Årsrapport Mørenett 2014

Page 1

40,8 mill. kr driftsresultat

127,5 mill. kr investert

ÅRSRAPPORT MØRENETT 2014

ÅRSMELDING, RESULTAT OG SELSKAPSINFORMASJON #2014 / ÅRSRAPPORT

1860,9 mill. kr balanse


#2014 / ÅRSRAPPORT

Innhald: 3

Direktøren har ordet

4

Organisasjon og bakgrunn

6

Nøkkeltal

7

Årsmelding frå styret

10

Resultat

11

Balanse

13

Innhaldsliste notar

14

Notar til rekneskapen

28 Kontantstraumoppstilling 29 Revisjonsmelding 30

Strategi og framtidsutsikter

31 HMS 32

Netteigardivisjonen

34 Entreprenørdivisjonen 36

Nokre hendingar i 2014

37

Styret

2


#2014 / ÅRSRAPPORT

DIREKTØREN HAR ORDET Rammevilkåra for nettverksemdene i Noreg er under endring. Vi ser fleire viktige utviklingstrekk, og dei var medverkande til etableringa av Mørenett 1. januar 2014. Allereie etter første driftsår ser vi at Mørenett har vore den rette vegen å gå.

I dag er strukturen blant nettselskapa i Noreg i stor grad prega av mange små og mellomstore nettselskap med store skilnader innan eigarskap og organisasjonsmodell. Dette har innverknad på selskapa sine potensiale med tanke på leveringstryggleik og rasjonell drift. Samstundes vert nettselskapa utfordra innanfor stadig fleire område. Mange av områda er nasjonalt drivne, men vi vert også påverka av EU. I tillegg opplever vi at klimatiske utfordringar aukar krava til beredskap og kapasitet. Større politisk fokus på nøytralitet og klarare skilje mellom monopol- og marknadsverksemd vil vere ein viktig pådrivar for bransjeendringar i tida framover. Mange mindre selskap held på sine organisasjonsmodellar ut frå ulike lokale mål. Samstundes held mange av dei større aktørane på si konsernorganisering ut frå motivet om å sikre konsernsynergiar. Dette bidreg til å sementere bransjen. Eit mogleg framtidig krav om selskapsmessig og funksjonelt skilje vil difor vere eit viktig verkemiddel for vidare strukturendring. Kraftnæringa står føre store investeringsutfordringar, og i løpet av dei neste 10 åra planlegg bransjen investeringar for rundt 200 milliardar kroner. Det er difor viktig med auka fokus på robust og samordna utvikling av kraftnettet regionalt. Eigarskapen til regionalnettet er her eit sentralt tema, og vi må sikre at eigarskapen vert forankra mot distribusjonsnettet i ein framtidig struktur med to nettnivå. Etablering av ein såkalla DSO-aktør vil etter vår vurdering være eit viktig verkemiddel for å sikre ei slik regional samordning. Døgnbemanna driftssentral vil vere ein viktig funksjon hos ein slik aktør for å sikre nettdrift og beredskap. Regional kraftproduksjon er viktig for å sikre god leveringstryggleik. Det same er samordna teknisk drift av kraftnett og kraftproduksjon frå ein driftsentral, med klare skille mot marknadsaktørane. Mellom anna desse utviklingstrekka var medverkande til at Tafjord og Tussa valde å fusjonere nettverksemdene til Mørenett AS med verknad frå 1.januar 2014. Selskapet er organisert som eit felleskontrollert nettselskap, og vi er blant dei 10 største nettselskapa i landet med 236 medarbeidarar, 62 000 kundar, områdekonsesjon i 12 kommunar og regionalnettsansvar i 20 kommunar. Målet med fusjonen er å byggje eit robust og 100 % effektivt nettselskap med god leveringstryggleik for kundane, god avkastning til eigarane og godt arbeidsmiljø for tilsette. Vidare ønskjer Mørenett å vere ein sentral aktør i vidare stukturendringar i regionen. For å nå måla våre gjennomfører vi eit omfattande synergiprogram på fleire ulike område, der vi tek sikte på ein reduksjon i årlege driftskostnader med om lag 45 mill. kr i løpet av 2018. Dette er eit krevjande løp, men allereie etter første driftsår ser vi at etableringa av Mørenett AS har vore den rette vegen å gå. Vi ser også stadig fleire synergiområde som ikkje var avdekte på fusjonstidspunktet. Med framleis god samhandling og involvering frå alle tilsette er eg overtydd om at vi vil lukkast i å nå måla våre.

RUNE KIPERBERG ADMINISTRERANDE DIREKTØR

3


#2014 / ÅRSRAPPORT

ORGANISASJON OG BAKGRUNN Mørenett AS vart etablert 1. januar 2014 etter ein fusjon mellom nettverksemda i Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS.

Adm.dir.

Integrasjon

økonomi/organisasjon/innkjøp

Netteigardivisjonen

Entreprenørdivisjonen

Bakgrunnen for fusjonen er mellom anna at rammevilkåra for nettverksemdene i Noreg er under endring, med auka krav til kompetanse, effektiv drift og beredskap. Frå eit samfunnsperspektiv er det uttalt frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED) at det bør bli færre og større nettselskap i Noreg. Etableringa av Mørenett er eit godt døme på ei framtidsretta utvikling i nettbransjen. Mørenett AS har ansvaret for overføring av all elektrisk kraft i 12 kommunar på Sunnmøre og delar av Nordfjord. 218 fast tilsette medarbeidarar og 18 lærlingar jobbar i selskapet. Mørenett AS har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune, og avdelingar i Ålesund, Herøy, Vanylven, Hornindal og Norddal. Visjon Vi samlar krafta på Møre. Tilhøyrande verdiar er nytenkjande, ærleg og robust. Dette gir stikkordet NÆR. Forretningside Mørenett skapar verdiar for eigarar og kundar gjennom å vere: -

eit effektivt og framtidsretta nettselskap

-

ein konkurransedyktig og lønsam leverandør av eksterne tenester

4


#2014 / ÅRSRAPPORT

Organisering Mørenett AS er organisert i to divisjonar i tillegg til ein liten stab. I staben er det 7 stillingar innanfor økonomi, HR, HMS og innkjøp. I dei to divisjonane, netteigar og entreprenør, er det høvesvis 43 og 185 medarbeidarar. Eigarskap Mørenett AS er organisert som eit felleskontrollert selskap mellom eigarane Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS. Tafjord Kraft AS eig 53,66 % og Tussa Kraft AS eig 46,34 %. Frå eigarane er det forventningar til at Mørenett AS skal skape stabil og god forsyningssikkerheit for kundane, i tillegg til gode og solide resultat gjennom realisering av synergiar og auka effektivitet. Vi skal ha ei aktiv haldning til å levere gode resultat og gi god informasjon til eigarane og kundane i området vårt. Konsesjonsområdet Mørenett AS har ansvaret for overføring av all elektrisk energi i kommunane Ålesund, Giske, Sula, Norddal, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta, Volda og Hornindal. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Sandøy, Haram, Vestnes, Skodje, Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda. Mørenett AS eig og vedlikeheld eit kraftnett med om lag 6 514 km linjer og kablar (frå 11 til 132 kV), 2 563 nettstasjonar og 28 transformatorstasjonar. Mørenett AS har om lag 62 000 kundar i distribusjonsnettet.

5


#2014 / ÅRSRAPPORT

NØKKELTAL

2014

Definisjonar

Resultat og balanse (tal i mill. kr) Energisal 6,0 Nettleige 440,0 Driftsinntekter 544,8 Driftsresultat 40,8 Årsresultat 9,9 Totalkapital 1 860,9 Eigenkapital 660,9 Utbyte 4,8 EBITDA

145,0

Driftsresultat + avskrivingar

Årlege investeringar 127,5 Lønsemd Totalkapitalrentabilitet

2,4 %

(Resultat før EOP + finanskostnader)/gjennomsnittleg totalkapital

Eigenkapitalrentabilitet

2,1 %

Resultat før EOP/gjennomsnittleg eigenkapital

Resultatgrad

7,9 %

(Resultat før EOP + rentekostnader)/(driftsinntekter + finansinntekter)

Kapitalomløp

0,3

(Driftsinntekter + finansinntekter)/gjennomsnittleg totalkapital

Kapitaltilhøve Eigenkapitalprosent 35,5 % Eigenkapital/totalkapital Rentedekningsgrad

1,5

(Resultat før skatt + finanskostnader)/finanskostnader

Likviditetsgrad 1

1,0

Omløpsmidlar/kortsiktig gjeld

Utbyteprosent 48,1 % Utbyte/årsoverskot Personal Fast tilsette 218 Omsetning pr. tilsett 2,5 Driftsresultat pr. tilsett 6,3 Nøkkeltal bransje NVE-avkastning nettkapital

2,7 %

Driftsresultat/gjennomsnittlege varige driftsmidlar

Levert sluttbrukar distribusjonsnettet GWh

1645,8

Tap i distribusjonsnettet GWh

81,7

Tap i distribusjonsnettet i %

4,7 %

KILE i mill. kr

14,5

Tap i distribusjonsnettet/innlevert kraft i distribusjonsnettet Kvalitetsjustert inntektsramme ved ikkje levert energi

