6 minute read

Bygdebok for Alversund

Verket består av to bind, og samla pris er kr. 500. Alenfit bind I, som lenge har vore utseld, er no trykt i nytt opplag. Prisen er kr. 300.

Bøkene er å få kjøpt hjå Norli Bokhandel i Knarvik, på Gabben i Alversund og hos Bringebærfrua i Alversund.

Mandag 29. mai, 2. pinsedag

10.00 Tveitakaien

Presteskyssen kjem med robåt.

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad tar imot og opnar Alversunddagane 2023.

Song til Alversund. Gruppe frå Alversund Musikklag.

Alversundet med den sterke Alverstraumen, som og har gitt namn til bygdelaget Alverstraumen på andre sida. Framfor oss ligg Kongsøy med Kyrkjeholmen, friluftsområdet Geitøya (Kraftlagsholmen), Tveitøya og ikkje minst Hundaskjeret.

10.30 Tveitakaien

Start kulturvandring v/Kåre Jordal og Inge A. Alver. Me går langs Kyrkjevegen opp til Alversund kyrkje og tar for oss historia fram til kyrkje staden på Alver, som i bortimot tusen år har vore eit sentrum i bygda.

11.30 Alversund kyrkje

Gudsteneste v/Ola Johannes Jordal. Medverkande: Rune Alver, klaver

12.30 Alversund kyrkjelydshus Kyrkjekaffi.

Bileteserie frå Alverstraumen og Alversund v/David Guest

Mandag 29. mai, 2. pinsedag

14.00 Alversund Gamle skule Vernissage, Kunstutstilling v/John Petter Havnerås. Utstillinga er open kvar dag kl. 12 – 15. Arr. Nordhordland Kunstlag

Dei færraste i bygdene våre veit at me har ein verdskjend kunstnar midt i blant oss: John Petter Havnerås bur og arbeider i Sæbøvågen. I løpet av åra har han stilt ut i New York, Stockholm, København, Litauen, Spania og Italia. Han har også hatt ei rekkje utstillingar i Noreg, og er innkjøpt til bl.a. Stortinget, Gøteborg Kunstmuseum, Norsk Kulturråd og fleire andre offentlege kulturinstitusjonar.

21.00 Snuplassen på Nordre Soltveit, Alver straumen. Solnedgangs tur til Hestfjellet v/Kristin Alver Hordnes og Sylvia Helland Alver.

Tirsdag 30. mai

12-15 Alversund Gamle skule Kunstutstilling v/John Petter Havnerås. Sjå

18-20 Alversund kyrkjelydshus, Peisestova Strikkekafe v/Cathrine Mo Torvund. Kr. 10,- ta med kopp!

Onsdag 31. mai

09.00: Alversund skule Presentasjon av boka Hunden på skjæret for elevane v/forlaget Fire fruer.

10-17: Alversund kyrkjelydshus, Peisestova Bergartar og mineraler frå Nordhordland

Sjølv om dei ferraste veit det, er distriktet vårt fullt av interessante bergartar og mineraler. Småsteinane som ligg rundt oss overalt i bygdene våre er andre stader i verda verdfulle samlarobjekt. Eit døme på det er bergarten anorthositt, som berre finst her hos oss og nokre få andre stader i Noreg - i tillegg til i Brasil og på Månen.

Frå si store samling har Elin Alver funne fram nokre interessante lokale bergartar og stiller dei ut i Peisestova på Alversund kyrkjelydshus. Ho er sjølv til stades desse to dagane og presenterer samlinga for interesserte.

Utstillinga/presentasjonen er interessant for barnehagar, skuleelevar og -klassar, men alversundingar i alle aldrar vil ha interesse av Bergartar og mineraler frå Nordhordland.

Gamlastova på Tveiten er eit kjent og kjært kulturminne i Alversund, men kunnskapen om bygget har vore avgrensa. Seinare granskingar av kjeldemateriale og den nylege dateringa av tømmeret i stova, har gjeve ny kunnskap om dette bygget. Denne kvelden vil Arild Sætre frå Kulturverntenesta i Nordhordland og lokalhistorikar Johan Litleskare fortelja alt dei veit om gamlestova si spanande historie.

Enkel servering. Arrangementet er gratis.

