Hilde
Myklebust: Splintra
2022 | 288 sider | Samlaget
Vennegjengen til Mia skal begynne på vidaregåande, men først skal dei ha ein fin sommar saman. Dei møtest i fjæra, syng, drikk øl og nyt livet. Mia og Are har kjent kvarandre lenge, men nå er noko annleis. Er dei berre venner, eller er det noko meir? Men så blir Are alvorleg sjuk.
For Mia blir det utfordrande å gå på skolen og å delta i fritidsaktivitetar samtidig som Are er på sjukehuset. Når ho får ei hovudrolle i musikalen dei skal setje opp, og kjekke Adil får den andre, blir kjenslene hennar vanskelege å handtere. Er det greitt å kjenne på dei gode kjenslene samtidig som ho er knust fordi bestevennen er så sjuk? Inne i Mia er det kaos, og ho veit ikkje kva ho skal gjere. Vennene støttar kvarandre som best dei kan, og Are ønsker dei skal gå ut og ha det kjekt.
Bjørn Hatterud: Blokka på Bjerke
2023 | 198 sider | Samlaget
Hatterud fortel si historie om høgblokka på Bjerke og korleis det var å bu der. Han er ein glimrande og engasjert forteljar som skriv med sarkasme og sjølvironi. Han fortel om funksjonshindringane sine og korleis det er å ha «ein kreativt samansett kropp».
Livet i blokka står sentralt i forteljinga. Han flytta dit då han var tidleg i 30-åra og hadde fått uføretrygd. Det var eit nederlag for han, men han fekk høve til å kjøpe seg ei leilegheit: «Jamaldrande fekk ferdig utdanning, arbeid og karriere, fast følgje og familie. Eg fekk trygd». Det blei også ei tid med svært dårleg råd og mange tunge stunder. Kritikken mot haldningane samfunnet har til folk på trygd, er tydeleg.
I blokka blir Bjørn kjent med naboane Bjarne og Ester, som var dei første som flytta inn då blokka var ny. Desse to blir gode vener av Bjørn, sjølv om dei er mykje eldre enn han. Han reflekterer over bustadprisar og politikk, og korleis blokka har endra seg.
Eg-personen kjenner på det ansvaret han har til å drive ein gard vidare når foreldra er borte. Gjensynet med husa og garden blir eit møte med kjende saker, samstundes er det eit møte med hans eigen barndom. Minna strøymer imot han gjennom luktene han kjenner igjen. I huset er det ikkje lenger så reint og ryddig, og mykje å ta fatt i. Han minnest også det var hardt arbeid. Dei beste minna er frå laurdagskveldar framfor fjernsynet der han og foreldra kunne le av det same.
Han blir etter kvart kjent med korleis faren jobba, gjennom alle notata han gjorde om sauestell og gardsarbeid. Arbeidet er det same frå dag til dag, sjølv om det varierer litt med årstida. Han lagar seg lister over alt han har å gjere, men sjeldan får gjort. Dette er ein sterk roman om pliktkjensla og einsemda, og inga romantisk framstilling av kor herleg livet er på landet. Håheim bruker eit fortetta, visuelt og spennande språk i korte, presise setningar.
Gaute M. Sortland: Sanne historier
2023 | 114 sider | Samlaget
Sanne historier som tittel på ei novellesamling høyrest motstridande ut. Dei ni novellene kunne i og for seg vore sanne i tydinga realistiske, men nokre av forteljingane er rett og slett for gode til å vere sanne. Så er dei på ein måte sanne likevel, fordi dei tar opp noko allmennmenneskeleg.
Kjærleik og død er to gjennomgåande tematikkar. Draumen om kjærleik, kjærleikssorg og forhold som er oppløyste eller held på å gå i oppløysing, finn vi i fleire noveller. Døden er til stades i fleire variantar. Her er fleire faktiske dødsfall, men også nesten død, fare for død og redsel for død. Vi les om ho som ikkje orkar å utføre hjartekompresjon på turisten som ligg i krattet, og om han som let som om han får hjarteinfarkt for å få kontakt og få litt omsorg. Likevel er ikkje dette tragiske noveller, Sortland skriv med ein ironisk distanse og ein underfundig humor.
