Åsnes 2011

Page 1

Ă…snes Hardvare Haust / Vinter 2011



Haust / Vinter 2011

Åsnes - turglede i generasjonar I snart 90 år har Åsnes utvikla ski for tøffe forhold, basert på strenge krav til design, funksjon og brukskvalitet. I 2010 introduserte Åsnes sin fyrste tekstilkolleksjon basert på dei same krava og Åsnes opplever i dag ei positiv utvikling i alle kategoriar. No aukar også Åsnes fokuset på topptur-segmentet, og skileik er eit av nøkkelorda. Fellelås på alle fjellski Åsnes har i fleire år vore unike med sin fellelås, og fleire oppdagar denne unike teknologien kvart einaste år. Fleire og fleire har lagt fiskebein og bakglatte ski bak seg og omfamna fellelåsen til Åsnes. Fellelåsen gjer det enkelt å komme seg ut på tur og du beheld god gli sjølv om du brukar feller. Nyheiter Åsnes har lang tradisjon som leverandør av ski meint for skileik. Med ei ny toppturlinja aukar Åsnes satsinga på skileik i fjellheimen. Toppturprogrammet består av Vetletind, Storetind, Rando og Bratt. Bratt er den breiaste av to nye superlett-modellar. Bratt har eigenskapar som møter kravet til dei som ynskjer det beste. Skia har puddernås (rocker) som lyfter seg i kaldt puddervær. Rando er den andre nyheiten i toppturprogrammet til Åsnes. Ei ski kor fokus har vore vekt og bæremne. Nytt av året er også ei komplett ny stavlinje med produkt som passar alt frå den vanlege turgåar til dei som har over middels trong til nå polpunkt.

3


Haust / Vinter 2011

3199,3599,-

540160 Liv fjellski

540161 Cecilie fjellski Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Raud 170 - 190(5) cm 76 56 66 1 900 g (180 cm) Ja Ja Smørbar/Sintra Fri

Cecilie Skog Cecilie Skog er ei av verdas fremste natureventyrar og ein ivrig polfarar og klatrar. Ho er den einaste kvinna som har vore til topps på alle dei sju kontinenta (Seven Summits) og dessuten har nådd både Sør- og Nordpolen. Cecilie har òg kryssa Grønland og vore på Cho Oyu og K2. Cecilie Fjellski Skia er utvikla i samarbeid med eventyraren Cecilie Skog. God innsving og breidd gjer skia lettsvinga med gode flyteeigenskapar. Dei har heil stålkant og eit moderat gåspenn som er tilpassa jenter. Ei køyreglad og optimal fjellski for turglade jenter! Kan leverast med Åsnes sin patenterte fellelås.

4

Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Raud 170, 175,180, 187, 194 cm 67 57 62 1 700 g (180 cm) Ja Ja Smørbar/Sintra Fri

Liv Arnesen Liv Arnesen har vore på ei rekkje ekspedisjonar og lange skiturar. Ho var den første kvinna i verda som gjekk åleine og utan støtte eller forsyningar til Sørpolen. Før det var ho og Julie Maske dei første kvinnene som gjekk over innlandsisen på Grønland utan støtte. Liv Arnesen og Ann Bancroft var dei første kvinnene som kryssa Antarktis på ski. Liv har tilbrakt mykje tid på Svalbard gom guide og turleiar. Liv Fjellski Skia er utvikla i samarbeid med Liv, basert på den populære Amundsen-skia. Ei ski for lange fjellturar med oppakning. Lengdestiv og eigna til å trekkje pulk. Skispennet er tilpassa damer, og den markerte smørjelomma bevarar festevoksen lengst mogleg. Skia er eit naturleg val for ekspedisjonsfararar og kan sjølvsagt leverast med Åsnes sin patenterte fellelås.


Haust / Vinter 2011

3699,540156 Ingstad fjell Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

3599,-

3199,Kvit 170 - 210 cm 84 62 74 2.400 g. (200 cm) Ja Ja Smørbar/Sintra Fri

Ei svært lett og robust fjellski med heil stålkant og med heile 22 mm innsving. Utstyrt med spenn og smørelomme. Skia er den same som Combat Nato, utvikla for spesialavdelingar i forsvaret, med tanke på både gå- og køyreeigenskapar. Den ultimate fjellskia som eignar seg for dei utfordringar fjellet har å by på.

540154 Amundsen

540155 Nansen

Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Raud 170 - 208 cm 67 57 62 2.000 g. (201 cm) Ja Ja Smørbar/Sintra Fri

Amundsen er skia for dei lange fjellturane. Den har heil stålkant og er utstyrt med ei markert smørelomme for å bevara festevoksen lengst mogleg. Dette er ei lengdestiv ski som som eignar seg for trekking av pulk og turar med oppakning.

Sølv 180 - 205 cm 76 56 66 2.200 g. (200 cm) Ja Ja Smørbar/Sintra Fri

Den optimale fjellskia for aktive skiløparar Nansen er ei brei fjellski med stort innsving og gode flyteeigenskapar. Heil stålkant og høgt gåspenn for dei som ynskjer både svingog gåeigenskapar. For utfordrande turar, og gjerne i djup og tung snø.

5


Haust / Vinter 2011

2799,540153 Holmenkollen Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Svart 180 - 210 cm 58 48 52 1.800 g. (200 cm) _ Ja Smørbar Fri

Testvinnar med superfinish og fellelås. Holmenkollen er ei smal og lett langrennsski med langrennsspenn, smørelomme og _ stålkant. Mjuk forski, god smørelomme og noko lengdestiv bakover for bæreevne i djup og laus snø. Skia passar i maskinpreparerte spor, men klarar like gjerne turen på fjellet. Stålkanten sikrar full kontroll på hardt, isete føre. Ei ypparleg ski til dei klassiske turane i marka eller på fjellet. Eksklusiv ski med pianolakk finish.

6

2799,-

2399,-

540170 Sondre Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Blå/Svart 180 - 208 cm 67 57 62 2.000 g. (200 cm) Ja Ja Smørbar Fri

Ei lett og prisgunstig fjellski med fellelås. Fjellski med stålkant, moderat spenn og 10 mm innsving. Same mål som Amundsen, men Sondre er ei mjukare ski med lita smørelomme. Sondre eignar seg for lette skiløparar og for dei som primært går i oppkøyrde løyper eller på skareføre. Veldig god ski for turar med skifeller.

540167 Vikafjell Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Grå/Raud 150-210 cm 60 51 55 1 950 g. (200 cm) 3/4 Ja Smørbar Fri

Robust arbeidshest og testvinnar med fellelås. Tur er ei robust, lett tur- og fjellski med 3/4 stålkant og smørelomme. Skia er brei nok til å meistra dei fleste forhold i fjellet og er ein sikker venn i påskefjellet. Eignar seg ypperleg til pakka og hard snø. Stålkanten sikrar kontroll under skftande føre.


Haust / Vinter 2011

4399,-

4399,-

540159 Storetind carbon

6999,540177 Comp Farge: Lengder: Bredde: Radius: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Rosa 25/26 cm 125/127 92/94 115/119 20/21 3540/3780 gr/pr par Ja Nei Smørbar/Sintra Fri

Klassikaren er tilbake i ny moderne utforming. Åsnes COMP var ein kvar telemarkskøyrar sin store draum på slutten av 80-talet. Nokon drøymde om Månestråle om natta, medan andre drøymde om den rosa Åsnes COMP skia.

Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Blå 172, 180, 188 cm 103 68 9 2.400 g. (188 cm) Ja Ja Smørbar/Sintra Fri

Superlett toppturski med karbonarmering og fellelås. Storetind er skia for den som går mykje på ski, og som er like glad i turen ned frå fjellet, som turen opp. Kraftig innsving som gjev gode svingeigenskapar. Med andre ord - skia for den leikne. Ved å kombinera innfelte luftkanalar i den karbonarmerte trekjernen oppnår me svært låg vekt på denne modellen, utan at konstruksjonen mistar styrke. Den låge vekta gjer at du sparar mykje krefter på vegen opp. Hugs at 1 kg på beina tilsvarar nærare 5 kg i sekken. Bindingsval 75mm kabelbinding, Linken-binding, Rottefella NTN eller eventuelt ein Randonné-binding. Plastsko er ingen føresetnad, men er nok tingen for å utnytta desse skia maksimalt.

540158 Vetletind carbon Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Blå 164, 172, 180, 188 cm 93 62 85 2.300 g. (188 cm) Ja Ja Smørbar/Sintra Fri

Noko smalare karbon-ski med fellelås. Som Storetind, er dette også ei karbon-ski, men Vetletind er noko smalare. Dette gjer at skia også er noko mjukare, og er eigna for noko lettare skiløparar. Ved å kombinera innfelte luftkanalar i den karbonarmerte trekjernen oppnår me svært låg vekt på denne modellen, utan at konstruksjonen mistar styrke. Den låge vekta gjer at du sparar mykje krefter på vegen opp. Hugs at 1 kg på beina tilsvarar nærare 5 kg i sekken. Bindingsval 75 mm kabelbinding, Linken-binding, Rottefella NTN eller eventuelt ein Randonné-binding. Plastsko er ingen føresetnad, men er nok tingen for å utnytta desse skia maksimalt.

7



Haust / Vinter 2011

Nyheit!

Nyheit!

Nyheit!

