1 minute read
Det biologiske mangfaldet i
Kystlyngheia
Kystlynghei er ikkje blant dei mest artsrike naturtypane, men den er viktig for artane som har tilpassa seg dette landskapet. For nokre planteartar som hovudsakleg er å finna på Vestlandet, er dette det viktigaste habitatet. Einskilde insekt er heilt avhengig av denne naturtypen for å kunna overleve i Noreg.
Purpurlyng (Erica cinerea) er ein sjeldan art som stort sett er å finna i kystlyngheia. Andre artar som har kystlynghei som sitt viktigaste habitat er Vestlandsvikke (Vicia orobus), Lyngøyentrøst (Euphrasia micrantha), Fagerperikum (Hypericum pulchrum), Heiblåfjær (Polygala serpyllifolia) og Kystmyrklegg (Pedicularis sylvatica).
Fugleartane Bergirisk (Carduelis flavirostris) og den sterkt truga Svartstrupen (Saxicola torquata) er avhengig av kystlynghei for å kunne ha tilhald i Noreg. Vanleg Sanglerke er ein annan art som er avhengig av Kystlynghei. Den har hatt ein kraftig tilbakegang, noko som mellom anna skuldast intensivert jordbruk og gjengroing.
Sjølv om artane i kulturlandskapet i dag er avhengige av menneskeleg skjøtsel, har desse i hundretusenvis av år utvikla seg på dei naturlege steppene som tidlegare fanst i Europa. Desse områda blei haldne opne av brann, vindfall eller store flokkar med ville beitedyr. I takt med at menneska dyrka opp steppene og utrydda dei store beitedyra, flytta soppane, plantane og insekta inn i kulturlandskapet. Om vi ikkje opprettheld kulturlandskapet, misser vi ei mengd med artar som kan ha stor verdi for oss menneske som vi ikkje er klar over i dag – og som har sin eigenverdi.