Årsrapport Mørenett 2018

Page 1

117,9 mill. kr driftsresultat

331,6 mill. kr investert

ÅRSRAPPORT MØRENETT ÅRSMELDING, RESULTAT OG SELSKAPSINFORMASJON #2018 / ÅRSRAPPORT

2 410,5 mill. kr balanse


#2018 / ÅRSRAPPORT

INNHALD: 3

Direktøren har ordet: Framtida er elektrisk

4

Organisasjon og bakgrunn

5

Nøkkeltal

6

Årsmelding frå styret

9

Resultat

10

Balanse

12

Innhaldsliste notar

13

Notar til rekneskapen

27 Kontantstraumoppstilling 28 Revisjonsmelding 30

Strategi og framtidsutsikter

32

HMS

33 Nettforvaltar 36

Montasje

38

Systemdrift

40

Styret

Framsidefoto: Sjøkabel mellom Ovrasanda på Hareid og Sulesund. November 2018. 2


#2018 / ÅRSRAPPORT

“I Mørenett er vi klimaoptimistar, og vi vil aktivt bidra til at regionen vår utmerkar seg positivt gjennom reduserte utslepp og ein rein og flott natur.

FRAMTIDA ER ELEKTRISK RUNE KIPERBERG ADMINISTRERANDE DIREKTØR

Eit av hovudmåla våre i Mørenett er at vi skal vere ein synleg tilretteleggjar for ei grønare og meir energieffektiv framtid. Gjennom å utvikle og drifte ei effektiv elektrifisering av regionen vår skal vi leggje til rette for at kundane våre billeg og enkelt kan bli meir elektriske. Energi Norge sin visjon er at Norge skal bli verdas første fornybare og fullelektriske samfunn. Dette vil bidra til vesentlege reduksjonar i norske klimautslepp samstundes som nye arbeidsplassar vert skapt. Om lag ein tredjedel av Norge sin energibruk er framleis basert på fossil energi. For å gjennomføre ei omstilling av samfunnet der alt av energiforbruk på fastlandet skal vere elektrisk vil medføre eit behov på mellom 30 og 50 TWh elektrisk energi. Kostnadene for ny fornybar kraft er på full fart nedover, mellom anna vil mykje vindkraft no vere lønsamt utan statlege subsidiar. Prognosar tilseier at det truleg vil verte bygt ut meir enn 30 TWh vindkraft i Norge fram til 2040, og her vil vi langt på veg dekkje inn auka forbruk ved full elektrifisering. Straum er ei vesentleg meir effektiv energiform i bruk enn det til dømes bensin og diesel er, der 50 TWh elektrisk kraft vil kunne erstatte 100 TWh fossil energi. I vår region prega av fjell og fjordar skal ferjesambanda vere elektrifiserte innan 2025. Dette vil vere viktige tiltak for å redusere utsleppa både regionalt og nasjonalt. På landsplan vil elektriske ferjer bidra til at 50.000 tonn diesel vert erstatta med 240 GWh elektrisk kraft. Dette vil redusere utsleppa med rundt 150.000 tonn CO2 pr. år noko som tilsvarar utslepp frå 70 000 dieselbilar. Ferjesambandet Hareid-Sulesund i vår region vil erstatte 2.115 tonn diesel med elektrisk energi tilsvarande forbruket i 800 bustader og redusere utsleppa med 6.535 tonn CO2. Eit fullelektrisk samfunn vil krevje eit stabilt og robust kraftnett. Vår oppgåve vil vere å sørgje for at regionen har eit robust kraftnett med tilstrekkeleg kvalitet og kapasitet til ein rett kostnad for kundane våre. Berre i 2018 har vi gjennomført investeringar i kraftnettet vårt på om lag 330 mill. kroner. Framover vil det vere svært viktig å vidareutvikle nettleiga til å gje signal som gir god utnytting av kraftnettet. Mellom anna utbygginga av AMS-målarar og smarte nett som tek i bruk ny digital teknologi vil bidra til dette. I Mørenett er vi klimaoptimistar, og vi vil bidra til at regionen vår utmerkar seg positivt gjennom reduserte utslepp og ein rein og flott natur.

3


#2018 / ÅRSRAPPORT

ORGANISASJON OG BAKGRUNN Mørenett AS vart etablert i 2014 gjennom ein fusjon av Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS. Selskapet eig, utviklar, byggjer og driftar nett for overføring av elektrisk kraft i 12 kommunar på Sunnmøre og i delar av Nordfjord. Vi har som overordna mål å utvikle og drifte ei effektiv elektrifisering av regionen vår, der vi skal styrke Mørenett AS sin profil som ein framoverlent tilretteleggjar av ei grønare og meir energieffektiv framtid. Mørenett AS skal setje kunden i fokus, leve opp til forventningane eigarane våre set til oss, og vere ein attraktiv arbeidsplass for endringsmotiverte medarbeidarar. Selskapet hadde ved utgangen av 2018 143 fast tilsette og 8 lærlingar. Organisering Mørenett AS er organisert i stab og tre divisjonar: nettforvaltar, montasje og systemdrift. I 2018 samlokaliserte Mørenett AS sine aktivitetar i Hovdebygda og Dragsund til det som i dag er hovudkontoret i Dragsund. Driftssentralen flyttar ved årsskiftet 2018/2019 til Høgvoll. Med dette vil hovudkontoret i Dragsund og basen på Høgvoll vere arbeidsstad for hovudtyngda av Mørenett AS sine tilsette. Dette er positivt for bedriftskulturen og for vidareutvikling av felles arbeidsmetodar.

ADM.DIR.

STAB Organisasjon/økonomi/innkjøp/IT

NETTFORVALTAR Nettutvikling/prosjekt

MONTASJE Ressurs/montørpool/stab

SYSTEMDRIFT Driftssentral/energimåling/DLE

4


#2018 / ÅRSRAPPORT

NØKKELTAL

TAL I MILL. KR

2018 2017 2016 2015 DEFINISJONAR RESULTAT OG BALANSE Energisal

15,1 7,7 6,2 5,1

Nettleige

554,1 515,5 665,8 475,4

Driftsinntekter

593,3 573,0 754,2 564,5

Driftsresultat

117,9 88,9 246,0 72,0

Årsresultat

78,0 103,9 171,9 32,5

Totalkapital Eigenkapital

2 410,5

2 127,2

2 038,1

1 879,4

823,3 775,2 781,3 699,2

Utbyte

40,0 25,2 85,9 16,2

EBITDA

191,4 193,1 351,9 171,8 Driftsresultat + avskrivingar

Årlege investeringar

331,6

245,1

246,0

Driftsresultat monopol (inkl. estimatavvik)

131,3

73,6

232,7

164,3 94,4

LØNSEMD Totalkapitalrentabilitet

5,4 %

6,8 %

12,6 %

3,9 %

(Resultat før EOP + finanskost.)/gjennomsnittleg totalkapital

Eigenkapitalrentabilitet

12,8 %

15,9 %

31,2 %

7,7 %

Resultat før EOP/gjennomsnittleg eigenkapital

Resultatgrad

20,4 %

22,6 %

32,7 %

13 %

Kapitalomløp

(Resultat før EOP + rentekost.)/(driftsinntekt + finansinntekt)

0,3 0,3 0,4 0,3 (Driftsinntekter + finansinntekter)/gjennomsnittleg totalkapital

KAPITALTILHØVE Eigenkapitalprosent

34,2 %

36,4 %

38,3 %

37,2 %

Eigenkapital/totalkapital

Rentedekningsgrad

6,2 7,8 14,8 3,5 (Resultat før skatt + finanskostnader)/finanskostnader

Likviditetsgrad 1

0,9

1,0

0,9

0,8

51,3 %

24,2 %

50,0 %

50,0 %

Utbyteprosent

Omløpsmidlar/kortsiktig gjeld Utbyte/årsoverskot

PERSONAL Fast tilsette

143 139 197 211

Omsetning pr. tilsett

4,1

4,1

3,8

2,7

Omsetning/fast tilsette

Driftsresultat pr. tilsett

0,8

0,6

1,2

0,3

Driftsresultat/fast tilsette

NØKKELTAL BRANSJE Avkastningsgrunnlag (mill. kr)

1 936,8

1 719,5

1 589,5

1 512,9

6,8 %

5,7 %

12,7 %

6,1 %

DEA-score etter kalibrering i %

93,9 %

95,8 %

92,3 %

94,4 %

Levert sluttbrukar distribusjonsnettet GWh

1 742,0

1 751,0

1 742,0

1 700,4

99,5

87,2

94,9

86,3

5,4 %

4,7 %

5,2 %

55,9

61,9

Avkastning monopol i %

Tap i distribusjonsnettet GWh Tap i distribusjonsnettet i % Tap i regionalnettet GWh Tap i regionalnettet i % KILE i mill. kr

3,8 % 30,8

4,3 % 8,1

4,8 %

Gj.snitt BV dr.middel inkl 1 % påslag arbeidskapital Driftsresultat monopol/avkastningsgrunnlaget