Frode Grytten: Gut, jente, juni, juli
2021 | 188 sider | Oktober
Dei tolv novellene har alle vatn, bading eller svømming som eit motiv. Tittelen peikar mot sommaropplevingar og forelskingar. Det handlar om den forlokkande og vanskelege kjærleiken og det lokkande og uføreseielege vatnet.
Mange av novellene har ungdommar som hovudpersonar, og vi ser korleis ulike forteljeposisjonar kan verke. Her er også metaperspektiv for forteljing og skriving, og mange musikkreferansar.
Den første novella, «Evig sommar», skildrar ein varm og solrik dag med gode kjensler der livet er herleg spennande. Gutar kjem med båten, treffer jenter og flørtar, tar eit bad før båten går igjen. Dette er ein slik dag mange drøymer om, livet er på toppen og tida står stille.
Tanken på å få sjå havet er viktig for Alvaro, sjølv om dei andre seier det er berre vatn. Men han veit at havet held fram rundt heile verda, og legg i veg aleine. Andre noveller er meir alvorsame der spørsmål om sjølvmord og død blir tatt opp.
Aina Basso: Ungen
2019 | 265 sider | Samlaget
Anna og Pauline har arbeidd saman på Hjula veveri. Dei har lange arbeidsdagar, farleg arbeid og usikre arbeidstilhøve. Dei drøymer om eit godt ekteskap og friske born, men verkelegheita er annleis. I staden tar dei imot barn for å tene pengar. Ungane får eit minimum av stell og mat, mange er sjuke av tæring og mange av dei døyr. Ei utfordring er korleis dei skal kvitte seg med lika og halde verksemda skjult. Basso har lånt namna frå kvinnene som var tiltalte i ei stor barnedrapssak som kom for retten i 1901, men dette er fiksjon.
Skildringa er slik at vi får ei forståing for grunnane til at Anna og Pauline driv som pleiemødrer. Dei har sjølv hatt eit vanskeleg liv. Det er heller ikkje tilfeldig at romanen har same namn som skodespelet til Oskar Braaten frå 1911, fabrikkmiljøet rundt jentene er det same. aNdre bøker av same forfattar:
Finne ly (2014)
Inn i elden (2012)
Fange 59. Taterpige (2010)
Ingen må vite (2008)
Ragna Svae får auge på jobbutlysinga frå Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho synest utlysinga talar direkte til ho, og bestemmer seg for å søkje. Kjærasten Lars synest ikkje ideen er like god. Det er noko som dreg Ragna til Hjerkinn. Vi skjønar snart at det er minna om ein tidlegare kjærast, Gaute.
Ragna får oppdraget med å utarbeide ein NOU-rapport i samband med at det gamle skytefeltet til forsvaret skal innlemmast i nasjonalparken. Eitt av spørsmåla er korleis ein skal ta vare på villreinstammen i området. Ragna føreslår drastiske tiltak, og det kjem fram sterke motsetnadar mellom verneinteresser og næringsliv.
Ragna får trusselmeldingar og oppdagar eit overvakingskamera på kontoret. Saka blir meld til politiet, men Ragna kjenner seg ikkje trygg lenger. Var dødsfallet til Gaute ei ulykke? Kven kan ho stole på?
Dette er ein svært aktuell og spennande roman.
Rakel Solstad: I for internatunge
2019 | 173 sider | Samlaget
Internatliv på ein skole i Finnmark blir skildra gjennom fire ulike personar, Elis, Arno, Frans og Máret, frå ulike tidspunkt mellom 1948 og 1962. Romanen fortel om utfordringar ungane hadde med å vere vekke heimanfrå heile veka, og om mobbing og overgrep som kunne halde fram over tid utan at vaksne greip inn.
Internatet står på ei slette der vinden får godt tak. Mykje av historia går føre seg ei stormfull novembernatt i 1962, då alle elevane må ligge på madrassar i matsalen og ingen kan reise heim i helga. «Der sat også dei som kvar natt hadde prøvd å halde seg vakne fordi dei ikkje visste korleis natta på internatet ville bli, dei visste at dei no slapp å liggje og vere redde for det som kunne hende i mørkeret på sovesalen.»
Dei daterte kapitla er korte, og Solstad hoppar i kronologien. Ho skriv med eit meiningstett og intenst språk som får fram korleis stemninga kunne vere på eit internat. Ho set søkjelys på ulike lagnader, og har skrive ei viktig og engasjerande bok som grip lesaren.