6


#2014 / ÅRSRAPPORT

ÅRSMELDING FRÅ STYRET 2014 Mørenett AS har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune, og avdelingar i Ålesund, Herøy, Vanylven, Hornindal og Norddal. Selskapet har distribusjonsnett i kommunane Ålesund, Giske, Sula, Norddal, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta, Volda og Hornindal. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Sandøy, Haram, Vestnes, Skodje, Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda. Mørenett AS har om lag 62 000 kundar i distribusjonsnettet. VERKSEMDA Mørenett AS er eit felleskontrollert selskap eigd av Tafjord Kraft AS med 53,66 % og Tussa Kraft AS med 46,34 %. Mørenett AS eig og driv eit energiforsyningsnett med 2 563 nettstasjonar og 28 trafostasjonar. Selskapet er organisert etter eit bestillar-utførar prinsipp der vi har divisjonar med ansvar for netteigar og entreprenør, og ein stab som skal støtte oppunder dei ulike prosessane i selskapet. Forbruket i Mørenett sitt distribusjonsnett har siste året hatt ein nedgang på 5 %, og i 2014 er det levert 1 727 GWh til sluttbrukar mot 1 813 GWh i 2013. Tapet i distribusjonsnettet i 2014 vart 81,7 GWh. I distribusjonsnettet har aktiviteten gjennom året vore høg med ferdigstilling av mange mindre og mellomstore anlegg, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning til nye kundar. Når det gjelder drift- og vedlikehaldsoppgåver er desse gjennomført i samsvar med plan, både for brytarrevisjonar og tilstandsinspeksjonar av linjer og stasjonar. Særskilt kan fokus på skogrydding nemnast, der sterk tilvekst krev stadig større ressursar. Innan ekstern verksemd har aktiviteten vore god, og dei viktigaste forretningsområda her er veglys og fiber. Vi har hatt fleire store oppdrag mot Statnett i samband med bygginga av det nye 420 kV sentralnettet gjennom området vårt. VIDARE DRIFT Styret stadfestar at føresetnaden for framleis drift av Mørenett AS sine forpliktingar og aktivitetar er til stades, og denne føresetnaden er lagt til grunn i utarbeidinga av årsrekneskapen. Styret stadfestar at årsmeldinga gir eit rettvist bilete over utviklinga og resultatet til selskapet. FRAMTIDIG UTVIKLING Etter eit omfattande utgreiingsarbeid i løpet av 2013 vart det i desember det året fatta endeleg vedtak om fusjon mellom nettverksemda i Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS til Mørenett AS. Selskapet var operativt frå 01.01.2014 og det er organisert som eit felleskontrollert selskap. I 2014 har det vore fokus på endringsprosessar for å nå dei ulike synergimåla som var ein del av vedtaksfundamentet for fusjonen. Framdrifta er hovudsakleg i samsvar med plan, og i løpet av 2018 skal selskapet ha ein kostnadsbase som gjer at Mørenett AS vert målt som 100% effektivt. Organisasjonsmodellen vår er framtidsretta og i samsvar med det vi opplever som politiske føringar for ei framtidig nettorganisering. Mørenett ønskjer også å være ein sentral aktør i vidare strukturendringar i regionen vår. Analyse av årsrekneskapen Samla driftsinntekter for Mørenett AS vart 544,8 mill. kr i 2014. Resultat før skatt vart 13,6 mill.kr og årsresultatet vart 9,9 mill.kr. Nyoppretta selskap med verknad frå 1.januar 2014 har gitt oss meirkostnadar knytt til nyetablering, i tillegg til at vi har eit svakt år med låg inntektsramme. Det økonomiske resultatet er langt under det Mørenett AS i framtida forventar å levere. Selskapet har gjennomført forskings- og utviklingsaktivitetar tilsvarande 0,9 mill kr. Selskapet har ved utgangen av 2014 ei samla meirinntekt inkl. renter på 94,1 mill. kr. Samla kontantstraum frå driftsaktivitetar i selskapet var på 111,9 mill. kr. Driftsresultatet var på 40,8 mill.kr. Differansen skriv seg i hovudsak frå avskrivingar, endring i meirinntekt og endring i kundefordringar. Dei samla investeringane for 2014 var på 127,5 mill. kr. 7


#2014 / ÅRSRAPPORT

Mørenett AS si likviditetsbehaldning var tilfredsstillande 31.12.2014. Investeringar vert finansierte ved å sikre selskapet gjennom trekkrettar i bank. Selskapet si kortsiktige gjeld ved utgangen av året var på 19,5 % av samla gjeld, og selskapet si finansielle stilling var tilfredsstillande 31.12.2014. Vi kan pr 31.12.2014 betale delar av kortsiktig gjeld ved hjelp av dei mest likvide midlane. Totalkapitalen var ved utgangen av året 1 860,9 mill. kr og eigenkapitalen var på 660,9 mill. kr. Eigenkapitaldelen utgjer 35,5 %. FINANSIELL RISIKO Overordna mål og strategi Mørenett AS er eksponert for finansiell risiko på ulike område, spesielt renterisiko. Målet er å innanfor eit visst tidsrom ha ei føreseieleg rente på eit akseptabelt nivå. Vi er utsett for renterisiko både gjennom nettregulering knytt til inntektsramma vår og gjennom finansiering av investeringane våre. Renterisiko Mørenett AS er finansiert gjennom trekkrettar med løpetid på 1,5 – 3 år. Vi har fast margin i låna si løpetid, med tillegg for flytande NIBORrente som blir regulert etter avtale. Vi er dermed eksponert for renterisiko knytt til NIBOR-renta. 1 % auke i NIBOR renta gir oss ca 10 mill. kr i auka rente. Nettreguleringsregimet har rente som ein av mange parameter, der redusert rente gir redusert avkastning og omvendt. 1 % auke i NVE-renta gir oss ca 13 mill. kr i auka ramme. Kredittrisiko Risiko for tap på fordringar er vurdert som låg, både innanfor fordringar på nettleige og innanfor den eksterne verksemda i entreprenørdivisjonen. Likviditetsrisiko Selskapet har bankavtale med Handelsbanken, der vi gjennom kontosystemet vårt er sikra naudsynt likviditet. Vi har avtalar som sikrar oss likviditet framover gjennom unytta trekkrettar. ARBEIDSMILJØ OG PERSONALE Pr. 31.12.2014 var det 218 fast tilsette i Mørenett AS. Selskapet hadde på same tidspunkt 18 lærlingar. Arbeidsmiljøet i selskapet er godt og det har ikkje vore naudynt med noko form for ekstraordinære tiltak. Selskapet vil gjennomføre trivselsundersøking 1. kvartal 2015, og deretter gjere dette til ei fast årleg undersøking. I 2014 fekk selskapet innrapportert 25 skadar med og utan fråvær. 7 av desse skadane førte til 12,5 fråværsdagar. Selskapet jobbar dagleg med helse, miljø og sikkerheit, og det vil i tida framover verte sett i verk fleire tiltak med fokus på å redusere skadane i selskapet. Arbeidsmiljøutvalet har gjennomført fire møte i 2014. Ei rekkje saker er handsama, og informasjon til tilsette er gitt av arbeidsgjevar og/eller tilsette sine organisasjonar. Samarbeidet med dei tilsette sine organisasjonar har vore konstruktivt i Mørenett AS sitt første driftsår. LIKESTILLING Mørenett AS har 31.12.2014 21 kvinnelege tilsette. Av 218 fast tilsette gir dette ein del på 9,6 %. Mørenett AS har som utgangspunkt at personalpolitikken skal vere tilrettelagt slik at han stimulerer til ei aktiv likehandsaming med fokus på ikkje-diskriminerande åtferd. Mørenett AS har retningslinjer for tilsetjing som skal fremje likestilling, og eit lønssystem som er kjønnsnøytralt og skal hindre ulik handsaming. I tillegg har Mørenett AS lagt forholda godt til rette med fleksible arbeidstidsordningar og permisjonsvilkår, noko som gjer det mogleg både for kvinner og menn å kombinere jobb og familie på ein best mogleg måte. Det er likevel ikkje til å kome forbi at energibransjen er sterkt dominert av menn både på fagarbeidar- og ingeniørnivå. Det er også langt mellom dei kvinnelege søkjarane til dei mest tradisjonelle e-verksyrka. Det er likevel i dag kvinnelege fagarbeidarar og ingeniørar på dei ulike nivåa i organisasjonen.

8


#2014 / ÅRSRAPPORT

DISKRIMINERING Selskapet godtek inga form for diskriminering. Det omhandlar lik behandling for alle uavhengig av etnisitet, nasjonalitet, hudfarge, språk, religion og livssyn. YTRE MILJØ Nettverksemda påverkar det ytre miljøet gjennom bygging og drift av luftlinjer, jord- og sjøkablar og transformatorstasjonar. Det ytre miljøet blir påverka reint visuelt, samstundes som det legg beslag på ein del areal og medfører restriksjonar på anna verksemd nær linjene. Mørenett AS legg vekt på at kraftlinjer skal leggjast slik at den visuelle effekten blir minst mogleg skjemmande, og det er sett fokus på bruk av miljøvennlege produkt. RESULTATDISPONERING Årsresultatet for Mørenett AS etter skatt vart i 2014 på 9,9 mill. kr og styret foreslår følgjande disponering av årsresultatet: Årsresultat Utbyte Annan eigenkapital Fond for vurderingsforskjellar Avvik

9,9 m ill. kr -4,8 mill. kr -4,8 mill. kr -0,3 m ill.kr 0,0 m ill.kr

Med bakgrunn i selskapet sin økonomiske situasjon finn styret det forsvarleg å dele årsresultatet mellom eigarane og selskapet.

