2 minute read
KAPITTEL 4.2 HYTTER, RORBUER OG CAMPING
Veljebua
På Iglandsvik i Bremanger, like ved småbåthamn og molo, og med utsikt mot fjorden og havet, finn du ei over 100 år gamal sjøbu. Bua har i fleire generasjonar vore nytta til fiskeriformål, til oppbevaring av garn og anna fiskeutstyr og til behandling av fisk. Veljebua har teke vare på ein del av den gamle sjøbua samstundes som dei har laga til moderne husvære med alt du treng i ferien.
Iglandsvik / Bremanger / +47 577 91 245 / jarle.grotle@online.no / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/veljebua
Hellebustfossen Hytter
Hellebustfossen Hytter tilbyr to store og moderne hytter med lakserett ved Hellebustfossen i det rike Flekke- og Guddalsvassdraget. Hyttene passar bra for vennetur, familiar og kollegaer som er ute etter laksefiske og andre flotte naturopplevingar.
Hellebust / Fjaler / +47 577 35 728 / bjarhel2@online.no / facebook.com/Hellebustfossen
Yndestad Gard
Yndestad gard ligg i vakre omgjevnadar med flotte områder for turar i fjell og mark, fiske, båttur, bading med meir. Her kan du verkeleg nyte sommardagane med utsikt både til fjell og vatn.
Yndestad / Fjaler / +47 577 37 577 / yndestadgard@gmail.com / yndestadgard.no
Batalden Havbu
Velkomen til Batalden og Batalden Havbu. La deg inspirere av urørt natur, kystkultur og kunst i skjergarden vest for Florø. Batalden Havbu tilbyr eit opphald i historisk bygningsmiljø. Havbuvert Gunhild Bjelland inviterar til å besøke havbumuseet på Bualoftet og Galleri Havbu i Gamlehuset.
Store Batalden / Kinn / +47 577 45 422 / gunhild.bjelland@gmail.com / bataldenhavbu.no
Krokane camping
Krokane camping ligg idyllisk og lunt til ved Fjorden, ca. 2 km. frå Florø by. Med kort avstand til spennande aktivitetar og spekatulære naturopplevingar gjer Krokane Camping til eit godt utgangspunkt for turar langs kysten. Her er tilrettelagt for fiske, dykking og bading, og ein kan overnatte i hyttar, telt eller bobil. Krokane camping er ein av Norges vestlegaste campingplass.
Florø / Kinn / +47 577 52 250 / camping.floro@efinor.no / krokanecamping.no
Sognefjord Ferie
Sognefjord Ferie er eit ferieanlegg med høgstandard hytter og flott beliggende i sjøkanten ved Sognefjorden. Her finn du fire store hytter heilt ved sjøkanten, med båthamn og stor terrasse, samt eit nybygg med fire flotte leiligheter.
Brekke / Gulen / +47 481 74 451 / info@hjartholm.no / sognefjordferie.no
Hatlems Hytter
Velkomen til Hatlems Hytter - eit utgangspunkt for unike opplevingar. Hatlems Hytter ligg på Risnes i Lifjorden. Hyttene har stor variasjon i størrelse og standard, og fungerar glimrande som base for utfluktar på fjord og i fjell. Om du er på jakt etter nøktern tømmerhytte, moderne leiligheiter eller noko midt imellom, har Hatlems Hytter feriebustadar for ein kvar smak og eit kvart behov.
Lifjorden / Hyllestad / +47 952 53 943 / oddvar.hatlem@online.no / hatlemshytter.no
Lavik Feriehus
Velkommen til Lavik Feriehus i fin natur med fjordutsikt. Her kan du nyte stillhet og ro, eller ta deg eit bad i eit naturleg og barnevennlig saltvannbasseng. I området er det mange flotte turmulighetar, blant anna Sørbøheia som ligg 360 moh og har svært fin utsikt. Båtutleige er også muleg.
Sørbøvåg / Hyllestad / +47 481 00 597 / bk.lavik@enivest.net / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/lavik-feriehus