Arr.: Alver kommune og Kulturverntenesta i Nordhordland

Torsdag 1. juni

09.30-14: Alversund kyrkjelydshus

Eventyrstund og musikk v/ pianist Rune Alver

09.30: Læringsverkstedet barnehage

11.00: Lykkeliten barnehage + Smilehullet barnehage

12.30: Trollskogen barnehage

Musikalsk eventyrstund for barnehagane i Alversund - eit tilbod for 5-åringane. Vi møtest i Kyrkjelydshuset til ein ca. 45 minuttars sekvens for kvar gruppe. Her får borna høyra levande musikk på flygelet kombinert med even- tyr, fantasi-leik, song og bevegelse til musikk. Opplegget blir tilrettelagt av pianist Rune Alver som har lang erfaring med formidling for barn frå prosjektet Et eventyrlig møte med Harald Sæverud, Bergen kommune/ Den kulturelle bæremeisen.

Musikk av Edvard Grieg, Harald Sæverud og Torstein Aagaard-Nilsen.

Etter konsertane vert det kulturvandring, og boka ”Hunden på skjæret” vert delt ut til barnehagane.

10–17 Alversund kyrkjelydshus

Elin Alver: Bergartar og mineraler frå Nordhordland. Sjå omtale på side 7.

12-15 Alversund Gamle skule

Kunstutstilling v/John Petter Havnerås: Sjå omtale av kunstnaren på side 5.

18.00: Kleivdalhuset

Vernissage, kunstutstilling v/Annfrid

Leikvoll. Utstillinga er open fredag og laurdag kl. 12-17; søndag kl. 13-16. Fri entre.

Brøyter seg rydning i svartaste skog, vegar for bilar, linjer for tog.

Tomter for skular - for heim og trafikk. Sprengjer og grev - tryggjer trafikk.

Dette er litt av det vi gjer, om du spør. Helsing distriktet sin eigen maskinentreprenør.

Fredag 2. juni

08.15-15: Alversund skule

Kulturløype for alle elevane på Alversund skule og Nordhordland kristne grunnskule.

Klassevis og inndelt i grupper går dei løypa med desse postane:

1. Alversund Skule.

2. Alversund kyrkje med historie.

3. Post i skiljet mellom Alver og Tveiten.

4. Post i skiljet mellom Øvre og Nedre Tveiten. Lensmannshuset.

5. Kraftlaget/bauta, historie.

6. Prestegarden i Alversund, historie.

7. Gamlestova si historie.

8. Garvar Tvedt sitt hus og Maria Müllers kjeksfabrikk.

Elevane i grupper får svarark og må finna svara på postane.

12-15 Alversund Gamle skule

Kunstutstilling v/John Petter Havnerås:

12-17 Kleivdalhuset

Kunstutstilling v/Annfrid Leikvoll

Utstillinga er open fredag og laurdag kl. 12-17; søndag kl. 13-16.

Fri entre.

22.00 (fredag) - 08.00 (laurdag): Alversund skule:

LAN-party v/Kraft’n Gratis å delta. Kiosk open.

LAN-partyet er ope for ungdom i alderen 14-18.

Påmelding og spørsmål til ung.alver@alver.kommune.no

Fredag 2. juni

12-16 Alverhallen

Stands for lokale lag og organisasjonar

19.30 Alversund kyrkje

Konsert v/Alversund kammerkor.

Alversund kammerkor blei starta i 1990 av kantor Odd Leif Mjøs, som framleis er dirigent. Dette er eit kyrkjekor knytt til Knarvik kyrkje, og øvingar og dei fleste konsertar koret arrangerer foregår her.

Koret innbyr til ulike konsertar kvart år, og har fleire gonger framført verk som Händels Messias og Bach sitt Juleoratorium. På disse konsertane har vi med oss musikarar frå mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester

18.30 Alver Hotell

Bygdapub m/konsert ved Hanne Vatnøy.

Etterpå vert det grilling og dans v/Bengt Sundsbø og

Laurdag 3. juni

10–14 Kleivdalhuset, Naustet Kurs i fletting av taufendrar v/Ragnar Hovland.

Påmelding til Helge Haugland tel. 957 40 168. Kursavgift kr. 500 inkl. materialar og betasuppe m.m. 10 plassar.

12.00 Kleivdalhuset

Lunsjkonsert v/Katarzyna Leikvoll

12–15 Alversund kyrkje

Open kyrkje

12–15 Alversund Gamle skule

Hunden på skjæret: Foredrag (25 min.) v/Forlaget Fire fruer om arbeidet med boka og smakebitar av innhaldet. Boksal med signering.

Hundefotografering v/Arne Årseth: Hunden, din beste ven, med høve til å portrettera hunden din. Gratis fotografering på utestudio på barneskuleplassen.