7999,540195 Bratt Farge: Lengder: Bredde: Radius: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Raud 189 cm 152,118,132 27 3.800 g. (187 cm) Ja Nei Sintra Fri Veke 42

Toppturskia med puddernås. Åsnes har lang tradisjon som leverandør av ski meint for skileik. Med den nye skilinja aukar Åsnes satsinga på skileik i fjellheimen. Bratt er den breiaste av dei to nye superlettmodellane. Bratt har eigenskapar som møter kravet til dei som ynskjer det beste når dei skal stå ned ei bratt fjellside, samstundes som den møter kravet til dei mest kresne når det gjeld vekt. Vekt har mykje å sei når du sjølv er din eigen skiheis. Det å finne produkt som møte kravet til både låg vekt og gode køyreeigenskapar er unikt. Den nye brattskia er ei av verdast lettaste toppturski dersom ein måler vekt pr. kvadratcentimeter. Skia vert levert med adaptiv rocker, noko som betyr at tuppen løftar seg når det er kaldt i været og pudderet lavar ned. Det er nett når pudderet lavar ned og temperaturen synk, at ei puddernås er kjekt å ha.

6999,-

5999,-

540193 Rando Lengd

Skibredder

Radius

175

125-92-115

20

182

127-94-119

21

Farge: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Blå 3.000 g. (182 cm) Ja Nei Sintra Fri Veke 42

Rando er fyst og fremst laga for dei som elskar å nå høge toppar utan heis. Ei svært lett toppturski med eigenskapar som gjer skia godt egna til bratt terreng. Skia har med sine mål god bereemne og flyt i laussnjoen. Skia oppfordrar til leik i fjellsider, som mange berre draume om å køyra. Ei ski som passar perfekt til flotte skidagar i flott vårsnjo. Pasar godt saman med ein lett randonèe-binding og ein lett topptursko.

540194 A-ski Lengd

Skibredder

Radius

167

129-83-117

12

173

131-84-119

13

180

132-84-120

14

Farge: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Blå 3.750g. (180 cm) Ja Nei Sintra Fri Veke 42

Ei klassisk telemarkski som har fått nytt liv i ei ski med moderne eigenskapar. A-skia er vår cruisingski for telemark. Det er ei responsvillig ski, som reagerer momentant. Skia passar særs godt saman med Linken binding og er den perfekte bakkeskia for leik og moro.

9


Haust / Vinter 2011

3399,540162 Breidablikk jaktski Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Blå 180 - 200(10) cm 86 62 74 2100 (200 cm) Nei Ja Smørbar Fri

Dette er den nye jakt- og hundeskia vår, basert på den mykje omtalte Combat-modellen, men stålkanten er fjerna for å gjere skia hundevennlege. Ho har 22 mm innsving og er ei robust og svært lett fjellski.

10

3799,540157 Combat nato Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Kvit 170-210(10) cm 84 62 74 2.350 g. (200 cm) Ja Ja Smørbar Fri

Ei svært lett og robust fjellski med heil stålkant, og heile 22 mm innsving. Utstyrt med spenn og smørelomme.


Haust / Vinter 2011

479,-

479,-

540163 Snurrle twin tip

540164 Snurrle twin tip smørefri

Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Farge: Lengder: Bredde: Vekt: Stålkant: Fellelås: Såle: Inndeling: Levering:

Sølv 90 - 130 cm 62 50 58 620 g. (100 cm) Nei Nei Smørbar Fri

Twin Tip-ski for nyfikne og leikne ungar. Åsnes har utvikla ei heilt ny og leiken “twin tip” ski for dei minste. Med tupp i begge endar og godt innsvingde ski vil borna kunna leika seg enno meir enn med ei tradisjonell barneski. Ei ski for den nyfikne og leikne smårollingen som vil ha ei like tøff ski som dei vaksne.

Sølv 91 - 130 cm 63 50 58 620 g. (100 cm) Nei Nei Smørefri Fri

Twin Tip-ski for nyfikne og leikne ungar. Åsnes har utvikla ei heilt ny og leiken “twin tip” ski for dei minste. Med tupp i begge endar og godt innsvingde ski vil borna kunna leika seg enno meir enn med ei tradisjonell barneski. Ei ski for den nyfikne og leikne smårollingen som vil ha ei like tøff ski som dei vaksne.

11


Haust / Vinter 2011

799,649,540199 Åsnes holmenkollen Farge: Lengder: Materiale:

Svart 135-155cm Alu

Holmenkollen er ein lett og stiv stav med tur trinse. Ein flott turstav i marka.

12

999,-

799,-

540200 Åsnes holmenkollen racing

540201 Åsnes Svartisen

540196 Åsnes Horgi

Farge: Lengder: Materiale:

Farge: Lengder: Materiale:

Farge: Lengder: Materiale:

Svart 135-155cm Carbon

Hollmenkollen Racing er ein superlett carbonstav for raske turar, trening eller løp. Leverast med Racing trinse.

