1 minute read
Alversunddagane 2023
29. mai – 4. juni
Me har gleda av å ønskja deg velkomen til Alversunddagane 2023. Med dette tar me oppatt ein årleg tradisjon som har lege nede nokre år.
Alversund-bygda er historisk og moderne på same tid: Den indre farleia med si mangetusenårige historie går tvers gjennom bygda, og sjøen har vore ein viktig føresetnad for vår eksistens gjennom fleire tusen år. Bygda vår er rik på minnesmerke frå fjern og nær fortid, som me ønskjer å gjera deg kjend med.
Men Alversund-bygda er også moderne, bl.a. ved at dei tre største byggefelta i Alver kommune ligg her: Hilland, Alvermarka og Ikenberget har til saman om lag 850 husstandar. Mange av dei som bur her, er oppvaksne i Nordhordland, men her er også mange nyinnflytta alversundingar.
Uansett – om du er ny eller gamal alversunding, ung eller gamal – vil du ha interesse av å få med deg og delta i aktivitetstilbod i samband med Alversunddagane 2023 og på den måten gjera deg kjend med den fine bygda vår og dei attraksjonane og aktivitetane den har å by på.
Helsing
Arbeidsgruppa for Alversunddagane 2023
Magne Legernes Nils Medaas Kjell Einar Alver
Mette Marei Træland Helge Haugland Kåre Jordal Inge A. Alver