Lnk-avisa nr 6 2013

Page 1

Alt er språk – språk er alt

avisa

Det handlar om avismangfald og lokaldemokrati, men også om den språklege rettferda for dei som bruker nynorsk. Les Rune Hetland på kommentarplass s. 2

NR 6 • 2 013 • Å RGA NG 12 • P OS T@L NK .NO • W W W.L NK .NO I endring

Klar til kamp

Redd for nynorskavisene

Industrisamfunnet Årdal er i endring. No treng dei fleire bein å stå på, meiner varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal. s. 18-20

Mette Nord er klar til å ta over leiarjobben i Fagforbundet. Ho har også språklege meiningar. s. 3

Redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten fryktar at eit kutt i pressestøtta kan gje færre nynorskaviser. s. 8-9

Publikumsrekord

Foto: Falturiltu

Den nynorske barnebokfestivalen på Stord, Falturiltu, opplevde publikumsrekord i år. No satsar dei nasjonalt.

• Sjå s. 22

Skifter stol

Foto: Akademikerne

Knut Olav Åmås går frå redaktørstolen til Kulturdepartementet. Han gler seg.

• Sjå s. 12-13

Teater Vi kan ikkje ha godt samvit utan dårleg samvit. Det er først når det feilar oss noko at vi veit kva det vil seie å vere frisk. Les Terje Lyngstad s. 21

Språkåret Mor og barn lét både julenynorsk og språkåret 2013 segle, så lenge merkelappane på julegåvene er stava rett. Les Yvonne Algrøy s. 7

BRUK KORTET

(Foto: John Petter Reinertsen)

Strid om skilting Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner det ikkje er naudsynt for Haugesund lufthavn å bruke tid og ressursar på å få fleire skilt og meir profilering på nynorsk. – Det er kommunane sjølv som bestemmer kva målform som skal brukast i den enkelte kommune. Eg har ikkje

sett nokre utspel frå kommunar som har eit ynskje om å endre namnet til Haugesund lufthavn, ei heller eit slikt ynskje frå Avinor. Språkrådet på si side er klare på at flyplassen må bruke meir nynorsk, både for å følgje opp mållova og ikkje minst Avinor sine eigne vedtekter. S.14-15


2

LNK-AVISA

Alt er språk – språk er alt

avisa Informasjonsavis for Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Leiar

Kanskje ei god investering? Somme endringar er så viktige at dei bør gjennomførast, sjølv om det kan tære på både tid og ressursar. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen meiner det ikkje er naudsynt for Haugesund lufthavn å skifte namn til Haugesund lufthamn, han meiner heller ikkje det er naudsynt å bruke tid og ressursar på ny profilering, sidan flyplassen nett fekk nye skilt som var i tråd med Avinor sin nye grafiske profil. Språkrådet, derimot, meiner noko heilt anna. Dei slår fast at flyplassen må endre målform, både for å følgje mållova og ikkje minst for å vere i tråd med Avinor sine eigne vedtekter. Desse vedtektene slår nemleg fast at Avinor skal følgje prinsippa i mållova i kunderetta informasjon, og at dei skal rette seg etter målforma til fleirtalet av kommunane i nedslagsfeltet til flyplassen. Språkrådet er ikkje i tvil om at det er flest nynorskkommunar i området rundt Haugesund lufthavn. Saka er ikkje unik. Me har sett det før. Me har sett kor viktig mållova er for å regulere målbruk, og me har sett kor viktig rolla til Språkrådet er for å ta vare på dei språklege rettane. No håpar me berre Samferdsledepartementet òg hugsar på kva som er viktig i denne saka. Kanskje er det ei god investering å bruke litt meir tid og ressursar på å endre skilting og profilering frå bokmål til nynorsk? Dette er den siste utgåva av LNK-avisa, no byrjar ein ny epoke i kommunikasjonsarbeidet til LNK. Me takkar for glimrande samarbeid og ynskjer at alle dei faste lesarane våre blir med vidare over til Lnk.no. God jul!

Alt er språk – språk er alt

avisa Utgjevar: Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) Redaktør: Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Nr 6 2013

Pressestøtte gjev meir og betre nynorsk Forbausande ofte blir dei språklege argumenta gløymt i debatten om pressestøtta. Dei tunge argumenta for pressestøtte er dei viktige oppgåvene avisene har i samfunnet. I eit levande demokrati er avisene heilt nødvendige. Dei skal informere, skape debatt, vere vaktbikkje, vere offentleg oppslagstavle og dessutan vere identitetsskapar i lokalsamfunnet. Forbausande ofte blir dei språklege argumenta gløymt. For medan radio og tv er viktige for å formidle munnleg nynorsk, er avisene den viktigaste staden der vi dagleg møter levande, skriftleg nynorsk. Ja, for mange faktisk den einaste staden der denne målforma kan lesast. Sjølvsagt skal vi ikkje gløyme den nynorske litteraturen, han er viktig og har høg kvalitet. Men målt i prosent av all den teksta vi dagleg pløyer oss igjennom, utgjer han berre ein liten del – sjølv for dei største lesehestane av oss. Nytta av pressestøtta kan vi grovt sett gruppere i to hovudområde når det gjeld nynorsk. Støtta er med på å halde oppe og vidareutvikle eit avismangfald der det også er plass til aviser som nyttar nynorsk. Og pressestøtta gjev så brukbare rammer at redaksjonane har høve til å drive både god journalistikk og språkrøkt. Det finst større og solide aviser, som for eksempel Hallingdølen og Firda, som blir redigert på nynorsk, men mange av nynorskavisene er mindre aviser som ofte er grunnlagde dei siste 30 til 40 åra. Ofte var utgangspunktet idealisme, og ofte var det snakk om eit langt og intenst arbeid før avisa var innarbeidd. Så mange av desse mindre lokalavisene brukte nynorsk, at det frå starten i 1976 var sjølvsagt at denne målforma også vart nytta av organisasjonen deira, Landslaget for lokalaviser. Nettopp å arbeide for pressestøtte til dei mindre avisene har vore ei av hovudoppgåvene for organisasjonen – noko som i stor grad har lykkast. Den første, store milepålen vart nådd i 1989, da også aviser med minst 1000 i opplag og 48 utgåver i året fekk produksjonstilskot. Sjølv om kvar enkelt avis berre får nokre få hundre tusen kroner i støtte, er dette eit fundament som gjer det mogleg å gje ut aviser i dei fleste lokalsamfunna, frå Svalbard i nord til Søgne i sør. Ikkje minst har pressestøtta fungert som eit såkorn som har gitt ein fantastisk vekst i talet på små lokalaviser. Det er starta om lag hundre små lokalaviser frå 90-talet, svært mange av dei blir redigert på nynorsk. Rammene er ikkje så trygge at dei gjev nokon garanti om evig liv. Kvart år er det mindre aviser som må seie takk for seg, men dei fleste stader står det nye idealistar klare til å gjere nye forsøk. Frå vår synsstad er difor argumentet om at pressestøtta sementerer pressestrukturen meiningslaust. Og av den samla pressestøtta som kvart år blir delt ut av staten, går berre ein mindre del til dei minste avisene. Etter vårt syn får samfunnet svært mykje att for desse pengane. For den som har lært nynorsk, er det sjølvsagt ikkje meir arbeid å nytte denne målforma enn bokmål. Men vage, abstrakte og innhaldslause formuleringar som ofte sklir rett igjennom på bokmål, blir straks synlege på nynorsk fordi det er eit meir konkret språk. Difor må redaksjonane som nyttar nynorsk, oftare freiste å finne ut kva som eigentleg skjuler seg bak formuleringar, og det kan ta både tid og energi. Dessutan har nynorskavisene ei større utfordring fordi så mange dokument er skrivne på bokmål eller på eit abstrakt byråkrat-nynorsk, ofte omsett ord for ord frå bokmål. Å gjere dette om til ein levande, aktiv og konkret nynorsk krev tid, energi, kunnskap og trening. Sjølvsagt finst det nynorskaviser som har ein veg att å gå når det gjeld språkleg kvalitet, men jamt over er det god språkrøkt sett i forhold til dei rammene desse avisene arbeider under.

Faste spaltistar: Jan Olav Fretland Vidar Høviskeland Terje Lyngstad

4230 SAND Telefon 52 79 04 80 Telefaks 52 79 04 81 E-postadresse: bladstova@lnk.no

Korrekturlesar: Dag Gjerde

Montering: Norsk Plan as Astrid Eidhammer Hjelmeland

Adresse til redaksjonen: LNK-Avisa Sandsvegen 134

Trykk: Sunnhordland Opplag omlag 6000

Rune Hetland Dagle leiar LLA

K ro n i kk Ei av arbeidsoppgåvene til Landslaget for lokalaviser er nettopp å vere med på å heve den språkelge kvaliteten både på bokmål og nynorsk gjennom kurs og rådgjeving. Til mykje av dette arbeidet har vi, i alle fall så langt, fått statleg støtte. I tillegg har Vinjefondet gitt støtte til å gjennomføre eit ekstra språkløft i nynorskavisene. Men skal redaksjonane lykkast med språkarbeidet, kan dei ikkje leve på sparebluss. Rammene må vere såpass vide at det blir både tid til arbeid og diskusjon i redaksjonane og plass til å sende folk på kurs. Også sett i denne samanhengen er det svært uheldig at det nå er framlegg om å kutte i støtta generelt, og nå sist at støtta til aviser med 4000 til 6000 i opplag skal ut av støtteordninga fordi nokre av desse har brukbar økonomi. At nettopp desse avisene har ressursar til å drive språkleg og redaksjonell utvikling, får også dei mindre avisene nytte av. Frå tid til anna har det kome krav om at aviser som mottar pressestøtte, burde vere forplikta til å ha ein fast del nynorsk. Det er lett å ha sympati med eit slikt synspunkt, men vurdert mot det viktige prinsippet om redaksjonell fridom er det vanskeleg å akseptere. Etter vårt syn har pressestøtta, i alle fall så langt, vore med på å halde i liv mange mindre aviser som nyttar nynorsk, og gjort det mogleg å etablere mange nye. I stor grad har meir romslege økonomiske rammer i redaksjonane også vore med på å gje betre språk. Frå 2014 kjem det nye reglar for pressestøtta, der også digital publisering og aviser på nett, brett og mobil skal omfattast av pressestøtta. Dette er ei tidsmessig viktig tilpassing, som vil medverke til at meir tekst på nynorsk blir publisert på nettet. Det handlar om avismangfald og lokaldemokrati, men også om den språklege rettferda for dei som bruker nynorsk.

Støtta er med på å halde oppe og vidareutvikle eit avismangfald der det også er plass til aviser som nyttar nynorsk.

Bladet kjem normalt ut 6 gonger per år og kan tingast hjå LNK, tlf. 22 33 14 00, LNK-Avisa, tlf. 52 79 04 80, eller bladstova@lnk.no Pris kr 150 per år.

Dette er siste utgåve av LNK-avisa, men følg oss gjerne vidare på lnk.no Skjermdump lnk.no


Nr 6 2013

3

LNK-AVISA

Kampklar

Prøv

Mette Nord er nyvald leiar i Fagforbundet. Hjartesakene hennar er kampen mot privatisering og kampen for å sikre gode jobbar. Men ho kan gjerne slå eit slag for nynorsken også.

– den nynorske vekeavisa for kultur og politikk – gratis!

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

— Kva er ditt forhold til nynorsk?

Send SMS DT3V til 2007, så sender vi deg tre prøvenummer utan at du forpliktar deg til noko som helst.

— Språk er viktig. Eg må nok vedgå at eg ikkje skriv så ofte på nynorsk, men det er ikkje det same som at eg ikkje verdset nynorsken. — Fagforbundet har vore oppteke av nynorsk og kampen for rettane nynorskbrukarane har. Kva tenkjer du om det? — Fagforbundet var det første fagforbundet som vedtok ein språkpolitikk, og framleis trur eg vi er blant dei få som har ein slik politikk. Språkpolitikken vår heng sjølvsagt ikkje saman med val av leiar, den er det våre vedtaksføre organ som tek avgjerd om. Det er ikkje så lenge sidan vi fornya samarbeidsavtalen vår med LNK.

NR. 48

27. NOVEMBER

Richard Brouillettes har laga film om globaliseringa av det nyliberalistiske tankesystemet.

20. NOVEM

NR. 47

KOMM

BER –

ENTAR

Vitamin­ forsvaret

for immun­ er viktigare Vitamin D det ein tidlegare enn forsvaret viser ny forsking. 6–7 har trudd, HELSE

BER 2009

48. ÅRGANG

EN

r 26. NOVEM ei ordinæ meiner at Hamsun Knut Stein Husby f. ville gjeve rettssak fengselsstraf 32–33 K lang

L 35 KRONER

Kvinnelesn ne skriva ad alle kjendisa Agnes er, Ravatn blar seg gjennom Kvifor skal om prinsess kvinneblada d. i Narvesen. Tre av dei barnebøker Hovlan rår til kjøp av truse A 39 med rumpeundrar Ragnar

LAUSSA

Kongeslaget

ESSAY 18–19

Grand Old Men

Dei fyller sytti år, men både Jon Eikemo og Svein Erik Brodal vonar at det vert teater også i framtida. TREMANNSHAND

På Hebridane gardsbruk. og Neil McLellan kjem to tusen I desember på vitjing. 22–23 tundragjæser

Karl Ove Knausgård i ei lang føyer seg rekkje skriv Solveig av farmordarar, inn Aareskjold.