Oliver Levang: Freden
2022 | 96 sider | Überpress
Freden og andre historier er ei samling med seks teikneserienoveller frå perioden 2016 til 2019. Skrekk og grøss er eit gjennomgåande tema når Levang lagar teikneseriar, og slik er det også her.
Tittelhistoria handlar om korleis ein konflikt kan vekse utan at nokon av dei involverte eigenleg ynskjer det. To grupper har lenge vore i konflikt med kvarandre, og når hendingar som i utgangspunktet var uskuldige mistak, skal hemnast, ballar det på seg og vert til slutt open krig.
Andre av historiene hentar til dømes inspirasjon frå eventyr og og illustrasjonane til Theodor Kittelsen, men Levang gjev det heile ein mørk vri.
Brynjulf Jung Tjønn: Kvit, norsk mann
2022 | 93 sider | Cappelen Damm
Når ein er adoptert frå Korea og har vakse opp på ein gard i Sogn, slepp ein aldri unna spørsmålet: «Kor kjem du eigentleg frå?» Då han var liten, ønskte han at han var ein kvit, norsk mann, og at han kunne kjenne seg heime.
Han skriv om dei rasistiske drapa på Benjamin Hermansen, Arve Beheim Karlsen og Johanne Ihle-Hansen og kjenner slektskapen med dei. Han skriv også om kvardagsrasismen, at han blir tatt for å vere avisbod eller møter spørsmål om han trivst i Noreg.
At adoptivbarn er ei form for annanrangs barn eller gjenbruksbarn, at dei er ei slags vare ein kan bestille frå utlandet, og at dei ikkje kjem med returrett eller brukstilvising, tematiserer han også. Han passa ikkje inn som odelsgut på ein gard. Desse dikta er tankevekkande, dei treffer oss og dei engasjerer. Dei er lett tilgjengelege for ungdomslesaren og høver godt i klasserommet.
Inger Johanne Sæterbakk: Hjartespreng
2023 | 189 sider | Aschehoug
Inga liker Nils. Men det er det fleire jenter som gjer. Inga og Nils har alltid kjent kvarandre, dei er naboar og tar den same bussen til skolen. For Inga er midttimen måndag den verste timen i heile veka. Då blir det snakka om det spennande i helga, men Inga har ingenting å fortelje. Inga er usikker: «Eg skammar meg over alt eg ikkje har talent for. Å kysse, drikke, vere på fest. Vere 16 år». Men noko endrar seg då Nils spør om ho ikkje vil bli med på den kommande russefesten. Ho får han til å love at dei skal henge saman då.
Kalle er den gode naboen til Inga. Han er 70 år, men dei to har mykje å prate om. Sæterbakk skildrar godt den manglande sjølvtilliten Inga kjenner på, at ho ikkje er like kul som dei andre jentene. Sæterbakk får også fram korleis venskap på tvers av generasjonar kan vere veldig givande og meiningsfullt for begge partar.
Erlend Skjetne: Eit anna blikk
2021 | 230 sider | Flamme forlag
Anwar og Walid er to unge gutar som har blitt plasserte på same rom på eit asylmottak. Det er vinter i Finnmark. Dei to er svært ulike, men likevel utviklar det seg eit vennskap mellom dei. Anwar blir kalla professoren, han filosoferer mykje og liker å lese og kan hjelpe dei andre med norsken. Walid liker fotball, og han forsvarer Anwar når dei andre ser ned på han fordi han er hazara.
Dagane blir svært lange. Dei har nokre få timar på skolen og elles ingenting å gjere. Dei ventar heile tida, på at noko skal hende og på avslaget frå UDI. Innimellom eksploderer det, det blir krangel, slåstkamp eller øydeleggingar. På mottaket og skolen er det dårleg standard og vedlikehald. Dei vaksne sviktar på ulikt vis, med unntak av læraren. Ute er det mørkt og kaldt.
Romanen er godt skriven og viser fram mange tragikomiske situasjonar som oftast har grunnlag i språklege mistydingar.
Her finn du tips til bøker som passar for elevar i vidaregåande. Nokre bøker er lette å lese, andre passar for bokslukaren.
Du finn fleire boktips på www.nynorskbok.no