Tap i distribusjonsnettet/innlevert kraft i distribusjonsnettet

65,7

4,4 % 17,7

16,3

Kvalitetsjustert inntektsramme ved ikkje levert energi

5


#2018 / ÅRSRAPPORT

ÅRSMELDING FRÅ STYRET 2018 LOKALISERING Mørenett AS har hovudkontor i Dragsund i Herøy kommune, og avdelingar i Ålesund, Valldal, Hornindal, Fiskå og Ørsta. Selskapet har distribusjonsnett i kommunane Hornindal, Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula, Ålesund, Giske, og Norddal. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Sandøy, Haram, Vestnes, Skodje, Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda. Mørenett AS har om lag 65 500 kundar i distribusjonsnettet. VERKSEMDA Mørenett AS er eit felleskontrollert selskap eigd av Tafjord Kraft AS med 53,66 % og Tussa Kraft AS med 46,34 %. Mørenett AS eig og driv eit energiforsyningsnett med 2 604 nettstasjonar og 26 transformatorstasjonar. Selskapet er organisert etter eit bestillar-utførar prinsipp. Selskapet er organisert i divisjonane nettforvaltar, montasje og systemdrift, og ein stab som skal støtte oppunder dei ulike prosessane i selskapet. Forbruket i Mørenett AS sitt distribusjonsnett var 9 GWh mindre enn året før. I 2018 er det levert 1 742 GWh til sluttbrukar mot 1 751 GWh i 2017. Tapet i distribusjonsnettet i 2018 vart 99,5 GWh eller 5,4 %. I 2018 hadde vi omfattande investeringar. I regionalnettet vart Nørve transformatorstasjon avslutta og spenningssett, det vart investert i fornying av transformatorstasjonen i Volda. I distribusjonsnettet har vi ferdigstilt mange mindre og mellomstore anlegg, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar. Bytte av nye straummålarar (AMS-målarar) var også eit krevjande prosjekt i 2018, og av 65 500 målarar har vi ein rest på om lag 3 400 målarar som må bytast i 2019. Når det gjeld drift- og vedlikehaldsoppgåver er desse gjennomført i samsvar med plan, både for brytarrevisjonar og tilstandsinspeksjonar av linjer og stasjonar. Særskilt kan fokus på skogrydding nemnast, der sterk tilvekst krev store ressursar. Mørenett AS hadde eit alvorleg utfall 28. februar 2018 i form av straumbrot knytt til transformatorstasjonen i Holen som gav oss KILE og andre kostnader på om lag 18,2 mill. kr. Med unntak av dette utfallet hadde vi eit tilnærma normalår med omsyn til oppetid i nettet. Selskapet hadde ein gjennomgang av avskrivingsplanane for nettanlegga for å få betre samsvar mellom rekneskapsmessige avskrivingar og teknisk levetid. Konsekvensen er at driftsmidlane får ei lågare avskriving pr. år og ei lenger økonomisk levetid enn tidlegare. VIDARE DRIFT Styret stadfestar at føresetnaden for framleis drift av Mørenett AS sine forpliktingar og aktivitetar er til stades, og denne føresetnaden er lagt til grunn i utarbeidinga av årsrekneskapen. Styret stadfestar at årsmeldinga gir eit rettvist bilete over utviklinga og resultatet til selskapet. FRAMTIDIG UTVIKLING Mørenett AS er eit resultat av ein fusjon av Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS. 2018 var det femte driftsåret vårt, og vi har hatt fokus på endringsprosessar for å nå dei ulike synergimåla som var ein del av vedtaksfundamentet for etableringa av Mørenett AS. Framdrifta er hovudsakleg i samsvar med planen, og ved utgangen av 2018 har selskapet ein kostnadsbase som gjer at Mørenett AS vert målt som 100 % effektive i NVE sin inntektsrammemodell i 2020, og det ser ut som vi når målet som var sett til oss. Mørenett AS har gjennomført ulike tiltak som gjer at selskapet er eit reindyrka nettselskap, og vi ønskjer å vere ein sentral aktør i vidare strukturendringar i regionen vår.

6


#2018 / ÅRSRAPPORT

Analyse av årsrekneskapen Samla driftsinntekter for Mørenett AS vart 593,3 mill. kr i 2018, ein auke frå 573 mill. kr i 2017. Driftsresultatet var på 117,9 mill. kr, som er ein auke frå 2017 på 29 mill. kr. Resultat før skatt 102,5 mill. kr som er ein reduksjon frå fjoråret på 21 mill. kr. Årsresultatet for 2018 vart 78 mill. kr, ein reduksjon på 25,9 mill. kr frå 2017. Det økonomiske resultatet er tilfredsstillande med bakgrunn i selskapet sine mål om å bli meir kostnadseffektive over tid. Endring i driftsresultatet frå 2017 til 2018 er ein kombinasjon av høgare nettinntekt og lågare kostnader. Eit høgt investeringsnivå har ført til høgare del aktiverte timar gjennom meir arbeid på eigne investeringsprosjekt. Planlagt reduksjon av kostnader relatert til underliggande drift er gjennomført etter oppsett program. I resultat før skatt for 2017 ligg inntekt for fisjon som vart bokført som finansinntekt i Mørenett AS med 51,9 mill. kr. Dette forklarar kvifor resultat før skatt og etter skatt er betre i 2017 enn i 2018. Selskapet har gjennomført forskings- og utviklingsaktivitetar tilsvarande 1,2 mill. kr. Selskapet har ved utgangen av 2018 ei samla netto meirinntekt inkl. renter på 28 mill. kr. Mindreinntekta som følgje av kompensasjon frå fusjonen i 2014 er i si heilheit dekt inn ved utgangen av 2018. Samla kontantstraum frå driftsaktivitetar i selskapet var på 198,1 mill. kr, mot 179,8 mill. kr i 2017. Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar er på 331,4 mill. kr, og i 2017 var denne 245,1 mill. kr. Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar var på 174,9, mot 64,1 mill. kr i 2017. Dei samla eigenfinansierte investeringane for 2018 gjeld i hovudsak innføring av nye avanserte måle- og styringssystem (AMS), ny- og reinvestering i nettanlegg. Vi henta inn 43,4 mill. kr i anleggsbidrag knytt til investeringar i distribusjonsnettet. Netto renteberande gjeld er på 1 300 mill. kr ved utgangen av 2018, ei auke på 200 mill. kr frå 2017. Renteberande gjeld er i sin heilskap finansiert gjennom trekkrettar i bank. Mørenett AS si likviditetsbehaldning var tilfredsstillande pr. 31.12.2018. Selskapet har evne til å finansiere drift og investeringar gjennom tilgang til likviditet innbetalt frå nettleige og finansiering gjennom trekkrettar i bank. Selskapet si kortsiktige gjeld ved utgangen av året var 257,7 mill. kr, og det utgjer 19,8 % av samla gjeld. Vi har ein auke på 54,1 mill. kr frå 2017, og auken skriv seg frå offentlege avgifter, utbyte og meirinntekt. Totalkapitalen var ved utgangen av året 2 410,5 mill. kr, ein auke på 249,9 mill. kr. Varige driftsmiddel har auka med 260,4 mill. kr i året. Eigenkapitalen var på 823,3 mill. kr, og eigenkapitaldelen utgjer 34,2 %. FINANSIELL RISIKO Overordna mål og strategi Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane våre, og vi søkjer å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping. Renterisiko Mørenett AS er utsett for renterisiko både gjennom nettregulering knytt til inntektsramma, rentebærande gjeld og pensjonsforpliktingar. Desse eksponeringane utliknar i stor grad kvarandre. Kredittrisiko Ved utgangen av 2018 var 90 % av kundane på gjennomfakturering der kredittrisikoen ligg med kraftomsetjar, medan Mørenett AS har kredittrisiko for nettleige og kraft for 3,1 % av kundane. Likviditetsrisiko Selskapet har bankavtale med Handelsbanken AS, der vi gjennom kontosystemet vårt er sikra nødvendig likviditet. Vi har avtalar som sikrar oss likviditet framover gjennom unytta trekkrettar. ARBEIDSMILJØ OG PERSONALE Ved utgangen av 2018 var det 143 fast tilsette i Mørenett AS, ein auke på 4 fast tilsette frå 2017. Selskapet hadde på same tidspunkt 8 lærlingar, mot 12 lærlingar i fjor. I 2018 har selskapet hatt 4 skadar mot 11 i 2017. Ingen av skadane i 2018 har medført fråværsdagar. Selskapet jobbar dagleg med helse, miljø og tryggleik, og vi vil i tida framover halde fram arbeidet med fokus på å redusere arbeidsulykkene i selskapet. Arbeidsmiljøutvalet har gjennomført 4 møte i 2018. Ei rekkje saker er handsama, og informasjon til tilsette er gitt av arbeidsgjevar og/eller 7


#2018 / ÅRSRAPPORT

tilsette sine organisasjonar. Samarbeidet med dei tilsette sine organisasjonar har vore godt i 2018. LIKESTILLING Mørenett AS har per 31.12.2018 19 kvinnelege tilsette. Av 143 fast tilsette gir dette ein del på 13 %. Mørenett AS har som utgangspunkt at personalpolitikken skal vere tilrettelagt for å stimulere til ei aktiv likehandsaming med fokus på ikkje-diskriminerande åtferd. Mørenett AS har retningslinjer for tilsetjing som skal fremje likestilling, og eit lønssystem som er kjønnsnøytralt og skal hindre ulik handsaming. I tillegg har Mørenett AS lagt forholda godt til rette med fleksible arbeidstidsordningar og permisjonsvilkår, noko som gjer det mogleg både for kvinner og menn å kombinere jobb og familie på ein best mogleg måte. Det er likevel ikkje til å kome forbi at energibransjen er sterkt dominert av menn både på fagarbeidar- og ingeniørnivå. Det er også langt mellom dei kvinnelege søkjarane til dei mest tradisjonelle yrka i energibransjen. Vi har kvinner både på fagarbeidar- og ingeniørnivå i organisasjonen, og i 2018 var to av åtte lærlingar i energimontørfaget kvinner. DISKRIMINERING Selskapet godtek inga form for diskriminering. Det omhandlar lik behandling for alle uavhengig av etnisitet, nasjonalitet, hudfarge, språk, religion og livssyn. YTRE MILJØ Nettverksemda påverkar det ytre miljø gjennom bygging og drift av luftlinjer, jord- og sjøkablar og transformatorstasjonar. Det ytre miljøet blir påverka reint visuelt, samstundes som det legg beslag på ein del areal og medfører restriksjonar på anna verksemd nær linjene. Mørenett AS legg vekt på at kraftlinjer skal leggjast slik at den visuelle effekten blir minst mogleg skjemmande, og det er sett fokus på bruk av miljøvennlege produkt. RESULTATDISPONERING Årsresultatet for Mørenett AS etter skatt vart i 2018 på 78 mill. kr og styret foreslår følgjande disponering av årsresultatet: Utbyte

Annan eigenkapital

40 000 000 kr

Fond for vurderingsforskjellar Totalt disponert

38 746 523 kr -752 000 kr

77 994 271 kr

Ålesund, 11.03 2019 i styret for Mørenett AS

8


#2018 / ÅRSRAPPORT

RESULTAT

TAL I 1 000 KR NOTE

2018

2017

Energisal

2, 13

15 077

7 746

Nettinntekt

2, 13

554 086

Andre driftsinntekter

2, 13

24 179

SUM DRIFTSINNTEKTER

593 342

572 997

515 452 49 799

Varekostnad

2

-

6 896

Energikjøp og overføringskostnader

2

212 890

150 839

2, 3, 18

70 942

85 385

2, 6,7

73 547

104 226

2

118 080

136 780

SUM DRIFTSKOSTNADER

475 460

484 126

DRIFTSRESULTAT

117 882

88 871

Løns- og personalkostnader Avskrivningar Andre driftskostnader

Finansinntekter og finanskostnader Anna renteinntekt

4

3 890

563

4, 22

443

52 215

Rentekostnader

4

19 686

Anna finanskostnad

4

9

2

RESULTAT AV FINANSPOSTAR

(15 363)

34 663

Ordinært resultat før skatt

102 520

123 534

Anna finansinntekt

Skattekostnad på ordinært resultat

18 113

5

24 525

19 681

ORDINÆRT ÅRSRESULTAT

77 994

103 853

ÅRSRESULTAT

77 994

103 853

Overføringar Avsett utbyte

17

40 000

25 150

Overføring anna eigenkapital

17

38 747

79 166

Avsett fond for vurderingsskilnader

17

(752)

(462)