20–21

KOMM

Heilstøyp Bjørnson t

9

er høgare utsleppa – Klimagass enarioa som vart enn ekstremscsidan, fortel Pål år laga for ti i Cicero. 4–5 Prestrud KLIMA

770803 3340 15

ATUR

BER –

19. NOVEM

BER 2009

48. ÅRGAN

Tore Rem GEN LAUSSA mar, men vil vera snill L 35 KRONE mot musli R musli– Dobbe slem mot antrop Frp er den ltmora osofar l, skriv einaste utanrik Jon Husta . tiske opposis d. seier jonen her spoliKOMM ENTAR i landet, Erling Borgen 15 .

2

JU 3

Regjerin ga vil ha oss til å sløk lyset i gan kje gen samstun des ho set nor som egsreko rd i tildelin gar av oljekon sesjona r. Side 4–5

18–19

eljar Norsk bests selde Tønsberg

frå ­ Clara Tschudi av keisarinne eksemplar 140.000 i 1889. 16–17 boka si i Tyskland

ENTAR

Foto: Scanpix

14–15

Frå Lesja med rom an

Systrene Guri gård Botheim og Sigrid Sørumhar skrive – saman, ord for ord. roman LITTER

MUSIKK 24–25

INTERV

BOKM

48

Dystre r prognosa

Det er 200 år sidan Felix Mendelsohn vart fødd, oppfinnaren av religiøs kitsch i musikken.

Slå av ly Pump o set! olja! pp

Edvard Hoem staden for bør skrive tre band Bjørnson to om Bjørnstjerne i , skriv Geir Mork.

ISSN 0803-3340

TASJE REPOR

LAUSSAL 35 KRONER

INTERVJU 3

ELDING 27 friskt Ord-avdukinga Det gjekk Mange av dei innbydde kom på slottet ikkje, men likevel las Einar føre seg sin då Norsk m i 1821, Økland prologen 8 vart avduka. i Stockhol n gav Ordbok band PROLOG 22–23 då Carl Joha ens audi Vankunna handfast Dei fyrste ster utgåvene ske Leksikon av Store til statsmini r. NorNor grepa i DDR. underapporterte overSamtidsforfals over kallar Sven Samtidsfo rfalsking, Peder Anke G. Holtsmar Holtsmark king, k det. HISTO SIDE 19 RIE

Islay Bønderdrivpåbrørne David

48. ÅRGANGEN

Presidentane i Venezuela, Cuba, Bolivia, Ecuador Nicaragua allierte seg og mot Bush. No rustar dei til for­ svar mot Obama. Men kva hender flest trur betre om presidenten når venezuelarar i USA enn sin eigen? NR. 46 SIDE 4–5 13. NOVEM

innlegg. INNSID

KRONIK

2009

Udugeleg som fiende

SAMFUNN 6–7

tru at illusjon å Det er ein kan berga bilsam­ l. biodrivstoff Trygve Refsda 2 funnet, skriv

– 3. DESEMBER

– Sjukefråværet i Noreg er det høgste i verda. Det er få det ned, seier Knutmogleg å Røed.

KULTUR 10–11

Ventemottak

Dei er utviste flyktningar. Dei bur på ventemottak. No vil dei at skal sjå dei – på Facebook. me

— Kva trur du blir den viktigaste utfordringa til nynorskkommunane?

Tips oss – om ein typisk

— Det blir feil å peike på språkpolitikk aleine i eit slikt spørsmål. Vi har nyleg fått ei ny regjering som har planar om omfattande privatisering, og som vil bruke tvang for å slå saman kommunar. Eg er òg alvorleg bekymra for kommuneøkonomien under den nye regjeringa. Eg meiner at det må vere opp til folk i kvar enkelt kommune om dei vil ha nynorsk som hovudmål. Det bør ikkje være opp til politikarar i Oslo å ta slike avgjerder. Ei felles språkleg oppgåve for all offentleg forvalting er å skrive

-lesar som ikkje les Dag og Tid.

LITTER

Mange utfordringar

7708

Økonom blåmåndaisk g

ATUR

40 03 33

Ill.: Stein

Skal vi tru er dei godenasjonalbudsjettet sektor over. tidene for offentleg,

47

ISSN 0803-3340

9

ØKONO

15

ISSN 0803-3340

Nerland

MI 6–7

46

9

På plass: Mette Nord gler seg til å ta fatt på jobben som ny leiar i Fagforbundet. (Foto: Jan Lillehamre)

lettfatteleg, slik at alle skjøner det forvaltinga skriv.

kuttar i kulturbudsjetta, lover det ikkje godt.

— Kor viktig er det å formidle god nynorsk i skule og barnehage? Og få tilgang til god nynorsklitteratur for alle målgrupper?

— Kvifor er samarbeidet mellom Fagforbundet og LNK viktig?

— Vi har to skriftspråk her i landet. Då er det sjølvsagt viktig med godt språk i skule og barnehagar på den målforma folk nyttar, uavhengig om det er nynorsk eller bokmål, men det er klart at oppgåva er mykje større for nynorsken. Vi må oppmode barn til å bruke si eiga dialekt. Eg meiner vidare at folk bør sikrast tilgang til god litteratur på den språkforma dei nytter. Her er biblioteka viktige. Men alle veit at det krev pengar å gje ut bøker på nynorsk. Når den nye regjeringa

— Fagforbundet har medlemer i alle kommunar. Språkpolitikk og kampen for at vi fortsett skal ha to skriftspråk, er viktig for mange medlemer. Det kjem til uttrykk i politikken vår, men òg i høve kven vi vel å samarbeide med. Det er ein viktig grunn til at vi samarbeider med LNK.

Trygge jobbar — Kva er di hjartesak som leiar?

og gode jobbar for medlemene. Alle bør ha ein sjølvsagt rett til å ha ei løn dei kan leve av, og trygg jobb å gå til kvar dag. — Kor leis var det å over ta leiarstolen? — Eg er stolt over ha blitt vald til leiar for ein av dei største organisasjonane i landet. Medlemene har gjeve meg tillit, og eg er klar for å gå laus på alle oppgåvene. Det er mange hindringar på vegen, men vi har vist at vi kan vinne før, og eg er viss på at vi skal gjere det igjen. Vi har dessutan om lag 20 000 tillitsvalde landet rundt som vil gjere sitt beste for medlemene.

03 33 40

15

Send SMS til 2007 slik: TYPISK følgd av namn og adresse til personen. (Døme: TYPISK Jonas Gard Større, Riksvegen 10, 5020 Bergen). Han eller ho du tipsar om, får tre nummer av Dag og Tid, heilt utan plikter. Du får eit Flaxlodd som takk for hjelpa. NR. 48

27. NOVEMBER

Richard Brouillettes har laga film om globaliseringa av det nyliberalistiske tankesystemet. KULTUR 10–11

Ventemottak

Dei er utviste flyktningar. Dei bur på ventemottak. No vil dei at skal sjå dei – på Facebook. me SAMFUNN 6–7

20. NOVEM

NR. 47

BER –

tru at illusjon å Det er ein kan berga bilsam­ l. biodrivstoff Trygve Refsda 2 ENTAR funnet, skriv KOMM

Vitamin­ forsvaret for immun­ viktigare

er Vitamin D det ein tidlegare enn forsvaret viser ny forsking. 6–7 har trudd, HELSE

— Det er kampen mot privatisering og kampen for trygge

7708

BER 2009

48. ÅRGANG

EN

r 26. NOVEM ei ordinæ meiner at Hamsun Knut Stein Husby f. ville gjeve rettssak fengselsstraf lang KRONIK

L 35 KRONER

Kvinnelesn ne skriva ad alle kjendisa Agnes Ravatn r, blar seg gjennom Kvifor skal om prinsesse kvinneblada d. i Narvesen. Tre av dei barnebøker Hovlan rår til kjøp av truse A 39 med rumpeundrar Ragnar innlegg. INNSID

LAUSSA

Kongeslaget

Islay Bønderdrivpåbrørne David

På Hebridane gardsbruk. og Neil McLellan kjem to tusen I desember på vitjing. 22–23 tundragjæser

Grand Old Men

Dei fyller sytti år, men både Jon Eikemo og Svein Erik Brodal vonar at det vert teater også i framtida. TREMANNSHAND

BOKM ELDING 27 friskt Ord-avdukinga Det gjekk Mange av dei innbydde kom på slottet ikkje, men likevel las Einar føre seg i 1821, Økland prologen sin då Norsk 8 vart avduka. i Stockholm n gav Ordbok band PROLOG 22–23 då Carl Joha ens audi Vankunna handfast Dei fyrste ster utgåvene ske Leksikon av Store til statsmini r. NorNor grepa i DDR. underapporterte over overSamtidsfo tidsforfals kallar Sven Sam rfalsking, Peder Anke king, G. Holts Holtsmar markk det. HISTO SIDE 19 RIE 9

770803 3340 15

Frå Lesja med roma n

Systrene Guri gård Botheim og Sigrid Sørumhar skrive – saman, ord for ord. roman LITTER

ATUR

eljar Norsk bests selde Tønsberg

frå ­ Clara Tschudi av keisarinne eksemplar 140.000 i 1889. boka si i Tyskland ATUR 16–17

Økonom blåmåndaisk g

LITTER

7708

40 03 33

Skal vi tru er dei godenasjonalbudsjettet sektor over. tidene for offentleg,

47

ISSN 0803-3340

9

KOMM

Heilstøyp Bjørnson t

Edvard Hoem staden for bør skrive tre band i Bjørnson, to om Bjørnstjer ne skriv Geir Mork.

48

TASJE REPOR

er høgare utsleppa – Klimagass enarioa som vart enn ekstremscsidan, fortel Pål år laga for ti i Cicero. 4–5 Prestrud KLIMA

ØKONO

15 ISSN 0803-3340

46

9

7708

03 33 40

15

MI 6–7

48. ÅRGANGEN

INTERVJU 3

Karl Ove Knausgård i ei lang føyer seg rekkje skriv Solveig av farmordarar, inn Aareskjold.

20–21

ISSN 0803-3340

Dystre r prognosa

2009

LAUSSAL 35 KRONER

Det er 200 år sidan Felix Mendelsohn vart fødd, oppfinnaren av religiøs kitsch i musikken. MUSIKK 24–25

Presidentane i Venezuela, Cuba, Bolivia, Ecuador Nicaragua allierte seg og mot Bush. No rustar dei til for­ svar mot Obama. Men kva hender flest trur betre om presidenten når venezuelarar i USA enn sin eigen? NR. 46 SIDE 4–5 13. NOVEM

ESSAY 18–19

K 32–33

– 3. DESEMBER

– Sjukefråværet i Noreg er det høgste i verda. Det er få det ned, seier Knutmogleg å Røed.

Udugeleg som fiende

18–19

14–15

ENTAR

2

BER –

19. NOVEM

48. ÅRGAN

INTERV

Foto: Scanpix

Regjerin ga vil ha oss til å sløk lyset i gan kje gen samstun des ho set nor som egsreko rd i tildelin gar av oljekon sesjona r. Side 4–5 Ill.: Stein

BER 2009

Tore Rem GEN LAUSSA mar, men vil vera snill L 35 KRONE mot musli R musli– Dobbe slem mot antrop Frp er den ltmora osofar l, skriv einaste utanrik Jon Husta . tiske opposis d. seier jonen her spoliKOMM ENTAR i landet, Erling Borgen 15 .

Slå av ly Pump o set! olja! pp Nerland

JU 3


4

LNK-AVISA

Nr 6 2013

SITATET: – Helse Fonna sender ut informasjon på bokmål, men lovar bot og betring etter tilsnakk frå Språkrådet. Det skulle berre mangla. Dei fleste kommunane i helseføretaket sitt nedslagsfelt er nynorskkommunar. Sunnhordland på leiarplass

Eit nytt kapittel språk, identitet, kultur og samfunnsutvikling. Me skal arbeida for at medlemene får meir kunnskap om omdømmebygging, og for at medlemene skal satsa på språk som ein naturleg del av omdømmebygginga. LNK skal også arbeida for å betra kompetansen kring informasjonsarbeid i kommunane. Og me skal satsa på ungdom – dei som skal arva kommunane – og gjera nynorsk synleg på Internett.

Vidar Høviskeland

Me kjenner oss trygge på at denne omlegginga av informasjonsarbeidet i LNK er heilt i tråd med intensjonane i handlingsprogrammet vårt. I tillegg til LNK.no og nyhendebrevet vårt vil me frå årsskiftet ha ansvaret for nettavisa Framtida.no (i samarbeid med ABC Startsiden), med sine 300 000 brukarar, den viktige nettportalen ABC Startsida.no (i samarbeid med ABC Startsiden), Magasinett. no – eit skuleretta nettmagasin for unge og lærarar – og Pirion.no, som er eit tilbod til alle som arbeider i barnehagar og SFO. Me er til for å brukast – bruk oss.

Dagleg leiar i LNK

Høvi s ke ord

Men alt har si tid. Frå årsskiftet vil LNK satsa mykje meir offensivt på informasjon og medlemskontakt – på nettet. Avisa vert skifta ut med eit nyhendebrev som vert sendt ut kvar veke, og LNK.no vil verta oppdatert oftare enn i dag. På denne måten kan me presentera meir aktuelt, relevant stoff for kommunar, fylkeskommunar og andre medlemer. Me går altså frå ei avis med seks utgåver i året til eit brev som kjem ut med 50 utgåver i året.