Ørsta, 18.03.2015 I styret for Mørenett AS

9


#2014 / ÅRSRAPPORT

RESULTAT

TAL I 1000 KR note

2014

Energisal

2,13

5 967

Nettinntekt

2,13

Andre driftsinntekter

2,13

Sum driftsinntekter

439 968 98 847 544 783

Varekostnad

10 387

Energikjøp og overføringskostnader

113 936

Løns- og personalkostnader

3,18

119 115

6,7

104 187

2

156 340

Sum Driftskostnader

503 965

Driftsresultat

40 818

Avskrivingar Andre driftskostnader

Andre renteinntekter

4

2 457

Rentekostnader

4

28 782

Andre finanskostnader

4

860

Netto finanspostar

-27 184

Ordinært resultat før skatt

13 634

Skattekostnad på ordinært resultat

5

3 735

Ordinært årsresultat

9 898

Årsresultat

9 898

Overføringar Avsett utbyte

17

-4 762

Overføring anna eigenkapital

17

-4 762

Avsett fond for vurderingsskilnader

17

-373

Overføringar

-9 898

10


#2014 / ÅRSRAPPORT

BALANSE

TAL I 1000 KR

Note

2014

Ib 2014

Eigedelar Anleggsmidlar Lisensar, konsesjonar

6

16 500

22 000

Utsett skattefordel

5

78 360

61 405

Sum immaterielle eigedelar

94 860

83 405

Bygningar og bustader

7

64 469

71 733

Nettanlegg

7

1 385 465

1 330 288

Transportmidlar, inventar og maskinar

7

53 577

51 624

Anlegg under arbeid

7

30 112

52 373

Sum varige driftsmidlar

1 533 624

1 506 018

8

3 569

3 198

8, 10

1 895

563

18

3 771

3 281

Sum finansielle anleggsmidlar

9 235

7 042

Sum anleggsmidlar

1 637 719

1 596 465

Aksjar i dotterselskap Andre aksjar og liknande Pensjonsmidlar

Omløpsmidlar Varelager

14

24 040

24 741

Kundefordringar

11, 19

100 851

61 198

Andre fordringar

11

61 087

81 787

Sum fordringar

161 939

142 985

15

37 169

4 454

Sum omløpsmidlar

223 147

Sum eigedelar

1 860 866

Bankinnskot og kontantar

172 181 1 768 645

11


#2014 / ÅRSRAPPORT

BALANSE

TAL I 1000 KR

note

2014

IB 2014

Eigenkapital og gjeld Eigenkapital Aksjekapital

16

400 000

400 000

Fond/overkurs

17

139 711

138 505

Anna innskoten eigenkapital

17

29 055

29 055

Anna eigenkapital

17

92 097

125 258

Sum eigenkapital

660 863

692 818

Gjeld Pensjonsforpliktingar

18

70 245

Sum avsetning for forpliktingar

70 245

28 025

Langsiktige lån

12, 21

895 557

633 811

Sum langsiktig gjeld

895 557

633 811

11, 19

30 440

42 846

5

9 276

0

Skattetrekk andre trekk og offentlege avgifter

54 579

43 534

Leverandørgjeld Betalbar skatt

28 025

Avsett utbyte

17

4 762

0

Anna kortsiktig gjeld

13

135 144

327 612

Sum kortsiktig gjeld

234 202

Sum gjeld

1 200 003

1 075 827

Sum eigenkapital og gjeld

1 860 866

1 768 645

413 992

Ørsta, 18.03.2015 I styret for Mørenett AS

12


#2014 / ÅRSRAPPORT

Innhaldsliste notar: 14.

Note 1. Rekneskapsprinsipp

16

Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde

16

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godtgjersle til revisor

17

Note 4. Finanspostar

17

Note 5. Skatt

18

Note 6. Immaterielle eigedelar

19

Note 7. Varige driftsmidlar

19

Note 8. Dotterselskap, tilknytt selskap m.m.

20

Note 9. Finansiell marknadsrisiko

20

Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m.

21

Note 11. Mellomverande med selskap i same konsern og tilknytte selskap

21

Note 12. Fordringar og gjeld

21

Note 13. Meir/mindreinntekt

22

Note 14. Varer

22

Note 15. Bankinnskot

22

Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon

22

Note 17. Eigenkapital

23

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar

25

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar

26

Note 20. Pant og garantiar

26

Note 21. Ekstern gjeld

27

Note 22. Anleggkonstraktar

27

Note 23. Etablering av Mørenett AS

13


#2014 / ÅRSRAPPORT

NOTAR TIL REKNESKAPEN Note 1. Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk. Etablering av Mørenett AS Mørenett AS vart stifta 02.10.2013. Selskapet starta opp 01.01.2014 etter at fusjonen mellom nettverksemda i Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS var gjennomført. Resultatoppstillinga gjeld frå oppstart 02.10.2013 til 31.12.2014. I balansen gjeld kolonna IB 2014 opningsbalansen etter fusjonen, og i notane er det opningsbalansen vi viser til når det står 01.01.2014. I note 23 framgår det meir informasjon om gjennomføring av fusjonen. Bruk av estimat Leiinga har brukt estimat og føresetnader som har påverka resultatrekneskapen og verdiane av eigedelar og gjeld, samt usikre eigedelar og forpliktingar på balansedagen, under utarbeidinga av årsrekneskapen i henhald til god rekneskapsskikk. Salsinntekter Inntekt frå sal av varer vert resultatført når levering har funne stad og det mest vesentlege av risiko og avkastning er overført. Inntekter frå sal av tenester og langsiktige tilvirkingsprosjekt vert resultatført i takt med prosjektet si fullføringsgrad, når utfallet av transaksjonen kan estimerast på ein påliteleg måte. Framdrifta vert målt som påløpte timar i forhold til totalt estimerte timar. Når utfallet av transaksjonen ikkje kan estimerast påliteleg, vil berre inntekter tilsvarande påløpte prosjektkostnader verte inntektsførte. I den perioden det blir identifisert at eit prosjekt vil gi eit negativt resultat, vil det estimerte tapet på kontrakta verte resultatført i si heilheit. Nettverksemda vert regulert av styresmaktene, ved at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fastset årleg inntektsramme for kvart selskap. Inntektsramma skal gi dekning for netteigar sine faktiske kostnadar, og ei rimeleg avkastning på investert kapital. Kvart år vert avviket mellom faktiske tariffinntekter og godkjent inntekt utrekna i form av ei meir-/mindreinntekt. Akkumulert meir-/mindreinntekt (saldo) vert rekneskapsført som anten gjeld til nettkundar eller fordring på nettkundar. Av akkumulert meir-/mindreinntekt vert det rekna rente, basert på ein rentesats fastsett av NVE. Skatt Skattekostnaden i resultatrekneskapen omfattar både betalbar skatt og endring i utsett skatt. Utsett skatt utgjer 27 % av mellombelse skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar, samt skattemessig underskot til framføring ved utgangen av rekneskapsåret. Skatteaukande og skattereduserande mellombelse skilnader, som reverserer eller kan reversere i same periode, er utlikna. Visse postar vert likevel vurderte særskilt, medrekna pensjonsforpliktingar. Netto utsett skattefordel vert balanseført i den grad det er sannsynleg at det kan bli utnytta. Utsett skatt og utsett skattefordel som kan balanseførast, er ført netto i balansen. Betalbar skatt og utsett skatt er rekneskapsført direkte mot eigenkapitalen i den grad skattepostane relaterer seg til postar ført direkte mot eigenkapitalen. Klassifisering og vurdering av balansepostar Omløpsmidlar og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eitt år etter anskaffelsestidspunktet, samt postar som knyter seg til varekrinsløpet. Andre postar er klassifisert som anleggsmiddel/langsiktig gjeld. Omløpsmidlar vurderast til lågaste av kostpris og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld vert balanseført til nominelt beløp på opptakstidspunktet. Anleggsmidlar vert vurdert til kostpris, fråtrekt av- og nedskrivingar. Langsiktig gjeld vert balanseført til nominelt beløp på etableringstidspunktet. Forsking og utvikling Utgifter til utvikling vert balanseført i den grad det kan identifiserast ein framtidig økonomisk fordel, knytt til utvikling av ein identifiserbar immateriell eigedel, og utgiftane kan målast på ein påliteleg måte. I motsett fall vert slike utgifter kostnadsført løpande. Balanseført utvikling blir avskrive lineært over økonomisk levetid. Utgifter til forsking vert kostnadsførst løpande.

14


#2014 / ÅRSRAPPORT

Varige driftsmidlar Varige driftsmidlar vert balanseført og avskrivd lineært over driftsmidlet si forventa levetid. Vesentlege driftsmidlar som består av betydelege komponentar med ulik levetid er dekomponert med ulik avskrivingstid for dei ulike komponentane. Direkte vedlikehald av driftsmidlar vert kostnadsført løpande under driftskostnader, medan påkostingar eller forbetringar vert tillagt driftsmidlet sin kostpris og avskrive i takt med driftsmidlet. Dersom gjenvinnbart beløp av driftsmiddelet er lågare enn balanseført verdi vert nedskrivinga gjort til gjenvinnbart beløp. Gjenvinnbart beløp er høgst av netto salsverdi og verdi i bruk. Verdi i bruk er noverdien av dei framtidige kontantstraumane som eigedelen er forventa å generere. Dotterselskap/tilknytt selskap Dotterselskapet og tilknytt selskap vert vurdert etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen. Eigenkapitalmetoden fører til at vår del av årsresultatet, fråtrekt avskriving på meirverdiar, vert resultatført i selskapsrekneskapen. Verdien av investeringa i balansen vert regulert med resultatandelen med frådrag for eventuelle utdelingar og med tillegg for eventuelle kapitalinnskot. Interne vinstar vert eliminerte. Dotterselskapet Elsikkerhet Møre AS er utelate frå konsolidering på grunn av vesentlegheit. Dotterselskapet har ikkje betydning for å bedømme Mørenett AS si stilling og resultat. Varebehaldning Varelager er vurdert til lågaste av kostpris og netto salspris. Netto salspris er estimert salspris ved ordinær drift etter frådrag for berekna naudsynte utgifter for gjennomføring av salet. Kostpris vert tilordna ved bruk av FIFO-metoden og inkluderer utgifter påløpt ved kjøp av varene og kostnadar for å bringe varene til noverande tilstand og plassering. Fordringar Kundefordringar vert ført opp i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert gjort på grunnlag av ei individuell vurdering av fordringane. Andre fordringar vert ført opp til lågaste av pålydande og verkeleg verdi. Kortsiktige plasseringar Kortsiktige plasseringar (aksjar og partar vurderte som omløpsmidlar) vert vurderte til lågast av kostpris og verkeleg verdi på balansedagen. Motteke utbyte og andre utdelingar frå selskapa vert inntektsført som annan finansinntekt. Pensjonar Selskapet har både innskotsordning og ytingsbasert pensjonsordning for dei tilsette. Innskotsordninga blir handtert i samsvar med lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP). Ytingsbasert pensjonsordning blir regulert i samsvar med regelverket for offentleg pensjon. Innskotsordninga omfattar medarbeidarar som 01.01.2014 kom frå tidlegare Tussa Nett AS og medarbeidarar som er tilsett i 2014, medan ytingsordninga gjeld for medarbeidarar som tidlegare var tilsett i Tafjord Kraftnett AS. For innskotsordninga ligg det føre ein innskotsplan og for ytingsbasert ordning ligg det føre ein ytingsplan. I 2014 har selskapet hatt innskotsplan på 5 % for løner mellom 1 og 6 G (G=grunnbeløpet i Folketrygda) og i tillegg 8 % for løner mellom 6 og 12 G. Oppsparte midlar kjem til utbetaling ved oppnådd pensjonsalder. Ytingsplan er ei pensjonsordning som definerer den pensjonsutbetalinga som tilsette vil motta ved pensjonering. Pensjonen blir normalt fastsett som ein del av den tilsette si sluttløn. Tilsette som ikkje har full opptening vil få pensjonen sin redusert tilsvarande. Netto pensjonskostnadar i året inngår i posten løns- og personalkostnad i resultatrekneskapen. Nærare om ytingsbasert pensjonsordning Netto forplikting er berekna med utgangspunkt i noverdien av dei framtidige pensjonsytingane (utover Folketrygda sine ytingar) som den tilsette har tent opp pr. 31.12, trekt frå verkeleg verdi av pensjonsmidlane. Netto pensjonsforpliktingar på underfinansierte ordningar er balanseførte som langsiktig rentefri gjeld, medan eventuelle netto pensjonsmidlar på overfinansierte ordningar er balanseførte som langsiktig rentefri fordring dersom det er sannsynleg at overfinansieringa kan nyttast. Pensjonsforpliktingane er berekna med utgangspunkt i anbefalingar frå Norsk Regnskapsstiftelse, og fyller krava i IAS 19 mellom anna når det gjeld diskonteringsrente, avkastningsrente, forventa lønsvekst og G-regulering. Vi nyttar ikkje korridorløysing. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, vert amortisert umiddelbart og ført mot eigenkapitalen. Berekningane er baserte på lineær oppteningsmodell. Kontantstraumoppstilling Kontantstraumoppstillinga er utarbeidd etter den indirekte metoden. Kontantar og kontantekvivalentar omfattar kontantar, bankinnskot og andre kortsiktige, likvide plasseringar.

15


#2014 / ÅRSRAPPORT

Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde Tal i 1000 kr Kraftomsetn. Distr.nett Reg.nett Sentr.nett Anna x) Eliminering SUM Sal energi 5 967 5 967 Nettleige 365 314 187 097 2 730 -115 173 439 969 Andre inntekter 78 862 19 985 98 847 Sum driftsinntekter 5 967 365 314 187 097 2 730 78 862 -95 188 544 783 Energikjøp/overføringskostnader 5 844 139 164 84 040 -49 0 -115 063 113 936 Løn/personalkostnader 56 691 26 322 87 35 939 75 119 115 Estimatavvik pensjon ført mot EK og skatt - 23 364 12 270 -17 14 446 -50 063 0 Andre driftskostnader inkl. varekjøp 93 577 18 101 1 171 33 074 19 800 165 723 Avskrivingar 68 201 28 505 916 360 6 205 104 187 Tap på fordringar 1 001 0 0 4 1 004 Sum driftskostnader 5 844 381 998 169 238 2 107 83 823 -139 046 503 965 Driftsresultat 123 -16 684 17 859 623 -4 962 43 858 40 818 Driftsresultat ekskl. estimatavvik 123 6 680 30 129 606 9 484 -6 205 x) Anna: Belysning, fiber/breiband og annan aktivitet utanfor nettmonopolet.

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godgjersle til revisor Tal i 1000 kr

Lønskostnader 2014 Løn 133 497 Aktiverte timar eigne investeringar (41 385) Arbeidsgjevaravgift 20 075 Pensjonskostnader 2 249 Andre ytingar 4 679 Sum 119 115 Selskapet har i rekneskapsåret sysselsett totalt 210 årsverk. Ytingar til leiande personar Dagleg leiar Styret Lønn 1 293 - Bonus 5 Pensjonsutgifter 64 - Annan godtgjerdsle 8 502 Sum godtgjersle 1 370 502 Det er ikkje gitt lån eller stilt garantiar til administrerande direktør, styremedlemer eller andre nærståande partar. S tyret har ikkje avtalar om anna vederlag enn styrehonorar. Administrerande direktør har personleg pensjonsavtale med arbeidsgjevar vedkomande pensjon utover 12 G.Utover dette har verken administrerande direktør eller styreleiar avtalar som forpliktar selskapet ved opphøyr eller endring av tilsetjingshøve eller verv. Revisor Godtgjersle til revisor er fordelt på følgjande: Lovpålagt revisjon 298 Attestasjonstenester 76 Skatterådgjeving 6 Andre tenester 18 Sum honorar til revisor 398 Meirverdiavgift er ikkje inkludert i revisjonshonoraret. 16


#2014 / ÅRSRAPPORT

Note 4. Finanspostar Tal i 1000 kr Finansinntekter 2014 Inntekt på investeringar i TS 773 Annan renteinntekt 683 Morarenter 1 001 Sum finansinntekter 2 457 Finanskostnader 2014 Rentekostnader eksterne lån 28 125 Annan rentekostnad 656 Valutatap 19 Andre finanskostnader 841 Sum finanskostnader 29 641

Note 5. Skatt Tal i 1000 kr Betalbar skatt fordeler seg slik: 2014 Ordinært resultat før skattekostnad 13 634 Ekstraordinært resultat før skattekostnad Permanente skilnader (58 151) Resultat på investering i DS / TS (773) Endring mellombelse skilnader 82 668 Endring framførbart underskot (3 022) Motteke konsernbidrag Grunnlag betalbar skatt på resultat i året 34 356 Skatt 27 % 9 276 Godtgjersle på motteke utbyte Betalbar skatt på resultatet i året 9 276 Skattekostnaden i året fordeler seg slik: Betalbar skatt på resultatet i året 9 276 Brutto endring utsett skatt (21 504) Korreksjon tidlegare år Endring utsett skatt vedrørande EK-justering 15 964 Skatt på motteke konsernbidrag Total skattekostnad i året 3 735 Av dette ført til ekstraordinært resultat Skattekostnad ordinært resultat Berekna ref. skatt etter delingsreglane Betalbar skatt i balansen fordeler seg slik: 31.12.2014 Betalbar skatt på resultatet i året 9 276 Betalbar skatt på konsernbidrag Sum betalbar skatt 9 276

17


#2014 / ÅRSRAPPORT

Note 5. Skatt (framh.) Spesifikasjon av grunnlag for utsett skatt: 2014 Skilnader som vert utlikna: Anleggsmidlar (126 081) Varebehaldning Fordringar (1 667) Gevinst- og tapskonto (1 774) Andre mellombelse skilnader (94 228) Sum (223 750) Utsett skatt (+)/ Utsett skattefordel (-) (60 413) Skilnader som ikkje vert utlikna: Anleggsmidlar Omløpsmidlar Gjeld Underskot til framføring Pensjonsmidlar (+) / Pensjonsforpliktingar (-) (66 474) Sum (66 474) Utsett skattefordel (17 948) Utsett skattefordel i balansen 27 % (78 360) Samanheng mellom skattekostnad og skatt berekna av resultat før skatt: 27 % av resultat før skatt 3 681 Effekt av permanente skilnader 54 Effekt pga. bokettersyn Effekt av motteken godtgjersle Effekt av ikkje balanseført utsett skattefordel Forhold vedrørande tidlegare år Effekt av endring skattesats til 27 % på utsett skattefordel Effekt av skilnad mellom sats skatt i året og utsett skatt Skattekostnad i henhald til resultatrekneskap 3 735 Effektiv skattesats 27,4 %

Note 6. Immaterielle eigedelar Tal i 1000 kr Konsesjon Goodwill Lisensar Sum Kostpris 01.01.14 110 000 2 127 94 112 221 Tilgang kjøpte immaterielle eigedelar - - - Avgang selde immaterielle eigedelar - - - Kostpris 31.12.14 110 000 2 127 94 112 221 - Akkumulerte avskrivingar 31.12.14 (93 500) (2 127) (94) (95 721) Akkumulerte nedskrivingar 31.12.14 - - - Reverserte nedskrivingar 31.12.14 - - - - Balanseført verdi pr. 31.12.14 16 500 - - 16 500 Avskrivingar i året 5 500 - - 5 500 Nedskrivingar i året 0 - - - Mørenett nyttar lineære avskrivingar for alle immaterielle eigedelar. Den økonomiske levetida for anleggsmidlane er berekna til: - Konsesjon 20 år - Goodwill 5 år - Lisensar 4 år 18


#2014 / ÅRSRAPPORT

Note 7. Varige driftsmidlar Tal i 1000 kr Varige driftsmidlar Tomter Traspm/tele Bygg Nettanlegg Sum varige inv/uts. driftsmidlar Kostpris 31.12.13 1 533 698 781 89 332 2 338 497 3 128 143 Avgang fisjon 494 809 660 495 469 Omklassifisering tomter 1 981 (1 981) - Kostpris 01.01.14 3 514 203 972 89 332 2 335 856 2 632 674 Tilgang kjøpte driftsmidlar - 13 512 709 134 473 148 694 Avgang u/registrert i anleggsregisteret (2 802) (2 802) Avgang selde driftsmidlar - 1 323 - 0 1 324 Kostpris 31.12.14 3 514 213 359 90 041 2 470 328 2 777 243 Akkumulerte avkrivningar 31.12.14 - 159 782 27 286 1 084 863 1 271 932 Akkumulerte nedskrivningar 31.12.14 1 800 1 800 Reverserte nedskrivningar 31.12.14 - - Balanseført verdi 31.12.14 3 514 53 577 60 955 1 385 465 1 503 512 Avskrivingar i året - 11 419 2 246 85 023 98 687 Nedskrivingar i året - - Økonomisk levetid - Inntil 30 år Inntil 50 år Inntil 35 år Avskrivingsplan - Lineær Lineær Lineær I tillegg kjem anlegg under arbeid med 30 113 Det er i løpet av året ikkje gjort nedskriving av anleggsmidlar, reversering av nedskriving frå tidlegere år eller gjort endring i avskrivingsplanar for eksisterande anlegg. Kontorlokale vert leigd i administrasjonsbygga til Tafjord Kraft AS og Tussa Energi AS. Årleg leige var høvesvis 2 823 og 4 933, totalt 7 756.

Note 8. Dotterselskap, tilknytt selskap m.m.

Tal i 1000 kr Erverva Kontor Land Eigardel St.del Elsikkerhet Møre AS 29.5.09 Ørskog Norge 67 % 66,66 % Smarthub AS 21.2.13 Molde Norge 42 % 41,88 % Investeringane i dotterselskapet Elsikkerhet Møre AS, og det tilknytte selskapet Smarthub AS, vert vurderte etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapet. Dotterselskapet Elsikkerhet Møre AS er utelate frå konsolidering på grunn av vesentlegheit. Dotterselskapet har ikkje betydning for å bedømme Mørenett AS si stilling og resultat. Investering etter eigenkapitalmetoden Meirverdianalyse Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Balanseført eigenkapital på kjøpstidspunktet 880 552 Tilknytt meirverdi - - Goodwill - - Kostpris 880 552 Berekning av resultatdel i året Del av resultat i året 771 - Resultatdel i året 771 -

19


#2014 / ÅRSRAPPORT

Note 8. Dotterselskap, tilknytt selskap m.m. (framh.)

Berekning av balanseført verdi 31.12.14 Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Inngåande balanse 1.1.14 3 198 552 Tilgongar / avgongar - 1 332 Resultatdel i året 771 - Internforteneste - - Mottatt utbyte -400 - Innbetalt / tilbakebetalt kapital - - Andre endringar i løpet av året - - Utgående balanse 31.12.14 3 569 1 884 Meirverdi i driftsmidlar knytt til investering i tilknytt selskap vert avskrive linært med 10 % årleg, medan goodwill blir avskrive med 20 %.

Note 9. Finansiell marknadsrisiko Mørenett AS er eksponert for finansiell risiko på ulike område, spesielt renterisiko. Målet er å innanfor eit visst tidsrom ha ei føreseieleg rente på eit akseptabelt nivå. Vi er utsett for renterisiko både gjennom nettregulering knytt til inntektsramma vår og gjennom finansiering av investeringane våre. Renterisiko Mørenett AS er finansiert gjennom trekkrettar med løpetid på 1,5 – 3 år. Vi har fast margin i låna si løpetid, med tillegg for flytande NIBORrente som blir regulert etter avtale. Vi er dermed eksponert for renterisiko knytt til NIBOR-renta. 1 % auke i NIBOR-renta gir oss ca. 10 mill. kr i auka rente. Nettreguleringsregimet har rente som ein av mange parametre, der redusert rente gir redusert avkastning og omvendt. 1 % auke i NVE-renta gir oss ca. 13 mill. kr i auka ramme. Kredittrisiko Risikoen for tap på fordringar er vurdert som låg, både innanfor fordringar på nettleige og innanfor den eksterne verksemda vår. Likviditetsrisiko Selskapet har bankavtale med Handelsbanken, der vi gjennom kontosystemet vårt er sikra naudsynt likviditet. Vi har avtalar som sikrar oss likviditet framover gjennom unytta trekkrettar.

Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m. Beløp i 1000 kr Eigardel REN AS 2,56 %

Kostpris Balanseført verdi Marknadsverdi 1 11 -

20


#2014 / ÅRSRAPPORT

Note 11. Mellomverande med selskap i same konsern og tilknytte selskap

Tal i 1000 kr Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Fordringar 2014 2014 Lån til føretak i same konsern - - Kundefordringar 29 194 Andre fordringar - - Sum 29 194 Av dette fordringar som forfell > 1 år - - Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Gjeld 2014 2014 Leverandørgjeld 194 - Annan kortsiktig gjeld - - Sum 194 -

Note 12. Fordringar og gjeld Tal i 1000 kr Fordringar med forfall seinare enn 1 år 2014 Andre langsiktige fordringar - Langsiktig gjeld med forfall seinare enn 1 år 2014 Gjeld til kredittinstitusjonar 895 557 Anna langsiktig gjeld - Sum 895 557

Note 13. Meir/mindreinntekt Tal i 1000 kr Nettinformasjon Sentralnett Regionalnett Distribusjonsnett Driftsresultat 623 17 859 -16 684 Meir (+)/mindre(-) inntekt: Faktisk inntekt 2 694 185 471 397 971 Tilbakeført meir-/mindreinntekt i året 6 000 15 000 21 000 Kostnader overliggande nett - 70 836 117 474 = Justert faktisk inntekt 2 694 120 635 295 497 Inntektsramme i året 2 974 107 166 248 157 Inntektsramme justert for AVS/AKG/KILE 2 727 114 106 250 369 Berekna meir-/mindreinntekt i året -33 6 529 45 128 Inng. saldi ME/MI-inntekt inkl. rente 01.01. 4 543 15 939 47 171 Årets bevegelsar inkl. renter -5 653 837 31 282 Akk. meir-/mindreinntekt 31.12. inkl. renter -1 110 16 776 78 453 Balanse: Sum driftsmidlar etter fordeling 01.01. 8 624 612 904 816 604 Sum driftsmidlar etter fordeling 31.12. 6 893 619 946 861 095 Gjennomsnittlege driftsmidlar 7 758 616 425 838 850 1 % påslag for netto arbeidskapital 78 6 164 8 388 Avkastningsgrunnlag 7 836 622 590 847 238 Avkastning (driftsresultat*100/avkastningsgrunnlag) 8,0 2,9 -2,0

Sum monopol 1 798

586 137 188 310 418 826 358 296 367 203 51 624 67 653 26 465 94 118

1 438 132 1 487 934 1 463 033 14 630 1 477 663 0,1

21


#2014 / ÅRSRAPPORT

Note 14. Varer Tal i 1000 kr 2014 Lager av innkjøpte varer 24 040 Sum 24 040 Av samla varelagerverdi for Mørenett AS 31.12.2014 er 24 040 vurdert til kostpris.

Note 15. Bankinnskot Tal i 1000 kr 2014 Innskot driftskonto 33 423 Bundne skattetrekksmidlar 3 746 Selskapet sin likviditet er organisert i ei kontoordning der samla tilgjengeleg saldo syner på toppkontoen. Vi har disponibel kassakreditt på 50 mill. kr på kontoen, slik at disponibelt er 83,4 mill. kr.

Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon

Tal i 1000 kr Aksjekapitalen består av: Antall Pålydande Balanseført A-aksjar 10 000 40 400 000 Mørenett AS har 2 aksjonærar 31.12.2014. Selskapet sine aksjar er utstedt i aksjeklasse A. A-aksjane gir røysterett tilsvarande del av totalt utstedt A-aksjar til ei kvar tid. Oversikt over aksjonærane 31.12.2014: A-aksjar Eigardel Stemmedel Tafjord Kraft AS 5 366 53,66 % 50,0 % Tussa Kraft AS 4 634 46,34 % 50,0 % Totalt antall aksjer 10 000 100,00 % 100,0 % Gjennom aksjonæravtalen har partane regulert at selskapet skal være felleskontrollert. Sjå note 23 for meir informasjon.

Note 17. Eigenkapital Tal i 1000 kr Aksjekapital Overkurs Innskot Fond Anna Sum anna EK for vud. EK Eigenkapital 01.01.2014 30 - - - - 30 Kapitalnedsetting (30) - - - - (30) Skattefri fisjon/fusjon 400 000 137 020 29 055 1 485 124 425 691 985 Innarbeiding TS 833 833 Justering fusjonsfordring (1 317) (1 317) Estimatavvik pensjon - - - - (35 774) (35 774) Resultat i året - - - 373 9 525 9 898 Avsett utbyte - - - - (4 762) (4 762) Eigenkapital 31.12 2014 400 000 137 020 29 055 2 691 92 097 660 863