OVERFØRINGAR

77 994

103 853

9


#2018 / ÅRSRAPPORT

BALANSE

TAL I 1 000 KR

NOTE 2018 2017

EIGEDELAR ANLEGGSMIDLAR Lisensar, konsesjonar

6

7 564

9 439

Utsett skattefordel

5

27 268

39 282

Goodwill

6

1 580

2 075

SUM IMMATERIELLE EIGEDELAR

36 412

50 796

Bygningar og bustader

7, 20

163 804

92 945

Nettanlegg

7, 20

1 830 512

1 573 110

Transportmidlar, inventar og maskinar

7, 20

106 110

104 946

Anlegg under arbeid

7, 20

28 629

97 683

SUM VARIGE DRIFTSMIDLAR

2 129 055

1 868 684

8

2 550

3 302

8, 10

1 895

1 895

18

3

Andre langsiktige krav

31

SUM FINANSIELLE ANLEGGSMIDLAR

4 478

5 230

SUM ANLEGGSMIDLAR

2 169 945

1 924 711

Aksjar i dotterselskap Andre aksjar og liknande Pensjonsmidlar

-

34

OMLØPSMIDLAR Varelager

14

13 629

14 472

Kundefordringar

11, 19

119 562

167 209

Andre fordringar

2, 11

49 183

4 201

SUM FORDRINGAR

168 746

185 882

15

58 136

16 592

SUM OMLØPSMIDLAR

240 510

202 474

SUM EIGEDELAR

2 410 455

2 127 184

Bankinnskot og kontantar

10


#2018 / ÅRSRAPPORT

BALANSE

TAL I 1 000 KR NOTE 2018 2017

EIGENKAPITAL OG GJELD EIGENKAPITAL Aksjekapital

16, 17

400 000

400 000

Fond/overkurs

8, 17

114 972

115 724

Anna innskoten eigenkapital

17

29 055

29 055

Anna eigenkapital

17

279 250

230 423

SUM EIGENKAPITAL

823 277

775 202

GJELD Pensjonsforpliktingar

18

29 437

48 389

SUM AVSETNING FOR FORPLIKTINGAR

29 437

48 389

12, 20, 21

1 300 000

1 100 000

SUM LANGSIKTIG GJELD

1 300 000

1 100 000

11, 19

67 597

68 223

5

15 714

24 470

Skattetrekk andre trekk og offentlege avgifter

78 362

67 736

Langsiktige lån

Leverandørgjeld Betalbar skatt

Avsett utbyte

17

40 000

25 150

Anna kortsiktig gjeld

13

56 069

18 015

SUM KORTSIKTIG GJELD

257 741

SUM GJELD

1 587 178

1 351 982

SUM EIGENKAPITAL OG GJELD

2 410 455

2 127 184

203 594

11


#2018 / ÅRSRAPPORT

INNHALDSLISTE NOTAR: 13

Note 1. Rekneskapsprinsipp

15

Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde

15

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godtgjersle til revisor

16

Note 4. Finanspostar

16

Note 5. Skatt

17

Note 6. Immaterielle eigedelar

18

Note 7. Varige driftsmidlar

18

Note 8. Dotterselskap, tilknytt selskap m.m.

19

Note 9. Finansiell marknadsrisiko

19

Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m.

20

Note 11. Mellomverande med selskap i same konsern og tilknytt selskap

20

Note 12. Fordringar og gjeld

20

Note 13. Meir/mindreinntekt

21

Note 14. Varer

21

Note 15. Bankinnskot

21

Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon

21

Note 17. Eigenkapital

22

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar

25

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar

25

Note 20. Pant og garantiar

26

Note 21. Ekstern gjeld

12


#2018 / ÅRSRAPPORT

NOTAR TIL REKNESKAPEN Note 1. Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk. Bruk av estimat Leiinga har brukt estimat og føresetnader som har påverka resultatrekneskapen og verdiane av eigedelar og gjeld, samt usikre eigedelar og forpliktingar på balansedagen under utarbeidinga av årsrekneskapen i samsvar med god rekneskapsskikk. Inntekter Nettverksemda blir regulert av styresmaktene, ved at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fastset årleg inntektsrammer for kvart selskap. Inntektsramma skal gi dekning for netteigar sine faktiske kostnader, og ei rimeleg avkastning på investert kapital. Kvart år vert avviket mellom faktiske tariffinntekter og godkjent inntekt utrekna i form av ei meir-/mindreinntekt. Akkumulert meir-/ mindreinntekt (saldo) vert rekneskapsført som anten gjeld til nettkundar eller fordring på nettkundar. Av akkumulert meir-/mindreinntekt vert det rekna rente, basert på rentesats fastsett av NVE. Skatt Skattekostnaden i resultatrekneskapen omfattar både betalbar skatt og endring i utsett skatt. Utsett skatt utgjer 22 % av mellombelse skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar, samt skattemessig underskot til framføring ved utgangen av rekneskapsåret. Skatteaukande og skattereduserande mellombelse skilnader som reverserer eller kan reversere i same periode, er utlikna. Visse postar blir likevel vurdert særskilt, til dømes pensjonsforpliktingar. Netto utsett skattefordel blir balanseført i den grad det er sannsynleg at denne kan bli nyttegjort. Utsett skatt og utsett skattefordel som kan balanseførast, er ført netto i balansen. Betalbar skatt og utsett skatt er rekneskapsført direkte mot eigenkapitalen i den grad skattepostane relaterer seg til postar ført direkte mot eigenkapitalen. Klassifisering og vurdering av balansepostar Omløpsmidlar og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eit år etter innkjøpstidspunktet, samt postar som relaterer seg til varekretsløpet. Andre postar er klassifiserte som anleggsmiddel/langsiktig gjeld. Omløpsmidlar blir vurdert til lågaste av innkjøpspris og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på opptakstidspunktet. Anleggsmidlar er vurdert til innkjøpspris, fråtrekt av- og nedskrivingar. Langsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på etableringstidspunktet. Forsking og utvikling Utgifter til utvikling blir balanseført i den grad det kan identifiserast ein framtidig økonomisk fordel knytt til utvikling av ein identifiserbar immateriell eigendel og utgiftene kan målast på ein påliteleg måte. I motsett fall blir slike utgifter kostnadsført etter kvart. Balanseført utvikling blir avskrive lineært over økonomisk levetid. Utgifter til forsking blir kostnadsført etter kvart. Varige driftsmidlar Varige driftsmidlar blir balanseført og avskrivne lineært over driftsmiddelet si forventa levetid. Vesentlege driftsmidlar som består av betydelege komponentar med ulik levetid er dekomponert med ulik avskrivingstid for dei ulike komponentane. Direkte vedlikehald av drift-

13


#2018 / ÅRSRAPPORT

smidlar blir kostnadsført løpande under driftskostnader, medan påkostningar eller forbetringar blir tillagt driftsmiddelet sin kostpris og avskrivne i takt med driftsmiddelet. Dersom gjenvinnbart beløp av driftsmiddelet er lågare enn balanseført verdi, vert det gjort ei nedskriving til gjenvinnbart beløp. Gjenvinnbart beløp er høgst av netto salsverdi og verdi i bruk. Verdi i bruk er noverdien av dei framtidige kontantstraumane som eigedelen er forventa å generere. Dotterselskap/tilknytt selskap Dotterselskap er selskap der Mørenett AS har kontroll, og dermed bestemmande innverknad på selskapet sin finansielle og operasjonelle strategi, normalt ved å eige meir enn halvparten av kapitalen som gir stemmerett. Tilknytt selskap er selskap der Mørenett AS har betydeleg (men ikkje bestemmande) innflyting, over den finansielle og operasjonelle styringa (normalt ved eigardel på mellom 20 % og 50 %). Dotterselskap vert vurdert etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen. Eigenkapitalmetoden fører til at vår del av årsresultatet, fråtrekt avskriving på meirverdiar, vert resultatført i selskapsrekneskapen. Verdien av investeringa i balansen vert regulert med resultatdelen med frådrag for eventuelle utdelingar og med tillegg for eventuelle kapitalinnskot. Interne vinstar blir eliminert. Tilknytte selskap vert vurdert etter kostmetoden i selskapsrekneskapen. Behaldning av varer Varelageret er vurdert til kostpris. Fordringar Kundefordringar vert ført opp i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert gjort på grunnlag av ei individuell vurdering av fordringane. Andre fordringar vert ført opp til lågaste av pålydande og verkeleg verdi Kortsiktige plasseringar Kortsiktige plasseringar (aksjar og andeler vurdert som omløpsmidlar) blir vurdert til lågaste innkjøpspris og verkeleg verdi på balansedagen. Mottatt utbyte og andre utdelingar frå selskapa blir inntektsført som annan finansinntekt. Pensjonar Selskapet har både innskotsordning og ytingsbasert pensjonsordning for sine tilsette. Innskotsordninga blir handtert i samsvar med lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP). Ytingsbasert pensjonsordning blir regulert i samsvar med regelverket for offentleg pensjon. Innskotsordninga omfattar medarbeidarar som 01.01.2014 kom frå tidlegare Tussa Nett AS og nytilsette etter 01.01.2014, medan ytingsbasert ordning gjeld for medarbeidarar/pensjonistar som tidlegare var tilsett i Tafjord Kraftnett AS, og pensjonistar frå tidlegare Tussa Nett AS. For innskotsordninga ligg det føre ein innskotsplan og for ytingsbasert ordning ligg det føre ein ytingsplan. I 2018 har selskapet hatt innskotsplan på 4,8 % for løner mellom 0 og 12 G (G=grunnbeløpet i Folketrygda) og i tillegg 18,1 % for løn mellom 7,1 og 12 G. Oppsparte midlar kjem til utbetaling ved oppnådd pensjonsalder. Ytingsplan er ei pensjonsordning som definerer den pensjonsutbetalinga som tilsette vil motta ved pensjonering. Pensjonen blir normalt fastsett som ein del av den tilsette si sluttløn. Tilsette som ikkje har full opptening vil få sin pensjon høvesvis redusert. Årets netto pensjonskostnader inngår i posten løns- og personalkostnad i resultatrekneskapen. Mørenett AS lukka ytingsordninga for nye innmeldingar med verknad frå 1. januar 2017. Nærare om ytingsbasert pensjonsordning Netto forplikting er berekna med utgangspunkt i noverdien av dei framtidige pensjonsytingane (utover Folketrygda sine ytingar) som den tilsette har tent opp pr. 31. 12., trekt frå verkeleg verdi av pensjonsmidlane. Netto pensjonsforpliktingar på underfinansierte ordningar er balanseførte som langsiktig rentefri gjeld, medan eventuelle netto pensjonsmidlar på overfinansierte ordningar er balanseførte som langsiktig rentefri fordring, dersom det er sannsynleg at overfinansieringa kan nyttast. Pensjonsforpliktingane er berekna med utgangspunkt i tilråding frå Norsk Rekneskapsstifting og fyller krava i IAS 19 mellom anna når 14


#2018 / ÅRSRAPPORT

det gjeld diskonteringsrente, avkastningsrente, forventa lønsvekst og G-regulering. Vi nyttar ikkje korridorløysing. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert umiddelbart og ført mot eigenkapitalen. Berekningane er baserte på lineær oppteningsmodell. Kontantstraumoppstilling Kontantstraumoppstillinga er utarbeidd etter den indirekte metoden. Kontantar og kontantekvivalentar omfattar kontantar, bankinnskot og andre kortsiktige, likvide plasseringar.

Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde Tal i 1 000 kr Kraftomsetn. Distr.nett Reg.nett Sentr.nett Anna Eliminering Sum Sal energi 16 139 - - - - (1 062) 15 077 Nettleige - 485 428 254 298 236 - (185 876) 554 086 Andre inntekter - 2 978 - - 21 813 (612) 24 179 Sum driftsinntekter 16 139 488 406 254 298 236 21 813 (187 550) 593 342 Energikjøp 14 598 - - - - - 14 598 Kjøp av nettap - 44 281 24 144 (10) - - 68 415 Overføringskostnader - 189 849 126 544 - - (186 516) 129 877 Løn/personalkostnader - 53 541 10 010 27 7 364 - 70 942 Estimatavvik pensjon ført mot EK og skatt - (9 881) -1 847 (5) (1 359) 13 092 0 Andre driftskostnader 479 77 335 26 302 471 11 624 1 869 118 080 Avskrivningar - 48 198 22 551 105 1 932 761 73 547 Sum driftskostnader 15 077 403 323 207 704 588 19 561 (170 794) 475 459 Driftsresultat 1 062 85 083 46 594 (352) 2 252 (16 756) 117 882 Driftsresultat ekskl estimatavvik 1 062 75 202 44 747 (358) 893 (3 664) 117 882

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godgjersle til revisor

Tal i 1 000 kr

Lønskostnader 2018 2017 Løn 98 318 109 468 Aktiverte timar eigne investeringar (55 080) (46 751) Arbeidsgjevaravgift 15 537 17 028 Pensjonskostnader 8 506 1 171 Andre ytingar 3 662 4 470 Sum 70 942 85 385 Selskapet har i rekneskapsåret sysselsett totalt 146 årsverk inkludert lærlingar. Under andre ytingar har vi avsett 4,2 mill. kr per 31. 12. 2018 grunna saldo avspasering og ferie. Ytingar til leiande personar Dagleg leiar Løn 1 426 Pensjonsutgifter 161 Anna godtgjersle 11 Sum godtgjersle 1 598

Styret - - 523 523

15


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godgjersle til revisor (framh.) Det er ikkje gitt lån eller stilt garantiar til administrerande direktør, styremedlemar eller andre nærstående partar. S tyret har ingen avtalar om vederlag utover styrehonorar. Administrerande direktør har personleg pensjonsavtale med arbeidgjevar vedkomande pensjon ut over 12G. Utover dette har korkje administrerande direktør eller styreleiar avtalar som forpliktar selskapet ved opphøyr eller endring av tilsetjingshøve eller verv. Revisor Kostnadsført godtgjersle til revisor er fordelt på følgjande: 2018 Lovpålagt revisjon 344 Attestasjonstenester 19 Skatterådgjeving 55 Andre tenester 62 Sum honorar til revisor 480 Meirverdiavgift er ikkje inkludert i revisjonshonoraret.

Note 4. Finanspostar Tal i 1 000 kr Finansinntekter 2018 2017 Inntekt på investeringar i TS 580 (462) Annan renteinntekt 3 139 618 Morarenter 612 407 Annan finansinntekt - 52 214 Sum finansinntekter 4 332 52 776 Finanskostnader 2018 2017 Rentekostnader eksterne lån 19 675 18 583 Annan rentekostnad 8 207 Andre finanskostnader - (675) Sum finanskostnader 19 683 18 115

Note 5. Skatt Tal i 1 000 kr 2018 2017 Betalbar skatt kjem fram slik: Ordinært resultat før skattekostnad 102 520 123 534 Permanente skilnader 14 081 (27 141) Resultat på investering i DS / TS (580) 460 Endring mellombelse skilnader (47 700) 5 105 Grunnlag betalbar skatt på resultatet i året 68 320 101 959 Betalbar skatt på resultatet i året 15 714 24 470

16


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 5. Skatt (framh.) 2018 2017 Skattekostnaden i året kjem fram slik: Betalbar skatt på resultatet i året 15 714 24 470 Brutto endring utsett skatt 10 775 (13 680) Korreksjon tidlegare år (192) - Endring utsett skatt om EK-justering (3 011) 6 810 Endring i utsett skatt/skattefordel som følgje av endra skattesats 1 239 1 708 Korreksjon skatt på direkte balanseførte skilnader som inngår i berekninga utsett skatt - 373 Total skattekostnad i året 24 525 19 681 31.12.2018 31.12.2017 Betalbar skatt i balansen kjem fram slik: Betalbar skatt på resultatet i året 15 714 24 470 Sum betalbar skatt 15 714 24 470 Spesifikasjon av grunnlag for utsett skatt: Skilnader som vert utlikna: Anleggsmidlar (66 330) (120 088) Fordringar (140) (3 361) Vinst- og tapskonto 429 536 Andre mellombelse skilnader (28 467) 475 Sum (94 507) (122 438) Utsett skatt (+)/ Utsett skattefordel (-) (21 737) (29 385) Skilnader som ikkje vert utlikna: Pensjonsmidlar (+) / Pensjonsforpliktingar (-) (29 437) (48 355) Sum (29 437) (48 355) Utsett skattefordel (6 771) (11 605) Endring i utsett skatt/skattefordel som følgje av endra skattesats 1 239 1 708 Utsett skattefordel i balansen 23 % / 24 % (27 268) (39 282)

2018 2017 Samanheng mellom skattekostnad og skatt berekna av resultat før skatt: 23 % / 24 % av resultat før skatt 23 580 29 648 Effekt av permanente skilnader 94 (12 048) Direkteført mot US i samband med fisjon driftsmidlar - 373 Effekt av endring skattesats til 23 % / 24 % på utsett skattefordel 1 239 1 708 Korreksjon frå fjoråret (388) - Skattekostnad i høve til resultatrekneskap 24 525 19 681 Effektiv skattesats 23,9 % 15,9 %

Note 6. Immaterielle eigedelar Tal i 1 000 kr Konsesjon Goodwill Lisensar Kostpris pr. 01.01.18 110 000 16 671 15 395 Tilgang kjøpte immaterielle eigedelar - - 1 443 Kostpris 31.12.18 110 000 16 671 16 838 Akkumulerte avskrivingar 31.12.18 110 000 15 583 8 781 Balanseført verdi pr. 31.12.18 - 1 088 8 057 Avskrivingar i året - 761 3 051

Sum 142 066 1 443 143 509 134 364 9 144 3 812

Mørenett nyttar lineære avskrivingar for alle immaterielle eigedelar. Den økonomiske levetida for anleggsmidlane er berekna til: *Konsesjon: 20 år *Goodwill: 5 år * Lisensar: 4 år 17


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 7. Varige driftsmidlar Tal i 1 000 kr Varige driftsmidlar Tomter Transpm/inv Måling I Bygg Måling II Nettanlegg Sum varige /uts. driftsmidlar Kostpris pr. 01.01.18 4 051 172 248 107 887 125 749 50 148 2 828 804 3 288 886 Tilgang kjøpte driftsmidlar 1 577 16 794 - 73 657 106 520 200 614 399 162 Utrangering - 5 707 23400 910 27 453 - 57 470 Avgang selde driftsmidlar - 870 - - - 17 884 18 754 Kostpris 31.12.18 5 628 182 465 84 487 198 496 129 215 3 011 534 3 611 824 Akkumulerte avskrivingar 31.12.18 - 144 480 16 379 40 452 13 649 1 296 442 1 511 398 Balanseført verdi pr. 31.12.18 5 628 37 985 68 108 158 044 115 566 1 715 092 2 100 426 Avskrivingar i året - 7 416 8 135 4 507 4 568 45 110 69 736 Økonomisk levetid - Inntil 30 år Inntil 35 år Inntil 50 år Inntil 35 år Inntil 70 år Avskrivingsplan - Lineær Lineær Lineær Lineær Lineær I tillegg kjem anlegg under arbeid med 28, 6 mill. kr. Det er i løpet av året ikkje gjort nedskriving av anleggsmidlar eller reversering av nedskriving frå tidlegere år, men det er gjort endring i avskrivingsplanar for eksisterande nettanlegg. Avskrivingstida for nettanlegg er forlenga og er i tråd med beste estmiat for levetida på anlegga. Kontorlokale vart leigt i adm.bygg til Tafjord Kraft AS og Tussa Energi AS. Årleg leige i 2018 var høvesvis 1,7 mill. kr og 1,5 mill. kr.

Note 8. Dotterselskap, tilknytt selskap m.m. Tal i 1 000 kr Erverva Kontor Land Eigardel St.del Elsikkerhet Møre AS 29.5.09 Ørskog Norge 66 % 66 % Smarthub AS 21.2.13 Molde Norge 42 % 42 % Investeringa i dotterselskapet (Elsikkerhet Møre AS) vert vurdert etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen. Dotterselskapet Elsikkerhet Møre AS er utelate frå full konsolidering på grunn av vesentlegheit. Dotterselskapet har ikkje betydning for å bedømme Mørenett AS si stilling og resultat. Det tilknytte selskapet (Smarthub AS) er vurdert til kostmetoden. Investering etter eigenkapitalmetoden Meirverdianalyse Elsikkerhet Møre AS Balanseført eigenkapital på kjøpstidspunktet 880 Kostpris 880 Berekning av resultatdel i året Del resultat i året ( 533) Resultatdel i året (533)

18


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 8. Dotterselskap, tilknytt selskap m.m. (framh.) Berekning av balanseført verdi pr. 31.12.18 Inngåande balanse 1.1.18 3 302 Resultatdel i året ( 533) Motteke utbyte ( 666) Andre endringar i løpet av året 447 Utgåande balanse 31.12.18 2 550 Berekningane for Elsikkerhet Møre AS er basert på førebelse rekneskapstal motteke 07.02.2019 frå dagleg leiar i selskapet. Rekneskapen til Elsikkerhet Møre AS er framleis ikkje revidert og kan difor bli endra. Meirverdi i driftsmidlar knytt til investering i tilknytt selskap vert avskrive lineært med 10 % årleg, medan goodwill blir avskrive med 20 %.

Tilknytt selskap Forretningskontor E igar-/stemmedel Eigenkap. siste år Resultat siste år (100 %) SmartHub AS Molde 42 % 3 643 (134) Balanseført verdi pr. 31.12.18

Balanseført verdi (100 %) 1 884 1 884

Note 9. Finansiell marknadsrisiko Overordna mål og strategi Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane, og søkjer å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping. Renterisiko Mørenett AS er utsett for renterisiko både gjennom nettregulering knytt til inntektsramma, rerentebeærande gjeld og pensjonsforpliktingar. Desse eksponeringane utliknar i stor grad kvarandre. Kredittrisiko Ved utgangen av 2018 var 90 % av kundane på gjennomfakturering der kredittrisikoen ligg med kraftomsetjar, medan Mørenett AS har kredittrisiko for nettleige og kraft for 3,1 % av kundane. Likviditetsrisiko Likviditetsrisiko oppstår dersom det ikkje er samsvar mellom kontantstraumen til verksemda og finansielle forpliktingar. Selskapet har bankavtale med Handelsbanken AS der det gjennom kontosystemet er sikra naudsynt likviditet. Mørenett AS har avtalar som sikrar likviditet framover gjennom unytta trekkrettar.

Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m. Tal i 1 000 kr Eigardel REN AS 2,6 %

Kostpris Balanseført verdi Marknadsverdi 1 11 -

19


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 11. Mellomverande med selskap i same konsern og tilknytt selskap Tal i 1 000 kr Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Fordringar 2018 2018 Kundefordringar 9 266 Sum 9 266 Av dette fordringar som forfell > 1 år - - Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Gjeld 2018 2018 Leverandørgjeld 1 481 5 464 Sum 1 481 5 464

Note 12. Fordringar og gjeld Tal i 1 000 kr Fordringar med forfall seinare enn 1 år 2018 2017 Andre langsiktige fordringar - - Langsiktig gjeld med forfall seinare enn 1 år 2018 2017 Gjeld til kredittinstitusjonar 1 300 000 1 100 000 Sum 1 300 000 1 100 000

Note 13. Meir/mindreinntekt Tal i 1 000 kr Nettinformasjon Sentralnett Regionalnett Distrib.nett Sum monopol Driftsresultat (inkl. estimatavvik pensjon) (353) 46 594 85 083 131 324 Meir(+)/Mindre(-)inntekt: Faktisk inntekt 1 030 289 727 479 791 770 548 Kostnader overliggande nett - 126 544 189 849 316 393 = Justert faktisk inntekt 1 030 163 183 289 942 454 155 Årets inntektsramme 1 220 139 638 311 046 451 904 Inntektsramme justert for AVS/AKG/KILE 229 129 601 294 248 424 078 Berekna meir-/mindreinntekt i året 801 33 582 (4 306) 30 077 Inng. saldi ordinær ME/MI-inntekt inkl. rente 01.01 630 709 15 633 16 972 Inng. saldi Harmoni MI-inntekt inkl. rente 01.01 - (17 486) - (17 486) Årets rørsler inkl. rente (593) 33 180 (4 122) 28 464 Akk. ordinær ME/MI-inntekt inkl. rente 31.12 37 16 403 11 511 27 950 Akk. Harmoni MI-inntekt inkl. rente 31.12 - - - - Balanse: Sum driftsmidlar etter fordeling pr. 01.01 3 418 704 535 1 045 423 1 753 376 Sum driftsmidlar etter fordeling pr. 31.12 3 395 824 971 1 253 531 2 081 898 Gjennomsnittlege driftsmidlar 3 407 764 753 1 149 477 1 917 637 1 % påslag for netto arbeidskapital 34 7 648 11 495 19 176 Avkastningsgrunnlag 3 441 772 401 1 160 972 1 936 813 Avkastning (driftsresultat*100/avkastningsgrunnlag) (10,2) 6,0 7,3 6,8

20


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 14. Varer Tal i 1 000 kr 2018 2017 Lager av innkjøpte varer 13 629 14 472 Sum 13 629 14 472 Av samla varelagerverdi for Mørenett AS pr. 31.12.2018 er 13 629 mill. kr vurdert til kostpris.

Note 15. Bankinnskot Tal i 1000 kr 2018 2017 Innskot driftskonto 43 718 10 082 Bundne skattetrekksmidlar 4 676 4 611 Depotkonto 9 742 1 899 Selskapet sin likviditet er organisert i ei konsernkontoordning der samla tilgjengeleg saldo syner på toppkontoen. Vi har disponibel kassakreditt på 50 mill. kr på denne kontoen, slik at disponibelt beløp er 93,7 mill. kr.

Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon Tal i 1 000 kr Tal Pålydande Balanseført A-aksjar 10 000 40 4 00 000 Mørenett AS har 2 aksjonærar pr. 31.12.2018. Selskapet sine aksjar er utferda i aksjeklasse A. A-aksjane gir stemmerett tilsvarande del av totalt utferda A-aksjar til ei kvar tid. Oversikt over aksjonærane pr. 31.12.2018: A-aksjar Eigardel Røystedel Tafjord Kraft AS 5 366 53,66 % 50,0 % Tussa Kraft AS 4 634 46,34 % 50,0 % Totalt tal aksjar 10 000 100,00 % 100,0 % Gjennom aksjonæravtalen har partane regulert at selskapet skal vere felleskontrollert.

Note 17. Eigenkapital Tal i 1 000 kr Aksjekapital Overkurs Innskot Fond Anna EK Sum anna EK for vurd. Eigenkapital pr. 01.01. 400 000 113 302 29 055 2 422 230 423 775 202 Estimatavvik pensjon - - - - 10 081 10 081 Resultat i året - - - (752) 78 746 77 994 Avsett utbyte - - - - (40 000) (40 000) Eigenkapital pr. 31.12 400 000 113 302 29 055 1 670 279 250 823 277

21


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar

Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar Mørenett AS har både kollektiv innskotsordning i DNB og kollektiv ytingsordning via medlemskap i BKK Pensjonskasse. Innskotsordninga omfattar tilsette som 01.01.2014 kom frå Tussa Nett AS og tilsette etter 01.01.2014. Spareplanen utgjer 4,8 % for løn mellom 0 og 12 G (G=grunnbeløpet i Folketrygda) og med tillegg på 18,1 % for løn mellom 7,1 og 12 G. Ytingsordninga gjeld tidlegare tilsette i Tafjord Kraftnett AS. Det er Gabler AS som administerer BKK Pensjonskasse og ytingsordninga blir rekneskapsført jamfør IAS 19. I tillegg har vi pensjonistar i ytingsbasert pensjonsordning frå tidlegare ordning i Tussa Nett AS. Årlege aktuarberekningar blir utarbeidd av aktuar i Gabler AS. Ytingssplan i sikra ordning Ytingsplan omfattar alders-, uføre- , etterlatte- og barnepensjon. Den gir dei tilsette ei bestemt framtidig pensjonsyting basert på oppteningsår og lønsnivået ved pensjonsalder. Alderspensjonen utgjer ved full opptening 66 % av pensjonsgrunnlaget for løn opp til 12G. Alle fødd i 1943 eller seinere vil få pensjonen sin levealdersjustert, noko som kan føre til ei pensjonsutbetaling som er mindre enn 66 % av pensjonsgrunnlaget. Pensjonen er ei bruttoordning, og blir reguleret i høve til regelverket for offentleg pensjon. Ordninga blir finansiert ved at medlemane betalar 2 % av pensjonsgrunnlaget. Anna pensjonspremie blir dekt av arbeidsgjevar. Ytingsplan i usikra ordningar Dei usikra ordningane består av AFP og ei driftspensjonsordning for tidlegare dagleg leiar si løn mellom 12 G og 14 G. Desse er vist samla under usikra ordningar. Ny AFP ordning Den nye AFP-ordninga er ei ordning som gir eit livslangt tillegg på den ordinære pensjonen. Dei tilsette kan velje å ta ut den nye AFP-ordninga frå og med fylte 62 år, også ved sidan av å stå i jobb, og ordninga gir ytterlegare opptening ved arbeid fram til 67 år. Den nye AFP-ordninga er ei ytingsbasert fleirføretakspensjonsordning, og blir finansiert gjennom premie som blir fastsett som ein prosent av løn. Rekneskapsmessig blir ordninga handsama som ei innskotsbasert pensjonsordning der premiebetalingar blir kosnadsførte løpande. Ingen avsetningar blir gjort i rekneskapen. I 2016 utgjorde premien 2,5 % av løn mellom 1G og 7,1G. Tilsette som i dag har innskotsbasert pensjonsordning i selskapet er omfatta av ordninga. Tilskot til AFP-ordninga inngår i lønnskostnadane og utgjorde i 2018 0,8 mill. kr. Estimatavvik Vi nyttar ikkje korridorløysing for estimatavvik. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert i notid og ført mot eigenkapitalen. Planendringar Planendringar blir resultatførte. Den økonomiske effekta av levealdersjustering i alderspensjonen frå folketrygda og tenestepensjonsordninga for alle årskull, i tillegg til individuell garanti, er innarbeidd i tidlegare år. Individuell garanti er ein garanti som delvis skjermar dei som er fødd i 1958 eller tidlegare frå effekten av levealdersjustering. Den nye uføreordninga som vart innført frå 01.01.2015 er forventa å redusere arbeidsgjevar sine framtidige forpliktingar, men samstundes auke folketrygda sin del av den årlege kostnaden. Lukking av ytingsordning Hausten 2016 vedtok styret å lukke gjeldande ytingsordning med verknad frå 1. januar 2017. Økonomiske føresetnader Mørenett AS har vurdert at marknaden for obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) stettar krava i IAS 19.83 til føretaksobligasjonar. Demografiske føresetnader Selskapet har i pensjonsberekningane som grunnlag for dødelegheit følgt GAP07 til Finanstilsynet og K2013 tabell anbefalt av Norsk Regnskapsstiftelse.

22


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar (framh.)

Kurva reallønsvekst Forventa lønsvekst lagt til grunn i Mørenett AS sine pensjonsberekningar for aktive medlemer byggjer på Gabler sin regresjonsmodell. Modellen nyttar alder som forklaringsvariabel for reallønsutvikling til arbeidstakarar. Samanhengen mellom alder og reallønsutvikling kan vi forklare mellom anna med at unge gjer fleire lønshopp enn eldre arbeidstakarar. Basert på historiske bestandsdata i pensjonskassa er det utgreidd ei tilpassa lønskurve som viser at den gjennomsnittlege reallønsveksten for tilsette i Mørenett AS fell med alder. Denne kurva blir lagt til grunn for aktuarielle

berekningar. Berekningar viser at kurva lønsvekst gir lågare pensjonsforplikting enn lineær lønskurve.

Risikovurdering av ytingsbaserte ordningar

Gjennom ytingsbaserte ordningar er selskapet påverka av fleire risikoar som følgje av usikkerheit i føresetnader og framtidig utvikling. Dei mest sentrale risikoane er følgjande: Forventa levetid

Selskapet er forplikta til å betale ut pensjon for dei tilsette livet ut. Auke i forventa levealder blant medlemene aukar forpliktinga for selskapet.

Avkastningsrisiko

Selskapet blir påverka ved ei endring i faktisk avkasting på pensjonsmidlane som vil føre til endring i netto forplikting.

Inflasjons- og lønsvekstrisiko

Selskapet si pensjonsforplikting har risiko knytt til både inflasjon og lønsutvikling, sjølv om lønsutviklinga er nært knytt til inflasjonen. Høgare

inflasjon og lønsutvikling enn lagt til grunn i pensjonsberekningane, fører til auka forplikting for selskapet.

Renterisiko

Ved neddiskontering av pensjonsutbetalingar blir marknadsrenter lagt til grunn. Generelt lågt eller fallande rentenivå aukar brutto pensjonsforplikting for selskapet, medan aukande rentenivå reduserer forpliktingane. DNB LIV Den delen av ytingsbasert ordning som er i DNB LIV gjeld utbetaling av pensjonar til pensjonistar i gamle Tussa Nett AS. Føresetnadene som blir lagt til grunn her er tilrådingar frå Norsk Regnskapsstiftelse. I den tallmessige delen av pensjonsnoten under er det ei oversikt over tal aktive medlemer og pensjonistar for høvesvis sikra og usikra ordningar.

