1 minute read

Fjordkysten regional- og geopark

Next Article
TYPISK PARKARBEID

TYPISK PARKARBEID

Så langt vest det er mogleg å kome i Noreg ligg det fire små, men livskraftige kommunar: Solund, Fjaler, Askvoll og Hyllestad. Dei samarbeider om å både ta vare på og å utvikle sine samfunn på lokalbefolkninga sine premissar.

Ved å etablere Fjordkysten regional- og geopark har forståinga for kor viktig samspelet mellom landskap og kultur i regionen auka. Det har også medvitet om korleis desse verdiane vert utfordra av endra ressursbruk, samt lokale og globale klimaendringar.

Det er viktig at vi kan skape ei framtid på ein berekraftig måte. Vi ønskjer å bruke dei naturressursane vi har. Det vi ser, er at gjennom dette prosjektet (Levande landskap) tek Fjordkystparken vare på nedarva kunnskap og formidlar den vidare. Det skaper gode møteplassar. Fjordkystparken bygger identitet og eigarskap både til lokalsamfunnet og til regionen, ikkje minst til naturen.»

Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund

Kva er ein Regionalpark?

Ein regionalpark er definert slik:

«En dynamisk, langsiktig og forpliktende samarbeidsplattform for lokalsamfunn, myndigheter og næringsliv med en interesse for å ivareta og videreutvikle natur- og kulturverdier i et definert landskaps- og identitetsområde.»

(Norske Parker)

Føremålet er å skape samarbeid mellom aktørar på ulike nivå, på tvers av ideelle og kommersielle interesser. Arbeidet vert bygd på ivaretaking av regionen sitt landskap, kulturarv og identitet. Lokal forankring og forpliktande samarbeid gjev verdiskaping og utviklingskraft. Dugnadsinnsats og sosial verdiskaping vert utløyst gjennom langsiktige partnarskap , samhandling og medverknad. Slik vert berekraftige produkt og opplevingar skapt på lokalbefolkninga sine eigne premiss.

Kva er ein Geopark?

Ein Unesco global geopark er definert slik:

«Sammenhengende geografiske områder hvor steder og landskap av internasjonal geologisk betydning forvaltes på en bærekraftig måte. I en UNESCO global geopark fremheves den geologiske arven som en del av jordas natur og kulturarv, til å øke bevisstheten og forståelsen for viktige tema, som å bruke jordens ressurser på en bærekraftig måte, håndtere effektene av klimaendringer eller redusere effekten av naturkatastrofer.»

Ein geopark har geolgi som hovudtema og vil knyte formidling og verdiskaping opp mot den geologiske arven i området.

This article is from: