1 minute read
Villsauen skaper verdiar
Og Levande Landskap
Gammalnorsk sau, òg kalla villsau, er heilt tilpassa eit liv i kystlyngheia. Sauen produserer kjøt og ull av dei beiteplantane som veks her, på same tid som han skjøttar og held landskapet ope.
Denne vesle og hardføre sauerasen er genetisk sett den same som for tusen år sidan, tilpassa dei natur- og klimamessige tilhøva heilt ute ved kysten. Sauen er ekspert på å gjere seg maksimal nytte av dei ressursane som finst der.
Ved å ta vare på kystlyngheia tek vi òg vare på artsmangfaldet. Brenning og beiting aukar det biologiske mangfaldet, og er viktig for fuglar og insekt.
Visste du at Norsk Villsau er Noregs
fjerde godkjente presidium i Slow food?
Presidia er små prosjekt der produsentar går saman med Slow Food for å fastsette retningsliner for kvalitet og ekte vare, og for å fremja bruken av produkta, ikkje minst lokalt. Presidia har ein framtredende status i «Smakens ark»: som omfattar produkt med særleg regional og historisk tilknyting, samt ein handverksprega produksjon.