22


#2014 / ÅRSRAPPORT

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar Mørenett AS har både kollektiv innskotsordning i DNB og kollektiv ytingsordning via medlemsskapet i BKK Pensjonskasse. Innskotsordninga omfattar tilsette som 01.01.2014 kom frå Tussa Nett AS og nytilsette i 2014. Spareplanen utgjer 5 % for løn mellom 1 og 6 G (G=grunnbeløpet i Folketrygden) og 8 % for løn mellom 6 og 12 G. Ytingsordninga gjeld tidligare tilsette i Tafjord Kraftnett AS. Det er Gabler AS som administerer BKK Pensjonskasse, og ytingsordninga vert rekneskapsført i henhald til IAS 19. Årleg aktuarberekning blir utarbeidd av aktuar i Gabler AS og DNB LIV AS. Ytingssplan i sikra ordning Ytingsplan omfattar alders-, uføre- , etterlatte- og barnepensjon. Den gir dei tilsette ein bestemt framtidig pensjonsyting basert på oppteningsår og lønsnivået ved pensjonsalder. Alderspensjonen utgjer ved full opptening 66 % av pensjonsgrunnlaget for løn opp til 12 G. Alle fødd i 1943 eller seinare vil få pensjonen sin levealdersjustert, noko som kan føre til ei pensjonsutbetaling som er mindre enn 66 % av pensjonsgrunnlaget. Pensjonen er ei bruttoordning og vert reguleret i henhald til regelverket for offentleg pensjon. Ordninga vert finansiert ved at medlemane betaler 2 % av pensjonsgrunnlaget. Elles vert pensjonspremien dekt av arbeidsgjevar. Ytingsplan i usikra ordningar Dei usikra ordningane består av AFP og ein driftspensjonsordning for tidlegare dagleg leiar si løn mellom 12 G og 14 G. Desse er vist samla under usikra ordningar. Gamal AFP-ordning, inngått før 31.12.2010, og der arbeidsgjevar finansierer 25 % av pensjonen - i tillegg til ein årleg medlemspremie, vert avslutta i 2015. Ny AFP-ordning Den nye AFP-ordninga er ei ordning som gir eit livslangt tillegg til den ordinære pensjonen. Dei tilsette kan velje å ta ut den nye AFP-ordninga frå og med fylte 62 år, også ved sida av å stå i jobb, og ordninga gir ytterlegare opptening ved arbeid fram til 67 år. Den nye AFP-ordninga er ei ytingsbasert fleirføretakspensjonsordning, og vert finansiert gjennom premie som vert fastsett som ein prosent av løn. Rekneskapsmessig vert ordninga handsama som ei innskotsbasert pensjonsordning der premiebetalingar vert kosnadsført løpande. Ingen avsetningar vert gjort i rekneskapen. I 2014 utgjorde premien 2,2 % av løn mellom 1 G og 7,1 G. Tilsette som i dag har innskotsbasert pensjonsordning i selskapet er omfatta av ordninga. Tilskot til AFP-ordninga inngår i lønskostnadene og utgjorde 1,4 mill. kr i 2014. Estimatavvik Vi nyttar ikkje korridorløysing for estimatavvik. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert i notid og ført mot eigenkapitalen. For pensjonsmidlane blir avkastningsrenta sett lik diskonteringsrenta ved inngangen til året. Den faktiske avkastninga på pensjonsmidlane i 2014 vart 7,9 % - der 3,8 % er ført som estimatavvik/aktuariell vinst direkte mot eigenkapital, medan 4,1 % er ført som avkastning/redusert pensjonskostnad i resultatrekneskapen. Planendringar Planendringar blir resultatført. I aktuarberekninga for 2014 er levealdersjustering i tenestepensjonsordninga innarbeidd for årskull fødd etter 1953, individuell garanti for dei som er fødd i 1958 eller tidlegare, og berekning av ny uføreordning frå 01.01.2015. Effekten av levealdersjustering i alderspensjonen frå Folketrygda for alle årskull, og for årskulla 1943 - 1953 i tenestepensjonsordninga, er innarbeidd i tidlegare år. Individuell garanti er ein garanti som delvis skjermar dei som er fødd i 1958 eller tidlegare frå effekten av levealdersjustering. Levealdersjustering og endring i uføreordninga fører til at pensjonskostnaden for sikra ordning blir redusert med 12,4 mill. kr i 2014. Individuell garanti aukar pensjonskostnaden for usikra ordning med 4,2 mill. kr. Økonomiske føresetnader Mørenett AS har vurdert at marknaden for obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) tilfredsstiller krava i IAS 19.83 til føretaksobligasjonar. Demografiske føresetnader Selskapet har i pensjonsberekningane i ei rekkje år brukt Gablers dynamiske dødelegheitsgrunnlag GAP07 for den aktive delen av medlemsmassa. I samband med at Finanstilsynet innførte K2013 som dødelegheitsgrunnlag for forsikringsordningar, vurderte Gabler GAP07 mot faktisk observert dødelegheit i medlemsmassa. Berekningane underbyggjer at GAP07 er eit forventningsrett dynamisk dødelegheitsgrunnlag i forhold til krav i Norsk Regnskapsstiftelse si rettleiing for pensjonsføresetnader. 23


#2014 / ÅRSRAPPORT

Kurva reallønsvekst Forventa lønsvekst lagt til grunn i Mørenett AS sine pensjonsberekningar for aktive medlemer byggjer på Gablers regresjonsmodell. Modellen nyttar alder som forklaringsvariabel for reallønsutvikling til arbeidstakarar. Samanhengen mellom alder og reallønsutvikling kan vi forklare mellom anna med at dei unge gjer fleire lønshopp enn eldre arbeidstakarar. Basert på historiske bestandsdata i pensjonskassa er det utleda ei tilpassa lønskurve, som viser at den gjennomsnittlege reallønsveksten for tilsette i Mørenett AS fell med alder. Denne kurva vert lagt til grunn for aktuarielle berekningar. Berekningar viser at kurva lønsvekst gir lågare pensjonsforplikting enn lineær lønskurve. Pensjonsmidlar i BKK Pensjonskasse BKK Pensjonskasse fekk ei avkastning i 2014 på 7,9 % (251 mill. kr) mot indeksavkastning på 7,4 %. Meiravkastninga vart 16 mill. kr i forhold til indeks. Aksjeeksponeringa er 38,2 %, medan bufferkapitalen er 527 mill. kr. Dette er 44 mill. kr meir enn ved førre årsskifte. Samla tapspotensial med korrelasjon er berekna til 68 % av bufferkapitalen og vurdert til å vere ein akseptabel risikosituasjon. Kapitaldekninga er på 13 %, der minimumskravet er 8 %. Forvaltningskapitalen var 3 368 mill. kr. I 2014 betalte Mørenett AS halv årspremie til pensjonskassa. Risikovurdering av ytingsbaserte ordningar Gjennom ytingsbaserte ordningar er selskapet påverka av fleire risiki som følgje av usikkerheit i føresetnader og framtidig utvikling. Dei mest sentrale risiki er følgjande: - Forventa levetid Selskapet er forplikta til å utbetale pensjon for dei tilsette livet ut. Auke i forventa levealder blant medlemane aukar forpliktinga for selskapet. - Avkastningsrisiko Selskapet blir påverka ved ei endring i faktisk avkastning på pensjonsmidlane, som vil føre til endring i netto forplikting. - Inflasjons- og lønsvekstrisiko Selskapet si pensjonsforplikting har risiko knytt til både inflasjon og lønsutvikling, sjølv om lønsutviklinga er nært knytt til inflasjonen. Høgare inflasjon og lønsutvikling enn lagt til grunn i pensjonsberekningane, fører til auka forplikting for selskapet. - Renterisiko Ved neddiskontering av pensjonsutbetalingar blir marknadsrenter lagt til grunn. Generelt lågt eller fallende rentenivå aukar brutto pensjonsforplikting for selskapet, medan aukande rentenivå reduserer forpliktingane. DNB LIV Den delen av ytingsbasert ordning som er i DNB LIV gjeld utbetaling av pensjonar til pensjonistar i tidlegare Tussa Nett AS. Føresetnadane som blir lagt til grunn her er Norsk Rekneskapsstiftelse sine tilrådingar. I den talmessige delen av pensjonsnota under er det ei oversikt over tal aktive medlemer og pensjonistar for høvesvis sikra og usikra ordningar.

Dei aktuarmessige berekningane byggjer på følgjande føresetnader:

BKKP 2014

DNB

1. Diskonteringsrente

4,1 %/2,4 %

4,1 % / 3,0 %

2. Forventa avkastning

4,1 %

4,1 %

3. Forventa lønsvekst

3,25 %

3,25 %

4. Forventa G-regulering

3,0 %

3,0 %

5. Forventa regulering av pensjonar under utbetaling

2,25 %

2,25 %

6. Uttakstilbøyelegheit AFP 10,0 % - 7. Uttakstilbøyelegheit direktørpensjon v/62 år

50,0 %

-

8. Demografiske føresetnader

Gap07/K63

-

I føresetnadene i pkt. 1 over, der det er oppgitt to %-satsar for same år, gjeld den første for kostnaden og den siste for forpliktingane i utgåande balanse. I pkt. 8 betyr nemninga Gap07 Gablers dynamiske dødelegheitstabellar frå 2007, medan K63 er uføretabellar. 24


#2014 / ÅRSRAPPORT

Tal i 1 000 kr Mørenett AS total Mørenett AS sikra Mørenett AS usikra Dato for rekneskapsavslutning

31.12.2014 31.12.2013

31.12.2014 31.12.2013

31.12.2014 31.12.2013

A. Pensjonskostnad i perioden Årets pensjonsopptening (Service Cost) 5 378 5 886 5 074 5 119 304 766 Arbeidsgivaravgift av oppteninga i året 758 830 715 722 43 108 Rentekostnad på pensjonsforpliktinga 8 747 7 009 8 398 6 304 349 705 Forventa avkastning på pensjonsmidlar -7 709 -4 978 -7 709 -4 978 - - Resultatført planendring -8 222 - -12 393 - 4 171 - Medlemsinnskot -1 179 -1 107 -1 179 -1 107 - - Resultatført pensjonskostnad ytingsordning -2 227 7 639 -7 094 6 060 4 867 1 579 B. Balanseført pensjonsforplikting DBO ved slutten av perioden 278 158 176 319 262 785 167 444 15 373 8 874 Midlar ved slutten av perioden 210 454 148 796 210 454 148 796 - - Balanseført pensjonsforplikting inkl. arb.g.avgift 67 704 27 523 52 331 18 649 15 373 8 874 C. Avstemming pensjonsforplikting Pensjonsforplikting i inngåande balanse 25 546 54 202 16 672 35 442 8 874 18 759 Resultatført pensjonskostnad -2 227 7 639 -7 094 6 060 4 867 1 579 Aktuarielt tap (gevinst) ført mot eigenkapital 51 454 -33 505 49 464 -22 854 1 990 -10 652 Innbetalingar inkl. arb.g.avg. -6 755 -100 -6 711 - -44 -100 Utbet. pensjon over drift ekskl. arb.g.avgift -314 -712 - - -314 -712 Balanseført pensjonsforpl. ved slutten av perioden 67 703 27 523 52 331 18 649 15 373 8 874 D. Medlemsstatistikk Tal aktive medlemer i ytingsordning 108 107 105 103 Tal pensjonistar 127 118 3 3 Innskotsordning: Innskotsplanen utgjer 5 % for løn mellom 1 og 6 G (G=grunnbeløpet i Folketrygden) og 8 % for løn mellom 6 og 12 G. Resultatført kostnad er 2,4 mill. kr i 2014. Ordninga omfattar 119 medlemar.