Dei aktuarmessige berekningane byggjer på følgjande føresetnader: BKK P 2018

DNB 2018

1. Diskonteringsrente

2,60 %

2,60 %

2. Forventa avkastning

2,60 %

2,60 %

3. Forventa lønsvekst

2,75 %

2,75 %

4. Forventa G-regulering

2,50 %

2,50 %

1,75 %

2,50 %

5. Forventa regulering av pensjonar under utbetaling 6. Tendens til uttak AFP

25 %

-

7. Tendens til uttak direktørpensjon v/62 år

25 %

-

K2013/K63

K2013BE/IR02

8. Demografiske føresetnader

23


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar (framh.)

Tal i 1 000 kr

Mørenett AS total

Mørenett AS sikra

Mørenett AS usikra

Dato for rekneskapsavslutning 31.12.2018 31.12.2017 31.12.2018 31.12.2017 31.12.2018 31.12.2017 A. Pensjonskostnad i perioden Pensjonsopptening i året (Service Cost) 4 713 6 092 4 008 5 191 705 900 Arbeidsgjevaravgift av oppteninga i året 663 859 564 732 99 127 Rentekostnad på pensjonsforpliktinga 5 943 6 507 5 326 5 902 617 606 Forventa avkastning på pensjonsmidlar -4 920 -5 832 -4 920 -5 832 - - Resultatført netto forplikting ved oppgjer - -9 574 - -4 397 - -5 177 Medlemsinnskot - - - - - - Resultatført pensjonskostnad ytingsordning 6 399 -1 948 4 978 1 596 1 421 -3 544 B. Balanseført pensjonsforplikting DBO ved slutten av perioden 293 703 301 311 271 403 274 840 22 300 26 471 Midlar ved slutten av perioden 264 265 252 923 264 265 252 923 - - Balanseført pensjonsforplikting inkl. arb.g.avgift 29 437 48 389 7 137 21 917 22 300 26 471 C. Avstemming pensjonsforplikting Pensjonsforplikting i inngåande balanse 48 368 32 665 21 897 6 091 26 471 26 574 Resultaført pensjonskostnad 6 399 -1 948 4 978 1 596 1 421 -3 544 Aktuarielt tap (gevinst) ført mot eigenkapital -13 091 28 374 -8 015 24 430 -5 076 3 945 Innbetalingar inkl. arb.g.avg. -11 787 -10 262 -11 723 -10 199 -64 -62 Utbet. pensjon over drift ekskl. arb.g.avgift -452 -441 - - -452 -441 Balanseført pensjonsforpl. ved slutten av perioden 29 437 48 389 7 137 21 917 22 300 26 471 D. Medlemsstatistikk Tal aktive medlemer i ytingsordning 47 68 47 68 Tal pensjonistar 147 147 2 2 Innskotsordning: Resultatført kostnad er 3,7 mill. kr i 2018. Ordninga omfattar 93 medlemer.

24


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar Tal i 1 000 kr Nærståande part Tilknyting Eigardel Elsikkerhet Møre AS Dotterselskap 66 % Tussa Kraft AS Aksjeeigar 46 % Tussa Energi AS Dotter av aksjeeigar - Sunnmøre Energi AS Dotter av aksjeeigar - Tussa IKT AS Dotter av aksjeeigar - Tussa Installasjon AS Dotter av aksjeeigar - Tussa-24 AS Dotter av aksjeeigar - Smarthub AS Tilknytt selskap 42 % Tafjord Kraft AS Aksjeeigar 54 % Tafjord Kraftproduksjon AS Dotter av aksjeeigar - Tafjord Kraftvarme AS Dotter av aksjeeigar - Tafjord Marked AS (drift) Dotter av aksjeeigar - Tafjord Marked AS (strøm) Dotter av aksjeeigar - Tafjord Fibernett AS Dotter av aksjeeigar - Rune Kiperberg Administrerande direktør - Erik Espeset Styreleiar - Transaksjonar med nærståande partar Selskapet har gjennomført fleire forskjellige transaksjonar med nærståande partar. Alle transaksjonar er gjennomførte som del av den ordinære verksemda og til armlengdes prisar. Dei mest vesentlege transaksjonane som er gjort er som følgjer: 2018 2017 a) Kjøp av varer og tenester frå aksjeeigar/dotter av aksjeeigar til TNOK 91 513 100 655 b) Kjøp av varer og tenester frå dotterselskap til TNOK 54 924 29 819 c) Sal av varer og tenester til aksjeeigar/dotter av aksjeeigar til TNOK 63 470 70 790 d) Sal av varer og tenester til dotterselskap til TNOK 1 359 1 679 Balansen inkluderer følgjande beløp som følgje av transaksjonar med nærståande partar: 2018 2017 Kundefordringar 10 508 14 062 Leverandørgjeld 11 495 (30 229) Sum (987) (16 167)

Note 20. Pant og garantiar Tal i 1 000 kr I låneavtalen mellom Mørenett AS og Handelsbanken er det gjort avtale om negativ pant. Dette avgrensar Mørenett sine moglegheiter til å pantsetje eigedelane sine. Pantesikra gjeld 2018 2017 Pantesikra gjeld 1 300 000 1 100 000 Immaterielle eigedelar 7 564 9 439 Varige driftsmidlar 2 129 055 1 868 685 Sum bokført verdi av panteobjekt 2 136 619 1 878 123

25


#2018 / ÅRSRAPPORT

Note 21. Ekstern gjeld Tal i 1 000 kr Trekkfasilitet 2016 Trekkfasilitet B

Beløp 750 000 600 000

Bokført verdi Rente 700 000 3 mdr. NIBOR + Margin 600 000 3 mdr. NIBOR + Margin

Løpetid 60 md. 60 md.

Forfall 21.12.2021 12.12.2019

Selskapet har TNOK 50 000 i tilgjengelege trekkrettar pr. 31.12.2018. I låneavtalen har vi pålegg i forhold til nivå på eigenkapitalprosenten og rentedekningsgrad. Kravet for eigenkapitalen er 25 % og kravet for rentedekningsgraden er 1,2. Berekningar syner at begge krava er oppfylt.

26


#2018 / ÅRSRAPPORT

KONTANTSTRAUMOPPSTILLING

TAL I 1 000 KR

KONTANTSTRAUMOPPSTILLING, INDIREKTE MODELL 2018 2017 Kontantstaum frå operasjonell aktivitet Resultat før skattekostnad 102 520 123 534 Betalt skatt i perioden (24 278) (23 872) Tap/vinst ved sal av anleggsmidlar (101) (910) Resultatdel dotterselskap fråtrekt utdelingar 752 460 Avskrivingar 73 547 104 226 Endring i varelager 843 3 459 Endring i kundefordringar (376) 18 465 Endring i leverandørgjeld (626) 20 599 Forskjell mellom kostnadsført pensjon og inn-/utbet. i pensjonsordningar (5 860) (12 685) Postar klassifisert som investerings- eller finansieringsaktivitetar - (51 894) Endring i andre tidsavgrensingspostar 51 721 (1 542) Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar 198 141 179 841 Kontantstraum frå investeringsaktivitetar Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar 103 - Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar (331 551) (245 110) Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar (331 447) (245 110) Kontantstraum frå finansieringsaktivitetar Innbetalingar ved opptak av ny langsiktig gjeld 200 000 150 000 Utbetaling av utbyte (25 150) (85 932) Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar 174 850 64 068 Netto endring i kontantar og kontantekvivalentar 41 544 (1 201) Behaldning av kontantar og kontantekvivalentar ved starten av året 16 592 17 793 Behaldning av kontantar og kontantekvivalentar ved slutten av året 58 136 16 592

27


#2018 / Ã…RSRAPPORT

28


#2018 / Ã…RSRAPPORT

29


#2018 / ÅRSRAPPORT

STRATEGI OG FRAMTIDSUTSIKTER Mørenett AS er eit nøytralt nettselskap utan konserntilknyting, som er eigd av Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS. Den raude tråden i strategiarbeidet vårt er å byggje Mørenett AS som eit nøytralt, effektivt og kompetent nettselskap med god leveringstryggleik. I strategiarbeidet i selskapet har vi fokus på følgjande hovudtema: kunde, elektrifisering, digitalisering, kompetanse og vekst. Kunde Mørenett AS skal vere eit monopolselskap med fokus på kunden sine behov. God kundeservice er ein viktig funksjon for oss, og i 2018 har vi etablert kundeservicefunksjonar som ivaretek både tekniske spørsmål og oppgåver knytt til måling, avrekning og fakturering. Både etableringa av nasjonal Elhub og endra bruk av energi, gjer det viktig å kunne rettleie kundane våre på ein god måte som sikrar effektiv bruk av kraftnettet vårt. Elektrifisering Norge har målsetjingar om berekraftig energibruk og reduserte klimautslepp. Skal vi bli verdas første fullelektrifiserte samfunn set dette store krav til kraftnettet som infrastruktur. Mørenett AS skal ta ei aktiv rolle for å leggje til rette for ei enkel og billeg elektrifisering for kundane i vår region. I dette arbeidet tek vi i bruk ny teknologi for mellom anna å sikre tiltak og utbyggingar til rett tid og rett kost. Kost Ei av målsetjingane ved etableringa av Mørenett AS var å sikre 100 % effektiv drift i løpet av 2018 målt i NVE sin reguleringsmodell. Denne målsetjinga har vi nådd, og frå etableringa 01.01.2014 har vi gjennomført tiltak som har redusert dei årlege kostnadene våre med om lag 60 mill. kroner. I same perioden har vi styrt aktiviteten i selskapet mot reindyrka monopoltenester, med fokus på drift, vedlikehald og beredskap. Forbetringsprogrammet vårt er under stadig endring, og fokus på vidare effektivisering av arbeidsprosessar har sterkt fokus i organisasjonen. Målsetjinga vår er at Mørenett AS ved utgangen av 2021 skal vere mellom dei 10 mest effektive nettselskapa i Norge. Digitalisering Kraftnæringa står oppe i ein omstillingsprosess der ny teknologi og digitalisering er viktige drivarar. For mange av oss er robotisering, 30