I

LNK sitt handlingsprogram står det at organisasjonen skal arbeida for å setja språkspørsmål inn i ein vidare kulturell samanheng, og syna samanhengar mellom

post@lnk.no • Dagleg leiar: Vidar Høviskeland • Styret: Solfrid Borge, styreleiar

P.B 7044 St. Olavs plass 0130 Oslo • www.lnk.no • facebook.com/LNKno •

Kortet har ei levetid på to år og kjem i eit opplag på 80 000.

Eit kapittel er slutt. Det neste handlar om nettbasert informasjon. Bla om.

Nyhendebrevet vil bli distribuert til dei same målgruppene som får avisa i dag, det vil i praksis seia leiarar i administrasjonen og medlemer i kommunestyre og fylkesting – og til alle stortingsrepresentantar. I tillegg vil brevet bli sendt til alle skular og bibliotek i medlemskommunane og til alle andre som ønskjer å få denne informasjonen. Her treng me hjelp frå medlemene. Det enklaste er jo sjølvsagt om den i administrasjonen som får brevet, trykkjer på «send til alle»-knappen og dessutan tipsar oss om kven som elles bør få denne informasjonen.

LNK-kortet gir gode rabattar hjå Bondeheimen, Hordaheimen, Det norske Samlaget og forlaget Skald. Medan ein på Bondeheimen og Hordaheimen får gode prisar på hotellrom, får ein hjå forlaga gode rabattar, både på nye og eldre bøker. Begge forlaga er nye bidragsytarar på LNK-kortet.

E

D

Landssamanslutninga

LNK-kortet er no sendt ut. Det blir distribuert til alle kommunar, fylkeskommunar og føretak som er medlemmer i LNK. Alle tilsette i organisasjonane og lokalpolitikarar i medlemskommunane og -fylkeskommunane skal få kortet.

g vil gjerne takka alle dei som har hjelpt oss med å laga og drifta avisa. Fagforbundet, KLP-Forsikring, Kommunalbanken og Hotell Bondeheimen har vore viktige støttespelarar. Ei særskild takk til Norsk Plan AS som har hatt redaktør- og driftsansvar i alle desse åra, avisa Strandbuen, som har hatt ansvar for abonnementsregisteret, og Bladet Sunnhordland, som har trykt avisa frå første nummer. Takk òg til Einar Schibevaag, som i 2002 lanserte ideen om ei eiga avis, og som må få æra for at avisa vart starta opp.

et er litt vemodig å tenkja på at dette er den siste LNK-avisa som kjem ut. Gjennom ti år har denne avisa vore den viktigaste bindelekken mellom LNK og medlemene våre.

av nynorskkommunar (LNK)

LNK-kortet er ute

Gunnar Strøm, nestleiar Rune Øygard Astrid Myran Aarvik Halvor Lilleslett. Varamedlemer: Nils R. Sandal Liv Kari Eskeland Kari Vaage Gjuvsland •

Frå årsskiftet vil LNK satsa mykje meir offensivt på informasjon og medlemskontakt – på nettet.

LNK arbeider for å skape positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk. LNK tek på seg å vere talerøyr for medlemene og spreie informasjon som styrkjer dialektane, nynorsk skriftspråk og dei kulturtradisjonane dette står for. •

LNK samarbeider med: Bladet Sunnhordland KLP forsikring Hotell Bondeheimen Fagforbundet Kommunalbanken

Sjå meir på LNK.no om tilboda kortet gir


Nr 6 2013

5

LNK-AVISA

Letta over avgjerd

LETTA: Dagleg leiar i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad er letta over Hauge-senteret no er berga. (Foto: Nynorsk kultursentrum)

Bli med i Fagforbundet! Fagforbundet er det LOs største forbund, på veg mot 340 000 medlemmer. Arbeidstakarar i kommunale, fylkeskommunale og private verksemder kan bli medlem i Fagforbundet. I tillegg organiserar vi tilsette i sjukehusa. Di fleire vi er, di større gjennomslag vil vi har for rettferdig løn og god behandling på arbeidsplassen. Fagforbundet jobber i mot konkurranseutsetting og privatisering av offentlege tenester. Vi ynskjer ein sterk offentleg sektor som kan gi innbyggjarane ein trygg kvardag og lik rett til velferdstenestene.

– Vi er letta over at vi no får det statstilskotet vi treng for å lage basisutstilling i Olav H.Hauge-senteret i Ulvik, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

– Vi takkar Venstre for at dei prioriterte denne saka, og regjeringspartia for at dei snudde i tide. No blir det eit samrøystes vedtak i Stortinget, og dermed står Hauge-senteret sterkare enn nokon gong, seier Grepstad. Grepstad takkar også dei mange som engasjerte seg i saka via sosiale medium og på andre måtar. – Saka har gjort fleire merksame på Hauge-senteret og gjort det viktigare for mange.

Politisk prioritering på høgt nivå

omtanke solidaritet samhold

Velkommen som medlem. Send Fagforbundet medlem til 1980

Det vekte oppsikt då det for ei veke sidan blei kjent at regjeringa Solberg sa nei til å løyve 1,5 millioner kroner til basisutstilling i Hauge-senteret. Etter planen skal dette dokumentasjons- og opplevingssenteret om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former opne i mai 2014. Regjeringa Stoltenberg ville løyve midlane, men etterfølgjarane strauk summen. – Vi har bygt opp Hauge-senteret nøkternt og systematisk med offentlege og private midlar sidan 2011. Å

stoppe eit slikt prosjekt seks månader før opning verka for mange både småleg og openlyst urimeleg, seier Ottar Grepstad. – Langt inn i Høgre-gruppa i Stortinget var det etter kvart vanskeleg å finne nokon som meinte dette budsjettkuttet var god kulturpolitikk og fornuftig bruk av offentlege midlar. I budsjettforhandlingane med regjeringspartia kravde Venstre løyving til Hauge-senteret. – Det vil merkast langt utanfor kulturlivet at ei slik kultursak blei drøfta på linje med miljø, tog, asfalt og skatt. Det er ei politisk prioritering på høgt nivå som stiller større krav til den vidare kulturpolitikken frå regjeringa Solberg, seier direktør Ottar Grepstad.

Basisutstillinga er i arbeid

Ei utstillingsgruppe med brei nasjonal deltaking har arbeidd med utstillingsplanen sidan 2011. Tidlegare i haust lyste Nynorsk kultursentrum ut offentleg anbod for basisutstillinga i Hauge-senteret, under føresetnad av at prosjektet blir fullfinansiert. Svært mange utstillingsprodusentar i inn- og utland har meldt si interesse. Fristen for anbod er 21. november. Hauge-senteret held til i det gamle heradshuset i Ulvik. Dette huset har Ulvik herad bygt om til museumsbruk for eigne midlar. – No kan vi arbeide vidare for å opne Hauge-senteret med eit komplett tilbod i 2014, seier Ottar Grepstad.


6

LNK-AVISA

Nr 6 2013

Me treng mållova — Det opprører folk at statstilsette ikkje kan skriva på det språket dei vil, når dei er på arbeid, og at publikum må lesa twittermeldingar på eit anna språk enn det dei sjølve nyttar. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

— Men slik er det altså i Staten. Slik er det å leva med ei mållov, skriv Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Språkrådet har vurdert mållova og har konkludert med at Hordaland politidistrikt skal twitra på nynorsk. Det nye er at mållova òg skal gjelda på Twitter. Det har ført til reaksjonar, skriv Aakre Tennø i ei pressemelding. – Somme trur at me ikkje treng mållova, språka våre vil blomstra fritt av seg sjølve. Slik er det ikkje. På ein fri språkmarknad gjeld dei same mekanismane som på andre frie marknader. Den største vinn over dei mindre. Når nynorskbrukarane hamnar i mindretal, vert det vanskelegare å halda på språket sitt. Mållova skal forsøka å vega opp for slike mekanismar.

KREV SPRÅKVAL Ho legg vekt på at Noreg til liks med mange statar i Europa er ein fleirspråkleg stat, og at ein fleirspråkleg stat ikkje kan opptre språkleg nøytralt. – Kvart einaste ord staten skriv, krev eit språkval. Vel ein eitt, vel ein vekk eit anna. Staten,

VIKTIG: Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø meiner mållova ofte er viktigare enn mange kjem på. (Foto: Toyni Tobekk)

kommunar, fylkeskommunar og alle statlege etatar skal ikkje berre fakka tjuvar, handsama søknader og byggja vegar. Dei skal òg passa på språka våre. Det gjer staten ved å vera ein aktiv og medviten språkbrukar og språkopplærar. Å bruka eit språk er den viktigaste måten å fremja og verna eit språk på. I

Noreg gjeld det nynorsk, i Spania gjeld det katalansk og baskisk, i Wales walisisk. I internasjonal samanheng er mållova på ingen måte unik.

VIKTIG MANGFALD Mållova gjeld berre i det offentlege . Det er til dømes forbode å nytta nynorsk i VG,

Dagbladet, Aftenposten og Dagens Næringsliv. Hjå nokre av dei viktigaste skriftprodusentane våre finst altså ikkje nynorsk. Her får bokmålet rå åleine. Fordi dei tilsette ikkje får skriva det språket dei vil på arbeid. Sjefredaktøren avgjer språkvalet deira. Konsekvensen blir deretter, skriv Aakre Tennø.

– Mållova finst for å ta vare på det språklege mangfaldet i Noreg. Mållova er viktig for at alle i Noreg skal kunna sjå nynorsk i ålmenta. Det medfører at nokre twitrande politifolk i Bergen må skriva nynorsk. Det er ingen skandale. Det vitnar berre om ein medviten stat.

Må tvitre på nynorsk Politiet i Hordaland får ikkje lenger lov å skrive bokmål på den sosiale nettstaden Twitter.

fleste meldingane er på bokmål. Berre i dag har Politiet i Hordaland lagt ut 20 Twittermeldingar, alle på bokmål, noko som har fått både Språkrådet og Kulturdepartementet til å reagere.

Judith Sørhus Litlehamar

Lova å tvitre på

judith@norsk-plan.no

nynorsk

– Vi vil innrette oss slik at vi etterlever gjeldande regelverk, seier politimeister Geir Gudmundsen til Bergensavisen. Ein askøyværing klaga til Språkrådet på at politiet sin operasjonssentral i Hordaland bryt mållova i sosiale medium. Operasjonssentralen har over 16 500 følgjarar. Dei aller

NYTT SPRÅK: Politiet i Hordaland må no tvitre meir på nynorsk.

– Sidan Hordaland politidistrikt har eit geografisk tenestedistrikt med nynorsk som fleirtalsmål, skulle alle desse meldingane vore skrivne på nynorsk, skriv departementet i eit brev til Språkrådet. Utgangspunktet er at mållova gjeld for sosiale medium som for alle andre skriftlege kommunikasjonsformer.

No lovar politiet i Hordaland at dei skal tvitre på nynorsk. – Dei som tvitrar, kjem til å gjera så godt dei kan på nynorsk, men inntil fleire vert trygge på å formulera seg rett, så kan det verte tvitra litt mindre i ei periode, skriv leiar for operativ seksjon ved Hordaland politidistrikt, Gustav Landro, i ei melding til Bergensavisen. – Alle slike små mållovsaker, som Twitter-saken i Hordaland er eit døme på, kan verke små og uviktige kvar for seg. Men folk er avhengige av å sjå språket sitt over alt for å kunne halde på det, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, til BA.

Mange brot på mållova

Ho viser også til at det er mange brot på mållova, og at nynorskfolket får sjå språket sitt offentleg mykje sjeldnare enn dei har krav på. – For etatar som verkar innanfor eit fylke, er det språket til fleirtalet av kommunane som avgjer. I Hordaland blir det nynorsk, i Agder bokmål trass mange nynorskkommunar. I Noreg tel me ikkje enkeltbrukarar. Kor mange nynorskbrukarar det til dømes bur i Bergen, er det ingen som veit. Heller ikkje kor mange bokmålsbrukarar som bur i Kvinnherad, seier Tennø.


Nr 6 2013

språkprat:

7

LNK-AVISA

Yvonne Algrøy

Det hev eit språkår sprunge

(- julenynorsk for deg og meg) «Mamma, koffor spilte Per Spelemann sånn at guttene danset og jentene dret?» Eit saltande friskt spørsmål frå 7-åringen min i fjor. Nynorskkunnskapen hans var slik ein kunne forvente av ein artig drolt i bergensskulen. Folketonane tydelegvis ikkje godt nok ivaretatt i heimen heller. Men moro vart det. Og sjølvsagt allereie ein klassikar i heimen. Ein klassikar som skal forfølgje han langt inn i konfirmasjonstala, stakkar. Eg svara han blidt at når jenter blir ekstra glade av god musikk, klarar dei ikkje å halde på avføringa. Neida. Joda. Neida.

Tekkmeitar var noko rart, men definitivt både gudeleg og trygt. Tekkmeitar fekk meg til å sove godt.