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar Tal i 1 000 kr

Nærstående part Tilknyting Eigardel Elsikkerhet Møre AS Dotterselskap 66,66 % Tussa Kraft AS Aksjeeigar 46,34 % Tussa Energi AS Dotter av aksjeeigar Sunnmøre Energi AS Dotter av aksjeeigar Tussa IKT AS Dotter av aksjeeigar Tussa Installasjon AS Dotter av aksjeeigar Tussa-24 AS Dotter av aksjeeigar Enøk-senteret AS Dotter av aksjeeigar Smarthub AS Tilknytt selskap 41,88 % Tafjord Kraft AS Aksjeeigar 53,66 % Tafjord Kraftproduksjon AS Dotter av aksjeeigar Tafjord Kraftvarme AS Dotter av aksjeeigar Tafjord Marked AS (drift) Dotter av aksjeeigar Tafjord Marked AS (strøm) Dotter av aksjeeigar Tafjord Fibernett AS Dotter av aksjeeigar Naturgass Møre AS Dotter av aksjeeigar Rune Kiperberg Adm. direktør Erik Espeset Styreleiar 25


#2014 / ÅRSRAPPORT

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar (framh.) Transaksjonar med nærståande partar Selskapet har foretatt fleire forskjellige transaksjonar med nærståande partar. Alle transaksjonar er foretatt som del av den ordinære verksemda og til armlengdes prisar. Dei vesentlegaste transaksjonane som er gjort er som følgjer: Tal i 1000 kr a) Kjøp av varer og tenester frå aksjeeigar/dotter av akjeeigar i 2014 161 346 b) Kjøp av varer og tenester frå dotterselskap i 2014 12 121 c) Sal av varer og tenester til aksjeeigar/dotter av aksjeeigar i 2014 99 225 d) Sal av varer og tenester til dotterselskap i 2014 187 Balansen inkluderer følgjande beløp som følgje av transaksjonar med nærståande partar: 2014 Kundefordringar 12 598 Leverandørgjeld 9 623 Sum 22 222

Note 20. Pant og garantiar I låneavtalen mellom Mørenett AS og Handelsbanken er det gjort avtale om negativt pant. Dette avgrensar Mørenett AS sine moglegheiter til å pantsetje eignelutane sine. Tal i 1000 kr Pantesikra gjeld 2014 Pantesikra gjeld 895 557 Pantsette eigedelar Immaterielle eigedelar 16 500 Varige driftsmidlar 1 533 624 Sum bokført verdi av panteobjekt 1 550 124

Note 21. Ekstern gjeld Tal i 1000 kr Beløp Bokført verdi Rente Løpetid Forfall Trekkfasilitet A 450 000 450 000 3.md. NIBOR + margin 18 mnd 12.06.2016+1 Trekkfasilitet B 600 000 445 557 3.md. NIBOR + margin 36 mnd 12.12.2017+2 Selskapet har TNOK 154 443 i tilgjengelege trekkrettar 31.12.2014. I låneavtalen har vi pålegg i forhold til nivå på eigenkapitalprosenten og rentedekningsgrad. Krava for eigenkapitalen er 25 % og for rentedekningsgraden 1,2. Berekningar syner at begge krava er oppfylte.

26


#2014 / ÅRSRAPPORT

Note 22. Anleggskontraktar Anleggskontraktar er vurderte etter prinsippet for løpande avrekning. Fullføringsgraden er basert på forholdet mellom påløpne kontrakts-kostnader på balansedagen og estimerte totale kontraktskostnader. Opptent, ikkje fakturert inntekt 31.12.2014 er 0 kr. Tal i 1000 kr 2014 Utfakturert til kundar 31.12.14 3 582 Del forteneste 27 Utført produksjon 3 031 Forskot frå kundar (gjeld til kundar) 525

Note 23. Etablering av Mørenett AS Mørenett AS vart etablert gjennom ein fisjon av Tafjord Kraftnett AS der overføring av eigedelar fann stad til Mørenett AS. I tillegg skjedde det ein fusjon av Tussa Nett AS inn i Mørenett AS, der Mørenett AS var overtakande part. Rekneskapsmessig er fisjonen å sjå på som ein fisjonsfusjon med jamndeling, og fisjonen vart gjennomført med rekneskapsmessig kontinuitet. Fusjonen vart gjennomført som ein rekneskapsmessig transaksjon, jf.rekneskapslova § 4-1 første ledd nr 1 og rekneskapsført etter oppkjøpsmetoden. Fisjonen og fusjonen vart gjennomført med skattemessig kontinuitet, jf. reglane i skattelova kapittel 11. Mørenett AS er etablert som eit felleskontrollert selskap. I dette ligg det at selskapet er ein nøytral aktør skilt frå eigarkonserna, og med eigarmessig skilje frå anna verksemd.

27


#2014 / ÅRSRAPPORT

KONTANTSTRAUMoppstilling Kontantstraumoppstilling, indirekte modell Kontantstraum frå driftsaktivitetar Ordinært resultat før skatt Avskriving og nedskriving Tap/vinst ved sal av anleggsmidlar Resultatdel tilknytt selskap fråtrekt utdelingar Endring i varelager Endring i kundefordringar Endring i leverandørgjeld Forskjell mellom kostnadsført pensjon og inn-/utbetalingar pensjonsordningar Postar klassifisert som investerings- og finansieringsaktivitetar Endring i andre tidsavgrensingspostar Netto kontantstraum frå driftsaktivitetar Kontantstraum frå investeringsaktivitetar Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar Innbetalingar ved sal av aksjar og partar i andre føretak Utbetalingar ved kjøp av aksjar og partar i andre føretak Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar Kontantstraum frå finansieringsaktivitetar Innbetalingar ved opptak av ny langsiktig gjeld Utbetalingar ved nedbetaling av langsiktig gjeld Nettoendring mot konsernkontoordning KK-systemet Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar Behaldning av kontantar og bankinnskot Netto endring i kontantar og bankinnskot Behaldning av kontantar og bankinnskot ved starten på året Behaldning av kontantar og bankinnskot ved slutten på året

TAL I 1000 KR

2014 13 634 104 187 -23 -373 701 -40 272 -7 678 -8 592 -140 50 454 111 898

303 -126 434 2 -1 332 -127 461

895 557 -633 811 -214 627 47 119

31 556 5 613 37 169

28


#2014 / ÅRSRAPPORT

29


#2014 / ÅRSRAPPORT

STRATEGI OG FRAMTIDSUTSIKTER Mørenett er etablert som eit felleskontrollert selskap. I dette ligg det at selskapet er ein nøytral aktør skilt frå eigarkonserna og med eigarmessig skille frå anna verksemd.

Hovudmålet vårt er at vi innan utgangen av 2018 skal ha bygt eit robust og 100 % effektivt nettselskap med god leveringstryggleik for kundane, god avkastning til eigarane og godt arbeidsmiljø for medarbeidarane. Mørenett AS ønskjer også å vere sentral i vidare regionale strukturendringar. For å sikre nøytralitet har Mørenett AS hatt fokus på eigne strukturar og forretningsprosessar i 2014. Organisatorisk har vi etablert eigne stabsfunksjonar innan økonomi, innkjøp, HMS og kvalitet. Netteigardivisjonen vår skal analysere, prioritere og bestille tiltak i nettet, medan entreprenørdivisjonen har ansvaret for operativ og effektiv gjennomføring. For å understøtte desse prosessane har vi valt eige forretningssystem (ERP-system) og eige kunde- og informasjonssystem (KIS-system). Vi har også etablert eigne IT-løysingar innanfor HMS og kvalitet, sakshandsaming, webside og skrivebordsløysing. For å nå dei økonomiske måla våre har vi gjennom fusjonsprosessen identifisert 35 ulike synergiområde. Nokre har kort horisont og er allereie gjennomførte, medan andre krev større omstillingar. For å sikre gjennomføring og framdrift er desse organiserte i eit eige integrasjonsprogram. Eigarskapen til synergiprosjekta er lagt til linjeorganisasjonen, men vi har i stab ein eigen intergrasjonsleiar for å sikre tilstrekkeleg fokus på omstillingsarbeidet. Største enkeltområda er innan drift og vedlikehald, støttefunksjonar og tenester knytt til måling, avrekning, fakturering og kunde (MAFIKtenester). For å nå målet om 100 % effektivitet i løpet av 2018 skal synergitiltaka i sum resultere i om lag 45 mill. kr i reduserte driftskostnader. Dette tilsvarar om lag 12 % av dei samla driftskostnadane våre. Med utgangspunkt i valt modell for organisering, og etablering av eigne system og strukturar, er Mørenett AS godt posisjonert for vidare strukturell utvikling i regionen. Selskapet har god breidde i kompetanse og ressursar, og er einaste regionalnettselskapet i Møre & Romsdal med døgnbemanna driftssentral. Vi ønskjer difor ein konstruktiv dialog både med regulator og andre nettaktørar rundt vidare samhandling velkomen.

30


#2014 / ÅRSRAPPORT

HMS Mørenett skal vere ein trygg arbeidsplass med medarbeidarar som trivst, utviklar seg, tek ansvar og skaper resultat. Vi legg stor vekt på førebyggande HMS-arbeid.

Helse, miljø og sikkerheit er viktig for Mørenett – sikkerheit kjem alltid først. Mørenett arbeider med krevjande oppgåver, og skal vi nå målet vårt om null alvorlege skadar er gode HMS-rutinar særs viktig. Vi tek ansvar for at dei som ferdast i nærleiken av dei elektriske anlegga og installasjonane våre kan gjere det på ein sikker måte. Vi gjennomfører systematisk opplæring knytt til el-tryggleik og førstehjelp, og har årlege HMS-dagar.

Nøkkeltal for HMS 2014 Registrerte skadar med og utan fråvær

25

Fråvær som følgje av arbeidsulykker (dagar)

12,5

Sjukefråvær (%)

3,4

Tal fast tilsette (eksl. lærlingar)

218

Lærlingar

18

Gjennomsnittsalder tilsette 31.12.14

47

Personalomsetning (%)

3,6

Mørenett AS sin aktivitet skal ikkje vere til ulempe for miljøet og samfunnet. Relevante ulemper og miljøpåverknader blir alltid vurderte opp mot nytteverdier i planlagde prosjekt. Vi legg kraftlinjer slik at den visuelle effekta blir minst mogleg skjemmande. Vi fokuserer også på bruk av miljøvennlege produkt. Mørenett fyl lov- og regelverket som gjeld.

31


#2014 / ÅRSRAPPORT

NETTEIGARDIVISJONEN Netteigardivisjonen har 43 medarbeidarar, og divisjonen forvaltar ansvaret og oppgåvene som følgjer nettmonopolet.