#2018 / ÅRSRAPPORT

kunstig intelligens, big data og digital sårbarheit framandord. Dette er likevel verkelegheita, og også vi i kraftbransjen må ha ei medveten haldning til korleis desse drivarane vil endre bransjen vår. I Mørenett AS gjennomfører vi ein større digitaliseringsprosess der vi mellom anna etablerer nye SCADA- og DMS-system. Dette gjer vi i samarbeid med fleire av nettselskapa rundt oss, som vil få tenester og kompetanse frå vår driftssentral. Målet er at nettkundane får vinstar gjennom betre kundeservice, leveringskvalitet og lågare nettleige gjennom meir effektiv bruk av kraftnettet. Vidare har vi også sterkt fokus på digitalisering av prosessar inn mot MAFIK-oppgåver (måling/avrekning/fakturering/innfordring/kunde). Etablering av AMS-løysingar og nasjonal ELHUB legg godt til rette for meir automatiserte prosessar enn det vi tradisjonelt har evna å ha. Kompetanse Teknologiutvikling fører til at stadig fleire arbeidsoppgåver kan digitaliserast. Dette vil skape betydelege behov for ny kompetanse innan heile verdikjeda i Mørenett AS. Ein kritisk suksessfaktor vil vere å sikre oss naudsynt kompetanse, som gjer oss i stand til å ta i bruk dei nye moglegheitene som kjem. Dette gjeld ved nyrekruttering, og ved vidareutvikling av ferdigheiter og fagkunnskap hos alle medarbeidarane i organisasjonen. Vekst Auka endringstakt og kompetanseutfordringar i tida framover gjer at bransjen vil stå føre strukturendringar. Sjølv om krava til funksjonelt skilje berre vil gjelde selskap med meir enn 10 000 kundar, vil utfordringane for mindre selskap likevel vere store. Fram til no har vi hatt hovudfokus på Mørenett AS sine selskapsinterne arbeidsprosessar, men tida er no inne for at vi i større grad løfter blikket utover. Mørenett AS er open for å greie ut grunnlaget for eventuell samanslåing med naboselskap. Vi meiner dette er den rette vegen å gå, då det vil tene både kundar, eigarar og tilsette gjennom meir robuste og effektive einingar med god leveringstryggleik og lågare nettleige. Vi har også fokus på vekst inn mot nye arbeidsoppgåver og ansvarsområde for Mørenett AS. I samband med endringar i framtidig utvida DSO-organisering, har vi engasjert oss i utgreiingsarbeidet saman med både Energi Norge og Statnett. (DSO er forkorting for Distribution System Operator.) Mørenett AS skal køyre ein av 3 nasjonale utgreiingsprosjekt, der vi i samarbeid med Statnett skal greie ut behov for verktøy regionale selskap treng for å ta eit større regionalt ansvar for kraftsystemet. Vi ser klart behovet for sterke regionale einingar, som kan vere med å ta eit framtidig system- og balanseansvar inn mot eit stadig meir krevjande kraftsystem, og vi har klare ambisjonar mot ei slik framtidig rolle. Med fokus på kunde, eigarar og medarbeidarar er vi eit offensivt nettselskap, godt rusta for framtida.

31


#2018 / ÅRSRAPPORT

HMS Mørenett AS sitt nettområde er prega av ein vakker, men utfordrande geografi. Dette set høge krav til tryggleik for dei som arbeider ute i nettet, og HMS er difor særs viktig for oss. Mørenett AS arbeider med krevjande oppgåver, og skal vi nå målet vårt om null alvorlege skadar er gode HMS-rutinar særs viktig. Vi tek ansvar for at dei som ferdast i nærleiken av dei elektriske anlegga og installasjonane våre kan gjere det på ein sikker måte. Vi gjennomfører systematisk opplæring knytt til el-tryggleik og førstehjelp, og har årlege HMS-dagar der alle lovpålagte kurs vert gjennomførte. Mørenett AS følgjer til ei kvar tid gjeldande lov- og regelverk. Gjennom 2018 har vi hatt ei positiv utvikling på skadetala våre. Vi har fire registrerte skadar der ingen har medført fråvær. Gjennom året har vi sett ekstra fokus på bruk av personleg verneutstyr, barrierer og meir synleg HMS. Dette arbeidet har vist seg å ha effekt. Sjukefråværet i selskapet gjekk opp i 2018. Det totale sjukefråværet var på 5,8 prosent, og korttidsfråværet på 1,9 prosent. Målet vårt er eit totalt sjukefråvær på 3,7 prosent. Vi har sett i verk tiltak for å redusere sjukefråværet i selskapet.

NØKKELTAL FOR HMS

2018 2017 2016 2015

Registrerte skadar med og utan fråvær

4

11

6

Fråvær som følgje av arbeidsulykker (dagar)

0

48

21

32 83,5

Sjukefråvær (%)

5,8 5,3 5,2 4,4

Tal fast tilsette (ekskl. lærlingar)

143

139

197

8

12

14

13

49,3

48

47

47

9

14

8,2

3,8

Lærlingar Gjennomsnittsalder tilsette Personalomsetning (tal arb.t. som sagt opp / tal arbeidstakarar) x 100 %)

211

Mørenett AS sin aktivitet skal ikkje vere til ulempe for miljøet og samfunnet. Relevante ulemper og miljøpåverknader blir alltid vurderte opp mot nytteverdiar i planlagde prosjekt. Vi legg kraftlinjer slik at den visuelle effekten blir minst mogleg skjemmande. Vi fokuserer også på bruk av miljøvennlege produkt.

32


#2018 / ÅRSRAPPORT

NETTFORVALTAR Divisjon nettforvaltar organiserer avdeling for nettutvikling og avdeling for prosjekt. 35 medarbeidarar jobbar i divisjonen. Utvikling i 2018 Samla investeringar i nettanlegg i 2018 var 200,6 mill. kr. Av dette var 127,4 mill. kr i regionalnettet og 73,2 mill. kr i distribusjonsnettet. Det er henta inn 43,4 mill. kr gjennom krav om anleggsbidrag. Fornying av Nørve transformatorstasjon er det største enkeltprosjektet som Mørenett AS har gjennomført til no. Bygget, som husar anlegget, vart sett opp i 2017, dei elektrotekniske installasjonane vart monterte i anlegget gjennom 2018. Stasjonen er no i full drift, og når noko mindre etterarbeid er ferdig, har vi investert om lag 150 mill. kr i den nye stasjonen. Oppgraderinga av stasjonen sikrar innbyggjarane på Nørvøya og Giske kommune ei robust straumforsyning i mange år framover. I transformatorstasjonen i Volda er det sett inn ny 66/22/11 kV trafo, nytt kontrollanlegg og nytt 24 kV apparatanlegg. Det er også lagt ny sjøkabel frå Volda til Folkestad. På det djupaste ligg kabelen ned mot 600 meter djupt. Det som står igjen i prosjektet er legging av om lag 150 meter høgspentkabel mellom transformatorstasjonen og landtaket på Voldasida, og å stelle til og skilte landtaka for sjøkabelen. I Stranda transformatorstasjon vart det bygd ny celle og sett inn ny transformator i 2017. Førespurnad på nytt 132 kV utandørs brytaranlegg/ kontrollanlegg og 22 kV kondensatorbatteri er sendt, og vi forventar å starte på montasjen i løpet av sommaren. I Haugen er 66 kV brytaranlegg frå tidleg på 60-talet skifta ut. Det er elles utført ein del arbeid for å ferdigstille Ryste transformatorstasjon. Søknad om anleggskonsesjon for ny 66 (132) kV linje frå Djupvik til Sandvikskaret vart sendt til NVE 5. september 2018. Drifta i starten av 2018 vart prega av ein feil i Holen transformatorstasjon 28. februar, der svikt i batterianlegget gjorde at ein feil i Blindheimsbreivika koplingsstasjon ikkje vart utkopla før etter 1 minutt. Det førte til 22 følgjeskadar på kablar, skøytar og koplingsanlegg. I tillegg kjem oppgradering og utbetring av batterianlegga i resten av Mørenett AS sine trafostasjonar. Dette er arbeid som skal utførast i løpet av dei neste 2-3 åra.

33


#2018 / ÅRSRAPPORT

Strategi og framtidsutsikter Våren 2018 vart det utarbeidd ny og oppdatert kraftsystemutgreiing (KSU) for Møre og Romsdal. Målet med KSU er å fange opp behov for forsterkingar i nettet med ein tidshorisont på 30 år. Det som prega 2018-utgreiinga er at elektrifiseringa av samfunnet no slår inn for fullt. Ein trend er at etterspurnaden etter effekt går vesentleg meir opp enn etterspurnaden etter energi. Frå 2018 til 2025 reknar vi med at maksimaleffekten i Mørenett AS sitt område aukar med 22 % berre på grunn av elbil, elbuss, elferjer og landstraum. Det første store prosjektet knytt til elektrifisering i vårt nettområde er å etablere ladepunkt for dei nye elektriske ferjene som er sett inn på sambandet Hareid- Sulesund. Anlegget skulle vere klart i november 2018, men Fjord1 er av ulike grunnar forseinka. Når anlegget kjem i drift mot sommaren vil det gi positive verknader for både lokalmiljø og klima. Dieselforbruket på dette eine sambandet vert redusert med 2 100 tonn i året. Utslepp av CO2 vert redusert med 6 500 tonn kvart år. Dette utgjer det årlege utsleppet til over 3 000 dieselbilar. Når alle ferjesambanda som er bestilt i Mørenett AS sitt område er elektrifiserte, byrjar det å bli eit miljøtiltak som monnar. Hittil er det bestilt ladepunkt til 13 samband. Elektrifiseringa av transportsektoren omfattar sjølvsagt ikkje berre ferjer. Fleire og fleire av Mørenett AS sine kundar går over til elbil, og bilane vert primært lada heime. I mange eldre byggjefelt er ikkje lågspentnettet dimensjonert for dette, og nettet må forsterkast. Til no har omfanget vore handterleg, men utviklinga skjer raskare enn vi og andre nettselskap har sett føre oss. Det er ikkje tvil om at vi dei komande åra må leggje meir ressursar i å forsterke lågspentnettet. Behovet for reinvestering i høgspent distribusjonsnett veks også. Vi held på å lage ein handlingsplan for fornying av høgspent luftlinjer som er eldre enn 70 år. For å prioritere mellom dei ulike linjene vert det brukt fleire kriteria. HMS, teknisk tilstand, KILE, feilfrekvens og omdømme er dei viktigaste. Det vil i løpet av 2019 bli bestilt prosjektering og rehabilitering av 3 til 4 av dei mest kritiske linjestrekka, og det vert lagt opp til at 10-20 km må fornyast kvart år framover. Strategi for fornying av gammalt nett er tett kopla til strategi for vedlikehald. Mørenett AS sin strategi for vedlikehald gir føringar for korleis vedlikehald skal setjast i verk og styrast. I dag er delar av vedlikehaldet tilstandsbasert og delar av vedlikehaldet tidsstyrt. Målet er at så mykje som mogleg skal vere tilstandsbasert. For å få til dette må overvaking av nettkomponentane i så stor grad som mogleg automatiserast. Vi har stor tru på at det nye DMS-systemet på driftssentralen skal hjelpe oss med dette. Ein stadig større del av tenestene Mørenett AS er avhengige av for å vedlikehalde, fornye og utvide nettanlegga vert kjøpt av eksterne leverandørar. Dei fleste av medarbeidarane i divisjon nettforvaltar opptrer i ulike samanhengar som bestillarar av anlegg eller tenester. Som profesjonell bestillar må vi agere likt, og vi må sikre at leverandørane vurderer oss som ein seriøs og kompetent aktør. Dette krev at vi kontinuerleg har fokus på å vidareutvikle bestillarrolla i Mørenett AS. I dette ligg det og at vi bidreg til å utvikle leverandørmarknaden. Ein måte å gjere dette på er å standardisere jobbar, og å etablere produktpakkar som gjer at volumet som vert etterspurt er interessant for dei som skal levere tenestene.