Men det fekk meg til å tenke på ord i barnesongar eg song som lita og ikkje skjøna eit kvekk av. Særleg kveldssongen «Nu lukker seg mitt øye, Gud Fader i det høye, i varetekt meg tar». Eg hadde inga aning om kva varetekt tydde. Heldigvis, får ein seie, slik ordet stort sett er nytta, luktar det kriminalitet lang veg. Eg trudde dessutan orda var ivare tekkmeitar. Tekkmeitar var noko rart, men definitivt både gudeleg og trygt. Tekkmeitar fekk meg til å sove godt. Og no er det straks jul. Og med den ei røys julesongar. Eg er gal etter julesongar. Eg må synge flest mogleg heile tida, både der det fell seg naturleg, og der det fell seg pinleg, men det er songane som gjev meg den rette julekjensla. Eg hiv meg glupsk og galen over dei i slutten av november. Veltar meg rundt i dei, gryler av full hals og er lett ekstatisk, varm og tårevåt etter kvar avsynging. Julesongar er orgel og trompetar i søkk og kav. Eller berre småsakral/småskral nynning langs vegen på tur med bikkja om kvelden i nysnø. Stort, stille, mektig, inderleg, jazz, sølvgut, ståpels,

Rosenkrantz´gate 8 N- 0159 Oslo + 47 23 21 41 00 bookingoffice@bondeheimen.com www.bondeheimen.no

you name it. Julesongane har alt. Ein køddar ikkje med julesongane, det er eg den første til å meine. Derfor berre litt småkødding i kjømda no. For ein anar ikkje alltid kva ein syng om. Vi skjønar hovudbodskapen. Men hallo; språket i enkelte julesongar er fabelaktig tungt og tullete. Gamal sprengnynorsk som vi blir bortanom klappeland rørte over. Jepp, alle elskar julenynorsk! Eg tok ein runde med ungane mine på «Det hev ei rose sprunge» og «Det lyser i stille grender». Kva syng vi om her? Kva tyder desse orda? Spurte eg. Må vi? Spurte dei. Ja, svara eg og minna om at nissen kom til å køyre lukt forbi oss om ikkje dei grov seg ned i tung julesalmenynorsk saman med mor. Neida. Joda. Neida. Eg noterte meg at allereie opningssetninga «Det hev ei rose sprunge» er dryg kost. 5-åringen foreslo at det er ei rose som har «gått ned i jorden og vokset et annet sted». Han meinte elles at fedrane har sunge var alle fetrane som song, mens 7-åringen meinte at fedrane er det same som brørne, og 9-åringen at fedrane var foreldra. Slekt er vanskeleg. Vi har alle lese historiene der det viser seg at onkelen eigentleg er faren og dei biologiske foreldra berre ei tilfeldig tante. Og gudane veit kor mange søskenborn og inngifte tremenningar vi alle slit med, og som har hatt seg med nokon dei ikkje burde. 9-åringen hevda vidare at setninga «av Jesse rot ho rann» måtte handle om gjæser, sjølv om han var i tvil. «Ho rann» syntes han høyrdest ut som kinesiske samuraiar. Om setninga «Guds rose ljuvleg angar» meinte han at det var mogleg Gud angra på at han hadde skapt juv mellom menneska. Mor stolt. Om setninga «Det lyser i stille grender», kan eg slå fast at ingen av ungane mine anar kva ei grend er. Eit forslag var at «det lyser svakt i greinene». Mor litt betutta. «Som barn i ein vesal stall» meinte alle handla om eit barn i ein stall. 5-åringen at det var Jesus i hestestallen, 7-åringen at stallen var sauefjøs, men at barn i ein vesal stall høgst sannsynleg var ein barnehage, og 9-åringen meinte at ungen låg i ein stall med ved. Kanskje i sjølve vedstabelen.

Foto: Trude Brun Wilhelmsen

I høve Språkåret 2013 skriv aktuelle skribentar om språkutfordringar og -erfaringar. I denne avisa: Yvonne Algrøy

Om «Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhamn» meinte mellomste son at dei glade prøver å bli kjende med kvarandre, særleg med han broren som bur i ei hamn, og yngstemann slo fast at alle helsar på Gud. Tendensen er at yngstemann svarar med litt tyngre religiøse overtonar enn sine eldre brør, og at julenynorsk er rikeleg ein gong i året for alle sveitte deltakarar. Mor og barn lét både julenynorsk og språkåret 2013 segle, så lenge merkelappane på julegåvene er stava rett. Mor sikker. God jul.

- Eit naturleg val for overnatting og møte i hovudstaden - Med LNK kortet får du alltid beste pris hos oss


tema: Nynorsk og pressestøtta

Ingen nynorska

Alvorleg: Redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee fryktar at det skal bli alvorleg for fleire aviser i Sogn og Fjordane dersom dei mistar pressestøtta. (Foto: Firdaposten)

— Eg trur ikkje det var så mange som såg dette kome; dei fleste har snakka om momsproblematikken, både når det gjeld papiraviser og digitale produkt

Ansvarleg redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee.

N y n o r s k o g s p r å kbla n da av i s e r

Nynorskaviser med opplag mellom 4000 og 6000: (støtte for 2013 i parentes) Firdaposten 430 985 Fjordingen 430 985 Hordaland Folkeblad 361 024 Møre-Nytt 430 985 Nordhordland 640 868 Os og Fusaposten 361 024 Strilen 640 868 Vestlandsnytt 361 024 Vest-Telemark blad 430 985 Vikebladet Vestposten 430 985

Språkblanda aviser med både nynorsk og bokmål: Dølen 291 063 Fjordenes Tidende 430 985 Hardanger Folkeblad 430 985 Telen 640 868 (Kjelde: Noregs Mållag)

Kva skjer med nynorsken dersom mange lokalaviser mister pressestøtta? Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Ansvarleg redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee, meiner det vil bli alvorleg for fleire av avisene i Sogn og Fjordane dersom regjeringa gjennomfører kutt i pressestøtta for aviser med opplag mellom 4000 og 6000. Firdaposten har eit opplag på om lag 5000. — Dette kom veldig overraskande på meg. Eg trur ikkje det var så mange som såg dette kome; dei fleste har snakka om momsproblematikken, både når det gjeld papiraviser og digitale produkt, seier Vee, som meiner timinga for forslaget nesten ikkje kunne vore verre. — Me står framfor eit digitalt taktskifte meir enn nokon gong, og no er tida for alvor komen til lokalavisene. Det blir ein utfordrande fase, der me må betale overgangen med eigne midlar. Trass i at Vee meiner Firdaposten skal klare seg greitt utan pressestøtta, legg han ikkje skjul på at han truleg må kutte eit årsverk i redaksjonen. — Me ville hatt om lag 400 000 kroner i pressestøtte for neste år, og det betyr i praksis at eg må kutte ei stilling redaksjonelt. Marknadsavdelinga er allereie lita og arbeider knallhardt for å halde oppe inntektene i avisa, så der er det ingenting å gå på. Resultatet blir i verste tilfelle eit dårlegare produkt, slår redaktøren fast.

Dersom det nye framlegget om kutt går gjennom, vil tre av dei åtte avisene i Sogn og Fjordane truleg gå med raude tal til neste år, trur Vee. — Det er sørgjeleg, marknadskreftene og trendane klarer å ta livet av nok aviser, om ein ikkje skal fjerne pressestøtta med det same. — Kva vil dette ha å seie for nynorsken? — Me har ikkje ei einaste nynorskavis å miste. I tillegg er det vanskeleg å halde oppe den gode språklege kvaliteten; det krev òg midlar. No håpar Svend Arne Vee at forslaget får ei kald skulder i Stortinget. — Eg er slett ikkje sikker på at dette går gjennom. Eg håpar det blir vanskeleg å få både Venstre og Arbeidarpartiet med på det, seier han. Noregs Mållag reagerer på at fleire nynorskaviser vil bli råka av endringane regjeringa ynskjer å gjennomføre i pressestøtta. Regjeringa har sendt eit framlegg om endringar i pressestøtta ut på høyring. Framlegget går mellom anna ut på å kutte stønaden til aviser med eit opplag på mellom 4000 og 6000. Mellom dei avisene som vil bli råka av eit slik kutt, finn ein 10 reine nynorskaviser.


aviser å miste

Vil endra pressestøtta: Kulturminster Thorhild Widvey (H) har sendt forslag til endring i pressestøtta ut på høyring. Det kan føre til at mange lokalaviser, også nynorskaviser, kan miste pressestøtta. (Foto: KUD/Wenche Nybo)

— Eg er overraska fordi det kunne sjå ut som om regjeringa sitt opphavlege forslag om kutt i pressestøtta vart fjerna etter forhandlingane mellom Kristeleg Folkeparti og Venstre. Redaktør i Møre-Nytt, Rune Sæbønes

Regjeringa skriv sjølv i høyringsbrevet at nokre av avisene vil få det tøft om tilskotet vert fjerna, og Noregs Mållag er uroa for kva konsekvensane kan bli. — Desse avisene er åleine i sitt område, og forsvinn ei av dei, vil det ha store demokratiske konsekvensar i området avisa dekkjer, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. — For nynorskavisene er det ei dobbel uro fordi avismangfaldet i Noreg er med på å halde språket oppe. Alle språkbrukarar treng å sjå språket sitt for å halde på det, seier Marit Aakre Tennø. — Mange stader er lokalavisene heilt avgjerande for at folk skal kunne sjå nynorsk i skrift, så lenge dei store riksavisene ikkje opnar for nynorsk i spaltene sine. Forsvinn ei nynorskavis, er dei fleste stadene det næraste alternativet ei regionavis på bokmål. Både demokratiet og språkmangfaldet er avhengig av stort avismangfald. Kvar einaste lokalavis er viktig i Noreg. Det vil vere uklokt å kutte i stønaden i ei tid der aviskvardagen er vanskeleg nok som han er.

Regjeringa sitt forslag om å fjerne pressestøtta for aviser med mellom 4000 og 6000 eksemplar i opplag, er eit åtak på nynorsken. Det seier redaktør Rune Sæbønes i Møre-Nytt til eiga avis. — Eg er overraska fordi det kunne sjå ut som om regjeringa sitt opphavlege forslag om kutt i pressestøtta vart fjerna etter forhandlingane mellom Kristeleg Folkeparti og Venstre, seier Sæbønes. Han peikar på at fleire av dei avisene som forslaget vil råke, ligg i nynorskdistrikt. — Dette gjeld aviser som Vestlandsnytt, Vikebladet Vestposten og Fjordingen i vårt område. Alle desse er nynorskaviser, seier Sæbønes til Møre-Nytt. Han meiner regjeringa har eit ansvar for å ta vare på det tospråklege Noreg. — For nynorsken er lokalavisene avgjerande. Det er gjennom lokalavisene, på papir og ikkje minst på nett, at lesarane får tilgang til nyhende på nynorsk. Det er gjennom lokalavisene at nynorsken vert eit naturleg bruksspråk i nedslagsområdet, seier Sæbønes. Møre-Nytt tok i 2013 i mot 420 000 kroner i produksjonsstøtte frå staten. Redaktøren er klar på at eit kutt heilt klart vil råke økonomien i avisa.

— For nynorskavisene er det ei dobbel uro fordi avismangfaldet i Noreg er med på å halde språket oppe. Alle språkbrukarar treng å sjå språket sitt for å halde på det.

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

Les også Rune Hetland sin kommentar på side 2 om nynorsk og pressestøtte.


10

LNK-AVISA

Nr 6 2013

Blir ressursenter for kommunesamanslåing Regjeringa har i sitt framlegg til statsbudsjett tiltenkt Distriktssenteret rolla som eit ressurssenter for kommunesamanslåing.

Kartlegg samanslåingar I første omgang er oppdraget innhenting av erfaringar frå tidlegare kommunesamanslåingar for systematisering og formidling. — Me er i dialog med eigarane om korleis me skal setje arbeidsoppgåvene framover. I første omgang skal me kartleggje dei sju kommunesamanslåingane som har blitt gjennomførte sidan 2002, for å sjå på erfaringar og konsekvensar, seier Holmli til LNK-avisa. Han seier at Distriktssenteret no er trekt inn i arbeidet med eit utviklingsprogram som departementet har starta opp for å betre samspelet mellom by og omland og sikre vekst.

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Direktør for Distriktssenteret, Halvor Holmli, tykkjer det er spennande å bli trekt inn i arbeidet med ein kommunereform. — I dei fem åra sidan vi starta, har vi bygd omfattande kunnskap om korleis utvikling i kommunane fungerer. Vi kjenner også Kommune-Noreg svært godt. Alt dette er kunnskap som er nyttig når ein kommunereform skal innrettast, seier han til eigne nettsider.

MEDIEHUSET

— I budsjettframlegget er det lagt opp til noko mindre løyvingar til Distriktssenteret (3,8 mill kr). Dette er ikkje av eit omfang som har innverknad på bemanninga, men gjer at enkelte oppgåver må omprioriterast. — Det er klart at med ei strammare ramme kan vi ikkje gjere alt heilt likt. Vi arbeider heile tida med å levere best moglege tenester til kommunane og med å byggje mest mogleg nyttig kunnskap. Det skal vi halde fram med. Statsbudsjettet kjem ikkje med prioritering innafor alle arbeidsområda våre. Prioriteringar er noko vi alltid arbeider med, og det vil vi gjere når vi planlegg aktiviteten vår for neste år, seier Holmli til eigne nettsider.

Må prioritere

SPANANDE: Halvor Holmli meiner det blir spanande å arbeide med den nye kommunerforma. (Foto: Distriktssenteret)

Halvor Holmli er sikker på at Distriktssenteret framleis vil ta del i utviklinga av lokalsamfunn i heile landet.

sunnhordland.no/jobb Ledige stillingar i ditt nærområde

sunnhordland.no

● Søk i ledige stillingar på sunnhordland.no 17.500* unike brukarar 169.000* sidevisingar * I snitt pr. veke

A! EKSTR

ERING PROFIL SIDA M PÅ FRA d.no rdlan sunnho

● Enkelt og oversiktleg ● Ny kommunevis søkefunksjon ● Klikk deg inn på Ledig stilling

i toppmenyen


Nr 6 2013

11

LNK-AVISA

NYTT ANNONSEPLASS – Vil du annonsere her? Send e-post til bladstova@lnk.no

NYHENDE

– Nytt om språk, politikk, kultur og distrikt. Vi gir deg nyhende kvar arbeidsdag!

SØK – Skriv i søkefeltet og finn saker i LNK.no

MEDLEMER – Er kommunen din ein LNK-kommune? Vi har gode kart som gir deg svaret.

BILETBANK Sjå bilete frå LNK

TIPS? Kontakt redaksjonen på bladstova@lnk.no.

TILRETTELAGT – Stor eller liten tekst? Du styrer storleiken.

STARTSTIDA SØK Utvida nettsøk

FØLG OSS PÅ Facebook, Twitter

NYTT FRÅ FRAMTIDA NYTT FRÅ NRK

www.lnk.no


portrettet: Knut Olav Åmås

12

LNK-AVISA

Nr 6 2013

Kultureliten Knut Olav Åmås drøymer om å skape resultat som betyr noko for vanlege menneske, ein draum han har teke med seg frå redaktørstolen til kulturdepartementet. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

H

an likte seg godt i jobben som redaktør for kultur, debatt og forsking i Aftenposten. Det sto ikkje på det. Difor vart han overraska då det kom telefon frå statsministeren sitt kontor om han kunne tenkje seg jobb som statssekretær i Kulturdepartementet. — Det var ein brå og uventa overgang for meg. Men slik er det når politiske utnemningar skjer. Då går det raskt, seier Åmås. Ifølgje seg sjølv har han elska redaktørjobben i Aftenposten høgare enn nokon annan jobb han har hatt, og han hadde slett ingen planar om å skifte beite. — Men når ein får sjansen til å vere rikspolitikar, attpåtil når ein aldri har drive med politikk før, seier ein ja. Det er ei unik røynsle og eit stort privilegium å få jobbe med politikk på dette nivået. No vil han vere med på å skape ein ny kulturpolitikk. — Det viktigaste blir å gje norsk kulturpolitikk ei ny retning, med vekt på høg kvalitet i den profesjonelle kulturen og på bløming i lokal kultur i den ikkjeprofesjonelle delen av norsk kulturliv. Sjefsredaktøren i Aftenposten, Hilde Haugsgjerd, var både stolt og litt lei seg då bomba om kulturredaktøren sin nye jobb sprakk. Til eiga avis uttalte ho at Erna Solberg hadde gjort eit klokt val, og at tida i Aftenposten truleg hadde vore avgjerande for at han fekk spørsmålet. Han er ein mann med store kunnskapar og mange kontaktar i fleire deler av norsk kulturliv. Han har meiningars mot og klåre synspunkt på område og saker som sorterer under kulturministeren. Knut Olav vil sikkert gjere ein god jobb med å utvikle og profilere den nye regjeringa sin kulturpolitikk, meinte ho. — Korleis er det å gå frå å meine noko til å forme politikk? — Berre ein del av jobben min som redaktør har vore å meine noko. Det er viktige skilnadar på det å meine noko og på å forme ein politikk og så skape fleirtal for den, seier Knut Olav. Han er ikkje i tvil om at det er krevjande prosessar, begge to, med kvar sin fridom og kvar sine grenser. Men det er mykje likt mellom dei to jobbane også, med krevjande leiaroppgåver og særs kompleks S j ø lv m e l d i n g kommunikasjon kvar dag, slår han fast. Namn: Knut Olav Åmås

— Eg lærer mykje nytt.

Alder: 45

nut Olav har fått ein ny kvardag, ein kvardag der tempoet er gira opp og utfordringane står i kø. Han er glad for å ha eit dyktig apparat rundt seg som kan hjelpe til på hektiske dagar, og ikkje minst er han glad for at han er van med å setje seg inn i ulike saker på kort tid.

Sivilstatus: Kjærast med Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn Les: Akkurat no Tor Bomann-Larsens førebels siste band i biografien om Haakon og Maud Høyrer på : Mykje radio Inspirert av: Vanlege menneske som ofrar seg for at andre menneske skal ha det betre Førebilete: Dei same som i førre svar

K

Alt ligg til rette for at me i den politiske leiinga kan konsentrere oss om kjernen i oppdraget; å skape ny politikk. Eg trur ikkje eg hadde klart denne jobben utan bakgrunnen som avisredaktør. Han har gjeve meg eit breitt interessefelt, ei brei orientering og evna til å ha mange ballar i lufta samstundes og til å handle raskt.

Han er eigentleg nordlending, født i Mo i Rana. I barndommen var han innom Sandnes før han landa i smelteverksbyen Odda. I eit tidlegare intervju med Dagens Næringsliv fortel han om korleis han nesten levde på det lokale biblioteket i oppveksten, og om korleis han som 12-åring hadde lese alle bøkene i barneavdelinga og fekk snike seg inn i vaksenavdelinga. Det var truleg der Knut Olav Åmås la grunnlaget for at han i dag i aller høgaste grad kan kallast boklærd og er å finne på den intellektuelle topplista i norsk samfunnsliv. Karriera seinare er lite anna enn imponerande. Han har hovudfag i filosofi og doktorgrad i medievitskap, han har jobba som journalist i Bergens Tidende og vore redaktør ved Universitetet i Bergen. Seinare vart han forlagsredaktør i Universitetsforlaget og redaktør for tidsskriftet Samtiden. Han har vore bokmeldar og spaltist i Dagbladet, og han har gjeve ut ei rekkje bøker om filosofi, idéhistorie og homofili. Lista kan ta pusten frå den beste, og ho legg òg grunnlaget for at Åmås har hausta fleire prisar. Han har fått Melsom-prisen for biografien om Olav H. Hauge, og saman med Cathrine Sandnes fekk han prisen Årets tidsskrift for arbeidet med Samtiden. I 2007 fekk han dessutan den store journalistprisen. Puh! Dagens Næringsliv klarte nesten å provosere den nye statssekretæren då dei lurte på om han var regjeringa sitt intellektuelle trofé. Stemmer det? Svaret er gjennomtenkt. — Det er utruleg å få slik tillit. Det er mykje svært god tankekraft i den nye regjeringa, på fleire nivå. Eg er fascinert av at vi har eit politisk system som er så ope at det tek sjansen på å sleppe til folk utan politisk røynsle på rikspolitisk nivå.

Å

mås held nynorsken høgt. I spaltene til Aftenposten har han skrive både bokmål og nynorsk, sjølv om det truleg er tettare mellom bokmålstekstane. Tidlegare har han òg sparka litt i redaktørkollegar i riksavisene for at dei skal opne opp for meir nynorsk på redaksjonell plass. I nynorskkretsar er han likevel truleg aller mest kjent for biografien om Olav H. Hauge. Likevel vil han ikkje vere med på at biografien hans om Olav H. Hauge og oppveksten i Odda har noko å seie for at regjeringa no valde å redde overføringane til Haugesenteret, mot alle odds. — Nynorsk er eit mindretalsspråk her i landet. Å vere eit mindretal er ei utfordring i seg sjølv. Nynorsk og bokmål har ulike rammevilkår i samfunnet. Det er viktig at dei som brukar nynorsk, held fram med det, på vegne av oss alle og av framtida til norsk språk. Det er viktig at dei som aldri eller sjeldan brukar nynorsk til dagleg, forstår kva som gjer at eit språk kan eksistere som mindretalsspråk. — Kva er ditt beste råd til nynorskkommunane? — Først og fremst må dei sjå seg som viktige bastionar for nynorsk og ikkje kimse av rolla si som akkurat det, trur eg. Kommunane er viktige språkbruksarenaer for nynorsk. Dei bør ha ein gjennomtenkt kommunal språkpolitikk både i administrasjon, for barnehage og i skulekrinsane. Han har ingen spesielle hjartesaker. Sjølv meiner han at han er så breitt orientert at han gler seg over alle saker, anten dei handlar om kunst og kultur, medier, frivillig sektor, idrett eller religion. Han er klar over at det ofte vil storme rundt sakene som kjem frå departementet. Allereie har kulturdepartementet markert seg med forslag om å kutte i pressestøtta og kunstnarstipendet, noko som har skapt sterke reaksjonar. Noregs Mållag var nett ute å viste kva kutt i pressestøtta


Nr 6 2013

LNK-AVISA

13

xxx

for dei avisene som har eit opplag mellom 4000 til 6000 har å seie for nynorsken. Målrørsla er ikkje i tvil om at dette vil skape negative konsekvensar for mange nynorskaviser. Åmås derimot uroar seg ikkje påfallande mykje om det. Framlegget er på høyring og alle konsekvensar vil bli vurderte nøye. Eg trur ikkje det får noko spesielt å seie for nynorsken, kjem det kort frå statssekretæren. Reaksjonar fekk også regjeringa då dei kom med forslaget om å gjere større endringar i mållova. Dei vil erstatte retten folk i dag har til å få svar på eiga målform, med at tilsette i staten og språknøytrale kommunar skal bruke eiga målform. — Kva trur du vil skje med mållova? — Regjeringa vil styrkje begge målformene. Det er viktig at eventuelle justeringar i mållova ikkje rokkar ved hovudprinsippet om at dei norske målformene er likestilte og likeverdige. Eit lovverk som òg sikrar posisjonen til den minst brukte målforma, var og er eit verkemiddel for å styrkje nynorsken slik språksituasjonen er i dag, slår Åmås fast.

Det er viktig at dei som aldri eller sjeldan brukar nynorsk til dagleg, forstår kva som gjer at eit språk kan eksistere som mindretalsspråk. Foto: Nils Vik


14

LNK-AVISA

Nr 6 2013

Vil ha meir nynorsk p Språkrådet er ikkje i tvil om at Haugesund lufthavn må bruke meir nynorsk. Samferdsleministeren er ikkje like sikker.

lufthavn, er nynorskkommunar, slår Vonen fast. Dette vil altså seie at Avinor må bruke den nynorske namneforma i skiltinga på flyplassen, men òg i skiltinga elles og i anna skriftleg informasjon. Språkrådet ser fram til at dette blir sett i verk.

Ikkje naudsynt

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Leiar i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, sa tidlegare i haust til Haugesunds Avis at han meinte det var grunnlag i både mållova og vedtektene til Avinor for at Haugesund lufthavn skulle bruke meir nynorsk. Han viste til vedtektene som seier at Avinor skal følgje prinsippa i mållova i kunderetta informasjon, og at institusjonar med eit avgrensa tenesteområde ifølgje lova skal bruke fleirtalsmålforma i området. Fleirtalet av kommunane i det som må reknast som tenesteområdet for Haugesund

SPRÅK I LUFTA: Det er mange meiningar om kva språk som bør bli nytta på Haugesund Lufthavn. (Foto: Flikcr.xom/liknes)

Avfall og

Etter den tid har Bente Thorsen (FrP) sendt skriftleg spørsmål til samferdsleminister Ketil SolvikOlsen (Frp), der ho lurer på om Haugesund lufthavn verkeleg må bruke tid og ressursar på å skilte flyplassen i nynorsk drakt, sidan dei allereie har lagt ressursar i nye skilt som er i tråd med Avinor sin nye grafiske profil. Samferdsleministeren vil på si side sikre at det blir gjennomført ei ny vurdering i saka, og er samd med partifellen Thorsen i at det ikkje er naudsynt å bruke store ressursar på endring av skilt og profilering. — Det er kommunane sjølv som bestemmer kva målform

gjennvinn

+

ing

grøn rent

=

e

MILJØGE

VINST

Meir om grøn rente på www.kommunalbanken.no www.kommunalbanken.no


Nr 6 2013

15

LNK-AVISA

på flyplassen

Jan Olav Fretland Førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Sp r å k r å d som skal brukast i den enkelte kommune. Eg har ikkje sett nokre utspel frå kommunar som har eit ynskje om å endre namnet til Haugesund lufthavn, ei heller eit slikt ynskje frå Avinor. Det tek eg som eit teikn på at kommunane i regionen er tilfreds med namnevalet på flyplassen, uavhengig av om den enkelte kommunen sjølv har valt å ha nynorsk, bokmål eller nøytral målform. Befolkningsmessig bur dei fleste innbyggarane i kommunar som brukar bokmål eller nøytral målform, slår Ketil Solvik-Olsen fast.

Må følgje prinsippa

IKKJE I TVIL: Språkrådet og leiar Arnfinn Muruvik Vonen er ikkje i tvil om at Haugesund Lufthavn må bruke meir nynorsk (Foto: Gøril Trondsen Booth)

Lufthamnsjef ved Haugesund lufthavn, Tore Lillenes, har ingen kommentar til den språklege utfordringa på flyplassen. Han vil høyre kva Samferdsledepartementet kjem fram til. — Men kva meiner Språkrådet om svaret frå samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen? — Det Språkrådet har streka under i denne saka, er at Avinor ifølgje vedtektene skal følgje prinsippa i mållova i kunderetta informasjon. Lova seier at institusjonar med eit avgrensa tenesteområde skal bruke fleirtalsmålforma i området. Fleirtalet av kommunane i det som må reknast som tenesteområdet for Haugesund lufthavn, er nynorskkommunar, slår Vonen fast.

- for deg som meiner noko

Eit stimulerande nettmagasin for elevar på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skolen – på nynorsk!

www.magasinett.no Nett det du treng på nettet?

NO OG MED EIGA HANDBOK FOR LÆRAREN!