Netteigardivisjonen

seksjon Plan

seksjon energimåling

seksjon dle

seksjon driftssentral

Netteigardivisjonen har hatt høg aktivitet i 2014. Divisjonen har ansvar for å analysere, prioritere og bestille naudsynte investeringar i kraftnettet, i tillegg til drift og vedlikehald. Vedlikehaldet er i hovudsak tilstandsbasert, der vi gjennom tilstandskontroll prioriterer og bestiller naudsynte tiltak og arbeid. Vi har også tidsstyrt aktivitet, som til dømes skogrydding, og i 2014 har vi gjennom systematisk skogrydding klart å redusere tal feil i nettet som følgje av vind. Investeringane i kraftnettet utgjorde kr 108,8 mill. kr i 2014. Av dette var 19,7 mill. kr i regionalnettet og 89,1 mill. kr i distribusjonsnettet. Ei av dei store endringane etter fusjonen var å samlokalisere driftssentralane til Tussa Nett og Tafjord Kraftnett. 19. mai 2014 opna vi felles sentral i Holen. Dette er den einaste døgnbemanna driftssentralen i fylket, med unntak av Statnett sin sentral på Sunndalsøra. Frå driftssentralen overvakar, driftar og koplar vi distribusjonsnettet i 12 kommunar, og regionalnettet i ytterlegare 8 kommunar. I tillegg utfører driftssentralen overvaking og vakttenester for fleire naboselskap, og teknisk overvaking og drift av til saman 55 kraftverk. Mørenett AS arbeidde mykje med etablering av beredskapsplanar og å leggje til rette for ein robust beredskap i 2014. I 2014 vart KILE-kostnaden (kvalitetsjustert inntektsramme ved ikkje levert energi) 14,5 mill. kr. Av dette skuldast 10,8 mill. kr planlagde utkoplingar i kraftnettet og 3,7 mill. kr feil i kraftnettet. I 2014 var det 5 gonger så mykje lyn som i eit normalår i Noreg. Dette merka også Mørenett, og lynskadar var ei stor feilkjelde gjennom heile året. Energiomsetninga i regionalnettet vart på 2 367 GWh og 1 727 GWh i distribusjonsnettet i 2014. Dette er ein nedgang på 5,0 % i forhold til året før. Nedgangen skuldast det varme vêret, der gjennomsnittstemperaturen var 2,23 % over normalt årsgjennomsnitt. Innmatinga frå produksjon var 1 315 GWh i regionalnettet og 363 GWh i distribusjonsnettet.

32


#2014 / ÅRSRAPPORT

forbruk distribusjonsnettet 2014 Levert sluttbrukar GWh Tap GWh Sum GWh Tap i distribusjonsnettet %

1 645,8

81,7

1 727,5

4,7 %

nøkkeltal distribusjonsnett 2014 Høgspentlinjer (km)

877

Høgspentkabel (km)

938

Nettstasjonar (stk.)

2 563

Fordelingstransformatorar (stk.)

2 636

Fordelingstransformatorar (MVA)

971

Lågspentlinjer (km)

1 431

Lågspentkablar (km)

2 548

nøkkeltal regional- og sentralnett 2014 132 kV luftlinjer (km)

415

132 kV sjøkabel (km)

22

132 kV jordkabel (km)

26

22 - 66 kV luftlinjer (km)

192

22- 66 kV sjøkabel (km)

26

22 - 66 kV jordkabel (km)

39

Transformatorstasjonar (stk.)

28

Installert transformatoryting (MVA)

1 310

Innanfor AMS (automatisk måle- og styresystem) er Mørenett AS med i fellesprosjektet Smart Strøm Nordvest om innkjøp og utrulling. Smarthub AS, som er eit felles driftsselskap, skal stå for drift av AMS-løysinga. Mørenett AS har relativt store investeringsbehov framover, både som følgje av nytt forbruk og som følgje av fornyingsbehov i nettet. Vi arbeider mykje med kraftsystemplanlegging, både på regional- og distribusjonsnivå, for å sikre rette investeringar til rett tid. Mange småkraftverk i området har stått på vent på grunn av manglande kapasitet i sentralnettet. Med Statnett si nye 420 kV linje frå Ørskog til Sogndal vert nettkapasiteten opna for desse, og Mørenett AS er inne i ei veldig aktiv periode med å avklare nettkapasitet for mange småkraftverk. Ein stor del av investeringsbehova framover kjem som følgje av småkraftutbygging.

33


#2014 / ÅRSRAPPORT

ENTREPRENØRDIVISJONEN Entreprenørdivisjonen har 185 medarbeidarar, og divisjonen utfører oppgåver knytt til feilretting, vedlikehald og utbygging av kraftnett, ekom, lysanlegg og elkraft.

entreprenørdivisjonen

ingeniørtenester

seksjon prosjekt

seksjon drift

I 2014 har vi hatt fokus på å få ny organisering til å fungere samstundes som vi har løyst dei løpande oppgåvene knytt til feilretting, vedlikehald og utbygging. Det er stor aktivitet i Mørenett AS sitt forsyningsområde, og det har vore mange oppgåver å ta tak i. Det er netteigardivisjonen som er entreprenørdivisjonen sin største oppdragsgjevar. Om lag 80 % av divisjonen sine ressursar vert brukt mot selskapsinterne oppdrag. Innsatsen er fordelt med omtrent halvparten mot drift og vedlikehald, den andre halvparten gjeld investeringar i nye- og rehabilitering av eksisterande anlegg. Vi har gjennom året bygd 23 nye nettstasjonar, og bygd om 24 mastetransformatorar etter krav frå DSB. Det er vidare utført utbetring av jordplater og foretatt utbetringar og oppgraderingar av lågspentkrinsar. Fleire høgspentog lågspenttrasear er lagt om, og det er elles gjennomført ei rekkje større og mindre oppdrag i forsyningsnettet. Sjølv om største delen av ressursane vert kanalisert internt, er oppdrag for eksterne aktørar eit viktig forretningsområde. Om lag 40 av divisjonen sine 185 årsverk vert leverte til oppdragsgjevarar utanfor Mørenett AS. Det vert i hovudsak levert tenester mot tre ulike område: ekom, lysanlegg og elkraft. •

Innan ekom er det i stor grad fast tilsette telemontørar og dedikerte prosjektingeniørar som står for leveransane. Største oppdragsgjevarar er Tafjord Marked AS og Tussa IKT AS. Det er drift, vedlikehald og feilretting av ekomanlegg som har størst fokus, men vi leverer også kundeaksessar og infrastruktur for nye utbyggingsområde.

Lysanlegg omfattar drift og vedlikehald av om lag 30 000 lysmaster som er eigd av fylkeskommunen, Statens Vegvesen og kommunane Mørenett AS har områdekonsesjon i. Vi leverer også lysanlegg til bustadfelt og til private og offentlege vegar. Vi har skrive kontrakt med Sunnmøre Regionråd om utskifting av HQL-lampar til lyskjelder på LED-teknologi. Gjennom denne kontrakta bytta vi om lag 2 000 armatur for 7 ulike kommuner i 2014.

Innan elkraft er det spesielt Statnett si 420 kV linje og stasjonsanlegg som har generert aktivitet. Samla vart det levert tenester for i overkant av 10 mill. kr til Statnett i 2014.

34


#2014 / ÅRSRAPPORT

Forventningane til kva Mørenett skal ta ut av synergiar frå fusjonen er høge. Både måla som er sett for selskapet og valet av organisasjonsmodell gjer det klart at heile organisasjonen må tenke i nye spor. Ikkje minst gjeld dette entreprenørdivisjonen. Arbeidet med å få ny organisering til å fungere etter intensjonane har krevd mykje fokus i 2014. Vi er godt i gang med å gjennomføre naudsynte omstillingar, men mykje står att. 2015 blir eit svært viktig år for å implementere dei nye arbeidsprosessane våre. Mørenett AS er rigga for å møte dei utfordringane som nettbransjen står overfor, og vi som arbeider her må syte for at vi også framover evnar å tilpasse oss krava frå eigarane våre, og til krava som samfunnet stiller til oss som ein viktig leverandør av samfunnskritisk infrastruktur.

35


#2014 / ÅRSRAPPORT

Nokre hendingar i 2014 1

2

4

5

3 1. I mai opna vi ny driftssentral i Holen, og frå her overvakar, driftar og koplar vi kraftnettet i området vårt. 2. I 2014 bygde vi om 24 mastetrafoar etter krav frå DSB. 3. Vi bytta nesten 2 000 lysarmatur frå HQL til LED i 2014. 4. Systematisk skogrydding har redusert tal feil i nettet som følgje av vind. 5. Vi legg stor vekt på førebyggande HMS-arbeid. Biletet er frå HMS-dagen i Dragsund.

36


#2014 / ÅRSRAPPORT

STYRET

ERIK ESPESET STYRELEIAR

ELLING DYBDAL NESTLEIAR

Stilling: Konsernsjef i Tafjord

Stilling: Konsernsjef i Tussa

Utdanning: Sivilingeniør NTH/NTNU,

Utdanning: Sivilingeniør, NTH og

Master of Business Administration,

bedriftsøkonom, BI

Helsinki School of Economics

LISBETH BJØRNESET MYKLEBUST STYREMEDLEM

Stilling: Organisasjonssjef i Tussa Kraft

TERJE SØVIKHAGEN STYREMEDLEM

Stilling: Økonomi- og finansdirektør

Utdanning: Kommunikasjon og leiing, HVO

i Tafjord Kraft

og HIL.

Utdanning: Diplomøkonom ,BI, MBA finans, NHH og autorisert finansanalytikar, NFF

JO STIAN TVERBERG STYREMEDLEM

MAY BRIT TØMMERVIK STYREMEDLEM

Stilling: Adm. dir. Tussa Installasjon

Stilling: Organisasjonssjef i Tafjord Kraft

Utdanning: Sivilingeniør elektro, NTNU

Utdanning: Master of management, BI

STIG KYRKJEEIDE STYREMEDLEM

BJØRN BERGE STYREMEDLEM

Stilling: Sivilingeniør plan

Stilling: Ingeniør prosess/Scada

Utdanning: Sivilingeniør elkraft, NTH

Utdanning: Ingeniør energiteknikk, Oslo Ingeniørhøgskule, ingeniør elektronikk, NKI

BJØRNAR DAHLE STYREMEDLEM

OLE JOHAN REKKEDAL STYREMEDLEM

Stilling: Overmontør

Stilling: Ressursstyring/prosjektering

Utdanning: Energimontør

Utdanning: Energimontør

37


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.