34


#2018 / ÅRSRAPPORT

NØKKELTAL DISTRIBUSJONSNETT 2018 2017 2016 2015 Høgspentlinjer (km)

866

870

878

881

Høgspent jordkabel (km)

915

897

885

866

Høgspent sjøkabel (km)

77

76

74

Nettstasjonar (stk.)

2 604

2 598

2 590

2 572

Fordelingstransformatorar (stk.)

2 813

2 807

2 781

2 759

Fordelingstransformatorar (MVA)

1 057

1 039

1 016

999

Lågspentlinjer (km)

1 449

1 421

1 393

1 413

Lågspentkablar (km)

2 735

2 692

2 633

2 586

Aktive målepunkt

65 500

65 031

64 473

63 784

Småkraftverk (stk.)

51

50

49

48

NØKKELTAL REGIONAL- OG SENTRALNETT

2018

2017

2016

2015

132 kV luftlinjer (km)

386

386

386

386

132 kV sjøkabel (km)

19

19

19

19

132 kV jordkabel (km)

30

30

30

30

22 - 66 kV luftlinjer (km)

194

194

196

197

22- 66 kV sjøkabel (km)

26

26

26

26

22 - 66 kV jordkabel (km)

40

40

40

39

73

Transformatorstasjonar (stk.) 26 27 27 27 Installert transformatoryting (MVA)

1 336

1 321

1 310

1 310

35


#2018 / ÅRSRAPPORT

MONTASJE Divisjon montasje organiserer ressursseksjonen og montørpool. Ressursseksjonen har ansvar for logistikkoppgåver, teknisk kundeservice og ressursstyring. Montørpoolen utfører oppgåver knytt til feilretting, vedlikehald og utbygging av kraftnettet. 73 medarbeidarar jobbar i divisjonen. Organiseringa er basert på bestillar-utførar prinsipp, og divisjonen er intern tenesteleverandør i Mørenett AS. Utvikling i 2018 Det overordna målet i 2018 har vore å leggje til rette for auka effektivitet i utføringa av oppdraga våre. Vi har fokusert på å gjere rutinar og innhald i dei ulike rollene i verdikjeda meir tydelege. Ressursseksjonen skal syte for god koordinering og effektiv bruk av utførande ressursar. Ressursstyring er godt innarbeidd i Mørenett AS. Gjennom 2018 har vi fokusert på utvikling basert på grad av ressursstyring uavhengig av geografi og langsiktig ressursplanlegging. Teknisk kundeservice (TKS) er ein funksjon som tidlegare vart kjøpt frå Tussa-24 AS og Tafjord Marked AS. Med etableringa av TKS internt i Mørenett AS har vi lagt grunnlaget for meir effektiv og betre kundeservice. TKS har medarbeidarar med teknisk kompetanse. Tekniske spørsmål frå kundane blir i hovudsak behandla av den som mottek spørsmålet. I 2018 har TKS behandla om lag 4 100 kundespørsmål og omsett desse til planlagde ordrar for oppdragsutføring. Logistikkløysingane våre er vidareutvikla gjennom nye former for samarbeid med grossist. Dette skal gi meir effektiv materiellflyt, enklare og digitaliserte bestillingsløysingar, redusert lagerbehov og større grad av leveranse direkte til prosjekt. I 2018 vart montørpoolen redusert med 4 årsverk. Vi har gjennom året hatt fokus på avklaring av oppdragstyper, oppdragsvolum og kompetansebehov. Dimensjonering av montørpoolen, kompetansebygging og effektivitetsutvikling påverkar balansen mellom utføring av interne oppdrag og eksterne tenestekjøp i Mørenett AS.

36


#2018 / ÅRSRAPPORT

Strategi og framtidsutsikter Divisjonen har kome langt i bruk av digitale løysingar for informasjons- og ordreflyt. Vi ser ein tydeleg digitaliseringstrend. Vi må vidareutvikle dei løysingane som vi har i dag, og gi tilgang til nye, mobile digitale hjelpemiddel. Digitalisering og bruk av mobile hjelpemiddel viser tydelege effektiviseringsvinstar innan ordreflyt, informasjonsdeling og rapportering. Det er også venta at stadig fleire oppgåver kan utførast direkte av montørane ute i felt.

37


#2018 / ÅRSRAPPORT

SYSTEMDRIFT Divisjon systemdrift organiserer driftssentral, energimåling og DLE, og har driftsleiing og beredskapsansvar. 33 medarbeidarar jobbar i divisjonen. Bruken av kraftnettet, og særskilt distribusjonsnettet, er i endring. Den teknologiske utviklinga, nye bygningskrav med meir gjer at bruken endrar seg meir mot effekt, og det kjem meir kraftproduksjon og plusskundar ute i nettet. Endringane gir press på både spenningskvalitet og investeringsbehov i nettet. Desse nye drivkreftene påverkar også systemdrifta. I 2018 starta Statnett, som er systemansvarleg, og nettbransjen opp eit prosjekt med å sjå på fordeling av systemansvaret mellom Statnett og DSO-ar. (DSO er forkorting for Distribution System Operator.) Mørenett AS er ein av tre nasjonale pilotar som skal sjå på aktuelle oppgåver for DSO-ar. Etter eit godt år med lite feil i 2017 opplevde vi det andre ytterpunktet i 2018. Den alvorlege feilen og straumstansen i Blindheimsbreivika og Holen transformatorstasjon 28. februar kosta åleine 16,1 mill. kr i KILE-kostnader. I tillegg kom erstatning for langvarige straumbrot og reparasjonskostnader. Gjennom året hadde vi 123 feil i høgspenningsnettet. Talet på feil og KILE, utanom storfeilen 28. februar, er som i eit normalår. Av 30,8 mill. kr i KILE utgjer 2,3 mill. kr planlagde avbrot på grunn av nødvendig vedlikehald. Mørenett AS fullførte i desember 2018 hovudutrulling av dei nye smarte målarane. Ved årsskiftet er det montert 61 424 nye målarar, og det står att 3 437 (5,6 %) som skal bytast i 2019. Om lag 1 000 av desse som står igjen er kundar vi ikkje fekk tak i, eller som ikkje fann tidspunkt for å kunne møte opp. Men vi har også kundar som ikkje har plass til ny målar, som har dårleg teknisk på anlegget, osb. Mørenett AS har ambisjon og strategi om å utnytte dei nye målarane til å bidra til meir effektiv nettdrift, til å få betre oversikt over leveringskvalitet og til å halde nede investeringane. Gjennom 2018 arbeidde vi med innføring av ny systemløysing , med ny scada og nytt DMS-system. (DMS = Distribution Managing System). DMS-systemet er eit ledd i å leggje til rette for å utnytte digitaliseringa som skjer i samfunnet, med m.a. dei nye smarte målarane. DMS blir nytt operatørgrensesnitt for operatørane på driftssentralen. Ambisjonen er at systemet i tillegg til å leggje til rette for sikker nettdrift også skal betre kundeinformasjonen og bli eit ledd i meir intelligent nettdrift. Utanom å arbeide med å fullføre AMS-prosjektet arbeidde energimåling i 2018 mykje med tilpassing til Elhub. Denne skal i drift 18. februar 2019, og vil gripe betydeleg inn i dei daglege arbeidsprosessane. 38


#2018 / ÅRSRAPPORT

Den kontinuerlege utviklinga i Mørenett AS med fokus på kostnadseffektivitet, kundefokus og nøytralitet heldt fram også i 2018. Dette resulterte i at vi sa opp avtale om innkjøp av kundeservice, og frå juni 2018 etablerte den samla MAFIK-verdikjeda (MAFIK = måling, avrekning, fakturering, innkrevjing og kundesenter) i eigne rekkjer i Mørenett AS. Det vart gjort gjennom tilsetjing av personell frå dei tidlegare leverandørane. Det Lokale Eltilsynet (DLE) har DLE-ansvar i Mørenett AS for å gjennomføre dei lovpålagte oppgåvene, og kjøper operative tilsynstenester frå sakkunnige selskap. 2018 var det første året vi kjøpte delar av tilsynstenestene på eige anbod. Elsikkerhet Møre leverte 80 % og BKK Elsikkerhet 20 % av tenestene i 2018. Det vart utført 3 812 tilsyn i 2018, og vi er med det ajour i følgje kravet frå DSB. For å styrke DLE-fagfeltet og sikre kompetansen i Mørenett AS vart det ved årsskiftet tilsett ein ekstra fagperson på DLE. DSB har årleg tilsyn med nettselskapa. Frå tilsynet med Mørenett AS kommenterer dei at vi har gode rutinar, opplæring og kontroll i nettet.

FORBRUK DISTRIBUSJONSNETTET 2018 2017 2016 2015 Levert sluttbrukar GWh

1 741

1 751

1 742

1 700

Tap GWh

100

87

95

86

Sum GWh

1 841

1 838

1 837

1 786

Tap i distribusjonsnettet %

5,4

4,7

5,2

4,8

ANDRE NØKKELTAL 2018 2017 2016 2015

Nettkundar (aktive målepunkt)

65 467

64 985

64 414

63 696

Nettkundar på leveringsplikt (%)

3,1

4,2

2,6

2,2

Nettkundar på gjennomfaktureringsavtale (%)

90

90

80

-

Effektmaks (MW)

374

361

364

341

Energiproduksjon i regionalnettet (GWh)

1 400

1 660

1 465

1 415

Energiproduksjon i distribusjonsnettet (GWh)

430

473

428

501

KILE (mill. kr)

30,8

8,1

17,7

16,3

39


#2018 / ÅRSRAPPORT

STYRET

ERIK ESPESET STYRELEIAR

ELLING DYBDAL NESTLEIAR

Stilling: Konsernsjef i Tafjord

Stilling: Konsernsjef i Tussa

Utdanning: Sivilingeniør NTH/NTNU,

Utdanning: Sivilingeniør, NTH og

Master of Business Administration,

bedriftsøkonom, BI

Helsinki School of Economics

NINA MELLE SCHARNING STYREMEDLEM

Stilling: Organisasjonssjef i Tussa Kraft

TERJE SØVIKHAGEN STYREMEDLEM

Stilling: Økonomi- og finansdirektør

Utdanning: Bachelor barnevern, Høgsku-

i Tafjord Kraft

len i Volda og psykologi, arbeidsrett og

Utdanning: Diplomøkonom ,BI, MBA finans,

leiingsfag, Universitetet i Bergen

NHH og autorisert finansanalytikar, NFF

PER ANTON KILSTI STYREMEDLEM

BJØRNAR DAHLE STYREMEDLEM

Stilling: Ingeniør prosjektering i Mørenett

Stilling: Overmontør i Mørenett

Utdanning: Ingeniørhøgskule, Elkraft

Utdanning: Energimontør

40


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.