Juleregn og julefred No har det vore likt seg att nokre dagar heime hjå meg i Lærdal. Tidleg desember, skoddegrått budleregn, nitungt, mørkt midt på dagen. Og så nokon skikkelege vindflager. Det ular rundt øyra, det ligg strødd med kvist og greiner i vegane og blautt lauv oppetter utedøra, og blomsterurna ute på trappa, som ikkje var innteken for vinteren, står opp ned med to nye skar på kanten. Plastikkbøtter og tomme bosspann finn seg nye og til no ukjende lagringsplassar. Eg har ei kjensle av at dette har noko med lystenning og julegater å gjera. Duellen mellom teknisk sjef og han Eivind beinlaus er årviss her i Lærdal. Så då har me endå ein grunn til å gle oss til jul og til lys og triveleg lag i stova og ved kjøkkenbordet. Og me kan fundera litt på juleskikkar og juleord. For juleorda er viktige for oss. Lurer du på om det er jul eller jol, kan eg trøysta deg med at begge går, men jul er mest vanleg i våre dagar. Så er det visse atterhald, sjølvsagt. Eg slit med «Eg synger julekvad», der skal det liksom vera o. Det er nett som når koret vårt skal syngja «Det hev ei rosa sprunge». Når me framfører eit så høgtidsstemt bilete som at ei rose har sprunge, må det vera både hev og ei rosa, sjølv om dei ikkje lenger finst i rettskrivinga. Me kan elles spora mange av orda frå denne høgtida heilt attende til Og sjølve ordet norrøn tid. Og sjølve jul er opphavleg ordet jul er opphavleg eit eit heidensk midtheidensk midtvintersblot. Julaftan heitte i si tid vintersblot. jólaptann. I norrønt finn me òg jólahelgr, jólamorginn og jólanott. Du kunne alt då drikka jólaol, men du måtte laga det sjølv, det fanst ikkje på flaske eller boks, rimelegvis. Og romjula høyrer til i denne lange tradisjonen. Ein rúmheilagr dagr var ein dag som ikkje var heilag etter lova, er det sagt. Så derfor vart romjula yrkedagane mellom juledagane og trettandagen. På mine trakter heiter det forresten klavadagane. Somme hevdar at det kjem av at ein sleppte ut kyrne ein yrkedag i romjula, då slapp dei ut or klaven. Eg veit ikkje om det er rett, men usannsynleg er det vel ikkje. Julehefta, eller juleblådn, som eg seier, er av nyare dato. Men Smørbukk nærmar seg faktisk 75 og Vangsgutane er eit år yngre, så dei dreg på åra, dei bygdemenneska òg. Knoll og Tott, verdas eldste teikneserie, har feira hundre for lenge sidan. Juleblada er sjølvsagt truga av dvd-ar og fjernsyn og dataspel og av dei moderne blada, som er meir «up to date», men eg ser at stativet med juleblad er på plass i år som i fjor. Visste de forresten at julebukkane først på var utkledde med bukkehovud? Fyrste seinare har me kunna variera kostyma meir. Hugs for all del å setja opp julebandet til jul. Julenek er noko moderne som eg ikkje kjennest heilt ved. Så må du ikkje bera ut att jula: Det gjer du viss du seier nei takk til traktering, veit du! Då vert det ikkje skikkeleg jólagæfa, som dei gamle sa, eller julelukke, som me ville seia. Julelukka, den fredelege og sæle, som ikkje er avhengig av julepakker og julebord, ho er verd å streva etter for alle. Dei fleste på jorda får nok ikkje oppleva ho i år, heller.


16

LNK-AVISA

Nr 6 2013

97

kommunar deltek i det nasjonale dugnadslaget for kulturarven

Vågå kommune er stolt medstiftar av Norsk Kulturarv og er i dag vertskommune for organisasjonens administrasjon. Ein levende kulturarv er viktig for utviklinga i Vågå, og omdømme og identitet må byggjast med utgangspunkt i dei stadeigne kvalitetane kommunen har. Vågå er ein kommune med svært mange verneverdige bygningar i tillegg til at vi har fleire verna kulturlandskapsområder. Dette gjev oss eit særskilt ansvar for å ivareta denne viktige kulturarven. Vi ønskjer å fortsette det gode samarbeidet med å løfte fram kulturarvens betyding i lokal verdiiskaping. Iselin Jonassen Ordførar Vågå kommune

Sjekk om din kommune er med på våre nettsider Vågå kommune er med i både LNK og Norsk Kulturarv.

Stiftelsen Norsk Kulturarv • post@kulturarv.no • tlf 469 75 100 • kulturarv.no


Nr 6 2013

17

LNK-AVISA

Brage-prisar til nynorskbøker

Magnus Mjør

rådmann, Stord kommune

På ko m m u n e v i s

Verdas største nynorskby! Stord er ein vekstkommune med drygt 18 000 innbyggjarar. I 1997 vedtok kommunestyret at Stord skulle vera by. Vedtaket vart grunngjeve med at kommunen meir og meir fekk ein urban karakter, og at det å kunna nemna seg by ville vera til stor hjelp for næringsdrivande i arbeidet med marknadsføring og rekruttering. Med bystatusen følgde likevel ikkje bymålet. Trass i folkeauke, stor innflytting og urbane trekk har nynorsk vore einerådande som målform i Stord. Overgang til bokmål har aldri vore vurdert. Tvert om lanserte ordføraren i si tid Stord som den største nynorskbyen i verda. Dei små freistnadene som har vore på å få bokmål som alternativt undervisningsmål i skulen, har også stranda. I «mi tid» i Stord, som går attende til 2008, har spørsmålet ikkje stått på dagsorden. Me har såleis ikkje dei same utfordringane med språkdeling som nynorskkommunane i Bergensregionen; Stord er i staden byen og regionsenteret i nynorskbastionen Sunnhordland.

Prisvinnar: Ruth Lillegraven vann Brageprisen 2013 i kategorien Skjønnlitteratur for diktsamlinga «Urd». (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK)

Folkebiblioteket vart heidra med ærespris under utdelinga av Brageprisane tysdag kveld. To av dei fire bøkene som fekk pris, er skrivne på nynorsk. Det knytte seg på førehand spenning til om Dag Solstad skulle få prisen for slektskrøniken «Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1895», ein roman som har fått svært blanda kritikkar. Men juryen valde ein poet – Ruth Lillegraven og diktsamlinga «Urd», som er på nynorsk. Dei to andre nominerte titlane i denne klassen var også diktsamlingar.

– Viktig pilar Den gjeve æresprisen gjekk overraskande nok ikkje til ein forfattar, ein omsetjar eller eit forlagsmenneske, men til folkebiblioteket. – Årets vinnar er ein av våre beste og mest aktive litteraturformidlarar. Vinnaren er omtalt som del av grunnmuren i kulturlivet og ein viktig pilar i

eit fungerande demokrati, skriv juryen blant anna i grunngivinga. Dette er nok ein pris som varma den ferske kulturministeren Thorhild Widvey (H), som var prisutdelar. Då ho la fram endringane i kulturbudsjettet tidlegare denne månaden, var det nettopp med ein lovnad om å satse på folkebiblioteka. Blant anna har den nye regjeringa sett av drygt 12 millionar kroner til å utvikle biblioteka som uavhengige debattarenaer og møteplassar. Det har berre skjedd éin gong tidlegare at æresprisen ikkje er tildelt ein person. Det skjedde i 2004 då NORLA – Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet fekk prisen. I fjor gjekk prisen til forfattar Knut Faldbakken.

Tegneserie om Munch Prisen for beste sakprosa gjekk originalt nok til ei bok i tegneserieform – Steffen Kvernelands «Munch». – I «Munch» fortel Steffen Kverneland på uærbødig vis historia om vår største målar. Kvernelands utgangspunkt er ei rad utvalde sitat frå Edvard

Munch og samtidige personar. Desse får han i tale på ein heilt særeigen måte med fortolkande teikningar, som svært ofte legg seg tett opp til Munchs eigne bilete, skriv juryen. Om Ruth Lillegravens «Urd», som vann den skjønnlitterære prisen, heiter det blant anna at ho «er ei lyrisk-episk diktbok med vidt spenn, langbølga rytmikk og fleirstemt poesi. Gjennom 64 tittellause, nummererte, presise og vâre enkeltdikt organisert i fem delar, skildrar Urd livet og livsinnhaldet til to kvinner med eit hundreår og fleire generasjonar mellom seg». Br ynjulf Jung Tjønn vann Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok med «Så vakker du er», også den på nynorsk. Prisen i open klasse, som i år var faktabøker for vaksne, gjekk til «Norsk etymologisk ordbok» av Yann de Caprona. Brageprisene har vore delt ut sidan 1992 av stiftinga Den norske Bokprisen. Prisane har som føremål å heidre gode norske forfattarskap, og skape interesse for norsk litteratur. Prisane vart delt ut under ei festframsyning i Dansens Hus i Oslo. (©NPK)

Når LNK-avisa kom med spørsmålet om å skriva litt om utfordringane med det å vera nynorskkommune, vart eg først i stuss om kva det kunne vera. Men her er skyer i horisonten. Nynorsk, Nynorsk og norsk er og norsk, er under under press. Engelsk press. Engelsk vinn stadig terreng. Det vinn stadig terreng. merkar me sjølvsagt også her på Stord, med eit næringsliv som konkurrerer «worldwide». Det synest likevel som at stadig fleire lokale verksemder nyttar nynorsk i si marknadsføring. Ei ekstra fjør i hatten var det når snøggmatkjeda McDonalds i haust averterte opninga av sin nye Stord-filial på nynorsk. Det er visstnok første gong så er skjedd, og både mållaget og Stord kommune ved ordføraren jobba aktivt for dette. Det er ikkje tilfeldig at nynorsk har kunna halda seg så godt på øya, både som skrift- og talemål. Lokalavisa Sunnhordland har spelt ei sentral rolle, både som nynorskbrukar og ved at avisa har tala nynorsken si sak. Det same har eit aktivt mållag. Dessutan har kommunen si faste linje i språkspørsmål og språkbruk vore viktig. Kommunestyret vedtok målbruksplan for Stord første gong i 1998. Planen formulerer språkpolitiske målsetjingar og gjev retningsliner for språkbruk. Og planen vert følgd: Då kommunestyret skulle vedta retningsliner og prinsipp for universell utforming, vart det lagt stor vekt på den språklege utforminga. Retningslinene, som opphavleg vart skrivne på bokmål av eit arkitektkontor, måtte setjast om til nynorsk, og det vart ein debatt om kva som ville vera det beste nynorske ordet for ledelinjer. Etter rådføring med språkrådet vedtok kommunestyret føringsliner som beste alternativ. Stord vart kåra til årets nynorskkommune i 2009. Det var ei stor oppmuntring og inspirasjon til å arbeida vidare for nynorsk som eit vitalt bruksspråk i kommunen.


kommune: Årdal

18

LNK-AVISA

Nr 6 2013

Ordføraren i Årdal kommune er Arild Ingar Lægreid (Ap). Han representerer Arbeidarpartiet og har hatt ordførarvervet sidan 2002. Kommunestyret i Årdal har 21 medlemer, fordelt slik på partia: Arbeidarpartiet (16), Senterpartiet (3), Høgre (1) og Frp (1). Årdal ligg lengst inne i Sognefjorden og dannar porten til Jotunheimen frå vest. Kommunen grensar i nord og vest til Luster, i aust til Vang (i Oppland fylke) og i sør til Lærdal. Kommunen har to tettstader, Årdalstangen og Øvre Årdal med 5547 innbyggjarar. Tettstadene er omkransa av dalar; Naddvik (Vikadalen), Nundalen, indre og ytre Ofredal, Seimsdal, Fardalen og Utladalen. Her er det storindustri og gardsbruk, naust ved fjorden, skogsdrift og fiske i elv og innsjø. Jotunheimen er næraste nabo med sin dramatiske natur med fjelltindar, bratte fjellsider og høge fossefall. Årdal har eit mildt klima og lite nedbør. Årdal kommune har rimelege bustadtomtar som er ledige for tildeling i Seimshagane i Seimsdalen og ved Timmersletti i Utladalen. (Kjelde: Årdal kommune) ENGASJEMENT: Varaordførar Marie - Helene Hollevik Brandsdal (tv) med sonen Lucas (2 år) på armen viser til at det språklege engasjementet i kommunen er stort. Her er ho saman med Sandra Opheim (t.h) som klarte å få språktesten for 2-åringar omsett til nynorsk, på biletet er og sonen hennar Brage (3 år). (Foto: Privat)

Årdal Sogndalsfjøra

Øvre Årdal

Kaupanger Årdalstangen Lærdalsøyri

Aurland

Illustrasjon: Gerhard Stoltz

Varaordføraren om:

Kommune i endring Årdal kommune er i ein endringsfase. Varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) ser positivt på den språklege utviklinga.

Språk: Det ligg naturleg for meg, som er født og oppvaksen i Øvre Årdal, å nytte nynorsk. Borna mine nyttar også nynorsk, naturlegvis, og dei er stolte av språket sitt. Eg er også særs oppteken av å nytte nynorsk i arbeidet mitt. Eg meiner at nynorsk er vakkert! Sosiale medium: Årdal kommune er på Facebook, men der har me enno ein veg å gå. Sosiale medium er komne for å bli, og dei fleste nyttar seg av både eitt og to sosiale medium. Eg meiner det kan vere nyttig for ein kommune også å vere tilgjengeleg på sosiale medium. Årdal kommune har elles ei særs god og brukarvenleg heimeside.Privat nyttar eg fleire sosiale medium og har glede av det.