15.00: Opning av Hundeløypa. Bli med på å finna gatekunsthundane på vegen ned til Tveitakaien. Avduking av plakett ved kraftlagstomten

12-15 Ikenberget sandvolleyballbane

Open Nordhordlandsmeisterskap i sandvolleyball.

Kva for bygd har det beste laget?

Påmelding frå kl. 12.00. Inndeling av klasser etter påmelding. Arr.: IL Alvidra / Ørjan Brendehaug

12–15 Alversund Gamle skule

Kunstutstilling v/John Petter Havnerås: Sjå omtale av kunstnaren på side 5.

12-16 Alverhallen

Stands for lokale lag og organisasjonar

12-16 Alversund skule

Amcar-treff v/Amcar-klubben

12–16 Alversund skule

Omvising på den nye skulen.

12-16 Alversund skule

Alversund i bilete v/fotograf Arne

12-17 Kleivdalhuset

Kunstutstilling v/Annfrid Leikvoll

Utstillinga er open fredag og laurdag kl. 12-17; søndag kl. 13-16. Fri entre.

Laurdag 3. juni

15-16 Alversund kyrkjelydshus

Alversund got Talent!

Sander Pettersen Syslak er eit super talent på piano som også har interesse for å komponera. Trass sin unge alder har han gjort seg bemerka lokalt og nasjonalt.

Kurt Hatten er vise-veteranen frå bygda vår. På denne konserten fortel han også om korleis tekstar og melodiar vart til.

16.00: Alversund kyrkjelydshus

Sludrekafe

Kyrkjeringen og Helselaget inviterer til ettermiddagskaffi, der me kan møtast og prata om laust og fast over ein god kopp kaffi og noko attåt. Tema er alt og ingenting, men kan gjerne dreia seg om bygda og miljøtiltak her.

18.00: Kleivdalhuset

Klaverkonsert v/pianistane Katarzyna Leikvoll og Magnus Blom. Enkel servering etter konserten.

Førehandspåmelding til Helge Haugland, tlf.

20.00: Alversund kyrkje

Konsert v/Alverflaten Jazzband

Alverflaten Jazzband hatt speleoppdrag på festivalane Fjordsteam i Bergen, Sildajazz i Haugesund, Strilajazz i Lindås, Riverboat Jazzfestival i Silkeborg, på Fjord Line sin Danmarksbåt, Bø Sommarland, for Equinor, i diverse kjøpesenter og elles på restaurantar, jazzmesser i Hordaland, Sogn og New Orleans, og konsertar i Nordhordland og Bergen. Bandet spelar og syng dixieland/tradjazz, det vil seia god swingande musikk som du vert i godt humør av. To plater har me spelt inn: On the Sunny Side og New Orleans Inspired. Den siste laga me etter New Orleans-turen vår i 2009. Les og lytt på heimesida vår www. alverflaten.info og på Spotify. Billettpris kr 100.

Søndag 4. juni

12-14 Alversund skule

Alversund Challenge

Konkurranse for gamal og ung. Lag med to og to personar leitar opp postar i nærmiljøet på kartet og løyser oppgåver som blir gitt der. Det laget som samlar mest poeng vinn.

Premiar til alle.

Påmelding frå kl. 11.00. Start kl 12.00; i mål før kl 15.00.

Arr: IL Alvidra/Speidargruppa i Alversund.

12-15 Alversund Gamle skule

Kunstutstilling v/John Petter Havnerås: Sjå omtale av kunstnaren på side 5.

12-16 Alversund skule

Kafeteria/kiosk v/Gløde

12-16 Alverhallen

Stands for lokale lag og organisasjonar.

12-16 Alversund skule

Veteranbil-mønstring v/Nordhordland veteranbilklubb

Søndag 4. juni

12-16 Alversund skule

Omvising på den nye skulen

12-16 Alversund skule

Alversund i bilete v/fotograf Arne Årseth

12-16 Bringebærfrua

Open gardsbutikk

13-16 Kleivdalhuset

Kunstutstilling v/Annfrid Leikvoll

Fri entre.

15.00 Alverhallen

Avslutningskonsert for Alversunddagande 2023 ved Alversund Musikklag og Dale Musikkforening. Alversund musikklag er eit janitsjarkorps, der alle kan vera med som kan spela eit blåseinstrument eller eit slagverkinstrument.

Musikklaget tek imot nye medlemmer. Om du ikkje har eige instrument, kan du låna dette hos oss. Me tilbyr òg opplæring på instrumentet og litt notelære dersom dette har gått i gløymeboka.

Gratis konsert.

This article is from: