samlaget 2017 Vaken? er ei fagbok om nattaktive dyr. I kvart kapittel møter vi ei forteljing om søskenparet Bustebror og Bæret, etterfylgt av ein faktatekst. Bustebror og Bæret dreg på oppdagingsferd på nattetid og får auge på mange ulike dyr. Gjennom turane deira i hagen, skogen og fjøra får lesaren kunnskap om det Bustebror og Bæret ser. Kvart oppslag har fleire store illustrasjonar med rikt innhald. At boka kombinerer fag- og skjønnlitterære tekstar, gjer innhaldet meir tilgjengeleg for lesarar på ulike nivå. Andre faktabøker av Erna Osland Venner med venger Samlaget 2012. Illustrert av Inger Lise Belsvik Under ein stein Samlaget 2014. Illustrert av Inger Lise Belsvik Sov søtt, herr Spiss Mangschou 2010. Illustrert av Inger Lise Belsvik Når det regnar i Afrika Samlaget 2015. Illustrert av Per Ragnar Møkleby Dette er nokre av dei mange faktabøkene Erna Osland har skrive for barn, men som også kan lesast av vaksne. Språket er godt, og det er ein fin variasjon mellom korte og lengre tekstar. Ein kan til dømes velje eit utdrag av boka og bruke det som ei kortforteljing i undervisingssamanheng.


Mine små leksikon Samlaget 2003–2007 I denne serien finn vi tjue små leksikon om alt mogleg. Ein kan kjøpe bøkene ei og ei, og dei er rimelege. Dei små fagbøkene høver godt som utgangspunkt for temaarbeid. Tekstane­er korte og informative, og bøkene er rikt illustrerte. Desse titlane er mest aktuelle i vaksenopplæringa: Skogen, Ved sjøen, På fjellet, Babyen, Dyra på savannen, Fotball. På liv og død av Lars Westman og Erna Osland, GAN Aschehoug 2008 Ei bok om sensasjonar – sanne sensasjonar i naturen og historia.­På liv og død inneheld spennande, korte tekstar som i utgangspunktet er retta mot barn i 9-års alderen og oppover,­men som godt kan lesast av vaksne. Ein kan byrje bak eller framme eller på midten, lese alt eller berre litt. Her er 29 spennande tekstar om alt mellom himmel og jord! Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten? av Susie Hodge, Samlaget 2017 Boka introduserer barn og unge for kunsthistorie med eit format godt tilpassa målgruppa. Boka har korte tekstsekvensar der innhaldet er eksemplifisert gjennom bilete, faktainnslag, utheva skrift, varierande fontar og eit dynamisk uttrykk. Humorboka av Terje Torkildsen, Gyldendal 2017 Kva er eigentleg humor? Kva gjer at noko er morosamt? I denne faktaboka tek forfattar og komikar Terje Torkildsen­ føre seg slike spørsmål. Han ser på humorsjangrar og verkemiddel som ironi, overdriving og metaforar.


Lettlesne barne- og ungdomsbøker Leseland Samlaget 2014–2018 Leseland er ein serie sjølvstendige, illustrerte bøker, i papirform og som app, for dei ferske lesarane. Bøkene er nivådelte, og i appen kan ein velje «les for meg»-funksjonen om ein ønskjer­det. Det er mogleg å ta kontakt direkte med Samlaget for å kjøpe spesialtilpassa pakkar til undervisingsgruppa, til ein god pris. Bøkene om Teo av Solveig Blindheim Bendixsen, Mangschou 2011–2015 • Teo i trøbbel • Teo tar sjansen • Tenk at det var Teo • Teo tøffar seg I desse bøkene får vi eit innblikk i kvardagen på skulen og på SFO, og utfordringar Teo møter der. I tillegg er bøkene fine som ein del av språklæringa, sidan det er nokre ord og uttrykk dei vaksne brukar som Teo ikkje forstår. Sjølv om bøkene er skrivne for barn i småskulealder, er dei nyttige for foreldre og andre som vil lære om den norske skulekvardagen. Bestem deg, Tony T, bestem deg! av Erna Osland og Sigbjørn Lilleeng, Samlaget 2017 Erna Osland har skrive ein god og lettlesen roman som tematiserer­etiske problemstillingar. Sigbjørn Lilleeng har laga flotte illustrasjonar. Romanen vekslar mellom rein tekst, teikna bilde og teikneserie, alt i blå nyansar. Det er god samanheng­mellom tekst og bilde, og dei utfyller kvarandre. Denne boka kan fint brukast til høgtlesing. Grøss og gru Samlaget 2018 Grøss og gru-serien består av til no fire ulike bøker frå fire ulike forfattarar. Dette er lettlesne bøker for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.


Smadra av Brynjulf Jung Tjønn, Flamme forlag 2018 Oda har ei hemmelegheit. Sanninga er at Oda har ei historie ho ikkje klarar å fortelje til nokon. Ikkje til far. Ikkje til læraren. Ikkje til bestevenen, Milad, sjølv om han har opplevd mykje verre ting før han kom til bygda der Oda bur. Smadra er ei ungdomsbok som gjer vondt, om å ville ha det godt.

Nettstadar Nynorsksenteret.no Nynorsksenteret.no er Nynorsksenteret si heimeside. Her finn ein ulike nettressursar, materiell og fagtekstar, og dessutan­lenker til ulike nettverk. Nynorsksenteret.no har òg ein eigen ressursbase for fleirspråklege. Nynorskbok.no Nynorskbok.no er eit tilbod frå Nynorsksenteret. Her finn ein tips til nye, gode nynorskbøker som er merkte med sjanger og kva alderssteg bøkene høver for. Klart & kort Den lettlesne avisa Klart & kort høver godt for ungdommar og vaksne, og har litt større skrift og enklare språk enn andre aviser. Det er gratis å laste ned og skrive ut avisa. Nettstaden er ikkje lenger aktiv, men tidlegare artiklar er tilgjengelege. Framtida.no Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis som har som mål å styrkje nynorsken og bidra til å auke og få fram engasje­mentet til unge. I tillegg til artiklar frå eigen redaksjon­presenterer Framtida.no utvalde nyhende frå Nynorsk pressekontor, fleire lokalaviser, Dag og Tid og fleire andre nettstadar. Framtidajunior.no Nynorsk nettavis retta mot barn. Artiklane er kortare og med eit enklare språk, men ein del av artiklane tek opp tema og hendingar som også er aktuelle for unge og vaksne å lese om.


Dag og Tid Dag og Tid legg vekt på stoff om kultur og politikk og gjev plass for innlegg og artiklar som dekkjer eit breitt spekter av samfunnsoppfatningar. Avisa er den einaste riksdekkjande nynorskavisa i landet. Magasinett Nettstaden Magasinett.no byr på teikneseriar, artiklar, intervju­med forfattarar og liknande. Magasinett tilbyr òg lettlesne artiklar med enklare språk og færre lange ord, men med same nivå på innhald. Desse artiklane er markerte med eit uglesymbol. Allkunne – levande leksikon Nettstaden Allkunne.no er eit digitalt, redigert oppslagsverk som publiserer kvalitetsinnhald på nynorsk om mange ulike emne. Tekstane har ulikt språkleg nivå og innhald. Bokhylla.no Ei rekkje bøker er tilgjengelege digitalt på Nasjonal­ biblioteket sin nettstad Bokhylla.no. Her kan ein søkje etter nynorske bøker.


I dette bokheftet presenterer vi bøker og nettressursar som kan vere aktuelle til bruk i vaksenopplæring. Vi ønskjer å løfte fram eit utval bøker med variert innhald og nivå. Du finn fleire boktips på www.nynorskbok.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.