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

— Årdal kommune er særs medviten om å nytte nynorsk. Vi har målvedtak om nynorsk. Tilsette nyttar sjølvsagt nynorsk, og elevane er læringsviljuge og stolte over språket sitt, seier Brandsdal stolt. Ho viser til at Farnes skule i 2011 vart godkjent som dysleksivenleg skule. I tillegg trekkjer ho fram historia om småbarnsmora Sandra Opheim, som kom på helsestasjonen i Årdal med sin to år gamle son og skulle ta språktest. Ho nekta å gjennomføre språktesten, då han var på bokmål. Testen var utforma nasjonalt og sjølvsagt berre på bokmål. Fleire av innbyggarane klaga, og til slutt tok årdølane saka i eigne hender. Sandra engasjerte ressurspersonar innan språk og fekk oversett språktesten til nynorsk. Testen vart godkjent og vert no nytta av dei som ynskjer testen på nynorsk.

Kommunesamanslåing:

Treng fleire bein

Me er positive til kommunesamanslåing i Årdal. Me har allereie eit godt interkommunalt samarbeid med Lærdal og Aurland kommune, og me har definert kommunane som eit felles bu- og arbeidsområde. Det vil vere konstruktivt og naturleg å slå desse kommunane saman. Eg er heller ikkje så oppteken av fylkesgrenser, så ta med Vang kommune. Eg trur desse kommunane kan utfylle kvarandre godt.

Årdal har vore gjennom tøffe omstillingsperiodar, mykje på grunn av Hydro si nedtrapping, der mange har mista jobbane sine. Hollevik Brandsdal meiner kommunen er i ein omstillingsprosess, men ser likevel ikkje mørkt på framtida. Ho meiner derimot kommunen er i endring, frå å vere ein einsarta industrikommune til ein kommune med fleire bein å stå på. — I næringslivet generelt er det positiv utvikling innan næringar som handel og tenesteyting. Etter å ha vore ein industriprega kommune har vi no fått ein medviten næringsstrategi om å utvikle oss innan handel, reiseliv og kultur. Vi er aktive med å skape nye arbeidsplassar, særskilt innan handel og tenesteyting, meiner varaordføraren.

Handel er den nest største bransjen i Årdal. Nyleg opna også eit kjøpesenter med 13 butikkar i bygda.Varaordføraren gler seg over at mange gründerar, særleg kvinner, har satsa her. — Vi er medvitne om at tenesteyting er ein bransje med mange kvinnelege kompetansearbeidsplassar og særs viktig for kjønnsbalansen i Årdal. Å utvikle tenesteytande næringar er viktig av fleire årsaker. Dei er med på å auke kompetansenivået i Årdal, er viktige for sysselsetjing og er særskilt naudsynte for at andre bransjar kan utvikle seg. I tillegg er bransjen sentral for å sikre fleire ungdommar arbeid i bygda. — Vi satsar målretta på å utvikle bygda slik at vi får fleire føter å stå på. Sentrumsområde skal bli familie-, brukar- og turistvenlege med eit meir urbanisert utrykk.

Vegen vidare Årdal ligg i innfallsporten til Jotunheimen nasjonalpark, gjennom Utladalen og Tindevegen. — Årdølane er blitt meir aktive i å nytte nærområda sjølve, og vi har stor respekt for attraksjonane våre.Vi nyttar dei med respekt for komande generasjonar. Målet er å auke talet på besøkande til attraksjonane våre og at dei samstundes får ei positiv oppleving av bygda, meiner Ap-politikaren. Varaordføraren legg ikkje skjul på at kommunen har ein utfordrande kommuneøkonomi, men at dei likevel må levere bra til innbyggarane. — Vi har gode kommunale tenester. Sjølv med ein utfordrande kommuneøkonomi er vi særs opptekne av at innbyggarane våre framleis skal ha gode kommunale tenester. Kommunen sine viktigaste oppgåver er å legge til rette for nyetableringar, små og store. Vi skal vere ein næringsvenleg kommune. Ei utfordring er at Årdal har 452 innpendlarar til arbeid i bygda. Vi vil at fleire av desse skal busetje seg i Årdal. Vi arbeider for å skape eit attraktivt lokalsamfunn med trivsel for innbyggjarane med ein god og brukarvenleg bustadpolitikk. Bygda og kommunen er framleis i sorg etter den tragiske hendinga på Valdresekspressen tidlegare i haust, der tre personar vart drepne. Varaordføraren er klar på at kommunen har hatt god dialog med både Justisdepartementet og UDI. No er jobben å kome seg vidare.


Nr 6 2013

19

LNK-AVISA

Feirar målrocken Musikkfestivalen Målrock i Årdal feirar 10-årsjubiluem i år. I botnen ligg målet om å formidle nynorsk og dialekt. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Festivalleiar Katrine Clausen Fredheim er glad for at festivalen no kan feire 10 år. – Eg trur ikkje det var nokon av dei som starta opp dette i 2003, som hadde trudd me skulle stå der me står i 2013, seier ho. Stiftinga Målrock vart skipa 18. februar 2003 med føremålet å vere arrangør av ein årleg målrockfestival i Årdal. Stiftinga skal arbeide for å fremje pop og rock som vert framført på dialekt, nynorsk, norsk og alternativt andre nordiske språk, og ho er medlem i Norsk Rockforbund. Landskapet i Årdal inst i Sognefjorden, der natur, kultur og moderne storindustri møtest i ein heilskap, utgjer ei storfelt ramme for Målrock, skriv festivalleiinga på eigne nettsider.

Vil skape aktivitet – Festivalen har utvikla seg sakte, men sikkert. Dette har vore mykje i takt med både publikum og styret for festivalen sine ynskjer. Me er opptekne av å lytte til dei som kjem, og tek med oss innspel heile tida. Mellom anna har vi blitt meir opptekne av å skape aktivitet på ulike stader rundt i bygda – og for dei fleste aldersgruppene, fortel Fredheim. På programmet dette året stod blant andre Mari Boine, Vinni og Hellbillies. Vi har mellom anna teke ein del av festivalen til Utladalen og bygd naturscene der. Vi brukar mykje meir av ressursane våre no på å framheve det som er spesielt med Årdal, og bake dette inn i festivalopplevinga. Det trur eg er bra både for dei som bur i bygda, men det er òg noko som gjer oss sterkare i konkurransen mot dei utallige festivalane som er der ute. Det er stadig viktigare å bygge identitet.

Språket står sterkt Festivalleiaren legg vekt på at språkprofilen er viktig. – Nynorsk- og språkprofilen var jo grunnen til at festivalen blei starta, så det kan vi ikkje snike oss unna. I bookingprofilen prøver vi å ha eit fokus på eige mål og dialektar, men det er ikkje fullt så farleg om det er norsk, svensk, dansk og så vidare lenger. Det er avgrensa kva artistar ein kan booke som både trekk publikum til festivalen og støttar ein språkprofil, så der møter vi utfordringar kvart år, særleg

ved dei store namna. For meg personleg er språkprofilen veldig viktig, mellom anna på bakgrunn av tanken om identitet, og vi held oss til nynorsk i all kommunikasjon – både i pressemeldingar, dialog med andre og på nett. Alternativet er engelsk for dei som ikkje forstår norsk. – Korleis står nynorsken i Årdal ? – I Årdal opplever eg at nynorsken er ganske sterk – dei fleste skriv nynorsk og føler seg komfortable med det. Eg er ei av dei som enno er absolutt tryggast med å ha nynorsk som hovudmål, og tykkjer det er viktig å få lov å skrive nynorsk så lenge eg ynskjer det. Om målet for festivalen heile tida har vore å setje søkjelyset på mål og dialekt i musikk, har festivalen dei seinare åra i like stor grad arbeidd for å vere eit naturleg samlingspunkt for heile regionen. – Vi jobbar akkurat no mest med å forbetre dei elementa vi allereie har. Vi føler vi har ei god form på festivalen som omfattar både store og små, og som gjev eit godt tilbod. Det er krevjande å drive ein så stor festival på dugnad slik vi gjer, og det set sine naturlege avgrensingar i kor mykje utvikling vi kan oppnå. Vi har uansett veldig trua på det å ta festivalen ut i heile bygda, skape lokalt engasjement og å arrangere noko for alle aldrar. Det er alltid ting å strekkje seg etter, slår Fredheim fast.

Profilerer Årdal – Målgruppa vår er først og fremst musikk- og festivalglade folk frå regionen og sjølvsagt heile landet, men vi har òg ei gruppe med stamgjester som kjem tilbake år etter år etter å ha besøkt festivalen. – Kva betyr festivalen for kommunen? – Eg meiner festivalen betyr svært mykje for Årdal. Utflytte årdølar brukar dette som ei helg der dei reiser heim og gjerne tek med seg vener og ny familie og viser fram bygda. Festivalen er etter mitt syn ein veldig sentral aktør, som bidreg til å profilere Årdal som bygd på ein positiv måte. I tillegg skapar vi mykje aktivitet, festivalen avlar

LIV: Kaizers Orchestra laga godt med liv under Målrock 2012. (Foto: Målrock) dugnadsinntekter til lag og foreiningar, omsetningsrekordar i butikkane og sist, men absolutt ikkje minst, aktivitet, liv og røre i bygda. Det er absolutt givande å vere ein del av dette.

JUBILEUM:

Bookingsjef Thomas Norheim og festivalleiar Katrine Clausen Fredheim er glad for at Målrock no kan feire 10-årsjubileum. Like viktig er det å sjå framover, meiner dei. (Foto: Sogn Avis)


20

kommune: Årdal

LNK-AVISA

Midt i industrien Hydro har drive aluminiumsverk i Årdal sidan 1986. Hjørnesteinsbedrifta har vore gjennom både gode og dårlege tider.

Mindre ungdomsrus Varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal gler seg over at rus blant ungdom er på veg ned i kommunen.

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Hjørnestein: Aluminiumsverket i Årdal har opplevd både gode og dårlege tider. (Foto: Hydro)

Kutta stillingar

Betre tider

I fjor kom beskjeden om at Hydro la ned PFA-støyperiet ved Årdal metallverk. Det innebar at 53 stillingar vart kutta, men ingen av dei fast tilsette mista jobbane sine. – Me har over ein periode sett at lønsemda ved å bruke omsmeltemetall i Årdal har gått ned, og at me tapar pengar. Difor har vi no valt å stogge bruken av omsmeltemetall her, med det resultat at eit av dei to støyperia ved metallverket må stengje, uttalte då informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro til NRK.no. – Vi ser ikkje nokon anna utveg for å kutte dei tapa vi har sett ved bruk av omsmeltemetall, meinte Molland.

I 2013 har den økonomiske vinden snudd, og i Årdal vart resultatet tredje kvartal eit overskot på 14 millionar kroner, noko som er ei klår betring frå det første halvåret i 2013, då det var 15 millionar i minus. Kommunikasjonsansvarleg Odd Steinar Natvik er nøgd med at dei 563 tilsette har snudd minus til pluss. Det har dei gjort trass i at prisane framleis er dårlege. – Me får ikkje noko drahjelp av prisane på verdsmarknaden, og det kjem me heller ikkje til å få på ei stund. Me er difor godt nøgde med at me leverer eit overskot på 14 millionar i tredje kvartal, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

Dinamo

| Foto: Aina C. Hole

Bygginga av aluminiumsverket i Årdal vart starta av det tyske selskapet A/S Nordag under 2. verdskrig, og den første produksjonen av aluminium frå verket fann stad i 1948. Hydro har drive aluminiumsverket i Årdal sidan 1986. Her blir det produsert primæraluminium, og verket har i tillegg eit støyperi som leverer valseblokker og støypelegeringar. I Årdal finst det også eit karbonverk som produserer anodar for aluminiumsproduksjonen. Dette karbonverket leverer også anodar til dei andre norske verka til Hydro. I Årdal har dei dessutan eit eige forskingssenter.

Nr 6 2013

ar n u mm o k Til: Alle ndar i KLP som er ku

lane sjonsmid valta pen r fo s s a o for t de å la lt me kan e har valt a d a t r a je r g l fo kk ska framleis Tusen ta unen! Me . Me skal m m m je o k k i m svarleg da so lsette lid og an for dei ti o s også i ti s s o it e d e a r m ve e nøgde framleis mtida. D skal vera me skal ik for fra g o le g r g e y d a tr it l v a at ostn ette ha låge k en de ska og dei tils m k , k n y e d g v a d je l om g på KLP ti selskap s så mykje ja k n te je treng ikk oko. r det er n å n r e d r me e

Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Ei undersøking utført av Bergensklinikkane viser at rusbruken blant ungdom i Årdal har gått drastisk ned sidan 1999. I 1999 svara 35 prosent av gutane i 10. klasse at dei ikkje hadde vore tydeleg rusa det siste halvåret. I dag er talet nærare 80 prosent. For jentene var tala 20 prosent i 1999 og nærare 60 prosent i dag. — Ungdommen i Årdal er sunne, og me gler oss over at bruk av røyk, snus og rus er ut. Undersøkinga viser at dei som har strenge

reglar heime, drikk mindre, og at ungdommen høyrer på foreldra sine. Årdalsungdommen vil ha tydelege vaksne, meiner varaordføraren. H ol l evi k B ran dsdal ser det også som positivt at elevar ved Årdal Vidaregåande skule har starta ungdomsbedrifta Skjulte skattar. — Elevane i 2. klasse i Sal, service og sikkerheit nyttar timane i faget Prosjekt til fordjuping til å drive bruktbutikk. Å drive ungdomsbedrift på denne måten gjev elevane gode høve til å praktisere programfaga dei har på skulen. Dei har laga ein særs innbydande og fin butikk, og det vanka mykje ros frå kundar på opningsdagen. Eit positivt og velkome innslag i næringslivet vårt, slår politikaren fast. — Det skjer mykje positivt blant ungdommane våre, meiner ho.


Nr 6 2013

21

LNK-AVISA

Terje Lyngstad

Teatersjef Sogn og Fjordane Teater

t e at e r

BOKSTAVELEG TALT PARADOKSALT Verda er full av paradoks. I følgje Norsk ordbok tyder paradoks noko tilsynelatande urimeleg eller sjølvmotseiande som likevel inneheld ei sanning, som at vi kastar masse mat, samstundes som det finst menneske som svelt. Verda er full av paradoks. Vi veit alt om kva fysisk aktivitet, røyk og sukker gjer med helsa vår, men likevel er det mange som røyker, fleire som et sukker og endå fleire som ikkje orkar tanken på å trene. Vi kan ikkje ha godt samvit utan dårleg samvit. Det er først når det feilar oss noko, at vi veit kva det vil seie å vere frisk. Det er kanskje ikkje så rart. Kven står opp om morgonen og seier «hurra, eg er frisk i dag, eg har ikkje influensa, og ikkje har eg vondt i tåa.»? Det er først når vi har det vondt, at vi ser kor godt vi har det, og det er litt av eit paradoks. Tenk dessutan på alle dei som snakkar nedsetjande om folk som har mørkare hudfarge ein dei som er etnisk norske, samstundes som dei ligg Kven står opp om mori solarium året rundt og gonen og seier «hurra, reiser til Syden, berre for å eg er frisk i dag, eg har bli like brune som dei menneska dei ikkje synest noko ikkje influensa, og ikkje særleg godt om.

Pris: Teresa Grøtan får Blixprisen for 2013 (Foto: Helge Hansen)

Blixprisen til Teresa Grøtan Blixprisen for 2013 går til Teresa Grøtan. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

– Årets Blixpris-vinnar er ein kunnskapsrik forfattar, som på ein framifrå måte nyttar journalistisk erfaring og metode i forfattarskapen sin for barn og unge, kombinert med eit godt auge for den unge lesaren og litterær teft. Det er med glede nemnda i år kan gi prisen til ein forfattar med sakprosa i porteføljen, noko statuttane nemner spesielt, skriv juryen. Grøtan skriv for unge lesarar med eit konkret mål i sikte; å formidle viktig kunnskap i eit godt og stilsikkert språk, og i ei engasjerande form.

Grøtan er ikkje redd for å gå inn i kompliserte saksfelt og presentere dette for unge lesarar; Globaliseringsboka frå 2009 er eit slikt døme. Grøtan meistrar også fagformidling i skjønnlitterær form og for yngre lesarar, noko ho har vist i bøkene om Klara: Klara kan mykje rart om klede, Klara kan mykje rart om mat. Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gjeven til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det om mogleg skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom. Prisen er på 15 000 kroner. I nemnda sit Ragnfrid Trohaug (Samlaget), Steinar Aas (Universitetet i Nordland) og Kine Hellebust (Nordnorsk Forfattarlag)

har eg vondt i tåa.»? Det finst jamvel språklege paradoks, som i økonomien, der det blir operert med omgrep som «negativ prisstiging». Forstå det den som kan. Det er på nivå med den positive meldinga du kan få etter eit legebesøk: Prøva var negativ, du er frisk! Verda er full av paradoks, og annakvart år er det høgsesong. I år skjedde det igjen, det var stortingsval. Paradoksa florerte som vanleg i valkampen, på alle område av politikken. Det hjelpte ikkje at statistikken sa at Noreg er eit svært rikt og godt land å bu i. Vi fekk servert ei elendeskildring om alt frå lange køar for å få behandling på sjukehus, sjølv om køane er ganske korte, om dårlege resultat i skulen, sjølv om resultata er ganske gode, og om den kritiske tilstanden blant dei eldre, som aldri har hatt det betre, både når det gjeld helse og økonomi. Framstegspartiet (Frp) er eit paradoks, bokstaveleg talt. Frp bør jo vere eit parti som ønskjer framsteg og utvikling, men partiet er konservativt, og partimedlemmene har – så vidt eg veit – ingenting i mot å bli kalla reaksjonære. Samstundes som partiet har framsteg i namnet sitt, tyder reaksjonær framstegsfiendtleg.

Det er ikkje berre partinamnet Frp som er paradoksalt. Partiet sitt forhold til bompengar er eit paradoks i særklasse. Kvifor omfamnar ikkje Frp – som meiner at privatfinansiering er av det gode – bompengar som kjelde til finansiering av vegprosjekt? Partiet vil jo privatisere så godt som alt – skular, sjukehus, teater – ut frå ideen om at dei som bruker tilboda, skal betale for dei. Då vil dei som går på teater, måtte betale for det, medan dei som ikkje set føtene sine i ein teatersal, slepp. Med bompengar må dei som bruker vegen, betale for han, medan dei som ikkje bruker vegen, slepp. Nærare Frp-politikk kjem du ikkje. Bompengar er privatfinansiering i destillert form og burde vere eit honnørord i Frp-krinsar. Men som sagt, verda er full av paradoks. I ei verd full av paradoks er det kanskje ikkje så rart at born blir kasta ut av landet, sjølv om Noreg har signert FNs barnekonvensjon. Då er det kanskje heller ikkje så rart at justisministeren i verdas rikaste land, uansett kva partifarge han måtte ha, vil forsvare å kaste ut born under dekke av såkalla «innvandringspolitiske omsyn». Årsaka er vel, paradoksalt nok, at det i politikken, som elles, er sånn at enkelte spring så fort at dei aldri kjem fram.


22

LNK-AVISA

Nr 6 2013

Publikumsrekord på Falturiltu bilde inspirert av festivalforfattaren sine tidlege barnedikt, og i Galleri Giga kunne ein sjå dei opphavlege illustrasjonane til Kari Bøge,Wenche Øyen, Oddvar Torsheim og Gerhard Stoltz.

Vil nå ut med litteraturen

Lesestund: Festivaldiktar, Einar Økland, les for barn. (Foto: Falturiltu)

Roald Kaldestad er stolt over at litteraturfestivalen Falturiltu når nye høgder. No satsar dei nasjonalt. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

– Korleis har Falturiltu utvikla seg gjennom åra? – Falturiltu har gjennom sju år sakte, men sikkert bygd seg opp til å bli ein kvalitetssterk og viktig festival som blir betre og betre til å gjere jobben sin – som er å løfte

fram all den glimrande, men for mange ukjende nynorske barneog ungdomslitteraturen. I 2012 fekk Falturiltu NBU-prisen for formidlingsarbeidet sitt, og i år følgde den kulturrådsfinansierte nettstaden Periskop.no festivalen over fire dagar. Dei konkluderte i ein kommentar med at: Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu evnar å nå fram til sitt publikum, til å involvere og inspirere dei. Festivalen fortener ein større oppslutnad.» Og større oppslutnad har festivalen fått. Besøkstalet har gått frå om lag to tusen det første året, til fire tusen i 2013. Me når dessutan stadig lenger ut, både i media og geografisk, og me involverer fleire og fleire i lokalmiljøet. Me er med

Glimt frå Falturiltu 2013 (foto: Kristine Thorkildsen)

andre ord på rett veg, seier Roald Kaldestad stolt. Han er ein av arrangørane bak litteraturfestivalen og gler seg over den positive utviklinga Falturiltu har hatt. I år var det publikumsrekord på Falturiltu. 4000 publikummarar vitja festivalen i år, mot om lag 3500 i fjor. Falturiltu har eit variert program med konsertar, opplesingar, skulebesøk, teaterog operaframsyningar og utstillingar som freistar publikum til å kome.

Trekkplaster – Kva trur du var det mest freistande med årets program?

– Det som trekte mest folk, var operaen «Walkman – Musikkalenderen», som var komponert og utvikla av studentar ved Høgskulen Stord/ Haugesund, basert på biletboka Walkman av festivalforfattar Einar Økland og Wenche Øyen. Populærmusikkorkesteret Finn Erix med gjestene Einar Økland, Are Kalvø og Oddvar Torsheim var utselt fleire veker i forkant, og opningsframsyninga med mellom andre Frode Grytten og Mads Berven si rocka førestilling «Gabba gabba hey» var bra besøkt, fortel Kaldestad. I tillegg var det mykje folk på utstillingane under festivalen. Alle tredjeklassane i stordskulen hadde blant anna laga dikt og

– Kva er målet med festivalen? – Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er svært rik og variert, nynorske barnebokforfattarar mottek prisar i hopetal, men diverre er det langt igjen før bøkene har det publikummet dei fortener. Det er vanskeleg å nå ut til lesarane, både bokhandlarar og bokklubbar prioriterer bokmålsbøkene, og mange har ei oppfatning av at det ikkje finst noko særleg litteratur på nynorsk. Falturiltu tek mål av seg til å formidla denne litteraturen og gjera han meir kjend, slår Kaldestad fast. No er målet å lenger ut med festivalen. I framtida tek dei mål av seg til å gjere Falturiltu til ein nasjonal festival. Me må også stadig fornye oss og har mange planar til nye arrangement som kan nå ut til nye potensielle lesarar.Allereie neste år vil fleire av dei bli prøvde ut. Gode bøker er det viktigaste for å fremje nynorsk barne- og ungdomslitteratur, og der er me heldige, sidan den nynorske barne og ungdomslitteraturen er av svært høg kvalitet. Sjå berre på U-prisen, ungdommen sin eigen litteraturpris, der fire av sju vinnarar er nynorskbøker. Nynorske barnebøker blir også selde til mange land, sjå berre på Maria Parr sine, så ein må berre jobbe på for å vise fram all den gode, kloke og morosame nynorske barnelitteraturen som finst.


Nr 6 2013

23

LNK-AVISA

aktuelt:

Helene Uri

Fryktar SMS-språket Helene Uri er redd for at mykje bruk av dialekt og SMSspråk kan øydelegge nynorsken. Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

— Du meiner SMS-språk truar nynorsken, kvifor?

foto: Nina Kammersten

Namn: Helene Uri Alder: 48 Bur: Oslo Aktuell: Språkvitar og forfattar som meiner SMS-språket kan øydelegge nynorsken.

— Eg trur nynorsken tener på å halde på ein stram språknorm. SMS-språket ser eg på som ei lausare form, og dersom det blir mykje brukt, kan det i lengda skade nynorsken. Eg har tru på at både bokmål og nynorsk treng strenge rammer for å bestå som skriftspråk. Mykje bruk av dialekt og SMS-språk kan virke oppløysande og forvirrande. — Kva forhold har du sjølv til nynorsk? — Eg har eit utmerka forhold til nynorsk. Sjølv om det ikkje er morsmålet mitt, har eg trass alt gjeve ut to bøker på Samlaget som er på nynorsk. Eg er ikkje så verst i nynorsk. — Dialektriket på NRK har blitt eit populært program, er dialektar i vinden for tida?

Sjå meir på LNK.no om tilboda kortet gir

— Dialektane har for så vidt vore i vinden sidan 70-talet, men eg ser at det kanskje er ekstra engasjement der ute no. Det kan jo vere ein positiv effekt av SMS-språket; den utviklinga er jo ikkje utelukkande negativ, heller. Folk er kanskje blitt meir opptekne

av korleis talemålet deira skal vere. — Kva meiner du om forfattarar som skriv på dialekt? — Det er flott med forfattarar som skriv på dialekt. Det kan vere både tett og nært og ikkje minst kle historia veldig godt. Men nokre kan kanskje miste lesarar, sidan mange har ei oppfatning av at dialekt er vanskeleg å lese. Det blir ofte same problemet med nynorsk, mange trur det er for vanskeleg å lese. — Du meiner media bør bruke standardmålformer i somme tilfelle? — Eg meiner det er viktig med standardisert språk, både i bokmål og nynorsk, i nyhendesendingar. I desse sendingane er det meir opplesing enn talemål, og her er innhaldet viktigare enn forma. I skjønnlitteraturen er det derimot form og innhald som skal skape uttrykket saman.

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. Han har no gitt ut si første diktsamling; Nesten Saman Foto: Benedikte Skarvik

debutanten Kanskje du akkurat no er åleine. Kanskje du trur at ingen bryr seg. Kanskje du trur at ingen ser deg. Kanskje du trur at du ikkje er bra nok. Kanskje du trur at ingen veit kven du er. Kanskje du ikkje kan førestelle deg at det finst nokon som tenkjer på deg

— Korleis kan fleire grupper få møte nynorsk språkdrakt? — Me må gje ut fleire gode bøker på nynorsk, og sidemålsundervisninga, som i dei aller fleste tilfella er nynorskundervisning, må bli betre. Ein må slutte å framstille nynorsk som eit framandspråk. Eg har sjølv born som går og har gått på skule i Oslo, og eg ser at det er mykje ein kan gjere for å gjere undervisninga meir spanande.

og berre på deg kvar dag, kvar time, kvart minutt og sekund. Går det an å vere forelska i den suraste på heile skulen? Går det an å vere nesten saman?

Samlaget 2013

Kultur, språk og litteratur for deg som jobbar med barn

PiRion.no – kulturavis for barnehagar og skular

På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?

Faste spalter:

BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT www.pirion.no

facebook/pirion

@avisapirion


Returadresse: LNK-avisa v/ Norsk Plan, Sandsvegen 134, 4230 SAND

GOD JUL OG GODT NYTT Ă…R

www.kommunalbanken.no

kaffistova.com

framtida.no

magasinett.no

startsida.no

samlaget.no

klp.no

pirion.no

LNK.no

bondeheimen.com


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.