Svart 135-155cm Carbon

Svartisen er ein solid stav med fjelltrinse og ekstra langt handtak. Ideell for lange turer, med eller utan pulk.

Svart OZ Alu/Carbon

Åsnes Horgi er en lett og stiv telskopstav, men overrør i alu og underrør i carbon. Perfekt allaround stav.


Haust / Vinter 2011

1199,540202 Åsnes Spidsbergen Expedition

1199,540197 Åsnes Trolltind Farge: Lengder: Materiale:

Svart OZ Carbon

Åsnes Trolltind er ein superlett teleskopstav i full carbon, perfekt for toppturer.

Farge: Lengder: Materiale: Kevlar

Svart 135-155cm Carbon/

Åsnes Spidsbergen er vår kraftigaste stav, utvikla i sammarbeid med Bjørn Sekkeseter og Cecilie skog. Staven er laget av kevlarforsterket Carbon, og ideel for ekspedisjonar.

1399,540198 Åsnes Polar Expedition Farge: Lengder: Materiale: Kevlar

Svart OZ Carbon/

Åsnes Polar expedition er vår mest solide teleskop stav. Laga i kevlarforsterket carbon.

13


Haust / Vinter 2011

349,-

799,540205 210/45 M.C F

540208 Kortfell 35

Farge: Bredde: Lengder Materiale Inndeling: Levering:

Farge: Bredde: Lengder Materiale Inndeling: Levering:

Orange Inkludert 210 cm 100% Nylon Fri 42

399,-

999,-

699,-

Orange Inkludert 70 cm 100% Nylon Fri 42

540204 210/45

540206 210/60 M.C F

540209 Kortfell 45

Farge: Bredde: Lengder Materiale Inndeling: Levering:

Farge: Bredde: Lengder Materiale Inndeling: Levering:

Farge: Bredde: Lengder Materiale Inndeling: Levering:

Orange Inkludert 210 cm 100% Nylon Fri 42

Orange Inkludert 210 cm 100% Nylon Fri 42

Orange Inkludert 70 cm 100% Nylon Fri 42

Skifeller

1649,-

599,-

499,-

540203 210/35

540207 190/110 M.C F

540210 Kortfell 60

Farge: Bredde: Lengder Materiale Inndeling: Levering:

Farge: Bredde: Lengder Materiale Inndeling: Levering:

Farge: Bredde: Lengder Materiale Inndeling: Levering:

14

Orange Inkludert 210 cm 100% Nylon Fri 42

Orange Inkludert 190 cm 100% Nylon Fri 42

Orange Inkludert 70 cm 100% Nylon Fri 42

Åsnes leverer to typar skifell, vanleg langfell og vår eigen kortfell. Sjølve fellematerialet vert laga av Coll-Tex i Sveits, verdas største skifellprodusent. Alle skifellane våre er tilpassa alle vêr- og føreforhold og laga i 100% nylon som er det mest slitesterke alternativet og fungerar dessutan ypperleg på våt snø. Åsnes Skifellar, vanleg lang type Tilgjengeleg i fire standard breidder frå 35mm til 110mm. Fellar med vårt combifix system gjer at du får festa fellen skikkeleg, også bak på skia Åsnes kortfell (for Åsnes fellelås) vert levert i standard breidder på 35, 45 og 60mm.


Haust / Vinter 2011

119,540106 Skitrekk Barn Enkel Farge: Lengde Levering:

Black 130 cm 42

199,540107 Skitrekk Enkel

1899,540110

Farge: Lengde Levering:

Black 210 cm 42

Linken Pro binding

Farge: Wh/Red Oppbyggingsplate: Inkludert Materiale Stål Inndeling: Fri Levering: 42 Linken Pro er ein “step-in” telemarksbinding som sikrar effektiv og presis kraftoverføring frå støvel til ski. Plastsko og stadig breiare ski stiller stadig strengare krav til telemarksbindingane. Ved å erstatte den tradisjonelle kabelen med ei hengsla plate sikrar Linken-bindingen optimal kraftoverføring til skia. Platedesignet handterer den belastninga og gjev den presisjonen som krevjast av ein moderne telemarksbinding. Med fleksjusteringa kan køyraren enkelt justere fleksen i bindingen.

499,-

1599,-

540108 Skitrekk Dobbel M.Hjul

540105

Simle Truge

Farge: Inndeling: Levering:

Black Fri 42

Simle-truga har ei lett aluminiums- ramme, sterk hypalonduk og ei nyutvikla horisontal- og vertikalgåande aluminiumsklo for optimalt grep på hardt og isete underlag.

Farge: Lengde Levering:

Black 210 cm 42

Skitrekk Åsnes skitrekka er produsert i solid materiale og utføring, med doble saumar. Dei ulike modellane rommar normalt frå 1 til 5 skipar.

15


Ta pause før du vert sliten, drikk før du vert tørst


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.